Programblad Bergsøy vs Norborg/Brattvåg2 - 06.10

Page 1

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

Vår offisielle utstyrsleverandør

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Velkomen til ny haustkamp på Havila Stadion Fosnavåg!

Førre heimekamp enda med siger i lokaloppgjeret mot Hareid. Bergsøy har ifølge Steffen Kvalsund og hans informative Bergsøy-nettside «historikk.com» ikkje tapt mot Hareid sidan 2006, ein imponerande statistikk.

I år har vi møtt hareidstølingane heile fire gongar i serie og treningskampar, også utan tap. Sigeren mot Hareid vart imidlertid følgt opp av eit skuffande tap borte mot Blindheim.

I kveld møter vi Norborg/Brattvåg 2, som allereie er klare for nedrykk i årets 4. divisjon. Bortelaget har hatt ein tøff sesong, og står med åtte strake tap. Vi vann det omvendte møtet i Søvika i midten av juni, og vi veit at vi stiller som store favorittar. Det stempelet ynskjer vi sterkt å innfri.

Ein par av spelarar som mangla mot Blindheim er forhåpentlegvis tilbake i kveld. Tord Oppedal er definitivt klar. Fredrik Muren, Enrique Crespo Søvik og Pawel Jarzebak har trena med laget denne veka etter sine skader, og ein eller to av dei kan rekke kampen. Markus Ihle og Magnus Myklebust er ute.

Trass i at vi har lite å spele om, var det imponerande at over 300 av dykk var til stades i førre heimekamp mot Hareid. Støtta i år har som vanleg vore veldig god, og vi ynskjer å betale tilbake med tre poeng også i kveld.

Ha ein god kamp og heia Bergsøy!

Trenarkommentar
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

MINITURNERING

Forrige helg blei det arrangert miniturnering, den siste for året for 6-9år.

- Bergsøy J8 deltok på miniturnering på Tjørvåg stadion. J8 viste stor fotballglede og spelte flott fotball alle 3 kampane.

- Bergsøy g9 stilte med tre lag og 22gutar i Tjørvåg!

- Bergsøy J7 med 3 lag på miniturnering på Hareid. No er dei klar for 5ar fotball!

- G7 hadde årets siste miniturnering i Vanylven

- Bergsøy J6 og G6 på Hareid. Topp innsats på heile gjengen! Heia Bergsøy!

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

Vi invitera til jentetrening på laurdagar i Fiskarhallen for dei som ivrer etter å vere i aktivitet med fotballen.

Øktene er i utgangspunktet mindre organisert enn ved ei lagstrening, men voksne er der for å hjelpe til med å ta ut utstyr og legge til rette for ulike spelformer (3vs3, 5vs5) og evt teknikktrening.

For å sjekke interesse vil tilbudet gjelde i første omgong ut oktober. Første trening lørdag 14.okt kl 11.30-13.00

Meld dykk inn i spond slik vi har ei viss oversikt over antall spelara:

https://group.spond.com/VUTMK

Vi oppmodar foreldre for spesielt dei yngste til å være tilstades for sitt barn på trening:)

Jentetrening lørdager 6 - 12 år

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

Bergsøy IL- Fotball invitera til Kronekamp på Havila Stadion Fosnavåg når Herd tek turen til oss fredag 20.oktober til årets siste kamp. Dette er to lag som dei seinaste åra har kjempa mot kvarandre i toppen av 4.divisjon så vi kan garantere ein fartsfylt og spennande kamp!

I denne kampen arrangera vi Kronekampen med gratis inngong for alle der Bergsøy IL Fotball spelar på lag med næringslivet og

privatpersonar som gir sitt bidrag i form av x antall kroner per tilskuar som kjem på kamp!

Jo fleire tilskuara, desto meir sponsar bedrifter og privatpersonar Bergsøy IL Fotball.

KRONEKAMPEN
2023

Kronekampen 2023

Vår generalsponsor Sparebanken Møre stiller med stand på stadion, og det vil være aktivitetar for born og voksne. Alt vil foregå under tak.

Bruk inngongsbilletten din til å skrive ned fullt navn og telefonnummer og du er med i trekninga av flotte premier, blant anna ei signert Premier League drakt!

Husk å levere kampbilletten som er "ditt lodd" på Sparebanken Møre sin stand! Bidreg du også som bedrift eller privatperson med et valgt beløp per tilskuar vil du automatisk ha et ekstra lodd i konkurransen.

Dørene opnar kl 17.30, og vi håpar å sjå deg på Havila Stadion Fosnavåg fredag 20.oktober!

Gi ditt bidrag her

LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

DAGENS MOTSTANDAR

Bergsøy møter Norborg/Brattvåg2.

Etter 2-1 tapet borte mot Blindheim sist kamp, er laget 10 poeng bak topplaga

Herd og Ørsta.

Tapet overraska litt, ettersom Blindheim ligg nest nederst på tabellen. Komande fredag

kjem divisjonens desiderte bunnlag på besøk til Fosnavåg, og da bør heimelaget Bergsøy få skuta på rett kjøl.

For Bergsøy har aldri tapt heime mot Norborg. På 7 kampar har Bergsøy vunnet 6 og spelt 1 uavgjort heime mot dei oransje, med 36-9 i målforskjell. Uavgjorten kom ifjor. Dei siste 13 kampane totalt mot Norborg har endt i 12 sigerar og 1 uavgjort. Med andre ord har Bergsøy snart like godt jerngrep på Norborg som dei har mot Hareid.

Normalt scorar Bergsøy 2,12 mål i snitt pr heimekamp i serien, men mot Norborg har Bergsøy scora 5,14 mål i snitt.

Bergsøy vil denne kampen spele seriekamp nummer 120 på Havila

Stadion sitt kunstgrasdekke - noko som heimelaget meinar allereie er kanskje 10-20 for mange. Av 119 kampar hittil på Havila har Bergsøy vunnet 72 (60%).

Bergsøy har spelt 16 kampar mot Norborg sidan første møtet i 2007. Det har gitt 14 sigerar, 1 uavgjort og 1 tap med målforskjell 65-21.

www.historikk.com

Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

FOR EN KVELD!

Vassendgutane baud opp til fest å allsong, og det vart det!

Over 1100 tok turen til Fiskarhallen, å saman skapte vi ein kveld for minneboka!

Takk til alle frivillige som sørga for gode og trygge rammer rundt konserten!

Uten alle 150 frivillige ville det våre umulig å invitere til storfest i Fiskarhallen!

Vi gler oss til neste gong!

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Vestbas Holding AS

Bergsøy
Terminliste og Tabell haust 2023
A-lag Dame

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Vi gler oss til å ta imot nye 3.klassingar i haust!

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt:

Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg
ei trygg og sikker reise!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE
ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet. ______________________________________________ www.fosnavaag-pelagic.no https://www.granne.no/
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS
Historikk.com
anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie
Vi

SISTE SERIEKAMP - KRONEKAMPEN 2023: HERD, Fredag 20.10 Kl. 18.30

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.