Gard er ikkje redd

Page 1

Gard vil bli med pappa på fjellet. Dei må finne den siste sauen og lammet. For i skogen lurar reven.

Men mamma har andre planar. Ho vil at Gard skal leike med ei lita jente. Ho er fødd i det same landet som han. Det vil ikkje Gard. Kvifor skal han leike med henne? Berre fordi dei ser like ut? Gard spring mot skogen. Og skogen er mørk og skummel.

ISBN 978-82-03-37846-1

9 788203 378461


220608_Gard er ikkje redd_11.indd 2

08.06.2022 20:26


220608_Gard er ikkje redd_11.indd 3

08.06.2022 20:26


©️ 2022 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Omslag: Sunniva Sunde Krogseth Design og setting: Eller med a Papir: Munken Lynx Rough 150 g Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2022 ISBN: 978-82-03-37846-1

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 4

08.06.2022 20:26


Brynjulf Jung Tjønn & Sunniva Sunde Krogseth

Til Helle, Olav, Ingeborg, Marie og Sigurd

220608_Gard er ikkje redd_13.indd 5

12.06.2022 18:06


«Gard!» ropar mamma.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 6

Gard høyrer ikkje.

08.06.2022 20:26


Snart skal dyra inn i fjøset, inn i varmen. Gard tenkjer berre på den eine sauen og lammet hennar som manglar.

Dei har gått seg vill i fjellet.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 7

08.06.2022 20:26


I fjor blei eit lam tatt av reven. Det må ikkje skje igjen!

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 8

08.06.2022 20:26


Gard veit at pappa skal på fjellet i dag for å leite, ein aller siste gong. Gard vil vere med.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 9

08.06.2022 20:26


«Ikkje ver redd! Eg skal finne deg», kviskrar Gard til moselammet.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 10

08.06.2022 20:27


«Gard, det er nokon du må treffe», seier mamma. «Eg skal vere med pappa på fjellet», seier Gard. «Å, det visste eg ikkje», sier mamma. «Pappa har allereie reist.» Utan meg? tenkjer Gard. Korleis kunne han det?

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 11

08.06.2022 20:27


«Trur du pappa har kome langt?» spør Gard.

Mamma høyrer ikkje etter. Ho tenkjer visst meir på naboane som kjem køyrande.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 12

08.06.2022 20:27


«Signe og Yngve har fått ein unge», seier mamma. «Kristin er adoptert, akkurat som deg. De kan leike saman!»

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 13

08.06.2022 20:27


Signe og Yngve løftar ei lita jente ut av bilen. «Å, så skjønn ho er», seier mamma. «Ja», seier Yngve.

«Ho forstår ikkje norsk enno», seier Signe.

«Gard lærte seg norsk veldig fort», smiler mamma.

«Ho har reist frå andre sida av verda, akkurat slik som du, Gard», seier Yngve.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 14

08.06.2022 20:27


220608_Gard er ikkje redd_11.indd 15

08.06.2022 20:27


Kristin ser på Gard og smiler. «Kan du ikkje halde ho i handa?» seier mamma.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 16

08.06.2022 20:27


Men Gard vil ikkje halde Kristin i handa. Han vil ikkje leike.

Kristin tar tak i buksa hans. Då klarer ikkje Gard å la det vere. Han dreg til seg foten, slik at Kristin dett på grusen.

220608_Gard er ikkje redd_11.indd 17

08.06.2022 20:27


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.