Tema utdanning

Page 1

UTDANNING Temabilag for Nordfjord måned 2021

Du skaper sjølv di eiga framtid ved val av utdanning Kreativtet, kommunikasjon og samarbeid er nyttig i mange ulike yrke. Side 10-11


2 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Meiningsfullt å byggje for framtida Når du byggjer eit hus kan du sjå på det i mange år etterpå og tenkje at dette har eg gjort. HANDFAST ARBEID: Elevane ved Vg 1 Bygg og anleggsteknikk trivst med praktiske arbeidsoppgåver.

– Det eg likar best ved tømrarfaget er å byggje noko som blir ståande for framtida. Då kan eg sjå på det og tenkje at dette har

eg fullført, seier Stian Sætren. Han er elev ved Vg 1 Bygg og anleggsteknikk ved Måløy vidaregåande. Planen vidare er å bli ingeniør ved å først ta eit mattekurs etter Vg2 Byggteknikk i Måløy. –Eg trur heilt sikkert det er lurt å ta yrkesvegen fram mot å bli ingeniør, seier Stian som tre

dagar i veka er utplassert i bedrift der han får den praktiske biten av utdanninga. Dei andre to vekedagane er det allmennfag ved skulen. Av dei elleve elevane er det heile sju som er utplassert i bedrift, medan dei andre byggjer garasje til ein privatperson i Holvik. Ein garasje som no held på å bli ferdig.

••IT-utdanning ved hjelp frå næringslivet

Garantert jobb for datafrelste elevar Er du interessert i informasjonsteknologi og medieproduksjon? Ved Måløy vidaregåande skule kan du få fersk undervisning rett frå næringslivet, lærlingplass og jobb etterpå. Likar du å spele dataspel og drøymer om å lage ditt eige spel? Lurer du på kva som er oppskrifta for å lage ei nettside, og er du interessert i programmering og koding? Då kan det nystarta programfaget ved Måløy vidaregåande skule vere noko for deg. Ei Vg 1 linje som heiter «Informasjonsteknologi og medieproduksjon», og som starta opp med femten elevar hausten 2020. Komande haust vil Vg 2 Informasjonsteknologi starte opp. Etter det kan ein velje mellom å bli lærling i to år i bedrift innan driftsfaget eller utviklarfaget. Eller ein kan gå vidare med studiespesialisering.

Eit annleis klasserom

Næringslivet innan informasjonsteknologi i ytre Nordfjord har jobba i fleire år for å få eit slikt programfag ved Måløy vidaregåande. Dei representerer bedrifter med fleire hundre arbeidsplassar som heile tida treng rekruttering for å kunne eksistere. Difor har næringslivet i tidlegare Vågsøy kommune, samt bedrifter frå heile Vestland fylke gått tungt inn med midlar og kompetanse for å løfte fram dette tilbodet. Resultatet for elevane er eit annleis og moderne klasserom, samt topp moderne utstyr for å lage dataprogram og film. Og i

Unikt i Norge

Det var først i haust at dette programfaget blei oppretta i Vestland fylke. Ved sidan av Måløy er det på Voss, Stord og i Bergen du kan ta denne utdanninga. Altså fire nyoppretta tilbod i Vestland hausten 2020. Totalt i heile landet er det no oppunder 50 skular som har dette studietilbodet. Men kanskje er det Måløy vidaregåande som har tettast samarbeid med næringslivet.

TEKNOLOGI: Slike duppedingsar får ein også lære å bruke som ein viktig bit av den moderne dataverda. tillegg til undervisning frå lærande ved skulen, er flinke folk frå IT-bransjen involvert i undervisninga innanfor ulike tema.

IT eller reklame

Når du er ferdig utdanna, to år på skule og to år som lærling, kan du jobbe i IT – verksemder, mediebedrifter, reklamebyrå eller forlag, for å nemne noko. Under utdanninga vil mellom anna lære meir om IT – tryggleik, programmering og brukarstøtte. Du får også prøve å setje opp datanettverk, og lage nettsider frå botnen. Eller er du god til å fortelje historier, ønskje du jobbe med tv, foto, film og grafisk design? Ved skulen i Måløy vil du lære korleis du kan arbeide med å utvikle dei gode ideane dine. Idear du kan vidareutvikle til heile konsept direkte for kunden. Her lærer du å jobbe med utfordringar på ein kreativ måte.

Treng stadig nye folk

– Dei andre nyoppretta linjene innan dette faget i Vestland har ikkje den same oppfølginga frå næringslivet. Og så langt eg veit er det ikkje vanleg ved liknande programfag rundt omkring i landet heller, seier Sindre Kvalheim frå Local Hoast. Han er ein av dei som har stått på for å få eit slikt tilbod i regionen vår. –Dette er selskap under stadig vekst som er heilt avhengige av nye tilsette heile tida. Vi føl denne utdanninga tett, også med tanke på rekruttering. Næringslivet innan IT ønskjer seg ein kombinasjon av folk med fagbrev, og folk som tek høgre utdanning. Vi kan seie at vi treng femti femti av desse ulike utdanningsvegane, seier Kvalheim som opplever at IT – jobbar ute i distrikta er like attraktive som slike jobbar i Oslo og Bergen. –Vi må ikkje formidle at det lite attraktivt å busetje seg utanfor dei store byane. Vi opplever at mange vil flytte til kysten og Vestlandet, seier Kvalheim. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no

PROGRAM FOR FRAMTIDA: IT-næringa er stadig veksande og ved Måløy vidaregåande var det bedriftene sjølve som bretta opp ermane for å få slik utdanning. No er næringsdrifter over heile Vestland fylke med på å gjere denne utdanninga attraktiv for elevane. FOTO: MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE

ALLSIDIG: Ved informasjonsteknologi og medieproduksjon får ein vere med på heile prosessen frå møte med menneske til eit ferdig medieprodukt. I Måløy har næringslivet sponsa utstyret. FOTO: MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 3

Likar praktisk jobb utandørs Å vere tømrar betyr også mykje praktisk jobb utandørs i all slags vêr. Dette er heilt greitt, seier Thomas Aarevik Mettenes. Thomas har bestemt seg for å

bli tømrar, og er allereie godt i gang med utdanninga. For tida får han med seg den praktiske biten ved å byggje garasje i Holvik, vest for Måløy sentrum. –Eg er oppvaksen på gard og har alltid likt å halde på med noko praktisk ute. No får vi lære mykje nyttig når det

gjeld å byggje hus, og eg likar meg veldig godt. For dei som vel denne utdanningsvegen er det rift om arbeidskrafta når dei er ferdige med fagbrevet. Det er svært aktiv husbygging mange stadar i regionen og bedriftene er stadig ute etter nye tilsette.

ULIKE VEGAR: Thomas

(t.v.) vil bli tømrar, medan Stian vil bli ingeniør.

GARASJE: Denne garasjen har elevane både støypt fundamentet til og bygt sjølve garasjen.

LOKALE RÅVARER: Ved restaurant – og matfag blir det lagt vekt på lokale råvarer, mellom anna fisk frå skulen sin eigen fiskebåt. Anna Henden Rand fileterer her fisken. FOTO: MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE

Restaurant- og matfag opnar opp for ei ny verd Anna Henden Rand er ikkje blitt mindre glad i matlaging etter snart eitt år ved Måløy vidaregåande skule. – Dette er eit fag som blir meir spennande dess meir du lærer. Det viktigaste vi lærer er å bruke dei rette teknikkane på kjøkkenet og å lage all mat frå grunnen av. Har du først lært det grunnleggande, er det lettare å byggje vidare på det, seier Anna Henden Rand. Ho går første året på Vg1 Restaurant – og matfag ved Måløy vidaregåande skule. Hennar mål er å bli bakar og konditor. For matlaging og baking har vore ein hobby ho har hatt mest heile livet. –Eg vaks opp i ein familie der vi lagar mykje av maten sjølve heime. No er det kjekt å få lære vidare om dette her ved skulen, seier Anna som ser fram mot kvar dag ho kan få lage mat ved skulen. Noko som er tre dagar i veka då dei har praksis på kjøkkenet, dei andre to vekedagane er det allmennfag.

Endå kjekkare

FILMSTUDIO: Her har oppbygginga av eit fullverdig filmstudio starta.

ANNLEIS KLASSEROM: Elevane sit ikkje etter kvarandre i eit klasserom, men har møtebord og andre møblar.

– Det er slik med matlaging at det blir kjekkare til meir du lærer. Du får ei plattform der du kan utvikle deg vidare, seier Anna som nemner laging av kjøttbollar, kjøttkaker, fiskebollar og ikkje minst sausar som døme på mat dei har jobba mykje med. Der dei etter kvart kjem inn i fagspråket som blir brukt på alle restaurantkjøkken

SPENNANDE MED MAT: Anna vil jobbe innan matfag og satsar på å bli både bakar og konditor. rundt om i verda. –Det heiter ikkje å lage kvit saus til dømes. For dei fleste slike grunnleggande operasjonar har vi eit internasjonalt kokkespråk, som er fransk. Etter kvart blir det heilt naturleg å bruke desse orda, seier Anna som også har hatt utplassering på Bakerie på Bryggja. Der lysta til å bli bakar og konditor ikkje blei mindre. –Eg har lyst til å lage flotte kaker og godt bakverk til dømes, seier ho som neste år reiser til Bergen for å gå på Vg 2 Bakar og konditor der. Medan dei som vil gå vidare i Måløy kan søkje på Vg 2 Kokk og servitørfag. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no


4 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

VI GIR DEG

VIDAREGÅANDE TILBOD I NORDFJORD STRYN VIDAREGÅANDE SKULE Hegrevegen 1 – 6783 Stryn – Tlf. 57 63 86 00 E-post: Postmottak.strynvgs@vlfk.no – web: stryn.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering Realfag Språkfag, samfunnsfag og økonomi

– Sal, service og reiseliv (vg1) Vg2 Sal og reiseliv

YRKESFAGLEGE UTDANNNIGSPROGRAM – Bygg- og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Tømrar Vg2 Betong og mur

Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)

- Vaksenopplæring for minoritetsspråklege

Landslinje i skiskyting: Tilbod til elevar på Studiespesialisering og Bygg- og anleggsteknikk.

– Teknologi- og industrifag (Vg1) Vg2 Transport og logistikk

– Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Helsearbeidarfag

EID VIDAREGÅANDE SKULE Sophus Lie-vegen 3 – 6770 Nordfjordeid – Tlf. 57 63 83 00 E-post: postmottak.eidvgs@vlfk.no – web: eid.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering – Påbygg til generell studiekompetanse, Vg3 for dei som har vg1 og vg2 på yrkesfag Vaksenopplæring (for dei over 25år) – Vg4 påbygg til generell studiekompetanse for dei som har tatt fagbrev - Teknologi- og industrifag (4årig løp – fagbrev) Sluttkompetanse: Industrimekanikar, CNC-operatør, Industrisnikkar YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM: – Frisør-, blomster- og interiør og eksponeringsdesign (Vg1) – Vg2 Frisør – Vg2 Interiør og utstillingsdesign

– Handverk, design og produktutvikling (Vg1) – 1 år skule + 3 år læretid = fagbrev. – Teknologi- og industrifag (vg1) Vg2: Industriteknologi – Elektrofag (vg1) Vg2 Elenergi og ekom Vg2 Datateknologi og elektronikk Vg2 Automatisering Vg3 Dataelektronikarfaget Vg3 Automatiseringsfaget

Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)

MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE Tennebø, 6718 Deknepollen – Tlf. 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no – web: maloy.vgs.no

STUDIEFOREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM: – Studiespesialiserande – Yrkes– og studiespesialiserande utdanningsprogram (4 år med opplæring i skule – bedrift) Vg1 Teknikk og industriell produksjon Vg2-Vg4 Industriteknologi Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2-Vg4 Helsearbeidarfag Vg1 Naturbruk Vg2-Vg4 Akvakultutur med marine fag

YRKESFAGLEGE STUDIEPROGRAM – Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Vg1) Informasjonsteknologi (Vg2) – Teknikk og industriell produksjon (Vg1) Vg2 Køyretøy Vg2 Maritime fag – Bygg og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Byggteknikk – Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag – Naturbruk (vg1) Vg2 Akvakultur Vg2 Fiske og Fangst – Restaurant og matfag (vg1) Vg2 Kokk og servitørfag

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE Firdavegen 21 – 6823 Sandane – Tlf. 57 63 85 00 E-post: postmottak.firdavgs@vlfk.no – web: firda.vgs.no

3 vegar til studiekompetanse – STUDIESPESIALISERANDE – MUSIKK, DANS, DRAMA – IDRETTSFAG

Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)

Lik oss på

SØKNADSFRIST: 1. mars: Ordinær skule/læreplass


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 5

Traineestilling

VELG YRKESFAG Norge treng 100.000 nye fagarbeidarar innan 2030!

Ønsker du å jobbe med Internett og relaterte tenester? Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for den faglege og personlege utviklinga di. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Prosjektingeniør Arbeidsoppgåver:

SØK LÆREPLASS

Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur

Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar

Forhandlingar og utforming av kontraktar

Dokumentasjon av nett

Kvalifikasjonar til stillingane og kontaktinformasjon finn du på enivest.no/ledig-stilling

RIST SØKNADSF2021 15. MARS

2021 : August Tilsetting 22 20 til august N B! ar eestilling Alle train nno m je g å p må søkast ylket. Framti d sf

www.enivest.no

Maritim avdeling Måløy:

FAGSKULEUTDANNING • DEKKSOFFISER • MASKINOFFISER Avdeling Førde:

2-årig heiltidsutdanning Maritim avdeling Måløy: 2-årig teknisk fagskule deltid med samlingar/nettstudium over 3 år. 2-årig teknisk fagskule heiltid, eller

Førde: ••Avdeling DEKKSOFFISER MASKINTEKNIKK – ANLEGG – KLIMA,•ENERGI OG MILJØ (KEM) • ELKRAFT ANLEGG •• BYGG MASKINOFFISER • ELKRAFT – AUTOMATISERING • AUTOMASJON • KLIMA, ENERGI OG MILJØ 2-årig heiltidsutdanning • BYGNINGSSAKKYNDIG FOR TILSTANDSANALYSAR • BYGG • MASKINTEKNIKK (TAKSTMANN-UTDANNING)

2-årig heiltidsutdanning eller Avdeling Førde: 1-årig fagskule, deltid med samlingar/nettstudium over 2 år. 3-årig samlingsbasert nett-utdanning

E WANT

Frequency.no

W

Y U

RÅ GAR FO IGE IN L R Æ ERL AFT NYE SUP MEST BÆREKR 8 G N E R VI T TE OG DA. I KULAS E D NE I VER E J A T G Å B BYG IG HURT O G . N N I R L R L A E P S U

•• MJØLKEPRODUKSJON ELKRAFT • BRUK ANLEGG VED AV ROBOTTEKNOLOGI Meir info på vår heimeside: www.fagskulen.no • BIM • AUTOMASJON • KLIMA, ENERGI OG MILJØ Maritim avd. Måløy: tlf. 415 30 840 1/2-årig fagskule, nettstudium•over 1 år. • BYGG MASKINTEKNIKK Avdeling Førde: tlf. 57 63 74 50 • VELFERDSTEKNOLOGI 2-årig heiltidsutdanning eller Søknadsfrist:nett-utdanning 15. april 2015 3-årig samlingsbasert Maritim avdeling Måløy: via www.vigo.no 2-årig maritimSøknad fagskule, heiltid: Meir info på vår heimeside: www.fagskulen.no • DEKKSOFFISER Maritim avd. Måløy: tlf. 415 30 840 • MASKINOFFISER Avdeling Førde: tlf. 57 63 74 50 Meir info på heimesida vår: fagskulen.no Avdeling Førde, tlf 576 37 450 Avdeling Måløy, tlf 415 30 690

Søknadsfrist: 15. april 2015 Søknad viaSøknad www.vigo.no Søknadsfrist 15. april 2021. via samordnaopptak.no


6 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Desentralisert næringsretta fagutdanning i Nordfjord Med støtte frå Kunnskapsdepartementet skal selskapet Inviro AS jobbe for at fleire personar i regionen skal få tatt vidareutdanning der dei bur. Det er ei utfordring for store

delar av Distrikts-Noreg at ungdom som ønskjer utdanning ut over vidaregåande skule må reise ut. forsking viser at fire av fem som flyttar frå distrikta ikkje kjem tilbake, medan fire av fem som blir verande – blir. Dei siste åra har det blitt jobba for at alle som veks opp i regionen vår skal bli buande, gjen-

nom å skape desentraliserte utdanningstilbod på fagskule og høgskule nivå. Det kan vere bra å flytte på seg for å skaffe seg erfaringar og utdanning. Men, for dei som ønskjer å bli buande i regionen, eller for dei som ønskjer å flytte «heim», må der vere eit tilbod. Målet med desentralisert ut-

danningstilbod på fagskule- og høgskulenivå, er todelt. For det første å kunne gje krus og vidareutdanning der folk bur. For det andre å utvikle eit godt samarbeid med næringslivet, for på den måten å kunne tilpasse utdanningstilboda ut frå dei behov næringslivet i regionen har for kompetanse.

I 2019 vart det starta opp eit desentralisert utdanningstilbod innan automasjon og elkraft på Nordfjordeid. Dette tilbode er no vidareført med årlege opptak. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no

••Elevane om Eid vgs.

– Vi har eit godt og inkluderand – Skulemiljøet på Nordfjordeid er veldig bra. I tillegg til at vi er kjekke elevar som trivst godt saman, så skuldast i aller høgste grad skulen sin måte å ta i mot elevane på. Det seier Aurora Sundbotten Eikeli, frå Leirvik i Sogn, som er i ferd med å fullføre siste året på frisørlinja ved skulen som får anerkjennande nikk frå fem andre jenter som har benka seg i foajeen for å nyte velsmakande kyllingsuppe ein onsdag i februar. – Kvar onsdag er det open skule, då får vi gratis middag, og høve til å bli med på andre aktivitetar som skulen legg opp til, seier Rochelle Maathuis, som pendlar fram og tilbake til heimbygda Breim kvar dag. Rochelle går vg1 FBIE (Frisør, blomster, interiør og eksponering).

Blir sett

– Det er sikkert mange syn på

kva som er eit godt skulemiljø. Kva er eit godt skulemiljø for dokke? – Det handlar om eit miljø der alle, både elevar og lærarar, har respekt for kvarandre sine eigenartar. På Eid vgs. har vi lærarar som ser den enkelte elev, bryr seg og som er flinke til å lytte og hjelpe når det er nødvendig. Elevane er på skulen for å lære, om det er på yrkesfag eller studiespesialiserande, så litt kustus må det vere. Vi opplever at det er eit godt læringsmiljø på skulen, seier Mari Grøndal, frå Lærdal, som går vg1 på HDP (Handverk, design og produkt), og som satsar på saum og tekstil når neste skuleår startar til hausten.

Utanfor skulen

– Eit godt miljø handlar kanskje om meir enn dei timane de er på skulen kvar dag? – Livet ut over den tida vi er på skulen, er like viktig. Ungdomsmiljøet på Nordfjordeid er iallfall mykje betre enn heime i Leirvik. Sjølv om det siste året har vore veldig spesielt på grunn av korona, så har vi

kunne leve tilnærma normalt, så lenge vi held oss til den generelle smittevernreglane. Vi kan gå på kafe, eller besøke kvarandre. Det er mykje som skjer på Nordfjordeid, seier Aurora, som har bestemt seg for å flytte til Bergen for å ta læretida som frisør der.

Utfordrande

– På grunn av pandemien har det vore ein del restriksjonar, korleis har det prega skulekvardagen og skulemiljøet? – Stort sett har det gått greitt, men det har vore utfordrande sosialt, seier elevane rundt bordet som legg til at den største utfordringa har vore at det har blitt mindre kontakt mellom elvar på tvers av gruppene. Rochelle Maathius starta på vg1 FBIE hausten 2019. 13. mars 2020 vart skulen stengt ned. Ei nedstenging som skulle vare i to månader. – Eg mista fullstendig motivasjonen av å sitte heime. Det var ein tung periode prega av einsemd og lite læring. Det endå opp med at eg slutta og starta på nytt hausten 2020, seier Rochelle.

Miljøkoordinator

– Då vi starta opp med open skule var det tre fire som møtte opp. Dei fleste hybelbuarar, sjølv om det er eit tilbod opent for alle elevane ved skulen. I dag er rundt 40 som har skrive seg på lista, men framleis er det hybelbuarane den største gruppa, seier Hilde-Kristin Grimstad Nord, miljøkoordinator ved Eid vgs. – I tillegg til mat legg vi opp til ulike aktivitetar som elevane kan bli med på, seier ho. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.non

GODT MILJØ: – Vi legg stor vekt på å skape eit godt miljø ved Eid vgs., seier Hilde-Kristin Grimstad Nord, som har vore miljøkoordinator ved Eid vgs. sidan 2004. Frå venstre: Line Kvalheim Sunde, minoritetsrådgjevar, maria Julia Haugstad, kantinehjelp, Vidare elevane Mari Grøndal, Aurora Sundbotten Eikeli, Mia Kristiansen, Rochelle Maathuis, Anette Eineteig og Evy Susann Skeide. FOTO: TORMOD FLATEBØ

– Stor etterspurnad frå næringslivet – Elevar som vel utdanning innan data og elektrofag og automasjon er bortimot sikra lærekontrakt når dei er ferdige på skulen. Det seier Ove Jonny Lillestøl, avdelingsleiar for yrkesfag på Eid vgs. – Eid vgs. har i dag to klassar vg1 med 15 elevar i kvar klasse på elektro og datateknologi. Etter vg1 kan du gå vidare på vg2 og velje mellom datateknologi og elektronikk, automatisering og/eller elenergi og ekom. Det siste året, vg3, kan du velje dataelektronikafaget eller automatisering. Erfaringsvis kan eg seie at eit fellestrekk for dei

ulike retningane, er at det er stor etterspurnad etter denne kompetansen i næringslivet, både lokalt og regionalt i Nordfjord. Alle som i dag går vg3 har fått lærekontrakt, seier Ove Jonny Lillestøl som understrekar at moglegheitene mot spennande og utfordrande yrkesval er mange. – Også om ein skulle velje å ta høgare utdanning innan dei ulike retningane. Vidareutdanning kan ein no ta desentralisert, seier han.

Rett ut i lære

Sebastian Løset, elev på vg3 elektroteknikar, er ein av elevane som har fått lærekontrakt. – Når eg er ferdig på skulen har eg fått lærekontrakt i Vestland Fylkeskommune, seier Se-

bastian som legg til at Eid vgs. er ein særdeles godt utstyrt skule.

Kvardagen til fol

– Samfunnet vi lever i er i stadig utvikling, og stiller stadig nye krav til dei som skal jobbe med alt dei vi omgjev oss med i kvardagen. Nesten alt vi er avhengig av, er avhengige av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for fagfolk i straumforsyning, utvikling av bustader, industri, fly, skip, tog, køyretøy med meir. Derfor er det viktig at skulane utstyr som er relevant i høve det elevane vil møte i arbeidslivet, seier Ove Jonny Lillestøl. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no

FRÅ STRANDA: Denne roboten som har løfta meir enn ein godt steikt pizza. No er Grandiosa-roboten godt plassert på Eid vidaregåande skule der det blir heilt andre bollar. FOTO: TORMOD FLATEBØ


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 7

Vaksenopplæring - Gloppenmodellen Det komande skuleåret har Eid vidaregåande skule tre ulike tilbod på Vg1 teknologi og industrifag (TIP) for vaksne. Tilbodet er etter den sokalla «Gloppenmodellen», som er ein

samarbeidsmodell mellom bedrift, NAV og fylkeskommune., og rettar seg inn mot vaksne. Dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord har ulike utdanningstilbod/fagområde etter denne modellen. Eid vgs. har tilbod innan teknologi og industrifag. Firda vgs. på Sandane har tilbod innan helsefag. Stryn vgs. har til-

Vg4 påbygging

bod innan byggfag, og Måløy vidaregåande har eit vaksenopplæringstilbod innan Vg1 naturbruk. Vaksenopplæringstilbodet på Eid vgs. er delt inn i CNC-operatør, industrimekanikar og industrisnikkar. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no

Det siste skuleåret har Eid vidaregåande skule hatt eit tilbod til elevar som har fagbrev i botnen. Hovudutvalet for opplæring i Vestland fylkeskommunen gjorde tilbodet permanent sommaren 2020. Det spesielle med utdanningstilbodet, er at det er nettbasert og difor kan kombinerast med å vere i jobb. Studiet har fire fellesfag innan historie, matematikk praktisk, naturfag og norsk. Påbygging til generell studiekompetanse gir moglegheit til vidare studium ved dei fleste høgskular og universitet., og er på totalt 645 timar.

nde skulemiljø STUDIESPESIALISERANDE: Desse elevane går Vg2 studiespesialiserande på Ed vgs. I tillegg til elevane ser du avdelingsleiar Torild Natvik (i midten framme) og norsklærar Marianne Valeberg Nes (ståande mot veggen). FOTO: TORMOD FLATEBØ

••Torild Natvik, avdelingsleiar studiespesialiserande:

– Må sjå elevane – Den viktigaste jobben vår er å førebu elevane som vel studiespesialisering best mogeleg førebudde for vidare studiar, seier Torild Natvik, avdelingsleiar for studiespesialiserande ved Eid vgs.

– Eid vgs. har parallelle klassar på alle klassesteg. Det vil seie to klassar med rundt 30 elevar i kvar klasse. På første året på studiespesialiserande er det åtte obligatoriske. Når elevane gå vidare til andre og tredje året, er det høvesvis fem (Vg2) og fire (Vg3) obligatoriske fellesfag. Resten av faga, sokalla programfag, er det eleven sjølv som vel. Eid vgs. har stor breidde i programfag, seier Torild Natvik som understrekar at skulen si fremst oppgåve er å gjere elevane i stad til å studere vidare på høgskule og universitet.

God blanding SISTE ÅRET: Sebastian Løset går siste året på data og elektronikk. Når skuleåret er omme startar han som lærling i Vestland fylkeskommune. FOTO: TORMOD FLATEBØ

– Lærarstaben ved skulen er i dag ei god blanding av lektorar med mykje erfaring og høg kompetanse, og yngre lektorar med høg utdanning. Målet er å skape gode rammer for læring,

og at elevane blir medvitne på kva dei skal jobbe med. I tillegg til å skape ein best mogeleg læringsarena, arbeider vi for å skape gode relasjonar mellom lærar og elev, og mellom elevar. Dette er kjempeviktig og grunnleggande for god læring, seier Natvik.

Evner og talent

– På Vg2 og Vg3 har elevane ti ulike programfag å velje mellom. Korleis arbeider skulen for at elevane skal ta dei rette vala? – Først og fremst skal vi, ut frå evner og talent, gjere elevane sjølve i stand til å ta dei gode vala. Lærarane våre kjenner elevane godt, og i den prosessen vil lærarane vere gode rådgjevarar. Enkelte elevar veit kva dei vil medan andre treng litt lengre tid på å bestemme seg. Det gjeld både når vi snakkar om å velje programfag, og kva den enkelte tenkjer når det gjeld vidare studiar og seinare yrkesval, seier Torild Natvik og legg til at i dagens samfunn må dei som i dag tek utdanning bu seg på at dei kanskje må skifte yrke. – Samfunnet er i rivande utvikling på mange område, der «gamle» yrke blir heilt annleis enn det dei var for kort tid si-

dan. Det ser vi mange døme på kvar einaste dag. – Studiespesialisering er ikkje ei vidareføring av teoretisk skulegang, det er ein studie for å lære og studere vidare, seier Natvik.

Draumeskulen

– Eit godt læringsmiljø, som du har vore innom, er viktig. Kav gjer Eid vgs. på dette området. – I nokre år no har vi hatt eit program med tittelen «Draumeskulen» som er eit program utarbeidd av «Voksne for barn» der målet er å betre trivselen, bli betre kjent i klassen og på skulen, og ha ein betre skulegang. På Eid vgs. har vi elevmentorar. Det er elevar på vg2 og vg3 som bruker av si skuletid til å skape eit godt sosialt miljø i vg1-klassane. Det er to til fire elevmentorar i kvar klasse. Dei organiserer bli-kjent-leikar, har lunsjavtalar med elevar, finn på sosiale aktivitetar i friminutta og tek kontakt med elevar dersom nokon er åleine, seier Torild Natvik som legg til at programmet er ein del av arbeidet for at fleire skal gjennomføre vidaregåande skule, i tillegg til å skape eit miljø der elevane skal føle seg trygge. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.nov


8 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Ta sjukepleiarutdanning der du bur

DESENTRALISERT: Trine Myhre Edvardsen, Agnieszka Kozubek, Renate Lillevik Kjellevold, Simona Hjelle, Line Skår, og Johanne Nesbø går desentralisert sjukepleiarutdanning på Nordfjordeid.

Desentralisert sjukepleiarutdanning i Nordfjord er viktig tiltak for å gjere det lettare å skaffe kvalifisert personell med rett kompetanse for kommunane. – I dag er det ei utfordring for

fleire kommunar i Nordfjord å få tak i nok sjukepleiarar, seier Barbro Longva, kommunalsjef i helse og omsorg i Stad kommune. – At vi har denne utdanninga lokalt i Nordfjord er viktig for dei som har jobba innan helse, er etablerte, men som ikkje ser for seg å flytte på seg for å ta studiar, fortel Longva.

Desentralisert sjukepleie gjennom Høgskulen på Vestlandet er eit studietilbod for tilsette i helseføretak som ønsker å utdanne seg til sjukepleiar. Utdanninga fører til graden Bachelor i sjukepleie og autorisasjon som sjukepleiar. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

FRILUFTSLINJE: – Fjordane Folkehøgskule ligg midt i smørauget for alle som er glad i natur, seier Kjartan Haaland som er nytilsett lærar på den nye friluftslinja ved skulen. FOTO: LAURIDS BARTLING

Unikt tilbod med Nordfjordnaturen som klasserom Denne hausten startar Fjordane folkehøgskule ei heilt ny linje der klasserommet er den vakre og varierte Nordfjord-naturen. På linja Friluftsliv – fjord, fjell, hav skal ungdommar frå heile landet bli kjend med og lære å bruke regionen gjennom skuleåret. – Fjordane Folkehøgskule ligg midt i smørauget for alle som er glad i natur, seier Kjartan Haaland, ein av lærarane på linja.

Naturen

Kjartan er nyleg flytta til Nordfjordeid og mykje av grunnen til at han og kjærasten valde å slå seg ned i Nordfjord er nettopp naturen. – Her har vi djupe fjordar, mektige fjell, eit fantastisk flott hav og levande brear. Det er nettopp dette vi ønsker å formidle til elevane våre, seier Haaland som legg til at målet er at dei i løpet av året på Fjordane folkehøgskule skal vere i stand til å planlegge og gjennomføre korte og lengre turar, både sommar som vinter. – Det blir eit eventyr. seier han.

Frå hav til fjell

På linja får elevane moglegheit

til å prøve alt frå surfing i Hoddevik, vinteraktivitetar på Harpefossen, padling, klatring inne og ute, turar i fjella, brevandring og mykje meir. – Elevane er sjølve med på å påverke innhaldet på linja og kva vi skal oppleve saman, seier Haaland.

Åtte linjer

Fjordane folkehøgskule ligg i sentrum av Nordfjordeid, og har dette skuleåret om lag 90 elevar fordelt på åtte linjer. Alle linjene er forankra lokalt og spring ut frå lokalhistorie og etablerte miljø, og som høyrer naturleg til Nordfjordeid og Stad kommune. Hestelinjene har flest elevar, med fjordhesten som eit naturleg midtpunkt. At skulen ligg eit steinkast frå gravhaugane på Myklebust gir ein ekstra dimensjon til elevane på vikinglivlinja, og at den einaste sirkusskulen i landet ligg i «heimbygda» til sirkus Agora er for mange heilt naturleg – om enn litt eksotisk. – Den unike linjesamansetninga på skulen er noko som også friluftsliv-elevane vil få glede av, seier linjelærar Kjartan. – Tenk å få ri fjordhesten i sitt rette element! Fjordane folkehøgskule, som alle folkehøgskular i landet, tar opp elevar frå 1. februar og fram til skulestart i august, eller til linjene er fulle.

SPENNANDE ÅR: Det har vore eit spennande førsteår med frisørlinje ved Eid vgs. – Dette passar for både gutar og jenter, seier lærar Marilyn Osmundsvåg. ALLE FOTO: EID VGS

••Frisørlinja

Ny hårfarge hos mange – Det har vore eit spennande år for det første kullet, seier faglærar Marilyn Osmundsvåg om den nye frisørlinja ved Eid vgs.

Dette er det einaste frisørtilbodet i gamle Sogn og Fjordane. Frisørbransjen i Nordfjord var også pådrivar for å få linja til Nordfjord, fordi ein ser behovet for å skaffe arbeidskraft til bransjen.

Kompetanse

Frisørlinja vart i fjor flytta frå Høyanger, då ein opplevde at mange valde å ta privat frisørutdanning i Bergen eller Ålesund i staden. – Vi treng å halde oppe kompetansen i frisørfaget, fastslår Osmundsvåg, og legg til: – Det første året har vore spennande. Frisørsalongen på skulen har vorte kjempefin, men undervisningsåret har vore litt annleis fordi vi har ikkje kunne tatt inn kundar utanfrå på grunn av korona. Difor har ein brukt elevar frå andre klassar på skulen som hårmodellar. Det er mange som har fått ny farge gjennom skuleåret, smiler Osmundsvåg.

HÅR: Ungdom frå heile Sogn og Fjordane kjem til Nordfjordeid for å lære frisørfaget.

HÅRFARGE: Mange elevar har fått ny hårfarge gjennom skuleåret – som hårmodellar.

Elevar frå heile Sogn og Fj.

dare på Vg2 Interiør og eksponeringsdesign eller Vg2 Frisør. Etter fagbrev eller Vg2 kan du gå eit år påbygg for å få generell studiekompetanse. – Vi har elevar frå heile Sogn og Fjordane, og ambisjonen er at vi skal bli veldig god utdanningsinstitusjon, seier Osmundsvåg. På Vg2 har frisørelevane praksis – mange i frisørsalongar i Nordfjord. Nokon har også kome så langt at dei allereie har fått seg lærlingplass.

I år er det ni som tek frisørfaget ved Eid vgs., medan det er 11 elevar på den nye FBIE-klassa (frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign). På Vg1 arbeider ein yrkesretta, og bruker materialar, teknikkar og verktøy som er knytt til arbeidsområda frisør, blomster, interiør, profilering, utstilling, maske- og parykk. Her lærer ein gjennom praktisk arbeid, og dette kan vere ei linje for dei som likar form og farge, og arbeide med folk. Andre året kan ein velje vi-

INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 9

Velkommen til Florø og til Flora vgs!

VG1

VG2

VG3

Vi er ein skule med fokus på gjennomføring og godt læringsmiljø. Hos oss får du hjelp til å skaffe hybel. Vi er “Draumeskule” i samarbeid med organisasjonen Voksne for barn. Vi har og open skule med aktivitetar, hybelmiddag, og leksehjelp. Neste år er det ny faginndeling på VG2 Byggfag, og tilbod om e-sport som toppidrett for elevar på idrettsfag.

Har du spørsmål om skulen og tilbodet?

Ring oss på tlf 57 63 76 00 og snakk med ein rådgjevar eller lærar. Avtal gjerne eit besøk eller sjå flora.vgs.no og facebook.com/floravgs/ for meir info.

flora.vgs.no

Visste du at… din nye medarbeidar ikkje er på jakt etter ny jobb? Bruk sterke og truverdige medium i jakta på din nye medarbeidar.

www.nordfjordsamkøyringa.no

Vi utdanner deg til FREMTIDENS YRKER Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til naturopplevelser i verdensklasse. Hos oss kan du ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.

SØKNADSFRIST 15. APRIL

www.himolde.no


10 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Anatomi, helse og leiing

Fakta om Firda vgs.

Firda vidaregåande skule ligg på Sandane i Gloppen kommune og har ca. 400 elevar. Skulen har studieførebuande utdanningsprogram: Musikk, Dans, Drama, Idrett og Studiespesialiserande. I tillegg har skulen vaksenopplæring med Helsefag for minoritetsspråklege (Gloppenmodellen) og grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom (kombinasjonsklasse).

BALL: Elevar frå 1. året på studieførebuande idrett, Malene Utheim, Malin Hjartholm Denk, Mathias Aa Sandal og Jonathan Flatjord Erle.

På idrettslinja på Firda vgs. får du ein kvardag med fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfaglege teorifag som mellom anna omfattar anatomi, helse eller leiing. Idrettslinja gjev deg generell studiekompetanse, som er inngangsporten til vidare studium på universitet og høgskular. I tillegg til at du får drive med idrett som ein del av skulekvardagen kan du få med deg ekstra kompetanse som du kan ha nytte av i mange samanhengar seinare i livet og i vidare studiar. Idrettslinja på Firda vgs. legg til rette både for dei som vil bli best mogleg i sin idrett, og for dei som berre vil bruke idretten som ein hobby eller vil ha meir fysisk aktivitet inn i skulekvardagen.

••Musikk, dans og drama på Firda vgs.

Utviklar kreativite

SAMARBEIDER: f.v. Dina Kristin Tjønneland frå Viksdalen går på dramalinja. Sara Torheim Frislid frå Eid går på danselinja. Thea Sofie Mundal frå Sandane går på musikklinja. Viljar Sæthre Ediassen frå Sogndal går på dramalinja og Kolbein Eide Bukve frå Luster går på musikklinja. VG3 MED MUSIKAL: Elevane fortel at musikalen Nasegrevet er ei kreativ blanding av ulike eventyr. Her får du mellom anna møte Kvitebjørn kong Valemon og snille troll.

Samarbeider om familieframsyninga Nasegrevet På Firda vgs. er vg3-elevar i full sving med å førebu musikal. I år har dei valt Nasegrevet, ei familieframsyning sett saman av mange ulike eventyr. Musikalen er eit tverrfagleg prosjekt der elevane frå vg3 musikk, dans og drama jobbar saman som ei eining. – Eg er eit tre, eller kanskje ei blanding av eit tre og ei fe. Sara Torheim Frislid svevar rundt og er i dette tilfellet ein levande rekvisitt i musikalframsyninga, som har premiere 19. mars. Viljar Sæthre Ediassen stikk hovudet ut frå eit isbjørnkostyme. Sjølvsagt frå folkeeventyret Kvitebjørn kong Valemon, og Thea Sofie Mundal er ei jenta som er trollbunden av bjørnen.

Kolbein Eide Bukve er troll, og Dina Kristin Tjønneland er Bjarne, den snille trollonkelen. Her ligg alt til rette for ein kjekke kveld både i sal og på scene.

Kunnskapen kjem til nytte

– På dramalinja lærer du å kommunisere, både verbalt og kroppsleg. Avdelingsleiar for musikk, dans og drama, Solfrid Bjørkum meiner at det er litt underkommunisert at det å utvikle kreativiteten, jobbe prosjektbasert, setje seg mål og samarbeide på tvers av fagfelt er noko som trengst i mange samanhengar. Ho fortel at ho får tilbakemeldingar frå tidlegare elevar om at det som dei har lært på musikk, dans og drama seinare har kome til god nytte i eit breitt spekter av yrke.

For nokre elevar er året på dans, musikk eller drama på Firda vgs. eit trinn på stigen oppover til eit kreativt yrke som leveveg. For andre er det eit år der du kan dyrke hobbyen din samstundes som du får generell studiekompetanse. – Det var eit vanskeleg val. Det stod mellom studiespesialiserande på Eid og her. Du får studiekompetanse her også, og så kan du gjere noko kjekt i tillegg, i staden for å sitje med nasen i ei bok heile tida. Det seier Sara frå Eid, som har drive med dans og drill heilt frå tidleg skulealder. Draumen er å bli lærar. Truleg får ho god nytte av det som ho har lært på danselinja på Firda vgs. seinare i jobbsamanheng. – Vi har lært å kommunisere på mange andre måtar enn med språket. Vi lærer å uttrykke oss med heile kroppen. Eg har blitt meir sjølvsikker og flinkare til å formidle. Og så har eg fått veldig god kondis, ler Sara. – Det er hard trening, men veldig verdt det, legg ho til.

Glad i å bruke kroppen

– Eg har alltid vore kreativ og veldig glad i å bruke kroppen min, fortel Viljar frå Sogndal. For han stod valet mellom elektrolinje og drama. Valet fall på studieførebuande med drama på Firda vgs., og det har absolutt svart til forventningane. No går han 3. året, og han har lyst til å utvikle seg vidare, så til hausten blir det truleg linja kreativ mix på Vefsn folkehøgskole i Mosjøen.

Vil bli filmkomponist

For Kolbein frå Luster var valet lett. Han visste at han hadde lyst til å drive med musikk, og musikklinja på Firda var den einaste plassen med eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane. Han kjende andre som hadde gått her før og hadde eit godt inntrykk. – Det er mykje det sosiale Firda er mest kjend for. Dei jobbar mykje for å lage eit godt miljø, seier Kolbein som har eufonium som sitt instrument. I tillegg komponerer han musikk. Draumen er å bli filmkomponist. På Firda har han også fått hjelp vidare til å kome inn på Griegakademiet. No under koronaen er det nettbasert undervisning, i normaltider inneber

det turar til Bergen for å få spesialisert opplæring.

Vekte interesse

Då Dina Kristin frå Viksdalen skulle velje utdanningsveg, studerte ho alle linjene i Sogn og Fjordane og landslinjer nasjonalt. – Det var inga anna linje enn drama på Firda som vekte interesse, konstaterer ho. I heimbygda er ikkje fritidstilbodet for ungdom med interesse for skodespel spesielt stort. Unntaket er haustfesten til 4H. Dina Kristin tykte det var gøy å opptre med sketsjar, og


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 11

Har e-sport som valfag Alexander Bortne frå Selje går 3. året studiespesialiserande, og har e-sport som valfag. Det inneber to dobbeltimar i veka der du mellom anna analyserer spel og legg planar. Alexander fortel at det som blir mest spelt på Firda er Cs:og, men sjølv liker han aller best Valorant. Elevane har fri tilgang til spelerommet på friti-

da. Bortne vedgår at det til tider blir ein del speling i fritimar og kveldar, på det meste bortimot 50 timar i veka, men han passar på at det ikkje går ut over skulearbeidet elles og det å vere sosial. Sjølv har han valt fordjuping i realfag og bruker mykje tid på matte og fysikk. – Valde du Firda vgs. på grunn av e-sport?

– Nei, e-sport var ikkje valfag då eg gjekk første året. Eg hadde først tenkt å gå på Eid, men ein kamerat overtalte meg til å velje Firda, og det er eg ufatteleg glad for. – Kvar går vegen vidare? – Planen er ingeniør klimateknologi Høgskulen på Vestlandet og deretter master sivilingeniør energi ved Universitetet i Bergen.

GAMING: På Firda vgs. har dei eige gamingrom. Alexander Bortne bruker ein god del av fritida si her.

et og evne til formidling ØVER: Oddmund Voll på bassgitar og Mikal Høstaker Nordheim på slagverk øver til musikalen.

Ingen opptakskrav På musikklinja vel kvar elev eit instrument som hen får undervisning og individuell opplæring i. Det kan vere alt frå trompet til band eller operasong. – Er det opptakskrav for å kome inn på ei slik linje?

GODE LOKALE: På Firda vgs. er det gode øvingslokale, mellom anna er her eit eige dansestudio. ALLE FOTO: ANNA IRENE WUTTUDAL

på ungdomsskulen tok ho initiativ til å få Sal og scene som valfag. Dina Kristin fortel til avisa at ho har lyst til å prøve litt forskjellig, og til hausten blir det truleg teaterlinje på Solbakken folkehøgskule. Draumen er å leve av å underhalde folk.

feltet. Vegen vidare går til sosiologistudiar ved NTNU i Trondheim. Val av studiestad er sterkt prega av at det der er mykje kjekt å finne på. Thea har to søstrer i byen, som har skrytt veldig av song- og musikkmiljøet der.

Vart inspirert

– Her kan du ha det gøy og dyrke hobbyen din samstundes som du får generell studiekompetanse. Om du vil ta den raskaste vegen til legeyrket, så er kanskje ikkje dette det rette valet. Men ingen vegar er stengde. Ekstra realfag kan du ta seina-

– Eg vart inspirert av Osetvillingane til å velje musikklinja på Firda, fortel Thea frå Sandane. Ho byrja med tverrfløyte som instrument, men bytte over til song andre året, for å utvikle seg også innan det fag-

Mykje jobbing

re, oppsummerer avdelingsleiar for musikk, dans og drama, Solfrid Bjørkum. Ho understrekar samstundes at det i periodar er ganske mykje jobbing. På timeplanen er det fem timar meir undervisningstid enn vanleg studiespesialisering. – Om du vel programfaga musikk, dans og drama må du likevel tileigne deg den grunnleggande kunnskapen i alle teorifaga, samstundes som du får utfalde deg kreativt. ANNA WUTTUDAL anna@fjordabladet.no

– Dei fleste har gjerne gått på kulturskule, men det er ikkje noko krav. I undervisninga tek vi utgangspunkt i det nivået som eleven er på. Til dømes kan du godt velje song utan å ha teke songundervisning tidlegare. Dersom du vel eit blåseinstrument, så er det ein fordel om du har vore litt borti i det før, men du treng ikkje. Vi startar heilt frå scratch.

Du godt velje song utan å ha teke songundervisning tidlegare

KREATIV KVARDAG: Her får du vist ulike kjensler.

– Dersom vi ikkje sjølv har kompetansen her på skulen, så kjøper vi kompetanse utanfrå. Til dømes så hadde vi for nokre år sidan ein elev som valde harpe, ho fekk undervisning av ein frå Austlandet, fortel avdelingsleiar for musikk, dans og drama, Solfrid Bjørkum.


12 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Kompetanse ogsatser teknologi Vi på hand i hand.

kompetanse

Er du interessert i lærlingeplass?

Vi hjelper deg å lykkes!

Vi har fagområda: ► Kjemi-/prosess ► Produksjonsteknikk ► Logistikk ► Dataelektroniker ► Industrimekaniker ► Automatiker

Søknadsfrist 30. mars. Har du lærevansker eller psykiske/fysiske utfordringer, og trenger ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? Vi gir elever fra hele Norge en unik mulighet i et trygt miljø. •

Elektro og datateknologi

Salg, service og reiseliv

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Påbygg til generell studiekompetanse

Bremanger

facebook.com/krokeidevgs firmapost@krokeide.vgs.no

www.krokeide.vgs.no

www.elkem.com

instagram.com/krokeide_vgs

DU ÒG KAN FÅ BETALT JOURNALISTOPPLÆRING SØK INNAN 15. APRIL

norsk

www.nynorskavissenter.no

AV I S S E N T E R

www.hivolda.no/vidare

FRISØR? For mer informasjon se cancamskolen.no. Studiestart: august 2021 og januar 2022

Tlf: 70 10 72 76 post@cancamskolen.no // Ålesund

Kompetanse for kvalitet

Vidareutdanning for lærarar Andrespråkspedagogikk 1, 1.-10. årssteg Engelsk 1, 1.-7. årssteg Engelsk 1, 5-10 Engelsk 2, 5-10 Søknadsfrist Matematikk 1, 1-7 1. mars Matematikk 1, 5-10 Matematikk 2, 5-10 Norsk 2, 1-7 Nynorsk i opplæringa 8-13, nettbasert Kunst og handverk, 1–10 Programmering, 1–7, nettbasert Programmering, 5–10, nettbasert Spesialpedagogikk, 1–10 Rettleiing for praksislærarar i barnehagen Realfag i barnehagen

NT A W E W Frequency.no

Drømmer du om å bli

THER T O G CE A N D O I T WE

Y U

Bli ein LING ÆR R SUPE Li ei EDRIFT SUPERB

SØK LASS PÅ LÆREPLARLING.NO SUPER


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 13

Les meir om oss på

OKSU.NO Det er smart å velje yrkesfag

Ein treng ikkje vere spesielt sterk for å mekke tunge køyretøy. Det viktigaste er å jobbe smart – og be om hjelp. Du må tore å ta dei vala du har lyst til. Eg valde tunge køyretøy fordi det er kulare og tøffare enn dei andre køyretøyfaga. - Andrea Johnsen Sollid, mekanikar på tunge køyretøy på Scania i Stryn

Til foreldre og føresette Yrkesfag opnar alle dører Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane. Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning. - Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid

www.okhm-sfj.no

www.bok-sfj.no www.bilfag.no

www.vestland.byggopp.no

www.ofelsfj.no

Vi ser etter deg som vil bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. Hos oss finn du eit stort mangfald av framtidsretta jobbar, frå fagarbeidarar, ingeniørar til eit breitt spekter av administrative fag og leiing.

www.t

No er vi på søken etter trainee innan berekraft og lærlingar om du ønskjer å ta fagbrev som energimontør eller energioperatør, sjå meir på sfe.no. www.okfh.no

www.okab.no

Søknadsfrist 15. mars

www.noropp.no

www.okosweb.no

SOGN OPPLÆRINGSKONTOR

www.byggmesterforbundet.no

Er du oppteken av klimaet og framtida?

www.pro.sf.no

www.sognok.no


14 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Det sosiale betyr mykje Nordfjord Opplæringskontor passar på at dei 146 superlærlingane har det bra både på arbeid og på fritida.

I tillegg til oppfølging arrangerer Nordfjord Opplæringskon-

tor sosiale arrangement for superlærlingane gjennom året. Vanlegvis, utanom korona, har det vore tradisjonelle samlingar på Hoven der ein er sosiale, har det kjekt og akar ned att. Det har også vore samlingar med surfing i Hoddevik. Superlærlingane Oline Challen, Stian Høvig, Isak Andre Rundereim og Feeda Almaflani

trekk alle fram dei sosiale samlingane som høgdepunkt under læretida. Særleg det å møte andre lærlingar og dele erfaringar har vore nyttig. – For meg som er den einaste lærlingen på Kontorpunkt AS, er det veldig kjekt å vere ein del av superlærlingane, det sosiale som skjer og ha nokon å snakke med, seier Fedaa.

– Eg har hatt det veldig kjekt som superlærling. Det har vore heilt supert. Det kjekkaste har vore samlingane, vi har gjort mykje spennande som å surfe og dratt på turar. Det sosiale betyr mykje, spesielt når du er lærling. At du har folk som kjem å spør om det går bra og om du treng hjelp er veldig nyttig, seier Stian.

GULL: Yrkesfagelevar får vere med på mykje kjekt, og for Oline Challen var det kjekkaste då ho i 2. klasse tok gull under Skule-NM i helsefag. FOTO: PRIVAT

– Det har vore veldig kjekt å få vere ein del av Opplæringskontoret og vere med på aktivitetane som har blitt arrangert der. Vi har vore på Hoven, møtt andre lærlingar og kunne dele erfaringar om korleis i det er å vere ute i bedriftene, seier Oline. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

TAVLEMONTØR: Stian Høvig er tavlemontør på Eid Elektro og bestod nyleg fagprøva. FOTO: PRIVAT

••Fire unge nordfjordingar

Har valt å gå yrkesfagvegen Oline Challen er norgesmeister i NM, for Stian Høvig har vegen og motivasjonen blitt til undervegs, Isak Andre Rundereim og vennane hans tok alle forskjellige val og Fedaa Almaflani har følgt hobbyen sin. Oline Challen frå Nordfjordeid, Stian Høgvig frå Nordfjordeid, Isak Andre Rundereim frå Selje og Feeda Almaflani frå Syria/ Nordfjordeid er fire av 146 superlærlingar ved Nordfjord Opplæringskontor. Trass i at dei fire har valt ulike retningar, har dei også noko til felles: dei har tatt sine eigne val når dei valde fag på vidaregåande sku-

le, og alle fire har valt å gå retningar innan yrkesfag.

Utfordre seg sjølv

Oline Challen er helsefagarbeidar i Stad kommune og går fjerde og siste året på helsefag på Måløy vidaregåande skule. Då Oline skulle bestemme seg for skule og fag, valde ho å utfordre seg sjølv. – Eg hadde lyst å prøve noko nytt, vekke frå Nordfjordeid. Eg visste eg hadde lyst å jobbe i helsevesenet og såg moglegheita til å gå YSK helse i Måløy, der eg får både studiekompetanse og fagbrev. Eg er einaste frå Nordfjordeid i mi klasse, og eg tykte det var veldig kjekt å starte med heilt blanke ark. Det var veldig kjekt å møte nye folk. Eg kan anbefale å utfordre seg sjølv litt, fortel ho. No når Oline går fjerde året

er har ho vanleg skule og tre av dagane er ho ute i praksis. Gjennom dei fire skuleåra har ho fått prøve ut mange forskjellige yrke og institusjonar, og for tida er ho på Hogatunet Bu- og Behandlingssenter. – Eg har trivest veldig godt med det vi har gjort dei siste åra, spesielt det at vi aldri hatt ei heil veke berre på skulen. Vi får moglegheita til å sjå og prøve ut mange forskjellige yrke, som vernepleie, heimesjukepleie og sjukeheim. Ein får prøvd ut så mykje som mogleg og får då sjå kva som passar og kva som eventuelt ikkje passar. Det er ei veldig god erfaring for oss, fortel ho. – Ein får vite litt meir kva ein har lyst å drive på med framover, og eventuelt kva ein skal fordjupe seg vidare i om ein skal studere vidare. Eg veit eg

skal studere i Bergen til hausten, og eg har søkt på ulike ting innan helseyrket, legg Oline til. – Kva er det beste du har opplevd i løpet av desse fire åra? – Å delta i Skule-NM var det kulaste og største eg har vore med på, konstaterer Oline som vart norgesmeister i helsefag under Skule-NM då ho gjekk i andre klasse på Måløy vidaregåande skule.

Valde hobbyen sin

Fedaa Almaflani er dataelektronikar og er lærling på Kontorpunkt AS i Øyane på Nordfjordeid. På vidaregåande gjekk han elektro og dataelektronikk, og no er han i gong med det første året ute i lære. – Det er veldig variert kvar dag. Sjefen kallar meg IT-ansvarleg, fortel Fedaa som jobbar med å løyse det meste

tekniske innan data. Nokre av arbeidsoppgåvene til Fedaa er å montere skrivarar for bedrifter rundt om i Nordfjord, men han driv også å lagar ei nettside for ei bedrift. – Eg har ei veldig stor interesse for data. Det har eg hatt heilt sidan eg kom til Norge i 2013/2014. Det har blitt ein hobby, seier Fedaa som ønskjer å studere vidare etter læretida. – Eg ønskjer å jobbe som ITansvarleg eller som dataelektrolærar, fortel han.

Skrur på jobb og fritid

Isak Andre Rundereim jobbar som industrimekanikarlærling på Nomek i Stryn. Trass i at Isak jobbar mykje med lastebilar, er industrimekanikar eit variert fag men ein god del moglegheiter. – Eg begynte på Tipp og der-


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 15

Fire kommunar – over 50 lærebedrifter Skular, kommunar og lokale og internasjonale bedrifter er med på laget i Nordfjord Opplæringskontor.

HEILE NORDFJORD: Over 50 bedrifter i Nordfjord er superbedrifter. Her er frå Eid Elektro, der Stian Høvig har vore lærling. FOTO: PRIVAT

Nordfjord Opplæringskontor har med kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Kinn på laget og over 50 ulike bedrifter i desse kommunane

DATAELEKTRONIKAR: Fedaa Almaflani er dataelektronikar og lærling på Kontorpunkt. FOTO: OLIN MARIA YRI frå gjekk eg til industri og no er vi her. Eg får vere med på mykje rart, mykje skruing og kopling. Det er variert, og ein står ikkje kvar dag og gjere det same, noko som eg set pris på. Eg likar det eg held på med, og eg får vere med å bygge opp lastebilar og påbygg til bil og trekkvogner og krokbil, fortel Isak som også skrur mykje bil på fritida. – Korleis tok du dette valet? – Eg var ganske fast bestemt på at eg ville ende opp med noko praktisk, vere med å bygge opp noko, skru og leike med mekanikk. Eg er veldig fornøgd med at det vart lastebil. – Alle vennane mine enda opp på ulike plassar. Eg har prøvd å finne vegen sjølv. Det er den beste vegen. Ein må bestemme seg sjølv for kva ein vil. Om det ikkje fungerer kan ein prøve noko anna seinare. Ein treng ikkje nødvendigvis å treffe riktig første gang, seier Isak.

Fekk motivasjonen tilbake

Stian Høvig er tavlemontør på Eid Elektro. Stian bestod nyleg fagprøva, med meget bestått. Hans veg har derimot ikkje vore heilt rett fram, og Stian har fått prøve at ein ikkje alltid treff på første forsøk. På vidaregåande skule gjekk han først elektrolinja og deretter auto-

masjon i to år. – Då eg søkte læreplass var det mange bedrifter som ville ha automasjonslærlingar, så då var det å hive seg rundt. Eg vart ringt opp av ei bedrift, og starta der. Eg skaffa meg hybel og flytta dit. Etter tre eller fire månadar kjende eg at det ikkje var heilt slik som det skulle vere, så då kontakta eg Opplæringskontoret og vi kom fram til at eg skulle skifte til tavlemontør på Eid elektro. Eg var ein ganske slagen mann då eg kontakta Opplæringskontoret, men heldigvis var det mykje forståing frå alle kantar, fortel Stian. – Ein må lytte til seg sjølv, og ta kontakt med Opplæringskontoret, som gjer jobben sin. Om det vert tøft i livet så ta ein telefon, oppmodar Stian, som etter kvart fekk motivasjonen tilbake. No har han vore på Eid Elektro i to år, og har trivst veldig godt. Han ønskjer å halde fram i firmaet vidare også. – Eg tykkjer det er mest spennande å begynne på starten og følgje prosessen og sjå at det fungerer. Det er veldig stor etterspurnad frå heile landet, spesielt tavlene våre er vi store på. Telefonboksane i tunnelane rundt om, produserer Eid Elektro mykje av, fortel han. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

er superbedrifter. Av dei rett i overkant av 50 superbedriftene, er 19 av dei i Stad, medan dei resterande held jamt til i indre og ytre deler av regionen.

Små og store bedrifter

Dette er både enkeltmannsføretak til internasjonale bedrifter. Dette er alt ifrå barnehagar, hotell, matbutikkar, butikkar og område innan

bygg og anlegg.

Skule

Nordfjord Opplæringskontor er også ein aktiv samarbeidspartnar for ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Nordfjord-regionen. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

OPPLÆRINGSKONTOR: Sidan 2017 har Nordfjord Opplæringskontor hatt stor vekst, og har gått frå 20–30 superlærlingar til 146. ARKIVFOTO: OLIN MARIA YRI

••Nordfjord Opplæringskontor:

Stort behov for lærlingar Nordfjord opplæringskontor har no 146 superlærlingar rundt om i heile Nordfjord. – Det er enormt artig å sjå alle som ønskjer å satse på lærlingar no. Det er eit stort positivt fokus på det. Det seier Leiv Johnny Endal, superrådgjevar ved Nordfjord opplæringskontor. Nordfjord Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som dekkjer kommunane Stad, Stryn, Volda (Hornindal), Gloppen og Kinn (Nord). Saman med medlemsbedriftene er målet å skape læreplassar, auke rekrutteringa til bedriftene og gje dei som ønskjer å skape sin yrkesveg i Nordfjord moglegheit til det. Hovudmålet til Nordfjord Opplæringskontor er å gje lærlingane ei best mogleg læretid frå skule til fagbrev. Då Nordfjord Opplærings-

kontor starta opp i 2016, og i 2017 var det mellom 20 og 30 lærlingar. No i 2021 har Nordfjord Opplæringskontor 146 superlærlingar, over 50 bedrifter rundt om i Nordfjord innan 27 ulike lærefag. Ei av måla til Nordfjord Opplæringskontor er at Nordfjord skal bli Norge sin beste region å vere lærling i. – Vi samarbeider med alle skulane i Nordfjord og alle bedriftene. Her er mange moglegheiter, eit fantastisk næringsliv og vi har nesten alle utdanningane. Det er utruleg fint, fortel Endal.

Størst behov

Ifølgje Endal er det tre fagområde som treng fleire lærlingar, både i dag og i framtida. – Det vi har størst behov for er i industriteknologifaga. Dei vi treng mest av, og dei som går tipp no kan vi garantere læreplass for. Sist veke var eg ut i Florø, vi har 38 ledige plassar og berre elleve elevar som går ut i Nordfjord. Det er ei smart utdanning å gå. Innanfor den

utdanninga er det mange ulike retningar og val ein kan gjere, det er rundt 31 lærefag, og det er ei utdanning som gjev mange moglegheiter. – I tillegg er helsefag eit yrke dei seier det vert eit enormt behov for fagarbeidarar i framtida. Det har vore snakka om ei stund. Byggfag også går som det susar, og innanfor byggfag er det mange spennande fag, seier Endal.

Finn din veg

Trass i at det er størst behov for lærlingar innan industriteknologi, helse og bygg, oppmodar Endal alle som skal søke seg inn på skular og fagområde om å finne sin eigen veg og interesse. – Kjenn etter kva du ønskjer, kva dine interesser er, i staden for å høyre på kva vennar, mor og far seier. Det er du som skal stå opp kvar dag og trivast med å gå på skulen. Ein må tørre å velje det ein har interesse for, konstaterer Endal. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no


16 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

DEN STØRSTE REKLAMESAMKØYRINGA I NORDFJORD Bruk sterke og truverdige lokale mediekanalar

Annonse i papiravis Alle digitale kanalar Stillingskarusell Content og native marketing Videoprofilering Rådgjeving sosiale medium Rune Henden Tlf. 454 45 244 E-post: rune.henden@fjt.no

Vilde Myhre Skavøypoll Tlf. 918 22 206 E-post: vilde@fjt.no

Nordfjordsamkøyringa når ut til 24.000 lesarar med ei husstandsdekning på 84% i Nordfjord og dekkar kommunane

Kinn, Stad, Bremanger, Vanylven, Volda, Stryn, Gloppen og Sunnfjord.

www.nordfjordsamkøyringa.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 17

F J O R D 1 H A R C I R K A 6 0 L Æ R L I N G A R K VA R T Å R , O G D E T T E TA L E T S K A L A U K E !

“God og personleg oppfølging frå våre dyktige instruktørar”

SØKNADSFRIST

1. MARS

SOM LÆRLING I FJORD1

2021

“Gode moglegheitar til å sikre deg ei framtidig fast stilling” SOM LÆRLING I FJORD1



“Du vert ein dyktig og ettertrakta arbeidskraft i næringa”

Frequency.no

JAKTA PÅ LÆRLINGANE Klar for ein unik start på arbeidslivet? Framtidsfylket tilbyr 34 varierte traineestillingar til deg som er nyutdanna og klar for å oppdage arbeidsliv i Vestland.

Les meir om traineeprogrammet på framtidsfylket.no Søknadsfrist 15. mars

#vestlandsliv

FRAMTIDSFYLKET VESTLAND


18 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Manglar rundt 35 prosent tømrarar Bedriftene opplyser at dei manglar rundt 35 prosent handverkarar innan byggog anleggsteknikk. ETTERSPURNAD: Det er mangel på tømrarar i Norge, så her er det gode sjansar for både lærlingplass og arbeid etterpå.

Dette viser NHO sitt kompetansebarometer frå 2018 som omfattar åra 2018 til 2023. Av alle handverksfag kjem bygg- og an-

leggsteknikk på 2.-plass når det gjeld mangel på fagfolk. Berre teknikk og industriell produksjon manglar fleire tilsette innan yrkesfag. Dette er tal som held seg relativt stabile over fleire år, opplyser NHO i dette kompetansebarometeret. Størst auke i etterspurnad var det likevel innanfor elektrofag, frå 25 pro-

sent i 2015 til 30 prosent i 2018. Ved Stryn vidaregåande er det i dag 13 elevar på Vg1 Bygg og anleggsteknikk, og 18 elevar på Vg2 Byggteknikk. Av desse elevane på Vg2 skal femten ut som lærlingar i lokale firma. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no

STORTRIVST MED STORE BILAR: For desse tre jentene ved Stryn vidaregåande skule har yrkesvalet eigentleg vore ganske enkelt. Eit liv bak rattet er noko dei har drøymt om lenge, og om eit par år skal dette bli røyndom for Renate Lien Ohrvik (t.v.) og Natalie Frøysa (t.h.). Medan Nina Tonning også vil utdanne seg for å arbeide med logistikk i høve til transport på vegen. FOTO: INGER TRÆEN

••Yrkessjåfør er både ansvar og fridom

Jenter som vil ut på vegen Dei har bestemt seg for lenge sidan. Å vere yrkessjåfør og jobbe innan transport er det einaste dei kan tenkje seg. Eigentleg var vel valet enkelt for dei tre jentene som er ein del av gjengen på fjorten, Vg2 Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule. Det er Renate Lien Ohrvik frå Eid, Nina Tonning frå Olden og Natalie Frøysa frå Hellesylt. Renate er oppvaksen på gard, medan Nina og Natalie har

transportfirma i familien. Felles er at lidenskapen for store bilar kom tidleg, slik at yrkesvalet ikkje blei så vanskeleg. –Vi gler oss til å få sertifikatet og kome oss ut vegen til eit yrke med både ansvar og fridom, seier Renate og Natalie, medan Nina satsar på ein jobb med logistikk innanfor eit transportfirma. Men også ho vil gjerne la hjula rulle ut på vegen ein dag. –Det er vel kanskje litt eventyrlyst også. Men vi vil ut for å oppleve nye plassar, samstundes som vi skal ha eit sjølvstendig ansvar for at transporten kjem fram, seier Renate og Na-

talie som etter dette Vg2-året i Stryn vil reise til Sogndal for vidare skulegang og sertifikat der. Men før dei slepp ut på vegen for alvor må dei også gjennomføre lærlingtid.

Vi gler oss til å få sertifikatet og kome oss ut på vegen

Lasting og mekking

Under utdanninga i Stryn har dei hatt fokus på rett lasting av køyretøyet, køyring av truck og

litt mekking av bil. For det er altså ikkje tilfeldig korleis ein plasserer lasta på ein stort køyretøy. –Her har vi reglar å gå etter for at lasta skal bli stabil. Vi har jobba mykje med det dette året, seier jentene som ikkje kvir seg for glatte vintervegar ned frå Strynefjellet ein sein kveld. –Då har vi kjetting som vi kan leggje på, opplyser dei tre som kjenner seg som ein del av gutane i denne klassa ved skulen i Stryn. –Lærarane behandlar oss ikkje med silkehanskar. Vi får

akkurat like mykje ris og ros som dei andre i klassa, og det er bra, seier dei.

Lærarane behandlar oss ikkje med silkehanskar

Og kontaktlærar Styrkar Kvame trur til og med at jenter kan bli betre bak rattet på store bilar enn gutane. –Vi opplever at jentene er interessert i å lære, har respekt for yrket og ikkje trur at dei er


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2021 19

Byggjer sauefjøs på Vg2 Byggteknikk Elevane ved Vg 2 Byggteknikk byggjer sauefjøs til ein bonde på Nord – bygda i Stryn. HØGT OG LÅGT: Sidan september i fjor har denne sauefjøsen blitt til, der elevane har vore med på alt frå betongarbeid til taklegging.

Sidan september i fjor har atten elevar ved Vg 2 Byggteknikk bygt sauefjøs nokre hundre høgdemeter ovanfor Nordfjor-

den i Stryn kommune. Der har dei vore med på både betongarbeid, sett opp råbygg og takstolar. Dei har også klatra opp for å gjere taket tett, etter å ha gjennomført kurs innan stillasbygging og fallsikring. –Elevane har vel gjort om lag tjue prosent av arbeidet med dette bygget, medan eigaren

sjølv har stått for resten. Det har vore allsidig og relevant læring, seier lærar Håvard Nygård ved dette programfaget, som i år har fire jenter og fjorten gutar som gjennomfører dette andre året. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no

TRENING PÅ SKULEN: Unge skiskyttarar som vil satse på idretten får også med seg opplæring innan studiespesialiseringsfag eller byggfag i Stryn. Frå venstre: Gunn Kristi Tvinnereim frå Randabygda, Ask Haughovd frå Haugen/Eid, Oselie Henden frå Eid og Bendik Vereide frå Eid.

••Byggfag og studiefag kombinert med skiskyting EIT YRKE FOR FRAMTIDA: Innan 2030 kan det gå mot 50 prosent auke av godstransport på vegane viser ein rapport i samband med NTP. Det skulle i alle fall sikre denne gjengen ved Vg2 Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule arbeid.

verdsmeistrar med ein gong, seier Kvame som understrekar at etterspurnaden etter yrkessjåførar vil vere stor i framtida, og at ein treng å halde på andelen av norske sjåførar som kjenner til dei særskilde tilhøva i Norge. –Og ikkje minst innan sjåførar til buss treng vi rekruttering. Vi har mange eldre bussjåførar i dag, og treng langt fleire unge som vil ta over, seier Kvame som ikkje er redd for at miljøomsyn vil fjerne ein god del av transporten av varer langs landevegen. Til fordel for kanskje meir miljøvenleg transport ved

hjelp av tog og båt. –Vegane går fram dit folk skal ha varene sine, med ein god infrastruktur. Det skal bli vanskeleg å konkurrere mot vegtransporten når det gjeld å få godset effektivt fram, trur Kvame. Ein rapport i samband med NTP viser at veksten i gods på vegane er berekna til å auke med 50 prosent fram mot 2030. Då treng ein rundt tusen nye yrkessjåførar årleg. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.noe

Midt i blinken for mange Vil du ta byggfag eller studiespesialisering? På landslinja skiskyting ved Stryn vidaregåande skule treng du ikkje legge skikarrieren på hylla.

sar. I gjennomsnitt blir det då rundt ti timar i veka med skiskyting. Så kan ein velje programfag som byggfag, realfag eller samfunnsfag/språk ved sidan av, som er ti timar i veka. I tillegg kjem fellesfaga som utgjer 15 timar i veka.

Ønskjer du ei utdanning innan yrkesfag eller studiespesialisering, og samstundes satse vidare på skiskyting? Då kan landslinja for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule vere noko for deg. Her kan ein velje mellom programfaga byggfag, realfag eller samfunnsfag/ språk, og samstundes få opp mot ti timar i veka med trening innan skiskyting.

Midt i smørauget

10 timar i veka med trening

På timeplanen for elevane i dette programfaget står seks timar i veka til trening innan skiskyting. Men i tillegg er det ofte samling i helgane, samt at elevane reiser samla til konkurran-

Stryn vidaregåande ligg midt mellom gode treningstilhøve på mange kantar. Det er skiskyttarstadion på Ullsheim med over tre kilometer rulleskibane og standplass med 30 blinkar. Om vinteren er her 45 kilometer med preparerte løyper. Strynehallen ligg berre 75 meter frå skulen, medan Gym Stryn er eit treningsstudio som ligg like ved skulen. Hundre meter frå skulen ligg Stryn symjehall, og Stryn stadion hundre meter frå skulen den andre vegen. Og skulle ein forlenge skisesongen utover våren og som-

maren ligg Stryn sommarski berre ein køyretur på 45 minutt frå skulen.

25 elevar

Per i dag er det 25 elevar ved skiskyttarlinja ved Stryn vidaregåande skule, fordelt på 13 gutar og 12 jenter. Det er ein god kjønnsbalanse, der vi ser at jentene no etter kvart er blitt likestilte innan idretten, seier lærar Sjur Ole Svarstad. –Tradisjonelt har skiskyting vore ein mannsdominert idrett. Vi er glade for å kunne avspegle den moderne idretten som skiskyting no er blitt, seier Svarstad som opplyser at elevane kjem frå både Nordfjord og Sunnmøre, samt Voss, Bærum og Folldal i Østerdalen. – Det er eit høgt nivå på elevane her no, og vi har til dømes hatt elevar som har vore med på ungdomsolympiaden, opplyser læraren i skiskyting. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no


20 FEBRUAR 2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

SKULESTART: Slik såg skulestarten 2020 ut ved Høgskulen i Volda. FOTO: TONE SOLHAUG

BIBLIOTEK: Høgskulen i Volda har mange fasilitetar, som bibliotek. FOTO: LINE SJOHELLE

MEDIA: Media er svært populært i Volda, og snart kjem det eit nytt mediebygg. FOTO: MARIUS BECK DAHLE

••Høgskulen i Volda

–Ein ypparleg plass å studere Med naturen rett utanfor døra, nærleik til familie og godt fagleg og sosial miljø trivst Siri Stranden godt på Høgskulen i Volda. Høgskulen i Volda har 4600 studentar og 350 tilsette, og er med det blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. – Høgskulen i Volda er veldig bra, og det er ein skule som har eit godt rykte både fagleg og sosialt. Eg er veldig fornøgd med at eg valde å studere her, seier Siri Stranden, studentambassadør og idrettsstudent ved Høgskulen i Volda. Siri kjem ifrå Syvde i Vanylven og går tredje og siste året på idrett ved Høgskulen i Volda. Her har ho trivest så godt at ho tykkjer det er vemodig at ho er på siste semester allereie. – Eg starta først på lærarutdanninga, men grunna motivasjon og med tanke på jobb hoppa eg over på idrett. Eg merka spesielt då eg hadde idrett som valfag at eg trivst best med litt eldre elevar, og ikkje barneskuleelevar. Eg har framleis lyst å bli lærar, men anten på vidaregåande skule eller høgskule. Eg anbefaler verkeleg idrett i Volda. Eg har ikkje noko negativt å seie, og har ikkje angra eitt sekund på at eg gjorde dette valet. Eg storkosar meg, og klassemiljøet er så bra at du ikkje føler du er på skulen. Det er litt vemodig at eg er ferdig no til våren, eg er ikkje heilt klar for å bli ferdig, fortel ho.

Frå heile landet

Dei 4600 studentane som går på Høgskulen i Volda studerer på heiltid, deltid og på nett og kjem frå store deler av landet. Ifølgje Høgskulen i Volda er over halvparten av studentane frå regionane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Tal viser at av aktive studentar våren 2021, har 262 av desse heimeadresse i Nordfjord. Nordfjord er her definert som kommunane Bremanger, Kinn,

VOLDA: Siri Stranden går siste året på idrett på Høgskulen i Volda. Trass i korona, fortel ho at det har vore stort sett normal skuleundervisning i 2020 og 2021. ALLE FOTO: PRIVAT Stad, Stryn og Gloppen. Av desse 262 studentane er rundt 60 heimehøyrande i Stryn, 40 på Nordfjordeid og 20 i Hornindal. Elles er studentane spreidd utover dei fleste av dei fem kommunane i Nordfjord. 54 av dei 128 utdanningane er samlingsbaserte, og mange av studentane vel difor å pendle. Dette gjeld også fleire frå Nordfjord. I Stad er det 94 studentar som pendlar til Høgskulen i Volda, i Stryn er det 56, i Kinn er det også 56, i Gloppen er det 26 og Bremanger det 14 som pendlar. For Siri som tar bachelor i idrett, vart derimot løysinga å flytte til Volda då ho starta på Høgskulen. – Eg har ei jente på fem år og eg valde Volda for det er nær heime og eg får vere nær familien. Mamma og pappa kjøpte ei leilegheit i Volda så eg bur der og betalar ned på lånet. Eg trur det er mange som vel Høgskulen i Volda for det er nær heime og mange ønskjer ikkje å flytte eller flytte langt vekk. Dei som ønskjer å flytte til større

AKTIV LINJE: Idrettslinja som Siri Stranden går er ei aktiv linje, med turar i natur og sport i hall. byar gjer det. Personleg er eg veldig glad i naturen og fjella, så eg kunne ikkje tenke meg å flytte til dømes Austlandet. Her er noko for alle, men om du er fast bestemt på at du skal gå sjukepleiarutdanning, då er ikkje Volda heilt tingen, fortel ho.

Ypparleg plass

Siri fortel at ho trivst svært godt i Volda og på Høgskulen i Volda, og trekk fram at det har

vore ein heilt ypparleg stad å bu og studere. – Spesielt no med tanke på korona så har Volda vore ein heilt ypparleg plass å studere på. Vi har ikkje vore så veldig råka, det var mest før sommaren då alt vart stengt. Heile hausten har eigentleg vore heilt normal, med både undervisning og praksis som normalt. Idrettslinja var nettopp på Hafjell, og der var skulen veldig flinke til å legge til rette. Eg er

veldig glad for at vi kan ha tilnærma normal skulekvardag, og det er veldig kjekt at vi kan ha skule og møte kvarandre, fortel Siri, som legg til at det er eit godt studentmiljø i Volda. – Det er ein liten stad og om du drar ut så veit du kor du finn folk. Lærarane er også flinke til å bli kjent med deg som student. Det opplev eg som veldig positivt når du skal lære, og du føler du vert sett og blir tatt omsyn til, seier Siri som sjølv trivst så godt at ho planlegg å halde fram med å bu i Volda etter at ho er ferdig med bacheloren i idrett. – Eg må ta pedagogikk, men eg veit ikkje om eg skal ta PPU eller master først. Då blir det å ta det i Sogndal. Eg blir buande her, og så blir det då samlingar ein gong i månaden. Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal gjere først. Ein får eit nettverk her, og så bur vennane mine frå vidaregåande skule her også. Å flytte herifrå hadde blitt veldig rart, seier Siri. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.