Tema utdanning 2022

Page 1

UTDANNING Temabilag for Nordfjord februar 2022

Du skaper sjølv di eiga framtid ved val av utdanning Kreativitet, kommunikasjon og samarbeid er nyttig i mange ulike yrke.


2 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

– Det beste er å jobbe så mykje i praksis – Vi ha ikkje angra på at vi valde frisøryrket, seier Rochell Maathuis frå Breim og Mia Kristiansen frå Loen som går Vg2 frisør.

FRISØR: Rochell Maathuis frå På Nordfjordeid finn du den eiBreim og Mia Kristiansen frå naste staden i gamle Sogn og Loen. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES Fjordane der du kan velje frisør,

blomar, interiør og eksponeringsdesign. Hit kjem elevar frå heile fylket. Rochell og Mia likar best at dei får jobbe så mykje praksis. – Det kjekkaste er farging av hår, synest Mia. Rochell meiner derimot det å klippe hår er det beste. Første året med FBIE er linja for deg som du vil arbeide yr-

kesretta mot frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, eksponeringsdesigner, maskør og parykkmaker eller profileringsdesigner. Her lærer du gjennom praktisk arbeid, og vil også arbeide med form og farge. Dette er også for deg som likar å arbeide med folk. Går ein vidare med Vg2 interiør- og eksponeringsdesign job-

bar ein nært opp mot lokalt næringsliv. Eksponering er viktig i dag, og denne klassa skal også innreie smarthuset som no skal byggast. Her har ein også utstyr til å hjelpe lokalt næringsliv med profilering på bilar, kontorveggar eller med logo. Ein er også med på å lage modell for operaen til hausten. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

••Eid vidaregåande skule

Mange moglegheiter med elektro og datateknologi

– Målet er å få den til å køyre rundt på heile skulen, smiler 18-åringane Aleksander Hjelmeland Scobie og Nils Bakke Throndsen, elevar ved Vg2 Dataelektronikk ved Eid vidaregåande skule.

Dei ser på militærtanksen som dei har bygd – med kamera i front. – Det skal funke, seier dei, og meiner den kan styrast kor som helst, og tar ein test inn på naboklasserommet for å spionere litt. No har dei også fått på plass stemmestyring kommunisert via pc, slik at ein kan snakke til folk som dei ser. Køyrer tanksen seg fast, skriv dei «hjelp meg» på pc, og militærtanksen seier det til dei som går forbi.

Mykje å velje i

– Om du spelar Minecraft heime, så byggjer vi på same prinsippet her. Eller kanskje du likar koding. Her får ein brukt

det praktiske. Å gå her er absolutt noko å satse på. Ein må sjølvsagt ha interesse innanfor dataelektronikk, men så er det også mykje å velje i når ein er ferdig utdanna. Herifrå kan vegen gå til mykje forskjellig, seier Aleksander frå Nordfjordeid. Saman med medelev Nils frå Hornindal har dei brukt både 3D printer og laserkuttar for å byggje finessane på militærtanksen. – Her er læreplanen innom det meste, også etikk. Kva kan ein gjere og kva kan ein ikkje gjere, vert vi fortalt.

Populært

Elektro og datateknologi er populært ved Eid vidaregåande skule. Skulen har to klassar Vg1 elektro- og datateknologi med 15 elevar i kvar klasse. På Vg2 er det ei klasse innan elenergi og ekom, ei automasjonsklasse og ei klasse for datateknologi og elektronikk. Til det siste året på Vg3 tilbyr skulen både dataelektronikarfaget og automatisering.

Skulen har erfarne lærarar og det er eit godt etablert nettverk mellom skule og lokalt næringsliv i Nordfjord. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram for potensielle arbeidsgjevarar.

Spanande yrkesval

– Elektro og datateknologi gir mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgir oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere, påpeikar Ove Lillestøl, avdelingsleiar for yrkesfag. Det vil difor alltid vere behov for fagfolk for eksempel i straumforsyning, bustadar, industri, fly, skip, tog og køyretøy. – Det er eit bredt fag. Her hermar vi på ein måte etter næringslivet, og har flinke og engasjerte lærarar som les seg opp slik at ein til ei kvar tid skal kunne møte framtida og kva det lokale næringslivet spør etter, påpeikar Lillestøl. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

Siktar seg inn på jobbar for fr

Utdanning – temabillag for Nordfjord 2022

Philip frå Måløy, Lars Sebastian frå Ålfoten og Oliver frå Stryn siktar seg inn mot framtidas jobbar.

for Fjordenes Tidende, Tida Tidend, Fjordingen og Fjordabladet. Produsert av Fjordabladet, Nordfjordeid. Ansvarleg redaktør: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

AUTOMASJON: Philip Rakkenes, Måløy, Lars Sebastian Slooter, Ålfoten og Oliver Øen Omberg, Stryn, går på automasjon på Eid vgs. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

– Her kan du flytte ting med luft, fortel dei og viser i veg. Automasjon kan igjen styre maskiner. Vg2 automatisering handlar om å utvikle kompetanse i energi-, styre- og reguleringssystem. Faget førebur elevane på arbeid innanfor automatiserte anlegg og installasjonar i landbasert og maritim

industri, bygg, verdisikring, maskinbygging og tavleproduksjon.

Behov for arbeidarar

Næringslivet i heile Nordfjord pressar på for at linja ved Eid vgs. skal eksistere. Behovet for arbeidarar innan faget er der. Philip Rakkenes er den einaste eleven frå Måløy som går automasjon, og ser for seg at det skal verte greitt å få seg lærlingplass. – Det er kjekt å gå på Eid vgs. for her møter du elevar frå heile Nordfjord, og det vert eit godt skulemil-


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 3

Tverrfaglege, og ser behovet for samarbeid Ved Eid vidaregåande skule er ein opptatt av å vere tverrfaglege, og samarbeid på tvers. SPENTE: Ove Lillestøl og Alf Reidar Myrstad. FOTO: INGEBJØRG N.S

– Dette er året vi er mest spente på om vi får nok søkjarar til å fortsette med to klassar på Vg1 frisør og design. Ein har to

attraktive linjer å gå vidare på, Vg2 frisør eller Vg2 interiør og eksponeringsdesign, der ein verkeleg får vist kreativiteten sin, seier rektor Alf Reidar Myrstad og Ove Lillestøl, avdelingsleiar for yrkesfag. Det spesielle med Eid vidaregåande skule er at ein har eit konsentrert område, med kort

veg mellom avdelingane. – Det er ikkje mange andre skular som har det, og det gjer det også positivt for skulemiljøet. Vi har ein komplett skule, seier rektor Myrstad. Dei viser til at ein er opptatt av å vere tverrfagleg, og ser at det er viktig å samarbeide med andre.

– Vi ønskjer å behalde ungdommen i Nordfjord, difor har vi også engasjert oss i teknisk fagskule, så ein kan ta meir utdanning her utan å måtte flytte vekk, seier dei. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

ELEKTRO: F.v. Sander Løvlid frå Nordfjordeid, Alexander Vonheim frå Stårheim og avdelingsleiar Ove Lillestøl. FOTO: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES

– Vi er sikra jobb! – Ein kan opparbeide seg eit smarthus heime, fastslår Alexander Vonheim og Sander Løvlid. Dei går andre året på elektro ved Eid vidaregåande skule, og ser for seg å bli elektrikarar eller energimontørar. – Her har vi jobba med brannsentral, eit anlegg du kan ha i huset ditt, med smarthuskobling, som ein kan styre via mobilen, fortel Alexander Vonheim og demonstrerer med å skru på lyset via mobilen. Teknologien skjer fort, og elektrobransjen følgjer med. Difor er også kravet til opplæring stort for elevane. – Her har vi laga skjult installasjon, fortel Sander Løvlid. Ettersom ein reknar med

ramtida jø av det, meiner han. Philip skulle gjerne hatt med seg fleire medelevar frå ytre til å satse innan elektrofag.

Det er kjekt å gå på Eid vgs. for her møter du elevar frå heile Nordfjord. Philip Rakkenes, Måløy

Lokale elektrofirma i Måløy har også signalisert at dei fryktar det låge talet av lokale søkjarar og at dette skal få konsekvensar for bransjen i ytre.

Attraktiv for læretid

Om du ønskjer å utdanne deg til eit av hovudområda elektrofag, elektronikkfag, flyfag eller sjøfartsfag, kan ein velje denne studieretninga. Etter tida på skule er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet, og vil du seinare ta fagskule

eller ingeniørutdanning er det også stort behov for deg. Vel du å gå vegen med elektro og datateknologi kan du bli: – elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør. – tavle-, signal eller heismontør. – avionikar eller flymekanikar. – romteknolog, data- eller produksjonselektronikar. – automatikar eller FU-operatør. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

fleire eldre i framtida som skal bu lenger heime, er nettopp installasjonar og opparbeiding av smarte elektroløysingar for heimen viktig. – Er ein bortreist, så kan ein gå inn på mobilen og justere temperaturen også, fortel dei, som stortrivast i faget. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no

Teknologien skjer fort, og elektrobransjen følgjer med. Difor er også kravet til opplæring stort for elevane.

– Vi treng rekruttering og elektrofaga er viktige Dagleg leiar Hans Inge Solheim ved Normatic AS på Nordfjordeid er opptatt av at det er nok studieplassar innan elektro og datateknologi på Eid vgs. – Det er viktig med elektrofaga, og at det ikkje vert færre plassar enn det er i dag. Ein treng kvar einaste ein. Etter kvart er

det mange arbeidsplassar i Nordfjord innan dette fagfeltet, og vi er også opptatt av å sikre oss nok lærlingar kvart år. Rekruttering til faget er viktig, påpeikar han. Nyleg sikra Normatic seg ei storkontrakt, som krev personell i alle ledd i selskapet på Nordfjordeid. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no


4 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Vinnarfaga! • Elektrikarfaget • Energimontørfaget • Tavlemontørfaget • Telekommunikasjonsmontørfaget • Automatiseringsfaget • Dataelektronikarfaget

Vårt fokus er fagleg utvikling •

Vi elektrifiserar Noreg! A til Å • www.atilaa.no

SIKKER JOBB OG GOD LON I EIN FRAMTIDSRETTA BRANSJE MED stor TEKNOLOGISK UTVIKLING

OFEL – Opplæringskontor for elektrofag Sogn og Fjordane

www.ofelsf.no

F J O R D 1 H A R C I R K A 6 0 L Æ R L I N G A R K V A R T Å R , O G D E T T E TA L E T S K A L A U K E ! “God og personleg oppfølging frå våre dyktige instruktørar” SOM LÆRLING I FJORD1

“Gode moglegheitar til å sikre “God og personleg oppfølging deg ei framtidig stilling” frå vårefast dyktige instruktørar” SOM LÆRLING I SOM FJORD1 LÆRLING I FJORD1

“Gode moglegheitar til å sikre deg ei framtidig fast stilling” SOM LÆRLING I FJORD1



“Du vert ein dyktig og ettertrakta  i “Du vert einarbeidskraft dyktig næringa” og ettertrakta arbeidskraft i næringa”

Frequency.no

JAKTA PÅ LÆRLINGANE WWW.FJORD1.NO

Korleis nå ut til dei riktige kandidatane? Vi hjelper deg.

Rune Henden

Monica Refvik

Tlf. 454 45 244 rune.henden@fjt.no

Tlf: 907 07 185 monica@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 5

VI GIR DEG

VIDAREGÅANDE TILBOD I NORDFJORD STRYN VIDAREGÅANDE SKULE Hegrevegen 1 – 6783 Stryn – Tlf. 57 63 86 00 E-post: Postmottak.strynvgs@vlfk.no – web: stryn.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering Realfag Språkfag, samfunnsfag og økonomi YRKESFAGLEGE UTDANNNIGSPROGRAM – Bygg- og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Tømrar Vg2 Betong og mur Vaksenopplæring innafor - Byggfag - Restaurant og matfag

– Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Helsearbeidarfag – Sal, service og reiseliv (vg1) – Teknikk og industriell produksjon (vg1) Vg2 Transport og logistikk Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom) Landslinje i skiskyting: Tilbod til elevar på Studiespesialisering og Bygg- og anleggsteknikk.

EID VIDAREGÅANDE SKULE Sophus Lie-vegen 3 – 6770 Nordfjordeid – Tlf. 57 63 83 00 E-post: postmottak.eidvgs@vlfk.no – web: eid.vgs.no

STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM – Studiespesialisering – Påbygg til generell studiekompetanse, Vg3 for dei som har vg1 og vg2 på yrkesfag Vaksenopplæring (for dei over 25år) – Vg4 påbygg til generell studiekompetanse for dei som har tatt fagbrev - Teknologi- og industrifag (4årig løp – fagbrev) Sluttkompetanse: Industrimekanikar, CNC-operatør, Industrisnikkar YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM: – Frisør-, blomster- og interiør og eksponeringsdesign (Vg1) – Vg2 Frisør – Vg2 Interiør og utstillingsdesign

– Teknologi- og industrifag (vg1) Vg2: Industriteknologi – Elektro og datateknologi (vg1) Vg2 Elenergi og ekom Vg2 Datateknologi og elektronikk Vg2 Automatisering Vg3 Dataelektronikarfaget Vg3 Automatiseringsfaget

Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)

MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE Tennebø, 6718 Deknepollen – Tlf. 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no – web: maloy.vgs.no

STUDIEFOREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM: – Studiespesialiserande – Yrkes– og studiespesialiserande utdanningsprogram (4 år med opplæring i skule – bedrift) Vg1 Teknikk og industriell produksjon Vg2-Vg4 Industriteknologi Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2-Vg4 Helsearbeidarfag Vg1 Naturbruk Vg2-Vg4 Akvakultutur med marine fag

YRKESFAGLEGE STUDIEPROGRAM – Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Vg1) – Teknikk og industriell produksjon (Vg1) Vg2 Køyretøy Vg2 Maritime fag Vg2 Industriteknologi – Bygg og anleggsteknikk (vg1) Vg2 Tømrar – Helse og oppvekstfag (vg1) Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag – Naturbruk (vg1) Vg2 Akvakultur Vg2 Fiske og Fangst – Restaurant og matfag (vg1) Vg2 Kokk og servitørfag

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE Firdavegen 21 – 6823 Sandane – Tlf. 57 63 85 00 E-post: postmottak.firdavgs@vlfk.no – web: firda.vgs.no

3 vegar til studiekompetanse – STUDIESPESIALISERANDE – MUSIKK, DANS, DRAMA – IDRETTSFAG Yrkesfaglege utdanningsprogram Vaksenopplæringstilbod innafor: - Helsefagarbeidar for mi noritetsspråklege - Tannhelsesekretærutdanning Kombinasjonsklasse (grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom)

SØKNADSFRIST: 1. mars: Ordinær skule/læreplass

Lik oss på


6 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Vil mangle 18.000 helsefagarbeidarar Tal frå SSB viser at Norge vil mangle heile 18.000 helsefagarbeidarar om åtte år. EI VARSLA KRISE: Om åtte år vil Norge mangle heile 18.000 helse fagarbeidarar om ikkje kraftigare tiltak blir sett i verk. FOTO: ARKIV

Tal frå SSB vise at mangelen på helsefagarbeidarar aukar i rekordfart. Dette er ei varsla krise, og ein rapport frå SSB

syner at Norge vil mangle 18.000 helsefagarbeidarar i 2030.

24 prosent av alle årsverk

Det er forventa at bemanningsbehovet i helse- og omsorgssektoren vil doble seg fram mot 2060, og utrekningar viser at denne sektoren vil stå for 24 prosent av alle årsverk i 2060. Med 4 500 søkjarar, er helse og

oppvekstfag no for andre år på rad det utdanningsprogrammet flest søkjer læreplass i. Over ein av fem lærlingar søkjer læreplass i helse- og oppvekstfag. Talet på gutar som søkjer seg til helse- og oppvekstfag på Vg1 har auka frå 12 til 21 prosent sidan 2009. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

••Vilde ville ha meir praktiske fag

– Helsefagarbeidarlinja har gitt meg ny lærelyst Du kan bli:

Vilde var lei av å pugge til prøver og ville ha meir praktiske fag etter ungdomsskulen. Helsefagarbeidarlinja ved Stryn vidaregåande har gjeve ho lyst til både meir utdanning og praksis.

Vegen vidare etter Vg1, helse- og oppvekstfag.

Helsefagarbeider

Stryn vidaregåande skule Vg2, samt to års læretid og fagbrev.

Barne- og ungdomsarbeider

Måløy vidaregåande skule Vg2, samt to års læretid og fagbrev.

Ambulansearbeider

Mo og Øyrane vidaregåande skule Vg2, samt to års læretid og fagbrev.

– Eg var ganske skulelei siste året på ungdomsskulen. For meg var det viktig å velje noko vidare med meir praktiske fag, seier Vilde Flo Kandal som no er elev ved Vg2 Helsefagarbeider ved Stryn vidaregåande skule. Det betyr halvanna år med meir praktisk retta fag som har gjeve henne meir lyst på vidare utdanning og praksis. – Etter snart to år her på Stryn vidaregåande har eg berre fått trong for å lære endå meir. Det har vore ei super skuletid for meg fordi vi har fått kombinere teori og praksis på ein veldig god måte, seier Vilde som både rosar opplæringa på skulen og det ho har lært i praksis ute i arbeidslivet.

studiekompetanse. Etter det har eg lyst til å bli sjukepleiar eller fysioterapeut. Det som eg har lært på desse to åra her i Stryn er i alle fall veldig relevant for den yrkesvegen eg vil velje vidare, understrekar Vilde som får støtte frå to andre elevar ved helsearbeidarfaget. Både Vilde Indrebø Heisig og Stanislaw Berlowski synest dei har fått med seg snart to lærerike år på helse- og oppvekst ved Stryn vidaregåande skule.

Har lært mykje

Elleve yrkesvegar vidare

– Vi lærer noko nytt kvar dag, og det er lærdom som interesserer meg. På skulen har vi fått god innføring i anatomi og sjukepleie til dømes. Her har vi også fått prøve oss på stell av pasientar (dokker), matlaging av sunn mat, korleis møte pasientar og mykje anna som er relatert til arbeidslivet innan helse og omsorg, seier Vilde som no har planen klar vidare. –Eg vil gjerne til Oslo for å vere lærling der, samstundes som eg vil ta påbygging for å få

STUDIE ELLER YRKE: Stryn vidaregåande har tilbod for både ulike yrkesfag og studiefag.

Om du går Vg1 helse- og oppvekstfag, er det mange yrkesvegar ein kan velje vidare. Ved Stryn vidaregåande er det Vg 2 Helsearbeiderfag. Vil du gå vidare med Vg2 barne- og ungdomsarbeider finst det tilbodet ved Måløy vidaregåande skule. Totalt kan ein velje mellom elleve yrkesvegar vidare. Fire av dei finn ein tilbod om i Sogn og Fjordane. Dei andre må ein anten til Bergen, Trondheim, Stavanger eller Oslo for å studere vidare.

Portør

Mo og Øyrane vidaregåande skule Vg2, samt to års læretid og fagbrev.

Apotektekniker

Mo og Øyrane vidaregåande skule Vg2, helseservicefag Åsane vidaregåande skule Vg3, apotektekniker

Helsesekretær

Mo og Øyrane vidaregåande skule Vg2, helseservicefag. Åsane vidaregåande skule Vg3, helsesekretær

Tannhelsesekretær

Mo og Øyrane vidaregåande skule Vg2, helseservicefag.

Åsane vidaregåande skule Vg3, tannhelsesekretær. Hudpleiar

FUNNE SIN PLASS: Etter ungdomsskulen var Vilde Flo Kandal klar for meir yrkesretta fag. Etter snart to år på Stryn vidaregåande skule har lærelysta fått ein kraftig oppsving. Bildet er frå velferdsteknologirommet tilknytt helse- og oppvekstfag ved skulen. FOTO: INGER TRÆEN

Årstad vidaregåande skule, Bergen. Vg2 og Vg3 hudpleiar.

Ortopedtekniker

Stavanger eller Oslo, Vg 2 fotterapi- og ortopedteknikk. Samt to års læretid og fagbrev.

Aktivitør

Vg2, skular i Trondheim/Oslo

Fotterapeut

Skule i Stavanger, Vg2 Skule i Oslo, Vg2 og Vg3

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

HAR LÆRT MYKJE: Elevane ved Vg2 helsefagarbeidar har opplevd ei bratt læringskurve, både på skulen og ute i praksis.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 7

Tretten prosent fleire helsefagarbeidarar I 2008 var det 1379 helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar i Sogn og Fjordane. I 2019 var talet 1580, ei auke på tretten prosent. Dette gjeld helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar innan kommunal sektor. Noko som i stor grad om-

fattar tilsette innan eldreomsorg; institusjon og pleie heime. Generelt innan alle sektorarar kommunal, fylkeskommunal, statsforvaltaren og privat er auken i same periode på fem prosent.

Dobling

Når det gjeld barne- og ung-

domsarbeidarar i Sogn og Fjordane har det vore meir enn dobling på elleve år. Frå 237 i 2008 til 529 i 2019. Dette gjeld alle sektorarar, kommunal, fylke, statsforvaltar og privat. INGER TRÆEN inger@fjordabladet.no

TRENG FLEIRE: Utdanning til helsefagarbeidarar gjev gode sjansar for jobb. Her Stanislaw Berlowski ved Stryn vgs.

TRIVST MED FAGA: Grete Lene Tvinnereim kan snart sjå tilbake på tre kjekke år ved Stryn vidaregåande skule. – Ved studiespesialisering har eg fått velje fag som eg likar godt, seier ho.

Mange val om du vel studiespesialisering Vel du studiespesialisering ved Stryn vidaregåande skule finst det mange val for kombinasjonar av fag.

HER KAN EIN VELJE: Studiespesialisering gjev mange moglegheiter for val undervegs i tida på vidaregåande. Og opnar mange vegar etter det. Elevar f.v.: Håvard Tonning, Maria Løken, Jørgen Trøsken og Linnea Melheim Espe.

Studiespesialisering gjev deg studiekompetanse, og ein sikker veg om du vil studere vidare. Grete Lene Tvinnereim ved Stryn vidaregåande skule synest ho har ein spennande skuledag, sjølv med mange teoretiske fag på timeplanen. –Eg har alltid likt matematikk. Men også andre realfag som kjemi og biologi. For min del er det akkurat passeleg med arbeid, så eg er godt nøgd med valet mitt når det gjeld vidaregåande skule, seier Grete Lene som seier at det finst eit heilt menykart av moglegheiter når ein vel studiespesialisering. –Du kan setje saman fag på kryss og tvers, berre ein har to gjennomgåande programfag. Ein kan også velje meir praktiske fag som breiddeidrett til dømes, seier Grete Lene som ikkje er sikker på kva ho skal studere vidare etter avslutta skulegang i Stryn. –Første målet er å gjennomføre militæret. Etter det blir det nok vidare studie. No har eg snart gjennomført fag på vidaregåande som gjev meg sjanse til å kome inn på mange ulike studie, seier Grete Lene som også får tid til fritidsaktivitetar ved sidan av skulen, som til dømes fotball og anna idrett.

Har valt økonomifag

Jørgen Trøsken er også elev ved studiespesialisering ved skulen i Stryn. Han har fokus på økonomifag med samfunnsøkonomi og økonomistyring. –I samfunnsøkonomi lærer vi om korleis økonomien er med på å styre samfunnsutviklinga, og kor viktig den er for heile samfunnsstrukturen. Økonomistyring handlar meir om korleis økonomien i ei bedrift fungerer til dømes, seier Jørgen som opplever programfaget sitt som både viktig og sentralt. –Det er slik at eg no forstår meir av det som kjem fram på nyhendesendingar og i media. Ein lærer om korleis økonomien grip inn på dei fleste samfunnsområde, opplyser Jørgen som også har valt idrett som eit fag på skulen. –Det å kunne kombinere studiespesialiseringsfag med idrett er midt i blinken for meg. Det gjer at vi får ein meir variert kvardag, seier han som også har bestemt seg for at økonomi også er vegen vidare når det gjeld studie.

Får halde på med skiskyting

Linnea Melheim Espe går på landslinje for skiskyting. Ei linje som også gjev studiekompetanse. –Det er heilt supert å kunne bruke skulekvardagen også til å trene, seier Linnea. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no


8 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

NAV: Norge manglar nesten 7000 sjukepleiarar

FORBUNDSLEIAR: Lill Sverresdatter Larsen. FOTO: KRISTIN HENRIKSEN

6.950 sjukepleiarar med livsnødvendig kompetanse manglar i dag, og Statistisk sentralbyrå seier at Norge vil mangle 28.000 sjukepleiarar i 2035.

NAV publisert i mai i fjor si årlege bedriftsundersøking der

dei såg på kva forventningar bedriftene hadde i forhold til sysselsettingsutviklinga i 2022. Tala viste at mangelen på sjukepleiarar hadde nådd rekordhøgder det siste året. Auken var på 1.800 sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, ein auke på heile 35 prosent i den alvorlege sjukepleiarmangelen landet står oppe i. Undersøkinga

anslo ein mangel på 5.350 sjukepleiarar og 1600 spesialsjukepleiarar og jordmødrer. – 6.950 med livsnødvendig kompetanse mangla i 2021, og Statistisk sentralbyrå viste at Norge vil mangle 28.000 sjukepleiarar i 2035. Skal vi redde helse- og omsorgstenestene må styresmaktene sørge for at sjukepleiaryrket blir eit yrke til å

leve av og med. Det er komplekst, men løna må opp og belastninga må ned, slik at sjukepleiarar kan bli i yrket, sa Lill Sverresdatter Larsen, leiar i Norsk Sykepleierforbund i ein kommentar til undersøkinga i 2021. Samstundes viste ho til at dette har vore ei varsla krise både sjukepleiarforbundet og Riksrevisjonen.

••Kommunesjefane i Nordfjord:

Rekruttering er ei utfordring

– Status i dag er at vi ser utfordringar med å få søkjarar til ledige stillingar som sjukepleiar.

– Det seier Heidi Vederhus, kommunalsjef for Helse og sosial i Stryn kommune, som legg til at kommunen førebur seg på på manglande tilgang på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i åra som kjem.

Behov

Vi har stilt spørsmål til alle kommunane i Nordfjord om kor mange sjukepleiarar dei har behov for no og i åra som ligg framføre oss. Svara viser at behovet er stort framover – Det er mykje som vil vere avhengig av behovet for sjukepleiarar framover. Vi veit vi får fleire eldre som vil trenge helseog omsorgstenester. Vi veit også at vi må nytte ressursane på andre måtar, blant anna ved bruk av teknologi og andre digitale løysingar. Vi trur det i framtida vil krevje ein høgare kompetanse då det vert meir behandling i heimane. Dette både fordi dei skal i større grad få behandling i kommunen, ikkje spesialisthelseteneste, og fleire eldre som lever lenger vil føre til større hjelpebehov. Vi vil difor ha behov for eit større tal sjukepleiarar enn i dag, og

dessutan vi må ha fleire sjukepleiarar med spesialkompetanse. Eit eksakt tal er vanskeleg å svare på, seier kommunalsjefen i Stryn som ikkje er åleine om nettopp desse utfordringane. – Vi treng mange, seier Stine Hovland, HR-rådgjevar i Kinn. – Det eg kan seie er at vi med dagens drift må erstatte åtte sjukepleiarar (7 årsverk) i løpet av 5 år på grunn av pensjonsalder, og ytterlegare 12 (11 årsverk). som potensielt går ut i løpet av ti år, seier Gunhild Gimmestad, helse og velferdssjef i Gloppen.

Alle kommunane

Ei spørjerunde viser at alle kommunane i Nordfjord har tilsynelatande like utfordringar når det gjeld rekruttering av rett kompetanse til rett tid i den kommunale helse- og omsorgstenesta. På spørsmål om kor mange, i snitt, som søkjer på ledige sjukepleiestillingane, er svara frå null til maks fire. – Vi har fleire gongar lyst ut sjukepleiarstillingar utan å få søkjarar. Ofte berre 1 til 2 søkjarar til institusjonane og heimetenesta. Legekontoret (dagtid) og interkommunale helsetenester får ofte litt fleire søkjarar. Vi ser ein tendens til at interne tilsette søkjer på enkelte stillingar noko som resulterer i at vi då vil mangle sjukepleiar i anna ei-

UTFORDRANDE: Auka behov for sjukepleiarar grunna fleire eldre kombinert med færre innbyggjarar i yrkesaktiv alder med rett kompetanse vil gje oss utfordringar med å rekruttere tilstrekkeleg tal sjukepleiarar, seier Heidi Vederhus, kommunalsjef for Helse og sosial i Stryn kommune. FOTO: PRIVAT ning. Særleg er det slik når vi lyser ut leiarstillingar med krav om sjukepleiarkompetanse og dagarbeidstid, seier kommunalsjef Barbro Longva, i Stad kommune.

Helsefagarbeidarar

Spørjeundersøkinga viser også

at kommunane i regionen har eit stort behov når det gjeld helsefagarbeidarar. – Vi må framover jobbe med rekruttering av helsefagarbeidarar. Samtidig har vi fokus på at assistentar får auka kompetanse gjennom å ta fagbrev. Vi legg til rette for at tilsette kan ta

fagbrev på jobb. Vi må også sjå på oppgåveløysing. Spesielt knytt til oppgåvefordeling mellom helsefagarbeidarar og sjukepleiarar, seier Barbro Longva. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no

Hilde Hoddevik: – Viktig med lokalt fokus ‒ Den desentraliserte sjukepleiarutdanning er eit viktig bidrag både for kommunane og studentane i regionen vår, seier Hilde Hoddevik, Høgskulen i Vestland sin kontaktperson for sjukepleiarstudentane i Nordfjord. – Studentane som eg er kontaktperson for starta på studiane i 2019. Opptakskravet var generell studiekompetanse

med karakterkrav. Studentane er no inne i sitt tredje år. Fram til denne tid har dei bak seg eit første studieår med mykje teori, og ein del praksis. I løpet av det andre året har vore ein kombinasjon mellom praksis og studiar. Studiane har vore samlingar både i Bergen og lokalt. Tredje året som dei no er inne i er også ein kombinasjon av teori og praksis. No er det sjukeheimspraksis med spesielt fokus på eldreomsorg, seier Hilde Hoddevik som legg til at rekkefølgja er ikkje tilfeldig. – At studentane har sjuke-

heimspraksis har samanheng med at dei gjennom studiet har tileigna seg kunnskap og kompetanse, noko som gjer at dei føler seg tryggare på å meistre oppgåvene dei skal gjere.

Sju studentar

– Kor stor er studentgruppa som no er i ferd med å gjennomføre desentralisert sjukepleiarutdanning? – Gruppa som eg fylgjer no består av sju studentar. I utgangspunktet var det fleire som melde seg då tilbodet vart lyst ut, men av ulike årskar vart det

ikkje fleire, men det kan leggast til at det er fleire som tek deltids- og heiltidsstudie i Førde, seier Hilde som i tillegg til jobben som kontaktperson for sjukepleiarstudentane, er fulltidstilsett på Firda Vidaregåande på Sandane der ho underviser helsefag i den sokalla Gloppen-modellen.

Lokalt fokus

– Kor viktig meiner er det at utdanninga er desentralisert og at den har eit lokalt/regionalt fokus? – Det ligg nok utanfor mitt

mandat å meine noko presist om det, men det er nok viktig for folk som er i etableringsfasen at dei kan gjennomføre studiet utan å måtte vere vekke heimanfrå i lengre periodar. For kommunane er nok det viktig å kunne rekruttere arbeidskraft lokalt som truleg er meir stabil enn som har slått røter i lokalsamfunnet, seier Hilde Hoddevik som synest det har vore både spennande og lærerikt å følgje sjukepleiarstudentane. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 9

Regjeringa sette ned helsepersonellkommisjonen Prorektor for utdanning i Høgskulen på Vestlandet, Anne-Grethe Naustdal, er ein av 16 medlemar i den nye Helsepersonellkommisjonen som Regjeringa har oppnemnt.

Kommisjonen si hovudoppgåve er så etablere eit kunnskapsgrunnlag og føreslå treffsikre tiltak i åra frametter for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personale i helse- og omsorgstenestene i heile landet. Gode strukturelle løysningar for å utdanne, rekruttere og

behalde personell er viktig for tilgang til nok kvalifisert personell i hele landet. – Vi skal mellom anna sjå på moglegheita for å styrke samhandlinga i utdanningssektoren mellom vidaregåande skule, fagskulen, universitet og høgskular og kommunesektoren og spesialisthelsetenesta,

nettopp for å utdanne, rekruttere og behalde personell. Det same gjeld for korleis dei som alt arbeider i helsetenesta vert tatt i vare og får rom for kompetanseutvikling, seier AnneGrethe Naustdal. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no

PROREKTOR: Anne-Grethe Naustdal. FOTO: EIVIND SENNESET, HVL

••Kristine Hansen:

– Tilbake til opphavleg plan ‒ Heilt frå eg gjekk helsefag på vidaregåande har min plan å bli sjukepleiar.

Det seier Kristine Hansen som no er i ferd med å gjennomføre desentralisert sjukepleiarutdanning i heimkommunen Stad. – No er eg ute i praksis på Hogatunet. Tidlegare i studiet har eg hatt praksis på den kommunale legevakta på Nordfjord sjukehus og heimetenesta i Stad kommune. Vi skal også innom kirurgi og då har vi praksis på større sjukehus. Kirurgisk praksis tok eg på Haukeland universitetssjukehus, thoraxkirurgi. Personleg sit eg att med eit godt inntrykk av alle plassane eg har vore i praksis, seier Kristine som ikkje legg skjul på at vegen fram til det ho no er i ferd med å fullføre, har vore både lang og krunglete.

Tok ein pause

– Eg jobba på Eid eldretun samstundes som eg gjekk vidaregåande, og fram til eg flytta til Trondheim for å starte på sjukepleiestudie. Av personlege årsaker tok eg ein pause frå studiet og flytta heim til Eid. Her begynte eg å jobbe i Europris, vart etter kvart butikksjef og var der fram til eg vart gravid. Etter kvart fann eg ut at eg ville tilbake til planen om å bli sjukepleiar, og såg på deltidsutdanninga i Førde som ei moglege løysing. Undervegs fekk nyss om at det skulle startast opp desentralisert sjukepleiarutdanning i Nordfjord, men at studiet var avgrensa for kommunalt tilsette. Valde å satse, sa opp den faste jobben min i Europris og begynte å jobbe i Stad kommune, seier Kristine som var klar for å gå tilbake til sin opphavlege plan.

Desentralisert

– Eg valde desentralisert utdanning fordi det var det som passa best for meg og min livssituasjon. Gjennom studiet, som er på fire år, er det lagt

opp til ein del samlingar i Bergen med teoretisk undervisning, i tillegg har det vore ein del samlingar på Eid. Under pandemien har mykje av undervisninga vore digital. I tillegg til studiet har eg no 50 prosent stilling i Stad kommune, seier Kristine som er godt nøgd med tilrettelegginga frå arbeidsgjevar si side.

Eg er veldig fornøgd med måten arbeidsgjevar har lagt forholda til rette.

Godt lagt til rette

– Eg er veldig godt fornøgd med opplegget slik det er i dag. Arbeidsgjevar har lagt til rette ein turnus som passar både til min livssituasjon og utdanningsløp. Stad kommune har også ei stipendordning som gjer det mogleg å studere på denne måten. Kommunen betalar skulepengane, legg til rette turnus med fast lønn kvar månad uavhengig av om ein er i praksis eller i vanleg jobb, noko som er viktig for vaksne med hus og barn, seier Kristine som meiner det både er spennande og gjevande å jobbe i den kommunale helsetenesta.

Meir ansvar

– Kommunane har fått meir ansvar og større oppgåver enn det dei hadde tidlegare. Det betyr at sjukepleiarane i kommunane får både fleire og meir spennande oppgåver. – Større nasjonale undersøkingar viser at to av ti nyutdanna sjukepleiarar ikkje ønskjer å jobbe i den kommunale helsetenesta, men søkjer seg til jobb i spesialisthelsetenesta. Vidare viser undersøkingar at sjukepleiarar som har jobb i kommunane ofte søker på utlyste stillingar i sjukehus. Ut frå det du seier, så vil du jobbe i kommunen?

STORT BEHOV: ‒ Aldri har det vel vore meir tydeleg kor viktig det er med kompetente sjukepleiarar. I tillegg veit vi at behovet for kompetent arbeidskraft vil vere endå større i åra som kjem, seier Kristine Hansen som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga desentralisert. FOTO: PRIVAT

– Ingen veit kva som skjer i framtida, heller ikkje eg, seier Kristine Hansen som meir enn gjerne rår andre til å ta sjukepleiarutdanning om sjansen byr seg.

– Aldri har det vel vore meir tydeleg kor viktig det er med kompetente sjukepleiarar. I tillegg veit vi at behovet for kompetent arbeidskraft vil vere endå større i åra som kjem,

seier ho som er tilbake på det som var den opphavlege planen – å bli sjukepleiar. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no


10 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA ULIKT I BY OG LAND

Langt fleire i dei største byane har mastergard Utdanning med meir enn fire år på høgskule/universitet er langt meir vanleg i større byar enn i

distriktskommunar. I 2020 var det 22 prosent av innbyggjarane i Oslo over seksten år som hadde lang utdanning, det vil seier meir enn fire år på høgskule/universitet. Til samanlikning var det i 2019 berre 6,2 prosent i Sogn og Fjordane som hadde den type utdanning.

Flest i Oslo

Oslo merkjer seg ut med særleg mange som har lang utdanning. Noko som sjølvsagt har

samanheng med langt fleire arbeidsplassar med arbeidstakarar med mastergrad og liknande høg utdanning.

Trøndelag og Rogaland

Trøndelag og Rogaland er to fylke som kjem bak Oslo når det gjeld utdanningsnivå. Sjølv om det er eit hopp frå 22 prosent i Oslo til 10,5 prosent i Trøndelag, og 10,4 prosent i Rogaland. På fjerde plass på denne lista kjem Viken fylke

med 10,1 prosent med lang utdanning, master eller liknande.

Flest lang utdanning i Gloppen

Gloppen er den kommunen i Nordfjord som har flest med lang utdanning, meir enn fire år på høgskule/universitet. Sju prosent av glopparane har mastergrad eller liknande. I Stad kommune og Kinn kommune er det fem prosent som har liknande utdanningsnivå. I Stryn er prosenten 4,9 og 3,3 i

Bremanger. Sogndal ligg på topp i Sogn og Fjordane, der 11,4 prosent har lang utdanning. Det er faktisk ein andreplass nasjonalt. Volda ligg på 8,7 prosent og Sunnfjord på 7,9 prosent. I Stad kommune er det 4,6 prosent av alle menn som har lang utdanning. Medan 5,7 prosent av alle kvinner har utdanning meir enn fire år på høgskule/universitet. (Kjelde: SSB)

MUSIKAL: Kvart år blir det sett opp ein musikal som er eit samarbeid mellom elevar på musikk, dans og drama. FOTO: PRIVAT

BLIR TRYGGE: Elevar på dramalinja får bruke tid på å bli trygge i rampelyset. FOTO: PRIVAT

HØGT UNDER TAKET: – Firda er vel ein skule med stor aksept for å vere seg sjølv, seier (f.v.) Ingrid Lade og Frida Westvik (drama), Sarah Marie Mitei og Børge Furnes (musikk). Bak Nikoline Gloppestad og Thomas Myklebust (dans). FOTO: INGER TRÆEN

Firda vidaregåande – sk Musikk, dans og drama ved Firda vidaregåande knyter elevane saman. – Skulen er vår andre heim, seier elevane.

Seks elevar ved musikk, dans og drama på Firda vidaregåande, Sandane, seier at skulen er noko langt meir enn undervisning på dagtid. –Det er heilt vanleg å vere på skulen også om ettermiddagen/kvelden. For dei som går på musikk er det gjerne øving med gode tilbod om øvingsrom og utstyr. For elevar på dans og drama er også skulen ein plass der vi er mykje om ettermiddagen, seier dei seks elevane

som fordeler seg med to på musikk, to på dans og to på drama.

Super kombinasjon

–Det at vi har kreative fag gjev også overskot til å jobbe med studiespesialiseringsfag, seier Nikoline Gloppestad. Ho går andre året på linja for dans, og ser alltid fram til dansetimane, om mattetimen eller norsktimen skulle bli litt for lang. –Eg kan tenkje i ein matteti-

me at no skal eg snart danse. Så blir dagen litt meir spennande og slik eg ønskjer, seier Nikoline som sjølv har dansa sidan ho var fem år gammal. –Her på Firda har eg verkeleg fått utvikle meg vidare innan dansen. Vi lærer mykje om teknikk og får ei grunntrening som absolutt gjer oss tryggare og betre på dansegolvet, seier Nikoline som ikkje minst har fått sansen for moderne dans, og det å uttrykke seg gjennom

dansen etter at ho valde danselinja på Firda. –Eg hadde høge forventningar då eg starta her. Men faktisk er dette blitt betre enn det eg hadde håpa på, seier Nikoline.

Sjølvstendig arbeid

–Det er ikkje slik at du treng å bli musikar om du går på musikklinja ved Firda. Og det er også litt opp til deg sjølv kor mykje tid du vil leggje ned i


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 11

600 får etterutdanning i praktiske/estetiske fag

KUNST OG HANDVERK: Tonje Brenna vil ha ein meir praktisk/ estetisk skule. FOTO: REGJERINGA

Kunnskapsminister Tonje Brenna seier at 600 lærarar skal få etterutdanning i praktiske og estetiske fag. – Vi vil ha ein meir praktisk og variert skule, seier ministeren.

Regjeringa har prioritert opp dei praktiske og estetiske faga slik at 600 lærarar kan få tilbod om vidareutdanning i desse, ei dobling frå i fjor. Eksempel på praktiske og estetiske fag er kunst og handverk, musikk og kroppsøving. – Vi vil ha ein meir praktisk og variert skule. Det vil føre til at elevar lærer og trivst meir, og vi

treng skular med brei fagkompetanse, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.

Trong for styrking

– Tilbakemeldingar frå skular og undersøkingar vise og at det er trong for å styrkje kompetansen i desse faga. Vi ønskjer å stimulere til meir praktisk læring i alle fag slik dei nye

læreplanane legg opp til, seier Brenna. – Læring skjer i alle fag, og dei praktiske og estetiske faga er viktig i seg sjølv, også for å utvikle grunnleggjande dugleik i andre fag. Vi vil vekk frå eit gammaldags syn på kunnskap som den førre regjeringa hadde, seier Brenna. Regjeringen.no

Dans, drama eller musikk? Kvifor velje musikklinja?

Velje eit hovudinstrument, samspel i grupper, synge i kor, ikkje krav om å kunne notar, men ein fordel. Får delta på huskonsertar og offentlege konsertar.

Kvifor velje danselinja?

Førebur deg på høgare studiar innan dans. Danseteknisk arbeid innan klassisk ballett, jazzdans og moderne/samtidsdans. Skape dans (koreografi), dansehistorie, treningsfag, fokus på kropp og helse, kreative prosessar. Sceneerfaring gjennom ulike danseforestillingar, visningar i inne- og uterom, musikal mm.

KREATIVT SAMSPEL: Ved musikk, dans og drama får ein både utvikle seg kreativt, og samstundes få med seg studiekompetanse. FOTO: PRIVAT

Kvifor velje dramalinja?

Likar du å vere kreativ og samarbeide med andre? Tykkjer du det er spanande å fortelje ulike historier, utforske roller og skape teater med andre? Vel du drama, vil du få utvikle kreativiteten din og du vil heile tida få nye utfordrin-

MUSIKK FOR MANGE: Nokre av dei som går på musikklinja studerer dette faget vidare, medan andre vel heilt andre studieretningar etter tre å på Firda vidaregåande skule. FOTO: PRIVAT

kulen er vår andre heim øving til dømes, seier Børge Furnes som går tredje året på musikklinja. Han spelar piano, og tida på Firda har gjeve han lyst til å satse på musikken vidare. –Vi går på ein skule der den einskilde får ganske mykje ansvar. Det blir mykje jobbing inn mot prøver og ulike prosjekt til dømes, seier han som også vil understreke at den musikalske utviklinga også skjer i samspel med andre.

Får vere seg sjølv

–Miljøet på Firda er kanskje særprega av at det finst god aksept for å vere den ein er. Her møtest ungdom med ulik bakgrunn, og på linja for musikk, dans og drama, med eit ønskje om å skape noko og uttrykkje seg. Dette gjer noko med miljøet, du treng ikkje vere A4 for å finne din plass her på skulen, seier Frida Westvik som går tredje året på linja for drama. Saman med

Ingrid Lade understrekar ho at tre år på Firda både gjev personleg utvikling, men også ei forståing for kor viktig samarbeid er.

Saman mot målet

–På dramalinja er samarbeid svært viktig. Det blir sett fokus på at vi skal hjelpe kvarandre fram mot eit felles mål. Vi lærer også teknikkar som gjer det lettare å dramatisere noko på ei scene. Etter kvart kjenner vi

oss tryggare for å framføre noko, ei nyttig erfaring å ta med seg vidare, seier Ingrid og Frida som understrekar at ikkje har planar om å bli skodespelarar. –Dette er ikkje ei skodespelarutdanning. Men vi har lært veldig mykje som vi garantert får bruk for vidare.

Einaste i fylket

Firda vidaregåande er den einaste vidaregåande skulen i

Vestland fylke som kan tilby alle tre linjene musikk, dans og drama. –Det er ein ekstra kvalitet ved Firda vidaregåande at elevane kan blir kjende med både dans, drama og musikk. Dette er eit tverrfagleg arbeid som munnar ut i ein musikal tredje året, seier avdelingsleiar ved musikk, dans og drama Solfrid Bjørkum. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no


12 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet. nordfj@fjt.no 57 84 90 00

Vi utdanner deg til FREMTIDENS YRKER Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til naturopplevelser i verdensklasse. Hos oss kan du ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.

SØKNADSFRIST 20. APRIL

www.himolde.no

Visste du Annon Vi kjenne Vi hjelp stillingsp

Drømmer du om å bli

FRISØR? Etter 5,5 måneder på skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling! Studiestart: aug. 2022 og jan. 2023. Se cancamskolen.no for mer informasjon.

Kompetanse for kvalitet

Etterutdanning for lærarar Kompetanse for kvalitet (KFK) er vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. HVO tilbyr i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) 15 studietilbod med om lag 550 studieplassar. Søknadsfristen er 1. mars.

Annonser stillingane dine på papir, nett og mobil.

Vi kjenner stillingsmarknaden i Nordfjord og skreddersyr Livslang læring - kombiner utdanning med jobb tilpassa dine stillingspakkar behov. Høgskulen i Volda tilbyr vidareutdanningar innanfor ei rekkje spennande fagområde og er mellom landets største tilbydarar på reine nettstudium. Dei fleste studietiboda har løpande opptak.

Tlf: 70 10 72 76 andreas@cancamskolen.no // Ålesund

Vi gir deg 29.000 lesarar i våre kanalar bur i Eid og jobbar i Vågsøy?

nordfj@fjt.no

Tlf. 57 84 90 00 57 84 90 27 - nordfj@fjt.no - nordfjordsamkoyringa.no

hivolda.no/vidare

tilpassa

Vilde: Rune: nordfj@fjt.no 00 nordfjordsam 57 84 90 27


Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.

Forretningsutviklar Arbeidsoppgåver: • Bidra til å utvikle nye forretningsområder i Enivest. • Vere med å vidareutvikle eksisterande produkt i Enivest. • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid. • Overvake, strukturere og analysere kundar, konkurrentar og marknad. • Samarbeide tett med andre funksjonar i selskapet. • Oppfølging av leverandørarar og samarbeidspartnarar.

DSSØKNA FRIST: 2 IL 202 1. APR gar

stillin trainee nnom e ll A ! NB gje ast på må søk tidsfylket. Fram

TRAINEE STILLINGAR

Systemutviklar Arbeidsoppgåver: • Utvikling og vedlikehald av Enivest sitt kundesystem, nettside og eksterne portalar for kundar og samarbeidspartnarar. • Delta aktivt i Enivest sitt utviklingsarbeid. • Vere med å utvikle nye tenester for Enivest sine kundar. • Utforske og bidra til at Enivest sitt utviklingsteam held seg oppdatert på ny teknologi.

Kvalifikasjonar: • Du har bachelor eller mastergrad innan økonomi, ingeniørfag, innovasjon eller tilsvarande. • God teknologi- og kommersiell forståing og interesse. • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Kvalifikasjonar: • Du har bachelor eller mastergrad innan systemutvikling. • Du kan UX og UI design, Javascript, React, NodeJS, webpack og SCSS. • Du har kjennskap til Apputvikling (Android og IOS), backend (PHP og MySql) og versjonshandtering med GIT. • God teknologiforståing og interesse. • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Kven er du? Du er ein engasjert og framoverlent person som ønsker å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi og forretningsutvikling, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men og på tvers av fagmiljø. Du har høg arbeidskapasitet og ønsker å bidra positivt til arbeidsmiljøet vårt. Kvalifikasjonar til stillingane og kontaktinformasjon finn du på enivest.no/ledig-stilling

www.enivest.no

Vestlandet har fått ein av landets største fagskular Ved årsskiftet blei Fagskolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane til Fagskulen Vestland. Fagskulen er no ein av landets største fagskular, og tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning innan maritime utdanningar, marine utdanningar, helsefaglege utdanningar, grøne og gastronomiske utdanningar, tekniske utdanningar og petroleumtekniske utdanningar. Søknadsfrist 20. april

Vil du vite mer? Scann for å sjå studie tilbodet til Fagskulen

fagskulen.no

Rein Design

NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 13


14 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Har fått splitter nytt mediebygg I haust fekk mediestudentane ved Høgskulen i Volda eit splitter nytt mediebygg til rundt 250 millionar kroner. NYTT: Det nye Sivert Aarflot-huset vart opna hausten 2021. FOTO: KARL AUGUST SWANSTRØM / HVO

Hausten 2021 fekk Høgskulen i Volda og dei rundt 500 medie-

studentane og rundt 50 tilsette eit splitter nytt mediebygg med namn Sivert Aarflot-huset til kroner 250 millionar kroner. Sivert Aarflot-huset er tilpassa ei medieutdanning for framtida, og der er mellom anna lydtette undervisningsrom, redigeringsrom, radiostudio, tvstudio, grupperom og sosiale

møteplassar. Det nye mediebygget på rundt 3900 kvadratmeter husar mellom anna utdanningar som PR og kommunikasjon, medieproduksjon, animasjon, journalistikk og master i Media Practices. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

STUDENT: Andreas Hellenes frå Nordfjordeid er på tredje og siste året på journalistikklinja ved Høgskulen i Volda. For tida er han i ekstern praksis i TV2 sporten. FOTO: PRIVAT

••Høgskulen i Volda

– Volda har best rykte p Valet var enkelt då Andreas Hellenes skulle velje utdanning og skule. For han var jobberfaringa frå intern og ekstern praksis noko av det viktigaste.

Høgskulen i Volda har rundt 4600 studentar og 250 tilsette, og er blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Studentane studerer både på heiltid, deltid og digitalt. Sosionom og barnevern er to

av dei studia ved Høgskulen i Volda som har flest søkjarar og studentar. Også friluftslivsstudiet er populært, og er blant dei mest søkte studia i landet per studieplass. Medielinjene ved høgskulen i Volda har «alltid» venteliste, og er ettertrakta. Mykje av årsaka til dette er den interne og eksterne praksisen studentane får ved høgskulen. Ein av dei som søkte seg til Høgskulen i Volda mykje på grunn av praksisen ein får gjennom tre år er Andreas Hellenes (22) frå Nordfjordeid. Han er no på tredje og siste året på jour-

nalistikklinja med fokus på TV. – Volda har best rykte på seg, av det eg hadde høyrt. Tett på Volda følgjer Bergen med nest best rykte, men i Bergen får ein ikkje intern praksis. Tre av seks semester i Volda jobbar vi i Tvkanal, radiokanal eller i nettavis. Den praksisen er så gull, for når ein er ferdig å studere har ein så mange arbeidsveke i ryggsekken og det kjem godt med, seier Andreas. – Studerer du i Volda endar du opp med om lag dobbelt så mykje med praktisk arbeid samanlikna med andre journalistikklinjer. Det er også stu-

dent-tv i Volda, og det er ein stad journalistikkstudentane kan leike seg og bli gode på det dei vil, legg han til.

I praksis

Andreas har ei stor interesse for sport, som har kome gjennom TV og fritidsaktivitetar. Han ønskjer difor å kombinere dei to: TV og sport, noko som er årsaka til at han har valt å spesialisere seg innan TV. For tida får han jobbe med nettopp sport og TV i ekstern praksis i TV2 sporten i Oslo. Der skriv han nettsaker og lagar TV-saker til TV2 sportsnyheitene. An-

dreas skal vere i praksis i TV2 Sporten i totalt ti veker. Det klaffa litt ekstra bra at det no i februar er vinter-OL. – Det er sport heile året, men det er litt spesielt med OL. Det er veldig gøy. Eg er glad i all sport, eg likar å sette meg inn i alt, ikkje berre favorittsportane som er skiskyting, tennis og fotball, fortel han.

Frå heile landet

Studentane ved Høgskulen i Volda kjem frå stadar rundt om i heile landet, men også svært mange av elevane kjem frå områda rundt høgskulen. I 2021


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 15

Godt studentmiljø trass pandemi Med Rokken, konsertar og festivalar er det eit levande studentmiljø i Volda.

ROKKEN: Er viktig for studentane. Her speler Honningbarna. FOTO: STUDENTHUSET ROKKEN

Andreas Hellenes trivst godt i Volda, men dei tre åra han har gått på Høgskulen i Volda har vore veldig koronaamputert. – Det har vore heimeskule og den kjedelege biten der. Koro-

na kom i vårt andre semester, så vi mista mellom anna moglegheita til utveksling. Eg skulle eigentleg til Manchester i England på sport og tv studie, men det gjekk i vasken. Likevel har den tida vi har hatt i Volda vore veldig bra. Vi får ta igjen reisinga når vi er ferdige å studere. Eg vurderte om eg skulle reise eller studere. Når eg ser tilbake

så angar eg ikkje på at eg starta rett på studie, for eg hadde ikkje fått reist på grunn av korona, seier Andreas. Trass i at dei siste åra har vore prega av koronapandemien har han og dei andre studentane fått oppleve eit sosialt studentmiljø. – Vi har fått oppleve den sosiale biten, Volda er kjent for

det. Særleg undervegs når det har vore litt mindre koronarestriksjonar og forhåpentlegvis no mot slutten av studiet. Den sosiale biten i Volda er veldig bra, seier Andreas og siktar til både Rokken, festivalar og ulike konsertar som er for studentar. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

SPORT: Andreas Hellenes har ei stor interesse for sport. Her kommenterer han handball gjennom Student-TV. FOTO: STUDENT-TV

: – Vår jobb er å sørgje for at læretida til den enkelte blir best mogleg frå ein er elev, til ein held fagbrevet i handa, seier Leiv Jonny Endal, superrådgjevar ved Nordfjord Opplæringskontor. FOTO: TORMOD FLATEBØ.

••Leiv Jonny Endal – Nordfjord Opplæringskontor: POPULÆRT: Medielinjene til Høgskulen i Volda er blant dei mest populære, og det er «alltid» venteliste. FOTO: HVO | KARL AUGUST SWANSTRØM

på seg var over halvparten av studentane frå regionane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. – Det er mange lokale frå Sogn og Fjordane på dei andre linjene, men på mi linje er nesten av alle frå Austlandet eller elles i landet. På journalistikklinja er det veldig få lokale. I løpet av dei tre trinna eg har blitt kjent med har det kanskje vore 4–5 lokale. Det er Norge si mest kjende journalistikklinje, og det ser eg også no når eg har vore ute i arbeidslivet. Då eg jobba i VG sporten i sommar var det mange som hadde gått i Volda, det er det også i TV2

sporten, fortel Andreas.

Ikkje alltid enkelt

Trass i at Andreas visste kva skule og utdanning han skulle velje, er det ikkje alltid eit like enkelt val for andre. – Vel eit yrke der du ikkje blir ståande å sjå på klokka når du er på jobb. At du ikkje kjedar deg og ventar på at klokka skal gå. Vel ein jobb som ikkje følast som jobb, då gjerne opp mot fritidsinteresser og hobbyar som ein likar best, oppmodar Andreas. OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

– Vi gjer valet tryggare Det er jo ikkje slik at det første utdanningsvalet den unge gjer, nødvendigvis er det einaste og avgjerande for resten av livet, seier Leiv Jonny Endal, superrådgjevar ved Nordfjord opplæringskontor. Nordfjord opplæringskontor blei etablert i 2016 etter initiativ frå fleire næringslivsaktørar for å sikre betre oppfølging, fleire læreplassar og betre samhandling mellom skular og næringsliv i regionen. Nordfjord opplæringskontor har ni tilsette, dekkjer heile Nordfjord og representerer 76 lærebedrifter innan privat og offentleg næringsliv, inkludert alle kommunane. Opplæringskontoret følgjer i dag opp 207 lærlingar innan rundt 30 lærefag. – Vår jobb er å sørgje for at læ-

retida til den enkelte blir best mogleg frå ein er elev, til ein held fagbrevet i handa, seier Endal.

Stort behov

Blant bedriftene i Nordfjord er det aller størst rekrutteringsbehov på faglærte og ingeniørar. I ei spørjeundersøking som Nordfjordakademiet har gjort viser det seg at 65 prosent av bedriftene har behov for å tilsette ingeniørar og faglærte. 31 prosent skal tilsette ufaglærte. I reine tal handlar det om rekrutteringsbehov på frå 290 til 746 personar 2022 og mellom 279 og 693 personar i 2023. Svarprosentane var stor, 168 bedrifter svarte på spørsmåla i spørjeundersøkinga.

Trygt og oversiktleg

– For mange tiandeklassingar er det eit vanskeleg val. Å velje vidare skulegang har heller ikkje blitt lettare med åra etter som tilboda er blitt fleire, Ut-

danningsvala endrar seg i tråd med behov i næringsliv og offentleg sektor. Det manglar heller ikkje på velmeinte råd frå foreldre og vener. Poenget mitt er at det er eit sjølvstendig val den enkelte skal ta. Det er den enkelte som skal leve livet sitt, og då kan det vere vel så viktig å kjenne på magekjensla som å høyre på alle velmeinte råd. Du kan bli akkurat kva du vil, får mange ungdomar høyre. Vi veit at det ofte kan gjere valet vanskelegare, og det er noko av det vi har snakka med ungdomsskuleelevane om, og for å gjere vala litt enklare. Det er jo ikkje slik at det første utdanningsvalet den unge gjer, nødvendigvis er det einaste og avgjerande for resten av livet. Gjennom jobben vår prøver vi å gjere vala til ungdomsskuleelevane meir oversiktlege og tryggare, seier Leiv Jonny Endal. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no


16 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 17

Vi hjelper deg å lykkes! Er Er du du oppteken opptekenav avklimaet klimaetog ogframtida? framtida? Vi arbeid Vi ser ser etter etter deg degsom somvil vilbidra bidrai vårt i vårtmålretta målretta arbeid og løysingar. og engasjement engasjementfor forframtidas framtidsretta løysingar

Søknadsfrist 30. mars.

Hos oss finn du eit stort mangfald av framtidsretta Hos ossfrå finn du eit stort ingeniørar mangfald av framtidsretta jobbar, fagarbeidarar, til eit breitt jobbar, frå fagarbeidarar, ingeniørar til spekter av administrative fag og leiing. eit breitt spekter av administrative fag og leiing. No er vi på søken etter trainee innan berekraft og lærlingar omsøken du ønskjer å ta fagbrev energi- og No er vi på etter trainee innansom elektrofag montør eller sjå meir påsom sfe.no. lærlingar omenergioperatør, du ønskjer å ta fagbrev energimontør eller energioperatør, sjå meir på sfe.no. Søknadsfrist 15. mars Søknadsfrist 15. mars

Har du lærevansker eller psykiske/fysiske utfordringer, og trenger ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? Vi gir elever fra hele landet en unik mulighet i et trygt miljø. •

Elektro og datateknologi

Salg, service og reiseliv

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Påbygg til generell studiekompetanse

facebook.com/krokeidevgs firmapost@krokeide.vgs.no

www.krokeide.vgs.no

instagram.com/krokeide_vgs

ALT BLIR BETRE MED EIT SUPERT TEAM I RYGGEN

DEN STØRSTE REKLAMESAMKØYRINGA I NORDFJORD Bruk sterke og truverdige lokale mediekanalar

Annonse i papiravis Alle digitale kanalar Stillingskarusell Content og native marketing Videoprofilering Rådgjeving sosiale medium Rune Henden Tlf. 454 45 244 E-post: rune.henden@fjt.no

Monica Refvik Tlf. 907 07 185 E-post: monica@fjt.no

Nordfjordsamkøyringa dekkar kommunane

Frequency.no

Kinn, Stad, Bremanger, Vanylven, Volda, Stryn, Gloppen og Sunnfjord

SØK LÆREPLASS: SUPERLARLING.NO


18 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA ADRIAN VIL BLI MASKINFØRAR: – Kjekt å lære litt om maskiner og slikt, tykkjer Adrian Sandvik Fiskaa frå Fiskå i Vanylven, som går VG1 TIF på Måløy vgs.. Planen hans er å gå vidare på anleggsteknikk i Ålesund og bli maskinførar.

KEVIN VIL BLI STYRMANN: Kevin Blålid frå Deknepollen var litt skulelei og set pris på å få jobbe litt meir fysisk. Her på VG1 TIF får dei drive med dreiing og sveising og den type ting. Neste år er det VG2 Maritime fag, så lærling i to år. Planen er å bli styrmann.

For dei som vil jobbe på båt Etter første året på TIF, kan du på Måløy vgs. andre året velje maritime fag eller køyretøy. Maritime fag er for dei som har lyst til å jobbe på båt. – Maritime næringar skrik etter lærlingar. Du kan få lærlingplass innan handelsflåten, ferjefart eller på offshorebåtar, alle båtar som ikkje driv med fiske. Du får relativt ansvarsfullt arbeid, ein handterer kostbar last og må passe på tryggleiken til personell, forklarer avdelingsleiar for maritime fag, Knut Olav Bjørnholm.

GODT RÅSTOFF: Bygget der VG1 Restaurant- og matfag på Måløy vgs. held til ligg like ved sjøen, og elevane får blodfersk fisk inn frå fiskebåtane. Skulen har eit eige rom for filetering. Produksjon av fiskekaker er noko av det elevane får lære. FOTO. PRIVAT

Fin kombinasjon av teori og praksis På kjøkkenet på Måløy vgs. luktar det godt av bakverk. Her er elevane på VG1 Restaurant- og matfag i full aktivitet både med gjærbakst og middagslaging.

Får grunnleggande kurs

Gjennom utdanninga får du både grunnleggande sikkerheitskurs, livbåtførarkurs (for matros) og ISPS-kurs, dvs. kurs mot terror. På maritime fag er det ein del teori, men også ein god del praktisk opplæring.

Dekk eller maskin

Maritime fag er todelt, du kan velje spesialisering innan dekk (matrosfag) eller maskin, det som tidlegare vart kalla motormann, no skipsmotormekanikar. I dag er båtane så spesialiserte og maskineriet så stort at ein å rekne med å bygge på med utdanning som maskinist etter fagbrev dersom ein vel skipsmotormekanikar. BEGGE FOTO: PRIVAT

Langs den eine veggen er Natthawut, Markus og Hafizullah i full sving med å trille ut og pensle aniskringler. På den andre sida er Yasmin, Sara og Suthasinee godt i gang med å førebu dagens middag, som er omnsbakt fisk med grønsaker. – Ved å bake fisken på så låg temperatur som 130 gradar, blir den ekstra saftig, den skiver seg fint og beheld mykje smak og fukt, forklarer faglærar Iren Hammersvik.

Restaurant, hotell eller båt

Suthasinee er i gang med å kutte selleri og poteter, som skal vere til fisken. Ho fortel til avisa at ho har lyst til å jobbe på restaurant, hotell eller båt når ho er ferdig med utdanninga. – Eg lyst til å flytte til ein litt stor by, som Bergen, og jobbe på hotell. Eg har litt lyst på båt også, kanskje eg kan prøve det på utplassering, seier Suthasinee. Ho liker å lage mange forskjellige typar mat, og tykkjer det er fint at ein i dette yrket kan vere litt kreativ, både når det gjeld matlaginga og i samband med pynting av bord. – Her på skulen serverer vi oftast fleire rettar, og det må vere litt fint, gjerne bordpynt som står i stil med årstidene, forklarer ho.

Både teori og praksis

Markus tek rykande ferske aniskringler ut av omnen. Han er glad i å lage mat, aller helst middag, og han liker å vere på båt. Planen er å få jobb på ein fiskebåt. – Ein kombinasjon av teori og praksis slik vi har her er veldig kjekt, synest han. Her er det to dagar med teori og tre dagar med praktisk matlaging i veka. – Eit år med restaurant- og matfag gir nytting kunnskap uansett kva ein seinare skal drive med, meiner Sara som denne dagen lagar sylta raudlauk og aspargeskraft til fiskemiddagen. Ho liker godt å lage mat, men planen er å byte til helsefag neste år.

Planlegg oppgradering

KOKK OG SERVITØR: Suthasinee Srisat liker å lage mange forskjellige typar mat og pynte fint på borda. Ho går no VG1 Restaurantog matfag i Måløy. Neste år skal ho gå VG2 Kokk og servitørfag.

ANNA WUTTUDAL anna@fjordabladet.no

KJEKT: ‒ Det er kjekt å gå her. Her er flinke lærarar, og du får lage masse forskjellig mat, seier Markus Lillestøl Bjerkreim.

– Vi har planar om oppgradering og modernisering av bakerommet. Her blir det nye bakeomnar og heveskap, fortel faglærar Bente Iren Vonheim. – Det som er så unikt med denne skulen, er at vi har å lett tilgang til store mengder med gode råvarer. Det er derfor vi får så flinke elevar, skryter den engasjerte faglæraren, og viser fram rommet der dei tek hand om større mengder fisk for foredling. På skulen har dei sitt eige røykeri, og dei driv no på med eit prosjekt om pigghå, ein fisk som Vonheim har stor tru på vil kunne bli ei ny delikatesse. – Varmrøykt pigghå er eit nytt produkt her til lands. I tillegg til at den smaker godt, er fisken kvit og fin og ikkje så feit som makrell.


NORDFJORDSAMKØYRINGA FEBRUAR 2022 19 – SKRIK ETTER FOLK: – Elevane lagar verktøy og må først planlegge, så gjere jobben og deretter skrive rapport, forklarer faglærar Rune Weltzien. ‒ Det er ikkje vanskeleg å få seg jobb med slik utdanning. Dei skrik etter folk på Båtbygg, seier faglæraren på TIF i Måløy. F.v.: Adrian Sandvik Fiskaa, Kevin Blålid, Henrik Refvik, hjelpelærar Tor Erik Kupen og faglærar Rune Weltzien.

HENRIK VIL BLI VERFTSARBEIDAR ELLER MEKANIKAR: ‒ Eg skal gå VG2 Køyretøy neste år, fortel Henrik Refvik frå Raudeberg, som nettopp har gjort ferdig ein dor. – Planen er å bli verftsarbeidar eller mekanikar.

Får både studiekompetanse og fagbrev

TILBEHØYR ER VIKTIG: Suthasinee Srisat kuttar grønsaker til dagens fiskemiddag.

GOD MIDDAG: Sara Kasem Al Mashakel og Yasmin Hamza Mohammad rører i grytene som inneheld sylta raudlauk og aspargeskraft.

Kornelius Haugen frå Fjærland, Andreas Ommedal Aa frå Hyen og Aron Solheim frå Deknepollen går 1. året på YSK i Måløy. Kornelius fortel at det var ganske tilfeldig at han valde YSK ved Måløy vgs. Han har lærlingkontrakt med Daco Mekaniske i Høyanger og liker at utdanninga er ei god blanding av teori og praktisk læring. Han har tenkt å bli ingeniør eller studere psykologi, og begge mogelegheitene ligg opne ved å velje YSK.

Du ser at det du lærer er nyttig.

GÅR VG1 RESTAURANT- OG MATFAG: Frå venstre: Yasmin Hamza Mohammad, Sara Kasem Al Mashakel, Natthawut Termsanthie, Markus Lillestøl Bjerkreim, Hafizullah Abrahimkhel og Suthasinee Srisat. FOTO: ANNA WUTTUDAL

Her får ein nyttig kunnskap uansett kva ein seinare skal drive med

GOD GJÆRBAKST: Hafizullah Abrahimkhel (t.h.) og andre på restaurant- og matfag i full konsentrasjon med å pensle aniskringler. F.v.: Natthawut Termsanthie, Markus Lillestøl Bjerkreim og faglærar Iren Hammersvik.

– Det er veldig koseleg her, du styrar på med litt matte og så er det plutseleg heim. Det er variert, du får jobbe praktisk i bedrift og slepp å sitje inne i eit klasserom kvar dag. Du lærer faga på skulen og er samstundes ute i bedrift. Du ser at det du lærer er nyttig. Då blir det meir meiningsfullt, seier Andreas, som har lærlingkontrakt hos Brødrene Aa i Hyen. Han fortel at det er ein litt meir tungvint søknadsprosess, du må ha møte både med skule og bedrift for å få plass.

– Det fine med YSK er at du ikkje blir låst. Her får du både studiekompetanse og fagbrev. Du kan gå vidare på det du vil, og uansett kva du vel vidare, er dette nyttig kompetanse, meiner Andreas, som har planar om å bli ingeniør eller noko slikt. – Eller kanskje tek eg ein total 360 og jobbar med fisk, legg han til. – Eg valde dette fordi eg høyrde at det var det beste, seier Aron, som har lærlingplass hos Nordvestvinduet i Almenningen. Han trivest godt med ein god miks av jobb og skule.

– Dette er kremen

– Dette er kremen, skryter faglærar i TIF, Andreas Rundereim. Han legg vekt på at elevane får tilknyting til dei lokale bedriftene og får nyttig praktisk erfaring. Mange av dei som går på YSK tek etterpå høgare utdanning. – Vi vil at dei skal ut og leve studentlivet og så kome tilbake og drifte lokalmiljøet på eit høgare nivå. Dette er eit løp som eg sjølv hadde vurdert dersom eg skulle velje på nytt, seier Rundereim. Her er mange spennande fag, som konstruksjon og styringsteknikk, der elevane lærer om korleis dei ulike dippeduttane vi har rundt oss fungerer, og dei får prøve seg på å lage teikningar, programmere og printe ut i 3D. Opplæringa går mellom anna føre seg via instruksjonsfilmar og simuleringsprogram. ANNA WUTTUDAL anna@fjordabladet.no

3D-PRINT: Ein av dei tinga dei lærer på VG1 YSK er å lage 3D- teikningar og printe ut, til dømes ein leiketraktor. F.v.: Aron Solheim(16), Kornelius Haugen (17) og Andreas Ommedal Aa (16).


20 FEBRUAR 2022 NORDFJORDSAMKØYRINGA

NORGES GRØNASTE: I det nye smarte huset ved Eid vgs. vil ein å ta i bruk den nyaste og beste teknologien både innan bygg, elektro, data og automasjon og gjere den tilgjengeleg for «kvarmannsen» ved at ein kan kome og sjå kva moglegheiter som finst der ute. Samtidig som elevar, studentar og næringsliv kan nytte bygget til læring, utvikling og innovasjon. Bygget er teikna av arkitekt Vicente Ferrando frå Stadsutviklaren. TEIKNING: STADSUTVIKLAREN

••Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro AS:

– Like mogelegheiter for alle – Vi ønskjer å profesjonalisere den framtidige desentraliserte utdanninga ved å etablere ein «Studiehub» Nordfjord. Det ønskjer vi å gjere gjennom å legge til rette for moderne nytenkande fasilitetar for utdanning via Campus Nordfjord. – I Distrikts-Norge er eit enormt behov for kompetanseheving både i næringslivet og i samfunnet generelt. Rekruttering av rett kompetanse til rett tid er for mange bedrifter i distrikt som Nordfjord ei stor utfordring. Vi veit at fire av fem som flyttar ut for å få seg ei utdanning ikkje kjem tilbake, trass i at det er nok av gode jobbar og utfordringar. Denne situasjonen kan ikkje halde fram. Vi må gjere noko med det, seier Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro AS, som viste til hovudkonklusjonen I ein NOU frå 2020 som omhandlar næringslivet si betyding for levande bygder og lokalsamfunn, og kunnskapsdepartementet sin strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular, høgsku-

lar og universitet.

Dekke næringslivet sitt behov

– Det bør innførast intensiv for at universitet, høgskular og fagskular skal etablere fleircampusmodellar for å møte arbeids- og næringslivet sine behov over heile landet, samstundes som det blir skapt relevante kunnskapsmiljø mellom utdanning, forsking og næringsliv. Det er det vi har jobba med å etablere gjennom Campus Nordfjord, seier Øystein Nes.

«Distriktscampus»

– I dag er den desentraliserte utdanningsstrukturen under utvikling og av den grunn litt uoversiktleg. Vi har fått ei positiv utvikling på nettbaserte og fleksible utdanningar, men få intensiv for å få høgare utdanningsinstitusjonar til å samarbeide med eksterne aktørar. Det er eit klart behov for ein tydelegare struktur og rammeverk knytt til organisering og drift av den desentraliserte utdanningsstrukturen, sa Øystein Nes som presenterte ei skisse for korleis ein lokalt på Nordfjordeid tenkte seg bygging av ein distrikts-campus. – Med omgrepet «DistriktsCampus» meiner vi i at det skal

vere ei samla utbygging der aktivitetane er knytt opp mot høgare desentralisert utdanning, bustader, innovasjon, forsking og utvikling, der ein i tillegg har ein base av kunnskap- og kompetansemiljø som er tilpassa næringslivet i regionen sine behov, sa Øystein Nes som understreka at digitale fleksible utdanningstilbod er vel og bra, men at det er sterkt behov for å etablere eit miljø der studentar og lærekrefter fysisk kan møtast

Studiehub

– Vi ønskjer å profesjonalisere den framtidige desentraliserte utdanninga ved å etablere ein «Studiehub» Nordfjord. Det ønskjer vi å gjere gjennom å legge til rette for moderne nytenkande fasilitetar for utdanning via Campus Nordfjord. Vi ønskjer ein samlingsstad for studentmiljøet i Nordfjord, samstundes som vi utfordrar den etablerte modellen for høgare utdanning gjennom å vere ein pådrivar og motivator for innovasjon og nytenking hos dei etablerte utdanningsinstitusjonane, og dessutan å legge føringar for morgondagens og framtidas desentraliserte utdanningsstruktur, sa Øysten Nes som understreka at målet

INVIRO: Øystein Nes er dagleg leiar i Inviro AS. FOTO: TORMOD FLATEBØ

er eit forprosjekt i 2020 med etterfølgande pilot frå 2023– 2026.

Smarthus

Som ein del av tilbodet blir det no bygd eit «Smarthus» ved Eid Vidaregåande skule. Målet er at det skal bli «Noregs grønaste smarthus». I det nye smarte huset ved Eid vgs. vil ein å ta i bruk den nyaste og beste teknologien både innan bygg, elektro, data og automasjon og gjere den tilgjengeleg

for «kvarmannsen» ved at ein kan kome og sjå kva moglegheiter som finst der ute. Samtidig som elevar, studentar og næringsliv kan nytte bygget til læring, utvikling og innovasjon. – Det er viktig at elevane kan framtidas teknologi, her vil ein vise fram det nyaste nye og kva som kjem i det grøne skiftet, seier ein entusiastisk Ove Bjørlo, prosjektleiar i Inviro. TORMOD FLATEBØ tormod@fjordabladet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.