Hus & heim

Page 1

HUS & HEIM

Temabilag for Nordfjord mai 2021

Bygde draumehuset i heimbygda No vaknar familien på fire til ei av landets beste utsikter. SIDE 2 OG 3


2 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

HAR FUNNE SIN STAD: Sommaren 2020 stod draumehuset på Flo klart. Familien på fire gjev uttrykk for at dei stortrivast. Her er dei samla på kjøkenet. Frå venstre Ole Christian Flo, Edvin, Ida Døving Olsen og Emil. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Småbarnsfamilien bygd Å vakne til ei av landets mest spektakulære utsikter gjennom store panoramavindauge. Det er eit godt utgangspunkt for eit ­lukkeleg familieliv.

J

Det er gjennomslag i den nye tunnelen til Flo. Bygda er sikra rastrygg veg. Sjølv om den nye tunnelen truleg først vert opna neste sommar, gjer tunneleffekten seg allereie gjeldande i den vakre bygda, mest kjent for gode fotballspelarar og fruktdyrking. Paret Ole

Christian Flo (33) og Ida Døving Olsen (29) med borna Emil (11) og Edvin (1) har teke steget frå byliv i Ålesund til 300 kvadratmeter nybygd funkishus på Flo.

Spektakulær utsikt

Prosjektet har fått det høvelege namnet «Flo panorama». Gjennom dei store vindauga på fasaden får du ei utsikt inn i huset som kan ta pusten frå deg. Du ser over heile Oppstrynsvatnet mot Hjelle, omgjeve av frukthagar, dramatiske fjell, isbre og grønkledde lier. Det er eit motiv som skapt for den virale verda. Og nettopp dette sporet følgjer Ida og Ole Christian gjennom Instagram-kontoen @flopanorama. – Det starta med at vi byrja legge ut bilete då vi heldt på med tomta. Undervegs har følgjarane kome til. Og leverandørar byrja tilby oss produkt mot annonsering, fortel Ida. Kontoen gjev allereie familien reklameinntekter, og dersom utviklinga held

fram, trur Ida det er noko ho etter kvart kanskje kan leve heilt eller delvis av.

Var på frukost-TV

Ho fortel at interessa tok av då dei nyleg var med i eit to minuttar langt innslag i frukost-TV-programmet «God morgen Norge» på TV 2. Dei vart intervjua gjennom Skype, og det vart vist bilete frå kontoen. – Vi hadde kring 6.000 følgjarar. Etter vi var på TV, auka det til 10.000. Det er eit stort potensial, meiner ho. Ida er frå Geiranger, difor var ikkje overgangen til Flo veldig stor. – Vi fann ut at ingen av oss er typiske byfolk. Eg er vant med å leve slik, og var ikkje vanskelig å overtale. Her er det fred og ro, og kort veg ut i naturen, seier ho. Ida har fått jobb innan helse i Stryn kommune, og er i ferd med å ta fagbrev i helsefag. Ole Christian har bachelor i marinbiologi frå høgskulen i Ålesund, og jobbar

med laksegenetikk i oppdrettsselskapet SalMar. Annan kvar veke har han base i huset dei framleis eig i Ålesund, og reiser rundt i Møre og Romsdal på jobb. Turnusen gjer det mogleg å kombinere jobb med familieliv i heimbygda Flo.

Rassikring avgjerande

Ole Christian er tydeleg på at rassikring av vegen er avgjerande for at dei har busett seg på Flo. – Vi jobba i utgangspunktet med planar om å byggje hytte. Akkurat då vi dreiv med hytteplanane, kom vedtaket om ny tunnel til Flo. Då bestemte vi oss for å planlegge for husbygging i staden. Eg vaks sjølv opp på Flo og har gode minne frå ein flott barndom. Vi ynskjer å gje eigne born ein liknande oppvekst. Ole Christian vaks opp i ein søskenflokk på sju. Han fortel at søskena er tett knytt til kvarandre, og hjelper kvarandre. Dei fleste bur i nærleiken. Søstra Trine med familie har bygd hytte på na-


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

GODE UTEOMRÅDE: Ein stor terrasse er sjølvsagt på ein slik eigedom. Frå venstre Edvin, Ida og Ole Christian.

2021 3

FRIDOM: Utsikt til trygg veg, 20 minutt køyretur til arbeidsmarknaden i Stryn og ein storslagen natur gjer at Ole Christian og Ida har valt å satse på Flo.

KREVJANDE TOMT: På dette dronebiletet ser vi restane av Arnerøysa og muren Otto Garlid har bygd for å lage til hustomt. Bak ser vi hytta til søstra til Ole Christian, Trine.

FAVORITTPLASSEN: Å sitje i denne sofakroken og nye utsikta i fred og ro er ein favoritt i heimen.

ARKITEKTTEIKNA: Inger Langvik i a-vista har teikna huset. Her var det naturleg med store vindaugsflater på fasaden.

de det gode livet på Flo botomta. Broren Kim Rune bur i nabolaget på Flo. Ein annan bror, Even, har vore totalentreprenør for huset gjennom firmaet sitt, Tour De Flo As.

Vi hadde kring 6.000 følgjarar. Etter vi var på TV, auka det til 10.000. Det er eit stort potensial. Ida Døving Olsen

– At Even har teke hovudansvaret for bygginga av prosjektet, med det nettverket han har av samarbeidspartnarar, har vore til uvurderlig hjelp, seier Ole Christian. Faren, Birger Flo, driv Flis og steinbutikken i Vik i Stryn. Mykje av byggevarene kjem derifrå. Ole Christian nemner

også mellom andre maskinentreprenør Otto Garlid og arkitekt Inger Langvik som viktige aktørar. – Det var ei veldig krevjande tomt. Otto Garlid har mura dei fleste murar på Flo, og han kjenner terrenget. Muren på tomta er mura opp med stein frå tomta. Det er godt utført arbeid.

Fekk tomt hjå onkelen

Faktisk er huset bygd i ei røys, den såkalla Arnerøysa på Arnebruket på Nigard. Ole Christian fortel at tidlegare var heile Nigard på Flo eitt bruk. No er det fire gardar. Det var besteforeldra hans, Edvin og Nella, som budde på garden tidlegare. Nella var frå Skrede. No er det onkelen Torbjørn Flo som eig bruket. – Eg har alltid hatt eit godt forhold til Torbjørn. Han har sagt at eg skulle få tomt om eg ville satse på Flo. Det var ein del styr med fråskilling, og vi måtte bruke geolog. Men det løyste seg heldigvis. Eg er takksam for hjelpa eg har fått

av Torbjørn. Vi hadde liten kostnad med tomta. Med stor familie i nærleiken fortel dei om eit sosialt liv. – Det er noko av det som er veldig kjekt. Vi har mykje kontakt med kvarandre og er sosiale. Vi har god plass til å ta imot familien til Ida som bur i Ålesund. Når dei kjem og bur her ei helg, får vi kvalitetstid saman.

Har satsa på eigedom

Ole Christian fortel at han har satsa i eigedomsmarknaden dei elleve åra han har budd i Ålesund. Her eig han ein bygard med fire utleigeleiligheiter i tillegg til den dei sjølv bur i. Bygget ligg i området mellom høgskulen og Moa. – Det er grunnen til at vi hadde høve til å bygge dette huset, seier han og røpar at dei har investert 7,5 millionar kroner i husbygginga. Dei har også andre inntektskjelder enn Instagram-kontoen. No førebur dei

seg på å leige ut heile huset på Airbnb ein månad i sommar. Det skal vere med og finansiere lånekostnader. At verda har gått framover i løpet av eit par generasjonar på Flo, ser vi eit tydeleg prov på eit par hundre meter bortanfor. I kontrast til det moderne funkishuset ligg tre gamle, små hus på rekkje i eit tun i utkanten av ein eplehage. Idyllisk, med den same storslagne utsikta, og flotte bygg for si tid. Men det er langt opp til dei 300 kvadratmetrane i Flo panorama. No er husa også sterkt prega av tida. – Der vaks bestefar Edvin opp, fortel Ole Christian. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


4 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

VÅRSTEMNING Inspirasjon for hus og hage Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt Bærbusker Frukttre Stauder Rosetre

TENK SMART KJØP LOKALT ,

TILBOD:

Granium - Begonia - Surfina Kraftige plantar – Eigen produksjon 3 stk. Pr. stk. kr.

79,-

Kr

210,-

TILBOD:

Stemor

SPØR DIN SNEKKER ELLER BYGGMESTER OM LOKALPRODUSERTE VINDU FRA NORDVESTVINDUET

TILBOD: OPNINGSTIDER I MAI: Mandag-fredag 10-1630 Torsdag 10-18 Laurdagar i mai 10-16

KONTAKT OSS FOR GOD RÅDGIVING: Tlf: 982 98 118 | reidar.saetren@nordvestvinduet.no

Gartnerjord 50 liter Blomstertelefonen: 57 86utvalet 08 44 Hagesenteret med det STORE

Frequency.no

Din fagblomsterbutikk Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no Følg oss på

FAGMØBLER MÅLØY TILBYR NÅ

INTERIØRDESIGNER

NYHET!

Trenger du hjelp med å planlegge møbleringen, inne eller ute, lite eller stort – vi hjelper deg! Ta med tegninger og mål til butikken, eller avtal tid for møbleringshjelp. VELKOMMEN TIL FAGMØBLER MÅLØY! Fagmøbler Måløy | Måløy Stormarked, 6718 Deknepollen | Tlf. 57 85 15 66 | Besøk oss også på fagmobler.no, E Facebook og Q Instagram.

Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet. nordfjordsamkøyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 00


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

HEILE SIDA ER EIN ANNONSE

2021 5

ANNONSE FRÅ ENIVEST

Fiber frå Enivest gjev ei verd av moglegheiter AV BJØRNAR ASKE

Med fiber frå Enivest og TV frå Telia får du lynraskt breiband og alle TV-kanalane du måtte ønske deg. Du kan velje mellom mange kanalar, strøymetenester og filmtenester, som du legg til og trekker frå akkurat som du sjølv vil. Leidulf Gloppestad er bonde og ordførar i Gloppen. Han er ein av dei som har nytta seg av dette tilbodet. Leidulf Gloppestad (44) tar i mot oss på familiegarden på Gloppestad for ein uformell prat. Her bur han saman med kona Karoline (42) og barna Hans Fredrik (8) og Beret Johanne (5). Vi set oss ned i ei koseleg stove med tømmerveggar frå 1800-talet og ei spektakulær utsikt mot ein majestetisk fjellheim på sørsida av Gloppefjorden.

Frå ADSL til fiber Saman med mange sambygdingar på Nordstranda fekk Leidulf installert fiber tidleg i vår, som eit av dei siste områda i Gloppen. Då bytta han ut ADSL med fiber.

mange kanalar, strøymetenester og filmtenester, som han kan legge til og trekke frå akkurat som han sjølv vil. Dei norske TV-kanalane kan ikkje veljast vekk, men utover det kan Leidulf enkelt byte ut dei førehandsvalte TV-kanalane med anna innhald. - Det var veldig greitt å kunne plukke dei kanalane ein vil ha. Også er det ei røys med andre ting som følge med då. Også har vi i tillegg dei strøymetenestene som vi syns er nødvendige.

Fotball er dyr moro - Eg veit du er Liverpool-supporter, og eg har ein liten mistanke om at abonnementa på TV 2 Sport og Viaplay kom som følgje av at du ville sjå fotball? - Det stemmer nok det. Eg skal ikkje legge skjul på at TV 2 Sport er det i hovudsak eg som ser på ja. Viaplay kom som følgje av at eg ville sjå Champions League, også vart det stort bifall for å behalde den vidare. Og det gjev gode moglegheiter, om ein ønskjer å sjå noko kjekt med familien.

- Før hadde vi ADSL over telefonlinja. Etter mykje testing fann vi ut at linja berre hadde 3-5 megabyte. Det var det den greidde. Men etter kvart som fiberen kom steig kapasiteten litt, etter kvart som folk kopla seg av telefonlinja, fortel Leidulf. Leidulf og familien fekk fiber kort tid før coronapandemien gjorde at store deler av samfunnet stengte ned. - Med fiber har du eit heilt anna utgangspunkt og heilt andre moglegheiter. Kona mi har tidlegare jobba med Fylkesmannen og hatt ein del heimekontor. Men å gjennomføre videomøte på den gamle linja, det var berre å gløyme. Det var ikkje nok kapasitet. Det er ikkje godt nok i 2020, så når vi kunne få fiber frå Enivest, var det lett å takke ja til det.

TV og internett frå Enivest - Kva brukar de internett til? - No får vi fjernsyn over fiberen, så vi har samla alt hos Enivest. Så det er TV og vanleg internettbruk. Eg har framleis ein del heimekontor inn i mellom, også er det streaming. Vanleg TV ser ein mindre og mindre av. Ein ser film eller seriar når helga kjem på ulike strøymetenester.

Har fått den råaste TV- og strøymeboksen på marknaden Boksen ved sidan av TV-en til Leidulf er liten og diskret, men den er faktisk den kraftigaste TV-boksen på den norske marknaden. Med TV frå Telia kan Leidulf velje mellom

vi jo. Det er ein god del veldig gode dokumentarar som vi leitar fram frå NRK sitt arkiv. Også hender det at vi ser ein god dokumentar eller hentar fram gamle gullkorn frå NRK-arkivet. Det er artig å sjå ting igjen. Også ser vi jo litt seriar. - Kva seriar ser de på? - Homeland når den gjekk, også Narcos. Når ein først begynner å sjå på dei, er det forunderleg kor dei et seg tak. Også er det ein del skandinaviske krimseriar. Finske Sorjonen og svenske Johan Falk, er ganske god underhaldning. Sorjonen kan altså anbefalast på det sterkaste for dei som ikkje har funne finsk krim endå. Finsk kvalitetskrim. - Har du nokon gode filmtips? - Ja, det er veldig mykje bra. Til dømes «Moneyball» med Brad Pitt og «Coach Carter» med Samuel L. Jackson er fantastisk bra filmar. For dei som er interessert i historia også, ein kan tenke at dette berre er ein bilfilm for spesielt interesserte, men «Ford versus Ferrari» med Matt Damon og Christian Bale i hovudrollene, for historiefortellinga rundt, er veldig bra! Også må eg ha med «Frost versus Nixon». Det og er ein film eg verkeleg kan anbefale. Men skal du berre ha lettbeint action, er det vanvittig mykje å ta av.

Bonde og ordførar Leidulf Gloppestad er glad for å endeleg ha fått fiber.

- På den nye Telia-boksen kan du installere ulike appar frå dei ulike strøymetenestene. Kva strøymetenester er det du og familien brukar i dag? - Vi hadde ikkje ein smart-TV, men med denne boksen er det forsyne meg ikkje mykje som manglar. Du lastar det ned på boksen og du har alt tilgjengeleg. Og nettet ligg jo der. I dag har vi Dplay, Sumo, Netflix, Viaplay og Disney+. Også for all del NRK, som har mykje bra i arkivet på nett. Det gjer at vi kan sjå Dagsrevyen etter at ungane er sovna, fortel Leidulf og ler på sedvanleg vis. - Berre noko slikt gir mykje større fleksibilitet i forhold til å sjå dei programma du ønskjer å sjå. Det er jo ein stor fordel.

Som mange andre fotballinteresserte, tykkjer Leidulf at fotball er dyr moro. - Men det er i det minste moro, når Liverpool gjer det så bra? - Ja, eg tykkjer eg hadde igjen for den i fjor, ler Leidulf. I fjor vann nemleg favorittlaget Liverpool Premier League.

Anbefaler finsk kvalitetskrim - Kva er det de helst ser på TV? - Nei, det er så kjedeleg at eg veit ikkje om eg vil svare på det, humrar Leidulf. - Ungane ser barne-TV sjølvsagt, også har dei jo ein del favorittfilmar, så av og til får dei velje om dei heller skal sjå film i staden for barne-TV. Karoline og eg ser nyheitene sjølvsagt, når det passar seg. Det må

Glad for breibandutbygging Leidulf er opptatt av breibandutbygging i distrikta. For å kunne ta del i dei enorme moglegheitene, er fiber eit must. - Det handlar veldig mykje om dei moglegheitene ein mister, om ein ikkje har fiber. Jobb og næring heimanfrå. Det å kunne sitte på eit fullt operativt heimekontor. Velferdsteknologi og alle moglegheitene som ligg i digitalisering ut i alle heimar, krev eit godt utbygt nett. Moglegheitene er enorme. Ein kan også snu det andre vegen, og seie eg ser nesten berre avgrensingar om fiber ikkje er der. For med ein gong ein har fiber, så har ein heil verden av moglegheiter opna seg, og ein må ha den kabelen inn for å få ta del i desse moglegheitene.


6 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

TRIVST: I november i fjor sikra tilflyttarane Vebjørn Oftedal og Anette Jahre seg draumehuset i Måløy, med utsikt utover heile kystbyen og innover mot fastlandet. Visjonen er å vere tru mot huset si stil og eigenart, og berre forbetre der ein kan. ALLE FOTO: ELISE SILDEN

Sikra seg draumehuset og Dei hadde, som mange andre, gått forbi «Austmyrhuset» og tenkt at det huset, det såg interessant ut. Da moglegheita baud seg til å få sjå det frå innsida, skjønte dei ganske fort at dette kunne bli draumehuset.

S

ommaren 2019 fekk bergensaren Vebjørn Oftedal (25) draumejobben som teknisk ansvarleg i Sea Technology. Utdanninga si har han frå University of Southampton, der han tok ein 4-årig master for å bli skipsingeniør. – Eg blei introdusert for den spennande jobbmarknaden i Måløy av søstera mi, Henriette, som flytta hit for nokre år sidan, då ho er i lag med ein måløyværing. Samtidig som Vebjørn begynte i jobb i Måløy, fullførte kjærasten, Anette Jahre (27) frå Tønsberg, eit vikariat som folkehelsekoordinator i Giske kommune. Då vikariatet var over, valte ho å flytte til Måløy for å bli sambuar med Vebjørn. – Eg begynte å sjå på jobbmoglegheitene i området, og etter kvart fekk eg fast jobb som marknadsrådgjevar i Måløy Vekst, seier ho.

Oppdaga Austmyrhuset

Etter å ha vore leigetakarar ei tid fann dei ut at det no var på tide å ta steget vidare og få seg noko eige. Dei begynte å følgje med på bustadmarknaden, og var på fleire visningar. Dei fekk vite at ein dei kjende hadde kontakt med eigaren av Austmyrhuset, og fekk ordna ein visning der. Då dei fekk mogelegheita til å sjå huset frå innsida, var dei ikkje i tvil om at det var her dei ville bu. – Heilt sidan vi overtok, har vi hatt ein tanke om at vi skal få huset tilbake slik det opphavleg var. Visjonen har heile tida vore å få huset opp å gå igjen, og modernisere det utan å måtte gjere så store inngrep. Det er eit gjennomtenkt hus, og sidan det er såpass spesielt, så vil vi ikkje gjere for mykje med det. Men heller prøve å forbetre det som kan forbetrast, fortel Oftedal. Austmyrhuset blei bygd i 1976, og er teikna av huseigarane Per og Aslaug Austmyr, saman med det tidlegare arki-

tektbyrået Saga Hus. Då dei bygde huset, tok dei nokre val som ikkje var heilt vanlege på den tida, blant anna la dei inn store vindauge i front, eit galleri over stua og nedsenkt badekar. Huset blei bygd av eit par med vaksne born, og det er såleis ikkje eit typisk hus for småbarnsfamiliar. Dei som bygde huset hadde to born, ein dotter og ein son, og det var dottera, Anne Mette, som overtok huset. Huseigar sjølv flytta utanlands, og huset har stått tomt i mange år.

Stort prosjekt

Då dei overtok huset, i november 2020, var dei klar over at dette var eit stor prosjekt å gi seg i kast med. Dei bruke novembermånaden på å tømme heile huset for ting frå tidlegare eigar som ikkje hadde mogelegheit til å reise til Norge for å gjere det sjølv. – Så langt har vi pussa opp hovudsoverommet, rive ned det gamle kjøkkenet


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

ARKITEKTTEIKNA: Slik ser huset ut frå utsida. Paret har nylig byrja å fikse litt på fasaden og skal no ta tak i hagen som har vore overgrodd.

2021 7

NYTT KJØKKEN: Det er på kjøkkenet dei har gjort dei største endringane. Her har dei rive ned det gamle kjøkkenet og sett inn ny kjøkkeninnreiing.

HAR GALLERI: Her ser ein litt av galleriet over stua og inngangen til kjøkkenet. På den mørke veggen har dei rive gammal strietapet og mala med ein sprek farge.

PÅ TOPPEN AV MÅLØY: Her har dei utsikt mot fastlandet og Deknepollen, brua, sentrum og gatene som ligg sørover i Måløy.

VALDE SEG MÅLØY: Sommaren 2019 flytta Vebjørn til Måløy medan Anette fullførte ei vikariatstilling i Ålesund. Då vikariatet var over kom Anette etter.

g starta «Prosjekt Gate 7» og sett inn ny kjøkkeninnreiing, og lagt nytt tak på garasjen. I tillegg har vi gjort ein del småting som å fjerne gammal tapet, malt nokre vegger og fått nokon til å hjelpe oss med det elektriske, samt vatn og avløp, fortel dei. Oftedal har alltid likt å «snikre og herje» som han seier, men oppussingsinteressa har også kome meir og meir etter dei begynte på dette prosjektet. Det var då dei oppdaga at dei hadde potensial til å få dette til. – Dette er jomfruprosjektet på oppussingsfronten for oss, så vi har hoppa ut i det utan heilt å forstå omfanget. Vi har gjort det meste sjølve, av det vi har hatt lov til å gjere, men vi har sjølvsagt rådspurt familie og venar undervegs. Jahre og Oftedal tok eit standpunkt om at dei ønskte å nytte seg av lokale entreprenørar og butikkar, og kjøkkenet er for eksempel frå Espe Trevare på Nordfjordeid. Dei er overvelda over den gode kundeservicen.

– Vi har alt vi treng her i nærområdet. I tillegg har butikkane i området vore veldig hjelpsame. XL-bygg har hjelpt oss mykje, og dei svarar gjerne på spørsmål om vi lurar på noko, fortel Jahre. Snart i gong med fase to Sambuarane fortel at det dei har gjort med huset til no har vore fase ein. I fase to skal vindauga og skyvedøra i front i stova skiftast ut, i tillegg til at badet treng ei oppgradering. Dei skal også fikse litt på fasaden, ved å blant anna bytte ut bordkledning og gjere klar sitteplassen ute. Hagen har vore overgrodd, så den skal dei også ta tak i. – Vi har mykje på agendaen, men vi stressar ikkje. Dessutan er det ikkje så mykje å finne på no for tida, så då er det fint å ha noko å styre med, seier Oftedal. Sjølv om det er kjøkkenet dei er mest fornøgd med så langt, er det stova som er favorittrommet. Frå stova har dei utsikt mot fastlandet og Deknepollen, brua, sentrum og gatene som ligg sør-

over i Måløy. – Det er mange som kjem innom huset, og seier at det er eit veldig sosialt hus sidan det er så ope i stoveområdet og opp mot galleriet, fortel dei.

Fekk plutseleg mange følgjarar

Då dei starta på prosjektet oppretta dei ein Instagram-konto der dei kunne vise venar og familie som ikkje bor i nærleiken sjølve prosessen. Etter ei stund merkte dei at dei fekk fleire og fleire følgjarar på kontoen. – Det er nok fordi folk her er nysgjerrige på å sjå korleis huset ser ut, og kva vi arbeider med, seier Jahre. Dei anbefaler andre i same situasjon om å dokumentere prosessen. – Vi er veldig glade for at vi var så flinke til å dokumentere. Då kan vi sjå tilbake på korleis det ein gong såg ut, og kva vi har gjort. Det er ein motivasjon å kunne samanlikne utgangspunktet med korleis det ser ut no. Dette er gjerne ting ein

gløymer når ein er sliten og står midt i det, smiler dei.

OPPUSSINGSTIPS Vebjørn og Anette har fem gode råd til andre som tenker på å ta på seg noko liknande •• Sett opp eit budsjett •• Ta ein ting av gangen •• Det er mykje lettare å rive ned enn å byggje opp •• Hent inspirasjon og råd frå andre om de lurar på noko. Det er sjeldan ein støyter på eit unikt problem som ingen har hatt før •• Bruk eksterne berre når det er nødvendig. Gjer ein mykje sjølv, kan ein bruke pengar på betre material og komponentar. ELISE SILDEN fjt@fjt.no


8 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

TOLER MYKJE: – Stemorsblomar og busker skal ned i jorda først. Det er disse som toler mest, fortel Berteig på Nordfjordeid. FOTO: SIRI KOLSETH

FARGAR: – Det er jordfargar som dominerer for krukkene. Mange plantar i krukker i staden for i bed, fortel Berteig. FOTO: SIRI KOLSETH.

MÅLØY: – Det er greitt å finne ut kva plantar ein vil plante, før ein startar med prosjektet, rådgir Amund Gotteberg. FOTO: ELISE SILDEN

Ekspertane gir gode råd til nybegynnarar

KJEM MED GODE RÅD: Stein-Åke Berteig er 4. generasjon gartnerieigar i Hildenes Gartneri AS på Nordfjordeid. Her er han saman med mora si, Irene Berteig. FOTO: SIRI KOLSETH

Då Norge stengte ned i mars i fjor opplevde gartnar SteinÅke Berteig (46) at folk blei mykje meir opptekne av å ta vare på hagen sin.

D

å folk ikkje kunne reise, tok dei seg tid til å plante i hagen i staden. – Eg trur kanskje at den auken vi såg i fjor kjem til å halde seg i år. Berteig er dagleg leiar i Interflora Hildenes Gartneri. Det var oldefaren hans som starta gartneriet for mange år sidan, og Berteig er 4. generasjon gartnerieigar. Etter fleire års erfaring, har Berteig god kunnskap om kva som bør plantast på denne tida av året. – Stemorsblomar og busker er det som skal ned i jorda først. Det er disse som toler

LEGG EIN PLAN: Amund Gotteberg er dagleg leiar i Måløy Glassmagsin, men driv også eit hagemarknadsutsal i Måløy. Her saman med kollega Wenche Gangsøy. FOTO: ELISE SILDEN

mest, dei toler blant anna ei og anna frostnatt og tar ikkje skade av kalde dagar. Når våren nærmar seg begynner folk å plante ut i krukker. Det kan vere ulike sortar stemorsblomar, margerittar, og hengeplantar og surfinia. – Det er fleire som gjerne vil ha litt bladplantar innimellom det blomstrande. Berteig meiner hageambisjonane bør tilpassast type bustad. I leilegheiter har ein ofte mindre plass. – Dei som ikkje har hage, vel gjerne lettstelte krukker. Dei som har større plass, brukar ofte å utforske utvalet litt meir, med litt ulike typar blomar, busker og plantar.

Ser ein ny trend

Og sjølv i hagen er det ulike trendar som dominerer til ulike tider. Mange finn hageinspirasjon på internett og gjennom ulike tv-program, men også berre ein kik rundt i nabolaget kan gi gode idear. – Før hadde ein gjerne store og omfattande blomsterbed, men fleire og fleire ønskjer no

å ha ulike krukker som står samla i lag, fortel Berteig. Berteig kjem med tre gode tips til dei som ønskjer å utvikle grøne fingrar: Pass på at du brukar god jord. Og bland gjerne jorda saman med gjødselkompost. Om du plantar i krukker, hugs på å legge drenering i botnen, og skift gjerne ut mykje av jorda for kvar vekstsesong. Bland også gjerne inn litt langtidsgjødsel. Det finst små kuler som ein kan blande i jorda slik at blomane har med seg ein god «nistepakke».

Start med å lage ein plan

Mange ønskjer seg ein flott hage, men synst det er vanskeleg, og veit ikkje kor dei skal starte. Amund Gotteberg, som driv hagemarknadsutsal i Måløy, har også gode råd til nybegynnarane. – Korleis du kan få det fint i hagen din kjem heilt an på kva type hage du har, men eg vil i alle fall anbefale folk å prøve å gjere ein innsats. Ein blir overraska over kor mykje det har å seie berre å få klipt graset, og

rake vekk ugras og gamalt lauv. Det kan også vere lurt å starte med å lage ein plan for hagen før ein byrjar på prosjektet. Finn ut kva type plantar du vil plante, og om du skal gå for krukker eller bed. – Om ein ikkje har så mykje erfaring med hage frå før, vil det vere lurt å høyre litt rundt med fagfolk eller venar og familie som har hage. Kanskje har dei nokre gode råd. Om det er noko i hagen ein vil ta merksemd vekk ifrå, tipsar han om at flotte prydbuskar, strategisk plassert, har god blikkfangeffekt og kan bidra til å trekke blikket i rett retning. Dei som handlar plantar no kjøper gjerne heilårsplantar. – Det stemmer. Men denne tida av året er uansett ei god tid for å starte gjødslinga for å gjere hagen klar for mange, fine, blomar og plantar, seier han.

Krukker er veldig populært

Gotteberg peiker også på at krukker er trend. Og kan vere lettare å halde ved like enn for eksempel eit bed. Dei har enno ikkje fått inn alle sommarpro-

dukta, men opplever godt sal på dei krukkene dei har. Og folk ser ut til å like stein. – Det har faktisk gått ein del skiferpotter, og eg trur også at vi kjem til å selje ein del potter i betongfarge. I tillegg trur eg at potter med tredetaljar, som for eksempel trebein, kjem til å gå mykje av denne sesongen.

Kan sjå produkta på nett

I år har Hagemarkedet i Måløy også oppretta Facebookprofil for å kommunisere betre med kundane. – Vi får inn varer ganske fort, og folk har tidlegare spurt oss om vi har ein plass vi kan vise fram produkta vi får inn på nettet. Og etter at dei kom på Facebook har dei fått stor pågang. – Eg trur folk synst det er kjekt å følge med på kva vi får inn, og det er ein super plass å følge med på for dei som held på med planlegging av hagen sin. ELISE SILDEN fjt@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 9

LEILIGHET 17 - 20 112 m2 2 soverom kr. 3.690.000,-

Topp moderne leilighetskompleks med fjordutsikt

Kun 4 leiligheter igjen

Svelgen Panorama er et unikt prosjekt med fantastisk fjordutsikt.

G DI LE

G DI LE

G DI LE

LE

DI

G

Tidligere Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS), skal få nytt liv ved hjelp av moderne byggekunst og teknologi. Bygningsmassen skal gjennomgå en forvandling til ett moderne leilighetskompleks med en toppetasje bestående av 11 leiligheter fra ca 64 m2 til ca 118 m2, hvorav 9 av disse vil ha sjøutsikt, mens resterende 2 vil være vendt mot sentrum. Alle leilighetene vil ha balkong, parkett, flis/fibo på bad/wc, kjøkken fra anerkjent leverandør (HTH evt. Espe), balansert og effektiv ventilasjonsanlegg, tilrettelagt for trådløs velferdsteknologi, samt tilrettelagt for fiber, bredbånd og kabel-tv. Byggets første etasje skal bygges om til omsorgsboliger, leiligheter og personellrom for Bremanger kommune.

For nærmere informasjon om salget kontakt Advokatfirmaet Angelshaug & Co AS Advokat Endre Rutledal M: 988 21 942

For byggtekniske spørsmål kontakt: Kent Rune Bugjerde M: 905 11 520 kent.rune@unu-as.no

Topp moderne leilighetskompleks ved sjøkanten Byggestart mai 2021

For nærmere informasjon om salget kontakt Advokatfirmaet

SOLGT RESERVERT

Angelshaug & Co AS

SOLGT

Advokat Endre Rutledal

SOLGT SOLGT

M: 988 21 942

SOLGT

SOLGT

SOLGT For byggtekniske spørsmål kontakt:

Bryggekanten er et unikt prosjekt. Tidligere butikklokale ved sjøkanten på Bryggja skal få nytt liv ved hjelp moderne byggekunst og teknologi. Den tidligere Bunnprisbutikken skal gjennomgå en forvandling til et moderne leilighetskompleks bestående av 11 selveierleiligheter med tilhørende parkeringsplass. Prosjektet omfatter totalt 11 leiligheter fra ca 58 m2 til ca 85 m2 fordelt på 3 etasjer. Samtlige leiligheter vil ha sjøutsikt, balkong, parkett, flis/fibo bad/wc, kjøkken fra anerkjent leverandør (HTH evt. Espe), balansert og effektivt ventilasjonsanlegg,) tilrettelagt for trådløs velferdsteknologi, samt tilrettelagt for fiber, bredbånd og kabel-tv.

Kun 4 leiligheter igjen

Tom Andre Svoren M: 909 39 765 tom.andre@unu-as.no


10 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Trendane no: – Folk vil ha de – For tida er det fargar vi sel, særleg bruntonar og varme nyansar. I heimane til folk er det meir farge enn det har vore på lenge, fortel Elin Faller Raad på avdeling Fargeriket hos Karl Sunde Møbler og Utstyr.

O

g ein ting som er heilt borte frå interiørbildet er kvit. – Og det har det eigentleg vore ei stund. Det som tok over frå kvitt var grått og blått. Denne trenden har no blitt bytta ut med jordfargar, brunt og naturnyansar. Det å trekke naturen litt inn i heimen, saman med litt forskjellige element med trestrukturar og spiler, gir ei behageleg atmosfære. I butikken ser ein at dei same fargenyansane også er vidareført til både golv og golvteppe. – Ja, for på golv har ein også gått mykje over frå gråtonar til naturfargar. For to år sidan selde vi mykje grått, men no vel dei som byggjer hus oftare kvit eik og natureik. På teppefronten er det også ein del jordfargar og lyse tonar som passar fint til resten av fargane i huset, fortel Raad. Ho tipsar om å ikkje ta inn mange forskjellige fargar i huset, men heller la det gå litt ton i ton. – Bruntonane no for tida går heilt frå lyst til mørkt, og fargane som heiter marrakech og muskatnøtt er veldig «hot». I tillegg til dette ser vi også at grøntonar har blitt populært.

Viktig å sjå fargen i butikken

Det er mange som finn inspirasjon på internett til interiør, møblar og fargar. Dette er ein enkel måte å finne ut kva ein likar på, men samtidig vil Raad kome med ei lita åtvaring til dei som gjer all research på nett. – Fargen du ser på sosiale medium og på nett er ikkje alltid slik fargen ser ut i verkelegheita.

Derfor er det viktig for oss å få ein dialog med kunden og at dei får moglegheita til å sjå fargen slik den verkeleg er. Det hender at folk ombestemmer seg når dei ser fargen hos oss fordi den såg så annleis ut på internett. Dagleg leiar i møbelavdelinga hos Sunde Møbler, Anne Kristin Ø. Hammersvik, fortel at dei prøvar å lage til utstillinga i butikken slik at kundane får moglegheita til å sjå, gå på, sitte på og kjenne på varene. – Vi har ein del møblar og varer som er utstilt i fleire fargar. Det får vi veldig mykje skryt for av kundane. For det er ofte vanskeleg å førestille seg korleis alt vill sjå ut når ein berre ser det i ein brosjyre eller på ein liten plankebit.

Kundane er modigare enn før

Vidare fortel Hammersvik og Raad at ein gjerne ikkje har dei same fargane på veggane som møblane. – Vi sel mange sofaer og stolar i velurstoff sidan det finst så

VEL UTANFOR BOKSEN: – Folk er modigare enn før. fortel Elin Faller Raad (t.v.) ved Fargerike Sunde og Anne Kristin Møbler. ALLE FOTO: SIRI KOLSETH

Vi ser at tida for det kvite interiøret er heilt over. No er det fargar folk vil ha heime BRUNTONAR ER INN:– Bruntonane no for tida går heilt frå lyst til mørkt, fortel Elin Faller Raad ved Fargerike Sunde.

mange fine, friske fargar i det stoffet. Folk er modigare no enn dei var før. No kjøper dei gjerne ein stol i ein litt fresh farge, for eksempel gult, rustfarga, grønt eller mørk aqua. Men det er sjølvsagt mange som framleis vil ha grå sofa, fordi dei tenker at det er eit trygt val. Hammersvik ser også at folk er

opptekne av at det er same trefarge på golvet som møblane og at det må passe saman. – For spisemøblar går det framleis mykje i kvitolja eik, men også ein del i gråolja og i ein farge som heiter «smoked», ein litt brunare og jordfarga nyanse. Det ser også ut til at svarte spisemøblar kjem til å bli populært.

Dei kan gje råd, men det er du som skal trivast

I ei tid der dei fleste har vore mykje heime på grunn av koronasituasjonen, er det mange som har utnytta moglegheita til å pusse opp heimen eller skifte ut møblar. – Kundane har eit ekstra stort ønske om at det skal vere fint og

MØRKT: Svarte spisemøblar kan bli popu danske Casø Furniture. behageleg heime og at ein skal trivst der ein bur, seier Hammersvik. Og det er også eit av hovudpoenga når ein skal innreie eller pusse opp huset sitt. Det er du som skal bu der, og det er viktig å finne fargar ein sjølv blir nøgd med. – Når kundar kjem innom prø-

Bjørn og Vidar stiller gjerne opp med gode opp Det at det siste året har vore alleleis enn andre år er ikkje til å stikke under ein stol, meiner Bjørn Berge i Bygger’n Selje. SATSAR PÅ DISTRIKTA: Bjørn og Vidar Berge I Bygger’n Selje har merka koronapandemien på folk sin oppussingsiver. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS

– Vårparten i fjor bar tydeleg preg av at mange har hatt meir tid til overs enn vanleg og at dei har brukt tida på å styre med hus og

hage, fortel Berge. Bak Bygger’n Selje står brørne Bjørn og Vidar Berge. Det er Bjørn som tar av seg butikkdrifta medan Vidar har hovudansvar for det byggtekniske. Når brørne køyrer rundt om i bygda, legg dei fort merke til at koronasituasjonen har gjort endringar i heimane til folk. – Vi synst jo at det har vore veldig artig å sjå alle dei spennande prosjekta som folk har kasta seg

ut i. Dei sat vel heime og fann ut at dei hadde tid til overs, seier Bjørn. Han trur denne sommaren vil bli ganske lik som den i fjor, og at folk kjem til å fortsette å bruke tid på å stelle med hus og hage. – Det blir nok ikkje så mange utanlandsreiser på folk denne sommaren heller, og ein må jo ha noko å gjere på, så derfor trur eg vi kjem til å fortsette å sjå ulike prosjekt i heimane hos folk.


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 11

et fargerikt, lunt og koseleg POPULÆR: Kolleksjonen til Aina Sollie Steen frå Sommerhytta på TV2 er populær.

n Øksdal Hammersvik ved Sunde

OPPTEKNE AV INTERIØR: Mari Totland (t.v.) og Therese Frantzen i Fagmøbler ser at folk er opptekne av å hente inn plantar og naturelement i interiøret, målet er å skape ein koseleg heim. ALLE FOTO: ELISE SILDEN

Therese Frantzen (40), interiøransvarleg ved Fagmøbler Måløy ser ein tydeleg trend mot det minimalistiske med rette linjer og lysare fargar, samtidig som ein krydrar med det meir frodige i gull og svarte detaljar.

pulært. Spisebord og stoler frå

ver vi derfor å hjelpe dei med å finne ut kva dei sjølv likar og ønsker å ha i heimen sin. Vi spør kundane om fargar og prøver å lage ein fargepalett ut ifrå det. Vi kjem gjerne med forslag, men til sjuande og sist må ein følge hjartet sitt og velje det ein fell for. ELISE SILDEN fjt@fjt.no

B

åde Frantzen og kollegaen Mari Totland (32) har merka ein ny interiørtrend i heimane til folk. For nokre år sidan, selde dei mykje av det dei kallar «småstæsj», mens folk no verkar å vere meir opptekne av å kjøpe litt større interiørting av god kvalitet – gjerne interiør som er litt dyrare og noko dei kan ha i mange år framover. – Våre kundar er veldig bevisste på kva dei ønskjer å kjøpe.

Dei kjøper heller interiør og pynt til heimen som dei kan ha i mange år i staden for å måtte bytte ut ofte, fortel Totland.

Tar hagen inn

Dei ser også at folk er opptekne av å hente inn plantar og naturelement i interiøret, og at det er viktig at interiøret samstemmer med resten av fargepaletten i huset. Heime hos folk ser ein no mykje store, beige vegger, grøne plantar og av tekstilar er det særleg naturfarga lin som går igjen. – Det går veldig mykje beige fargar, jordfargar og naturfargar generelt. Men ein ser også at pastellfargar, for eksempel turkis eller lyseblått, er populært no, seier Frantzen.

Glede, duftlys og kosedress

Sterke, skarpe fargar er ikkje det som er i interiørbildet for tida. Damene på Fagmøbler har merka seg ein tydeleg effekt av at folk har brukt mykje tid hei-

Kundane vil gjerne ha det lunt og tidlaust. Dei vil skape ein koseleg heim i koronatida

me det siste året, og at dei er opptekne av at det skal vere koseleg med ei lun stemning. – Vi har aldri selt meir duftlys enn vi har gjort det siste året, og det kjem nok av at folk er opptekne av å finne ro i eigen heim. Eg trur at dei stikkorda som best kan summere opp dette spesielle året er: glede, duftlys og kosedress, smiler Frantzen. Kolleksjonen til Aina Sollie Steen, aktuell i TV2-programmet Sommerhytta, er særleg populær. Steen er interiørde-

LUKTAR MAGISK: – Om du framleis ikkje har prøvd Processo-duftlyset vi sel så anbefaler eg å teste det ut med ein gong. Det luktar heilt magisk, fortel Frantzen.

signar og oppteken av at interiøret i heimen skal gi harmoni. – Vi har inne ein del ting frå vår- og sommarkolleksjonen hennar, blant anna nokre veldig fine lykter, fortel Totland.

Dette «må» du skaffe deg

Sjølv om man sjølvsagt ikkje ønskjer at heimen sin skal vere ein 100 prosent «katalogheim», heilt like og utan særpreg, så er det likevel nokre produkt trendekspertane ved Fagmøbler meiner du bør ha: – Om du framleis ikkje har prøvd Processo-duftlyset vi sel så anbefaler eg å teste det ut med ein gong. Det luktar heilt magisk! Eg vil også anbefale å teste ut pynteputer i sofaen med skikkeleg godt dunfyll og eit ordentleg putetrekk. Det løftar verkeleg sofaen mange hakk. Og då har du faktisk forandra stova di mykje, for lite pengar, avsluttar Frantzen. ELISE SILDEN fjt@fjt.no

pussingsråd der dei kan Dei merkar at vêret også betyr noko for kva prosjekt folk går i gang med. – Når det er dårleg vêr ute, så malar folk inne, og kjøper inn utstyr som dei skal bruke ute når vêret forbetrar seg, fortel Berge med eit smil. Han ser også at det har blitt mykje ny måling innvendige veggar, medan ein gjerne har våga seg ut på litt større prosjekt utvendig.

– Dei største oppussingsprosjekta har nok kome utvending. Der har folk lagt terrasse, skifta tak, fiksa gjerdet og generelt vedlikehalde huset. Og om folk treng råd til oppussing, både inne og ute, er det berre å ta kontakt med Berge at dei ynskjer å vere behjelpelege med råd om folk lurar på noko med tanke på oppussing. – Vi vil svært gjerne hjelpe og kome med råd på dei tinga vi

kan, seier han.

Ei positiv utvikling

Dei siste åra har Berge merka at fleire og fleire har valt å flytte heim og bygge hus. – Det er ei positiv utvikling i bygda. Vi merkar at det er ein del yngre, spesielt i 30-40 åra, som no ønskjer å flytte heim. Men det er også folk som er yngre enn det som har kome heim, og det er veldig bra.

Berge synst det er positivt at det no skjer så mykje spennande i bygda, som blant anna nytt hotell på gang og Stad skipstunnel. Han ser berre positive ringverknadar. – Begge desse prosjekta vil nok vere med på å gi betydeleg høgare aktivitet her. ELISE SILDEN fjt@fjt.no

Vi synst jo at det har vore veldig artig å sjå alle dei spennande prosjekta som folk har kasta seg ut i.


12 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

No er det

endå meir lettvint å selje bustad gjennom oss Dette får du hjå oss: Interiørrettleiing ved bustadstylist inkludert i marknadspakken Profesjonell fotograf Skreddarsydd marknadsføring Gratis utlånshengar når du skal flytte ut Gunstige prisar på utvask gjennom BB-gruppen Vår salsgaranti: Om vi ikkje skulle få selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss Løpande oppdateringar gjennom heile salsprosessen via tenesta «Bustaden min»

Vi er framoverlente, lokalkjende meklarar som følgjer deg trygt gjennom heile salsprosessen, frå første møte til sal, signering og overtaking.

Lån meg

GRATIS!


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 13

Vi feirar samarbeidet med BB-gruppen og gir

gratis utvask til fem av dei ti første som inngår avtale om sal av bustaden sin gjennom oss! Dei fem heldige vinnarane blir avgjort ved loddtrekking 01.06.21.

Verdi inntil

kr 20.000,-

Kampanjeperiode til og med 30.05.21 (gjeld kun privatpersonar).

Vi kjem gjerne på synfaring for å starte planlegginga med deg – ta kontakt!

Univerket

Selje bustad? SNAKK MED OSS Kamilla og Sissel Anett veit kva som skal til for eit vellukka sal. Kamilla: 915 17 087 Sissel Anett: 970 76 649

eigedomsmekling.no


14 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Vil bygge ti nye bustadar for å sleppe til ungdommen Skal ein leve opp til ambisjonane om å vere ei bygd i vekst, må ein legge til rette for det. Men for unge i etableringsfasen i Selje, er det ikkje akkurat flust å velge i på boligsida.

I den forbindelse legg Selje Boligutvikling no fram planane for fleire leilegheitsbygg i Krakereid bustadfelt. – Det er viktig at ungdomen kjem seg inn på marknaden, men då må dei få moglegheita, seier Bjarne Krakereid i Selje Boligutvikling. – Mange ungdomar betalar

7–8 tusen kroner i månaden i leige, noko som svarar til eit ganske stort bustadlån, så det er viktig at dei kan kome i gang med kjøp av mindre bustader. Planane involverer i alt ti bueiningar. To firemannsbustadar og ein tomannsbustad. Alle plassert langs Vikavegen i Krakereid bustadfelt.

No manglar det berre penn på papir for eit par av einingane før spaden kan settast i jorda. – Vi har interesse allereie og håpar å kunne starte grunnarbeidet på det første bygget i år, seier Krakereid. BJØRN ERIK DRABLØS bjorn.erik.drablos@fjt.no

FOR DEI UNGE: Bjarne Krakereid er oppteken av at ungdom skal ha moglegheiter. FOTO: PROESS

MANGE KVALITETAR: Elise Kvile Hjelle og Kim André Leite (25) har flott utsikt over Breimsvatnet og mykje sol på terrassen i Hetlebakkane 25. Ho er frå Byrkjelo og han frå Hornindal.

REED: Oversiktsbilete over Reed med byggjefeltet Hetlebakkane bak sentrum. Firemannsbustaden der sambuarparet Hjelle og Leite bur ligg øvst til høgre i feltet.

HAR VORE INVOLVERT: Kim André Leite er tømrar og saman med sambuar Elise Kvile Hjelle har han gjort det meste av innreiing i bustaden. Leiligheita er 80 kvadrat og har to soverom. Her sit dei ved kjøkenøya i opphaldsrommet der det er open kjøkenløysing. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Bustadbygging gir eit un Sambuarane Elise Kvile Hjelle og Kim André Leite er to av mange unge som har slått seg ned i bustadfeltet Hetlebakkane på Reed.

B

ustadbygging og fortetting vitnar om ein ny giv i tettstaden med kring 370 innbyggjarar. Med E39 gåande rett gjennom sentrum er Reed i Gloppen ein stad mange nordfjordingar er innom frå tid til annan. Staden er kjent for innovativ fotoverksemd, Breimstafetten og bruktbilhandel. Elles er det ei stund sidan Reed var knutepunkt på Den Trond-

hjemske Postvei og administrasjonssenter i tidlegare Breim kommune som gjekk inn i Gloppen i 1964. For ein forbipasserande har det sett ut som ein stille og roleg stad der lite har endra seg. Men dei siste åra har ein registrert at noko har skjedd. Oppe i bakkane bak sentrum har det eine nybygget etter det andre reist seg. Nede i sentrum er Rekroa tidsriktig nok nyleg erstatta av

den meksikanske restauranten «Good Mexican – Urban Grill».

Positiv stemning

Rearane har ord på seg for å vere tiltaksame og ha godt samhald. Sambuarparet Elise Kvile Hjelle og Kim André Leite, begge 25 år, trur den positive stemninga er ein grunn til at mange unge familiar har slått seg ned her. – Her er mange kvaliteter som flott utsikt over Breimsvat-

net, solrikt, det ligg sentralt til i arbeidsmarknaden og her er godt miljø. Prisnivået er også noko gunstigare enn til dømes Sandane sentrum, seier Leite. Han er oppvaksen i Hornindal. Kjærasten er frå garden Hjelle på Byrkjelo. Dei to møttest på Stryn vidaregåande skule og har halde saman sidan. Medan Kim André jobbar som tømrar på Sandane, køyrer Elise lastebil for Retura med rute utover til kysten.


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 15

Satsar på heimar som kan passe alle, både unge og eldre Bustadsprosjektet Villahagen i Gate 5 i Måløy begynner å ta form. – Vi har lagt vekt på å lage bustadar for både nyetablerte og eldre, seier prosjektleiar Eirik Holvik.

Prosjektet er resultat av ein prosess som starta med at tidlegare Vågsøy kommune bestemte at dei gamle «lærerboligene» i Gate 5 i Måløy var i ei slik forfatning at dei måtte rivast. – Vi såg potensialet for eit nytt bustadsprosjekt, og lagde ein avtale med kommunen der vi overtok tomta og tok på oss ri-

ving, asbestsanering og opprydding, seier Holvik i Nordbohus Bygg og Boligmarkedet. Villahagen har sju bueiningar og alt er i rute. – To av dei tre einebustadane i prosjektet har folk allereie flytta inn i. Den første i august i fjor, og den andre no i midten av januar. I prosjektet har dei lagt vekt

på å bygge for alle aldrar. – Dei vertikaldelte tomannsbustadane passar kanskje best for yngre og nyetablerte, medan dei horisontaldelte er meir eigna for folk som nærmar seg pensjonsalder og kanskje ønskjer å ha alt på eitt plan. GJERT MYRESTRAND gjert@fjt.no

SMART: – Ved å bygge smart har ein fått vekk dyre løysingar og prisen går ned, seier Holvik.

Hanne og Oswaldo satsa på mat Hanne Larsen og Oswaldo Toledano frå Mexico driv den nye restauranten på Reed. Dei opna 25. mars. Han er meksikansk og har jobba som kokk i 25 år både i Mexico og Spania. Ho driv også Jokerbutikk på Skei. Dei er busett i Myklebustdalen. – At vi etablerte oss på Reed skuldast mest at dette lokalet var tilgjengeleg. Det ligg sentralt til rett ved E39. Vi er absolutt blitt tekne godt imot. Og det er minst like mange frå Sandane som kjem for å ete som breimingar, seier Hanne. Ho røpar at dei har satsa om lag ein million kroner på restauranten der mannen har skapt sin eigen arbeidsplass. Og det gode samhaldet og dugnadsanda som er på plassen viste seg då «Good Mexican» vart realisert. Då stilte nemleg bygdefolket opp på dugnad og hjelpte til med oppussing av bygget.

OPNA RESTAURANT: Paret Hanne Larsen og Oswaldo Toledano har opna mexikansk restaurant på Reed.

EIGEN BUSTAD: Sambuarparet Elise Kvile Hjelle og Kim André Leite leigde tidlegare bustad på Vereide. Men i fjor sommar flytta dei inn i eiga leiligheit på Reed.

ngdomeleg løft i bygda Dei har budd i leiligheita i firemannsbustaden sidan i fjor sommar. Dei fortel at det er den lokale bygningsverksemda Re-Bygg som har utvikla dei fleste bustadane i feltet. – For vår del starta det eigentleg med at eg tok kontakt med Re-Bygg og spurte om dei hadde planar i feltet. Vi har vore med i heile prosessen, og mellom anna teikna løysingar vi ynskjer. Vi har til dømes 3,7 meter takhøgde i stova. Vi har

gjort alt av innreiing sjølv, fortel Kim André. Kjøpesummen for deira leiligheit på 80 kvadrat med to soverom var 2,1 millionar kroner, før innreiing. – Vi hadde nok måtte betale nokre hundre tusen meir på Sandane, trur dei.

I hovudsak yngre folk

Elise fortel at dei fleste i feltet er folk i 20-30 åra. – Det er i hovudsak breimin-

gar som har busett seg her. Ein familie har flytta heim frå Bergen. Vi breimingar likar oss best i Breim, ler ho. Ho føler ikkje noko rivalisering mellom Reed og Byrkjelo der ho sjølv kjem ifrå. – Nei, det er Breim. Her er fine byggjeklare tomter, og meir sol enn vi ville fått på Byrkjelo. Og også nærmare jobbane våre i Eidsmona og på Sandane. Så det var aldri noko vanskeleg val, seier ho.

Flytta frå Sandane til Reed

Stian Aaberg er naboen til Kim André og Elise i firemannsbustaden i Hetlebakkane 25. Han er opprinnelig frå Utvik, men budde på Sandane frå 2002. Han jobbar hjå bilforhandlaren Frydenbø. – Eg er skilt med tre born, og for to-tre år sidan flytta eg til Reed. Eg leigde først, men då eg fekk nyss i at det skulle byggjast, kjøpte eg leiligheit her. For min del hadde det ein del

med kostnad å gjere, eg fekk meir for pengane enn på Sandane. Eg synes også Reed er ein veldig fin plass å bu, og trivast godt. Vi har det vi treng med dagligvarebutikk, frisør og meksikansk restaurant. Her er utsikt over vatnet, og ungdommelig miljø. Sjølv er eg 44 år og er vel den eldste her. Her er godt samhald og fin dugnadsånd. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


16 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

SLIK BLIR DET: Den nye fløya til Kulatoppen omsorgssenter vil auke kapasiteten med 24 plassar.

LOKALE UNDERLEVE­ RANDØRAR: Leiinga i HS bygg på anleggsområdet skryt av dei lokale underleverandørane. Her står formann Helge Kroken (f.v.) og lærling Johan Ytreeide i HS bygg saman med tilsette i Isovent, Husevåg Rør og Sætren. FOTO:

ILLUSTRASJON: NORDPLAN

MARIANNE S. ROTIHAUG

Står i spissen for å bygge og utvikle moderne heimar til eldre menneske Stryn-verksemda HS bygg er totalentreprenør på utbygginga av 24 nye plassar på Kultoppen omsorgssenter i Måløy. For bedrifta er det viktig å klare å skape ein moderne heim for brukarane.

D

ei prøver derfor å unngå eit tydeleg institusjonspreg. – Dette gjer vi mellom anna med å bruke andre fargar og material. Vi skal til dømes ha eikefarga plater bak senga og dørene blir også eikefarga, slik at alt ikkje blir kvitt, forklarar prosjektleiar Øyvind Sunde i HS bygg.

Erfaring frå liknande prosjekt

Selskapet med rundt 50 tilsette har god erfaring frå liknande prosjekt, men til vanleg byggjer dei alt frå bustadhus og kraftverk, til omsorgsbustadar og idrettshallar. Dei har også vore med på bygginga av Loen Skylift. – Vi bygde Vanylven omsorgssenter på Fiskå og Stryn omsorgssenter. I tillegg har vi erfaring med bygging av omsorgsbustadar i Stryn og på Nordfjordeid, helsesenteret i Stryn og helsehuset i Hornindal, seier Sunde, og held fram: – Dette er veldig kjekke oppdrag. Vi kjenner på at vi gjer noko samfunnsnyttig og vi veit at det er mange folk som gler seg til bygget skal bli ferdig, bli tatt i bruk og til å vise det fram. Det er kjekt for oss. Utbygginga av den nye fløya på Kulatoppen inkluderer 16

TOTALENTREPRENØR: Stryn-verksemda HS bygg er totalentreprenør på utbygginga av 24 nye plassar på Kultoppen omsorgssenter i Måløy. På byggeplassen på Kulen finn ein i tillegg til 10–12 tilsette frå HS-bygg, blant desse dyktige lærlingar som Johan Ytreeide (nr. 2 f.v.) og Nicolay Sundland Fure (nr. 4 f.v.). Her saman med anleggsleiar Ole Stian Tomasgard (f.v.), formann Helge Kroken og prosjektleiar Øyvind Sunde. ALLE FOTO: MARIANNE S. ROTIHAUG heildøgns omsorgsplassar og 8 institusjonsplassar. Dei vanlege pleieromma, på 27–28 kvadratmeter består av eit pasientrom og bad, medan dei andre romma har stove, soverom og bad. – I tillegg skal bygget innehalde eit dagaktivitetssenter for bebuarane, sju kontor, og på kvar fløy er det felles stove og opphaldsrom. Det blir også rom som naturleg høyrer til på ei omsorgssenter, som medisinrom og skyllerom, forklarar Sunde. Moderne teknologi I slutten av oktober i år skal det moderne omsorgssenteret stå klart, og moderne er eit stikkord. – Det blir veldig mykje tek-

nologi, og då spesielt velferdsteknologi som kan hjelpe dei tilsette med den daglege drifta, seier Sunde, og viser til at bebuarane mellom anna skal gå med smykke/brikke som viser dei tilsette kvar bebuarane finn seg. Desse brikkene verkar også som ein lås til bebuaren sitt rom. – Dette gjer at døra til ditt rom låser seg opp når du er i nærleiken, men du kjem deg ikkje inn på naboen sitt rom. Det blir også eit omfattande pasientvarslingssystem. Det betyr til dømes at når ein brukar ikkje ligg i senga si på natta går alarmen hos dei tilsette. Vidare skal det då vere mogleg for dei tilsette å kommunisere med brukaren gjennom to-

vegskommunikasjon. Teknologi finn ein også i taket på den nye fløya. Alle bebuarrom har ein takheis som ved behov kan frakte bebuarane frå senga til badet. Dette gjer at dei tilsette blir skåna for mange tunge løft. – I taket finn vi også takvarme/kjøling. Vanlegvis ligg varmen i golvet, men her er den i taket. Dette er vassboren varme som gir god og komfortabel kjøling og varme.

Lokale leverandørar

På byggeplassen på Kulen finn ein i tillegg til 10–12 tilsette frå HS-bygg, representantar frå lokale underleverandørar som Husevåg Rør, Isovent, Sætren og Maskinentreprenør

Geir Sandal. Nordvestvinduet står også på leverandørlista. – Vi opplever at vi har eit veldig godt samarbeid med dei lokale bedriftene, seier Sunde. I tillegg til prosjektet på Kulatoppen, som har ei budsjettramme på cirka 140 millionar kroner, har HS bygg fleire store prosjekt dei arbeider med. Dette inkluderer hotell på Øye og samarbeidsprosjekt knytt til Romsdalsgondolen og Apotekargarden i Førde. – I eit år med korona har det vore godt å ha langsiktige prosjekt som Kulatoppen i ordrereserven. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG fjt@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 17

FLYTTESALG 25. mai til 29. mai

BLÅSEISOLERING - Etteriosolering av gamle bygg - Isolering av nybygg

Fjordanne

VI KJEM GJERNE PÅ BEFARING

Vi hjelper med det meste både ute og inne, enten det er små eller store prosjekt. Vi garanterer for kvalitet, og vil bidra til at du får en smart, komfortabel og sikker bolig. Besøk vår nettbutikk og se hvor enkelt du kan oppnå mer komfort, høyere boligverdi og bedre sikkerhet.

ISOLERING

Rais • Nordpeis • Norsk Kleber • Tematech • Contura

20% 50%

TIL AVSLAG PÅ UTVALGTE OVNER I UTSTILLINGEN. 6700 Måløy, Gate 1 nr. 90 - tlf. 919 19 666

Se alle våre gode tilbud på www.varmefag.no

Gunnar Kjørvik, 6823 Sandane Telefon 918 27 844 e-post: gatlekj@online.no - www.cbinorge.no

www.ulvesund-elektro.n o

STÅRHEIM BYGG AS NYBYGG - RESTAURERING - VÅTROM - TOTALENTREPENØR VI UTFØRER:

Grunn • Betong • Tømrerarbeid • Kjerneboring • Betongsaging Utvendig og innvendig asbestsanering

Tlf. 57 86 14 79 | Adresse: 6777 Stårheim | epost: post@starheimbygg.no

Gate 1 nr. 168 • 6700 Måløy • www.sentronik.no Tlf. 905 24 222 Magnus • 468 90 091 Butikk • 901 14 754 Roger

• Manglar du vatn til hus eller hytte? • Er tida komen for å oppgradere til bergvarme? Ta kontakt, gratis synfaring. Mobil: 90 99 00 41 / 48 06 96 46 e-post: post@brustugun.no www.brustugun.no

L U N D E N B U S TA D PA R K

Velkomen til Lunden

Din Bustad Eigedom AS Vegard Meland vegard.meland@lundenbustadpark.no TLF: 96 90 47 88

Vi tilbyr privat visning

Lunt tilbaketrekt i bybildet ligg vakre Lunden Bustadpark. Her tilbyr vi nye attraktive leiligheiter, i det som må seiast å vere det mest sentrale buområdet på Nordfjordeid. Her får du kort avstand til alt. Vi inviterer deg til Lundevegen for å gje deg utfyllande informasjon om Lunden Bustadpark og prosjektet elles. Sjå vår flotte heimeside:

www.lundenbustadpark.no


18 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

FØRSTE GONG: – Her var det mykje fint, seier Bjørg Aaslid frå Ålesund som besøkte Tore-garden for første gong. Ho har tidlegare følgt butikken i sosiale media og ville innom dørene.

VARIER MED PUTER: Sjølv likar Sølvi godt å variere stilen med ulike pynteputer. – Generelt er det veldig kjekt å blande ulike teksturar og fargar, seier innehavaren av Tore-garden.

Sølvi si interesse for interiør har gitt jobb til to på garden Allereie før ho byrja på skulen ommøblerte Sølvi Haugen Leivdal barndomsrommet sitt heime i Hornindal. I dag har interiørinteressa blitt jobb for to, og gamlestova og låven på Tore-garden er fylt opp med interiør og klede.

S

ølvi gler seg kvar gong det kjem varer. – Det er som julaftan. Det er det kjekkaste eg veit og eg kjenner meg veldig heldig, fortel innehavaren. Tore-garden si historie startar fleire generasjonar tilbake i tid. For det er mannen til Sølvi Haugen Leivdal, Torbjørn Leivdal, sin tippoldefar Tore som har gitt namn til garden i Leivdalen ved Nordfjordeid. – For sju år sidan hadde eg butikk i Eidsgata saman med ei venninne. Her var det kjøkkeninnreiing og interiør. Etter ei stund ville ho gje seg, og eg tok med meg interiørbiten heim og lagde nettbutikk, fortel Sølvi. Varene vart ståande i kasser, men fleire og fleire av kundane ytra eit ønske om å få kome å sjå på tinga ho selde på nett. – Det var då ideen kom om å lage til i gamlestova. Der var jo berre rusk og rask, så om det ikkje gjekk rundt, så fekk vi no i alle fall rydda. Og det skulle ikkje ta lang tid før det viste seg å vere eit sjakktrekk å utvide verksemda. – Etter kvart vart det større og større, så eg sa til Torbjørn på spøk at kanskje vi måtte isolere låven for å få meir plass. Men du veit, når du har sagt det høgt, så ligg det i hovudet og kvernar. Og plutseleg så var vi i gang på låven.

TORE-GARDEN: På familiegarden driv Torbjørn Leivdal og Sølvi Haugen Leivdal Tore-garden. Både låven og gamlestova er fylt opp med interiør og klede, i tillegg til at dei driv ein nettbutikk der dei sender varer til kundar i heile Norge. ALLE FOTO: SIRI KOLSETH

Etter det har det tatt heilt av, fortset Sølvi. I dag består Tore-garden av både nettbutikk og fysisk butikk på heimgarden. Butikken er open onsdag og laurdag, og nokre timar torsdag kveld. – Vi har ope elleve timar i veka, men det er nok å henge fingrane i, fortel Sølvi, og legg til at verksemda i dag gir jobb til både henne og mannen. I tillegg får dei hjelp dei dagane butikken er open. – Ida er her i opningstida, men også både før og etter at butikken er open, pluss måndagar for å pakke ordrar. Eg hadde ikkje klart meg utan ho. Salet fordelar seg om lag 50/50 på sal i nettbutikk til heile landet og fysisk butikk i Leivdalen. Noko Sølvi var svært glad for då koronaen slo ned som ei bombe i mars 2020.

– Då alt stengte ned stilte eg meg sjølv spørsmålet, som alle andre, er dette byrjinga på slutten. Då var det veldig greitt å ha to bein å stå på, for netthandelen auka mykje den perioden. Men koronaen slo også positivt ut for verksemda. Pandemien tvinga folk på norgesferie, og mange av Sølvi sine trufaste kundar la ferien innom garden. – Det var enormt med folk her. Mange av følgarane våre i sosiale medium kom i campingvogner og bubilar, og var her i timevis. For det handlar ikkje berre om sal av interiør og klede, også om stemninga på garden. – Når det er sol og fint vêr tar vi ut stolar og bord, hentar bakevarer frå Minibakeriet og serverer kaffi. Sølvi har eit utval danske, svenske og

norske merker. Men merka er ikkje det viktige. – Det handlar meir om at eg ser ting eg likar. Nokre ting tenker eg er frykteleg dyrt, men treff ein den rette personen, så spør dei ikkje kva lampa eller dekortingen kostar. Her er dyre ting og rimelege ting. Eg meiner det er beste å blande. I dag sender Sølvi varer til heile landet, og ho har fått spørsmål om å sende til utlandet, men det har ho sagt nei til. – Eg er fornøgd slik det er no, og vil ikkje at det skal bli større. Det er stort nok, for det skal jo administrerast også. Eg har mange planar om ting eg vil gjere framover, men det handlar ikkje om å bli større. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG fjt@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

2021 19

RUST: Sølvi opplever at rustfargar er noko som er svært populært blant kundane.

ITALIENSKE HAGE­ MØBLAR: På låven har dei bygd ein veranda og utanfor inngangsdøra står der nokre klassiske italienske møblar som er heilstøypte i plast. Ein «stilkrasj» Sølvi likar godt.

Lar magefølelsen styre når innkjøpa skal gjerast På Tore-garden finn dei som likar den røffe interiørstilen eit eldorado på låven, medan den landlege stilen har fått sin plass i gamlestova. – Mange av dei som kjem hit blir imponert over kor stort det er. Og mange kjem med tilbakemeldingar om at dei kunne kjøpt alt eller at her kan dei ikkje gå for ofte, for det blir for dyrt. Andre igjen seier takk for handelen og går, men så kjem det inn ei bestilling seinare same dag, med beskjeden om at dei ikkje klarte å gløyme tingen dei stod med i handa, fortel Sølvi Haugen Leivdal.

Då ho starta for sju år sidan var ho opptatt av trendar og kasta seg på det andre omtala som «det siste nye». No styrer magefølelsen. – No handlar det om kva eg sjølv likar, og eg trur eg har lært opp kundane til å ha same smak som meg sjølv. For det har fungert til no, smiler innehavaren. For den komande sommaren og generelt likar Sølvi godt å blande ulik stilar. – Om ein til dømes tenker på puter og pynteputer, så er det veldig kjekt, for ein kan skifte heile stilen med å byte ut putetrekket. Sjølv har eg ulike puter til sommar, haust og jul. Men generelt er det veldig kjekt å blande ulike teksturar. Ein kan

ha noko med litt bling, nokre einsfarga, noko med skinn og kanskje eit trekk med dyremotiv eller ei gamal brodert pute. Ein kan rett og slett gjere det på sin måte. – Det same med lysfat. Ein kan samle ulike lysestakar og lys på eit fat, og plutseleg har ein noko som er kult i lag. Her likar eg godt å sette saman ting med ulik høgde. Slik er det for både blomster og lys, seier Sølvi, som opplever at det ikkje for alle er likt. – Eg har som regel sett saman ulike lys på eit fat til inspirasjon for folk, men av og til kjem det dei som løfter med seg heile fatet og kjøper det, fordi dei ikkje klarar å sette det saman sjølv.

TIL SALS: Sjølv om noko ser ut som gamalt interiør, er det nye ting som er til sals.

På Tore-garden kan ein også finne interiør til uterommet når det nærmar seg sommar. På låven har dei bygd ein veranda og utanfor inngangsdøra står der nokre klassiske italienske møblar som er heilstøypte i plast, og som dei sel på bestilling. – Det passar vel eigentleg ikkje på ein gard, men eg likar litt «stilkræsj». Og for interiørsommaren har Sølvi følgande tips: – Det er fint å kunne variere puter og pledd i uterommet også om sommaren. Utekrukker er veldig populært særleg i rustfargar. Det same med fuglehus og kuler som ein set faklar i. Det er med å sette stemning på varme sommarkveldar.

Foto: Steinar Engeland

EIT ROBUST STRAUMNETT GIR VEKST OG UTVIKLING

SFE Nett har bytta namn

Lovendringar krev eit tydelegare skilje mellom nettselskap og resten av selskapa i eit energikonsern. Nettselskapet til Sogn og Fjordane Energi AS har bytta namn til Linja AS. Resten av selskapet vil halde fram med å heite Sogn og Fjordane Energi (SFE), og Linja vil framleis vere heileigd av SFE-konsernet. For kundane våre vil namneendringa bety eit nytt namn på fakturaen, ny logo på arbeidstøy og bilar og ei ny nettside.

Livsnerven i samfunnet

Straumnettet er sjølve livsnerven i samfunnet, som sikrar ei trygg straumforsyning gjennom djupe dalar, over breie fjordar og bratte fjell. Dette har Linja ansvar for å forvalte slik at våre kundar har lys og varme heile året, uansett vêr. Ikkje minst har Linja ein nøkkelrolle når Noreg no skal kutte klimautslepp gjennom elektrifiseringa av Noreg.


20 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Ta vare på det kjæraste du eig Som medlem i Huseierne får du: • Gratis juridisk og byggteknisk rådgivning • Gratis boligrelaterte kurs • Gratis sambuar- og utleigekontrakt • Gode rabattar på byggevarer og andre boligrelaterte produkt Les mer på huseierne.no

Bli medlem! Send

HL131 til 2007 (kr 539,- per år)

Det handlar om heimen din!


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

HEILE SIDA ER EIN ANNONSE

2021 21

ANNONSE

I løpet av juni flyttar denne blide gjengen attende til nyoppussa kontor i Måløy. F.v.: Toril Haugen, Sissel Wik, Mary Ann Lødøen, Henriette Holter, Camilla C. Holvik og Roger Svarstad.

Nyoppussa bank og nytilsett eigedomsmeklar Etter å ha brukt våren til oppussing, er Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane straks klare til å ta imot kundane i «framtidas bank», som banksjefen sjølv kallar det. Med ein fersk leigeavtale som strekker seg ti år fram i tid, eit banklokale som straks er ferdig modernisert, og ein ny eigedomsmeklar på plass, viser Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane ei stor satsing i Måløy. – Dette blir veldig, veldig bra. Vi ser eit stort potensial i Måløy, Stadlandet og Selje, og med denne satsinga har vi stor tru på å styrke marknadsposisjonen vår her ytterlegare. Vi tar også banken inn i ei ny framtid med denne oppgraderinga, seier Ole Aukland, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Måløy. – Vi vert den første av våre bankar med heilautomatisert bankvert. Der vil ein kunne booke avtalar via telefonen, og der vil ein enkelt kunne kome i kontakt med kundesenteret vårt med spørsmål som kundane våre lurer på. Vil vere like tilgjengelege for kundane Like over nyttår tok dei tilsette i banken i Måløy den korte vegen ut av kontoret og inn i lokala hos Måløy Academy. I løpet av juni går turen tilbake til gamlekontoret i Måløy sentrum, men då som nemnd til eit toppmoderne lokale.

Sjølve lokalet vert ein god del mindre enn før, men både fasilitetane og funksjonalitetane vil bli mykje betre. – Dette gler vi oss veldig til! Det seier Camilla Chruickshank Holvik, som er ein kunderådgjevarane i Måløy. Ho poengterer at sjølv om det er ein digital bankvert som møter kundane når dei kjem inn dørene, så vil rådgjevarane sjølvsagt vere tilgjengeleg på akkurat den same måten som før. – Kundemøta vil skje etter avtale, slik som tidlegare. Planen er at vi har ope i kundesona tysdag, onsdag og torsdag, men vi vil sjølvsagt ha ope etter avtale dei andre dagane også. Vi er fleksible og tilgjengelege sjølv om døra ikkje alltid vil vere fysisk open, seier Holvik. – Når vi snakkar med kundane no så er det veldig kjekt å seie til dei at vi har inngått ein leigeavtale ti år fram i tid. Det viser at banken satsar i Måløy, legg ho til. Meklar i Måløy for første gong Noko anna som også er kjekt er at det i samband med nysatsinga i Måløy er oppretta ei ny meklarstilling hos Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Henriette Holter er den nye eigedomsmeklaren, og ho skal ha sitt fokusområde i Måløy, Stadlandet og Selje. Ho er allereie godt i gang med å bli kjent i det nye området sitt, etter at den lidenskapelege surfaren

nyleg flytta frå Oslo til Stadlandet. – Eg trur dette blir kjempegøy og spennande. Det er nytt terreng for meg å jobbe som eigedomsmeklar her, men det blir berre artig. Etter ti år i yrket i Oslo har eg vore borte i det meste før, men marknaden her er ganske annleis. I Oslo er det mykje leilegheiter ein sel, og så ei og anna hytte, tomannsbustadar og litt einebustadar. Her oppe blir alle sala veldig ulike kvarandre, det blir lite rutine. Og det er mykje nytt å lære, seier Holter, som opphavleg er frå Sarpsborg. – Med Henriette på plass som eigedomsmeklar her, kan vi endeleg kalle oss eit komplett finanshus. Her har vi folk som jobbar både med privatmarknad, bedriftsmarknad, forsikring og no også eigedom, seier banksjef Ole Aukland før han avsluttar: – Vi veks stadig her, og vi er blitt ein bank å rekne med i lokalmiljøet. Eg håpar og trur det vil halde fram. Eit betre kundegrunnlag her vil også gi meir tilbake til lokalsamfunnet i form av gåver og sponsormidlar til lag og organisasjonar. Samfunnsansvaret er noko vi set høgt, så dersom du ikkje er kunde hos oss, så er du veldig velkommen til å bli det, seier Aukland og smiler.


22 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Meklaren opplever stor interesse for lokale hytter og hus

NYBYGGING: Eigedomsmeklar Jan Erik Mardal viser til den raske utviklinga i bustadfeltet Valborgkleiva på Sandane når han skal illustrerer utviklinga i bustadmarknaden i tettstadane i Nordfjord. Her har mange familiar fått seg flotte moderne bustader med fjordutsikt. BEGGE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Ifølgje Jan Erik Mardal i Gloppen Eigedomsmekling er det stor etterspurnad og gode prisar i den lokale hyttemarknaden for tida.

I

landet som heilskap er hyttemarknaden brennheit, som ein konsekvens av at koronarestriksjonar har gjort det vanskeleg å leggje ferien utanfor landegrensene. Undersøkingar viser at folk brukar pengane sine på hytter, hus og innbu. Også bustadmarknaden har opplevd kraftig vekst siste året. Historisk låg lånerente er ein sterkt medverkande faktor. Men Mardal, advokat som også driv eigedomsmekling med base i Gloppen, seier ein må skilje mellom ulike marknader. – Prisstatistikken vi ser frå Eiendom Norge opererer i praksis med to marknader – Oslo, og resten av landet. Vi les i media om prisutviklinga og marknaden i Oslo, der det har vore heilt spesiell og kanskje noko uventa utvikling siste året. I landet elles har prisutviklinga vore meir på det normale. I vårt distrikt vil eg seie det har vore ei god prisutvikling der ein opplever stor etterspurnad etter både bustad og hytter. Tren-

skilnad mellom tettstader og områda utanfor. Vi ser at Førde og Sogndal er områda som særleg driv prisutviklinga her i regionen. Så har vi tettstadane i Nordfjord der det også er god utvikling. Når det gjeld bygdene rundt, ser vi at utviklinga i bustadmarknaden er driven av folk med ei tilknyting til staden som ynskjer å bu akkurat i den bygda.

OPPLEVER VEKST: Advokat og eigedomsmeklar Jan Erik Mardal på Sandane seier meklarverksemda er i vekst og blir ein stadig viktigare del av omsetnaden. Prisnivået på eigedomane han meklar har god utvikling, meiner han. Her framfor ein tomannsbustad i Valborglia på Sandane.

den med at eldre byter ut einebustadane sine med sentraltliggande leilegheiter held fram. Vi ser også at mange barnefamiliar er ute etter tomt for husbygging, seier Mardal. Han viser her til bustadfeltet Valborgkleiva på Sandane som er fylt opp på rekordtid.

Raskt sal

– Tomannsbustader er det også raskt sal på. Ein del eigedomar blir selde dagen etter første visning og til prisar over takst. Det er også mangel på småbruk til sals. – Også i vårt område er det

Enklare hytter er populære

Mardal fortel at hyttemarknaden han sjølv opererer i som meklar, ofte kan vere ved stølar der det i mindre grad er infrastruktur som vatn, kloakk og straum. Dette i kontrast til moderne hyttefelt der hyttene meir blir eit hus nummer to for eigaren. Han opplever at hytter og stølshus med enklare standard er blitt endå meir attraktive dei siste åra. – Vi ser at nyare tekniske løysingar for straum og vatn gjer det mogleg å oppgradere også enklare hytter til ein standard som folk fleste føretrekk når dei skal tilbringe tid på hytta. Hytter med enkel standard er lågare prisa i utgangspunktet enn hytter med alle fasilitetar, men vi ser at vi i mange tilfelle har oppnådd svært gode prisar på slike enklare hytter. Det er stor etterspurnad. Ofte kjem dei ikkje ut i marknaden ein gong, fordi seljar og kjøpar blir samd seg imellom. Ved sidan av å vere advokat og meklar er Mardal også distriktsleiar i Huseiernes Lands-

forbund og han er styremedlem i Eiendomsadvokatene. Han hjelper medlemmer med juridiske spørsmål i eit område som omfattar tidlegare Sogn og Fjordane fylke samt Søre Sunnmøre. Mardal seier eigedomsmeklarverksemda hans er i vekst, og at det no er i ferd med å bli den viktigast delen av omsetnaden. – Vi hadde 65 eigedomsformidlingar i 2020, noko som er vårt beste år så langt. Av dette utgjorde hyttemarkanden om lag seks-sju sal.

Stabil marknad

Mardal meiner det på generell basis er forbunde med låg risiko å investere i eigen bustad sentrale stader i Nordfjord. Men også her gjeld den kjende meklarfrasen «beliggenheit, beliggenheit, beliggenheit». Faktorar som attraktiv plassering, god utsikt og fine uteområde må takast med i vurderinga når ein skal bygge nytt eller kjøpe brukt. Nordfjord er ikkje ein del av prisstatistikken som Eiendom Norge offentliggjer kvar månad, og det er difor vanskelig å ha eksakte tal for den lokale prisutviklinga. – Statistikk viser at prisnivået her er stabilt, du har ikkje dei store svingingane du kanskje har i storbyane. Generelt er det fornuftig å investere i eigen bustad dersom du har økonomi til det og det er ein stad du tenkjer å bli verande, seier Mardal. Han

peikar på at du får kjøpt hus frå 1970- og 1980-talet til 2-3 millionar kroner i nordfjordmarknaden, og at kjøp av ein eldre einebustad kan vere ei god investering dersom bygningen er i teknisk god stand og det kan gjerast energisparingstiltak dersom slike ikkje alt er utført. Her er det viktig å sjekke ut om ein kan ha krav på støtte frå Enova og kva reglar som gjeld.

Fallgruver

Men han peikar også på moglege fallgruver. – Kjøper du brukt bustad, til dømes i eit gamalt sameige, må du sjekke kva som er gjort av vedlikehald. Er det til dømes behov for å skifte tak, vil det bli ein stor ekstra kostnad. Dette er utgifter ein må ta med i reknestykket når ein kjøper eigedom. Ein bør også sjekke med kommunen om det er planar for området som kan påverke verdien av eigedomen. Og ein må sjå kva utgifter som følgjer med av kommunale avgifter, eigedomsskatt, straum, forsikringar og vedlikehald. Du skal ikkje berre kjøpe eigedomen og betale renter og avdrag på lån, men bu der også. Du må rekne på heile bukostnaden. Det kommunale avgiftsnivået vil vere med og påverke kor attraktivt det er å busetje seg i kommunen. JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA MAI

1 SELD.

2021 23

ØVREVEGEN Timberstigen, 6823 Sandane

Sentrale, funkis tomannsbustadar med flott utsikt. 3sov (4). Carport. Pris fra 3 990 000 kr Kontakt Odd Erik Hovden Salgssjef Telefon 915 88 166

INDREBØEN Strynevegen, 6783 Stryn

Funkisinspirerte leiligheiter 2/3 sov, garasjekjellar Pris fra 2 690 000 kr Kontakt Odd Erik Hovden Salgssjef Telefon 915 88 166

HAKALLESTRANDA Hakallestranda, 6149 Åram

Fonnhetta i nydelig hyttefelt ved havet Prisantydning 3 490 000 kr Kontakt Vidar Loe Salgssjef ferdighus Norhus Mobil 934 33 090

La oss skreddersy din drømmebolig

NORHUS ØRSTA AS www.norhuskjeden.no

Indrehovdevegen 64 • 6160 Hovdebygda Tlf: 70 06 50 00 • orsta@norhuskjeden.no


24 MAI

2021 NORDFJORDSAMKØYRINGA

No utvidar dei vest i landet Vest Bygg og Bustad AS har signert ein forhandlaravtale med Skalahus. Selskapet Vest Bygg og Bustad AS har kontor i Hornindal, og skal selje og bygge Skalahus i Nordfjord og Søre Sunnmøre. – Vi er veldig glade for å bli

ein del av Skalahus, med all kompetansen som finst her. Det vil styrke oss, og vi er sikre på at vi saman skal ta marknadsdelar, seier dagleg leiar Per-Sindre Årvik. Vest Bygg og Bustad skal selje Skalahus sine einebustadar, men skal også satse på prosjektmarknaden som forhand-

lar av fleirmannsbustadar. – Det er viktig for oss å ha fleire bein å stå på, og her får vi moglegheita til å bygge både tradisjonelle, men moderne einebustadar, og meir plasseffektive prosjektbustadar. Det gir oss bredde og gjer at vi forventar hektiske dagar framover. Skalahus har lagt bak seg eit

år der det blei selt 21 prosent fleire bustadar enn i 2019, og har hatt ei jamn auke av nye forhandlarar rundt om i landet. – Dette dekker eit behov for å etablere oss vest i landet, og gjer at vi kjem nærmare målet om å vere landsdekkande. SVANHILD BREIDALEN fjt@fjt.no

AVTALE: Vest Bygg og Bustad har signert forhandlaravtale med Skalahus. FOTO: PRIVAT

Skal bygge 60 leilegheiter med panoramautsikt midt i sentrum av tettstaden Heilt sidan ideen om Lunden Bustadspark kom i 2017 har det vore god interesse rundt prosjektet.

retningar, fortel Meland. Da Stad kommune opplevde det lokale smitteutbrotet, merka Meland at folk blei meir engstelege for å avtale kundemøte. Men då dei fekk smittesituasjonen under kontroll, auka interessa igjen. – Per dags dato har vi selt to leilegheiter, men vi har fleire som har vist stor interesse for prosjektet. Vi håpar at desse ser langsiktig på investeringa. Koronaen vil gå over og livet skal tilbake i normalt spor.

N

o ønskjer DIn Bustad seg byggjestart i løpet av året, fortel Vegard Meland (40), som er dagleg leiar i firmaet. Underselskapet Din Bustad Eigedom AS har som formål å byggje om lag 60 leilegheiter i Lunden midt i Nordfjordeid sentrum. Lunden er eit gamalt einebustadfelt som består av store, flotte tomter. Tomta, som no har blitt Lunden Bustadpark, låg som eit sår i området, meiner Meland. – Tomta var tidlegare nytta som sanduttak for betongproduksjon, og har stått ubrukt i mange år. Men tomta har eit kjempepotensial og ei oppgradering med eit slikt bustadprosjekt der vil passe veldig fint inn.

Såg potensialet og starta firma

STORT PROSJEKT PÅ GANG: Slik vil første byggetrinn av Lunden Bustadpark sjå ut. Dette bygget består av 20 leilegheiter. ILLUSTRASJON: SAUNDERS ARKITEKTUR

Attraktivt område

Tomta ligg også veldig sentralt, her har ein alt ein treng med gangavstand til det meste. – Nærmaste matbutikk er berre fem meter bak i hagen, og det er om lag 300 meter til sentrum. Det gjer at ein ikkje treng bil, og er med på å gjere området til ein attraktiv plass å bu. Han peikar på at dei som vel å busette seg i Lundenbustadpark, vil få eit enklare liv med lite vedlikehald og lite oppvarmingsutgifter. Leilegheitsbygget er også tilpassa eldre og menneske med ulike funksjonsutfordringar med heis, mogelegheit for automatiske døropnarar og romslege. Alt tilpassa Husbanken sine krav. – Det er mange eldre som sit

SENTRAL TOMT: Vergard Meland peikar på at ein har er alt ein treng og gangavstand til det meste. ILLUSTRASJON:XR

med einebustader bygd på 70og 80-talet, som kanskje treng mykje vedlikehald og for eksempel utskifting av tak. I staden for å bruke pengar på bustader som ikkje er tilpassa denne delen av livet, kan det vere ein lur tanke å selje det til ungdom som vil flytte heim og heller investere i ei leilegheit med mindre vedlikehald, utgifter og styr. Så du heller kan

bruke tida di på fritid og kos, seier Meland. Men leilegheitsbygget utelukkar ikkje andre kjøpargrupper, og ei av leilegheitene, som er på oppimot 150 kvadratmeter, kan glatt romme ein heil familie. I tillegg har 15 av leilegheitene tre soverom. – Om folk er interessert i prosjektet, men ønsker tilpassing på for eksempel planteik-

ning, så er det uproblematisk. Vi tilpassar etter behov. Lunden Bustadpark er planlagt i tråd med nasjonale retningslinjer for god utnytting av sentrumsareal. Derfor skal dei bygge i høgda for å gjere best mogleg nytte av arealet. – Og i og med at Lunden allereie ligg på ein topp vil det, til saman med høgda på bygget, gje ei fantastisk utsikt i alle

Det var i 2016 at Din Bustad AS blei oppretta av Vegard Meland, Torgeir Melheim og Svein Lasse Bødal. Meland og Melheim er tilsett i firmaet der Melheim er byggeleiar og Meland er dagleg leiar. I 2017 kjøpe dei Lunden-tomta. – Vi har vore så heldige å ha eit godt samarbeid med banken og fekk kjøpt tomta relativt fort. Straks dette var på plass, begynte dei å arbeide med å få godkjent reguleringsplanen. Reguleringsplanen var klar i slutten av 2018 og tida etter har vore brukt på å førebu tomta, planlegge og teikne prosjektet. – Prosjektet er teikna i samarbeid med den verdskjente arkitekten Paul Sanders som er på BauNetz liste over verdas 100 beste arkitektar, fortel Meland. Meland kom i kontakt med Sanders gjennom broren som driv eit rådgjevingsfirma i same bransjen i Ørsta. Då han fortalde Sanders om prosjektet på Nordfjordeid blei arkitekten engasjert, og såg for seg eit bygg som ikkje skulle bryte meir enn nødvendig med stilen i nabolaget, og fargetonar som går i eitt med naturen. – Han er veldig oppteken av natur, opplevingar og ski, og mislikar repetitive fasadar. Så han har klart å gjere bygget spennande sjølv om det er høgt. ELISE SILDEN fjt@fjt.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.