Temabilag hus & heim

Page 1

hus & heim Temabilag for Nordfjord 28. april 2017 ddfdfdfdfd

Vil ikkje byte vekk sin flytande heim Inger-Helen Sekkingstad og familien har vald livet på sjøen – året rundt. Den sosiale familien på fire stortrivst ombord Maverick og er glad for at terskelen for å kome på besøk på ein båt er lågare enn i hus. side 6 og 7 Leikvin sorenskrivergaard

Lever midt i historia

Katrine Anita Hegge­ lund, driv butikken Piknikkurven pÃ¥ Sandane, favorittmøbel til Hus og heim i april 2017 settbord, interiør

side 2 og 3

Hjartet bankar for teak

side 10 og 11


2 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Storsalen: På storsalen sin fleire hundre år gamle tapet er det motiv frå sør og Mellom-Europa.

Gammalt: På tapetet i storsalen finn ein skildringar av daglegliv og fest på 1700-talet.

Staseleg: Leikvin er ein av dei mest staselege og best bevarte herskapshusa i Sogn og Fjordane, og eigar Leif Kahrs Jæger er opptatt av at kulturskatten må takast vare på.

Kulturskatt: Det historisk viktige og ærverdige Leikvin vaknar igjen til liv etter at den nye eigaren Leif Kahrs Jæger har investert og renovert den gamle sorenskrivargarden. Sorenskrivargarden har mykje historie å by på. Alle foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vil ta vare på huset og Med vakre rokokko-dekorasjonar og fleire hundre år gamle tapet og veggmåleri ønskjer det herskapelege 1700-talshuset Leikvin velkommen. Skrivargaarden Leikvin i Eid har vore sorenskrivargard i over 250 år, og tjue sorenskrivarar har vore stasjonert ved den kulturhistoriske skatten.

– Eg er glad for å fullføre restaureringa som no er gjort. Spesielt bada er morosame, friske og naturlege innslag, seier den nye eigaren, Leif Kahrs Jæger. I slutten av januar opna han dørene for publikum. Det historisk viktige og ærverdige huset vaknar igjen til liv. – Det er viktig at huset skal takast vare på med all si historie også inn i framtida. Det verneverdige Leikvin

har fleire storslåtte salar. I storsalen er dei gamle tapeta intakte, med skildringar av 1700-tals daglegliv og fest frå Sør- og Mellom-Europa. Det blå kabinett har vakre rokokkodekorasjonar og border. Den raude salen i andre etasje har unike veggmåleri som i over hundre år var dekka over av ni lag tapet – og så nøye restaurert i samarbeid med Riksantikvaren på 1970-talet. Scenene som er måla direkte

på tømmerveggane er av vakre damer og menn og appelsintre – og gir assosiasjonar til heilt andre stadar enn Nordfjord. Jæger kjøpte huset for tre millionar kroner, og har renovert for ytterlegare fire-fem. Og meir skal det bli på det 600 kvadrat store huset. – Vi har bygd nytt kjøkken som held industrikrav, og i andre etasje har vi laga seks bad og ti toalett, fortel han, og er spesielt stolt over bada.

– Inne i soveromma har vi valt å lage eit «glasbur», slik at heile badet kjem innanfor desse glasveggane. Dermed er gamlerommet «lesbart», og det har vore eit heldig val. Vi har hatt gode rådgivarar frå Fylkeskonservatoren på dette. Eg er forsiktig av natur, og er opptatt av å gjere kloke val for å få fram det som er mest autentisk. Vi skal også bygge to bad til. Sjølv om huset er frå 1790 er fasilitetane etter da-


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2017 3

Bad: Eit «glasbur» inne i soveromma gjer gamlerommet lesbart, samtidig som ein får fasilitetar etter dagens standard.

Inngang: Leikvin ønskjer velkommen via ein blå 1700-tallsportal.

Lysekroner: Vakre lysekroner finn ein også rundt om i det fasjonable huset.

Unikt: Den raude sal i 2. etasje har unike veggmåleri som i over hundre år var dekka over av ni lag tapet – og så nøye restaurert i samarbeid med Riksantikvaren på 1970-talet.

historia inn i framtida gens standard, fastslår han, og er nøgd med mottakinga i Eid. – Sju ulike firma jobba her i fellesferien med renoveringa, og eg er begeistra for haldningane og stå på viljen som rår. Alle eg møter her kjenner til Leikvin, seier han. Bergensaren har sjølv stor kjærleik for kulturminne, og har brukt 30 år i Fortidsminneforeningen der han er leiar. No er ideen å lage ein stad for kunst og kultur, eit sel-

skapslokale eller ein stad for folk som vil på topptur i Harpefossen-området. – Området har så mykje å by på, seier Jæger, som opnar huset for ein kvar familie som vil feire liv og død, bryllaup eller runde dagar, og ha Leikvin som ramme rundt. – Det vert ikkje ein gjestgivargard, men det er ope for lukka selskap. Her kjem også til å bu kunstnarar, og vi kjem til å ha utstillingar og konser-

tar. Ingenting er hyggelegare enn at huset vert brukt. Leikvin i dag er ein vidareførsel av korleis det har vore. Eg er audmjuk og takknemleg for å få vere ein kulturminnevernar, seier Jæger, som takkar familien Rotevatn som heldt huset i stand med luftig kjellar og tett tak. – Huset stod tomt i tjue år før dei kom og redda det, fastslår han, og ser på kulturskatten som er redda for ettertida.

Fakta: Skrivergaarden Leikvin •• Adelsgods fram til 1650. Til 1700 var det eigd av bergenske byborgarar. På 1700talet blei det sorenskrivargard. Huset i dag er bygd i 1790 og er freda av Riksantikvaren. •• I 1862 blei garden seld til staten ved Opplysningsvesenets

fond. Løken blei då offentleg sorenskrivargard fram til 1957. Då blei den seld til Eid kommune. •• I 1974 blei garden seld vidare for 100 kroner til familien Rotevatn. Frå 1976– 1999 vart det drive Leikvin Kunst- og kultursenter her. Ingebjørg N. stokkenes nordfj@fjt.no


4 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

På tide med nytt krypinn? Vi sel det gamle for deg! Som fylkets største eigedomsmeklar kjenner vi eigedomsmarknaden der du bur. Vi har kontor i Stryn, og møter deg gjerne på Nordfjordeid, Sandane og Måløy.


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2017 5

No kan vil tilby deg som skal selje: 360° foto Målretta annonsering på Facebook og Instagram Valfri avisan nnonsering i Dronefoto

Skreddarsydd annonsering Hos oss får du kyndig hjelp til å velje den smartaste måten å marknadsføre akkurat din bustad. Ta kontakt for ei gratis og uforpliktande synfaring. Du treffer Sissel på 970 76 649 og Kamilla på 915 17 087


6 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Kan kaste loss: Inger-Helen Sekkingstad frå Raudeberg bur ikkje i eit tradisjonelt hus, men i ein 15 meter lang husbåt saman med sambuar, to barn og ein hund. Her saman med dottera Jenny Adelen på plass i styrhuset. Alle foto: privat

Inger-Helen kan byte ut To barn og hund hindrar ikkje Inger-Helen og kjærasten og å leve eit flytande tilvære i husbåten Maverick.

– Det er heilt fantastisk! Ein har garantert sjøutsikt til ei kvar tid og ein kan bytte utsikt etter kva ein føler for, seier Inger-Helen Sekkingstad (34). Raudebergaren har dei siste åra budd i husbåten Maverick med kjærasten, to barn og hund. Den 6 meter breie og 15 meter lange husbåten gir eit romareal på kring 90–100 kvadratmeter. – Vi har vaskemaskin, tørke-

trommel og oppvaskmaskin. Vi har IKEA-kjøken, og elles er alt på båten heimebygd. Ho møtte sambuaren då båten var kome inn i interiørfasen. Alle krikar og krokar blir nytta, så i dei to skroga har dei hobbyrom og vaskekjellar. – Vi har tre soverom – vårt eige med walk in-garderobe, to motorrom, eit rom til vasstank og utstyr, eitt skikkeleg bad, stor open løsying med kjøken, matbord og område der unga-

ne leikar, seier ho.

Bur intimt

– På øvre dekk har vi har eit loungeområde med salong og skrivebord, og dessutan alt vi treng til å køyre båten. Sjølv om ein kan trekkje seg unna til øvre dekk, blir livet om bord i ein båt intimt. – Vi kan høyre når dottera vår pustar i det andre rommet. Ein bur tett og er veldig lite for seg sjølv. Vi var også ferske

som par då vi flytta inn, men er veldig sosiale begge to, så dette passar som hand i hanske. Ein fordel med å bu i båt, er nettopp det sosiale. – Terskelen for å komme på besøk er lågare. Folk er van med å komme og kike på båtane til kvarandre. Ofte er dei nysgjerrige og lurer på kva det her er slags storkar, men så forstår dei at vi faktisk bur i denne båten og då endrar


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2017 7

Leikerom: Barna har god plass til å lese og leike om bord. – Ein finn ikkje betre husbåt. Den er stabil, har god buflate, mykje vindauge og lite klunking sidan ein ikkje ligg og vippar. Vi utnyttar også alle etasjane så godt som mogleg, seier Inger-Helen.

Ein av to: Maverick er prototype to av båten som svigerfar til Inger-Helen har designa og bygd. Det tok fire år å byggje husbåten, som er som ein liten utgåve av ein skyssbåt. Inger-Helen møtte Øystein då han og far hans hadde jobba på båten i tre år.

Huset: Inger-Helen Sekkingstad bur i lag med sambuar Øystein Undertun og barna Jenny Adelen (3) og Henrik Nikolai (1) om bord i husbåten Maverick. Maverik har forma som ein katamaran og er bygd av Øystein og far hans Steinar Undertun, som også har designa båten. Skrogene er det Ola-Lilloe Olsen som har designa.

tsikt etter dagsforma haldninga seg ganske fort. Folk er kjempepositive til vårt val av livsstil.

Vil ikkje i hus

– Eg likar at sambuaren min valde litt utradisjonelt, det har eg også alltid gjort. Hans utgangspunkt var å bu i båten i fem år, det blei fort min tiårsplan. Han drøymer om meir plass og hus, eg tviheld på dette og synest det er perfekt! Målet på sikt er likevel ei

sjøbu som dei også kan bu i. – Aller første målet er eit naust. Får vi fleire ungar må vi kanskje i hus, men vi held på dette så lenge vi kan, smiler ho. Båten kan ein køyre med vanleg båtsertifikat, og dei er tydelege på at det skal vere ein bruksbåt, og ikkje ein yacht. – Vi fiskar, sløyer og gjer alt om bord. Den skal vere fin, men vi skal ha det komfortabelt.

Dei ligg til kai ved Glomset utanfor Ålesund, og det ideelle hadde vore at Stad skipstunnel hadde kome raskt på plass. – Då kunne vi tatt weekendturar heim og lege i hamna i Måløy. Det vil vere lettare enn å pakke bilen. Vi kan berre kaste loss! Årsaka til at Inger-Helen trivast så godt om bord, trur ho er fordi ho elskar å reise. – Det er liksom min hobby, som eg no lever i. Eg har fri-

domskjensla som eg har behov for. Vi er etablerte, men vi er flyttbare, smiler Inger-Helen. I tillegg er ho frå barnsbein av van med å vere på sjøen. – Eg har jo vakse opp med at eg og pappa låg ut mot Stad'en og fiska. Nokre minus er det likevel. – Det er dårlegare vasstrykk i dusjen og så kan det bli litt golvkaldt. Men vi har to varmepumper!

fakta •• Inger-Helen Sekkingstad (34) frå Raudeberg bur i husbåt, som for tida er ankra opp i Glomset, med sambuar Øystein Undertun og barna Jenny Adelen (3) og Henrik Nikolai (1). Janne Weltzien Listhaug fjt@fjt.no


8 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

NYHEIT

Premium WiFi

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00

NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

Nett der du er


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA APRIL 2017 9

Vi gir deg 31.000 papirlesarar og over 50.000 unike brukarar i vĂĽre digitale kanalar.

Treng du hjelp til kvisting eller fjerning av store, vanskelege tre? Vi har kompetansen du treng! Har du eit granfelt eller furufelt? Ta kontakt sü kjem vi pü synfaring og gjer deg ei verdivurdering. Vi tilbyr òg rydding av skogsveg, utsiktsrydding, plantevern og plen- og gartnertenestar m.m.

57 84 90 00 nordfj@fjt.no nordfjordsamkøyringa.no

Synfaring er kostnadsfritt og vi kjem pĂĽ kort varsel! Tlf.: 908 74 799 / 993 62 049 E-post: landskapsservice@gmail.com www.landskapsservice.no

%(5* %25,1* ‡ %RULQJ WLO YDVVIRUV\QLQJ IRU EXVWDG K\WWHU RJ DQOHJJ ‡ %RULQJ DY HQHUJLEU¥QQDU ‡ *MHQQRPERULQJ DY NQDXVDU XQGHU YHJDU WRPWHU HOOHU E\JJ ‡ )XQGDPHQWHULQJ IRU HWDEOHULQJ DY VLNNHU JUXQQ IRU E\JJLQJ

STUBBEFJERNING Nordfjord Stubbeservice fjernar stubbar og røtter etter tre, busker og hekk. Ta kontakt for tilbod:

tlf. 907 80 709

Nordfjord Stubbeservice Lunde, 6783 Stryn • Tlf. 907 80 709 epost: nordfjord.stubbeservice@gmail.com

Finn oss pĂĽ Facebook!

facebook.com/nordfjord.stubbeservice

BLĂ…SEISOLERING - Etteriosolering av gamle bygg - Isolering av nybygg

Fjordanne

ISOLERING

VI KJEM GJERNE PĂ… SYNFARING!

),05(,7( %(5*%25,1* $ 6 6RJQGDO _ 7OI ZZZ ILPUHLWHEHUJERULQJ QR

Gunnar Kjørvik, 6823 Sandane Telefon 918 27 844 e-post: gatlekj@online.no -www.isofiber.no

Nøkkelferdige EINEBUSTADER inkl. grunnmur – FrĂĽ kr 1.690.000,Nøkkelferdige FRITIDSBUSTADER inkl. grunnmur – FrĂĽ kr 690.000,SjĂĽ vĂĽrt store utval av eine- og fritidsbustader pĂĽ www.t-design.no

Ta kontakt med oss i dag! Ivar Aasen gata 4, Ă˜RSTA Tlf. +47 400 56 200/post@pro-nor.no

Annonser stillingane dine pĂĽ papir, nett og mobil. Vi hjelper deg med stillingspakkar tilpassa dine behov. 57 84 90 00 – nordfj@fjt.no – nordfjordsamkøyringa.no


10 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Les desse råda før du set i gang med utandørsarbeidet Her er råda du treng for å vite når du kan starte med utandørsarbeidet. Mange ønskjer å starte med utandørsarbeidet så fort som mogeleg. Men sjølv om det kan vere varmt og godt vêr, og det då kan vere freistande å setje i

gang, er det visse ting du likevel bør vente litt med. Fasade- og terrassevasken er ein viktig del av det årlege vedlikehaldet. Den generelle anbefalinga er å vente til det er 5 grader eller meir gjennom døgnet, før du går i gang med jobben. Det avgjerande er at det ikkje er nattefrost.

Dei fleste stader bør du halde litt igjen med beising/oljing av terrassen, til det har vore ein god del skikkelege solskinsdagar. Det er viktig at treverket er tilstrekkeleg tørt. Om du skal male fasaden, er det også her det viktigaste at treverket er tørt nok. Det ideelle målevêret er mellom 15–20 grader og over-

skya, med ei relativ luftfuktigheit på rundt 65 prosent. Vasstynna produkt bør ikkje brukast når det er under 5 grader ute. Og pass på at det ikkje er nattefrost eller høg fukt om natta. MARI ANDERSEN ROSENBERG/IFI.NO nordfj@fjt.no

Vent litt til: Det kan vere lurt å vente litt med å male huset. Foto: Nordsjö

Set pris på teakbord frå 60-talet Teakbord og gjenbruk er viktige stikkord i heimen til Katrine Anita Heggelund på Sandane.

Settborda i teak er eitt av Heggelund sine favorittmøbel i huset. – Eg kjøpte dei fordi eg hadde slike då eg var ung, på rommet mitt. Det er nostalgisk på eit vis. Og så har eg mykje anna teak i huset, så det passar godt inn, seier Katrine Anita Heggelund. Ho fekk tak i borda på ei kjøp og selje-side på Facebook, og har hatt dei eit par år. – Dei måtte pussast ned med stålull ein brukar til slikt, deretter oljast og

finpussast. Det meste av teak ein får tak i er frå 1960-talet og er teakfiner, så ein må vere litt forsiktig med dei. I dette tilfelle tok mannen min ansvar og pussa dei ned, dei var frykteleg slitne då eg kjøpte dei, seier ho. Alle borda i huset til Heggelund og familien er i teak, og ho forsikrar at alle er kjøpt brukt. – Ny teak er fy, fy. Det er ein tropisk treart, og ein skal helst ikkje kjøpe nytt, seier ho. Heggelund set elles pris på møblar


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2017 11

Vi ønskjer varme bruntonar på hytta Mange har spådd at brunt blir den nye store motefargen. Den er allereie på veg inn i hyttene våre. – Nå dreier fargane frå grått til brunt. Folk vil ha tilbake litt meir av den tradisjonelle hyttekosen, seier Christina Hane-

vold frå Tyrilin. Ho fortel at særleg på fjellet er det fleire som vel mørkare fargar. Hanevold har jobba med beis og lakkprodukt til hyttemarknaden i mange år og følgt med på korleis moten også har påverka det vi tenkjer på som ein relativt traust og tradisjonelt marknad.

– Den minimalistiske trenden og lyse fargar blei også populær på hytter. Kva vi har definert som koseleg på ei hytte endra seg nok litt denne perioden. I dei siste åra er det særleg dei lyse og gråaktige kjølige tonane som har vore populære. Men no snur trenden. – Vi merkar det på salet av

varme bruntonar, det veks raskt, seier ho, og meiner at dette er i tråd med utviklinga: – Alle som snakkar om trendar fortel dei same historiene, om meir og mørkare fargar. Og det er jo midt i blinken for å skape eit koseleg hyttemiljø. Bjørg Owren/ifi.no nordfj@fjt.no

hytte: Folk ønskjer meir bruntonar på nytta. Foto: Tyrilin

Pussa opp: Katrine Anita kjøpte bordet brukt, og så har ektemannen pussa det opp og olja det.

Favorittmøbel: Heime hos Katrine Anita Heggelund på Sandane finn ein ei blanding av gamle og nye møblar. Alle bordene i heimen er gamle teakbord frå mellomkrigstida eller 1960-talet. Desse matchar ho med nyare møblar. Alle foto: Privat

Stua: Settbordet har fått plass ved sofaen i stua heime hos Katrine Anita.

frå 1960-talet, og dei får gjerne ta litt plass i heimen. – Vi har ein skandinavisk stil, vi har mykje farge heime, men det er likevel lyst. I tillegg til å drive butikken og nettbutikken Piknikkurven, jobbar ho på kjedekontoret til Fagmøbler. Men heimen ber ikkje preg av at ho har jobba i møbelkjeda sidan 2009. – Ein lar seg jo inspirere av trendane som kjem. Av og til får ein lyst på noko nytt. Eg har til dømes nye stolar i lag med spisebordet vårt frå 1960-talet. Eg synest at den reindyrka retrostilen blir litt mykje. Eg likar at alt

dukt. Det skal anten vere frå ein liten norsk produsent, vere økologisk, fair trade eller allergivenleg.

ikkje er perfekt, men litt blanda. Eg likar å kombinere nye møblar med eldre. Gjenbruk og miljøbevisstheit er viktig. – Det er todelt. Eg synest det er kjempeviktig med gjenbruk, i tillegg til at eg likar stilen. Skal ein ha noko nytt, så synest eg det er viktig å kjøpe noko ein trur varar lenge og har kvalitet. Ein får gjerne igjen for å legge litt pengar i det. Miljøbevisstheita synast også i butikken ho driv i lag med ektemannen Ove Johan Haugerøy. – Vi har fire grunnelement når vi vel pro-

favorittmøbel Namn: Katrine Anita Heggelund Alder: 32 Adresse: Sandane Bustad: tomannsbustad Janne Weltzien Listhaug nordfj @fjt.no


12 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA


VĂĽr og Sommarkampanje

NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA APRIL 2017 13

Isolerglas som doggar? Knust glas? Energisparing? - Dü er isolasjonsverdien halvert. - Glaset blir delvis svekka mot lekkasje Ring oss for rüdgjeving i høve val av nytt glas og riktige glasløysingar!

Din totalleverandør av alt innan glas: - Isolerglas, solavskjermande glas og spesialglas - Luxaflex solavskjerming - Alum. fasader, glastak, vinterhage, vindu/dører - Trervindu, PVC FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHET

GODE KAMPANJEPRISAR!

VĂ…RSTEMNING TEMN Inspirasjon for hus og hage Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt BĂŚrbusker Frukttre Stauder Rosetre

TILBOD:

Graniium - Begonia Kraft ftige t plantar – Eigen produksjon 3 stk. fleire Pr. stk. kr.

69,-

60,pr stk

TILBOD:

Ste emor

10-pa akninger og skĂĽler

TILBOD: Kontakt

GLASS-SIKRING AS

Følg Glassfagkjeden pü Facebook

Garrtnerjord 50 liter Dek kkbark Hagese enteret med det STORE utvalet

Din fagblomsterbutikk Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no Følg oss pü

www.nomil.no - post@nomil.no - Tlf. 57 00 94 00

Den 4. DUNKEN med raudt lokk! Tømming kvar 10. veke

&# 4 # # # $ # # $ $ $ ,# %

= Flasker i klart eller farga glas = Syltetøyglas = Hermetikkboksar = Drikkeboksar som ikkje kan pantast = Korkar og lokk av metall = Aluminiumsfolie / beger

$ ( 8 ' + 63.23.-135*)2+ /76+0+52+ 23 " $ ! !

Emballasjen skal skyljast rein før levering Dette er ikkje glas og metallemballasje: = Porselen, keramikk og krystall = Drikkeglas og tallerkar = Eldfaste former = Speglar = Vindaugsglas


14 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Frå staudehagen: Her ser ein astilber, hostablader, oktoberbergknapp, rosespirea, fagerfredløs og storhjelm.

Frå kjøkkenhagen: Her har Johanne ulike krydder- og urteplantar. Potet, rabarbra, jordbær, sukkererter, tomat, salat, løk, raudbetar og løpestikke.

Vintergrøn: Johanne har meir enn 44 rododendron og anna vintergrøn. Her ser ein rododendron i blomst med hjartetre i framkant.

Nyt livet i eigen hage: Johanne Elisabett Sørdal har leita fram trillebåre og hagereiskap for ein ny sommar med hagearbeid. Alle foto: Inge Fænn

Vil ha ein hage både t Det bognar av blomar frå tidleg på vår til seint på haust, på den brattlendte tomta ved huset til Johanne Elisabett Sørdal i Visnesbakkane i Stryn. – Då vi flytte hit for 19 år sidan måtte vi gjere eit val. Skulle vi la skråninga

gro til eller skulle vi ha hage, seier Sørdal som til dagleg er utviklingsleiar ved Stryn vidaregåande skule.

Vaks opp på gard

Valet var ikkje vanskeleg. Johanne vaks opp på gard i Vanylven, og interessa for alt som gror anten det er blomar eller grønsaker har ho frå foreldra.

– Eg har i alt 44 rododendron og anna vintergrøn. Mange av staudane hadde eg med på flyttelasset frå Nord-Norge. Eg har utvikla dei steg for steg sjølv, og dei er hardføre og toler det meste, fortel ho, og viser rundt i hagen der gruskledde stiar buktar seg fram mellom frodige plantar, fine murar og ein terrasse der dei kan nyte fine sommarkvel-

dar før sola tek kveld bak fjella i vest. Alt er handarbeid. Kor mange timar som ligg bak har ho ikkje tal på, men det kan oppsummerast med 19 somrar med mykje arbeid. – Skal eg reise bort, blir det om vinteren. Om sommaren er det beste å vere i Stryn og stelle i hagen, seier ho.


NORDFJORDSAMKØYRINGA APRIL 2017 15

Ro og fred: Her er ein av sitjeplassane i hagen. I framkant ser ein syrin og rododendron. Mot dei store trea ser ein hostablader og ulike staudar.

idyllisk: På stien mot nedsida av hagen ser ein spirea og syrin i blomst.

detalj Frå staudehagen: Her finst det plantar som skogskjegg, liljer, astilber, hostablader, Sunnmørsknapp og lilla tupper.

til rekreasjon og nytte Bark og duk mot ugraset

Hagen på cirka eitt mål er bratt, men likevel lettstelt. – Her er ikkje plen som skal klippast. Det vesle som er att klipper eg på fem minutt. Eg brukar bark og duk i beda slik at det blir minimalt med ugras. «Jeg synes livet blir bedre bare jeg får fingrene i jorda», sa tidlegare

statsråd og hageentusiast Astrid Giertsen i eit intervju med Hagebladet nyleg, og det er ord Johanne kan skrive under på. – Så lenge hagen ikkje blir eit slit med ugrasluking, vatning og plenklipping, så er det rekreasjon, seier ho og legg til at hagen skal vere både til hygge og nytte. I kassane opp mot huset med ha-

gestove og utsyn over bygda, har ho kjøkkenhage med jordbær, sukkererter, raudbetar, løk, krydder og også litt poteter og grønsaker til starten på hausten. – Det smaker ekstra godt når ein kan hente frå eigen hage, smiler ho og avslører at det store prosjektet i sommar er eit lite drivhus. Då blir det tomatar og andre produkt som

kan trenge litt meir temperatur enn det ein vanleg vestlandssommar kan by på. Inge fænn nordfj@fjt.no


16 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Kjøp av bustad under oppføring: Kven har ansvaret for feil og manglar ved kjøp av bustad under oppføring? Det prøver fylkesleiar i Huseiernes Landsforbund Sogn og Fjordane å svare på i denne artikkelen.

Kven har ansvaret? Målinga i stovetaket er skjoldete og varmekablane på badet fungerer ikkje slik dei skal i huset du kjøpte under oppføring. Når ligg det føre ein mangel som entreprenøren er ansvarleg for? Kva kan du som forbrukar i så fall krevje? Må ein finne seg i at entreprenøren forsøker å utbetre feilen gong på gong?

For at ein skal kunne rette krav mot entreprenøren på grunn av feil med bustaden må det ligge føre ein mangel. Det er ikkje alle feil ein kan klage på, og det er lovverket som avgjer om det ligg føre ein mangel som forbrukaren har rett til å klage på. Ved kjøp av bustad under oppføring er det bustadoppføringslova som gjeld. Denne lova har mange likskapstrekk med avhendingslova som gjeld ved ordinære sal (ferdig oppførte eller brukte bustader).

I samsvar med avtale og lov

Dersom resultatet ikkje er i samsvar med avtalen, eller dei krav som følger av lova, ligg det føre ein mangel ved entreprenøren si yting. Det ligg også føre ein mangel dersom resultatet ikkje er i samsvar med offentlegrettslege krav til byggverk. Kva som faktisk er blitt avtalt

mellom partane vil kunne variere. Ein bør alltid inngå skriftleg avtale med entreprenøren. Det følgjer uansett av lova at arbeidet skal utførast på fagleg godt vis. Dersom det oppstår usemje om kva som skal reknast som fagleg godt, kan det vere nødvendig å hente inn ei vurdering frå ein fagkunnig tredjeperson, til dømes ein takstmann.

Manglande opplysningar

Det ligg også føre ein mangel dersom forbrukaren ikkje har fått opplysingar som entreprenøren kjente til eller måtte kjenne til, dersom ein kunne gå ut frå at det har hatt innverknad på avtalen at slike opplysingar ikkje blei gitt. Hadde ein til dømes kjøpt huset til den prisen dersom ein hadde visst at det skulle kome høgbygg rett framfor og ta utsikta mot fjorden? Ein føresetnad for mangelsansvar hos entreprenøren er likevel at forbrukaren har sett seg inn i eventuelt salsprospekt med vedlagde reguleringsplanar, og at dei aktuelle forholda ikkje der er blitt opplyst om.

Urette opplysningar

Det ligg også føre ein mangel dersom resultatet ikkje svarar til opplysningar om eigenskapar eller bruk som er gitt i forbindelse med marknadsføring eller avtaleinngåinga, til dømes at det skulle nyttast ein bestemt type kledning på bygget. Også her vil det vere ein føresetnad for eventuelt ansvar for entreprenøren at ein

kan gå ut frå at dei urette opplysningane har verka inn på avtalen.

Fakta HL veit råd •• Huseiernes Landsforbund er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er leiar i HL Sogn og Fjordane.

Reklamasjon

Dersom ein som forbrukar meiner at det ligg føre ein mangel, må ein passe på å reklamere innan rimeleg tid etter at ein oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Det skal normalt vere tilstrekkeleg å opplyse kva mangelen er og at det vil bli gjort gjeldande mangelskrav, til dømes krav om retting. Reklamasjonar bør alltid skje skriftleg av bevismessige omsyn. Når det gjeld manglar som blei eller burde ha blitt oppdaga alt ved overtakingsforretninga, må forbrukaren reagere raskare. Reklamasjonen må då settast fram «så snart råd er». Dersom det blir halden eittårssynfaring, gjeld dei same reglane for manglar forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga då. Reklamasjonsperioden er fem år rekna frå overtakinga. Entreprenøren kan ikkje hevde at at det er reklamert for seint dersom entreprenøren, eller ein unde-

rentreprenør, har opptredd grovt aktlaust, uærleg eller i strid med god tru.

Forbrukaren sitt krav ved manglar

Dersom det ligg føre ein mangel ved den nyoppførte bustaden kan forbrukaren gjere ei rekkje ulike krav gjeldande mot entreprenøren. Dette vil kunne vere krav om retting, prisavslag, erstatning eller, i dei mest alvorlege tilfella, heving av avtalen. I praksis er retting og prisavslag dei mest brukte mangelskrava. Mangelen kan krevjast retta dersom slik retting ikkje vil medføre kostnader eller ulemper som står i misforhold til det forbrukaren oppnår. Entreprenøren har alltid krav på å kunne få rette dersom dette kan skje utan vesentleg ulempe for forbrukaren, og vedkommande ikkje har ein særleg grunn for å sette seg imot rettinga. Eit grunnlag for å kunne nekte retting kan vere at entreprenøren alt har gjort fleire mislykka rettingar før. Retting skal skje innan rimeleg tid. Dersom det skal vere eittårssynfaring kan entreprenøren vente med retting til etter dette, med mindre det vil medføre ulempe for forbrukaren. Dersom feilen ikkje blir utbetra ved retting, kan ein krevje prisavslag tilsvarande utbetringskostnaden, eller eventuelt tilsvarande den verdireduksjon som mangelen medfører. Jan Erik Mardal Huseiernes Landsforbund


17 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA

BYGGEVAREN N BYRKJELO AS

1 !

Nomil AS

Kom innom for ein god handel! Gamleveg gen 2, 6826 Byrkkje telefon. 57 02 011 60 byggevaren.byrkkjelo@enivest.com www.byggtorget.no Besøk oss ogsü pü Facebook

! ! ' '*! "! # ' #'! # 0'! & ! ! ! + !! * # ! / # ' ) %$ ( ./, ' $ $ % - - (- - #' !

HAR DU MYKJE RASK OG ROT VI HAR CONTAINER TIL SKROT. Vi har alt frĂĽ 1500 l avfallssekk / bigbags for kraning til opne og lukka containerar frĂĽ 4 m3 til 41 m3.

Vi kan tilby tenester innan anlegg som:

Kontakt oss pü telefon 940 35 702 eller pü e-post postreturanomil@retura.no Besøk oss gjerne pü facebook.

Nomil AS

Natursteinsmuring, tomt, vegar, boring/sprenging, pigging av fjell, grøfting, riving, transport og div. masser. JB Anleggsservice AS, tlf. 91 17 66 78 v/John Bjørn Moen

Eidsmona, 6823 Sandane

Vi gir deg folk i Nordfjord pĂĽ papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet.

57 84 90 00 – nordfj@fjt.no – nordfjordsamkøyringa.no

Følg oss pü facebook JB Anleggsservice


18 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Vi seier «ha det» til det gamle badet Kari og Ola er ikkje lenger nøgde med ein rask dusj og tannpuss. No skal det indre pleiast, med fargar, materialmiks og spa-atmosfære. I kvardagen handlar det om duftlys, vakre såpedispenserar

og tjukke handkle, men når vi bygger nytt eller pussar opp ligg løysinga i riktig design, materialval og belysing. – Sjølv folk med knøttsmå bad ønskjer seg spa. Og vi får det til, seier interiørarkitekt Åse Imset. Med ein krakk å sitte på, nydelege fliser og riktig belysing har du stilen. Imset meiner trikset

elles er å prioritere dusjsonen. Den må gjerast så stor som mogleg. Belysing er også viktig. Ein skapar ikkje spaoppleving med ein lampe i taket og to lampettar ved sidan av spegelen. – LED-lys gir masse moglegheiter, no kan vi få lys nesten overalt, seier Imset, og utdjupar:

Trenden med meir fargar og personleg stil har også kome til badet. Imset opplever fleire gjerne vel ein kombinasjon med fliser og malte vegger, tapet, våtromsplater eller vinylbelegg som er godkjent for våtrom. Bjørg Owren/ifi.no nordfj@fjt.no

Luksus: Folk vil ha spakjensle på badet. Foto: Borge, Gerflor, Geberit, Golvabia og Nordsjö

Oppvask og ekteskap Vi har flytta. Frå vestkanten til austkanten i Oslo, frå haugammal sveitservilla til moderne blokkleilegheit. Eg gret mine modige tårar då vi vaska oss ut av den gamle, skakke leilegheita som vi elska, men tida var komen for å setje seg i botnlaus gjeld og kjøpe sin eigen heim. Etter å ha levd nokså enkelt i sju år med lunka vatn i dusjen og matlaging i stearinlys vinterstid fordi sikringane gjekk dersom vi brukte meir enn to plater på komfyren samstundes, er det ei nærmast sjokkarta oppleving å plutseleg bu så moderne. Vi kan lage middag OG ha lys OG varme på samstundes! Eg kan skålde meg i dusjen og sjå ut som ein kokt hummar kvar einaste kveld! Og det mest fantastiske av alt: vi har endeleg, etter fjorten års sambuarskap, fått oss oppvaskmaskin. Berre folk som har levd utan oppvaskmaskin like lenge kan forstå kva vi opplever akkurat no. Eg gret nesten av lukke fyrste gongen eg kunne kjøpe vasketablettar på butikken, stappe i maskina og setje henne på og berre nyte at ei maskin gjorde jobben for oss. Vi måtte filme og dele det på sosiale medium. Vi måtte skåle i raudvin for å feire. Eg måtte skrive ein tekst til lokalavisa om det. Så stort er dette faktisk. Og den kvelden sat vi i sofaen og såg på TV medan vedundermaskina jobba på kjøkenet, og eg kunne tenke på normale ting, som Kjære folk,

det blir kaldt til helga, eller Hm, eg må hugse å handle meir blått garn i morgon, i staden for mine vanlege, rasande tankar som KVIFOR GÅR HAN IKKJE OG TEK OPPVASKEN, FOR HELSIKE?! EG GIDD IKKJE Å TA DET, EG TOK DET I GÅR! DESSUTAN TØMTE EG SLUKEN I DUSJEN, NO ER DET HANS TUR Å GJERE NOKO! Nei, no kunne eg berre sitje der som eit vanleg menneske. Eg kika til og med bort på han og tenkte Nåde meg, for ein pen mann eg er gift med. Alt takka vere den fantastiske oppfinninga som stod på kjøkenet og gjorde det verste husarbeidet eg veit om for oss. Hadde eg vore samlivsterapeut og møtt folk som stod på randa av skilsmisse hadde mitt fyrste spørsmål til dei vore: Har de oppvaskmaskin? Hadde dei sagt nei, hadde eg smilt overberande og sagt: Sanneleg, eg seier dykk: gå og kjøp ei oppvaskmaskin, så skal de sjå at dette ordnar seg. Hadde dei sagt Ja, vi har oppvaskmaskin, hadde eg fått sjokk. For alvorleg talt, kva er det å krangle om når ein har oppvaskmaskin? Ikkje veit vi. Det er kanskje ein liten sjanse for at vi får ein slag i trynet frå røyndommen om litt. Men enn så lenge lener eg meg godt tilbake og nyt brummelydane frå kjøkenet medan eg nippar til vinen og legg føtene i fanget til mannen min. De veit, han som er så pen.

Har gått inn i framtida: Ane Barmen frå Vågsvåg bur i Oslo der ho og ektemannen har levd 14 år utan oppvaskmaskin. I denne kommentaren kan ho konstatere at nyvinnga har vore bra for ekteskapet. Foto: privat


19 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Laminat er folket sin favoritt Laminat står øvst på ønskelista når nordmenn pussar opp. I 2016 blei det seld nær 5 millionar kvadratmeter laminat i Norge. Det er 7,2 prosent meir enn året før og cirka 1 million kvadratmeter meir enn parkett,

som ligg på andreplass. – Laminat er førstevalet for veldig mange. Tala frå Prognosesenteret viser ei forsterking av trenden mot meir laminat. Det er lett å forstå kvifor når vi ser på utvalet og kvaliteten på denne typen golv, seier Lill-Ann Mo hos Tarkett. – Kvaliteten og designen på

laminat har blitt vesentleg forbetra. Det er i mange tilfelle vanskeleg å avgjere om det er laminat eller parkett før ein ser og kjenner nærmare etter, seier Mo, og får støtte av Øyvind Langelandsvik ved Kronotex. – Laminat har blitt noko heilt anna enn det var før. No er golva ekstremt naturtru og kjem i

mange veldig flotte og tidsriktige design, seier han, og trekker også fram god slitestyrke. – Laminat er gjerne noko rimelegare enn parkett. Men trenden er også her at folk vel frå det øvre sjiktet, avsluttar Lill-Ann Mo. Mari Andersen rosenberg/ifi.no nordfj@fjt.no

Golv: Mange nordmenn vel laminat. Foto: Gerflor, Kronotex og Tarkett


JØKK E DK et aliter v K i ov

r å 0 6

ET

Bjarne Es

varefabrik Tre k pe

NO

R

N

RDFJO

20 APRIL 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Frå draum til

NORDFJORDKJØKKENET

www.espetrevare.no 6770 Nordfjordeid | Tlf: 57 86 23 11 | e-post: post@espetrevare.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.