Temabilag hus & heim

Page 1

hus & heim Temabilag for Nordfjord 22. september 2017

Kan presentere ein verkeleg lys idé Firmaet Lumens AS har utvikla automatisk døgnstyring av lys. – Det blir på ein måte sommar heile året. Erfaring frå lysterapi viser at godt lys gjev velvære, seier Raymond R. Frantzen i Led-verksemda på Sandane. side 2 og 3

Sørger for rein pumpe

side 8 og 9

Tradisjonsrikt handverk

side 14 og 15


2 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

1 Lang levetid: – Vi garanterer lysa våre i fem år, dei skal lyse minimum 50.000 timar. I tillegg brukar dei mykje mindre energi enn tradisjonell belysning. Vi skifta nyleg ut lysa i ei kyrkje her, dei sparer ein god del årleg på straumrekninga, seier Raymond R. Frantzen i Lumens på Sandane. Her med eit av dei nye produkta – gatelys. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Har utvikla automatisk d Den nyaste oppfinninga til Lumens på Sandane er automatisk døgnstyring av lys. Det vil seie at lyset regulerer seg sjølv alt etter kva tid det er på døgnet. – Vi har for tida eit pilotprosjekt på dette området på skular, sjukeheimar og

kontor. Lys påverkar. Kan vi regulere lyset automatisk slik at dagslyset følgjer klokka, vil det til dømes betre læringa. Det kan redusere sjukefråvær og auke trivnaden. Det blir på ein måte sommar heile året. Erfaring frå lysterapi viser at godt lys gjev velvære, seier Raymond R. Frantzen i Led-verksemda på Sandane.

Tilpassar produktet

Utviklinga innan Led-teknologi er ein del av innhaldet i «velferdsteknologi» og «smarthus» som det er mykje snakk om for tida. Lumens har i dag tre tilsette, pluss ein dataprogrammerar i utlandet som er

leigd inn for å lage software som styrer Led-teknologien til å gjere det du ynskjer. Frantzen viser oss korleis han kan regulere lys via programvare på PC-en, og gjennom ein boks han har liggande på pulten. Systemet er styrt gjennom ein eigen «gateway». – Slik kan vi tilpasse produktet etter behovet til kunden. – Også panelbilde er eit produkt på veg ut i marknaden. Dette handlar om at vi har eit Led-panel som lyser opp baksida av biletet, slik at det får ei flott djupne. Dette produktet lanserer vi i tett samarbeid med Japan Foto Breim.

Vart innhenta

Gründer Jan Tore Fossheim gjorde oppdagingar innan Led-teknologien som var banebrytande då han starta verksemda i 2009. Han fann ein måte å blande fosfor i diodane på som gjorde at lyset vart gult. I utgangspunktet er diodane blå. Lyset vart tilnærma likt halogen, men mykje meir energiintensivt og tryggare. Ifølgje Frantzen er Led 85–90 prosent meir effektivt enn ei vanleg glødepære. Etter kvart som Led er blitt meir og meir brukt, har fleire aktørar kasta seg på. Frantzen medgjev at konkurrentane har innhenta dei på det dei var åleine


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2017 3

Lys påverkar: Smart lyssetjing kan gje betre velvære året rundt, meiner Raymond R. Frantzen.

Panelbilde: Med Led-belysing bak bildet får det god djupne. Dette gjer seg godt som utsmykking.

Allemannseige: Det mest kjente produktet for folk flest frå Lumens er «downlights». Slike er å finne i dei fleste nye hus.

Mongstad: Døme på belysning av industrihall, eit oppdrag Lumens har hatt på oljebasen Mongstad. PRESSEFOTO

Flyplass: Sandane Lufthamn er utsmykka på denne måten. PRESSEFOTO

døgnstyring av lys om i starten. Mellom dei er store aktørar i bransjen. – Det er David mot Goliat. Men vi har vore med lenge og har eit fotfeste i marknaden. Vi fornyar oss heile tida, leverer kvalitet og har kort leveringstid.

Produserer i Kina

Verksemda bygde seg opp gjennom sal til privatmarknaden, der «downlights» er det mest utbreidde produktet. No siktar dei også mot nye marknader, som industri- og offentlege bygg. Dei sel mest direkte til el-installasjonsfirma, men også til prosjekt og industri. For tida prøvar dei å kome seg inn hjå dei

store grossistane. Teknologien er utvikla av Lumens, men produsert i Kina. – Heile landet er marknaden vår, med gode transportørar lokalt og flyplass i nærleiken kan vi levere produkt i løpet av ein dag. Logistikkmessig er Sandane ein gunstig plass å halde til. Hovudkontoret ligg likevel i Bergen, medan hovudlageret er lokalisert til Sandane sentrum.

Ser plusstal i åra framover

Resultatet for 2016 viser at verksemda gjekk med 411.000 i minus før skatt, av ein omsetnad på 3,75 millionar kroner. På det meste i 2015 var omsetnaden

oppe i over 5 millionar kroner. Sjølv om Lumens som verksemd ifølgje rekneskapen ikkje har tent pengar sidan oppstartsåret 2009, er selskapet godt finansiert. – Vi hadde sjølvsagt ikkje drive med dette om vi ikkje var faste i trua på at utviklingskurva skal peike rett opp ein stad der framme. I 2017 skal vi tene pengar. Vi driv effektivt og utan mellomledd, det gjev oss eit konkurransefortrinn, seier mannen som omtalar seg sjølv som ei «potet» i verksemda. Han har vore med sidan starten, då gründeren ønskte å knyte til seg datakompetanse.

– Det folk ofte gløymer, er at det kostar å utvikle ei verksemd. Vi driv sunt og søv godt om natta. Og vi har ein god eigar, seier han. Den bergensbaserte investoren Kjetil Aasen frå Sandane er majoritetseigar. Gründeren Fossheim har selt seg ut. Jørn-arne tomasgard nordfj@fjt.no


4 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

husleg rådgjevar: Ane Barmen skriv i denne kommentaren at ho er lei av «det evige husstellet», men konstaterer samstundes at ho ikkje slepp unna husmorpliktene. Ho har derfor utvikla nokre triks som kan gi den late husmora ro i sjela. foto: privat

Nokre gode tips til den late husmora

No er ikkje eg per definisjon husmor, for eg jobbar utanfor heimen. Men eg er definitivt lat. I alle fall med tanke på husarbeid.

alle menneske i heile verda allereie veit er meg ei gåte. Eg kunne ha fortalt dei dette heilt gratis.) Men vi som ikkje er så rike at vi kan få andre til å gjere jobben for oss, kva med oss? Kva skal vi gjere, vi som også vil sleppe unna og bli lukkelege? Etter mange års latskap har eg utvikla nokre triks eg tykkjer funkar bra, og eg vil no dele det med alle andre late menneske der ute. For auka livskvalitet og ro i sjela:

Det er eit eller anna med det evige husstellet som berre ALDRI TEK SLUTT som provoserer meg noko grenselaust. Men som vi veit steller ikkje ein heim seg sjølv, dessverre, så vi har alle husmorplikter. Og i sommar stod det i nyhendene at forskarar har funne ut at ein blir lukkelegare av å sleppe husarbeid. (Kvifor nokon forresten gidd å forske på noko som

* Skal du ha folk på besøk, og ikkje orkar å tørke støv og alt det dritet der, er stearinlys din beste ven. Sløkk vanlege lamper og peis på med stearin. Støvet blir usynleg og alle blir penare. Vinnvinn. * Servér vin. Ver raus med porsjonane. * Gidd du ikkje lage heimelaga

dessert men vil framstå som flink husmor likevel? Lyg. Sei at kaka frå Kiwien er heimelaga. Ingen smakar forskjell, og viss nokon gjer det skal du syte føre å ha høflege nok vener til at dei ikkje kommenterer det.

bohemsk stil.

* Meir lyst til å sjå ferdig siste episode av Åndenes makt enn å vaske do før gjestane kjem? Null stress. Det er nok å tørke av det grøvste på vasken og spegelen, og vri opp ei tvåge i grønsåpevatn og klask litt rundt på golvet. Stearinlystrikset funkar her også. Og vil du verkeleg imponere set du inn ein potteplante eller ein vase med noko blomeaktig i. Folk med blomar på do får anerkjennande blikk frå gjestar.

* Er du skikkeleg desperat: gå med outrerte antrekk og dans rundt gjestane. Det siste er kanskje noko urovekkande for besøket, men har dei tid til å sjå etter hybelkaninar under bordet medan du framfører moderne dans rundt dei? Neppe.

* Hundehår i sofaen og vondt i viljen? Kast pledd og puter strategisk utover dei verste områda og lat som om du har ein fresh

* Distraher folk og sats på stemning. Spel behageleg musikk i bakgrunnen og ha eitt eller anna som luktar godt, det vere seg mat eller luktlys. Set roser på bordet.

* Og viss ingen ting av dette funkar, og venane dine framleis kommenterer støv og hundehår og rot: berre slutt å be dei på besøk. Livet er for kort til sure folk og plettfrie heimar. ane barmen nordfj@fjt.no


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA SEPTEMBER 2017 5

Isolerglas som doggar? Knust glas? Energisparing?

Hвrdagslykke

- Dü er isolasjonsverdien halvert. - Glaset blir delvis svekka mot lekkasje Ring oss for rüdgjeving i høve val av nytt glas og riktige glasløysingar!

Din totalleverandør av alt innan glas: - Isolerglas, solavskjermande glas og spesialglas - Luxaflex solavskjerming - Alum. fasader, glastak, vinterhage, vindu/dører - Trervindu, PVC FAGKUNNSKAP GIR TRYGGHET

GODE PRISAR!

GĂĽ pĂĽ visning i 31 hus pĂĽ 1 time!

Bygg & Boligmarkedet AS

Hos oss kan du oppleve alle vüre flotte hus i virtual reality. Med VR-briller vandrer du gjennom huset og für en følelse av rommene og hvordan de henger sammen. Nü er det enkelt ü sammenligne dine favoritthus og gjøre ditt valg!

Kontakt

GLASS-SIKRING AS

Følg Glassfagkjeden pü Facebook

Besøk oss pü kontoret for din egen VR-visning, og bestill vür nye katalog pü nordbohus.no Bygg & Boligmarkedet AS | Myrane Industriomrüde, 57 85 49 00 | postmaster@bygg-boligmarkedet.no

FLEXIT - GLAVA - STRYNTRAPPA - ICOPAL - NORDAN - LANGLO - PRETRE

Ambulerende utstillingsbil! VI kommer TIL DEG og viser deg vüres kvalitetsprodukter i PVC vedlikeholdsfrie vinduer og dører!

Vi leverer med eller uten montering!

á 45% % á 30 nür VI r! e monter

nĂĽr monteDr U er!

&# 4 # # # $ # # $ $ $ ,# %

$ ( 8 ' + 63.23.-135*)2+ /76+0+52+ 23 " $ ! !

E-post: post@kvamme.no Nettsider: www.kvamme.no og www.fenstra.no Tlf.: 40 00 59 39 Facebook: Glassmester Kvamme as

Ambulerende reiserute høsten 2017:

Sogn og Fjordane: Uke 35, 38, 41, 44 og 47 Møre og Romsdal. Uke 37, 40, 43, 46 | Oppland: Uke 35, 38, 41 og 47


6 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Viktig arbeid: Øyvind Flo-Thorsdal (t.v.) har firmaet Energi Partner Vest som driv med reinsing av varmepumper. Her er han i gang med ei varmepumpe i Hornindal, og huseigar Asbjørn Espe fylgjer med på kva som blir gjort. alle foto: inge fænn

Eit friskt pust for pumpa Skikkeleg reinsing av varmepumpa mangedoblar effekten. Ei god investering både for helse og betre varme i huset. – Varmepumpa er ein støvsamlar. Mange seier at dei har fått eit nytt liv etter at vi har gjennomført reinsing. Det gjeld spesielt Kols-pasientar, men også folk med astma eller alleriplage, seier Øyvind FloThorsdal i Energi Partner Vest AS, ein kragerømann som har funne seg strynejente og etablert seg på Flo. Han har lang bakgrunn som seljar, men no er det fokus på reinsing. – Eg har teke i bruk ein heilt ny metode. Det er den einaste som er godkjend av det internasjonale astma- og allergiforbundet, fortel Thorsdal når vi blir med på ei reinsing hjå Asbjørn Espe i Hornindal.

avslutning: Til sist i prosessen reinsar Øyvind Flo Thorsdal alle delar før varmepumpa vert sett saman igjen.

Spyling: Det er mykje skit i det første som kjem ut, og det er mange liter væske som må gjennom pumpa for reinske bort alt.

Sistnemnde har reinsa den ti år gamle pumpa si ved fleire høve, men det blir ei enkel ytre reinsing. No blir det gjort grundig. Prosessen startar med å spreie løysemiddel inn i pumpa før han monterer opp ein duk og set i gang spyling. Det er eit løysemiddel som også er godkjent av det internasjonale astma- og allergiforbundet. Sjølv om det ikkje er same krava i Norge reknar han med

me utan å demontere henne. Heile prosessen bli avslutta med eit bakteriedrepande middel før Flo-Thorsdal går laus på den delen av pumpeanlegget som står ute. Utedelen er ikkje same støvsamlaren som inne, men støv og avfall frå naturen er ille nok med tanke på effekten. – Eg meiner at det bør gjennomførast ei skikkeleg reinsing anna kvart år for å få full effekt av pumpa. Kompressoren arbeider mykje lettare når

at det vil kome liknande krav her når folk oppdagar kva forureinande pumper kan føre med seg av problem. 40–50 liter væske, kanskje meir alt etter kor mykje skit og støv som er lagra, skal gjennom pumpa. Det er ikkje små mengder som fylgjer dei første dropane. Det kan også bli både mugg og sopp. Noko som mellom anna kan føre til hovudverk for dei som bur der, men han reinsar også vifta som spreier var-

alt er reint og skikkeleg, seier Flo-Thorsdal. Han trur at varmepumpemarknaden er i ferd med å nå eit mettingspunkt, men at det etter kvart er aktuelt med utskifting av dei eldste pumpene. Han understrekar at skikkeleg reinsing gjev auka effekt og lenger levetid. Noko som blir stadfesta av dei som har fått reinsa pumpene. inge fænn nordfjord@fjt.no


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2017 7

NYTT TAK?

Vi har markedets billigaste tak frå Evertile PÅ LAGER: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 30 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti

Alltid fraktfritt levert!

Evertile pr. kvm

Takpanne

177,50 198,30

Dekkande mål: 367x1260 mm

Everglaze pr. kvm

2,15 panner = 1 kvm

Evertile pr. stk

Møne buet

117,30 134,75

370 mm

Koppen Industrier AS er et byggevarefirma med fokus på nybygg og rehabiliteringsmarkedet. Vi er hovedleverandører til flere store prosjekter i regionen, og er tilknyttet en rekke entreprenører. Vi spesialdesigner også hytter, naust og garasjer som byggesett.

Vår målsetting er korrekt levering til rett tid og rett pris!

Everglaze pr. stk

Evertile pr. stk

Møne buet start/slutt

151,05 Everglaze pr. stk 173,55

med påsatte endestykke 370 mm

Gavlbeslag høgre/venstre

Evertile pr. stk

156,65 177,75

Everglaze pr. stk

Dekkande mål: 1100 mm

Luftehatt 100-450 steinbe.

Evertile pr. stk

1744,2041,-

Tilkopl.: Ø 160, 150, 130,125, 110 og 100 mm Gummimansjett med sjølvklebande butylkrage. 150x150 mm. Kullsvart.

Everglaze pr. stk

Furene, 6100 Volda - T.: 70 04 59 90 - Fax: 70 06 87 70 - www.koppenind.no - post@koppenind.no

Vi har faste køyreruter:

Penger å spare ved å velge Evertile/Everglaze: Dim.

170 m 2 stk 35 stk 20 stk 64 stk 1 stk 1 stk 4 pk 3 ruller

2

Alle dagar: Ørsta og Volda Tysdagar: Sykkylven, Stranda og Hellesylt Tysdagar: Hornindal, Stryn, Loen, Innvik og Utvik Onsdagar: Giske, Sula, Ålesund, Ørskog og Haram Onsdagar: Nordfjordeid, Måløy, Bremanger, Selje, Stadtlandet og Vanylven Torsdagar: Sande, Herøy, Ulsteinvik og Hareid

ERT V E L T FRIT

!

Takpanne 369x1260 Møne start/slutt Møne Gavel lang venstre/høgre Gavel kort venstre/høgre Rep. sett Lufthatt Skru 5,0x35 Møne/ventilband 5m

Totalt m/MVA fritt levert

Evertile ru

Everglaze sort

30.175,302,4.106,3.133,-

33.711,347,4.717,-

109,1.744,2.610,2.236,-

7.332,125,2.041,2.610,2.236,-

44.415,-

53.119,-

Du sparer mykje ved å kjøpe Evertile

Her finn du oss!

Ope:

8-17 (9-14)


8 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

– Håpar på meir søknad

Nordfjordkommunane har fått nær sju millionar kroner frå Kulturminnefondet sidan ordninga vart innført i 2003, men det er lite til kysten. – Stryn og Eid er best i klassen. Men framleis får vi langt færre søknader og prosjekt enn det vi kunne håpe på frå denne delen av landet, seier direktøren for Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, og legg til at det særleg har vore lite søknad frå kystkommunane. Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning og eit lavterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Dei har eige styre direkte underlagt Klima- og miljøverndepartementet. Sidan starten er det delt ut 661 millionar til vel 4.000 prosjekt. Sjølv om potten har auka siste tre åra ligg søknadsmengda langt over dei 100 millionane fondet har til fordeling. – Det er stor interesse for å setje i stand gamle kulturminne, seier Bjørgen, og minner om at søknadsfristen for prosjekt i 2018 er 1. november. Det skjer elektronisk til Kulturminnefondet, og dei som får midlar kan også søkje om delutbetaling undervegs. Det er ikkje snakk om kommunal prioritering. Alle som meiner å ha gode prosjekt kan søkje, og så langt ser «Nordfjordlista» slik ut:

Stryn kommune (21 prosjekt, 3.243.500 kroner)

Restaurering av gammel låve i grindeverk: Asle Loen 257.000 Tingvoll: Henny Staalnacke 481.500 GIU Fargeriet: Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk 294.000 Singerheimen i Olden: Stiftelsen William H. Singer Jr’s og Anna Brugh Singers Minde 393.500 + 300.000 Bruvoll, masstove: Jarle Brynestad 170.000 Visnes Hotel i Stryn: Visnes Hotel 30.000 (tak), 30.000 (låve), 303.000 (skifertak/fasade) Erdal skulehus, golv: Erdal skulehus 30.000 Nedstelada på Sigdestad: Segestads Vener v/ M.-J. Folven 120.000 Gammelt sommerfjøs (gardfjøs): Edvin Guddal 40.000 Nordfjordstove på gardsbruket Frøholm: Martin Flore Frøholm 30.000 Sel på Sunndalssetra: Mons Rune Guddal 30.000 Gamle Innvik prestegard: Langvin AS 30.000 (borgstova), 30.000 (presteløa)

Naust i Veslebygda, Oppstryn - kledning: Stian Fure 10.000 Vanberg Heimtun, tak, vinduer og fasader: M. C. Vanberg 371.500 Innvik Gamle Prestegard, presteløa: Langvin AS v/S. Dvergsdal 250.000 Fjøs Sunndalssætra, tetting av tak: Anders Folven 8.000 Langvin: Langvin AS v/Steinar Dvergsdal 20.000 (vasshjul), 25.000 (kvernhus)

Eid kommune (11 prosjekt, 2.538.000 kroner)

Kapteinsgården Myroldhaug: Odd Kristian Aarestrup 634.000 Naust på Lote: Einar Lote 300.000 Kortaket på Eid kyrkje: Eid Kyrkjelege Fellesråd 300.000 Haus, gamlestova: Marianne Solibakke 70.000 Olafjøsen, Ytre -Hennestøylen: Anton Henden 100.000 Raudebuda: Kjell M. Åshamar 180.000 Sikring av tak gnr. 133, bnr. 5: Sønpro 28.000 Gamlestova på Haus: Marianne Solibakke 180.000 Embedshus Skårhaug, orginale vindu: Marit Sandnes Skrede 300.000 Restaurering av internat på Holmøy Utigard: Hans Ivar Holmøy 316.000 Gamlestova på Haus, trinn 3: Marianne og Bjørn Jonny Solibakke 130.000

Gloppen kommune (6 prosjekt 591.000 kroner)

Kålsstøylen, støylsfjøs: Venke Kollbotn 52.500 Storebåtnaustet i Traudalen: Nils Magnar Rygg 55.000 Kollbotn: Venke Kollbotn 80.000 (kvernhus), 17.000 (vedhus), 16.500 (løe) Breim Heradshus, vindauge: Gloppen Kunstlag 370.000

Vågsøy kommune (1 prosjekt, 250.000 kroner)

Hagevik Tøndefabrikk: Hagevik Tøndefabrikk ANS 250.000

Selje kommune (1 prosjekt, 56.000 kroner)

Tak «Bøen» Ytre Fure: Tore Nilsen 56.000

Hornindal kommue (3 prosjekt, 458.000 kroner) Hjulhus: Trond Lødøen 8.000 Huset vårt: Huset Vårt AB 400.000 Ferjekai Kjøs: Kjell Aasebøstøl 50.000

Inge Fænn nordfj@fjt.no

utbedringar: Eid Kyrkjelege Fellesråd har blitt tildelt 300.000 kroner til reperasjon av kortaket på Eid kyrkje. arkivfoto


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2017 9

Singerheimen fekk pengar: Direktøren for kulturminnefondet, Simen Bjørgen (midten) kom til Singerheimen og overrekte tildelingsbrevet til styreleiar Åsne Folstad saman med styreleiar i fondet Jon Birger Østby. foto: inge fænn

Historie i veggane: Hagevik Tøndefabrikk i Vågsøy har søkt om og fått 250.000 kroner til restaurering av murane. foto: jo carlson

Blir berga: Steinar Dvergsdal skal restaurere presteløa på Innvik Gamle Prestegard, mellom anna for midlar frå kulturminnefondet. foto: inge fænn


10 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA SEPTEMBER 2017 11

BYGGEVAREN BYRKJELO AS

Framtidsfylket traineebedrift 2017-2018

1 ! ! ! ' '*! "! # ' #'! # 0'! & ! ! ! + !! * # ! / # ' ) %$ ( ./, ' $ $ % - - (- - #' !

Vi er no blitt SYSTEMHUSforhandlar. www.systemhus.no

Kom innom for ein god handel!

Gamleveg gen 2, 6826 Byrkjjelo telefon. 57 022 01 60 byggevaren.byrkjelo@enivest.com www.byggtorget.no Besøk oss ogsü pü Facebook

BLĂ…SEISOLERING - Etterisolering av gamle bygg - Isolering av nybygg

Fjordanne

ISOLERING

VI KJEM GJERNE PĂ… BEFARING!

Gunnar Kjørvik, 6823 Sandane Telefon 918 27 844 e-post: gatlekj@online.no - www.cbinorge.no

VARMEPUMPER

Vi har lang erfaring med sal og montering av varmepumper

Eid Elektro sel og monterer varmepumper over heile Nordfjord. Vi har meir en 15 ürs erfaring og er ein stabil leverandør av luft-luft varmepumper. Vi er leverandør av Toshiba og Mitsubishi. Ta kontakt med oss for pris og tilbod. Kontakt oss pü tlf:57864760 eller epost:post@eidelektro.no

Treng du hjelp til kvisting eller fjerning av store, vanskelege tre? Vi har kompetansen du treng! Har du eit granfelt eller furufelt? Ta kontakt sü kjem vi pü synfaring og gjer deg ei verdivurdering. Vi tilbyr òg rydding av skogsveg, utsiktsrydding, plantevern og plen- og gartnertenestar m.m. Synfaring er kostnadsfritt og vi kjem pü kort varsel!

Ă˜yane 12 2 - 6770 Nordfjordeid

www.elproffen.no

Tlf.: 908 74 799 / 993 62 049 E-post: landskapsservice@gmail.com www.landskapsservice.no

St er ke, sikre og vakre er ! takpann

Isola Powertekk Exclusive For deg som vil ha et vedlikeholdsfritt og eksklusivt tak! A.O. BAKKE SAG & HĂ˜VLERI AS Hjelmelandsdalen – 6770 Nordfjordeid / Tlf 57 86 23 62

Stort fargeutvalg i høyglans og matt. Tilbehør i egne lakkerte Exclusive farger.

BYGG FAG

Fagbutikken i Ditt Distrikt www.byggfag.no

Følg oss pü facebook.com/byggfagkjeden sü gür du ikke glipp av gode kampanjetilbud!

www.byggfag.no


12 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

slik må det gjerast: «Lovverket gir seljar (av bustaden) ei opplysningsplikt overfor kjøper om feil og manglar som seljar kjende til». Dette skriv fylkesleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund om i dagens informasjonsspalte i Hus & heim-magasinet. teikning: turid breidalen

Seljar si opplysningsplikt

Ei stadig kjelde til konfliktar er saker om feil og manglar som blir oppdaga etter bustadkjøp. Lovverket gir seljar ei opplysningsplikt overfor kjøper om feil og manglar som seljar kjende til, men kva opplysningar må seljar eigentleg gje? Ein les til stadigheit i media om bustadsal som blei eit mareritt for kjøpar. Ofte meiner kjøpar at seljar har unnlate å opplyse om ting ved bustaden som kjøpar burde ha blitt opplyst om. Kjøpar føler seg gjerne lurt når han eller ho i etterkant oppdagar feil med bustaden som ikkje var forventa. Resultatet er ikkje sjeldan ein tvist mellom seljar og kjøpar, som ofte endar med dyre prosessar i rettssystemet. Korleis kan ein som seljar sikre seg at bustadsalet ikkje endar med rettssak? Vårt beste råd er å bruke eigedomsmeklar i samband med eigedomssal for på den måten å kunne vere trygg på at salsprosessen skjer på ein mest mogleg profesjonell måte der både seljar og kjøpar sine interesser blir varetekne. Det er likevel viktig å vite at du som seljar har eit viktig ansvar for å lese gjennom salsdokumenta og sørge for at eventuelle feilopplysingar, også i sjølve taksten, blir retta. Om ein sit med kunnskap om forhold ved eigedomen som ikkje er omtalt i takst eller salsoppgåve, men som ein har grunn til å tru at seljar har interesse av, må ein sørge for at slike opplysingar kjem med før salet blir annonsert. I dag er det blitt vanleg med såkalla utvida takst (bustadsalsrapport eller tilstandsrapport) ved sal, noko som særleg vil vere lurt ved litt eldre bustadar. Slike

rapportar inneheld ei betydeleg grundigare teknisk vurdering av bustaden og vil nok medverke til eit lågare konfliktnivå. Sal av brukt bustad blir regulert av avhendingslova. Denne lova gir mellom anna seljar ei opplysningsplikt overfor kjøpar om forhold ved bustaden som ein kjenner til eller må kjenne til, og som kjøpar har grunn til å rekne med å få. I tillegg gir lova seljar ei plikt til å gje korrekte opplysningar om bustaden. Dersom seljar ikkje oppfyller opplysningsplikta, risikerer ein å bli møtt med krav frå kjøpar for feil eller manglar på bustaden som ein ikkje har opplyst om. Slike reklamasjonskrav kan vere krav om retting av feil og manglar, krav om prisavslag, krav om erstatning og i siste konsekvens krav om heving av heile kjøpet. Seljar treng ikkje klandrast for å ha gitt gale opplysningar, også opplysningar som er gitt av seljar i god tru blir ramma av regelen. Seljar har som utgangspunkt eit såkalla objektivt ansvar for at dei opplysningar ein gir om bustaden er korrekte. Det må likevel vere snakk om opplysningar av eit visst omfang. Feil opplysningar som er heilt bagatellmessige medfører ikkje noko ansvar for seljar. Seljar vil kome seg unna ansvar dersom feil opplysningar blir retta i tide, normalt før bindande bod blir gitt av kjøpar. Her er det viktig at rettinga skjer skriftleg slik at det ikkje skal bli noko tvil i ettertid. Vedtekta om rette opplysningar gjeld ikkje berre opplysningar gitt av seljar sjølv, men også opplysningar gitt av seljar sine representantar – typisk eigedomsmeklar eller takstmann. Om ein som seljar er usikker på om ein opplysning ein gir er korrekt, bør ein ta uttrykkeleg atterhald om dette overfor kjøpar. Seljar skal etter avhendingslo-

va gje opplysningar om alle forhold ved eigedomen som seljar kjende til eller måtte kjenne til, og som kjøper hadde grunn til å rekne med å få. Ein meiner her aktuelle negative forhold ved eigedomen. Om seljar t.d. veit at det lek vatn frå garasjetaket, skal seljar opplyse om dette. Opplysningsplikta strekk seg i utgangspunktet berre til det seljar faktisk veit. Er seljar sin kunnskap om eigedomen avgrensa, er det tilstrekkeleg at seljar gir dei opplysningane som han eller ho faktisk sit med. Det vil deretter vere opp til kjøpar å gjennomføre ytterlegare undersøkingar. Opplysningsplikta medfører ikkje ein aktivitetsplikt for seljar, han treng ikkje sjølv å føreta undersøkingar for å skaffe seg meir informasjon om forhold han har avgrensa kunnskap om. Seljar pliktar berre å formidle vidare dei opplysningane han faktisk har. Ein typisk viktig ting som seljar normalt har plikt til å opplyse om, og som mange seljarar gløymer, er om det er utført arbeid på bustaden ved hjelp av eigeninnsats. Særleg kan det bli problematisk når dette gjeld arbeid som ikkje er heilt kurant for ufaglærte å utføre. Om ein seljar som ikkje er fagmann sjølv t.d. har renovert badet, må dette bli opplyst i salsdokumenta. Det er ikkje berre opplysningar knytt direkte til bustaden som seljar har opplysningsplikt om. Også forhold som knyt seg til eigedomen generelt kan seljar plikte å opplyse om, dersom kjøpar har grunn til å rekne med å få desse. Døme på dette er opplysningar om pågåande konflikt med nabo, periodevis støy frå grustak i nærleiken eller illeluktande dyrehald i nabolaget. Dette er forhold som kan vere vanskeleg å oppdage sjølv under visinga og som gjerne

heller ikkje kjem fram av taksten. Også der seljar «måtte kjenne til» forhold ved bustaden, har han opplysningsplikt. Vi snakkar her om situasjonar der seljar ikkje sit med positiv kunnskap om eit forhold, men ikkje har nokon rimeleg grunn til å ikkje ha slik kunnskap. Seljar har til dømes registrert stadig problem med vatn frå dusjen som renn ut på golvet utan å reflektere over manglande fall. Det skal likevel mykje til for at seljar får ansvar for å ha late ute å opplyse om forhold som seljar ikkje hadde kunnskap om. Av rettspraksis følgjer det at det blir kravd grov aktløyse hos seljar. Avslutningsvis er det viktig å påpeike at det berre er der det faktisk hadde verka inn på kjøpet at opplysningar ikkje er blei gitt, at seljar kan haldast ansvarleg. Eit typisk døme er der kjøpar hadde kome til å gitt eit lågare bod dersom opplysninga om eit bestemt forhold hadde vore kjent. Kanskje det ikkje hadde blitt gitt noko bod i det heile. Tilbakehold av opplysningar om forhold som er helt bagatellmessige medfører likevel på same måte som ved feil opplysingar ikkje ansvar for seljar.

HL veit råd •• Huseiernes Landsforbund (HL) er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er fylkesleiar i HL Sogn og Fjordane, og i samband med Hus & heim-bilaget kjem han med gode råd til huseigarar. Jan erik mardal Huseiernes Landsforbund


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2017 13

Vi gir deg folk i Nordfjord på papir, nett og mobil – kvar dag, heile døgnet.

57 84 90 00 – nordfj@fjt.no – nordfjordsamkøyringa.no


14 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Laga av bryllaupsbjørk: Dette vart resultatet då Ole-Martin Halsteinslid (21) fekk det spesielle oppdraget med å lage vogge av ei bjørk brukt til «bjørketale» i samband med bryllaup. Oppdragsgjevar Ove Lillestøl forsikrar at det er bjørka dei bar inn i lokalet som er brukt. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD


NORDFJORDSAMKØYRINGA SEPTEMBER 2017 15

Fine detaljar: Vogga er ein kopi av ei gammal vogge frå Lillestøl-garden på Løkjaneset. Same type vogge er også funne på Leikvin.

CNC: Du kan få til det meste med datastyrt fres.

Kan demonterast: Det er gjort justeringar ved vogga i høve til originalen, mellom anna kan ho takast frå kvarandre.

Data: Kulene på toppen av gavlane er fine detaljar. Vogga er teikna i 3D og datafresa. Pussing, høvling og liming er handarbeid.

Vart til av ein bryllupstradisjon

Som elev på lina for Industriell møbelproduksjon fekk Ole-Martin Halsteinslid eit spesielt oppdrag: lag ei vogge av ei bjørk. – Vogga er spesiell, eg er veldig nøgd med den, seier OleMartin om møbelet han laga på oppdrag frå Ove Lillestøl, leiar på avdeling for yrkesfag ved Eid vidaregåande skule. Lillestøl har slektsrøter på Haugen, der dei har ein tradi-

sjon med å bere ei boga bjørk inn i bryllaupslokalet, med tilhøyrande «bjørketale». Bjørka skal så bli til voggemeiar.

– Fekk plankane i handa

Då bror til Ove gifta seg i 2014, heldt dei tradisjonen med bjørketale ved like. Men i staden for å nøye seg med berre meiane, laga dei ei heil vogge. Vogga er ein nøyaktig kopi av vogga faren deira låg i som liten på Løkjaneset. Vesle Sofie har allereie brukt det fine møbelet. – Eg fekk bjørkeplankane i handa og i oppgåve å lage ein kopi av den gamle vogga. Først måtte eg teikne den i 3D, så la eg teikningane inn på ein CNC datafres som gjorde det meste av jobben. Berre pus-

sing, høvling og liming var handarbeid, fortel Ole Martin.

– Fekk Meget godt

21-åringen er for lengst ferdig med den toårige møbelsnekkarutdanninga. Etter to år som lærling ved Nordvestvinduet er han no tilsett ved verksemda i Almenning. Halsteinslid likar utfordringar, og fortel at han er den første i historia til Nordvestvinduet som har laga eit bogevindauge på fagprøva. – Det var for kjedeleg å berre lage eit vanleg firkanta. Eg måtte gjere noko vanskelegare. Bogevindauget var ei tinging frå ein kunde til Nordvestvinduet. Så eg laga det, og fekk Meget godt. Vogga og bogevindauget er det mest

spesielle eg har laga. Voggesnekkaren var ikkje heilt tilfeldig vald. – Eg måtte ha ein elev med nok kunnskap til å lage teikningane i Solidworks 3D teikneprogram, og som kunne bruke CNC datafres. Eg ynskte også å gjere nokre små endringar. Sengebotnen skulle lenger ned og ein måtte kunne demontere vogga, seier Ove Lillestøl.

Moderne maskinpark

Lillestøl fortel at Eid vidaregåande skule har investert i ein topp moderne maskinpark ved lina for Industriell møbelproduksjon. – Nyleg kjøpte vi ein femaksa fres til 1,5 millionar kroner. Vi prøvar å lære elevane å

teikne i Solidworks 3D først, før dei så lærer seg med fresen så tidleg som råd i utdanningsløpet. Vi har tolv elevar innan dette fagfeltet årleg, og sender dei ut som lærlingar i verksemder i Nordfjord og på Sunnmøre, avsluttar Ove Lillestøl.

Favorittmøbel Namn: Ole-Martin Halsteinslid Alder: 21 Adresse: Haugen i Eid Bur: i leilegheit på loftet hjå mora JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no


16 SEPTEMBER 2017 NORDFJORDSAMKØYRINGA

. i v r e r e H DIN

MEDIERÅDGJEVAR

Vi er 20 medierådgjevarar, 8 aviser og 2 samkøyringar som kjenner Sogn og Fjordane og kundane dine. Frå venstre Odd Rune, Rune, Atle, Ove Andre, Helge, Ørjan, Sander, Anne Hilde, Lisebeth, Paula, Knut Øyvind, Sølvi, Marianne, Bodil, Trude, Solveig, Hanne, Hilde, Anne og Elisabet.

Bli kjend med oss på: avisenesf.no

Sogn og fjordane

38.000 lesarar

86.000

40.000

lesarar digitalt og print

30.000 lesarar

18.000 lesarar

lesarar digitalt og print

15.000 lesarar

11.000 lesarar

7.000 lesarar

7.000 lesarar

3.000

lesarar digitalt og print

3.000 lesarar

Alle tal: Forbrukar og Media 17/1


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.