Havsalt Sommar 2021

Page 1

HAVSALT SOMMAR KINN STAD BREMANGER VANYLVEN

SOMMARMAGASIN 2021


MÅLØYRAID SENTERET Et krigshistorisk opplevelsessenter

FØLG MED PÅ VÅRE NETTSIDER OG FACEBOOKSIDER FOR VÅRE

VELKOMEN TIL EIN HAVSALT SOMMAR Majestetiske fjell, kritkvite strender, ville kystlandskap, fantastiske turmoglegheiter, unike fyr- og museumsopplevingar, lokal, kortreist mat og gardsopplevingar er berre noko av det ein kan oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven kommunar. I Havsalt sommar har vi plukka ut eit knippe av dei mange attraksjonane i regionen, samt eit utval av gjestehamner i våre kommunar. I samarbeid med Ytre Nordfjord Turlag, Midtre Nordfjord Turlag, Keipen Turlag og Flora turlag viser vi også fram eit utval fotturar som du kan gå aleine, saman med vener eller heile storfamilien. Vi håpar dette kan bidra til å lokke turistar til vår fantastiske region. Kanskje kan vi også freiste turistar til å vere turist i eigen region. Havsalt sommar er gitt ut av Fjordenes Tidende i mai 2021, i eit opplag på 15.000 eksemplar. Ansvarleg redaktør: Erling Wåge Magasinredaktør: Svanhild Breidalen Marknadsansvarlege: Kim Andre Gangeskar og Monica Refvik Tekst: Elise Silden, Svanhild Breidalen, Eirik Gard Endal Framsidefoto av Torskangerpoll: Liv Hilde Gotteberg Trykk: Polaris Trykk Ålesund Foto: Svanhild Breidalen, Louise Nygaard, Bjørn Erik Drabløs, Gjert Myrestrand, Erling Wåge, Janne Weltzien Listhaug, Julianne Flølo, Siri Kolseth, Jørn-Arne Tomasgard, Kjell Aga Ulvestad, Andreas Hellenes, Christina Cantero, Eirik Gard Endal, Gry Seim, Johan Trygve Solheim, Wenny Irene Hansen, Havhesten, Jørgen Blålid, Eivind Nordvik Hauge, Ingebjørg Nilsen Stokkenes, Visit Fjordkysten, Kristina L. Myrseth, Ingrid Elisabeth Haugen, Karoline Hildenes, Ytre Nordfjord Turlag, Barnas Turlag Eid, Ein stad i Stad, Tor Magne Gangsøy, Svein- Magne Tunli, Bjørn Inge Strand, Natalie Beitveit, Kristina L. Myrseth, Syvdsnesrappel, Stig Silden, Jermund Rekkedal, Tunheimsfjøra, Else Jonfrid Aasen Hole, Sidsel Otnes, Arve Per Kvalheim, SvennPetter Kjerpeset, Jannike Brenden Frøyen, Kirsten Grotle, Merete Haarklau, Kristian Berentzen, Calle Magnusson, Stadlandet Båtlag, Johan Vadøy, Notaplassen hamn og camping, Sandvik småbåtlag og private foto.

ÅPNINGSTIDER I SOMMER KINN SIDE 3 STAD SIDE 19 BREMANGER SIDE 27

WWW.MALOYRAIDSENTERET.NO FB.COM/MALOYRAIDSENTERET

VANYLVEN SIDE 33 15 TURTIPS FRÅ DNT SIDE 38 GJESTEHAMNER SIDE 42 HENGEKØYELIVET PÅ KYSTEN SIDE 44

H.M. Dronning Sonja Holder i sommer utstilling med grafikk og keramikk i lokalet til

DEN BLÅ HESTEN

20.6 - 15.8:

Åpning søndag 20.6 kl. 18.00 Salgsutstilling.

Åpningstider: Uke 25: Man 21.6 - ons 23.6 kl. 15.00 - 18.00 Tor 24.6 - søn 27.6 kl. 14.00 - 18.00 Ellers: Onsdager: Torsdager: Fredager: Lørdager: Søndager:

kl. 15.00 - 18.00 kl. 14.00 - 18.00 kl. 14.00 - 18.00 kl. 14.00 - 18.00 kl. 14.00 - 18.00

Ved forespørsel blir det mulighet for grupper å komme utenom åpningstider.

Den Blå Hesten, Gate 1, nr. 98 - 6700 Måløy - Tlf.: 994 02 996 / 922 23 370

2

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


KINN KOMMUNE TJUE TING DU KAN GJERE

BESØK EIT AV DEI FIRE FYRA

1

FOTO: SVANHILD BREIDALEN

I Måløy-området av Kinn finn ein fire fyr: Ulvesund, Hendanes, Skongenes og Kråkenes. Alle byr på flott utsikt i både storm og stille. Hendanes Fyr i Færestrand er eit heilt spesielt fyr med utsikt rett ut i havgapet. Fyret blei nyleg gjenopna etter rehabilitering av fyrvegen, utskifting av rekkverk og rassikring. Turen er kort og tilpassa for barn. Nydeleg i solnedgang, men også på andre tider av døgnet. Kråkenes fyr er både nasjonalt og internasjonalt kjent for røffe vêrforhold der det ligg på ei klippe med Stadhavet som næraste nabo. Dette fyret er den meteorologiske vêrstasjonen i Norge med flest stormdøgn, enkelte år over 100.

3


GATEKUNSTEN FARGELEGG KYSTBYEN FANG SOLSTRÅLANE PÅ STRANDA

2

Refviksanden har fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på Nord-Vågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, eller solnedgangen, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet. I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar. Refvik Bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar, og dessutan parkering, sanitæranlegg og kiosk. Ein liten biltur unna, på Halsør, ligg også Sætrasanden. Ved kaia på denne populære stranda kan ein stupe ned i det turkisfarga vatnet og båtar kan ankre opp.

4

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spennande kystkulturhistorie, var utgangspunktet til Tone Andal då ho bestemte seg for å satse på eit gatekunstprosjektet i Måløy og omland. Første veggmåleri blei oppført i 2017, og fleire har etter kvart dukka opp. I dag kan ein telje atten veggmåleri av norske og internasjonale kunstnarar. I Måløy sentrum finn du veggmåleri som Størja, Gullfiskaren, og det 275 kvm store veggmåleriet MS Moldøen. For å få oversikt over alle dei ulike veggmåleria kan ein følgje streetartmaloy på Instagram og Facebook og nettsida til Tone Andal, Streetartmåløy.com.

2

3

1

9

6

10 5 84 7

KINN HAR BLITT FORMA AV HAVET

3

Kannesteinen har blitt ein attraksjon som mange vil ta bilde av og på. Den spesielle steinen, som er forma av bølgjer, is og steinar gjennom tusenvis av år, og slipt med bevegelsane i vatnet, finn ein blant rullesteinane i fjæra i Oppedal, på vestsida av Vågsøy. For å best nye utsikta med steinen, bølgjene og havet er det laga til rasteplass, gangveg og utsiktsplattform rett i nærleiken av steinen.

4

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN TI TING DU KAN GJERE

RUMLAR DET I MAGEN?

5

Det er ikkje farleg å bli svolten medan ein er på tur i Måløy-området. Om du får lyst på god, heimelaga mat kan du besøke Kraftstasjonen Restaurant midt i sentrum. Havfruen på torgkaia er kjende for fiskeburgaren sin, og hos La Voile i Gate 1 kan du få både sushi og andre rettar. Thailandsk rettar kan du nyte hos Torget Mat eller frå matvogna til Nybakks Thaimat på fastlandet. Kafeane Liljen i Måløy og Bakeriet i Deknepollen har ope, og både Splitt Bowling og pizzarestauranten San Marino tar imot svoltne gjester.


KOM NÆR DYRA PÅ BESØKSGARDEN

6

I Holvik ligg ein liten, koseleg gard, Holvik Gård, der ein kan få sjå og møte dyr. Paret som driv garden har ikkje faste opningstider, men gir omvising etter avtale, og ein kan lettast booke tid via Facebook. På omvisinga får ein eit innblikk i korleis dei driv småbruket for å vere sjølvforsynte og hente mest mogleg ut av ressursane dei har. Ein får også helse på både høns, kaninar, ender og sauer. Ein får vere med på mating av dyra og forhåpentlegvis får både store og små lære noko nytt.

VAR SENTRAL FRAM TIL 1800-TALET

9

Vågsberget handelsstad er den eldste handels- og gjestgivarstaden i ytre Nordfjord med drift tilbake til 1600-talet. Det er eitt av dei best bevarte og komplette anlegga i landet. Nærleiken til rike fiskefelt gjorde også Vågsberget til den viktigaste handelsstanden fram til slutten av 1800-talet. Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgivarhus, sjøhus med eldre båtar, hovudhus og driftshus. I sommarsesongen skal dei ha open guiding torsdag til søndag.

NYT UTSIKTA OVER BY OG HAV

7

På Vågsøy og fastlandet kan ein finne mange fine plassar å sjå ut over hav, by og bygd på. Her ser ein utsikt over Måløy frå fjellet Kletten, der det også er sett opp ei dagsturhytte.

KJENN SJØSPRØYTEN I ANDLETET

KOM TETT PÅ KRIGSHISTORIA

Sjøbris Adventure byr på eventyrlege opplevingar gjennom leik og utfordringar på sjøen og i fjæra. Dei tilbyr blant anna coasteering, padling og yoga i Flow Studio i Måløy sentrum. I Flow Studio finn du også turistinformasjonen. I veke 25 og 26 arrangerer Sjøbris sommarcamp for barn i alderen 8–12 år. Her får barna ein god dose moro og ikkje minst læring med fokus på tryggleik, sporlaus ferdsel og meistring. Er du på jakt etter adrenalinkick med høg fart og spenning eller kanskje ein spektakulær tur med slalåm mellom holmar og skjær i flotte omgjevnadar? Storm at Stad er et action- og eventselskap i Måløy som byr på spennande og morosame opplevingar i RIB-båt. Koronarestriksjonar gjer at dei ikkje køyrer med full kapasitet, anna enn for kohortar, men selskapet legg til rette så det skal vere trygt for alle å reise på tur.

Om du er interessert i å lære meir om historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge er Måløyraidsenteret noko for deg. Her blir du tatt med på ein autentisk tur gjennom historia om Operation Archery, Måløyraidet, som utspente seg i gatene i Måløy 3. juledag i 1941. Andre etasje i bygget er via til historia rundt sjølve Måløyraidet som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadane. Tredje etasje gjer ære på kaptein Martin Linge, Kompani Linge og fortel historia rundt Shetlandsfarten. I fjerde etasje har det kome ein ny utstilling med forteljinga om tysklandbrigaden og dei 50.000 nordmennene som tenestegjorde der etter krigen. Frå sesongopninga i juni vil senteret vere ope for publikum kvar dag til eit stykke ut i august månad.

8

10

5


BESØK DEN NYRESTAURERTE KYRKJA

KVA MED EIT FORFRISKANDE BAD?

1

3

Øya Kinn ligg i havgapet vest for Florø. Her ligg Kinnakyrkja, ei steinkyrkje bygd i romansk stil som truleg er frå 1100-talet. Kyrkja er dermed den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord. Det årlege og kjende Kinnaspelet blir framført på øya, men som i 2020 er det også avlyst i 2021 grunna koronaviruset. Men øya er likevel verdt ein tur. På Kinn er det overnattingsmoglegheiter, og ein kan reise til øya med rutebåt frå Florø. Ein kan også gå tur til den særeigne fjellformasjonen Kinnaklova, der det er flott utsikt. I sommar tilbyr Visit Fjordkysten pilegrimscruise til Kinn og Svanøy.

I november i fjor blei badeanlegget i Florø, Havhesten, opna etter ei tid med oppussing og renovering. Det flotte badeanlegget står fram i helt ny drakt. Hovudbassenget er 25 meter langt og 4 meter djupt. Der er tunnelsklie og stupebrett på 1, 3 eller 5 meter. Der er òg terapibasseng med 33 grader i vatnet og bassenget er utstyrt med ein boblebenk for maksimal avkopling. På Havhesten er det også kafeteria, treningssenter, kontorfløy og konferanserom. Havhesten er det mest besøkte badet i gamle Sogn og Fjordane fylke med cirka 87.000 besøkande i 2018.

BESØK EIT AV NORGES STØRSTE

TREFF HJORTEN PÅ VAKRE SVANØY

2

4

Mellom Stavang og Eikefjord, med høge fjell og beitemarker på eine sida og fjorden på andre sida, ligg det unike helleristningsfeltet i Ausevika,. Feltet inneheld over 350 figurar og er eit av dei største i Norge. Figurane er over 3.000 år gamle. Motiva er menneske, dyr, geometriske teikn og spiralar. Området er laga flott til for publikum med gangbruer og ligg ein kort rusletur frå parkeringsplassen. Anlegget har toalett.

På Svanøy ligg Norsk Hjortesenter som har oppdrett og forsking på hjort. Senteret tilbyr omvising, der ein mellom anna kan bli med på fôring av hjort, kurs og seminar, og kan kjøpe produkt som hjortekjøt og hjorteskinn. Ein kan også få omvising på resten av øya, inkludert Svanøy Hovedgård. Det går bilførande båt til Svanøy frå Florø. I sommar tilbyr Visit Fjordkysten pilegrimscruise til Kinn og Svanøy.

KINN 10 9 5 1

7

38

6 2

4

6

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN TI TING DU KAN GJERE


HAR OPPGRADERT FRIOMRÅDET

5

KYSTMUSEET GIR DEG KYSTHISTORIA

8

Friområdet på Sørstrand ligg to kilmeter frå Florø sentrum. På varme sommardagar kan ein reise dit og ta eit bad på den fine sandstranda. Området er godt lagt til rette for aktivitetar for heile familien, med både sandvolleyballbane og moglegheiter for grilling. Foreininga Sørstrand Folkepark utviklar området stadig. For nokre år sidan vart det laga ein ny tursti til friluftsområdet, og det er gangbruer til nokre holmar som ligg rett utanfor stranda. I år var det nyopning av området, og neste år er det også planlagt bygd nytt service- og sanitæranlegg.

I sjøkanten litt utanfor Florø sentrum kan ein finne Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Her er det mellom anna faste utstillingar om båtar og sjøhistorie frå området, det tradisjonsrike sildefisket og om Florø si 160 år lange byhistorie. I tilknyting til museet ligg også Snorre-ankeret, som har ei utstilling om den norske oljeverksemda. Museet vart oppretta i 1980, og bygga og holmane er bunde saman med eit nett av stiar og gangbruer. Kystmuseet eig også fleire historiske anlegg langs kysten, som Vamråk Sildesalteri i Kalvåg og Vågsberget utanfor Måløy.

FLOTTE FYR OG HOLMAR Å BESØKE

KOS DEG MED NOKO KALDT Å DRIKKE

6

Berre ei kort båtreise frå Florø ligg moglegheitene opne. Her kan ein besøke øyer som Reksta, Askrova, Svanøy og Skorpa. På øyane i Florabassenget er det rike turmoglegheiter. På fleire av øyane er det butikk og moglegheiter for overnatting. Båtturen i seg sjølv er ei vakker oppleving, og frå sjøen kan ein mellom anna sjå Stabben fyr, som dekker nesten heile skjæret som det står på. Blant dei mange aktivitetane ein kan gjere er å gå Reksta på langs, ta ein sykkeltur på Askrova eller overnatte på Kvanhovden fyr på Hovden eller Batalden Ishus på Fanøy. I sommar tilbyr også Visit Fjordkysten fyrsafari med Atløy.

TA DEG EIN TUR PÅ BRANDSØYÅSEN

7

Den nesten 300 meter høge åsen er eit populært turmål i området, og kan nåast både til fots og med sykkel. Det er mange stiar å velje mellom på vegen til toppen, og ein kan mellom anna starte frå Torvmyrane, Solheim eller ein parkeringsplass i Brandsøy. Når du har kome deg opp på toppen av åsen, kan du nyte utsikta over Florø, fjorden og øyane i Florabassenget. På toppen av Brandsøyåsen er det laga til gapahuk og benkar der ein kan ete turnista si.

9

Vesle Kinn ligg i Strandgata i sentrum av Florø. Dette er både ein ølkafé og testbryggeri for Kinn Bryggeri, som har heile produksjonen sin i kystbyen. Vesle Kinn har eit rikt utval av drikkevarer. Frå slutten av juni til midten av august er det vanlegvis omvising og ølsmaking til faste tider. Ein kan også få dette på førespurnad til andre tider på året. Vesle Kinn er ei kulturscene, og til vanleg er det fleire arrangement som konsertar og quiz. Grunna koronaviruset kan programmet bli annleis denne sommaren.

SPASER GJENNOM 161 ÅR BYHISTORIE

10

I 2020 feira Florø 160 år som by. I nærare 140 av desse åra var byen ute ved kysten den einaste i gamle Sogn og Fjordane. I den trivelege Strandgata kan ein gå innom butikkar og setje seg på kafé. Medan ein går gjennom gata kan ein oppleve historia til gamle, tradisjonsrike bygg og om Florø. Staden fekk bystatus grunna den store aktiviteten som sildefisket lagde i området. Skilt på titals av bygga og statuar fortel mykje om bylivet gjennom generasjonar. Ein tur i gata blir dermed ein historisk spasertur.

7


TRYGG HANDEL

SOMMERGLAD HANDEL

Takk f or at d butikk ere besøk er ene v åre. God s omme r!

Rema 1000 | b.young | Vitusapotek Måken | Notabene | Nille | Måløy Treningssenter

ÅPNINGSTIDER 10-18 (15) For nærmere informasjon om åpningstider besøk www.maloybrygge.no

SJØKANTEN HATLEVIK Bo lettvint i leilighet ved Sjøkanten!

8

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


Vi håper og tror at koronasituasjonen er slik at vi kan gjennomføre festivalhelgen Torsdag 12. august:

Elvis In Church / “The Wonder of You” Elvis Gospelkonsert i Måløy Kirke kl. 1830 og 2100. 10 internasjonale og nasjonale solister /Sideshow Bob m/korgruppe /Elvis Koret Festivalteltet «Graceland» (kvelds arrangement)

Fredag 13. august:

Diogo Light Brasil/USA

“Madison Square Garden 72” / Fenomenet Elvis In Måløy Kveldens hoved show med 5 inter-/nasjonale artister m/live band «SideShow Bob» med korgruppe og Måløy Songlag 6 stk show med 10 inter-/nasjonale artister m/live band «SideShow Bob» og «The Mel’s»

Bill Cherry USA

Lørdag 14. august:

“Aloha From Hawaii” Hoved show «Aloha From Hawaii» solister og live band og korgruppe 6 stk nye show med inter-/nasjonale artister m/live band Finale avslutning med “Johnny B Good” 6 inter-/nasjonal artister Eddy Popescu Canada

Morgan Vøien Bud/Norge

Dag arrangement fredag og lørdag

kl. 11-16 Comeback Special 68 som egen Torg konsert Sceneshow fra to scener i sentrum. Elvis Parade igjennom sentrum. Elvis in Movies/AM.Car/Veteranbil-utstilling/parade. Elvis Barbeque Dinner.m.m Festivalpass på Ticketmaster Utvidet bobil / campingvogn parkering (plassbestilling på elvisfestivalen.no)

Følg oss på: elvisfestivalen.no / E facebook.com/elvisfestivalen Festivalpass på Ticketmaster og Classics Måløy.

Isak Søraa Måløy

Mark Summers England

EN STOR TAKK TIL VÅRE GAMLE OG NYE SPONSORER. HOVEDSPONSORER:

MELLOMSPONSORER:

SPONSORER:

Nordfjord AS

9


MÅLØY

KORTREIST OG FERSK SJØMAT • • • • •

MALING, TAPETER, VINYLGULV, LAMINATGULV, PARKETT, GARDINER, SOLBLENDING, LAMPER, GAVER OG STRIKKEGARN.

Alltid fersk fisk i disken Smakfulle middagsretter Hjemmelaget fiskekaker Næringsrike lunsjretter Cateringbestilling

IMPORTØR AV FLISER

BUTIKKEN I MÅLØY SENTRUM MED DET STORE UTVALGET

Du finner oss midt på Torget i Måløy • Telefon 57 85 23 36 • Følg oss på Facebook

Fargerike Måløy – Gate 1 nr 124 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no

r å V

R E T E H NY SUP brett 320cm. Bag, pumpe, rep-kit og padleåre følger med.

TILBUD

Merida Crossway dame

La Sportiva Ultra Raptor II Mid GTX Hikingsko herre

TILBUD 7999,-

TILBUD 2299,-

3799,La Sportiva Ultra Raptor II Mid GTX W`s Hikingsko

TILBUD 2299,SUP brett Tech 300cm. Bag, pumpe, rep-kit og padleåre følger med.

TILBUD 1899,-

MÅLØY STORMARKED, DEKNEPOLLEN, TELEFON 57 85 33 33 - GRATIS PARKERING WWW.SPORT-S.NO

HAVSALT SOMMAR 2021

TILBUD 7999,-

VJ Irock3. Terrengløpesko med ekstremt godt grep til dame og herre.

TILBUD 3299,-

10

Merida Crossway 100

KINN

750 kvm sportsbutikk


LEILIGHET 17 - 20 112 m2 2 soverom kr. 3.690.000,-

Topp moderne leilighetskompleks med fjordutsikt

Kun 4 leiligheter igjen

Svelgen Panorama er et unikt prosjekt med fantastisk fjordutsikt.

G DI LE

G DI LE

G DI LE

LE

DI

G

Tidligere Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS), skal få nytt liv ved hjelp av moderne byggekunst og teknologi. Bygningsmassen skal gjennomgå en forvandling til ett moderne leilighetskompleks med en toppetasje bestående av 11 leiligheter fra ca 64 m2 til ca 118 m2, hvorav 9 av disse vil ha sjøutsikt, mens resterende 2 vil være vendt mot sentrum. Alle leilighetene vil ha balkong, parkett, flis/fibo på bad/wc, kjøkken fra anerkjent leverandør (HTH evt. Espe), balansert og effektiv ventilasjonsanlegg, tilrettelagt for trådløs velferdsteknologi, samt tilrettelagt for fiber, bredbånd og kabel-tv. Byggets første etasje skal bygges om til omsorgsboliger, leiligheter og personellrom for Bremanger kommune.

For nærmere informasjon om salget kontakt Advokatfirmaet Angelshaug & Co AS Advokat Endre Rutledal M: 988 21 942

For byggtekniske spørsmål kontakt: Kent Rune Bugjerde M: 905 11 520 kent.rune@unu-as.no

Topp moderne leilighetskompleks ved sjøkanten Byggestart mai 2021

For nærmere informasjon om salget kontakt Advokatfirmaet

SOLGT RESERVERT

Angelshaug & Co AS

SOLGT

Advokat Endre Rutledal

SOLGT SOLGT

M: 988 21 942

SOLGT

SOLGT

SOLGT For byggtekniske spørsmål kontakt:

Bryggekanten er et unikt prosjekt. Tidligere butikklokale ved sjøkanten på Bryggja skal få nytt liv ved hjelp moderne byggekunst og teknologi. Den tidligere Bunnprisbutikken skal gjennomgå en forvandling til et moderne leilighetskompleks bestående av 11 selveierleiligheter med tilhørende parkeringsplass.

Kun 4 leiligheter igjen

Tom Andre Svoren M: 909 39 765 tom.andre@unu-as.no

Prosjektet omfatter totalt 11 leiligheter fra ca 58 m2 til ca 85 m2 fordelt på 3 etasjer. Samtlige leiligheter vil ha sjøutsikt, balkong, parkett, flis/fibo bad/wc, kjøkken fra anerkjent leverandør (HTH evt. Espe), balansert og effektivt ventilasjonsanlegg,) tilrettelagt for trådløs velferdsteknologi, samt tilrettelagt for fiber, bredbånd og kabel-tv.

11


PROACE ELECTRIC Spesifikasjoner kan avvike fra bildet

DITT NYE ELEKTRISKE VERKTØY

FULLADET PÅ 30-45 MINUTTER**

330 KM ELEKTRISK REKKEVIDDE*

NYTTELAST 1 TONN*

HENGERVEKT 1 TONN*

ENOVA-STØTTE

Nyheten Proace Electric kan laste opp mot ett tonn, og kan trekke like tungt. Den har en elektrisk rekkevidde på 330 kilometer, og siden batteriet ligger under gulvet, har den god plass og lavt tyngdepunkt. Få full oversikt og komfort med 360 graders ryggekamera, Apple CarPlay/Android Auto og nøkkelfri låsing. Den kommer i flere lengder, og leveres med Xenon hovedlys og fabrikknavigasjon så du enkelt finner nærmeste ladestasjon.

TOYOTA PROACE ELECTRIC Pris fra 375 801,- eks. mva* Leasing fra 2 525,-/md eks. mva* 2,95 % fastrente 3 år** TOYOTA NORDFJORD OG FØRDE AS www.toyota-nf.no Variant L0 50 kWt * Pris ekskl. mva inkl frakt, lev. og reg.omk. 1 000,- ekskl. mva. Gjelder ved Leasing Plus via Toyota Financial Services basert på 36 md bindingstid, 45 000 km, startleie 100 000. Inkl. Etabl.gebyr 4 592,- og termingebyr 110,- Totalkostnad: 199 452,-. Ved Toyota Leasing Plus må to av disse tilleggstjenestene være med: Serviceavtale, Dekkhotell eller Toyota Forsikring. Kostnader ved disse kommer i tillegg. Tilbudet gjelder kun ved leasing gjennom firma. Alle priser er ekskl. mva Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: 0. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om skrivefeil. * Tentative data inntil typegodkjenning ** Hurtiglader DC: 50kWt : 100kW = 30 min / 75kWt : 100kW = 45 min

12

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


Mange flotte gjestehavner:

Legg båtferien til vakre Nordfjord i sommer!

MÅLØY HOPEN

70 båtplasser

SANDANE GJESTEHAVN

15 båtplasser

STRYN GJESTEHAVN

20 båtplasser

UTVIK MARINA

15 båtplasser

Info om gjestehavner i Nordfjord:

Foto: Thomas Hagen

BÅTUTSTYR-

BUTIKKEN I MÅLØY

NÅ ER BUTIKKEN SMEKK

FULL AV UTSTYR TIL

BÅTSESONGEN:

LOKAL OG KORTREIST MAT • • • • •

• • • • • • • • •

Båtpleieprodukter Fiskeutstyr- og redskap Flagg/vimpler Matter Redningsvester Pyntegjenstander Batterier Fritidsstoler/bord og mye, mye mer

Ferske bakervarer Smakfulle lunsjretter Alltid nylaget salater Lekre kaker til nylaget kaffe Cateringbestilling

Du finner oss på Måløy Stormarked • Telefon 57 61 10 55 • Følg oss på Facebook

Telefon 57 85 14 01

13


MÅLØ Y

Totalleverandør av produkter og tjenester - vi har det som trengs!

VERLO AS

• • • •

Hus Hytte Garasje Tilbygg • • • •

Rehabilitering Byggevarer Kjøkken Interiør

Velkommen til oss!

VI TAKKAR FOR HANDELEN OG SER FRAM TIL NESTE TREKNING!

14

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN

Bygg & Boligmarkedet AS Tlf: 578 54 900 EKpost: post@bybm.no xlKbygg.no / nordbohus.no


15


B402

Solgt

Solgt

Solgt B302

B202

B201

Kommer for salg

B203 B101 Illustrasjon: arøya

B102

BLOKK A

BLOKK B

Solgt

Solvang Boligpark er et unikt byggeprosjekt i Deknepollen, bestående av tre leilighetsbygg med totalt 33 leiligheter. Prosjektet vil være det første store leilighetsprosjektet i Deknepollen, sentralt beliggende ved sjøkanten i Deknepollen, med gåavstand til dagligvarebutikk, treningssenter mm. Prosjektet omfatter totalt 33 leiligheter med størrelser fra ca. 41 m2 til ca. 153 m2. Samtlige leiligheter vil ha egen parkeringsplass i carport, bod i første etasje, sjøutsikt, balkong, trappefri adkomst (heis) og port-telefon. Solvang Boligpark planlegges i 2 byggetrinn - Boligpark 1 og Boligpark 2. Første byggetrinn vil være blokk B med 11 leiligheter, midt på tomten. Deretter vil andre byggetrinn bestå av blokk A, deretter blokk C, beliggende på vestre og østre del av tomten.

Finnkode: 161331544 Se annonse på Finn.no for mer detaljer.

16

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


Kråkenes fyr

Ulvesund fyr

Skongenes fyr

www.ytrenordfjord.dnt.no

Følg oss på Facebook.

www.ytrenordfjord.dnt.no

Stormfyret

Kulturfyret

Turfyret

TORGET MAT

Asian food - Take away - Catering Tlf. 454 13 604

Båtkalesjer

Båtputer – madrasser

Presenninger

Ditt spisested på Torget.

Telefon: 57 85 12 30 • E-post: post@maloy-industrisom.no www.maloy-industrisom.no

Vi har skjenkeløyve og serverer nylaget mat med ferske råvarer. Her kan du spise inne i trivelige omgivelser eller ta med deg hjem. Vi har også uteservering når været tillater det. Catering til store og små anledninger, vi bringer. Se vår meny på vår facebookside eller vår nettside.

Åpningstider: Tirsdag - Lørdag ....................12.00-20.00 Søndag .....................................14.00-18.00

Sæternes, 6700 Måløy

NØKKELKLAR BÅT FERDIG BUNNBEHANDLET!

• • • • •

Lengde 5.9 m Bredde 2.2 m Vekt 500 kg Maks motorvekt 188.5 kg Maks motor effekt 59.8 kW (80 HK)

• • • •

Motor stamme Lang Maks antall personer 8 Maks last 800 kg Maks dybde 0.44 m

m/40hk s (båt motor)

VERLO AS 57 85 11 77 90 91 91 96

www.verlo.no Industrivarer Spesialvarer Båtslup Jernvarer Mek.verksted

Del dine beste sommarminne med Fjordenes Tid­ende og lesarane og bli med i trekninga av eit GoPro-kamera

r

- forbedret og forsterket for fritidsfiske.

175.00på 0,ink. mo m

ma

WEST 590 Pro

Pris starter

fotosom

Skriv ein kort bildetekst som forklarer situasjonen, fortel kven som er med på bildet og kvar det er tatt. Avslutt teksten slik: Innsendt av: Ditt namn, din heimstad. Send sommarbildet til: fjt@fjt.no. Du kan òg delta ved å bruke emneknaggen #fjtsommar på Instagram.

17


volkswagen.no

Elektrisk firehjulstrekk har eit namn:

GTX er firehjulstrekkversjonen av ID.4 No er den her, elbilen som er som skapt for norske familiar og køyreforhold. ID.4 GTX kjem med firehjulstrekk og to elektriske motorar. Den gjer unna 0 til 100 på 6,2 sekund og har ei rekkevidde på inntil 475 km. I tillegg kan den by på god plass og mange innovasjonar. Nye ID.4 GTX er ein del av Volkswagens store «Way to zero»-satsing og blir produsert og levert heilt karbonnøytral. Kanskje ikkje så rart at vi kallar den «Framtidas familie-SUV»? Les meir på volkswagen.no Frå kr 463.420,- levert Berge & Co-forhandlar. Straumforbruk bl. køyring frå 18,5 kWt/100km. CO2-utslepp frå 0 g/km. Verdiane vil endrast etter valt utstyr. Avbilda modell kan avvike frå standard. Vi tek atterhald om eventuelle feil, endringar og avvik.

18

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


STAD KOMMUNE TJUE TING DU KAN GJERE

BESØK KYRKJEGARDEN I HAVGAPET

1

FOTO: SVANHILD BREIDALEN KOMMUNE

Den unike kyrkjegarden i Ervik har mellom anna ei stor samling støypejernkross og mange englestatuar. Ved kyrkjegarden ligg også Ervik kyrkje, som er minnekapellet etter St. Svithun-ulukka i 1943. I 1943 vart hurtig­ ruteskipet St. Svithun seinka av engelske jagarfly som trudde det var tyske soldatar om bord. 50 menneske drukna og 78 menneske vart redda av lokal­befolkninga. I klokketårnet i kapellet heng skipsklokka til St. Svithun som eit minnesmerke.

19


PRESTEGARDEN HAR FÅTT NYTT LIV

8

1

9

2

7

I samarbeid med Stad kommune, startar Kristina Myrseth, som til vanleg driv Vestkapp Restaurant, no kafé i den herskapelege prestegarden midt i Seljebygda. I kaféen vil dei servere vanleg kafémat som smørbrød, salatar, kake, is og kaffi. Alt vil sjølvsagt vere heimelaga. I prestegarden blir det også regionalt pilegrimssenter, og målet til alle involverte er å ta vare på både historia prestegarden har og pilegrimshistoria. Første gang prestegarden i Selje er nemnd i skriftlege kjelder er i 1350. Hovudhuset vart reist av allmugen i 1784, og har vore bustad for prestane i bygda. Både kafé og pilegrimssenter opnar 1. juni.

7

6

10

4

NYT NATUREN OG EIT SLAG GOLF

3

I Selje ligg golfbana fint til i naturskjønne omgjevnadar. Bana ligg rett ved sentrum, like ved campingplassen. Det er mykje positivt som skjer på golfbana i Selje, med ulike arrangement gjennom året og mange nye spelarar. Sjølv om bana ikkje er av dei aller lengste, har den likevel høg vanskegrad sidan den har mange «vasshinder» i nærleiken av greenane. Golfbana har par 60 og driving-range. Klubben er heilårsope og har planar om å arrangere sommarkarusell kvar tysdag i sommarsesongen. Om ein vil spele er det berre å møte opp. Betale kan ein gjere via Vipps. Hos golfklubben kan ein leige utstyr og dei tilbyr rimeleg greenfee per dag. Då bør ein helst ta kontakt på førehand.

FRAKTAR DEG TIL KLOSTERET

4

5

2

3

STAD KRITKVIT SANDSTRAND MIDT I BYGDA

Klosterbåten i Selje skal ha daglege avgangar til den heilage øya Selja gjennom heile sommaren. Det er lagt til rette for at det skal vere god plass mellom dei reisande, og kapasiteten er difor redusert, men dette blir kompensert med fleire avgangar. Det er Fjordguiding AS som driv Klosterbåten i Selje. Dei har også nyleg utvida tilbodet sitt med RIB-båt og kan derfor tilby spektakulære turar der du samtidig får kjenne på adrenalinet. RIB-båten tar i alt tolv passasjerar og dei vil tilpasse det nye tilbodet til avgangane til Klosterbåten.

5

Ikkje berre byr Selje på vakker natur, men òg gode moglegheiter for ein avkjølande dukkert. Den 500 meter lange Seljesanden ligg berre eit steinkast frå sentrum, og rett ved Selje kyrkje. Den kritkvite sandstranda er populær og fyller seg fort opp på fine sommardagar både av lokalbefolkning og tilreisande turistar. Frå sanden har ein utsikt mot storhavet og mot heilag- og klosterøya Selja. Rett ved sanden finn ein servicebygg med toalett og dusj.

20

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN TI TING DU KAN GJERE


TEIKNA BÅT I STEIN FOR 4000 ÅR SIDAN

6

For om lag fem år sidan fann ein ei heilt ny helleristing i sjøkanten på Drage i Selje. Denne helleristinga er ein av dei største helleristingane av ein båt nokosinne på Vestlandet. Ifølgje arkeologar er helleristinga mellom 3.000 og 5.000 år gammalt. Dei trur òg at motivet av båten truleg var meir enn ein meter lang.

TAR DEG MED GJENNOM NATUREN

9

Stadt Naturguiding byr på naturopplevingar i spektakulært og kulturhistorisk kystlandskap. Det er Grete Solborg Fure som guidar deg gjennom turar i ytre del av kommunen og ein får også høyre historiene frå dei ulike stadane. I sommar er det lagt opp til ein tur over fjellet på Selja i samband med Seljumannamesse 3. juli. Andre påmeldingsturar legg Grete ut på Facebook etter kvart. Ein kan også bestille turar for grupper på minimum seks personar. Pakkekonsept som Stormtur og liknande vil bli vurdert fortløpande og opp imot gjeldande smittevernomsyn.

PRØV BØLGJENE I HODDEVIK OG ERVIK

7

Ytst i Stad kommune ligg dei to populære surfestrendene Hoddevik og Ervik som er kjende verda over. På Hoddevik er det perfekt å surfe, både på sommaren og på vinteren. Her er ein så heldig å få oppleve storslått natur, og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei heilt spesiell oppleving. Det er mogleg å leige utstyr, ta surfekurs og overnatte i Hoddevik, men sidan dette er ein populær plass å oppleve, bør ein vere tidleg ute. Grunna stor pågang i fjor har Stad kommune nemleg også i år stramma inn på retten til å slå opp telt der ein vil.

NYT MATEN OG SENSASJONELL UTSIKT

8

Norges vestlegaste fjellplatå finn ein på Vestkapp. Her får ein panoramautsikt til Stadhavet og både Vestland og Møre og Romsdal fylke. Opplev elementa i både strålande sommarvêr eller med full storm på Stad. 500 meter over havet finn også Vestkapp restaurant. Dei kjem til å ha ope heile sommarsesongen. Her kan ein altså nyte utsikta til god mat. I restauranten er det også kunst på veggane av Thomas Bickhardt Inne er det servering av heimelaga lunsj og middag med lokale råvarer. Ute er det matvogn med blant anna is, vaflar og kaker.

LEV DEG INN I SOGA OM SUNNIVA

10

Den irske kongsdottera, Sankta Sunniva, var på flukt frå vikingar då ho kom til Selja. Her vart ho gravlagt i ei steinrøys og blei seinare funnen heilt intakt. Vernehelgenen for Vestland var eit faktum, og her på øya Selja, kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. Selja kloster- og helgenanlegget er eit av dei best bevarte anlegga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot storhavet.

21


EI KOSELEG VANDRING I HISTORIA

1

SJÅ NATUREN FRÅ HESTERYGGEN

Sentrum av Nordfjordeid er rik på historie som ein kan ta ei vandring i. Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er frå vår nære fortid, medan klyngetunet på Myklebust og gravhaugane der vitnar om busetjing over mange tusen år og eit maktsenter i vikingtida. Sagaløypa er ein flott tur som tar deg med gjennom delar av denne historia. Ved enden av kulturløypa kjem du til Lunden, ei lita høgde med utsikt over landskapet rundt Nordfjordeid. Frå start til slutt er løypa om lag 1,5 kilometer i lett terreng. Via ein QR-kode kjem du inn på nettsida til løypa, der du finn kart med utfyllande informasjon og lydfiler. Tre område på Nordfjordeid vart i 2014 tatt med i Riksantikvaren sitt register over nasjonalt verneverdige by- og tettstadmiljø. Dette var garden på Myklebust med gravhaugar, trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata og eksersisplassen, som var ein militær øvingsplass.

3

På Norsk Fjordhestsenter har ein moglegheit til å helse på fjordhesten. Det blir tilbod om turar og omvising kvar dag frå 14. juni til 15. august. Det blir tilbod om leigeturar for ungar kvar dag og ein tilbyr rideturar til Utsikten, eit utkikspunkt som gir flott utsikt over Nordfjordeid. I helgene er det også tilbod om rideturar i Hjelmelandsdalen. I løpet av sommaren skal ein også ha fire aktivitetssøndagar. Fjordhestsenteret tar også imot booking frå grupper.

STAD 9 6 3 4

UTFORDRE DEG SJØLV I KLATREVEGGEN

2

På Hamna aktivitet og helse på Nordfjordeid har dei eit klatreanlegg for barn som har fått namnet Viking Warrior. Her kan barn klatre, skli, hoppe, balansere og ha det kjekt over ei madrass som dekker heile golvet. Hinderløypa blir med jamne mellom forandra slik at ein alltid skal ha noko utfordrande å prøve seg på. Viking warrior er eit klatreanlegg for barn opp til tolv år. Det er påbode med innesko eller klatresko. Dette kan ein leige på treningssenteret. For dei vaksne som også ønskjer aktivitet har senteret ein stor buldrehall på 200 kvadratmeter med over 50 ruter som blir skrudd om kvar veke. Buldring er ein enkel form for klatring der det einaste utstyret ein treng er klatresko og eventuelt ein pose med kalk. Her blir ein sett på prøve både reint teknisk og fysisk. Det er også utvikla tre utandørs klatrefelt på Haus ved Kjølsdalen. Desse har fått namnet Haushelleren, bratte og harde ruter, Road Haus, med om lag 15 klatreruter og Skogs Haus med sju klatreruter. På Hamna aktivitet og helse finn ein også ei eigentreningsavdeling på ca. 450 kvadratmeter.

22

HAVSALT SOMMAR 2021

STAD TI TING DU KAN GJERE

7

1 5 8 2

10

FJELLTUREN SOM PASSAR FAMILIEN

4

Turen til Naustdalskamben startar frå Reset i Remmedalen. Ein fin og mykje brukt tur på skogsveg og sti, som passar for heile familien. På Naustdalskamben ligg også ein av dagsturhyttene i Stad kommune. Turen er 5,4 kilometer tur/retur med ei stigning på 258 meter. Midtre Nordfjord Turlag har ti ulike turpostar kvart år som er registrert på SjekkUt-appen, som blir merka ved startpunkt og til turmålet. Ein kan også finne fleire fine turar i nærområdet på ut.no.


DEN GAMLE BANKEN ER KULTURHUS

5

SJÅ SAGASTAD OG MYKLEBUSTSKIPET

8

Arve Espe og Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid opnar sommarutstilling med fotografane Eilif Stene og Roger Brendhagen, laurdag 19. juni. I 2007 hadde Stene ei juleutstilling i Gamlebanken. Den verdskjente fotografen Roger Brendhagen, skal vise sitt Antarktis gjennom utstillinga i serien kalla «Antarctica». Sommaren 2020 blei Brendhagen utnemnt til «Global ambassadør» for fotoselskapet Nikon. Gamlebanken har også faste salsutstillingar innan måleri, litografi, foto, keramikk, trearbeid, vevnad og strikking. Måndag 21. juni opnar turistinformasjonen og er open kvar dag utanom søndagar, fram til og med 21. august.

I 2019 segla ein tru kopi av Myklebustskipet opp Eidsfjorden igjen, tusen år etter originalen. Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor av etter i Norge. Skipet fann ein i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggjarar frå Bjørkedalen har sidan 2016 jobba med å rekonstruere skipet som stod klart i fjor. Historia om skipet og den rike vikinghistoria frå Nordfjord kan ein lære meir om i vikingsenteret Sagastad. Vikingsenteret husar Myklebustskipet og ei rekke utstillingar. Sagastad opna dørene rett etter pinse, og har frå 15. juni til 15. august ope kvar dag.

SVING DEG PÅ GILDRA

VIL DU MATE EIN HJORT ELLER LAMA?

6

På utsiktspunktet Gildra har ein utsikt utover heile Eidsbygda og fjella mot sør. Huska ligg på ein fin plass saman med gapahuken og bålplassen på naturmøteplassen. Turen er rundt 1 kilometer lang, og er ein fin tur for dei minste. Ein går på grusveg heilt frå velteplassen på Rindane opp til naturmøteplassen.

9

På hjortegarden på Nave på Bryggja bur det 55 hjortar, 10 lamaar, geiter, sauer, hundar og ponniar. Her kan ein få vere med på mating av dyra, og Nordfjordhjort tilbyr også kanopadling, trøbåt, lassokasting og øksekasting. Fleire av hjortane og lamaane er drektige, så kanskje får du med deg ein fødsel eller møte ein liten kalv. Grunna koronarestriksjonane blir det eit avgrensa tilbod på garden. Nordfjordhjort vil oppdatere i sine kanalar om årets tilbod.

KOS DEG I PARKEN I SENTRUM

7

Sa­ga­par­ken må kun­ne om­ta­last som Nord­fjord­eid sin fi­nas­te park. Her finn ein mel­lom anna lei­ke­ap­pa­rat, ei eiga sand­strand med rampe ned til sjø­en og ei sand­vol­ley­ball­ba­ne. Her er også ben­kar, bord og ein ga­pa­huk med grill­plass. Par­ken byr på ak­ti­vi­te­tar for alle uansett al­der og funk­sjons­ni­vå. I par­ken finn ein også eit foto­punkt med Nord­fjord-lo­g­oen. Nord­fjor­den sjølv dan­nar eit fan­tas­tisk bak­tep­pe for årets fe­rie­bi­le­te. I nær­lei­ken av Sa­ga­par­ken finn ein Eid kyr­kje, vi­king­sen­te­ret Saga­ stad, kjø­pe­sen­ter og flei­re ser­ve­rings­sta­dar der ein kan få kjøpt både mid­dag og ein kjø­lan­de is­krem. Frå Sa­ga­par­ken er det også kort veg til Eids­ga­ta. Den ko­se­le­ge gata byr på ka­fe­ar med ute­ser­ve­ring, god og lo­kal mat, handel og hyg­ge.

FANG STORLAKSEN FRÅ 1. JUNI

10

1. juni starta laksefiskesesongen i Eidselva, og den varer til 31. august. Framleis er det ingen som har slått rekorden frå 1944, då Martin A. Hjelle tok ein laks på 27,6 kilo i Eidselva. Normalt ligg fangsten mellom ni og ti kilo. Og i år, som i fjor, blir det godt om plassen når om lag ti tusen lakseglade utlendingar truleg må stå over noregsferien. Det finst fleire desinfeksjonsstasjonar for fiskeutstyr og all informasjon ein treng på oppslag ved elva. Chatlet Sport1 Nordfjordeid sel fiskekort i elva for Eid Sportsfiskarlag sine soner. I tillegg er det fleire private soner. Informasjon om ledige kort og fisket i elva finn ein på facebooksida til Eidselva eller på eidselva.no.

23


H J A R T E S TA D

Opplev sommarlivet i Stad Foto: Camilla Monsen, Linn Hjelle

Eit utval arrangement juli-aug.

3.7 - Opning av Selje prestegard, Selje 4.7 - Seljumannamesse 27.7 - Sommarskuta med NRK kjem til Selje 18.-24.7 - Malakoff-veka 2021, Nordfjordeid 27.-29.7 - Christian Radich er på pilegrimsferd frå Trondheim til Bergen, med stopp i Selje 16.08 - Hans Majestet Kongens Garde på Nordfjordeid 28.8 - Strikket – catwalkshow, Stad hotell Laurdagar i sommar: Sommarshopping m/aktivitetar på Nordfjordeid. Følg med på www.einstadistad.no for annonsering av fleire aktivitetar utover sommaren!

I Stad kommune kan du oppleve dei store kontrastane. Frå stille vatn og høge fjell ved Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet - til kvite sandstrender, grøne landskap og det ville Stadhavet ytst ved Vestkapp. I Stad finn du surfeparadiset Hoddevika, Vestkapp - det vestlegaste fjellplatået i Noreg, Fjordhesten - ein av verdas eldste hesteraser, Myklebustskipet - eitt av verdas største vikingskip og Selja kloster med Noregs einaste kvinnelege helgen Sankt Sunniva. - Eit mangfald av særeigne kultur- og naturopplevingar å oppleve og ta med seg i hjartet! Midt i Stad kommune og Nordfjord finn du kommunesenteret Nordfjordeid – ein perfekt "basecamp" for ditt Nordfjord-eventyr. Om du vil ta ein pause frå aktive opplevingar og kjenne på kvilepulsen kan du bade og nyte livet i Sagaparken, handle og rusle rundt i den idylliske Eidsgata og finne alt du treng på éin stad – med kort veg til heile Nordfjord.

Finn din

#hjartestad

24

Vilt, vakkert og heilhjarta: Velkomen til sommareventyret i Stad!

HAVSALT SOMMAR 2021

STAD

- Hjarteleg velkomen! Meir info om attraksjonar, opplevingar og aktvitetar i Stad finn du på www.einstadistad.no og www.nordfjord.no

# hjartestad - del din stad


HJORTEFARMEN HAR SØNDAGSÅPENT 12.00-16.00 fra og med 27. juni til og med 8. august. Utenom dette, ring eller send SMS til 913 28 451.

Prøv vårt nye høgdepunkt: Vikingleikar i VR! Opningstider: 25. mai - 14. juni 15. juni - 15. august 16. august - 30. september

Dagleg Dagleg Mandag - fredag

Kl. 11 - 15 Kl. 10 - 16 Kl. 11 - 15

Mating av hjort, lama, sauer, geiter og ponnier, fisking, kanoer og båter. Enkel servering i stor grillhytte. Inngang kr. 100,- per person, familier (maks 5 pers) kr. 250,-.

Velkommen!

Velkommen til vikingtida.

Nordfjord folkemuseum - Eit friluftsmuseum i Gloppen

Nordfjord Folkemuseum er eit friluftsmuseum på Sandane i Gloppen kommune. Her kan du besøke 44 antikvariske byggningar frå 1600-, 1700- og 1800-talet og den siste store jekta i Noreg, Holvikejekta. I hovudbygget viser vi utstillinga «Fritid i 100 år». Her er det museumsbutikk og kafè med kaffi og sveler. Inngang kr. 100 / 50 Omvising er inkludert i billetten. Opningstider: T.o.m. 20. juni: T.o.m. 31. august:

Tysdag-fredag Måndag-søndag

Kl. 11- 17 Kl. 11-18

www.nordfjord.museum.no

25


Alti Nordfjord ligg i Nordfjordeid sentrum, og er eit moderne kjøpesenter med eit breitt utval butikkar, inkludert Vinmonopolet, apotek, bank, daglegvare og serveringsstadar.

SJØKANTEN CAFÉ Innta eit måltid samtidig som du nyt utsikta utover fjorden. Hos Sjøkanten Café får du smørbrød, kake, lunjsrettar og middagsservering. Mange av dei deilege kakene blir bakt av Kaféns dyktige konditorer. Eigen isdisk med deilig kuleis og softis. Uteservering både med og utan vindskjerming.

CATS CAFE

KLE & SKO

Restaurant og pizzeria i 2. etg i Moengården. Ope til kl 22.00 kvar dag. Dei serverer eit stort utval i norske og internasjonale middagsrettar, samt heimelaga kaker.

• • • • • • • • •

Rettighet til å servere øl og vin.

B YOUNG CHATLET SPORT1 CUBUS DRESSMANN FRISLID MANI SKOGSTAD WALK IN ZAVANNA

HEIM, INTERIØR, HOBBY OG FRITID • • • • • • • •

ARK KITCH´N KOZMOS NILLE POWER PRINCESS PETS JYSK EIDSGT. 33

HELSE OG VELVÆRE • • • •

FINN VEGEN MED BIL: Vi ligg ved fjorden i Nordfjordeid sentrum, like ved E39 og Rv15. I Sjøgata 21

FRISØRLOFTET SUNKOST THE LOOX VITUS APOTEK

APOTEK

PARKERING Vi har 260 gratis parkeringsplassar og av dei er fleire tilrettelagt for familie og rørslehemma. I tillegg er det ca 600 parkeringsplassar i gangavstand.

BANK DAGLEGVARE (Bunnpris, Eid Asia og Extra)

VINMONOPOL

EL-BILLADERAR Vi har 4 ladepunkt for el-bil. Meir av det som gjer deg glad

Åpningstider: 10–19 (17)

26

HAVSALT SOMMAR 2021

STAD

www.alti.no/nordfjord


BREMANGER KOMMUNE TI TING DU KAN GJERE

BESØK HYTTENE HØGT OVER HAVET

1

FOTO: JANNIKE BRENDEN FRØYEN

På øya Frøya kan du nyte panoramautsikt frå ei helt spesiell hytte høgt oppe i fjellsida. Med sine store vindauge er stormhytta den perfekte plassen å nyte ein god lunsj medan ein nyt den unike naturen utanfor. Om du er heldig får du kanskje sjå ein av mange havørn flyge like forbi. Her er det fint å vere både på varme sommardagar og på kalde og regnfulle dagar. Stormhytta er ein del av satsinga «stormwatching» som tilbyr unike opplevingar i all slags vêr. Ein kan enten gå opp frå Nesje (ca. 3 km) eller frå Kalvåg (6,5 km). Ei anna hytte ein kan besøke høgt over havet, er Vetehytta, den nye dagsturhytta i Bremanger. Den ligg på Veten i ytre Bremanger på om lag 527 meter.

27


BESØK DET UNIKE FELTET I VINGEN SLAPP AV PÅ IDYLLISKE STRENDER

4

Bremanger kommune er kjent for sine fantastiske strender og den storslåtte naturen rundt. Både Grotlesanden ved bygda Grotle i ytre Bremanger og Vetvika ytst i havgapet er svært populære stadar å besøke for turistar. Silkemjuk, kvit strand pregar begge strender. Grotlesanden kjem du deg enkelt til med bil, medan Vetvika krev ein gåtur over fjellet eller båt sjøvegen. Om ein kjem med båt til strendene, må ein ankre opp lenger ute og ro inn.

2

Vingen-feltet inneheld minst 2.000 ulike helleristingar frå perioden cirka 4000– 2000 år f. Kr. Det er eit av dei største felta i Nord-Europa, og vart oppdaga av fjellklatrar og eventyrar Kristian Bing i 1912. I 2002 vart området freda av Riksantikvaren, og det er derfor forbod mot ferdsel utan særskilt løyve. Bremanger kommune har pleia å ha guida turar til Vingen-feltet med båt tre dagar i veka i sommarmånadene. Sjekk med enten kommune eller turistinformasjon om det er turar også i 2021. Dersom ein har tid, kan besøksområdet utvidast til også å gjelde Kålrabisteinen, Brattbakken og Vehammaren, kjende landemerke på feltet.

TILBYR ALT NATUREN KAN BY PÅ

HEKSEFJELLET FASCINERER FRAMLEIS

Roger og Anne van Oorschot i Norway Adventures i Davik tilbyr naturopplevingar. Alt frå kajakk- og fjellturar, til sykkel og skiturar. Dei skreddarsyr opplevingane både for enkeltpersonar, grupper og familiar. Dei tilbyr blant anna ulike kurs og teambygging. Det er òg mogeleg å booke guida turar med kajakk frå Igland til Grotlesanden.

Har du lyst å gå den høgaste sjøklippa i Europa, er Bremanger plassen for deg. Her finn ein Hornelen, som med sine 860 moh. gir ei mektig utsikt over variert landskap i regionen. Ein kan velje mellom to ulike turar opp, den eine litt lenger, men slakare, og den andre kortare, men meir krevjande. Gå med kjentfolk og ver van med å gå i fjellet. På turen får du fin utsikt mot havet, Nordfjord i aust og dei majestetiske fjella i Bremanger. I Skatestraumen finn du også tusenårsstaden Gloføykje med ein av dei største steinalderbusettingane vi kjenner til. Her er opparbeidd rasteplass for besøkande.

5

3

4

3 9 5

4 2 6 1

8

28

HAVSALT SOMMAR 2021

7

BREMANGER TI TING DU KAN GJERE

10


HELS PÅ HJORTANE I ÅLFOTEN

6

OPPSØK DEN GAMLE KYSTKULTUREN

8

Hjortegarden inst i Ålfoten bringar deg så nær naturen som det er mogleg å kome, og er driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Dei driv som besøksgard, og tek imot folk på etterspurnad. – Dette er ein gard med alle positive assosiasjonar til forvalting av naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar og jakt, skriv dei sjølve om staden. Hjortegarden tilbyr også aktivitetar som øksekast og mjølkespannhalding, og kan legge til rette for opplegg for grupper. Hjortegarden har ope etter avtale. Bygda Ålfoten er også ei ukjent perle som ligg nydeleg til, i ein avstikkar til Nordfjord, mellom høge fjell og med den kjende isbreen Ålfotbreen i bakgrunnen.

Tettstaden Kalvåg ligg yst i havgapet på øya Frøya. Denne perla er kjent for sitt knallklare vatn og dei fargerike trehusa som klyngar seg fast til bryggene i det gamle fiskeværet. Familiebedrifta Knutholmen blei etablert i 1986 og har sidan den gong lagt til rette for fine opplevingar og overnattingar. Dei fleste av rorbuene, leilegheitene og bryggehusa er ein del av dette opplevingsselskapet. Knutholmen er kjent for god kvalitet på sjømaten som er fanga rett utanfor døra. Ved kaia deira kan ein no også booke tid i ein flytande sauna og ta seg ein avkjølande dukkert etterpå på ein varm sommardag.

BESØK HISTORISKE KNUTEPUNKT

SENTRAL I ANDRE VERDSKRIG

På austspissen av Rugsundøya ligg den gamle handelsstanden i Rugsund. Denne vesle bygda er omkransa av vakker natur. Den lune og gode hamna, sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten, har alltid vore ettertrakta av dei sjøfarande. Den dag i dag er det mange båtturistar som nyttar hamna. På Smørhamn finn ein også ein slik, gammal roleg og fredeleg handelsstand, der historia sit i veggane. Så lenge folk kan hugse har det vore handel og gjestgivarverksemd der. Det blir sagt at den tidlegare kongen av Norge og Danmark besøkte denne handelsstanden på 1700-talet.

Tongane Fort vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig, men er i dag ei fredeleg og idyllisk perle med ei svært interessant historie. Festningsverka var bakgrunn for strid under Måløyraidet i romjula 1941, og mykje av anlegget er intakt og tilgjengeleg. Det er sett opp fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon, og heile festningsområdet er urørt, utan hytter og hus.

7

9

BYGDA OMFAMNAR INDUSTRIHISTORIA

BREMANGER

10

I Svelgen, kommunesenteret i Bremanger, ligg hjørnesteinsverksemda Elkem Bremanger. Sjølv om industrien ikkje tar like stor plass som den gjorde i tidlegare år, er det førekomsten av rikeleg med regn, snømassane i dei høge fjella og fossande vatn som er grunnlaget for all verksemda Elkem Bremanger representerer i dag. Og lokalt har dei valt å omfamne røtene, og gjere industri om til kunst. I sentrum kan du sjå eit gamalt, raudt skovlhjul frå 1922, utstilt som kunst, og på kveldstid er smelteverket opplyst med lyskunst på dei store flatene. I bygda ligg også Bremanger Fjordhotell.

29


BREMANGER Bremanger Turistinformasjon BremangerTuristinfo BremangerTurist Hornelen

DET GODE LIV • Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit • Kalvåg

Grotlesanden

BREMANGER KOMMUNE Svelgen

Kalvåg - Svelgen

Vingen Helleristningsfelt

Tlf. 481 40 488 E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no

LEVE, VIRKE, NYTE - HEILE LIVET! Ålfotbreen

30

HAVSALT SOMMAR 2021

BREMANGER

Alle foto: Svenn Petter Kjerpeset og Sverre Hjørnevik Bremanger Turistinfo.

Vetvika


Velkommen til Knutholmen! Matglede Nyt god mat og drikke i vår restaurant. Kortreiste og ekte smakar med råvarer frå lokale bønder og fiskarar. Overnatting Vi har ulike rom, rorbuer og leilegheiter med beliggenheit rundt den vesle vågen. Gjestehamn. «Butikken» Handlaga sjokolade, interiør og gåver, kle, lokalt brygg og mykje meir. Vi gler oss til å sjå deg!

Tlf. 57 79 69 00 – post@knutholmen.no – www.knutholmen.no

31


Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har og aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og ﬋ordbasert reiseliv. Fjord1 tenker energileiing og berekraft i alt ein gjer, og er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Sjå ledige stillingar på

STØRSTE FERJESELSKAPET I NOREG

TILSETTE

Treng du leigebil? Varebilar

16,025 millionar

1149

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

32

HAVSALT SOMMAR 2021

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

findriv.no

3,1 milliardar


VANYLVEN KOMMUNE TI TING DU KAN GJERE

GÅ EIN AV DEI MANGE FJELLTURANE

1

FOTO: ELSE JONFRID AASEN HOLE

Hundsnesvardane i Vanylven er berre ein av mange flotte fjellturar som løner deg med spektakulær utsikt. På Hundsnesvardane får du nemleg utsikt over heile Vanylvsfjorden og fleire av bygdene langs fjorden. Med 381 meter stigning i oppoverbakkar på skogsveg/fjellveg er det ein middels krevjande tur, men det er det vel verd. Utsikta er upåklageleg. Det er heldigvis laga til med rasteplassar langs vegen. På toppen står der to vardar som er populære å fange på kamera. Turen startar frå lunningsplassen omkring 6 kilometer vest for Fiskå. Her er det gode parkeringstilhøve, og det er sett opp skilt for turen, samt ei infotavle med kart, foto og informasjon om turar i området.

33


NYT MUSIKK OG BØKER PÅ FESTIVAL

2

Festivalen Åram Pluss går av stabelen for tredje gong torsdag 29. – laurdag 31. juli. Nytt av året er at mykje av festivalen blir utandørs på kaiområdet ved Tussa sitt kraftverk på Sørbrandal. Det blir konsertar og forfattarmøte, familiearrangement og allsong. Trioen Arvid Engegård, fiolin, Håvard Svendsrud, trekkspel, og Svein Haugen, kontrabass, held konsert fredag. Line Dybedal og Odd-Erik Lothe skal fylle laurdagskvelden med sommarlege tonar, og torsdag inviterer vi til allsong med Nina Vedeld Telseth med musikarar. Ane Barmen frå Vågsvåg i Kinn vann Brageprisen for ungdomsboka Draumar betyr ingenting. Vi møter henne i samtale med forfattar Marit Kaldhol. Forfattar Tore Kvæven frå Sirdal hevdar at det han skriv utandørs blir betre enn det han skriv under tak. Vi satsar på at ein samtale også blir betre under open himmel og har engasjert Jan Inge Sørbø til å snakke med han på scena. Gitarist Stig Ulv, songar Karen Rosenberg Olsen, pianist Kato Nogva Flem, organist Mathias Louis Sørbø og fleire kjem, også forfattaren bak pseudonymet Karen Støylen. Sjå fullt og oppdatert program på heimesida arampluss.no og følg oss gjerne på Facebook. Velkomen på festival!

2 3 4

10

1

6

5

9

RAPPELLER HØGT OVER FJORDEN

3

8

I Syvdefjorden ligg Syvdsnesrappel – med rappellering ned ei 16 meter høg fjellvegg. På toppen av «Feirsletta» kan ein nyte ei fantastisk utsikt over Rovde og Syvdefjorden. Dei modigaste kan også prøve seg på Europas lengste one-drop rappell, som er på heile 112 meter. Ein kan velje mellom to- og firetimarsturar eller så kan ein bestille ein eigen familietur. På toppen av «Feirsletta» kan ein også nyte eit grillmåltid. Opplevinga tek høgde for 5–12 gjestar og må bestillast minimum 48 timar i forkant.

7

VANYLVEN

KOS DEG HER PÅ SOLFYLTE DAGAR

4

HER ER DET BÅDE KAFÉ OG GALLERI

På den populære stranda Sandviksanden har du fin utsikt rett mot Stadhavet. Dette er ei strand som blir nytta både av lokalbefolkning òg tilreisande om sommaren. Sandviksanden, som ligg på Hakallestranda, er ein fin plass å vere på solfylte dagar. Det er gode toalettfasilitetar ved stranda, og småbåthamna ligg rett ved. Eit steinkast unna ligg Hakalle Strandhus der dei har ulike arrangement gjennom året. D et er mogeleg å leie lokalet til ulike arrangement.

5

Lundgarden på Tunheim ved Fiskå er driven av Torill Bernatek som vil halde galleriet og kaféen opne denne sommaren også. På garden har ho atelier og ei gammal tømmerstove der det kjem til å vere utstillingar i sommar. Det vil også vere lett servering i kafeen når garden er open. Lundgarden har ikkje faste opningstider, men vil halde ope dei dagane det heng ein plakat ved vegen. Bernatek opnar også på førespurnad. Ein kan følgje Lundgarden Galleri og Kafé på Facebook for å bli oppdatert på kva som blir stilt ut og kven som er årets kunstnar i galleriet.

34

HAVSALT SOMMAR 2021

VANYLVEN TI TING DU KAN GJERE


BU I HYTTENE SOM SVEVER OVER HAVET

6

Ved Fiskå ligg Tunheimsfjøra Lodge, beståande av tre toppmoderne hytter på kanten utover Vanylvsfjorden med unik utsikt mot Stadlandet. Hyttene ligg heilt i vasskanten og ein får følelsen av at ein svever over sjøen. Kvar hytte har si eiga badstue og boblebad. Tunheimsfjøra Lodge kan også tilby turar med RIB for hav og kvalsafari, fiske og utleige av kajakkar. Dei tilbyr også guida fjellturar, mellom anna til ein gapahuk på Tunheimshornet.

BESØK MARMORKYRKJA FRÅ 1150

9

Jetmundkyrkja på Åheim er ei rekonstruert steinkyrkje. Den opphavlege steinkyrkja var truleg bygd på midten av 1100-talet og skal ha stått på akkurat same stad. Den kan vere blant dei eldste kyrkjene i landet. Namnet kjem frå den engelske kongen Edmund (Jetmund) som etter legenda kom over Maurstadeidet og meinte at Åheim ville vere ein god plass å byggje kyrkje. Kongen sjølv vart drepen av vikingar og seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkja. Kyrkja på Åheim er i romansk stil, med runde bogar i vindauge og døropningar. I 1724 vart kyrkja seld på auksjon og var i privat eige i 129 år. Kommunen løyste den ut i 1853.

GRAV FRAM DIN EIGEN EDELSTEIN

7

Kjenner du deg som ein skattejeger? På Åheim kan du prøve lukka som skattegravar, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen. Dette området har ein av verdas største førekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge. Å grave etter edelstein er spennande, men krev litt tolmod. Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot. Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent i antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar. På skattejakt i Sundalen kan du også finne eklogittar. Dette er fine, raud- og grønspraglete steinar som vert danna særs djupt nede i jordskorpa, og er uvanleg tunge. Ta med deg nistepakke og ein porsjon flaks i sekken, og prøv lukka på skattejakt i Sundalen. Her skjuler det seg mange flotte smykkesteinar for den som er flink til å grave.

KVIL DEG MED MAT OG FLOTT UTSIKT

SENDTE HEKSENE I DØDEN

Heilt øvst i Åheimssvingane finn ein den koselege og rolege restauranten og kafeen med namnet Kvilehytta. Restauranten ligg 120 meter over havet og har praktfull utsikt over fjord, fjell og tettstaden Åheim. I kafeen kan ein kjøpe eit rikt utval av tradisjonsmat som til dømes sosekjøt og kjøtkaker. Nokre dagar kan ein også få kjøpt klubbtallerken. Herifrå har du ein handfull dagsturar til fleire kjende turistattraksjonar i nærleiken og ikkje langt unna ligg også ei hyttegrend. Hyttene ligg perfekt til med moglegheiter for bading, fiske og skiturar rett ved. Rundt 200 meter frå hyttene ligg eit populært fiskevatn med moglegheiter for både fisking og bading. Fiskekort kan ein kjøpe i kafeen.

Tingstova som ein framleis finn på ytre Tunheim har forhistorie frå 1600-talet da tingstova vart brukt til å dømme hekser. I dette området blei det mellom 1679 og 1683 reist fleire trolldomssaker, der minst åtte personar blei skulda for skadeleg magisk verksemd. Dei tre siste kvinnene som vart brent i Norge dømt for hekseri, blei dømde i nettopp denne stova. I Vanylven vart sjølve bålet tent enten på Rovdeskjæret på Rovde eller på Torvholmen på Åheim.

8

10

35


Frå fjord til fjell...

e p x .....e

! n e lv y n a V e c n e ri

“Marit og dyra” - sykkeleldorado - dykking - klatring toppturar - rappelering - golf - peridotplassen steinsenteret - lokalmat - hyttegrender båt-/bygdemuseum - Jetmundkyrkja + m.m.

foto: Kristoffer Nerø Ytterland

.

v l y n a e l v V p p .. .o

! n e

Hakallegarden

Peridotplassen

foto: Karl Jørgen Nesset

Rappelering på Syvdsneset

foto: John Willy Klungre

Du finn oss på

:

hakallegarden l morotur l norsk olivinsenter l kvilehytta l stikkut utsikten fjellkro l ægir dykkerklubb l floget klatreklubb l vanylventours jetmund gjesteheim l troll fjordhytter l hakallevær l kragset hamn l st. jetmund kyrkja åram sogelag l sandviksanden l valborgsamlinga l isyvde gjesteheim hammaren hyttegrend l vanylven golfklubb l lundgarden birkedaltunet l torestøylen l tunheimsfjøra lodge l moens motel

36

HAVSALT SOMMAR 2021

VANYLVEN

Nystøylhornet

Turkart med 112 merka fjellturar og QR-koder


Musikk- og litteraturfestivalen

ÅRAM PLUSS 2021 Torsdag 29. – laurdag 31. juli Sørbrandal og Åram i Vanylven

Støttespelarar:

Velkomen til Kvilehytta Her får du tradisjonell mat og ei fantastisk utsikt. Vi har kafe, catering og hytteutleige. Du finn oss mellom Bryggja og Åheim. Meir informasjon om opningstider og kva vi kan tilby, finn du på vår Facebookside. Telefon 900 58 453

www.kvilehytta.no

NO KAN DU STUDERE NATURKREFTENE VED KRÅKENES FYR DIREKTE! Gå inn på fjt.no/webkamera frå PC, nettbrett eller mobil og sjå bølgjene bryte på eitt av dei mest vêrharde punkta på kysten via det nye webkameraet på Kråkenes fyr.

Sjå heimesida arampluss.no for festivalpass, billettar og program.

Følg oss gjerne på Facebook. Velkommen på festival!

Vi gir deg levande bilde frå Kråkenes: Kinn kommune

Stad kommune

HAR DU LYST TIL Å FÅ VARSEL PÅ TELEFONEN NÅR DET SKJER NOKO SPESIELT ? Då er det berre å laste ned Fjordenes Tidende sin app!

Søk ”Fjordenes Tidende nyheter” i App Store eller Google Play.

Velkommen til hotellet «med fjorden i hagen» Badestrand, sandvolleyballbane. Familievennleg, roleg, gode turløyper for fotturar i fjellet. Kort veg til kjende turmål i området som Briksdalen, Geiranger, Fjærland eller Vestkapp. Rom med fin utsikt, heimelaga mat. Selskap, catering, årsmøte, møte, kurs. Kontakt oss for informasjon og prisar. Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS, 6793 Innvik, tlf. 57 87 49 90, e-post: post@innvikfjordhotell.no, www.innvikfjordhotell.no

37


STOREHOVDEN I KALVÅG

1

Ein panoramatur med utsikt over øyriket i vest. Her er det mykje historie, både frå fiskeri og krigen. Dette er turen du kan gjere kort eller forlenge ettersom turen går og den passar som familietur, fortel Keipen Turlag. Du startar på Lisethøgda og går den korte turen opp til Flona og ser på restar frå krigens dagar. Vidare går du på merka sti i sørleg retning, følgjer ryggen ned til foten av Storehovden. Nede kan ein velje å ta ein tur opp i høgda på Storehovden eller gå langs fjæra mot Lyngneset og rasteplassen der. Tilbaketuren kan ein gå via Liset.

6 2 10

3

EGGJA I SELJE

2

Av fjellturar i Selje, kjem ein ikkje unna Tarvaldseggja (645 moh.), meiner YNT. Turen startar ved vegen på høgaste punktet på Sandvikeidet på godt merka sti. Ein kan velje om ein vil ta ein liten tur oppom Orren, eller gå forbi. Godt oppe i stien kjem du til ei steinur med tilrettelagde trinn. På toppen har du god utsikt i alle retningar. På veg ned, ta gjerne stien ned i Kvernhusdalen, Klipet og til dagsturhytta Sjøglytt.

7

5 8

1

MELNYKEN – STALLBREKKA

3

Ytre Nordfjord Turlag anbefaler turen til Melnyken. Turen startar på toppen av gamle Kvalheimsveien. Herifrå er det skilta mot Melnyken. Vel framme på Melnyken dreier ein vest og går mot Stallbrekka. Her er stien ikkje like synleg alle plassar og gjennom nokre luftige parti får ein får testa om ein har høgdeskrekk. Fin utsikt til bygdene Oppedal og Kvalheim på kvar si side av ryggen man går på, og frå toppen mot havet i vest.

RINDEHORNET

SMALERABBEN I BREMANGER

Om ein vil ta seg ein tur på Rindehornet fortel Midtre Nordfjord Turlag at ein køyrer til Rindane og parkerer der. Der står det ei oppslagstavle om turen til Rindehornet. Du kan velje om du vil starte turen på skogsveg eller gå brattare opp ei steinur. Denne turen passar for heile familien. Dette er også ein tur ein kan gå som rundtur og komme ned i nærleiken av naturmøteplassen Gildra. 5,8 km t/r. Stigning 427 m.

På det smalaste er egga 1 m brei og stuper 300–500 m rett ned. Sjølve egga er 200 m lang. Ein kan gå frå Førde eller Berle. Frå Førde: Start inst i Førdspollen, grusveg til eit stidele: 1. Blåmerka sti frå Lågeide, langs kanten med utsikt til Dalevatnet og bygdene. 2. Nordsjøløypa til stidele i Hesjedalen, så blåmerka sti forbi Raudskarvatnet og inn på første sti. 3. Gamal fjellveg forbi skytebana til Raudskaret, blåmerka sti. Tydeleg, men umerka sti . 4. Frå Berle: Start ved skulehuset. Traktorveg opp i Berledalen og følg skilting mot Lisjerabben og Smalerabben.

4

38 HAVSALT SOMMAR 2021

5

DNT SINE TURTIPS


TROLLEHOLA PÅ HUSEVÅGØY

7

Denne turen går frå vegen like ved den gamle skulen i den idylliske kystbygda Husevåg og vidare over til den andre sida av øya. Først kjem ein til Færeldemyra der det ligg et felt med helleristningar i serpentinfjell frå bronsealderen. Her er det tydelege teikningar av båtar og solfigurar. Turen fortset vestover før ein kjem fram til Trollehola. Den 20 meter høge og 30 meter lange hola er ein spennande stad å utforske. Turen tar ca. 2 timar t/r. Det anbefalast å utforske Husevågbygda når ein kjem tilbake frå turen til Trollehola.

VINGELVSÆTRA

4 9

DNT SINE TURTIPS

8

På denne turen nærmar du deg Hornelen og går mot eit historisk område, Vingen. Men ikkje heilt fram grunna ferdselsforbodet. Turen startar frå Sande, på godt merka og bratt T- sti opp til Keipen Turlag si dagsturhytte via Martinbu under Sandsegga. Følgjer du T-merkinga her, kjem du til Vingelvsætra. Stideler gir høve til å gå mot Dyrstad (blåmerka sti), til Hennøysætra eller over høgda og ned til Hennøystranda.

HORNET

9

Køyr i retning Torheim ved Nordfjordeid. Før tunnelen på Hamneset ser du ein grusveg til venstre. Parker 50 meter etter grusvegen. Gå tilbake og følg vegen oppover. Når du passerer ein raud garasje tar du av til høgre. Følg gammal skogsveg fram til Hamnessetra og sti vidare oppover ryggen til øvste varden. Utsikt ut Nordfjorden, til Gjegnen, Gloppen og Nordfjordeid. Passar for ungdom og vaksne. 8 km t/r, stigning på 727 meter.

YTRE FURE

SKONGENES FYR

Turen startar ved Indre Fure på Stadlandet. På Indre Fure kan det vere verdt å få med seg klyngetunet med hus som står der. Ein fantastisk plass med små koselege hus og frodige hagar. Stien slyngar seg utover mot Ytre Fure, nokre gongar går stien litt oppe i terrenget medan den andre gongar går nede i fjæra. Ein spennande tur for både store og små. Når ein kjem fram til Ytre Fure får ein følelsen av «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette er ein populær tur som passar for heile familien.

Skongenes fyr på Nord-Vågsøy ligg nordvendt med Stadhavet som nærmaste nabo. Stien startar ved Halsør og går i lett terreng utover mot fyret, turen tar ca. 1,5 time kvar veg. Når ein kjem fram kan ein nytte det lune tunet for å ete nistepakka si eller ein kan nytte tida til å utforske fyrstasjonen. Det er også leikar til borna i eit av uthusa som kan nyttast medan ein er på fyret.

6

10

39


GULEBRYSTET

11

Denne toppen finn du rett over ferjeleiet på Kjelkenes og har fantastisk utsikt ut mot havet. Ved kort tur, gå opp frå bossomnen. Startar du frå Sandvika, parker ved kyrkja på Kjelkenes, gå på veg nokre meter austover før du går over på skogsveg vest for byggefeltet. Her er det skog og tydeleg sti. Startar du på Ytrehus, gå blåmerka sti frå jakthytta til Moldahytta. Den når du ved å gå frå Tiurvegen på Langeneset eller via Risesætra (ny veg). Ta det som ein familietur og legg inn overnatting ved/på Moldahytta, som blir oppgradert til DNT-hytte i år.

12

MOSEKLEIVHORNET

12

Stien startar på det høgaste punktet på vegen mellom Drage og Hoddevik. Turen går i lett terreng, sjølv om der er nokre motbakkar. Men når ein først er oppe på høgda får ein ei fantastisk utsikt over Stadhavet og ei av dei flottaste strendene vi har her i området, Hoddeviksanden. Ein må rekne ca. 1,5 time kvar veg. Ein kan også begynne turen på Dragseidet som er ein lengre tur om ein ønsker det.

11

14

13 15

GRYTADALEN – KLAUVEKEIPEN

13

Ifølge Flora Turlag er dette ein tur verdt å prøve. Klauvekeipen ligg på 769 moh. Køyr opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på fv. 614. Start ved den nedste parkeringsplassen på vestre side. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Ruta er varda opp mot Dyrliskaret og over, slik at ein ikkje taper for mykje høgde. Gå langs sida bortover til du treffer løypa som kjem opp bekkefaret frå bilvegen og mot Klauvekeipen. Skilt langs ruta viser retning.

DNT SINE TURTIPS

KEIPEN

EIKEFJORD – STRANDANIPA

Fjellet som har gitt namn til turlaget i Bremanger kommune. 1362 moh. viser toppen seg som ein båtkeip frå store delar av kommunen. Vil du prøve deg på ein langtur hit, kan det vere ein god start å begynne dagen før, overnatte på DNT-hytta Knekkevasshytta og gå på den T-merka stien her. Starten finn du ved den store parkeringsplassen ved Sørdalsvatnet. Gå opp trappa og følg T-merkinga fram til hytta og heilt til toppen. Dette er ein lang dagstur for folk flest.

Start frå rasteplassen i Eikefjord på rv. 5 i Kinn. Kryss hovudvegen og følg stien mot Hovlandsstølane til du kjem inn på traktorvegen, fortel Flora Turlag. Gå traktorvegen vidare og inn på stien med raudmåla pålar. Kryss elva på brua og gå oppover Brekkene. Skilta mot Strandanipa i Brekkene over brua. Lengst ute i Lomelia går stien litt ned igjen og forbi ein liten hammar. Då går du mot høgaste punktet mot sørvest. Oppe fortset du i same retning ned mot kanten over Tonheim. Følg kanten utover mot varden på Strandanipa.

14

40

HAVSALT SOMMAR 2021

15

DNT SINE TURTIPS


Best på fast breiband i Norge Best på rask responstid (Latency) i Norge www.enivest.no/kundesenter/speedtest

Nett der du er sidan 2000

41


SILDA ER VERDT EIT BESØK

1

I Nord-hamna på den vesle øya Silda i Kinn kommune er det mange som stoppar før dei går rundt Stadhavet. Ved gjestehamna er det plass til mellom 30 og 40 båtar, og hamna er også ein populær stoppestad for både turistar og lokalbefolkning som ønskjer å besøkje den bilfrie øya. Her finn ein 15 gjesteplassar. Toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel er i den gamle skulen nokre minutt til fots frå gjestehamna.

8 6

2 1

RETT VED BUTIKKAR OG SANDSTRAND

5

2

Midt i Seljevågen i Selje sentrum finn du ei gjestehamn som nyleg er oppgradert i tillegg til å vere svært sentral. Der er det kort veg til mellom anna butikkar, badestrand og kafé. I gjestehamna er det plass til 20–25 båtar, avhengig av storleik. Det er tilgang på straum og vatn i hamna, og sanitæranlegget ligg rett ved Seljesanden. Betalingsordning på nett.

3

9

EI LUN OG IDYLLISK HAMN

3

Iglandsvik Marina i Bremanger har gjestehamn, bubilparkering, plass for campingvogner og faste båtplassar. Dette er ei lun og idyllisk hamn i verneverdige sjøhusmiljø. Iglandsvik Marina er eit flott utgangspunkt for fotturar og naturbaserte aktivitetar. I marinaen finn ein sanitærbygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel. Det er også mogleg å tømme spillvatn og toalett.

10

GJES

KAST ANKER BLANT FLOTTE FJELL

LEGG TIL MIDT I KYSTBYEN

Notaplassen Hamnelag driftar ei stor båthamn som ligg inst i Syvdsfjorden omkransa av majestetiske fjell på kvar side. Hamna tilbyr både fastplass og gjesteplass og består av to flytebrygger som er 57 meter lange. Totalt er det plass til 65 båtar. Hamnelaget driftar også ein bubil- og campingplass på landområdet ved båthamna. Plassen har kapasitet til 14 bubilar/campingvogner.

Måløyhopen er gjestehamna ein finn midt i Måløy sentrum. Etter oppgradering av hamna i 2013 er det no plass til rundt 70 båtar. Det er kort veg til butikkar, kaféar, utestadar og aktivitetar frå gjestehamna. På land finst det også bubilparkering med parkeringsplassar med straum. Her finn ein også ein leikeplass. Sanitæranlegg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel finst på kaia.

4

42

HAVSALT SOMMAR 2021

GJESTEHAMNER

5


OPPLEV VIKINGAR OG KULTUR

7

Eid Gjestehamn har 100 meter brygge og 15 gjesteplassar. Fasilitetar ved gjestehamna er vatnog dieselfylling. Normalt er det 70–80 båtar innom gjestehamna i løpet av sommaren, mange av dei under Malakoff Rockfestival, som også i år er utsett. Når du legg til kai ved gjestehamna på Nordfjordeid er det kort veg til Eidsgata og Eid sentrum som kan by på mellom anna vikingsenteret Sagastad, Eidsgata med butikkar og kafear og Kulturhuset Gamlebanken med utstillingar.

4

LIGG NÆR STRAND OG BESØKSGARD

7

8

Ved Sandviksanden i Hakallestranda finn ein gjestebrygga til Sandvik småbåtforeining med fleire gjesteplassar og moglegheit for å setje opp telt. Det er også oppstilling for campingvogn og bilar. Toalett og dusj finst på staden. Brygga er populær for dei som tek turen til Hakallegarden, som ligg rett ved.

SEGL RETT INN TIL HOTELLET

9

STEHAMNER

Bremanger Fjordhotell har betongflytebrygger med gjestekai fint plassert i kommunesenteret Svelgen inst i Nordgulen. Her er om lag ti båtplassar med moglegheit for straum og vatn. Toalettfasilitetar finn ein på hotellet. Nærleiken til Bremanger Fjordhotell gjer at ein kan nytte seg av hotellet sine fasilitetar. Her finn ein mellom anna kafé, restaurant og leikerom for barn.

NÆR VESTKAPP OG FLOTT NATUR

EIT STEINKAST FRÅ HANDLEGATA

Ikkje langt frå Leikanger sentrum på Stadlandet finn ein Leikanger gjestehamn som ligg i austre del av småbåthamna (bak i bildet). Det er lagt fram straum og vatn, og båtlaget disponerer eit bygg med toalettfasilitetar. Det er også moglegheit til å fylle drivstoff. Kaia har plass til fem båtar og djupna er på tre meter.

Florø Gjestebrygge er ei hyggeleg, god og populær gjestehamn. Gjestebrygga er oppgradert og tilbyr alt det du forventar av service og båtatmosfære. Hamnevertane serverer gjerne rundstykke og avis på båtkanten! Gjestebrygga ligg idyllisk til, eit steinkast frå den flotte handlegata Strandgata i fylkets vestlegaste by.

6

10

43


KLETTEN: – Eg har tatt med hengekøya på Kletten. Der går det heilt fint å henge køya på stolpane på Dagsturhytta og ligge og nyte utsikta bortover mot Måløy. På dette bildet ligg ho derimot på verandaen og ser mot Kletten. EVJA: På hengekøyeturen til Evja blei saueskinnet godt brukt, og Anne Grethe ser for seg at slike hengekøyeplassar i nærområdet rundt Måløy kan bli populært. – Nede på Moldøen, for eksempel, kan eg sjå for meg at det kan vere ein fin plass å henge hengekøye, for der er det jo grillplass og perfekt plass å fiske.

Da Anne Grethe Strand frå Måløy blei sjuk for nokre år sidan blei PRØV hengekøya som hang på altanen redninga.

HENGE KØYE LIVET

Sidan har ho nytta hengekøya så mykje ho kan og trivst svært godt PÅ KYSTEN svevande mellom to stolpar. – Då eg møtte veggen for nokre år sidan, blei hengekøya på altanen flittig brukt. Det var ikkje var så mykje anna eg orka, fortel Strand. Fjellturane blei i den perioden bytta ut med hengekøya, og sjølv om ho no er frisk så er hengekøya framleis ein viktig del av livet hennar. No deler ho sine beste hengekøyetips i nærområdet på Instagramkontoen #hengekøyelivet. Gode råd før ein hiv seg ut i hengekøya: – Bruk skikkeleg tau som toler deg sidan det blir belasting på treet – Bruk breie strips slik at du ikkje øydelegg treet – Ikkje riv ned greiner og øydelegg naturen for å få hengt opp hengekøya di – Saueskinn funkar bra som liggeunderlag Topp 5 hengekøyeplassar ved Måløy: 1. Kletten 2. Vombaneset 3. Evja 4. Kvalheim 5. Moldøen

VOMBANESET: På Vombaneset ved Vågsvåg er det fint å ligge og høyre på bølgene frå sjøen heilt utan annan støy. For nokre veker sidan hadde Strand med seg ei venninne ut dit. – Eg måtte le litt av den eine kommentaren hennar, for medan vi låg der i kvar vår hengekøye, sa ho plutseleg «jøss, no skjønnar eg kva du meiner!» Eg har jo skrytt sånn av det hengekøyelivet. ALLE FOTO: PRIVAT

ALLE ÅRSTIDER: Ein vinterdag parkerte Strand bilen på Kvalheim, og gjekk cirka 150 meter frå bilen og bort til ein liten skog. Der fann ho seg eit perfekt stad å henge opp hengekøya si, og med kakaokoppen i handa såg ho på solnedgangen som gjekk ned i havgapet. – Ein treng ikkje gå på allverdas fjell. Ein kan finne skikkeleg fine hengekøyeplassar kor som helst. Dette var berre nokre meter frå bilen. HAR SPONSOR: Da Strand lufta ideen sin om hengekøyeplassar, inspirert av hengekøyeparken i Midsund, til ei hengekøyebedrift, likte dei ideen hennar så godt at dei ønskte å sponse henne. Dermed fekk ho sponsor, Ticket To The Moon, og samarbeid med Intersport, som sel produkta her i området. – Det er veldig kjekt, spesielt sidan eg brenn sånn for dette, seier Strand. Bildet er frå Vombaneset.

44

HAVSALT SOMMAR 2021

KINN


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.