Studiespesialiserande med formgjevingsfag

Page 1

Studiespesialiserande med formgjevingsfag på Mo og Jølser vgs. mojo.vgs.no

Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite meir om ei framtid innanfor formgjevingsfag.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!


Form di eiga framtid! Ønskjer du å utvikle dine kreative evner, og lære meir i teoretiske fag? Då kan programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag vere for deg. Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Har du kreativitet og god fantasi, med eit ønske om å leve av det i framtida? Med tre år på Studiespesialiserande med formgjevingsfag på Mo og Jølster vgs. kan dette bli ein realitet – og med generell studiekompetanse står dørne opne for vidare utdanning på høgskule og universitet, både i innland og utland. På avdeling Jølster i Vassenden har vi alle tre årstrinn for Studiespesialiserande med formgjevingsfag. Programfaget omfattar to hovudområde: Visuelle kunstfag (med

Teikning og farge, Form og materiale og Kunst og kultur) og Design og arkitektur (Produktutvikling og materiale, Konstruksjon og modellar, Teikning og Formkultur). I tillegg til den genrelle opplæringa kjem fem timar med valfrie programfag i VG2 og heile ti timar i VG3 – der elevane kan fordjupe seg i sine eigne interesseområdeHAR DU LYST: SØK! Fleire søkar kan føre til fleire skuleplassar – kanskje til nettopp deg! mvh;) oss på Mo & Jølster vgs.


SF-bloggen – for deg som vil vite meir! Lurer du på kva utdanning du skal satse på? Ynskjer du å få litt idear eller inspirasjon? Eller kanskje du alt har bestemt deg for å satse på programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag? Alle er velkomne til SF-bloggen på Mojo! Les meir her: formgjevingsfag. wordpress.com

Grafikk |

Tre lærerike år!

Fag fordelt på VG1-VG3 VG 1

VG 2

VG 3

Norsk (4t)

Norsk (4 t)

Norsk (6 t)

Matematikk (5t)

Matematikk (3t)

Religion og etikk (3t)

Naturfag (5t)

Samfunnslære (3t)

Historie (4 t)

Engelsk (5t)

Historie (2t)

Kroppsøving (4 t)

2. framandspråk (4t)

Geografi (2t)

Kroppsøving (2t)

2. framandspråk (4 t)

Design og arkitektur III (5t)

Visuelle kunstfag I (5t)

Kroppsøving (2t)

Valfrie programfag (10t)

Design og arkitektur I (5t)

Visuelle kunstfag II (5t)

OVERSIKT >>> Fag og time-fordelig SF for VG1–VG3.

Design og arkitektur II (5t)

Visuelle kunstfag III (5t)

Kva må eg kunne? Du treng ikkje å kunne spesielt mykje om formgjevingsfag. Det viktigaste er at du likar utfordringar og har lyst til å lære og utvikle dine kreative evner. Litt teiknekunnskapar og eit auge for detaljar kan vere nyttig, men det er ikkje eit krav. Du får fullverdig opplæring i alle teknikkar, dataprogram og utstyr som du vil nytte til produksjon og oppgåver. Velkommen til oss på SF på Mo og Jølster vgs.!

Valfrie programfag (5t)

– Kva kan eg bli etter to eller tre år med SF? >>> På dei neste sidene kan du lese om to av fagområda du lærer om på Mo og Jølster vgs. Du kan også lese om nokre av våre tidlegare studentar og kor dei er i dag. >>>


Visuelle kunstfag PROGRAMFAG: Visuelle kunstuttrykk pregar både private og offentlege samanhengar og formidlar estetiske og menneskelege verdiar i dagens samfunn. Kunst og kultur kommuniserer tankar og verdiar og fortel om status, livssyn, makt og tilhøyrsle. Visuell og kreativ kompetanse blir meir og meir viktig. Det er viktig at den einskilde får høve til å oppleve og reflektere over kunst. Visuelle kunstfag er ein sentral del av den kulturelle kompetansen og kan medverke til utvikling av medvitne samfunnsborgarar som er aktivt med i ei humanistisk utvikling av samfunnet. AKRYLMÅLING Elevoppgåve i 3SFA.

Opplæringa skal omfatte både tradisjonelle og nyare teknikkar. Visuelle fag involverer kunstfeltet utanfor skulen. Eigenskapar det er lurt å ha: • Kreativitet og nyfikenheit • Interesse for kunst, teikning, arkitektur og design.

ELEVARBEID: På Mojo lærar elevane mellom anna å teikne med kolstift.


I BRANSJEN: Året etter at ho vart ferdig med vidaregåande, reiste Frøydis til «The Florence Academy of art» i Firenze Italia. Der lærte ho om den klassiske realismen – stilen til dei store meisterande: Leonardo da Vinci og Michelangelo.

Frøydis Årseth Kva inspirerte deg då du utfordring. Vi måla stilleben, gjekk på skulen vår? teikna draperi og kopierte Teikning form og farge tok kjente måleri. Det er berre oss med på mange forskjelnokre av tinga som hjalp meg lige utstillingar slik vi fekk sett i gang. Skrift, farge, utrykke mangfoldet i kunsten. Jo fleire kjensle, det er ein god start å utstillingar eg såg, jo sikrare ha med seg, dersom ein vel vart eg i mi sak – eg ville bli den vegen eg har valgt å gå. ein realistisk målar. NationalEg har hatt stor nytte av det. galleriet i Oslo var det siste Kva tips har du til elevane? KUNSTNAR museet vi besøkte på mitt Aldri gløym trua på deg sjøl, tredje år og det var ei fandu kan om du vil! Eg har alltid drøymt tastisk opplevelse. Tidemand og Gude, om den veien eg er på no, eg veit det CHRISTIAN KROHG, m. fl. ikkje alltid kjem til å gå oppover men Kva nytte har du hatt av det du lærte eg veit at eg vil vere lykkeleg for eg skal på Mo og Jølster vgs.? gjere draumen min verkeleg! - Teikning form og farge trente opp Meir om Frøydis Årseth: auga mine til å sjå, å teikne det eg ser. www.froydisaarseth.com Det høyres lett ut, men det er ei stor


UNDER UTDANNING: Ann-Kristin har tatt Bachelor i arkeologi. Interessa for eldre kunst, som holemåleri og kyrkjearkitektur, fann ho gjennom faget Kunst- og kulturhistorie hos oss.

Ann-Kristin Dahlberg – Etter vidaregåande byrja eg på ein treårig bachelor med spesialisering i arkeologi ved Universitetet i Bergen og det Humanistiske Fakultet. For å ta ei slik utdanning er kravet generell studiekompetanse. Gjennom bachelorprogrammet kan ein ta emne utanom spesialiseringa. Eg har studert litt religionsvitenskap, norrøn filologi og kulturvitenskap i tillegg til arkeologi.

Masteroppgåva går ut på å gjennom eitt år arbeide sjølvstendig med eit sjølvvald prosjekt under rettleiing, og dette vert den avsluttande eksamenen.

– Om ein ynskjer å jobbe med arkeologisk feltarbeid, må ein altså vere budd på fem år med teori fyrst. For min del har det vore kjekke og lærerike år, sjølv om eg framleis er nybegynnar når eg snart skal ut i arbeid. ARKEOLOGI– At eg hamna på arkeologi var litt STUDENT tilfeldig, men det botna i interessa for eldre kunst og for mennesket si kulturskapande – Mange søkje seg inn på toårig mastergrad evne. Å jobbe som arkeolog er det eg primært etter endt bachelorgrad, og dette er naudsynt ynskjer, men det inneber mykje reising og om ein vil jobbe som arkeolog. Etter tre år mellombels tilsetjing i mange år, før ein kan med studiar er det fyrst her ein får prøve seg i få fast jobb. Planen min framover er å ta fleire arkeologisk praksis. Hovudvekta ligg på emne studiepoeng i fag som kvalifiserer til vidknytt til førebuing av mastergradsoppgåva. areutdanning i pedagogikk. For å drive med


Intervju med Ann-Kristin Dahlberg, framhald: undervisning, er noko eg godt kunne tenkt meg, og det vil gjere det lettare å få arbeid utanom feltsesongen. For dei fleste arkeologar verkar arbeidssituasjonen å løyse seg etter kvart som ein har opparbeidd felterfaring. – Ei universitetsutdanning ved det Humanistiske Fakultet er ei flott erfaring fyrst og fremst for alle med generell kunnskapshunger, men òg til dei som ynskjer å kjenne dei kulturelle aspekta ved mennesket betre. – Å gå på universitetet har for min del vore svært utviklande både på eit akademisk og personleg plan, men om ein er mest oppteken av høg inntekt og stabile arbeidstilhøve, vil eg ikkje tilrå humaniora.

ELEVARBEID: Her er ein av elevane i 2SFA i full gang med å lage collage i papir.

– Det beste rådet er etter mi meining likefullt å velje utdanning utifrå interesse, i staden for å uroe seg over arbeidsmarknaden. Og det er ingenting i vegen for å starte på nytt om ein ser at ein har vald feil. – Om interessa for å studere er på plass, er det heller ingen grunn til å uroe seg for at det skal vere for vanskeleg å gjennomføre. Det faglege nivået følgjer ein jamn progresjon gjennom åra som student, og ein meistrar stadig meir.


FAGLÆRAR: Etter formgjevingsfaglinja på Mo og Jølster og eit år på Fana Folkehøgskule flytta Lene Neverdal til Notodden og Høgskulen i Telemark for å ta Faglærarutdanning i Formgjevingsfag.

Lene Neverdal – Mojo-lærarane var noke ei inspirasjonskjelde til dette. Eg ville utdanne meg til eit yrke der formgjevingsfaget sto sentralt. På Høgskulen i Telemark fekk vi forskjellige oppgåver innan forskjellige tema, material og uttrykk, og blei utfordra til å reflektere. Det var periodevis, slik at vi blei kjende med ulike materialer og arbeidsmåtar. I tillegg hadde vi pedagogikk og kunsthistorie. Det var mange flotte verkstadar, og ein hadde moglegheit til å fordjupe seg i forskjellige type materiale og uttrykk. Tredje året i faglærarutdanninga er fordjupingsår der ein kan ta eksempel tekstil, teikning og bildekommunikasjon, tre og metall, keramikk eller Digital bildebehandling. Eg valte keramikk, noko som var veldig kjekt og lærerikt, men ikkje knytta til mine framtidsplanar, som var å arbeide i vidaregåande eller folkehøgskule. Defor tok eg ein master etter faglærarut-

danninga, også denne på Høgskulen i Telemark. Første året på masterutdanninga var det mykje fokus på kunstteori og vitenskapleggjering av faget, og korleis ein kan nytte vitenskapleg tenke-måte inn i formgjevingsfaget. Vi fekk oppgåver som skulle setje oss inn i denne tenkemåten, noko som var svært nyttig som grunnlag før sjølve masteroppgåva – som var eit stort prosjekt, der ein kunne velge kva ein ville arbeide med, men med ein teoretisk, ein skapande og ein didaktisk del. Eg enda opp med å skrive ei veldig didaktisk oppgåve, der eg m.a. hadde ei undersøking på Mo og Jølster vidaregåande. Eg kan anbefale å studere på Høgskulen i Telemark, enten faglærar eller andre kunst og designlinjer. Fagmiljøet er godt, og ein kan utvikle sine skapande evner. Eg starta ei lærarutdanning fordi eg var oppteken av faget, men no er eg oppteken av det å dele faget med


«Følg draumane dine, vær ambisiøs og tørr å ta sjansar» Lene Neverdal

Intervju med Lene Neverdal, framhald: andre. Det er veldig givande å jobbe med mennesker, formidle faget og sjå andre meistre og bli flinke. Eg har enda opp med å få ein Folkehøgskulelærarjobb, noko som eg trivast svært godt i. Her har eg mi eiga linje, som eg kan utvikle på min måte, og eg kan skape mine eigne valfag ut i frå den kunnskapen eg har tilegna meg. Tek ein ei faglærarutdanning kan ein bruke den til mykje. Ein kan arbeide i alle skuleslag, i kulturskule eller kunstmuseum. Ved å ta ein masterutdanning i ettertid kan ein opne opp for fleire muligheiter og ein kan vere med å påverke faget si framtid. Eg anbefalar alle som skal ut i høgare utdanning å velge noko som ein veit ein kan trivast med. Følg draumane dine, vær ambisiøs og tørr å ta sjansar. Dersom ein kan jobbe med det ein er best til, er det sikkert at ein vil trivast og vil gjere ein veldig god jobb.


Design og arkitektur PROGRAMFAG: Design og arkitektur verkar inn på kvardagen. Gjenstandane vi har rundt oss til dagleg er designa: Bustaden, kleda, avisa, koppen, og transportmiddel – alt er med og dannar ramma for det livet vi lever. Programfaget skal medverke til å utvikle evna til å vurdere ny design og arkitektur i eit berekraftig miljøperspektiv og evna til å verne om kulturlandskap og kulturhistoriske miljø. Elevane skal medverke til å utvikle design, arkitektur og omgjevnader som inkluderer alle grupper i samfunnet. Faget legg grunnlag for vidare studiar innanfor design og arkitektur. Opplæringa skal bere preg av skapande og konstruktivt analyserande arbeid i verkstader.

Eigenskapar det er lurt å ha: • Kreativitet og nyfikenheit • I nteresse for kunst, teikning, arkitektur og design.

Tove Kårstad Haugsbø Foto: Lene Sørøy Neverdal


KUNSTFORSKAR OG KURATOR: Tove gjekk Mo og Jølster vgs. i perioden 2000-2003, den gong då studiet heitte Teikning, form og farge.

Tove Kårstad Haugsbø – Eigentleg skulle eg velje elektrofag, men i siste liten endra eg førstevalet. Det har eg aldri angra på! Åra på Mo og Jølster vgs. vart fylt til randen av gode minner og fagkunnskapar, og miljøet var både kreativt og sosialt! På grunnkurset i formgjevingsfag vart vi kjende med eit kreativt fagfelt. Første året lærte vi grunnleggande biletspråk, og prøvde ulike teknikkar, materiale og formbehandling. Vi hadde kunsthistorie, med biletanalyse og fortolkingar. Det var mykje nytt å lære, men læringsmiljøet gjorde det kjekt og spennande. Lærarane var førebilete og til stor inspirasjon. Første året fekk eg ei særskild interesse for fotografi, men tekstil, teikning, fargeblanding og keramikk var alle interessante felt eg ynskte å lære meir om. Framtidsplanane gjekk i alle retningar, og eg klarte aldri bestemme meg og valte ingen særskilde linjefag eller studieretningar. Etter tre år på Mo og Jølster hadde eg lært eindel om alt. I tillegg hadde eg fått ei generell studiekompetanse som opna for høgare utdan-

ning. Min veg gjekk til Universitetet i Bergen. Der studerte eg både kunsthistorie, religionsvitskap og museologi. At «vegen blir til medan ein går», passar studielaupet mitt godt. Eg har alltid fylgt interessene mine, og har også tenkt at det alltid går an å ombestemme seg om valet er feil. Kombinasjonen av kreative fag og teorifag på vidaregåande var ein god kombinasjon for meg. Eg var litt skulelei etter ungdomsskulen, og i tillegg glad i Kunst og handverksfaget. Frå å lære dei skapande og kreative prosessane kring teikning, form og farge, har eg likevel enda opp med ei teoretisk utdanning på høgare nivå. I dag arbeider eg blant anna som forskar i kunsthistorie, noko som betyr at eg skriv på ei doktoravhandling om Nikolai Astrup sin kunst. Ved sidan av arbeider eg som kurator og med formidling av kunst på eit museum. Jobben min er kjempespennande og åra på Mo og Jølster var eit viktig utgangspunkt for stillinga er har i dag!


Kvifor Mo og Jølster? • Mo og Jølster har hatt Studiespesialiserande med formgjevingsfag i fleire år og har opparbeid solid kompetanse på området. • Lærarane våre har brei kompetanse innfor formgjevingsfaga. • Vi har eit stabilt skulemiljøet som er «akkurat passe stort» til at trivsel og fagleg utvikling går hand i hand.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!

• Mo og Jølster vgs. er opptatt av at elevane skal få oppleve fagleg utvikling utanfor skulen. • På VG2 kan elevane danne ungdomsbedrift og få praktisk erfaring, under veiledning av lærar med yrkesbakgrunn. Skulen har hatt fleire premierte bedrifter. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Infohefte om programfaget Studiespesialiserande med formgjevingsfag v/Mo og Jølster vgs.

DESIGN/ PRODUKSJON: Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. TEKST: Mona Fossdal, m.fl. FOTO: Marte Aleksandra Djupvik Torbjørn Frøysland


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.