Jazz på jølst programhefte 2016

Page 1

13.–16. OKTOBER

PROGRAMHEFTE

Fjærevegen 9, 6800 Førde Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no

www.jolsterjazz.com M

=

ö

=


Velkommen til Jazz på Jølst 2016! Den sjuande himmel, dei sju underverk, den sjuande far i huset, slik kunne vi halde fram i nesten det uendelege med talet sju. Men for oss i Jølster jazzklubb betyr talet sju i dag at så mange gonger har vi arrangert Jazz på Jølst (når denne helga er omme), og det er vi bra nøgde med! Og den sjuande jazzfestivalen skal ikkje stå noko tilbake for dei tidlegare; vi kan nok ein gong presentere eit variert, interessant og underhaldande program for folk flest. Også i år har vi kunna velje og vrake blant gode og for det meste norske jazzartistar når vi skulle setje saman programmet. For oss er det alltid viktig at det blir variert innanfor jazzsjangeren og nærliggjande musikksjangrar; at det er både kjende nasjonale, eventuelt internasjonale, artistar og meir ukjende band; artistar på veg opp og ut i den store verda; unge og lovande lokale band og ikkje minst kvalitetsbarnejazz. Så de skjønar at det er mange ting å ta omsyn til for å lage eit godt program både til vårt trufaste publikum og våre nye gjester. Kva kan ein så vente seg i år? Og kva for konsert eller konsertar skal ein gå på for å få den ultimate opplevinga? Eg vil spørje tilbake: Kva med å vere litt galen og gå på alt? Ved å kjøpe jazzpass vil vi påstå at ein får svært mykje att for pengane, og truleg blir ein nokre opplevingar og erfaringar rikare. På dei neste sidene står alt de treng å vite om årets konsertar, men vi vil her trekke fram noko vi synest er ekstra

stas. I alt rundt 40 elevar frå både Skei og Vassenden skular har denne hausten øvd på nokre av låtane til Good Time Charlie. Dei vert med på scena og syng saman med bandet. Utanom konsertane tilbyr Jølster jazzklubb i år som i fjor ein rundtur i kunstnaren Nikolai Astrup sitt landskap, med besøk til stadane som var viktige i livet hans: Ålhus, Sunde, Myklebust og Sandalstrand, der Astruptunet ligg. Du finn påmeldingsinformasjon etter program-oppsettet. Alle elevane i Jølster jobba i fjor med Nikolai Astrup i samband med at han vart lansert i utlandet. Skulane prøvde ut ulike teknikkar, og arbeidet munna ut i ei stor utstilling der alle elevane i Jølster hadde eit kunstverk med. Delar av denne utstillinga har vi gleda av å vise ulike stader på Thon Hotel Jølster denne jazzhelga. Nyt litt lokal kunst mellom konsertane! Er det nokon som har undra seg over kven som har laga dette programheftet de no sit med i handa? Tradisjonen tru er det vg2-elevane ved medium og kommunikasjon på Hafstad vidaregåande skule, i år kallar dei seg Bit & Byte UB, som har utarbeidd design til flygeblad, plakatar og programhefte til årets jazzfestival. Det er kjekt med unge hovud til den jobben! Vi ønskjer god fornøyelse på årets festival! MARIT HARTVEDT for Jølster jazzklubb


Program 2016 TORSDAG 13. OKTOBER 20:00 «Tjuvstart» med Hilde Marie Holsen, Løa på Jølstraholmen

Bill. 200/150/50

FREDAG 14. OKTOBER 20:00 Opning ved leiar i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr 20:15 Opningskonsert «Grieg, Tveitt & I», Dag Arnesen trio med strykarar frå Flora kulturskule Thon Hotel Jølster Bill. 350/300/50/JAZZPASS* 22:00 Kari Malmanger Band, Fjøsen Pub Bill. 250/200/50/JAZZPASS*

12:00 Barnejazz med Good Time Charlie, Thon Hotel Jølster

Bill. 100/50/JAZZPASS*

14:00 Kafékonsert med Nalbant (elevar på Firda vgs., Sandane), Audhild Vikens vevstove GRATIS

20:00 Arild Andersen Trio med Helge Lien, Thon Hotel Jølster

Bill. 350/300/50/JAZZPASS*

22:00 Wild Things Run Fast, Thon Hotel Jølster

Bill. 300/250/50/JAZZPASS*

SØNDAG 16. OKTOBER 11:00 Gudsteneste med jazz-krydder, Ålhus kyrkje

LAURDAG 15. OKTOBER 10:30 Rundtur i Nikolai Astrup sitt landskap ** Med bil/buss, ca. 2 ½ time.

Bill. 100

BILLETTAR Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlemsog studentpris / under 20 år. Barnejazz: vaksne/barn. Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, www.ticketco.no. Elles i døra. *) JAZZPASS Pris: 800/600/200. Gjeld alle konsertane unnateke «Tjuvstart».

n ein både ne er slutt, ka ta er ns ko år N svinge seg til urdag kveld la og ag ed fr otel Jølster. k på Thon H variert musik

**) ASTRUP-RUNDTUR For dei som vil ha litt avveksling i løpet av helga, tilbyr Jølster jazzklubb også i år ein rundtur i kunstnaren Nikolai Astrup sitt rike, med besøk til stadane som var viktige i livet hans: Ålhus, Sunde, Myklebust og Sandalstrand. Påmelding til 916 74 487 seinast kl. 10.00 laurdag 15. okt. Du betalar via TicketCo eller ved turstart.

JAZZTILBOD PÅ MAT/ OVERNATTING Thon Hotel Jølster, tilbyr i år spesielle jazzprisar på overnatting og måltid under Jazz på Jølst! For rombestilling: jolster.booking@ thonhotels.no. Bruk priskode JAZZ!


Foto: Ruben Olsen Lærk

«TJUVSTART»

er Torsdag 13. oktob

Hilde Marie Holsen Hilde Marie Holsen kjem endeleg heim til årets Jazz på Jølst. Ho har bakgrunn frå Jølster Musikklag og utforskar samspelet mellom trompet og elektronikk i improviserte lydlandskap. Her står dei akustiske og elektroniske lydane i kontrast til kvarandre, med melankolske klangar og melodiske tema. Musikken kan opplevast både var, skjør og litt skakk, men også kraftig og dynamisk. Våren 2015 sleppte Holsen debutalbumet Ask

på plateselskapet Hubro. Det har vekt mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – og plata vart òg nemnd som eitt av høgdepunkta frå 2015 i «Jazzklubben» på NRK P2. Seinare har ho spelt på fleire festivalar og scener i Europa. Vi gler oss til å høyre Hilde Marie på heimebane! Hilde Marie Holsen – trompet og elektronikk

Kl. 20:00 Løa på Jølstraholmen

Dag Ar nesen Trio med lokale strykarar, «Grieg, Tveitt & I» Dag Arnesen trio kjem til Jølster konserten med «Grieg, Tveitt & I». Etter å ha gjeve ut tre kritikarroste plater der han kledde sine barnlege Grieg-minne i jazzdrakt og la publikum for sine føter under vignetten «Norwegian Song», tek Dag Arnesen konseptet vidare i samspel med lokale

strykarar frå kulturskulemiljøet i Flora. No også med stoff av Geir Tveitt og eigne komposisjonar. Truleg får vi høyre både «Morgenstemning», Grieg-songen over alle, «Våren», og «Håvard Hedde», for dette høvet i lett sambatakt. Om bruken av ein strykekvartett attåt bass og trommer seier Arnesen at det er noko han har drøymt om lenge.

Fredag 14. oktober

Kl. 20:00 Thon Hotel Jølster Dag Arnesen – piano Ole Marius Sandberg – bass Ivar Thormodsæter – trommer Strykarar frå Flora kulturskule: Anna Michalska – fiolin (lærar) Sanja Dukanac – cello (lærar) Rønnaug O.I. Moen – bratsj Natasha Vidacic (Bergen) – fiolin


ber Fredag 14. okto

KARI MALMANGER BAND Kari Malmanger bur i Sogndalsdalen og er mest kjend som folkemusikar. Kari er kvedar i A-klassen og gav i 2012 ut plata «No soli bakom blåe fjell» med folketonar frå Rosendal, Hardanger og Sogn. Kari Malmanger Band er eit relativt nytt prosjekt, der ho presenterer ein del mueigenkomponert sikk, men også gamle jazz standardlåtar som

ho har skrive nynorske tekstar til. Med seg har ho tre svært stødige jazzmusikarar som skaper ein perfekt balanse av kjensler, harmoni og spenning. Når dei kjem saman, oppstår det musikk som kombinerer jazz og folkemusikk på ein lyttarvenleg, til tider humoristisk og i alle fall stemningsfull måte.

Kl. 22:00 Fjøsen Pub

Kari Malmanger – vokal Bjarne Øymyr – piano Alexander Grieg – bass Stian Villanger – trommer

Foto: Bjarne

Øymyr


Laurdag 15. oktober

Kl. 12:00 Thon Hotel Jølster

Good Time Charlie Good Time Charlie har vore eit namn å rekne med i norsk og internasjonal (rhythm &) blues i godt over 30 år. Med Arle Hjelmeland frå Førde som grunnleggjar, og frontfigur den dag i dag, og med eikefjordingen Steinar Karlsen som den med nest lengst fartstid, sidan 2003, er dei så godt som for eit sunnfjordband å rekne. Good Time Charlie spelar for store og små. For to år sidan gjorde dei stor lukke med fullt hus på barnejazz under Jazz på Jølst, og i år er dei tilbake. Sidan sist har dei gitt ut «Jubel og skrubbsår», ei plate som har hausta gode kritikkar over heile fjøla.

Her blir det fart og spenning for heile familien. Grip sjansen! Arle Hjelmeland – song og munnspel Steinar Karlsen – gitar og song Einar Olsson – trommer og song Morten Skage – bass og song

Laurdag 15. oktober

Nalbant Bandet Nalbant er sett saman spesielt for denne konserten, og musikarane kjem frå Førde, Florø og Sandane. Det dei har felles, er at dei går i lag i tredje klasse på musikklinja ved Firda vgs. Ungdomane i Nalbant har bakgrunn frå ulike sjangrar som metal, pop, rock og jazz, og dei gler seg til å utforske samspelet til denne konserten.

Foto: Oddleiv Apneseth

Kl. 14:00 Audhild Vikens Vevstove

Bartek Galek – bass Vebjørn Leite Olsen – saksofon Kristian Olsen – trommer Håvard Husevåg – keys og vokal Peter Kollstrøm Heilevang – gitar


Arild Andersen trio med Helge Lien

Laurdag 15. oktober

Kl. 20:00 Thon Hotel Jølster

Arild Andersen har vore ein av Europas leiande bassistar i meir enn 30 år. Frå han starta som medlem i Jan Garbarek Quartet i 1967, har han spelt i rytmeseksjonen til store namn som Phil Woods, Dexter Gordon, Hampton Hawes, Johnny Griffin, Sonny Rollins og Chick Corea. Arild Andersen Trio har halde det gåande sidan 2007 og blir omtalt som ein av dei uvanlegaste og mest interessante jazztrioane som har dukka opp dei siste ti åra. Trioen blei starta med det klare målet å pløye ny mark i moderne jazz, og responsen lét ikkje vente på seg. Trioen blei fort kjend for å opptre med forbløffande kraft, presisjon og dynamikk og er no utvida med meisterpianist Helge Lien. Arild Andersen – bass Tommy Smith – saksofon Paolo Vinaccia – perkusjon Helge Lien – piano

Laurdag 15. oktober

Wild Things Run Fast

I 2013 fylte Joni Michell 70 år. Same året bestemte vokalist Siril Malmedal Hauge seg for å setje saman eit band som kunne spele dei vakre låtane til Joni. Saman med musikarar frå jazzlinjene i Trondheim og Oslo har ho plukka ut ei handfull låtar som dei spelar både i ny og gammal drakt. Mitchells musikk er ei blanding av folk, pop og jazz med fantastiske tekstar. Konserten bør glede både dei som

Kl. 22:00 Thon Hotel Jølster

har høyrt musikken før, og dei som ikkje har det – enno. Siril Malmedal Hauge – vokal Martin Myhre Olsen – saksofon Torgeir Hovden Standal – gitar Kjetil André Mulelid – piano Martin Morland – bass Henrik Lødøen – trommer


Takk! Vi i Jølster jazzklubb takkar for at du kom, vi håpar og trur du har hatt eit godt opphald og nytt mykje god musikk. Det kan bli meir jazz på Jølst når du minst ventar det, så velkommen att ved eit anna høve!

hjelparar som trår til når vi treng ei ekstra hand eller eit ekstra hovud.

Dette er det valde styret i Jølster jazzklubb: Marit Hartvedt (leiar), Halvar Helgheim (nestleiar og bookingansvarleg), Arne Per Huus (kasserar), Hilde Hegrenes (skrivar), Atle Reidar Sandnes (styremedlem), Magnus Håheim (varamedlem) og Silja Juklestad (varamedlem). Det er vi som planlegg og gjer mykje av det praktiske arbeidet i klubben gjennom året, men heldigvis har vi også eit knippe gode

Til slutt vil vi takke vår gode samarbeidspart Skei Hotel (Thon Hotel Jølster). Det hadde ikkje vore mogleg for oss å gjennomføre festivalen utan velvilje og støtte frå hotellet. I tillegg blir vi støtta av andre lokale og nokre sentrale bidragsytarar og sponsorar. Hjarteleg takk til alle saman!

Ei stor takk går òg til alle artistane som har gjesta Jazz på Jølst 2016, og til Øyre Lyd og Ragnvald Søgnesand som har sørgt for god lyd og godt lys på alle konsertane.

www.jolsterjazz.com

VÅRE STØTTESPELARAR:

Fjærevegen 9, 6800 Førde Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no

Alf Helgheim & Co AS | Farsund Bygg AS | Førde Kranutleige A/S | Førde Metallprodukt AS | John Holvik AS | Kløppe Krå’na Frisørsalong | Neumann AS | Spar Jølstraholmen Design og utforming: BIT & BYTE UB, Hafstad vgs. 2016–2017

M

=


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.