Design og handverk / Design og tekstil

Page 1

Design og handverk og Design og tekstil mojo.vgs.no

på Mo og Jølser vgs. Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite meir om ei framtid innanfor design og handverkfag.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!


Framtid med skaparglede Det felles programfaget i VG1 Design og handverk er eit spennande første møte med produksjon og grunnleggjande arbeid innan design- og handverksyrker. Det vert gitt yrkesopplæring i handverksfag og det er arbeid med entreprenørskap, utvikling og produksjon av handverksprodukter. Tilhøvet mellom produksjon, marknad og økonomi er viktig – samt praktisk og skapande arbeid med relevante materialar, reiskap og teknikkar. Felles program blir delt i faga: 1. PRODUKSJON med yrkesrelevante produksjonsprosessar for å skape enkle handverksprodukt og tenester – med stor kreativitet. 2. KVALITET OG DOKUMENTASJON som tar for seg kvalitetssikring og dokumentasjon av idéutvikling, val av

produkt eller tjeneste, planlegging, produksjon og vurdering. Digitale verktøy blir brukt i utvikling av produkt, tjenester og presentasjon. I tillegg kjem faget: PROSJEKT TIL FORDJUPNING, der elevane prøver lærefag innan relevant utdanningsprogram. Dei kan og fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på VG3-nivå. HAR DU LYST: SØK! Fleire søkar kan føre til fleire skuleplassar – kanskje til nettopp deg! mvh;) oss på Mo & Jølster vgs.


DESIGN OG TEKSTIL

Design og produktutvikling

VG2 | Krev fullført Design og handverk VG1.

VG2 Design og tekstil skal vere med på å dekke samfunnets behov for kompetanse, og skape produkt innan klede, sko, kostymer, møblar, interiør- og salmakarprodukt. Mo og Jølster vgs. er einaste skule i fylket, som tilbyr VG2 Design og tekstil.

ELEVARBEID: Smykkedesign og keramikk.

Produksjon og materialar

Programfaget omfattar arbeid med design, produktutvikling, dokumentasjon og presentasjon av tekstilfaglige produkt og tenester. Kreativitet og arbeid med form, farge og funksjon inngår i programfaget. Programfaget omfattar kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar.

Eit av programfaga i Design og tekstil, og handlar om praktisk arbeid med tradisjonelle og moderne handverksteknikkar. Det omfattar ulike typar saum, konstruksjon og utarbeiding av mønster og malar. Det handlar også om bruk av ulike tekstile materialar, maskiner, reiskapar og utstyr for måling og tilpassskal gje elevane moglegheit til å få erfaring med inning. Tilrettelegging, planleghald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer ging, gjennomføring, vurderdei ulike yrka innan utdanningsprogramma, fordjupe ing og kvalitetssikring av eige seg i kompetansemål frå læreplanane på VG3-nivå. arbeid, står sentralt.

Prosjekt til fordjuping

– Kva kan eg bli etter Design og tekstil? Yrkene som VG2 Design og tekstil førebur deg til er m.a.: Bundadtilverkar, buntamakar, herreskreddar, handvevar, kjole- og draktsyar, kostymesyar, modist, møbletapetser, salmakar, skomakar og strikkefaget.


I BRANSJEN: Etter å ha fullført 2. klasse på vidaregåande hos oss byrja fekk Jill Angelshaug lærelass hos Jølster Design.

Ny spennande lærlingplass i verneverdig fag! Her i Sunnfjord veit bedriftene å ta vare på sine spesielle fagområder ved å gje ungdommen tiltru og nye sjansar til å ta faget vidare med seg til nye generasjonar. Denne gongen gjeld det: Handvevarfaget! Det er mellom Jølster Design, som held til på Myklebust i Jølster og lærlingen Jill Angelshaug frå Førde at dei i haust har skrive lærekontrakt.

LÆRLING

Jill fortel at då ho gjekk på Design og Tekstil vg2, ved Mo og Jølster vgs, sist skuleår var på utplassering hjå Fonn Design som driv med vev

i Førde, og at ho fekk interesse for dette faget. Men pga. flytting av bedrifta var det ikkje råd å få lærlingplass der, men det lukkast likevel hjå Jølster Design. – Eg har alt veve fleire løparar, eg får jobbe mykje med veven, men har også fått eigen kontorplass og arbeider her mykje med å designe på data nye idear som kanskje seinare kan vevast, seier Jill. Dette er no starten på ei kontrakt som skal vare i 2 år, og berre byrjinga på fagutdanninga som vidare vil gje mange nye impulsar og ende opp med eit sveinebrev. Jill skal få vere med på mykje nytt, og spesielt innafor kyrkjetekstilar som er det dei produserar mest av hjå Jølster Design. TEKST: Siv Kristin Flekke


Verneverdige fag FAKTA:

FÅR BRUKE MODERNE UTSTYR: Jill Angelshaug ved dataveven, ilag med sin fagansvarleg i Jølster Design, Iren Dvergsdal.

• Det er Utdanningsdirektoratet som, etter innspill fra SSV, avgjør hvilke fag som skal regnes som små og verneverdige. • Små håndverksfag som er med på lista over verneverdige fag utløser et ekstra tilskudd til lærebedrifter som tar inn lærling. • Økt tilskudd er et virkemiddel for å få til videreføring av tradisjonelle håndverkskunnskaper gjennom jevnlig opplæring av nye fagutøvere. MEIR INFO: www.maihaugen.no/no/ norsk-handverksutvikling/ Sma-handverksfag/


HISTORISKE LÆRLINGAR: Hausten 2011 laga to av våre elevar historie i kvar si bedrift.

Sakiba skapar kostymar for SOFT For første gang i Sogn og Fjordane fylke si historie har vi fått ein lærling i Kostymesyarfaget. I to år skal Sakiba Deumic vere i lære hos Sogn og Fjordane teater. Dette er ein heilt ny situasjon for Sogn og Fjordane teater (SOFT), som ikkje tidlegare har hatt lærLÆRLING ling. Det er tidlegare Design og tekstilelev på Mo og Jølster vgs., Sakiba Deumic, glad for. – Dette er ein kreativ og spennande arbeidsplass og vere på, seier ei lukkeleg

Sakiba, som får utdanne seg innanfor eit fagområde som ho er svært glad i. Sakiba fortel at ho alt har lært mykje nytt sidan ho starta i slutten av august. Det er kostymeansvarleg ved teatertet, Anna Wingård som er fagansvarleg, og skal lære bort det ho kan av faget som kostymesyar på SOFT.

SJØLVLAGA KORSETT: Her viser Sakiba Deumic eit korsett som ho har sydd.


Sonja syr for Audhild Viken Sonja Sharma er den andre heldige eleven som fekk lærlingeplass i Førde hausten 2011. Sonja gjekk VG2 Design og tekstil i same klasse som Sakiba. Det var i midten av august at Sonja starta som lærling på Systova til Audhild Vikens vevstove. Det som er spesielt gledeleg er at det er første gong bedrifta og har teke inn ein lærling. LÆRLING Sonja er alt godt i gang med å sy ein barnebunad, som no skal vere ferdig. Her lærer ho det meste om Sunnfjord bunaden og litt om bunader frå andre distrikt og. I tillegg held ho og på å strikke sokkar til herrebunaden. Ann Lundekvam er fagansvarleg for Sonja. TEKST: Siv Kristin Flekke

BARNEBUNDAD: Sonja held opp livet til barnebunaden som ho har blant anna brodert maljedukane til.


Kvifor Mo og Jølster? • Mo og Jølster har mangeårig erfaring med Design og handverk og Design og tekstil og har opparbeid solid kompetanse på området. • Lærarane våre har brei kompetanse innfor design, handverk og tekstilfaga.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!

• Vi har eit stabilt skulemiljøet som er «akkurat passe stort» til at trivsel og fagleg utvikling går hand i hand. • Mo og Jølster vgs. er opptatt av at elevane skal få oppleve fagleg utvikling utanfor skulen. • På VG2 kan elevane danne ungdomsbedrift og få praktisk erfaring, under veiledning av lærar med yrkesbakgrunn. Skulen har hatt fleire premierte bedrifter.

Infohefte om programfaga Design og handverk og Design og tekstil v/Mo og Jølster vgs.

DESIGN/ PRODUKSJON: Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. TEKST: Siv Flekke Mo og Jølster vgs. FOTO: Marte Aleksandra Djupvik Torbjørn Frøysland


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.