Fylkesmagasinet 16

Page 7

Ordførar i Førde Olve Grotle håpar å nå 250 nye innbyggarar i år. – Vi ligg geografisk gunstig til. Førde har fått mange og viktige private og offentlege verksemder og senterfunksjonar som gjer at vi også veks i kraft av oss sjølve. Men vi må ta grep og få på plass nytt næringsareal, seier han.

Medgangskommunen TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Førde har dobla folketalet sidan 1977. Frå 6000 innbyggar til dagens 12.490. I tredje kvartal passerte talet nye innbyggarar i år 183. Siste negative året var 1983, med tre i manko. –Prognosane er gode for fjerde kvartal også. Vi håpar å nå 250 nye innbyggarar i år, smiler ordførar Olve Grotle. – Det kjekke er at kommunane rundt oss veks også. Jølster, Gaular og Naustdal – ja, heile Sunnfjord, kan sjå tilbake på år med folketilvekst, seier Grotle, som truleg sikra evig ettermæle tidlig i ordførargjerninga med sitatet «det kjekkaste eg ser er heisekranar og gravide damer». Begge deler har han fått i rikt monn rundt seg. – Korleis er det å leie ein kommune som veks og veks? – Kjekt, stimulerande og oppløftande. I fjor

var veksten 100 personar, lågare enn snittet vårt. I år ser vi ut til å vekse meir enn snittet. Det gler meg. Men tal over eit år er for lite til å seie noko generelt om utviklinga, så vi tek ikkje av. Eg håpar på stor vekst framover, men er overtydd om at det ikkje kjem av seg sjølv. Vi må ta dei rette grepa, seier han og gjev fleire gode nyhende. – Førde får stadig fleire arbeidsplassar. Ved årsskiftet hadde vi 9015 jobbar og tal yrkesaktive i kommunen er 6949. Forholdstal mellom yrkesaktive busett i kommunen og arbeidsplassar totalt er ca 130 prosent. Mykje høgare enn til dømes Ålesund og Bergen. Med glimt i auget kan vi seie at Førde er viktigare for Sogn og Fjordane som arbeidsområde enn Bergen er for Hordaland og Ålesund for Møre og Romsdal. Men tala fortel kor viktig Førde er for fylket! Grotle gjev vekstfaktorarar i Førde. – Vi ligg geografisk gunstig til. Førde har fått mange og viktige private og offentlege verksemder, og senterfunksjonar som gjer at vi også veks i kraft av oss sjølve. Men vi må ta grep. Så raskt som råd må vi få på plass nytt næringsareal. Viktigaste prosjektet vi jobbar med er Sunnfjord Næringspark, ilag med Jølster kommune på Moskog, eit industriområde på cirka 400 mål. Eg håpar òg vi får utvidinga av eksisterande næringsareal på Øyrane. Det er viktig å halde fram med å gjere Førde attraktivt som bu- og

arbeidsområde. Berre slik kan vi vekse vidare. Det er vanskelig å rekruttere arbeidskraft i mange deler av fylket. Førde har vore heldigare stilt, men det blir vanskeligare i framtida, så vi må bli flinkare. Når vi no skal rullere areal- og samfunnsplanen i kommunen er det viktig at politikarane har fokus på bustadproblematikk. Forsking viser at dei viktigaste faktorane i rekruttering av innbyggarar er jobb og bustad. Folk vil ha ein arbeidsmarknad der begge partane i forholdet får jobb, og dertil ha høve til å bytte jobbar, seier Grotle og åtvarar mot å tru at lokomotivet Førde tøffar vidare av seg sjølv. – Det er farleg om folk og politikarar i Førde byrjar tru at vekst kjem av seg sjølv. Vi ligg utom dei store vekstmotorane i Norge, og må jobbe hardt for å gjere Førde endå meir attraktive i framtida. Blant anna treng vi betre infrastruktur, av fleire årsaker. Det vil gje betre trafikkavvikling, mjuke trafikantar betre tilhøve, gjere Førde trivelegare og bidra til at vi kan utvikle delane av Førde som i dag står stille grunna restriksjonar frå vegstyresmaktene. Sjølv om eg er ordførar i Førde, er eg like opptatt av at Sunnfjord som felles bu- og arbeidsområde skal utvikle, styrke og utvide seg. Eg kan ikkje få rost det gode samarbeidet som er på mange plan i regionen no, avslutter Grotle.

FM 16•2012

7

<<

I andre enden av skalaen på folketalsutvikling finn ein Førde, med jamn sterk vekst som siste 40 åra har snitta 200 innbyggarar årleg, med toppar og botnar undervegs.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.