Fylkesmagasinet 16

Page 46

E-PRAT

med Joar Søhoel

Bustadkommune: Sogndal Yrke: Kokk Alder: 28

Foto: TV2

Aktuelt: Ein av deltakarane i årets «Farmen» på TV 2 – Korleis vil du oppsummere opphaldet ditt på Farmen? – Farmen var eit vakkert eventyr for meg i lag med mange hyggjelege personar. Eg var godt rusta og var blant dei få som klarte å holde humøret oppe sjølv om det var lite mat og mykje arbeid. :) – Kva sakna du mest frå det verkelege liv under opphaldet? – For meg så var det som kokk hardt å leggja om kostholdet til havregraut og kokt potet. Men etter nokre veker gjekk da greitt med så einsidig kost. Men kjøttet var sterkt etterlengta. ;) Saknet til min sambuar blei stort, 8 veker på garden kjendes det som eit halvt år. – Kva var det første du gjorde då du kom heim att? – Det første eg gjorde når eg kom heim var å eta meg god og mett. Så prøvde eg å ta igjen litt på hjortejakta. – Hadde du meldt deg på Farmen igjen om du fekk sjansen? – Farmen var reine rehabiliteringa for meg. Her fekk eg komma meg vekk frå min travle kvardag og alt kjas og mas. Farmen kunne eg lett gått tilbake til, men då med min sambuar. – Har du kontakt med dei andre deltakarane? – Har god kontakt med firarbanden og Andreas. Flotte personer alle fem. - Beskriv den ultimate frihelg? – Ultimate frihelg er hjortejakt med gode venner. – Kva har du liggande på nattbordet? – På nattbordet har eg ei nattlampa slik at eg ikkje skal gå på tryne når eg skal leggja meg. – Kva musikk/musikarar lyttar du til? – Rockabilly ligg hjartet mitt nært – Du har invitert fire vener til middag heime hos deg sjølv. Kva serverer du dei? – I kveld skal eg ha 4 gode venner på besøk. Dei får hjortefilet. – Kva drøymde du om å bli då du var liten? – Som liten drøymde eg om å ein gang spela på Sogndal. Men er ikkje så gale å vera kokk heller. – Kva får deg skikkelig irritert? – Jon får meg ganske irritert.

– Du får 50.000 kr du skal gje til eit lag eller ein organisasjon. Kven får dei og kvifor? – 50.000,- skulle gått til Luster Jakt og Fiskarlag. Dei inspirerer ungdom til å ta naturen i bruk. – Kva hugsar du best frå barneskulen? – Barneskulen har eg gløymt av. – Kva ville du vist fram for ein turist som kom til heimstaden din? – Hafslo og den vakre naturen!

FM 16•2012

46

Vi har julegåver til heile familien!

129,-

189,Skisett, barn Av plast. Bindinger med remmer som spennes fast på vanlige vinterstøvler. Staver medfølger. Fås i rosa og blått. 21-011 (90 cm)

999,Verktøysett, 85 deler

299,-

349,-

Varmeteppe, under

RC Spiderman ATV

Dukke i barnesete

100 % polyester. Effekt: 60 W. Mål: 150 x 80 cm. 230 V. 84-161

Radiostyrt Spiderman firehjuling. 27 MHz. Lengde: 30 cm. 45-838

Dukkens lengde: 35 cm. Barnesete av plast med avtakbart trekk. Fås også i blått. 45-819

Av lakkert stålplate. Mål: 47 x 21,5 x 20,5 cm. Vekt: 12,5 kg. 71-004

Søndagsåpent 16 og 23.des: 10-18

FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde Man-fre 9-20, lør 9-18 815 32 815 - www.biltema.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.