Fylkesmagasinet 16

Page 22

SKIFANTOMET

Opplev det kvite gullet på Blåfjellet 1397 moh Tid på oppstigningen: 3-5 timer. Høgdemeter: 1000 m. Faremoment: Vær merksam på at enkelte heng kan være skredutsett. Generelle faremoment: Vere merksam på terrengfeller (skavlar, stup, bekkedalar og punkt kor det brått vert brattare), helningen i terrenget (reduser skredfaren ved å unngå terreng som er over 30 grader. Risiko for skred aukar for kvar grad over 30 grader opp til 38 grader), fersk vindtransportert snø, vær (nysnø, temperatur, og vind) og snødekke (svake lag i snødekke som sukkersnø og begerkrystaller). Anbefalt utstyr: Tryggleiksutstyr (skredsøkjar, søkjestong, spade, førstehjelpsutstyr, hjelm, ev. skredballongsekk og ev. ryggplate), feller, slalåmbriller, kart, kompass (ullklede, dunjakke, skalklede, lue og vottar) Anbefalte førebuingar: Nytt http://www.norgeskart.no når du leser toppturtipset for å orientere deg over terrenget, oppstigninga og sporval ned fjellet. Gå inn på Meteorologisk institutt si nettside, skiinfo.no og yr.no for sjå om kva dei skriv om rasfare. For meir informasjon om Blåfjellet sjå turbeskriving i FriFlyts bok «Toppturer i Norge» 3 utgave 2011. Lokal UTM sone / Euref89. Sonebelte: 32V. Øst: 0387806.64. Nord: 6797469.61 På skifantomet.com ligger bilete som viser oppstiginga og vanligaste nedkjøring.

Sol ifrå skyfri himmel og er nesten på Blåfjell. Det slakke flate parti inn til Blåfjell gjenstår. Foto: Skifantomet

Sogndalsdalen er kjent for fine snøforhold og gode topptuhøve, og har blitt populært blant dei jaktar det kvite gullet, som det kom masse av i fjor. Vel du topptur i Sogndalsdalen i vinter er det store sjanse å oppleve pudder på nedkjøringa. Blåfjellet 1397 moh er eit populært toppturfjell hos lokale, og tilreisande, skientusiaster, med fin nedkjøring og store opne områder du kan sette svingane dine i. Bortsett frå at enkelte heng kan være skredutsett er det generelt ein trygg tur, der du kan velje mellom mange fine linjer på nedkjøringa. OPP: Start ved dei to parkeringsplassane yttarst i Gunvordalen (du kan parkere på oppsida eller nedsida av brua på Gunvordal). Gå opp skogen på venstre side av Stølsgrøvene mot fjelltoppen Svarteholten, som kjem godt til syne ved tregrensa. Gå på venstre side av Svart-

holten (på same side av fjellet som Kongsteiggjelet og Kambafjellet). Frå Svartholten er det god utsikt til nedkjøringa i område mellom Svartholten og Grånipa. Ein fin stad å få oversikt over nedkjøringa og ta sporval. Følg fjellkjeda frå Svartholten til neste topp som ikkje ligg langt frå Kambafjellet. Derfrå inn til Blåfjellet er det slakt flatt parti. Toppen er eit skålforma platå. Ned: Vanligaste nedkjøringa er ned nordsida mot Gunvordalen via Stølsgrøvene. Det er mange fine linjer ifrå Svartholten til Grånipa. Vær merksam på skredutsette område. Ved sida av Svartholten er det nokre bratte hellingar. For unngå dei kan du traversere bort til fjellet Nonsnholten før du begynner på nedkjøringa. Skogen ned mot Gunvordalen er tynna ut, så du kan avslutte turen med fin skogkjøring siste stykket.

FM 16•2012

22

Vi ønsker alle våre kundar i Sogn & Fjordane ei riktig god jul!

Registrert elektroentreprenør

Sandane tlf. 57 88 46 10 www.hendenelektro.no

Stryn tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Sogndal tlf. 57 68 29 50 www.josvanger.no

Florø tlf. 57 75 22 11 www.vestelektro.no

Førde tlf. 478 36 160 www.sunnfjordelektro.no

Bremanger tlf. 57 79 13 57 Svelgen tlf. 57 79 51 90


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.