Fylkesmagasinet 11

Page 12

<<

«Mandeltred och Marmor»

Slik ser det ut når lenkja kjem på foten. Å klippe den vekk er ein enkel sak, men alarmen går i Florø det saksa kuttar lenka.

jobbar og held økonomiske forpliktingar må det vere god samfunnsøkonomi, utan at eg har rekna på det, seier ho og fortel at EK brukast i vanleg soning også. – Der fangar soner siste del av dommen slik som del av tilbakeføring til samfunnet. Desse er største målgruppa for EK frå Justisdepartementet, og eit felt vi jobbar med å auke deltakinga frå, seier Ødven og fortel at ordninga sjeldan misbrukast. – I 2011 søkte 1922 personar om EK totalt i Norge. 1064 byrja soning og 56 vart overført til fengsel for regelbrot. Nokre få trekk seg sjølv, og vil heller sone resten i fengsel, men det er sjeldan. Dei fleste overføringane skjer som følgje av brot på rusforbod, som gjev direkte overføring til fengsel, eller å komme for seint til avtalar fleire vender, seier ho og fortel dei så langt har motteke 251 oppdrag lokalt. – Av desse har berre 3-4 blitt overført til fengsel.

Alle skal med? Sogn og Fjordane var eit av seks prøvefylker i 2008. – Det var spennande å få rulle ut eit nytt straffealternativ i Norge, vi var audmjuke for ansvaret. Sogn og Fjordane har ikkje kapasitet eller tilgang til like mange dommar som større fylke, men valet gjorde oss veldig synleg i kriminalomsorga og vi har fått mykje gode tilbakemeldingar. Pilotfylka Hedemark, Rogaland, Troms, Vestfold, Oslo og Sogn og Fjordane er veldig ulike: Tenk avstandar og vegar i Troms kontra Austlandsfylka, eller folketal. Målet var å bidra til å lage ei god ordning, og det har vi lukkast med. Vi meiner EK er eit veldig godt alternativ til fengselssoning der det høver, seier ho og fortel at Agderfylka, Hordaland og Akershus har kome til, medan resten er på vent. – Enkelte, spesielt på borgarleg side, var negative til EK. Blant anna det etiske i å gjere heimen til fengsel, og plassering av dømte i samfunnet. Enkelte frykta det vart eit tilbod for dei med ordna forhold. Det er ikkje sett av pengar til fleire fylke per no, men den politiske oppsluttinga har auka. Frykta for at EK berre er for dei som har ordna forhold kan vi avkrefte. Kriminalomsorga hjelp saman med kommunale krefter til med å skaffe både arbeid og adekvat bopel om naudsynt, seier ho.

I 2005 gjorde Brandsøykoret, frå Florø, stor suksess med musikken til Mikis Theodorakis. No luftar dei musikken hans igjen. – Konserten i Florø var ein gedigen suksess, med fulle hus, så same haust bestemte vi oss for ein miniturne til Naustdal og Leikanger, sidan vi hadde lagt ned så mykje arbeid at det var synd ikkje fleire fekk høyre musikken, smiler Kai Helge Rønvåg i koret. – Både koret og publikum sette pris på denne musikken, difor fann vi ut at tida var inne for ein ny konsert, fortel han og set Mikis på kartet. – Namnet er kanskje ikkje kjent for alle, men når ein seier «Zorba» eller «Stranden» nikkar dei fleste med hovudet: Musikk folk i alle aldrar kan nyte i fulle drag. Tekstane er oversatt til svensk, og saman med dei smektande tonane rører dei ved noko i alle som hører dette, seier Rønvåg. Dei har også styrka koret sidan sist. – Vi har med ein del songarar frå Hamar, som før har hatt same oppsett fleire gongar i eigen regi, og deira musikalske leiar Tore Mortensen, som vi hadde eit utruleg inspirerande korseminar med i vår. Det kom og ideen om samarbeid. Mortensen spelar piano under konserten. Florømusikarane Sanja Dukanec Qattawi, på Cello, og Halvard Lunde, på gitar. I tillegg har vi med Bane frå Serbia på bouzouki, nesten det viktigaste instrumentet i gresk musikk. Musikalsk leiar er Anna Michalska, avsluttar han og seier det blir konsert i Florø kyrkje 22. September Førde kyrkje dagen etter.

Framtida?

FM 11•2012

12

– Er dette framtidsretta soning som er kommen for å bli? – Det trur eg. Erfaringane er gode, og det politiske landskapet positive etter å ha sett kor godt EK fungerer, men kriminalomsorg er politikk: Ein må ha regjeringa i ryggen. Vi håper at politikarane ser verdien i dette. Det er brei politisk semje om straff med godt kvalitativt innhald, som EK er. Tilbakeføring er eit aktuelt omgrep i kriminalomsorg. EK er ein god modell for mjuk overgang frå fengsel til samfunn. Målet er gradvis, kontrollert tilbakeføring til samfunnet med støtte frå kriminalomsorga. Vi har ei anna form for soning under fridom også, som vi har lenger erfaring med: Samfunnstraff. Her kan ein ha dommar opp til to års varigheit, som gjev 420 timars pålagt ubetalt arbeid for samfunnet. Sentralt i begge formene ligg individuelle, målretta samtalar med fokus på førebygging av ny kriminalitet, der vi tek føre oss alt frå rus til relasjonar og hjelpebehov. Alle i KIF lokalt har sosialfagleg bakgrunn, og er ein dedisert, godt utdanna gjeng med brei kompetanse, og veldig tru på arbeidet sitt. Ei lita jente sa etter å ha blitt fortalt kva vi driv med: Dokke e skurkereparatørar. Eg ville ikkje sagt det slik, men det beskriv kanskje det vi prøvar å oppnå, avsluttar Ødven.

75; )( )25(0$1 Navnet er det samme, men TRX500FE i 2012-modellen er virkelig en helt ny maskin! Nyutviklet motor med bensininnspørytning og flytende kjøling. Samt den nyeste versjonen av Hondas ESP overføring, skrift gir med tommelen! Chassiset er helt ny med moderne design, høy bakkeklaring, bedre fjæring, nytt hjulsystem utstyrt med rett bakaksel som før. Grovarbeideren er selvsagt utstyrt med 5 gir.

FØRDE MOTORSPORT Storehagen 3 • Tlf 41 53 42 45 www.fordemotorsport.no

1\KHW 76 792,-95.990,eks mva. Intropris NYHET! Nå som traktorregistrert (T3) for kjøring på vei.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.