Elvetorget julemagasin 2015

Page 1

STE M N I NG, GLEDE OG TREND

JULEHYGGE Hugs utvida opningstider og søndagsope i førjulstida!

Fin & festleg

Gåvetips som gleder!

I JULESELSKAP

SIDE 4 OG 5

SIDE 7, 15, 23 OG 29

JULEMAGASIN 2015

HOT MED HANDARBEID

|

SKREDDARSYDD SERVICE

|

GULL OG UR – HAND I HAND

|

BONDENS BUTIKK


Instagramkonkurranse VINN GÅVEKORT!

FOR Å DELTA GJER DU FØLGJANDE:

• Ta bilde av det du ønskjer deg til jul på Elvetorget. • Publiser bildet på Instagram med hashtag #Elvetorgetjul • Tagg tre venner • Følg Elvetorget på Instagram 21. desember trekker vi tre heldige vinnarar som kvar vinn eit gåvekort til ein verdi av kr. 500,-. Lukke til!

ELVETORGET | JUL 2015

2

Vis oss kva du ønskjer deg til jul!


Forventningar Eg tiltrer som senterleiar i den travlaste tida på året og synest dette er spennande og utfordrande! Mi oppgåve som senterleiar vil vere å legge forholda til rette for, og aktivt bidra til, at alle tilsette og kundar skal oppleve Elvetorget som ein god stad å vere. Eg ser viktigheita av dyktige og engasjerte leiarar, som med sine fagkunnskapar og sin positivitet inspirerer sine tilsette. Eg har stor tru på at arbeidsglede og meistring smittar! Vi skal gjere kvarandre gode og samarbeid gjev sunn konkurranse. Dette vil våre kundar merke! På Elvetorget har eg fått gleda av å møte ein gjeng med dyktige og positive menneske. Dei likar at Elvetorget er ein levande og aktiv stad å vere og ser fram til ei hektisk førjulstid! Ei engasjert aktivitetsgruppe har sett i gang det som høyrer med av juleførebuingar, og her er både «tradisjonen tru» og mykje anna. For meg er dette det beste utgangspunktet eg kunne fått som ny senterleiar i ei travel førjulstid. For deg Hugs utvida opningstider og søndagsope i førjulstida!

betyr det at Elvetorget er ein god stad å vere, og ein god stad å handle – også i ei hektisk tid. Vi vil at julehandelen skal vere stemningsfull og god og, minner deg på å ta deg tid til ein kaffikopp og ein prat med Fin & festleg

kjende.

I JULESELSKAP SIDE 7, 15, 23 OG 29

Vi har mykje spennande på programmet framover, og i magasinet du held i handa får du full oversikt over kva som skjer før jul. Du får også julegåvetips, tilbod

FRAMSIDE MODELLAR: Sanja Kostić og Roger Aase Takk til familien Haug for lån av hus

og artiklar om nokre av butikkane. Elvetorget har stor breidde i utvalet sitt, og om du vil kan du ta heile julehandelen hos oss.

MAGASINET FRÅ ELVETORGET JUL 2015 ANSVARLEG UTGJEVAR: Elvetorget Førde, Anne Karin Steen PRODUKSJON: Rein Design DESIGN: Ingvild Pedersen TEKST: Kristine Slettehaug og Roy Sunde FOTO: Stine Bortheim TRYKK: Molvik Grafisk DISTRIBUSJON: Posten Norge OPPLAG: 18.500

Vi gler oss til å ta imot deg og lovar å gje deg ei god oppleving.

Med vennleg helsing

Senterleiar

3

ELVETORGET | JUL 2015


MODELLANE ER KLEDD OPP AV: Katrine Bortheim - Lindex, Katrine Halding Øren - Bikbok, Jonas Eikenes - Storm, Amadou Jallow - Dressmann, Ann Helen Karlsen - Lindex, Sanja Kostić - Bikbok, Roger Aase - Storm.

NÅR VENNER SAMLAST

Julestemning på magisk vis!

DET VAR EIN GANG EIN VENNEGJENG SOM VILLE SKAPE JUL. SOM VILLE TREFFE DEI SOM EIN ELLES IKKJE SER SÅ OFTE, OG SAMLAST RUNDT MATBORDET MED NOKO EKSTRA GODT I DEI HØGE GLASA.

Det skulle lukte peparkaker, gløgg og granbar, og det skulle vere mange tende stearinlys. Frå peisen kom knitrande lydar, medan det første snøfallet la seg ute. Stemninga skulle vere lun og latterfylt, og dei gode historiene skulle forteljast. Damene i glitter og strass, mennene med press i buksa og sløyfe i halsen. Hælar skulle forsiktig klikke over golvet, og frå høgtalarane strøymde dei kjende, kjære julemelodiane. Det skulle snart vere jul, og det skulle vere magisk stemning.

ELVETORGET | JUL 2015

4


Gode venners lag: Kleda til julefesten finn du p책 Elvetorget. Vi hjelper deg gjerne med 책 sette saman det perfekte juleantrekket!

5

ELVETORGET | JUL 2015


Årets julegåve Gje eit Skoringen-gåvekort i julegåve Kjøp det i ein av butikkane våre.

Herre

949,-

Herre

899,-

Dame

799,-

Dame

1099,-

Naustdalsvegen 1 A · Tlf 21 07 95 40 · skoringen.no

Jente

599,-

Gutt

499,-


G ÅV E T I P S TIL DEN INTERIØRBEVISSTE

Glad

4.

i å h a de t fint

2.

LEKKERT I HEIMEN

1.

3. 5.

o n y t t! k o n med p p t o Pyn

1. Kid Interiør Duk 299,90,- Duftlys 139,90,- 2. Viken Brodd Fasettvase 399,- Skål Kråkebolle 590,- 3. Torgbua Vase lys blå 199,Vase grå 299,- 4. Førde Glassmagasin Pledd 1399,- Lysestake grå 169,- Lysestake rosa 199,- Vase rosa 199,- 5. Nille Pelspledd 199,LED-lyslenke 99,7

ELVETORGET | JUL 2015


UNIKT OG PERSONLEG

SARI KOSKINEN

Så travelt har dei det, at det viser seg å vere vanskeleg å få nokre minutt med dagleg leiar og eigar Sari Koskinen. Ho tråklar seg mellom kundar, og må stadig svare på spørsmål om symaskiner, garn og anna. Og det er ikkje berre fordi det nærmar seg jul det er travelt. Butikken har merka «trykket» lenge. – Vi merkar at folk ønskjer å ta vare på det dei har, eller lage noko sjølv. Dei vil heller bruke pengar på å reparere enn å kjøpe nytt. I tillegg merkar vi godt at handarbeid er populært, og at ein vil skape noko personleg. Til og med unge gutar kjem innom for å kjøpe garn. Det er uvanleg, men sjølvsagt veldig kjekt. Slike kundar heiar vi ekstra på!

Gjenbruk og handarbeid er trendy som aldri før. Det merkar Sybutikken Sting for Sting på Elvetorget godt.

VIKTIGE TRADISJONAR Sari er oppteken av at handverkstradisjonar ikkje skal forsvinne. Ho ser med uro på at det er lite saum og handarbeid på skulane. – Det er ein tradisjon eg meiner skal bli ivaretatt. Om ikkje, risikerer vi at det snart ikkje er mange som kan saum, og at det døyr heilt ut. Ho er derfor takknemleg for at ulike typar handarbeid er i vinden att. – Strikking har vore det store lenge. Vi har kundar heilt ned i 10-årsalderen, og vi må stadig utvide garnsortimentet for å dekke behovet til kundane, smiler ho TERAPI Kvifor det er blitt så populært med handarbeid att, meiner ho det er fleire grunnar til: – Folk er opptekne av det personlege og unike. På same tid har dei behov for å sette seg ned i ein travel kvardag. For mange er handarbeid og strikking ei kjærkommen pause, der dei kan konsentrere seg heilt og fullt om ein ting og kople ut resten av verda. Mange samanliknar det med mindfullness og terapi, forklarar ho.

LIKAR TRENDEN Butikken har mange kundar som ønskjer hjelp med eitt og anna. – Vi tek i mot retting på klede, og det vi kanskje gjer mest av, er å sy opp bukser. I tillegg er det mange som skal ha hjelp med kjolar: sy inn, sy ut, legge opp, skifte glidelås. Og ikkje minst den klassiske problemstillinga: Kunden har kjøpt kjole på nett, som er alt for sid. Då kjem dei til oss, smiler Sari. Ho er glad for alle som kjem innom butikken, anten dei ønskjer råd og hjelp, eller skal handle varer til handarbeidet sitt. – Eg likar at folk tek vare på tinga sine og at dei er opptekne av gjenbruk. At strikking er blitt så trendy igjen er fantastisk kjekt, avsluttar Sari, før ho spring vidare til neste kunde. Og kanskje fekk du lyst til å ta opp att strikketøyet no, eller lage noko heilt spesielt i julegåve i år? Utstyret finn du på Sybutikken Sting for Sting på Elvetorget.

ELVETORGET | JUL 2015

8


FOREINA FAGKUNNSKAP

Gull og ur – hand i hand Det ligg ein tidlaus, god aura over urmakar- og gullsmedbutikkar. På Gullsmed & Urmakar Brændmo & Pettersen på Elvetorget får du dobbelt opp. Lommeur 2.498,-

Kombinasjonen gjer butikken til ein naturleg stoppestad før viktige hendingar i livet. – Klokker og smykke – det er flotte gåver til ei kvar anledning, smiler Henning Brændmo og ønskjer velkommen inn. Og det er ikkje vanskeleg å vere einig i påstanden. Det er berre å tenke over sitt eige liv, der både urmakar og gullsmed har vore vitja før viktige hendingar: Då besten tok deg med for å kjøpe «konfirmasjonsklokke», sølvskei i dåpsgåve til tantebarnet, eller gifteringen du kjøpte til din utkåra. Det ligg mange minne i slike besøk.

– Det er mange kjensler knytt til smykke og ur, seier ho. – Folk kjem med alt frå små armbandsur og smykke, til store veggklokker. Viktige gjenstandar, med mange minne knytt til seg, som familieklenodium og arvegods som folk ønskjer å overlevere til neste generasjon igjen, seier ho. MEIR ENN TASTETRYKK – Å handle i ein butikk er ei heilt anna oppleving enn å berre trykke på nokre tastar. Her møter du folk som er spesialistar på klokker og smykke. Vi har stort utval av garantert ekte kvalitetsprodukt, og du kan sjå og ta på varene og samanlikne dei med andre produkt. Tenk kor kjedeleg det hadde vore å ikkje hatt butikkar å shoppe i, smiler dei.

STERKARE SAMAN Gullsmed & Urmakar Brændmo & Pettersen byrja livet som separate butikkar: Gullsmed Brændmo og Førde Ur og Optikk, starta av foreldra til dagens eigarar, i høvesvis 1969 og 1960. I 2003 slo dei seg saman i den «unorske» kombinasjonen gullsmed og urmakar, lokalisert på Elvetorget. – Verda var i endring, og tida for små spesialbutikkar på gateplan var over i Førde. Urmakar og gullsmed passar godt saman, sjølv om kombinasjonen er spesiell her til lands. Fagkunnskapen «overlappar». Eg kan ikkje rote inne i klokkene, men det som skjer på utsida er ganske likt, smiler Henning. Samlokaliseringa viste seg å vere ein styrke. – Folk vil ha lett tilgang til mange tilbod når dei handlar, og shopping er ei totaloppleving i dag. Vi fekk eit breiare tilbod i butikken, samtidig som Elvetorget husar mange andre bransjar under same tak. Det er ein fordel både for oss og kundane, seier Jannicke Pettersen.

Det er mange kjensler knytt til smykke og ur.

TRYGGLEIK OG KUNNSKAP Butikken tilbyr meir enn berre den reine transaksjonen av varer og tenester mot pengar. – Fagkunnskap, bransjekunnskap, tryggleik og god, personleg service, er «løyndommen» bak ein god butikk. No meir enn før slår Jannicke fast. – God service handlar om å lytte til kunden og skape god dialog. Vi rettleiar deg i høve behov og ønskjer, og det er utruleg kjekt når ein klarar å hjelpe folk. Dei går heim nøgde og glade, seier Jannicke og kjem til eit anna stort fortrinn. – Vi er her når kunden treng oss. Om det skulle vere noko gale med vara, eller du skulle vere uheldig og skade den, får du hjelp. Vi fikser «alt», smiler ho. For bak sjølve butikklokalet ligg hjartet i bedrifta: verkstaden, fullt utrusta for både urmakar- og gullsmedverksemd og gravering. Der held urmakaren og gullsmeden til, med rundt 70 års fagkunnskap og erfaring samla.

JANNICKE PETTERSEN

9

ELVETORGET | JUL 2015


Viken, Førde Torg, tlf 57 72 00 80. Følg oss på instagram: instagram.com/viken_forde

Opplev neste generasjons komfortsko

med ekstrem støtdemping!

Avd. Avd. Førde Torg Førde Torg 57 72 24 40 57 72 24 40

Avd. Avd. Elvegården Elvegården 57 82 37 18

57 82 37 18


Julegåvetips

frå gjengen på Sport 1

Øysteins tips Jotunheim Brimi softshell bukse Ulvang Rav genser Salomon XA Pro Gtx sko Norrøna 29 logo beanie

Rogers tips 349,-

Amundsen sokkar Amundsen knickers boxers Amundsen Skauen anorakk Amundsen Classic lue

1899,2399,399,-

Siljes tips Jotunheim Glitterheim dunkåpe

799,799,1599,449,-

Jotunheim Spiterhø lue Nike Pegasus joggesko

Kai Roberts tips

Arve Jonnys tips

699,Devold Islender ullstilongs 699,Devold ullsokkar 149,Devold Islender ull-lue 299,-

Bergans Birkebeiner lue

Devold Islender ulltrøye

Kari Traa Rose ulltrøye

Bergans Rabben kids fleecejakke

Kari Traa Rose ullstilongs Kari Traa Rose ull-lue Kari Traa Rusa 2 pk ullsokk

Jotunheim Krossbu softshellbukse mini

699,699,399,149,-

Bergans Hovden Youth headband Jotunheim Snipp ullgensar Jotunheim Snapp ullbukse Jotunheim Bygdin 2pk ullsokk Jotunheim 2-lags ulltrøye Jotunheim 2-lags ullstilongs Jotunheim Varde lue

3 ET. ELVETORGET, FØRDE TLF: 57720067 FORDE@SPORT1.NO FØLG OSS PÅ FACEBOOK

250,-

Bergans Breheimen 3-lags bukse

2200,-

Bergans Uranostind jacket

1600,-

Gode prisar på skipakkar og utstyr

Adrian ,Emily og Aksels tips Merethes tips

1199,299,1050,-

299,249,99,249,249,149,-

400,399,250,-


MEIR ENN KLEDE

Skreddarsydd service – Ein dress skal vere fin og av god kvalitet, men like viktig er det at den «sit riktig», smiler Per Jan Solvær og ønskjer velkommen inn på Mozart. PER JAN SOLVÆR

Per Jan veit kva han snakkar om. Yrkeserfaringa frå klesbutikkar er lang. – Det byrja med ein sommarjobb i bransjen då eg var 17 år, heime i Kristiansund. Sidan har eg vore oppteken av klede og mote og jobba med det. For 21 år sidan starta eg Mozart i Fokusgården i Sentrum Sør: Ein butikk som sel herre- og dameklede, til folk som er opptekne av mote og set pris på personleg service, smiler han og fortel at han har halde butikk på Elvetorget i åtte år. – Det var kjekt å drive butikk på Sørsida, men ein er avhengig av eit trafikkgrunnlag som gjev impulsiv handel. Her borte er det ei heilt anna røynd. Butikkar er gjensidig avhengige av «naboane», for å skape trafikk og sal. – Kva er «løyndommen» bak ein god klesbutikk i 2015? – Det trur eg er den same løyndommen som gjeld det meste her i livet: At du likar det du held på med. Og for butikken sin del, at ein har tilsette som elskar jobben sin. Då blir arbeidsdagane kjekke, seier han.

seier han og legg til: – Ein må vere god på kundeoppfølging i alle ledd. ALLE SKAL FÅ EIN DRESS SOM SIT FINT PÅ På Mozart er dei særs opptekne av at kundane får klede som sit så godt på som det kan. – Ei utfordring i dag er at meir og meir av kledebransjen handlar om standardvarer. Det blir færre og færre produsentar og fabrikkar som tilbyr spesialstorleikar. I kledebransjen no er alt «standardisert», og det er eit problem, sidan ingen kroppar er like. Ein standarddress vil sitte ulikt på to kroppar som på papiret brukar ganske lik storleik. Sjølv om brystmål og buksestorleik er lik, kan magemålet og lengda på beina vere særs ulike. Det krev individuell tilpassing. Eit av Mozart sine fortrinn er at vi kan serve dei som fell utanom «standarden», som er dei fleste av oss, og sørgje for at alle får ein dress som sit fint på dei, slår han fast.

SERVICE I ALLE LEDD Ein får ofte inntrykk av at pris er blitt den viktigaste faktoren i handel. Og at service ikkje er så nøye med lenger. Det går ikkje Per Jan med på. – Alt vi driv med i denne bransjen kjem inn under omgrepet service. Ein må ta i mot kunden på godt vis, slik at dei føler seg sett og ivareteke, og ha ein god dialog undervegs – der ein gjev gode råd og rettleiing, og finn fram til dei varene kunden ønskjer. Når ein lukkast med det, og kunden har hatt ei god handelsoppleving – då kjem dei igjen. – Er god service eit døyande fenomen i vår tid, no som handlemønsteret er i endring? – Absolutt ikkje! God service har alltid vore viktig – og er viktigare i 2015 enn nokon gong. I ei tid der konkurransen i handelen er på sitt hardaste – er dette med god service eit fortrinn,

ELVETORGET | JUL 2015

Slips 399,-

12


Bondens butikk WWW.BONDENSBUTIKK.NO

LOKALPRODUSERT Bondens butikk er eigd og drive av aktive produsentar i

Tidlegare i november «poppa» Bondens butikk opp i andre etasje på Elvetorget. Butikken bognar av ferskvarer frå lokale produsentar.

Bondens marked. Bak Bondens butikk står Stiftelsen Bondens marked Norge. Butikken er eit prøveprosjekt, og den første butikken opna på Mathallen Vulkan i november 2013. I butikken vil du finne lokalprodusert mat frå bønder.

– Det er som eit stort gardsutsal, forklarar Aud Slettehaug, marknadsleiar i Bondens marked Sogn og Fjordane. – I pop-opp-butikken, som skal vere der før jul, tilbyr vi ferske varer direkte frå produsentar i Sogn og Fjordane, og nokre utanfor fylkesgrensene. Utvalet vil variere dag for dag, men det vil alltid vere breitt og variert. Det du finn her, finn du kanskje ikkje i butikkane – og omvendt. Du får blant anna tak i produkt som ikkje har stort nok volum til å bli selde i daglegvarebutikkane. MATTIPS DIREKTE FRÅ PRODUSENTEN Butikken vil ha dei same opningstidene som Elvetorget, og vere betjent av produsentane sjølv når dei har anledning til å vere der. – For deg som kunde betyr det at du kan stille spørsmål om varene direkte til dei som har laga dei eller har høg kjennskap til produsenten og produkta. Du kan få gode tips om tilverking av vara, seier Slettehaug. Målet for butikken er å syne fram breidda i lokalmaten, og tilby sesongvarer no som det bognar av råvarer i regionen. – Butikken vil ha eit variert utval av både foredla og ferske varer, kanskje varer du ikkje visste om eller har tenkt på kor godt det smakar. Du vil verte freista, det lovar vi, seier Slettehaug. SMAKFULL KVALITETSMAT I førjulstida skjer det mykje, og kanskje står det lokalmat på bordet når du inviterer til juleselskap? – Slike produkt er også kjekt å få som julehelsing. I tillegg vil vi tilby eit utval handverk, hudpleie, planter og litt naturleg pynt, seier Slettehaug, og lovar mykje smakfull kvalitetsmat.

13

ELVETORGET | JUL 2015


Julegavetips hos hos Telenorbutikken Telenorbutikken Førde Førde

Julegavetips hos Telenorbutikken Førde

299,-

299,-

m/Mobil L, 699,-/mnd. m/Mobil12L,mnd. 699,-/mnd. Totalpris 8 387,Totalpris 12 mnd. 8 387,50,- i rabatt pr. mnd. rabatt 50,-iiet halvt pr. år!*mnd. i et halvt år!*

m/Mobil M, 499,-/mnd. m/Mobil12M,mnd. 499,-/mnd. Totalpris 6 287,Totalpris 12 mnd. 6 287,-

299,-

m/Mobil L, 699,-/mnd. Totalpris 12 mnd. 8 387,50,- i rabatt pr. mnd. i et halvt år!*

299,-

m/Mobil M, 499,-/mnd. Totalpris 12 mnd. 6 287,-

*Deretter ordinær månedspris de neste 6 mnd. Gjelder abonnement Mobil L, XL og XXL. Opplevd hastighet varierer etter abonnement og andre *Deretter månedspris neste 6 mnd. Gjelder MobilMobil L, XLL,og XXL. Opplevd hastighet varierer etter abonnement og andre ordinærde månedspris de neste 6 mnd.abonnement Gjelder abonnement XL og XXL. hastighet etter abonnement forhold. Les ordinær mer på*Deretter telenor.no/dekning. Tilbudene/totalpris gjelder Telenorbutikken Førde 23.Opplevd november 2015varierer – 3. januar 2016 medog 12andre mnd. avtale. forhold. Les mer forhold. på telenor.no/dekning. Tilbudene/totalpris Telenorbutikken Førde 23.23. november januar 2016 12 mnd. Les mer på telenor.no/dekning. Tilbudene/totalpris gjelder Telenorbutikken Førde november 2015 ––3.3.januar 2016 medmed 12 mnd. avtale.avtale. Vi tar forbehold omgjelder utsolgte varer, leveringsvansker og trykkfeil.2015 Vi tar forbehold om utsolgte varer, leveringsvansker og trykkfeil. Vi tar forbehold om utsolgte varer, leveringsvansker og trykkfeil.

Telenorbutikken Førde Telenorbutikken Førde Telenorbutikken Førde


7.

G ÅV E T I P S TIL HAN

T ø ft

til m annen

2. 5.

NORDISK GENTLEMAN

11.

8.

4.

herrar l i t r gåve e r ulæ Pop

10.

3.

6. 1.

1. Sport1 Førde Joggesko 1250,- 2. Telenorbutikken Beats Studio 2499,- iPhone 6s 3. Mozart Pologenser 899,- 4. Gullsmed & Urmakar Klokke 28.500,- 5. Dressmann Genser 499,- 6. Vita Exclusive Sauvage 100 ml. 860,- 7. Norli Førde En sjøens helt 399,8. Erdal Sport Hjelm 2299,- Skibriller 1990,- Lue 299,- 10. Våpenloftet Kikkert 2950,- 11. Carlings Dongeriskjorte 699,- Caps 399,15

ELVETORGET | JUL 2015


1

FØLG OSS PÅ FACEBOOK VITA EXCLUSIVE

DIY-sett

GAVESETT Estée Lauder Blockbuster

1

Miras Diadem, bredde 15 mm. Materialer til 1 stk. Fra 5 år. 495818 ______________ 99,-

2

Julekongen Kongekrone av mosegummi,H. 10cm. Materialer til 1stk. fra 4-10 år.495816 ___________ 129,-

3

Julekongen sverd av tre. L.53 cm. Materialer til 1 stk. Fra 4 år. 495817 __________ 149,3

Kr 895,(Verdi Kr 3.740,-)

NARCISO RODRIGUEZ EdP 30 ml./EdT 30 ml.

2

3

Kr 545/495,DIN FARGEHANDEL FOR HOBBY, MALING OG INTERIØR

BOKUBEN FØRDE AS ELVEGÅRDEN, 6800 FØRDE. TLF. 57 82 35 11

FØRDE NAUSTDALSVEGEN 1 A | TLF.: 57 72 24 75 | VITAEXCLUSIVE.NO


VELKOMMEN TIL JULEHANDEL I VÅR BUTIKK Pfaff Smarter by

3995,-

1999,Før 3299, -

Viking hobbygarn

-20% heile desember

T I TRAVLE TIDER A M D GO Vi har òg:

KJØKKENMASKIN ROYAL1800W • Kraftig 1800W kjøkkenmaskin • Røreskål på heile 6,8 liter • Røreskål i børsta rustfritt stål med handtak • Grundig rotasjon i skåla for eit perfekt resultat • Smart LCD Display • Program til deig, røring, pisking, pulsdrive • Røreskål som ein lett kan ta av • Praktisk lokk til skål

• 3 typar blad til røring og pisking • Ekstra sterk girkasse i metall Kassa inneheld 1 x Royal 1800 kjøkkenmaskin 1 x Røreskål (6,8 liter) 1 x lokk til røreskål 1 x Deigkrok 1 x Rørespade 1 x Piskeris 1 x Bruksanvising

Baguettar

Piadina

Kyllingsnadder

Kyllingburger

Hamburgermen y

Lasagne

Ildfast form 36x27 cm med Perfect slice

299,-

Løvbiff

Prøv våre fiskerettar! Fish & chips Fiskesticks Fisherman’s platter

Pizza m.m.

Raspeball kvar torsdag!

Elvetorget, 1. etasje, 6800 FØRDE • 57 82 31 70 Vi har ope måndag-fredag 1100-1900 | laurdag 1100-1630 | tlf: 57 82 35 09


VELKOMMEN TIL JULEHANDEL I VÅR BUTIKK

KAHLER OMAGGIO NYHEITER

Julekuler 3 pk. 399,-

Alle produkt frå Botanics og No 7

÷30%

Naustdalsvegen 1A, 6800 Førde • tlf.: 57 82 23 00 sunnfjord.forde@apotek.no • sunnfjordapotek.no

Lysestake Liten Medium Stor

199,249,329,-

Miniatyrvase 3 pk. 399,Skål 15 cm 249,-

Elvetorget, 1. etasje, 6800 FØRDE • 57 82 22 98 post@fordeglassmagasin.no • www.fordeglassmagasin.no


mote no!

Vi har antrekk til både kvardag og fest! Kombiner slik du sjølv ønskjer, eller spør oss om råd. Vi hjelper deg gjerne med juleantrekket!

Ho

Vinterens «må ha» genser med polohals (1999,-) Partyskjørt m/

Han

paljettar (1299,-) Skjerf (998,-) Alt frå Line of Oslo.

Tøff Tweedblazer med breie slag og klokkelomme (2798,-) Vinterens ”må ha” pologenser (899,-) Jeans frå G-Star (1199,-)

Opningstider for desember ligg på vår heimeside mozart.no


PÅ MENYEN

Mat på Elvetorget! Behov for ei pause i julehandelen? Ønskjer du å nyte ein kopp kaffi, eller eit måltid? Kafeane våre tilbyr eit variert utval, og har mykje godt på menyen.

GATEKJØKKEN

BAKERI OG KAFÉ

VARMMAT

ABA`S INN

OLEFINE

SPISEKROKEN

Kjapt og godt!

Fersk brødmat og julekaker.

Heimelaga tradisjonsmat.

– Om du vil ha noko kjapt og godt når du er på julehandel, så skal du komme til oss. Menyen er den same i førjulstida, ein meny som vi veit at kundane set pris på. Mange har ei travel tid no før jul, og ikkje tid til å vente lenge på maten, seier Bjørg Vilnes på Aba`s. Ho ramsar opp noko av utvalet du finn på gatekjøkkenet: – Vi har blant anna godt utval i fisk, som fish`n chips og fish sticks. Vi har rikt utval av hamburgarmenyar, varme baguettar og ulike kyllingmenyar. På torsdagane har vi som vanleg raspeballar. Alltid like populært, smiler Bjørg. Om du er ute etter noko søtt, tilbyr dei også det. – Vi har softis og slush heile året. Også før jul, avsluttar ho.

I andre etasje finn du den populære kafeen til Naustdal Dampbakeri, Olefine. Om du ønskjer eit pust i bakken under julehandelen, eit måltid eller ein kopp kaffi, skal du slå deg ned her. – I tillegg til vår vanlege meny, med påsmurt, fersk brødmat, salatar, bollar og kaker, finn du i førjulstida julekaker og konfekt i disken vår. Om du ikkje ønskjer ta julebaksten sjølv, kan du handle julekaker med høg kvalitet hos oss. Det blir ikkje store endringane på menyen før jul, men litt julesylte og liknande blir det nok på brødmaten, seier Anne Sofie Berntsen og anbefaler alle å smake på konfekten deira. – Den er handlaga av konditorane våre, og utruleg god!

Spisekroken er opptatt av å lage mat heilt frå grunnen av. Om du ønskjer eit heimelaga måltid mellom slaga, skal du finne deg eit ledig bord hos Anne Elise Gjervik. – Før jul har vi som vanleg mykje god mat i disken. Vi sel supper, salatar, påsmurt, forskjellig varmmat og gode kaker som vi bakar sjølv. Tradisjonsmat er stikkordet, og no før jul satsar vi på solid mat som mettar godt i ei travel tid. Om du er fysen på svele eller natron­ kake, så har ho det òg! – Ei svele og ein kopp kaffi gjer godt når du er på julehandel. Ein skal kose seg litt, smiler Anne Elise, og minner om at dei lagar milkshake og frappe også.

ELVETORGET | JUL 2015

20


No tilbyr vi dei populære Gant-klokkene i butikken!

W10924 kr 1990,-

W10842 kr 1890,-

W10928 kr 2590,-

W11401 kr 1290,-

W11402 kr 1490,-

W108411 kr 1990,-

Smykke kr 795,-

Øyrepynt kr 395,-

Ring kr 495,-

BRÆNDMO & PETTERSEN

Ring kr 395,-

gullogur@forde.frisurf.no


Yes! vi fører Design til barnerommet Den perfekte gave nyfødt / dåp / bursdag / jul gavekort

KonKurranse i butiKKen Delta og vInn et gavekort verDi Kr. 5000,gjelder hele desember

Yes! vi leker Førde Elvetorget • 2. etg. Tlf. 57 82 60 44

Swedish Design By

JaBaDaBaDo

følg oss på InStagraM / yesforde

®


G ÅV E T I P S

1.

6.

TIL HO

12.

9.

Tøft

STILSIKRE

ti l d ama

DAMER

2.

Håp

kjer... s n ø e efull

11. 3.

8.

5.

13.

4. 10.

1. Lindex Veske 249,- 2. Mozart Dongeribukse 799,- 3. Gullsmed & Urmakar Klokke 18.490,- 4. Centrum Salong Veil. pris Ghd 1899,Moroccanoil 329,- 5. Vita Exclusive Rouge 504,- Leppestift 360,- 6. Norli Førde Klompelompe 349,- 8. Vivikes Hansker 149,- Skjerf 299,9. Skoringen tøflar 499,- 10. Sunnfjord Apotek Toner 129,- Cleansing oil 129,- Day cream 209,- 11. Cubus Truse 119,- BH 269,12. Erdal Sport Lue 299,- 13. Yrkesklær Fjellsko 1.699,23

ELVETORGET | JUL 2015


VI HAR JULEGÅVENE

Oakley goggles

Dale of Norway

VM-genser 2016 Oslo

Sweet protection

Skibriller

Velkommen til ein hyggeleg julehandel!

Hjelmar

www.g-sport.no

Erdal Sport Førde, tlf. 57 72 29 30

sport er alt


VV hjelper dee mee julegavenn VV pakker gjernn inn VV hjelper dee mee julekalender Hos Storm f책r du julegaver fr책:

Muchachomalo Selected Solid SuperDry Gabba Vannucci Elvine Only & Sons Hound

Pretty Polly Selected Femme Vila Object Salsa Desires By Hound




Stort utval av barnekle

Leiker til store og sm책

Stort utval av babyutstyr

Barnas g책vebutikk


G ÅV E T I P S TIL DEI MINSTE

5. 9. 3.

Kjær e jule nissen…

BARNSLEGE

8.

GÅVER TIL DEI SMÅ

6.

Ga 4.

t er t n ra

de e l g

t ree t er d un 7.

2.

1.

1. Lindex Genser 199,- 2. Norli Førde Harry Potter og de vises stein 399,- 3. Viken Termos 99,- Sekk 349,- Puslespel 198,4. Skoringen tøflar 249,- 5. Cubus Sett, bukse og genser 249,- 6. Gyngehesten Leikehund 799,- 7. Lydsenteret Gitar 695,8. Bokuben Sett, sandleire 249,- 9. Leikebutikken Yes Gåbil 1.199,29

ELVETORGET | JUL 2015


AKTIVITETSGRUPPA

Kjære kunde

SNART STÅR SENTERET PYNTA OG KLART TIL DEN KOSELEGASTE MÅNADEN I ÅRET; DESEMBER.

»

Laurdag 28. november skal alle julelysa vere tente, både ute og inne på Elvetorget, og vi ønskjer forventningsfulle born og vaksne velkomne til juleopning. Kafeane våre inviterer på GRATIS kaffi fram til kl. 12.00 denne dagen, og når klokka nærmar seg 12.30 får vi besøk av Arle Hjelmeland og Good Time Charlie. Dei skal synge og spele for oss, og det blir fengande juleblues frå balkongen på Torgplassen. Om vêret ikkje er med oss, så flyttar vi inn i fellesarealet. Vi får også besøk av julenissen, som vil gå rundt og helse på alle borna. Tradisjonen tru har vi besøk av Noss gard som sel juletre på Torget frå 15. desember, og Frelsesarmeen står der med julegryta si alle laurdagane før jul. I julemagasinet finn du flotte annonsar frå mange av våre butikkar, som viser eit lite utval av det du finn i hyllene før jul. Vi gir deg mange fine julegåvetips, og dei kan det vere lurt å notere seg før du skal ut og handle til dine kjære. Vi håpar vi har klart å inspirere og freiste deg til å ta turen innom Elvetorget. Her møter du både god julestemning og ei hyggeleg betjening som er klare til å hjelpe deg med julegåvene eller juleantrekket. Med ønskjer om ei god og stemningsfull jul frå oss på Elvetorget!

ELVETORGET | JUL 2015

30

«


BUTIKKOVERSIKT

Apotek Sunnfjord Apotek

Bokhandel Norli Førde

Data | Tele | Musikk Lydsenteret Telenorbutikken

Gullsmed Gullsmed & Urmaker H. Brændmo og J. Pettersen

Daglegvare Bunnpris Rema 1000 Kafé Aba’s Inn Olefine Spisekroken

Klede og Sko Bik Bok Carlings Cubus Dressmann Lindex Mozart Non Stop Sko Skoringen Storm Vivikes Yrkesklær – Jobb og Fritid Viken

Tekstil | Interiør | Jernvare Bokuben/Panduro Førde Glassmagasin Kid Interiør Nille Sybutikken Sting for Sting Torgbua Viken

Leikebutikken Yes Personleg pleie Centrum Salong Floke – Grønn Frisør Vita Exclusive Sportsutstyr Erdal Sport Våpenloftet Sport 1 Førde Bingo Link Bingo Trening Elvetorget Gym

Barn Gyngehesten

BRITO SPEKEMAT – Skal eg selje deg ei spekepølse i dag, lokkar Odd Birger Jensen bak det bognande torgbordet og byr på rause smaksprøver. Han prøvar å finne produktet som du vil like. Det er hans beste salstriks, avslører han og fortel at han sel rundt 100 kg spekemat på ein god dag, og at han har rundt 40 spekepølser i utvalet sitt. – Eg har nokre eigne oppskrifter òg, der eg nyttar lokal hjort og vilt heimafrå. Min favoritt er salami med kvitlauk og koriander, og reinsdyrsmorr, seier Jensen, som har seld spekepølser i 27 år. Han er 300 dagar på reise i året, og trivast godt i Førde. – Siste 14 dagane før jul er eg stort sett her: Salet går godt, og eg får stå inne. Som møring er eg glad i svele, og dei har gode slike på Spisekroken. Og ABAs har raspeball kvar torsdag, gliser han. – Og treng eg slipe knivar er Torgbua rett borte i gangen, seier han og ønskjer velkommen til smaksprøver og julehandel.

31

JULEGRANTENNING MED GOOD TIME CHARLIE Det er med glede vi kan melde at årets julegrantenning på Elvetorget blir etterfølgt av minikonsert med Good Time Charlie. Dei byr på fengande juleblues frå balkongen på Torgplassen, som du kan nyte heilt gratis. Om vêret ikkje er med oss, så flyttar vi inn i fellesarealet. Good Time Charlie er eit norsk R&B/Blues band frå Førde og Bergen, med vokalist og munnspelspelar Arle Hjelmeland i spissen. Velkommen til julekonsert!

ELVETORGET | JUL 2015


Hugs utvida opningstider og søndagsope i førjulstida!

Juleprogram TORSDAG 19. NOVEMBER KL 10.00

SØNDAG 13. DESEMBER

Pop-opp butikken Bondens butikk opna. Kvalitetsmat direkte frå produsenten i regi av Bondens marked.

Opningstid: 14.00 – 19.00 Underhaldning for store og små av Sunnfjord Folkehøgskule Nisse på huset. Kl. 15.00 – 17.00

LAURDAG 28. NOVEMBER Opningstid: 10.00 – 18.00

TYSDAG 15. DESEMBER

Juleopning på torget

Julegransalet startar på torget. Noss Gard sel juletre heilt fram til 23. desember.

Tenning av julegrana, med musikalske innslag av Arle Hjelmeland og Good Time Charlie. Kl. 12.15 Nisse på huset. Kl. 12.00 – 14.00

LAURDAG 19.DESEMBER

Bondens marked

Opningstid: 10.00 – 18.00 Nisse på huset. Kl. 12.00 – 14.00

LAURDAG 5. DESEMBER

Bondens marked

OPNINGSTIDER I JULA 24.12: kl 09.00 – 12.00 28.12: kl 10.00 – 16.00 29.12: kl 10.00 – 16.00 30.12: kl 10.00 – 16.00 31.12: kl 10.00 – 13.00 OPNINGSTIDER BUNNPRIS 24.12: kl 09.00 – 13.00 25.12: STENGT 26.12: kl 11.00 – 22.00 27.12: kl 11.00 – 22.00 28.12: kl 09.00 – 22.00 29.12: kl 09.00 – 22.00 30.12: kl 09.00 – 22.00 31.12: kl 09.00 – 16.00 01.01: STENGT (vareteljing)

Opningstid: 10.00 – 18.00 SØNDAG 20. DESEMBER

Bondens marked

Opningstid: 14.00 – 19.00. LAURDAG 12. DESEMBER

Nisse på huset. Kl. 15.00 – 17.00

Opningstid: 10.00 – 18.00

Underhaldning: Lokalt kor syng julesongar

Brito er på torget frå i dag til 19. des. Nisse på huset. Kl. 12.00 – 14.00

OPNINGSTIDER REMA 1000 24.12: kl 09.00 – 13.00 28.12: kl 07.00 – 23.00 29.12: kl 07.00 – 23.00 30.12: kl 07.00 – 23.00 31.12: kl 08.00 – 16.00 01.01: STENGT

Bondens marked

Vi har alt du treng til jul, både gåvene, pynten og maten. I tillegg er torghandlarane på plass før jul.

Bondens Marked: 28. nov og 5. 12. 19. des.

Brito Spekemat: 18.–19. nov og 12.–19. des.

Opningstider: 10–20 (10-16)

elvetorget

#elvetorget

elvetorget.no

Juletre frå Noss Gard startar 15. desember.

Laurdagane før jul finn du Frelsesarmeen si julegryte på torget.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.