Utdrag fra boken

Page 1

01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 1

Bjarne Foss

Ikkje til å tru – om ein fantastisk møbelsuksess og offentleg psykisk terror


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 7

Forord Denne boka er delt opp i tre bolkar

Del 1 er beskrivelse av å vekse opp i førkrigs- og krigsåra i ein stor syskenflokk med ein sjuk far. Det blei ein hard kamp for å overleve. Vidare tek eg med ymse hendingar som var med å forma livet mitt: Skule, arbeidsliv, sjukdom, famileliv og politikk m. m. Del 2 er historia om å bygge opp ei handelsbedrift i 1960–70 åra med dei mange utfordringar dette krov. Men det som gjorde det ekstra problematisk var den massive motstanden eg møtte frå Lindås kommune som gjorde alt for å stoppa meg. Del 3 er den egentlege grunnen til at eg har skrive denne boka og som handlar om

min konstante kamp mot Lindås kommune i tretten år. Problemet er at kommunen ikkje vil ha nokon dialog slik at ein kan få avklart kva som er urett og kva som er fakta. Stadig vert det hevda at sakene er kompliserte og vanskelege. Kommunen forsøker å teie meg i hel. Ofte vert brev ikkje besvart eller ein får eit Goddag, mann! – Økseskaft-svar. Ein anna grunn er at det rundt om i landet sikkert finns mange som er blitt overkjørt av kommune og Fylkesmann og som ikkje har hatt krefter eller økonomi til å ta opp kampen. Kanske kjenner du deg igjen når du les denne boka`s Del III?

7


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 8

Oppsummering

K

ampen mot byråkrati og politikere i Lindås kommune begynte då eg skulle starte handelsvirksomheit med møbelutsal i Isdalstø i 1971.

Kommunen har brukt mange millionar kroner på advokatar utan å oppnå noko som helst, bortsett frå å plage meg og stoppe oppføring av eit forretnings- og boligbygg. Eg representerer Foss Eigedom AS og Foss Utviklingsselskap AS. Naboeiendommen er Reklamehuset Eiendomsselskap ANS. Nedanfor er noen eksempler fra saksbehandlingen.

Vanskane blei ikkje mindre då eg utvida virksomheten i Knarvik. No er alle sakene rota saman og kommunen kallar det Fosssaka. side

Rådmannen fjernar frankerte brev frå brevkorga for å hindre at ein av formannskapet behandla klage kjem fram til Fylkesmannen.

side

Hevdar at på grunn av gode naboforhold treng ikkje naboeiendommen sende nabovarsel i ei byggesak.

side

Godkjenner at naboeiendommen kan bruke Foss sitt areal for tilkomst til 14 parkeringsplassar «på eigen grunn».

side

Godkjenner at naboeiendommen brukar av Foss sitt areal til å anlegge 8 parkeringsplassar på eiendommen.

side

+ side 156. Tegningar som er innsende i forbindelse med byggesøknader blir makulerte av kommunen og erstatta med nye med endra mål/ikkje målsette.

62 83 83 84 95

side

100 + side 98. Med fullt overlegg gir villeiande rettleiing. + side 66, 91, 95, 100, 124, 158. side 100 Gong etter gong grip til løgn og gir uriktige opplysningar for å forsvare seg. Krev at det vederlagsfritt blir avgitt 400 m2 areal til naboeiendommen og at det vert opna for side 106 at skal anleggast vei gjennom Foss sitt parkeringsareal for å få behandle vår byggesøknad. Oppkonstruer ein veg som ikkje eksisterer og skuldar Bjarne Foss personleg for å ha sett side 121 opp eit gjerde for å tvinge psykisk utviklingshemma og barn ut på trafikkfarleg veg. Ordføraren nektar å avsanne påstanden. side

126 Går ut i avisene og skuldar oss for å ha sett opp ulovleg gjerde om natta. side

128 Uberettiga ilegger oss tvangsmulkt og brukar 8 månader til å behandle vår klage. + side 143, 146, 147. side 134 Utan noko som helst grunnlag gong på gong truar med utpanting og tvangsinndrivelse.

På henvinsingssidene står dette merket: ! Alt som er skrive i denne boka og sitat kan dokumenterast. 8

Bjarne Foss.


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 10

IKKJE TIL Å TRU

Fossevik gnr. 69/3-4 ca. 1950.

S

Heimstaden Ingolf som var fødd og død i 1922, truleg av krybbedød. Mor snakka ofte og heilt til de siste om Ingolf. Eg trur ho syrgde over han heile livet. Litt rart når ho hadde så mange andre friske born. Korleis må det då vera for dei som misser det einaste barnet dei har. Det einaste kulturelle i bygda var bedehuset. Derfor gjekk nesten alle der. Der var det ofte møter av omreisande predikantar. Størst stas var det når vi hadde besøk av Frelsesarmeen. Som regel to damer med gitar. Nokre gonger var det også ein mann med som spelte trompet. Underernærte som vi var på musikk var dette store opplevinger. Når dei sette i gang med to gitarar og trompet var det som om heile bedehustaket letta seg. Nærmare himmelen var det umuleg å komme.

taden eg kjem frå heiter Foss i Gaular kommune. Herfrå til tettstaden Sande er det om lag fire km. Folket ernærte seg stort sett av gardsdrift. Bruka var små og tungdrivne, som regel hadde dei 3 til 7 kyr og nokre sauer. Om vinteren var det litt skogsdrift for dei som hadde skog. Det var ikkje nokon industri, men det var mange som i tillegg til jordbruket dreiv heimeproduksjon med spikring av sildekassar og produksjon av tunner m. m. Vi var 8 sysken, Sverre f. 1915, Gustav f. 1918, Harald f. 1920, Johannes f. 1921, Inga f. 1924, Hilma f. 1926, Solveig f. 1932. Eg, Bjarne, er født 8. mai 1929 heime i stova på Foss, ifølgje notat i erindringsboka til far, kl. 9 om kvelden. I tillegg var det ein bror,

10


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 14

IKKJE TIL Å TRU

små ressursar til rådigheit skulle det ein enorm disiplin til for å kunne overleve. Det var ikkje alltid vi var skikkeleg mette, men heilt utan mat kan eg ikkje hugse vi var. Likevel var det vanskeleg å skaffe klede, sko og mat til alle. Derfor vart dei tre eldste plassert hos nokre gardbrukarar der dei måtte hjelpe til med ymse arbeid samtidig som dei gjekk på skulen. Til å skaffe sko til vinterbruk var eit stort problem. Derfor måtte mor gå den tunge vegen og tigge etter sko som andre ungar hadde vokse ut av. Eg hadde fått eit par støvlar som son til doktoren hadde hatt. Ein dag skuleklassen var på tur, hadde vi ei rast under vegs. Eg vart sitjande på sida av han som eg hadde arva skoa frå. Eg såg straks at han kjende dei i gjen, og eg venta på at han skulle seie: «Går du i gamleskorna mine»? Det var nesten som hjarta mitt stoppa. For ei skam det ville vere. Men han snudde seg vekk og sa ikkje eit ord. Han såg vel redselen i augone mine og forstod.

Fattigkassen Etter at far ikkje lenger kunne gå i fast arbeid fekk familien nokre kroner i månaden frå «forsorgen». Å ta imot pengar frå fattigkassen var ei forferdeleg skam, uansett kor gode grunnar det måtte vere for det. Dei som tok i mot slik stønad, vart rekna som snyltarar og var ein belastning for samfunnet. Eg gjekk i ein stadig angst for å kunne bli mobba for det på skulen. Det kan eg ikkje hugse at eg nokon gong vart, men berre nokre gonger frå kameratar som eg leika saman med. Det var tydeleg at i heimane deira vart vårt «tilfelle» eit samtaleemne og eg fekk høyre at det var deira skattepengar som gjekk med til å underhalde oss. Eg hadde ikkje noko å forsvare meg med og måtte berre ta imot. Men det gjorde frykteleg vondt.

Mor Det er klart at mor fekk ein enorm belastning når inntektene til far var borte, men ho la ikkje hendene i fanget når problema var store. Ho kunne få den minste positive hending til å virke stor. Ho var i aktivitet frå den tidlege morgon til den seine kveld. Spinning, strikking, sying og ikkje minst matlaging. Ho var ein meister til å få mykje ut av lite. Eg har alltid beundra personar som kan halde fram å arbeide og halde hjula i gang når problema synes å vere uoverstigelege. Mor var ei av desse. Ho tenkte alltid framover og viste at det ikkje var nok å ha mat på bordet i dag. Det måtte ein ha i morgon og dagane etter og. Med så

Mor og far. Bildet er tatt i 1957.

14


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 26

IKKJE TIL Å TRU

Til Tyskland for freden Formålet med Tysklandsbrigaden var todelt og i korte trekk: • Oppretthalde ro og orden i brigadens ansvarsområde i samråd med og etter oppdrag frå dei britiske okkupasjonsmyndigheiter. • Maksimalt å utnytte treningsmogelegheitene i Tyskland for å gjere soldatar og avdelingar best muleg skikka for strid i Noreg. I 1949 vart eg innkalla til militærteneste. Eg hadde søkt om å få komme i Forsvarets sanitet og fekk ynskje oppfylt. Eg møtte på Lahaugmoen 2. mai. Det vart 4 månader med hard trening. Det var dårleg med mat, og den krona vi fekk i dagpengar, vart i alt vesentleg brukt til å avhjelpe dette. I slutten av juli fekk ein del av oss melding om at vi skulle gjere teneste i Tyskland i Brigade 492. Det kom brått på og verka både spennande og litt skremmande. I midten av august vart 13 mann plukka ut og sende som fortropp. Dei skulle overta spesielle stillingar på feltsykehuset og reiste før

dei andre slik at dei skulle få litt tid saman med dei som hadde hatt stillingane før og kunne sette seg inn i arbeidsoppgåvene. Eg var tatt ut til å vere på kontoret hos venerologen på feltsjukehuset i Schleswig. For meg som alltid hadde hatt lyst til å bli lege, var dette sjølve draumejobben. Dagen etter vi kom til Schleswig møtte eg opp på kontoret hos venerologen. Det viste seg at den eg skulle overta etter, var ein tremenning som eg hadde gått i lag med på folkeskulen. Han spurde kor eg hadde fått mi opplæring, og eg sa at eg berre hadde hatt vanlig teneste på Lahaugmoen, men at eg i nokre år hadde arbeidd på kontor i det sivile. Han forklarde meg at det vesentlege på dette kontoret ikkje var kontorarbeid, men å pleie pasientar. Jobben her var å ta blodprøvar, sette sprøyter og behandle hudsjukdomar osv. Då må det ha skjedd ein misstyding, sa eg, så då får eg melde ifrå. Nei, det må du ikkje gjere, sa han, for her har vi det kjempefint. Og det å ta blodprøvar og sette sprøyter er ikkje så vanskeleg som det høyrest ut for.

Frempartiet i sanietskompanie 492 i Flensburg. Foto: J A Syvertsen. Kilde: De norske styrker i Tyskland. Bjarne Foss er markert med rød ring.


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 27

Hamburg 1949. Min gode soldatvenn Leif Augerud frå Hvittingfoss til høgre.


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 32

IKKJE TIL Å TRU

dårleg og det var ein kamp til å få midlar til dei oppgåvene som skulle løysast. Køane til å få ein plass på sjuke- eller aldersheim var lange. Mange som trong, hjelp budde i hus som var lite egna for sjuke og til å bli gamle i. Mellom anna var husa ofte dårleg isolerte og trekkfulle. Dette var menneske som hadde levd i ei tid då ein måtte snu på krona minst to gonger før dei brukte ho. Mange hadde no spart seg opp ein del pengar i banken, men det var eit problem at dei ikkje ville bruke av oppsparde midlar på seg sjølv. Det var viktig at når dei gjekk bort, skulle det vere noko pengar igjen til etterkomarane. Det var vanskeleg å overtyde dei om at å etterlate seg eit velhalde hus kunne vere langt meir verd enn nokre kroner. I ettertid må eg innrømme at eg forstår tankegangen: Dei hadde levd eit langt liv der pengar alltid var mangelvare. Pengar var for dei sjølve tryggleiken. Spare på skillingen og la dalaren gå, er eit gammalt ordtak. Eg må konstatere at deira tankegang ikkje var annleis enn den politikk som i dag vert ført i rike Norge: I staden for å bruke litt av den store formuen vi set på til m. a. å bygge ut infrastrukturen, få gode trygge vegar slik at landet kan verte overlevert til etterkomarane i god stand, skal komande generasjonar få ein pengebinge på fleire tusen milliardar kroner. Det kan komme til å vise seg at det ikkje er så stor tryggleik i denne pengebingen. Utanom kommunepolitikken var eg i 12 år formann i Lindås forliksråd.

16 år i lokalpolitikken Til kommunestyrevalet i 1976 var eg førd opp som listefyll på listene til Det Nye Folkeparti og Høgre. Eg var ikkje medlem i noko politisk parti og måtte derfor velje kva liste eg ville stå på. Eg valde Høgre. I ettertid viste det seg at han som skulle levere lista til valstyret for Det Nye Folkeparti kom ein time for seint og fekk ikkje godkjent lista. Hadde eg valt DNF hadde eg kanskje aldri komme med i kommunepolitikken. Det var mange saker som opptok meg, og det var viktige avgjerder som skulle takast. Dessutan kunne det vere godt å utvida horisonten litt og ikkje berre tenke forretning heile tida. Derfor sa eg meg villig til å ta ein ny periode, 1980 – 1983. Denne gongen var eg kumulert. Møbelforretninga gjekk godt og omsetnaden auka år for år og eg følte at eg måtte sette heile mi arbeidskraft inn der. I tillegg var eg med på å bygge opp møbelkjeden Møbelringen, der eg var styremedlem og seinare styreformann. Eg melde derfor frå til valnemnda om at eg ikkje stilte til kommunevalet 1984 – 1987. Men så fekk eg spørsmål om eg kunne stå som ankermann sist på lista. Det sa eg meg villig til. Det skulle eg ikkje gjort. Eg kom inn i kommunestyret med god margin. I perioden 1988 - 1991 vart eg motvillig valt til leiar i Helse og sosialutvalet. Det medførde langt meir arbeid enn å sitte i kommunestyret og ei rekke utval. Kommuneøkonomien var i denne tida nokså

32


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 36

IKKJE TIL Å TRU

E

Til å gjere eit fabrikklokale om til butikklokaler blei ein stor kostnad, men eg hadde tru på at dette skulle gå, sjølv om mange av dei om lag 30 møbelhandlarane i Bergen lo av meg og spådde ein snarleg konkurs. Like etter nyttår i 1972 vart Nordhordlands første supermarknad og Nordhordlands første reine bransjeforretning opna. Det vart suksess frå første opningsdag. Men så kom problema. I Lindås bygningsråd hadde ingen respekt for ein bedriftsleiars vurdering av at møbelproduksjon i bygget ikkje lenger hadde livets rett. Her skulle det drivast møbelfabrikk og ikkje noko anna.

g hadde registrert firma under dette namnet i 1962. I starten selde eg møblar etter svart/kvittbrosjyrar! Hadde eit lite lager av småmøblar på loftet heime. Frå 1967 dreiv eg i nokre år frå eit nedlagt fabrikklokale i Alversund. Her hadde eg lager og 100 m2 med utstilling. Omsetnaden auka år for år. Det var ei fin tid den tida eg dreiv møbelsal i Alversund, men lokala låg litt avsides til. Fabrikklokala i Isdalstø var på 850 m2, og det var ganske stort å bruke alt dette til møbelsal den gongen. Eg kom i forbindelse med engrosfirmaet Univest i Bergen, og dei var interesserte i å leige lokale til supermarknad. Dei overtok 400 m2 av lokala.

– like etter nyttår 1972 åpnet Nordhordlands første supermarked og Nordhordlands første reine bransjeforretning i de ombyggete fabrikklokalene i Isdalstø. Suksess fra første dag. 1957 Stifta møbelfabrikk. Produksjon i nedlagt garveri Alversund

1962 Firma Møbelutsalget Bjarne Foss registrert, overtok Isdalstø Møbelfabrikk. Flyttet produksjonen dit og drev denne til 1971

36

1967 Møbelsalg fra nedlagt fabrikklokale i Alversund


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 42

IKKJE TIL Å TRU

Avsanning om rykte … På eit møte i bygningsrådet i mai 1983, då diskusjonen gjekk på det verste om eg skulle få lov å drive møbelutsalg på nedsiden av Gjervikvegen, la Lars Johan Haukås fram ei annonse frå 15.02.83 han hadde funne i Bergens Tidende og kunne opplyse at «han var nesten 100 % sikker på at det var Bjarne Foss som stod bak denne».

på meg at det var møbelutsalg eg skulle drive og uttalte sin skuffelse over mitt «svik». Eg tok saka opp med Advokat Lassen men han nekta å oppgi kven hans oppdragsgjevar var. Gjennom advokat Wiig & Wiig fekk eg den 2.juni 1983 ein bekreftelse om at «utleieprosjektet i henhold til vedlagte annonsekopi ikke skriver seg fra hr. Bjarne Foss eller firma han er tilknyttet». Det var ingen andre prosjekterte bygg i Knarvik enn mitt den gongen, så alle piler peikte på meg. Det kan ikkje vere tvil om at annonsa var «planta». Kven som stod bak får vi vel aldri vite. Om dette rykte hadde kommet ut og blitt ståande uimotsagt, ville heile kommunestyret sjølvsagt, og med full rett, vendt tommelen ned. Det er utruleg kor mykje ein kan skade andre når ein velgjer rett tidspunkt for å komme fram med «avsløringar».

Overskriften i annonsa lød: LEIETAKARE TIL FORRETNINGSSENTER I KNARVIK Eg fekk kjennskap til kva som skjedde på møtet i bygningsrådet frå eit medlem som kjempa for at eg skulle få føre opp bygg og åpne møbelsalg i Knarvik. Han hadde trudd

Men det positive var at eit samla bygningsråd, der det var medlemmer både for og mot å gi meg løyve til å få drive møbelhandel, tok avstand frå ryktene og sende ut ei melding som avsanna rykte. Kanskje noko å lære av dette?

1983, 6. juni byggingsløyve for nybygg på 2.000 m2

Bergens tidende, 15. februar 1983.

42


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 61

DEL 3: PSYKISK TERROR

Psykisk terror

T

o gonger har Lindås kommune forsøkt å knekke meg økonomisk. Begge gongene var forsøka mislykka. Økonomien var no så god at forsøk på å prøve på dette igjen forsto kommunen ikkje ville føre fram. Då har ein muligheit igjen: Forsøke å knekke meg psykisk og det heilt dei på å lukkast med. Her vert alle midlar tekne i bruk. Kommunen har brukt millionar av kroner til advokathjelp for å forsvare all urett som er gjort. Kan ein ikkje forsvare seg på annan måte har ein ingen skruplar med å ty til løgn. Det er mange saker eg har sendt klagar på til Lindås kommune. Gong på gong har eg bedt om at sakene må verte behandla separat, men kommunen har rota alt saman ved å behandle det som FOSS-SAKA. I det følgende skal vi gå gjennom dei enkelte sakene:

61


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 62

KLAGEN SOM BLEI SENDT, MEN IKKJE KOM FRAM Byggesak 33/02 – Reklamehuset. Reklamehuset sende 16.01.2001 inn søknad om byggeløyve. Bygningssjefen behandla søknaden 15.02.02 og byggeløyve vart innvilga. Foss påklaga vedtaket 11.03.02.

!

Klagen blei behandla i formannskapet 18.04.02. Foss fekk ikkje medhald og klagen blei vedtatt ovesendt til Fylkesmannen for avgjerd. Klagen vart av administrasjonssekretæren sendt vidare 19.04.1002. Klagen kom aldri fram. Det skulle vise seg at rådmannen hadde vore i brevkorga og underslege dei frankerte breva. Grunnen til dette forklarer administrasjonen med at dei hadde høyrt rykter om at det ville bli inngått eit makeskifte mellom partane.

Rådmannen skriv i den samanheng følgjande: «Her meiner me at det blir for byråkratisk å belasta fylkesmannen med å behandle klage på ei sak som i ettertid er trekt og uaktuell og at administrasjonen sitt val var korrekt.

1 K A ES G G BY

om dispensasjon frå nabogrense. Avstand frå tilbygg til nabogrense vil da bli på 2 m. Bygget vil kreve en parkeringsdekning på 44-p-plasser.

I 2001 selde eg til Reklamehuset Eigedom ANS 1000 m2 inklusive industribygget på 350 m2 av tomta der eg hadde bygd høglager. 16. januar 2002 sende firmaet inn søknad om rammetillatelse for tilbygg til det eksisterende industribygget. Det blei søkt om ein dispensasjon med denne begrunnelse:

Parkeringsdekninga blei dekka med 27 plasser plassert på eigen grunn og 18 plassar leigd på annan eigedom gjennom ein avtale som skulle gjelde i 10 år, men med 12 månaders oppseiing.

På grunn om ønske om og bryte med et eget inngangsparti med heis og trapp, søker vi

62


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 83

Byggsaksbehandling og gode naboforhold Byggesaker 140/2 og 234/2 Reklamehuset. 29.05.02 sende Reklamehuset inn søknad om rammetillatelse. Bygningssjefen behandla søknaden 17.06.2002. Han endra søknaden frå rammetillatelse til byggeløyve og bygget vart godkjent «i samsvar med innsende teikningar og planar».

!

For å oppfylle kravet til parkeringsplasser blei kommunen og Reklamehuset einige om å plassere 8 parkeringsplasser på Foss sin eiendom og 14 plasser som forutsette innkjøring over Foss. Reklamehuset søkte om å få dispensasjon til å bygge heit i grensa til Statens vegvesen. Dette avslo bygningssjefen og begrunna dette med at «det ikkje ville verte politisk akseptert å gje dispensasjon frå kravet om grensa til Statens vegvesen». Statens vegvesen ville ikkje godta ei plassering av bygget som ikke var i samsvar med bygningslova. «Bygget må difor plasserast 5,0 m frå vår grense». Som «kompensasjon» for dette kunne kommunen godta at bygget blei flytta 5 m nærare grensa til Foss. Utan naboarsel eller annan melding til Foss oppretta kommunen 09.09.02 ny byggesak. (234/2) I midten av september 2002 vart eg tilfeldigvis oppmerksom på at mesteparten av langsida på bygget var flytta 5 meter mot vår grense. Avstanden til nabogrense blei redusert til 1,30 m. Foss fekk ikkje noko varsel om endringane. Bygningssjefen forklarer dette slik: Bygget vart endra 06.09.02, men at kommunen ikkje hadde vurdert det som naudsynt å informere Foss fordi det bygget Reklamehuset skulle setje opp uansett var så stort at det ville koma nærare grensa enn det som var utgangspunktet i lova.

!

Sakshandsamar opplevde at dei to nabopartane hadde eit godt forhold til kvarandre og at det difor ikkje falt han inn at Foss Eiendom kunne seie opp leigeavtalen for det arealet som Reklamehuset leigde mellom bygga. (Leige av areal til bruk ved oppføring av Reklamehuset med 1 års gjensidig oppseiing. Vår anm.) Han behandla difor byggesaka for Reklamehuset som om tiltakshavar for alltid disponerte dette arealet.

GG Y B

E

2 K SA


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 84

B

C

A Fe

l

ei

v les

!

Lindås formannskap må ha verdens beste oppskrift på arealutnytting. Dei påstår at biloppstillingsplassane samtidig kan brukast til veg! Kommunen seier dei ikkje kan finne tegninane som dei mottok saman med søknaden frå Reklamehuset 03.06.02. Dette er ikkje sant. Det ligg to teikningar på Rådhuset, begge stempla Lindås kommune 03.06.02. juni 2002. Trappehuset er ikkje målsett, men ut fra teikningane kan ein rekne seg til at dybda på trappehuset er 2,8 meter på den eine teinkninga og 3, 20 på den andre

D

A. B. C. D.

Grensene til Reklamehuset Grensene til Foss Felles vei Veg over parkeringsplassar Veg over Lindås kommune til park. plasser i underetg. Møbellager


01-03 Kræmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 98

LURT AV BYGNINGSSJEFEN Byggesak Foss Eiendom AS (har ikkje fått nr.) I 2003 planla vi bygg på vår tomt, bnr. 188 gnr. 346. I det høvet hadde vi ein forhåndskonferanse 28.08.2003. På dette møtet anbefalte bygningssjefen oss til å vente med å sende inn søknaden til etter den nye reguleringsplanen blei endeleg vedteken, 25.09.03. «så ville dette lette behandlingen». At vi høyrde på bygningjefen og venta med å sende inn søknaden 29.09.03, fire dagar etter den nye planen var vedteken, 29.09, fekk fatale følgjer. 17.02.04 fekk vi svar frå kommunen. Bygningssjefen hadde ei rekke merknader til søknaden. I brev av 25.05.04 fra vår arkitekt blei alle krav som kommunen sette fram besvart/retta opp. 15.07.04 kom det fax frå bygningssjefen med nye krav. No var det dei 22 parkeringsplassane som kommunen tidlegare hadde godkjent for Reklamehuset ved å ta i bruk vår eiendom, som skulle reddast. Faxen blei besvart av vår arkitekt 26.08.04 og ny revidert byggesøknad levert. Utan å svare på brevet gjorde bygningssjefen vedtak i byggesaka 06.09.04. No var kravet for å behandle søknaden at vi avgav 400 m2 areal til Reklamehuset (til parkeringsplassar) og at vi opna for gjennomkøyring over vårt parkeringanlegg.

!

Dokumentasjon.

3 K SA E GG Y B

til etter den nye reguleringsplanen var trådt i kraft. Ein av dei to seier likevel at det ikkje er usannsynleg at han kan ha sagt noko om dette på orienteringsmøtet med Foss Eiendom, då det var naturleg å knytte bygget til den nye reguleringsplanen. Intervjuobjektet fortel vidare at Foss Eiendom sine byggeplanar var meir tilpassa den nye planen, og at det ville vere snakk om fleire dispensasjoner m v dersom bygget skulle bli behandla etter gamal plan.

1. I brev til kommunen 25.05.04 skriver vår arkitekt: Når vi på forhåndskonferansen lanserte dette prosjektet, ble vi anbefalt å vente med å sende inn rammesøknad til reguleringsplanen var endelig vedtatt. Vi forutsetter at dette forholdet da må legges inn i behandlingen og da på en slik måte at det ikke blir strengere krav enn tilfellet ville være dersom vi hadde levert søknaden tidligere. 2. I revisjonsrapporten skriver Deloitte: Foss opplyser i intervju at han, på det han oppfattet som en førehandskonferanse, hadde blitt bedt om å vente med å sende inn byggesøknad til ny reguleringsplan ble vedtatt. Foss skal også ha blitt fortalt at den 3. nye reguleringsplanen ville gi Foss Eiendom ei enklare saksbehandling. Foss presiserer at det han høyrde på kommunen sitt råd om å vente med å sende inn søknad medførte at han m. a. fekk krav om å utarbeide utbyggingsplan, noko som ikkje var krav i den tidlegare gjeldande reguleringsplan. Ingen av representantane frå kommunen kan hugse at dei oppfordra Foss til å vente med å sende inn søknad

4. Vedrørende byggesak for Foss Eiendom AS. Vi kan bekrefte at undertegnede etter avtale med byggesaksavdelingen i Lindås kommune deltok på forhåndskonferanse 28.08.03. I tillegg deltok Lars Johan Haukås og Tore Svendsen fra Lindås kommune, Bjarne og Ove R. Foss fra Foss Eiendom. Begge kan vi bekrefte at det fra administrasjonens side helt entydig ble opplyst at dersom byggesøknaden ble innsendt etter at det var vedtatt ny reguleringsplan så ville dette lette behandlingen. Ulf Røstøen Arkitekt MNAL

98

Rune Rommetveit Sivil ing.


01-03 KrĂŚmmerhuset NY.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.02 Side 99

Denne tegningen var ikke god nok for KMU Bygningssjef, Fylkesmann eller Kommuneadvokaten. Men tre ganger godkjent av PMU.


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 125

SVARTEPER Gjerdesaka For å markere våre eiendomsgrenser sette vi 26.04.06 opp eit anleggsgjerde rundt eiendommen. Kommunen gjorde vedtak om å ilegge oss ei tvangsmulkt på kr. 1.000,- pr. dag frå 01.07.06. Vi fjerna gjerdet 28.06.06. Likevel oppheva ikkje kommunen tvangsmulkta. Utan at det stod noko gjerde gjorde Plan- og miljøutvalet 27.02.2008 nytt vedtak: «Før Plan- og miljøutvalet tek stode til ny handsaming av gjerde/stengsel slik tidlegare anleggsgjerde var plassert, er dette å sjå på som søknadspliktig tiltak (uansett storleik på tiltaket)». Utvalgsmedlem Sveinung Valle slo fast at gjerdet «utan tvil er ulovleg». 13.10.2010 fekk vi nytt varsel om fjerning av gjerde. Sakshandsamar Tor Hegle grunngjev varselet slik: Søknadspliktig tiltak skal ha naudsynt plassering i avstand frå nabogrense. Sjølv om tiltaket i denne samanheng er eit gjerde, tek ikkje plasseringa på staden omsyn som regelen er meint å ta vare på plassering i forhold til tilkomst til kontorpublikumsbygg; ambulanse, trafikktryggleik (rømming og slokking). I ein annan samanheng skriv sakshandsamar: Gjerdet står for nær grensa. Etter å ha plaga oss i over 9 års, 24.11.2014, gjorde formannskapet vedtak om at gjerdet er lovleg! Kommunens freistnad på m. a. å ta frå oss areal til 22 parkeringsplassar og gi dei til Reklamehuset hadde mislukkast. Reklamehuset set igjen med svarteper og er komen i ein vanskeleg situasjon. No har dei berre 13 parkeringsplassar av dei pålagte 48. Kommunen kan/må ifølgje parkeringsføreskriftene stengja mesteparten av bygget.

Reklamehuset med trappehus før gjerde vart satt opp. Foto Bjarne Foss.

4 K A ES G G BY


04 KrĂŚmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 137

137


04 KrĂŚmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 145


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 146

KRAV PÅ GEBYR UTAN DOKUMENTASJON Avgift for sakshandsaming bygg. 29.06.2005 mottok vi ei faktura på kr. 30.000,- for saksbehandling. Det gjekk ikkje fram når saka var behandla. Vi tok kontakt med kommunen for å få oppgitt saksbehandlingsdato. Dette vart dårlig mottatt. Det var ikkje muleg å få noko klart svar. Stadig kom det purreskriv frå kommunen med truslar om tvangsinndriving om ikkje kravet blei betalt. Etter å ha halde det gåande med purringar i over 7 år mottok vi brev frå kommunen v/ Tor Hegle datert 13.11.2012 saman med kreditnota der dei beklagar «at behandlinga av klagen har tatt lang tid». «Når det gjeld din merknad av 04.01.12 om godtgjering for det arbeid og ubehag du har hatt med saka, har vi møtt deg i din førespurnad om vidareføring av byggeprosjektet. Har du fleire krav, ber eg deg koma fram med desse».

Vi mottok faktura datert 29.06.05 over Rammeløyve – Dispensasjon kr. 30.000,-. Over telefonen tok vi kontakt og bad om å få oppgitt grunnlaget for kravet og når saka var behandla. Trass i mange anmodningar var det var ikkje muleg å få oppgitt nokon dato. I brev av 23.02.2007 frå kommunen, underteikna av Lars Johan Haukås skriv han:

5 K A ES G G BY

I brev av 04.01.2012 til Lindås formannskap v/ ordfører Astrid Aarhus Byrknes skriver vi m.a.: Vi vil ha slutt på trusler om tvangsfullbyrdelse ved at utlegg begjeres. Enten får kommunen sette i verk inndrivelse slik vi blir trua med eller kravet må slettast. Vi er klar til å møte i rettsapparatet dersom kommunen vel den veien. Dersom kravet vert sletta, vli vi krevje godtgjering for det arbeid og ubehag vi har hatt i samband med saka. I brev av 13.11.2012 skriv kommunen:

Klage på gebyr i byggjesak – gnr. 188/346 Viser til dei mange innspel de har hatt i saka om tilleggsgebyr i omsøkte næringsbygg. Gebyr for handsaminga av ei byggesak består av eit fast basisgebyr og eit variabelt tilleggsgebyr. Tilleggsgebyret vert såleis fastsett ut frå tida saksbehandlar brukar på m.a. telefonar, samtalar, møter m.m. slik at alle sider i ei sak skal verta vurdert. Til orientering ligg det ikkje føre referat som syner kva som har vore drøfta i byggesaka.

Kreditering av faktura for gebyr. Gbnr 188/346. Det vert vist til søknad om rammeløyve for bustad og butikkbygg den 29.09.03 og 25.05.04, der tiltakshavar søkte om dispensasjon og rammeløyve for bustad og butikkbygg. Det vart sendt faktura for byggesaksgebyr for dispensasjon og rammeløyve av 09.09.04. Fakturaen vart sendt 06.09.04, pålydande kr. 8.200,-. Rekninga er betalt. I samband med behandling av søknad om igangsettingsløyve av 29.06.05, vart samtidig med løyve sendt faktura den 29.06.05, pålydande kr. 30.000,Tiltakshavar har klaga på denne rekninga. Det vert vist til klage frå tiltakshavar i fleire brev, sist mellom anna brev av 04.01.12 – 30.04.12 og 11.06.12. Administrasjonen ber om orsaking for at behandlinga av klagen har tatt lang tid. Etter ei heilskapleg vurdering, tar administrasjonen klagen til følgje og krediterer faktura pålydande kr. 30.000,-. Vedlagt følgjer kreditnota.

Det kom brev frå kommunen med jevne mellomrom (til sammen 16) med krav om innbetaling. Purreskriv av 24.06.2008: Viser til mykje fram og tilbake i denne saka, sist brev datert 23.02.07 frå Lindås kommune v/ Lars Johan Haukås. Hvis kravet (kr. 39.538,49) ikke er betalt innen 14 dager fra avsendelse av dette varsel iverksettes tvangsfullbyrdelse ved at utlegg begjæres. Dette vil medføre ytterligere omkostninger.

Lindås kommunes saksbehandling

146

!


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 153

DEL 3: OPPSUMMERING PARKERINGSPLASSER

Grensene til Foss Grensene til Reklamehuset

Kommunens medlemmer i «Forhandlingutval — Gjerdesak» vil løyse parkeringsproblema for Reklamehuset ved å legge 7 parkeringsplasssar på Foss sin eiendom. Kostnaden med opparbeiding skal delast mellom Foss og Reklamehuset! Deler av gjerdet skal fjernast slik at Reklamehuset kan ta i bruk Foss sitt areal som tilkomst til 7 nye parkeringsplassar. Er gjerdet borte, meiner utvalet at Reklamehuset har rett til å ta i bruk Foss Eiendom for å nå parkeringsplassane «på eigen grunn»!

153


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 158

IKKJE TIL Å TRU

utvalg i kommunen i forbindelse med vurdering av ulike vegtilkomster til eiendommen til Alvertunet AS. Der jeg har deltatt har jeg deltatt som representant for Alvetunet AS. Enno ein gong kjem Lars Johan Haukås med usanne opplysningar. Referat frå møte 05.06.07 for mellombels sikringstiltak på regulert veg til Ikenberget. Plan- og miljøutvalet gav i møte den 30.05.07 i sak 94/07 løyve til m.a. at næringsbygget til Alvertunet AS kan opna som planlagt den 2. juli. Føresetnaden for dette var at det før opninga vert sett i verk mellombels sikringstiltak på regulert veg i planområdet fram til næringsområde N2. Følgjande partar var kalla inn til møtet/synfaringa: Endre Valdersnes – Trollskogen barnehage, Atle Gunnarson – Ikenberget Vel, Ivar Thorsheim – Lindås Tomteselskap AS, John Bauge – Lindås kommune, Lars Johan Haukås – Lindås kommune, Trude Rosendal – Norconsult, Atle Utkilen – Alertunet AS. Ved sikring av den mellombelse tilkomstvegen fram til N2 var det sett fram ønskje om å få gjennomført følgjande tiltak før opning av Alvertunet AS: Semje om mellombels tilkomstveg frå sør skal flyttat inn på Foss Eigedom AS sitt næringsområde med inntil 2 m. Kommunen tek kontakt med Foss Eigedom om turvande omlegging av den mellombelse vegen. Dersom ikkje Foss AS aksepterer at grunnen av næringsarealet vert nytta til den mellombelse vegutvidinga vert det likevel å setja opp fysisk sperre som skilje mellom dei harde og mjuke trafikantane i planområdet. Det vart ikkje tatt kontakt med Foss, men tiltaka vart gjennomført.

!

16.10.07 skreiv vi brev til kommunen og klaga over endra reguleringsplan, del av gnr. 137. I den nye planen er det føreteke ein arealombytting og endra tilkomst. «Den forma tomta no har fått gjer den ubrukeleg til vårt formål. Det er muleg at det er like mange kvadratmeter som før (4.350 m2), men forma er annleis og tilkomsten inn på tomta er flytta og gjer utnyttinga av tomta ennå meir uegna. Vi protesterer både på arealombytting og tilkomst». I utgreiinga til møtet i Plan- og miljøutvalet 21.05.08 skriver sakshandsamar Lars Johan Haukås m. a.: Foss Eigedom AS har i brev datert 16.10.07 peika på at den forma tomta no har fått og flytting av tilkomsten i planframlegget gjer tomta ubrukeleg til deira føremål. Med bakgrunn i dette har dei bede om eit møte med styret i Tomteselskapet, noko som er avvist. I staden tilbyr tomteselskapet å innløysa tomta til tvangsinnløysingspris. Eit avtalebrot slik Foss Eigedom AS ser det. I brev datert 13.06.07 til Foss Eigedom AS viser Tomteselskapet til m.a.: «Kommunen v/ planutvalet har skapt denne saka, og dei må finna løysingar og ta den økonomiske konsekvensen av sine vedtak». Kravet må difor rettast til kommunen, ikkje tomteselskapet

Det kom ikkje noko svar på vårt skriv, men 22.05.07 kom Lars Johan Haukås til vårt kontor og etter oppdrag frå arbeidsgruppa skulle han gi oss ei muntleg orientering. Han sa seg lei for at vårt brev av 16.01.07 ikkje var besvart. Grunnen var stort arbeidspress. Han kunne opplyse at vi har vore representert i arbeidsgruppa av Alvertunet v/Atle Utkilen. Vi tok kontakt med Atle Utkilen. Han benekta å ha representert oss i arbeidsgruppa. Utkilen har bekrefta dette i brev av 11. desember 2007:

Ikenberget næringsområde Viser til Deres henvendelse vedr. hvem undertegnede representerte i nedsatt utvalg i kommunen vedr. vegtilkomst i området. Undertegnede har ivaretatt prosjektfunksjonen for Alvertunet AS (bnr.661. Vår anm.) i forbindelse med oppføring av næringsbygget på Ikenberg Næringsområde. Videre har jeg ivaretatt Alvertunet AS i diverse møter og

158


04 KrĂŚmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 189

VEDLEGG 10

Brev til formannskapsmedlemmene 5/1-2015. Ingen har besvart brevet.

189


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 190

VEDLEGG 10

190


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 191

VEDLEGG 10

191


04 Kræmmerhuset Foss.qxp_Bok 250x295 29.10.15 14.04 Side 192

VEDLEGG 10

192


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.