Kartguide Solund

Page 1

Fure

Aralden Lammetun

Værlandet KART: ELLEN JEPSON

Bulandet

Korssund

Lutelandet

FJALER

SOLUND

607

Buefjorden Sakrisøy Leknessundet

Buskøy

Åfjorden

6

Saltskår

Skorpa

Hugøyna Hersvikbygda

Sandvik

5

Lågøyfjorden

To

lle

Avløyp

su

nd

et

Stranda Lågøy

Losna

Hågøy

Råke

Oddekalv

Pollatinden

Litle Færøy

Indrøy

Utvær

3

Rånøy

Haldorsneset

Pollatinden Pollen

606

Steinsund

Nessefjorden

Hop

Daløy

Hjønnevåg

Kråkevåg

Hardbakke

2

Kajakk

Eide

Lia

Tangenesosen

7

SOLUND

1

Storøy

Ytrøygrend

606 Krakhella Krakhella

Gylta

Vardeneset

Nesøy

KART: ELLEN JEPSON

Lågøystolane

Ytre Sula

4

Straumsfjorden

Sognesjøen Nåra

Kolgrov Indrevær

Straume

Husøy Nautøy

3 km

Hille

Foto: Vegard Vike Engum

Gåsvær

Foto: Magnus R. Furset

Færøy Ospa

GULEN

Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakkert urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå kajakken din. Sognefjord Active/Norsk kystkulturakademi tilbyr guida kajakk turar og kurs i denne spektakulære kystnaturen.

Fyrsafari til Utvær

Her finn du ei oversikt over landingsplass for kajakk: Valen (Hardbakke), Hardbakke hamn, Sognesjøhytta mot nord på austsida, Hersvikbygda i hamna, Lauvika mot Strand, Råkeneset, Litle Færøy ved Kystlednaustet og Sandpøyla nord for Ytrøy.

Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn Utvær. Staden har både historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Turen startar frå Hardbakke. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Framme ved Utvær fyr kan dei som vil gå opp i fyret for å nyte den fantastiske utsikta! For lokale båtruter til Utvær, sjå www.vidarhop.no

Hardbakke Båtlag har fri landingsplass for kajakk, parkering og utsettingsrampe for båt. Slipp mot betaling. Book på sognefjordactive.com

Sollibotn

Sesong: kvar laurdag frå 26. juni 2021 – 21. august 2021 kan du bli med på fyrsafari til Utvær. Kjøp billett på fjordkysten.no

Øyhopping til Nord Solund Opplev historiske Buskøy. Bli kjend med historien og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund. Frå Hardbakke kan du bli med båten på øyhoppingstur til Nord Solund. Båten vil stort sett gå i roleg farvatn der ein passerar tronge sund og små bustader. Båtførar guider undervegs. Båten stopper på Buskøy der ein får guida omvising på den gamle handelsstaden. Det vil bli mogleg å førehandsbestille lunsj på Buskøy. Etter stoppet på Buskøy fortsetter turen gjennom dei små øysamfunna før den går i retur til Hardbakke. For lokale båtruter i Nord Solund, sjå www.vidarhop.no

Avgang med postbåten «Stjernsund» frå hamna i Hardbakke

12.30

Ankomst Gåsvær

13.00

Avreise Gåsvær

13.45

Ankomst Nikøy kai på Bulandet

15.30

Avgang frå Nikøy kai med retur til Solund igjen

17.15

Ankomst Hardbakke

A til Å · www.atilaa.no

11.00

Postbåten har avgrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser. Billettar til postbåten kan du bestille på fjordkysten.no Foto: Visit FjordKysten

Foto: Visit FjordKysten

Foto: Sara Marie Ytreøy

ØYHOPPING MED POSTBÅTEN

ØYHOPPING TIL NORD SOLUND Billettar til båten, og eventuelt lunsj på Buskøy kan du tinge på fjordkysten.no

Øyhopping med den lokale postbåten Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Turen startar frå Hardbakke. Her kan du oppleve dei vestlegaste øyane i Norge og kom tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyar, holmar og skjer. Postbåten vil ha eit stopp på det idylliske fiskeværet Gåsvær før båten går nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går i retur til Hardbakke. For lokale båtruter med postbåten, sjå www.fjord1.no

11.00

Avgang med båten frå Hardbakke

12.00

Ankomst Buskøy

14.15

Avreise frå Buskøy

15.00

Ankomst Hardbakke

Overnatting For informasjon om overnatting i Solund, sjå fjordkysten.no

Sykkelturar/utleige I Solund er det flotte forhold for sykkelturar. Her kan du sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferje og båt fraktar deg mellom øyane og er ei oppleving i seg sjølv. Du kan leige sykler på turistinformasjonen i Solund. Tlf: 908 82 860.

fjordkysten.no


Charterturar

Solund kyrkje Ramnenipa

606

Leig deg ein båt og opplev øyriket. I Solund sin skjærgard med sine fleire hundre øyer er mannskapet lommekjent og kan gje deg ei flott båtoppleving i dette vakre området. Vidar Hop Skyssbåter AS og Sulejet AS kan skreddersy ei fantastisk oppleving for deg og dine.

d

g

pin

op

yh

p

op

yh

Ø

til

i far

Hardbakke hamn

rd

No

til

d

lun

o -S r

Ut

Bubilparkering På Hardbakke i Solund finn du camping for bubilar og telt. Her har du tilgang til straum, vatn, dusj, toalett og septiktømming. Det er ingen booking, og plassen er ubetjent.

sa

r Fy

Foto: Visit FjordKysten

Ø

ing

me

Dalø yveg

åt

stb

po

en

Hardbakke

Håneset

Kystled Solund Kystled strekkjer seg frå Litlefærøyna til Råkeneset, 5 km nord for Hardbakke. Her ligg den vestlegaste DNT-hytta i landet. Råkeneset er ein 250 år gamal husmannsplass som er fint restaurert. Det gamle naustet har plass til kystledbåtane. Ved å vitje staden og overnatte der kan du få ei kjensle av korleis livet må ha vore for kystbonden. Båtane til kystled ligg på Litle Færøy. Du kan booke kystledtur ved å ringe Roar Moe på tlf. 992 33 857. På Litle Færøy er det tilrettelagt for telting i området, ellers er det utedo, tørkerom og høve for overnatting under tak.

606

Solund idrettspark Valen

Daløy

Dagsturhytta / Ramnenipa rundt

TURSTIAR

Solund Rorbuferie, Nordre Hjønnevåg: Har bubilparkering med tilgang til straum og serviceanlegg med toalett og dusj. Her er avgrensa kapasitet, og du må booke på førehand til Solund Rorbuferie; tlf. 917 92 230. Her er ikkje tilrettelagt for telt.

1. Pollatinden Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som Dronninga av øyriket. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg. Turen tar ca. 2-3 timar tur/retur.

Jonsokblomen Bygdelag, Hersvik: Her er bubilparkering på tilvist areal, ellers er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent. Ytre Solund Bygdehus, Straumen/Kolgrov: Bubilparkeringa er på tilvist areal, eller er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent.

2. Sognesjøhytta Vandre til Sognesjøhytta som ligg sør for Hardbakke. Her kan du nyte eit flott utsyn over Sognesjøhytta, om lag 15 meter over havet. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakke si, få litt varme i seg og bla i bøker. Nærme dagsturhytta er ein liten, skjerma våg der kajakker lett kan legge til.

BUA Solund har alt du trenger av utstyr til en hyggelig tur til fjells eller strand! BUA er en nasjonal ideell organisasjon som jobber for at barn og unge skal få mulighet til å være aktive. Det gjør vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – helt gratis! Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Adresse: Ved matbutikken på Hardbakke.

3. Ramnenipa og Ramnenipa rundt Med sine 232 m.o.h. har Ramnenipa ein fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Løypa har grøn gradering og passar til både born og vaksen.

Den mest brukte vegen er ved fotballbana på Hardbakke. Frå butikken går du opp Storehaugen og gjennom gaten til du kjem ut på ein grusveg. Her tar du til venstre og går langs med fotballbana. Her finn du ein sti som tar deg heilt opp. Turen tar ca. 1 time opp og ned og du kan gå opp eller ned frå sør og nord sida. Det er også mogleg å gå Ramenipa rundt. Følg vegen mot dagsturhytta, til du ut i stien kjem til eit kryss. Her tar du til venstre, i staden for å følge vegen mot dagsturhytta.

Foto: Visit FjordKysten

50 m

Foto: Visit FjordKysten

KART: ELLEN JEPSON

Krakhella

Foto: Lillian Herland

Matservering

Solund Rorbuferie – Havkroa Restaurant Ved Solund Rorbuferie ligg Havkroa Restaurant. Her får du servert god mat i koselege omgjevnader, med eit lokale innreia i lyse, fine fargar. Havkroa ligg flott til ved sjøen og har og uteservering, og eit måltid utandørs kan absolutt anbefalast! Havkroa er tilpassa rullestolbrukarar og har alle rettigheiter. FB: Solund Rorbuferie.

Foto: Visit FjordKysten

Foto: Visit FjordKysten

Skafferiet Mat & Drikke Skafferiet Mat og Drikke ligg ved Solund leilighetshotell på Hardbakke. På menyen finn du spennande matrettar som klippfiskpizza, villsau og sjømat i mange variantar. Her har kokkane fokus på bruk av lokale oppskrifter og lokale råvarer. I tillegg til matservering lagar dei kreative kokkane ulike produkt til eigne matrettar, som ein kan kjøpe med seg. www.skafferietmatogdrikke.no

Kulturvandring Opplev dei historiske stadane langs Hardbakke gjennom sjølvguida vandreturar. Dette er ein lett kulturvandring der du i tillegg til naturoppleving får ei formidling gjennom tekst. Du finn 18 pinner med tekst. Turen startar frå hamna i Hardbakke. Du går forbi næringsbygget og vidare opp mot aboreet før du går ned igjen mot hamna igjen. Eit kart over løypa finn du på turistinformasjonen.

Frisbeegolf Kombiner fysisk aktivitet, sosiale samspill og friluft. På Solund idrettspark finn du ein flott kunstgrasbane og leikeplass for dei minste. Rundt idrettsparken finn du og ein 18 hols frisbeebane. Frisbeegolf er eit stadig populær aktivitet, og i Solund finn du ei av landets råaste bane. Undervegs kan du møte dei lokale villsauene som går rundt Kystarboretet. Du kan kjøpe diskar hos Solund Sendebrettlaug. Tlf: 908 31 711.

Turistinformasjon På Gjenbrukskaféen på Hardbakke finn du sommarope turistinformasjon. Opningstider veke 26 – 30: måndag – fredag 10.00 – 16.30 og laurdag 10.00 – 15.00

4. Håfjellet i Ytre Sula Med sine 202 moh byr Håfjellet på flott utsikt over øykommunen. Håfjellet er og det høgste fjellet i Ytre Sula. Stien går for det meste på fjell i slakt stigande terreng nordover mot Litle Håfjellet. Vidare ned skaret øvst i Askedalen og i bratt stigning opp opp mot toppen av Håfjellet. 5. Husefjellet Er ein kort og lett tur med flott utsyn over Nord-Solund. Husefjellet ligg 160 m.o.h. og passar flott for heile familien. Stien følgjer gamlevegen til stiskilje mot Erdalsanden. Vidare går du i lett terreng rundt Husefjellet, til oppstiging mot toppen frå sør. Stien er merka med vardar. Parkering nedanfor skulen i Hersvikbygda. 6. Uranipa Med sine 133 m.o.h. har Uranipa ein 360 graders utsikt som strekkjer seg over fleire kommunar. På ein klar dag ser du blant anna Utvær i vest og Kinnaklova i nord. Turen tar ca. 1 time tur/retur og er kategorisert som grøn løype. Turstien er merka med varder og har både ulendt terreng og berg. Det er ein liten stigning som passar for både store og små. 7. Sperrefjellet i Ytre Sula Ønskjer du ein lett topptur er Sperrefjellet 148 m.o.h. ein flott tur. Stien går hovudsakleg på bert fjell, merka med raude merkesteinar. På toppen vil du ha eit vidt utsyn over Solund. Det er merka sti vidare til Nordsjøløypa mot Ytrøy eller Svartevatnet ved Hjønnevåg.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.