Kartguide for Askvoll

Page 1

KART: ELLEN JEPSON

et

Storeha u

Røys

Pr es te m

es te elv a Pr

olds veg

Ø

A

v sk

gvegen

ar ka

Anders Askev

e

vr

608

l

ol

Askvollheia

ASKVOLL

Askvoll kyrkje

Askv

ollve

egen

Kulturvandringsløype

608

Kleiva

608

Kulturvandringsløype

Askvoll–Gjervik–Fure

Askvoll

Hurtigbåkai

100 m

Foto: Visit FjordKysten

Askvoll–Værlandet–Fure

Holmedal og Rivedal

Sykkelturar

I den idylliske bygda Holmedal finn du knivfabrikken Helle Fabrikker, som produserer kvalitetskniver inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp. Ope mandag – fredag kl. 09.00 – 15.00. Helle Fabrikker er på mange måtar både eit industrimuseum og ei levande industribedrift. Omvising tilbys etter avtale. Tlf. 57 73 35 00, e-post: post@ helle.no.

Værlandet og Bulandet Sykkelturen kan kombinerast med øyhopping til nokon av dei vestlegaste øyane i Norge. På den 11 kilometer lange sykkelturen mellom Bulandet og Værlandet sykler du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du sykler forbi kunstinstallasjoner, sjarmerende sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav.

Ingolf Arnarson statua i Rivedal er eit monumnet over pionérånd og utferdstrang i Dalsfjorden før år 1000. Frå heimgarden sin i Rivedal måtte Ingolf Arnarson i år 874 flykte etter å ha teke livet av to av sønene til Atle Jarl. Han reiste då vestover og kom til Island, og grunnla her den første busetjinga. Rivedal galleri er eigd og drive av Oddveig Lyngstad, som sjølv lagar relieff, smykke, englar og dørskilt i tre. Årleg sommarutstilling av gjestande kunstnerar. Tlf. 995 00883 · rivedalgalleri.no.

Holmedal Bygdemuseum held til i det gamle meieriet i Holmedal og presenterer bygde- og industrihistorie frå Dalsfjordområdet gjennom 150 år. Her får du eit lite innblikk i korleis det var å leve og bu i bygdene våre i tidlegare tider. Museet er ope på førespurnad, tlf. 411 45 673. Fjord Gardsmat. Gardsmatutsal i Trollefossvegen i Holmedal. Tlf. 917 09 603. Facebook: fjordgardsmat.

Askvoll til Eimind Ein må til Eimind for å sjå dei praktfulle solnedgangane om utgangspunktet er Askvoll sentrum. Her ute ligg og Eimindsanden, ei flott rullesteinsstrand. Syklar du til vegs ende ved Follevåg, ca. 9 km, er det store sjansar for å sjå hjort som beitar. Atløy Atløy er ei perle å utforske med sykkel på smale vegar med lite trafikk. Ver obs på ferjetidene, då kan det vere litt meir trafikkert. Ta til venstre i Gjervika og sykle til Herland, ca. 12 km. Stopp ved Vilnes kyrkje og utforsk den vakre staden kyrkja er plassert. Ca. 2 km før Herland kjem du til Brurastakken med merka geologisti. Askvoll – Holmedal Gamlevegen mellom Askvoll og Holmedal er ein fin sykkeltur langs fjorden, ca. 10 km ein veg. Undervegs sykler du forbi FjordLagunen, så her kan det kanskje passe med ein rast. I Holmedal anbefaler vi ein stopp ved Helle Fabrikker sitt fabrikkutsal. Tilbake kan du velge å sykle samme rute langs fjorden, eller følgje hovudvegen tilbake til Askvoll. Sykkelutleige: Askvoll Fjordhotell, tlf. 57 73 35 35, Værlandet Handel, tlf. 57 73 01 20, Joker Bulandet, tlf. 57 73 21 44.

Nyt ein lat sommardag ved å utforske Askvoll sentrum. Om sommaren myldrar det av liv i gjestehamna. Nyt eit godt måltid på Askvoll Sjøbuer Mat & Drikke eller Askvoll Fjordhotell, eller rusle deg ein tur til Askvoll Sjømat & Delikatesser på gamlekaia i Askvoll. Følg kulturvandringsløypa «I Anders Askevold sine fotspor», eller ta deg ein dukkert på badestranda ved småbåthavna på Øyra. Her er det også klatrepark og sandvolleyballbane. Ved ferjekaia, Bøparken og på Øyra er det gratis WiFi for publikum. I ekspedisjonsbygget på ferjekaia er det ein BUA sentral, med utlån av gratis fritidsutstyr.

A til Å · www.atilaa.no Foto: FjordLagunen · A til Å www.atilaa.no

Askvollv

Gamlekaia

Øyra

Bøparken

Foto: Visit FjordKysten

Øvregata

Foto: Visit FjordKysten

Askvoll

gen

Stongfjorden Bli med på kulturvandring i Norge si tidlege industrihistorie. Løypa tek deg med rundt i denne gamle og ærverdige industribygda og viser deg stadar knytt til NordEuropas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp. Det tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidling på kvart stopp. Staveneset ligg ca. 9 km vest for Stongfjorden og er eitt av dei vestlegaste fastlandspunkta i landet. På Staveneset ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr. Gravrøysene er lette å få auge på, medan helleristingane ikkje er det. Staveneset var ein nøkkelstad under andre verdskrigen. Engelske agentar overvaka skipstrafikken og fekk hjelp hjå dei fastbuande, noko som skapte dramatiske omstende. Det er sett opp to minneplater, og mellom dei står emblemet til Royal Air Force. Frå Staveneset er det godt merka sti til Høgeheia, ein fantastisk fin turtopp med panoramautsikt! Galleri Rintler. Kunstgalleri og mini-kafé. Utstilling av bilder og lokalt handarbeid. Ope sundag 12.00 – 15.00, frå 16. juni – 15. september. Tlf. 481 58 228.

Sjøsportsenter FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten på Vårdalsneset, 7 km frå Askvoll sentrum. Slapp av på den 400 meter lange sandstranda, eller aktiviser deg på sjøsportsenteret. Her har du aktivitetar for både liten og stor. Ta kontakt for opningstider i sommar: Tlf. 415 52 350. Smedhuset Kafé byr på lunsj og kaffimat. Ope laurdag og sundag. På kveldane kan du danse på kaia og oppleve god stemning med song og musikk på Verket Pub. Sjå Facebook FjordLagunen for arrangement.

fjordkysten.no


KART: ELLEN JEPSON

Kvellestad

Tansøy

Svanøy

Redal

Vevring

611

Flokeneset

Leknes

Stavfjorden Vågane

Stavenes

n

Sto

Heggøyna

n

de

r gfjo

Stavsnes

ASKVOLL

Raudøyna

Nipebu Heileberget Ottersteinen

Gjervik

t

Herland

nde

nesu

Gra

Tvibyrge

Askvoll

Grov Aldefjorden

Bulandet

Olset

Fure

Aralden Sørværet

Dalsfjorden

Ytre Vårdal

Tysse 607

FJALER

Lammetun Våge

Geita

Ta turen til Alden og gå opp på den Norske hest – fjellet som stig nærast loddrett opp av havet. 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar. Båtskyss frå Værlandet til Alden tinger du hos Alaria, tlf. 481 32 779 eller Gry Leite, tlf. 905 51 334.

Dale

Atløy

Gjølanger

Vilnesfjorden

Værlandet

Holmedal

Alden

57

Flekke

Vilnes

Raudøyna

Laukelandsfossen

Rivedal

Atløy

Alden

Blægja

Stongfjorden

Korssundet

Hovlandsvatnet

Besøk den sjarmerande øya Atløy, ein kort ferjetur frå Askvoll. På Atløy finn du stavkyrkja Vilnes kyrkje som vart bygd i 1674. Øya er eit turparadis med mange gode turmoglegheiter, både fjellturar og sykkelturar.

57

Daglegvare Joker Atløy ligg på Sauesundet, ca. 3 km frå Gjervika ferjekai i retning Herland. Krabbefestival på Atløy, 30. juli – 1. august.

3 km

607

ØYHOPPING FRÅ ASKVOLL 09.15 Avreise med ekspressbåt frå Askvoll til Krakhella

Håsteinosen Værholmane

Værøyhamna

Alden “Den norske hest”

Bulandet

365

Ferjekai

Værøy

Værlandet

rsund

æ Melv

Melværet

Rånane

Foto: Visit FjordKysten

Rokvika

Soknevågen

Sørværet

Stabbevågen

Austneset

Ystegeita

KART: ELLEN JEPSON

et

Værlandet og Bulandet

Medgeita

Turguiding på Værlandet og Bulandet – Ruth Bakke tilbyr guida turar i øyriket, og sikrar deg at du får med deg det beste av natur- og kulturhistoria til øyriket. Tlf. 416 37 997 • E-post: ruth.bakke@enivest.net.

Opplev Norges vestlegaste bebudde samfunn. Øyane her er som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og ein veg på 11 km. Den særmerkte geologien med konglomerat og store område med kystynghei der villsau beiter danner ei fin ramme for øysamfunna. Dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet. Ta deg tid til ein stopp ved dei mange kunstverka som er plassert ute i naturen, ta ein ein tur i Nordsjøløypa og turstien til Gjørøylykta på Bulandet. Vi anbefaler også ein stopp på bygdemuseumet Bulandet Temapark, ope i skuleferien tirsdag – fredag og sundag, kl. 13.00 – 16.00. Her får du eit heilskapleg bilete av livet i øysamfunnet. Ved Landøy Steinindustri i Værlandet kan du bli med på omvising og handle med deg ein souvenir. Tlf. 908 26 242. For informasjon om overnatting, sjå fjordkysten.no. Mat og drikke – Det er Joker-butikkar både i Værlandet (ved ferjekaia) og på Bulandet (Nikøy kai). På butikkane er det også kaféar, i tillegg til kafé og pub i Værlandet Gjestehamn.

09.50

Ankomst Krakhella

10.20

Buss frå Krakhella til Hardbakke (bussen går ned til hamna)

11.00

Avgang med postbåten «Stjernsund» frå hamna i Hardbakke

13.45

Ankomst Bulandet

15.50

Avgang buss frå Bulandet til Værlandet ferjekai

16.30

Avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.25

Ankomst Askvoll

På norled.no kan du kjøpe båtbillett for strekningane med ekspressbåt. Postbåten har avgrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser. Billettar til postbåten kan du bestille på fjordkysten.no. Billett til buss og ferje kjøpast om bord.

ØYHOPPING OG SYKKEL 09.15

Avreise med ferje til Værlandet

10.35

Ankomst Værlandet

15.30

Avreise med båten «Stjernsund» frå Nikøy kai i Bulandet

16.00

Ankomst Gåsvær

16.30

Avreise Gåsvær

17.15

Ankomst Hardbakke

17.20

Avgang buss frå Hardbakke

18.05

Ankomst Krakhella

18.25

Ekspressbåt frå Krakhella

19.05

Ankomst Askvoll

Foto: Gustav Skaar

Storøy

Markavatnet

Foto: Lillian Herland

Holevika

Kvammen 609

609 Yndestad

Gjelsvika

Øyravatnet

TURSTIAR Blåfjellet (533 m.o.h) er både den høgste og næraste fjelltoppen til Askvoll sentrum, og gjev eit fabelaktig utsyn over store delar av kommunen. Følg turvegen innover Askedalen, her er det merka tursti videre til Blåfjellet. Topptur til Blegja Blegja er med sine 1304 m.o.h. det høgaste fjellet i FjordKysten området. Her kan du sjå heile vegen til Jostedalsbreen og dei sju fjella som ligg rundt Bergen. Vegen opp er bratt og krevjande, men er vel verdt det når du kjem på toppen. Blegja er ein dagstur i variert terreng. Turen krev god kondisjon og ein stødig fot. Skålefjellet Skålefjellet byr på fantastisk utsikt 767 meter over havet! Fjellet er lett tilgjengeleg frå sør, aust og vest og det går fleire ruter opp til toppen. Den mest brukte ruta går frå Stongfjorden. Nykshytta – dagsturhytta i Askvoll Nykshytta ligg ved Nyksvatnet i Holmedal. Hytta ligg om lag 455 m.o.h.. Stien er om lag 2 km og i vanleg tempo bruker du rundt 45 minutt opp. Hytta har solceller for å få varme og lys i hytta, samt sanitæranlegg. Frå hytta har du flott utsikt over Stongfjorden. Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Det er skilta undervegs. Brurastakken, Atløy er eit eldorado for geologar og andre stein- eller turglade. Det er merka sti til Brurastakken, og ei eiga geologiløype, frå småbåthamna på Herland. Gå opp bakken, ta av til venstre ved postkassestativ, første huset på venstre side. Eit lite stykke før toppen av Brurastakken (177 m.o.h.), kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her, er det 2 km til Herland. Litt nærmare toppen er det eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nært hald. Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd i Geo-logiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Her i frå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland. Skredvarden, Atløy (636 m.o.h.). Turen til tek ca. 2 timar frå Gjervika til toppen, og ca. 2 timar videre til Eidet, sørvest på øya. Stien er merka frå gardstunet rett opp for ferjekaia i Gjervik. Etter å ha kryssa enga oppom husa, går stien på sørsida av skogen, og gjennom skogen. Jamn stigning stort sett heilt til toppen. Startar ein frå Eidet er stien merka frå riksvegen. Tips fleire turstiar Det er mange merka turstiar i heile kommunen. Desse finn du oversikt over på eige turkart for Askvoll, samt på ut.no og fjordkysten.no. TiTur Dalsfjorden er utvalgte fjellturar som passer for dei fleste. Oversikt over turane finn du på Facebook TiTur Dalsfjorden.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.