Rekrutteringsbrosjyre

Page 1

REKRUTTERINGSKAMPANJE FOR UNGDOM

www.fjord1.no



REKRUTTERINGSKAMPANJE FOR UNGDOM

Bidra til god flyt langs kysten - eit hav av moglegheiter! Fjord1 er den største lærlingbedrifta i innanriks ferjefart. Årleg fraktar vi ca. 21,5 millionar menneske trygt over fjordane – til fotballkampar og idrettsstemner, skulen og jobb, familie og vener, hytter og heimar. Vi tilbyr karrieremoglegheiter i Distrikts-Norge som både er fagleg interessante og gir deg sjansen til utvikling. Som lærling kan du òg søkje på dei gunstige låne- og stipendordningane vi har for sjøtilsette som ynskjer vidare utdanning som offiser (maskinsjef/nautisk). Det å jobbe på ferje blir meir og meir populært. Lærlingar frå supply søkjer seg over til ferjer fordi dei ynskjer nye utfordringar og/eller kortare arbeidsperiodar. Vi har òg mange medarbeidarar som ut frå livssituasjon ynskjer å jobbe nær heimen. Fjord1 er verdsleiande på miljøvennleg ferjetransport. I reiselengde frakta Fjord1 ca. ti nordmenn jorda rundt kvar einaste dag, nær sju av desse med miljøvennlege gassfartøy. Vi legg vekt på miljøvennlege løysingar ved alle nybygga, og samarbeider tett med forskings- og utviklingsmiljø for å vere tidleg ute med morgondagens løysingar.

FØLG OSS Fjord1 - Vi vil ha deg om bord

Ta kontakt – og sats på ein maritim karriere i Fjord1 AS! www.fjord1.no


REKRUTTERINGSKAMPANJE FOR UNGDOM

I foreldra sine fotspor Draumen var å segle på cruise, men no cruisar Britt Wist mellom øyane nord for Ålesund.

BRITT

NAVIGATØR Britt Wist Bur: Ellingsøya Stilling: Kaptein Sivilstatus: Sambuar Hobby: Turar i fjellet – sommar som vinter

– Foreldra mine har segla ute, og min draum har alltid vore å ta utdanning for å kunne jobbe på cruise i varmare strøk, fortel Britt Wist. I dag jobbar ho som navigatør om bord på M/F «Harøy» som går sambandet Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøya nord for Ålesund. Nokon jobb på cruise har det aldri vorte. – Den draumen har eg ikkje lenger, men heilt sidan eg gjekk på ungdomsskulen, har eg vore sikker på at det var styrmann eg ville verte, så val av utdanning var ikkje vanskeleg, fastslår Wist. Ai, ai, kaptein Karrieren i Fjord1 starta i 2005. Då vart ho tilsett som matros. Tre år seinare begynte ho som styrmann, og i fjor haust fekk ho utløyst sertifikat som kaptein. – Det er stor etterspurnad etter sjøfolk så det er ikkje vanskeleg å få seg arbeid i denne bransjen, verken utan- eller innanriks. Draumen om å segle utanriks har eg slått frå meg. Eg opplever berre fordelar ved å jobbe nært heimstaden min, seier Wist. Ho er glad for at ho kan treffe venninner og familie nær sagt kvar dag.


NAVIGATØR FAKTA OM UTDANNINGA

Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to av åra er i opplæring i bedrift: • Vidaregåande trinn 1 (Vg1): Elektrofag eller teknikk og industriell produksjon • Vidaregåande trinn 2 (Vg2): Maritime fag

– I tillegg kjem eg meg på dei fjellturane eg vil – og eg bruker mykje av fritida mi på det. Til og med når Wist er på jobb, kan ho komme seg på ein fjelltopp når ferja har lagt til kai for kvelden. – Ein luksus eg veit å setje pris på. Fleksibilitet Som kaptein er oppgåvene til Wist å styre ferja, ha ansvar for dei ulike systema om bord i tillegg til ein del administrativt arbeid. – Det er ein allsidig kvardag som byr på mykje fridom og fleksibilitet. Mange trur gjerne at eg berre køyrer båten, men arbeidsdagane mine er fylte opp med mange andre spennande arbeidsoppgåver, fortel Britt Wist.

“Eg har full stilling, men jobbar berre halve året.”

• To års opplæring i bedrift: Matrosfaget Deretter kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Etterpå må du ha seglingstid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å verte styrmann. Høgskuleutdanning Du kan òg ta treårig høgskuleutdanning i nautikk, for så å reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat.


REKRUTTERINGSKAMPANJE FOR UNGDOM

Hoppa i det Det starta som sommarjobb i 2006. I dag er han matros på heiltid.

MARIUS

MATROS Marius Iversen Bur: Molde Stilling: matros Sivilstatus: Singel Hobby: Bil, snowboard og randonee

– Tanken var å begynne på ei utdanning innan data og ingeniør, men etter å ha hatt sommarjobb på ein av båtane til Fjord1 var vegen kort til å verte matros på heiltid, fortel Marius Iversen. Men han, som har teke både IKT-driftsfag og allmenn påbygging på vidaregåande skule og eit års utdanning innan økonomi på høgskulen i Molde, veit endå ikkje kva han skal verte når han vert stor. Iversen leiker med tanken om å gå på styrmannsskule eller verte noko innan petroleumsnæringa, men først skal han nyte matrosjobben han har. Fri halve året Som matros kan du vere tilsett på mindre ferjer, hurtigbåtar og større skip som seglar innan- og utanriks. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene er billetering, vedlikehald og vakthald på båten, lasting og lossing når båten ligg i hamn, å vere assistent på brua og å hjelpe til ved tilkomst og avgang. – Eg trivst godt i jobben og har i tillegg mange fordelar på grunn av turnusen min. Eg har ei veke døgnvakt, ei veke med tolvtimarsvakter og to veker fri. Med andre ord har eg full stilling, men jobbar berre halve året. Det passar meg perfekt, seier Marius Iversen.


MATROS

FAKTA OM UTDANNINGA Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to av åra er i opplæring i bedrift: • Vidaregåande trinn 1 (Vg1): Teknikk og industriell produksjon eller elektrofag • Vidaregåande trinn 2 (Vg2): Maritime fag

Bil og ski Turnusen gjer at han får dyrka dei tre hobbyane sine. Sommar som vinter er det bilkøyring som gjeld. I bilmiljøet har han mange kompisar, men dei treffest ikkje for å mekke og skru. Her møtest gutane rett og slett for å råne – og Iversen stiller i sin nye Lexus is 220d. Når snøen legg seg i skibakkane rundt Molde, finn han fram både snowboard og randoneeski. – Ein heil dag i skibakken eller ein dagstur for å nå ein fjelltopp vert mykje enklare å få til når eg går turnus. Eg treng i alle fall ikkje ta omsyn til at ettermiddagane er korte i mørke vinterperiodar, fortel Marius Iversen.

“Eg ynskjer ikkje ein jobb der eg må arbeide kvar dag frå åtte til fire.”

• To år opplæring i bedrift: Matrosfaget Deretter kan du ta ein toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskule. Etterpå må du ha seglingstid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å verte styrmann. Etter- og videreutdanning Du kan utdanne deg vidare til styrmann (skipsførar) eller kystskipper dersom du har nok fartstid.


REKRUTTERINGSKAMPANJE FOR UNGDOM

MATS PETER

AMBULERANDE MASKINSJEF Mats Peter Henøen Bur: Molde Stilling: Ambulerande maskinsjef Sivilstatus: Gift, to barn Hobby: Sykling og sjakk

Sjakktrekk Å bestemme seg for å verte maskinist er eit av dei beste sjakktrekka Mats Peter Henøen har gjort.

Livet som småbarnspappa, sjakkspelar og syklist lèt seg fint kombinere med turnusordninga om bord på Fjord1. – Etter utdanninga har eg både arbeidd utanriks og om bord på lasteskip langs norskekysten, men nærleiken til heimen vart viktigare etter at eg fekk kone og barn, fortel Mats Peter Henøen. Sidan 2009 har han arbeidd som maskinsjef i Fjord1 – dei siste to åra på M/F «Moldefjord». No har han berre knappe ti minutt mellom heimen og jobb. Fri Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskinar om bord på skip og flyttbare riggar. – Det er nok mykje mindre skruing på motoren enn dei fleste trur. Overvaking er vorten ein desto større del av yrket, fortel Henøen. Maskinsjefen har vekesturnus heile året gjennom, noko som betyr at han jobbar frå onsdag til onsdag ei veke, for så å ha fri neste. I tillegg har han fri kvar laurdag. – Denne fridommen set eg stor pris på, og det å vere i nærleiken av familien. Eg har moglegheita til å vere mykje


MASKINIST

FAKTA OM UTDANNINGA Yrkesfagleg utdanning Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er fireårig, der to er i opplæring i bedrift: • Vidaregåande trinn 1 (Vg1): Elektrofag eller teknikk og industriell produksjon • Vidaregåande trinn 2 (Vg2): Maritime fag

saman med son og kone, i tillegg har eg litt tid til å dyrke hobbyane mine, seier formannen i Molde sjakklubb. Lynrask Ein gong i veka pleier han å spele lynsjakk med andre klubbmedlemmer. – Eg lærte sjakk då eg var liten, men det vart ikkje spelt så mykje, fortel Henøen som vart nummer ein i Kristiansund GP turneringa (klasse B) i 2010 og nummer fire i lynsjakk-NM (klasse 4) i 2009. Sjakkspelinga tok han nemleg opp igjen i 2006. No ynskjer han å satse og vere med både i konkurransar og å skape blest om sporten.

“Fridommen turnusen gir meg, er gull verd.”

• To års opplæring i bedrift: Motormannfaget Deretter må du ta ein toårig grad i skipsteknisk drift ved en teknisk fagskule. Du må ta nødvendige sertifikat for å verte maskinist, andremaskinist og førstemaskinist.


MARITIME utdanningsvegar

SKIPSOFFISER kaptein/maskinsjef

KADETT

2-årig maritim fagskole Modulbasert

Maritim høgskule 3 år bachelor nautikk/maskin 1-årig forkurs for ingeniør og maritim høgskuleutdanning

Matros eller motormann

Fagbrev

Vg3 Lærling

VI VIL HA DEG OM BORD

2 års lærekontrakt matros eller motormann

Opplæringskontor

Vg2 maritim fag

Vg1 TIP/elektrofag

10-årig grunnskule

3-årig studieførebuande utdanningsprogram med 2MX og 2FY


www.fjord1.no


LOGO I NEGATIV, FARGE: Nyttast på mørke flater

Sats på ein maritim karriere hos oss. Ta kontakt på tlf: (+47) 57 75 70 00 HOVEDLOGO: SVART/GRÅTONER

www.fjord1.no

LOGO I NEGATIV: Nyttast på mørke flater

Fjord1 - Vi vil ha deg om bord


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.