Kraftlaget ditt nr.1 - 2022

Page 1

www.finnas-kraftlag.no
Den gode følelsen JULEAKSJONEN 2022 S.2 Driftige folk i vakker natur TORLEIV FYLKESNES S.14 Mykje tilbake på ei lita investering? LØNNSAMT MEDLEMSKAP S.11
Lesestoff frå Finnås Kraftlag
No.1 2022

Det beste er den gode følelsen!

Fire engasjerte damer i kvar sine rollar er samde om dette: Det beste med Juleaksjonen er den gode følelsen! – Ja, og så dette at me i fellesskap, og som lokalsamfunn, kan vera til hjelp for dei som ikkje har nok til å skapa ei god jul for sine.

Rundt kaffibordet

– Det er så mange som er med og bidrar, frå unge som pantar flasker til folk som kanskje gir ein tohundrelapp, sjølv om dei eigentleg ikkje hadde noko å avsjå, seier Anne. – Og bedrifter som svarer ja når me tar kontakt og enkeltpersonar som gir store beløp.

Praten går ivrig mellom dei fire som samarbeider om juleaksjonen på Bømlo i år. Aina Corrine Opedal er frå Hjartespira Bømlo, Sissel Fylkesnes Våge frå diakonite nesta i kyrkja, Sissel Torkelsen Larsen frå Bømlo Røde Kors og Anne Johannessen frå Frivilligsentralen. Dei føler dei står i ein god, meiningsfull samanheng her i vårt eige lokalsamfunn og får høve til å gi ei handsrekking. – Det er mange som treng hjelp, og i år trur me det blir fleire enn før, seier Anne. Ho er gjennom Frivilligsentralen koordina tor for aksjonen.

2 Juleaksjonen

denDen vesle jenta og barbihesten Juleaksjonen har dei hatt nokre år. På ønskelista i fjor stod det barbihest. Ei lita jente hadde ønska seg det, men ingen av butikkane på Bømlo hadde slike. Anne bestem te seg for å henta heim hesten frå Stord, slik at ønsket til veslejenta kunne oppfyllast. – Me prøver å oppfylle ønskjer, seier damene. – Det er greitt å få ein fin genser, men når det er ein barbihest du verkeleg har lyst på er det ikkje det same!

Den gode følelsen… – Ja, det handlar om at mor eller far kan få høve til å gi sitt barn ei julegåve, og kunna setja på bordet god mat i jula, fortel dei fire. – Me legg vekt på at julepakkene er uinnpakka.

– Me sender med julepapir, juleband og til/frå-lappar, slik at dei vaksne sjølv pakkar inn og skriv på, fortel dei vidare. Dei fire er også opptatt at dei vaksne skal kunna be om ting som dei har gått og tenkt at dei har lyst til å gi barna sine. Dei prøver å ha opplegget slik at foreldra får eigarskap til gåva og barna opplever det som gode gåver frå foreldra. – Og at dei som tar imot også får same, gode følelsen som oss som gir. Eg gleder meg til at me skal få oppfylla mange ønskjer i år også, legg Anne ivrig til.

Pappaen som kom i siste liten – Det er mange gode tilbakemeldingar, både frå dei som får, men også frå til dømes tilsette i NAV som synsest dette er heilt fantastisk, fortel dei. Det kan vera ein høg terskel for å ta kontakt. Me kjenner vel alle til at å ta imot kostar ein god del. – Den beste tilbakemeldinga kom like vel frå ein pappa som var seint ute, truleg fordi han kvidde seg, kan Anne fortelja. Han beklaga seg, hadde tenkt heile vegen at han skulle ringa. Då han til slutt gjorde det, hadde dei levert tilbake varene dei hadde til overs. – Men eg sa, dette fiksar me. Så kjøpte me gåvekort på REMA og han fekk litt mat som me hadde igjen. Han hadde fortalt at han hadde to gutar. Dei kjøpte eg og gåvekort til. Då han kom og fekk julekassen, og til og med gåvekort til gutane, då var reaksjonen hans berre slik at… Anne må tørka tårene som kjem. – Det var for meg heile juleaksjo nen! Det rører liksom sånn langt inn i sjela!

Den gode støtta inspirerer og motiverer! Dei fire eldsjelene seier det er flott å kunna samarbeida om juleaksjonen. – Våre organisasjonar har litt ulike opp gåver og føremål og me har ulike grupper me har kontakt med og kjenner godt, seier dei samstemt. – Saman er me sterkare og har fleire frivillige me kan spørja om praktisk hjelp. Dessutan kan det å stå ilag gjera det litt lettare når folk vil støtta oss økonomisk. Dei fire veit ikkje kor mange som kjem til å ta kontakt denne jula, men trur at det blir fleire enn i fjor. I og med at innhaldet i kassane blir dyrare på grunn av prisauken vil det sei at trongen for pengar også blir større. – Då er det fantastisk at Finnås Kraftlag bidrar med heile hundre tusen kroner! Vårt eige kraftlag ilag med andre verksemder og privatpersonar – me syns det er veldig godt å vera ein del av eit lokalsamfunn med ressursar, vilje og ikkje minst ynskje om å gjera noko godt for dei som slit litt ekstra no i jula, sluttar juleaksjonsdamene av praten seg imellom.

JULEAKSJONEN er eit samarbeid mellom diakonitenesta i kyrkja, Bømlo Røde Kors, Hjartespira Bømlo og Bømlo Frivilligsentral.

I 2020 delte dei ut 70 matkassar til jul, i fjor 120 matkassar og i år reknar dei med å dela ut enno fleire. I tillegg får dei ønskje frå borna som dei prøver å oppfylla.

Dei har først og fremst kontakt gjennom NAV og barnevernet men oppmodar folk utanom som treng hjelp å ta kontakt direkte. I år får dei 100.000 kroner i støtte frå kraftlaget , i tillegg til bidrag frå både privatpersonar, bedrifter og eigne arrangement.

”Det er greitt å få ein fin genser, men når det er ein barbihest du verkeleg har lyst på er det ikkje det same!”

Bømlingane sitt eige kraftlag

Me veit kanskje at straum blir til i ein kraftstasjon i eit fossefall eller ei elv. I alle fall var det slik før, no er det både vindmøller, solcellepanel og i utlandet til og med gass- og kolkraftverk! Men kvar finn me vårt eige kraftlag i dette bildet?

Den tradisjonelle strukturen

Då «fordelingslaget» Finnås Kraftlag blei stifta av folk frå dei tre Bømlo-kommunane i 1946 hadde det vore drøfta i fleire tiår kvar ein skulle ta krafta frå, altså bygga kraft stasjonane. I dag har kraftprodusenten vår, Sunnhordland Kraftlag (SKL), 20 heileigde kraftverk i regionen og 15 deleigde som også for det meste ligg i våre nærområde. Straumen til Bømlo kjem i land på Ekornsæter, frå Fagne sitt forsyningsnett, som er ein del av regionalnettet i vår re gion. Deretter blir han sendt vidare i straumnettet til Bømlo Kraftnett, distribusjonsselskapet som Finnås Kraftlag eig. Dette er eit såkalla distribusjonsnett som sørger for å få straumen fram til husa våre, eller til verksemdene der me arbeider.

Kraftlaget har utvikla seg

Det starta med behovet for meir elektrisk kraft i tida etter krigen, då landet blei bygd opp att og samfunnet trengte stadig meir energi. Opp gjennom åra har det blitt bygd og vedlikehalde straumnett i heile kommunen.

Så blei det nye tider og eit anna nett som trengte linjer og kablar var internett. Bømlo kommune, Finnås kraftlag og Eidesvik Holding etablerte eit samarbeid ein kalla Vikom. Etter nokre år tok kraftlaget over fiberbreibandet ansvaret for fiberbreibandet og bygde det ut til heile Bømlo. Dette er i dag ein vesentleg del av drifta i kraftlaget, og har gjort at kommunen vår har vore mellom dei fremste i landet på fiberbreibanddekning. Kraftlaget tilbyr innhaldstenester frå Altibox.

I dag gir kraftlaget også gunstig tilbod til sine medlemer om kjøp og installasjon av el-billadar og solcellepanel som kan betalast ned over tid rentefritt over straumrekninga.

Finnås Kraftlag er no eit samvirkeselskap

Då kraftlaget var nytt i 1946 var det ei partlag der kvar part kosta 100,- kroner, det tilsvarer om lag 2.300,- i dag. Sal av partane var ein måte å skaffa eigenkapital for bygging.

I 1951 var det innbetalt om lag 850.000,- i partar, tilsvar ande 19,6 million kroner i dagens verdi, altså eit betydeleg beløp for å skaffa «straum til folket og deira verksemder i dei tre kommunane» som det heitte i skipingsgrunnlaget. Då samvirkelova kom i 2008 blei Finnås Kraftlag etter kvart gjort om frå partlag til samvirkelag. I dag er eigara ne medlemer i konsernselskapet Finnås Kraftlag SA. Det kostar 300,- kroner å bli medlem. Dei siste åra, etter at kraftlaget vedtok å betala medlemsutbytte, har dette for alle medlemer vore svært gunstig med tanke på utbytte. Grunna nye krav i energilova gjorde årsmøtet vedtak om at Finnås Kraftlag SA skulle opprette to dotterselskap frå 2020. Det kommersielle selskapet som sel straum, brei band og andre kommersielle produkt skulle heite Finnås Kraftlag AS. Monopolselskapet som står for transport av straumen gjennom nettet til sluttbrukaren fekk namnet Bømlo Kraftnett AS.

Framtida gir nye utfordringar og moglegheiter I ei tid med det grøne skiftet, elektrifisering og miljøet høgst på agendaen er kraftlaget si rolle viktigare enn nokon gong. Den store omstillinga samfunnet vårt går gjennom er ikkje heilt ulik den våre grunnleggarar sto overfor i etterkrigstida. Då var det mellom anna oljemangel som kravde nytenking rundt kva energikjelder ein skulle ta i bruk.

Det blir i desse dagar arbeidd med å finne gode løysingar både på leveringskapasitet og transportkapasitet gjennom linjenettet lokalt og sentralt. Dessutan prøver ein i felles skap å finna moglege kjelder til elektrisk og anna energi som ikkje nødvendigvis treng ta opp kapasitet i linjenettet.

Kva er Finnås Kraftlag, eigentleg?
4 Kraftlaget ditt!

Dagens snakkis

1946 Skipingsmøte 23.mars

1948 Linjebygginga tar til under leiing av Sunnhordland Kraftlag

1954 Kraftlaget blir heilt sjølvstendig med eigen driftsstyrar, linjemontørar og installasjonsinspektør

1965 Kraftlaget flyttar inn i eige hus på Svortland

1966 Ekornsæter koplingsstasjon med brytarar for linjene ut til Bømlo blir tatt i bruk - meir stabil straum

1969 Kraftlaget tar spranget inn i dataalderen og ny 66 kV-linje frå Stord tatt i bruk

1980 Store ombyggingsarbeid startar. 20 tilsette i kraftlaget

1985 Kraftlaget flyttar inn i nye lokale i Hollundsdalen

1991 Ny energilov som konkurranseutset produksjon og omsetning av kraft. Transporten har kraftlaget monopol på og pliktar til å levera straum i konsesjonsområdet.

2001 Kraftlaget blir med i ViKom som skal bygga ut breiband saman med Eidesvik og Bømlo kommune

2005 Kraftlaget tar over fiberbreibandet etter ViKom, bygger det vidare ut og byrjar levera tenester frå Altibox.

2017 Full fiberbreibandsdekking i Bømlo

2020 Selskapsmessig og funksjonelt skiljeKonsernet Finnås Kraftlag SA etablerer dotterselkapa Finnås Kraftlag AS og Bømlo Kraftnett AS

2021 Startar med sal av solceller og elbilladarar

Straumpris, bensin- og dieselpris, rentehopp og at alt blir dyrare. Det kjem liksom oppå kvarandre, det som til saman bidreg til mindre å rutta med. Som om ikkje det var nok å ha to år med korona og nedstenging! Det er ikkje tvil om kva som er fremst på tunga i praten mellom folk no!

Energien treng me Verda er heilt avhengig av energi. Me får han frå mange, ulike kjelder i dag. Nokon prøver me å fasa ut fordi dei ikkje er berekraftige. Nokon arbeider me med for å få berekrafti ge. Nokon er fornybare. Her hos oss er elektrisk energi for det meste fornybar og berekraftig. Då pionerane Haldor Haldorsen og Ola Olsen i 1942 sette i gong arbeidet med å få meir straum til Sunnhordland og Bømlo var det fornybar vasskraft dei bygde, av naturlege år saker. Dei etablerte Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Finnås Kraftlag, og la grunn for eit blømande næringsliv i regionen vår. Ja så blømande at det i lærebøker for entreprenørskap har blitt halde fram som ein føregangsregion i nasjonen vår.

Sidan den tid har det skjedd mykje Det er mange mekanismar som gir det kostnadsbildet me no ser. Med dette bladet ynskjer me i Finnås Kraftlag å for midla på best mogleg måte kva som er kraftlaget sin plass i dette bildet, kvifor me er slik me er og gjer det me gjer. Og ikkje minst, kva me skal vera for Bømlo. Ikkje alt er enkelt å forklara. Det er kome kompliserte forskrifter og reguleringar i den marknaden me leverer til. Men ein ting er me heilt sikre på: Kraftlaget er her til ditt og Bømlo sitt beste!

Kraftlaget er her til ditt og Bømlo sitt beste! Føremålet vårt er formulert slik: Fremja interessene til innbyggjarar og verksemder i kon sesjonsområdet.

Eiga, byggja og driva anlegg for energiforsyning, omsetja elektrisk energi, produsera energi eller delta som eigar i produksjonsanlegg.

Eiga, byggja og driva breibandnett og andre elektronis ke kommunikasjonsløysingar.

Driva, yta midlar til eller delta i anna verksemd med natur leg tilknyting til føremålet.

Delta i tiltak med allmennyttige føremål i kraftlaget sitt konsesjonsområde og yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområdet.

Så håper eg dette bladet kan gi deg litt meir kunnskap om kraftlaget vårt, det me held på med og korleis me tenkjer om framtida.

Beste helsing

Tor Bjarne Smedsrud Adm.dir Finnås Kraftlag

KRAFTLAGET VÅRT | Nr. 1 - 2022
Kundemagasin frå Finnås Kraftlag SA Hollundsdalen 1 5430 Bremnes Telefon: 53 42 89 00 finnas-kraftlag.no
Ansv.red.: Tor Bjarne Smedsrud NO - 9453
Finnås Kraftlag Partlag
Finnås Kraftlag AS Finnås Kraftlag SA Bømlo Kraftnett AS

Bømlajenter

Det er måndag og me har avtalt ein prat med ei heilt spesiell gruppe. Tre kvinner som me framover kjem til å finna i arbeid for Finnås Kraftlag-konsernet. To unge lærlingar og ein montør med lang erfaring møtest, kva kan komma ut av det?

Veteranen Tove Lise

Tove Lise Aasheim er veteranen i gruppa. Kanskje me også skal sei pioneren i eit mannsdominert yrke. Ho fortel at ho eigentleg hadde tenkt å bli frisør, men det var så vanskeleg å komma inn på skulen. Etter å ha tatt eitt år på husstell var det ein kampanje for å få jenter inn i utradisjonelle yrker, så i 1984 starta ho på grunnkurs elektro på yrkesskulen i Rubbestadneset og gjekk vidare andre året. Då var dei faktisk 6 jenter i klassen. Etter kvart fekk ho fagbrev og fekk jobb i ei installatørverksemd. Den mista ho igjen i nedgangstider på 90-talet, då verksemda gjekk konkurs. – Eg fekk tre barn innimellom alt dette og søkte eit årsvikariat i kraftla get som blei lyst ut, fortel Tove Lise. – Det fekk eg, men lurte etter ei stund kva eg hadde takka ja til! Eg var ikkje heilt komfortabel med å klatra i stolpar akkurat, smiler ho. – Men det gjekk jo, veldig kjekke folk som sette pris på å få ei jente inn i miljøet. Det betyr jo så mykje.

Tittel
6 Lærlingane
”Tove Lise har gått føre og er jo eit forbilde og inspirasjon for oss...”

Marion bur på Sjøvoll og har fagbrev frå før, i sikkerheitsfaget.

Ho har vore to år i forsvaret, har stifta familie og er mor til ei lita jente på eitt år. Med eit fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget i tillegg får ho ei breiare plattform og trur ho det vil vera letta re å få jobb vidare. Ho visste lite om kraftlaget før ho søkte, men trur det er ein fin plass å vera lærling.

Lakowska

Lærling telekommunikasjons montørfaget

Aleksandra er snart 18 og bur på Moster. Ho har gått på vidaregåande på Stord. Ho fortel at faren har fortalt om elektrikar yrket sitt og at ho allereie som barn drøymte om å få jobba på kraftlaget når dei køyrte forbi!

Ho gler seg spesielt til å få klatra i stolpar (!), men også å få læra mykje av flinke kollegaer. Ho har lyst til å jobba vidare I kraftlaget og seinare ta høgspent, dersom det kan la seg gjera. – Eg er den eg er, meg sjølv, og når eg har sett meg eit mål skal eg nå det, seier Alexandra med glimt i auga.

Bømlajenter viser veg!

Pionér i eit mannsyrke Rundt bordet sit dei to unge, nyklekte lærlingane og lyttar til Tove Lise. Dei er nettopp starta på læretida si i kvart sitt selskap i konsernet Finnås Kraftlag. Aleksandra i telemon tørfaget og Marion i kontor- og administrasjonsfaget. – Tove Lise har gått føre og er jo eit forbilde og inspirasjon for oss, kommenterer Aleksandra, me må jo kjempa for vår sak. Og Tove Lise kan fortelja at det ikkje alltid har vore like lett. – Det er nett som me ikkje blir tatt på alvor av enkelte, seier ho, eg var jo berre 19-20 år då eg star ta. – Når eg kom ilag med ein mann ut på jobb, var det gjerne han dei snakka med, sjølv om det var eg som var ansvarleg for jobben. Og ein gong overhøyrte eg kommen taren frå ein kunde at «det var greitt nok med han som kom, men kvifor skulle du senda med den jentungen?», minnest ho. Ho peikar også på fødselspermisjonar, lønstil høve og anna som barrierar som ein har måtta kjempa for. – Men det går an å takla mykje når du har gode kollegaer og godt arbeidsmiljø, slår ho fast, og ting har blitt betre.

Forventningar og sånn… Kva er det som får unge kvinner til å søka seg læreplass i kraftlaget, undrar me. Dei tre er samde om at ryktet om selskapet har vore viktig. – Eg har høyrt at det er ein kjekk arbeidsplass, seier Aleksandra, og Marion legg til at ho også har fått inntrykk av at det er ein bra plass med godt arbeidsmiljø. Aleksandra har forventning om å læra mykje i telemontørfaget i kraftlaget. Ho er første lærlingen i dette faget hos oss, kan Tove Lise fortelja. Det er tre telemontø rar i kraftlaget.

Dei to lærlingane har ikkje vore mange dagane på jobb, men syns det har vore ein fin start. Marion seier at det har vore mykje nytt å setja seg inn i. Ho skal jo få oversikt

over tilsette, namn og kva dei forskjellige jobbar med, slik at ho kan ta telefonar på sentralbordet. – Dessutan er det mykje kunnskap om kraftlaget eg må læra for å kunna yta god service, seier ho.

Gode råd frå Disney-damo Tove Lise arbeider no med breiband og har ei artig historie om då ho kom til eit hus og ei lita jente ropte «no kjem Disney-damo». Det viste seg at den vesle jenta gledde seg så veldig til å få Disney-kanalen når dei fekk Altibox. I møtet med dei ferske lærlingane har Tove Lise fleire ting ho gjerne vil sei til dei unge. – Det er kjempeviktig å tenka på helsa, seier ho. – Når me er unge er det lett å ta snar vegar, ta for tunge løft og utsetja seg for unødig belastning. Det er med å slita ut kroppen over tid, poengterer ho. –Spør om hjelp, bruk hjelpemiddel og jobb smart! Så mykje som me er ute i vêr og vind er det nok av ting som slit på helsa!

– Me bur på ei flott øy som me får læra å kjenna på ein heilt spesiell måte når me fartar rundt på jobb, dag etter dag. Det gjeld å nyta dei fine opplevinga der ute. – Det er mange sure dagar, vått og kaldt, men med godt humør og kjekke arbeidskollegaer er det utruleg kva me kan få utretta, sluttar Tove Lise av.

Aleksandra Wiktoria

Me skal møta ei radikal omstilling!

– Me går frå ein slags idealsituasjon til noko heilt anna. Regelverket som er bygd opp rundt elektrisk energiforsyning fungerer ikkje så bra i den nye situasjonen me står i no og framover. Orda kjem frå Nina Ingvaldsen, prosjektleiar for Finnås Kraftlag i ein forstudie som skal finna svar på korleis Bømlo skal sikra elektrisk energiforsyning og nok industrivatn for framtida.

Store endringar og flott satsing – Ein har jo utvikla fleire industriområde i kommunen over mange år, og det er mykje planar for vekst og utvik ling i eksisterande industriområde, med dei utvidingane som no skjer, fortel Nina engasjert. – Men så er det ikkje lagt til rette med infrastruktur. Me har jo veiane, dei er jo fantastiske, men dette med straumnettet er ikkje på plass. Straumnettet i Noreg er bygd opp som om me le ver i ein idealsituasjon, der me berre skal justera litt her og der og ikkje treng så mange kilowatt eller megawatt. Men så har me dei siste ti åra hatt ei vannvittig elektri fiseringsbølgje, med elbilar, elektriske hamner, bygge plassar, ferjer, elektrifisering av sokkelen og så vidare. Og så har ein ikkje på plass infrastruktur som tar høgde for dette, seier ho.

Regelverk og realitet kolliderer Nina fortel om eit regelverk som er lagt opp slik at den som treng straum skal betala for framføringa av strau men. Vidare fortel ho at det er for liten straumkapasitet i regionen vår til å dekke det aukande behovet. Då er spørsmålet kva me gjer vidare…, skal me henta straum frå Matre, Sauda eller Samnanger ut til Bømlo blir det forferdeleg dyrt! Dessutan er det Statnett som må bygga det fram, og det er lang byggetid på slike prosjekt, så lang at me eigentleg ikkje har tid å venta.

– Og så må det vera eit reelt behov ute hos ein reell kunde, seier ho, det er slik regelverket er. – Viss ikkje du kan dokumentera eit slikt behov får du ikkje lagt fram straum. Du kan liksom ikkje gjera det på forskot. Og om du er over-optimistisk og legg fram straum til ein kunde du trur kjem, men som ikkje kjem likevel, då vil jo nettleiga stiga for dei andre kundane. Det ønskjer me jo ikkje heller.

Må me produsera meir av straumen på Bømlo?

– Me lever i ei tid med mange endringar, fortset prosjekt leiaren. Me treng meir straum på Bømlo, og så dukkar det opp mange måtar å laga energi på, også lokalt. Mange har allereie sett opp solcellepanel på hustaka sine. Det kan også sjåast på industrielle løysin gar for lokal energiproduksjon frå sol, vind, bølgjekraft, kven veit? Dette med å produsera energi lokalt blir eit spørsmål som kjem; skal ein gjera det? Kor mykje skal ein produsera? Straum er ferskvare, skal ein lagra det? Kven skal vedlikehalda det? Alle desse spørsmåla må me finna svar på, slår Nina fast. – Det eg skal i gang med for kraftlaget er ein forstudie der me ser på alle desse spørsmåla. Det er eit arbeid som involverer både kraftlaget, kommunen og vegprosjekta våre. Det er alle reie lagt ned mykje infrastruktur i pågåande vegprosjekt som gjer det enklare og rimelegare å føra fram straum. Det må også vurderast i den vidare utbygginga i framtida, dette er mellom dei tinga me skal finna ut av gjennom prosjektet.

Tett samarbeid med BVA Det er ikkje berre energi og straum som er utfordrande for næringslivet, også såkalla industrivatn er ei utfor dring. Me skal difor ha eit tett samarbeid med BVA i pro sjektet og gjere oppgåver for dei også, då det er mange av dei same næringsaktørane ein må snakka med. Så slepp ein jo ta to rundar for dette. – Forstudien skal vera klar til sommaren. Det er ei brei kartlegging som skal gjerast, snakka med mykje folk, gå gjennom ein del dokumentasjon og delta på ein del møter om dette rundt om i regionen. Så må det skaffast oversikt over ein del kostnader, ulike alternativ og til slutt leggjast fram eit be slutningsgrunnlag for kraftlaget som dei kan ta med seg til styret for å peika ut kursen vidare, sluttar Nina av.

8 Kraftsituasjonen

Kraftfull pakke til næringsliv og kyrkjer

Finnås Kraftlag har i ekstraordinært årsmøte 6. desember vedtatt ei kraftfull økonomisk pakke til det lokale næringslivet og kyrkjene i Bømlo. Pakka er ei tilbakebetaling for høge straumutgifter og siktar inn mot dei som har fått utfordringar som følgje av prisauken. – Dei 14,4 millionane me har fått i ekstra utbytte frå Haugaland Kraft vil uavkorta gå til tilbakebetaling, fortel styreleiar Torleiv Fylkesnes.

– Styret tok initiativ og drøfta korleis desse midlane kunne nyttast på beste måte, så snart me oppdaga det ekstra utbyttet frå Haugaland Kraft, fortel styreleiaren vidare. Finnås Kraftlag er tredje største eigar med sine 9,5 % av aksjane i selskapet, som i fjor omsette for over 3,7 mrd. kroner.

Ekstraordinert årsmøte

– Det er som regel ein krevjande jobb å få kriteria til slik at støtta fungerer som den var tenkt, fortel Torleiv Fylkesnes. – Me er komne fram til ei løysing me meiner er god for bedrifter som ikkje har straumstøtteordingar med same omfang som private hushaldingar. På grunn av omfanget er dette er ei sak styret ønska å leggja fram for årsmøtet, og difor blei det kalla inn til ekstraordinert årsmøte den 06. desember.

Saka blei lagt fram og etter orientering og høve til drøfting i årsmøtet blei forslaget vedtatt med stort fleirtal.

Gjeld straumkundar

Ordninga blir delt i to utbetalingar, ei i 2022 og ei i 2023. Det er straumkundar i Finnås Kraftlag som kan få ta del i første tilbakebetaling. Nye næringskundar som bind seg til Finnås Kraftlag AS i 12 månader, registrert før nyttår, kan bli ein del av andre utbetaling.

– Det er meiningsfullt å kunna hjelpa dei bedriftene som slit med høge straumrekningar, seier Tor Bjarne Smedsrud, som er kraftlagsdirektør. – Sidan Finnås Kraftlag er eit lokalt eigd samvirkeforetak, kan me gjennom ei slik tilbakebetaling bidra til å trygga arbeidsplassar, bedrifter og aktivitet i ei uføreseieleg tid, legg han til.

Les meir om pakka, kriterier og anna informasjon om ordninga.

Gåvedryss

Det er alltid kjekt med gåver. Spesielt kjekt er det når kraftlaget vårt kan dryssa ut over 1,2 million kroner til 113 lag og organisasjo nar som gjer ein flott innsats i lokalmiljøa våre. Kanskje ikkje all verda til kvar enkelt aktør, men eit økonomisk klapp på skuldera for at dei står på, år etter år og skaper eit Bømlo som er meiningsfullt og godt å bu i.

Eit variert bilde

Det er mange typar lag og organisasjonar som står på lista over mottakarane, også i år. – Det speglar att det mangfaldige organisasjonslivet hos oss, seier direktøren i kraftlaget, Tor Bjarne Smedsrud. – Me har jo ulike interesser, og dei me skal gjera oss attraktive for er også ulike. Derfor er det så flott å oppleva ei fyldig søkjarliste kvart år. Fortsett å søkja, de gjer ein formidabel jobb for eit godt Bømlo å bu i, oppfordrar Smedsrud.

Sjå fullstendig oversikt og kva ditt lag har fått:

Finnås Kraftlag er eit samvirke med medlemer. Det kostar berre 300 kroner å bli medlem, pengar du får att dersom du flyttar eller melder deg ut. Oppsida av eit medlemskap er kjøpsutbytte. I år deler kraftlaget ut 12,5 million kroner i kjøpsutbytte til medlemene. Eit typisk kjøpsutbytte for ein familiehushaldning som har straum og breiband hos oss kan vera rundt 2,500,- kroner. Det er gode kroner å ta med seg!

Kjøpsutbytte - noko å bli glad av Medlemskap kan gi utbytte. – Det er både kjekt og lønnsamt! Men det er også andre positive sider med at kraftlaget

er eigd av oss kundane! Me kan vera med og styra korleis kraftlaget vårt skal drivast. Kvart år blir det ført millionar av kroner tilbake til Bømlosamfunnet..., fordi me kan gjera det!

På den måten kan me gi eit klapp på skuldera til lokale eldsjeler, og dei kan realisera prosjekt som eller ikkje hadde blitt noko av.

Kraftlaget er viktig for Bømlosamfunnet Kraftlaget bygde ut fiberbreibandet i Bømlo og bidrog til at me fekk full breibandsdekning som ein av dei første

kommunane i Norge. - Døma er mange på korleis kraftlaget har gjort konkrete, lokale prosjekt moglege. Det er flott når me som medlemmer kan vera med og gi eit så betydeleg, lokalt selskap retning og innhald. Bli medlem og engasjer deg, så får kraftlaget vårt tent oss bømlingar på best mogleg måte...

Fordi me eig og styrer det sjølv!

Meld deg inn i kraftlaget her!
Vil du ha stort utbytte på ei lita investering? Bli medlem!
1,2
Kraftfull pakke på 14 millionar kroner til bedrifter og kyrkjer med utfordringar pga høge straumprisar Støtte til kysthytte: 1,4 million til Bømlo turlag/ Bergen & Hordaland turlag Reduksjon av nettleiga med 12 millionar Miniatyrskytebane Bremnes idrettslag: 394.985 kroner Padelbane Rubbestadnes idrettslag: 100.520 kroner
Gåvefond disponert av styret:
million kroner fordelt på 113 lag og organisasjonar

Følg med og spar pengar!

Appen frå kraftlaget ditt

– Finnås Kraftlag har det siste halvåret utvikla ein app som gir kundane våre ei god og nyttig oversikt over straumforbruk og kostnader, fortel Tor Bjarne Smedsrud. – Med dei høge prisane og den nye nettleigeordninga har det vore svært uoversiktleg, no er det endra!

God innsikt i eige forbruk

– Det svirrar tal og meiningar i media rundt dei høge straumprisen, fortset Tor Bjarne. – Vårt siktemål med denne appen er å gje våre kundar oppdatert og rett inn formasjon med høve til å tilpassa straumbruken sin, slik at rekninga blir lågast mogleg. Kundane som nyttar appen vil kunna følgja med kva tid det er lågast pris på straumen dette og neste døger, så langt fram som det er mogleg ut frå prissetjinga av prisane på Nord Pool.

– Det som er ekstra flott med denne appen, er at du med eitt blikk kan sjå alle delane av prisen, både straumprisen (spotpris), kraftlaget sitt påslag, nettleige og moms. Til og med straumstøtta er med, sjølv om den er stipulert, sidan den blir fastsett i etterkant, fortel kraftlagssjefen.

Lokalt produkt!

– Me synesst det er ekstra stas at me har kunna bruka ei lokal bedrift til å utvikla appen. Masterloop har vore i denne bransjen i snart ti år, og flytta til Bømlo for nokre år sidan. Dei har utvikla slike program for mange ulike bedrifter og formål, kanskje det mest kjende for folk flest er appen til ladestasjonane til «Easee», kan Tor Bjarne fortelja.

Det er sjølvsagt ein stor fordel å kunna forholda seg til ein som kan komma innom og drøfta arbeidet her hos oss. Jan Helge har faktisk sete i våre lokale under deler av utviklinga. Saman har me definert målet med appen og kva funksjonar han skal ha. Sjølv om han skal vera enkel å bruka er det svært komplekse data som skal sorterast ut og «tappast» ned til kvar enkelt brukar.

kjøpa ein sokalla «dobbe», ein HAN-port-modul som du pluggar i straummålaren din. Då vil du kunna få «sann tids-vising» av straumforbruket ditt. Appen vil då visa kva straumen kostar deg nett no. Nettleiga er stipulert, men vil vera ganske nøyaktig. Grunnen er at straumstøtta blir endeleg fastsett i ettertid.

Lite igjen av kraftprisen ligg att lokalt – Me ynskjer og håper at appen blir eit godt verktøy for våre kundar. Det er lite me lokalt kan gjera med straumpri sane, seier Tor Bjarne, men me kan gje kundane våre god informasjon som gjer at dei kan styra straumforbruket best mogleg. Og for dei som måtte tru at kraftlaget fer av gårde med store deler av prisen, vil eitt blikk på kostnadssøyla visa at det er svært lite av kraftprisen som ligg att her. –Det er ein så liten del at me måtte endra fargen på den delen av søyla for at det skule vera råd å sjå den, smiler kraftlagssjefen.

10 Kraftlagsappen

Jan Helge har alltid programmert!

Bak appen «Kraftlaget» ligg det mykje programmering. Jan Helge er eigar og dagleg leiar i selskapet «MASTERLOOP» med adresse Rubbestadneset. Dei lagar appen for Finnås Kraftlag, og han fortel at han har vore lidenskapeleg programmerar mest så lenge han kan huska.

Kva er ein app?

– Ein app er eit dataprogram for ei avgrensa oppgåve, kjem det kjapt frå gründeren. Eit dataprogram med einty dig funksjonalitet gjerne tilpassa små einingar som smartklokker, smarttelefon og nettbrett. Då smarttelefonen kom var Apple raske med å opne opp for andre å utvikla appar til deira plattform. I dag er det nærare 2 millionar appar i App Store, nettbutikken til Apple. Google har nærare 3,5 mill i sin app-butikk Google Play Store. Me forstår raskt at dette har vore ein formidabel suksess frå 2008 då Apple lanserte App-store!

Jan Helge har bakgrunn som sivilingeni ør og jobba tidligere som som utviklings sjef for maritime navigasjonsløysingar (ECDIS) og digitale sjøkart i om lag 15 år, i selskap som Navtor, C-MAP og Jeppesen. I 2013 etablerte han sitt eige selskap, Masterloop. – Kva firmaet mitt driv med kan best forklarast med at vår programvare sørger for at det som skjer i ein ”dings” (fysisk gjenstand) kan overvåkast og fjernstyrast, til dømes av ein app, via internett. Ein måte å forklara det på er å kalla det for det digitale nervesystemet. Utan slike system ville det ikkje vore mogleg å knyta saman det tekniske produktet med appen, der du skal styra og lesa av kva som skjer. Dette blir meir og meir vanleg i kommunikasjonen med mange produkt, marknaden aukar for kvar dag som går og teknologien kan brukast til mykje. I framtida kommuniserer produkt meir au

tomatisk i lag, og krev mindre involvering av eigaren, til dømes eit smarthus, ein elbilladar eller ein fabrikk.

Kraftlags-appen er ferdig!

– Det tar alltid ei viss tid å utvikla ein app, seier Jan Helge. – Og det er viktig å starta i rett ende, slik at mål og meining kjem på plass først, fortset han. Det er alltid tids- og kostnadskrevjande å måtta ta steg tilbake fordi ein ikkje hadde klart for seg kva ein skulle laga. Kundane til Finnås Kraftlag har behov for å få god informasjon om straumforbruk og prisar, ikkje minst no når det betyr noko for sluttrekninga at du får ned forbrukstoppane dine.

– Så målet med appen er å gi abon nenten så god oversikt over forbruk og prisar som mogleg, slik at kundane kan bruka straum til dagleg på ein prisgun stig måte, seier Jan Helge

Enkel – men svært kompleks… – Det skal vera enkelt å bruka appen. Å bygga han opp slik at kvar av dei meir enn 6 000 abonnentane får ut sin infor masjon, med den store mengda data som ligg bak informasjonen, er sjølvsagt svært komplekst. Men det er kjekt og meiningsfullt å få jobba med kraftlaget, og litt spesielt sidan dette er ein app lokalsamfunnet rundt meg skal bruka, innrømmer Jan Helge. – Og så er eg jo med og eige kraftlaget, smiler han med glimt i auga.

App Store Google Play Her kan du hente appen til din mobil! Appen gir deg blant anna ei oversikt over straumutgiftene samt straumprisen eit par dagar fram i tid.

Frisk luft og god tur!

– Bømlo turlag blei til etter godt samarbeid om nytt turkart for Bømlo, fortel Nils Magne Helle, styreleiar og initiativtakar til den lokale DNT-avdelinga. Mange grendelag og meir og mindre organiserte grupper hadde eigne turløyper, og då me ilag med orienteringsklubben skulle laga nytt turkart blei me godt kjende. Det blei opptakten og i 2011 stifta me Bømlo Turlag.

Orienteringsklubben gav oss ein flying start!

– Orienteringsklubben gav oss mykje ballast, både i kunnskap og midlar, fortel Nils Magne. – Då dei la ned klubben i denne tida, gav dei oss inntektene frå turkartet, i tillegg til solid kunnskap om mangt og mykje som me hadde direkte nytte av i arbeidet vidare. Det er ulike lag og organisasjonar som har laga til løypene og tar ansvar for ettersyn og vedlikehald. Det er heilt avgjerande for suksess, turlaget har ikkje ressursar til dette. Turlaget har avtale med grunneigarane og skaffar t.d. skilt.

Eit turlag for heile Bømlo – Då me starta var me svært opptatt av å finna vår na turlege plass mellom eksisterande aktørar i kommunen, og ikkje øydeleggja for andre, fortel turlagsleiaren vidare. Difor hadde me dialogmøter med mange undervgs. – Eit interim-styre med folk frå heile Bømlo blei etablert. Me stifta laget 29. september 2011 og søkte om medlemskap i Den Norske Turistforening. Den første offisielle turen hadde me til Brømsund tidleg i januar i 2012, og då var me over hundre som deltok. Bømlo turlag arva ein del medlemmer som allereie var innmelde i DNT, så det var jo starten. Etter kvart kom det fleire og i dag tel turlaget over 700 medlemmer.

Flott engasjement og fleire undergrupper

Nils Magne fortel om eit flott engasjement og etter kvart har det kome til fleire undergrupper i laget, Barnas Turlag, DNT Ung Bømlo, Seniorgruppa, Friskusgruppa og Frilufts liv for alle. Ofte på bakgrunn av at folk har tatt kontakt med oss. Hovudaktiviteten er lokale fellesturar, men også lenger overnattingsturar i fjellet og utanlands-turar i laget sin regi. På laget sine nettsider ligg det forslag til heile 63 ulike turløyper rundt om på heile Bømlo, ta gjerne ein tur innom og sjå kvar løypene går. Det ligg dessutan både video og bilde frå løypene!

– Folk ringer og spør om me kan laga en ny sti, merka eller skilta stiar og andre ting. Då har eg mange spørsmål, t.d. kven skal laga han, eller organisera det og eiga han? Har de pengar? Eller andre ressursar? For oss er ikkje alltid pengane det viktigaste, men heller menneskelege ressursar, seier Nils Magne. – Så har me fått til mykje ilag. Bømlo har svært mange og gode turløyper. Og kanskje det aller viktigaste er jo at folk er flinke til å bruka dei.

Støtte frå kraftlaget

Bømlo turlag har på tross av forholdsvis kort historie fått vore med på mykje spennande og fått mykje god støtte undervegs, både finansielt og elles. Ikkje minst har kraftla get vore ein solid bidragsytar til mange prosjekt, kan Nils Magne fortelja.

– Kraftlaget set stor pris på alt det gode, frivillige arbeidet som blir gjort av eldsjeler på Bømlo, seier direktøren i Finnås Kraftlag, Tor Bjarne Smedsrud. – Bømlo Turlag er ein av mange aktørar som gjer ein stor allmennyttig inn sats i lokalsamfunnet vårt. Me har støtta både gapahukar, benker, Sherpatrappene opp til Siggjo og på sist årsmøte vedtok ein ei støtte på 1,4 mill. til kysthytta som er under prosjektering, seier Smedsrud. – Støtta er på 7% av totale prosjektkostnader, slik som har vore praksis dei seinare åra.

Ut på tur… Så er me tilbake til poenget, slik det er uttrykt i føremålet til Bømlo Turlag: «Turlaget har som føremål å stimulera til eit aktivt, sikkert og miljøvennleg friluftsliv for alle.» –Alt me gjer er retta inn mot det å få folk ut av stolen og oppleva gleda og nytten av å komma seg ut på tur. Godt for kropp og godt for sjel, slår ein nøgd turlagsleiar fast til slutt.

Eit eventyr av respons og oppslutning!
Intervju 12 Turlaget

God stemning og triveleg prat rundt grillhytta på Fet

Turen tok til ved Svortland skule og etter samværet returnerer ein dit. Friluftsliv for alle er eit flott tilbod der ein kan vera med om ein set i rullestol eller vogn, toseters el-sykkel eller berre treng gå i sitt eige tempo.

Det er ei fin fordeling av ansvar for turane utanom arbeidsgrppa i turlaget; Helsefag Bømlo vidaregåande, Bømlo vaksenopp læring, valfaggruppa ”Innsats for andre” ved Bremnes ungdomsskule og familielag, padlarar og speidarar.

Bømlo Turlag Nils Magne Helle i trappa opp til Siggjo, eit prosjekt Bømlo turlag er byggherre for.

Driftige folk i vakker natur

Bømlingen, lærarsonen og mekanikaren Torleiv Fylkesnes har dei siste tiåra vore dagleg leiar hos Matre i Brubakken. Han har også vore styreleiar i Finnås Kraftlag gjennom ei tid med store strukturendringar i e-verksbransjen i Noreg. Og mange kjenner til hans store engasjement innan musikk og kulturlivet i Bømlo. – Kven er Torleiv?

Arbeidsliv og kulturliv hand i hand – Slagordet vårt passar så godt til alt som skjer i bedrif tene og næringslivet. Me leverer produkt i verdsklasse innanfor mange bransjar. Gründerane våre har skapt pro dukt, innovasjon og arbeidsplassar. Politikarar har sørga for infrastruktur og godt tenestetilbod i kommunen, fortel Torleiv engasjert. – Og typisk er at etter arbeid samlar me oss om å bidra til eit fantastisk kulturliv! Og jobbinga med å skapa på denne fronten gir også masse glede og venner for livet!

– Og eg har fått vore med på mykje, fortel han vidare, heilt frå starten i ungdomsskulekorps, leiar i ungdomskor, mange år i kyrkjekor, Mostraspelet og meir til. – Og så er eg blitt meir og meir glad i kyrkja! Der er det mangfaldig aktivitet og stor takhøgde, det er flott, synsest 65-åringen.

Det som me tar som sjølvsagt i dag var det nokon som kjempa for!

Torleiv har brukt over tjue år av livet i styret for vårt eige kraftlag, kvifor? – Eg syns at måten kraftlaget blei til, med pådrivarpionerane som kjempa hardt for å få nok straum til Bømlo-kommunane er ein flott tradisjon å stå i, seier Torleiv. – Og dette at Finnås Kraftlag blei eit «partlag», alt så eigd av abonnentane og ikkje eit aksjeselskap eigd og styrt av nokon få, har vore viktig for meg. Me eig kraftlaget vårt sjølv, du og eg som er medlemer! Og som det står på dei første partbreva frå 1946: «PARTBREV i Finnås Kraft lag, som har til fyremål å syta for elektrisk kraft til folket og deira verksemder i Bremnes, Moster og Bømlo herad»

Ein viktig lokal muskel!

– Finnås Kraftlag har vald å stå på eigne bein og har vore ein lokal «muskel» i utviklinga i kommunen vår sidan starten, fortel Torleiv. – Først sytte ein for å skaffa og distribuera straum til øya vår. Seinare blei kraftlaget vårt avgjerande for at Bømlo blei ein av dei første kommunane i landet med tilbod om fiberbreiband til alle, då me overtok «ViKom» og bygde vidare på det som var gjort der. – Det har ikkje minst våre unge glede av no, legg han til. I tillegg fører kraftlaget tilbake store verdiar til lokalsamfunnet, t.d. 12,5 mill. i kjøpsutbytte til medlemmane og om lag 3 mill. i gåver til allmennyttige føremål.

– Det siste som har skjedd er at me på grunn av eigarska pet i Haugaland Kraft får utdelt eit ekstraordinert utbytte på om lag 14 millionar, seier han ivrig, og det ynskjer styret og årsmøtet skal nyttast til tilbakeføring til bedrifter og kyrkjer som har tøffe tider fordi dei har betalt alt for høge straumrekningar. – Det er eit godt døme på at sam virkemodellen i kraftlaget gir oss musklar til å få gjort noko godt for lokalsamfunnet! Så er det viktig at det er eigarane som gjennom årsmøtet endeleg bestemmer, altså til sjuan de og sist deg og meg, sluttar Torleiv av praten.

Fredagsprat med styreleiaren
14 Styreleiaren

TV 2 og Altibox er samd om ny, langsiktig avtale

Som dei fleste nok har fått med seg har det i sju månader vore svarte TV 2-skjermer på Altibox. Frå 28.oktober var heldigvis TV2 tilbake og dei om lag 550.000 Altibox-kundane kan gleda seg over over innhaldet i desse kanalane.

Slik gjer Altibox det

Då TV2 forsvann frå Altibox kunne ein velja å få ein krone-rabatt eller bruka dei 50 poenga som blei «frigjort» til å kjøpa andre kanalar. No legg Altibox inn alle kanalane gratis og for dei som valde poengkompensasjon vil den vare ut året. Dei som valde kronerabatt beheld denne ut november.

Altibox legg inn alle TV2 sine kanalar, så vel du vekk dei du ikkje ynskjer:

TV 2 Direkte - TV 2 sin hovudkanal vil være ein del av dei faste kanalane til alle kundar.

TV 2 Nyheter - Tidlegare Nyhetskanalen, vil vera ein del av dei faste kanalane til alle kundar.

TV 2 Zebra - Underhaldningskanalen vil vera ein del av dei faste kanalane til alle kundar.

TV 2 Livsstil - Blir lagt inn hos dei fleste kundane, men kan veljast bort om ein ønskjer det.

TV 2 Sport 1 og 2 -Blir lagt inn hos alle kundar, men kan veljast bort om ein ønskjer det.

TV 2 Play Basis -Blir lagt inn hos alle kundar i løpet av dei neste månadane (meir informasjon kjem), men kan veljast bort etter den første kostnadsfrie månaden om ein ønsker det.

Valfridomen er tatt vare på

Me er glade for at me har greidd å ta vare på kundane sin valfridom. TV 2 sine største og mest populære kanalar vil vera ein del av det faste innhaldet som tidlegare, mens resten av TV 2 sitt innhald vil kunne veljast ut og inn i tv-pakka etter ønskje og behov. Faste kanalar blir TV2 direkte, TV2 Nyheter og TV2 Zebra. Valfritt blir TV2 Livsstil (1 poeng førehandsvalt alle kundar), TV2 Sport 1 og 2 (5 poeng førehandsvalt alle kunder) og Nordisk Film (10 poeng, ikkje førehandsvalt)

TV2 Play blir endra

Teknikarar hos Altibox og TV 2 jobbar med å få plass tilgang til TV 2 Play Basis som ein del av innhaldet hos Altibox, og dette vil være valfritt innhold. Meir info om TV 2 Play Basis vil komma så snart me har planen klar. TV 2 Play Film og seriar kan ikkje veljast inn for poeng.

Til slutt vil me takka alle våre kundar for tolmod medan dette har stått på, det er me takksame og imponert over!

Trygg heimelading med ladar frå kraftlaget ditt!

Easeeheimeladar

Me tilbyr ladeboksar frå Wallbox og Easee til våre kundar. Modellar med høg yting og smarte løysingar. Kompakte de sign gjer dei svært plasseringsvennlege.

Er du kraftkunde ho oss tilbyr me tre års rentefri nedbetaling, og er du medlem får du kjøpsutbytte på handelen.

Våre standard installasjonar vil være dekkande for dei fleste medan nokon må ut med litt meir.

Frå kr. 410,- pr. mnd.

Oppdatert info finn du her

Solcellepanel med avtale

Finnås Kraftlag tilbyr solpanel til private og bedrifts kundar, med Enova-støtte og rentefri nedbetaling.

Mykje tyder på at det er ei god tid å investera i eigen kraftproduksjon. Eit solcellepanel produserer straum når vêrtilhøva gjer det mogleg. I periodar får ein for lite til eige bruk og treng krafta frå kraftlaget, og på ein solrik dag kan ein produsere meir kraft enn ein treng. Kraftlaget distribuerer då overskotet i nettet slik at ho ikkje går til spille. Dette er ein vinn-vinn-situasjon: huseiga ren får betalt for overskotet og kraftlaget får inn kortreist straum. I denne sa manhengen gir det lågare overførings kostnader for kraftlaget.

Grønt samfunnsansvar

For Finnås Kraftlag er dette ein del av det naturlege samfunnsansvaret eit lokaleigd kraftselskap har. I lag med kundane kan ein bidra til ein meir berekraftig energisituasjon.

Ta kontakt med kraftlaget om stipulert effekt på ditt tak, kostnader, støtteordningar og praktiske ting rundt eit solcelletak – og husk at du får kjøpsutbytte av kjøpesummen!

Les meir om heimeladar

Wallboxheimelad a r
Les meir om solcelleanlegg

Kraftlaget er ein god støttespelar på Bømlo

I ei årrekke har Finnås Kraftlag vore med på utviklinga av Bømlo. Både gjennom arbeidet med å knyta bømlingane til straum- og digitalnettverket, men ikkje minst gjennom sponsing og samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen.

Me er stolte av å kunne hjelpe slik at lokale eldsjeler kan utvikla nærmiljøet og komma nærare eit samfunn forma av innbyggjarane.

Over 60 millionar kroner har Finnås Kraftlag tilbakeført til Bømlosamfunnet dei siste 20 åra. - Gjennom sponsing, pengegåver, stipend og anna stønad muliggjer me draumar og visjonar som bømlingen ber på, og me gler oss til å sjå kva meir me kan få til saman.

Lysløypa til Fet er eit døme på kraftlaget si støtte til lokalt initiativ. Der kan du gå på tur, sykla, jogga, ta ein skitur om snøen kjem – og ikkje minst til å skapa kameratskap!

Gåver og sponsorarbeid
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.