Vallesparebank 150ar

Page 1

LEONHARD JANSEN

allstøtt med deg! VALLE SPAREBANK 150 ÅR


2

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 3


4

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


INNHALD Frå pengefritt til pengefritt – betalingsmåtar gjennom tidene 11 Økonomi og næring 39 Organisering 81 Frå Valle til by’n – frå bygdebank til regionbank 121 Sikkert som banken – eller var det sikkert i banken? 165 Banken og bygda 179 Kvinner og menn i banken 191

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 5


Det er ikkje godt å vite om nokre av dei framsynte mennene som deltok i skipinga av Valle Sparebank midt i 1860–åra såg føre seg ein så livskraftig jubilant 150 år seinare. På langt nær alle sparebankar etablerte på den tid makta å overleve det førre hundreåret. Dei fleste gjekk saman med andre sparebankar og danna større einingar. I dag er talet på sparebankar redusert frå over 600 på det meste, til rett i overkant av 100. Og talet minkar år for år. Det er eigentleg ei aldri så lita bragd at Valle Sparebank i 2016 er mellom dei mest solide i landet, og har fornøgde og lojale kundar spreidde over heile kongeriket. Klokskap, nøysemd og kan hende noko flaks gjennom desse 150 åra kan forklare mykje, men truleg har også den ibuande motstanden valldølane har synt mot sentraliseringsbølgjer hatt sitt å seie for at banken har stått så støtt på eigne bein. Valle Sparebank er ein liten bank målt i kundetal og forvaltningskapital. Derimot er storleiken på eigenkapitalen i høve til talet på innbyggjarar i kontorkommunen mellom dei største. Dette tyder på at Valle Sparebank har ei svært sentral rolle i samfunnsutviklinga i høve til andre bankar. Fyrst og fremst som medspelar og långjevar for næringslivet, sjølve grunntanken med sparebanken, men også med finansielle musklar til å vere ein aktiv gåvebank til glede for ålmennyttige føremål.

Vidar H. Homme administrerande banksjef

6

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Jostein Rysstad styreleiar

Jubileumsboka «Allstøtt med deg» tydeleggjer den sterke historiske koplinga mellom banken og lokalsamfunnet – frå skipingsåret og fram til i dag. Sjølv om banken i jubileumsåret er mykje meir enn ein rein lokalbank, med kontor i Kristiansand og kundar i heile landet, så vil kjerneoppgåva framleis vere å syte for at privatpersonar og næringsliv i øvre Setesdal har konkurransedyktige finansielle tenester. I eit etter kvart heildigitalisert samfunn vil kundane utføre mesteparten av bank– og rådgjevingstenestene sjølve. Utfordringa vår i banken vert å identifisere kva kundane framleis ynskjer hjelp og råd til, og vere dyktige på nettopp desse områda. Forhåpentlegvis syner me den same klokskapen som forgjengarane våre slik at Valle Sparebank kan feire fleire jubileum i åra som kjem. Det har vore ei udelt glede å fylgje bokprosjektet «Allstøtt med deg». Alle bidragsytarar har delteke med engasjement og kunnskap, og særleg vil me trekkje fram arbeidet Leonhard Jansen har utført som forfattar. Han er eit levande lokalhistorisk leksikon og eit oppkome av gode historier frå tidlegare tider. Me vonar du som lesar får glede av boka!


Våren 2014 tok Valle Sparebank initiativ til å opprette ei boknemnd i høve banken sitt 150 års–jubileum, den 24.mars 2016. Nemnda fekk desse medlemene; Olav K. Mosdøl, Olav T. Åkre og Kåre Rike, med banksjef Vidar H. Homme som koordinator. Eit liknande tiltak vart gjort ved 125 års–jubileet, som den gong resulterte i eit gildt jubileumsskrift med mykje bilete. Tidene endrar seg, og digitaliseringa har skote stor fart i alle delar av samfunnet, særleg siste tida. Nemnda kom difor fram til den framtidsretta avgjerda om at boka også skulle presenterast i digital form via nettet, utan nokon kostnad eller abonnement.

Tanken er at dette skal vere ei gåve tilbake til det lokalsamfunnet og dei kundane, som har gjort at Valle Sparebank i dag framleis er ein levande og vital sparebank, med eit godt omdøme, i ein stendig tøffare finansiell marknad. Neste steg var å leite fram ein dugande og kunnskapsrik skrivar til prosjektet. Denne karen fann me i Leonhard Jansen, og nemnda har hatt eit sers godt og konstruktivt samarbeid i so måte, med utveksling av materiale, korrekturlesing og alt det som fylgjer med i eit slikt prosjekt. Det har vore gildt å vere med! Nemnda vonar at dette skal spegle seg att i det ferdige resultatet også.

Valle 9. september 2016

Kåre Rike

Olav T. Åkre

Olav Mosdøl

Vidar H. Homme

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 7


Med bru i Flårenden vart reisa mellom Hylestad og Valle mykje lettare. I 1955 var ein i ferd med å byggje bru nr. 2. I 1866 vart dampbåtane Bjoren og Dølen bygde, og året etter sette i drift. Frå 1896 korresponderte dei med Setesdalsbanen på Byglandsfjord. (ca. 1960)

VALLE GJENNOM 150 ÅR I år er det Valle Sparebank det gjeld. Ein bank for bygda i 150 år. Dei to siste tiåra også eit tilbod til landsdelen. Med etableringa av eiga avdeling i Kristiansand i 2006 tok Valle Sparebank for alvor steget ut i eit vidare og tøffare banklandskap. Ei vellykka satsing, men krevjande.

Nemnda såg fort at ein var i ferd med å nærme seg det som er eit særkjenne ved mangt eit jubileum; det repeterande. Etter ei grundig drøfting var alle samde om å ikkje måtte ende opp med ei dokumentarisk skildring av banken i oppgang– og nedgangstider, men ei bok som set banken og banksoga inn eit eit vidare lokalhistorisk perspektiv.

I dei stormfulle åra på 1980–talet, då den eine lokalbanken etter den andre fusjonerte inn i større einingar, valde Valle Sparebank å halde seg utanfor. Føresetnadane for å drive bank vart brått endra. I 1997 inngjekk Fokus er Valle, men vi må også sjå oppover og nedover til Bykle og Bygland. Frå gamalt var det mange byklarar som bruka banken i Valle, 80 av dei små og uavhengige sparebankane eit samarbeid under men i mars 1978 opna Aust–Agder Sparebank – frå 1. mai 1984 Sparenamnet Eika. Saman stod ein sterkare! banken Sør – kontor i Bykle. Samstundes fusjonert Bygland sparebank seg inn i same banken. Utviklinga dei siste 25 åra inneheld så mykje endringar at det hadde vore meir enn nok å skrive eit framhald av dei tidlegare banksogene I dag er det open bank tre dagar i veka i Bykle (på Hovden) og to dagar frå 1966 og 1991. Vi kunne òg ha valt å skrive alt saman ein gong til. i veka på Bygland. Etter kvart som aktiviteten til Sparebanken Sør har Bruka andre ord og ei anna innpakning. vorte mindre i grannebygdene, har Valle Sparebank i ei viss mon fått nye kundar og utvida tenestetilbodet der. Det vert mest praktisk å bruke det som er nært. 8

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Doktarhusa i Valle var ikkje heilt som dei på nabogardane, men dr. Einar Wollebæk forventa sjølvsagt ein annan standard. Kontortida var kl. 9–11. (1917) Setesdal husflidssentral sette opp utsal nede ved kyrkja, og fekk etter kvart selskap av turistkontoret og frå 1975 også Valle Motell. (1986) Olav K. Rysstad e. med kone og born framfor stoga på Rysstadhåmåren som Hylestad herad kjøpte til kommunehus. (ca. 1912)

Ramma for jubileumsboka er næringsliv og økonomisk utvikling i øvre del av Setesdal, med soger og hendingar frå bygda lett blanda med glimt frå banken sitt virke. Då Valle Sparebank vart stifta i 1866, levde dei fleste setesdølar i eit tilnærma naturalhushald. Det dei ikkje laga sjølve bytta dei til seg. Slik hadde det vore lenge. Difor skal vi også bruke noko tid på næringsliv og økonomi i bygdene før banken kom. Perspektivet vil vere lokalhistorisk, med vekt på biletbruk og ei personleg vinkling. Økonomi kan vere tungt å setje seg inn i, med mange og ofte innfløkte årsak–verknad tilhøve. Difor har vi valt ei framstilling som er lett tilgjengeleg og noko popularisert i forma. Eit overordna mål er å setje Valle Sparebank si viktige rolle som samfunnsbyggjar og aktør i lokalsamfunnet inn i ein større samanheng. Valldøl og kunde i Valle Sparebank er ofte ein og same person. Difor er banken si jubileumsbok ikkje berre ei gåve til eigne kundar, men også ei gåve til bygdefolket. Det er viktig å byggje identitet og eigarskapskjensle hjå dei ein byd tenestene sine til.

VALLE SPAREBANK 1866–2016 Andre hendingar i banken sine merkeår. 1866 Arbeidet med bru ved Flårenden startar, og skulehuset i Valle vert flytta til Åkre. 1891 Heradstyret løyver kr 7 500,– til bygging av Setesdalsbanen. 1916 Valle skal få lækjar og kjøper eit jordstykke i Rike til doktarhus. Hylstringane får seg heradshus midt på Rysstadhåmåren. 1941 Eit engelsk B17c bombefly vert skote ned av tyskarane vest for Byglandsfjorden. 1966 Valle Sparebank går over til maskinell bokføring. Setesdal Husflidssentral vert stifta. 1991 Kommunane i dalen opprettar Setesdal Regionråd.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 9


10

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Frå pengefritt til pengefritt – betalingsmåtar gjennom tidene

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 11


Mjølka vart samla i slike koppar som dei held på å vaske i bekken. Det var viktig å halde det heilt reint. T. h. Sigrid Å. Nomeland. (ca. 1926)

Om kveldane etter at det vart mørkt var det å halde på med småarbeid som ikkje trong så mykje ljos slik dei gjer i Sagneskar. Frå v.: Tarjei, Birgit f. Bø, Gunhild f. 1887, Gunhild f. 1896, Gyro og Torleiv. Dei to til høgre er ukjende. (ca. 1909) Mjøl kan lett verte øydelagt av smådyr, men flatbraud held seg lenge. Ein baka gjerne for eit halvt år av gongen. Jorunn Lund Harstad og Tora Lund ved bakstebordet. (1994)

Nokre stader på jorda er klimaet slik at ein kan leggje seg om kvelden utan å vere ottefull om ein neste dag vil ha tak over hovudet, varme klede og mat. Klede er strengt teke ikkje nødvendig, tak over hovudet er for skuld regn, og noko etande finn ein alltid anten i jorda eller oppe i eit tre. I elva òg for den saks skuld. I eit klima som vårt er alt dette ein del av «kampen for tilværet». Vi treng mat, klede og hus for å overleve, og mengda av det vi treng må vere tilstrekkeleg. Løysinga er å etablere eit hushald der vi har produksjon av det som trengs, eit lager av det vi har produsert og ein måte å fordele dette. Ordet økonomi er henta frå gresk/latin, og tyder hushald. Det kan òg vere slik at vi ikkje maktar å produsere nok av absolutt alle ting. Motsett kan det vere noko vi får alt for mykje av. Då kan vi byte bort av overskot og tenester, og få att ting vi har for lite av. Skeiv fordeling er også eit velkjent fenomen. Nokre klarar å skaffe seg meir enn andre.

12

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

SKUMME FLØTEN Før separatorane kom i bruk, måtte dei skumme fløten. Mjølka vart sett bort i holkar som ikkje var så djupe, men som var vide i botnen. Fløten flaut opp, vart samla opp med ei skei og slått i ein rjomeholk. Dette vart kalla å skumme fløten. Når ein hadde nok rjome, slo ein det opp i ei kinne og laga smør som ein kunne selje. I vår språkbruk har det å «skumme fløten» i tillegg fått betydinga «å sikre seg det beste av noko». I økonomisk samanheng vil det m.a. seie at einkvan sørgjer for at den mest lønsame delen av t.d. ei forretningskontrakt går til ein sjølv.


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 13


Fisk var også viktig som matkjelde. Om hausten vart det lystra; dei lokka fram fisken med ljos for deretter å stikke den med eit lystrejern. Olav og Gunnar Liestøl på Frøysnes har vore heldige med fangsten. Jakt har vore viktig like opp til våre dagar. Knut S. Røysland, Knut T. Lunden og Hallvard Å. Rygnestad er på veg heim frå Rjuven med reinsdyrkjøt.

14

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 15


JEGEREN VERT BONDE Dei fyrste som søkte levebrød i Setesdal var truleg reinsdyrjegerar frå kyststroka vestanfor. Jakt og fangst var sesongbasert fordi dyra vandra. Kjøt og skinn vart frakta til vinterbuplassane ved kysten. Desse folka fanga og samla sjølve det meste av det dei trong for å kome gjennom vinteren, og vi talar om eit nærast reint naturalhushald. Nærleik til open sjø gjorde det mogeleg å skaffe fersk fisk tilnærma det meste av året. Det gjorde dei mindre sårbare om jakt og avlingar elles ikkje slo til. Gjennom pollenanalyser er det dokumentert at det 2600 år f.Kr gjekk husdyr og beitte på Straumsheia, og endå 200 år før det att vart det dyrka bygg på Breive. Nyare dateringar m.a. frå Moi i Bygland, indikerer samanhangande korndyrking frå slutten av eldre steinalder. Same utgravinga avdekka at det stod stolpebygde hus på Moi i yngre bronsealder (1100–500 f.Kr.). Samanfallet mellom stolpebygde hus og samanhengande korndyrking er knapt tilfeldig. Den fortel oss at jegeren no hadde vorte «buandi» – bonde. 16

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

For dei som vart bufaste i dalen for kring 3000 år sidan, kan vi rekne det som heilt sikkert at levegrunnlaget var ei blanding av husdyrhald og det ein kunne produsere på dyrka jord, samt jakt, fangst fiske og anna hausting i utmark. Pollenanalyser frå Langeid viser at det var i tida etter år 400 e.Kr. at korndyrkinga begynte å skyte fart, og at meir og meir beiteland vert lagt i åker. Bygg var det vanlege kornslaget, men seinare vert det også dyrka rug. På 1000/1100–talet er vi inne i ein ny periode der mykje av åkermarka på Langeid får lov til å gro til med gras og vert beiteland att.


Gule byggåkrar var vanlege i Valle til godt ut på 1990–talet. No er det heilt slutt. (1990) Stumpeform frå Løyland frå midten av 1800–talet. Bak står bnokstavane KL og TODL, som truleg betyr at Knut O. Løyland f. 1826 har laga den til systera Targjerd f. 1843. Dugnad på Oppistog Harstad 1930–åra.

BYGG ELLER RUG? Det er ikkje likegyldig om ein dyrkar bygg eller rug. Bygg har kortast mogningstid (kring 100 dagar), og var difor «ein banker» for dei gamle setesdølane. Vart bruka m.a. til graut, flatbraud og ølbrygging. Om ein lagar deig av rugmjøl og set til gjær, vil deiga heve seg. Då kunne ein steike stump i badstogeomnen. Stumpeformene var av tre, med utskjeringar som laga mønster i stompen. Dette var ferskvare som måtte etast nysteikt, medan flatbraudet kunne lagrast i månadsvis eller til og med år utan å verte øydelagt.

BYTEHANDEL Handel med kysten på same måte som vi kjenner frå hundreåra nær opp til vår tid, har vi ingen kunnskap om før vi kjem til etterreformatorisk tid. Ei anna side av saka er at folk som budde nærare kysten, med mildare klima og lengre vekstsesong, kunne produsere ting som var vanskeleg å dyrke i innlandet. Då kunne ein byte vare. I andre samanhengar vart det bytta teneste mot teneste, og i det gamle samfunnet var dugnad ein fasttømra institusjon. Til dømes når nytt tak skulle på plass, stilte alle i dugnadskrinsen opp. Bytehushald er vanleg i økonomiar der iallfall delar av produksjonen er spesialisert, men føreset i tillegg ei organisering av samfunnet der arbeidsdeling er naturleg. I løpet av dei siste to hundre åra har industrialiseringa endra samfunnet totalt. I dag er det vanlege å kjøpe så vel varer som tenester for pengar.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 17


MYNTAR AV METALL Omtrent samstundes med at dei fyrste setesdølar dreiv og spadde stolpehol til langhusa sine for godt og vel 2500 år sidan, begynte dei gamle grekarane å bruke pengar. Ideen vart fanga opp av romarane, og gjennom deira ekspansjon dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel, vart kunnskapen om å bruke pengar spreidd nordover i Europa. Pengane var av metall; gull, sylv eller kopar. I graver frå folkevandringstida på Rysstad, Flateland og Nomeland i Valle er det funne gull. Under utgravingane på Langeid sommaren 2011 vart det funne mange myntar. Mest fascinerande er ti fragment av arabiske myntar. Dei fleste er abbasidiske (frå eit område nær Bagdad i dagens Irak), og eit par kan vere samanidiske (frå eit rike med senter i området Usbekistan og Afghanistan). Fire–fem av myntane er tyske, tre er truleg frå Danmark eller Sverige, og ein er frå England

HALLVARD SUGANDI AV SÆTER Den einaste namngjevne setesdølen i dei eldste sagaene er Hallvard Sugandi. Landnåmabok fortel at Hallvard reiste i viking, og segla over havet med fem båtar og eit stort mannskap. I tri år herja dei i Irland og Skottland. Då dei kom attende, var Harald Hårfagre godt i gong med å samle Noreg til eitt rike. Dei mektige høvdingane på Vestlandet samla seg til det avgjerande slaget som stod i Hafrsfjord utanfor Stavanger. Hallvard vart med, og det var då han fekk tilnamnet sitt. Han veik ikkje i slaget, men «saug seg fast» med båten. Overmakta vart likevel for stor, og Hallvard måtte som mange andre stormenn reise frå Noreg til Island. Hallvard Sugandi tok seg land på nordvestkysten, i ein fjord som fekk namn etter han, Sugandifjord.

Når hylstringane gjekk til kyrkje, var det fyrste som møtte dei ved kyrkjedøra den mektige Hylestadportalen. Eitt av bileta der er ein hest med ei pengekiste på ryggen. Sidan 1997 har folk flest hatt ein bit av same portalen i lomma. Fuglen på eit norsk kronestykke er henta frå same portalen. Segna fortel at Einar Hovet rydda seg gard i Valle, og etter tradisjonen er det bautasteinen hans som står framfor husa i Nistog Rike. (1939) Det er naturleg å tenkje seg at eit eventuelt hovdingsete i Valle har vore på ein av dei sentrale gardane. Utan at vi kan forklåre grunnen er det jo fasinerande at det akkurat der heiter Rike. I Fargebakk er store gravhaugar som fortel at folk har budd her lenge. (1995)

18

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 19


Vi kalla det myntfragment, altså at myntane er klipte i småbitar. Det fortel oss at dei gamle setesdølane ikkje bruka dei til å betale med som eit symbolsk pengestykke, men at det var vekta av metallet som utgjorde verdien. Korleis desse myntane har funne vegen til Langeid, kan det vere like greitt å ikkje spekulere så mykje over. Men vi kan vel med ein gong slå fast at Setesdal aldri har vore så isolert og upåverka av andre som nokre framleis brukar som forklåring på ein frodig og særmerkt kultur. Dei arabiske myntane er daterte til kring 800–850 e.Kr., og andre myntar til slutten av 900–talet. Dei eldste myntfunna frå Valle er frå 1000–talet. Frå Nomeland i Valle kan ein angelsaksisk mynt tidfestast til 1017–23, ein dansk mynt til 1018–35 og ein norsk – prega under Olav Kyrre – til 1065–1080. (To myntar er så øydelagde at det ikkje mogeleg å seie noko om dei.) I Tussehaug i Viki er det funne ein dansk(?) penning frå midten av 1000–talet. Frå Nomeland i Hylestad har vi fragment av fire sylvmyntar i ei grav frå tidleg 1000–tal. Dette er like mange myntar som vi elles kjenner frå heile Aust–Agder om ein ser bort frå skattefunna.

I høgmiddelalderen var det heilt sikkert fastbuande i Finndalen. Her frå Fisstøyl. (1902)

Myntfunna og gullringane er eit klart vitnemål om at dei gamle setesdølane hadde omfattande kontakt med verda rundt. Gullet forbind ein fyrst og fremst med eliten i samfunnet. Det var vanleg å utveksle verdifulle gåver med tanke på å byggje alliansar og politiske band. At dette også er å finne i Valle, gjev indikasjon på vidgreina nettverk, og at nokre av bøndene har rådd over viktige økonomiske ressursar.

Det praktfulle 94 cm lange Langeidssverdet frå tidleg 1000–tal vitnar om makt og velstand i dalen, og ikkje minst kontakt utover. Ved sida av andre mystiske teikn på hjaltet (handtaket), er det også ei hand med ein kross. Det vitnar om at kristendomen i det minste var kjend alt då.

20

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Rikesskjoldet er no på Kulturhistorisk Museum i Oslo. Skjoldet frå ca. 1200 har runer som oversette fortel at: «Gunnar gjorde meg. Helge eig meg.»


HUDER OG SKINN I høgmiddelalderen, på 12–1300–talet, må vi sjå føre oss eit ganske tett folkesett dalføre. Det var også bufaste folk i sidedalar (t.d. Bjørnarådalen) og i parallelldalar (t.d. Finndalen). Levegrunnlaget må i hovudsak ha vore gardsdrift i kombinasjon med jakt og fangst. Skatten vart gjerne målt ut i ei vare som skatteytaren lett kunne skaffe. Difor takserte dei i tunner korn på Austlandet, og våger fisk på Vestlandet. I Setesdal er målet huder og skinn. Med andre ord har det vore ei vanleg vare i bygdene våre. Om ikkje all skatt bokstavleg talt vart levert i huder og skinn, så måtte skattebonden levere anna vare av ein tilsvarande verdi. Vi veit t.d. frå midten av 1500–talet at skatten også vart betalt med smør.

FUTEN OG SKATTEN Då statsapparatet stramma grepet om bøndene på 1500–talet, var fut, skrivar og prest dei tre offentlege tenestemennene folk flest hadde å forhalde seg til. Når bøndene ikkje hadde kontantar, måtte desse ofte take til takke med varer for utførte tenester. Somme tider kunne det vere slikt dei hadde bruk for, andre gonger måtte dei prøve å selje det vidare. Mange offentlege tenestemenn hadde «attåtnæringar». Til dømes kunne futen drive som handelsmenn med varer han hadde teke imot frå bønder som ikkje hadde kontantar å betale med. Futen var sjølv personleg ansvarleg for at utlikna skatt vart betalt til statskassen. I prinsippet var dette greitt å gjere, fordi skattebetalarane slapp bryet med å skaffe kontantar. Futen vart på den måten ein viktig kredittinstitusjon i bygdene. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 21


Då det fyrste steget mot ein sentraladministrasjon vart bygt ut, vart Setesdal lagt under Stavanger bispesete. Skatten måtte fraktast over heia, og nemninga Skinnevegen lever den dag i dag. Forresten var det mange Skinnevegar som alle enda opp vestpå. Vi reknar at den viktigaste kontakten var med kystnære strok vestpå, i Ryfylke og vidare til Stavanger by. Vi talar om ein avstand på 60–70 km, og undervegs låg mange hellerar det var mogeleg å overnatte i. Austover gjekk «Bispevegen» til Fyresdal. På 1600–talet vaks det fram ein sterkare sentraladministrasjon, som ikkje minst hadde eit sterkt ynskje om å suge meir skattar og avgifter frå bøndene. Den gamle ordninga med huder og skinn vart no sett i system. Ein gard som skatta 4 huder eller meir var ein fullgard. Mellom to og fire huder vart nemninga halvgard, og mindre enn to huder var ein øydegard. Den administrative eininga som heile Setesdal sokna til, vart kalla Vestre Råbyggjelaget.

22

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


På støylen Gryggjetveit i Bjørnarådalen syner store åkerreinar som eit klart vitnemål om gardsdrift i gamal tid. Frå venstre Gunnar Hillestad, Niklos K. Besteland, Knut K. Homme, Ewald Assmann med sonen Henrik, Unni Hillestad, Lisbeth Dalquist Homme, Torleiv K. Løyland, Gunhild Espetveit og Ånund O. Rysstad. (1993) Fut Andreas Hølaas på besøk hjå kommunestyret i Bygland i 1904. Bygningen bak var kombinert heradshus og banklokale fram til 1937. Skinnevegen ved Prestvarden mellom Berg i Valle og Bossbu – ein av mange ferdslevegar mellom Setesdal og områda vestanfor. (2015)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 23


Homme i august 1888. Postvegen gjekk mellom husa på garden.

DET PENGELAUSE SAMFUNN For folk flest var ikkje pengar noko ein hadde bruk for i det daglege. Verdien låg i jord og annan eigedom. I 1745 var 67% av jorda i bonde– sjølveige, dvs. at han som dyrka og hausta eigedomen også var eigar. Vidare finn vi at andre bønder i nærområdet åtte 26% av eigedomane. Altså var berre 7% av jorda i hendene på utanbygds. Den jorda som odelsbonden ikkje sjølv åtte, men som han på grunn av odelslov og åsetesrett hadde rett til å drive, var gjerne pantsett. Pantsetjing av jord var ein viktig del av det økonomiske livet på bygdene. Det var ein måte å skaffe pengar i ei handvending på. Bankar fanst ikkje, og då som no var det sjeldan nokon kunne leggje tilstrekkeleg med pengar kontant på bordet når ein trong det.

24

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Av og til måtte jord pantsetjast fordi eigaren hadde kome i økonomisk uføre. For den som då hadde nokre dalar på kistebotnen, var dette eit høve til å skaffe seg jord å dyrke. Då vart gjerne nemninga «brukeleg pant» bruka, altså at panthavaren hadde rett til sjølv å drive jorda. Same formuleringa møter vi òg i reine leigeavtalar der bonden som hadde pengar å låne vekk fekk rett til å bruke ein åker, ei slåtte, eit skogstykke osb.


Kveste i august 1888. Postvegen gjekk den gong rett fram mellom gardstuna.

Å OVERTAKE EIN GARD Som eit døme på korleis folk kunne stelle seg, vil vi sjå på framgangsmåten Margit Torjusdotter Rysstad og mannen Knut bruka for å skaffe seg gardsbruk i Åmli i 1766. Margit hadde odel til Systog, og mot å betale 272 rd. og take det gamle, barnlause ekteparet som åtte garden i follog, fekk dei overtake. Dette skriva dei kontrakt om. Dagen etterpå pantsette Margit og mannen

heile gardsbruket til Knut Gunnulvsson Kvestad for eit lån på 306 rd. Pengane vart heilt visst bruka til å betale ut det dei gamle eigarane kravde. Liknande løysingar finn vi mange døme på. Sjølveigarjorda var for bøndene i dalen viktigaste hjelpemiddelet til å skaffe pengar. Hadde ein jord, var det alltid einkvan som hadde pengar å låne ut. (Valle kultursoge)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 25


Dei første bileta av setesdølar er tekne på slutten av 1850–talet/tidleg 1860–tal i samband med byturar. Han med ryper er Olav T. Dale f. 1829 (til Amerika 1859). Den andre er Jon O. Rysstad f. 1825. Fyrste landhandelen med eige bygg i kommunen var Hylestad handelsamlag – den kvite bygningen til høgre i biletet. (ca. 1910)

Mellom bøndene og kjøpmennen i Kristiansand utvikla det seg også ei form for kontantlaus handel. Rekneskapen vart ført i ei kontrabok, der alle transaksjonar vart nøye notert. I Valle kultursoge les vi om Sigurd O. Bø som i 1791 gjorde avtale med handelsmannen Peder Mørk. Sigurd fekk eit forskot av korn, salt og pengar på til saman 18 rd. under føresetnad av levering av tømmer i 1792. Mørk sikra seg med det einerett til alt Sigurd hogg i skogen sin. Motytinga var å gjeve Sigurd ein rentefri kreditt. Avtalen innebar også at Sigurd måtte gjere alle sine innkjøp av nødvendige varer hjå Mørk. Som i dei fleste andre liknande avtalar enda det opp med at Sigurd kom i gjeld til handelsmannen. I 1804 var denne auka til 58 rd. Dette bandet vart ikkje sjeldan grovt utnytta. I 1864 vart ordninga ruska opp i, og det viste seg at varer som vart leverte i byte for tømmer ofte var overprisa med 50% forteneste til kjøpmannen. Kort tid etter vart det bestemt at alle oppgjer skulle vere i kontantar. Med det kan ein trygt seie at setesdølane hadde teke det fyrste steget i retning av eit pengehushald.

26

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


PRIVILEGIA FORSVINN Det var også ein annan og heilt overordna grunn til at folk flest trong lite kontantar. Frå midten av 1600–talet hadde det kome ei rekkje lover og forordningar som forbaud handverk på bygdene. Det meste av næringslivet vart reservert for byborgarar og medlemer i dei ulike lauga. For å drive kjøpmannshandel eller trelasthandel galdt det same. Bøndene hadde i beste fall lov til å sage vannkanta bord til eige bruk. Alt sal var strengt forbode før 1818. I 1839 kom ei lov som oppheva handverksprivilegia, og tre år seinare kom ei ny handelslov som meir eller mindre tok eineretten frå byborgarane. Den endelege opphevinga av alle privilegia var i 1866.

I eit bygdesamfunn som Valle, der kvar mann var bonde og ingen dreiv næring på annan måte enn som bytehandel med grannane, vart det med eitt nye mogelegheiter. I 1865 hadde det kome landhandel både på Rysstad og Kveste. I 1891 hadde det auka til 10 handelsmenn. Dei fleste berre med eit avgrensa utval av varer stabla i hyller inne på kammerset. Den fyrste staden der vi kan tale om eit butikklokale, var Rysstad handel, som opna i 1888 og stengde ikkje dørene før i 2000/2001. Søren Lund, son til lensmannen i Valle, overtok drifta i 1902, men flytta etter ei tid tilbake til Valle og starta opp eigen butikk der. Fyrst i lensmannsgarden i Haugebirke. Då den brann i 1913, sette han opp eigne hus i Lund nordanfor kyrkja, og heldt fram med handel der. Landhandelen til Søren Lund er på mange måtar å sjå som forløparen til Joker i Valle i dag. Sverre Lund bygde opp denne verksemda frå 1939, meir eller mindre samstundes som onkelen trappa ned på si drift.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 27


SØREN LUND Søren Sverdrup Lund (1872– 1947) var ikkje berre handelsmann, men også ein stor entreprenør. Han dreiv landhandel både i Valle og Hylestad. Han starta geitemeieri og dreiv stor skogsdrift, leigde eller kjøpte gardar og dyrka dei opp. Ingen i Valle har kultivert så mykje jord som han på langt nær. Han skaffa arbeid til mange som elles ville ha vore på berr bakke.

28

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Ei tid åtte han 32 hestar. Då var det ikkje alltid så greitt å halde styr på «maskinparken». Folk hadde moro av ein gong Søren fekk sjå så gild ein hest, og spurde om han ikkje kunne få kjøpe den. «Den er din,» var svaret! (Kjelde m.a. Setesdalswiki.)


L/L Valle handelsamlag frå 1911, til dagleg kalla Valle handel – no Coop Marked Valle –er i dag den eldste butikken i kommunen som framleis er i drift. Krambuene endra folk sine vanar. Ikkje berre det at folk kjøpte ting dei før hadde greidd seg forutan, eller laga sjølve. Frå no av vart varene betalte med pengar. Ein viktig grunn til at dette lèt seg gjere, var endra kommunikasjonar. Frå 1844 var det mogeleg å køyre med hest og kjerre frå Kristiansand til Valle. I 1867 kom dampbåten, og i 1896 jernbanen. Rutebilane begynte å køyre sommaren 1920, og det vart dagleg kontakt mellom Kristiansand og heilt til Berdalsbru. Vinterbrøyting til Oveinang i 1931 og til Bykle i 1934, var endå eit steg vidare.

Lensmannsgarden i Valle husa også den fyrste butikken i bygda. (ca. 1910) Slik såg det ut inne i butikken. Det er det vi i dag ville kalle ei krambu. Butikkdrengen er Olav Ljosland, deretter Tarjei E. Brokka, Såve A. Sandnes, Juel O. Lund, Hallvard Glidbjørg, Pål O. Bø, Hildeborg J. Lund, Anne B. Lund, Torbjørg E. Rike. (ca. 1910) Søren Lund vart skulda for å skrive noko utydeleg, og dette brevet er vel eit døme på det. Vi klarer likevel å tyde siste linja: «Får jeg pengene straks kan du trække af 10 kr.» Kontrabok Rysstad handel frå september 1888. Vi ser at varene som vert kjøpt m.a. er rugmjøl, kaffi og salt.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 29


30

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


POSTVEGEN Kjeldene er eintydige på at bøndene – også haugianarane – ynskte seg veg, og såg kor mykje enklare alt ville verte med den. I «Gamalt or Sætesdal» vert det derimot gjort eit stort poeng av korleis haugianarane kjempa imot det nye: «Men det leid og det skreid. Då fór dei til rødde um det på amtsmøtet, at dei vilde leggja veg til Valle frå byen. Ordføraren kom heim og var so desten: «No sto de neri mi ha fengje postveg’e,» sa han; «men eg slo det av.» «Kvi slo du de av,» sa dei. «Mi ete mei då,» sa han.» Telefonen var ei enkel innretning. Framfor telefonutstyret står Ingebjørg T. Sandnes. (ca. 1905) Postvegen hadde ein enkel standard, og det som skilde frå avgrunnen var ofte heller lite. Biletet er teke etter gamlevegen mellom Flårenden og Kåvenes. (1888)

Det kan også leggjast til at telefonen kom til Valle så tidleg som 1899. Frå då av var det mogeleg å ringe og bestille varer i byen. Transporten var med tog og båt, og kunne hentast på Ose eller Granheim.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 31


BANKEN På bakgrunn av dette ser vi at det ikkje var heilt tilfeldig at Valle Sparebank vart skipa i 1866. Tida kravde ein slik institusjon. Når bonden fekk oppgjer for tømmer og anna vare, kom han heim med kontantar. Det var ikkje lenger eit lass med korn, salt, ein kagge brennevin og noko pynt til kona. Den som hadde nokre dalar på kistebotnen kunne kanskje vere heldig å finne att ein klump med sylv om husa brann ned. Frå 1877 kom pengesetlar i vanleg bruk, og om det brann vart det berre oske att av dei. Altså var det viktig å få ein plass der pengar kunne forvarast trygt. For å seie det noko enkelt, så var det gamle pengesystemet slik at ein mynt skulle innehalde edelt metall tilsvarande den verdien som var prega på mynten. Frå 1874 vart det norske pengesystemet knytt opp mot gullstandarden. Det gjorde det mogeleg å produsere pengar der påført beløp var ein symbolsk verdi. Ein pengesetel kunne fram til 1931 løysast inn i gull i den banken som hadde trykt den.

GALI RUVE! Det vert ofte spøkt med velståande setesdølar med pengar gøymt både her og der. Denne soga skal vere heilt sann: Ein bonde frå Valle, kom ein dag inn på krambua – Valle handel – og ville gjere opp. Styraren tok fram boka hans og summerte, og det vart kring 1500 kroner. Bonden tok handa ned i bukselomma, drog opp setlane og talde opp. «Nei, nei, fy vorre, no hev eg visst teke med meg gali ruve!»

For bøndene var det nok ei rimeleg stor mental omstilling å samle saman skillingane, take dei med til banken, og kome heim att med ei kontrabok – ei bankbok – der kasserar og styreleiar hadde skrive namnet sitt under summen som var sett inn. Det var einaste garantien dei hadde for seinare å kunne take ut pengane. Slik var det fram til 1980, då dataføring av bankbøkene vart innført.

32

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Bankbok frå 1866 tilhøyrande Bjørgulv T. Homme. På fyrste side står: «29 Mai An. (1 Aktie) i Sparebankens Grundfond 5 Spd.»


Valle sentrum 1935. Valle frikyrkje vert vigd inn. Valle handel til venstre og Solheim turistheim (no Valle Servicesenter) til høgre. Utanfor biletetkanten stod heradshuset, meinigheitshuset og Bergtun Hotel.

FRÅ SJEKK TIL MOBILTELEFON – ELLER PÅ VEG INN I DET PENGELAUSE SAMFUNN PÅ NY På slutten av 1960–talet begynte folk å bruke sjekkar. Ein reiste til banken og fekk eit sjekkhefte; ei lita bok i format omtrent 8,5 x 16 cm med ferdig trykte felt til å føre inn namn på den som skulle ha pengar, pengesum m.m. Sjekken måtte løysast inn i ein bank, og då var det vanleg å setje pengane rett inn på konto. Seinare kunne den som hadde fått pengar skrive ut ein ny sjekk om han trong. Sjekken kunne også overførast til andre ved at ein skreiv namnet sitt på baksida. Nokre gonger, gjerne når ein stor pengesum skulle skifte eigar, vart den kryssa med to strek diagonalt over heile sjekken. Då kunne berre den som sjekken lydde på løyse den inn.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 33


Sjølv om det var mogeleg å bruke sjekk fram til ganske nyleg, så forsvann den meir eller mindre ut av vanleg bruk på 1990–talet. Jamsides med at bruk av sjekk nærast eksploderte, kom også bankkorta i bruk; små, laminerte plastkort som det ikkje var mogeleg å forandre på. På bankkortet stod ein sikringskode som måtte påførast sjekken. Frå slutten av 1970–talet fekk bankkorta magnetstripe, og i 1977 kunne Sparebankforeningen invitere publikum til å prøve den fyrste minibanken – ein kontantautomat. For å take ut pengar med bankkortet i ein minibank, trong ein også PIN–kode. Fire tal som måtte tastast inn for at transaksjonen kunne godkjennast. Omgrepet online begynte å verte velkjent også på bygdene. Ein var avhengig av ei fysisk telefonlinje for å få dette til. Fekk ein ikkje kontakt, var det uråd å betale. På den tid hadde folk flest framleis kontantar med seg, slik at ein fekk ordna seg likevel. Etter 1990 erstatta kontantuttak frå minibankar meir og meir sjekkhefte og kontantuttak ved hjelp av betjeninga i banken. 34

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

I november 1991 gjekk forretningsbankane og sparebankane saman om å stifte selskapet BankAxept AS som fekk ansvar for drifta av ein felles infrastruktur med betalingsterminalar, datanett og anna maskinvare. Frå då av var det mogeleg å bruke bankkortet til å betale med. Etter banken var bensinstasjonane dei fyrste som vart online, dvs. at det var mogeleg å betale drivstoff med bankkortet gjennom ei telefonlinje. Seinare fekk også butikkane denne tenesta, og etter utbygginga av trådlaust mobilnettverk på 2000–talet kan vi i dag bruke betalingsterminal på dei mest utenkjelege stader utan å vere nær ei fysisk telefonlinje. I dag har alle norske bankkort minimum BankAxept funksjon. For kundane i Valle Sparebank er det vanlegvis også knytt til eit VISA debetkort. Med dette kortet vert beløpet som skal betalast trekt direkte frå bankkontoen. Etter kvart har det også vorte vanleg med kredittkort. Då lånar ein pengar av kortselskapet, og gjer opp t.d. ein gong i månaden.


I 1990 var namnet på bensinstasjonen på Rysstad Norol.

«LANGE RÅDDO» I samband med at banken innførde data frå 1980, vart det slutt på handskriva bankbøker med påføring av renter og saldo 31.12. I staden vart det no tettskriva linjer frå venstre til høgre, med år/dato, innskot/uttak, sum m.m. Dette tykte ein kar frå dei øvre bygder heller lite om. Han returnerte den tettskriva bankboka, og hengde på ein lapp der det stod: «De lyt skrive bankboki som fyrr’e. Eg kan inkje have desse roddun med tal.» Løysinga vart visst at Olav O. påførde den nødvendige handskrifta – og kunden vart vel nøgd.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 35


Mykje av endringane med sjekk og bankkort, hadde samanheng med innføring av data. Frå 1980 vart bankbøkene førde på data, og alle transaksjonar gjekk direkte inn i systemet. Bankenes Betalingssentral vart oppretta i 1972, og mykje av det som før hadde gått gjennom posten som postgiro, vart erstatta av bankgiro. Då trongs det gode, tekniske løysingar. Ei av desse løysingane var at bankbøkene frå slutten av 1980–talet vart erstatta av bankutskrifter, der utskrift frå kontoen vert tilsendt kunden ein gong i månaden, kvartal, halvår eller år. Kunden fekk ikkje lenger med seg heim ei bok som var tilnærma å rekne som eit verdipapir. Det einaste var ein lapp der det stod anten INN eller UT øvst i høgre hjørne. I 1996 vart det meldt at bankkundar frå hausten av kunne betale eigne rekningar over det nye Internett. Det vart og signalisert at det frå 1997 ville kome meir avanserte løysingar som opna for kredittkortbetaling og handel på nettet. Folk flest var nok rimeleg skeptiske. Dette kunne aldri kome til å fungere, og i det minste var det alt for usikkert.

I dag har vi kome til siste stadium før alle kundar i banken sit heime og ordnar med rekningar og andre transaksjonar frå eigen datamaskin, eller snarare eigen mobiltelefon. I grunnen er det vel eit spørsmål kor lenge det vil vere mogeleg å kome til skranka med rekningar og be om å få dei betalt. I april 2015 la Valle Sparebank ned filialen på Rysstad fordi det var alt for få som nytta seg av dei manuelle kundetenestene. Også minibankane går usikre tider i møte. Folk brukar kort i staden for pengar. Så langt ein ser no kjem Valle Sparebank til å vidareføre minibankane i Valle og Bykle, men minibankane i Oslo og Kristiansand er fjerna. Det var økonomisk uforsvarleg å halde fram. Undervegs har sikring vore eit stadig tilbakevendande tema. Magnetstripene på korta var lette å kopiere, og mange kontoar vart tømde av den grunn. Frå 1. desember 2011 har alle BankAxept–kort hatt chip, som gjer betalingsformidlinga langt sikrare. For å bruke nettbanken måtte ein skaffe seg ei kodebrikke med ein eingongskode. Løysinga var ikkje sikker nok, og sidan 2013 har det vore mogeleg å bruke mobiltelefonen for å logge seg inn på konto. Så langt er det siste steget på vegen mot det pengelause samfunn. Men utviklinga går vidare. Om ikkje lenge er det meininga at vi kan stå i butikken og betale det vi har putta i posen med mobilen.

36

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Den eldste butikken i kommunen i dag er Valle handel; Coop Marknad Valle. (2011) Då Gunnar Brottveit begynte på Valle handel i 1968, var det å rekne som ein god gamaldags landhandel. Då han slutta i 2013 var det ein moderne butikk der prisane vart lest med strekkodar. (2011)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 37


38

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Økonomi og næring

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 39


Sjølv om vi ikkje veit det, er det neppe langt frå sanninga om vi påstår at dei eldste setesdølane ikkje var opptekne anten av handel eller anna omsetjing av varer. Dei produserte til eige bruk; fanga rein, fugl og fisk, hadde husdyr som gav dei mjølk og kjøt, sanka urter og bær i utmarka og dyrka korn på jordene rundt garden. Reiskapane folk hadde å hjelpe seg med var av stein og tre. Tidsperioden 1750–500 f.Kr. er gjeven namnet bronsealderen, men det er klart at dette kostbare metallet var lite kjent og bruka i Setesdal. Til no har vi berre ein bronsegjenstand som kan daterast til den tida; ein pinsett frå ei gravrøys på Nånes ved Byglandsfjorden som vart utgraven i 2012. Rundt Kristi fødsel tykkjest eitt eller anna ha hendt. Utgravinga av ei jernvinneanlegg på Straume for godt 20 år sidan vart datert til yngre romartid (200–400 e.Kr.) Ei ny tid hadde gjort sitt inntog. 40

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

JERNVINNA Så langt har ein altså dokumentert utvinning av jern over ein periode på rundt 1500 år. Råmaterialet var jernhaldig myrmalm. Kunnskapen om å utvinne jern frå bergmalm, altså av stein, vart fyrst teken i bruk på 1500–talet. Myrmalmen ser vi som rustbrune steinar og avsetjingar i bekker og smådammar. Jernet er blanda saman med organisk materiale, og må tørkast og brennast på eit bål – røstast – før sjølve prosessen med å utvinne jernet kan starte opp. Dessutan må ein brenne trekol. Sjølve jernbrenninga vart gjort i ein rund sylinder bygd av leire. Der la ein lagvis røsta malm og trekol. Temperaturen nådde til slutt 1150–1200 grader, og jernet samla seg i ein klump i botnen av sylinderen. Den smelta steinen, slagget, finn vi i store haugar der dei gamle jernvinneanlegga låg. I vikingtida gjekk ein over til ein annan ovnstype, men prinsippet var i hovudsak det same. Fyrste bearbeiding av denne klumpen, eller luppen som han vart kalla, var gjerne på ein flat stein i nærleiken av der sjølve blestringa fann stad.


VERDIFULLT JERN Jern var eit kostbart materiale, og eit attraktivt bytte i ufredstider. For den som levde av jakt og husdyrhald, hadde jernet kome som ei hjelp det vart vanskeleg å vere forutan. Alternativet var reiskap av stein og tre som var langt mindre effektive. Korleis kunne bøndene sikre desse verdiane? Einaste måten var i grunnen å stikke det vekk ute i naturen. I ura oppføre Hagen på Helle vart det i 1897 funne eit spyd, to øksar, to celtar (skoningar til jordhakke), to ljåblad, to lauvknivar, ei steikjepanne og eit bryne. Så mykje samla på ein stad kan tolkast slik at det kan ha vore varelageret til ein smed. Iallfall vart det gøymt så godt, at det gjekk mest 1400 år til nokon fann det att. Det høyrer med til soga at ho som gjorde funnet aldri klarte å finne att holet i ura der skatten låg. Så kanskje ligg det framleis att skattar i hola?

I boka «Spor i Setesdalsjord» har forfattarane Jan Henning Larsen og Axel Mjærum skriva omfattande om utvinning av jern. Mykje er uvisst, men det ser ut som dei fyrste milene begynte å ryke ein gong kring år 200 e. Kr. Jernet var sjølvsagt fyrst og fremst til eige bruk, men alt på 500–talet tyder ting på at ein hadde teke steget opp i høgheia. Der var den beste malmen, og produksjonen for sal kom i gong. Men hundreåra etterpå var nedgangstider, og det er gjort få funn. Så skyt det for fullt fart i vikingtida kring år 950, og held fram til ut på 1400–talet. Det er særleg gjort undersøkingar i Hovdenområdet. Kva som gøymer seg lenger nede i dalen er meir usikkert. Systematisk gransking manglar, men utgravingar dei seinare åra har gjeve oss eit lite innsyn i korleis det kan ha vore. På Moi i Bygland vart det grave ut ei smie frå romartida som avslører at dei der dreiv med finsmiing. Med andre ord laga gjenstandar av jern til lokal bruk.

Knut J. Jore med «soppa», ein jernklump etter ei vellykka brenning. (1986) Depotfunn frå Helle med utstyr til smed.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 41


På Langeid vart det også funne ei smie frå romartid, men der har dei arbeidd vidare med råjernet, og gjort dette klart til å smie med. Alternativt vart råjernet reingjort og forma til som jernbarrar, som var ei salsvare. Merkeleg nok er det til no ikkje funne slike jernbarrar under utgravingane. Bakgrunnen for å seie dette er at dei funn som er gjorde på produksjonsstadene på heia, skil seg klart frå det ein ser på gardane lenger nede i dalføret. På heia har prosessen med å smelte fram råjernet vorte utført. Resten av prosessen har gått føre seg andre stader. Om folk alt då også busette seg på dei stadene der jernet vart utvunne er ikkje dokumentert, men nyare undersøkingar gjev haldepunkt for å tru at det i høgmiddelalderen, då behovet for og produksjonen av jern var størst, har vore ein omfattande busetnad på heiene. Dei har knapt kunna leve av det heia gav, men ein kombinasjon med gardsdrift og utvinning av jern er realistisk å tenkje seg.

VART GOKSTADSKIPET NAGLA SAMAN MED JERN FRÅ SETESDAL? Til no har det vore vanskeleg å analysere kvar jernet er produsert. I seinare tid er det utvikla metodar der ein samanliknar den kjemiske samansetjinga av slagget som ligg att på heiane, med ørsmå restar av slagg som ligg att i det ferdigproduserte jernet. Analyser av naglar frå Gokstadskipet tyder på at nokre av dei kan kome frå Agder. Men her lyt vi vere tålmodige, så vil ein nok med tida kunne kome fram til meir nøyaktige resultat. (Mjærum/Larsen)

Øks av jern frå vikingtida funne i Hylestad. Nokså sikkert smidd av jern frå heia. (1992)

42

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Utifrå mengder slagg som er registrert, vurderte Perry Rolfsen i 1992 at det berre i Bykle vart utvunne årleg 8 tonn jern. Det verkelege talet er truleg ein god del høgare. I dag meiner ein at dei fekk langt meir jern ut av den røsta malmen, slik at ein kan auke dette talet til 20 tonn årleg. Vidare reknar ein at ein vanleg gard på den tid hadde eit behov på ein kilo jern årleg. Produksjonen av jern i Bykle var så enorm at det utan tvil har vorte produsert jern for heile Agder og Rogaland. I tillegg må det ha vore ein betydeleg eksport. Det vert svært spennande å sjå når ny teknologi kanskje gjer det mogeleg å knyte jern som er bruka, t.d. på Dei britiske øyar, til slagghaugane på Hovden.

Det eldste biletet vi har av Vallebygda teikna av Simon Olaus Wolff i 1833. Vi ser m.a. korleis den gamle kyrkja såg ut. Åmliskjoldet, med vakre jernbeslag, er også datert til å vere frå middelalderen.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 43


HANDELSSENTRUM I VALLE? Tjuge tonn jern frå Bykle, og mange tonn frå Valle, Hylestad og Bygland i tillegg, måtte kvart år seljast. Sal av jern er ikkje noko ein gjer tilfeldig. Handelen måtte organiserast, og det måtte etablerast møteplassar der varer kunne utvekslast. Aust–Agders største gravhaug er i dag å finne på Nomeland i Valle. Bygda hadde i middelalderen to kyrkjer; ei på Nomeland like sør for Byggi Valle, og ei der Valle kyrkje står den dag i dag. Båe delar fortel oss at det så vel i heidensk som tidleg kristen tid budde velståande og mektige menn i bygda.

Aust–Agders største gravhaug er på Nomeland i Valle. I same området er det m.a. også funne ein betalingsring i gull. (ca. 1913) Ein annan konge som etter tradisjonen var i Setesdal, er Heilag–Olav. Skjoldmøyane kasta denne steinen etter han då han for forbi Helle. (1894)

44

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

HÅREK OG JON FOT I Orknøyingasoga høyrer vi om Hårek frå Sæter. Dotter hans Helga vart kring år 1100 gift med lendmannen Peter Serksson frå Aurland i Sogn. Vi kjenner to søner; Niklos Petersson, bisp i Bergen 1157–61, og Jon Petersson, lendmann og krossfarar Jon Petersson var i Bergen i 1127, og møtte der Kale Kolsson frå Fjære. Det vart slagsmål. Fyrst vart to av Kale Kolsson sine menn drepne. Ikkje lenge etter vart det teke blodhemn på ein av Jon sine menn.


Dette måtte au hemnast, og før jol i 1128 fór Jon sørover med 30 mann. Han gjesta godfar sin, Hårek, i jola, (i ein variant av teksta er det tale om morbroren, Olav Håreksson), som sendte med 30 mann på ferda vidare.

Uvenskapen heldt fram til utpå sommaren. Då kom kong Sigurd (Jorsalfar) til byen og fekk til eit forlik. Jon Fot skulle ha syster til Kale Kolsson, Ingrid, til kone. Kale Kolsson fekk på si side halve Orknøyane og jarlenamn attåt; Ragnvald jarl. Same mannen er han som starta bygginga av den storslegne Magnuskatedralen

Ryktet om følgjet gjekk føre, og dei var venta då dei kom til Fjære. Kampen vart ujamn. Jon miste mange av mennene sine, og vart sjølv skadd i foten. Skaden vart Korleis vart desse folka kjende med kvarandre? aldri god, så Jon bar sidan tilnamnet «Fot». Kanskje på Gulating der gjæve menn møttest, og der kan Hårek ha gjort avtale om å gifte bort dotter si til Peter Serksson. Alternativt kan kontakten ha oppstade i samband med handel med jern.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 45


Eit forgylt beslag av irsk opphav frå Valle prestegard. Hylestad i 1964. Den gamle Hylestad stavkyrkje stod mellom Hovet og Bjørgum omtrent der Husefjødd kjem inn frå høgre i biletet. Utgravingane vart gjort i kanten av vegen like nordanfor.

46

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 47


Eit anna merke på handel og kontakt med omverda, er når det vert funne gjenstandar som myntar, våpen, smykke og beslag av utanlandsk opphav. I Aust–Agder er det to område som har slike funn; Fjære ved Grimstad, Langeid i Bygland og Valle. Nær Valle kyrkje (Nomeland, Viki og Nomeland i Hylestad) er det gjort fem funn med vektlodd som vart bruka ved handel, og fleire andre funn med myntar og importgjenstandar. Vi kjenner til fem funn av karolinske spydspissar, eit forgylt, rundt, irsk beslag frå Prestegarden i Valle datert til 800–talet, og ei fortinna bronseøskje av angelsaksisk opphav frå ei kvinnegrav i Tussehaug i Viki. Denne er datert til 700–talet. Mellom dei mange funna som vart gjorde under utgravingane på Langeid er ei skålvekt, vektlodd, fragment av arabiske og europeiske myntar, glasperlar frå det austlege middelhav og eit praktfullt sverd som truleg har opphavet sitt veldig langt aust for oss. Her har vi endå eit bevis på stor, stor velstand mellom somme av bøndene. Vidare kan funnet eintydig daterast til rett etter år 1000, og at ei øks er av same slag som det er funne fleire av i Themsen, og knyter personen i grava til Knut den mektige sitt felttog i England 1015–16. Sjølv om det pr. definisjon er ei heidensk grav, har sverdet også kristen symbolikk. Mellom anna ei tydeleg hand som held ein kross. Spinnehjul med runeinnskrift funne på støylen Tjønnestjønn i Finndalen. «Gunhild gjorde snåld», er rissa inn.

HEIDENSK OFFERPLASS PÅ HOVET? Våren 2007 vart det vart det gjort ei arkeologisk utgraving i Valle kommune. Staden var på Bjørgum i det området vi reknar at den gamle prestegarden Hylje i si tid låg. Den gamle kyrkjegarden på Bjørgum ligg eit par hundre meter sunnafor. Arkeologane avdekka raskt ein stor steinsirkel med ein diameter på kring 12,5 m. Sirkelen vart definert som ein fotkjede og fotgrøft etter ein gravhaug. I sirkelen vart det funne kol, og dateringa av dette tyder på at det der har vorte brent mange gonger over eit tidsrom på 360 år, frå 680 til 1040. Det vart ikkje funne graver inne i steinsirkelen, men ein diger stein låg nedgravd på ein måte slik at ein kan forstå at den må ha vorte velta oppi holet. Det ser ut som steinen har stått i midten av steinsirkelen, og vart tolka som ein slags bautastein slik ein finn på mange gravhaugar. 48

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Sett med noko andre briller, er funnet gjort svært nær der den gamle Hylestad kyrkje vart bygd. Vi veit at dei fyrste kyrkjene mange gonger vart bygde over eller i nærleiken av heidenske kultplassar. Namnet Hovet har gjeve namn til området, vi har ein steinsirkel – utan grav – der det over ein lang periode har vorte gjort opp eld. Ein gamal heidensk offerplass treng ikkje nødvendigvis ha vore i eigen bygning. Den store, tunge steinen har nokon bevisst plassert midt i steinsirkelen. Er det berre ein bautastein, eller kan det ha vore ein altarstein i eit gamalt heidensk hov? Med andre ord: Er dette offerstaden som ein gong for lenge sidan gav grunn til å kalle staden Hovet?


Vekt og vektlodd i gravene vert forbunde med handel. Vekta er frå Langeid og vektlodda frå Nomeland i Valle.

Vi lyt leggje til at på Langeid veit vi kvar alt er funne, og samanhengen det låg i. Frå Valle er det tale om lausfunn i nyare tid, og regelrett plyndring av gravhaugar på 1800–talet der alt vart raska saman i ein boks eller kasse meir eller mindre utan informasjon.

Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det kan ha funnest fleire samlingspunkt for handel. Vi har lett for å tenkje oss ein stor marknadsplass der alle kom. Det er ingenting i vegen for at det også har vorte handla t.d. soknevis eller grendevis.

Importgjenstandane er også udiskutable bevis på kontakt mellom Setesdal og andre område. I kva grad vi talar om direkte kontakt mellom setesdølar og andre skal vi late liggje til nye undersøkingar eventuelt gjev oss eit betre grunnlag for å svare på spørsmålet. Funnet på Langeid er likevel vanskeleg å tolke på annan måte enn at sverd og øksar har tilhøyrt den avdøde, og at han også reint fysisk har vore i England.

Frå omlag år 1700 er det ei skildring frå Bykle der det heiter: «En Miil fra Bykle staaer en gammel Boe kaldet Koup mands Bua, der synes Nordmændene, og Sæterbyggerne at have mødt hvert Aar med sine Warer at sælge. Nordmændene med Salt, Heste, Klæder, Lærret, Fisk og andet saadant, Sæterbyggerne med Bueskap, Huder og Skind.»

Vi registrerer at denne typen funn no strekkjer seg frå Langeid øvst i Bygland til sjølve vallebygda. I boka «Spor i Setesdalsjord» konkluderer Jan Henning Larsen med at den gamle handelsplassen truleg kan knytast til området rundt Valle kyrkje, der det er gjort flest funn. Dei betydelege funna frå Langeid bidreg på sett og vis til at ein må stille spørsmålet på nytt. Langeid ligg for seg sjølv og er ikkje noko naturleg knutepunkt slik som Valle. På den andre sida er ikkje avstanden til Valle lenger enn at det er etter måten enkelt å take seg fram mellom dei to stadene.

Kaupmannsbui ligg i Støyledalen i Nordbygdi i Bykle, og denne handelen var slutt då sitatet ovanfor vart skriva. Kjelda underbyggjer det som er sagt ovanfor: Bøndene kjøpte det dei ikkje laga sjølve, og selde det dei hadde overskot av. Jern vert ikkje nemnt, så den handelsvara var «gløymd» då.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 49


TØMMER Høgmiddelalderen kulminerer med Svartedauden, den farlege pesten som la bygd etter bygd øyde frå 1350 og framover. Når så mange vart borte, vart det sjølvsagt romsleg for dei som vart att. Heiegardane vart støylar. På 1500–talet tok folketalet til å stige. Den gamle jorda kom på ny i hevd. Gardane vart delte i to, seinare i både 4 og 5 bruk. Trongen for fleire levebrød melde seg. Også nede på kontinentet var det stor vekst innan handel og økonomi. Byane voks, og det vart aukande etterspurnad etter tømmer til alle byggjeprosjekta. T.d. veit vi at store delar av Amsterdam vart bygd på pelar frå Noreg, lange tømmerstokkar som vart slått ned i grunnen så husa ikkje skulle sige. Det er ikkje feil å påstå at ein del av desse heilt sikkert kjem frå Setedal. Det begynte langs kysten der utanlandske fartøy berre gjekk mot land, og bøndene møtte med ferdighogge tømmer. På 1500–talet vart det bygt hamner på Lahelle på Lundsida og på Flekkerøya; der Otra tømer seg i havet. Verkeleg system på eksporten vart det fyrst då kong Christian IV i 1641 grunnla byen på Sanden, og kalla den opp etter seg sjølv – Kristiansand.

Ikkje lenge etter kom byprivillegia i 1662 og sagbruksprivillegia i 1688, som gav heilt og fullt monopol til borgarane i Kristiansand til å kjøpe, sage og eksportere tømmer. I 1661 hadde «landkommisjonen» ei gjennomgang av skogane i Setesdal. Om gardane i Valle sokn les vi: «Ingen schouff, lidet eller ingen schouff, ingen schouff uden till Huus behoff» og liknande merknader finn vi der om mange gardar i Valle. Om Straume, ein av dei større skogsgardane i Hylestad, heiter det at skogen var «themmelig», medan det for Helle heiter «Ringe Furreschoug, Meste Parten Udhuggen». Det same vart sagt om skogen på Besteland, Bjørgum og i Berg(H.). Noko av bakgrunnen for dei innstrammingane som kom i desse åra, var rovdrifta som hadde vore og som hadde gjort store område skoglause. I sjølve vallebygda opplyser fleire kjelder frå midten av 1800–talet at det kunne vere vanskeleg å finne ved. Dei måtte til tider hente det dei trong i Finndalen. Det vart endåtil hogge tømmer og fløyta ned Finndøl for utskiping frå Arendal. Frå Straumsfjorden renn Tofdalselva, som tømer seg i fjorden ved Kristiansand. Der vart det også fløyta, men hovudåra for tømmerfløytinga var Otra.

Tømmervelte ligg klar til å støytast på elva ved Kåvenes. Legg merke til rotendane som viser at trea er felte med øks i staden for sag. (ca. 1950)

50

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


KVIFOR ER TØMMERSTOKKANE I DEI ELDSTE HUSA SÅ STORE? Nokre stader hadde furene vorte kjempestore i dei to hundre åra då etterspurnaden etter tømmer var liten. Dei største stokkane var dessutan svært uhandterlege når dei skulle fløytast dei mange og lange milene frå dalen til utskipingshamna. Kilte dei seg fast var det ingen som makta å få dei laus. Dessutan kunne ein risikere at dei sokk på vegen. Dei var heller ikkje dei mest anvendelege for kjøpmennene som skulle handtere og transportere dei vidare til marknaden. Løysinga? Jo, dei største stokkane bruka dei heller sjølve. Dermed fekk setesdølane ein bygningsmasse frå andre helvta av 1500–talet og 1600–talet med makelaust stort og flott tømmer.

Så lenge tømmerhogsten var nær kysten, var kravet til organisering lita. Når tømmeret etter kvart skulle fløytast heilt frå Bykle, var det kostbart å setje elveleiet i stand. Nokon måtte ha økonomisk styrke til å gjeve kredittar. Tømmeret som vart selt kunne bruke minst to år på ferda før det kom til utskipingshamna. Det var berre mogeleg å fløyte når vassføringa var så stor at ikkje stokkane kilte seg fast alle stader. På sett og vis tvinga alt som hadde med lastehandel å gjere seg over i hendene på velståande kjøpmenn i byane. Dei på si side visste å gjere seg vel nytte av monopolet. Som vi skjønar hadde sal av tømmer halde fram lenge då tømmer– handelen vart organisert midt på 1600–talet. Så lenge at det mange stader ikkje var meir å hente. Bøndene mellom Homme og Flårenden var meir eller mindre skoglause. Truleg hadde dette samanheng med at dei dyrka opp alt som var tilgjengeleg til åker, eng og beite, og var meir tente med det enn å late skogen vekse. På det jamne dyrka bøndene i Valle kring 2/3 av det dei trong av korn for å greie seg gjennom vinteren.

Nyestog på Rygnestad (høgre del av våningshuset) er bygt på slutten av 1500–talet, og er eitt av mange eksempel på store og flotte tømmerstokkar som vart brukte.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 51


Flotarane hadde ein stri jobb. Olav P. Bø jr. stør seg på tømmerhaken for ikkje å miste fotfestet.

LASTEHANDLARAN Og lastehandlaran frå byen var visse som kråka om våren. Frå den tid er der av og til samanstøytar med bøndan og dei reisande. Eg skal her nemne ei: Der kom opp etter dalen ein trelasthandlar. Dei var fleire i fylgje, og derimellom tvo kvinnfolk. Der var sjølvsagt smått stell, og etter notids krav so som so – mildt tala. Det var på Straume og kona het Liv Pålsdotter og var komi frå Lauvdal i Bygland. Ho var fødd 1791. Dei ville gjerne få middagmat, og bad om smør og ost og flatbraud med steikt

52

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Heilt fram til våre dagar med moderne hogstmaskinar, var det mykje og hardt arbeid å felle eit tre. Mellom anna måtte alt tømmer sevlast (barkast), og ein begynte gjerne med å økse av barken så langt opp ein rakk. Lester Jansen gjer klar til å bruke tigersvansen i 1963.

«røket fårekjøt – og så ikke formeget lort i», la dei flirande til. Liv såg fast på dei – men smilte so og tenkte sitt. Ho stelte til maten det beste ho kunna, og «det så ikke så verst ut,» let dei. Men då ho var ferdig med matstellet, tok ho ei skål og gjekk åt fjoset. I mittingi der fyllte ho på skåli. Ho kom inn att og sette den midt på bordet og sa: «No kan de hav› lort i etter behag!» Soga teier om resten. (Jon Bjørgulvsson Rysstad)


Straume var ein av skoggardane. Legg merke til at dei fleste bruka så tidleg som i 1894 har sett på bordkledning og måla. Det vitnar om velstand.

Så vel stod det ikkje til korkje i Oveinang eller i Hylestad med lange sandmoar der kornet ikkje treivst. Då kunne tømmerstokkane bytast i korn. Fordelinga går fram av matrikkelkommisjonen frå 1863. Det året hadde Bykle 20%, Valle 24% og Hylestad 56% av tømmersalet frå prestegjeldet. I Hylestad hadde alle gardsnummera ekstrainntekter frå skogen, i Valle berre 11 av 38. For å bøte på mangelen på trevirke, utvikla det seg ein uskikk som kjem fram i ei rettssak frå 1744. Det må tydelegvis ha vore kontroll av kva materialar folk hadde liggjande i uthusa. Iallfall vart 30–40 bønder mellom Homme og Flårenden tiltala for å ha stole frå lastehandlarane. Dei hadde enkelt og greitt vore i elva og henta seg stokkar når desse kom rekande forbi på våren. Det vart halde lange avhøyr, men vi har ikkje funne at nokon til slutt vart dømde. Seinare laut valldølane ordne seg på ein annan måte. Det ser vi av at mange gardar har kjøpt seg ein liten skogteig i Oveinang som dei brukar den dag i dag. Lastehandelen var kanskje den mest vidløftige økonomiske verksemda i dalen frå 1600–talet til kraftutbygginga tok til tidleg på 1900–talet. Den var viktig for bøndene som slik sikra seg leveransar av korn og anna vare dei trong. Byborgarane si interesse syner seg også i at dei

investerte i oppkjøp av ei rekkje gardsbruk. Det som er verdt å merke seg er at seljar gjerne fekk lov til å drive garden akkurat som før. Det var skogen som var interessant. Når den var uthoggen, kunne eigedomen seljast tilbake om nokon hadde pengar til å kjøpe. Som eit døme på korleis kjøpmennene styrde denne verksemda, kan vi take skogen som tilhøyrde Lunden og Brokka i Oveinang. Den vart seld tidleg på 1700–talet, og vart overførd mellom ulike eigarar framover. I 1847 var det eigarskifte hjå kjøpmannen, og prisen til arvingane vart sett til 205 spd. Seks år seinare vart skogen seld tilbake til bøndene. Då var prisen 2750 spd. Prisauken var enorm, men bøndene stod makteslause. Lovverket var på kjøpmennene si side. Frå 1780–åra vart det lempa noko på restriksjonane. Bøndene fekk då lov å sage vankanta bord til eige bruk. Sal var framleis forbode. Det kom sager i Finndalen, på Røysland og Flateland. I Hylestad vart det saga på Straume, Haugen, Brokke og Bjørgeheia. Ein kan spørje kvifor dei sette opp sager på heia i staden for å køyre tømmerstokkane heim. Til det er svaret at med å lang transport som frå Finndalen, var det enklare å køyre saga bord enn runde stokkar. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 53


Det var lettare å frakte skorne bord enn runde stokkar, så då sette ein opp sag i Håvestøylåne i Finndalen. (1962) Faremo var ei av dei større sagene i bygda. Vasshjulet vart seinare bytt med elektrisk motor. (1917) Lastehandlarar klare til å måle last. Tre av karane bak tykkjest vere frå bygda. Nr. 2 frå venstre må vere Tarald J. Uppstad, så Tarald E. Uppstad og heilt til høgre Ånund S. Nomeland. (1894) Kulturlandskapet vart utnytta til siste smule, og mange stader – som her på Brottveit – måtte ein på heia for å finne ved. Flyfotoet frå Flateland i 1955 syner at det var etter måten mykje skog i Oveinang, og skoglause bønder lenger sør var glade om dei fekk kjøpe ein teig.

54

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 55


Bruka i Vallebø har lange teigar frå elva og heilt opp mot heia. Biletet frå 1994 viser og korleis skogen kom tilbake.

HUSDYR OG DRIFTEHANDEL Næringslivet var basert på at kvar bonde skulle greie seg så langt råd var med eigne ressursar. Difor ser vi at gardsbruka, når dei vart dela mellom brør (eller andre) vart dela slik at kvar av dei to som dela fekk like mykje av alt. Like mykje åker, like mykje eng, like mykje heieslåtter og like mykje jakt og fiske. Sjølv om utskiftingane frå 1860–åra og framover søkte å samle teigane, er tankegangen noko den same. Kvar bonde skal ha mest muleg likt. Mest tydeleg ser ein dette for gardane frå Prestegarden og sørover, som i 1860–åra vart samla i lange og smale teigar som strekkjer seg frå elva, forbi jorde og åkrar, opp i beita der vårfjosa stod, for til sist å forsvinne inn i skogen eller over toppen av lia. Husdyrhaldet var ei viktig næring: «Især har Sætersdalen fortrinlig gode Græsgange, og Fædriften udgjør der, ( ) Almuens Hoved Næring. Dette gjelder ( ) fornemmelig om Valle Præstegjeld, og især sammes øverste Sogn Bykle, hvorfra en stor Deel Smør, Talg, Slagteqvæg, Kjød, Skindvarer m.m. sælges.» (Jens Bjelke 1826.) «Græsgang» er det danske ordet for beite. Vi talar om store heievidder, og noko unyansert kan ein seie at beitet vert betre di lenger oppover dalen ein kjem. Poenget er likevel at husdyrhaldet gav eit overskot som kunne seljast/bytast i anna. Dette galdt faktisk folk flest. Kjeldene er også eintydige på at det var ei jamn velstand mellom bøndene. Distriktslækjar Lund formulera seg slik i 1868: «Dalen er just ikke noget fattigt Distrikt; her er enkelte Rige, ( ) flere ret velstaaende, og de Fleste klare sig noksaa godt Aar om andet.» Det som ikkje vert fanga opp er at det på denne tida hadde vakse fram eit etter måten omfattande husmannsvesen, ein underklasse utan dei same mogelegheiter og rettar som bøndene. Nokre av husmennene vart næringsdrivande på ein heilt spesiell måte; som driftehandlarar! At dette i det heile teke vart mogeleg, skuldast fyrst og fremst at borgarskapet ikkje hadde sørga for å få hand om denne verksemda. I korte trekk gjekk den ut på at det om våren vart kjøpt opp sauer og kyr som bøndene hadde overskot av. Når sommaren kom vart desse samla i store bølingar og sende til fjells. Der vart dei systematisk gjætte frå beite til beite, frå driftelege til driftelege. Eller med andre ord dit graset var grønast og mest næringsrikt.

56

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 57


ARNE N. RYSSTAD (1756–1834) Den fyrste gründeren i dalen? Frå 1700–talet kjenner vi til fleire driftehandlarar. Ein av dei mest namngjetne var Åni Åmland, eller Arne Niklosson Rysstad. Han var husmannsonen frå Rysstadmo som på stutt tid slo han seg opp frå tronge kår til velstandsmann. Då han kom av heia med ei svær sauedrift, laga dei eit stev som fortel noko om korleis samtida såg på denne entreprenøren. Det va’ lau’dagjen ette’ skjeie at Åni Åmland kom heim av heie. Dei tenkte de’ va’ snjoren som dreiv, men då va’ de’ Åmland’en som kom heim.

Om hausten vart flokken driven til marknads i byane. Frå Stavanger i vest, langs kysten og like til hovudstaden Christiania. Undervegs vart det selt livdyr, så det som kom på slaktemarkanden var ikkje alltid dei flottaste dyra. Dessutan gjorde den lange marsjen at dei heller ikkje la på seg dei siste vekene av livet. Men driftehandlarane gjorde uansett gode pengar. Den dag i dag går dei vide heiestrekningane mellom Setesdal – Sirdal – Suldal under namnet Drifteheia. Og framleis kjem jærbuane med driftene sine. Tusenvis av sauer har sommarbeitet der. Men beiteleiga har med åra vorte heller mager. Trøysta er at sauene held kulturlandskapet i hevd. DOVNE DØLAR? Når framande var på gjesting, var det ikkje fritt for at dei undra seg over at det var så mange mannfolk som tyktest ha svært gode dagar. Utanom onnene kunne ein treffe på dei i store flokkar travelt opptekne med ingenting anna enn å røde, fortelje soger, kvede noko og når helga kom og jentene au fekk fri; gangardans og slåttespel.

Som 28–åring i 1784 hadde han tent nok til å kjøpe seg gard i Rike i Valle. Då fria han til Jorunn Taraldsdtr. Brokke: Å Jorånd, Jorånd, min snille pike vi’ du ‘kje ver’ me’ ‘pi Rike? Eg gjev de’ garden bå’ god og grøn, for det må ver’ bet’ ‘ell ei hjuringløn. Jorunn svara ja, og i nokre år budde dei i Rike. I 1791 kjøpte han garden Åmland i Gjøvdal, der han flytta til og vart buande med huslyden. Seinare vart han og eigar av Smeland i same dal. Det lyt og leggjast til at i 1818 vart han vald til 1. varamann til Stortinget for Nedenes amt. Så husmannssonen kom seg godt fram på alle vis. Dei vide fjellbeita var sværtviktige for husdyrhaldet. Gyro O. Kyrvestad i Stavedalen i august 1955. På Rysstadmo var det nokså tett med husmannstoger. Eit fleirtal av dei som budde der var smedar. Dei som har stoppa i vegkanten skal vere Olav Å. Rysstad og Gunhild G. Faremo. Guten er usikker. (1888)

58

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


REIER GJELLEBØL Gjellebøl var bondesonen frå Høland i Akershus som vart prestelærd. Han tok eksamen i 1756, og arbeidde ei tid som lærar. Til Valle kom han sommaren 1873, og 8. august gjer han den fyrste innføringa i kyrkjeboka for Valle. Fire år seinare kjem hovudverket hans «Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift» som i 1780 vart premiert av «Det Kongelige Danske Landhusholdningsselskab». I 1801 vart det trykt i «Topographisk Journal for Norge.»

Presten Reier Gjellebøl nemner dette så tidleg som i 1770–åra i sin «Beskrivelse over Sætersdalen», men det er fyrst sosiologen Eilert Sundt, som i 1860–åra prøver å forklåre det han ser. Det forunderlege var at dei unge mennene i onnene stod på som berre det, medan dei resten av året hadde veldig god tid til å gjere ingenting. Sundt kom fram til at det hadde med det einsidige næringslivet å gjere. All økonomi var avhengig kor mykje mannskap ein hadde til å dyrke korn og jordeple, og til fôrsanking til dyra i den korte innhaustingsperioden. Særleg for kornet var tida ein kritisk faktor. Det måtte skjerast og tørkast når det var moge. Vart det ståande i regn og doggvåte haustmorgonar, vart kvaliteten dårleg. Åkrane vart grundig opparbeidde. Dei bruka spade i staden for plog, og gjødsla med alt dei hadde tilgjengeleg etter husdyra. Metoden var effektiv, for dei hausta 2–3 gonger så mykje korn på den måten som bonden som bruka plog og hadde lite tilgang til gjødsel. Høy til dyra kunne ein slå der det ikkje kunne vere åker – på myrlendt jord, der det var mykje stein, i reiner og bekkefar. Graset vart slått med eit stuttorv, tørka og samla i løa. Nokre stader, ikkje minst dei sentrale vallegardane, hadde lange lier der det grodde mykje gras.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 59


60

1

3

2

4

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


1. Jærbuar samlar sauedrifta ved Løken Fagre langt vest i heia. 2. Siste dagen på heia gjorde dei opp bufareld, reidde graut og hadde moro før dei tok i veg heimover. Francis Bull tok dette biletet i Ljosådalen i 1906. 3. Frå vestsida av Håheddervatnet var eit vad sauene kunne drivast over til halv)øya midt i biletet. I samband med kraftutbygginga vart det teke masse der, og vadet vart vekk. Til venstre er Hytteheia, som har namnet sitt frå den tid hollandske falkefangarar hadde økonomisk interesse i haeiader. (2015) 4. Det vart dyrka korn eller jordeple mest kvar som helst det var mogeleg. Her rundt skulehuset i Åmli. (1934) 5. Kornet måtte skjerast og turkast når vêret tillét. Det var travle dagar, og alle måtte vere med. Bjug T. Åkre (mest 90) legg kornstaurane på sleden. (1938) 6. Slått på Heddes Myklestøyl kring 1925. Turid og Knut S. Helle med borna frå v. Jon, Sigurd, Gunnar, Olav og Eivind. 5

6

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

61


JORDEPLE Viktigaste grunnen til at fleire og fleire kunne finne levebrød i dalen var den enorme produksjonsauken av matvarer som kom med innføringa av jordeple. Setesdølane vert gjerne skulda for å vere seine med å take i bruk det som er nytt, men på dette området var dei langt framme. Reier Gjellebøl gjev opplysningar som vitnar at jordepla kom til Valle så tidleg som i 1760–åra, og at føremannen hans, Nils Mollerup som døydde i 1773, ivra for at dei skulle takast i bruk. I tiåret etter fortel han at jordepla «findes paa de fleste Gaarde, men især i det fattige Bøklesogn.»

Når vi veit at den fyrste sikre dokumentasjonen på at det vart dyrka jordeple i Noreg, er frå garden Hove på Tromøya utanfor Arendal i 1757, er dette svært tidleg. I denne fyrste tida var nok erfaringane noko blanda, men utover på 1800–talet går det framover med «kjempeskridt». I 1826 les vi at «Potatosavlingen» er «meget udbredt, og selv i Bykle Sogn drives i de senere Aar denne Avl med meget Held.» Jordepla kunne brukast til mangt. Ut over det å ete dei som dei var og lage graut, kunne dei blanda jordeple i deigen når dei baka flatbraud. Jordepla gjorde mjølet drygare.

Sjølv om ein etter kvart slutta å spa åkrane, var god pløying og grundig gjødsling ein føresetnad for å få avling. Olav K. Rike, kona Gyro og dottera Tore i gang med våronna i 1939. Spaden var mellom anna i bruk til jordepla. Her er det er det epleopptaking i Rike ei gong på 1930–talet.

62

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Systemet er det fagfolk kallar for «ekstensivt haustingsbruk». Dvs. at ein gjer lite for at ein skal auke avlinga. I staden sankar ein over store areal. Ein vanleg gard hadde minst 30–40 høylass å hente frå heia. I gode år kunne det verte så mykje som 80–90 lass. Men då var vinteren i stuttaste laget for å rekkje å få alt heim – om ein då ikkje hadde fleire hestar og sledar å setje inn. Alt onnearbeidet måtte gjerast for hand. Det var ingen maskinar å hjelpe seg med. Haustinga var «arbeidsintensiv». For å greie dette måtte bonden ha tilgang på menneskeleg arbeidskraft når det trongst. Om vinteren var det vanskeleg å halde like mange i arbeid, og iallfall ikkje for vallegardane som var utan skog. Løysinga vart at ein betala tilnærma ei årsløn for å ha ein dreng med i onnene frå mai til september. Om ein tenkjer etter, var dette i grunnen einaste måten å forhindre at ungdomane reiste vekk for å take seg heilårsteneste utanbygds.

NÆRINGSLIVET PÅ FIRE LINER I Bykle sokn kauper dei folann nord dei vallebyggjan dei hente. I Hylestad liver dei av furerotinn dei skottesekkjin dei hente. Dette gamlestevet samanfattar på mange måtar næringslivet for nokre hundre år sidan. Byklarane handlar med husdyr. Før dei opp på frodige sommarbeite, og sel til valldølane – som er mest opptekne av å dyrke korn sjølve. Hylstringane høgg i skogen, og kauper korn – frå Skottland – for pengane.

Samspelet mellom utviklinga i landbruket, tilgangen på arbeidskraft og folks flyttevanar heng nøye saman. Dei ledige lauskarane som av samtida vart kalla dovne, var føresetnaden for at folk kunne leve nokolunde godt i bygder som i utgangspunktet ikkje var spesielt gunstige å drive landbruk i.

Pål G. Rike har henta høylass i Stavedalen 1939. «I Hylestad liver dei av furerotinn…» Hogst på Uppstad i 1960. Frå v. Såve T. Brokke, Såve O. Uppstad, Olav S. Nomeland, Tor T. Uppstad og Knut F. Uppstad.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 63


HUSMENN OG HANDVERK Sosialt sett var husmennene ein underklasse i bygdene. I økonomisk samanheng var dei bokstavleg talt «gull verd». For ein bonde var det sjølvsagt eit mål at flest mogeleg av borna fekk seg gard, og med det ei sikker framtid. På 1600–talet var det naturlege å dele gardsbruket. Jentene kunne ein håpe gifta seg med ein odelsbonde, og trong berre ei medgift. Før eller seinare når ein det punktet at jord ikkje toler meir deling. Frå slutten av 1600–talet var løysinga å late garden gå udelt til eldstemann. Kva så med dei yngre? Ein måte å ordne seg på var å vere bruksmann. Det vil seie at ein leigde seg inn hjå ein gardeigar som sjølv ikkje makta eller hadde mannskap til å drive garden. Eigaren kunne vere for ung eller for gamal, ei enke m.m. Ei anna løysing på 1700–talet var å ordne for dei yngre bondesønene med ein liten jordflekk og ei stoge i utkanten av garden. I denne perioden var det som oftast nær skyldskap mellom husmannen og bonden, og vilkåra var romslege. Arbeidsplikta var gjerne ei veke eller to i våronn eller skurd. Resten av året kunne han ta seg anna arbeid. Vi får leggje til at når husbonden trong arbeidsfolk utanom onnene, var nok det vanlege at han spurde eigen husmann fyrst, og like vanleg at denne svarte ja. Det hadde noko å gjere med det samspelet båe partar trass alt var best tente med. Husmannen hadde tilgang på

arbeid, og bonden fekk gjort unna det han trong. Særleg i onnene kunne det verte lange dagar for husmannen, som gjerne hadde sin eigen vesle åker å take seg av i tillegg. Uvisst av kva grunn ser ein at dette med å akseptere eit tilvære som husmann var vanskeleg for bondesønene i den sentrale vallebygda. Rett nok kom det eit plass her og der, men ikkje som i Oveinang og i Hylestad der det på 1800–talet var like mange husmenn som det var bønder. Grunnen kan vere at det både i Hylestad og Oveinang var skog som gav vinterarbeid til husmennene, men dette gjev i beste fall berre noko av forklaringa. Truleg har det også noko med mentalitet og haldningar å gjere. Utan å ville fornærme hylstringar og oveinangar, trur eg det er rett å seie at det å vere gardeigar og odelsbonde har hatt mykje større prestisje i den sentrale vallebygda. Vi ser det òg med mange odelsslause bondesøner, som så fort dei hadde høve til det, stakk over Atlanteren og vart bonde på prærien. Alternativa til å dyrke jorda og skogsarbeid var ikkje mange. Folk greidde seg med det meste sjølve, men til noko arbeid var det likevel behov for handverkarar med særlege kunnskapar. Nokre bønder var sjølvsagt også dyktige handverkarar, men det var husmennene som fyrst og fremst gjorde dette til næring. Vi kan nemne hattemakar, skomakar, bøkkar (laga tunner og kjer), tømmermann, dreiar, treskjerar, garvar og ikkje minst smed.

Bilete frå smiene er mest ikkje å få tak i. Asbjørn A. Rysstad og Torleiv K. Helle er fotograferte til ein artikkel i «Magasinet for alle» på 1950–talet. Knut Hansson var ein av dei mange smedane på Rysstadmo. Her framfor stoga si i Torvet. Foto Knut Jonson Heddi (ca. 1910).

64

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


RYSSTADSMEDANE Det var sjølvsagt smier og smedar rundt om i grendene, og mykje dugeleg handverk vart utført der. På Rysstadmo utvikla det seg til ei viktig hovudnæring. Frå midten av 1700–talet begynte rysstadbøndene å sende dei yngre sønene sine sør på Rysstadmo. Kvifor det vart slik at dei begynte å smie, skal vere usagt. Tradisjonen om at dei dreiv dette handverket går tilbake til rundt 1800. Også smedane måtte forhalde seg til lauga, så det er ikkje før i andre halvdel av 1800–talet at vi kan tale om ei næring.

Rysstadljåane fekk eit svært så godt rykte på seg, og vart selde i store mengder langsetter heile dalen, vestover til Sirdal og austover til Telemark. Folketeljinga 1891 fortel at det var 25 smedar i Valle og Hylestad det året. 10 av desse var på Rysstadmo. «Å Rysstadmo æ husmenna nie, å adde samen så kunn› dei smie. Ha der kje vore så nyttugt fokk, ha dei kje levt på så tjurr ei mo.»

I mellomkrigstida var det jamleg snikkarkurs. Dette ser ut til å vere i Meinigheitshuset i jubileumsåret 1914. Lærar var Olav Jonsson Bjørgum e.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 65


Dei fleste handverkarane var sjølvsagt menn, men nokre kvinner var etterspurde til t.d. veve og saume når noko skulle verte særs fint. Elles var det gjerne slik at dei fleste husmødre tok seg av tekstilarbeid til vanleg husbruk. I den samanheng lyt vi minne om at prosessen bak eit strikka eller vove plagg ikkje var heilt det same den gong som i dag når det meste kan kjøpast ferdig. Frå sauen var klypt til ein hadde ferdige garnnøste med forskjellige fargar, kvalitetar og tjukkleik var det ein lang arbeidsprosess. Vi ser føre oss at det framleis var slik at det meste som handverkarane produserte vart betalt med matvarer. Også med korn og vare som bonden hadde handla med seg frå byen. Det seier seg sjølv at det måtte gjerast slik, for det var berre reint unntaksvis at husmannen hadde hest.

Eli T. Bø vart i si tid rekna som ein av dei fremste når det gald veving og sauming av bunadar.

THORVALD HEIBERG I 1904 begynte oslomannen Thorvald Heiberg å kjøpe opp store heieområde. Til slutt sat han att med kring ein million mål på båe sider av heia. Ideen var å skape eit gigantisk jakt– og fangstområde, med stor tilgang på reinsdyr, ryper og fisk. Målgruppa var europeiske storviltjegerar og andre med mykje pengar som kunne betale godt for å få lov til å vere med. Eit nett av jakthytter vart bygt som del av prosjektet. Vidare vart det tilsett vaktarar som skulle hindre bygdefolk frå å jakte. Det medførte sjølvsagt store konfliktar. Ein del av arbeidet til vaktarane bestod også i utrydding av rovvilt, mellom anna fangst av rovfuglar med fotsaks. Når storkarane jakta, var det mykje arbeid å få med kløvjing og annan transport inn i heia. I jakthyttene til Heiberg og til generalkonsul C. M. Pay ved Munnsvatn var det også med tenestefolk. Ein del av heia vart seinare selt til andre, men det største arealet overtok ministerpresident Vidkun Quisling og Staten i 1943. Det var dei som sette namnet Njardarheim inn på kartet. Thv. Heiberg sette også i gong vegbygging. Frå kring 1924 var det mogeleg å køyre med bil 12 km vestover i heia frå Brokke. Vegen sluttar der den eigentlege Evardalen begynner, og der vart det sett opp bilgarasje som setesdølane naturleg nok kalla «bilstadd» – bilstall. Heibergvegen fekk ein sideveg frå Greini og inn til Myklevatn i 1932. Bøndene på Rysstad og Nomeland trong veg inn der, og stod sjølve for det arbeidet. Då Brokke–Suleskarvegen vart bygt på slutten av 1980– talet (opna 21.9.1990) følgde den denne lina vidare forbi Urevotni, over høgste Kvislevasskaret, forbi Ivelungevotni og Roskreppfjorden og ned med Suleskar.

Thv. Heiberg (t.h.) saman med vaktar Tarald Å. Berg. Vaktarane hadde ein tøff jobb, ikkje minst i forhold til bygdefolket som absolutt ikkje sette pris på Heiberg sine restriksjonar på reinsdyrjakt. Frå bygginga av Heibergsvegen. Frå v. Olav G. Straume, Såve S. Uppstad og ein vi ikkje kjenner namnet på. (ca. 1918) 66

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 67


SYLVSMEDANE Eit anna av dei gamle yrka var gjørtlaren; han som støypte knappar, søljer og andre småting av tinn eller bronse. Det hendte nok at nokre lurte seg til å lage sylvsmykke, men det var ulovleg. Om han så gjorde, kunne ein vere temmeleg sikker på at det var tale om stole sylv frå gruvene på Kongsberg. Det gamle bunadssylvet var laga i byane. Det var «import». Truleg ei høveleg gåve frå husbonden til mor i huset når han hadde vore på byferd i to–tre veker. Vi veit at somme av byferdene kunne vere heller «fuktige», og då tenkjer vi ikkje spesielt på snø og slaps og dårleg is. Då kunne det vere greitt å ha med heim noko pynt, om ikkje anna enn for husefreden si skuld.

Sylvsmedar er noko Setesdal er kjent for, og for ikkje så lenge sidan var det utsal på utsal i vegkanten. Knut S. Helle var ein av pionerane, og her er han med huslyden kring 1915.

68

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

SYLVSKATTEN Far tala tidt om då dei laut ut med sylvskatten. Far var til Tveiti med sylv. Det var alle slags sylv dei kom med. Med han var der, var der ein med ei sylgje, ei av dei sværast sylgjer han hadde sett. Lensmannen tok sylvet, og då han hadde voge det, braut han sylgja i hop og kasta det hit i ei kro. Der låg det ein heil haug. Dei laut anten skaffe sylvpengar eller anna sylv. Dei fekk kaupe sylvdalarar i Arendal, men det var så dyrt. Dei måtte betale om lag 100 brevdalar for ein sylvdalar. (Jon Løyland) Året denne skatten vart kravd inn var 1816, og grunnen var at det skulle opprettast ein eigen norsk bank – Norges Bank.


Det er tradisjon om at den fyrste sylvsmeden var innflyttar frå Numedal. Foreldra var truleg knytte til sylvverket på Kongsberg, og busette seg på Heddeviki i Austad sokn kring 1705. Mange av jernsmedane i dalen har røter i denne slekta, men ein av sønene, Linder, er etter tradisjonen opphavsmannen til ei spesiell sylje kalla «lindesylgje». Han busette seg like nordanfor Flårendsbrua, der det framleis heiter Lindersnes. Mogeleg kontakt med Kongsberg og tilgang til sylv derfrå er tydeleg. Den fyrste som fekk «Amtets Bevilling» til å byrje med sylv var ein av ljåsmedane; Sigurd Hallvardsson Rysstad. Dette var i 1851. Vi kjenner ikkje til at han gjorde dette til ei næring, men heldt fram med anna smedarbeid.

Fyrste sylvsmeden på Flateland, Ånund T. Flateland. Guten på sida er sonesonen Ånund, som òg vart sylvsmed. (ca. 1895)

Dette er ei støypt «lindesylgje» i fylgje Rikard Berge.

Torleiv H. Bjørgum er nok mest kjend som spelemann, men var også ein etterspurd sølvsmed. Han etablerte Sylvartun i 1960. Etter at han døydde i 1990 dreiv sonen Hallvard verksemda vidare som eit folkekunstsenter med hovudfokus på bunadssølv og folkemusikk.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 69


På opplæring på Helle. Frå v.: Tarjei S. Helle, Olav S. Helle, Knut T. Helle (Hagen), Olav G. Straume, Knut S. Helle og Jon K. Helle. (ca. 1912)

Næring vart det derimot då Ånund Torgrimsson Flateland i juli 1856 fekk løyve frå amtet «at arbeide i Guld og Sølv inden Valle Præstegjeld.» Ånund var i Telemark og lærde, og etter kvart var det mange oveinangar som sylva. Ein gong rett rundt år 1900, reiste ein ung gut frå Helle til Flateland for å lære. Det var Knut Sigurdsson Helle, og rundt han voks det fram det vi mest kan kalle ei handverksbygd med sylvsmedar. Så seint som i 1953 var det 25 sylvsmedløyve i Hylestad i Valle var det to, og noko liknande var det i Bygland. Mange som ikkje hadde løyve heldt likevel på med sylv; nokre krulla og andre var opptekne med å blåse ballar eller hengje på lauv. Kone og born hadde oppgåver før sylgja var ferdig, men lodding 70

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

og endeleg finpuss og godkjenning var det sylvsmeden sjølv som tok ansvaret for. Om somrane var det å pakke sekken full av ferdige sylvsmykke og reise på handelsferd til andre bygder. Lenge var dette mest den einaste måten å verte av med sylvet på ved sida av å selje til bygdefolk. Det er i seinare tid at ein har hatt avtalar om levering til utsal andre stader og har produsert i høve til det. I dag er strukturen på verksemdene ein heilt annan enn for nokre tiår sidan, men røtene til svært mange av dei smiene som i dag leverer tradisjonelt bunadssølv er på Helle.


På handelsferd. Denne karen har Jon Løyland fotografert då han hadde kome til Grendi. Pengar til pynt.

PENGAR TIL PYNT Pengar hadde verdi, og når nokon gifta seg i gamle dagar, var det ikkje så mange verdifulle ting ein kunne bruke i den samanheng. Kvinnene sylva seg «så det druste» som det heiter, men karane hadde ikkje så mykje å velje i. Ein måte å hjelpe seg på var å take ein sylvdalar og hengje i ei lekkje rundt halsen.

Som oftast er det eit vedheng til dalaren, alltid tri i talet; med ei klar kopling til den trieinige Gud. Opphaveleg var dette eit smykke med eit motiv som framstilte Guds lam (Agnus dei), men som etter kvart vart erstatta av vanlege myntar. Namnet «Agnus Dei» følgde med vidare.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 71


Dø å hæle, Dreng, det kosta alli noko ting, mi kjøyre trjå tunno ti Kjili!

72

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


KJERREVEG, BÅT OG BANE «Dø å hæle, Dreng, det kosta alli noko ting, mi kjøyre trjå tunno ti Kjili!» Aslak G. Rike hadde vore til byen ein gong i 1840–åra, og grunnen til utbrotet overfor grannen Dreng O. Rike var at han for fyrste gong hadde køyrt etter kjerreveg like frå Kristiansand til Kilefjorden. Den gamle transporten var med slede vinterstid og med kløv sommarstid. Gjerne med lange omvegar over heiar der det trass alt var meir framkomeleg enn langs Otra, der høge fjell mange stader stuper seg like i vatnet. Postvegen var viktig, og vart drøfta alt på eitt av dei fyrste møta i Valle formannskap den 20. april 1838. Bjug Torleivsson Åkre kom då med framlegg om å sende oppmoding til regjeringa om å få «Hovedvei». Valle formannskapet vedtok samstundes å be Bygland og Evje stø dei i saka. Det heiter at vegen var brukande alt i 1844. Iallfall fortel Ivar Aasen at han var greitt farbar då han gjesta dalen den hausten. Avlevert vart han ikkje før i 1847. Til Bykle kom det køyreveg rundt Byklestigen. Den vart opna så seint som 26. august 1879. Det var likevel ikkje berre å setje seg på kjerra og køyre i veg. Forbi Evje gjekk vegen den gong på vestsida av elva. Vegen på austsida stod ferdig i 1884, og når dei kom til Gullsmedmoen måtte dei ferje over til Vassenden (som seinare fekk namnet Byglandsfjord). Det var også ferjing ved Storstraumen i Bygland til brua kom i 1858. Likeins ved Flårenden i Valle, der det vart bygt bru vinteren 1866–67. Bruer var mangelvare den fyrste tida, og er eit stadig tilbakevendande tema i formannskapsprotokollane. Fyrst fekk hovudvegen bruer, og etter kvart også sidevegane. Brua over Hallandsfossen var den fyrste på tvers av Otra når Postvegen ikkje vert rekna med. Den kom i 1870. Men prosessen heldt fram til ut i 1950–åra (Kallefoss 1933, Skagen 1951 og Straume 1957).

BYKLESTIGEN Byklerne møtte amtmannen til vogns, (22 kjerrer) på Stigamoen. Ved innkjørselen til den nye vei stod to flaggstenger. Øverst i den gamle Stige saluttertes med to skudd. Der skulle ha vært saluttert med 4, men de to gikk ikke av. Ordføreren (prost Blom) kjørte i spissen, deretter kapt. Krag, så amtmann Bonnevie og fru Blom, derpå veiinspektør Grønn og så 22 kjerrer, deriblant formannskapets medlemmer. Ved den nye bro over Otra, hvorpå der stod to flaggstenger med flagg (unionsmerkede) gjordes holdt. Da toget var ankommet til veiens ende ved Bykle Kirke, holdt kaptein Krag en tale der besvartes av amtmannen, hvorpå Byklerne på foranledning av lensmann Lund utbrakte et hurra for alle, der hadde bidraget til sakens fremme. Deretter inntogs middag, foranstaltet av formannskapet, på Byklum hos Ole Drengsen Byklum, sognets formann. Ved bordet holdtes taler av amtmannen, kaptein Krag og ordføreren, prost Blom. Etter at kaffen var servert, forlot amtmannen med følge, ledsaget av flere byklere, Byklum for at tiltrede reisen til Valle. Festligheten var særdeles vellykket. (Sokneprest Peter Blom i Valle kallsbok 1879.)

Det var eit stort framsteg då Byklestigen vart erstatta med veg rundt i 1879. (ca. 1930)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 73


8. juni 1867 vart ein ny milepæl nådd, då dampbåten Dølen vart sett på fjorden. Han var sertifisert for 92 passasjerar, det same som Bjoren som same dag vart sett i passasjertrafikk på Kilefjorden. Frå fjorden var isfri om våren til seinhaustes var dette ei hovudpulsåre i kommunikasjonen mellom Kristiansand og dei indre bygder. Slusa i Storstraumen kom i 1869, og gjorde det mogeleg å kome heilt til Ose. Tarald H. Rysstad bygde hotell på Granheim i 1900. Når det var rikeleg med vatn i elva kunne båten leggje til ved bryggja der. Dette var helst med tanke på folk ovanfrå dalen på byferd. For valldølar var det ei grei dagsreise ned til Granheim, og var ein heldig låg båten der. Om ikkje måtte dei kome seg ned til Ose på morgonen. 25. november 1896 opna Setesdalsbanen mellom Byglandsfjord og Kristiansand. Frå då av var det bokstavleg talt mogeleg å reise sitjande frå byen til Granheim. Bjoren slutta å gå på Kilefjorden same hausten, vart teken på land, delt i to og dregen med hestar til Byglandsfjord. Der sette dei han saman att, og gjorde han lenger. Frå då av var det to båtar på Byglandsfjorden.

«Vegjen armar fokk ut! sa dei gamle.» Sitatet er henta frå «Gamalt or Sætesdal», og gjev eit bilete på korleis somme såg på utviklinga gjennom desse rundt rekna femti åra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald der berre det mest nødvendige vart kjøpt, fekk ein kontakt med ein marknad som gjorde det mykje enklare å utveksle varer og tenester. På Byglandsfjord voks det til og med fram ein liten stasjonsby med kafear, hotell og butikkar. I norsk historie er dette ein del av det som vert kalla «Det store hamskiftet». Historikaren Jørn Sandnes definerer hamskiftet som «en samlebetegnelse for de sosiale, økonomiske og kulturelle endringsprosesser i norske bygdesamfunn fra det tidspunkt da endringene går over fra å være sporadiske og langsomme, for hver mannsalder nesten umerkelige til å bli raske og gjennomgripende, med sterkt økende tilpasning til markedsøkonomi og pengehushold.» Ein føresetnad for utviklinga var mellom anna at det vart mogeleg med transport og utveksling av varer og tenester. Bøndene kunne kjøpe moderne landbruksmaskinar, og det var mogeleg å transportere heim t.d. ei hesteslåmaskin eller eit treskjeverk. Vi ser desse vert tekne i bruk i Valle på 1890–talet.

Det var «ivero» mange stader, og folk rodde eller ferja. Siste brua som vart bygd var Straumsbrua i 1957. Dette er bryllaupsgjester som skal over til Hovet i 1946. Den første Hallandsbrua slik ho såg ut i 1894. Hamskiftet hadde mange sider med seg. På Løyland måtte slåmaskina fram då familiebiletet skulle takast, og studentlua på saman med dalebuksene. Frå v.: Knut O. Løyland og kona Birgit, mor i huset Liv, og borna Jorunn, Torbjørg, Hallvard og Jon. Far i huset, Olav, sit på slåmaskina.

74

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Granheim Hotell vart som ein base for reisande lenger oppe. Han med skjegg er hotellverten Tarald H. Rysstad, og kona Ingebjørg står ved sida. I karjolen sit postførar Dreng O. Viki. Dei tre med ryper og storfugl kjenner vi ikkje namnet på. (ca. 1905)


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 75


«Koekoppe–Innpodnings–Attest» for Olav K. Kvassaker frå 1845. Anlaug D. Jore var jordmor i prestegjeldet frå 1846 til 1881. Teikna av August Schneider i 1863.

KOPPEVAKSINE OG JORDEPLE Etter 1814 byrjar kurvene for folketalsutviklinga å stige nokså bratt oppover. Mange forklåringar er prøvde ut, utan at ein heilt har kome i mål. Det kan vere så enkelt at folk flest beint fram fekk meir mat etter at poteta vart innført. Fråvær av farlege sjukdomar kan også ha spela ei rolle. Ikkje minst vert det peika på vaksinering mot barnekoppar som ei truverdig forklåring.

Kva no enn grunnen måtte vere, så auka den gjennomsnittlege levealderen mykje. Ikkje slik å forstå at folk vart eldre enn dei hadde vore før. Det som slo ut på statistikken var at færre unge døydde, og det som vart kalla spedbarnsdødelegheita gjekk ned. Men så seint som tidleg på 1900–talet måtte ein rekne med att 10–15 % av borna som vart fødde i Valle ikkje ville overleve det fyrste året. Valle fekk ikkje jordmor før i 1846, og det etter at fleire av bygda sine mest framståande (eldre) menn skrifteleg hadde protestert mot ei slik sløsing,

76

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Stuttorv var nyttig når ein slo på heia. Frå v. Olav P. Bø jr., Birgit J. Bø og Torleiv O. Bø på støylen Rosshovden. (ca. 1943) Dyrskue på Rysstad kring 1960; der soknehusplassen no er. Legg merke til at det berre er vene telemarkskyr. Sauesjå i Valle 1931.

FRÅ «KOSS’ DET TREFFER» TIL PLANLAGT Utover på 1800–talet var folketalet i sterk vekst. Skal eit samfunn fungere må det vere ein tilnærma balanse mellom folkemengd og tilgang på næringar. I Valle fanst ingen alternativ til landbruk. Ein kunne ha venta at bøndene svarte på utfordringa med nydyrking av åker og eng. I staden vende dei seg mot heia. Heielivet slik det utfalda seg i det vi kallar manns minne, gjeld 1800– talet og fram til 1950–åra. Så seint som i 1907 vart det i Valle og Hylestad slege vel 40 000 mål slåtter. Mange gardsbruk hadde både tre og fire støylar. I 1863 vert heieslåtten oppgjeven til 2999 lass høy i Hylestad og 4178 i Valle. Det vert ganske tydeleg at bøndene, i staden for å leggje ned mykje arbeid i å dyrke eng, valde å hauste av det heiane gav så å seie utan at dei trong å gjere noko som helst anna enn å kome med stuttorvet og ei rive og samle i hop graset. Denne måten å bruke støylane på vert av historikarane kalla «slåttesætring» i motsetning til t.d. bygdene austanfor der dei hadde «mjølkesætring». Hovudføremålet var å sanke fôr, og ved sida av nokre bygder i Vest–Telemark låg Setesdal heilt på topp når det gjeld ekstensiv hausting av fôr på heia.

Det er viktig å vere klar over at den einaste investeringa som låg i denne måten å drive landbruk på, var menneskeleg arbeidskraft. Dei trong ikkje ha pengar for å kome i gang, og betalinga for innsatsen stod i forhold til kor mange som hadde vore i arbeid. Fyrste delmål var å samle maksimalt med fôr gjennom seinsommar og tidleg haust. Neste mål var å gjeve dyra så lite som råd, og håpe på at dei fekk i seg nok næring til å overleve vinteren og kunne sleppast på beite når våren kom! Overordna filosofi var at den som klarte å fø mange dyr gjennom vinteren, tente meir enn han som hadde få osb. Metoden» vart kalla sveltefôring og kunne med god grunn diskuterast. Mange begynte å tvile. Kanskje det var betre lønsemd i å fôre dyra betre slik at det ikkje vart så tungt å kome seg til hektene att om våren? Kanskje fekk sauen to lam og ikkje berre eitt når han var i betre hold? Frå 1850–åra begynte agronomar å reise rundt på bygdene å prate om foredling av husdyrrasane. 25. september 1862 vart det fyrste fesjået skipa til i Viki i Valle, og frå 1870–åra var årlegd sjå i eitt av soknene frå Bygland og oppover.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 77


KUNSTHEVD Om mengdene lenge var små, vart kunsthevda etter kvart vanleg. På eit møte i Landboforeningen i 1894 vart det opplyst at Valle skulle få to sekker med superfosfat neste vår. Dei elleve bøndene som var til stades vart samde om å dele dei mellom seg for å sjå korleis det verka. Torjus Åkre fortel at lensmann Ole Lund heldt foredrag om «Kunstgjødsel» i foreininga i 1902, med det resultat at bøndene etterpå tinga 30 sekker med «tomasfosfat». Nokre år seinare kom «Norgessalpeter», produsert av Norsk Hydro A/S skipa av Sam Eyde i 1905. Hevda vart rimelegare, og fleire hadde råd til å take den i bruk. Eit lite bilete på utviklinga kan vere mengda med kunsthevd som vart send oppover dalen med jernbanen. I 1897 vart det frakta vel 83 tonn kunsthevd. Vel eit tiår seinare hadde det auka til 611 tonn. Likevel vart det ikkje noko eigentleg gjennombrot for kunsthevda ovafor Austad sokn. Frakta var framleis lang og tung for bøndene i Hylestad, Valle og Bykle. Så seint som i 1920–åra vert det fortalt at Tarald Gunnarsson Brokke var den einaste som sådde kunsthevd i Brokke–grenda, og det vart sådd svært tunt sett med dagens augo. (Valle kultursoge bd. VII)

Gjennom utskiftingane fekk kvar gardbrukar samla sine teigar rundt eit tun. For å kome til med plog, måtte jorda ryddast for stein. Det vart bygt lange steingjerde mellom gardsbruka, og kvar bonde måtte sjå til å halde eigne dyr innafor gjerdet. Det gamle var at dyra fekk gå kvar dei ville og beite så snart slåtten og skurden var unnagjort. Der det ikkje var steingjerde eller naturlege hinder, måtte ein setje opp tregjerde eller kjøpe nettinggjerde. Når eit jorde skulle såast til, var det gamle å finne høybos i løa. Det vart gjerne like mykje ugras som fôr av den blandinga. Agronomane rådde til å kjøpe reinsa frø, og bøndene kunne ved sjølvsyn forsikre seg om at avlingane vart betydeleg større når ugraset ikkje fekk dominere. I 1907 var det mest 3000 mål med kunstig eng i Valle og Hylestad. Bruk av kunsthevd auka på, men den kosta pengar og transporten var tung for dei som budde oppanfor Ose. Bruk av kunsthevd var nok ikkje så veldig vanleg før rutebilane begynte å rulle på 1920–talet, og salpetersekkane kunne køyrast like til tunet.

Der jorda vart rydda, som her i Homme, tok steingjerda til å dominere i landskapet.

78

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


LENSMANN MED EIGE TAMREINLAG OG RUTEBIL Ein av dei fyrste entreprenørane i dalen var lensmann Juel Lund som hadde mange jern i elden. Jannes Bjørnsen i Fædrelandsvennen skreiv m.a. dette om Juel då han runda 92 år i januar 1961: «En kan godt si at Juel Lund er blitt noe av en myte. Men så har han da også utrettet så uendelig mye for Setesdal. Han har vært initiativtakeren og den byggende kraft i det aller meste av det som har hevet Setesdal, både økonomisk og kulturelt. Han var det som begynte med tamrein og fikk folk til å skjønne at der virkelig lå muligheter for en lønnsom næringsvei. Så tidlig som i 1895 fikk han startet det første selskapet, Sætesdalens Reinsamlag. Selvfølgelig var det Juel Lund som var basen også da Setesdals Automobilrutor kom i 1920. I de første 7 årene satt han som formann i styret. Ellers har han hatt formannsverv på så mange områder og hatt fingrene med der noe skulle skapes. Staten har ved flere høve nyttet seg av hans kjennskap til reinen og oppnevnt ham som sakkyndig, således i 1905 under forhandlinger mellom Sverige og Norge og i beitekomiteen av 1918. I 1949 fikk han Borgerdådsmedaljen, en æresbevisning som det er forunt ganske få nordmenn å få.» (KOT 1960) Juel Lund.

Fram til 2.9.1962 korresponderte bilruta med toget på Byglandsfjord. (ca. 1960)

Ruta gjekk fyrst frå Ose til Berdalsbru, seinare frå Byglandsfjord til Hovden. Sjåførane Torgrim Gakkestad og Olav J. Jore e. har kome til Rygnestad med ein Volvo frå 1947/48.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 79


Landbruksskulen på Longerak. Dei to til venstre er Jorunn K. Rike og Liv B. Rysstad. (ca. 1908)

80

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Organisering

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 81


Søren Lund sitt geitemeieri i Brotteli i enden av Bossvatn i Bykle. (ca. 1910) Hylestad bondelag på tur til Landbruksskulen på Bygland i august 1924. Bak: Olav O. Nomeland, Knut S. Helle, Olav Å. Rysstad, Jon A. Helle, Jon O. Nomeland, ?, Hallvard S. Rysstad, ? Midten: Bjørgulv G. Rysstad, Gunnar T. Rysstad, ?, Hallvard Å. Helle, Tarald J. Uppstad, ?, Gunnar B. Rysstad Framme: Tarjei G. Straume, styrar Torvald Kummen, lærar Ole P. Rønning, Folke K. Helle, ?

GEITEMEIERI På slutten av 1800–talet slutta folk flest å halde geiter. Kanskje hadde det å gjere med utskiftinga av gardane, og at kvar gardbrukar etter kvart fekk ansvar for å setje opp gjerde. Somme stader for at beitedyra skulle haldast innanfor. Andre stader slik at dei ikkje skulle kome til. (Frå gamalt var det fellesbeiting over heile garden/grenda når avlinga var i hus. Dyra gjekk der dei ville.)

82

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

I 1902 starta brørne Søren og Juel Lund opp med geiteysteri. Dei hadde geiter fleire stader, m.a. – på Dalstøyl innanfor Uppstad, Hisdal og Brotteli. Sistnemnde staden hadde dei heile 160 geiter. Ei tid gjekk det rektig godt. Ein kilo ost vart betala med kr 1,60 for kiloen, og det var ikkje langt frå det mange andre hadde i dagløn på den tida. Om dei då hadde arbeid i det heile teke. I 1910 var det likevel slutt, og i 1917 var det mest ikkje att geiter i Valle.


Ungdomshuset Valhall vart opna i 1926. Framme frå v.: Inger B. Åkre, Gunhild O. Rike, Jorunn S. Røysland, Gyro K. Rike, Ingebjørg K. Rike, Gro Nomeland, Jorunn Rike, Gunnhild D. Rike, Birgit P. Rike, Anna S. Lund. Midten: To gutar, Tarald O. Bø Fureteig, Olav K. Bø Knutshus, ?, Olav Rike Dølevoll, Olav P. Sagneskar, Åsmund Haugebirke, Hallvard O. Åkre, Torleiv O. Bø, Olav B. Harstad, Augund Å. Brottveit, Torjus B. Åkre, ?. Bak: Etter Olav Bø står Bjørgulv G. Uppstad, Torgeir O. Sagneskar, Torleiv B. Åkre, Torleiv O. Sagneskar, Olaf Lund, ?. (1927)

Skulle ein få gjennomført noko, måtte det organisering til. Det offentleg sytte for utdanning, agronomar, vegar og bruer for å nemne noko. Skal vi tillate oss å kalle det infrastruktur alt den tid? Dersom ikkje bøndene også følgde opp, var dette til lita nytte. Men det er heilt tydeleg at dette var interessant.

reiskapslag og treskjelag. Ja, til og med fealslag der gilde stutar og drustelege avlsverar gjekk på omgang mellom besetningane.

I sum var endringane i kommunikasjonar, næringsliv og økonomi mest som ein revolusjon å rekne. Det samfunnet som steig ut or middelalderskodda og inn i det 20. århundre var prøvande på mange måtar. Ingen tok dei store stega med ein gong. Ein åker vart rydda for stein, og då kunne plogen takast i bruk. Grannen kjøpte ein slåmaskin, og så kunne ein bytelåne med han som hadde kjøpt plog. Bøndene skipa

Frå 1851 hadde Hypotekbanken godteke pant i fast eigedom som sikring for lån. Valle Sparebank heldt likevel fram med å forlange kausjonistar, og gav seg ikkje før det heldt på å knekke heile verksemda. I 1888 vart det vedteke at pantelån kunne aksepterast, men det skulle likevel gå tre år før nokon våga seg i kast med eit slikt lån. Det var Olav Olsson Åmli som då fekk låne 2800 kr – mot pant i eigedomen sin.

Utan at bøndene hadde hatt tilgang på pengar, ville det meste ha vore uråd å få til. Når dei gjekk saman i lag, var laget ansvarleg for at lånet i banken vart betalt tilbake. Svikta betalingevna til den eine, Frå 1880–åra av var det stifta ulike lag og organisasjonar – Landbomåtte dei andre trø til. Alle private lån var med kausjonistar, og med kort nedbetalingstid. For banken kunne det verte problem når tidene foreninger – som bidrog til ei samordning av aktivitetar og tiltak. Og odelsgutane fekk gjerne eit ni månaders kurs på landbruksskulen – svikta, og alle bøndene vart råka samstundes. I 1889 var det så fyrst på Longerak frå 1896, og frå 1913 på Bygland. Det vart skipa lokale vanskeleg at det beint fram vart føreslege å leggje ned heile banken. Løysinga vart likevel å forlenge nedbetalingstida slik at dei som innkjøpslag av frø og kunsthevd for å skaffe billigare og betre varer. Frå 1906 var dette organisert gjennom Agder kjøpelag – no Felleskjøpet. hadde lån fekk meir tid på seg.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 83


Førebels talar vi om pant i jordeigedomar, ikkje i bygningar. Då styret for Valle badestoge skulle låne til å byggje badestoge i Rike i 1903, fekk dei avlslag. Banken ville ha kausjon av to «væderhaftige Mænd». Seinare har også pantsetjing av hus vorte vanleg, og er vel i dag det vanlegaste for folk flest. Endringane hadde også ei anna side med seg. Så lenge bonden stort sett prøvde å produsere slik at han hadde noko av alt huslyden trong for å overleve vinteren, var prisar og konjunkturar ikkje så viktige. Når han la om drifta og la større vekt på å produsere det som lønte seg best, kunne konjunkturane spele han eit puss. Når den vara han leverte kom dårleg ut i pris, og det var høgkonjunktur på det han hadde tenkt å kjøpe, kunne det verte vanskeleg å få endane til å møtast. Med andre ord kunne kornhausten på den amerikanske prærien eller dei russiske steppene indirekte vise att i lommeboka til valldølar og hylstringar. Frå 1870–åra merker ein konjunkturane m.a. som svingingar i utvandringa til Amerika. I dårlege tider var utvandringa større enn i dei gode åra.

Minnesteinen over Bjug Å. Harstad vart avduka ved Valle kyrkje av sonen Adolf 26. juni 1983. Her saman med ordførar Gudmund Åkre. Torleiv Bjugsson Brokke var ein av mange som enda opp på prærien i Amerika.

84

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

AMERIKA Utvandringa til Amerika er eit kapittel som ein kunne ha bruka mange sider på å greie ut om. Deira liv kom til å utspele seg på andre sida av Atlanterhavet, men det at dei valde å reise frå dalen gav mogelegheiter for dei som vart att. Store fødselsoverskot var ei utfordring. Husmannsvesenet hadde nådd eit maksimum, og Amerika vart løysinga. Nøyaktige tal har vi ikkje, men frå dei fyrste tok ut i 1843 til kring 1930, kan ein rekne at 17–1800 menneske fødde i Valle prestegjeld vart «merkana». Av dei kom kring 60% frå Valle sokn, 25% frå Hylestad og 15% frå Bykle. Tala avslører noko av grunnen til at arbeidarrørsla kom til å stå så mykje sterkare i Hylestad enn i Valle sokn. Valldølane vart bønder på prærien, medan hylstringane fann seg eit handverk som kunne kombinerast med det å vere husmann.


BJUG HARSTAD OG JOHN K. RYSTAD Bjug Ånundsson Harstad vart fødd på husmanns– plassen Gangseid under Harstad i Valle i 1848. Familien utvandra i 1861, og Bjug fekk utdanning til prest ved Luther College. Frå 1877 til 1891 hadde han arbeidet sitt i Minnesota, og var med å stifte 17 kyrkjesamfunn og tre skular. I 1890 var han med og grunnleggje Pacific Lutheran University i Tacoma, Washington ved Stillehavskysten, og vart vald til den fyrste presidenten der. 26. juni 1983 vart det reist ein minnestein over Bjug Harstad ved Valle kyrkje,

John K. Rystad (Jon Knutsson Rysstad) vart fødd i Wisconsin i 1848, like etter at foreldra frå Hylestad hadde kome til det nye landet. Også han vart utdanna ved Luther College frå 1865, og vart truleg godt kjend med Bjug Harstad desse åra. I 1878 vart han beden om å verte prest i Clifton i Texas, og vart ein sentral person i meinigheitsarbeidet der. Han var pastor ved Our Savior›s Lutheran Church i Norse frå 1878–1925, og vart vald til president då Clifton Lutheran College vart skipa i 1896. På kyrkjegarden i Norse er det reist ein stor minnestein over John K. Rystad og kona Birgit. På same kyrkjegarden står minnesteinen over ein annan pioner, Cleng Peerson.

John K. Rystad var prest i Norse, Texas frå 1878–1925, og ein vyrd mann i byen Clifton der han m.a. var med og grunnla eit college. På kyrkjegarden utanfor Our Saviour’s Lutheran Church i Norse står ein høg gravstein som minne om Cleng Peerson; mannen som i 1825 la grunnlaget for den norske utvandringa til Amerika. Ved inngangen står ein endå større minnestein reist over John K. Rystad.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 85


Stavedalsvegen vert bygd. Frå v.: Ånund T. Haugum, Olav O. Åkre, Hallvard O. Åkre, Bjug T. Åkre, Torgrim B. Homme, Kjetil T. Jore og Olav B. Homme y.

SYSSELSETJING OG NAUDSARBEID For å hindre sosial naud, vart det sett i gong omfattande sysselsetjingstiltak i denne perioden. Det vart gjeve gunstige tilskot til nydyrking, og mange skaffa seg inntekter med å dyrke eiga jord. Tilskotet var pr. mål dyrka jord, men målet dei bruka kalla dei jordstyremål, som var mindre enn eit vanleg mål. Det gav større tilskot. Vegar vart utbetra, og nye vart bygde. Postvegen var eit prosjekt som gav mykje sysselsetjing, og sidevegane som t.d. til Brokke og Uppstad, Rygnestad, Bø og Brottveit vart bygde/utbetra i denne tida. Arbeidet heldt også fram etter krigen. Mellom anna vart Skafsåvegen påbegynt då.

Mellom dei største og viktigaste byggjeprosjekta i mellomkrigstida som vart finansierte gjennom sysselsetjingstiltak eller som naudsarbeid var: 1931–33 Kallefossbrua 1932 Veg frå Greini til Myklevatn 1937–41 Stavedalsvegen 1935 Haukedalsvegen 1935 Bjørgevegen 1935 Skagebrua

På Kallefossbrua står eit skilt om at ho vart opna i 1933, og dette skal vere fyrste bussen som tok seg over til Dale. Den hadde kalesje, og gjekk under namnet «Solskinsbussen».

86

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Vegbygging og bruer gav arbeid. I 1917 vart det bygt ny bru over Fjellskarevja ytst i Rysstadmo, og eit tiår seinare vart vegen ved Faremo utbetra. Det meste vart gjort med handemakt. Arbeidslaget er: Tarjei H. Hovet, Gunnar Viki, Anders Larsson, Vrål Frøysnes, ?

Sjølv om det var trange tidar, var ikkje folk så godt vande. Det er mest ikkje interiørbilete frå husmannsstoger, men vi aner korleis det har vore når vi ser dette måleriet av Lars Osa frå Feddufs på Flateland. Personane skal vere Ingebjørg S. Rygnestad med dottera Ragnhild fødd 1896.

TØFFE TIDER Den nye økonomiske kvardagen sneik seg innpå folk, truleg utan at nokon var klare over at ein no vart meir og meir sårbare for svingingar i økonomien andre stader. I mellomkrigstida vart også ordet «arbeidsløyse» noko mange måtte forhalde seg til. Så lenge næringslivet berre var jordbruk, var det alltid noko å gjere på eigen gard. Økonomien var hjå dei fleste tilnærma felles på den måten at bonden gav tak over hovudet til foreldre, ugifte sysken og born, mot at dei fekk det dei trong med mat og klede. Alle deltok i arbeidet på garden. Var nokon av familiemedlemene ute i teneste, var dette å sjå som ei utgift som bonden slapp for ei tid. Tenestetida var alltid eit halvår av gongen. Den 14. april og 14. oktober var faredagar. Då bytta ein arbeidsstad. I 1920 var husmannsvesenet i all hovudsak borte. Ingen hadde lenger noko plikt eller ansvar for å hjelpe ein husbonde med å få avlingane i hus. Dei «bygde seg», som det vart kalla, til ei arbeidsoppgåve som skulle fullførast, og når denne var over måtte ein få seg arbeid ein annan stad. Var ein huga på arbeid over lengre tid, var den næraste staden å prøve seg dampsaga på Byglandsfjord eller nikkelverket på Evje.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 87


88

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


I Stavedalen var det «opptak», dyrkingsfelt som vart gjerda inne og slege akkurat som heime. På Rygnestad vart det sett opp trallebane som skulle brukast i samband med bygging av Skafsåvegen. Det var under krigen, og arbeidskrafta dei tenkte å bruke var russiske krigsfangar.

I Valle var det tilnærma uråd å få heilårsarbeid. Av offentlege arbeid var det mest berre arbeid på vegen som var aktuelt, men så lenge ingen brøytte vegane var også det eit arbeid som låg nede frå snøen kom til telen var borte. Endåtil lærarane trong andre inntekter, for skulen tok ikkje til før seinhaustes og vart avslutta påskebel. Det fyrste heilt tydelege utslaget av å vere del av ein konjunkturbasert økonomi kom i samband med fyrste verdskrigen. Vi talar om «jobbetida», og sjølv om ikkje valldølane vart med så direkte, så var det gode tider. Torjus Åkre samanfattar slik i årsskriftet til hundreårsjubileet for banken: «Noreg slapp krig, men vart meir og meir innestengt, og vanskeleg å få til lands det som trongst. Prisane steig til det mangdoble på jord– og skogbruksvaror. Bø–gruva tok dei til å drive att, arbeidslønene steig, og pengeforbruket auka. Aldri hadde folk opplevt maken til tider.

Hylestad vart eigen kommune frå 1.7.1915, og 29. mars hadde husmenn og arbeidsfolk organisert seg i eit eige Arbeidarlag. Biletet er frå eitt av dei fyrste møta. Sitjande: Gunnar Aug. Brokke, Lars Faremo, Knut Jonson Heddi, Olav Aug. Brokke, Åni Å. Rysstad, Olav K. Uppstad, Tarjei A. Rysstad, Knut A. Rysstad, Tarald Å. Hovet, Olav B. Kåvenes og Hallvard T. Hovet. Bakanfor: Ånund S. Hovet, Torleiv J. Bjørgum, Hallvard A. Helle, Olav K. Rysstad e., Gjermund K. Hovet, Olav J. Haugeland, Torjus Hagen Helle, Hallvard J. Bjørgum, Ånund A. Rysstad, Hallvard O. Haugeland og Tarald Aug. Brokke.

Men ein må seie at folk i Valle for det meste nytta pengane til å betale på gamal gjeld, vøle husi og dyrke jordi. Ingen tente seg rik eller vart fattig på jobbing og spekulasjon utan kontroll, som var tilfellet i byane og i mange bygder òg. Bankinnskoti voks. I 1915 var styringssummen kr 322.554,07, tri år etter kr 679.029,53. Denne summen heldt på å auke til 1922. Det synte seg no og, at både oppgang– og nedgangstider kjem seinare til avstengde bygder. Bygdefolk lånte lite i desse tider med så flust av pengar, og dei som skuldige var, trongst ikkje påminnast eller trugast når rentor og avdrag laut betalast.»

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 89


Gode tider førde med seg nydyrking, investeringar i meir funksjonelle driftsbygningar og innkjøp av maskinreiskap. Sjølv om folk flest ikkje let seg rive med av den auka pengestraumen, hadde dei likevel skaffa seg gjeld.

Ein ny krig var i emning før økonomien igjen var så nokolunde på føtene att og arbeidsløysa på veg nedover. Vi kan ikkje her gå inn på alle sider ved krisa, men det seier seg sjølv at Valle Sparebank som hadde finansiert det meste av investeringane, fekk merkbare tap.

«Då omslaget kom hausten 1920 med lågare prisar og avsetningsvanskar, var dei fleste uførebudde. Arbeidsløyse tok til å breie seg, og produksjonen gjekk i stå. Samstundes vart det eit mål for styresmaktene å binde krona til gullprisen att. Det arbeidet vart fylgt av ein sterk deflasjon, og for mange av dei som hadde lånt pengar og investera i dei gode tidene, vart gjeldi uråd å greie. Deflasjonen hadde som resultat at låntakarane laut betale att mykje meir enn dei hadde lånt i banken, og det i ei tid då betalingi dei fekk for eigne varor var jamt sigande. For bønder og småbrukarar som sat på eigi jord var tilhøvi syrgjelege. Betre var det heller ikkje for dei som levde av å arbeide for andre. På nyåret 1921 sende fylket ut eit rundskriv om arbeidsløyse.» (Valle kultursoge bd. VII)

Fyrst har vi alle dei private som fekk vanskar. Berre den eine dagen 29. februar 1928 vart det skriva 89 kravbrev til kundar som ikkje hadde gjort opp for seg, og 8 saker sende til forliksrådet. Likevel har vi grunn til å tru at både valldølar og hylstringar på det jamne slapp lettare frå det enn i Bygland, der det t.d. mellom 1931 og 1934 vart tvangsselt 54 gardsbruk. Gjeldsprosenten, som fortel kor mykje gjeld eit gardsbruk har i høve til totalverdien, var etter måten låg i Valle, og i Valle kultursoge vert vi fortalde at det i 1933 berre var seks bruk i bygda med ein gjeldsprosent over 75; dvs. så høg gjeld at det vart vanskeleg å greie avdrag og renter.

90

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Eit ljospunkt var det trass alt då dåverande kronprins Olav og Märtha åt middag på Vallarheim 14. juli 1931. Mykje folk møtte fram, og ordførar Tarald Åmli helsar på Kronprinsen. Sjølv om det var harde tider i mellomkrigstida, var det også då mykje nytt som skjedde. Rutebilane begynte å gå våren 1920, og frå tidleg 30–tal var Viggo Widerøe av og til å sjå med flyet sitt i Valle. Familien hadde hytte i Finndalen, og bygdefolk fekk «fjuke seg» mot betaling. (1936)

Kvifor det var slik er ikkje lett å forklåre, men vi kan peike på at gardane i Valle i utgangspunktet var solide, og at det som Torjus Åkre skriv i hundreårssoga om nøkterne bønder også i «jobbetida» er rett. I Hylestad vil vi peike på at arbeidarrørsla si sterke stilling medførte ein svært offensiv politikk i høve til å sysselsetjing med bruk av offentlege midlar. Også det offentlege hadde vanskar. Kommunane lånte pengar, og til og med fylkeskommunen hadde skaffa seg stor gjeld gjennom kjøpet av Høgefoss kraftstasjon. Målet var å sikre elektrisitet til heile fylket, så kommunane i dalen vart òg inviterte med. Det medførte ei gjeldstyngde som korkje fylket eller kommunane makta.

Betre vart det ikkje med den økonomiske politikken som hadde vorte ført i det arbeidarstyrte Hylestad. Store utgifter til kommunal handel, skular og naudsarbeid og andre sysselsetjingsprosjekt hadde vorte til ei gjeld som var uråd å handtere. I 1936 enda det opp med at banken måtte seie frå seg 60% av gjelda både til fylke og Hylestad kommune, mellom anna etter sterkt påtrykk både frå departement og Sparebankinspeksjonen. Hylestad kommune var ein av 300 norske kommunar som måtte få ei gjeldsordning i denne perioden. Dei slapp å kome under «offentleg administrasjon», slik lagnaden vart til 50 andre norske kommunar, men alle budsjett måtte godkjennast av fylket. Som regel innebar det at budsjettet måtte halverast.

Valle Sparebank hadde sjølvsagt også lånt ut pengar til å etablere kraftverket. Etter kvart vart det tydeleg at utsiktene til å få utlegga tilbake var små.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 91


92

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


BERRE BLÅBÆR Ikkje alle næringar er like godt kjende. Kven har t.d. høyrt om bærplukking for eksport til England? I 1924 vart Setesdal Bærlag skipa som ei avdeling av Aust–Agder Bærlag. Sjølv om transporten var lang, var dette eit tiltak som gjekk rimeleg godt heilt fram til krigen kom i 1940. I Valle og Hylestad var det særleg blåbær som vart plukka og eksportert, og Ånund A. Rysstad hadde ei grei inntekt med å lage korgene som bæra vart sende i. Han fekk 20 øre korga, og med ein produksjon på 3854 korger kunne han i 1934 fakturere kr 770,80. Ei korg full med bær skulle vege brutto 3,8 kg, og vart betalt med 1 krone. I 1934 vart det sendt av garde vel 5 tonn blåbær frå Hylestad, og mest 3 tonn frå Valle; i all hovudsak Oveinang. Det gav ei samla inntekt på bortimot 9 000 kr til plukkarar og korgmakarar. Så skulle handelsmannen som tok imot, og bilruta som frakta, ha sitt i tillegg. (Opplysningar ved Eystein Greibrokk.) Skulebudsjettet i Hylestad var det året kr 11 860,–.

Blåbær kunne turkast, men tytebær måtte leggjast i vatn. Lidvard B. Straume har treft ei husmannskone i Nomelandskleiva. (1875) Om desse var ute å plukka bær for sal eller til eige bruk skal vere usagt. Eit par godslege bytter vart det. Frå v.: Sigrid O. Hovet, mannen Arne Glåmseter og Signe O. Hovet.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 93


Bygdelivet gjekk stort sett som vanleg. Bankkasserar Mikjål Harstad og Johanne gifta seg våren 1940.

KRIGSÅR Ein krig har mange sider, og ei av desse sidene er at alt går fortare enn vanleg. Etter 1940 var det ikkje lenger nokon som tala om kriser. Arbeidarrørsla viser gjerne til den nye politikken som vart ført under statsminister Nygaardsvold etter kriseforliket med Bondepartiet i 1935 som ein hovudgrunn. Men det er nok sannsynleg at vanskane hadde halde fram noko lenger om ikkje krigen hadde kome. Sett med økonomiske briller var ikkje krigsåra vanskelege. Folk tente meir enn dei hadde gjort før, og pengane sette dei i banken fordi det var uråd å få tak i varer. Frå 1940 til 1945 meir enn dobla forvaltingskapitalen seg frå 1.025.847,29 kr til 2.461.893,22 kr. Ei anna side med krigsåra og den fyrste tida etterpå, er at mangelen på varer tvinga folk tilbake til det gamle. Mykje av heielivet var i ferd med å verte lagt ned på 30–talet, men blømde opp att under krigen. Mangel på varer gjorde at folk måtte dyrke meir korn og jordeple for

94

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

å greie seg, og dei måtte vere noko meir allsidige i husdyrhaldet. Ein gris og nokre høner gav viktige tilskot for dei som ikkje hadde så mykje jord. Kaninavl var heller ikkje å forakte. Ein bestemt del av det som vart produsert vart bøndene pålagde å levere til tyskarane. Det galdt å lure unna noko før kontrolløren frå Forsyningsnemnda kom. Tyskarane plomberte dei fleste kvernhusa, og forbaud maling av korn for andre enn dei med særskilt løyve. Dei visste nok at mange lurte til seg litt ekstra, og såg gjennom fingrane. Så vidt ein veit vart ingen straffa for å slik fusk. Ei anna side av næringslivet var svartebørshandelen. Varer det var lite av vart det beint fram ein sport å få tak i. Avhaldsmenn skulle ha brennevin, og ikkjerøykjarar begynte å røykje berre fordi det var rasjonering på tobakken. Nokre begynte til og med å dyrke tobakk sjølve.


Rasjoneringskø ved Valle handel under krigen. Dei hadde fått inn så fint, blomstrut kjoletøy.

Rysstad landhandel hadde sitt særpreg utan måling og med alle reklameskilta. (1960)

Bensin var vanskeleg å få tak i, så då vart det køyrt på vedgass. Olav O. Tveiten, Tarald D. Homme og Tjodgeir Tveiten har teke ein stopp på Flåstrondi.

Rasjoneringskort.

I vanlege år var jakt ei viktig næring for bøndene, men tyskarane kravde alle våpen innleverte. Nokre fekk likevel løyve til å jakte. Andre jakta ulovleg. Snarefangst etter fugl og hare var etter måten enkelt å handtere. Meir utspekulert var den gjengen på Hovet som sette elgsnarer. Og fangsten var vellykka, vert det fortalt, sjølv om det kunne vere noko mykje blod i kjøtet om elgen hadde hange eit bel før folk kom til. Elles prøva ein seg med alle slags kriseløysingar. Kaffi laga på brende erter var visst ikkje så verst, sa somme, men eg trur likevel ikkje det er så mange som har drukke akkurat den blandinga etter 1945. B–såpe og sko laga av fiskeskinn er to andre døme på vareslag som raskt forsvann ut av varehyllene. Rasjoneringa heldt fram lenge etter krigen. I 1952 vart endeleg kaffi, te og sukker fritt. Då var det berre sydfrukter som stod att, og så heilt til slutt bilane, som var rasjonerte fram til 1. oktober 1960.

STOMP’E MED LOK Bakaren på Ose leverte stomp til butikkane, og det same gjorde Olav Kyrvestad i Valle. Mjølet dei fekk tildelt under krigen var ikkje alltid av beste slag. Når stompen var ferdig steikt, vart sjølve «innmaten» ein kompakt klump, og skorpa låg som ein himling over. Knut G. Hovet var god til å få sagt det, og då han kom innom på Rysstad landhandel ein dag under krigen og spurde etter «stump›e med lòk», så feste dette seg som nemning. Det høyrer óg med til soga at ein visstnok vart sers luftig i magen etter å ha ete dette brødet. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 95


KRAFTÅR «Heile det økonomiske systemet var i oppbrot, grunnlaget for all næringsverksemd endra. Tradisjonell utmarksdrift vart ulønsam. Etter 1960 er det ikkje mange høystakkane som er oppsette, og heilt unntaksvis sat nokon på heia med buskapen. Det var ikkje lenger sjølvsagt at alle var heime i slåtten og arbeidde gratis til beste for familien. Det gamle systemet med ei pengekasse i kvar familie, med eldste mannlege medlem som kassastyrar, vart erstatta med personleg økonomi der den som hadde tent pengane sjølv bestemte bruken.» Slik vart det summert opp i banken si 125–årssoge i 1991. Kraftutbyggingane – for dei har det vorte mange av sidan oppstartinga på Brokkeanlegget hausten 1960 – skulle endre det meste. Dette må ikkje misforståast dit at vi meiner alt hadde vore med det gamle utan kraftverket. Poenget er at det var meir eller mindre som å slå på ein brytar. Lønene auka veldig. Det som på 50–talet var dagløner vart no timeløner. Gamle tømmerhus fekk bølgjeblekktak

96

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

og nye vindaugo. Andre reiv likså godt alt saman, og fekk sett opp moderne bygg med do inne og store termopanruter. Ubrukelege uthus vart erstatta med funksjonelle driftsbygningar. I løpet av 1960–åra var det mest ikkje att hestar. Det sveiv i motorar både på jordene og etter vegane. Nokre fekk til og med mjølkemaskin i fjoset og mixmaster på kjøkkenet, så dura det der og. Det grøvste var gjort på eit lite tiår, og ingen tenkte vel i grunnen at det var så galt. Endeleg kunne også setesdølane ha det som andre folk! Det å vere moderne var eit uttrykk som alle oppfatta som eintydig positivt. Det var fyrst då ein kom eit stykke ut i 1970–åra at nokre begynte å sjå seg tilbake, og oppdaga at vi var i ferd med å miste fotfestet i eigen kultur. Heldigvis var det ikkje for seint, og framleis er det att mykje av det opphavlege, både i kulturlandskapet og i levemåten. Men det er berre å innsjå at somt av det som enno er særkjenne på bygda, ein tenkjer då mellom anna på laftebygging og bunadstradisjon, berre så vidt vart redda gjennom iherdig innsats frå eldsjeler og mykje kursing på 70–talet.


Det som før hadde vore ein nokså grå masse av bygningar, vart pussa opp og måla i ulike fargar. Nordibø er eit godt eksempel på det. (1964) Anleggskontoret for Brokkeanlegget var på Rotemo. Bygningen vart seinare Setesdalsstoga Kro. (1963) Dalebuksekurs på Rysstad 1983 med Ingebjørg Brottveit som lærar. Frå v.: Anna T. Rysstad, Inger Liv Rysstad, Liv Helga Brokke, Jorunn Løvdal Hovet, Tone Brokke, Åse Hovet og Gudrun Torill Rysstad.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 97


BROKKEJUMBOEN – BORERIGGEN SOM SETTE VERDENSREKORD Åra etter krigen var ei samanhangande veksttid høyrer vi så jamt, men det tok si tid før setesdølane merka noko til det. Etter sjuårig folkeskule var utsiktene for utdanning som oftast framhaldsskule og kanskje eitt år på realskule. I dei fleste yrkesfag gjekk ein rett inn som lærling utan annan skule. Berre nokre få tok gymnaset og høgare utdanning.

Det positive var at ein ikkje trong spare så fælt lenge før ein hadde råd til å kjøpe bil.

«Lærarane» var gamle anleggsfolk som hadde lært sitt handverk den tid ein brukte ein stor hamar (feisel) til å slå på boret med. Erfaring var det massevis av, men teknisk innsyn mangla fullstendig. Då det ein dag kom folk frå Oslo for å demonstrere ein nyutvikla, hydraulisk borerigg, vart utfordringa i største laget. Torfinn Liestøl var ferdig med militæret til jol i 1959. Kva skulle ein så finne på? Brokkeanlegget vart i start- For ungguten derimot, var dette uimotståeleg spennande, og kvar matpause vart bruka til å eksperimentere gropa, og ut på våren fekk han begynne på tverrslaget med den store maskina; Brokkejumboen vart han på Uppstad. Løna var 10–12 kr. timen for å stå heile dagen med luftdrive handboremaskin utan øyreklokker. kalla. Også den bora ein med luft, men alt vart styrt med hydraulikk.

98

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


I ein rapport frå anlegget les vi: «Mannskapet vi valgte å satse på, er utvalgte folk. Hvert borelag har en erfaren fjellmann som bas og forøvrig 3 raske karer med mekanisk innsikt.» Dei driftige ungdomane med erfaren leiar sette like godt verdsrekord med 102 meter tunnel på ei veke (tverrsnitt 65 m²). Då voks akkorden til 32 kr timen, og løna vart utbetalt i grå konvoluttar med masse setlar i. Pionerarbeidet på Brokke vart lagt merke til. Torfinn var ein av dei som klarte å operere to boremaskinar samstundes. Etter eit par år på andre norske anlegg, kom eit fire månaders engasjement i Zambia. Deretter vart det ni år i Sør–Afrika. Då han gav seg for nokre få

år sidan, hadde han hatt opplæring av ungdomar på borerigg i til saman 104 land. Og namnet Brokkejumboen, eller Brokkeriggen, fylgde med på ferda kvar han kom. Livet som anleggsarbeidar drog med seg eit nytt ord; å pendle i tydinga å bu heime og ha arbeidet sitt ein annan stad. Mange av dei som fekk seg arbeid under Brokkeanlegget, heldt fram i Røldal eller på Tonstad. Seinare vart arbeidet organisert slik at ein arbeidde inn timar og fekk lengre periodar med fri. Med oljeboringa i Nordsjøen kom ein annan måte å pendle på; to veker ute og to veker (eller meir) heime.

Torfinn Liestøl på Brokkejumboen. På riggen er det montert 4 boremaskiner og ladekorg, og var eit enormt teknologisk framsteg. Alt vatnet frå Bykle skulle renne ut i Otra att noko sør for kraftverket på Nomeland. Ein gravemaskin var til hjelp i det arbeidet. All steinen vart køyrt ut av tunnelen med store Euclidar. Det vart uttalt «jåkkli» på dalemål, og alle visste kva det var. Biletet er frå Uppstadtippen. Fram til 1. oktober 1960 var det rasjonering på bilar, og før det kunne ungdomen i beste fall skaffe seg ein motorsykkel. Frå v.: Tor Straume, Hallvard K. Rysstad, Olav S. Uppstad og Olav S. Nomeland. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 99


100

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Traktorane overtok for hestane, men mange fann ut at det var mogeleg å bruke dei gamle hestereiskapane på traktoren. Jon Sandnes på traktoren, og Gerd Nomeland på høyriva. (1993) Rysstad kiosk var også ein samlingsstad, ikkje minst på grunn av jukeboxen og flipperspelet på tidleg 1960–tal. Ein flokk vallejenter har teke turen: Margit T. Sagneskar, Halldis Harstad, Gyro K. Homme, Solveig Jore, Bjørg Lien, Torbjørg Lien, Astrid Haugen og Gunhild Homme. Lafting av tømmerhytter har sidan tidleg 1970–tal utvikla seg til ei betydeleg næring. Også der har ein teke moderne hjelpemiddel i bruk. Svein Oddvar Uppstad i Valle handlaft med motorsaga. (2010)

DELTIDSBØNDER Det kan vere vanskeleg å forstå kor omfattande endringane innan næringsliv og økonomi har vore dei siste 50 åra. Eit mål kan t.d. vere forvaltingskapitalen i Valle Sparebank som i 1961 var på 7,2 millionar. Og hadde auka til 13.9 millionar i 1963. I 1982 var forvaltingskapitalen 113,7 mill., og i 2013 1,284 milliardar kroner. Desse tala er ikkje berre eitt utrykk for at pengeverdiane også har endra seg i det same tidsrommet. Det gjev og eit bilete av korleis veksten har vore i det økonomiske livet på bygdene, og korleis banken for folk flest har vore ein katalysator i så måte. I 1960 var det 12 vanlege traktorar og 16 tohjulstraktorar i Valle og Hylestad. Utstyret var gjerne ein plog, ei harv og ein slåmaskin. Kanskje også ein høysvans. For dei fleste bøndene var driftsmidlane i landbruket minimale ut over det som gjekk med til å halde ein hest. Då hestane forsvann overtok maskinane, og det sosiale sidene av gardsarbeidet vart meir eller mindre borte. I dag er det meste av gardsdrifta ei traktoroppgåve som vert løyst av bonden åleine. Mekaniseringa gjeld også arbeidet i skogen, som for ein stor del er overteke av digre skogsmaskinar som gjer det som før var vinterarbeid for ein mann på nokre få dagar. Sjølv om det var løna arbeid å få, hadde dei fleste framleis dyr på båsen. Drifta var tradisjonell; nokre kyr, ein saueflokk, samt ein gris i ny og ne og nokre høner. Høge lønningar til dei som fekk seg arbeid på anlegget, gjorde det mogeleg å bruke mykje pengar til å byggje ut og modernisere uthusa. Næringa vart meir reindyrka, og folk tok stilling til om dei ville vere sauebønder eller mjølkebønder.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 101


NISTOG KYRVESTAD STEINAR KYRVESTAD Ikkje alle slit med valet når yrkesvegen skal stakast ut, og ein av dei som heilt frå ungdommen av var klar over at han skulle verte bonde på odelsgarden i Valle, var Steinar Kyrvestad. Etter eit tid på tømrarlinja på yrkesskulen, bar det til landbruksskulen i Lyngdal. Ein annan elev heitte Karin Marie, og då ho fekk spørsmålet om ho kunne tenkje seg å verte bondekone i Valle, var ikkje det valet vanskeleg.

Far til Steinar, Olav K. Kyrvestad, var ein av dei mange som i åra etter krigen reiste frå Valle og tok seg arbeid i byen. Det hadde ikkje vore drift på garden etter at bestefaren døydde i 1972, så alt måtte startast opp att på nytt. Då trong ein finansiering. Banksjef Olav O. Rike var ganske tydeleg: «Steinar, dette skal vi hjelpe deg med.» Og ordna vart det. Ikkje berre fekk dei lån i Valle Sparebank. Banken sørgde for ei samordna finansieringa gjennom Landkreditt, og garden vart taksert Ryktet begynte å gå om det unge paret som planla eit moderne mjølke- så høgt at det heldt til fullgodt pant for lånet. Den positive haldninga fjos til ein gigantisk sum av 600 000 kr. Det mangla ikkje på advarslar og var avgjerande for å setje i gang byggjearbeidet. gode råd om å tenkje seg godt om. Sjølv om landbruket i åra etter den fyrste EU–avstemminga i 1972 reid på ei grøn bølgje, var det framleis Hausten 1978 kom dei fyrste kyrne på båsen. Noko gullgruve var slik at dei som hadde høve til det fekk seg anna arbeid, og i beste fall det ikkje, og inntektene måtte supplerast med arbeid i skogen og kombinerte det med nokre sauer som attåtnæring. snikkaroppdrag. Dyrking av korn var òg ei inntektskjelde nokre år, men det måtte droppast då minstearealet for å få tilskot vart auka Samstundes med at planar vart utarbeidde og søknadar sendt, arbeidde til femti mål. Steinar som landbruksvikar og skogsarbeidar. Det var ein grei måte å verte kjend med folk i bygda på, og ikkje minst treffe folk som hadde Sjølv om ein var godt i gang, veit alle som har drive gard at inntekter erfaring med det han sjølv hadde tenkt å begynne med. Og ikkje minst er noko som kjem klumpevis. Når båe to hadde arbeidet sitt på garden fekk han vere med på praktisk gardsarbeid. var det ikkje alltid inntekter og utgifter var i takt. Av og til mykje pengar inn på konto, betale rekningar som hadde hopa seg opp, og så lenge til neste gong. Det var behov for kassakreditt, og banken ordna det som trongs så vel av driftsmiddel som kapital til nye investeringar.

102

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Her lyt det leggjast til at også Valle Handel hadde ei viktig rolle som kredittinstitusjon på den tid. Både kraftfôr og kunstgjødsel vart bestilt gjennom butikken, og regelen var kreditt ut den månaden ein gjorde innkjøpet. Rekninga vart sendt ut den fyrste i påfølgjande månad, og med tretti dagars betalingsfrist. Slik kunne ein ordne seg ut av dei situasjonane der likviditeten vart sett på prøve. Mykje har endra seg på desse førti åra. Dei små bruka er no meir eller mindre heilt borte, og ein ser konturane av eit landbruk der det vert att nokre få som driv etter måten stort. Mjølkekvoten på Kyrvestad har auka frå 60 000 liter til 180 00 liter. Det er likevel berre nok til å vere eit gjennomsnitts mjølkebruk. Frå 1994 har det også vore om lag hundre vinterfora sau på garden. Dei seinare åra har dei også dyrka jordeple som vert selde i eigen gardsbutikk. Vi får skyte inn at innimellom gardsdrifta har Karin Marie og Steinar også funne tid til eit sterkt engasjement i kristeleg arbeid, særleg innan Valle frikyrkje med juniorforeining og sundagsskule. Steinar var i mange år leiar i fotballgruppa i idrottslaget. Alt dette ved sida av eit sterkt politisk engasjement, ikkje minst som ordførar 1999–2007, og på ny frå 2015. At Karin Marie også finn seg vel til rette med gardsarbeid er sjølvsagt ein føresetnad for dette.

Så lenge ungane budde heime, hadde dei arbeid som avløysarar. No er det andre ungdomar som tek jobben. Det positive er at dei held på år etter år, og trivs med arbeidet. «Det lovar godt for landbruket i Valle», seier Steinar, før han avslutningsvis går inn i rolla som ordførar i Valle og peikar på dei gode støtteordningane i kommunen som stimulerer til nybygg og investering i eksisterande uthus. Det gjer det mogeleg å få store nok inntekter relativt kort tid etter oppstart, slik at det er mogeleg å leve av det. Grunn til bekymring er det likevel at styresmaktene heile tida stimulerer til større bruk. Før eller seinare kan ein risikere å kome til eit nivå der det rett og slett ikkje er areal nok i ein trong fjelldal for den som skal drive slik styresmaktene ønskjer.

Frå Hovet i slåtten 2014. Potetopptaking på Kyrvestad. Steinar køyrer, og Karin Marie og barnebarnet Heidi Marie hjelper. (2010)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 103


Bensinkrisa i 1973, gjorde det klart for alle at vi ikkje var sjølvberga. Når tilførslene svikta var vi sårbare. Stortingspolitikarane møtte krisa med ein politikk som la til rette for eit kraftig oppsving innan landbruket. Gjennom rasjonalisering, med t.d. moderne metodar for produksjon av fôr (silo og rundballar) og andre hjelpemiddel (t.d. mjølkemaskin), vart det vunne inn så mykje arbeidstid at det faktisk var mogeleg å kombinere gardsdrifta med anna inntektsgjevande arbeid. Nokre hadde eiga verksemd ved sida, andre tok seg lønsarbeid. Så lenge folk flest oppfatta gardsdrifta som eit felles ansvar for alle som hadde tilknyting til garden, var dette mogeleg. Utover på 1980–talet var det ikkje så mange att som tykte dette var greitt, og er ein viktig bakgrunn for at maskinhaldet utvikla seg svært raskt fram mot tusenårsskiftet.

104

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Ein observasjon vi kan gjere i denne samanheng, er at kostnadskrevjande innkjøp av store maskinar vart møtt med same svar no som hundre år før; bøndene organiserte seg i maskinlag med andelar i rundballemaskin eller steinplukkar m.m. Det høyrer og med til soga at for å etablere driftskonto i Valle Sparebank, måtte laget ha eige organisasjonsnummer. I dag er dei fleste laga for lengst oppløyste i gavnet, sjølv om «ballelaget» formelt sett framleis eksisterer i Brønnøysundregisteret. Kombinasjonen bonde/anna næring/anna yrke var funksjonell til ut på 1990–talet. Bønder med ei ku eller to til eige forbruk var då meir eller mindre historie. (I 2015 er det att tre mjølkebønder i Valle kommune: Tarald Myrum, Roald Homme og Steinar Kyrvestad.)


Siste gongen det vart sendt ut rasjoneringskort, var under bensinkrisa i januar 1974. Rolf Rike er ein av dei mange som «rundballar». (2010) Sauehaldet har fått eit oppsving dei siste åra, med tre nye sauefjos berre på Helle. Ein av dei tre bøndene er Egil Åmlid som satsar på kring 250 vinterfora dyr. (2014) Når sauehald i dag er mest einerådande innan jordbruket, vert det symbolikk i denne flokken som har samla seg rundt Setesdal Regionråd sin bautastein på Helle. (2011) For born og unge som veks opp er det viktig med kontakt med dyr. Aron Fjellaker har fått ein liten ven. (2012) Valle naturkjøt satsar på beitedyr. Gevinsten er todelt; framifrå kjøt og eit velhalde kulturlandskap. (2015)

Det heldt fram med at dei små sauebøndene ein for ein la inn årene, og då tusenårsskiftet rann var det lite att av attåtnæringa. Bønder med noko større flokkar heldt framleis stand. (I dag er dette redusert til ca. 30 gardsbruk.) Så vidt vi kjenner til er det i dag ingen som dyrkar korn anna enn som fôr i eigen husdyrproduksjon. Dei som er att driv landbruk på fulltid, truleg omtrent slik styresmaktene har ynskt det skal vere. Dessutan ser vi at nokre aukar på flokkane slik at det samla dyretalet når det gjeld sau ikkje nødvendigvis har minka så mykje. Nokre få bønder har fleire hundre vaksne sauer kvar.

Også innan landbruket har krav om driftsmidlar og tilgang på kapital skapt store endringar. Bonden av i dag er ein vanleg næringsdrivande med forpliktingar ovanfor banken med nedbetaling av lån på traktor og driftsbygning. I dag er det vel rett å seie at deltidsbonden meir eller mindre er heilt borte. Vi kan også slå fast at bygdene i Setesdal dei siste femti åra har teke steget frå å vere tilnærma reine landbruksbygder til å verte bygder der primærnæringane er reduserte til å utgjere ein mindre del av det samla sysselsetjingstilbodet.

I tillegg må vi nemne at ei ny nisje har kome til med storfe som går på beite. Føremålet er todelt: halde kulturlandskapet i hevd og produsere framifrå kjøt.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 105


TELEFON OG DATA I 1960 var det ventetid for å få innlagt telefon. Det måtte gjerast fysisk gjennom ein telefonkabel, og det kunne take fleire år før ein rakk fremst i køen. Etter utbygginga av GSM–nettet i 1993, vart mobil– telefonen etter kvart noko som fann vegen ned i dei fleste si lomme, store og små. Dei fyrste datamaskinene som kom i heimane på slutten av 1980–talet, var ikkje knytte til noko nett. World Wide Web vart oppfunne i 1991, og det var fyrst då Microsoft i 1995 la med

FRÅ UTE TIL INNE I 1960 hadde det knapt vorte sett opp eit einaste hus i kommunen utan at det også høyrde til eit jorde og ein skogteig. Etter at straumen kom, hadde folk flest skaffa seg vasspumpe og kunne tappe kaldt vatn i springen. Framleis var det berre nokre få som hadde varmtvasstank og vassklosett inne, for ikkje å tale om dusj eller badekar. Dei fleste husa hadde mest ikkje isolasjon, og sjølv om folk fyrte det dei kunne på kaldaste vinteren, var det vanlege at folk sat godt påkledde på kjøkkenet. Veggene var måla stokkar eller panel, og golvet var måla eller lakka golvbord. Tapet og golvbelegg er noko som høyrer seinare tider til. Stogene vart ikkje tekne i bruk til kvardags før fjernsynet gjorde sitt inntog i 1964. Likeins som radioen kom fjernssynssignala frå fyrste dag til oss trådlaust; gjennom sendarar som ein kunne sjå lyset frå høgt oppe i fjellsidene her og der.

ein nettlesar for Web i softvareprogrammet Windows, at dette vart noko «vanlege» folk kunne få i hus. I byrjinga kom internett til oss gjennom telefonlinjene (ISDN og ADSL), men etter at det vart grave ned breibandskabel har mange knytta seg opp mot den. Den som ikkje vil ha bryet med å sjå til at parabolantenna peikar rett veg, eller har snødd ned, har gjerne flytta satellittfjernsynet over på breiband. (I Hylestad vart det ikkje bygt ut digitalt bakkenett for fjernsyn etter at dei gamle analoge sendarane gjekk ut av drift.)

Mykje av det vi i dag har rundt oss, og som er sjølvsagt at skal vere der, er ikkje så fælt gamalt. Den norske velferdsstaten har vakse fram i den same tidsperioden, og er i dag så innarbeidd at ingen norsk politikar ville våge å endre på den. Alle har rett til å take del i fellesgodene. Vi kan og ha med oss at folk budde heilt annleis på 60–talet enn vi gjer i dag. Ingen flytta ut av heimen før dei stifta familie sjølve, og ingen budde åleine i eit hus om det ikkje hadde ein naturleg grunn. Vi hadde ein type felleshushald som etter kvart har forsvunne heilt. På dei fleste gardar var det gjerne tre generasjonar.

Ungdomar av i dag får seg ein stad å bu for seg sjølv så snart dei har ei inntekt og høve til det. På vegen fram til dette samfunnet, har bankvesenet vore ein viktig aktør. Det vart utvikla banktenester med særlege føremål, som t.d. Den norske stats husbank som gav gunstige Då folk fekk straum i 1946, hadde dei fleste nok med ei ljospære. I 1960 bustadlån til folk flest. Husbanken har sidan skipinga i 1946 finansiert hadde elektriske komfyrar vorte vanleg, dvs. at folk hadde begynt å lage om lag halvparten av alle norske bustader. Undervegs er rolla som maten på ein ny måte. Nokre leigde seg også plass i fryserommet på ein bustadbank endra, og mange av funksjonane er overførte til av butikkane. Framleis var kjøleskåp og eigen fryseboks i kjellaren heilt sparebankane som gjev bustadlån på like gunstige vilkår som Husbanken i si tid gav. Då med den viktige skilnaden at sparebanken uvanleg. For folk flest medførte nye lagringsmåtar for mat ein revolusjon ikkje set krav til korleis huset skal sjå ut. i matstellet, ikkje minst fordi ein no kunne ha fersk mat på lager året rundt. Matstellet vart også sterkt påverka av utvalet i butikkane, Ei anna side ved lånepolitikken i dag er at lånesum og storleik på som stadig vart utvida med større sortiment av ferskvare. avdrag og renter vert regulert i forhold til dei inntektene låntakar forventast å ha. Nedbetalingstida vert bestemt slik at låntakar også Andre elektriske hjelpemiddel var sjeldsynte. Vaskemaskinen revolusjonerte kvinnene sin kvardag, ikkje minst for dei med småbarn i huset. vil ha ein økonomi med frie midlar til å bruke på annan måte. Til forbruk som nemninga er i dag. Oppvaskmaskina gjorde sitt inntog mot slutten av 1970–talet, og var på same måten med og gjorde kvardagen lettare. At vi stadig vert freista med forbrukslån frå låneinstitusjonar andre stader, utan krav om sikkerheit og til kjempehøg rente, er eit utslag av vår velstandskultur som knapt var tilsikta

106

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Før straumen kom var husstellet knytta til eldstaden. Rundt den vermde ein seg, kokte maten og tørka kleda. Biletet frå 1939 av Birgit Kyrvestad og dottera Valborg er typisk for korleis folk var nøydde til å ordne seg. Sjølv om straumen kom, heldt folk på med å vaske klede ute. Gyro O. Nomeland koker kleda i gryta, og vaskebalja og vaskebrettet står klar når ein skal gni vekk dei siste flekkene. (ca. 1958) Matstellet var lenge tradisjonelt, og sjølv om det iallfall frå 1948 var mogeleg å leige fryseboks på butikken, heldt folk fram med å salte, røykje og tørke sauekjøtet på gamlemåten. Pål O. Sagneskar hentar kjøt i basstoga. (ca.1965) Til jol 1946 kom straumen, og alt vart ljosare. Ikkje berre hadde ein pære i taket. Sot og røyk forsvann frå kjøkkenet, det vart hengt opp gardiner og kjøpt møblar med stofftrekk. Det kom blomar i glaskarmane, og etter kvart skaffa folk flest seg radio. Hildeborg og Tarjei Sagneskar i stoga kring 1963.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 107


FRÅ SMÅTT TIL STORT I 1960 var det ikkje mange som hadde det ein vil kalle fast arbeid i full stilling. Endåtil dei kommunale tenestemennene hadde deltidsstillingar. Då alle skjøna at det gjekk mot ei kommunesamanslåing mellom Valle og Hylestad, var valldølane framsynte og fekk fart i planane om nytt kommunehus. (Hylstringane sette i staden i gang arbeidet med soknehus som stod ferdig til 17. mai 1965.) Vi les i Valle kultursoge: «12. desember 1959 kunne ordførar Daniel Homme bjode inn til vigslingsfest i det nye kommunehuset. Valle hadde fått eit heilt moderne bygg endåtil eit murhus med kontor til heradskasserar, likningssjef, trygdekasserar, heradsagronom, formannskapsrom, arkivrom og bibliotek. I tillegg leigde posten eit rom, og det var bustad for ein vaktmeistar. Det vart sett opp eit klosett «for ålmenta», og tri dusjar der ein kunne vaske seg kvar fjortande dag; karane ein laurdag og kvinnone den neste. Ja, WC‘en kunne endåtil nyttast av «trengjande turistar på gjennomreise», noko ingen hadde tenkt på før».

108

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Med det vart alle dei kommunale tenestene flytta frå skuffer og skåp heime hjå dei som til då hadde hatt arbeidet. Kommunen har sidan vore ein stor og viktig arbeidsgjevar, og tenestene har berre auka i omfang. Skulane vart sentraliserte. Valle i 1952 (Oveinang kom med i 1959) og Hylestad i 1958. Sætrum ungdomsskule, sentralskule med elevar frå Austad sokn i Bygland til Bjåen i Bykle, stod klar i Åkresneset hausten 1968. I 1973 flytta dei fyrste bebuarane inn på Valle alders– og sjukeheim. Det kom barnehagar og nytt helsehus. Kommunebudsjetta ekspanderte, mest på grunn av store inntekter frå kraftutbyggingane, men også fordi det fann stad betydelege endringar i strukturen i næringslivet. Den norske landsbygda generelt var i stor endring, og ved sida av skulane var helsesektoren viktigaste satsingsområdet.


Hylstringane bygde soknehus for kraftpengane, og det vart teke i bruk 17. mai 1965. Sentralskulen vart bygd i 1952, og barne– og ungdomsskule med gymsal og symjehall i perioden 1967–1972. Hylestad skule rett før skulestart i 1965. Fotballbane (som vart skeisebane om vinteren) og hoppbakke var noko av det «nye» som høyrde med til ein sentralskule. Lenge var einaste skyssen som var mogeleg å få til sjukehuset ei vanleg drosje. I 1969 kjøpte Sigurd Trydal ei «sjukevogn» som gjorde det mogeleg for pasienten å liggje i bilen. Denne dagen skal ulla sendast, og bøndene har kome med sekkene til Nordibø.

Handverkarar av ulike slag (snikkar, elektrikar, målar, røyrleggjar m.m.) arbeidde i utgangspunktet åleine. Kom det eit større oppdrag, var det å finne ut om nokon i bygda var ledige og kunne vere med på prosjektet. Med kraftutbyggingane kom folk i fast arbeid med høg løn, og det vart vanskeleg å få tak i arbeidskraft. Valle Sparebank merka det også då arbeidet med det gamle bankbygget vart sett i gang våren 1961 med Georg B. Viki som byggjeleiar. Om hausten fekk han tilbod om betre betalt arbeid på anlegget, og takka sjølvsagt ja. Knut H. Viki overtok, men det vart så vanskeleg å få tak i arbeidsfolk at arbeidet låg nede gjennom vinteren. Som ei forlenging av kraftutbygginga, kom det mange arbeidsplassar på driftssentralen til kraftverket på Nomeland. Sjølv om talet på arbeidsplassar no er betydeleg redusert som del av omorganiseringane innan Agder Energi, er kraftverket framleis ein etter måten stor arbeidsplass i kommunen.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 109


Den fyrste lokale snøscooterforhandlaren i Valle kommune var elektrikar Knut Hovet. Han vart autorisert forhandlar for Johnson til jol i 1965. Den fyrste scooteren han selde, ein Johnson Skee Horse, vart også den fyrste som kom til sjølve Vallebygda. Kjøpar var Valle Raude Kors Hjelpekorps. Den vart levert i Valle 28. januar 1967. Motoren hadde eit sylindervolum på 437 ccm og gav 25 HK. Det vart også reklamert med at den hadde «Solide drivbelter, «krympefrie» med rustbeskyttede sneklør av herdet stål».

Det vart tydeleg at det måtte til ei anna organisering, og einaste måten å unngå problematikken var å by folk fast stilling og ikkje berre arbeid så lenge det eine prosjektet stod på. Det kravde meir langsiktig planlegging for dei ansvarlege handverkarane. I dag vert det stilt krav om å vere byggmeister for å få lov til å take byggjeoppdrag, og dei fleste snikkarane er tilsette i eit firma (t.d. Rysstad laftebygg, Setesdalsbygg, Bergsam, Straume handlaft) Vi ser noko av det same innan sylvsmednæringa. Der det før var ein «delleverandør» mest i kvar stoge somme stader, er drifta profesjonalisert og sylvsmedane del av eit fagmiljø med mange tilsette (Hasla AS, Sylvsmia Rysstad). Men framleis er det nokre sylvsmedar som driv frå eigen verkstad som ei familiebedrift. Det har også kome til næringar som ein på 1960–talet knapt såg føre seg kunne eksistere. Den fyrste snøscooteren kom til Rysstad i 1964. I dag vert kring 8 % av det totale snøscootersalet i Noreg kanalisert ut frå Valle kommune, og er ei betydeleg næring.

110

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Alt tilbake på 1930–talet var det nokre som hadde kjøpt seg lastebil og tok på seg køyring. I 1948 kom det maskinstasjon i Valle og Hylestad, der tilbodet var ein Gråtass som kunne leigast til forskjellig onnearbeid. Ein og annan traktorgravar fanst au, og i 1955 sytte Bjørgulv T. Flateland for at den fyrste bulldosaren i kommunen vart stasjonert i Oveinang. Dette var enkeltmannsforetak som det var fleire av inntil for få år sidan. Hausten 1959 fekk Saavi Nomeland eit lån på 70 000 kr i Valle Sparebank for å kjøpe ein bulldosar til kr 135 000,–. Dette vart utgangspunktet for ei verksemd som i dag er ein av dei store entreprenørane i landsdelen. Undervegs har det vore fleire andre ganske store entreprenørverksemder som seinare har vorte lagde ned. I dag er UTA (Uppstad transport og anlegg) den andre store entreprenøren i kommunen. Hallvard B. Kjelleberg og Hallvard Aamli i Hjelpekorpset med nyinnkjøpt snøscooter. (1967) Fram til 1992 sat driftsoperatørane inne i fjellet i eine enden av turbinhallen. Då vart det sett opp ny driftssentral utanfor. (1990) Sylvsmed Trygve Rysstad på Sylvsmia har framleis fleire familiemedlemer som tilsette, men er også ei moderne sylvsmedverksemd. (2014) VALLE SPAREBANK 150 ÅR 111


MOTORSENTERET AS RYSSTAD JON ATLE HELLE Det er nokså nøyaktig 50 år sidan det heile starta. Den fyrste snøscooteren seld av ein lokal forhandlar hadde prøvetur på nyåret 1967. I dag er sal av snøscooterar ei viktig næring som omset for ein stad mellom 30 og 40 millionar i året berre i Valle kommune. Då har rundt rekna 200 nye scooterar vorte montert og fordelt, og eit ukjent tal bruka scooterar har skifta eigar. For Yamahaforhandlaren på Rysstad, Jon Atle Helle, er heidersnemninga «Dealer of the Year» tildelt fleire gonger. I 2015 fekk også kollegaen lenger nord på Rysstad, Vidar Helle, denne heideren som Lynx–forhandlar.

pant i fast eigedom, løyvde banken kassakreditt med pant i varelager. Den garantien var eigentleg ikkje meir verdt enn banksjefen sin tillit til kunden. Ein kunne då tenkje seg at dårleg garanti vart kompensert med høg rente og gebyr. Men nei då, kassakreditten var gebyrfri og med same rente som på huslånet! Dermed var grunnlaget lagt for ei vekstnæring. Rysstad Snøscooterservice hadde på det meste forhandlarar i Åmli, Åseral, Sirdal og Kvinesdal. Kundane var ikkje berre frå Agder, men også frå Rogaland, Hordaland og Telemark.

Det begynte i det små med eit lite einmannsføretak i garasjen. Det var Åge Rysstad som starta opp Rysstad Snøscooterservice i 1982. Starten var ikkje berre enkel. Ingen hadde drive med kapitalvaresal i Valle, og politikarane var skeptiske. Det vart ikkje gjeve anten kommunale tilskot eller kommunal garanti.

Behovet for arbeidshjelp synte seg fort. Det som hadde vore ei attåtnæring om vinteren, vart heilårsjobb. Jon Atle Helle var ein interessert ungdom, og etter nokre år som tilsett vart han kompanjong. Motorsenteret AS vart skipa 1. april 1995, og frå 2002 har han drive verksemda åleine.

I Valle Sparebank var derimot tona ei heilt anna. Banksjef Olav O. Rike såg at dette var ein marknad å satse på, og strekte seg langt for å ordne dette. På eit vanleg år kunne det fort verte eit kapitalbehov på opptil 2,5 millionar kr, og det var mykje pengar på 1980–talet. I staden for

For Jon Atle er Motorsenteret eigentleg historia om hobbyen som vart ein leveveg. Dessutan har det vorte ein svært sosial arbeidsplass, der ein stadig vert kjend med nye menneske. Til tider kan det vere mest ei utfordring å kjenne att folk som helsar på anten det er på verkstaden eller rundt om på messer og stands. Nettverket er på båe sider av heia, over til Telemark og vestover til Sirdal.

112

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Scootersal i Setesdal, der stort sett alle har eit forhold til det å bruke snøscooter, er også spennande fordi så mange er engasjerte. Folk ringer heim for å spørje korleis føret er. Andre vil vite om dei skal kjøpe scooter med breitt belte eller langt belte, med store knastar eller små knastar osb. Bygda har vorte ein møteplass for scooterinteresserte. I tillegg til Yamaha og Lynx på Rysstad, vert det selt Arctic Cat på Hovet og Ski–Doo på Øyne i Valle.

På Motorsentret ein gong kring år 2000. Frå v.: Jon Atle Helle, Knut Tveit med fyrste scooteren som kom til Hylestad, Jon Ola Rysstad og Knut H. Rysstad. Når dei bestilte snøscooterane står klare til levering om hausten, skjønar vi at dette er ei viktig næring i bygda. (2011) «Scooterdagar» er det fleire av gjennom året. Vidar Helle på Hylestad Auto har invitert til visning av Lynx og Ski–Doo. (2016)

I media høyrer ein som oftast om dei som på ein eller annan måte misbrukar scooteren, køyrer ulovleg m.m. Fakta er at folk flest er ute etter solide familiescooterar, eller hyttescooterar om ein og kan kalle det. I 2017 er det stor sjanse for at Viking nr. 1000 vil verte levert frå Motorsenteret på Rysstad, og det fortel sitt. Sjølvsagt er det framleis «ungdom» i alle aldrar som er mest interesserte i å skaffe seg eit leiketøy, men ein kan på ingen måte seie at dei dominerer på salsstatistikken. I alle år har Valle Sparebank vore ein naturleg samarbeidspartnar. Det gjeld når bestilte scooterar skal kjøpast inn for levering til kundane, og det gjeld når kunden har behov for å finansiere sitt scooterkjøp. Dette samspelet er utruleg viktig for å få dynamikk i salet. «Men», smiler Jon Atle, «eg trur nok regelverket er meir formalisert no enn då eg begynte for 21 år sidan.» VALLE SPAREBANK 150 ÅR 113


«TRENGJANDE TURISTAR PÅ GJENNOMREISE» Vi merkte oss ovanfor at kommunestyret la til rette for turistar då kommunehuset skulle byggjast i 1958. Turistar var sjølvsagt ikkje noko nytt, men typen turist var i ferd med å endre seg. Då den fyrste turisthytta stod ferdig på Bjørnevatn i 1889, var dette eit tilbod til det vi kan kalle «velståande byfolk». I prinsippet var den open for alle, men i praksis var det ingen andre som hadde råd eller kunne take seg fri frå gardsarbeidet. Slik var det framleis då Bossbu vart opna i 1927. Vallarheim frå 1887 og Bergtun hotell frå 1935 tok også mot gjester, men ut over å vere eit tilbod til velståande turistar, var det ikkje noko bygdefolk nytta seg av utan når situasjonen kravde det. Folk hadde ikkje pengar til luksus. Kommunen sytte også for at bygdefolk ikkje skulle falle i freisting i så måte. Bergtun fekk skjenkeløyve for utanbygds. Bygdefolk vart nekta servering. Solheim turistheim, eller Kyrvestad som også mange sa, var i tillegg til overnattingsstad også bakeri, bensinstasjon og kafé. Etter kvart også med jukebox! Der var det nok rock’en vart introdusert i Valle! Solheim brann i 1974, og noverande anlegg med kiosk, verkstad og bensinstasjon stod ferdig til å takast i bruk i 1975. 114

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Før krigen hadde det kome små kafear og overnattingsstader som tok imot gjester. Tilbodet var i eige husvære, og husets folk flytta berre litt på seg for å gi plass til ekstra middagsgjester. Ei ekstra seng ordna seg enkelt med at ungane flytta inn hjå foreldra ei natt eller to. I 30–åra kosta eit smørbrød 30 øre, og ein kaffikopp 25 øre, og for å overnatte måtte dei ut med ei krone. I Valle kultursoge vert bolken om det vi kan kalle moderne turisme innleidd slik: «Den moderne tidi tok til i –60åri. Fyrst kom Torleiv H. Bjørgums «Sylvartun» i 1962. Eivind K. Helles bensinstasjon, serviceverkstad og kiosk på Rysstadmo stod heilt ferdig i 1967, og mest samstundes opna den nye kaféen «Sissel›s drive in» på andre sida av vegen. Der var det au bensinstasjon og verkstad. På Flateland hadde Olav O. Kyrvestad etablera seg med Setesdalsstoga kro. På sume av campingplassane tok det til å kome opp utleigehyttor, og andre som alt hadde hadde vore i gang eit bel, gjennomførde utbetringar og oppussingsarbeid.»


Vallarheim var den fyrste overnattingsverksemda i bygda som kalla seg hotell. Biletet er teke kort tid etter at hotellbygningen (bak) stod ferdig i 1902. Hotellverten sjølv, Dreng Bjørnarå, med kvitt skjegg. Sigrid Kjelleberg Johansen opna Bergtun hotell i mai 1935, og fram mot 1970 var dette Valle si storstoge. Bergtun opna i mai 2016 på ny dørene for overnattingsgjester. Legg merke til Valle Husflidslag sitt utsal til venstre. (1953) Kyrvestad Turistheim hadde også bakeri og bensinstasjon. Det brann, og Kyrvestad servicesenter vart bygd på tomta i 1975. (1953) Den mest særmerkte av overnattingsverksemdene var nok Norheim kafé som opna i 1964. Gro Heddi Brokke og mannen Tarjei varta gjerne opp med eit stev eller to til maten. (ca. 1987) «Sissel’s Drive In» frå 1967 – frå 1974 Sylvkroa – var eit varsel om endringar. Bygningen var i seg sjølv noko nytt, og etter kvart baud også menyen på mat ingen hadde vore borti før. Chips og pizza er stikkord i så måte.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 115


Campingplassane som er nemnde var i grunnen berre eng som når høyet var vel i hus kunne brukast som teltplass. Utedassen i fjoset gjorde også teneste for turistane, og det vart kobla til ei utvendig tappekran slik at reint vatn var å få. Dusj var ikkje nødvendig. Når desse verksemdene kom inn i NAF–boka, fekk dei ei stjerne. Trestjerners campingplassar var det beste, men då trong ein sanitæranlegg. Det var ikkje så mange av dei. Dei to som var fyrst er i dag dei to største og viktigaste overnattingsverksemdene i kommunen; Valle Motell & Camp og Sølvgarden Hotell og feriesenter. Flateland Camping og Tveiten camping har også etablert seg som moderne reiselivsverksemder med eit godt tilbod. Reiselivet har i dag utvikla seg til ei viktig næring i kommunen, og sysselset mange. Fleire av dei små aktørane har vorte borte. Investeringane har vorte for store etter at krav til standard har auka mykje.

Valle Sparebank har sjølvsagt vore involvert i dei fleste satsingane. Dei fyrste utleigehyttene var enkle, utan isolasjon, bølgjeblekktak og eitt vindauge. Bygginga var mange gonger vinterarbeid for eigaren, som også bruka materialar frå eigen skog. Resultatet var ei gloheit hytte om sommaren og ishus om vinteren. Folk ville ikkje ha det slik, og utover på 70–talet kom det krav om ein heilt annan standard. Då trongst det også ekstern finansiering. Vi tenkjer då på isolerte vegger, innlagt varmt og kald vatn, WC, dusj og TV. Då var banken god å ha som økonomisk medspelar. Folk hadde også behov for banktenester sommarstid, og frå 1976 vart det engasjert sommarvikar i banken. Torhild Aamlid fekk den jobben.

Valle Motell tok føringa som ei moderne overnattingsbedrift då Ingebjørg og Hallvard Kjelleberg opna i 1976. (1991) Reklame for banken i turistbrosjyre frå midt på 1980–talet. Med Skafsåvegen vart eit heilt heieområde opna for hyttebygging. Passa langt for ein sundagstur var det også. Frå v.: Daniel A. Homme, Knut Ulltveit, Tora T. Aamlid, Inger Lund, Tora, Ånund og Osmund Faremo, og Anna S. Homme. På tur etter nyvegen til Bjørnevatn ca. 1965.

116

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


FORVIKLINGAR PÅ ITALIENSK Inger Aamli var den andre som hadde sommarjobb i banken. Ei av oppgåvene var valutaveksling. Som oftast gjekk det greitt, men ein dag kom det ein italienar med ei uhorveleg mengde med lire som skulle gjerast om i norske kroner. Det vart vanskeleg å spørje og mange nullar å hanskast med, og resultatet vart at italienaren fekk med seg 2000 kr for mykje. Banksjef Olav O. Rike var heller morsk. «Der rauk heile marginen din», utbraut han, då Inger måtte innrømme mistaket. «No kan du ‘kje gjere ein einaste feil til i heile sommar!» Inntrykket retta seg ut over sommaren, som enda med at Inger fekk tilbod om fast jobb i banken. Og italienaren? Jo, han var ein ærleg mann, som returnerte alt han hadde fått for mykje då han vel var komen tilbake til Italia.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 117


Hyttebygginga i Brokkeområdet har også kravt omfattande investeringar i infrastruktur for hyttebyggjarane. Bygdefolket har også fått sitt i form av oppkøyrde skiløyper og alpinbakke. (2011) Sommaren 1870 var kunstnaren August Schneider i Valle og laga skisser til korleis den norske kongsgarden skulle sjå ut. På bakgrunn av skissene teikna han dette «Soria Moria»–slottet, som seinare vart modell for alle dei store eventyrteiknarane når Asbjørnsen og Moe sine eventyrsamlingar skulle illustrerast. I mai 2009 inviterte Inger og Tryge Rysstad til opning av sitt eventyrhotell. Slik såg det ut då adventsljosa var tende i desember 2015. Det nyaste reiselivstilbodet er Via Ferrata i Straumsfjellet som opna i juli 2015. I 2016 vart to nye løyper bygde; ein i Nomelandsfjellet i Valle og ein i Løefjødd oppanfor Brokke. Klatringa er sikra med trinn i fjellet og ein solid wire. Hege T. Rygnestad ser til at Hege Silje Jansen kjem seg trygt oppover. Hyttebygginga i Brokkeområdet har fått eit omfang få hadde tenkt seg halvtanna tiår tilbake. I bakgrunnen Løefjødd.

Hyttebygginga heldt fram ved Bjørnevatn etter at Skafsåvegen stod ferdig i 1965, og i området inn mot Myklevatn og Evardalen likeså. Dessutan mykje spreidd hyttebygging. Fellesnemnar er grei, men enkel standard. I dag er det kring 900 hytter i kommunen med eigarar som bur utanfor kommunen. Det betyr at svært mange menneske bruker mykje av fritida si i Valle. Sidan midt på 60–talet har Hovden vore den store magneten for hytte– og skifolket. Skiheis og høgfjellshotell stod klart til å take imot gjester i 1967. Vi fekk turisten som køyrde opp dalen fredagsvelden og nedatt på sundagen. Dei enkel hyttene med utedo og stearinljos på bordet, veik plassen for store moderne hytter med innlagt det meste. Gjerne så nær veg at ein kunne parkere i hytteveggen. Turskia vart bytte ut med slalåmski. Rett etter tusenårsskifte vart det lagt fram store planar om hyttebygging på Furestøyl/Kvisle vest for Brokkegrenda i Hylestad. For fyrste gong vart eit hyttefelt planlagt med infrastruktur i form av vegar, straum, vatn og kloakk. Eit omfattande samarbeid vart etablert for å kome i gang med dette, og våren 2005 kunne skibakken så smått takast i bruk. Valle Sparebank har vore ein viktig samarbeidspartnar på fleire område. Eit prosjekt som dette er heller ikkje alltid i medvind, og det har vore behov for fleksible ordningar på den eine og andre måten for å kome vidare. Uansett korleis ein vinklar det, har etableringa i Brokkeområdet, i tillegg til Sølvgarden hotell, bidrege til ein friskare vind innan reiselivssatsinga i kommunen. Mange verksemder i kommunen har auka marknadsgrunnlaget sitt av di hyttefolk nyttar mykje av fritida si her, det gjeld alt frå daglegvare og gåvebutikkar, til snøbrøytande bønder og likeins Valle Sparebank som har fått mange nye hyttevalldølar som kundar. 118

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 119


Gangardans på Rysstadhåmåren. 120

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Frå Valle til by’n – frå bygdebank til regionbank

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 121


TALLAK OLSSON BROKKA Dette er mannen som reiste til Amerika før Valle Sparebank opna. Truleg miste banken eit stort talent då han pakka reisekista i 1854. I 1880–åra var han med å stifte Harmony State Bank i Minnesota, der han var «Director and vice president» heilt til han døydde i 1910. Økonomisk vart han sitjande rektig så godt i det: «Tallak Brokken er vidt bekjendt baade i Norge og Amerika, som den rigeste blandt Sætersdøler. Da han kom i 1854 havde han kun $150med hvilke han kjøbte 120 Acre Land. For mange Aar maatte han laane

122

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Penger, og betalte da 48% til den berygtede Caston i Chatfield. Men med Forsigtighed og Kløgt har han erhvervet sig store Rigdomme. Nu betaler han $2000 i Skat om Aaret, eier 6000 Acre Land, og har mange andre Interesser. Hvis Sparsomhed er en Dyd, saa er Tallak Brokken svært dydig. Det mest beskedne Hus i Harmony er hans Hjem, og Mynten betragter han som et helligt Klenodie, bestemt for andægtig Beskuelse, men ikke letfærdig Nydelse.»


Samstundes som vi i Valle kan feire 150 år med eigen bank, er det også akkurat 200 år sidan Noreg gjennom skipinga av Norges Bank fekk sitt eige bank– og pengesystem. Til då hadde dette vorte ordna frå København. Omgrepet sparing var truleg ukjent for dei fleste dølane då Christiania Sparebank opna dørene den 29. juni 1822. Heilt visst tok det også lang tid før ryktet om denne nye typen verksemd, der ein kunne setje inn pengar og få att meir enn ein hadde sett inn, nådde dalen. Kanskje det heller ikkje var så interessant, for bøndene hadde frå gamalt sitt eige system.

Slik såg det ut i Valle i september 1833. Han som teikna heitte Simon Olaus Wolff. Legg merkje til at mannen har knebukser og jakke, og at kvinna sit og strikkar. Det er den eldste dokumentasjonen vi har på at nokon strikkar i Setesdal. Tallak Ulvsson Brokka. Bak står: «Dette er taget på stortinget i St. Paul 1876.» Gravstøtta til Tallak Brokka (1828–1910) på ein kyrkjegard i Harmony, Minnesota.

Dette systemet skilde ganske tydeleg mellom rike og fattige. Dei som var rike frå før hadde gode mogelegheiter til å halde fram med det. Likeins hadde dei utan formue eller eigedomar liten sjanse til nokon gong å makte å take steget opp i eit høgare sosialt lag. Det var bøndene som hadde pengar. Husmenn og andre arbeidsfolk (tenestefolk, tømmerhoggarar m.m.) hadde i beste fall lite pengar. Behovet for å plassere dei var minimalt.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 123


Dei fyrste sparebankane vart borne fram av ei filantropisk rørsle som hadde som overordna mål å hjelpe fram dei som trong det. Sagt på ein annan måtte, hadde dei formuande og vellykka ei moralsk plikt til å hjelpe fram dei som ikkje var like heldige. Ein måte å gjere dette på var å leggje til rett for at folk kunne greie seg sjølve. Byklarar og hylstringar hadde møtt litt av den haldninga då dei fekk kornmagasina tidleg på 1800–talet. Meininga med dei var at fattige kunne låne korn i dårlege år, og så levere tilbake korn når ein hadde overskot – eller fekk kjøpe i byen – med eit tillegg på 12,5 %. Det var au ei sikring når eitkvart kom på, særleg vinterstid, og vegane ikkje var farbare.

i økonomisk som moralsk Henseende og foreslog for Formandskabets Medlemmer at virke hver i sin Kreds for Oprettelsen af en saadan Indretning ved Actietegning. Alle Formandskabets Medlemmer lovede om mueligt, til Nytaar, at faa samlet Actier til et Grundfond af 200 Spd.» Banken hadde altså to føremål. Økonomisk var det ei ordning for bøndene til å skaffe seg pengar til investeringar i jordbruket. Den moralske delen var eit slags tru på at bøndene på denne måten skulle lære å spare, og ikkje bruke pengane sine på ting dei ikkje trong.

Andre stader ser vi at midlane frå kornmagasinet gjerne vart bruka til grunnfond i bank, men sidan eit slikt ikkje fanst i Valle sokn var det ikkje mogeleg. Vi merkjer oss likevel at det på eit kommunestyremøte Som vi har vore inne på var kommunikasjonane i rask utvikling på 1800– like etterpå vart vedteke å selje kornmagasinet i Hylestad, og setje dei talet, fyrst med veg og sidan med båt. Bøndene i Valle var ikkje lenger verdiar som var i banken. Renta av pengane skulle gå til dei fattige. heilt upåverka av det som rørde seg i verda rundt. Det var i denne overgangen at ordførar og sokneprest Peter Blom på eit møte i formannskapet «udviklede nytten af en Sparebanks Oprettelse saavel

Det eldste biletet frå Rysstad er teke i 1875. Dei to sentrale bygningane i biletet, kyrkja og garden Århus, står likeins i dag. Peter Blom (1828–1912)

124

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


EIN BYGDEPAVE AV DET GODE SLAGET var tittelen Tarald Nomeland bruka på ein artikkel om presten Peter Blom i Jol i Setesdal i 1963. Og held fram: «Han var ein kar utanom det vanlege – med overmål av kraft og gå–på–mot. Han kom til å rå i Valle som ein småkonge, men makta fekk han på grunn av sine mangfelte kunnskapar, sine rike evner, si uvanlege arbeidskraft og sin dugleik på så mange omkverve. Han vart ein reformator i bygda, ein opplysningsven og framstegsmann av dei få.» Det kunne seiast mykje om mannen. I kortversjon kom han som prest til Valle frå Konstantinopel i 1864. Året etter vart han vald til ordførar, og av store og viktige saker som vart sette i gong før han reiste frå bygda i 1880, var:

– bruer i Flårenden og Halland – oppretting av Valle Sparebank – utskifting i Vallebø (kvar bonde sin teig) – skulehus i kvar krins (i staden for omgangsskule) – senking av Otra ved Halland og Flårenden (mot flaum) – køyreveg til Bykle og omlegging av Byklestigen I 1896 gav han ut boka «Beskrivelse over Valle prestegjeld i Sætersdalen». Vi må og leggje til at prestekona, Marie Blom, gav ut ei av dei mest kjende, norske kokebøkene, «Husholdningsbog for By og Land» i 1888. Vi kan jo tenke oss at nokre av rettane hennar også vart serverte i prestegarden i Valle.

«Husholdningsbok for Bygd og Land af Marie Blom f. Magnor» kom fyrste gong ut i 1888. Marie Blom (1837–1917) med eitt av borna.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 125


VÅREN 1866 I byane og bygdene langs kysten vart det etablert sparebankar i 1840 og –50–åra. Så fylgde dei indre bygder på rekkje og rad. I dalen vart «Plan for Sparebanken i Hordnæs og Evje» vedteken 27. august 1864, Valle følgde etter i 1866, Iveland i 1867 og Bygland i 1868. På lista over norske sparebanketableringar har Valle nr. 215. Oppmodinga frå formannskapet om å samle inn pengar til eit grunnfond var vellykka. Til jol var det teikna 62 aksjar kvar pålydande 5 Spd., slik at grunnfondet vart på i alt 310 Spd. 27. desember 1865 var subskribentane samla i skulehuset i Ruslehaugen og vedtok utkast til bankplan.

hadde sikra seg ein aksje til skipingsmøtet – tykkjest ha fått nokon plass i bankstyringa. Dette var kanskje ikkje berre lurt. Iallfall hylstringane tykte det mange gonger kunne vere like greitt å bruke ein bank i Kristiansand. I Bygland var banken for heile prestegjeldet. Vidare noterer vi oss at banken skulle take imot innskot frå båe kjønn, at innskytarane skulle få renter, og at det ikkje kosta noko å ha pengane ståande i banken. Innskota skulle vere «frugtbringende for Eierne», og «enhver» hadde rett til å setje inn på konto på vegne av born, tenestefolk og andre. Dersom ikkje anna var sagt, kunne ikkje pengane takast ut før desse personane var myndige.

Banken fekk namnet «Valle Sogns Sparebank», og namnet understrekar at retten til å vere med som stiftarar ikkje omfatta byklarar og hylstringar. Heller ikkje dei frå Oveinang – berre Knut H. Røysland

Ruslehaugen, der det fyrste møtet i banken vart halde, er til høgre i biletet. Sjølve skulehuset var på den tid biletet vart teke flytta til Åkre. Frå v.: Hildeborg J. Lund, Torbjørg O. Kjelleberg, Tora O. Bø, Helga O. Jore, Sigrid O. Kjelleberg, Anlaug O. Jore, Tora O. Jore, Såve Å. Nomeland, Olav O. Bø, Bjørgulv O. Kjelleberg. (Ca. 1910)

126

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Det skulle tilsetjast ein kasserar, «hvem det alene tilkommer at modtage og udbetale Penger på Bankens vegne». Kasseraren var også bokhaldar, rekneskapsførar og sekretær. I praksis var det denne eine personen som organisere banktenestene som han ville innanfor dei rammene styre og forstandarskap vedtok. Einaste sikring var at når banken var open skulle to av styremedlemene vere til stades. I praksis ser vi at desse då signerer bankbøkene saman med kasseraren.

LARS OLSSON HOÅS Ein av revisorane i 1872 var Lars Olsson Hoås frå Sunndal. Han vart tilsett som lærar i Homme og Tveitebø krins i 1870, men flutte i 1873 til annan post som lærar i heimbygda.

Vedtektene vart godkjende av departementet den 22. mars 1866, val av tillitsmenn vart gjort 22. mai, og 29. mai vart dørene opna for kundar. Det vart den dagen sett inn 5 Spd. og lånt ut 204 Spd., så starten vart ikkje heilt etter planen. Etter kvart jamna det seg ut. Då fyrste rekneskapet vart lagt fram hausten 1867, var innskota på 1451 Spd., og alt saman var lånt ut med sikring i panteobligasjonar.

I Valle er det ingen lenger som har høyrt om mannen, men i Sunndal er han kjend som gardsstyraren og elskaren til den legendariske Lady Barbara Arbuthnott. I Sunndal vert det årleg framført eit musikkspel som ber namnet: Lady Arbuthnott: frua på Elverhøy, der også Lars er ein av medspelarane.

I kontraboka til Bjørgulv T. Homme står med sirleg skrift: 1866 29de Mai. An. (1 Aktie) i Sparebankens Grundfundas 5 Spd. Lady Barbara Arbuthnott og Lars Hoås.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 127


DEI FYRSTE ÅRA Torjus Åkre har skriva hundreårssoga til banken, og slik han skildrar dei fyrste åra er det tydeleg at ingen heilt visste korleis det skulle gjerast. Mellom anna lånte dei ut frå grunnfondet utan å reflektere noko særleg over det. Kva tid renter og avdrag skulle betalast, var også lauseleg bestemt. Til jol i 1866 kom ei innstramming slik at dei som lånte frå no av måtte stille med kausjonistar, og avdrag og renter måtte betalast til fastsette tider. Frå 1870 hadde kasseraren fullmakt til å avgjere storleik på avdraga. Det vart vurdert utifrå kor mykje pengar som til ei kvar tid stod inne, og kor store summar som vart oppsagde. Oppseiingstida auka med storleiken. Skulle meir enn 100 Spd. ut av konto, måtte banken få melding om dette seks månader før. 128

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Lånetida var også 6 månader (auka i 1872 frå tre månader), men det var heilt greitt å be om fornying av lånet. Renta for dei månadane som hadde gått måtte betalast. Største utordringa var å organisere drifta slik at ein hadde passeleg med driftsmidlar. I 1872 vedtok styret å låne opptil 1000 Spd. i Christianssands Sparebank for å dekke etterspurnaden. Seinare på året var det heilt omsnudd. Då sat dei inne med 2000 Spd. i kontantar. Det var for stort ansvar, så 1500 Spd. måtte setjast inn på konto i Kristiansand. Som nemnt gjekk styresmaktene i 1875 vekk frå det gamle pengesystemet med spesidalar og skilling. Frå 1. januar 1877 vart bankpapira gjorde om, slik at alle pengebeløp vart oppgjeve i kroner og øre.


MYNTAR I dansketida var den vanlege mynteininga 1 riksbankdalar = 96 skilling I 1816 fekk Noreg eigne myntar i staden for dei danske. 1 spesidalar = 120 skilling Som reknemynt (dvs. ikkje prega mynt) hadde vi også ort: 1 spd. = 5 ort 1 ort = 24 sk. 1873/75 vart systemet med kroner og øre innført. 1 kr = 100 øre Dei vanlegaste myntane og siste året dei vart prega: 1 øre – til 1972 2 øre – til 1972 5 øre – til 1982 10 øre – til 1991 25 øre – til 1982 50 øre – til 2012 1 kr Boneidfura i Prestevodden var eit kjennemerke i bygda, heilt til ho måtte i velten under ein storm i 1968. Det fyrste museumsstyret på skipingsdagen for Setesdalsmuseet 9. juni 1938. Frå v.: Torgeir Bjørnaraa, Tarald Nomeland, Kristian Stubseid, Svein Rygnestad, Torjus Åkre, Gunnar Haugå og Ånund Skomedal. Reiselivet har lange tradisjonar i bygda. «Look this old house inside. Entrance 25 øre» stod det måla på dei gamle husa i Sagneskar. Bak Aslak S. Sandnes med sonen Knut og Olav T. Sagneskar med sonen Tarjei. Framme står Torbjørg Lien, Sigrid O. Sagneskar og Tarjei B. Sagneskar. (ca. 1894)

Frå 1964 var 5–kroningen i papir erstatta med mynt. 10 kroning i papir vart erstatta av mynt i 1983, og i 1994 kom mynt pålydande 20–kroner. Dei eldste norske myntane følgde gullstandarden, men frå 1931 består myntane av kopar og nikkel. 10– og 20–kroningane inneheld også sink. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 129


Fesjå i Valle 2. oktober 1930.

130

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Sauesjå i Valle kring 1960.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 131


Folk flest budde enkelt. Den gong var det ingen som lånte pengar til å reparere eller utbetre huset. Dei som sit rundt åren i gamlestog i Nedundhaug er syskena Gunnar, Gunvor og Olav P. Haugen e.

132

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


AMTSAGRONOM Som ei hjelp til bøndene vart det i 1862 oppretta stilling som amtsagronom. Valldølane tykte dei såg sjeldan til mannen, og i 1868 vart saka drøfta i kommunestyret, der eit mindretal, med Olav O. Åmli som talsmann, meinte at «Prøvetiden nu bør have en Ende», og ville seie opp posten. Fleirtalet ville derimot fyrst prøve med ein ny instruks der «Amtsagronomen tilpligtes hvert Aar eller hvert andet Aar at opholde sig en længere Tid i hvert av Amtets Herreder for at give Herredets Indvaanere Veiledning i Agerbrug, Kreaturstel, Smør og Ostetilvirkning, samt i Konstruktion af de almindelige Agerbrugsredskaber.» (Valle kultursoge bd. VII) Slutten av 1870–åra og tiåret som følgde, var vanskelege år for banken. Der ein før hadde vore tolmodig og venta til den skuldige fekk ordna seg, var ein no nøydd til å krevje inn meir hardhendt. Nokre lån enda i forliksråd, det vart inndriving av renter og utpanting. Banken tøygde seg for å sleppe dette. 18. januar 1889 fekk styreformannen fullmakt til å gjeve «henstand» med å fullbyrde domar og forlik. Utlånspolitikken vart også endra. Som nemnt ovanfor var alle utlån avhengige av kausjonistar. Ordninga var lite tenleg i tider då også kausjonistane fekk vanskar med økonomien. Siste dagen i 1888 vedtok forstandarskapet at det i tillegg kunne gjevast lån mot pant i fast eigedom slik det hadde vore høve til i Hypotekbanken sidann1851 etter dei reglar som galdt for «Oplysningsvæsenets Fond». Endringane hadde samanheng med den nye banklova som kom i 1887. Der vart det mellom anna stilt krav til drift av sparebankar. Ei viktig nyskaping var kontrollnemnda, som uavhengig av direksjon og revisjon fire gonger om året skulle gjennomgå bøker og verdipapir og kontrollere kassa. Den gamle bankplanen kunne heller ikkje brukast slik den hadde vore, men ikkje før i 1893 vart ei nemnd sett ned for å kome med framlegg til ny. Utan at vi her skal bruke plass på alle endringane i høve til den fyrste planen, merkar vi oss formuleringa i §4: «Forstanderne vaager over, at den om Sparebankerne gjældende Lovgivning og denne Plan nøie overholdes og fatter de Beslutninger, som ansees nødvendige og gavnlige for Bankens Organisation og Virksomhed.» Eldre bankar vart gjeve ein frist på fem år på å omstille drifta i høve til den nye lova. Departementet godkjende planen 15. februar 1895. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 133


SAMAR I SØR Eit eksotisk innslag nokre år på tidleg 1900–tal, var då sørsamar leigde beite av bøndene og dreiv store tamreinflokkar inn i heia. Lars Johnsson og kona Sigrid sat i Sandvasskvæven frå 1907–14. Tomtene etter bua syner enno. På Kyrkjenauslega om lag midt mellom Vardsvatn og Kleivi i Evardalen, sat Anders Renander. To av borna vart endåtil fødde der inne, og ein son døydde der. Eldsteguten var fosterson hjå morssystera Sigrid og Lars med Sandvatn. Dette er så vidt ein veit den sørlegaste samiske busetjinga i Noreg.

Vi anar dei fyrste spirene til internkontroll, men framleis var det nokre få menn som hadde tilnærma alt å seie for forvaltinga av banken. Åra før 1900 var rimeleg gode for banken og bygdefolket, og det er tydleg at det rår ei meir avslappa stemning i kontrast til uvissa eit tiår tidlegare.

Tamreinhald vart ei viktig næring i dalen heilt fram til 1978. Etter at samane reiste, var det bygdefolk som stod for drifta.

Vinteren 1911 vart tamreinen slakta på elva mellom Rysstad og Bjørgum.

134

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Torjus Åkre oppsumerer i hundreårsskriftet: «Det var nok dei som i desse åri ikkje betala rentor og fornya obligasjonane på rett tid, sume av slurveskap, andre av pengenaud. Men det gjekk mest av seg med ei påminning, så det var få som laut møte i forliksrådet. Endå færre vart eksekverte. Ein gong vart ein pantauksjon tillyst, men utsett. Vedkomande fekk truleg ordne seg på eikor vis.»

Åsmund D. Steinsland e. var morosam som auksjonarius. Heldigvis var det oftast friviljuge auksjonar. (ca. 1940).


EIT NYTT HUNDREÅR Det var ein bank i vekst som tok steget over i det nye hundreåret. Det var overskot av pengar som kunne setjast inn i Christianssands Sparebank, og det var endåtil råd med eit lån på 10 000,– kr til grannen i sør; Bygland sparebank. Den nye banklova hadde òg eit punkt om at når bankens forvaltningssum oversteig kr 20 000,– skulle ein bruke 1/10 av forvaltningssummen til å kjøpe lett omsetjelege verdipapir. Det vart ordna med eit kjøp av obligasjonar i Den Norske Hypotekbank for 5 300,– kr. Dette var ein enkel og sikker måte å plassere pengar på, og framover ser ein at banken gjorde mange slike kjøp.

Jentene fekk oftast opplæring i det som hadde med heimen å gjere. Saumekurs var ei nyttig erfaring for mange. Frå v.: Gyro Hoftuft, Tora Hoftuft, Hildeborg Lund, Inger Åkre, Gyro Skeidvollen, Ingebjørg Kr. Viki, Jorunn O. Løyland. Midten: Torbjørg Å. Nomeland, Liv B. Rysstad, Gro Haugebirke, lærar Gro Lauvdal, Torbjørg Løyland, Gyro Rike, Targjerd H. Homme. Bak: Tora B. Homme, Gunhild T. Homme, Gunne Berg. (ca. 1910)

1914 er eit merkeår i soga med utbrot av fyrste verdskrigen. Då det viste seg at Noreg vart ståande utanfor krigshandlingane, vart dei neste fire åra ei oppgangstid utan like. For banken varte oppgangen heilt til 1922. Skog– og landbruksprodukt var mangelvare på kontinentet. Alt som vart produsert vart selt til gode prisar. Motsett var det svært lite å kjøpe av anna vare. Det var arbeid å få, og til og med Bøgruva kom i drift att for ein kort periode.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 135


BØGRUVA Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Det Sæthersdalske Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesidalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld. Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Innteninga var dårleg, så etter ei tid vart drifta lagd ned. I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12–13 mann i gruva. (Setesdalswiki)

Slik såg det ut ved Bø–gruva i 1986. Mykje av steinen er seinare teken i bruk til vegbygging. Det nasjonale stod sterkt i bygdene. Dette biletet er mest sannsynlege teke før unionsopplysinga 1905, og likevel er det reine norske flagget i bruk. Norskdomsfolk av fleire slag. Lensmann Ole Lund, ukjend, Alexander Seippel (professor frå Frøysnes som m.a. omsette Bibelen til landsmål), Torleif Homme (frå Homme, prest, skulemann og gymnaslærar på Hornnes) og Bjørgulv Bjørnaraa (leiar i Setesdalslaget, og sentral i norskdomsrørsla i Amerika). (ca. 1900)

136

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Pengane som folk tente vart bruka fornuftig, skrivar Torjus Åkre i hundreårsskriftet. Gjeld vart nedbetalt, husa sette i stand og jorda dyrka. Og sjølvsagt var banken beste staden å plassere det som var til overs. Forvaltingssummen, som var 322 000 kr i 1915, hadde vorte 1.115 mill. i 1922. Det var ikkje berre i Valle at økonomien var i endring. Utan at vi skal gjeve oss i kast med den nasjonale økonomien, er det viktig å vere klare over at det var i desse åra at bankvesenet for alvor søkte saman for å verte sterkare. Den 26.9.1914 vart Centralforeningen for Norges Sparebanker stifta – frå 1955 Sparebankforeningen. Året etter vart Den norske bankforening – forretningsbankane sin organisasjon – skipa. Særleg Sparebankforeningen kom til å spele ein viktig rolle då krisa kom på 1920–talet. I 1918 var mange sparebankar med på å etablere Bøndernes Bank som ein spesialbank for skog og jordbruk. Sparebankforeningen svarte med å invitere til teikning av aksjar i ein norsk sentralbank for sparebankane. 1. mai 1920 var Fellesbanken oppretta som sparebankane sin forretningsbank.


JØRGEN LØVLAND Jørgen Løvland frå Evje var ein av Noregs mest profilerte politikarar dei to siste tiåra av 1800–talet og fram til han døydde i 1922. Mange valldølar var på førenamn med mannen som leia forhandlingane i Karlstad under unionsoppløysinga i 1905, og som seinare vart Noregs fyrste utanriksminister i 1905, og statsminister og utanriksminister 1907–08. Han kom til Valle fyrste gongen hausten 1865 som huslærar for borna til lensmann Ole Sundsdahl. Sjølv fekk han då tyskundervisning av sokneprest Blom. Det bar til byen og lærarpost der på nyåret, men opphaldet hadde nok gjeve meirsmak, for då stillinga etter Sundsdahl vart lyst ut i 1872, var han ein av søkjarane. Han var truleg for ung for stillinga.

Desse tiltaka bidrog mest til å samle bankane om ein felles politikk. Frå statleg hald kom Sparebankinspeksjonen i 1919, frå 1924 endra til Bank– og sparebankinspeksjonen som då omfatta både sparebankar og forretningsbankar. I 1921 kom også Sparebankenes sikringsfond, i 1924 endra til Sikringsfondet for sparebanker. Valle Sparebank heldt seg utanfor der det var mogeleg. Innskot i sikringsfondet var lovpålagt med 2 % av årleg nettooverskot. Den laut betalast, og dei måtte også forhalde seg til pålegg frå Sparebankinspeksjonen. Til dømes galdt det i samband med gjeldsforhandlingane med Hylestad kommune og Aust–Agder fylke om Høgefoss kraftstasjon.

Seinare var han styrar for den ambulerande amtsskulen i Setesdal, og mange fekk gleda av å ha han som lærar. Vinteren 1881–82 var skulen i Valle, og Løvland budde då i Viki.

Gubberenn i Hagen på Helle i 1953. Etterpå var det utdeling av premiar og fest i ungdomshuset. Framme: Folkje T. Helle, Knut T. Helle (Åsheim) og Torleiv K. Helle. Bak: Olav G. Straume, Andres J. Helle, Hallvard Å. Helle, Gunnar O. Helle, Tarald D. Straume, Pål T. Besteland, Olav Å. Rysstad og Knut T. Helle (Hagen). Jørgen Løvland fekk ofte gjennomgå i karikaturblada. Då han som Stortingspresident held tale til Kongen på landsmål, fekk han framsida på Vikingen sitt jubileumsnummer for 1913 med teksta: «Aa saa foreslaar eg eit leve fyr han Haakon aa kjærringa hans.»

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 137


138

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Nordibø 1955. Fleire av bygningane er sentrale i Valle Sparabank si soge. I Nordstog Kjelleberg omtrent midt på biletet var banken det meste av 1800–talet. Like nordanfor står Heradshuset, som eigentleg er det gamle skulehuset i Ruslehagen der stiftingsmøtet var i 1866. Så kjem Valle Handel der banken hadde kontor frå 1952 –1962. Rysstad sentrum i 1955 bestod av verkstad og bensinstasjon på ei side av vegen, og to sylvsmedar og samvirkelag på den andre. Valle sparebank hadde filial i samvirkelaget frå 1989 til 2004. Gyro O. Nomeland på kjøkkenet sist på 1950 talet. Vi ser det har kome innlagt vatn, og ikkje minst ein moderne, elektrisk komfyr med magasin.

KRIG OG ETTERKRIGSTID Etter dei hektiske 30–åra med gjeldsproblematikk og arbeidsløyse, var tidene i ferd med å betre seg då ny krig braut ut i april 1940. Tyskarane var avhengige av at finans– og bankvesen fungerte, og la ikkje ned så mykje krefter for å «nazifisere» bankane. Quisling prøva seg med eit «Norges Bankforbund», men som med så mangt anna var ikkje oppslutninga særleg stor. Folk sette inn pengar på konto, og tok dei ut når dei trong, men som regel var det vanskeleg å finne noko fornuftig å bruke pengane på. Tyskarane trykte opp mykje setlar under krigen, og laurdag 8. september 1945 var det innbyting av setlar. Hjula tok til å svive att, og for Valle Sparebank var det lite forandring. Når folk betalte renter og avdrag som dei skulle, og overskytande kapital vart plassert i statsobligasjonar og anna trygt, var det å drive bank ei næring som ikkje kravde all verdens kunnskap om økonomi. Til og med renta, både på utlån og innlån, var som regel uendra gjennom heile året. Mellomkrigstida hadde vore utrygg, og mange sleit med å få endane til å møtast. Folk flest hadde lært at det var lurt å tenkje framover.

Ha pengar på bok i tilfelle noko uventa skulle skje. Då var einaste løysing pengar i banken. Ein måtte spare til ein hadde pengar nok. Deretter kunne ein kjøpe. Etterkrigstida vart gode år. Straumen kom, og folks måte å leve på vart snudd opp ned. Nye tankar var i ferd med å spreie seg frå byane og til bygdene. Kvifor vente med å få seg hus til pengane stod på bok? Kvifor ikkje heller spare den omvendte måten? Take eit lån i banken, og betale renter og avdrag. Dessutan hadde det å spare den baksida, at medan pengane hopa seg opp på konto, auka også prisen på det ein sparte til. Då var det vel lurare å låne? For andre var det dette som skulle til før ein kunne kome i gang med næring av eitt eller anna slag. Nokre lånte til lastebil og traktor. Andre trong pengar til elektrisk høvel og sag på snikkarverkstaden. Etter kvart vart det vanleg å be banken om hjelp til kjøp av personbil. På 1960–talet var nok det å kjøpe seg privatbil på grensa til å verte rekna som luksus, men det vi i dag vil kalle reine forbrukslån har aldri vore ei teneste Valle Sparebank har prioritert høgt på utlånslista.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 139


Det var ein moderne butikk Sverre Lund sette opp i 1939. Ryddig og reint gav eit heilt anna inntrykk enn krambuene folk var vande med. Bak disken Ingebjørg O. Rike og Olav K. Løyland. (ca. 1943) Sverre Lund på butikktrappa slik mange minnest han. Valldølar på handel ein gong midt på 1960–talet. I dag er det Kent Even Andersen som driv verksemda vidare. (2014) Moderne annonsering måtte til. Frå KOT si årbok i 1948 merker vi oss isbjørnfellar, og frysevarer «fra Setesdalens første fryseri og kjølerom».

140

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 141


Nordibø og banken i 1965. Ånund E. Brokka køyrde ponny når han var av og handla. Då fekk ein au slå av ein prat med gamle kjenningar; her Tarjei Sagneskar.

GILD OG UGILD Bankinspeksjonen mai 1965: Med tilføre av at den eine av revisorane er bror til formannen i forstandarskapet, som og er formann i tilsynsnemnda, skal ein gjera merksam på at tilsynsnemnda og formannen i forstandarskapet er dei næraste føresatte for revisorane. Det er ikkje samsvar med kravet til god kontroll i sparebanken at den eine revisoren er i så nær skyldskap til eit medlem av tilsynsnemnda som og er formann i forstandarskapet. Ein viser til §65, tredje leden i aksjelova, som analogisk må gjelde dei teneste– og tillitsmennene i sparebanken som står i kontrolltilhøve til kvarandre.

142

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Forstandarskapet i jubileumsåret 1966. Framme frå v.: Eivind K. Homme, Torjus Åkre, Torleiv Sagneskar, Olaf Lund, Torleiv Harstad, Ånund Viki, Knut Viki. Bak: Ketil Dale, Hallvard Dale, Daniel A. Homme, Olav B. Harstad, Olav D. Rike, Eivind H. Hoftuft, Kjetil A. Kyrvestad (e), Jon Kyrvestad, Jon P. Haugen, Torleiv O. Bø, Tjodgeir Tveiten.

DEI «GLADE» 60–ÅRA Ved inngangen til 60–åra var sparebankvesenet i all hovudsak organisert på same måten som før krigen. Dei fleste mindre bankar hadde ikkje tilsett banksjef, og ein og same person var kasserar og bokhaldar. Mulegheitene til internkontroll var minimale. Føresetnaden for å få det til å fungere, var at den eine personen som var tilsett hadde den kompetansen som trongs. I Valle Sparebank var det Mikjål O. Harstad som sat med ansvaret då Brokkeutbygginga tok til i 1961. At han var utdanna jurist var sjølvsagt ein stor styrke når millionane begynte å rulle gjennom systemet. Når einaste hjelpemiddela han hadde å greie seg med i all hovudsak var eit godt hovud og ein blyant, seier det seg sjølv at det vart mange og lange tallrekkjer å halde styr på. Mange sparebankar sleit med at dei heilt mangla tilsette med formell utdanning. Etterkrigstida var ei veksttid, men også ei samlingstid. I jubileumsboka til sparebankane, «Forandring og forankring», som har vore ei svært nyttig kjelde i arbeidet med denne boka, les vi dette om etterkrigstida: «Den økonomiske politikken, inklusive finans– og penge– og kredittpolitikken ble preget av Arbeiderpartiets ønske om sterkere statlig styring, både for å oppnå økonomisk vekst, full sysselsetting, sosial utjevning og distriktsutvikling.»


Siste biletet av det samla heradstyret før Valle og Hylestad gjekk kvar til seg frå 1.7.1915.

Frå 1950 var det også høve til å spare i Postsparebanken. For hylstringar og byklarar var dette eit godt alternativ. Der kunne ein på ein lettvinn måte ordne det ein trong på dagen, utan ei lang reise til Valle. (Ein valletur tok gjerne dagen for dei som ikkje hadde bil sjølve.) Eit anna alternativ var samvirkelaga, som også tilbaud banktenester. Banken hadde på sett og vis monopol på å bestemme kven som skulle få låne pengar eller ikkje, og på kva vilkår. I den grad forstandarskap og styre også hadde kontroll med kven som vart vald inn i bestemmande organ, unngjekk ein det meste av meiningsytringar og framlegg som kunne medføre forandring. Av møteprotokollane til banken ser ein at det også var stor uvilje mot å rette seg etter dei signal som kom utanfrå. Bankinspeksjonen hadde ein grundig gjennomgang av verksemda i 1964 og 1965, og drog mellom anna fram pålegg som var gjevne tilbake på 1930–talet som framleis ikkje var innfridde. Same dagen som Valle og Hylestad vart slegne saman til ein kommune, den 1.1.1962, tok ei ny sparebanklov til å gjelde. Frå gamalt var det slik at vart ein vald inn i forstandarskapet så vart ein verande der. No fekk kommunen rett til å oppnemne fire personar, og med det kunne det veljast inn folk utanfor den gamle «valkrinsen». Dvs. at det frå no av kom med personar frå heile kommunen i dei styrande organ.

Møte mellom heradstyra i Valle og Hylestad Valle hausten 1961 ikkje lenge før dei på ny vart slegne saman til ein kommune.

Bankinspeksjonen klaga også på alt for liten administrasjon. Den låg på 1/3 av gjennomsnittet for landet. Det måtte kome fleire tilsette; underforstått slik at arbeidet kan delast mellom ein bokhaldar og ein kasserar. 5. oktober 1965 tok Olav O. Rike til som bokhaldar, og Mikjål Harstad heldt fram som kasserar. Styret lika ikkje tanken på at to tilsette skulle styre banken, og kravde at styreformannen skulle halde fram med å vere til stades kvar dag banken var open. Frå gamalt var det ekspedisjon ein dag i veka. Nærast under tvang frå bankinspeksjonen vart den før jol 1964 auka til to dagar. Forstandarskapet bestemte året etter at det skulle haldast ope kvar dag, medan styret prøvde seg med eit vedtak om tre dagar. Dette vart overprøva av forstandarskapet, og styret hadde ikkje anna val enn å akseptere ordninga. Då kunne ein tru den striden var til endes, men jammen tok forstandarskapet opp att temaet i 1967. Då var eitt av argumenta for å behalde ordninga at ein måtte møte konkurransen frå Postbanken som og hadde ope kvar dag. Dessutan visste ein at framtidsutsiktene var gode, ikkje minst med eintydige signal om meir kraftutbygging.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 143


OPNINGSTIDER Styremøte 19. januar 1966: Forstandarskapet har i møte 21.12 vedteke samrøystes at det skal vera ekspedisjon kvar dag frå kl. 9.00 eller 10.00 til kl. 2.00. Frå bankinspeksjonen har det kome skriv at etter vedtektene er det styret som skal fastsetja stad og tid for ekspedisjonen, og at det ikkje trengs samtykke frå Bankinspeksjonen. Den 30. nov. 1965 sak 158 vedtok styret at der skal vera ekspedisjon kvar tysdag–torsdag og laurdag frå kl. 9.00 til 15.00. Etter at Forstandarskapet samrøystes har vedteke at der skal vera ekspedisjon kvar dag finn styret at det må bøygja seg for dette. Frå 1.2–66 vert det då ekspedisjon kvar yrkedag frå kl. 9.00 til kl. 2.00. Skal vi tolke vedtaket, må det vel nærast forståast slik at styret prøvar å fråskrive seg eitkvart ansvar for endringa!

144

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Også eit anna av krava bankinspeksjonen kom med var det nyttelaust å gå imot. Banken forvalta store summar, og i 1964 var det ikkje nokon veg utanom å engasjere ein autorisert revisor. Denne kom berre i tillegg til dei valde revisorane. I 1971 kom det krav om at denne skulle tilsetjast i banken, og Steinar Thommessen vart tilsett under den føresetnad at dei innskytarvalde revisorane skulle nyttast så mykje som mogeleg. Slik var det til i 1978, då alle revisorane vart tilsette. Knut J. Homme hadde detaljrevisjonen ut 1997, då det kom krav om å setje heile revisjonen bort til eit eksternt firma.


TILPASSING OG MOTSTAND Styret ynskte som oftast å gjere ting på sin måte, og valde medvite vekk alle typar samarbeid som medførte tap av kontroll. På den andre sida var banksystemet så strengt regulert frå staten, at det ikkje var mogeleg å take grep med tanke på å auke innteninga. Sparebankane finansierte lån til bustad, men alt anna var det forretningsbankane som hadde kontrollen med; ikkje sjeldan med pengar dei hadde lånt frå sparebankane. I ei tid med fokus på industrireising, var ikkje dette nokon god situasjon. Det vart eit krav var at sparebankar og forretningsbankar måtte jamstellast.

Steinar Thommesen var ekstern revisor i banken frå 1979. Her held han tale i høve opninga av nybygget. Frå v.: banksjef Olav O. Rike, fru Thommesen, Steinar Thommesen, Kirsten Bråten Berg og styreformann Bjørgulv N. Berg. (1987) På fine dagar er Otra framleis ei naturperle, men under ei blank overflate skjuler det seg ei sterk tilgroing. Kring 1960 var kulturlandskapet på Kveste framleis i all hovudsak med det gamle. I 2016 har den nye vegen skapt eit heilt anna landskap.

For banken hadde i alle år jordbruk og skogbruk vore det ein hadde lånt ut pengar til. Utlåna var små, og inntektene deretter. Andre smånæringar fanst, men det var fyrst med kraftutbygginga at det kom lånesøknadar på så store beløp at det fekk verknadar for drifta av banken. Ein av dei som etablerte seg i denne perioden var Nomelands Anleggsmaskiner – no Nomeland Anlegg AS. Banken lånte ut pengar, men fekk problem fordi Bankinspeksjonen no sette grenser for kor mykje som kunne lånast ut til ein og same kunde.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 145


NOMELAND ANLEGG AS RYSSTAD SAAVI NOMELAND Det går enno gjetord om ei tømmerdrift på Straume midt på 50–talet, og dei tøffe karane som fekk tømmerstokkane ned den bratte Straumslia. Var dette starten på karrieren som entreprenør, Saavi?

ungdom på trappa og ville låne 70 000 kr! Kommunen stilte opp med ein garanti, sparepengane vart stilte til disposisjon og faren pansette gard og grunn. Framleis mangla det 25 000 kr.

«Kanskje ein kan seie det. Det var eit slag familieprosjekt. Vi hadde kjøpt ein beltetraktor i 1951, ein Oliver, og denne drog vi 12–15 m³ tømmer med ned den bratte kleiva mest utan bremser eller styring. Far sat på lasset og trudde eg hadde kontroll. Vi arbeidde ofte saman. Brørne mine vart også med. Elles var det mest ikkje arbeid å få om ein ikkje fann på noko sjølv.»

Kva gjer ein då? Jo, tek heimbygda føre seg og bed kvar og ein om ein kausjon på 1000 kr. Og folk vart med på eventyret. Maskina vart bestilt, og tilbodspris på ein skogsbilveg i Vegusdal vart kalkulert. Kr 20,50 pr. meter ferdig veg var lågt nok til at Saavi fekk arbeidet. Faren og Olav S. Uppstad vart med, og ein lokal bonde med ein liten lastebil vart engasjert til nødvendig køyring.

Etter sju år på folkeskule på, bar det rett ut i arbeidslivet for Saavi. Mykje småjobbing, og sjeldan utsikt til arbeid over tid. Då han kom heim etter avslutta militærteneste i 1959, vart det rett før Brokkeanlegget skulle starte opp.

Vegen var ferdig om hausten, og etter noko arbeid for vegvesenet vart det arbeid å få på anlegget. Nye investeringar måtte gjerast. Ein gravemaskin – Brøyt X2 – og ein hjullastar vart kjøpt. Etter kvart finansierte drifta nye innkjøp.

Ideen om å kjøpe ein kombinert shovel og bulldosar og skaffe seg arbeid på anlegget voks fram. Men korleis finansierer ein slikt? Maskina kosta 135 000 kr. Det største lånet banken til då hadde ytt til private, var 12 000 kr då presten skulle kjøpe bil. Og no stod det ein

Banken stilte meir og meir opp, og banksjef Mikjål Harstad tok endåtil på seg ansvaret for å føre rekneskapet. Det gav også innsikt i drifta, og dermed tryggleik i forhold til å gjeve meir lån.

146

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Saavi i gang med gravemaskina. (2010) Ein av dei fyrste, større jobbane var å levere støypesanden til tunellen på Løyland. Grustaket på Sandnes, av lokalkjende kalla Amerika, har i ettertid vorte liggjande som eit stort hol på sida av riksvegen. Våren 2016 er Nomeland Anlegg i ferd med å byggje ny veg gjennom grustaket, og må køyre på att masse. No med sprengd stein frå Bjørnarå. Saavi Nomeland var den fyrste som fekk Setesdalsprisen av Setesdal Regionråd. Grunngjeving: «For over tid å ha skapt og sikra mange arbeidsplassar i Setesdal, utvikla eiga verksemd, og for å vere ein markant aktør og viktig talerøyr for bransjen.»

Sjølvsagt har det også vorte mange anlegg etter kvart. Tidleg på 70–talet var det Hovatn i Bygland, og dei store utbyggingane i Bykle. Vegen inn til Urar måtte byggjast på to sesongar à fire månadar. Riset bak speglen var ei dagsmulkt på 60 000 kr. Snøen avgjorde når ein kunne starte opp om våren og når ein måtte slutte for vinteren. Det gjekk godt den gongen også. Dei fyrste bustadfelta vart bygde sist på 60–talet, og det kom industriområde. Brokke–Suleskarvegen vart ferdigstilt i september 1990. Vegen Sandnes–Harstadberg, som er under utarbeiding i jubileumsåret, er eitt av dei største vegprosjekta firmaet har teke på seg med ei anbodsramme på mest 54 millionar. Men elles har det vorte temmeleg mange vegar som er bygde oppigjennom åra. Det har vorte ein betydeleg maskinpark, og tenestene som kan leverast har vakse med arbeidsstokken som no tel 50–55 mann. Nomelands Anleggsmaskiner starta opp i ei tid då alt var under utprøving. Då det skulle byggjast veg mellom Straume og Sordal, visa det seg at den var teikna tvers gjennom ei støylsbu på Røysland. Ein telefon til sjefen på Brokke løyste floken. Flyt vegen!

I dag skal alt ein gjer vere klarert med det offentlege, og i samsvar med lovar og reglar og bestemmelsar av alle slag. Der det før var godt nok med erfaring og skjøn, må det no lagast omfattande planar og dokumentasjon av alt ein gjer. Verksemda er avhengig av kompetanse på mange og ulike felt. Men heldigvis har dei to sønene, Steinar og Geir Tarald, kvalifisert seg med ei solid utdanning for å føre verksemda vidare. Nye erfaringar har vorte gjort det siste tiåret med utbyggingane i Brokke. Der har Nomeland Anlegg, som namnet seinare vart endra til, vore hovudentreprenør på det meste, bygt vegar, vatn og kloakk, klargjort hyttetomter. Verksemda eig 51 % av Brokke vatn og avlaup, og står m.a. for drifta av renseanlegget. I tillegg lyt det også nemnast at Saavi har vore engasjert i bygdeutvikling også som politikar. Han har representert Valle Høgre i kommunestyre og formannskap, nemnder og utval dei tre siste tiåra. I 2010 vart Setesdalsprisen innstifta, «ein pris mynta på verksemder som representerer positiv effekt og verdiskaping i eiga verksemd og nærområde.» Kanskje ikkje heilt tilfeldig at Saavi Nomeland vart den fyrste i Setesdal til å take imot denne heideren.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 147


148

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Valle skule 1959/60. Oveinang skule vart lagt med 31.12.1959. Dei frå Oveinang kom difor til Valle skule i januar 1960. Lærar Tarald Nomeland. 1. rad: Svein J. Homme, Tarald Flateland, Ingebjørg Viki, Tora B. Homme, 2. rad: Hallvard Aamlid, Olav B. Berg, Olav E. Flateland, Anne Holum, Tora Brokke 3. rad: Per Lidvard Homme, Olav T. Hoftuft, Jørund Lien, Anders Røysland, Helge Homme 4. rad: Torgrim Rygnestad, Georg O. Viki, Tarald Myrum, Ånund H. Flateland, Ånund O. Homme Ei tid gjekk det både byklarar og byglendingar på Sætrum ungdomsskule i Valle. Framme frå v.: Trygve Brokke, Torleiv Rike, Ove Lund, Olav H. Nomeland, Torfinn Sandnes. Midten: Arne Berg, Trygve Rysstad, Bjørn Heistad, Olav K. Rysstad, Harald Åge Helle. Bak: Lærar Ånund O. Rysstad, Marie Berg, Hildeborg Homme, Torbjørg Arneberg, Gro Lien, Margit Brokke, Britt Haugeland og Torbjørg Harstad. (ca. 1971) Sentralskulen for Hylestad vart teken i bruk hausten 1958. Veka føre stod dette oppslaget i Fædrelandsvennen. På lærarrommet var det andre reglar enn i dag. Søren Homme og Augund Rike tek seg ein røyk på lærarromet.

Ein finansieringspartnar skal ikkje berre sørgje for å ha tilstrekkeleg kapital. Like viktig er det med ordningar og samarbeid som fordeler risiko, slik at ikkje den eine banken vert sitjande att med heile tapet om noko skulle gå gale. No var ikkje dette eit problem som berre galdt Valle Sparebank. Mellom 1962 og 1983 vart det sett ned fire kommisjonar som kvar kom med si utgreiing. To retningar peika seg ut. Den eine gjekk på samarbeid. Dei små einingane fekk bestå, ein fekk nærleik til kundane og mindre byråkrati. Framleis var det mange som fokuserte på den gamle sparetanken. Folk flest burde ha pengar på bok i banken. Fusjonslina gjekk ut på å slå saman småbankane til store einingar, gjerne med avdelingar rundt i distrikta. Store einingar gav tyngde til å gå inn i store prosjekt, og difor også til høgare inntening. I sum var det denne linja som vann fram. Talet på sparebankar gjekk ned frå 546 i 1965 til 195 i 1985.

i 1966 hadde meldt seg inn i Norske Bankfunksjonærers Forbund. Kravet deira var ikkje urovekkjande sett med våre auge; løn og rettar i samsvar med gjeldande tariffavtale. Så seint som i 1970 melde Valle Sparebank seg inn i Sparebankforeningen. Hadde ein endeleg vorte medviten behovet for meir fagleg kompetanse? Nei, langt i frå. Direkte årsak var at ordninga med erstatning for tap på sjekkar frå då av berre galdt medlemsbankar. Ordninga med ein distriktskonsulent på Agder, som Agder sparebanklag tilsette i 1966, heldt dei seg også utanfor. I 1972 var dei den einaste banken som stod utanfor, og hadde ikkje lenger noko val.

Ideen om samarbeid fall ikkje i særleg god jord i styret i Valle Sparebank. Alle framlegg og tilbod vart avviste med den tilnærma faste formuleringa «me ynskjer ikkje å vera med.» Det var dei tilsette som meir eller mindre tvinga styret til å melde seg inn i Sparebankenes Arbeidsgiverforening. Direkte årsak var at bokhaldar og kasserar VALLE SPAREBANK 150 ÅR 149


FUSJON ELLER SAMARBEID Det vart fort klart at dei mindre bankane var lite lystne på fusjon. Men den raske økonomiske veksten i samfunnet hadde skapt ei rekkje små bankar, som heile tida tapa i tevlinga med dei store forretningsbankane, fekk likviditetsproblem og makta ikkje å dekke etterspurnaden på lån. For desse bankane var det knapt nokon veg utanom. Forstandarskapet i Valle Sparebank drøfta saka i november 1980. Konklusjonen var at banken i Valle voks i takt med marknaden ikring, og klara å løyse dei finansieringsoppgåvene som var aktuelle. Dei peika au på at banken var brukarvenleg,

150

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

utan gebyr og provisjonar, og med eigen rentepolitikk. Vart det fusjon rekna ein ikkje å kunne halde fram på den måten. Dei peika au på det gode samarbeidet ein hadde med Fellesbanken A/S, sparebankane sin forretningsbank. Frå 1979 var alle ledige midlar plassera på konto der, og som motyting fekk ein hjelp med store lånesøknader, ved kjøp og sal av valuta, og ved handsaming av saker som kravde særskilde kunnskapar. Konklusjonen vart at «føremonene ved ei samanslåing for Valle Sparebank ikkje står i rimeleg høve til ulempene». (Valle Sparebank 125 år.)


FRÅ FUSJONSPLANAR TIL KNOPPSKYTING Etter at brokkeutbygginga tok til, var utviklinga i banken eintydig positiv. Innskot, utlån og det som vart sett av på fond auka og auka. I og for seg var det ingen grunn til å seie at drifta av banken ikkje var grei. Ryktet om den solide banken spreidde seg, og lånesøknadane vart så mange at ein kunne velje seg ut dei med best sikring. Framleis sat det att mykje av dei gamle tankane om å vere «bygdas eigen bank», som det stod på dei gamle fyrstikkøskjene som vart dela ut gratis. Bygdefolk og utflytta frå kommunen var prioriterte fyrst i lånekøen, og utlånsrenta var ½ % dyrare for utanbygds. Slik var det til 1974/75. På slutten av 1960–talet var ein så smått i gang med å tenkje samarbeid lokalt når store prosjekt skulle finansierast. I alle kommunane i dalen var ein no i startfasen på omfattande kommunale byggjeprosjekt som alle trong meir midlar enn berre ein bank kunne klare. Risikoen måtte haldast under bestemte grenser, dvs. fordelast.

Banken fekk på same tid ei organisering som var meir tilpassa tida. Mikjål Harstad vart pensjonist frå 1.1.1976, og Olav O. Rike tilsett som banksjef. Det innebar også funksjon som sekretær for styret samt fulle rettar som styremedlem. Ordninga med at styreformannen skulle vere i banken kvar opningsdag, vart avvikla. Same året vart det tilsett sommarvikar, og alt året etter kom den fyrste kvinnelege tilsette funksjonæren i banken, Toril Dale. Midt på 1970–talet hadde spørsmålet om ein eigen filial i Bykle vorte reist. Konklusjonen var at dette ville vere tungt å gjennomføre økonomisk. Enden på visa var at Sparebanken Sør oppretta filialen. Banksjef der var Halvor Bjellaanes, ein sentral aktør i Sparebankforeningen sidan 1963, og ein av dei som ivra for ideen om samanslåing av bankar. Det mest ytterleggåande framlegget gjekk på berre ein sparebank i Aust–Agder.

Torbjørg Kjelleberg var ho som saman med mannen Olav starta opp med ein moderne campingplass med hytter og sanitæranlegg. Frå 1976 var namnet Valle Motell og camp. (1994) Valle motell kunne ønskje dei fyrste gjestene velkomen våren 1976. Etter kvart vart det supplert med ein liten alpinbakke og ljosløype. Saman med kyrkja lyste det godt opp i mørke vinterkveldar. (1991) 9.3.1982 finn vi dette oppslaget i Setesdølen. Teiknar er Yngvar Uleberg.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 151


Frå midt på 1970–talet hadde det vore store endringar i Valle sentrum; Kyrvestad Servicesenter, Valle motell, Hasla, kommunehuset, helsehuset, Valle Sparebank og sist Setesdal Husflid i 1993, bidrog kvar på sin måte. (1994) Fyrste kunden som Erling Sagneskar kunne ønskje velkomen då filialen på Rysstad opna. 29. mars 1989, var næraste nabo Torleiv H. Bjørgum. Frå Setesdølen. Då er det bestemt korleis den nye banken skal sjå ut. Protokollen er underteikna og det skal byggjast ny bank. Smilande frå v.: Gunnar Brottveit, Gudmund Åkre, Olav O. Rike og Bjørgulv N. Berg.

I desse åra legg ein merke til at banken hadde eit nærare samarbeid med kommunen enn før. Ordførar Gudmund Åkre vart leiar i forstandarskapet i 1980, kontorsjef Bjørgulv N. Berg vart styreleiar i 1983, og rådmann Tor A. Hovet hadde sete i kontrollnemnda sidan 1978. Dette var samstundes ei profesjonalisering av bankarbeidet.

Rammevilkåra frå sentrale styresmakter har gjort det mogleg å halde fram som sjølvstendig sparebank gjennom desse 150 åra. Dette vil også vere heilt avgjerande for at det også i framtida kan vere ein bank med hovudkontor i Valle.

Fusjonane heldt likevel fram som tidlegare, og uavhengig av kva Valle meinte låg det på nyåret 1986 planar klare for ein storbank på Agder. Heldigvis må ein nok seie, vart planane for omfattande, og Sparebanken Agder avslo invitasjonen om fusjon på nyåret 1986.

Jamsides fusjonsplanane var det også planar om knoppskyting. Det var hylstringane som var huga på å få banktenester i nærmiljøet. Det som hadde tala imot tidlegare, var kostnadane med to administrasjonar. Utover på 1980–talet vart det klart at den problematikken ville vere historie så snart datakommunikasjonen var tilstrekkeleg utbygd.

I mellomtida hadde Valle Sparebank førebudd seg godt på det som kunne kome. Eit staseleg bankbygg var i ferd med å reise seg i Valle sentrum. Skulle det likevel ha enda med fusjon, ville total nedlegging av banken vore eit tøffare prosjekt å gjennomføre. Sparebanken Sør sine avdelingar på Hovden og Bygland har i dag ope tre og to dagar i veka, og gjev oss eit signal om korleis det også hadde vore i Valle om fusjonen hadde vorte ein realitet.

Samstundes med at Valle Sparebank gjekk over frå manuell til maskinell bokføring i 1965, vart Fellesdata skipa med føremål å take seg av den aukande mengda sjekkar. I 1980 var Valle Sparebank i gong med å bruke EDB i bokføringa, og frå 1984 var ein online med Fellesdata og kunne hente inn dei opplysningar ein trong frå store databasar. Minibank vart montert i 1989, og ikkje lenge etter var det mogeleg å fylle drivstoff frå kortautomatar på bensinstasjonane. 29. mars 1989 vart det opna filial på Rysstad, med eige kontor i ein del av samvirkelaget.

152

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 153


EIN VANLEG SPAREBANK Utover på 1980–talet tok Valle Sparebank dei nødvendige steg for å verte det vi kan kalle ein «vanleg sparebank». Talet på tilsette stod i forhold til storleiken på organisasjonen, og dataproblematikken vart godt ivareteken av Kåre Rike, som i 1985 fekk tittelen EDB–ansvarleg. Sentralt i utviklinga var likevel samarbeidet om dei felles banktenestene og –løysingane for heile landet (t.d. Fellesdata som i 2014 fusjonert til EVERY, og Bankenes Betalingssentral etablert i 1972 (BBS) som i 2010 fusjonert til Nets).

Åra 1983–87 vert i norsk økonomisk historie kalla jappetida. Også mange bankar hadde hiva seg på «jappebølgja», og utlån og sikring av midlar stod ikkje i forhold til kvarandre. Ideen om å låne ut lånte pengar til høgare rente enn ein lånte dei for, var freistande. Mange som bygde hus i denne tida, minnes med gru renter på opp til 18 %.

At ting fekk utvikle seg på denne måten, hang og noko saman med at staten gjennom regjeringa Willoch midt på 80–talet sleppte taket i dei strenge reguleringane som hadde vore. Bankane fekk høve til å inngå prissamarbeid, og det som før hadde lege fast gjennom statlege I 1996 var det på tide å gjeve alle tilsette opplæring i EDB. Datakunnskap hadde etter kvart vorte ein nødvendig del av kompetansen til dei tilsette, reguleringa vart meir og meir utsett for konkurranse bankane imellom. og banken sine tenester er no i all hovudsak nettbaserte. I 1997 knytte Nokre år med høgkonjunktur vart etterfølgt av nedgang og bankkrise. ein seg opp til systemet med nettbank, og i dag er det berre eit fåtall For fyrste gong måtte nokre bankar få betydeleg tilførsel av midlar frå kundar som ikkje bruker denne tenesta. Nytt i 2015 er mobilbank, sikringsfondet. Årsmelding for 1989 kunne ein vente hadde kommentarar der smartelefonen er einaste verktøyet ein treng for å betale i høve til utviklinga. Men Valle Sparebank gjekk meir eller mindre urørt rekningar og overføre pengar. ut av den tida, og teksta i årsmeldinga er tilnærma den same som året før: Eit svært synleg resultat av omlegginga til data, er at ein i dag «Styret hadde eit greitt arbeidsår i 1989 utan nokon slags reguleringar betener tre gonger så mange kundar med like mange tilsette som frå styresmaktene si side. Vi har difor arbeidt fritt med den ledige for 10–15 år sidan. kapitalen, og har delvis av den grunn fått ei god inntening også siste året. Vi har vore aktive på utlånssida, og på den måten har vi fått På eitt område stod Valle Sparebank lenge på eigne meiningar. Avgifter og gebyr av ulike slag var bannlyst! Dessutan måtte rentepolitikken mange nye kundar i 1989. Dette syner seg særleg i auka utlånstal.» vere slik at den i all hovudsak låg ½ % under renta i Postbanken. Årsmeldinga er i seg sjølv nøktern. Poenget er at Valle Sparebank gjekk klar av krisa eine og åleine fordi dei heldt hovudet kaldt der Ikkje før hausten 1997 begynte også Valle Sparebank å take gebyr og andre let seg freiste over evne. Ein sterkt medverkande årsak var halde ope på måndag i staden for laurdag. Med det var dei siste av det at Valle Sparebank alltid har hatt privatmarknaden som den største. vi kan kalle «særordningane» i Valle Sparebank borte. På sakslista til Ein konsekvens av det er betre spreiing av risikoen. styremøta kom nye tema som strategidokument, organisasjonskart, løyvingsreglement og arbeidsdelingsplan inn. 154

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Ei stor hending var då Kong Harald og Dronning Sonja gjesta Valle 10.–11.5.1993. Sverre Lund overrekkjer gåve frå Valle pensjonistforening. Bak dronninga står fylkesmann Signe Marie Stray Ryssdal og ordførar Tarald Myrum. Setesdølen 24.7.1998 På 1980–talet kom EDB – det heitte så den gong – for fullt, og i 1986 hadde banken skaffa eige utstyr til aktivering av bankkort. Kåre Rike held på å lage nytt kort for Halvor Rike.

ROPE OPP SUMMEN Då Kåre Rike var nytilsett i banken i 1984, starta han som dei fleste i «kassen», og vart lærd opp til å telje pengar, få samtykkje frå kunden på opptald sum, og deretter setje summen inn på konto. Ein dag var ein eldre kunde innom med ein slant med pengar som skulle inn på konto. Kåre talde opp, spurde kunden om summen stemde, og sette dei inn på konto. Nokre dagar etterpå fekk banksjef Olav O. Rike eit brev i posten frå ein misfornøgd kunde, som fortalde at kasseraren «hadde ropa ut» summen som vart sett inn, og at vedkomande no hadde misst bustønaden!

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 155


EIKA/TERRA/EIKA «Terra ble etablert som et innkjøps– og interessesamarbeid i 1997 med navnet Eika Gruppen, som en konsekvens av de nye trendene i norsk bankindustri. Det hadde tidligere vært mange fusjoner i norske sparebanker, noe som førte til et stort antall regionale sparebanker. Den største av disse var Sparebanken NOR, som var resultatet av en fusjon mellom over hundre banker. I 1996 allierte flere av de andre store regionale bankene seg i form av SpareBank 1. På denne tiden var det to tydelige trender blant både store sparebanker og forretningsbankene; en ny teknologisk plattform med nettbankdrift, samt at de begynte å tilby alle mulige finansielle tjenester, også inkludert sparepenger, verdipapirer og forsikring.

SPAREBANKANE GÅR SAMAN Det var vanskeleg å stå utanfor når ein til tider måtte konkurrere med mykje større og mektigare bankar. Dei bankane som framleis stod utanfor hadde ikkje noko val. For Olav O. Rike vart vedtaket om å gå inn i Eika–gruppa eitt av dei siste han var med på som banksjef.

Også de små, uavhengige sparebankene som ikke hadde fusjonert ble nødt til å tilby disse tjenestene. Som et resultat ble Eika Gruppen dannet, og siden 1997 har Terra kjøpt opp selskaper for å kunne tilby stadig flere tjenester.» (Wikipedia)

Enden på krisa vart at Terra Securities gjekk konkurs, dei involverte kommunane måtte bere tapet sjølve, og at konsernet tok tilbake det gamle namnet Eika i mars 2013. I etterkant har det vore fleire rettssaker. Desse er framleis ikkje ferdig handsama.

156

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Etter ein fusjon i år 2000, gjekk Eika over til å bruke namnet Terra. Selskapet utvikla seg fort med satsing på mange ulike område. Forsikring var ei nisje som var uprøvd frå før, men som har vore vellykka. Valle Sparebank har i dag eit breitt tilbod på forsikringstenester. Andre sider av verksemda var ikkje fullt så vellykka. Eit dotterselskap, Terra Securities, fekk åtte kraftkommunar med på å investere framtidige kraftinntekter, belåne dette i tillegg og investere endå meir i kompliserte fond i USA. Valle kommune vart òg invitert til å vere med, men avslo i samråd med banken tilbodet. Sjølv om ein heldt seg unna sjølve prosjektet, var saka likevel alvorleg også for Valle Sparebank, då advokatane prøvde å overføre ansvaret for det som hadde skjedd til heile Terra–konsernet. Underforstått skulle det då søkjast erstatning der.


Setesdalsmarknaden baud på underhaldning av mange slag. Innimellom kjendisar som Tande P. og Bjøro Håland fekk vi også høyre Valle og Hylestad musikkorps. Framme: Ruth Silje Berg, Eivind Austad Hovet, Tor Espen Helle, Helene Brottveit, Torunn Langeid, Torhill Bjørgum Åkre, Midten: Tone Besteland, Gunn Berit Åkre, Gyro Silje Rike, Valborg Nomeland, dirigent Ellen Mordal og Oddbjørn Andersen Bak: Kjetil Carolis Jore, musikkskulerektor Per Kristiansen, Jørund Georg Jore, ?, Gro Oddny Løyland Helle. (1991) Frå slutten av 1980–talet var den årlege Setesdalsmarknaden på Rysstad eit arrangement som trekte mykje folk. (1988) Litt klokkehandel vart det også. Dreng Viki lurer på om han skal kjøpe seg eit lommeur av Olav J. Rysstad. (1991)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 157


158

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Valle Sparebank inviterer jamleg til informasjonsmøte, og mange møter fram for å høre. Ein kar frå Vital har siste nytt om pensjon som tema for denne samlinga. (2010) Til jol 2008 fekk byklarane endeleg sin eigen minibank, og ordførar og rådmann vart sjølvsagt inviterte til opninga. Oppslag i Setesdølen 23.12.2008. «Drive–in Minibank» var det ikkje så mange som hadde høyrt om før det stod ein slik på Rysstad i 2004. Sjølvsagt måtte den ha heidersplassen på framsida av årsmeldinga. (Etter 2014 vert årsmeldinga berre laga digitalt.)

VALLE GÅR PÅ NY SINE EIGNE VEGAR Anti–gebyr var det ingen som hadde høyrt om før banksjef Olav K. Rike lanserte tenesta rett før jol i 2002. Tanken var at ein skulle få folk til å bruke dei digitale tenestene sjølve, utan å bry bankpersonalet. Difor fekk kunden to kroner inn på konto når han tok ut pengar på minibanken i staden for å gå inn og be om hjelp. Likeins kom det ei krone inn på konto for kvar rekning som vart betalt på nettbank. Tiltaket fungerte så det suste. Banken fekk mykje omtale i aviser, og til og med svensk fjernsyn var i Valle og laga reportasje. Enden på visa var ein «gluping» som fann ut at han kunne styre datamaskinen sin til automatisk å gå i sløyfe og setje inn nokre øre på konto, for så å få ei krone tilbake. I staden for å prøve å finne ei teknologisk løysing som forhindra dette, vart heile ordninga avvikla i 2006. Folk sperra og opp augo då det vart kjent at minibanken i det det nye sentrumsbygget på Rysstad stod ferdig i 2004, skulle vere ein drive–in minibank. Det var det ikkje mange, om nokon, som hadde frå før. I samband med at filialen på Rysstad vart lagd ned 16.4.2015 vart driv–in tenesta erstatta med ein minibank med innskotsautomat og postkasse til giroar. Ein vil også vurdere utvida opningstid i Valle for å vere meir tilgjengeleg. For skuld sikring er den nye minibanken innebygd. Bankkortet er nøkkelkort for å kome inn.

ANTIGEBYRER I VALLE SPAREBANK Det er ikke hver dag at Valle Sparebank i Setesdal opplever å komme i riksmedienes søkelys. Til daglig lever banksjef Olav Rike og hans medarbeidere et stille og rolig bankliv fjernt fra pågående avis– og TV-journalister. Men de første dagene av desember ble verden snudd litt på hodet for den lille bygdebanken. Bakgrunn var at banken har innført det de selv kaller «antigebyrer». Det innebærer at i stedet for at kundene skal betale gebyr når de tar ut penger i Valle Sparebanks minibank, går det i stedet to kroner inn på kundens konto. Banken betaler rett og slett for at kundene skal bruke deres egen minibank. For mediene, som gjerne er opptatt av hvor dyre banktjenestene er, var dette en helt ny vri og en god nyhetssak. (Sparebankbladet 2002)

Valle Sparebank sette også opp minibankar i Kristiansand og i Oslo. Mest kjend var kanskje den på «Rockefeller» i Oslo. Etter kvart som nettenestene har teke over meir og meir av betalingsoppgåvene, og betalingsterminalar er å finne på dei mest utenkjelege plassar, har behovet for kontantar minka svært mykje. Det som i utgangspunktet var ein idé som kasta av seg nokre kroner, har utviklinga gått dit at desse minibankane no er fjerna. Den eine av desse vart flytta frå Oslo til Bykle, og har gjort teneste der sidan 2008. Då talar vi om teneste og service til banken sine kundar. Innteninga er ikkje avgjerande. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 159


160

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


VALLE SPAREBANK I EIT JUBILEUMSÅR Eit nærliggjande spørsmål å stille er kvifor vi framleis har ein sparebank i Valle. Dersom vinden hadde blåse ein annan veg, hadde det på skiltet over døra stått: «Sparebanken Sør Valle. Ope måndag og tysdag.» At ein klarte seg gjennom alle forsøka på fusjon på 1980–talet, var nok ei blanding av flaks og dyktig bankhandverk. Hadde forsøket på å fusjonere til ein stor sparebank på Agder lukkast i 1986, ville det ha vore vanskeleg å halde seg utanfor.

Sylvsmedyrket var viktig for mange i Treungen, og langs vegen stod det eine skiltet etter det andre som inviterte forbifarande innom på handel. Då dette biletet vart teke på Besteland i 1992, var det ikkje så mange att. Det som i dag er Hasla, hadde lenge namnet Grete og Ørnulfs sylvsmie. Ørnulf Hasla og Dreng Rike pussar opp til kongebesøket i 1993. Vi noterer oss også at Kyrvestad Servicesenter no reklamerer med kortautomat.

Nytt bankbygg og rask omlegging til ein moderne bank då det såg som mørkast ut, gjorde sitt til at ein ikkje utan vidare kunne sugast opp i ei større eining. Likeins at ein heilt frå starten gjekk inn i samarbeid med Terra, og la ansvaret for eigen lagnad i fanget på ein organisasjon beståande av sparebankar i same situasjon. Etablering av filial på Rysstad kom også i rett tid, og det same må seiast om bankfilialen i Kristiansand som vart etablert i 2006. Tradisjonelt var Valle Sparebank også ein bank for utflytta valldølar, og banken gav same tilbod til dei som til fastbuande m.a. med ei gunstigare rente. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 161


Saman med mannen Ørnulf Hasla har Grete Fossen bygt opp ei moderne bedrift som produserer smykke og bunadssylv for ein brei marknad. Produksjon av sylvsmykke inneber mellom anna bruk av open eld og syrebad. Då er det best å vere forsiktig. På rekkje og rad i Valle sentrum: Hasla, Joker og Bergtun Hotel. (2016)

HASLA AS VALLE GRETE FOSSEN Grete voks så å seie opp med borax på kjøkkenbordet. Når ungane kom heim frå skulen, var det ikkje sjeldan at dei måtte vente ute til dei vaksne var ferdige med å tvinne tråd. Syrekoken stod på komfyren, og vart berre løfta til sida når ein skulle koke poteter eller steike eitkvart. Ingen tykte dette var spesielt rart, og at det kunne vere helseskadeleg var iallfall ikkje tema.

Dessutan var absolutt alle i familien med på delproduksjon så fort dei vart gamle nok. Utstyret ein trong for å kome i gong var enkelt. Det meste av verktøyet kunne lagast heime. Investeringa låg eigentleg i å kjøpe sylv til å arbeide med. Då Ørnulf Hasla etablerte seg som sølvsmed, denne gongen i kjellaren på Fossen, var det inga forståing for at ein trong lån til investeringane.

Etter at Knut S. Helle sette i gong som sylvsmed på tidleg 1900–tal, utvikla det seg ein heimeindustri som har gjeve store inntekter og mange arbeidsplassar til bygda. Berre frå (det gamle) kjøkkenet på Fossen har tre store sylvsmier sitt utspring: Eldstemann Knut Fossen–Helle, var truleg den fyrste som fekk svennebrev som gullsmed, og etablerte si smie på Leira i Valdres. Olav heldt fram heime på kjøkkenet, og er far til Grete som no er dagleg leiar hjå Hasla i Valle. Hallvard etablerte seg som sylvsmed i Øvrebø, og sonen Folke driv no si verksemd under nemninga Sølvsmeden på Finnøy. Det lyt leggjast til at systera Ingjerd også gjorde sylv, og hadde sitt utsal ved vegen i Grendi.

Det vart nokså fort klart at kjellaren ikkje var den beste staden å drive næring i frå. Ein var også på utkikk etter ein stad der ein ikkje konkurrerte med så mange andre sylvsmedar. Slike einmanns familiesmier var det framleis fleire av på 70–80–talet. Løysinga låg i Valle sentrum, der Sverre Lund akkurat hadde lagt ned tappestasjonen. Til jol i 1984 opna «Grete og Ørnulfs sylvsmie» i nylafta lokalar. Det var framleis mest smie og ikkje så mykje butikk, men fundamentet var lagt for eit nytt og litt annleis sylvsmedkonsept i Valle.

162

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

No vart banken ein viktig støttespelar for å kome vel i hus. Ørnulf fann ut at mykje av det utstyret han trong var billigast å kjøpe i Tyskland. Då kom det eit hjartesukk frå banken: «Tar du handle i utlandet?» Det var ei omstendeleg affære den gong å betale med tyske mark.


Mor Gunnhild, som hadde sylva sidan 1950–talet, vart med til Valle. Det vart teke inn lærlingar, og Eli Føreland vart tilsett i 1987. For å klare seg økonomisk, måtte Grete halde fram i jobben som sjukepleiar fram til 1988. Drifta gjekk godt, og ein sparte opp nok eigenkapital til også å kunne takle svingingar i omsetjinga. 1988 var også året då verksemda vart invitert til opninga av den norske avdelinga på Epcot–senteret i Florida. Etter kvart har det vorte mange turar over Atlanteren, og den amerikanske marknaden utgjer 40 % av omsetjinga. For å imøtekome etterspurnaden, måtte ein også støype smykke. Dei fyrste åra var det leigestøyping, men då tilbygget kom i 1996 skaffa ein seg utstyret ein trong sjølv. Namnet vart endra til Hasla Setesdalssylv. Dette hang også saman med at ein i staden for å levere bestillingar til grossistar som så spreidde smykka til utsalsstadene, tok seg av den jobben sjølv. Då måtte ein konkurrere på volum, pris og leveringsdyktigheit. Sikraste måten å unngå å miste sal, var å setje seg i stand til å gjere jobben sjølv.

I dag har Hasla 2–300 utsalsstader over heile landet; reiselivsverksemder, gullsmedar og husflidar, og ikkje å forgløyme Hurtigruta. I 2010 vart det opna ein filial på Grünerløkka i Oslo der dottera Gunnhild har ansvaret. Ho styrer også med marknadsføringa. Eldstejenta, Anne, har ansvaret for design av smykke og foto. I alt sysselset verksemda 12 personar, og har ei årleg omsetjing på 7,5 mill. Ein ny måte å selje på er gjennom nettbutikk. I omstillingsprosessen frå berre å halde på med tradisjonelt handverk til å verte ei moderne smykkebedrift, har Valle Sparebank vore den støttespelaren mange andre kan misunne. I ein marknad som svingar må ein ha kapital i bakhand. Valle Sparebank har stilt opp og gjort det mogeleg å utvikle verksemda til det ho er i dag. «Og no», smiler Grete, «har me så mange føter å stå på at om etterspurnaden sviktar på eit felt, kan me hente det inn att på eit anna. Forresten, og det må du ikkje gløyme å få med: Det er veldig viktig med den sylvsmedutdanninga som er i Valle, og som har gjeve oss så mange dyktige lærlingar. Nokre av dei har i dag arbeidsplassen sin hjå Hasla. For oss på Hasla er det sjølvsagt å bidra aktivt til skulen der det er mogeleg. Det har vi gjort, og det vil me halde på med.»

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 163


Mellom 1904 og 1952 var banken i desse husa på Harstad. (1934)

164

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Sikkert som banken – eller var det sikkert i banken?

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 165


Det fyrste møtet i banken vart halde i «Valle faste skole». Det var eit bygg som stod i Ruslehaugen, like nord for Valle alders– og sjukeheim. Alt året etterpå vart skulehuset flytta til Åkre, og bygt på ein etasje som skulle vere til kommunale og andre offentlege føremål. (Bygningen står no i Prestevodden.) Kasseraren hadde ei lita kiste med lås til å ha pengane i. Eit framlegg på styremøtet før jol 1875 om å kjøpe eit eldfast jernskåp fekk ikkje fleirtal. Pengane måtte greie seg i kista heilt til 1885. Då vart det kjøpt eldfast skåp. Heldigvis skjedde det ingen uhell, men omgrepet «sikkert som banken» var nok tøygt i lengste laget desse åra. Eit nytt skåp vart kjøpt i 1911, og vart også med då det nye bankbygget vart teke i bruk i 1962. Valle handel vart skipa det året, og fekk låne det gamle.

166

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Kommunen tok betaling av banken for å bruke skulen til banklokale. Olav P. Kjelleberg vart tilsett som kasserar i 1870, og ordna seg då med kontor på loftet heime. Noko leige skulle ikkje betalast for det. Då Olav M. Harstad overtok i 1904, kom banken til Harstad. Torjus Åkre skriv i hundreårsskriftet at heller ikkje han fekk betaling før i 1925. Leiga var då 25 kr i året. Harstad låg ikkje slik til at det var greitt å reise ned der når alle butikkane etter kvart heldt hus i Nordibø. Planane om eit eige bankbygg var framme alt før krigen, men det tok tid å samle seg om ei løysing. Den 8. mars 1951 vart Valle handel totalskadd av brann, og i samband med attreisinga fekk banken tilbod om å leige kontor i nybygget. Våren 1952 var ein på plass i Valle sentrum, men kontoret var så lite at alle større møte måtte haldast i heradshuset (som vart flytta frå Åkre til Nordibø i 1930.)


Frå 1870 til 1904 gjorde Nordstog Kjelleberg teneste som banklokale. (1953) «Valle faste Skole» gjorde teneste som banklokale dei fyrste åra. Bygningen vart flytta frå Nordibø til Åkre i 1867. Legg merke til utedassen høgare opp i bakken. Trengde ungar i motbakke var ikkje alltid ein god kombinasjon. (ca. 1920) Då Valle handel (t. v.) sitt nybygg stod ferdig i 1952, leigde banken eit rom der. Seinhaustes 1962 kunne ein flytte inn i eige banklokale nord for Valle frikyrkje. Då biletet vart teke hausten 1964, var også Valle meinigheitshus (til høgre) heilt nytt.

I 1949 kjøpte banken ei tuft like nord for Valle Frikyrkje. Samstundes var kommunen i beit for plass, og funderte på korleis dei skulle løyse sine behov. Enden vart at dei reiv det gamle heradshuset. Kommunen kunne i 1959 innvie ein stor, ljoseraud murbygning på den gamle tomta. For banken var situasjonen den same. Mikjål Harstad, Torgeir Sagneskar og Olaf Lund var året etter på ei reise for å sjå på ulike bankbygg, og på bakgrunn av deira erfaringar vart ei byggjenemnd sett ned. Knut H. Viki var formann, og Ånund O. Åmli og Jens Homme som medlemer. Arkitekt Tallaksen i Kristiansand gjorde klar teikningane, og våren 1961 kunne arbeidet setjast i gong. Anlegget hadde akkurat starta opp, så det var vanskeleg med ledige arbeidsfolk. Heile vinteren var det stopp, så bygget var ikkje ferdig før seinhaustes 1962. For banken var det eit løft, og for bygdefolket eit synleg teikn på framgang når to slike bygg kom opp like etter kvarandre.

Om vi i dag ikkje let oss imponere, kan vi prøve å setje dette bygget litt i kontrast med bygget der banken hadde vore, og som var slik folk flest hadde det; eit gardstun med trauste tømmerbygningar. Ei ljospære i stoga, og ei i kjøkkenet saman med ei kokeplate eller ein komfyr. Dei fleste begynte å få innlagt vatn, men som hovudregel berre kaldt vatn. (Somme kjøpe små varmtvasstankar til å ha over vasken.) Folk fleste tenkte ikkje på å bruke straum til oppvarming. Einast kunne vere ein liten varmeomn på kjøkkenet slik at ikkje vatnet fraus. Dassen var i fjoset, og badekaret var ei balje eller kanskje berre eit vaskevassfat. Så fælt lang tid tok det ikkje før også dette bygget vart for lite. Samstundes med omorganiseringa i 1976, med banksjef og fleire tilsette, starta arbeidet med eit tilbygg på baksida. Ikkje så stort, men nok til at ein fekk eit møterom og kontor der døra inn til ekspedisjonen kunne lukkast.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 167


DÅ BANKEN BUDDE HJÅ KASSERAREN BIRGITT BAKKE–EIDSÅ Då banken vart skipa i 1866, var det nok ingen som tenkte seg at ein nokon gong skulle setje opp eit eige bankbygg som kontorstad. Det naturlege den gong var at kasseraren tok i bruk eit rom i eige hus til føremålet. Eldste dotter til Johanne og Mikjål, Birgitt, har minne frå oppveksten då banken var i andre etasje i Bakken på Harstad. Vi let Birgitt fortelje: Gofa, Olav M. Harstad tok banken i hus då han vart kasserar i 1904. Banken var ikkje den einaste leigebuaren. Han leigde også ut til skulen. I tillegg hadde han landhandel i buret i loftet. Bankbordet var eit stort firkanta bord med svart bordplate. Der sat kasseraren på den sida det var skuff. Denne skuffen tente som pengekasse alle dagane når banken var open. På andre sida av bordet sat styreformannen og noterte i protokollen sin det kasseraren førde inn og ut i sin protokoll. Det var ein dobbeltkontroll. Formennene skifta. Ein av formennene hadde så god ein lått. Når han lo ved bankbordet, høyrdest det like etter ein ljomande lått frå heile skulestoga.

168

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Banken hadde ikkje eigen telefon på gofa si tid. Telefonsentralen låg i Viki hjå Gamle–Dreng. Når folk skulle i telefonen, måtte dei til Viki. Då gofa også var ordførar, fekk han endå fleire telefonar enn dei som galdt banken. Farbror Ånund fortalde at ein gong gofa arbeidde saman med ungane sine oppe i vodden, høyrde dei det ropa: «Olav, telefon!». Ånund spurde gofa: «Kor stend’e Dreng?» Gofa svara: «På heddon si’.» (På trappa si). Og dei som bur i Valle veit kor langt det er frå Harstadvodden nord til Viki. Når folk på Nomeland skulle i telefonen, gjekk Dreng ned i Hagane og ropa over elva. Banken var open berre om laurdagane. Når folk ville setje inn pengar midt i veka, kom dei til gofa ute på vollen, og likeins til far ute på slåtteteigen. Eg minnest då me leigde jorde av Karl Lund i Granemo på Sandnes, at folk kom også dit med pengar. Far stappa dei i lomma, og førde det inn når han kom tilbake til banken. Om ein ikkje kan kalle det at han hadde banken i lomma, så hadde han alltid banklyklane i lomma når han var i Valle. Ein gong hadde mange tømmerstokkar kila seg saman under Hallandsfossen, og mange av karane i bygda vart utkalla fredag ettermiddag til å løyse vasen. Men dette


tok tid, og dei var på øya nedanfor Hallandsfossen heile natta. Då styreformannen, Ånund Åkre, kom laurdag morgon og ville opne banken, hadde dei ikkje lyklane til bankskåpet. For dei var ute på Hallandsøyri i lomma til kasseraren. Då var det ein på Harstad som føreslo at dei kunne få Bjørn Sandnes til å kaste lyklane i land. Men bankkasseraren kom seg i land sjølv med lyklane.

Då brokkeanlegget kom, fekk banken mykje meir arbeid. Så då vart også mor, Johanne, leigd av banken til å hjelpe far. Likevel kom han ofte heim frå banken klokka elleve om kvelden. No var ikkje banken open berre på laurdagane. Etter eit par år kom bankinspeksjonen og sa at han hadde arbeidd for tre, så banken måtte setje til fleire folk. Og no har banken fått både mange tilsette og nokre filialar.

Når det var årsoppgjer, fekk eg lov å rekne ut alle rentene for innskot som hadde stått inne heile året. Far og son må ha vore like, for tante Mari fortalde at gofa også let henne rekne ut årsrentene.

Valle Sparebank har vore hjelpsame mot meg i alle år. Og eg ynskjer banken lukke til i framtida!

Då Valle Sparebank skulle flytte til Nordibø i 1952, måtte det tunge bankskåpet på 700 kilo flyttast. Far og eg hadde vore på sykkeltur i 1950. På vegen heim plukka me med oss springvassrøyr frå branntufta til Hovden Høgfjellshotell. Desse røyra la far på golvet, og på desse vart skåpet trilla bort til glaset (vindauga). Så vart det vippa ut gjennom det uttekne glaset ned i lasteplanet til Knut Jore. Det vart køyrt til Nordibø, og heisa opp i andre etasje i Valle Handel. Der budde banken heilt til han fekk eige hus.

Harstad og banken i 1946. Mikjål Harstad var også idrottsmann. Endåtil på sine eldre dagar stilte han sporty opp t.d. når det var kappgang på styltrer ein 17. mai. (ca.1973) Mikjål Harstad omtrent den tid han tok over arbeidet som kasserar i banken.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 169


DET NYE BANKBYGGET I 100–årssoga skildrar Torjus Åkre det nye bankbygget slik: Under heile tufti er berg, så det måtte skjotast mykje for å få hushaldningskjellar og rom til ein elektrisk vassvermar. (…) Bankhuset er på to høgder og ligg tett innmed riksvegen. Vegger og plate over i fyrste høgd er av jarnbetong, andre høgd av tre. I fyrste høgdi held banken til. Gjennom ei liti forstove kjem ein inn i eit romsleg ekspedisjonsrom, der alle bankmøti vert haldne. Ved sida er eit mindre rom til styremøti, og til andre kanten eldfast skåp og pansarkvelv til pengar, verdipapir og protokollar. I andre høgd er rom til ein huslyd, og her bur kassestyraren. Nordanfor bilgarasje av jarnbetong. Alle romi har elektrisk oppverming.

170

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Kanskje meir som eit svar på trugsmålet frå det stadig tilbakevendande fusjonspøkelset enn eit prekært behov for å utvide, kom planane om nytt bankbygg på bordet tidleg på 1980–talet. Det hadde også å gjere med korleis Valle sentrum skulle byggjast i framtida. Alternativet ville ha vore å gått saman med kommunen om eit kombinert bank–/næringsbygg på nedsida av vegen. Banken valde å knyte seg opp mot dei verksemdene som alt var i sentrum. Dette kom midt oppi kommunen sine planar om nytt helsehus, og etter ei viss taugtrekking enda det med at banken kunne få tomta mellom det nye kommunehuset og gamlebanken. Styret vart sett ned som plannemnd saman med Gunnar Brottveit og Hallvard Aamli. Mandatet var også å vurdere eit eventuelt samarbeid om oppføring av næringsbygg i same området, og lage eit førebels utkast for å presentere næringsbygget for mogelege interessentar. Idéen måtte skrinleggjast alt i startfasen, då valet av tomt sette klare grenser for kva som var mogeleg. Framlegget frå arkitekten vart eit bygg med 550 kvadratmeter på hovudplanet og 450 kvadratmeter i kjellaren. Det meste trong banken sjølv, men 180 kvadratmeter i kjellaren kunne leigast ut.


Med det låg alt klart til å sende ut tilbodspapira. Brødrene Reme A/S hadde rimelegaste tilbodet, og i juni takka dei ja og byggestart vart bestemt til august. Kostnadene var rekna til 12.5 mill., 4.0 mill. meir enn dei fyrste kalkylane gjekk ut på. 7. september 1987 kunne banken be inn til opning. Utan større endringar har dette vore administrasjonsbygg i godt 29 år. Ved sida av vanlege utbetringar og vedlikehald, er den største endringa at det som i utgangspunktet var eit heilt ope kontorlandskap, etter kvart vart delt opp mindre kontor slik at det vart mogeleg for kundehandsamarane å ha besøk utan at alle andre kunne høyre kva som vart sagt.

Det nye bankbygget var under tak rett før jol i 1986. 7. september 1987 vart heile bygda invitert til opning. Nærast ser vil Pål Dale. Opninga vart òg markert med middag på Valle motell, og mange helsingar vart borne fram. Motelleigar Hallvard Kjelleberg hadde ei utskoren stakkejente som gåve til styreformann Bjørgulv N. Berg. Mange var involverte arbeidet, og det var stor møteverksemd for å kome i mål med alle detaljar. Oppstartmøtet vart halde 20.8.1986. Frå v.: Kjell Ødegaard frå Br. Reme, Hallvard Aamli, Finn Arne Reme, Jan Oddvar Hareide frå arkitekt H. Wendt, Bjørgulv N. Berg, el–konsulent Christian Falkum, VVS konsulent John Chr Raustøl, Leif Gløersen frå betongkonsulent Aa. O. W. Lindboe, byggjeleiar Hallvard Homme, Leif Knutsen frå ventilasjonsentreprenøren, Olav H. Rygnestad og Andres G. Helle. Byggjeleiar Hallvard Homme var «lånt ut» frå kommunen der han var teknisk sjef. Då oppdraget var ferdig etablerte han seg i kjellaren på bankbygget med det som i dag er Plankontoret.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 171


Rysstad sentrum ein augustdag i 1965. Hylestad samyrkelag, der Valle sparebank i 1989 opna filial, til venstre. Det vert sagt at der regnbogen endar skal det liggje ein stor skatt. Det kan kanskje høve i denne samanheng? Bankfilialen hadde kontor akkurat der regnbogen endar. (2009)

FILIAL ELLER IKKJE? Vegane har forandra seg mykje dei siste 40–50 åra. Dei fleste hylstringar kjem seg i dag til Valle i løpet av 10–15 min. På 1960–talet trong ein – dvs. om ein ikkje hadde skaffa seg bil og førarkort – temmeleg mykje meir tid berre for å kome seg til posten på Rysstad. Det var ikkje å undrast at tanken om eigne bankkontor, både i Hylestad og i Bykle, tok til å vekse. For bygdefolk var nok konklusjonen at det mange gonger var enklare å bruke Postbanken eller Samvirkebanken enn å reise til Valle. Ein måtte jo av og handle likevel! For kommunen sine folk var det eit dilemma at pengane på den måten dreiv ut av bygda, og vart investerte andre stader. Banken gjorde seg nok dei same tankane, men for dei var det også eit spørsmål om kostnadar til administrasjon. Konklusjonen vart at det ikkje hadde noko føre seg med filialar. Dermed kunne Aust–Agder Sparebank, utan at valldølane kjende seg trødde på av den grunn, opne filial i Bykle i 1978. Denne vart seinare flytta til Hovden. Hylstringane derimot, måtte vente heilt til 1989. Kontorstad vart Samvirkelaget. Ordninga vart gjort smidig slik at alle oppgåver vart utførde som ein del av det dei gjorde i Valle. Ein konsekvens var at filialen måtte stengje ein time tidlegare, slik at den som hadde teneste fekk tid til å køyre opp til Valle for å telje opp kassen og ha oppgjer saman med resten av banken. Ein bank i sentrum var akkurat det ein trong for å take vare på kundane som i 1993 vart overførte frå Samvirkebanken til Fokus bank, og i 2011 frå Postbanken til DnB. Dei fyrste åra var det mange ekspedisjonar. Folk var svært fornøgde med tilbodet. At filialen vart lagt ned i fjor skuldast at svært mange av dei tenestene kundane spør etter, i dag kan utførast på nett. Folk har rett og slett ikkje lenger behov for å kome fysisk til banken. Installering av innskotsterminal reknar ein vil tilfredstille behovet verksemdene har til å få omsetjinga trygt plassert for natta. Ein ser også føre seg ambulerande tenester gjennom t.d. at dei tilsette som bur i Hylestad tek med seg vekslepengar og anna når det vert etterspurt av kundar.

172

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


KVIFOR IKKJE FILIAL Det vart sett ned ei nemnd til å greie ut dette, og i 1976 kom dei til denne konklusjonen: «Ein finn at ei løysing med ymse former for ambulering og uregelmessig kontortid er lite høveleg. Dette viser òg erfaringane frå andre bankar i distriktet (Aust– og Vest–Agder), som har prøvd seg på dette. Det som då står att som alternativ er faste filialar med full kontortid. Dette er ei svært kostbar løysing. Skulle ein gjennomføra ei oppdeling av bankverksemda på fleire kontor vil dette auke kostnadane så mykje at rekneskapen ville ikkje

balansera. For å dekke inn denne store kostnadsauken ville ein difor verta nøydd til å gjennomføra omfattande auke av rentene og innføra provisjonar på lån og andre banktenester. Dette ville medføre at banken ville verta mykje meir kostbar enn no – noko ALLE kundane våre ville tapa på. Ein finn difor ikkje å kunne tilrå ei slik løysing av bankverksemda, men vil framleis halde på eit hovudkontor med sete i Valle.»

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 173


Filialen vart opna på «tradisjonelt» vis 21. januar 2006, og fekk sjølvsagt god omtale i Fædrelandsvennen. På gata utanfor Markensgt. 2A er det to smilande karar, Tor Arild Rysstad og Torleiv Hovet, som ønskjer nye og gamle kundar velkomen. (2016)

KOM INN, SÅ SKA´DU FÅ BANK!

174

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Den andre filialen er, som vi alt har omtalt fleire gonger, i Markensgate 2A i Kristiansand. Ein slag omvendt knoppskyting. Bygdebanken har kontor i byen! Banken tilbyr dei same tenestene der som på hovudkontoret, bortsett frå at verksemda er retta inn mot privatkundar og ikkje næringsliv. Kontoret handterer heller ikkje kontantar. Det fornøyelege med det heile er at drifta i Kristiansand genererer pengar til aktivitet i Valle. Som oftast er det jo heilt motsett.

Gjennom filialen i Kristiansand har ein gjeve nærleik til banken sine tenester for ein stor del av dei utanbygds kundane. Valle Sparebank har på det viset sikra seg tilgang til midlar som ein elles måtte ha skaffa gjennom lån. Dermed har banken hatt høve til å take på seg finansieringsoppgåver som elles hadde vore uråd å involvert seg i. Sjølvsagt har dette også å gjere med at ein bank må kunne gi dei tenestene ein kunde forventar. Får ein ikkje det, går ein andre stader. Filialen i Kristiansand måtte i 2014 utvide til tre medarbeidarar, og kan altså i 2016 feire tiårsjubileum.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 175


Mellom dei som får ordna sveisen på Inger Aamli sitt «klipperi» er også ordførar Steinar Kyrvestad. (2016) Frisørsalongen er i dag også Valle sitt turistkontor. Mykje har endra seg sidan dei første brosjyrane vart gjevne ut på 70– og 80–talet. Då var det den godslege «Vallemannen» som var frontfigur.

AAMLI KLIPPERI AS INGER AAMLI Andre stader i boka er det greidd ut om korleis Valle Sparebank og Postsparebanken på mange vis kjempa om dei same kundane, og at valet folk tok ikkje alltid vart avgjort utifrå kven som gav dei beste tenestene. Geografi var vel så viktig. Inger voks opp med postkontor i underetasjen heime. Difor vart det ikkje konto i Valle Sparebank før ho hadde hatt arbeidet sitt der ein sommar sist på 1970–talet. Frå 1981 kom mor Ingebjørg til å ha arbeidet sitt banken. Far og poststyrar Hallvard vart likså godt vald inn i forstandarskapet i 1983, og vart med i byggjenemnda då arbeidet med ny bank vart sett i gong i 1985. Så her talar vi om å ha ein fot i båe leirar. Ferdig utdanna som frisør, bar det heim att til Valle i 1982. No skulle valldølane få orden på sveisen! Sjølv om Ellen Vik hadde drive som frisør i det gamle kommunehuset nokre år tidleg på 1970–talet, var nok det vanlege at folk flest ordna slikt hjå naboen. Eldre kvinner klypte seg aldri. Håret vart samla i ei lang flette under skautet. 176

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Dei «yngre» krulla seg. Å krulle seg ville seie å take så kraftig permanent at heile hovudet såg ut som ein dusk med kruspersille. Det jamna seg ikkje ut før håret etter eit halvt års tid hadde vorte så langt at krullane låg nede på skuldrane. Då var håret på toppen heilt flatt og det var på tide å setje ein ny permanent. Som med så mangt anna var rådet det vanlege: «Detta kjem’e alli ti’ gang’e!» Med ungdommeleg pågangsmot sette Inger i gang, og etter ei stund tok det behovet som i utgangspunktet var fråverande til å vise seg. I år har ho med nokre kortare avbrot vore frisør i 34 år. Det som i starten var ventetid for frisøren har no vorte snudd til ventetid for kundane. Dagane er ikkje lange nok.


Setesdal Husflid har sitt utsal ved sida av turistkontoret. Ansvarleg der er Inger Homme. (2014) Husflidsentralen vart formelt skipa i 1966, men før det vart det eit eige husflidsutsal som stod mellom Sverre Lund (no Joker) og Bergtun. Valle Husflidslag står det på skiltet over luka.

Noko klyppeutstyr var att i det gamle heradshuset, men ein del nytt måtte skaffast. I alle år har Valle Sparebank vore forbindelsen. Spursmålet om ikkje banken, med sitt styre av aldrande menn, var skeptiske til ei slik etablering av ei ung jente, vert blankt avvist: «Tvert om. Hadde ikkje banken stilt opp hadde eg aldri kome i gang.» I starten var det nok mest kvinner som kom for å take permanent. Det er mest borte no. Striping og farging i alle slags variantar i kombinasjon med kunstferdige frisyrar har overteke. Mannfolka har kome etter. Den fyrste frisyren for gutar som verkeleg slo gjennom var hockeysveisen. I dag er det ingen som stussar om også mannfolka får seg litt friskare farge og nokre striper i hårmanka. «Klipperiet» i Valle er ein sært sosial arbeidsstad. I tillegg til å fungere som turistkontor om sommaren, vert ein svært så godt kjent med folk i bygda og kva dei driv med. Eigentleg følgjer praten årstidene. I april er

det sauer og lamming, så skal potetene i jorda, og jonsokbel er folk i ferd med å leggje siste bit av kabalen for ferien. Nokre dreg langt av garde, andre prioriterer moltene. Alle har noko å fortelje til frisøren. Ved sida av arbeidet vert det tid til engasjement i bygda. For Valle Sparebank har det betydd fleire år i forstandarskap og kontrollnemnd. Ho sit i styret for Valle næringslag, og er sjølvsagt aktiv når Valle sentrumsforening inviterer til frokost med «noggo attåt» i slutten av juni kvart år. Inger er oppteken av utvikling: «Vi må sjå framover. Sjå kva vi kan få til i lag. Små verksemder kan vere like viktige som dei store. Vi må ikkje berre sjå på kvarandre som konkurrentar. Gjer ein det godt, så dryp det gjerne noko på andre også. I fellesskap gjer vi kvarandre gode.»

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 177


Birgit Harstad og Ingebjørg Berg.

178

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Banken og bygda

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 179


Ei av dei største gåvene banken har ytt var då Valle kyrkje på nyåret 1996 fekk 700 000 kr til nytt orgel. Fædrelandsvennen sin journalist Johs. Bjørkeli brukte store bokstavar til overskrifta. Valle Sparebank har bidrege til mange bokutgjevingar. Aagot Noss si bok «Stakkeklede i Setesdal» kom i 2008. Frå v.: Anna Stella Karlsdottir, Sigrid Uppstad, Aagot Noss og Ingebjørg Vegestog Homme. 4H var ein organisasjon som gjerne vart støtta av banken. Her er det volleyballkamp mellom Erla 4H og Ørneveng 4H frå Hylestad på idrottsplassen sør for skulen. Hylstringane gjekk vidare til fylkesfinalen. Dei tre fremst er Jakob Hovet, John Birger Stavenes og Hans Petter Andersen. (1974)

GÅVEBANKEN Tanken om at bankarbeidet kunne gjeve overskot, var nedfelt alt i dei fyrste vedtektene frå 1866. Under føresetnad av at banken hadde ei eige på meir enn 1/10 av innskota, kunne ein bruke det overskytande eller ein del av dette til allmennyttige føremål. Frå 1962 heiter det at overskotet skal disponerast i samsvar med sparebanklova, og slik har det vore sidan. Til så lenge var det berre føremål i sjølve Valle sokn som kunne nyte godt av dette. Akkurat dette siste punktet var kanskje ikkje så viktig sidan det i praksis var liten vilje til å bruke av banken sin kapital. I 100–årssoga les vi at fyrste gongen det kom framlegg i den lei, var då Olav O. Åmli i 1884 foreslo at banken kunne halde ved og betale brannpengar dersom det kom omnar i kyrkja. Saka vart utsett, og kom aldri opp att meir. Omn i kyrkja kom det no likevel til slutt. Av same kjelde går det fram at banken fram til 1966 hadde ytt til saman 10 941,– kr til bygda. Forvaltningskapitalen var det året godt 13,5 millionar, så her er det tydeleg at det var meir mangel på vilje enn på evne. Førestillinga om at det var betre å behalde pengane på ein konto i banken enn å bruke dei, stod sterkt. Dei som ville hatt glede av løyvingane var jo i all hovudsak dei sjølve. For jamsides verv i bankstyre og forstandarskap, stod same folka også i brodden for bondeorganisasjonar og kristelege lag, og dertil hadde sete i kommunestyret og opp til fleire kommunale utval.

180

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

For dei neste femti åra derimot, er haldninga ei heilt anna. Det vart rutine å setje av ein sum til føremålet kvart år. I 125–årssoga finn vi denne samanfatninga: «Søknadane var ikkje så mange, og dei fleste fekk. Jordbruk, religion eller norskdom var lenge det sikraste grunnlaget å søkje på, men hjelpekorpset møtte alltid velvilje. Frå 1970 var idrottslaga med. På same møtet fekk Valle Frilyndte Ungdomslag for fyrste gong innvilga stønad – rett nok mot 8 stemmer. Det året var det 11 søkjarar som dela 10 000 kr Mesteparten av pengane gjekk no til rein lagsdrift. Talet på søknader auka, og i desember 1973 vart det fastsett at alle gåvesøknader må ha kome inn før januar månad går ut. Samstundes vart det fleire om beinet. Lag frå Hylestad slapp til frå 1970, og frå 1980 har det au gått ein god del pengar til Bykle. Gåvesummen har frå 1982 lege mellom 80 og 100 000 kr. I tillegg til dette kjem sponsoravtalene med idrottslaga. Dei vart underteikna i 1985, og inneber at laga får ekstra stønad mot å reklamere for banken under idrottstilskipingar og i annonser, og elles nytte banken i verksemda si. I år får kvart lag 25 000 kr. I samband med dette syter banken for å skaffe start–/målmarkørar og startnummer. Akkurat det er forresten ei nokså gamal form for marknadsføring. Så tidleg som i 1973 kjøpte banken slikt utstyr for utlån til lag i bygda.


HVAD FANDEN! Åge Rysstad på Snøskotersenteret fekk ei litt uvanleg bestilling frå Agder Energi; ein luftputebåt! Og kvar kan ein få tak i eit slikt framkomstmiddel omtrent på dagen? I Danmark viste det seg. Dette hasta, og det var om å gjere å få båten på danskeferja så fort råd var. Dansken ville ikkje sende noko som helst utan bankgaranti, og Åge ville ikkje miste handelen. Torleiv Hovet var fungerande banksjef, og kl. 9 om kvelden vart han purra for å ordne papira. Opp i banken bar det. Alarmen vart kopla frå, og telefaksen sett på. I 10–tida vart ferdig utfylt skjema faksa av garde.

Neste morgon var Åge på telefonen til Danmark. Om båten kunne køyrast til Hirtshals og sendast med ferja? «Ikke uden bankgaranti», slo dansken fast endå ein gong. «Tak og sjekk den lefsa som ligg og ventar på deg i faksen», svarte Åge. Dansken vart borte frå hornet, og Åge høyrde det rasla i papir. Så bryt han ut: «Hvad fanden er det for en bankforbindelse du har?» Luftputebåten kom med ferja same dagen.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 181


Banken har au på andre måtar sytt godt for bygda. Mellom anna har dei kjøpt filmframvisar og videokamera til utlån. Men meir ivrige enn som så har ikkje banken vore for å skaffe seg kundar.» Frå då av kan ein vel seie at dette berre har gått ein veg, og banken er i dag ein betydeleg bidragsytar til det som rører seg i bygdelivet. Årsmeldinga 2014 samanfattar slik: «Gjennom den årlege gåveutdelinga stør banken friviljug arbeid, lag og organisasjonar. I 2014 vart det delt ut i alt 471 000 kr. Banken har teikna sponsoravtalar med Valle IL, Setesdal vidaregåande skule avd. Valle, Valle Radio, Brokke AS og Sylvknappen AS på til saman 300 000 kr årleg.

Hylestad snøscooterklubb sine aktivitetar vart nok ikkje støtta dei første åra, men etter kvart som det vart både NM, EM og VM–runde på Åraksøyne var banken ein viktig bidragsytar. Vinnar i det lokale scooterløpet på Furestøyl i 1989 var Kåre Hovet. Til venstre bak står dei to scooterforhandlarane Lars Helge Helle og Åge Rysstad. Hopprenn i Åkresbakken. Vi legg merke til at deltakarane alt no har deltakarnummer med Valle Sparebank sin logo. Ved hoppkanten kjenner vi m.a. Dreng Homme, Olav T. Åkre og Ove Lund. (ca. 1980)

182

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Valle Sparebank tok saman med Setesdal Spelemannslag og Valle kommune initiativet til å etablere eit fond for å stimulere etterspurnaden etter folkemusikkutøvarar. Fondet fungerer slik at tilskiparar som ynskjer å nytte lokale folkemusikkutøvarar kan søkje om delvis dekking av honoraret utøvarane skal ha. Frå og med 2010 vart ordninga utvida til å gjelde Bykle og Bygland.» Honorarfondet er ei nyskaping som har hatt svært mykje å seie for musikklivet i dei tre kommunane. Det gjer det mogeleg å skipe til konsertar med dei beste utøvarane, og attpåtil kunne tilby eit anstendig honorar. Vi får også leggje til at klaveret i Spelestoga ved skulen, delvis er kosta av Valle Sparebank.

Brokke–Suleskarvegen opna 21.09.1990, og med eitt var Rogaland eitt av nærområda. Tidleg på sommaren kan det vere ganske spektakulært å køyre over heia, med høge brøytekantar. Honorarfondet gjer det mogeleg å engasjere dyktige musikarar til mange slags arrangement. Ikkje sjeldan stiller lokale utøvarar opp gratis, som Hallvard Bjørgum då Valle og Hylestad helselag markerte sitt 90–års jubileum. Frå v.: Hallvard Bjørgum, Ingebjørg Sagneskar Austenå, Bjørg Nomeland, Jorunn Åkre, Ingrid Haugen Rysstad og Birgit Håverstad. (2016)


I dette avteiknar det seg også eit anna mønster. I dragsuget av alle bankfusjonar og rasjonaliseringar, har Valle Sparebank utvikla seg til ein bank ikkje berre for Valle sokn, men for heile Setesdal. Frå å vere einsidig fokusert på gåver til lag, organisasjonar og friviljug arbeid, har banken vorte ein katalysator i kulturlivet i bygda, og ein investor i infrastruktur.

med at siste innbetaling på til saman 1 050 000,– kr til ny idrottshall. Banken si positive haldning til å etablere hallen, var ei sterkt medverkande årsak til at prosjektet let seg realisere. Det same kan seiast då Valle stadion vart ein realitet i september 2013. Valle Sparebank har gått inn i drifta av denne med ein sponsoravtale med ein total verdi på 1,5 mill. kr.

I mars 1987 måtte dåverande banksjef Olav O. Rike be om spalteplass i Setesdølen for å forklåre kvifor banken som aksjonær i vegen kunne gjeve eit tilskot på 33 000 kr til bygginga av Brokke–Suleskarvegen. I 2015 tok banken sjølv initiativ til å gjeve 100 000 kr til Setesdal Regionråd til utgreiingsarbeid for å gjere vegen om til heilårsveg.

Valle Sparebank si forvalting av gåveinstituttet har vorte lagt merke endåtil i finansdepartementet. I mai 2012 kom statssekretær Morten Søberg på vitjing for å lære meir om dette. Mellom anna vart den årlege stønaden til Valle Radio peika på som eit godt døme på korleis gåveinstituttet kan nyttast til å stimulere lokaldemokratiet. Kringkasting av kommunestyremøte, og eigne valsendingar i samband med kommunevala vart trekte fram i det høvet.

I 2002 hadde same avisa eit heilsides oppslag om banken i samband

Valle stadion, som stod ferdig hausten 2013, har vore til stor inspirasjon for både store og små idrottsaktivitetar i bygda. Idrottshallen samlar unge og gamle til positive aktivitetar frå tidleg haust til sein vår. Tine fotballskule har etter kvart vorte noko dei fleste ungane er med på. (2010)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 183


TAKK FOR MATEN Banken har i alle år hatt godt ord på seg for å stø opp om friviljuge lag og organisasjonar. Slik og i dette tilfellet, der banken for ein del år sidan betala for all bevertning på eit medlemsmøte, i form av god mat, drikke og dessert. I dette høvet var og representantar frå banken innbedne til møtet. Då formannen etter matøykta heldt ein elegant tale om den sers gode maten, vart avslutninga på talen slik: « Ja, so vil me takke Valle Sparebank for at de har spandert maten på oss her i kveld. Men so veit de at det er me som eige banken, så i grunnen så har me berre spandert på oss sjølv!»

184

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Banksjef Olav O. Rike sørgde for at det kom fontener både i Valle sentrum og på Rysstad. Og ei i tunet til banken sjølv. (1987) Sentrumsfrokost og brusteinsball har etter kvart vorte ein fast tradisjon siste helga i juni. Og Valle Sparabank er sjølvsagt med. (2015) Valle kommune sin tusenårsstad er området ved Setesdal vgs. si avdeling i Valle, der verdens største munnharpe står plassert i tunet. Biletet er frå avdukinga våren 2000. Frå venstre: ordførar Steinar Kyrvestad, munnharpespelarane Sigurd Brokke og Bjørgulv Straume, munnharpesmed Bjørgulv A. Bjørgum, munnharpespelar John T. Melhus og fylkesordførar Oddvar Skaiaa. «Setesdal folkehøgskule – motorsportskolen» dukkar opp på skjermen når vi googlar. Motorsportinteressert ungdom har der eit tilbod som ikkje finst så mange andre stader. Øvingane er på banen på Åraksøyne. (2014)


BANKEN SOM SAMFUNNSAKTØR Vi kunne ha bruka mykje plass på dei ulike prosjekta banken har involvert seg i opp gjennom åra. Brokke–Suleskarvegen er alt nemnd som ei kontroversiell sak for mest 30 år sidan. I samarbeid med kommunen vart Valle Infrastruktur AS stifta i 2005. Føremålet var å føre fram straum og breiband til hytteområda ved Bjørnevatn i Valle austhei. Banken har og bidrege mykje til å gjere sentrumsområda meir attraktive. Både i Valle sentrum og på Rysstad er det fontener. Banken sitt vedtak om å bruke 3,5 mill. kr til å kjøpe ein seksjon av eit framtidig sentrumsbygg på Rysstad, var ein av føresetnadane for at dette kunne byggjast i 2004. «Vi liker å syne ansvar og ta del i sentrumsutviklinga både i Valle og på Rysstad. Reint bedriftsøkonomisk er det sjølvsagt ikkje på dette vi hentar dei store inntektene. Vi meiner likevel at det er viktig å gje bygdefolket noko tilbake på slikt vis også», sa fungerande banksjef Torleiv Hovet til avisa Fædrelandsvennen då bygget vart teke i bruk sommaren 2004.

Banken er også ein viktig bidragsytar i samband med den årlege sentrumsfrukosten med etterfølgjande brusteinsball som går av stabelen siste veka i juni. Også kyrkjene har hatt nytte av banken sin godvilje. Mellom anna då nytt orgel skulle på plass i Valle kyrkje i 1996, venta det eit godt tilskot på kr 700 000,–. Då kyrkjegarden på Rysstad nokre år seinare skulle utvidast og pyntast på m.a. med eit klokketårn, var banken god å ha i bakhand. Vi må heller ikkje gløyme dei vidaregåande skulane, Setesdal vgs. avd. Valle og Setesdal folkehøgskule, som båe står på sponsorlista. Sistnemnde kjem for så vidt ekstra godt utav det, fordi banken også gjev årlege midlar til Sylvknappen AS som er ansvarleg for banen dei brukar til øving i motocross og trial.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 185


Kulturlivet får stadige bidrag til prosjekt. Banken har støtta ei rekkje bokutgjevingar. Skulpturprosjekta i barnehagane i Valle og Hylestad må heller ikkje gløymast. Endå meir synleg er statua i innkøyringa til Setesdalsmuseet, som er ein kopi av ei bondekone frå Setesdal. Originalen vart sett opp i Nordmandsdalen utanfor København for kring 250 år sidan. Setesdalsmuseet har også i mange andre samanhengar fått hjelp frå banken. Det står pengar på konto og ventar på at restaurering av Tveitetunet skal verte fullfinansiert, og no sist sommar kjøpte banken det store gangardansbiletet som Olav Bjørgum i si tid måla til Sylvartun, slik at det på ny kunne hengjast opp att på den opphavlege staden. Det vart gjort under nyopninga i juni 2015. Måleriet utgjer no ein del av dei nye utstillingane. Den årlege Kulturveka i Valle går heller ikkje av stabelen utan at Valle Sparebank er involvert. At dei er med vert i «all beskjedenhet» marknadsført på denne måten på Facebook: «Valle Sparebank er stolt sponsor av Kulturveka i Valle 2015. Kulturveka startar i Valle kultursenter i ettermiddag med «minifestivalle» for jenter og gutar frå 5. klasse og oppover. Mykje dugnadsarbeid frå dyktige eldsjeler, god hjelp på alle vis frå Valle kommune og sponsorbidrag frå lokalt næringsliv gjer dette mogleg. Me vil oppmode bygdefolk, hyttevalldølar og andre til å få med seg så mange som råd av dei flotte arrangementa me no har i vente!»

186

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Setesdalsmuseet har fleire gonger nytt godt av gåver frå Valle Sparebank. Også når restaurering av lensmannsgarden på Tveiten vert påbegynt hausten 2016, er banken ein medspelar. (2014) I 1850 var J.F. Eckersberg i Valle og måla, og hans storslegne måleri av Einang var inntil nyleg det fyrste ein møtte når ein kom inn døra til Nasjonalgalleriet. I 2005 sikra banken seg eit anna måleri av same mannen, og det vart det avisoppslag av.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 187


Christian Rummelhoff var frå Arendal, og utdanna seg som kunstnar i Düsseldorf. Som fleire av desse kunstnarane tok også han seg ein tur til Setesdal, og dette måla han i 1870. Landskapet rundt kan ikkje identifiserast, men husa liknar på dei i Kveste som fleire andre kunstnarar (Marcus Grønvold, August Schneider) måla på same tid

188

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Lars Osa har måla dette måleriet frå Hedda i Stavedalen. Han hadde hus i Viki Valle, og familien Bernhoft–Osa var i Valle kvar sommar. Det skal vere Kjetil O. Rike som er modell. «I bryllaupsgarden» er eit motiv Harald Lund stadig vende tilbake til. Denne versjonen måla han i 1975.

VALLE SPAREBANK SI KUNSTSAMLING Måleriet vi nemnde ovanfor, er ikkje det einast som Valle Sparebank har sytt for å kjøpe tilbake til bygda. Dei siste tjuge åra har det vore ei medviten handling å gjeve inn bod når god kunst med tilknyting til Setesdal har vore til sals. Det gamle banklokalet hadde lite utsmykking om ein ser bort frå to–tre måleri av Harald Lund. I samband med at nybygget vart opna i 1987, fekk banken litt kunst som gåve. Banklokalet hadde mange tome vegger, og noko vart hengt opp sjølv om folk flest nok ikkje la så mykje merke til det som hekk der. Det var Olav O. Rike som begynte å kjøpe dei gamle måleria når høvet baud seg. Fyrst Lars Osa og Harald Lund, og etter kvart også nærare 20 trykk av Olav Bjørgum. Mange av dei er eldre trykk med noko andre motiv enn dei vi vanlegvis forbind med den kunstnaren. Olav K. Rike heldt fram i same låma då han overtok styringa, og i 2005 vart det stort avisoppslag i Fædrelandsvennen i samband med at banken kjøpte eit lite måleri av Eckersberg, ein av dei store pionerane i norsk målarkunst. Motivet er Valle så tidleg som 1850. Ein akvarell frå Harstad i 1871 av Marcus Grønvold, er også verd å merke seg. Arendalskunstnaren Christian Rummelhoff sitt måleri av eit setesdalstun har eit særpreg som ein heller ikkje har så mange andre døme på. Filialen på Rysstad var utsmykka med arbeid av Olav Bjørgum, og ekteparet Hans og Heide Kohler. Det er verdt å merke seg at dette ikkje er kunst som vert gøymt bort i ein kvelv, men pyntar kontor og samlingsrom så vel i Valle som i Kristiansand.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 189


Dette motivet frå Hylestadportalen lagt til ei smie. Kanskje ikkje berre tilfeldig?

190

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Kvinner og menn i banken

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 191


Desse karane styrde då banken runda 75 år. Frå venstre formann Olav D. Rike, kassestyrar Mikjål O. Harstad, Torgrim H. Homme, Knut K. Brottveit, Ånund B. Aakre og Olav J. Kyrvestad.

KVINNER OG MENN I BANKEN Vi burde kanskje ikkje ha bruka denne overskrifta, for fram til Toril Dale vart tilsett i 1976, var det berre mannfolk som hadde hatt arbeid i banken. Som med så mangt anna var økonomi og bankstell ei oppgåve som passa best for mannfolk. Det tek tid å rive ned gamle og solide bastionar, men i dag er det faktisk langt fleire kvinner enn menn som har arbeidet sitt i Valle Sparebank. Banken har vore ein trygg og god arbeidsplass, og det som slår oss er at det er svært sjeldan nokon seier opp. Difor er ikkje lista over tilsette spesielt lang. Også dei tillitsvalde har hatt lang tenestetid. I bankvedtektene frå 1962 kom den fyrste innskrenkinga, som sette ei øvre aldersgrense for tilsette og tillitsvalde på 70 år. Den regelen vart rett nok oppheva i 1988,

192

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Styret i 1966. Framme: Olav K. Rike, Dreng O. Rike, Hallvard T. Homme. Bak: Olav A. Flateland og formann Ånund O. Åmlid.

men ti år før det att hadde ei vedtektsendring bestemt at ingen kunne ha same tillitsvervet lenger enn 12 år, og at ingen heller kunne ha tillitsverv i eit lengre, samla tidsrom enn 20 år. Forstandarane er det øvste valde organet i banken. Hovudføremålet er å sjå til at banken driv i samsvar med lover, vedtekter og vedtak som er gjorde. Det er forstandarskapet som vel styre og andre nemnder i banken. Fram til 1961 vart det valt 20 medlemer til forstandarskapet. Alle var innskytarvalde. Frå 1962 var talet redusert til 16, og kommunen skulle velje fire av desse. Frå 1978 valde kommunen åtte forstandarar. Slik er det framleis med den endring at dei tilsette frå 1996 har valt to forstandarar i tillegg.


Då banken feira 125–årsjubileum var Bjørgulv N. Berg formann, og Olav O. Rike (banksjef og styremedlem), Gunnar Brottveit, Torleif B. Harstad og Håvard Brottveit sat i styret.

Styret hadde dei fyrste 30 åra sju medlemer. Frå 1896 vart dette redusert til fem. Styreleiar var også leiar i forstandarskapet. Ei tid var det slik at styret, «directionen», utgjekk av forstandarskapet, men frå 1924 kunne ingen vere medlemer samstundes både i styre og forstandarskap. Vedtektene var også slik at styreleiar skulle vere til stades i banken saman med kasserar når banken var oppe. Fram til 1. januar 1976 kan vi på ein måte rekne styreleiar som tilsett i banken. Då banksjef vart tilsett i 1976, gjekk han inn i styret med alle rettar, og slik var det fram til 2007. Vidar Homme fekk berre nokre månadar som kombinert banksjef og styremedlem før han måtte vike plassen på grunn av endringar i sparebanklova. Sidan 2003 har dei tilsette vore representerte i styret, og fram til 2007 var talet på styremedlemer seks. Sidan har det vore fem styremedlemer.

Styremøte 6. juni 2016. Geir Olav Uppstad, Magnhild Bjørnarå, Olav K. Mosdøl, banksjef Vidar Homme, Gro Haatveit og styreleiar Jostein Rysstad.

Også revisorane vart valde mellom banken sine eigne. Bankinspeksjonen var ikkje udelt begeistra for løysinga, og var heller krass i kommentarane då dei i 1953 fann ut at den eine av revisorane også var leiar i tilsynsnemnda, og at bror hans var leiar i forstandarskapet. Konklusjonen var sjølvsagt at dette ikkje var haldbart. Frå 1964 vart revisjonen supplert med ein ekstern revisor, men ein heldt på med innskytarvalde revisorarar fram til 1978. Frå då av var revisorane tilsette. Frå 1998 har revisjonen i sin heilskap vorte bortsett til eit eksternt revisjonsfirma. Banken hadde endå eitt kontrollorgan, som har hatt noko ulike namn oppigjennom åra; desisjonsnemnd, tilsynsnemnd eller kontrollnemnd. I kontrollnemnda skal det vere minst to forstandarskapsmedlemer. Oppgåva er mellom anna å gå gjennom styreprotokollar, revisjons– protokollar og revisjonsmeldingar. Nemnda skal og vurdere sikkerheita for lån til tilsette i banken, og sjå etter at forvaltninga er i samsvar med lovverket. VALLE SPAREBANK 150 ÅR 193


DET FYRSTE STYRET Lat oss begynne med det fyrste styret. Den eldste var Torjus Sveinsson Berg (1807–1883). Han hadde teikna seg for to aksjar. Alt i 1868 gjekk han ut av styret, men sat i forstandarskapet fram til 1870. Han var bonde i Heimigard Berg, den høgast liggjande garden i Valle. Ut over det er det ikkje så mange opplysningar vi har om mannen. Sonen Svein Torjusson Berg, vart også vald inn i det same styret som ein av dei yngste. Han vart konstituert som omgangskulelærar i Kveste krins og Åmli krins 1858. Frå 1874 var fast arbeidsplass skulehuset i Åmli. I 1885 gjekk han av med pensjon frå staten. Svein var sjølvsagt skrivekyndig, og var ynskt i bankarbeidet. Han sat i styret i tre periodar fram til 1882, og i forstandarskapet til 1881. Han var formann i forstandarskapet i 1870, men nekta attval. Han var så revisor eitt år, men nekta også der attval.

Svein T. Berg (1836–1902)

194

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Bjørgulv J. Kyrvestad (1822– )

Bjørgulv Jonsson Heggjebakken (Kyrvestad) var òg lærar, og mellom 1846–1850 kyrkjesongar i Bykle. Prosten kalla han ein «ret duelig Lærer» då han var på visitas, men det ser ikkje ut som han heldt fram med dette arbeidet då han flutte ned att til Valle. Han fekk åtte born, og det var vanskeleg å greie seg. I 1868 bar det til Amerika med heile huslyden, og tida som tillitsvald i banken stoppa der. Dei busette seg i Cherry Grove i Goodhue County, Minnesota Eivind Hallvardsson Berg kom frå Åmli, men budde i Nordstog Berg. Bergsfolka var såleis usedvanleg godt representerte i styret. Eivind vart, med eit par avbrot, sitjande i styret fram til 1874. Då gjekk han også ut av forstandarskapet. Elles veit vi at Eivind skal ha vore både treskjerar og smed. Olav Olsson Åmli vart sitjande i forstandarskapet til han døydde i 1893. I styret vart han, med eit avbrot, verande til 1871. Det er tydeleg at ikkje alle heilt likte seg i styret denne fyrste tida. Det var mykje nytt og mykje ansvar. Olav var presten sin medhjelpar, og han hadde også med seg erfaring etter fleire periodar som varaordførar, og ordførar 1863–65.

Eivind H. Berg (Åmli) (1822–1881)


Elles les vi at Olav var presten sin medhjelpar, og tala ofte på samlingane. Han vart omvend under eit fælt torevêr i Vesteheia i 16–års alderen. Dei trudde domedag skulle kome. Ole Olsson Sundsdahl var bygda sin lensmann. Fødd i Holt, men hadde budd i Valle med ein stor huslyd etter at han vart tilsett i 1841. Han var også den fyrste postopnaren i Valle, og hadde det arbeidet frå 1859– 1867. Sundsdahl vart sjuk og døydde alt i 1871, og vi ser at han året før gjekk ut av tillitsverva i banken. Sokneprest Peter Blom kom til Valle i 1864. Torgeir Bjørnaraa har skildra mannen, som nok gjorde inntrykk på den eine og den andre måten: «Blom var prest i Valle frå 1865 til 1879. Han var ein ekte bygdepave av det gode gamle slaget, ein poet av Morten Luthertypen, ein praktisk reformator – og ein merkeleg mann på mange måtar. Han fekk meg og ymse andre haugbuar frå øvre luten av Setesdal til å fara til amtsskulen og læra verdensvisdom og folkeskikk. Difor kan det kanskje høva at han fær ein stubb her.

Olav O. Åmli (1819–1893) Ved sida står Torleiv L. Berg.

Ole O. Sundsdahl (ca. 1812–1871)

Han kom like frå tryn–tyrken (dvs. prest ved den svensk–norske legasjon i Istanbul i Tyrkia) til sæbyggjen. Um han vann på bytet, var han visst sjølv lenge i tvil um. «Jeg vet ikke hvem som er verst av de to», sa han. «De brøler fryktelig begge.» Han hadde vitja både Jerusalem og Jeriko, lauga seg i Jordanelvi og vassa ut i Daudehavet utan å søkkja lenger ned enn litt uppom navlen.» På eit møte i kommunestyret alt året etter han kom, foreslo han at det skulle gjerast førebuande arbeid med tanke på å få til ein sparebank i bygda. Han vart også vald til ordførar, og det var i hans tid omgangsskulen vart erstatta med faste skular i alle grender unnateke Oveinang. Det tok ikkje så lang tid før han overlèt verva i banken til bygdefolket, men sat som banken sin fyrste styreformann fram til 1869. Deretter nøydde han seg med plass i forstandarskapet til han reiste frå bygda i 1880. Han var også ordførar like lenge, så Blom var mykje meir enn berre ein prest.

Peter Blom (1828–1912)

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 195


196

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


3. Hallvard T. Hoftuft (1830–1889) og andre kona Gunhild med dei tre borna Hallvard, Signe og Turid. Bak dei tre eldre borna Torjus, Gunhild og Gyro. Olav P. Kjelleberg (1838–1904) og andre kona Anne.

BOKHALDAR OG KASSASTYRAR Den fyrste kasseraren var Hallvard Torjusson Hoftuft (1866–1870). Som fleire av dei andre i bankstyringa, hadde han vore skulelærar. Han var beskikka av prosten i 1852, og tente (i staden for militær– teneste) åra sine i Brokke og Uppstad krins i Hylestad. Seinare hadde han post i Homme og Oveinang krins. Hallvard hadde bakgrunn frå kommunestyret, og var elles rekneskapsførar for fattigkassen, og for kommune– og skulekassen. Han var såleis trena med tal. Likevel gav han seg etter fire år. Med andre kona budde han lenge på odelsgarden hennar i Vodden i Homme. Torjus Åkre fortel i hundreårsskriftet at det der var ei lita kista som Hallvard skal ha bruka som pengeskrin Elles hadde han bak seg to år i styret etter at han gjekk av som kasserar, og deretter i forstandarskapet fram til 1888, og til sist to år i desisjonsnemnda (kontrollnemnda) fram til han døydde. Han var også vald til revisor 1873–1887, med unntak av året 1886. Olav Pålsson Kjelleberg (1870–1904) hadde gard i Nordstog Kjelleberg; i dag ville vi sagt Valle sentrum. Det fall seg difor naturleg at han stella seg til med eit kontor på eine loftet. Olav vart tilsett i banken i 1870, og vart postopnar ti år seinare. Han sat med båe arbeidsoppgåvene til like før han døydde i 1904. I åra 1889–1895 var han også ordførar, så det var kanskje ikkje underleg at det var slite hol i golvet der han sat og gjorde kontor– arbeidet. Det vart mange og lange arbeidsdagar.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 197


Olav M. Harstad (1863–1932)

Mikjål O. Harstad (1909–1977)

Olav Mikjålsson Harstad (1904–1932) vart forstandar 26 år gamal i 1896. To år seinare fekk han plass i styret, og då Olav P. Kjelleberg låg på det siste i 1904, ville han at styreformannen skulle overtake kassen. Enden på visa var at Olav vart konstituert ut året, vart fast tilsett, og styrde banken til han døydde i 1932. Olav var også ordførar i bygda frå 1908–1916, og var den fyrste som førde møteboka til formannskapet på nynorsk. I bankprotokollane bruka han nynorske ord og setningar av og til, skriv Torjus Åkre i 100–årssoga, så vi skjønar at «rigsproget» nok vart sett på som det mest høvelege i ein bank. Ekspedisjonslokalet vart no flytta sør til Harstad, der det vart verande fram til 1952. Neste kasserar var sonen i huset.

198

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Hallvard O. Harstad (1913–1991)

Mikjål O. Harstad (1933–1939, 1945–1975) kan ein vel på mange måtar seie voks opp i banken. Han var og hjelpesmann for faren som var sjukleg dei siste åra han levde. Dette fekk han styret si godkjenning på i romjula 1931, og overtok deretter då faren døydde. Mikjål hadde teke gymnaset på Hornnes, og var russ i 1929. Hugen til å lære meir var sterk, og han begynte på jusstuidet ved Universitetet i Oslo. Broren Hallvard styrde banken med han var borte i åra 1939–1945. Med Mikjål som kasserar, gjennomgjekk banken store endringar. Ikkje berre vart den flytta frå Harstad, det kom også nytt bankbygg. Familien flytta nord til sentrum, og vart buande i andre etasje. Stutt arbeidsveg med andre ord.


Frå 1966 vart arbeidet som bokhaldar og kasserar delt, og Mikjål heldt fram som kasserar fram til han gjekk av som pensjonist ved årsskiftet 1975/76. Hallvard O. Harstad (1939–1945) hadde berre framhaldsskulen som «vidareutdanning» då han i 1939 begynte å vikariere som bankkasserar. Som broren hadde han vakse opp i banken, og kjende til oppgåvene som skulle utførast. Noko bakvendt var det difor å take handelsskulen etter at han gjekk av som kassastyrar.

Samling i graset rett nordom banken på Harstad. Frå venstre. Hallvard O. Harstad, Torleif B. Harstad, Ånund O. Harstad, Torleiv T. Harstad, Aslak S. Sandnes, Svein O. Åmli, Bjørn D. Harstad.

Seinare hadde Hallvard arbeid som handelsstyrar på Kvinlog og på Valle handel (1954–58), før han flytta til Byglandsfjord og vart kontorsjef på kontoret til Agder Tømmermåling.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 199


«DIRECTIONEN» ELLER STYRET Som nemnt tidlegare, var styreformann og formann i forstandarskapet, ein og same person fram til 1896. Styreformannen hadde også den oppgåva at han hadde ansvar for å vere til stades i banken alle bankdagar. Dei tre fyrste formennene har vi møtt før. Presten Peter Blom sat frå 1866–69, Svein T. Berg i 1870, og Hallvard T. Hoftuft 1871–73. Ole Lund (1874) kom frå Valdres. Han hadde m.a. bakgrunn som jordskifteformann i Romsdal då han vart tilsett som lensmann i Valle i 1872. Han vart ein aktiv mann i bygda på mange måtar, og sat nærare 50 år som lensmann før sonen Juel overtok i 1919. I boka om Lund–slekta i Valle skildrar Tarald Nomeland lensmannen på denne måten: Ole Lund var intelligent, konservativ, streng, nøyen og punktleg i alt sitt

Ole Lund (1837–1920)

200

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Jon K. Holum (1816–1879)

Knut B. Åkre (1823–1901)


arbeid. Han hadde bondens interesse for jordbruk, skogbruk og feal og arbeidde alltid for fremjing av desse næringane, og som lensmann og vegoppsynsmann arbeidde han for betre vegar i dalen. Han hadde medalje og diplom for sitt arbeid med bondenæringa.» Året etter han kom til bygda vart han vald inn i forstandarskapet, og sat der til 1895. I styret hadde han sete frå 1873–1888, men var berre formann i året 1874. Han sat i desisjonsnemnda frå 1881–1895. Jon Knutsson Holum (1875–1879) var den fyrste seminaristen frå Valle. Dvs. den fyrste valldølen som hadde teke lærarutdaning ved seminaret i Holt i 1843. Han vart lærar ved den faste skulen i Valle som stod ferdig i Ruslehaugen (nordforbi aldersheimen) i årsskiftet 1847/48. Han var også kyrkjesongar i Valle, og som så mange andre var han i full post

då han døydde. Styreformann i banken var han dei fire siste åra han levde. Dei same åra sat han også i forstandarskapet. Frå 1872–1874 sat han i desisjonsnemnda. Knut Bjørnsson Åkre (1880–1895) var mykje med i styr og stell i bygda. Som fleire andre i banken, hadde han gått på «søndagsskolen» som sokneprest Dahl hadde hatt kring 1840. Dette var ei form for vaksenopplæring som presten heldt den dagen folk i bygda hadde fri frå anna arbeid. Mange hadde tydelegvis nytte av den. Knut fekk lang fartstid i banken, og sat i forstandarskapet frå 1869 til han døydde i 1901. I styret sat han mest like lenge; frå 1875 til 1901. Frå 1880–1895 var han styreleiar.

Før 1800–talet var den einaste embetsmannen på bygdene bondelensmannen. Ein av desse var Vonde–Åsmund Rygnestad, som i 1588 skriva brev til Knut Tveiten og Borgar Harstad om å møtast på Harstad for å gjere opp ei sak dei imellom.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 201


Ånund Hallvardsson Kleveland (1896–1899) var endå ein lærar og kyrkjesongar som fekk lov til å styre banken. Han ætta frå Hylestad, og gifte seg med ei valldøle. Han sat i forstandarskapet frå 1888, i styret frå 1890–93, og så frå 1896 att. Han hadde kjøpt seg gard i Holum, og hadde nok tenkt å verte verande. Då garden vart teken attende på odel, enda det med at han måtte seie frå seg alle verv, og flytta ned att til Evje.

han i bankstyret, og formann var han frå 1904. Så vidt vi kan sjå er Olav A. Rike den som har sete lengst som styreleiar. Då Olav trekte seg tilbake, var det næraste grannen på sørsida av Rikesbekken som overtok klubba.

Der venta det han eit langt bankliv som forstandarskapsmedlem frå 1901–1942.

Olav Drengsson Rike (1926–1943) kom inn i forstandarskapet i 1901, og då han kom med i styret og vart formann i 1926 måtte han ut av forstandarskapet etter dei nye reglane. Olav var leiar i dei harde 30–åra med gjeldsoppgjer, arbeidsløyse og små løner som gjorde det vanskeleg å få inn renter og avdrag.

Olav M. Harstad (1899–1904). Olav var styreleiar då han i 1904 gjekk over i stillinga som kasserar

Olav var ordførar i Valle frå frigjeringa til det fyrste kommunestyret var lovleg valt.

Olav Aslaksson Rike (1904–1925) heldt til i Skarpækre i Rike. I tillegg til å ha krambu i huset, dreiv han handel med skog og husdyr. Også Olav var ein aktiv mann i styr og stell i bygda. Han hadde 29 år bak seg som forstandarskapsmedlem då han gjekk ut i 1925. Like lenge sat

Ånund Bjugsson Åkre (1944–1961) var bonde på ein tredje rikesgard; Skumstein. Han hadde teke underoffiserskulen – vart til sist løytnant – og handelsskule, og var ei tid styrar av Valle handel. Ånund kom inn i forstandarskapet i 1928, og gjekk over i styret i 1934. Formann var

Ånund H. Kleveland (1857–1946) Foto: B. S. Kjæreng

202

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Olav A. Rike (1853–1927) – saman med andre kona Jorunn O. Myrum.


han frå 1944 til 1961, då han måtte gå av for alderen. Tarald Nomeland skreiv denne karakteristikken i avisa då han slutta: «Den som har hatt noko å gjere med Valle Sparebank, har vant seg til å rekne eit par menn som fast institusjon – for ikkje å seie inventar – i banken. Jamsides sat desse karane bak disken i den gamle ærværdige banken kvar einaste ekspedisjonsdag – og jamsides stod namnet deira i kvar kontrabok og på alle viktige papir som banken sende ut. Den eine var kasserar, den andre var styreformann. Kasserarjobben fylgde ætta frå far til son – men formannsjobben fylgde berre mannen – til mannen fall frå eller vart for gamal. Så vart det nyval – eit par gonger i mannsalderen.» Ånund Olsson Åmlid (1962–1975) var den som på ein måte tok stafettpinnen med seg frå gamletida og inn i den nye. Han kom inn i forstandarskapet i 1957, og valt som styremedlem og formann frå 1962. Som styreformann var han til stades i banken alle ekspedisjonsdagar, og då omorganiseringa kom på nyåret 1976 vart han tilsett som kasserar og seinare skrankefullmektig til han gjekk av som pensjonist i 1987.

Olav Arnesson Flateland (1976–1978) var bonde i Oppistog på Flateland. Han vart vald inn i forstandarskapet av heradstyret i 1964, og vidare til styret året etter. Han fekk vere leiar dei to fyrste åra etter omorganiseringa, 1976–78. Han vart også den fyrste som opplevde at banksjefen tok sete i styret, og den fyrste styreformannen som ikkje deltok direkte i bankarbeidet. Kjetil Ånundsson Kyrvestad e. (1979–1982) dreiv som sauebonde i Brenne. Karrieren i forstandarskapet starta i 1964. To år seinare vart han vald inn i styret, der han sat til 1982. Dei fire siste åra som formann. Dette var ei tid då bankarbeidet begynte å verte krevjande på ein ny måte for leiarane i banken. Kunnskap om økonomi vart ein føresetnad for å handtere sakene. Mellom anna var det i Kjetil si tid som formann at data vart teke i bruk i det daglege arbeidet.

Med kløvhest på veg inn i vesteheia. Ånund O. Åmlid og Olav P. Nomeland.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 203


Bjørgulv N. Berg (1983–1992 ) representerte på mange vis eit tidsskifte. Han hadde sete to år i representantskapet 1978–79, men elles var det som kontorsjef i Valle kommune han hadde mest bakgrunn for det arbeidet som skulle gjerast. Bjørgulv sat som formann frå 1983–1992. Det store prosjektet i hans tid var det nye bankbygget, og etablering av filial på Rysstad. Likeins overgang til meir og meir data i bankarbeidet, onlinetenester og minibank.

Torleif B. Harstad (1993–1999) vart vald inn i forstandarskapet i 1980, og derfrå til styret i 1988. Bakgrunnen hans er som bonde på slektsgarden på Harstad, og lærar ved Valle skule. Dessutan lang fartstid i kommunen, med ei rekkje verv i kommunestyre og utval. Han følgde arbeidet i banken fram til tusenårsskiftet.

1

2

3

4

5

6

7

8

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9.

9

204

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Olav D. Rike (1873–1953) Ånund B. Åkre (1889–1985) Ånund O. Åmlid (1921–2008) Olav A. Flateland (1908–1980) Kjetil Å. Kyrvestad e. (1924–1998) Bjørgulv N. Berg Torleif B. Harstad Olav T. Åkre Jostein Rysstad


Olav T. Åkre (2000–2011) er den fyrste som vart rekruttert direkte til styret i 1992 utan å ha vore innom i forstandarskapet. Han er utdanna psykolog, og var leiar for Pedagogisk psykologisk teneste for Setesdal frå 1979–2011. Han overtok formannsvervet i 2000, og sat med ansvaret fram til 2011. Dette var år med vekst og utvikling, endringar og utfordringar, med etablering av filial i Kristiansand og nybygg på Rysstad. Terra–skandalen kan vere eit stikkord i den samanheng. Siste året han var i styret, vart han leiar i staden for formann.

Jostein Rysstad (2012– ) er oppvaksen på Byglandsfjord, men kjøpte gard på Kveste i 2007, og er busett der. Han er utdanna som bedriftsøkonom og befal i Forsvaret, og har arbeidet sitt som rådgjevar i Bykle kommune. Han har vore styreleiar sidan 2012.

Hallandsbrua for godt hundre år sidan. Harstad og vallebygda i bakgrunnen.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 205


FORSTANDARSKAPET Fram til 1896 var same mann formann både i styre og forstandarskap. Frå då av var det delt. Gunnar Mikjålsson Harstad (1896–1925) vart vald til forstandarskapet i 1888, og hadde vervet som formann frå 1896 til han gjekk ut i 1925. Det høyrer og med til soga at broren, Olav, var fyrst styreleiar og sidan kasserar, i tilnærma det same tidsrommet. Det tykkjest ikkje ha vore noko problem. Han var dessutan med i revisjonen frå 1888–1932 (med unntak av åra 1897–98).

Gunnar M. Harstad (1859–1935). Han som får skyss er Gunnar Svanholm, son til presten.

206

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Olav var engasjert på mange område. Med i styret for Valle mållag frå 1899, og var ofte meldar i Fædrelandsvennen. Ut over det var han bonde på garden Evretveit, som han kjøpte i 1881. Tarjei Olsson Sagneskar (1926–1961) fekk og uvanleg lang fartstid i banken. Han vart vald inn i 1920, formann 1926 og vart sitjande til 1961 då ei ny lov sette ei øvre aldersgrense på 70 år. Tarjei var eit engasjert bygdemenneske. Ved sida av å drive garden var han postopnar i bygda, og ordførar 1948–51.


Olaf Lund (1962–1965) overtok etter svogeren Tarjei Sagneskar, men vart berre sitjande som leiar i fire år for skuld aldersgrensa. Samstundes gjekk han ut av kontrollnemnda, der han hadde sete sidan 1934, same året som han vart vald til forstandar. 1965 var også året han gjekk av som lensmann, eit arbeid han overtok etter far sin i 1939. Torleiv T. Harstad (1966) vart vald til forstandarskapet 1951–54 og 1963–66, revisor 1956–61 og kontrollnemnd 1963–66. Han fekk berre eitt år som formann i forstandarskapet. Til gjengjeld var det sjølve jubileumsåret 1966.

1

2

4

5

Torleiv hadde arbeidet sitt som kommunekasserar den tida han var med i banken, og var frå 1969 avdelingsleiar på trygdekontoret i Valle. Torjus B. Åkre (1967) var også ein av dei gamle travarane i banken. Han vart fyrste gong vald inn i forstandarskapet 1927–34, så 1946–53 og til sist 1965–68. Han fekk heller ikkje lang tid i arbeidet. Han sat som formann i 1967, same året som han gjekk av for alderen. Torjus Åkre var skulelærar og ein viktig kulturberar som forfattar av ei rekkje kulturhistoriske artiklar og bøker. Mellom anna var han ansvarleg for 100–årssoga til banken, og største bidragsytaren til «Bygdesogeskrifter for Valle» som kom i 1983 som ein forsmak på bygdebøkene.

3

1. Tarjei O. Sagneskar (1891–1968) 2. Olaf Lund (1895–1988) 3. Torleiv T. Harstad (1918–2009) 4. Torjus B. Åkre (1897–1990) 5. Torleiv O. Sagneskar (1900–1980) VALLE SPAREBANK 150 ÅR 207


1. Olav D. Rike (1929–2005) 2. Gudmund Åkre 3. Tarald Myrum 4. Tora Homme Uppstad 5. Bjørg Brokka Rike 6. Bjørgulv Sverdrup Lund 7. Nina Johnsen 8. Liv Bratlie Løyland

1

2

Torleiv Olsson Sagneskar (1968–1970) var også ein av bankveteranane som så vidt fekk prøve seg som formann i forstandarskapet før aldersgrensa innhenta han. Han sat samanhangande frå 1936 til 1970, hadde revisjonen frå 1945–55 og kontrollnemnda frå 1962–1970. Formann i forstandarskapet frå 1968–1970. Ved sida av var han trygdesjef, og hadde han eit lite småbruk nord i Lii. Med Olav Drengsson Rike (1971–1979) kom ein ny generasjon i leiinga i banken. Han kom inn i forstandarskapet i 1962, men måtte ut i 1979 som fylgje av den nye lova som sa at ingen kunne ha same vervet lenger enn 12 år. Då hadde han sete i 16 år, og som formann sidan 1971. Olav var også ein medarbeidar som kombinerte oppgåvene i banken med anna talarbeid. Han var likningssjef i kommunen i ei årrekkje ved sida av å vere sauebonde i Rota i Rike.

208

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

3

4

Gudmund Åkre (1980–1991) hadde vore ordførar i Valle sidan 1976 då han vart vald til formann i 1980. Han hadde då sete i forstandarskapet sidan 1972. Gudmund var ein aktiv politikar med interesse for det meste som rørde seg i bygdelivet. Mellom anna vart sentrumsutbygginga gjennomført i hans tid som ordførar. Kommunehuset, som stod ferdig i 1982, spikra på ein måte fast korleis den vidare sentrumsutbygginga måtte verte, med helsehus, bank og husflid i eit triangel rundt. Gudmund leidde forstandarskapet gjennom dei åra fusjonspresset var på sitt sterkaste, og takka for seg i 1991. Jamsides skjøtta han arbeidet som distriktstannlege. Frå 1986 var ordførarjobben heiltidsjobb. Tarald Myrum (1992–1999) var nyvald som ordførar då han i 1992 også vart vald som formann i forstandarskapet. Han hadde fartstid der frå 1985, og vart sitjande til 2000. Ved sida av arbeidet som mjølkebonde i Tveitebø, har Tarald også vore aktiv i fylkespolitikken. Ei av merkjesakene hans i politikken har vore idrettslivet. Han var ein markert pådrivar for å få idrettshall i bygda.


5

6

7

8

Tora Homme Uppstad (2000) var den fyrste kvinna som sat som formann i forstandarskapet. Då ho vart vald som medlem i 1996, hadde ho ved sida av arbeidet sitt som helsesyster bak seg fleire periodar i kommunestyret. Ho hadde formannsvervet berre det eine året. Grunnen var at ho då gjekk inn i styret, der ho var medlem fram til 2013.

Nina Susanne Johnsen (2011–12) var nyvald til kommunestyret då ho vart formann i forstandarskapet. Då ho året etter vart varaordførar, måtte ho av habilitetsgrunnar tre tilbake frå vervet i banken. Som sine kvinnelege forgjengarar, har ho hatt arbeidet sitt i helsesektoren m.a. som som avdelingsleiar ved Valle–alder– og sjukeheim.

Bjørg Brokka Rike (2001–2007) hadde også lang fartstid som politikar i kommunestyre og fylkespolitikk. Av profesjon er ho sjukepleiar, og har arbeidet sitt ved Valle alders– og sjukeheim. Ho sat som formann frå 2001–2007, men fekk plass i forstandarskapet alt i 1992.

Liv Bratlie Løyland (2012– ) vart fyrste gong vald inn i forstandarskapet i 2008, og har vore leiar frå 2012. Også ho har lang fartstid som kommunepolitikar, og er i det daglege leiar i NAV Valle.

Bjørgulv Sverdrup Lund (2008–2011) har bakgrunn som ingeniør, men var nyvald ordførar i Valle då han vart vald til forstandarskapet i 2008. Han gjekk av som ordførar i Valle i 2011 då han vart vald til vervet som fylkesordførar i Aust–Agder. Han vart sitjande som formann i forstandarskapet ut året.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 209


TO TIL SOM MÅ NEMNAST Hallvard K. Kvassaker (1871–1927) er den med lengst tenestetid i banken. I hundreårssoga les vi: «Han gjekk i lære hjå Hans i Faret og var lærar i Homme krins til 1921. I mange år sat han i heradsstyret, og var ordførar frå 1895 til 1907. Han la seg mykje etter gamalt, både den munlege tradisjonen, og det han fann i gamle brev kring på gardane. Ketil O. Homme – som gjekk i skule for Halvor – har fortalt at han ein gong hadde nept skuleboki si inn i eit gamalt skinnbrev. Dette gådde Halvor, tok skinnbrevet av og sa: «Dette må kje du have Ketil». Då dotteri og versonen var borte, kom brevsamlinigi hans diverre ut or bygdi. Halvor var revisor i banken frå 1871 til 1887, i forstandarskapet frå 1876 til 1927 og i tilsynsnemndi frå 1888 til 1921, ei tenestetid på 56 år.»

210

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Hallvard K. Kvassaker med skuleungane i Homme og Tveitebø krins i 1909. Frå v.: Jorunn T. Hoftuft, Tore O. Myrum e., Jorunn K. Hoftuft, Turid J. Homme, Tora O. Jore, Margit B. Jore, Tone P. Homme, Targjerd O. Kvassaker, Gyro K. Homme e., Hæge T. Espetveit, Turid O. Jore, Birgit B. Homme Bak: Bjørgulv T. Homme, lærar Hallvard Kvassaker, Olav Å. Myrum, Olav O. Kvassaker, Tarald L. Myrum, Stor–Olav J. Jore, Såve T. Espetveit, Tarald K. Myrum, Lidvard S. Homme og Tarald O. Hoftuft.


Kjetil O. Rike med skuleungane i Åmli krins i 1902. Framme frå venstre: Turid Å. Åmlid, Gyro K. Sandnes, Tarjer Au. Bø, Ingebjørg O. Kveste, Tone B. Kveste, Sigrid O. Bø, Eivind S. Berg, Bjørgulv H. Viki, Torleiv K. Sandnes. Kjetil T. Nomeland, Daniel Å. Åmlid, Tarald Å. Bø. Midten: Lærar Kjetil O. Rike, Gunhild Steingarden, Tore Bakka, Birgit O. Kveste, Gyro Å. Bø, Anne Asm. Åmlid, Annlaug T. Sandnes, Hallvard Å. Åmli, Hallvard Åsm. Åmlid, Knut A. Sandnes, Gunnar T. Sandnes, Tarald Au. Bø, Pål O. Bø(e). Bak: Tore B. Uppstad (Kveste), Ragnhild S. Berg, Torbjørg Kveste, Såve Sandnes, Olav Å. Åmlid, Sigurd T. Åmlid, Olav B. Kveste (e), Såve O. Åmlid, Olav H. Viki, Svein H. Viki.

Kjetil O. Rike (1888–1940) «var i forstandarskapet frå 1888 til 1940. Ved sida av Hallvard Kvassaker, som sat i forstandarskapet i 56 år, er han den som har tent lengst i banken. Tenestetidi hans vart såleis 52 år. I tilsynsnemdi var han frå 1888 til 1936 – 48 år. Denne nemndi lyt utan varsel møte i banken 4 gonger til året, telje pengane, sjå etter pantobligasjonar og verdibrev, rentor og avdrag og seie frå fyrst noko ikkje er som det skal vere. Og den som kjende Ketil veit vel at han gjorde alt sitt arbeid grundig.» (Valle Sparebank 100 år.) Kjetil vart i 1878 lærar i Hylestad, og kom der med i Hylestad framstegslag som mellom anna ivra for landsmålet. Dette tok han med seg til Valle, der han hadde Åmli krins frå 1884. «Han nytta bygdemållet med han underviste, og let borna fortelje frå bibelsoga på sitt eige mål. Blom lika ikkje dette, og truga med at han skulle nok «tugte den Pjæsen Ketil Rike, som tror han kan gjøre om både Bibelen og Grunnloven».

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 211


1

2

3

4

5

6

7

8

MEDARBEIDARAR (BANKFUNKSJONÆRAR) 1976–D.D. 1. Olav O. Rike (1965–1997) hadde bak seg ti år som bokhaldar då han frå 1.1.1976 vart tilsett som banksjef. Han gjekk av hausten 1997, og førde dette inn i styreprotokollen den 31.10.1997: «Dette var siste styremøtet mitt som administrerande banksjef. Det er med blanda kjensle eg overlet styringa til Olav Kn. Rike, men etter 33 år og med 21 år i sjefsstolen må ein seia nok er nok. (…) Eg byrja i banken med ei forvalting på 13 millionar og eit fond på 500 000,– og sluttar med ei forvalting på kr 418 millionar og eit fond på 7 millionar. Det hev vore ei eventyrleg utvikling som nok mest skuldast utbygginga av I/S Øvre Otra.»

212

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

Ånund O. Åmlid (1962–1988) Ånund hadde vore med i bankarbeidet som styreformann sidan 1962. Tilsett som kasserar 1976, og fekk nemninga skrankefullmektig i 1984. Gjekk av med pensjon i 1988. Ånund døydde i 2008, 86 år gamal. (Sjå s. 203f.) 2. Hallvard Holum (1975–1993) Hallvard vart tilsett som bokhaldar. Kundehandsamar frå 1991 til han slutta 1993. Dreiv i fleire år filmutleige frå bustaden sin i Tveitebø, og har vore fast revisor og rekneskapsførar for mange friviljuge lag og organisasjonar i bygda. 3. Toril Dale (1977–2014) Toril vart den fyrste kvinnelege funksjonæren i banken då ho vart tilsett som assistent i 1977. Kasserar vart ho i 1982, hovudkasserar i 1994. I mange år var ho avdelingsleiar i daglegbank, før ho i 2009 fekk jobb som kunderådgjevar. Tok mykje vidareutdanning i banken og vart autorisert som finansiell rådgjevar i 2011. Gjekk av med pensjon i 2014, og har rekorden som den med lengst fartstid som tilsett i Valle Sparebank.


9

10 Staben i 1987 i nye bankklede til alle. Frå v.: Ånund O. Åmlid, Ingebjørg Nordeide Aamli, Kåre Rike, Toril Dale, Torleiv Hovet, Ingebjørg Helle Haugen, Olav O. Rike, Ingvill Nomeland, Knut J. Homme

4. Daniel A. Homme (1969–1983) var detaljrevisor. Fyrst som vald, frå 1978 som tilsett. 5. Knut J. Homme (1974–1997) var detaljrevisor. Fyrst som vald, frå 1978 som tilsett. 6. Pål Aakre (1980–1981) Pål fekk tittelen assistent då han vart tilsett i 1980. Han slutta året etter. 7. Ingebjørg Nordeide Aamli (1981–1994) Ingebjørg vart tilsett i 1981 og overtok oppgåvene som assistent. Kasserar i 1982, deretter hovudkasserar i 1990. Ingebjørg gjekk av med pensjon i 1994. Diverre døydde Ingebjørg altfor tidleg i ei tragisk trafikkulykke i 1999.

8. Kåre Rike (1984– ) Kåre vart tilsett som assistent, men rykte alt året etter opp i rolla som EDB–ansvarleg. Kontorsjef i 1999, IT– og driftsansvarleg frå 2007. Kåre tok utdanninga si i økonomi og administrasjon på det som då heitte Agder Distriktshøgskole, ADH. På fritida har Kåre vore ein viktig bidragsytar i drifta av Valle Radio. 9. Ingebjørg Helle Haugen (1985–2015) tilsett som kasserar i 1994 og fekk etter kvart tittel som hovudkasserar. Dei fleste, både i og utanfor banken, kjenner henne best som Bitte. Gjekk av med pensjon 2015. Før ho tok til i banken arbeidde ho på I/S Øvre Otra. Som Kåre Rike har ho også vore ein del av staben i Valle Radio. 10. Ingvill Nomeland (1986–) Ingvill vart tilsett som assistent i 1988, og fekk etter kvart tittel som kasserar. Ho arbeidde heilt fram til 2013 med daglegbankoppgåver, og fekk då stilling som kunderådgjevar. Ingvill er dotter til tidlegare banksjef Olav O. Rike. Ho har også i mange år vore reinhaldar på hovudkontoret i Valle, ein jobb som ho i seinare tid har overlete til Liv Gunn Viki.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

213


1

2

3

4

5

6

7

8

1. Torleiv Hovet (1987– ) byrja som nestleiar i banken, ein funksjon han har hatt sidan. Torleiv har i fleire periodar vore konstituert banksjef, og var sterkt delaktig i arbeidet med å etablere eit salskontor i Kristiansand. Frå 1.mars 2007 flytta Torleiv kontorstad og vart avdelingsleiar ved avdelinga i Kristiansand. Torleiv har utdanninga si i økonomi og administrasjon frå ADH, og er autorisert som finansiell rådgjevar.

3. Erling Sagneskar (1988– ) tilsett som kasserar. Kom då frå bankjobb i dåverande DnC i Oslo, der han er fødd og oppvaksen. Konsulent 1999, sal og rådgjeving 2007. Sparing– og plasseringsansvarleg frå same tidspunkt. Erling har teke vidareutdanning og er autorisert som finansiell rådgjevar. På fritida er Erling aktiv som skitrenar i Valle IL, og han har også vorte lokalkjendis med foredrag om ekspedisjonar han har gjennomført i Valle Austhei, på Grønland og i villmarka i Canada.

2. Anne–Gunn Homme (1988– ) tilsett som bokhalderifullmektig, endra til rekneskapsleiar 1993, økonomileiar 2009. Anne–Gunn har også risikokontrollfunksjonen i banken. Ho hadde bakgrunn frå ADH då ho byrja i banken, men Anne–Gunn har også vore mellom dei ivrigaste til å vidareutdanne seg. Som den einaste har ho godkjend bachelor–utdanning frå BI innanfor fagfelta bank og finans. Anne–Gunn har tidlegare vore aktiv i musikklivet i Valle, og song mellom anna for konge og dronning då kongeparet vitja Valle i 1993.

4. Margit Homme (1993– ) vart tilsett i 1993 og etterfylgde såleis ektemannen, Hallvard Holum, som slutta om lag på same tid. Ho har arbeidd i kasse og daglegbank i alle år, og var vel den mellom dei tilsette som i fleire år var banken sitt andlet på filialen på Rysstad. Margit har på fritida vore aktiv i lokalt 4H–arbeid.

214

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


9

10 Dei tilsette i banken 2014.

5. Bjørg Åkre (1994– ) tilsett som kasserar. Depotmedarbeidar 2003, depotansvarleg 2007. Då ho byrja i banken kom ho frå stillinga som sekretær på teknisk etat i Valle kommune. Bjørg har som mange andre tilsette i banken vore ivrig til å vidareutdanne seg. Utanfor arbeidslivet er Bjørg aktiv i Valle IL, m.a. som spinninginstruktør i ei årrekkje. 6. Helga Jonny Barstad Kjelleberg (1997– ) Helga fekk ei nyoppretta stilling som konsulent i 1997. Frå 2007 og fram til 2015 var ho avdelingsleiar for sal og rådgjeving ved hovudkontoret i Valle. Kredittansvarleg og næringsansvarleg frå same tidspunkt. Helga hadde tidlegare arbeidd i bank på Dalen i Tokke kommune, der ho er fødd og oppvaksen. Helga har teke mykje utdanning medan ho har arbeidd i banken, og er autorisert finansiell rådgjevar. 7. Olav K. Rike (1997–2006) vart tilsett som administrerande banksjef i 1997 og kom då frå jobben som kontorsjef hjå I/S Øvre Otra. Olav var utdanna jurist og hadde tidlegare også arbeidd i Statens Vegvesen. Det var i Olav si tid som banksjef at salskontoret i Kristiansand vart etablert, og nyskapinga antigebyr gjorde Valle Sparebank kjend utanfor landegrensene. Olav var elles aktiv i Valle Mållag og ivra for målsak og sogeskriving. Han døydde i 2015, 64 år gamal.

8. Gro Haatveit (1999– ) vikarierte fyrst som rekneskapsleiar. Frå 2000 tilsett som forsikringsansvarleg, og vart i 2010 autorisert som finansiell rådgjevar. Flytta i 2014 til kontoret i Kristiansand. Før ho tok til i banken, hadde Gro arbeidd i Valle kommune på økonomiavdelinga, der ho også var konstituert som økonomisjef ein periode. Gro har vore aktiv i kyrkjeleg arbeid, og vore leiar i Valle og Hylestad Fellesråd. 9. Anette Uppstad Viki (1999– ) Anette vart tilsett i 1999 og fekk jobb i daglegbankavdelinga der ho vart avdelingsleiar i 2009. Ho arbeidde i ein del år i CTI Norge AS med å føre rekneskapen før ho kom til Valle Sparebank. Frå 2013 har Anette lønsfunksjonen som si oppgåve. 10. Kari Brottveit Rysstad (1999– ) Tilsett frå 2000, og arbeidde i daglegbank fram til ho vart tilsett som kunderådgjevar i 2013. Kari har teke vidareutdanning i banken, og har fullført autoriseringa som finansiell rådgjevar. Før ho byrja i banken arbeidde Kari på tannlegekontoret i Valle.

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

215


1

2

3

5

6

7

1. Ingunn Åkre Uppstad (2000– ) Ingunn vart tilsett i daglegbankavdelinga i 2000, der ho har arbeidd sidan. Ingunn kom frå stillinga som sekretær i Otra Kraft DA. Ho har også i mange år hjelpt til med rekneskapen i familieverksemda Uppstad Transport og Anlegg AS. Til liks med Kåre og Bitte har også Ingunn vore ein del av staben i Valle Radio. 2. Inger Lise Homme (2000–2007) Inger Lise vart tilsett i 2000 og arbeidde mellom anna med lønsoppgåver. Utdanning i offentleg administrasjon frå Høyskolen i Agder. Slutta i 2007 i samband med at mannen, Vidar, vart tilsett som banksjef. 3. Karen Marie Rike Lund (2000–) Karen Marie har vore tilsett sidan 2000, og arbeidd med daglegbankoppgåver. I eit par år også som avdelingsleiar fram til kunderetta avdelingar ved hovudkontoret i Valle vart slegne saman i 2015. Før ho byrja i banken hadde Karen Marie arbeidd som sekretær i Valle kommune, og på økonomiavdelinga ved I/S Øvre Otra. 4. Geir Heskestad (2003). Vikarierte i om lag eitt år som konsulent i samband med fødselspermisjon.

4

5. Tor Arild Rysstad (2005– ) Tor Arild starta opp som kunderådgjevar ved den nye avdelinga i Kristiansand seint på året i 2005. Fødd og oppvaksen i Kristisansand, og busett i Vennesla. Som namnet tyder på har han slektsrøtene her i kommunen. Autorisert som finansiell rådgjevar i 2010. Før han byrja i banken hadde han mange år bak seg i inkassobransjen. Tor Arild er ivrig medlem av Setesdalsbanens Venner. 6. Vidar H. Homme (2007– ) Vidar overtok som administrerande banksjef etter Olav K. Rike 1. februar i 2007. Utdanna sivilingeniør i industriell økonomi frå NTH. Tidlegare arbeidserfaring m.a. som porteføljeforvaltar i kraftbransjen og som rådmann i Valle kommune. Vidar har vore med i styret i Valle Mållag, er nestleiar i styret i Aust–Agder Museum og Arkiv IKS, og aktiv i Valle IL som fotballtrenar. 7. Liv Gunn Viki vart tilsett som reinhaldar i 2008, men var vikar heilt tilbake til 2003. Elles har ho arbeidet sitt i heimesjukepleien i Valle. Liv Gunn er glad i friluftsliv, og tek seg ein heietur når høvet byd seg. Som så mange andre i banken brukar ho delar av fritida si som teknikar i Valle radio.

Ei hyggeleg overrasking på Setesdalskonferansen var tildeling av Setesdalsprisen for 2015. Banksjef Vidar H. Homme tok imot sjekk og blomar. 216

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R

217


218

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


Laurdag 9.april 2016 arrangerte banken Senkveld med Valle–vri. Thomas og Harald var i storform og dei omlag 700 frammøtte fekk oppleve mykje lokal underhaldning og god mat. Ein fest for heile bygda!

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 219


Boknemnd Kåre Rike Olav T. Åkre Olav Mosdøl Vidar H. Homme Forfattar Leonhard Jansen Design Gunn Buverud Haugen, Tress Design as Skrift / FF Din Papir / 150g. Artic Volume Trykk / 07 Sør © Utgitt oktober 2016 Ansvarleg utgjevar Valle sparebank Administrerande banksjef, Vidar Homme ISBN 978-82-992358-1-5

220

VALLE SPAREBANK 150 ÅR

LITTERATURLISTE Bjørnsen, Jannes: Evje og Hornnes sparebank gjennom 100 år. Evje 1964. Dyrvik, Ståle m.fl.: Norsk økonomisk historie 1500–1970. Oslo 1979. Hodne, Fritz: Norges økonomiske historie 1815–1970. Oslo 1981. Jansen, Leonhard og Alfred Ryningen: Valle kommune. Kultursoge. Bd. VII–VIII. Valle 1994. Jansen, Leonhard: Bykle kyrkje år. 1620–1995. Bykle 1995 Jansen, Leonhard: Valle Sparebank 125 år. Valle 1991. Jansen. Leonhard m.fl. (red.): Spor i Setesdalsjord. Arendal 2014. Løyland, Jon: Bygland sparebank 100 år. Bygland 1968. Ryningen, Alfred: Valle kommune. Gards– og ættesoge. Hylestad. Bd. I–II. Valle 1985. Ryningen, Alfred: Valle kommune. Gards– og ættesoge. Valle. Bd. III–VI. Valle 1987. Ryningen, Alfred: Valle kommune. Registerband. Bd. IX. Valle 1994. Skomedal, Sigmund: I skiftende tider. Kristiansand 1985. Thue, Lars: Forandring og forankring. Sparebankene i Norge 1822–2014. Oslo 2014. Åkre, Torjus: Valle sparebank gjennom eit hundre år. Valle 1966. Åkre, Torjus m.fl.: Bygdesogeskrifter for Valle og Hylestad. Valle 1983. Protokollar Valle formannskap og Valle kommunestyre. Protokollar Valle sparebank. Avisutklypp. Samling i Valle Sparebank. Lokalavisa Setesdølen. Wikipedia. Setesdalswiki. Andre nettsider.


FOTO Albert Pedersen: 58 Anders Andersen: 114h, 115ov, 166, A. B Wilse: 60nh, 164, Anna Lund: 65, 130, 167v, August Abrahamson: 21, 75nv, 82h, 114v, 205, Axel Lindahl: 24, 25, 31, 59, Frå Birgitt Bakke–Eidså: 168v Dag Magne Søyland: 162, Eberh. B. Oppi: 169, Francis Bull: 60nv Frank Egil Reise: 118n Ferdinand Køhn: 27, 28, 126, Gert M. Høye: 19o, 44, 61o, 62v, 63v, 107o, 204(1) Gisle Midttun: 9oh, 55ov Gunnar Rysstad: 53, 55oh Gyro Liestøl: 15 Hallvard Haugerud: 18v, 20v, 38, Johanne Cecilie Fiane Hortemo: 120 Johs. Bjørkeli: 158nh, 181, 186, 217(7) Jon Løyland: 17, 33, 50, 71h, 75o, 77n, 79n, 87n, 88, 92, 129, 134h, 204(2), 207(1,2,4,5), 212(4) Jostein Rysstad: 7 KOT Årbok 1962: 54o Knud Knudsen: 45, 93, 124, Knut Jonson Heddi: 60ov, 61n, 64v, 67n, 70, 78, 87ov, 89, 134v, 135, Knut K. Bø: 77ov Kulturhistorisk museum © 2016, UiO / CC BY–SA 4.0: Vegard Vike: 20h, 49 Leif Pedersen 40, Adnan Icagic 43n, 46v, Erik Irgens Johnsen 48

Leonhard Jansen: 6, 9nh, 13n, 16, 19n, 22o, 23, 34, 35, 41, 42, 51, 57, 60oh, 71v, 100o, 105v, 105m, 111o, 112, 113n, 115oh, 116, 118o, 136ov, 146h, 147, 150, 151, 153o, 154, 156, 157, 160, 161, 163, 172, 174v, 176, 180, 182ov, 182oh, 182nh, 184oh, 187, 193v, 208(1,4), 216(3,7), 218, 221 Marit Simonstad Kvaale: 102, 103, 104, 111n, 119n, 141n, 146v, 175, 176v, 178, 183, 185h, 190, 212(3,8), 213(9,10), 214(unnateke 7), 215, 216(unnateke 1,2,5,6), 222

Media Service As 2–3, Frå Odd Harstad: 198h, 199

Olav J. Haugeland: 99ov, 100n, Olav Fossen: 52h, 99oh, 108ov, 143h, Ole Hangaard: 13o, 22n, 29, 74, 75nh, 80, 210 P. B. Frøysnes: 128, P. J. Søraa: 83 Per Naas: 77oh, 95oh, 131, 145, Setesdal Regionråd, Styrk Fjærtoft Trondsen: 217

Frå Setesdalsmuseet: 9vn, 10, 12, 13o, 14, 26, 30, 52v, 55n, 62h, 63h, 64h, 66, 67o, 68, 69, 72, 76, 79o, 84v, 86, 87oh, 90, 91, 95ov, 95nv, 97n, 98, 107mv, 108nv, 110, 113o, 115n, 118m, 122, 123, 124h, 125, 132, 136oh, 136n, 137, 139, 140, 142, 148, 149o, 177, 185v, 194, 195, 196, 197, 198v, 200, 201, 202, 203, 206, 211, Setesdølen, Ole Birger Lien: 158n, 208(3), 209(5–6), 219 Svend Jørgensen, Helsingør: 8v Sverre Lund: 4, 84h, 97o, 107mh, 107n, 108oh, 109, 117, 141o, 142v, 168v,

Torfinn Liestøl: 99n, Torhill Bjørgum Åkre: 144n Torleiv Jansen: 119o Torunn Charlotte Nyberg: 105h, Frå Valle sparebank: 94, 143v, 144o, 149n, 153mv, 153n, 155, 158o, 170, 171, 182nv, 184v, 188, 189, 192, 193h, 198m, 204(3–9) 207(3), 208(2), 212(1,5,7), 213h,

Widerøe Flyveselskap A/S: 8h, 47, 54n, 96, 108nh, 138, 167h, 173, Foto merkte i kursiv kjem frå Setesdalsmuseet sine samlingar. o=oppe v=venstre m=midten h=høgre n=nede

VALLE SPAREBANK 150 ÅR 221


222

VALLE SPAREBANK 150 Ã…R


VALLE SPAREBANK 150 Ã…R 223



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.