Hubro 2 - 2010

Page 44

B-BLAD RETURADRESSE: Formidlingsavdelingen Universitetet i Bergen Nygårdsgt. 5 N-5015 BERGEN

Stamceller reparerer skadde knoklar Ved hjelp av stamceller blir skadd beinvev rekonstruert. Slik kan kroppen lækje seg sjølv. TEKST: Kjerstin Gjengedal

Det å miste beinvev, kanskje som følgje av ein skade eller ein omfattande operasjon, kan medføre store plager for pasienten. Ved mindre skader er det vanleg å transplantere bein frå andre stader i kroppen, men det medfører ein ekstra operasjon, med den risikoen og smertene det inneber. Difor er såkalla regenerativ behandling med stamceller eit svært interessant alternativ. To nye EU-prosjekt har som målsetting å utvikle metodar for dette.

Unngår transplantasjon – Lat oss seie at ein pasient må ha eit tannimplantat. Plantatet skal forankrast i kjevebeinet, men nokre gonger er det for lite beinvev att til at ein kan feste eit implantat til det. I dag blir beinstrukturen bygd opp anten ved hjelp av eit syntetisk beinsubstitutt eller ved å transplantere beinvev frå ein annan stad i pasienten sin kropp, før implantatet kan settast inn. I staden ønskjer vi å bruke stamceller frå pasienten. Då unngår vi både transplanteringskirurgi og dei moglege komplikasjonane som kan oppstå ved transplantasjon, seier førsteamanuensis Kamal Mustafa ved Institutt for klinisk odontologi. Komplisert prosess Det er mange utfordringar knytt til å bruke stamceller til å generere nytt beinvev. – Stamceller får vi frå pasienten sjølv, men vi treng gode teknikkar for å auke volumet slik at det blir

nok celler til at dei kan danne nytt beinvev. I tillegg trengst det ein struktur som kan tene som underlag og «skjelett» for stamcellene når dei skal førast inn i kroppen. Og ein må syte for at det blir danna blodkar i denne strukturen, slik at det nye vevet blir forsynt med blod. Prosjekta skal ta for seg alle desse utfordringane, fortel Mustafa.

Nytt vev med nanoteknologi Han og kollegaene ved Institutt for klinisk odontologi er største partnar i eitt av prosjekta, VascuBone. Forskarane frå klinisk odontologi samarbeider dei med miljø ved Gades institutt. Miljøet der skal sjå etter moglege sjukdomsframkallande bieffektar av materiala som blir utvikla, og oså professor Jim Lorens og hans forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin er involvert i prosjektet. Dei har allereie lang erfaring med å bruke nanoteknologi til å lage og studere kunstig vev og blodårar. No skal dei bruke kunnskapen til å sikre blodkardanning og blodforsyning ved rekonstruksjon av beinvev. Vascubone: Målet med prosjekta er å utvikle ei verktøykasse for oppbygging av beinvev, med ulike teknikkar som kan tilpassast pasienten i kvart enkelt tilfelle. Verktøykassa skal innehalde fleire forskjellige biomaterial og vekstmedium, i tillegg til simuleringsog visualiseringsverktøy til bruk i diagnostikk. I første del av prosjekt­perioden på fem år skal nye material utviklast og analyserast grundig, før dei blir utprøvd på ulike dyre­modellar. Det er meininga å starte kliniske utprøvingar mot slutten av perioden. Flere nyheter på: nyheter.uib.no EU-PROSJEKT: Dei to prosjekta som no har fått løyvingar gjennom det 7. rammeprogrammet, er eit samarbeid mellom ei rekkje partnarinstitusjonar i Europa, også industrielle. Illustrasjon: iStockphoto


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.