Hubro 2 - 2010

Page 37

Når den såg at vi kom, kunne vi sjå på lang avstand at den letta og kom flygande mot oss. Alle dei andre båtane som passerte lea den ikkje på ein augnelok for, fortel Jan Erik Willgohs. Av faren lærte han også noko om ørnas tilhøve til matematikk. Ei ørn kan telje til tre. Dette nytta Johan Willgohs seg av. Om fire personar gjekk inn i eit telt, og tre av dei gjekk ut att, medan den fjerde vart att for å kikke på ørna, ville ørna tru at teltet var tomt. Tre var så langt som den kunne telje.

Et ikkje husdyr Alle dagane og nettene i kalde og våte telt langs kysten sette sine spor på kroppen, og det hende ein sjeldan gong at han klaga seg over gikta etter som åra gjekk. Men speidinga gav resultat. Då Willgohs fekk publisert doktorgraden sin i 1963, vart det grundig dokumentert at havørna ikkje var nokon fare for småfeet. Det var fisk og sjøfugl som sto på menyen. – Han noterte alt om ørnene, forekomstar, hekkeplassar, ernæring. Han registrerte tusenvis av byttedyr i reira, fann beinrestar og identifiserte dei, og eg trur ikkje han fann eit einaste husdyr. Det var ein studie i tidas ånd, eit grundig, deskriptivt arbeid utan dei markerte hypotesane som gjerne er grunnlag for eit slikt arbeid i dag. Til gjengjeld har ein god deskriptiv studie lang levetid, og Willgohs sine arbeid står seg framleis godt som bakgrunnsinformasjon, seier Byrkjedal. Doktorgradsarbeidet om havørn vart publisert på engelsk, og fekk dermed rimeleg god spreiing. Og det er framleis aktuelt: Studien er kjeldemateriale i Handbook of the birds of the world, det første verket som vil dekke alle fuglar i verda når det sekstande og siste bindet kjem ut i 2011. Avspora av krigen Willgohs starta med å studere forplantningsbiologien hos trasten, men vart avspora av krigen. Då var han aktiv i motstandsrørsla – Han og dreiv, såvidt eg veit, arbeid i illegale aviser. Så vart han arrestert og sendt til Espeland, og seinare Grini, fortel Langhelle.

– Sidan han var utdanna, vart han ikkje sett til slavearbeid, men måtte gjere reint på kontora til tyskarane. Willgohs fortalde at når det var tomt der, brukte han å stå vakt medan andre fangar nytta høvet til å lytte på London på tyskarane sin radio. Først etter krigen kunne arbeidet med hovudfaget takast opp att. Då avanserte Willgohs gradvis, frå trast til sjøfugl, før han fekk interesse for ørn – og for hubro.

Tid for hubro – Mange veit ikkje at det finst ein bestand av hubro i skjergarden langs kysten, ein tenker som regel på hubro som ein innlandsfugl, ei mystisk kjempe som held seg i dei djupe skogane. Willgohs kom nok borti ei og anna hubro på havørnturane, og så byrja han studere dei meir systematisk. Han samanlikna mellom anna dietten til kysthubroen med dietten til innlandshubroen, og fann store skilnader, seier Byrkjedal. Det viste seg at kysthubro, som havørn, et store mengder sjøfugl, medan innlandshubroen rimeleg nok et meir smågnagarar og mindre pattedyr. Willgohs oppdaga også at hubroen er ein svært fleksibel jeger. – Ein gong såg han ein hubro som landa i eit havørnreir og forsynte seg med ein nesten flygedyktig unge. Han hadde eit triks med å kappe hovudet av byttet med ei kjapp rørsle med nebbet. Så tok han ungen heim og fòra han til sine eigne ungar. I 1968 vart havørna freda. I dag er havørna fjerna frå den norske raudlista, og er å finne langs heile kysten. – Det artige er at når havørna reetablerer seg, så oppsøker ho gjerne dei same reirplassane som vart brukte av havørn hundre år tidlegare, fortel Langhelle. Kanskje ventar ho framleis på at Johan Willgohs skal kome tøffande med båten sin for å helse på.

FAKTA Havørn en største rovfuglen i Europa, med eit vingespenn på opptil to D og ein halv meter. Vart freda i 1968 agens bestand er estimert til kring 3500 par. Noreg har omlag D 50 prosent av den europeiske havørnbestanden. ekkar langs kysten frå Finnmark til Vest-Agder, og er stadig i H utbreiing.

BUDDE I BÅTEN: Dette var heimen til Johan Fr. Willgohs då han reiste opp og ned langs kysten. Natthamn i Solund 1958. Johan Fr. Willgohs sin assistent.

HUBRO 2/2010 • 37


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.