Hubro 2 - 2010

Page 11

TALSKVINNE FOR ISLAM. Journalisten Yvonne Ridley var fanga i ti dagar av Taliban like før Operation Enduring Freedom tok til i 2001. Nokre år seinare konverterte ho til islam. I dag er ho ei frittalande talskvinne for islam, og angrip vestlege forestillingar om islam og muslimar. (Foto: Scanpix)

Kvinner i krysseld – Kvinnefrigjeringa var vikari­erande motiv i Afghanistan, seier britisk journalist. TEKST: Gudrun Urd Sylte

– Før invasjonen i Afghanistan stod Laura Bush og Cherie Blair og lova frigjering av kvinnene i Afghanistan. Er det nokon som vart utnytta av sine menn var det vel desse to. Det sa Yvonne Ridley under Nordiske Mediedager i Bergen i mai. Ho meiner frigjeringa av kvinner i Afghanistan vart brukt som tvilsame, vikarierande motiv for den amerikanske invasjonen. Ridley vart i 2001 fengsla av Taliban i Afghanistan. Seinare, tilbake i Storbritannia konverterte ho til islam. Når ho dei siste åra har reist rundt i Afghanistan, ser ho lite til kvinnefrigjeringa. – I realiteten lagar britiske og amerikanske styrkar saman med Nato

avtalar med ei gruppe menn i Afghanistan, som har motbydelige haldningar til kvinner. RAW, the Revolutionary Afghan Women’s Association, vart forskrekka då NordAlliansen vart invitert til å vere med å skape den midlertidige regjeringa etter Talibans fall. Bisart nok vart eit moteshow med ei Miss Afghanistan spankulerande i bikini langs ein catwalk haldt fram som eit stort steg fram for kvinnefrigjering i landet, seier Ridley til Hubro.

Ærefulle maktmenn At maktmennene i Afghanistan er langt frå ein fredselskande diplomat frå Vesten, kan Tor Halfdan Aase, professor i geografi ved UiB stadfeste. – Ein fredselskar frå vesten hadde ikkje hatt stor sjanse til å komme i maktposisjon i Afghanistan. I jirgaene, som styrer på ulike nivå frå landsby til parlament, sit det innflytelsesrike menn. For å bli det, må ein ha samla opp mykje ære. Det tyder igjen at ein til dømes må ha vist styrke og mot i blodfeider. Dei fleste jirga-medlemmene har vore ganske voldsame i ungdomen. Dei som er krigsherrar og lokale leiarar har derfor

ganske dramatiske personlege karrierar bak seg. Det tenker gjerne ikkje vestlege diplomatar over, seier Aase. Tor Halfdan Aase kjenner godt områda i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, der han deltok i eit Noradprosjekt for nokre år sidan. Fjell­områda i det nordvestlege Pakistan er såkalla «tribal areas», der staten har avgrensa innflytelse og folket lever etter sine gamle tradisjonar. Der er omsynet til familie og slekt viktigare enn individet sjølv. Den same for­pliktinga utover individet, som gjer at ein ikkje er fri i vest­ leg forstand, finn ein også i fleire kulturar. I hinduistisk tradisjon er det til dømes om å gjera å følgje sin ’dharma’, som er individet sin kosmiske lagnad og dermed si plikt som samfunnsborgar. – Den totale individuelle fridomen vi snakkar om i vesten, den vil dei ikkje ha. Den individuelle forma for fridom er ikkje eit ideal, men snarare eit skremsel. Vår individuelle fridom blir oppfatta som einsemd. Ein skal ha for­pliktingar til familie og slektningar og til sam­funnet rundt seg, seier Aase.

HUBRO 2/2010 • 11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.