4 minute read

Ein betre kvardag med livsmeistring

For 17 år gamle Ghiumati og 19 år gamle Sabita Gharti Chhetri har utdanningsprogrammet Samvad betydd svært mykje. For dei to jentene har erfart korleis det er å bli mobba, diskriminert og sett ned på fordi dei var litt annleis enn alle dei andre.

Tekst & Foto: EGIL MONGSTAD Sted: Sirpa, NEPAL

Advertisement

Dei to jentene vaks opp kvar for seg og viste ikkje om kvarandre før dei blei med på livsmeistringsprogrammet Samvad. Her oppdaga dei at dei hadde ein ting felles. Som babyar, berre nokre få månader gamle, vart dei begge to utsett for ei ulukke som gjorde at dei fekk store skader på føtene. Skadane har gjort at dei aldri har kunna gå ordentleg og dermed heller ikkje kunna leike, springe og være aktive ute med vener.

så lett å få vener, men eg hadde tre – fire gode vener på skulen. Men me kunne eigentleg aldri leike saman ute. Det vart for vanskeleg for meg, fortel Sabita. Også Ghiumati fortel om mobbing, det å være mykje åleine, og bli sett utanfor på skulen. – Eg hadde også vener, men det var få som kom på besøk, og det var ikkje mykje eg kunne være med på utanfor heimen. Eg kan hjelpe til og gjere husarbeid, koke og stelle heime, men eg kan ikkje være med ute og kutte gras, plante og dyrke jorda, og hjelpa til med utearbeid, seier ho.

Samvad har endra kvardagen vår. Opplegget er verkeleg blitt eit livsmeistringsprogram og ein motivasjon for oss, seier 17 år gamle Ghiumati Bk, og 19 år gamle Sabita Gharti.

Studera Begge to heldt på med utdanning, og er elevar i Samvad-klassen der dei bur, nokre kilometer utanfor Sirpa. – Eg vil ta ein bachelorgrad i språk og studere nepalsk. Draumen er å bli lærar og ein dag kunne undervise, enten her i Sirpa eller i skular andre stader i landet, fortel Sabita som ynskjer å studere, rett og slett for å få et betre liv.

Eit betre liv Kampen mot det å bli diskriminert var kanskje den aller største grunnen til at dei to jentene valde å bli med i Samvad.

Endra meining om Samvad

Samvad har gjeve oss trua på at også me kan få til det me vil.

Ghiumati og Sabita

Samvad har endra kvardagen vår. Opplegget er verkeleg blitt eit livsmeistringsprogram og ein motivasjon for oss, seier 17 år gamle Ghiumati Bk, og 19 år gamle Sabita Gharti.

– Det verste som kan skje er å bli oversett og sett ned på, ikkje berre fordi eg er kastelaus, men også fordi eg hadde den ulukka som liten, og kan ikkje springe og være som dei andre ungdomane. Men det er heilt fantastisk korleis undervisninga og opplegget i Samvad har gjeve meg, og eg trur oss begge to, meir respekt og eit betre liv. Samvad har gjeve tru på at også me kan få til det me vil. Opplegget er blitt eit livsmeistringsprogram for oss, og det er blitt ein motivasjon, det som heldt oss oppe, seier Ghiumati og får støtte frå Sabita, som er Cheetri, og tilhøyrer ein høgare kaste enn henne.

– Samstundes er det ein skilnad mellom oss og dei andre. Og det veit me. Me kan ikkje springe og gå som dei andre, og så er det ein ting me ikkje kan – me kan ikkje gå med sko. Det er kanskje det aller verste, seier dei to venene i Sirpa.

Det er snart ettermiddag. Sola lyser på dei grøne åsane og fjellsidene, når dei to venene tek fatt på den vanskelege turen heim, på jord og gruslagte vegar.

– I byrjinga hadde eg ikkje trua på dette. Men no ser eg at Samvad gjer oss godt og eg vil ha det til fleire stader i distriktet her, seier Distriktsordførar Amrit Ghartimagar.

Distriktsordførar Amrit Ghartimagar, var ikkje overtydd om at Samvad var bra for distriktet hans. Men no har han endra meining.

– Dette er eit av dei minst utvikla områda i Nepal. Og eg skjønar at dette vil ha stor verknad på utviklinga her - for dei unge, men også i høve til økonomisk og materiell utvikling. Samvad har hjelpt oss til å ta fatt på ein del viktige ting me treng å endre i samfunnet vårt, seier ordføraren. Han nemner barneekteskap, og ikkje minst det med misbruk av alkohol og spel om pengar og verdiar.

– Dette har Samvad sett fingeren på og det er utfordringar me må arbeide med. No har me 12 Samvad senter i dette området og eg vil svært gjerne at me fekk dette til andre områder her også – for Samvad vil hjelpe til med å utvikle dette området, seier Amrit Ghartimagar.