4 minute read

Fattigguten til presidentens bord

For David Bahati var det den framande gjevaren i Noreg som gjorde at han kunne halda fast på draumen om å få ei utdanning. Utan eit fadderskap gjennom Strømmestiftelsen er han slett ikkje sikker på korleis livet hans hadde vore i dag.

Tekst & Foto: EGIL MONGSTAD Sted: Kampala, UGANDA

Advertisement

Det er tidleg føremiddag i Departementet for finans, planlegging og økonomisk utvikling i sentrum av Kampala. I det romslege kontoret i åttande etasje står den travle politikaren og ynskjer velkommen. Mellom møter om budsjett og andre avtalar tek han seg tid til å treffe Strømmestiftelsen.

– Strømmestiftelsen har betydd svært mykje for meg. Utan hjelp til å betale skulepengar veit eg ikkje kva eg hadde gjort i dag, seier David Bahati. Sidan 2015 har 46-åringen vore finansminister for planlegging og økonomisk utvikling i Uganda.

Fattigguten Bahati vaks opp i Kigezi distrikt, vest i Uganda, ikkje langt frå grensa til Rwanda og byen Kabale. Han var berre tre år gamal då foreldra døydde. – Me var fleire søsken. Eg blei teken til bestemor. Dei andre flytta til andre medlemmar i familien, og me mista kontakten. Eg hugsar ingen ting etter foreldra mine, eg har ikkje ein gong eit bilete av dei, fortel Bahati.

Men han hadde ei bestemor som tok seg godt av han. Han gjekk på skulen, og ho betalte skulepengar. Men for å hjelpe måtte han arbeide etter skuletid. – Eg gjekk til Kabale, det var ikkje så langt, der eg selde bananblad. Etter kvar som eg blei større selde eg også grillkol, gule bananar og sigarettar. Men eg har aldri røykt ein sigarett, seier ministeren og smiler.

Møtte søster si Da Bahati var 13 – 14 år gamal, døydde bestemor. – Det blei eit vendepunkt. Brått var eg åleine og måtte syte for meg sjølv. Eg gjekk på skulen, og om ettermiddagen og kveldane arbeida eg. Eg heldt fram med å selje varer slik eg hadde gjort og arbeida som berar. Ein dag fekk eg spørsmål frå ein som ville ha hjelp. Han hadde sendt hushjelpa, og ho trong hjelp til å bære varene heim. Det var ei ukjent kvinne. Men ho drog kjensel på meg og spurte kva far min heitte. Slik møtte eg søster mi og fekk kontakt med resten av familien min, fortel ministeren.

Fadderskap Bahati er ikkje i tvil om at det var fadderskap gjennom Strømmestiftelsen som redda utdanning hans. Etter at han var ferdig med senior fire (tilsvarande 10 klasse red. anm.) skulda han framleis pengar til skulen. Og dette heldt fram også året etter. – Gjennom skulen, som blei driven av

David Bahati er fattigguten frå Kabale som blei sponsa og fekk utdanning gjennom Strømmestiftelsen si fadderordning. I dag er han finansminister for planlegging og økonomisk utvikling i Uganda.

Kigezi bispedøme, fekk eg vite at det var mogeleg å få støtte til utdanning gjennom såkalla fadderskap, seier han.

Han kom til intervju og blei ein av mange titals-tusen andre born og unge i Uganda som fekk utdanning betalt gjennom såkalla sponsoravtalar.

Ei lette – Det vart ei enorm lette for ein 15 – 16 åring. No kunne eg konsentrere meg om utdanninga. Og for meg blei det ei plikt til å gjere det godt på skulen. Når nokon så langt borte

Eg er svært takksam til Strømmestiftelsen og til Gud for at eg fekk dette.

Finansminister for planlegging og økonomisk utvikling - David Bahati

David Bahati er fattigguten frå Kabale som blei sponsa og fekk utdanning gjennom Strømmestiftelsen si fadderordning. I dag er han finansminister for planlegging og økonomisk utvikling i Uganda.

ville støtte meg, måtte eg gjere mitt beste. Eg er svært takksam til Strømmestiftelsen og til Gud for at eg fekk dette, seier David Bahati, som blei sponsa i nærare tre år. Han fekk óg ei madrass, to laken, eit teppe og ein Bibel. – Det var ting eg hadde med meg gjennom heile studietida, heilt til eg var ferdig på Makerere universitetet i Kampala, seier Bahati.

Han har seinare studert ved universitet i England og USA. I 1998 fekk han arbeid i finansdepartementet, og i 2002 reiste han til Cardiff, der han tok mastergrad i business administrasjon. I 2005 starta han sin politiske karriære, og blei valt inn i parlamentet i 2006. I 2015 blei han minister.

Meir ressursar Bahati meiner Uganda går i ei riktig retning når det gjeld utdanning. Men framleis er mykje ugjort. – Folk er den viktigaste ressursen vi har. Dessverre er det mange talent som ikkje får utvikla seg godt, og mange born som ikkje får den utdanninga dei har krav på. Difor er det framleis trong for meir ressursar til utdanning, seier Bahati. Skjer ikkje det er han slett ikkje sikker på at landet når bærekraftsmål nummer fire om utdanning til alle. – Me har rett politikk på plass, og me veit kva som skal til, men utfordringa er økonomi, slår han fast.

Han har aldri møtt den som betalte for utdanninga hans. Men han er evig takksam til pastor Olav Kristian Strømme som er opphavsmann til Strømmestiftelsen. – Arbeidet han starta har betydd så uendeleg mykje for meg og så mange andre på det afrikanske kontinentet, seier David Bahati.