Setesdalsmagasinet 2018

Page 1

Setesdal

GRATISMAGASIN SOMMAR/ HAUST 2018

PROFILMANUAL FOR KOMMUNER I SETESDAL 13

BRUK AV FARGESTRIPE

Bruk av fargestripe – kan brukes av Setesdal regionråd og interkommunale selskap / - samarbeid. ( ikke i kombinasjon med kommunevåpen) Høyde på strek er alltid 1,5mm.

Eldsjela på Evje - 2700 dugnadstimar side 8

Vetle vann tredjeplassen - Norske Talenter på TV2 side 64

Setesdalsmuseet - Eit levande museum side 70


Byglandsfjord


JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA


4 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Setesdal i beste sendetid Med den unike stemma si rørte Vetle Hoslemo det norske folk på TV2s Norske Talenter denne våren. Ei kontrastfylt oppleving der den tradisjonsrike Setesdalsmusikken fekk eit ungt og spennande uttrykk i beste sendetid. Heile dalen følgde stolt med. Setesdal blei allemannseige. Det skjer meir om sommaren i Setesdal enn det har gjort på svært mange år. Cruiseturistane fyller opp Bjoren i Byglandsfjorden, vi klatrar i bratte fjellheng og kastar oss ut i ville elvestryk i Otra. I denne utgåva av magasinet Setesdal møter vi fleire eldsjeler og personlegdomar. Geir Magne Feed er ein av dei. I ei årrekkje har han stått på for at du og eg skal kunne nyte turen i skog og

mark. Eldsjelene pregar dalen, og vi treng dei for at opplevingane skal utvikle seg og bli noko som både turistar og fastbuande kan nyte. I magasinet Setesdal har vi fokus på natur, kultur, mat og underhaldning. Vi skildrar nokre få smakebitar av alt det som Setesdal kan by på. Blant anna blir vi med kunstnaren Tove Herzberg på tur i 40 dagar. I 40 dagar gjekk ho den same turen kvar einaste dag, og utstillinga hennar står på Hovdetun. Og endeleg har vi skrive om Setesdalsmuséet. Institusjonen som har prega kulturlivet i Setesdal i ei årrekkje. Her kan du møte Anna Stella Karlsdottir og Leonhard Jansen, som fortel om utviklinga av Noregs lengste

museum og kva som gjer dette muséet så spesielt. I dette magasinet får du eit lite oversyn. Vi håper også du kan bli inspirert, og lære noko nytt om Setesdal og menneska som pregar dalen. I tillegg kan du lese om konsertar og aktivitetar. Kanskje du vil spele Golf i fjellheimen? Eller har du lyst til å møte elgane på Elgtun? Eller vil du lese om livet på Høgetveit gard? Les dette magasinet og ta eit par ekstra stopp når du fer oppover eller nedover dalen. Du vil garantert kome rikare fram.

Helsing Visit Setesdal

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 5


INNHALD 8

54

12

58

16

60

18

62

22

64

26

68

30

70

38

78

Eldsjela på Evje

Aktivitetar i Evjeområdet

Reiårsfossen

Valle Motell

Elgtun

Setesdal Bilruter

40 dagar

Sommarkonsertar

Høgetveit Gard

Smaken av Setesdal

Naturligvis 2018

Golf i fjellheimen

Vetle Tveiten Hoslemo

Rekordfestivalen på Hovden

Setesdalsmuseet

Eit langt liv på Hovden

46

Sommar i Setesdal

ANSVARLEG UTGIVAR/REDAKSJON: SETESDAL REGIONRÅD / VISIT SETESDAL / 07 MEDIA SKRIBENTAR: ANDRÉ VAALER OG JAN FRANTZEN – 07 MEDIA, LEONHARD JANSEN, ØYSTEIN MOI SPRÅKKONSULENT: MARTIN SKJEKKELAND, PROFESSOR UIA DESIGN: JANNE GRUNDETJERN – 07 MEDIA FOTOGRAFAR: MARIT SIMONSTAD KVAALE, ANDERS MARTINSEN FOTOGRAFER, ØYSTEIN MOI, , SETESDALSMUSEET, LEONHARD JANSEN, JOHANNE CECILIE FIANE HORTEMO, STINE PRØITZ JØRGENSEN, PETER BRUNNERT, NASJONALBIBLIOTEKET, DESTINASJON HOVDEN FRAMSIDEFOTO: EDOUARD CLAES TRUEDSSON/TV2

6 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


22

54 60

62

68

64

70 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 7


Eldsjela på Evje Geir Magne Feed har brukt 27.000 dugnadstimar på å få setesdølane ut i aktivitet.

TEKST: JAN FRANTZEN, 07 MEDIA FOTO: PRIVAT – Den gleda og motivasjonen ein får av å hjelpe andre, kan ikkje kjøpast for pengar, seier Geir Magne Feed. Han har fått æresprisar, kulturprisar og eldsjelprisar i Agder for arbeidet sitt med å leggje til rette for idrett og friluftsliv på Evje. Sjølv vurderer Feed at han har brukt 27.000 dugnadstimar sidan han overtok som leiar for skigruppa Otra IL i 1990. Opp mot 1400 timar i året. Det er 27 timar i veka, eller i underkant av fire timar om dagen.

8 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

PENSJONIST Mange av dei 27.000 arbeidstimane har han brukt som løypekøyrar. Han har ansvaret for tretten mil med turløyper i regionen, og dei blir flittig brukt. Dessutan står han bak eit konsept som inneber å besøke ti ”fjelltoppar” i nedre Setesdal. Hundrevis av deltakarkort blir selde kvart einaste år. – Det å skape aktivitet er det viktigaste for meg, å få folk opp frå godstolen, vekk frå PC-en og ut i aktivitet. Det betyr mykje for meg at folk bruker naturen, og eg blir overraska i positiv retning kvart år. Eg ser folk på toppen av Bertesknapen, folk som eg ikkje kunne tenkje meg ville vere med på aktivitetar. Folk/menneske i alle aldrer,

sosiale lag og fysisk form deltar. Det er fantastisk – Kva betyr dei for deg, dei prisane du har fått? – Eg set pris på at arbeidet eg har lagt ned, blir omtykt av andre. Men det viktigaste er å sjå at folk har det moro, og koser seg med aktivitetane eg set i gong, seier 61-åringen. I mai 2017 blei Feed pensjonist. Dei siste femten åra av arbeidslivet


Geir Magne Feed på Ørnenapen - Byglands svar på Trolltunga.

var han rektor ved Evjetun leirskule, der sjette- og sjuandeklassingar frå begge Agderfylka og Rogaland driv med kanopadling, skogsturar, orientering, rafting, gokartkøyring og annan aktivitet.

Som 16-åring begynte han som trenar, og i dag har han den høgaste langrennstrenarutdanninga innan Norges skiforbund. – Interessa for idretten låg bak alle avgjerdene eg tok, seier han.

EIN HARD TRENAR Feed voks opp på ein gard i Sirdal, fem kilometer frå administrasjonssenteret Tonstad. Han blei tidleg aktiv langrennsløpar, vann krinsmeisterskap og deltok i NM.

Feed gjekk inn i militæret i 1978, og var idrettsoffiser i nesten 25 år – mange av desse åra på Evjemoen. Det betyr at han hadde ansvaret for all idrett og all fysisk trening i militærleiren.

– Var du ein beinhard fyr? – Innanfor trening trur eg nok det, men ikkje elles. Og ein kan vere hard som trenar, og stille store krav, men samtidig ha smilet på lur. Det er viktig. Humør og glede er heilt avgjerande, seier han. I Militært NM har Feed sølvmedalje i patruljeløp og ein femteplass individuelt som sine beste resultat. Men det han hugsar best, er den alle fyrste sigeren.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 9


1 2

10 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

3


– Det å skape aktivitet er det viktigaste for meg, å få folk opp frå godstolen, vekk frå PC-en og ut i aktivitet. GEIR MAGNE FEED

– Utøvarar hugsar ofte den fyrste sigeren best, og sånn er det for meg også. Det fyrste krinsmeisterskapet som senior minnest eg veldig tydeleg. Sekunderinga undervegs, den tette kampen med han som blei nummer to, og kjensla av å vinne – det å slå alle dei andre, kjensla av å lukkast med noko ein har trena for, fortel Feed. TRENA BJØRNDALEN Frå 1987 til 2001 var Feed trenar for det militære landslaget i både langrenn og skiskyting. I løpet av dei åra var også fleire sivile løparar med til meisterskap. Det inkluderte store namn som Thomas Alsgaard, Ole Einar Bjørndalen, Oddbjørn Hjelmeset og Egil Kristiansen. – Dei var fantastiske idrettspersonar. Men sjølv om dei var verdsstjerner då, og i enda større grad seinare, var dei vanlege menneske, seier Feed, og fortel at vår nyleg pensjonerte skiskyttarkonge var ein spesiell idrettsutøvar. – Det finst berre ein Ole Einar Bjørndalen. Då eg jobba med han var han tidleg i karrieren, og eg

tenkte ikkje då at han skulle bli så god. Men eg la merke til spesielle ting. Han visste kva han ville. Han hadde ein veldig disiplin og konsentrasjon – han var eit fenomen på den måten. Han kunne liggje i køya si, med ti personar rundt seg på rommet, og berre stenge ute alt. – Kva var høgdepunktet ditt som trenar? - Eg hugsar alle medaljane, men eg hugsar også samhaldet. På den tida hadde vi treningssamlingar med både langrennsløparar og skiskyttarar, av begge kjønn, og det skapte eit spesielt og godt miljø. I dag er det stort når Otra IL sine løparar tar medalje i krinsmeisterskap og andre konkurransar. Men idrettsglede er enda viktigare enn medaljar, og at ungdommane har framgang og trivast i hop, seier han. GLEDER I KVARDAGEN Vi møter Feed på Pernille kafé i Evje sentrum. Folk sit på benkane utanfor. Bilar susar forbi vegkrysset litt lenger ned i gata. Feed har

budd på Evje sidan 1989, og trivst godt. Staden passar som hand i hanske for ein med dei lidenskapane han har. – Evje er ein passe stor plass å bu på. Ein har det ein treng, og er samtidig veldig nær naturen. Det er god anledning til aktivitetar, både sommar og vinter. Og så er kona mi frå Evje, så det er heilt perfekt. Han liker å reise, og har besøkt mange land. Men det blir sjeldan storbyferie. Feed liker aller best å sitje på ein fjelltopp og sjå utover naturen. – Soloppgangen på toppen av Himmelsyna, måneskinet klokka ti om kvelden - fullmånen som kjem opp frå havet, det er perfekt. Freden og roen er fantastisk. Når ein sit i løypemaskina klokka halv fem om morgonen, og ein orrfugl plutseleg flyg opp, eller ein hare hoppar fram – det er små gleder i kvardagen. Slikt får du ikkje oppleve dersom du ligg og purkar i senga.

1. Feed står bak «10 toppers», eit konsept som inneber å klatre ti fjelltoppar i Setesdal i løpet av året. 2. Feed som deltakar i «10 toppers». 3. I løypemaskinen på Kjuklingheia, klokka halv fem om morgonen.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 11


Kva skjer på EVJE?

TrollAktiv TrollAktiv tilbyr friluftsaktivitetar som klatreskog, rafting, familierafting, SUP (Stand Up Paddling), paintball, Lasertag, pil & boge, Mountainbike park, klatring, klatrevegg for barn, riverboard, kajakk, kano, fiske-, bever- og elgsafari, utleige av kanoar, syklar og tubing og rollerblades. Vi tilbyr også overnatting i hytter, leilegheiter og lavvo. I tillegg til moglegheiter for å slå opp telt. trollatkiv.no

Mineralparken Den steingalne aktivitetsparken for heile familien! Inne i fjellet kan du oppleve ei spektakulær steinsamling. Der glitrar dei vakraste steinane i heile verda! Ute finst ei rekkje kreative og morosame aktivitetar. Utandørs er det også lagt til rette for leik og aktivitetar for heile familien, med dinosaurjakt, eventyrbekk, rebus, vassklie, bading og leige av båt.mineralparken.no

12 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Klatreskogen Grand Park Klatreskogen ligg på Evje ved Mineralparken. Grand Park er bygd i trea like ved elva Otra og er utan tvil den flottaste høgdeparken i Noreg. Grand Park har 48 forskjellige aktivitetar. Alle aktivitetane er bygde mellom trea, 4-12 meter over bakken. Det er 6 ziplines,og 4 av dei kryssar elva og den lengste er 200 meter. klatreskogen.no

Klatreskogen Junior Park Junior Park er for barn mellom 4 og 10 år, har mange av dei same aktivitetane som Grand Park, men med eit sikringssystem tilpassa dei minste. Den er også bygd noko lågare i trea, mellom 4-8 meter over bakken. klatreskogen.no

Gokart Evje Hovudbana er 1 050 meter lang, 8 meter brei og har ein høgdeforskjell på 3 meter. Aldersgrense for leige av gokart på denne bana er 15 år. Det blir køyrt med opptil 15 kartar. Barnebana er 205 meter, aldersgrense 6 år. Elektriske bilar for dei aller minste (frå 2 år, max vekt 40 kg). Vi har også gokart for funksjonshemma (dobbelt-kart), som berre kan nyttast med følgje. Det er kiosk og stor parkeringsplass. Store grillar til disposisjon. Ta gjerne med grillmat. gokartevje.no.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 13


setesdal.com

14 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


SØRLANDETS COUNTRYFESTIVAL

Evjemoen 2018

27. JUNI-30. JUNI Onsdag 27. juni: kl 1900 - 2030: ÅTE kl 2100 - 2400: Joe Degelia (Texas), Anna LaPrad (Nashville) og Steph Gertken (Nashville) TORSDAG 28.6. kl 1900 - 2015: Little Country Band kl 2045 - 2200: Harald Thune m/Band kl 2230 - 2400: Bellamy Brothers (US) FREDAG 29.6. Kl 1300 - 1400: Two of us Kl 1400 - 1500: Cross Country Kl 1500 - 1600: Two of us Kl 1600 - 1700: Cross Country KL 1800 - 1900: Casino Steel m/Band kl 1920 - 2040: Arly Karlsen & Sons og Hawk Christensen

Besøk oss på Facebook kl 2100 - 2210: Stein Roger Sordal m/Band kl 2230 - 2340: G. Thomas m/Band kl 2400 - 0100: Lawson Vallery Band (US) LAURDAG 30.6. kl 1200 - 1330: Roy Jansen kl 1400 - 1600: Sønner av Froland kl 1600 - 1730: Roy Jansen kl 1800 - 1845: Fickle Creek kl 1900 - 1945: Joe Degelia, Anna LaPrad & Steph Gertken (US) kl 2000 - 2130: European Highwaymen kl 2200 - 2320: Emission m/Grethe Stulien Lauen kl 2345 - 0100: Åsmund Åmli Band Atterhald om mindre endringar i programmet.

Billetter, priser, info: www.sorcountry.no Tlf. 928 84 416 • mail: bygland@online.no


Reiårsfossen

KIlde: Setesdalsmuseet

16 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 17


Valle motell Om kveldane kan Kurt Lerbo sitje på motelltrappa, sjå ut over tunet og berre nyte stilla. Saman med familien driv han no Valle motell. Det har blitt meir ein livsstil enn ein jobb.

Kurt Lerbo på Garden Homme i Valle.

TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA

BARNDOMSMINNE Tre kilometer nord for Valle, på garden Homme, har Kurt Lerbo opplevt somrane heilt sidan han var fem. Her var han med på å slå graset og hesje. Her var det stas når mjølkeruta kom forbi, og han gløymer aldri då han var med og køyrde bil på utsida av Fånefjell. Nå

18 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

fortel han at det var nett desse minna som har drege han tilbake. Stefaren til Kurt voks opp på garden Homme, og no er det Kurt som har overteke. - Vi er heldige som har denne plassen, seier han. OPNA I 1976 Det var Ingebjørg og Hallvard Kjelleberg som opna Valle motell i 1976. I starten hadde dei åtte rom

og kafé. Då dei fekk skjenkjeløyve etter om lag ti år, bygde dei opp hemsen på kafédelen. No er det familien Lerbo som tar det vidare. - Hotelldrift blir ein livsstil, seier Kurt. Det er jobb heile døgnet, og menneska kommuniserer på engelsk, tysk, spansk og arabisk, i tillegg til dei nordiske språka. Somme er på gjennomreise, medan andre blir nokre dagar. For dei som blir to-tre dagar, blir det no opp-


arbeidd ein badeplass. Det er allereie tennisbane, leikeplass, bordtennis og biljard, fortel han. OVERTOK DRIFTA Han tok over drifta av motellet 1. november i fjor, etter at det hadde vore stille nokre år. No leiger han motellet, og driv det. Han tilbyr sju motellrom, 15 hytter og ein campingplass for tyskarar, nederlendarar og andre turistar som treng ein pust i bakken på reise opp eller ned Setesdal. - I sesongen bur vi heile storfamilien her. Det har utvikla seg til ei familiebedrift med sjukepleiar, pedagog og kokk, seier han med eit smil. Dottera mi blir dagleg leiar. Saman med kona, dottera, svigersonen og to barn til skal vi ta imot gjestene våre. Valle motell har full drift frå 20. juni til 1. september. Men det er ope heile året. Kurt har erfaring frå Hove camping i fem år. Han har elles køyrt drosje, ei erfaring som kjem godt med i Valle.

Frå Setesdølen 23. april 1976.

AUREFISKE OG KORTREIST MAT Kurt gleder seg til sommaren, og han har mange spennande aktivitetar å tilby. - Her kan turistane gå lange turar i fjellet, plukke molter og fiske. Auren i Langedalsvatnet smaker heilt enormt godt. Det blir også bygt ein helt ny via ferrata, seier han. Vi ønskjer velkomen til norsk tradisjon, tradisjonsrik og kortreist mat, og hyggjelege kveldsaktivitetar. - Vi gleder oss til sommaren, avsluttar han.

Kurt Lerbo tok over drifta av Valle Motell 1. november 2017.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 19


Setesdal HOTEL

Ligger idyllisk til ved Byglandsfjorden – midt i Setesdal • Tre store og fem små hytter • 22 rom / leiligheter • Kvalitet og god service til rimelige priser • Gode tur- og fiskemuligheter • Egen brygge og badestrand Mob.: 934 77 501 • Mail: postdestra@gmail.com FB: facebook.com/setesdalhotel/

Tomter til salgs

FOSSEKOLLEN - OSE Under Reiårsfossen – ved Byglandsfjorden

De siste 7 byggeklare tomtene av 120 selges under ett eller enkeltvis. • Fremlagt strøm, vann og kloakkk. • Rett til båtplass/brygeplass. • Egen parkeringsplass på fjellet ved Reiårsvatn. • Tomtene kan bebygges med hytter inntil 60 kvm, tomtestr. ca 200 kvm • Rett til å bygge garasje i tillegg på egen tomt like ved. 20 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Pris: Inkl. fremlagt veg, strøm, vann og kloakk:

Kr. 100.000,Kontakt utbygger: Knut William Bygland Tlf. 928 84 416 – Email: bygland@online.no


SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 21


22 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Tamme elgar og vakker natur Elgtun ligg idyllisk til på Landeskogen i Grendi i Bygland, åtte mil nord for Kristiansand. Her kan du møte tamme elgar i ei innhegning på 130 mål.

TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: ELGTUN

Vi har fleire vaksne elgar og somme ungdyr i den store innhegninga. Vi ventar spent på kor mange kalvar vi får i år. Dei vil være i ei eiga innhegning for å trene på å være saman med menneske. - Elgtun er både ein spennande besøksstad og ei lærerik elgoppleving, seier dagleg leiar, Kristoffer Kallhovd. Han fortset: Tradisjonane

med å halde tamme elg stammar frå Russland, og det har også vore praktisert i Sverige. Kalven blir teken frå kua ved fødselen, elgkua blir deretter mjølka for hand og kalven får mjølk på flaske av elgrøktarane. Berre på denne måten får ein fram heilt handtam elg som er trygge på menneske, seier han. SPENNANDE AKTIVITETSTILBOD Det er tre daglege foringar og dette kan du være med på. I tillegg

er det mogeleg å være med på guida tur i elgskogen, men her er det avgrensa antall deltakarar og påmelding skjer på staden. I ventetida mellom kvar vising kan barn og familiar nytte seg av spennande aktivitetstilbod. - Det er stor forskjell på ein elg du kan sjå i dyreparkar og elgen vår her som har levt tett på menneske og blitt handmata sidan den blei fødd. Forskjellen ligg fyrst og

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 23


fremst i at elgane her er trygge på oss. Det gjer at vi kan vere trygge på dei, noko som er veldig viktig, då dette er dyr som kan vege opp til 6-700 kg, seier han. Dagleg leiar Kristoffer Kallhovd håper Elgtun blir godt gjesta denne sommaren, og at mange får høve til å møte elgen og naturen på nært hald. - Elgtun er det fyrste og einaste reindyrka tamelgsenteret i Noreg. Eit besøk her gjev garantert minnerike opplevingar for store og små. Elgmjølk er den reine næringsbomba og eignar seg veldig godt til å lage ost av, avsluttar han. AKTIVITETSTILBOD Elgtun er spesielt tilrettelagt for familiar og barn. Her er nokre av aktivitetane: FILM I kafeen, som serverer enkle rettar og drikke, kan ein også sjå ein flott naturfilm av Anders Tveit. Han følgjer ein elgokse på Finsland gjennom fleire år. Denne filmen er tidlegare vist på NRK. BARNA SITT ELGTRAKK Oppgåveløype om elg inne på Elgtun. Medalje til alle som gjennomfører. KLIPPE- OG LIMEVERKSTAD Barna kan klippe ut figur av maskoten

24 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Elgfinn. Figuren blir limd på eit farga ark som barna får ta med seg heim som suvenir. SMYKKEVERKSTAD Tenner av elg blir nytta som materiale til smykke. I smykkeverkstaden kan du kjøpe materiale og få hjelp til å lage ditt eige elgsmykke – ein suveren suvenir.

BILLETTPRISAR Barn 0-3 år: Gratis Barn under 12 år: Kr 120,Vaksne: Kr 180,Opningstider: Kl. 09-18 Visingstider: Kl. 10, 14 og 17 Guida tur i Elgskogen: Kl. 13 og 16 www.elgtun.no Telefon: 99 46 93 42


ÅPEN KAFÉ Helgas hjemmelagde middag. Dagens rett:

kr 135,Landeskogen Peace Center er et møteog konferansesenter for miljø, utvikling og fredsspørsmål. Åpent daglig fra 12.00 - 18.00

Foto: Anne-Lise Stangenes, Biofoto Sørlandet

Foto: Anne-Lise Stangenes, Biofoto Sørlandet

4 KALVER I ÅR! KOM NÆRMERE! Kom og hils på dem og ta en vandretur

S-magasinet_elgtun_2018.indd 1

Hils på elgene våre og ta en guidet i skogen med de voksne elgene. vandretur i Elgskogen. Noen ganger blir de med på turen... Nå kan du besøke 9 elger; tre voksne, to 1-åringer våre 4 små kalver som Tida er inneogfor sommerens besøk påble født på Elgtun Elgtun på 29.Landeskogen mai. idylliske - Norges første elgpark med håndtam elg. Elgtun er Norges første elgpark med håndtamkan elg.bli Publikum bli med og inn i Publikum med innkan til foringer hegnet 3-4påganger melde seg guidetom tur.dagen.

Åpent Åpentdaglig daglig09.00 09.00- -18.00 17.00 For mer info se: www.elgtun.no For mer info se: www.elgtun.no/facebook VELKOMMEN! VELKOMMEN!

19.06.2018 13:28


Fraktar 2,2 millionar passasjerar i året – Det å vere bussjåfør er eit fantastisk flott yrke, seier Terje Greibesland, dagleg leiar i Setesdal bilruter.

TEKST: JAN FRANTZEN, 07 MEDIA FOTO: JAN FRANTZEN, 07 MEDIA/ SETESDAL BILRUTER – Eg har vakse opp med ein far som var bussjåfør, og eg har budd nesten heile livet mitt på Byglandsfjord, der hovudkontoret til Setesdal Bilruter var, så eg har følgt dei heilt frå oppveksten. Dei fleste av kameratane mine hadde ein far som var bussjåfør, så det blei ein stor del av livet mitt, seier han. No er hovudkontoret på Evje, og Greibesland har sjefskontoret, og er leiar for cirka 300 tilsette. Etter å ha jobba i bank i mange år, søkte han i 2004 den ledige stillinga som administrerande direktør.

26 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

– Eg syntest det var ei spennande bedrift, og jobben har svart til forventingane. Det er interessant å følgje utviklinga i bransjen, og det kollegiale her er også viktig for meg. Det er veldig spennande folk å jobbe saman med, seier han. SNART 100 ÅR PÅ VEGANE Totalt har Setesdal Bilruter 200 køyretøy. Få av bussane er på området når vi gjestar selskapet på Evje, dei fleste er ute og fraktar egdane omkring i dalen. Det har dei gjort heilt sidan 1920, då Setesdal Bilruter blei etablert. Køyretøya var noko spinklare den gongen, og passasjerane var ikkje mange – sjølv om dei truleg var svært nøgde med det nye kollektivtilbodet.

Setesdal Bilruter frakta 2,2 millionar passasjerar i 2017. Det er ein auke frå tidlegare. Tilbodet er blitt betre – med fleire betalingsprodukt, som ungdomskort, periodekort, månadskort og så vidare. Den store endringa dei siste åra er at selskapet har gått frå kontraktfesta køyring med Aust-Agder fylkeskommune til anbodskonkurranse om alle ruter. – Det er ei utfordring at ein heile tida må leggje inn nye anbod. Allereie då eg begynte her i 2004, var det eit mål om å vere kostnadseffektive og byggje sterk eigenkapital, slik at vi hadde sterk økonomisk ryggrad til å kunne finansiere framtidige anbod. Men med den eigarstrukturen selskapet har, er det


Denne bussen er frå 1960, og fullt restaurert i dag.

ikkje så lett å gå ut og hente kapital i marknaden. Det er ein broket konstellasjon, seier Greibesland. Eigarstrukturen han siktar til, består av 380 aksjonærar. Blant desse er kommunane i Setesdal og ein del private aktørar. Ingen stemmer for meir enn 3,6 %. – Det er ei litt spesiell samansetjing. Eigarstrukturen blei etablert for å forankre Setesdal Bilruter i Setesdal. Men ein kan ikkje forvente at aksjonærar går inn med kapital når dei ikkje får meir påverknad enn dei gjer. Så vi har måtta byggje eigenkapital sjølv. For 10 år sidan var kapitalen på 15 millioner, no er den på cirka 75 millionar. Det gjer at vi har den

– For å kunne utvikle drifta vidare med utgangspunkt i Setesdal, må vi møte den moderne tida og dei moderne utfordringane i kollektivbransjen. TERJE GREIBESLAND

nødvendige ryggrada for å vinne anboda, fortel direktøren. UROLEG PÅ VINTEREN Det er Agder Kollektivtrafikk (AKT)

som er selskapet sin oppdragsgivar. Tidlegare hadde Setesdal Bilruter stor påverknad på rutetilbod, men i dag blir alt fastsett av AKT. God kundeservice ligg likevel i botnen. – Det er sjølvsagt ein veldig viktig faktor. Det betyr utruleg mykje korleis ein blir møtt, seier Greibesland. Han fortel at gode tilbakemeldingar frå passasjerane gjerne handlar om god hjelp til bagasje, medan dei dårlege dreiar seg om mobilbruk eller ein krevjande køyrestil. Setesdal Bilruter har siste åra vore spart for alvorlege ulukker, men med 200 køyretøy på vegane så oppstår det naturlegvis situasjonar. Spesielt om vinteren er det

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 27


Administrerande direktør Terje Greibsland ved hovudkontoret på Evje.

ein nervøs dagleg leiar som går på jobb om morgonen. – Statistisk sett er det veldig trygt å ta buss, men eg går på jobb med ein klump i magen kvar gong det er nullføre og underkjølt regn. Det blir ikkje lettare med åra. Kvar vinter er det slike periodar, og det er krevjande. Eg har medkjensle med sjåførane når dei må takle sånt vêr. Når ein har så mange køyretøy ute i vanskeleg vêr og føre, så er det ein risiko, sjølv om vi gjer alt vi kan for å førebyggje uhell. Vi har eit særskilt ansvar for tryggleik, og det må vi vere klar over i denne bransjen. UTDØYANDE RASE I Noreg i dag er det seks store nasjonale busskonsern. Det er få igjen av dei små, lokala busselskapa. – Vi er ein utdøyande rase, og framtida er utfordrande. Vi er avhengig av å vinne anboda heile tida. Det er fordelar og ulemper med å vere eit lite selskap. Vi er kostnadseffektive, men teknologiutviklinga er utfordrande, spesielt når det gjeld miljø. Det kjem krav om elbussar og alternativt drivstoff, og

28 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Køyretøya var noko spinklare før i tida.

vi må vere offensive. Miljø er viktig, og samstundes kostbart, seier Greibesland. Han har sjølv køyrt buss, og gleder seg over at vilkåra til sjåførane har fått eit lyft. Tidlegare var bussjåførar i låglønnsgruppa, men det er dei ikkje no lenger. Om to år har Setesdal Bilruter 100-årsjubileum, og det vil naturlegvis bli markert.

– For å kunne utvikle drifta vidare med utgangspunkt i Setesdal, må vi møte den moderne tida og dei moderne utfordringane i kollektivbransjen. Samtidig skal vi ta vare på historia, røtene og samspelet med eigarane og kundar i dalen. Eg håper og trur at vi har eit godt rennomé – at vi er ein viktig aktør i Setesdal. Og det er viktig for oss at det blir slik også i framtida, seier Greibesland.


Velkommen til grønne og blomstrende opplevelser Grønnsak- og krydderplanter • Blomster • Planter • Bærbusker Frukttrær • Stauder • Hekkplanter • Roser • Klatreplanter • Jord Gjødsel • Hageutstyr • Løk • Avskårne blomster • Prydbusker Uteblomster • Inneblomster • Krukker • ugressmiddel

Du finner oss på KVARSTEIN – på vei til eller fra Setesdalen

ÅPNINGSTIDER: Mandag - fredag: 9 -17 • Lørdag: 9 -16 • Søndag: 12 -16

Venneslavegen 117 • Vennesla • Tlf. 38 15 55 96 hageland.no

VARENE BESTILLER DU I VÅR NETTBUTIKK!

ALLTID GRATIS

LEVERING mykledesign.no

HELE VEIEN TIL HOVDEN

SJEKK PRISEN

PERSONLIG SERVICE

Hvitevarer | TV Lyd | Kjøkkenutstyr Data | Varmeprodukt Rengjøring | Velvære

GRATIS RETUR RolfsElektroAS

rolfselektro

rolfselektro.no


30 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


40

TOVE HERTZBERG DAGAR Kvar morgon snørte Tove Herzberg på seg vandrarskoa på hytta og sette kursen mot Nos. Det blei 40 dagar som gjorde noko med henne, som gav henne noko nytt. Ei oppleving som no står utstilt på Hovdetun.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 31


TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: PRIVAT/ JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA OPPSØKTE DET FOLK TEK FOR GITT Ho ønskte å hjelpe folk til å sjå alt det vakre som allereie er her. Det som er storslått og vakkert og som er rett rundt oss. - Vi menneske trår etter høgare toppar og meir stimulans. Denne gongen ville eg oppsøkje det folk ofte tek for gitt. Kvar einaste dag gjekk eg den same turen. Eg la ut på den same stigen kvar morgon, omgitt av dei same fjella, ramma inn av den same naturen. Ingen dagar var like, seier ho.

32 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Tove Herzberg gjekk, skreiv tekstar, og opplevde ei sterk reise hausten 2017. No sit vi midt mellom måleria som blei det naturlege resultatet av 40 dagar på fjellet. - Eg blei inspirert av ei venninne. Ho hadde ei 40 dagars ”reinsing”. Då eg flytte til Hovden, bestemde eg meg. Turane starta med optimisme, men etter kvart kom eg nesten inn i ein depresjon. Eg vandra frå den vakre og farge-fylte september til snøen lukka fjellet igjen i oktober. Eg fylte på med opplevingar og måla ikkje. Eg trur eg fann sjela til den staden. TEKSTANE BLIR EIN KLADD FOR KUNSTEN På mange av bileta er det ein

skapnad, ei kvinne som heimsøkjer tekstane, tankane og bileta. Tove er løyndomsfull i forhold til denne kvinna. - Det kan vere meg sjølv, det kan vere ei indre reise, men også nokon andre. Det eg opplevde i løpet av dei 40 dagane, var at livet mitt blei summert opp. Tove stoppa ofte opp, noterte, reflekterte, og lét naturen ta tak i henne. - Tekstane blir ein kladd for kunsten, seier ho medan ho tek fram tankane frå eit par av dagane. Sentimentaliteten var heilt på brestepunktet. Eg må tillate meg sjølv å ta ei reise, kjenne på livet og gje meg tida. Vi er så


heldige her i landet som har så mykje urørt. FRÅ SHIPPING TIL KUNSTNAR PÅ HEILTID Kunsten har heile tida vore følgjesveinen til Tove, og i 2012 gjekk ho somme rundar med seg sjølv for å finne ut av kva som var verdiane hennar, og kva ho ønsker å bli prega av i kvardagen. - Eg har målt og skapt ting sidan eg var heilt lita, seier ho.

med ei venninne fann eg ein stad som var heilt spesiell. Det spesielle var at eg opplevde nærværet og fellesskapet med naturen på ein ny måte. Det var så fint der. Havet, openheita. Om kvelden sneik eg meg ned til havet igjen, heilt aleine med den same utsikta. Eg gløymer aldri den stilla, og akkurat i den augeblinken fann eg ut av kva eg eigentleg ville. Opplevinga blei pakka inn, og eg la ho inn i hjartet mitt.

Ho stoppar litt opp og må fortelje om ei oppleving som har prega henne på ein spesiell måte: - Eg var 12 år, og vi var på Dvergsnestangen i Kristiansand. Det var så vakkert ved havet, og saman

Vi har filma det i etterkant, og slik ho formidlar det, er det utgangspunktet for det ho har skapt. Men opplevinga blei pakka vekk etter gymnaset då ho kasta seg inn i næringslivet.

- Det er viktig å finne fram til kven du er, seier ho. Det eg sit igjen med, er at ingenting er nyttelaust. Det er ein god tanke. VAKS OPP I VENNESLA Tove er opphavleg frå Vennesla. Ho studerte økonomi, og shipping blei etter kvart fagfeltet hennar. Ho jobba i bransjen i fleire år, i innog utland. I 2012 fann ho tilbake til kunsten, og gav kunstarbeidet tid og rom. Etter 2012 har det eine oppdraget teke det andre. Ho gløymer aldri debututstillinga på Mølla i Kristiansand. Ho fekk erfare kor krevjande kunstnarlivet også kan vere. Det er mange om beinet, og det er

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 33


ikkje nødvendigvis eit fellesskap som oser av gode kollegaer og menneske som berre vil deg vel. Ho har no smykka ut 10 skip med totalt 400 verk. Forbrenningsanlegget i Kristiansand har ho smykka ut, og både på det nye Sørlandssenteret og på Høyskolen i Oslo finn du kunsten hennar.

– Det er viktig å finne fram til kven du er, seier ho. Det eg sit igjen med, er at ingenting er nyttelaust. Det er ein god tanke.

vi ikkje tek vare på naturen rundt oss, den er like stor. Ho har også funne noko ho kallar ein iskatedral på vegen inn til Breive. - Eit brutalt inngrep i naturen har moder jord lappa i saman og skapt noko heilt fantastisk vakkert ved å nytte dei naturlege elementa.

TOVE HERZBERG EIT NYTT LIV FOR FAMILIEN Tove har alltid vore pliktoppfyllande, og etter studiar i England jobba ho i Oslo i ni år. Ho var frustrert. Det var inga tid igjen til det ho eigentleg ville. I dag har ho mann, og to barn på 9 og 13. No bur heile familien på hytta på Hovden. Ho fekk lokale på Hovdetun der ho jobbar og stiller ut. - Å bu på Hovden har blitt ei fin oppleving for familien. Vi har fått meir tid saman, og vi strever ikkje med oppussing og ombygging. Barna går på skulen her, og livet er ikkje så hektisk lenger. Eg seier framleis ”hytta”, og vi er litt på hyttetur og nyter det enkle livet. Vi

34 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

har blitt godt mottekne på Hovden, og dei store verka eg har skapt, finn heimane sine. Etter kvart er planen å byggje ein ny heim i Brekkestø i Kristiansand. BEGYNNER OFTE MED EIT BILETE Ho målar med acryl. Nokre bilete målar ho på foto, og veldig ofte hentar ho fyrst inspirasjon med kameraet. - Ja, eg begynner ofte der. Ein formiddag fekk eg møte ein heil reinsdyrflokk. Det var ei stor oppleving. Respekten for naturen har blitt mykje større, og skamma for at

I april reiste ho til Italia for å hente ny inspirasjon til ei ny utstilling. - Det er stor avstand frå eg legg ut på ei slik reise til eg har ei ferdig utstilling. Nokre gonger er det nesten så eg får lyst til å leggje meg i fosterstilling. Det kan vere ein kamp å brette ut kjenslene på lerretet. Men eg tør meir no, og er kanskje meir frigjort i uttrykket. Ho ser opp på eit av måleria, og tenkjer kanskje på ein av dei 40 dagane. - Eg vil røre menneske, få fram ei stemning, det er det viktigaste, avsluttar ho.


Audi Gumpens felles SPENN 06-18.qxp_Layout 1 07.06.2018 13.46 Side 1

Gumpen Edition kampanjemodeller

RENTE 1,99% - KLAR FOR RASK LEVERING

Audi Forspranget ligger i teknikken

Audi A3 e-tron Gumpen Edition inkl. følgende: KUNDEFORDEL kr. 53.640,-

Audi Q7 e-tron Gumpen Edition inkl. følgende: KUNDEFORDEL kr. 146.540,-

> > > > > > >

> > > > > > > >

Blanke sidelister SB. pakke 2018 Audi parkeringssystem bak Fjernlysassistent Adaptiv cruise control AUX med USB-port Blank takreling

> Automatisk avblendbart innvendig speil med lys/regnsensor > Lastekantfolie > Bagasjeromsmatte > Service/vedlikeholdsavtale > Komplette vinterhjul

FS. pakke 2018 S line luftfjæring Ryggekamera Assistentsystempakke tur Ekstra mørke ruter Audi Smart phone interface Lengdeinst. av 2. seterrad S line multifunksjonssportsratt med flat bunn > LED frontlykter

> S line skinn/alcantara sportsinteriør > S line innstegslister > Lyspakke > Elektrisk tilhengerfeste > Hellakkering > Lastekantfolie > Bagasjeromsmatte > Service/vedlikeholdsavtale > Komplette vinterhjul

Gjelder et begrenset antall biler og inkl. utstyrspakken, vinterhjul og service- og vedlikeholdsavtale***

Audi A3 e-tron Gumpen Edition kr. 359.900,- eller kr. 2.290,-*/mnd Audi Q7 e-tron quattro Gumpen Edition kr. 959.900,- eller kr. 6.790,-*/mnd * Veil. pris levert forhandler, inkl. frakt og leveringssomkostninger. Årsavgift kommer i tillegg. Forbruk 1,9-1,7 l/100 km ved bl. kjøring. CO2-utslipp 50-38 g/km. Tallene gjelder alle motorer som tilbys. Vi tar forbehold om trykkfeil. Bildet kan avvike fra pristilbudet. Tilbudene gjelder så langt lageret rekker eller frem til 31. august 2018. ** Startleie/etableringsgebyr gjennom Audi Finans A3 e-tron 80.300,-, månedsleie 2.290,- og totalkostnad 166.628,-, 3 års bindingstid, kjørelengde 30.000 km, Q7 e-tron 175.300,-, månedsleie 6.790,- og totalkostnad 506.308,- 4 års bindingstid, kjørelengde 60.000 km. vil variere med rentenivået. Alle priser inkl. mva *** Serviceavtalen og vedlikeholdsavtalen dekker alle kostnader til bilens serviceprogram (foreskrevet av produsent) og innebærer bl.a. skift av oljer, oljefilter, luftfilter, pollenfilter, samt avlesing av lagrede feil i styreenheter og kontroll av alle sikkerhetsrelaterte komponenter m.m. Service- og vedlikeholdsavtale gjelder kun ved leasing.

Gumpens Auto Øst innfører nå utvidet RegisterreimGaranti. Det betyr at dersom du utfører servicene din hos oss, garanterer vi at registerreimen holder til neste service. Dersom registerreimen mot all formodning skulle ryke innen den tid, dekker vi alle reparasjonskostnader. Se våre hjemmesider for nærmere informasjon og betingelser. Gjelder for biler som er på service hos oss etter 1. januar 2018.

Så god som ny. Selv om den er brukt. Audi Approved :plus byr på et utvalg av våre aller beste nyere bruktbiler. En Audi som kvalifiserer til Audi Approved :plus er yngre enn 5 år. Den har maksimalt kjørt 100.000 km, er godt vedlikeholdt og all servicehistorikk på bilen er dokumentert. Bilen har inntil 24 måneder garanti. Mobilitetsgarantien er gyldig til neste foreskrevne servicetidspunkt. Kontakt oss prøvekjøring eller et godt tilbud.

NYBIL:

Salgs- og Markedssjef Lars Christian Austad Tlf: 400 16 501 lars.christian.austad @gumpen.no

BRUKTBIL:

Salgskonsulent nybil Kristian Westgaard Tlf: 404 14 444 kristian.westgaard @gumpen.no

Salgskonsulent nybil Andreas Kvammen Tlf: 920 36 099 andreas.kvammen @gumpen.no

Gumpens Auto Øst AS

Salgssjef bruktbil Christian Unander Telefon: 901 39 752 christian.unander @gumpen.no

SERVICEMARKED:

Selger bruktbil Alexander Tveit Telefon: 947 97 516 alexander.tveit @gumpen.no

Sørlandsparken - tlf. 24 03 47 50 - kristiansand.audi.no

Servicemarkedssjef Espen Fjellheim Tlf: 480 60 741 espen.fjellheim @gumpen.no

Kundebehandler Jostein Bendiksen Tlf: 948 81 351 jostein.bendiksen @gumpen.no

facebook.com/gumpens.auto.ost


Austad 36 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 37


38 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Onsdagar kl. 19.30. Fri entré på alle konsertane. Kollekt. Arrangør: Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad.

Sommarkonsertar i Setesdal I løpet av sommaren er det mykje fin musikk å høyre i Setesdal. I nokre av kyrkjene i dalen blir det arrangert konsertar med spennande musikalske uttrykk.

27. juni i Valle kyrkje:

Den Nye Oslo Trio Trioen består av Daniel Lazar (fiolin), Anton Dymkov (cello) og Elena Shalneva (klaver). Alle tre utøvarane har utdanning frå prestisjetunge lærestader i Noreg og andre land. «Den Nye Oslo Trio» blei danna i 2014. Sjølv om trioen er relativt ung, har dei tre entusiastiske utøvarane allereie rokke å begeistre eit veksande publikum. Musikarane prøver heile tida å finne mindre kjent musikk som dei vil introdusere for publikumet sitt – eller musikk som er gløymt. Medlemane av trioen har som mål å gjere klassisk norsk musikk tilgjengeleg for så mange som mogleg. På denne konserten får vi m.a. høyre Per Winges Trio i F-dur (op. 3), Øistein Sommerfeldt sin «Little Suite for Pianotrio» (op. 40) og Mikhail Glinkas «Trio Pathetique» (1827).

4. juli i Bykle gamle kyrkje:

Kulturpatrulja Ekte setesdalskultur til folket! Kulturpatrulja består av unge lokale framstormande talent med Sigrid Kjetilsdotter Jore i spissen. Du får servert rotekte folkemusikk på ein frisk og ungdommeleg måte. Kulturpatrulja er eit prosjekt i regi av Setesdalsmuseet. Kulturpatrulja opptrer fleire stader i juli månad. Sjå setesdal.com for alle datoar og stader.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 39


11. juli i Hylestad kyrkje:

18. juli i Fjellgardane kyrkje:

Tina Lynderup

Inger Lise Stulien

Den danske songarinna Tina Lynderup arbeider som kyrkjesongar i Videbæk kyrkje. Ho opptrer med solosong i mange samanhenger, både i og utanfor kyrkja: kyrkjekonsertar, amatøropera, foreiningsarrangement, familiefestar, mottakingar m.m. Tina har eit særs breitt repertoar, med m.a. klassiske korverk, operettar, musikalar, salmar, viser og andelege songar. Ho gjev også kyrkjekonsertar saman med organist, komponist og jazzmusikar Willy Egmose frå Skjern og har gitt ut fleire CD-ar saman med han. På konserten i Hylestad blir ho akkompagnert av Lene Jensen på klaver. Programmet tek utgangspunkt i sommaren og i gleda over Guds skaparverk.

Song og tradisjon er sentralt i Inger Lise sitt liv. Ho skapar nærleik og kjærleik i songane ved å syngje på dialekt og nynorsk, målforma som ligg hennar hjarte nærast. No er ho klar med sitt nye album denne sommaren, det sjette soloalbumet i rekkja. Denne gongen ei duettplate der ho har invitert med seg mange partnarar frå artist-Noreg, m.a. Fjellfolk, Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg, Kim Rysstad og mange fleire. Duettplata er det sjette soloalbumet utgjeve på plateselskap. Ho skriv dei aller fleste tekstane sjølv. Dei fleste melodiane er komponerte av Inger Lise og hennar faste gitarist gjennom 15 år, Knut Kjetil Møen. Det musikalske landskapet til Inger Lise ligg i folkevise-pop-sjangeren, med innslag av country, roots og folkemusikk.

25. juli i Valle kyrkje:

Marcus André Berg Marcus André Berg jobbar som domkantor i Oslo Domkyrkje. Han avslutta utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule i 2013. I masterprosjektet sitt tok han for seg den franskromantiske orgelsymfonien med musikk av Franck, Widor, Vierne og Dupré. Berg er også komponist, og har studert komposisjon med Trond Kverno og Olav Anton Thommessen. Våren 2014 vann han 1. pris i komponistkonkurransen «International Edvard Grieg Competition for Composers». Frå hausten 2013 har Berg undervist i orgel på Talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskule. Berg held jamleg solokonsertar og blir ofte brukt som akkompagnatør. I 2016 gav han ut albumet «At midnight hour» saman med Amelie Aldner, ei utgjeving med mellom anna klassiske operaperler akkompagnert på orgel. På konserten i Valle speler han m.a. Percy Whitlocks «Plymouth Suite» og Ch. H. Rincks «Introduction, Thema, Variationen & Finale».

40 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


1. august i Fjellgardane kyrkje:

8. august i Bykle kyrkje:

Lina Sandell i folkemusikalsk drakt

Elsebeth Lütcherath og Kari Ingelsrud

Den svenske folkemusikkduoen Anda tolkar Lina Sandell! 115 år etter ho gjekk bort. Salmeforfattaren Lina Sandell held fram med å gripe tak i oss og vekke tankar. Lina sin poesi er forankra i kvardagen hennar, men er likevel tidlaus, djupt personleg og rører ved dei store spørsmåla i livet. Ho har skrive salmar som «Blott en dag» og «Ingen er så trygg i fare». Med påverknad frå skandinavisk folkemusikk, orientalsk tonespråk og amerikansk old time tar Anda med seg Lina Sandells salmar inn i ei multikulturell samtid. Anda består av Mattias Risholm på song og bouzouki og Anders Peev på nyckelharpa og vokal. Anda høyrer heime i Stockholm og har vore verksam som duo i 14 år med meir enn 400 konsertar bak seg i Skandinavia.

Elsebeth Lütcherath er fødd i Vestjylland i Danmark og har utdanning som organist frå musikkonservatoriet i Aarhus. Ho har meisterkurs frå Floor Peters i Belgia og jobbar no som domkantor i Kristiansand Domkyrkje. Ho har dirigert fleire kor og er aktiv som konsertorganist i både inn- og utland. Kari Ingelsrud er fødd i Eidskog og utdanna som klarinettist frå Oslo og Wien. Ho har jobba i Forsvarets Musikkorps Sørlandet og er no tilsett i Kristiansand Symfoniorkester. Ho er utøvar på klarinett og bassklarinett, er pedagog og dirigent. På konserten ønskjer Elsebeth og Kari å formidle lys og glede og spele nokre av dei vakraste stykka som dei veit om. Samklangen mellom klarinett og orgel er magisk, og dei to instrumenta vil klinge flott saman i den fine akustikken i Bykle kyrkje. Programmet vil m.a. innehalde to satsar frå Mozarts klarinettkonsert, ein klarinettkonsert av Molter og Massenets Meditation.

Fjellgardane kyrkje

Bykle gamle kyrkje

Bykle kyrkje

Hylestad kyrkje

Valle kyrkje

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 41


Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad Kyrkjene nord i Setesdal ligg små steinkast frå riksveg 9 og er tydelege landemerke i vårt vakre dalføre. Du kan stoppe og sjå innom eller ta del i gudstenestene.

Valle kyrkje

Hylestad kyrkje

Fjellgardane kyrkje på Hovden

Friluftsgudstjeneste på Tveitetunet i Valle

VALLE OG HYLESTAD KYRKJE Er open frå 18. juni til 31. august kl. 10 til 21 kvar dag. BYKLE GAMLE KYRKJE OG BYKLE KYRKJE Er open frå 22. juni til 15. august kl. 11 til 17 kvar dag. I Bykle gamle kyrkje er det ein guide til stades når kyrkja er open. FJELLGARDANE KYRKJE PÅ HOVDEN Er ikkje open, men ein kan låne nøkkel på Turistkontoret.

42 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Bykle kyrkje

GUDSTENESTENE I SOMMAR ER: 24. juni kl. 19 i Hylestad kyrkje 8. juli kl. 19 i Bykle gamle kyrkje 22. juli kl. 19 i Valle kyrkje 5. august kl. 11 i Valle kyrkje og kl. 19 i Bykle kyrkje DET ER OG TO GUDSTENESTER I FRILUFT: 12. august kl. 12 på Brokkestøylane og 26. august kl.12 på Tveitetunet i Valle.


BYKLE GAMLE Byggeår Endringer Preikestol Døypefont

KYRKJE 1620 Ca.. 1700 (våpenhus) 1803-06, rest. 1938 og 1997 Renessanse, med evangelistbilder Ca.. 1600

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 43


Velkommen til Reiårsfossen Hostell & Camp Under den høye Reiårsfossen har vi ledig camp for bobiler, campingvogner og telt for kr. 200 pr. enhet + strøm kr. 50. Gratis tømming for septik. Vi har også ledige hostellrom, oppredd for 1 pers.: kr. 400 (kr. 300 hvis eget sengetøy/sovepose), for 2 pers. i et rom: kr. 600 (kr. 400). Leiligheter (2-6 pers.) med kokemuligheter, egne priser: kr. 600-800, må rengjørs etter bruk. Hvis ikke kr. 200 i tillegg i prisen. Tlf. 928 84 416 – E-post: bygland@online.no Adresse: Ose, 4745 Bygland

44 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Våre firmabiler det siste året...

tonnes@b-t.as 901 59 267

Vi trosser vintermørket for å gi deg drømmehytta SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 45


27. - 30. juni 2018

Sørlandets Countryfestival Sørlandets Countryfestival går av stabelen i Evje, nærare bestemt på Evjemoen, onsdag 27. til laurdag 30. juni. Alle dagar har eit fullstappa program med både norske og utanlandske artistar. Fullstendig program og annan nyttig informasjon finst på nettsida til festivalen. osecountryfestival.no

14 og 15. juli

Ose Matmarknad Ein marknad med lokale mattradisjonar og det som høyrer til. Sal av tradisjonsmat, husflid, antikvitetar og kunsthandverk. Etegilde i Ose Grendehus. Bjoren kjem opp til Ose og har turar både laurdag og sundag. Opningstider: Laurdag: kl. 11.00-18.00 Sundag: kl. 11.00-17.00 osematmarknad.no

21. juli

Jordbærfestivalen på Evje Jordbærfestivalen blir arrangert i Evje sentrum laurdag 21. juli. Jordbærfestivalen er eit arrangement i regi av Otra IL skigruppa. Turistar, bygdefolk og tilreisande kjem for å nyte jordbær produserte i Evje og Horrnesområdet. Det blir lotteri og konsertar med blant anna kulturpatrulja, i tillegg til konkurransar og fleire aktivitetar for barn.

27.-29. juli

Setesdalsfestivalen 2018 på Rysstad. Det blir kurs, konsertar og kappleik. Her kan du blant anna høyre dei beste kvedarane i Setesdal.

46 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Sommar Setesdal


21. juli

Setr Festivalen på Bygland Festivalen heiter Setre Festivalen, eit namn som reflekterer tradisjonen og kulturen i Setesdal, kombinert med eit ungt, ferskt pust. Det er i all hovudsak ein musikkfestival, men med eit mykje breiare spenn, slik at både unge og vaksne skal kunne ha ei fantastisk oppleving på ein sommardag i Setesdal.

10.-11. august

Ose motorfestival Eit arrangement der me samlar motorinteresserte og entusiastar frå heile Sørlandet i flotte omgjevnader mellom fjord og fjell. Dersom du er interessert i alt som har med motor og køyretøy, bør du ta turen til Reiårsfossen Camp. Der kjem me til å samle bilar, båtar, fly, lastebilar, traktorar, stasjonære motorar, MC/mopedar osv. Det kjem gamalt og nytt. osemotorfestival.no

17.-19. august

Naturligvis 2018, Evje Messe med lokal mat, landbruk og aktivitetar. Aktivitetar med dyr, og ein stor lokalmatmarknad. Stor maskinutstilling. Matglede med breidd i mattilbod og produkt for sal. Fleire aktivitetar for barn, med kokkekurs, snikring av fuglekasser og dyr i alle storleikar osv. naturligvis-agder.no

24.-25. august

Rekordfestivalen, Hovden Rekordfestivalen er ikkje den største musikkfestivalen i Noreg, men kanskje den trivelegaste. Festivalen blir arrangert på stranda i Hegni Friluftsområde, med bjørkeskogen, Hartevatn og fjella rundt som kulissar. Alt skjer utandørs, og ettersom dette er på høgfjellet, bør du kle deg deretter. Sjølv om kortbuksa kan gjere nytte på dagtid, så er dunjakke og lue godt å ha om kvelden. Artistane som kjem til rekordfestivalen, spenner over eit breitt spekter, frå folkemusikk til pop, hip-hop og rock. rekordfestivalen.no

22. september

Hovden Ølfestival Det er Hovden Gildet i samarbeid med Destinasjon Hovden som har gleda av å invitere til ein dag fylt med godt øl og god musikk. Arrangementet vil vere i Hovden sentrum i eit stort telt. Fleire kjende bryggjeri kjem på gjesting for å servere deg sine beste produkt. Bryggjeria vil bli presenterte kontinuerleg. Det vil bli smaksprøvar. Billetter og bongar kan hentast hos Destinasjon Hovden fram til festivalen startar kl. 14.00. Det vil også bli høve til å hente og kjøpe billettar i døra.

48 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


TrollAktiv 25 år

Blir feira med opning av Evje Klatrepark

Evje Klatrepark held til hos TrollAktiv, ca. 7 km nord for Evje på Riksveg 9 og ca. 1 times køyring frå Kristiansand og Arendal. ring/rappellering, zipliner, sykkelpark, SUP, teambuilding, paintball, escape room og mange fleire spennande aktivitetar .

TEKST OG FOTO: TROLL AKTIV Klatreparken har fem ruter, tre av desse er ideelle for barn over 120 cm og perfekt for heile familien. Parken har fleire tøffare ruter for tenåringar og vaksne. Klatreparken er også flott for foreldre/besteforeldre som ønsker å ta bilde av barna som boltrar seg i

trea. Her kan du fylgje barna gjennom alle rutene. Vi har fem separate startpunkt, så om gruppene er store, kan vi raskt få alle opp i trea utan at det blir venting og kø. TrollAktiv tilbyr også rafting, familie-rafting, Klatrepark, fjellklat-

Vi tilbyr også overnatting i hytter, leilegheiter og lavvo. I tillegg er det mogleg å slå opp telt. Det som skil oss frå andre konkurrentar, er vårt engasjement for god service og for vårt høge sikkerheitsnivå. TrollAktiv var den aller første opplevingsleverandøren i Noreg som ble sertifisert med Adventure Mark-sertifikatet. Dette sertifikatet dekker alle aspekt knytte til sikkerheit og kvalitet.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 49


Børtemannsbekken – Hovden 50 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 51


Lunsj / Dagens middag / A la Carte

aldersg

Søndag kl 13.00-18.00: BUFFET

fredag 26. august spiller Charlie Reackstead. Forhåndskjøpe billetter kr 300,- / i døra kr 350,-

pningstider i restauranten i sommer: Mandag til lørdag kl 12.00-21.00 Lunsj / Dagens middag / A la Carte åpningstider i restauranten i sommer: til lørdag kl 12.00-21.00 SøndagMandag kl 13.00-18.00: BUFFET Lunsj / Dagens middag / A la Carte

redag 26. august spiller Charlie Reackstead. Søndag kl 13.00-18.00: BUFFET

18 års nse aldersgre

18 års nse aldersgre

Pa

rhåndskjøpe 300,/ i døra kr 350,fredagbilletter 26. augustkrspiller Charlie Reackstead. Forhåndskjøpe billetter kr 300,- / i døra kr 350,-

Lei , Setesdalsvg. 2031, 4741 B romjuni tlf. 37 93 46 50, 900 24 241 lørdag 25. kl. 20-02 m lørdag 25. /juni k kl. 20-02 ÅPNINGSTIDER I RESTAURANTEN: Mandag til lørdag: Middag fra kl 18-21 Søndagsbuffet fra kl 13-18

a

no Popnagel! Padlefest i hagen med Popnagel! Padlefest i hagen med Forhåndskjøpte bill. kr 250,/ i døra kr 300,-. Forhåndskjøpte bill. kr 250,/ i døra kr 300,-. For mer info: revsneshotell.no/padlefest For mer info: revsneshotell.no/padlefest

, Setesdalsvg. 2031, 4741 Byglandsfjord, post@revsneshotell.no 93 46 50, 900 24 241 2031, 4741 Byglandsfjord, post@revsneshotell 37 93tlf.463750, 900 24 241, Setesdalsvg.

Norges beste hyttepakke på fiber BB FRITIDSPAKKE: • 25/25 MBS internett • 16 TV-kanaler og norske radiokanaler

Kun kr 299,- pr mnd

BB Fritidspakke

25/25 Mbit Internett


Barnevennlig ferieplass og et utpreget familiested

Setesdalsvegen 942 - 4720 Hægeland Tlf. +47 901 35 829 - bornescamping.no

setesdal.com

BÅTUTLEIE • TRAMPOLINE • STRAND

Neset Camping Tlf. 922 81 444 - 4741 Byglandsfjord - www.neset.no


54 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Dyrkar åtte tonn morellar i året

På Høgetveit gard dyrkar Wenche og Sjur Høgetveit dei mest høgtliggjande morellane i Norden. Det er ein utfordrande produksjon – og svært spennande. TEKST: JAN FRANTZEN, 07 MEDIA FOTO: PRIVAT/ JANNE GRUNDETJER, 07 MEDIA – Når vi kjem til slutten av sesongen, så tenkjer vi alltid at vi ikkje orkar dette meir. Det er så slitsamt at vi berre må finne på noko anna. Men så går det fjorten dagar, og då er vi i gong med å planleggje neste år. For det er jo veldig gøy også, smiler Wenche Høgetveit.

Saman med ektemannen Sjur, driv ho Høgetveit gard på Evje, der paret har budd sidan 1994. Her produserer dei rundt 8 tonn morellar i året. Det gjer dei til ein framståande produsent på Agder. UTFORDRANDE Høgetveit gard ligg i enden av ein smal, svingete veg nokre kilometer utanfor Evje sentrum. Høgetveit-slekta har levt på garden

sidan 1804, men truleg har det budd folk her heilt sidan midten av 1600-talet. Gjennom fyrste halvdel av 1900-talet var det gruvedrift i området, og mange frå gardane i nærleiken jobba i gruva med utvinning av kvarts og feltspat. Sjur kjem opphavleg frå Høgetveit gard, og det var mor hans som dreiv garden då ekteparet tok over for 24 år sidan. Dei bygde eit nytt

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 55


Det er tretten mål med morellar på garden. I tillegg produserer dei bringebær og plommer.

hus på tomta, og begynte med morellar og økologiske jordbær. – Den gongen dreiv vi også med sau, men det hadde vi ikkje lyst til å halde fram med. Bygningen her er ikkje eigna for moderne produksjon av sau. Vi fann etter kvart ut at det var morellar vi hadde mest lyst til å jobbe med. I dag har vi tretten mål med morellar – det utgjer cirka tusen tre. I tillegg produserer vi bringebær og plommer, fortel Wenche Høgetveit. Dyrking av morellar er utfordrande, ikkje minst når ein held til 300 meter over havet. Det er utfodrande fordi morellar er sterkt utsette for frost. Vi ser ei rekkje store metallkonstruksjonar med plast over

56 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Wenche og Sjur Høgetveit har budd på garden sidan 1994.

– Vi sel overraskande mykje heimanfrå. Veldig mange kjem hit og handlar. WENCHE HØGETVEIT

rundt på garden. Morellane blir produserte i desse tunnelane, som gir vern mot vêr og frost. – Då vi fyrst planta trea, hadde vi ingen tunnelar. Morellar toler berre eit par-tre millimeter med regn, så er alt øydelagt. Det er små marginar: Plasten aukar temperaturen med minst ein grad,

og det kan gjere stor forskjell når det gjeld frostskadar. Då vi laga desse tunnelane, begynte produksjonen å fungere, fortel Høgetveit. MANGE ARBEIDSTIMAR Prosessen på garden begynner så fort snøen smeltar på våren. – Då begynner vi å skjere trea. Alle dei store greinene i toppen blir tekne vekk kvart år for å få inn nok lys, og for å behalde produksjonen der det er lett å plukke. Så skal plasten på alle trea, og så er det gjødsling, vatning, plantevern, og sprøyting mot nokre få ting. Bæra blir plukka frå slutten av juli til slutten av august, og på seinsommaren er det mykje trafikk


Nokre av produkta dei produserar.

innover dei smale vegane mot Høgetveit gard. – Vi sel overraskande mykje heimanfrå. Veldig mange kjem hit og handlar, og så har vi ein avtale med Telefrukt AS i Gvarv, som pakkar og gjer bæra ferdig til butikkane. Det meste går dit, men vi prøver å selje så mykje som mogeleg heime. Etter at oppryddinga på garden er ferdig, er det blitt oktober. Mange arbeidstimar har blitt nedlagde før vinteren kan få sleppe til igjen. – Det er ein arbeidskrevjande produksjon, og det hadde kanskje vore tryggare økonomisk å drive med noko anna. Men det er skikkeleg gøy når ein får det til, seier Høgetveit.

– Kva er det som er så givande? – Det er ein veldig fascinerande prosess. Greinene ser døde ut på vinteren. Livlause. Men så kjem våren, og det begynner å blomstre – og det er eit fantastisk syn. Så begynner fruktsetjinga, og frå då av ser ein utviklinga fram til eit ferdig produkt, fortel ho. BRUKER OMRÅDET Wenche er opphavleg frå Risør, og ho møtte Sjur i Kristiansand i 1989 då begge gjekk på skule der. Begge har jobb ved sida av gardsdrifta. Sjur har ei stilling på 60 prosent som kyrkjeverje på Evje, medan Wenche har ei lita stilling hos Norsk landbruksrådgiving på Finsland.

opptekne av å bruke området og handle lokalt. Men i sesongen, då andre slappar av og reiser på ferie, jobbar dei frå morgon til kveld på garden. – Synest du framleis morellar smaker godt, etter å ha halde på med dette i så mange år? – Ja, eg er veldig glad i morellar, og eg er glad i å plukke. – Du blir ikkje lei? – Nei, eg gjer ikkje det. Det er klart det kan vere tungt, men det er mest moro. Og veldig spennande.

Ekteparet Høgetveit og deira tre barn er, som mange andre på Evje,

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 57


Smaken av Setesdal

Lammepølse spæl frå Fjellgarden Hovden. FOTO: CA.THRINE DOKKEN

58 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Smaken av Setesdal har 18 medlemsbedrifter som består av både reiselivsbedrifter og lokalmat-produsentar. Målet til Smaken av Setesdal er å auke produksjon og bruk av den lokale maten frå Setesdal.

Morellsirup frå Høgetveit gard på Evje. FOTO: CATHRINE DOKKEN

TEKST: SMAKEN AV SETESDAL Våre reiselivsbedrifter har lokale produkt på menyen og på den måten kan gjestene våre smake seg gjennom dalen. Vi er stolte av mange flotte tradisjonar i Setesdal, men du vil og finne nye bruksmåtar av det som blir dyrka og alt opp i dalen. Det blir laga ei rekkje kvalitetsprodukt og Smaken av Setesdal

Torfinn Rysstad og Anne Marie Sibbesen på årets mat- og landbruksmesse i Berlin. FOTO: HENNING WANGSNES

har dei tre siste åra vist seg fram på den store mat- og landbruksmessa Grüne Woche i Berlin der det er eit publikum på ca. 450 000 som får smake det Noreg og Setesdal har å by på. Smaken av Setesdal har fått god drahjelp frå Innovasjon Noreg lokalt og i tillegg har både Setesdal regionråd og Fylkesmannen i AustAgder hjelpt til i satsinga. Når du er på reise i dalen er det berre

å sjå etter skiltet med Smaken av Setesdal som våre reiselivsbedrifter har på veggen. Det viser at du vil kunne få lokal mat her.

Tekst til reisemagasin Setesdal

Ingen bør reise frå Setesdal utan å Smaken av Setesdal har 18 medlemsb smake på det vi har ålokalmatprodusenter. by på! Målet til Smak

fra Setesdal. Våre reiselivsbedrifter h gjester smake seg gjennom dalen. Vi finne nye anvendelser av det som dy og Smaken av Setesdal har de tre sist Grüne woche i Berlin der det er et pu by på. Smaken av Setesdal har fått go Setesdal regionråd og Fylkesmannen det bare å se etter skiltet med Smake viser at du vil kunne få lokal mat her.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 59


Naturligvis 2018 på Evje For deg som vil oppleve lokal mat, landbruk og spanande aktiviteter for store og små. 17.-19. august. TEKST OG FOTO: ØYSTEIN MOI Naturligvis er ein årviss, og særs omtykt møtestad for godtfolk frå bygd og by. Ei stormønstring av landbruk, bygdekultur, kortreist mat og gode opplevingar på Agder. Arrangementet har sidan 2004 vorte skipa til innanfor portane til den tidlegare militærleiren på Evjemoen. Eit kjent og kjært område for mange grønkledde og staute sørlendingar. Her vert det hovudfokus på landbruk, lokal mat, lokalt handverk og gode opplevinger. Underhaldning, trivsel – og spanande aktivitetar for store og små. Tre gilde dagar til ende.

60 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Mange lokale produsentar byr fram sine varer for sal - og arrangøren syter sjølv for å ha på plass eit stort mattelt kor gjestane kan fukte kråsen med svalande og helsefremjande drikke av ulike slag. Kvitkledde kokkar serverer deg varme – eller kalde middagsrettar. Frå den innhaldsrike matsetelen finn du sjølve fram til di eiga gastronomiske oppleving. Ei god oppleving blant gode vener, sambygdinger, nære skyldfolk – eller tilreisande byfolk og venesæle åsdølar. Er du på jakt etter ein ny plenklyppar, ein ny mjølkemaskin, ny traktor, ein elektrisk drill, ein halvmeter med feit og god spekepylse,

ei stasleg laftehytte – eller kan hende ei ny stasjonsvogn til kjernefamilien, ja, då er utvalet stort og imponerande på Evjemoen denne helga. Naturligvis. Arrangørane venter meir enn 15 000 skodelystne i dagane 17. – 19. august. Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen. Tak med deg heile slektstreet, fyll opp bilen - og set kursen mot Nordre Leir på Evjemoen. Naturligvis.


SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 61


Golf i fjellheimen

TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: ASTRID STEENSBY/GRETE BREIVIK/ANDERS MARTINSEN I 2000 fann nokre golfentusiastar på Hovden ut at dei ville lage sin eigen golfbane. Banen blei bygd i 2001-2002 og åpna i 2003. I dag spelar store og små golf her i Ørnefjell. Tom Kvinlog er formann i klubben, og han var også ein av initiativtakarane. – Denne banen er open for alle. Her kan du få opplæring og ta det gyldige golfkortet. Her er det naturleg og idyllisk, og banen blir gjesta både av fastbuane og av turistar, seier han.

62 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

Ørnefjell golfbane er den banen som ligg nest høgast i Noreg, rett etter banen på Skeikampen. – Det er ein ni-hols bane med forskjellige utslag. Det vil seie at den blir karakterisert som ein 18-hols «lightbane», fortel Kvinlog. Sjølv begynte han å spele golf da han fekk golfkurs i 50-års gåve av barna, og no har han vore med på å skape eit levande golfmiljø i fjellbyen. – I 2006 fekk vi merke vinteren her oppe. Den øydela mykje og vi fekk etter det lagt kunstgras på alle greenane, fortel han.

Banen er sjølvbetent store delar av sesongen, men i sommarferien har skuleelevar ansvaret for drift av kiosken. Klubben er fleksibel med kursing, og her er ei eiga onsdagsturnering. – Dei fleste av oss har nok eit personleg mål om å forbetre oss, men det viktigaste er først og fremst å ha det triveleg sosialt. Golf har blitt ein folkesport som du kan begynne med i fem-års alderen og halde på med resten av livet, fortel Tom.


FAKTA • Ørnefjell golfbane ligg idyllisk til ved Otra, ca. 10 km sør for Hovden. • Banen har 9 hol med 18 ulike utslag, driving-range og putting-green. Golfbilar til leige. • Banens par er 68, med 1 par 5 hol, 5 par 4 hol og tre par 3 hol (x 2). • Proshop og kiosk er ope og bemanna i helger og kvar dag i sommerferien. Utanom dette er banen sjølvbetent. • Automat for registrering og betaling av greenfee (Golfbox). PRISAR: Kr. 200,- for 9 hol, Kr. 300,- for 18 hol (jr. halv pris). Myntautomat (10 eller 20 kr) til ballautomat på driving-rangen. LYST TIL Å BLI MEDLEM? Ørnefjell golfbane er eigd og blir drifta av Hovden Golfklubb. Medlemspriser og anna kontaktinfo ser du på hovdengolf.com Facebook || Hovden Golfklubb SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 63


Vetle vann tredjeplassen! Heile Noreg følgde Vetle Hoslemo på TV i beste sendetid fredag 18. mai. 13-åringen frå Bykle vann tredjeplassen i Norske Talenter! Vetle synest det er betre å stå på ei stor scene enn å syngje for familien. Han syng kvar dag og nynnar heile tida.

TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: EDOUARD CLAES TRUEDSSON/TV 2/PRIVAT/ JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA FINALEFEST I BYKLE – Det var heilt utruleg moro å bli nummer tre. Eg blei godt kjend med Tuva, som vann, inne i Oslo, og vi var ute og feira 1. og 3. plassen med å ete kyllingkebab i Oslo. Vi var også med på finalefesten, med prins- og prinsessekroner på. Medan Vetle song i finalen, var det og finalefest på samfunnshuset i Bykle. 13-åringen trollbatt menne-

64 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

ske i heile landet med songen om Håvard Hedde denne fredagskvelden. – Det var kjempegøy å vite at familien min sat i salen og høyrde på meg under finalen. Og det var moro å tenkje på at det var fest i samfunnshuset heime, og at dei følgde med på TV heile tida, seier han. Vetle song som nemnt songen om Håvard Hedde, og med onkelen sin i bandet fekk programleiaren høyre at det gjorde han trygg. – Eg var veldig nervøs før finalen, og då eg var ferdig med å syngje,


SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 65


1. 3.

2.

4.

1. Frå konsert med Fjellfolk med vener, på Hovden. Hausten for snart to år sidan. Første gongen Helga hadde gitt han i lekse å lære seg ei folketone - nemleg Sven Svane. Det gjorde han så til gagns at ho spurde han om å vere gjesteartist på konserten deira kort tid etter. Det er på ein måte starten på folkemusikkeventyret hans. På biletet er Trym Bjønnes, Vetle Tveiten Hoslemo (12 år) og Helga Jacobsen. 2. Vetle på kulturskulekonsert for 2-3 år sidan. 3. Vetle saman med mor og far på audition, starten på Norske Talenter. 4. Audition på Norske Talenter.

kom tårene. Det var ikkje fordi eg var lei meg eller skuffa, men fordi eg hadde vore så nervøs, seier han. BUR I BYKLE Vetle bur hos far på Hoslemo og hos mor i Bykle, berre nokre steinkast frå skulen, og både han og mor fortel at han alltid har sunge. Han har tre sysken, ei storesyster og to storebrør. Han trur dei er litt stolte. – Eg har sunge så lenge eg kan hugse, og folkemusikken har blitt viktigare dei siste to åra. Mor song

66 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

heile tida då eg var liten, og Helga Jacobsen, songlæraren min, ville at eg skulle prøve å kvede. Helga er flink til å lære meg å vere tydeleg og fortel meg korleis eg skal stå når eg syng. Ho har lært meg nokre av dei tonene eg likar aller best å synge. Kirsten Bråthen Berg har lært meg mange stevtoner, og har hjelpt meg å finne stev som passar for meg, seier han. Han bruker lita tid på dataspel og Playstation, men fortel at dei leikar politi og røvar i heile Bykle. Då kan

dei vere mange i lag, og det er sosialt og spanande. – Det er ikkje så mykje ein kan gjere her i Bykle, men eg speler fotball éin gong i veka, og så speler eg kornett, fortel han. LÆRTE Å KRULLE Han har allereie manga stevtonar på songlista si. Han brekk tonane vent, og dei kallar det for å krulle. – Ja, fyrst måtte eg lære å krulle. Kim André Rysstad lærte visstnok å krulle av å høyre på Dolly Parton og Whitney Houston, seier Vetle.


– Det var kjempegøy å vite at familien min sat i salen og høyrde på meg under finalen.

Mor hans, Bjørg Sissel kvad heime. Kvedinga hadde han nesten inne frå han var liten. Mor hans høyrde tidleg at det passa stemma hans. – Stemma hans kler å syngje folkemusikk. Vetle gjekk på kulturskulen i Bykle, og då Helga gjekk ut i permisjon, møtte han Kirsten Bråthen Berg. No har Vetle kvede i snart to år, fortel ho.

Vetle synest det har vore kjempegøy å vere med på Norske Talenter. – Innimellom har det vore litt mykje venting, men det har vore ei stor oppleving å vere med. Eg har blitt kjend med fleire. Blant anna Tuva, som vann finalen og den store premien. Nokre hadde eg også sett på landsmønstringa i UKM. Alle drøymde om ein finaleplass.

Han har sunge med Fjellfolk. Han har også sunge i eit lokalt band og har dessutan sunge aleine med singback. Vetle tenkjer ikkje så mykje på framtida, og seier sjølv at han ikkje aner kva som skjer framover. – Når det ikkje er gøy å syngje lenger, sluttar eg. Eg har fått mange førespurnader om å syngje etter

Vetle har tidlegare vore med på kommune- og fylkesmønstring, og landsfestival i UKM (Ungdommens kulturmønstring) i Sandnes. Denne mønstringa starta i Bykle, for så å halde fram i Arendal før landsfestivalen i Sandnes. I semifinalen i Norske Talentar reiste heile klassa hans inn til Oslo, og det gjorde Vetle ekstra nervøs. Dei drog til Oslo med store plakatar og fullt engasjement. – Det var kjempegøy a kome vidare til finalen, seier Vetle. STORDALEN TRYKTE PÅ GULLKNAPPEN Ei av dei største overraskingane var då Petter Stordalen kasta seg over ”Gullknappen” og sende Vetle rett til semifinalen. – Eg fekk sjokk då han trykte på gullknappen, og eg kunne nesten ikkje seie noko dagen etter. Eigentleg er det ikkje lov å trykkje før songen er ferdig. Stordalen blei synleg rørt av songen. Bjørg Sissel fortel at då Stordalen trykte, stod ho bak i salen og håpte at ho ikkje blei filma. – Eg var heilt hysterisk. Hoppa i lufta og var heilt galen, seier ho.

Vetle bur i Bykle og har sunge så lenge han kan hugse.

ALLEREIE EIN ERFAREN SONGAR Vetle høyrer på same musikken som alle dei andre ungdomane høyrer på, og han høyrer ikkje spesielt mykje på folkemusikk. – Eg prøver å fortelje ein historie når eg syng eller kved. Det kan vere vanskeleg når tonane er både mørke og lyse og eg samtidig må hugse krullinga.

at eg begynte med Norske Talenter, og særleg etter semifinalen og finalen. Det likar eg. Det er bra. Det er meir øving no, men elles er ikkje livet mitt forandra, avsluttar songkunstnaren frå Bykle.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 67


FÅ MED DEG REKORDFESTIVALEN 2018: 24. - 25. AUGUST.

Rekordfestivalen feirar 10 år Med Hartevatn og fjellet som kulissar, blir det servert musikk, mat og aktivitetar til fjellfolket på Hovden. Det nærmar seg Rekordfestivalens 10-års jubileum i Hegni.

68 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA FOTO: STINE PRØITZ JØRGENSEN Nicolai Brenna Ertzeid har fleire av årets artistar klare, og han fortel at ein del av feiringa er å invitere på nytt artistar som har gjesta festivalen tidlegare. - MK’s Marvellous Medicine gjorde stort inntrykk på Rekordfestivalen i 2016, og dei spelar i år på fredagen, noko vi gler oss veldig til. I tillegg har vi invitert tilbake Kjetil Grande, Kristiansands gitarkonge, saman med sin gode venn og musikar Stein Roger Sordal. I tillegg til at bandet Sordal skal spele tidlegare på kvelden, har vi fått i stand Grande & Sordal, som med band

skal spele favorittane sine innan Classic Rock. Dei byr på alt frå Dylan til Led Zeppelin og lover ei fabelaktig avslutning på rekordfestivalen 2018, fortel festivalsjefen. Det var hausten 2008 det heile starta. Ingvild Hovden var på kurs i «opplevings-produksjon.» Ho laga ein case og etter kvart blei idéane om ein festival verkjeleggjorde. Etter åtte år som festivalsjef, gav ho ansvaret over til han som var områdeansvarleg 2, Nicolai Ertzeid Brenna. Rekordfestivalen er basert på frivillige, og Ingvild trekkjer fram fellesskapet og det å oppleve nye og gode sider ved Hovden som

det beste ved festivalen. Nicolai Brenna Ertzeid har teke over etter henne, og Ingvild ønskjer den nye generalen lukke til vidare. - Eg ønskjer Nicolai og hjelparane hans verkeleg lukke til og håper dei tek med seg verdiane og tankane frå festivalen vidare, avsluttar ho. Ertzeid gler seg til årets festival. - Eg gler meg kvart år til rigginga, arrangementet og ikkje minst til å vere saman med gjengen her oppe. Vi vil vidareføre stemninga og verdiane frå oppstarten. Siste headliner er ikkje sloppen, men den er stor og kjem til å oppmuntre mange, både gamle og unge, avsluttar han.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 69


Setesdalsmuseet

Eit levande museum Setesdalsmuseet er eit av Noregs lengste museum, og i Setesdal blir det hevda at det er eit av dei mest spennande musea i heile verda. TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA • FOTO: SETESDALSMUSEET / JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA

70 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Kongebesøket på Setesdalsmuseet i 1993.

25 ÅR SIDAN MUSEET OPNA Anna Stella Karlsdottir og Leonhard Jansen har, på kvar sin måte, vore med frå starten og prega utviklinga. Anna Stella er dagleg leiar. Ho hugsar godt då ho stod i det nye bygget og såg seg rundt for aller fyrste gong. – Då eg kom inn i dette bygget, var einaste tilsette eg og dåverande leiar av museet. Av inventar hadde vi ti bokyller og hundre stolar. Den fyrste tanken som slo meg, var at dronning Sonja skulle kome om ni månader, og at vi då skulle ha ei utstilling ferdig, seier ho. Anna Stella kom nyutdanna frå Bergen og hadde aldri laga ei ut-

stilling i heile sitt liv. Men dronningbesøket blei vellukka, og alt klaffa dei to solskinsdagane i 1993. – Ja, det var solskin og ein veldig fin dag. Det er forresten alltid solskin når vi har arrangement her, seier ho. I alle fall det eg kan hugse. – Kanskje vi har fortrengt regnversdagane, seier Leonhard med eit smil om munnen. BYGDEBOKFORFATTAR OG SAUEBONDE Leonhard begynte som bygdebokskrivar i Valle kommune. Han er frå Rysstad i Valle, og har også vore kultursjef i kommunen. Han tok over garden på Rysstad, begynte som sauebonde og kombinerte det

med å ta oppdrag som freelans heilt til han vart tilsett på museet i 2003. Han er i dag museet sin kulturhistorikar, og har også ansvar for museet si forvalting av gamle foto. Leonhard hadde også oppgåva som tilsett i Valle kommune - med å koordinere og leie arbeidet med førebuing av dronningbesøket. Anna Stella fortel vidare om dei minnerike opplevingane: – Dronninga og følgjet hennar var veldig interessert, men ei av dei hendingane eg hugsar, er då eg sende sikkerheitsfolka inn på kjøkkenet til varm suppe etter ein lang dag. Alt var stengt på grunn av

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 71


- Vi vil fortelje historier. LEONHARD JANSEN

Kultur og tilpasning.

kongebesøket, og det var ikkje ei einaste pølse å oppdrive. FRÅ BERGEN TIL RYSSTAD Det var kjærleiken som førte Anna Stella til Setesdal. Som nyutdanna etnolog frå universitet i Bergen busette ho seg på Austad i Bygland omtrent samstundes med at planlegginga av museumsbygget vart starta opp. Då stillinga som museumspedagog vart lyst ut i 1992, var det nesten sjølvsagt å søke. – Eg kjende ikkje menneska og kulturen her, men det geniale var at den fyrste utstillinga eg hadde ansvaret for å gjennomføre, var ei draktutstilling. Eg laga den saman med det som etter kvart blei ”damene mine”. Kvinner frå bygda som var del av ein levande tradisjon. Dei var mentorar, og eg fekk eit fantastisk nettverk og fekk rotfeste i bygda. Damene kunne dette, og dei

72 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

hadde opplevt alt saman frå dei var små, og alt blei ei vidareføring av kulturen. Det handla om å skape identitet, seier ho. I dag har Anna Stella driftsansvar og fagleg ansvar for eit re-

gionsmuseum med 12 årsverk og ein portefølgje på 70 bygningar og omfattande gjenstandssamlingar på alle trinna i profesjonaliseringa av museet. I 2005 vart heile Setesdal slege saman til eitt museum, og i 2015 gjekk Setesdalsmuseet inn i den fylkesomfattande eininga Aust-Agder museum og arkiv. Men kommunane i dalen eig framleis alle bygningane og gjenstandssamlingane; anten kvar for seg eller gjennom selskapet Setesdalsmuseet Eigedom IKS. Dei same kommunane bidreg til å finansiere drifta saman med fylkeskommunen og staten. Største bidragsytaren er staten, og vitnar om at setesdalskulturen er viktig også i nasjonal samanheng.

Anna Stella Karsdottir og Leonhard Jansen.

MANGE OPPDAGINGAR Heilt sidan museet opna i 1938,


Bygningsvernsenter.

har fokuset vore på meir enn berre bygningar. Immateriell kultur er kanskje like viktig som gjenstandane og bygningane. Opplevingane har vore mange på fleire felt, og Leonhard nemner ein av dei. – Eg hugsar godt eit gamalt dokument eg kom over, fortel Leonhard. Vi visste heile tida at Håvard Hedde kom frå Helle, men plutseleg kom eg over eit rettsreferat som fortalde historia hans detaljert. Alt blir så nært når vi får opplevingar og oppdagingar som dette, og sjølv om det er 40 år sidan, sit denne opplevinga framleis i minnet. Ved innkøyrsla til Via Ferrata på Helle står steinen til Håvard Hedde. Anna Stella må også nemne eit anna ”klenodium” i museet sin portefølje; museet på Rygnestad.

Draktutstilling på Rysstad.

Busetjinga her har vore der sidan mellomalderen, og på veggene er det mellom anna pynta med ”bonadar” som er måleri måla på tekstilar. Dei fleste er frå 1500-talet. SAMTIDSMUSEUM Museet skal vere eit kompetansesenter for kultur og natur. Det er visjonen. Det konkrete oppdraget kjem fram på mange måtar, i utøvinga av aktivitetane og i den immaterielle kulturen som museet har ansvar for. Sylvartun er ein av stadene som har blitt bygd opp seg dei seinare åra. Her har museet lagt rammene, slik at utøvande musikarar og lokalsamfunnet kan fylle huset med kultur. – Musikken frå Setesdal er som kjend nominert til å kome på Unescos liste over verdas kultur- og

naturarv. Om dette går i orden, blir avgjort i 2019, og det vil styre enda fleire europearar til Setesdal, seier han. Museet har mellom anna kompetanse på natur, kulturlandskap, kulturvern, drakttilverking, historisk kunnskap og gjenstandskunnskap. Dette er overskriftene på noko av det som er arbeidsoppgåvene til museet. – Det som er spesielt med dette museet og Setesdal, er at tradisjonane framleis lever, og dei lever parallelt med parabolar, mobilar, nye bygg og nye tradisjonar. Ein del av arbeidet på museet er mellom anna å leggje til rette for at noko av dette kan leve vidare. Museet er rådgjevarar til dømes innan bygningsvern, og eit nyoppretta bygningsvernsenter er tenkt å bidra til å utvide desse tenestene.

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 73


– Det som er spesielt med dette museet og Setesdal, er at tradisjonane framleis lever, og dei lever parallelt med parabolar, mobilar, nye bygg og nye tradisjonar. ANNA STELLA KARSDOTTIR

Annan Stella nemner også Kulturpatrulja som eit eksempel på dette. Eit prosjekt som museet har i samarbeid med Visit Setesdal. – Det meste vi gjer her, femner om langt meir enn å lage ei utstilling. Vi er ein samfunnsaktør. Ein kunnskapsbank for forskjellige tema. SOSIALE MEDIUM Sosiale medium gjer mange ting meir spennande og enklare i identifiseringa av gjenstandar. Gjestene til museet har forandra seg. Ein av forskjellane er at dei som kjem hit, ønskjer aktivitetar. Når det skjer noko, så kjem folk. – Eg elskar science fiction, seier Anna Stella. Eg voks opp med amerikansk tv på Island, og synest alt det nye er spennande. Vi må planleggje slik at institusjonen vår er i stand til å endre seg. No har vi bygt ein solid grunnmur, og satsingsområda våre byggjer på denne grunnmuren.

– Nedslagsfeltet blir enormt med sosiale medium, og vi ønskjer oss ei stilling og eit menneske som kan ha dette som arbeidsfeltet sitt, seier ho. ØLBOLLEN Museet får mange meldingar. Anna Stella og Leonhard forsikrar oss om at alle er interessante, men vedgår at somme er meir spennande enn andre. Leonhard fortel om ei interessant hending for eit år sidan.

Leonhard fortel om ei oppleving med sosiale medium. – To fotografi av garden Heggland i Bygland blei sende til oss frå Amerika. Det var enkelt å identifisere kven som var med på bileta. Same dagen vart det etablert kontakt via Facebook med familien som no bur på garden, Slektningar frå USA har no vore på besøk på Heggland kvar sommar etterpå.

– Det kom ei melding til museet i fjor sommar. Astrid Homme Bell frå Hythe i Alberta, men med slektsrøter i Valle, ville gi ein flott utskoren bolle frå 1700-talet med signaturar og initialar til museet. Bollen kom opphavleg frå Setesdal, men den blei teken med til Canada på 1920-talet. Eg miste munn og mæle då eg såg bollen. Ho som kom med den tilbake til dalen arbeider sjølv på museum, og meinte bollen høyrde heime der.

Det var ikkje ein gong bruk av mail da Anna Stella og Leonhard hadde sine fyrste arbeidsdagar saman på museet.

KVA MED FRAMTIDA? Annan Stella fortel at ikkje berre turistane er opptekne av det som skjer på Setesdalsmuseet. Også

74 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

folk i Setesdal følgjer med og kjem på arrangement. – Folk som bur her, har kjærleik til dalen. Dei er opptekne av røtene og ønskjer å vise fram historia. Vi er aktive ute på skulane i heile Aust-Agder, blant anna i regi av ”Den kulturelle skulesekken”, seier Leonhard. Muséet har gode besøkstal. 25 000 personar gjestar årleg museet, og deltakartalet på turane med dampbåten Bjoren har eksplodert dei siste åra. – Vi vil fortelje historier, og ønskjer at menneska her skal ha tillit til oss og fortelje ope utan å vere redd for at verksemdene eller bustadene deira blir freda. Musea i Noreg har gått frå å vere noko som pensjonerte lærarar heldt på med, til å bli noko folk flest er oppteke av, seier Leonhard, som fortel om utoverretta verksemd på reiselivsmesser og deltaking på Arendalsveka. Det er no 25 år sidan Anna Stella kom til eit nesten tomt museum. No er Setesdalsmuseet ein viktig samfunnsaktør i Setesdal. – Det er viktig å vere trygg i og ha kunnskap om eigen kultur når ein skal formidle dette ut i den store verda. Det vekker ettertanke å sjå kor mykje felles kultur vi har med andre kulturar som vi i utgangspunktet oppfattar som eksotiske og fjerne, avsluttar Anna Stella.


Det er installert tyfon varslingsanlegg i Farå nedstrøms Brokke Alpinsenter. Anlegget vil varsle plutselig økning i vannføring. Det vil fremdeles være risikabelt å oppholde seg i elveløpet. Vær observant!

FOR DIN EGEN SIKKERHET! Otravassdraget er regulert. Respekter informasjon og skilt som varsler fare langs vassdraget.

Otteraaens Brugseierforening.


Museum i Setesdal BYKLE KYRKJE Rosemalte kyrkjer er det ikkje mange av, og med sine knapt 70 m2 er Bykle kyrkje frå ca.. 1620 i tillegg ei av dei minste vi har her i landet. Kyrkja er bygd av runde, velforma tømmerstokkar, og fekk si noverande form på tidleg 1800-tal. LISLESTOG Lislestog er ei samling med tømmerhus og gamle gjenstandar. Bygningane er ikkje sette opp som HOVDEN JERNVINNEMUSEUM «Du kan ikkje sjå meg, for eg har vore død i 1000 år, men eg jobba her i vikingtida,» seier stemma som leier deg gjennom Jernvinnemuseet. Vikingen fortel historia si medan røyk, ljos, lyd og lukt set deg tusen år tilbake i tid.

eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommaren, men det er laga til slik at dørene står oppe og det er muleg å sjå inn i bygningane. RYGNESTAD MUSEUM Nordigard Rygnestad har røter tilbake til middelalderen. Saman

eit tradisjonelt tun, men har funne sin plass i kulturlandskapet etter kvart som dei vart kjøpte. HULDREHEIMEN Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha

76 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


med historiene om segnhelten Vonde-Åsmund, er Rygnestad eit høgdepunkt på museumsvandringa gjennom dalen. Rygnestad og kulturlandskapet rundt er uvanleg godt bevart, og er difor valt ut som eitt av 20 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg. SYLVARTUN På sylvartun vert du teken med på ei kulturhistorisk reise inn i folkemusikken. Det er laga nye utstillingar

med fokus på musikkinstrument og synleggjering av musikk- og dansetradisjonar i Setesdal og med stor overføringsverdi til områda rundt. Vi kallar det eit senter for immateriell kulturarv.

Rysstad finn du heilårsopne utstillingar med vekslande utstillingar. I år markerer vi særskilt at det er 25 år sidan museet tok i bruk nytt utstillingsbygg. BYGLAND MUSEUM Museet ligg idyllisk ved fjorden like ved Glashytta, Brygga Ca.fé og ei flott sandstrand, og er veleigna for ein pause langs vegen. Dei

gamle husa er ramme for aktivitetar av ulike slag m.a. som arena for NM i Paragliding Akro med stor oppslutning. DAMPBÅTEN BJOREN Ein tur med Noregs einaste vedfyrte dampbåt i passasjertrafikk

SETESDALSMUSEET – EIT MUSEUM PÅ LANGS Frå Hovden i nord til Iveland i sør ønskjer vi velkomen til gode museumsopplevingar. Tradisjonell bondekultur, arkeologi, geologi, forsvarshistorie og ei rosemåla kyrkje er noko av det vi kan tilby. Vel verdt eit besøk! I museet på

EVJEMOEN FORSVARSMUSEUM Sidan 1954 har rundt rekna 100 000 rekruttar, medrekna NATO-sjef Jens Stoltenberg, starta

opp førstegongstenesta på Evjemoen. Utstillingane tek deg med tilbake til oppstarten i 1911, gjennom krigen, og til sist som Infanteriets øvingsavdeling nr. II. Evjemoen er spennande for alle, men sjølvsagt mest fpr dei som opp gjennom åra har hatt teneste der. EVJE OG HORNNES MUSEUM FENNEFOSS Våningshuset på Fennefoss er romsleg, og gjev plass til mange forskjellige utstillingar. Hovudfokus er geologi og gruvedrift i Evje-/Ivelandsområdet. Vil du heller lære meir om rosemåling eller annan bygdekultur, så er dette også staden for deg.

høyrer med til opplevingane på sommarturen gjennom Setesdal. Sjekk opp når det er slusetur. Det gjev ei ekstra oppleving!

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 77


Ose 78 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


JANNE GRUNDETJERN, 07 MEDIA

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 79


80 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018


Eit langt liv på Hovden

Familien Breive. Frå venstre Annelise (syster til Birgit), gjest (ukjend), Birgit, Gunhild og Bjørgulv.

I år er det 50 år sidan heisen på Hovden tok dei første skientusiastane til topps. I Hovdenmagasin 2018/19 blir det nokre tilbakeblikk. Birgit Breive Lidtveit kom til oss med eit gamalt bilde og vi tok ein prat med henne. TEKST: ANDRÉ VAALER, 07 MEDIA BILDER: PRIVAT, NASJONALBIBLIOTEKET OG DESTINASJON HOVDEN KULTURPRISEN I 2017 Birgit har hatt kurs i bunadssying i 30 år, og kursa har ho halde på Fjellgardane skule og i Bykle. Ho syr stakk og skinnfu. Dette fekk ho

kulturprisen for i 2017. Prisen blei utdelt 17. mai. Birgit er fødd på Hovden. Både ho og Kjetil, mannen hennar, har tidvis budd i Kristiansand og på Austlandet, men då planane kom om å flytte heim til Hovden, var ikkje Birgit vond å be.

HAUGLY GJESTEHEIM I juni 1954 opna foreldra hennar Haugly Gjesteheim. Eit pensjonat i det som var barndomsheimen hennar. Seinare blei det også bygd ein bensinstasjon ved sida av Haugly, som no har andre eigarar. – Mamma laga mat på Gjesteheimen. Det gjorde ho heilt sidan op-

SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 81


Haugly Gjesteheim og bensinstasjonen.

ninga i 1954, men da hotellet kom, ble det stopp. Mamma syntest ikkje at ho var flink nok, så frå 1968 blei det berre overnatting. I dag hadde ho sikkert halde fram med matlaginga, for no skal det vere meir heimelaga enn det var på 70-talet, seier Birgit.

Birgits far var frå Breive, og då Birgit var eit år, fikk han jobb på den første Vatnedalsdammen. Sonen Sverre Bjørn har drive bensinstasjonen nokre år, men køyrer no langrennsløyper for Hovden Løypekøyring. Birgit og mannen Ketil har døtrene Gunn Åse og Anne Liv.

BYGDE HUS I 1976 Haugly gjesteheim har plass til 21 gjester. Vintersesongen er hektisk, men på sommaren er det rolig. Birgit bur i Hovden sentrum. Saman med mannen hennar bygde dei eit hus i 1976. – Det er meir folk her oppe no, og ikkje minst fleire barn. No er det fleire eg ikkje kjenner, slik var det ikkje før, seier ho.

HO ER GLAD I FJELLET Birgit budde i Kristiansand då heisen begynte å gå på Hovden. Ho hugsar godt at sesongen begynte i februar, og at det var hektisk til over påske. Ho syntest det har vore ei fin utvikling på Hovden, og det er spesielt positivt med to kolonialbutikkar og fleire andre nye butikkar som har kome til. – Eg er glad i fjellet, men eg er ikkje

82 SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018

så veldig hissig på ski. Vi gjekk nokre kilometer på ski til skulen kvar veg då eg var liten, og eg fekk nok av det på den tida, seier ho. På Hartevassnuten, der bilda er tatt, peker Birgit på den enorme utviklinga som har vore her i desse femti åra. – Innimellom synest eg det har blitt for mange hytter her oppe, men eg kunne ikkje tenkt meg å bu ein annan plass. Eg må vere i Setesdal. Våren kan vere trist når skogen er svart og snøen framleis ligg. Men det er nydelig her om sommaren ,og kanskje enda vakrare om vinteren. – Nå skal eg ut og rake, avsluttar ho.


SETESDAL SOMMAR/HAUST 2018 83


Vi h a tom r og h tar yt for s tar al

Kun to timar frå sørlandskysten

brokke.com

FOTO: ANDERS JONASSON

BROKKE – midt i Setesdal!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.