Kinn kyrkjeblad Nr. 4 2018

Page 1

ÅRG. 90 NR. 4 – JUL 2018

EIT BARN ER FØDD Eitt barn er fødd i velstand, og eitt er fødd i fattigdom. Eitt barn får vaksine, og eitt får meslingar. Eitt barn får vatn, og eitt får kolera. Eitt barn er meitt, og eitt er underernært. Eitt barn er fødd i tryggleik, og eitt er fødd på flukt. Eitt barn fyller fem i år. 5,6 millionar born døyr før dei fyller fem. Kvart år. GI ÅRETS VIKTIGASTE JULEGÅVE, side 3

Vi ynsk jer alle lesarane ei god adventstid og ei fredfull jul!


Biskopens juleandakt

KVIFOR FEIRAR VI JUL? Vi feirar ikkje jul fordi vi trur at Gud er til, eller fordi Gud har skapt den fantastisk flotte jordkloden vi bur på. Heller ikkje fordi han har skapt kvar einaste ein av oss unike. Dette trur vi og vedkjenner vi i kvar einaste gudsteneste. Gud som skapar er ein umisteleg tanke for kyrkja. Vi forkynner difor at vi har plikt til å kjempe for menneskeverdet som er truga, og ta vare på skaparverket som vi er i ferd med å øydeleggje. Men jul feirar vi av ein annan grunn. Vi feirar jul fordi noko heilt uventa og nytt skjedde i verda. Noko som aldri hadde skjedd før og som var framand for alle filosofar og religiøse leiarar. Vi feirar jul fordi Gud, som var til før verda vart skapt, valde å bøye seg ned til oss menneske. Når Betlehemsmarka fyllast av songen «Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske Gud har glede i» er det fordi det uventa har skjedd. Han som har all makt gav avkall på sin verdigheit for å bli fødd som ein av oss. Vi menneske har ein dobbelheit i oss. Ingen ting er som eit menneske, sjølve krona på skaparverket. Samstundes er det ingen som kan øydeleggje dei relasjonane vi står i, som oss menneske. Det gjeld tilhøvet til medmenneska våre, til skaparverket og til Skaparen. Jens Bjørneboe seier difor: «Hvem er et menneske som ikke vet, vi trenger nåde og barmhjertighet?» Ole Paus undrar: «Hvem kommer til meg når andre går bort, hvem blir igjen? Hvem våger se bak alt jeg har gjort, og likevel kalle seg venn?» Jula er Guds svar på dette. Jesus vart fødd fordi han elskar oss og kom til jorda for å frelse oss. Han kan gjere dei brotne relasjonane heile att. Han kan gjenoppretta det som var øydelagt ved å sone synda vår og bryte makta som synda, dauden og Djevelen har over oss. Det er det som Bibelen kallar nåde. Gud gjer seg så sårbar at han stiller seg slik at han kan bli avvist: «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.» (Joh., 1, 11-12). Difor feirar vi jul! Stein Reinertsen Biskop i Agder og Telemark

VI MINNER OM BLADPENGAR TIL KINN KYRKJEBLAD PÅ KR 250 Bruk kontonr. 3633 54 93014 Du kan også vippse kr. 250,- til #85669 (Skriv BLADPENGAR i merknadsfeltet.)

KINNASPELET Kinnaspelet vert arrangert laurdag 22. og søndag 23. juni i 2019. Den største spenninga i år er knytt til korleis det vil vere å arrangere spel når kyrkja er stengt og under ombygging. Det er spennande nyhende på gang. Dei kjem under Sogn og Fjordane teater sin lansering av teateråret 2019 i Førdehuset torsdag 6. desember kl 18.00. Det er varsla at det her blir presentasjon av ny regissør. I tillegg arbeider vi med eit stort namn for utekonsert i samband med spelet. Billettane vil verte lagt ut for sal i samband med lanseringa av teateråret. For dei historisk interesserte så er 2019 eit av dei få åra der ein gjer unntak frå regelen om at Himmel og Hav helga vert arrangert 3. helga i juni. For meir info sjå www.kinnaspelet.no eller følg Kinnaspelet på facebook.

2

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018


Berre livet igjen Eit barn er fødd i Somalia, der tørke tek liv og sender folk på flukt. Kirkens Nødhjelp er på plass med reint vatn og anna naudhjelp. Årets viktigaste julegåve kan redde liv. Familien til vesle Farah Abdi levde eit enkelt, men godt nomadeliv langt ute i den golde somaliske ørkenen. Fire år med samanhengande tørke har teke frå dei alt, unntatt håpet. – Eg kan ikkje anna enn å be om at Gud held ei hand over barna mine, seier seksbarnsmora Nuru. Det er trongt inni det glovarme teltet. Nuru Xirsi Elmi Farah stryk dottera Farah Abdi forsiktig over panna. Tre storebrør på fire, fem og sju, kikkar på den fire veker gamle veslesystera si. Elles rører dei seg knapt, og blikka er tunge og sorgtunge. Leik og latter er heilt fråverande.

TO MILLIONAR PÅ FLUKT – Me hadde 70 geiter, og levde eit godt liv. Om ikkje mykje, hadde vi det vi trengte for å klare oss, seier Nuru. Men så fortel ho om vendepunktet, og kallar dei fire siste åra for «ulukka». Dei fire siste åra har store delar av Somalia knapt fått regn. Det øydelegg jordbruk og husdyrhald, som er levebrødet for millionar av menneske i det brunsvidde landet på Afrikas Horn. 5,4 millionar er avhengige av hjelp. 1.2 millionar born er sterkt underernærte, og meir enn 2 millionar er på flukt frå tørke, men også konflikt. Kirkens Nødhjelp syt for reint og trygt drikkevatn i mange av dei hardast ramma områda. Som her i flyktningleiren Jilab 3 i Garowe, provinshovudstaden i Puntland.

KAN IKKJE GJE OPP

EIT BARN ER FØDD: Lille Farah Abdi vart fødd midt i tørkekatastrofen som tek liv og sender millionar på flukt i Somalia. Mamma Nuru Xirsi Elmi Farah seier at familien har mista alt, men det reine vatnet har redda liva deira, og kjærleiken til barna gir håp. Foto: Håvard Bjelland/ Kirkens Nødhjelp.

Ektemannen er i byen for å prøve å tene nokre få slantar, og alle må hjelpe til for at mor skal få tid og litt ro med sin nesten nyfødde dotter. – Eg håper vi ein dag kan vende tilbake til livet vi hadde, til eit normalt liv der vi klarer oss sjølve og ikkje er nøydde til å tigge for å overleve. Vi har ingenting, men kan ikkje gi opp håpet. Og eg kan lite anna enn å be om at Gud held ei hand over borna mine. Dei er det kjæraste eg har i livet. Og med Guds vilje skal ingen få ta dei frå meg.

Framleis manglar eitt av ni menneske i verda tilgang til reint vatn. Med ei julegåve på 200 kroner til Kirkens Nødhjelps juleaksjon kan du sikre reint vatn til eitt menneske. Reint vatn reddar liv og forandrar liv.

SLIK GIR DU ÅRETS VIKTIGASTE JULEGÅVE: • Vipps eit valfritt beløp til 2426

• Gavekonto: 1594.22.87248

• Send GAVE på SMS til 2426 og gi 200 kroner

• Gje ei gåve i ei av kyrkjene våre.

HAUSTTAKKEFEST I STAVANG KYRKJE Bru sokneråd har teke oppatt tradisjonen med hausttakkefest i samarbeid med Standal 4H. Dette har sidan 2012 også vore eit av tiltaka i trusopplæringsplanen for Bru. På gudstenesta 21. oktober var 4H-medlemmer med og gjekk i prosesjon og bar inn «markens grøde». Dei var også med og las tekstar, tente lys og hjelpte presten med forbøna. Preiketeksten var Markus 6,30-44 om Jesus som metta 5000 menn + kvinner og barn med fem brød og to fiskar. Ein kjend og fin preiketekst som Benedicte formidla på ein framifrå måte! Hausttakkefesten vart avslutta med at kyrkjelyden fekk smake på «markens grøde» og særleg dei nystekte bollane til Anita Sæther fall i god smak!. A.T KINN K YRK JEBL AD JUL 2018

3


Gudstenester vinteren 2019 NYÅRSDAG, 1. JANUAR 2019 Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Øien. Takkoffer til Kinn diakonat. SØNDAG 6. JANUAR, KRISTI OPENBERRINGSDAG Florø, 11.00 Høgmesse med dåp og nattverd. Leirvik. Takkoffer til Normisjon. Stavang, 14.00 Høgmesse med nattverd. Lervik. Takkoffer til Bibelselskapet. SØNDAG 13. JANUAR, 2. SØNDAG I OPENBERRINGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Nesse. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Eikefjord, 14.00 Høgmesse med dåp. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 20. JANUAR, 3. SØNDAG I OPENBERRINGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Døveprest Sørheim og Øien. Takkoffer til Døvekirken. SØNDAG 27. JANUAR, 4. SØNDAG I OPENBERRINGSTIDA Florø, 11.00 Familiegudsteneste med dåp. Lys Vaken. Nesse og Winterthun. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Eikefjord, 11.00 Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til Nesholmen leirstad. Rognaldsvåg, 14.00 Høgmesse med nattverd. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 3. FEBRUAR, 5. SØNDAG I OPENBERRINGSTIDA Florø, 11.00 Ungdomsgudsteneste med nattverd og bønnevandring.. Nesse, Øien, Bildøy og Winterthun. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 10. FEBRUAR, 6. SØNDAG I OPENBERRINGSTIDA Florø , 11.00 Høgmesse med nattverd. Øien. Takkoffer til MF. Eikefjord, 11.00 Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til Bibelselskapet. Stavang, 14.00 Høgmesse. Øien. Takkoffer til Teigen leirstad. Nordal, 14.00 Høgmesse. Opningsfest. Leirvik. Takkoffer til Bibelselskapet. SØNDAG 17. FEBRUAR, SÅMANNSSØNDAG Florø, 11.00 Høgmesse med dåp og nattverd. Leirvik. Takkoffer til Bibelselskapet. Askrova, 14.00 Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til Sjømannskyrkja.

MIN MENIGHETSPORTAL I Play-butikk eller App Store - kan du laste ned en app som heiter «MinMenighetsportal» frå Kirkedata AS. På denne appen finn du gudstenestene i din lokale kyrkje.

SØNDAG 24. FEBRUAR, KRISTI FORKLÅRINGSDAG Florø, 11.00 Høgmesse med dåp og nattverd. Leirvik. Takkoffer til VID. Batalden, 14.00 Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. SØNDAG 3. MARS, FASTELAVNSØNDAG Florø, 11.00 Ungdomsgudstenste. KFUK/M sitt vintertreff. Øien. Takkoffer til KFUK/M Sogn og Fjordane krins. Eikefjord, 11.00 Høgmesse. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Rognaldsvåg, 14.00 Høgmesse. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. SØNDAG 10. MARS, 1. SØNDAG I FASTE Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep. Nordal, 14.00 Høgmesse. Leirvik. Årsmøte etter gudstenesta. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 17. MARS, 2. SØNDAG I FASTE Florø, 11.00 Familiegudsteneste. Dåp. Nesse og Winterthun. Utdeling av 4 årsboka. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Eikefjord, 14.00 Familiegudsteneste. Nesse og Winterthun. Utdeling av 6 årsboka. Takkoffer til kyrkjelydsarbiedet. SØNDAG 24. MARS, 3. SØNDAG I FASTE Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Nesse og Øien. Årsmøte etter gudstenesta. Takkoffer til kyrkelydsarbeidet. Stavang, 14.00 Høgmesse. Øien. Årsmøte etter gudstenesta. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 31. MARS, MARIA BUDSKAPSDAG Florø, 11.00 Familiegudsteneste. Dåp. Øien og Bildøy. Tårnagenter. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Eikefjord, 11.00 Høgmesse. Leirvik. Årsmøte etter gudstenesta. Takkoffer til Teigen leirstad. SØNDAG 7. APRIL, 4. SØNDAG I FASTE Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

KYRKJESKYSS For skyss til kyrkje i Florø, ta kontakt på tlf. 57 75 25 30 (innan Fredag kl. 12.00)

Ved takkoffer i kyrkjene kan ein nytte seg av VIPPS: Florø kyrkje #85669 ∙ Eikefjord kyrkje #500841 ∙ Stavang kyrkje #500858 ∙ Nordal kyrkje #500631 4

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018


LITT INFORMASJON OM FESTE AV GRAV Etter gravferdslova er det slik at kvar einaste grav på gravplassen har ein person som står ansvarleg for denne. Dette er ein av dei næraste etterlatne. Denne personen vert kalla festar, det tyder det same som ansvarleg eller eigar av grava. Å ha ei grav i bruk er det same som å feste ei grav.

FESTE ( betaling for graver) Kvar haust blir det sendt ut brev med spørsmål om «den ansvarlege» vil gjenfeste gravene ein har ansvar for. Før brevet vert sendt ut vert det kontrollert om det er steinar/gravminne som ikkje er forsvarleg oppsette. Om så er tilfelle vert det lagt ved skjema der det går fram kva som må gjerast med desse. Fellesrådet er pålagt å melde frå om nokon av steinane /gravminna er uforsvarlege. Det er dei som eig grava som har erstatningsansvaret om det skjer ulykker (steinar som veltar og skadar folk eller dyr). Alle steinar/gravminne skal ha sokkel og dei skal boltast med to 15 cm lange og 12 mm tjukke syrefaste boltar. Steinen/gravminnet kan ikkje vere limt eller støypt til sokkel. Kinn kyrkjelege fellesråd kan hjelpe til med bolting og oppretting men eigaren av steinen/ gravminne kan og utføre jobben sjølv. Det går fram av skjema som ligg ved festebrevet kva prisar som gjeld. Om ein utfører jobben sjølv, må ein melde frå til Kinn kyrkjekontor når det er utført, slik at dei som jobbar på gravplassen kan sjå etter at det er etter forskriftene. I festebrevet er det ei liste over gravene som er registrert på ditt navn. Plasseringa (grav. Id.) av desse viser og. Er det to graver på ein gravstad, må ein betale for to graver. Dette gjeld også der det berre er ein (felles) stein. Det er høve til å feste opp att ei grav for inntil 10 år i gangen. Dersom ein ikkje ynskjer å feste grava på nytt, vert grava sletta. Etter ei tid vert ho då brukt på ny. Skjema om feste og om oppretting og bolting skal signerast og sendast attende til Kinn kyrkjelege fellesråd. Når vi har gått gjennom det sender bykassa ut eit krav til festar. Om ein er usikker på noko ang. desse breva, ta kontakt med Kinn kyrkjekontor tlf 577 52 530.

ÅRSMØTE Det er planlagt årsmøte for sokneråda i samband med gudstenestene, Nordal 10. mars kl. 14.00, Florø 24. mars kl. 11.00, Stavang kl. 14.00 og Eikefjord 31. mars kl. 11.00. Her vert presentasjon av årsmelding og rekneskap for 2018. Enkel kyrkjekaffi.

SALMEKVELD I EIKEFJORD 17. februar kl. 18.00 i Eikefjord kyrkje. «Bru» damekor tek del og Jon Valur Olafsson syng solo.

HUGS BANDTVANG, OGSÅ PÅ GRAVPLASSANE Alle i Flora kommune vil at gravplassane skal vere fint stelte. Der skal det vere tilrettelagt slik at pårørande til dei som er gravlagt der kan komme dit og finne ro og tid for ettertanke. Dei som jobbar der har lenge signalisert om eit stadig aukande problem, no er signala og komne frå dei som steller gravene til sine næraste. Utfordringa er at mange tek turen innom gravplassen når dei luftar hundane sine. Det som skjer er at hunden blir slept fri når den kjem inn på gravplassen og spring rundt og gjer frå seg over alt. Dei markerer oppetter gravminne, noko som er heilt uakseptabelt. Vi vil minne om at det er bandtvang på ein gravplass. Har du med deg hund inn på gravplassen skal den vere i band. Eigaren skal rydde opp etter den og hundane skal ikkje markere oppetter gravminne. Gravplassane er ein stad der vi skal ferdast med respekt.

INNSAMLINGSAKSJONEN Kirkens Nødhjelp og konfirmantane sin innsamlingsaksjon er tidfesta til tysdag 9. april 2019.

TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED? Ring eller skriv: Vi er her. Alltid. kirkens-sos.no SKRIV

RING

SKRIV

BASAR I STAVANG Bru sokneråd arrangerer basar i kyrkjestova i Stavang Søndag 10 mars 2019. KINN K YRK JEBL AD JUL 2018

5


Gudstenester advent/jul 2018 FREDAG 7. DESEMBER Stavang, 18.00

Lysmesse. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

SØNDAG 9. DESEMBER, 2. SØNDAG I ADVENT Florø, 11.00 Svanøy, 16.00 Eikefjord, 18.00

Høgmesse med dåp. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Familiegudsteneste med kyrkjekaffi. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Ungdomsgudsteneste med nattverd. Leirvik og Bildøy. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet

SØNDAG 16. DESEMBER, 3. SØNDAG I ADVENT Florø, 11.00 Askrova, 15.30

Høgmesse med nattverd. Øien. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Juletrefest. Øien.

SØNDAG 23. DESEMBER, 4. SØNDAG I ADVENT – Ingen gudsteneste JULAFTA 24. DESEMBER Institusjonane Florø, 14.00 Stavang, 14.00 Nordal, 14.00 Florø, 16.00 Eikefjord, 16.00

Flora omsorgssenter, første etasje 10.30. Nesse. Flora omsorgssenter, andre etasje 11.00. Nesse. Furuhaugane omsorgssenter, 11.45. Nesse. Familiegudsteneste. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Familiegudsteneste. Øien. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Familiegudsteneste. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Familiegudsteneste. Øien. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Eikefjord skulemusikk speler.

JULEDAG 25. DESEMBER Florø, 13.00 Eikefjord, 13.00

Høgtidsgudsteneste med dåp og nattverd. Leirvik. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Høgtidsgudsteneste med nattverd. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

ANDRE JULEDAG 26. DESEMBER Rognaldsvåg, 15.30 Nordal, 19.00

Familiegudsteneste og juletrefest. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Juletrefest. Leirvik

TREDJE JULEDAG 27. DESEMBER Batalden, 17.00

Juletrefest. Nesse.

SØNDAG 30. DESEMBER, ROMJULSSØNDAG Brandsøy, 11.00

Romjulsgudsteneste. Øien. Takkoffer til KFUK-KFUM Global.

NYÅRSAFTA 31. DESEMBER Eikefjord, 23.00

Kveldsgudsteneste. Øien. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

AVSKJEDSKONSERT MED VESTKLANG VESLE JULAFTA I FLORØ KYRKJE Kjære Florøfolk. Vestklang har arranger midnattskonsert i Florø Kyrke, i 25 år,noko vi er stolte av, og glade over å vere ein del av. Men dette er siste gongen i regi av Vestklang. Vi håper veldig at yngre krefter vil stemme i og overta. At nokon finn glede og meining i denne fantastiske tradisjonen som mange av oss er blitt så glad i. Vi skal også denne vesle julafta ha to forestillingar. Den fyrste startar som vanleg kl. 21.00 og varar til kl. 22.00, og den siste startar kl. 23.00 og varer til kl. 24.00. Konsertane er gratis, og er vår kjekkaste julegåve til Florøfolk! Dersom du likevel vil gje eit bidrag som er med å dekkje utgiftene våre, er vi takksame for det. Vipps kan også brukast, nummer får du ved utgangen. Vi har opplevd Midnattskonsertane som ein møteplass tett inn i jula, der unge og gamle har kunne møtast i felleskapet og tonane. Vestklang ynskjer alle hjarteleg velkomne til midnattskonsert den 23. desember i Florø kyrkje. Helsing Vestklang, v/Bente Fure og Irene Hjorthol

6

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018


Advents og julekalender 6. desember · FLORØ

7. desember

9. desember

Trusopplæringa inviterer til Juleverkstad for 2. klassingane på Julehuset/byakvariet kl. 16.00

STAVANG · Lysmesse i kyrkja

EIKEFJORD · Lysmesse i kyrkja kl 18.00

kl. 18.00. Barn og unge tek del med song.

Julegraut, juleverkstad, forteljing og song. Kun for påmelde.

ASKROVA · Trusopplæringa

inviterer til Barna sin juletrefest kl. 15.30. Rutebåt frå Florø kl. 14.30. Riskrem og rød saus.

23. desember FLORØ · Vestklang sin

tradisjonelle julekonsert i Florø kyrkje kl. 21.00 og kl. 23.00 Prosjektkor, solister og musikarar tek del.

27. desember FANØY · Juletrefest i

bedehuskapellet kl. 17.00. Rutebåt ut og inn. Gang omkring juletreet, andakt, mat og kaffi, ymse program.

31. desember EIKEFJORD · Kveldsguds-

teneste i kyrkja kl. 23.00. Høgtideleg avslutting på det nye året.

6. januar

SVANØY · Familiegudsteneste kl. 16.00 Kyrkjekaffi. Retur med kyrkjeskyss.

16. desember 16. desember

Konfirmantane deltek med song og program.

EIKEFJORD · Konsert i

Eikefjord kyrkja kl. 20.00. Julekonsert ved Eikefjord skulemusikk og Koriander.

24. desember ROGNALDSVÅG · Julekonsert i Vågen, Bedehuset kl. 14.00 ved bygdekoret.

16. desember · FLORØ Florø Hornmusikk og Floraskulen Brassband (FSBB) spiller i Florø kyrke kl. 17.30. På programmet står blant annet: «Till We Meet Again – in Memoriam Gunstein Strømsnes» komponert av Philip Sparke. Hornmusikken spiller verket, men det er bestilt av Floraskulen Brassband i samarbeid med familien til Gunstein og er betalt av penger som kom inn til FSBB i forbindelse med begravelsen.

Alle velkomne!

26. desember · ROGNALDSVÅG 26. desember NORDAL · Julekonsert i Vågen, Bedehuset kl. 14.00 ved bygdekoret.

Julegudsteneste og juletrefest kl. 15.30. Rutebåt frå Florø kl. 14.30. Presteskyss inn igjen for dei som er med. Gang omkring juletreet, song, mat og kaffi.

Alle velkomne!

30. desember BRANDSØY · Romjulsgudsteneste kl. 11.00. Kyrkjekaffi, vennetreff i bedehuset.

3. januar EIKEFJORD · Juletrefest på Allhuset kl 16.00. Eikefjord pensjonistlag arrangerer. Snitter og bløtekaker. Gang omkring juletreet.

28. desember · FLORØ Familiejulefest i Misjonsheimen kl 17.00. Stian Stokkebekk med fleire tek del. Juleprogram for store og små. Arr. Florø Normisjon. Alle velkommen!

5. januar · FLORØ Nyttårskonsert i Florø kyrkje kl. 18.00. Florø Hornmusikk og Kinn kyrkjekor. Fint antrekk. Radetzky Marsj og Song for Florø.

STAVANG · Vi syng jula ut på gudstenesta i kyrkja kl. 14.00. Kyrkjekaffi. Ta med resten av julekakene. Siste turen omkring juletreet for mange?

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018

11. januar · FLORØ Diakonatet sin juletrefest på Misjonsheimen kl. 16.00. Ymse program. Mat og kaffi. Gang omkring juletreet. Sokneprest Knut Magne Nesse.

7


DØYPTE

VIGDE KINN: 10.11.18

Anita Herborgsdatter og Leif Arne Rysjedal Vigde i Florø kyrkje

29.09.2018 Vega Reksten Døypt i Rognaldsvåg bedehus 30.09.2018 Leonora Strømsøy-Brun 07.10.2018 Sverre Seljestokken Kolseth

DØDE KINN: 15.09.2018 18.08.2018 21.09.2018 05.10.2018 05.10.2018 12.10.2018 18.10.2018 31.10.2018 04.11.2018 08.11.2018 09.11.2018

Åse Marit Nekkøy Marit Aardal Aslaug Øvrebotn Bjørg Henriksen Kjersti Malmo Årberg Bente Irene Øren Gangsø Hanna Helene Sundal Korssjøen Egil Magne Ingvaldsen Åge Walther Giil Kjell Simon Tonheim Alma Varpe

EIKEFJORD: 11.10.2018 Knut Alfred Hatleset 28.10.2018 Mathias Kalsvik

KINN: 24.06.2018 Mathias Løvbugt Korneliussen

f. 11.05.1932 f. 31.01.1939 f. 11.01.1945 f. 03.03.1935 f. 25.05.1954 f. 23.02.1957 f. 01.03.1923 f. 22.10.1940 f. 13.12.1954 f. 12.01.1935 f. 13.12.1915

f. 02.12.1964 f. 28.05.1929

14.10.2018 Olava Strømsøy Nygaard Frida Marie Berge Grønsberg Theodor Ellingsund Ferstad 21.10.2018 Josefine Liset Johansen Sunniva Sandvik Høyvik Lukas Nistad Alræk 18.11.2018 Henriette Eggen Nipen Signe Bruås Eick 25.11.2018 Vera Cassels Døypt i Batalden bedehuskapell

Elias Vadøy Døypt i Bekkestranda kapell

EIKEFJORD: 07.10.2018 Miriam-Lina Eikefjord Al-Zboun Alice Fatah Eikefjord 21.10.2018 Leo Steinset Øren 02.12.2018 Merida Helena Øren Grimelid Martin Johan Vågane Herrmann

Samlingar før jul:

TORSDAG 8. DESEMBER: Luciasamling på diakonatet kl. 16.00. Barnekor, sang og musikk ved Sebastian Ryll og Ann Kristin Takle Wintethun.

DUOKONSERT

TORSDAG 15. DESEMBER: Juleandakt på Allhuset i Eikefjord kl. 16.00 ved Knut Magne Nesse og Anastasia Bazhenova.

Duoen kjem frå Solund og består av Lucy Savchenko på piano og Julia Gåsvær på trompet. Saman ynskjer dei å presentere eit variert klassisk repertoar frå ulike tidsepokar. Det vert både vakre lyriske verk og svingande virtuose stykke.

Hugs Kinn diakonat sine treff den andre torsdagen i kvar månad på Misjonsheimen kl. 16.00. På samlingane er det mykje song og musikk, eit temaforedrag, andakt, mat og kaffi. Dersom de ynskjer skyss til treffe, ta kontakt med Kinn kyrkjekontor 57 75 25 30.

Lucy er aktiv som konsertpianist og har ved fleire anledningar opptredd som solist med ulike orkester. I tillegg til dette arbeider ho som organist i Solund. Julia går siste året på master i musikkutøving i Dublin og er aktiv som frilanstrompetist i Irland. No kjem dei til Florø kyrkje, torsdag 24. januar kl. 19.00.

På institusjonane er det andakt og song annakvar Torsdag. Dei tek til i 1. etg på Flora omsorgssenter kl 11.15, i 2. etg kl. 11.45. På Furuhaugane er samlinga klokka 12.30. Det er hyggeleg om pårørande vil ta del ved songen. Andaktane er ved prest og organist. Ved Allhuset i Eikefjord er det andakt og kaffi den tredje torsdagen i månaden kl. 16.00. Soknerådet inviterar og steller til kaffi. Prest og organist held andakt og song. Hjarteleg velkommen!

8

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018


Kinn Gravferdshjelp AS

ADVOKATFIRMAET STIG NYBØ MEDLEM AV DEN NORSKE ADVOK ATFORENING

Lindheimvegen 1, 6905 Florø Døgntelefon 913 07 333 www.kinngravferdshjelp • post@kinngravferdshjelp.no

ADVOK AT STIG NYBØ ADVOK AT BENTE HERMANSEN

Tlf. 57 74 17 77 • advokat@stignybo.no

Tlf. 952 65 750 salg@ppfloro.no

AMFI Tlf. 906 78 685

111 ÅR 1906-2017

Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø Tel. 57 75 29 20 post@fokuselektro.no www.fokuselektro.no

Tlf. 57 75 20 20 • natvik@natvik.no

STRANDGT. 31 • TLF. 57 74 19 00

Tlf. 57 74 07 30 E-post: svein@byggservicefloro.no

6940 Eikefjord • Tlf. 57 74 90 55 www.fjordpipe.no

www.bb.servicesystem.no Tlf. 971 67 000

Industrivegen 6900 Florø Tlf. 57 75 21 40 post@origod.no www.origod.no

Hamregata, P.b. 92, 6901 Florø • Tlf. 57 75 39 24 Mobil 916 70 918 • 91 67 09 19 • geir@vaktmesterkompaniet.no

VIL DU ANNONSERE HER? Ta kontakt med Kinn kyrkjekontor på tlf. 57 75 25 30

Ta kontakt og avtal tidspunkt! Tlf. 57 75 25 90 / 99 27 13 30 anne.karin@steinvik.no

Strandgt. 15, 6900 Florø Tlf.: 976 27 000 E: post@ivestconsult.no

Utsalg 57 74 20 42 • Gartneri 57 74 22 94 rognaldsen.gartneri@interflora.no

– alt i catering – Fest • Dåp • Konfirmasjon • Bryllaup • Gravferd Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as Terje, mob. 40 40 24 90 terje@tokokker.as

Øystein, mob. 40 40 24 91 oystein@tokokker.as

Charterturer • Båtturer • Skyssbåtservice Rutetrafikk • Lostjeneste

Vi har no rimelege gravmonument

frå kr

6917 BATALDEN Tlf. 905 46 148 post@karstensen.no

Paal – mobil 915 80 348

8.000,-

inkl. namn ferdig montert

– verdensledende produsent av fiskefôr

Lindbøen 2, 6800 Førde

Vakt tlf. 57 82 70 30

Lindbøen 2, 6800 Førde Markegt. 40/42, 6900 Florø Vakt tlf. 57 74 31 36

– ditt byrå i fjordane

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018

www.fjordan.no

A til Å - www.atilaa.no

Namnetilføying – skrifthogging og oppussing av gravmonument

9


TÅRNAGENT Lys vaken vert arrangert i Florø kyrkje helga laurdag 26. og søndag 27. januar. Arrangementet er for dei som går i 6. klasse og handlar om å overnatte i kyrkja. Lys vaken finst i heile landet og er eit av dei mest populære arrangementa i trusopplæringa. Det finst t.d. eigen Lys vaken song og Lys vaken dans. Vi overnattar i kyrkja i lag og er med ved gudstensta 27. januar kl. 11.00. Foreldre og frivillige er med som nattvaktar, gruppeleiarar og ved matlaging.

– hemmeleg agentoppdrag i kyrkja Tårnagenthelg for 3. klassingar i Florø vert 30. og 31. mars i Florø kyrkje. Laurdag skal tårnagentane løyse hemmelege oppdrag i kyrkja. Det blir agent-mat, og det kjem ein hemmeleg gjest! Søndag møtast vi til tårnagent-gudsteneste, kl. 11.00. Sjekk ut agent-invitasjon i posten i mars!

UTDELING AV 6-ÅRS BOKA

UTDELING AV 4-ÅRS BOKA

Det vert utdeling av bok til 6 åringane i Eikefjord kyrkje søndag 17. mars kl. 14.00. Det vert i tillegg ei samling laurdag 16. mars kl. 13.00 – 14.30 der vi lærer nokre songar, øver og får eige oppgåvehefte. Meir info kjem i posten.

Det vert utdeling av 4 års boka i Florø kyrkje, søndag 17. mars kl. 11.00. Det vert i tillegg ei samling laurdag 16. mars kl. 10.30 – 12.00 i forkant der vi øver til gudstenesta, vert kjend med kvarandre og kyrkja. Meir info kjem i posten.

JULEMESSE Fredag 23. november og Laurdag 24. november arrangerte Florø og Brandsøy KFUK/M julemesse i glasgata på Flora ungdomsskule. Dette var den 43. julemessa på rad. På messa var de flotte og mange varer og gevinstar, masse god mat og det var ein god plass å vere både fredag og lørdag. Laurdagskvelden var det julemessefest med åresal, korsang og informasjon frå krinsen. Takk til alle som bidrog før og under messa. Nils Nydal vart takka for stor produksjon til julemessa i ei årrekke. Han var nøgd med at han hadde laga trearbeid også i år.

REHABILITERING NORDAL KYRKJE Det er for tida eit omfattande arbeid ved Nordal kyrkje. Kyrkja får no universell utforming og god tilkomst med rullestol. Det skal lagast rullestolrampe, vidare skal det byggast ut litt på kvar side av tårnet. Dette fordi vi då får eit fullgodt handikap-toalett på eine sida og eit lite kjøkken/vaskerom på andre sida. Det skal og skiftast kledning på tårnet. Det er firmaet Allbygg Florø AS som har fått totalentreprisen. Det vert også laga til nytt anlegg for kloakk. Toalettet vil ikkje kunne brukast i arbeidsperioden. Ferdigstillinga vert ca 31. januar 2019. Til våren vil kyrkja bli måla. Ein tek sikte på å halde ein opningsfest i samband med gudstenesta søndag 10. februar.

10

KINN K YRK JEBL AD JUL 2018


MARGUÉRITE Dei fleste tenker på opera som storslåtte forestillingar med mange aktørar, kor og kanskje til og med dyr på scena, gjerne i flotte og storslagne kostymer. OperaKysten ønskjer å syne at det er mange måtar å framføre opera på. Av og til er det berre èin karakter si historie ein ønskjer å halde fokuset på. Dette er jo sjølvsagt alle operasongarar sin draumesituasjon, for på denne måten får jo songaren nyte full merksemd. Denne gongen skal Florø sin eigen diva få boltre seg i rolla som Marguérite frå Faust. Gounod har skrive musikken til dette stykket og operaen er basert på det velkjende dramaet Faust del 1 av den tyske nasjonaldiktaren Goethe. Forestillinga vart til då Nora Oleanne skulle gjennomføre sin mastereksamen i juni 2018. Publikum får her eit møte med ein litt annleis versjon av historia om den unge jenta Marguérite. Den unge jenta vert forført av Faust, for så å bli forleten av den same mannen når han oppdagar at ho er blitt gravid. Den unge kvinna vert sinnsjuk og tek livet av sitt nyfødde barn og hamnar til slutt i fengsel. Operaen og sjølve historia går mot si avslutning når Faust prøver å redde ho frå fengselet. Idet ho skjønar at Faust har med seg djevelen (Mephistofeles) nektar ho å vere med han og døyr av utmatting. I denne nye og meir samtidsretta versjonen av operaen er det ei jente som er svært mentalt sjuk vi får sjå og høyre. Alt Marguérite opplever skjer inne i hennar eige hovud. Ho høyrer stemmer, hallusinerer, ser menneske og er som fanga i eit fengsel av sitt eige sinn. Dette kjem tydeleg fram i scenografien og regien, der publikum heile tida vil kunne sjå dei øvrige songarane, medan Marguérite sjølv berre kan høyre dei. Forestillinga fekk strålande tilbakemeldingar etter framføringa i Oslo, og vi håpar at Florøpublikummet stiller mannssterke og er klare for å nyte denne klassiske operaen i ny innpakking!

Kyrk ja i Flora Dagleg leiar: Herdis Elin Lexau herdis.lexau@kinn.kyrkja.no Tlf. 918 13 569

Sokneprest: Benedicte Øien benedicte.oien@kinn.kyrkja.no Tlf. 488 97 681

Sokneprest: Knut Magne Nesse knut.magne.nesse@kinn.kyrja.no Tlf. 917 13 275

Sokneprest: Dag Leirvik dag.leirvik@kinn.kyrkja.no Tlf. 917 32 150

Kantor: Sebastian Ryll sebastian.ryll@kinn.kyrkja.no Tlf. 468 02 747

Organist: Anastasiya Bazhenova anastasiya.bazhenova@kinn.kyrkja.no Tlf. 954 39 909

Konfirmantansvarleg: Foto: Tarjei Langeland.

Jostein Bildøy jostein.bildoy@kinn.kyrkja.no Tlf. 951 91 332

Kyrkjelydsarbeider: Ann Kristin Takle Winterthun ann.kristin@kinn.kyrkja.no Tlf. 415 76 051

Sekretær: Signe Marie Landøy signe.marie.landoy@kinn.kyrkja.no Tlf. 57 75 25 30

KINN KYRKJEKONTOR

Det vert ei rekke med barne- og skulegudstenester i kyrkjene i samband med jul. Dei tilsette ved kyrkjekontoret er alt i gang med å øve. Her frå barnehagesamlinga jula 2017.

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

Strandgata 43 • Postboks 504, 6903 Florø Tlf. 57 75 25 30 • E-post: post@kinn.kyrkja.no Heimeside: www.kinn.kyrkja.no Kontortid: Måndag – fredag kl. 10.00 – 15.00


Kyrkjevalet 2019

SET DITT PREG PÅ KYRKJA DI! Kyrkja bygger fellesskap der du bur. I kyrkja skal det vere rom for alle som ønskjer det, eit stort rom og høgt under taket. Vi treng nye impulsar og gode tradisjonar. Her er ulike meiningar og ulike vegar til tru. Ver med å ta ansvar for fellesskapet og for kyrkja di! Det er kyrkjeval 9. september 2019. Ved kyrkjevalet skal det veljast 8000 frivillige til å leia arbeidet til kyrkja. Du kan vere med på noko stort: Du trengst til ei av dei viktigaste oppgåvene i landet vårt: Å skapa sterkare fellesskap i bygd og by. Sei ja dersom du vert spurd om å stilla til val. Og gje di røyst på valdagen. Vi vil samarbeida for at fleire oppdagar det store og gode ved å gje av si tid til det som byggjer fellesskap.

To val Ved kyrkjevalet kan du røysta på kandidatar til både soknerådet og til bispedømerådet/Kyrkjemøtet. Arbeide med nominasjon er no i startfasen og du er velkommen til å foreslå gode kandidater til desse verva. Ta kontakt med ditt lokale sokneråd eller nominasjonskomiteen når den er valgt.

Soknerådet Soknerådet leier verksemda til kyrkjelyden der du bur. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja di. Arbeidet til soknerådet spenner over mange tema – m.a. barne- og ungdomsarbeid, miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, og dessutan jus og økonomiforvalting. Soknerådet velger representantar til kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjeleg fellesråd tek seg av administrative og økonomiske oppgåver på vegner av sokna. Det vert eit nytt og utvida fellesråd frå 2020, det nye Kinn kyrkjeleg fellesråd.

KINN SOKNERÅD HAR 10 MEDLEMER EIKEFJORD SOKNERÅD HAR 8 MEDLEMER

BRU SOKNERÅD HAR 6 MEDLEMER NORDAL SOKNERÅD HAR 4 MEDLEMER

Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. I tillegg deltek presten fast på rådsmøta. Soknerådet møtest 4-5 gonger i halvåret. Medlemene er valde for fire år. Ei undersøking blant soknerådsmedlemer viste at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet. 85 prosent synest vervet er meir eller like tilfredsstillande som dei hadde forventa.

Bispedømerådet I kvart bispedøme er det eit bispedømeråd. Bispedømerådet tilset prestar og nokre av dei andre tilsette i kyrkja. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste organet i Den norske kyrkja.

Kandidatlister Kvart sokneråd sit ned ein nominasjonskomité som skal nominera kandidatar til soknerådsvalet. Det er i tillegg høve for andre til å levera inn eigne kandidatlister innan 30. april 2019. Alle kandidatlister er sette opp i prioritert rekkjefølgje. Til dei regionale bispedømmerådsvala vil det finnast lister frå ein nominasjonskomité (som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømmet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd sender sin representant). I tillegg kan det koma lister frå andre nomineringsgrupper. Slike grupper kan ved å registrera seg innan 2. januar, søkja om økonomisk støtte til arbeidet sitt. GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK AS, FLORØ


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.