Kinn Kyrkjeblad Haust 2018

Page 1

ÅRG. 90 NR. 3 – HAUST 2018

BABYSANG, side 2

GUDSTENESTELISTE, side 4

SALMEKVELD, side 10

BLI MED PÅ VERDA SI STØRSTE DUGNAD, side 12.


Småbarnsang En ring av gull, en riktig stor med plass til alle hender. Der ingen er størst, der ingen er minst, der ingen er først der ingen er sist. Vi holder fast så alle kjenner at ringen er smidd av gode venner. Småbarnsang er eit av trusopplæringstiltaka i kyrkja. Her ynskjer vi å skape ein arena kor sangen og leiken står i fokus. Gjennom småbarnsang ynskjer vi at dei små skal få eit leikande forhold til kristen tru. Her kjem du som du er, liten eller stor, rolig eller aktiv. Opplegget er laga slik at alle skal finne noko som dei kan delta i, på sin måte. Samlingane er på Misjonsheimen, onsdagar frå kl 17.00 – 18.00, og sjølve sangstunda varer i ca 30 minutt. Fylgjande datoer er satt opp før jul: 3. oktober, 24. oktober, 14. november og 5. desember. Sjå facebook-gruppa: Småbarnsang i Florø.

Babysang

Arkivfoto: David E. Antonsen, Firdaposten.

Babysang er eit av trusopplæringstiltaka i kyrkja. Det er eit tilbod for barn i første leveår, sammen med ein eller begge foreldre. Tilbodet er gratis og krev ingen forkunnskap. Vi er på Misjonsheimen kvar tysdag, og dørene opnar kl 11.00. Før sangstunda er det tid og rom for prat og mat, både for store og små. Her møter de andre foreldre og barn, og det er ein fin sosial arena. Det er kaffi, te og saft til dei som vil ha. Ta gjerne med niste. I Eikefjord er det babysang på torsdag kl. 11.00. Vi er ved omsorgssenteret, i stua på hus B. (NB! I Eikefjord avtalar ein aktivt på facebook at det vert song!).

KVA GJER VI PÅ BABYSANG? Sjølve sangstunda startar kl 11.30. Sangstunda varer i ca 30 minutt og i denne stunda er det barnet som er i fokus. Vi syng gamle og nye songar, songar med og uten bevegelse, og vi har ei lita stund for lytting og ro. På samlingane er det sjølvsagt frivilleg om du syng med, etter kva du føler for. Det er fint om du tek med noko som barnet kan ligge på. Etter sangstunda er det tid for meir prat og mat fram til ca kl 13.00.

KVIFOR BABYSANG? Før vi lærer å snakke, uttrykker vi oss gjennom musikkens språk med lyd, rytme og bevegelse. Ved å kommunisere på barnet sitt eige språk, utviklar vi samspelet mellom voksne og barn. Dette har stor betydning for barns utvikling. Musikk fremmer god helse og læring. Sang, rim og regler har ei positiv virkning for utvikling av språk. I mammas stemme ligg porten til eit sosialt liv. Den nyfødtes møte med mor si stemme er av besettende virkning. Ille ville det derfor være om denne stemma aldri syng for barnet sitt fordi den har ei mening om at den ikkje kan. For barnet det inga stemme i verda som er viktigare – og vakrare – enn akkurat di. I denne stemma ligg heile kjærligheten. Det er svært viktig at barnet får tilgang til den heilt spesielle følsomheten og kraften som ligg i mamma og pappas sang. Syng derfor med ditt nyfødte barn, også du som meiner du ikkje kan. Det er viktig for alle. Sjå facebook-gruppa: Babysang i Florø / Babysang i Eikefjord. Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med Ann Kristin Takle Winterthun. 2

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018


Arbeid for eldre

SØNDAGSTUR TIL JØSTER

Søndag 26. august var ei gruppe med eldre på tur til Jølster. Det var tid for den årlege søndagsturen og i år gjekk turen til Førde kyrke for gudsteneste og deretter reiste vi vidare til Jølster. Middag fekk vi på Fjordamat-tunet til Kari Støfringsdal. Ho serverte kyllingsuppe med brød baka i steinovn på garden. Etter mat for vi på køyretur omkring heile Jøstravatnet før vi drakk kaffi og fekk kaker i kyrkjelydshuset i Naustdal. Det var ein veldig fin tur. Det er kjekt å komme i lag, sjå nye stader og ha tid til å prate med kvarandre. Om enkelte er litt dårleg til beins, så går det godt, for det er alltid nokon i nærleiken som kan gje ei hjelpande hand.

TORSDAGSTREFF Kinn diakonat arrangerar Torsdagstreff på Misjonsheimen frå klokka 16-18. Her vert det mat og kaffi, andakt, song og ymse program. Det er Grethe Amundsen og Karen Margrethe Stubhaug som står for programmet. I tillegg kjem dei som er på kjøkkenet og dei som køyrer til treff. Dato og program i haust vert som fygljer: • • • •

11/10 8/11 13/12 10/1

Fred Arild Grøneng fortel om reiser til nære og fjerne strok, Dag Leirvik held andakt. Jorunn Bakke Nydal fortel om LEV-VEL prosjektet. Jostein Bildøy held andakt. Ann Kristin Takle Winthertun og Sebastian Ryll har eit Lucia-program. Lucia-tog. Juletrefest ved sokneprest Knut Magne Nesse m. fl.

Det er høve til å tinge skyss ved Torsdagstreff. Ta kontakt med Kinn kyrkjekor på tlf. 57 75 25 30.

KYRKJESKYSS Kyrkjelyden i Florø har ei ordning med kyrkjeskyss til alle gudstenester i Florø kyrkje. Det er no nytt at dei som ynskjer skyss til gudstenesta, tek kontakt med Kinn kyrkjekontor på tlf. 57 75 25 30. Det er fint om de melder ifrå før kl. 12.00 på fredag.

ANDAKT VED OMSORGSSENTERET I EIKEFJORD Eikefjord sokneråd inviterar til andakt, song og kaffistund på omsorgssenteret i Eikefjord, den tredje torsdagen i kvar månad. Prest og organist samarbeider om andakt. Det tek til kl. 16.30. Datoar i Haust er: 20/9, 18/10, 15/11, 20/12.

ANDAKT VED ELDREINSTITUSJONANE I FLORØ Vi har andakt ved institusjonane i Florø anna kvar Torsdag. Ved Flora omsorgssenter startar vi kl. 11.15 i første etasje, deretter i andre etasje kl. 11.45 og ved Furuhaugane er vi kl. 12.15. Datoer i haust er som fylgjer: 20/9, 4/10, 18/10, 1/11, 15/11, 29/11 og 13/12. Det er fint om pårørande også vil delta ved andaktane.

SOKNEBOD OG SAMTALE Det er høve til å be om samtale med prest. Vi kan også komme med nattverd til eldre og andre som er hindra i å delta i dei ordinære gudstenestene. Ved institusjonane kan ein ta kontakt med personalet og be om at dei kontaktar prest. Ellers kan de ta direkte kontakt med kyrkjekontoret.

SONG MELLOM GENERASJONAR Babysang har framleis eit samarbeid med dagtilbodet i kommunen og om lag ein gong i månaden har dei ei fellessamling som dei kallar song mellom generasjonar. Over nitti år kan skilje den yngste og eldste, men dei finn saman i tonane og songen. KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

3


Gudstenesteliste SØNDAG 7. OKTOBER, 20 SØNDAG I TREEININGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med dåp og nattverd. Leirvik. Takkoffer til Kirkens SOS i Bjørgvin. Eikefjord, 14.00 Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til IKO. ONSDAG 10. OKTOBER Stavang, 20.00 Orgelkonsert ved Sebastian Ryll. Sang ved Elisif Gjestland. SØNDAG 14. OKTOBER, 21. SØNDAG I TREEININGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til Norsk søndagsskoleforbund. Nordal, 14.00 Høgmesse med nattverd. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 21. OKTOBER, 22. SØNDAG I TREEININGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Tema: TV-aksjon. Nesse. Takkoffer til Kirkens Bymisjon. Stavang, 11.00 Familiegudsteneste: Hausttakkefest med 4H. Øien. Takkoffer til Kirkens Bymisjon. Eikefjord, 14.00 Familiegudsteneste med utdeling av 4-års bok. Dåp. Øien. Takkoffer til Kirkens Bymisjon. SØNDAG 28. OKTOBER, BOTS OG BEDEDAG Florø, 11.00 Gudsteneste med presentasjon av årets konfirmantar. Øien, Nesse og Bildøy. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Rognaldsvåg, 14.00 Høgmesse med nattverd. Øien. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 4. NOVEMBER, HELGEMESSE Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Minnedag. Leirvik. Kinn kyrkjekor vert med. Takkoffer til Sjelesorgssenteret på Haraldsplass. Eikefjord, 11.00 Høgmesse med nattverd. Minnedag. Øien. Musikk ved Sanja Dukanac på Cello. Takkoffer til Kirkens SOS: Stavang, 14.00 Høgmesse med nattverd. Minnedag. Øien. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Nordal, 14.00 Høgmesse med nattverd. Minnedag. Leirvik. Takkoffer til IKO. Florø, 20.00 Orgelkonsert ved Sebastian Ryll. Sang ved Elisif Gjestland. SØNDAG 11. NOVEMBER, 25. SØNDAG I TREEININGSTIDA Florø, 11.00 Ungdomsgudsteneste med nattverd. Øien, Nesse, Bildøy og Winterthun. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 18. NOVEMBER, 26. SØNDAG I TREENINGSTIDA Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til Norsk misjon i øst.

KYRKJESKYSS For skyss til kyrkje i Florø, ta kontakt på tlf. 57 75 25 30 (innan Fredag kl. 12.00)

Eikefjord, 14.00

Høgmesse. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

SØNDAG 25. NOVEMBER, SISTE SØNDAG I KYRKJEÅRET Florø, 11.00 Familiegudsteneste med nattverd. Lys Vaken. Nesse og Winterthun. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Batalden, 14.00 Høgmesse med nattverd. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Nordal, 15.00 Salmekveld i Nordal kyrkje ved Anastasiya Bazhenova og damekoret. LAURDAG 1. DESEMBER Florø, 19.00 Konsert med Maria Arredondo, Torstein Sødal og Brandsøykoret. SØNDAG 2. DESEMBER, 1. SØNDAG I ADVENT Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Eikefjord, 11.00 Familiegudsteneste med dåp. Øien. Takkoffer til Stefanusalliansen. Nordal 14.00 Familiegudsteneste. Leirvik. Tenning av julegran og kyrkjekaffi. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Florø, 17.00 Advenstkonsert ved Kinn kyrkjekor m.fl. FREDAG 7. DESEMBER Stavang, 18.00 Lysmesse. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. SØNDAG 9. DESEMBER, 2. SØNDAG I ADVENT Florø, 11.00 Høgmesse med dåp. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Svanøy, 16.00 Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Eikefjord, 18.00 Lysmesse med konfirmantane. SØNDAG 16. DESEMBER, 3. SØNDAG I ADVENT Florø, 11.00 Høgmesse med nattverd. Øien. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Askrova, 15.30 Familiegudsteneste og juletrefest. Øien. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

KATOLSKE MESSER I FLORØ KYRKJE St. Paul katolske menighet i Bergen held regelmessig gudstenester i Florø kyrkje. Den andre søndag i kvar månad er det tamilsk messe og den tredje er det messe på polsk/norsk. Kontaktperson og prest i Sogn og Fjordane er Marek Zur. Sjå www.bergen.katolsk.no for meir info.

MIN MENIGHETSPORTAL I Play-butikk eller App Store - kan du laste ned en app som heiter «MinMenighetsportal» frå Kirkedata AS. På denne appen finn du gudstenestene i din lokale kyrkje.

Ved takkoffer i kyrkjene kan ein nytte seg av VIPPS: Florø kyrkje #85669 ∙ Eikefjord kyrkje #500841 ∙ Stavang kyrkje #500858 ∙ Nordal kyrkje #500631 4

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018


KVA ER MISJON? Eg trur det er mange som tenkjer at misjon er noko for dei spesielt interesserte. Vi knyt ordet opp mot basar, foreiningsarbeid og kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt, gjerne i Kamerun eller eit anna land i Afrika. Misjon det er «noko vi gjer for dei». Misjon er noko vi gjer ute i verda, derav «ytremisjon». Det er vanskeleg med desse orda som vert så fastlåste og tronge. Misjon er eit slikt ord, og difor er det naudsynt å riste godt i ordet og opne det opp så vi alle i kyrkja kan sjå at det gjeld oss, liva våre og kyrkja vår. Lat oss leggje sjølve ordet misjon litt til sides og i staden halde fram nokre andre måtar å få fram innhaldet i ordet på. I trua vår og i kyrkja tek vi imot det Gud har å gje oss og så vert vi utfordra og kalla til å dele og gje vidare til dei menneska vi møter på vår veg. Dette gjeld ikkje berre for dei aller næraste, men for alle menneske, slik vi lærer i forteljinga om den miskunnsame Samaritanen. I den forteljinga gjer Jesus det klart at vårt ansvar til å vise nestekjærleik ikkje er avgrensa til dei som er lik oss, som snakkar same språk eller som vi er i slekt med. Nesten vår møter vi i alle menneske. Når du går til gudsteneste i ei av kyrkjene i Kinn, så kjem du, du tek imot, og til slutt vert du sendt ut i verda med orda: «Gå i fred og ten Herren og nesten din med glede!» I trusopplæringa i kyrkja er mottoet: «Gud gir – vi deler», så til og med borna og ungdomane er med på oppgåva. Kyrkja er ikkje berre til for seg sjølv, men skal vere salt og ljos i verda, og den vesle lokale kyrkja er del av den store verdsvide kyrkja. Misjon er denne krafta som peikar ut frå oss sjølve. Misjon er oppgåva vi alle har fått til å dele: Trua vår, tida vår, tinga våre og talenta våre med alle menneske. Om du og eg oppdagar at alle som er døypte, er døypte til å tene og dele, så trur eg det vil skje noko med kyrkja vår, for då vil vi alle sjå at vi høyrer med og er ansvarlege. Misjonsoppdraget er ikkje berre misjonæren eller presten sitt oppdrag, det er vårt oppdrag. Det passar godt at misjon har vore ei «rørsle», for då forstår vi og at ein må røre på seg for ikkje å stivne til eller døy. Misjon er vår sending ut i og inn i den verda og den tida vi lever i nett no. Mange ulike oppgaver i misjonsarbeidet. Her har vi tårnagenter på oppdrag med politiet og barn som får prøve orgelet på Bibeldagen.

Utfordringa til deg og meg er å spørje: Korleis kan eg vere med og bety noko for min lokale kyrkjelyd? Korleis kan eg vere med og opne kyrkjelyden for fleire? Korleis kan vi vere med på å hjelpe til at lokalkyrkja vår blir endå meir merksame på dei i nærmiljøet som treng eit medmenneske? Misjon er å opne seg opp for verda og vere villig til sjølv å bli ein del av svaret. Ingvald Andersen Frøyen Rådgjevar i NMS-Global

TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED? Nokre som ringer tenkjer på å ta sitt eige liv, andre er usikre, einsame eller redde. Nokre treng berre å slå av ein prat.

RING

SKRIV

SKRIV

Ring eller skriv: Vi er her. Alltid. kirkens-sos.no

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

5


OPPUSSING AV LYSEKRUNE Ved den førre store oppussinga av Kinnakyrkja i 1911 vart det laga tre lysekroner til kyrkja. Dei var tekna av arkitekten Carl Berner og smidd av ein kunstsmed som han kjende. Den av desse som hang i våpenhuset datt ned midt under Kinnaspelet for ein del år sidan og vart sidan liggande på loftet i kyrkjestova, småskada og både lyshaldarar og smijernskrossar var vekke. I tillegg hadde ho tatt til å ruste. Lærar Ørjan Refvik fekk førespurnad frå Kinn sokn om Flora videregåande skule kunne tenke seg å restaurere den verdfulle lysekrona. Elevane og lærar Magne Nordeide var positive, og då sette dei i gong. No er arbeidet fullført; lyshaldarar og krossar er på plass. Kruna er no sandblåst og lakkert. Den er plassert på lager til oppussinga av Kinnakyrkja er ferdig. Soknerådet i Kinn er svært takksam for arbeidet skulen har gjort, seier Merethe Knapstad.

Foto: Snorre Sandemose, NRK.

KINNAKYRKJA Flora kommune har valgt Kulturminne Compagniet AS som hovedentrepenør for rehabiliteringa av Kinnakyrkja. Forsvarsbygg har utført ei tilstandsanalyse, vore med i evalueringa av anboda som kom inn og skal også følgje prosjektet framover. Arbeidet ved Kinnakyrkja er no i gang og første steg i prosjektet er å kasse inn og sikre kunsten i kyrkja. I anbodet kan ein lese at det er omfattande arbeid som no skal utførast: Laus og dårleg murpuss og sementreparasjonar inne og ute skal vekk. Den utvendige pussen og fugene skal fornyast med kalkmørtel og vindauge og dørar skal settast i stand. Det vakre skifertaket skal tekkast om med mest mogleg gjenbruk av steinen som ligg der. Innvendig skal veggane pussast og kalkast og lokale roteskadar i golvet utbetrast, mellom anna. Ein viktig faktor i prosjektet er lang tørketid etter at gammal mørtel, puss og sement er fjerna. Dette er hovedårsaka til den lange anleggsperioden. Avsluttinga av oppussinga er tidfesta til sommaren 2020.

ARBEID VED KYRKJENE Kinn kyrkjelege fellesråd har to prosjekt med oppussing i kyrkjene i haust. Det eine er i Nordal kyrkje der ein skal utvide toalettet og bygge rampe for rullestol. Det skal også utbetrast noko roteskadar på tårnet. Arbeida her er rekna til om lag 1,3 millionar. I Florø kyrkje vil fellesrådet isolere golvet, men her er det nokre utfordringar. Ein må arbeide videre med å finne gode løysingar.

6

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018


Eit bryllup utanom det vanlege! Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer det. Bryllupsfolka kan vere unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. For oss som arbeider i kyrkja er kvart bryllup heilt spesielt. Vi møter to som er glad i kvarandre og som ynskjer å seie ja! Dei ynskjer å gjere det i kyrkja fordi det er tradisjon, fordi det skapar høgtid og fordi det gjev meining å vere i ei kyrkjeleg ramme. Ta gjerne kontakt om de går med planar om å gifte dykk! Vi har brurepar som berre har med seg forlovarar og nokre få nære vener når dei giftar seg, andre har mange gjestar og stor bryllupsfest. Felles for dei som giftar det er det at planlegginga, det å invitere gjestar og tenke gjennom korleis bryllupet skal vere, det startar nokre gode samtalar og styrkjer fellesskapet mellom Foto: Eivind Nordvik Hauge. dei. Når ein kjem til sjølve bryllupsdagen er det mykje som rører seg, mange kjensler og gode minne vert skapte. Nytt er det no at vi også har utevigsel. Det er krav om at dette må vere på ein offentleg stad og at grunneigar gjev samtykke. Alle vigslene vi held fylgjer ordning for vigsel. Den kan de finne på kyrkja.no/nb-NO/bryllup

KONFIRMANTÅRET ER I FULL GANG! Tysdag 28. august tok konfirmantåret til med «Kick-off» på Flora samfunnshus. Dei om lag 120 konfirmantane og foreldra var med. Alexis Lundh frå «Ungdom og medier» hadde foredrag om kommunikasjon. Alle menneske har behov for å bli sett, oppleve mestring, føle seg elsket og få bekreftelse, sa han. Alt dette får du i sosiale medier, men pass på at du også opplever dette i virkeligheten, var oppmodinga hans. Foreldre og konfirmantar vart oppmoda om å vere tilgjengeleg og lyttande til kvarandre. Vidare har det vore konfirmantleirar og vi er også ferdig med første undervisningsveke. Neste store hending vert Nattcup fredag 26. oktober og for dei som høyrer til Florø kyrkje vert det presentasjonsgudsteneste søndag 28. oktober.

KINNASPELET 2019

På tross av oppussinga av Kinnakyrkja vert det Kinnaspel også i år 2019. Dette året gjer vi eit unntak frå regelen om at spelet vert arrangert den tredje helga i juni kvart år. Kinnaspelet vert arrangert 22. og 23. juni. Årets store utfordring vert, som de kan sjå på bileta frå oppussinga, at vi ikkje kan bruke kyrkja under spelet. Det gjev utfordringa i høve til regi og logistikk. Spelet 2019 vert såleis heilt spesielt!

www.kinnaspelet.no

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

Foto: Arne Stubhaug.

7


DØYPTE

VIGDE KINN: 02.06.18

Anja Therese Larsen og Thor Ingar Gaaren Vigde i Florø kyrkje

09.06.18

Marion Sørbotten Berg og Aleksander Barstad Vigde i Florø kyrkje

01.07.2018 Ryan Fjellheim Østvik Tuva Ingeborg Marianne Wiberg-Kassen

09.06.18

Aurora Valldal Johannessen og Terje Rasmussen Berg Vigde i Florø kyrkje

08.07.2018 Bjørn-Arian Almenning – Døypt i Kinn kyrkje

14.06.18

Karoline Tonheim Korneliussen og Alexander Sunnarvik Skår Vigde i Florø kyrkje

14.07.18

Ann-Iren Kittang Jost og Peter Dietrich Jost Velsignelse i Florø kyrkje

15.07.2018

21.07.18

Mandy Leslie Ure og Asgeir Paulsen Vigde i Kinn kyrkje

21.07.18

Sara Agnethe Mathisen og Vegard Yndestad Vigde i Florø kyrkje

28.07.18

Line Nekkøy Karstad og Harry Marius Sund Vigde i Florø kyrkje

03.08.18

Merete Melstveit og Fredrik Johan Helland Vigde på Stabben fyr

04.08.18

Marit Ødejord og Alette Zakariassen Karstensen Vigde i Florø kyrkje

11.08.18

Kamilla Bortne og Jo-Eirik Humlestøl Vigde i Florø kyrkje

18.08.18

Wenche Eirin Rognsø og Kurt Midtbø Vigde i Florø kyrkje

31.08.18

Inger Helene Skrede og Stig Ove Standal Vigde i Florø kyrkje

08.09.18

Kristine Berentzen og Rune Dypevik Vigde i Florø kyrkje

EIKEFJORD: 28.07.18 Elisabeth Sandvik Øvrebotten og Ivan Andre Bareksten Vigde i Eikefjord kyrkje BRU: 21.07.18

Thomas Jitngam Vokuhl Ine Straume Sande Linn Mathilde Kristiansen Daniel Olav Eltvik Steffen Braga Helle

22.07.2018 Thelma Rizovski Løkkebø 29.07.2018 Jakob Johannesen – Døypt i Kinn kyrkje Ronja Sunde-Haugholt Døypt i Askrova bedehuskapell 05.08.2018 Sofia Brandsøy 19.08.2018 Morten Ullaland Veka Vetle Klokkernes Berge Gustav Stensvoll Brandsøy 26.08.2018 Maxmillian Engebø Strømmen 02.09.2018 Mio Gjengseth-Søvig Selma Solheim Stusdal 16.09.2018 Amalie Anthun Kleiven Theo Holm Grønsberg Aurora Eileen Antonsen Kolseth EIKEFJORD: 03.06.2018 Amalie Apalseth Kalland BRU: 12.08.2018 Oda Svortevik

DØDE

Ida Karin Sørdal og Steinar Svardal Vigde ute i Stavang

DØDE EIKEFJORD: 31.05.2018 Sofie Pernille Hopen 01.07.2018 Siv Hopen 11.07.2018 Allan Odd Tonheim 30.08.2018 Lilli Kristine Svardal

f. 29.05.1926 f. 01.11.1954 f. 22.09.1953 f. 18.01.1931

NORDAL: 29.07.2018 Eivind Sundal

f. 21.11.1951

BRU: 25.08.2018 Jenny Johanne Grytten

f. 14.10.1943

8

KINN: 10.06.2018 Sofie Sæther Huus

KINN: 05.02.2018 15.06.2018 20.06.2018 25.06.2018 26.06.2018 12.07.2018 17.07.2018 04.08.2018 06.08.2018 07.08.2018 19.08.2018

Stein Mathiesen Lars Røyrvik Svein Henning Seljeseth Svanhild Berit Hamre Anne –Sofie Døsen Erna Dorthea Solheim Mihail Nicolae Ostrovschi Anton Bjørn Døsen Gunvald Martin Løkkebø Nils Hjalmar Helland Ingeborg Helling Svanøe Urna skal settast ned på Svanøy

07.09.2018 Ivar Peder Kvalvik

f. 31.07.1973 f. 01.11.1939 f. 06.05.1933 f. 30.03.1939 f. 27.02.1941 f. 08.01.1931 f. 19.09.1938 f. 17.05.1936 f. 26.08.1933 f. 01.03.1931 f. 02.07.1923 f. 25.03.1934

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018


Vi minner om bladpengar til Kinn kyrkjeblad på kr. 250 Bruk kontonr. 3633 54 93014

ADVOKATFIRMAET STIG NYBØ MEDLEM AV DEN NORSKE ADVOK ATFORENING

ADVOK AT STIG NYBØ ADVOK AT BENTE HERMANSEN

Tlf. 57 74 17 77 • advokat@stignybo.no

Tlf. 952 65 750 salg@ppfloro.no

AMFI Tlf. 906 78 685

111 ÅR 1906-2017

Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø Tel. 57 75 29 20 post@fokuselektro.no www.fokuselektro.no

Tlf. 57 75 20 20 • natvik@natvik.no

STRANDGT. 31 • TLF. 57 74 19 00

Tlf. 57 74 07 30 E-post: svein@byggservicefloro.no

6940 Eikefjord • Tlf. 57 74 90 55 www.fjordpipe.no

www.bb.servicesystem.no Tlf. 971 67 000

Industrivegen 6900 Florø Tlf. 57 75 21 40 post@origod.no www.origod.no

Hamregata, P.b. 92, 6901 Florø • Tlf. 57 75 39 24 Mobil 916 70 918 • 91 67 09 19 • geir@vaktmesterkompaniet.no

VIL DU ANNONSERE HER? Ta kontakt med Kinn kyrkjekontor på tlf. 57 75 25 30

Ta kontakt og avtal tidspunkt! Tlf. 57 75 25 90 / 99 27 13 30 anne.karin@steinvik.no

Strandgt. 15, 6900 Florø Tlf.: 976 27 000 E: post@ivestconsult.no

Utsalg 57 74 20 42 • Gartneri 57 74 22 94 rognaldsen.gartneri@interflora.no

– alt i catering – Fest • Dåp • Konfirmasjon • Bryllaup • Gravferd Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as Terje, mob. 40 40 24 90 terje@tokokker.as

Øystein, mob. 40 40 24 91 oystein@tokokker.as

Charterturer • Båtturer • Skyssbåtservice Rutetrafikk • Lostjeneste

Vi har no rimelege gravmonument

frå kr

6917 BATALDEN Tlf. 905 46 148 post@karstensen.no

Paal – mobil 915 80 348

8.000,-

inkl. namn ferdig montert

– verdensledende produsent av fiskefôr

Lindbøen 2, 6800 Førde

Vakt tlf. 57 82 70 30

Lindbøen 2, 6800 Førde Markegt. 40/42, 6900 Florø Vakt tlf. 57 74 31 36

– ditt byrå i fjordane

www.fjordan.no

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

A til Å - www.atilaa.no

Namnetilføying – skrifthogging og oppussing av gravmonument

9


AKTIVITET PÅ LEIRSTADANE I HAUST Det vert FELLESLEIR på Teigen for 1. - 7. klasse, 12. – 14. oktober. 1. klasse må reise med følgje. Det vert aldersinndelt undervisning og aktivitet på leiren. Pris barn: 730,- · pris vaksen: 900,Meir info og påmelding www.normisjon.no/sof eller mail: acta.sof@normisjon.no og tlf.: 57 86 63 49. HAUSTTREFF på Nesholmen 19. – 21. oktober. For ungdom mellom 13 og 19. år. Tema: Bryt lydmuren! Pris for medlemmer 1350,-. Påmelding sjå www.kruk-kfum.no/sfj Ved spørsmål, kontakt krinskontoret 46 91 55 29 / 91 17 30 79. KFUK-WEEKEND 27. – 28. oktober ved Nesholmen leirstad. Ei helg med mykje latter, inspirasjon, samtalar, fellesskap, kvile, yoga og god mat.

Kyrkjelydsfest

Soknerådet i Kinn inviterar til kyrkjelydsfest på Flora samfunnshus på søndag 28. oktober kl. 17.00. Vi inviterer små og store: Frå babysang til diakonatet. Det vert kaffi, mat og lotteri. Andakt ved Erling Nydal. Kjekt program, korsang, allsang og tid for ein god samtale.

Vel møtt!

Lys vaken er for dei som går i 6. klasse og handlar om å overnatte i ei kyrkje. Sjølv om vi søv i kyrkja, skal vi ikkje vere lys vaken heile natta. Vi skal vere lys vaken for det som hender omkring oss og i oss sjølve. I Florø kyrkje vert det Lys Vaken frå laurdag 24. november kl. 18.00. Vi overnattar i kyrkja i lag og medverker ved gudstenesta søndag 25. november. Påmelding innan fredag 17. november. Foreldra vil måtte vere med som nattevakter, hjelpeleiarar og ved matlaging. Dette melder ein seg til ved påmeldinga.

JULEMESSE Florø og Brandsøy KFUK/M arrangerer julemesse i Glasgata på ungdomsskulen fredag 23. og laurdag 24. november. Messa opnar fredag kl. 19.00. På messa vert det sal av kaffi og kaker, åresal, sal av husflid og heimebakst. Laurdag kveld er det julemessefest. Vel møtt!

SALMEKVELD I NORDAL KYRKJE Det vert salmekveld i Nordal kyrkje søndag 25. november kl. 15.00 ved organist Anastasiya Bazhenova og damekoret. Det vert allsang, musikk og korsang. Etter sangen vert det ei kaffistund.

ORGELKONSERT «TOPPER OG BØLGEDALER»

Foto: Tarjei Langeland.

Onsdag 10. oktober kl. 20.00 i Stavang kyrkje vert det orgelkonsert med Kantor Sebastian Ryll (orgel) og Elisif Gjestland (sang). Det vert variert musikk som får fram spenninga mellom det som er øde og det som står i all sin fylde. Kollekt. Søndag den 4.november kl. 20.00 i Florø kyrkje speler Kantor Sebastian Ryll orgelkonsert med variert musikk som passer mot slutten av kyrkjeåret, i overgangen mellom høst og mørketida. Verker av Widor, Paert og Bach frå fram spenninga mellom det som er øde og det som står i all sin fylde. Billett 100 NOK.

ADVENTSKONSERT «A festival of lessons and carols» Den 2.desember i Florø kyrkje er det Adventskonsert kl.18.00. Dette er like etter julegrantenninga på torget, kom gjerne i god tid – før konserten serverar vi gløgg. Kyrkjekoret fokuserar på eit engelske repertoir i dette året. Konserten vil vere ei lysmesse inspirert av den engelske tradisjonen med «A festival of nine lessons and carols». Barnekoret og solister er med på konserten. Det er fri entre – men vi tar og trenger kollekt for kyrkjekoret sitt arbeid.

10

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018


NY KYRKJELYDSARBEIDAR Ann Kristin Takle Winterthun er tilsett som kyrkjelydsarbeidar i 40% stilling i Kinn kyrkjelege fellesråd frå august 2018. Ho har i mange år hatt babysang på oppdrag frå trusopplæringa i Kinn. I tillegg har Ann Kristin allsidig erfaring med song og musikk frå ulike samanhengar. Vi kjenner henne også som songar ved bryllup, konfirmasjonar og gravferder. Ho kjem til å arbeide med trusopplæring hos oss. Hennar hovedoppgåve vil vere babysang i Florø og Eikefjord, i tillegg til småbarnssang i Florø. Ho kjem også til å delta ved nokre andre tiltak i trusopplæringa.

Kyrk ja i Flora Dagleg leiar: Herdis Elin Lexau herdis.lexau@kinn.kyrkja.no Tlf. 918 13 569

Sokneprest: Benedicte Øien benedicte.oien@kinn.kyrkja.no Tlf. 488 97 681

Sokneprest: Knut Magne Nesse knut.magne.nesse@kinn.kyrja.no Tlf. 917 13 275

BARNEKOR Torsdagar kl. 17.00 – 17.45 på Havglytt er det korøving. Koret er for barn mellom 5 - 11. Vi syng masse gøy, trener sangstemmen og har litt leik i tillegg. Barnekoret er med på kyrkjelydsfest og adventskonsert i haust. Bli gjerne med i koret, vi er ein kul gjeng! Kantor Sebastian Ryll, tlf. 46 80 27 47.

KINN KYRKJEKOR Kyrkjekoret øver kvar torsdag kl. 19.30 – 21.30 på Havglytt. I dette året utforsker vi det rike engelske repertoiret. Vi syng nesten femhundre år gamal musikk av Thomas Tallis, barokke verk av Henry Purcell, romantiske sanger av Edvard Elgar og nyere verk av John Rutter. Koret har fått ein del nye songarar i haust, kom gjerne og prøv ein øving om du vil vere med! Dirigent: Sebastian Ryll, tlf. 46 80 27 47.

Sokneprest: Dag Leirvik dag.leirvik@kinn.kyrkja.no Tlf. 917 32 150

Kantor: Sebastian Ryll sebastian.ryll@kinn.kyrkja.no Tlf. 468 02 747

Organist: Anastasiya Bazhenova anastasiya.bazhenova@kinn.kyrkja.no Tlf. 954 39 909

Konfirmantansvarleg: Jostein Bildøy jostein.bildoy@kinn.kyrkja.no Tlf. 951 91 332

Kyrkjelydsarbeider: Ann Kristin Takle Winterthun ann.kristin@kinn.kyrkja.no Tlf. 415 76 051

Sekretær: Signe Marie Landøy signe.marie.landoy@kinn.kyrkja.no Tlf. 57 75 25 30

JULEKONSERT Brandsøykoret samarbeider med Maria Arredondo og Torstein Sødal sin julekonsert «Vår jul». Konserten vert i Florø kyrkje laurdag 1. desember kl. 19.00. Sjå annonser i avis og på nett for meir info om billetter.

KINN K YRK JEBL AD HAUS T 2018

KINN KYRKJEKONTOR

Strandgata 43 • Postboks 504, 6903 Florø Tlf. 57 75 25 30 • E-post: post@kinn.kyrkja.no Heimeside: www.kinn.kyrkja.no Kontortid: Måndag – fredag kl. 10.00 – 15.00


BLI MED PÅ TV-AKSJONEN 21. OKTOBER! TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjon. Gjennom aksjonen skal vi skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Pengane som vert samla inn skal skape 700.000 møte mellom menneske. Noreg er eit samfunn der skilnadane mellom folk aukar. Skilnadar som ikkje først og fremst handlar om etnisitet eller religion eller kvar du kjem frå eller kven du er. Men dei handlar om du er innafor eller utanfor. Dette råker ikkje berre enkeltpersonar, men gjer ringverknader for heile samfunnet. Med TV-aksjonen skal vi tilby menneske som opplever å stå utanfor eit nytt fellesskap, ei seng og ein samtale. På den måten vil vi bidra til at fleire får sjansen til å oppnå eigne mål og draumar.

DETTE GÅR PENGANE TIL Kom inn for natta! Alle menneske som oppheld seg i byane våre skal få dekka basisbehov som mat, ei seng å sove i og tilgang til toalett. Vi vil etablere fleire akuttovernattingar - ein tørr, trygg og varm stad å sove innandørs. Vi skal etablere enkle matstasjonar som skal servere minst eitt varmt måltid om dagen til menneske som elles har få stader dei kan kome innandørs og ete varm mat. Vidare skal aksjonsmidlane sikre at fleire byar har eit sanitærtilbod som toalett, dusj og vaskemaskin.

Kom inn i kvardagslivet! Vi vil skape arbeidsplassar til menneske som av ulike grunnar fell utanfor det ordinære arbeidslivet. Vi ser at mange ønsker å jobbe, men at krava i det ordinære arbeidslivet blir uoverkommelege. Uansett om rus, psykisk helse eller fråfall i skulen gjer at ein fell utanfor, er dette menneske som lengtar etter å delta. For mange kan det å kome i arbeid bety mindre rus, jamnare døgnrytme og betre livskvalitet. Vi vil etablere fleire kaféar for folk med ruserfaring eller dårleg psykisk helse. Kafeane skal vere ein stad der alle kan oppleve fellesskap, ete næringsrik mat, få kvile og informasjon om andre delar av hjelpeapparatet. Midlane skal også brukast på fritidsaktivitetar og utlån av fritidsutstyr slik at alle born og unge kan delta på minst éin fritidsaktivitet jamleg. Vi ser at mange born ønskjer dette, men korkje har råd eller tilgang.

Kom inn i samfunnet! Vi vil skape møte der innvandrarar kan ta del i fellesskapet og få vere ein ressurs i sitt eige nærmiljø. Dette skal vi gjere ved å organisere møte på tvers av generasjonar, og møte mellom norske friviljuge og innvandrarar som har vore kort eller lang tid i Noreg. Eit samfunn treng at fleire møtast, og Kirkens Bymisjon legg til rette for slike møte. Målet er å bli kjende, få eit utvida nettverk, gjere ting saman, praktisere norsk og forstå dei norske samfunnskodane.

BLI MED PÅ VERDA SI STØRSTE DUGNAD! Bli bøsseberar – ring 02025 eller gå inn på www.blimed.no I Flora kommune er det Anders Ole Sunnarvik som er lokal leiar. Meld deg som bøssebærar via internett eller til komitéen. Kinn sokneråd stiller som bøsseberarar og oppmodar andre om å støtte aksjonen. Dersom du vil gje ei gåve, starte ein spleis eller utfordre nokon gå inn på www.giverstafett.no GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK AS, FLORØ


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.