Næringsavisa i Askvoll jul 2015

Page 1

Næringsav  sa i

Askvoll Nr. 5 – 26. november 2015

God jul!

Ungdommen tek over! ….….….….….… s. 27 Laila og blomane ….….….….….….….….…s. 4 Med hjarte for næring i HAFS ….….….…s. 8 Strandpromenade i sentrum ….….… s. 12 Expert på folk og kvitevarer ….….….… s. 20 Tillflyttarportrettet ….….….….….….… s. 24


Askvoll i utvikling Korleis ser du føre deg utviklinga i Askvoll kommune om 10 – 20 år? Ser du ein blomstrande gründerkommune, med mange unge småbarnsfamiliar? Kanskje er vi ikkje lenger Askvoll kommune, men ein del av ei større kommuneeining. Uansett kommunestruktur so vil arbeidet med å vidareutvikle eit levedyktig samfunn vere ein kontinuerlig prosess. Samfunnet er i endring, og vi må fylgje med i utviklinga. Mykje av utviklingsarbeidet framover vil skje i regi av HAFS Utvikling AS, det nystifta utviklingsselskapet for regionen. Eit tett og godt samarbeid med næringslivet, med kommuneadministrasjonane, politikarane og andre, vil vere sers viktig for resultata. Alle er vi sentrale utviklingsaktørar. I 2016 går Askvoll inn i sitt siste år med omstillingsstatus. Statusen hadde sitt utgangspunkt i fallande folketal og tap av arbeidsplassar over lengre tid. Sogn og Fjordane fylkeskommune sa i 2010 ja til ei ekstraordinær løyving til omstillings- og utviklingsarbeid. Dei legg 3 kroner på bordet for kvar krone som vert lagt på bordet lokalt. Løyvinga har føringar som seier at midlane hovudsakleg skal nyttast til utviklingsprosjekt i ein tidleg fase, dvs. til mogelegheitsstudie og planlegging. Midlane kan nyttast både bedriftsretta, og til tilrettelegging for næringsutvikling. Mandatet til omstillingsorganisasjonen er å bidra til å styrke eksisterande næringsliv gjennom utvikling og innovasjon, samt å bidra til etablering av nye verksemder. Utviklinga skal skje i bedriftene, og ute blant og i folk. Ein utviklingsorganisasjon er heilt avhengig av å ha nokon som vil noko å spele på lag med. Frå våren 2011 til hausten 2015 har omstillingsorganisasjonen vore direkte inne med ut-

viklings- og investeringsmidlar til 38 etablerte bedrifter i Askvoll kommune. Mange har vore støtta i fleire runder. I tillegg har 23 verksemder i etableringsfasen fått økonomisk drahjelp. Nokre av dei var døgnfluer, andre har klart seg svært bra. F. eks. har Norsk Bergsikring AS i Stongfjorden i dag over 60 tilsette i høysesongen. Atter andre, som Seaweed, Værlandet Havhotell og Nortwestwood har vi store forhåpningar til.

vikling.no og FB har vi synleggjort det mangfaldige næringslivet i kommunen. Utstillinga Drivkraft, der fotograf Herfinn Takle har fanga gründerar og eldsjeler gjennom kameralinsa, vart godt teken i mot og bygger stoltheit over det vi har. For det er mykje å vere stolt av, og enda meir kan det bli. Planteikningar for «Esso-marka» som parkområde og «strandprome-

Indirekte har vi gjennom sjømatkonferansar, inspirasjonskveldar, gründernettverk og kurs gitt tilbod til mange fleire verksemder, i Askvoll, i regionen og ut forbi.

«Vi må klare å sjå regionen utan indre grenser»

Kva kjem so ut av dette i form av konkrete arbeidsplassar? Målsetninga er å bidra til 30 nye arbeidsplassar. Det talet har vi passert allereie. Og so veit vi at dette er langsiktig arbeid, og at resultata gjerne kjem etter at omstillingsperioden er over. Dessverre viser statistikkane at fråfallet av arbeidsplassar er større enn det som vert skapt. Landbruk, transport og utleige av arbeidskraft går ned, medan bygg og anlegg, tenesteyting og handel veks. Det vert viktig å oppretthalde fokuset på næringsutvikling også når omstillingsperioden er over.

nade» frå kaia til Øyra er ferdigstilt. Det er svært gledeleg å sjå at folketalet har stabilisert seg dei siste åra. Ved siste telling var det 3030 Askvollingar. Mange unge familiar har flytta heim. Barnehagane er sprengde, ei positiv utfordring for politikarane i kommunen!

Har vi satsa rett? Det er det nok ulike meiningar om. Kanskje kunne næringslivet og kommunen ha vore enda meir ambisiøse, og tenkt enda større tankar. Mykje handlar om den draumen med ber på, at noko vedunderleg skal skje.

Å stimulere til tilflytting ved hjelp av positiv omdømmebygging og ved å synleggjere kommunen som ein god stad å bu og drive næring, har vore det andre innsatsområdet. Gjennom næringsavisa, på www.askvolliut-

Britt Hansen - Prosjektleiar omstilling -

Redaksjon: Redaktør Anne Hopland, Britt Hansen og Atle Rune Follevåg. Ansvarleg utgjevar: Omstillingsorganisasjonen i Askvoll kommune og Askvoll Næringsutvikling. Utforming: E. Natvik Prenteverk AS, Florø Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Opplag: 5850 Avisa blir sendt ut til alle husstandane i Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Solund, i tillegg til næringslivet i Førde og Flora.

2

Næringsavisa i Askvoll


Opningstider I BUTIKKANE TIL JUL «Black Friday» 27.november Butikkane i sentrum ope til kl. 20.00 Vi har plukka fram julepynten, og har gode tilbod. Ta turen til Askvoll denne kvelden!

14. – 18. desember: Ope frå kl. 09.00 – 18.00

Laurdag 19. desember:

5 på gaten «Korleis trur du Kommunereforma vil påverke deg og di bedrift?» Askvoll Skiltgravering AS v/Judith N. Gjervik «Trur ikkje det ville ha påverka verken meg eller bedrifta.»

Askvoll Sjømat & Delikatesser AS v/Eirik Loftheim «Eg trur ikkje det vert store endringar verken for meg eller mi bedrift. I dei aktuelle forslaga til samanslåing vil fortsatt store delar av noverande funksjonar forbli i Askvoll kommune. Askvoll har eit innhaldsrikt næringsliv, og det vil halde fram!»

Vanleg laurdag, kl. 09.00 – 15.00

SUNDAGSOPE 20. desember: Ope frå kl. 14.00 – 18.00 21., 22. og 23. desember: Ope frå kl. 09.00 – 18.00

JULAFTA Ope frå kl. 09.00 – 12.00

ROMJULA Måndag 28. desember Tysdag 29. desember Onsdag 30. desember Ope frå kl. 10.00 – 14.00

NYTTÅRSAFTA Ope frå kl. 10.00 – 14.00 NB! KIWI & Coop MARKED har eigne opningstider.

Næringsavisa i Askvoll

Villsaubonde, Værlandet: Hilde Buer «Landbruksforvaltninga har allereie eit godt samarbeid på tvers av kommunegrensene, så kommune reformen får truleg lite å seie for oss bønder. Men det er ein stor føremon å ha lokalkjente byråkrater.»

Holken Pub v/Bjørn Klausen «Eg tenker at det som er viktig for næringslivet er gode og stabile rammevilkår, uavhengig av kommunestruktur.»

Marianne Furevikstrand Bladstyrar i Bygdeavisene «Dekningsområdet til avisene mine er inndelt etter bygdene, ikkje kommunegrensene, slik sett påverkar det ikkje strukturen vår. Men eg synest at innbyggjarane i verdas flottaste område fortener gode tenester lokalt - og politikarar som har engasjement for bygdene våre, derfor vil eg heller ha HAFS enn storkommune.»

3


Laila og blomane For Laila Høyvik har det å jobbe med blomar alltid vore eit naturleg val. Det er no over ti år sidan ho tok over drifta etter foreldra, og ho har ikkje angra ein dag. Midt i Askvoll sentrum driv ho ein innbydande butikk som sel blomar, interiørartiklar, klede og mykje anna.

Noko for ein kvar smak! Tekst og foto: Julie Vårdal Heggøy. – Eg hugsar framleis då pappa stod i bilen og selte blomar på gamlekaia i Askvoll, seier Laila. Den første blomsterbutikken hadde familien på Gamlebua i Askvoll, før dei i flytta inn i Meieribygget rundt 1990. Då dei i 2004 fekk tilbod om å flytte inn i nye lokale, valde mor til Laila å overgje drifta til Laila. Laila førte vidare drifta med nytt firma og namn; Lailas Blomster, og med mora jobbande i butikken. – Eg har alltid likt dette, så det var heilt naturleg å ta over etter foreldra mine, fortel Laila og held fram; – Eg hjalp dei mykje når eg var yngre, og så balla det berre på seg. Etter Handelsskulen i Førde flytta ho heim til Atløy, og har i ettertid tatt den teoretiske delen som blomsterdekoratør. – Eg har vore her i desse lokala sidan oppstarten i 2004, og har etter kvart utvida både areal og varesortiment, seier ho og ser seg rundt i butikken.

enn å betene kundane som er innom, seier ho og synast begge deler er like kjekt. Pr i dag har Laila to tilsette med seg i butikken. Marianne Kathrine Sunde, som opphavleg er frå Kyrkjebø og so no bur i Dale, byrja hos Laila for ei stund tilbake, og er å sjå i butikken eit par dagar i veka. – Marianne er utdanna blomsterdekoratør, og er ei veldig kreativ dame. Eg tykkjer det er eit fagleg løft for drifta at ho er med på laget, seier Laila. I tillegg til Marianne, jobbar Anne-Britt Vårdal Heggøy nokre dagar i veka. – AnneBritt likar godt interiør og gåveartiklar, og lagar til fine utstillingar på den fronten, så vi utfyller kvarandre på ein god måte, seier Laila.

«Om vi ikkje har det, så skaffar vi det!»

Varierte dagar Arbeidsdagane i butikken er varierte, og det er ikkje alltid dagane vert slik Laila har planlagt. – På dei rolege dagane produserer og lagar vi til oppsatsar og liknande for sal, i tillegg til at vi lagar til bestillingar, fortel Laila. – Andre dagar er så hektiske at det ikkje er tid til noko anna

4

til ein kleskrok. Etter utbygginga vart butikken dobbelt så stor, og Laila er i dag godt nøgd med storleiken på butikken og korleis den er organisert. – Det eg jobbar for, er at sjølv om vi er lokalisert på ein liten plass, så kan vi formidle det ein finn på større plassar. Om vi ikkje har det, så skaffar vi det så langt det lét seg gjere, seier ho. Lailas Blomster er nemleg ikkje tilknytt noko kjede, noko som har sine fordelar ved at Laila kan plukke fritt i forhold til varer.

Interiør- og gåveartiklar Laila har selt gåveartiklar sidan oppstarten for litt over ti år sidan. Dette har vore eit bevisst val då ho meiner Askvoll er ein for liten plass til å drive rein blomsterbutikk. – Gåver og interiør heng naturleg saman med blomar, og det er noko vi prøver å flette saman her i butikken. Når ein kjøper seg ein blome, kan det jo vere fint å ha nokre lysestakar attåt, seier Laila og ler. I løpet av dei siste åra har ho auka vareutvalet på gåve- og interiørsida, og då ho utvida butikken for nokre år tilbake valte ho også å lage

Næringsavisa i Askvoll


– Laurdagen er ein heilt anna handelsdag no enn før brua opna. No er det mykje folk frå Dale og sørsida av Dalsfjorden innom, som er veldig kjekt, seier Laila og smiler. Om sommarane er det mykje feriefolk innom, og som hos mange andre butikkar, er sommaren høgsesongen til Lailas Blomster.

Blomar til ulike sesongar Når julehøgtida no nærmar seg, kjem det stadig nye varer og blomar inn i butikken til Laila. – Blomar er grupperte, og til ein kvar sesong høyrer det til ulike blomar. Med jula kjem blomar som julestjerne, amaryllis, asalia og sviblar for å nemne noko, og det er denne variasjonen eg likar, seier ho. Når hausten nærmar seg slutten gler Laila seg til jula og blomane som høyrer til, og ut på nyåret gler ho seg til vårblomane og lysare tider. Og slik held ho fram, året rundt! Med gåveartiklar, klede, blomar og diverse anna har Lailas Blomster noko for ein kvar smak. Om du kjøper noko i gåve, pakkar sjølvsagt Laila inn i flott papir og band. Kort kan du også få kjøpt.

To gonger i året er Laila på messe i Lillestrøm der ho plukkar ut varer til butikken. – Vi er som regel to som reiser, som er fint for å få eit variert og samansett utval i butikken. Messa er også inspirerande, slik at ein får inn nye trendar, seier ho og held fram; – Mange av seljarane kjenner til meg og butikken min frå før, så dei veit ofte kva som passar inn. Likevel må ein av og til ta sjansar!.

Travle høgtider I tillegg til å selje blomar, klede, og gåve- og

interiørartiklar, tilbyr Lailas Blomster tenester i samband med gravferder. – Det ein del kanskje ikkje veit, er at vi i tillegg til å levere alt innan binderi til gravferder, også er forhandlar av gravminne, fortel Laila. Butikken pleier også å køyre og levere blomar og andre varer i nærområdet, anten det er til bursdagar, høgtider eller anna. – Vi merkar godt høgtidene, seier Laila og held fram; – Høgtidene er hektiske, og det vert fort lange dagar på jobb. Men det er slik det skal vere, og som gjer denne jobben kjekk. Det er mest lokale kundar som kjem innom butikken, men laurdagane har i følgje Laila endra seg mykje etter opninga av Dalsfjordbrua.

Til vanleg har Lailas Blomster ope frå kl. 09.00 til 16.30 på kvardagar, og frå kl. 10.00 til 15.00 på laurdagar. No i førjulstida held alle butikkane i Askvoll opne litt lenger, og siste sundagen før jul er ein av desse dagane. Så om du lurer på kvar du skal kjøpe julegåvene og julehelsingane i år, er valet enkelt: Lailas Blomster!

Velkommen til Juletallerken /Julebord på Askvoll Sjøbuer. 12. desember

Julebord med musikk av «Bjarne Lunde»

26. desember

2. juldagsfest med musikk av «Ronny Fløholm»

30. desember

Nyttårsquiz

Tlf. 57 73 03 81

Juletallerken blir servert kvar søndag fram til jul. Vi tar i mot bestilling av julebord enten du vil ete hos oss eller ta det med deg heim!

Åpningstider i romjula:

27. desember – 30. desember kl. 12.00 – 18.00 Vi holder stengt:

Julaften,1. juledag, 2. juledag, Nyttårsaften og 1. Nyttårsdag.

Næringsavisa i Askvoll

Vi ønsker alle våre gjester ein riktig God Jul og eit Godt Nyttår! 5


MS FRAM på nytt besøk Vilnes og Værlandet/Bulandet som besøkspunkt på ekspedisjonscruise Tekst: Britt Hansen. Hurtigruten sitt ekspedisjonsfartøy Fram besøkte Askvoll for andre gong i år den 4. oktober. Dette vil bli faste stopp framover når skipet, som går i cruisetrafikk i Arktis og Antarktis, går nordover på våren og sørover på høsten. I 2017 kjem det kanskje to skip! Dette er ei unik mogelegheit for lokalhistorikarane til å formidle den spennande historia til Vilnes kyrkje, og for folket i Værlandet og Bulandet til å vise fram dei livskraftige samfunna ytterst mot havet. Det er ei unik mogelegheit til å finne fram og gjenskape dei gode historiene og dei gode forteljarane. Opplevingane for dei besøkande ligg ikkje minst i møtet med kulturen, eminent formidla gjennom hardingfelespelet til Egil Furnes inne i Vilnes kyrkje. Mange har høyrt om hardingfela, men få har sett den i bruk. Instrumentet i seg sjølv skapar stor merksemd, spesielt blant amerikanarane.

«Vi ser fram til mange år der desse perlene i Askvoll kommune vert sett på kartet for eit internasjonalt publikum!»

Også dyr og fuglar er gode kulturformidlarar. Villsauene til Hilde Buer i Værlandet skapar kontakt, og nærkontakt med ørna på ørnesafari vert fasinerande. Mat er alltid viktig. I Nærvika på Vilnes vert det grilla kamskjel under opphaldet, og i Værlandet held Gry Leite opa kro i Værøyhamna. Både Nærvika og Værøyhamna er gode døme på kystkulturen vår. Også her ligg det godt til rette for guiding og historieforteljing. Når 200 gjestar kjem samtidig til småstadane Vilnes og Værlandet, krev det logistikk og planlegging for at opplevingane skal bli gode. Dette er dei drilla på, ekspedisjonsleiaren og guidane om bord. Dei er godt rusta når dei kjem, men likevel avhengige av at den lokale leveransen er god.

Guidekurs Lokalguidane Kirsten Grane og Aud Elsa Grøneng fortel med engasjement og innleving når dei formidlar historia til Vilnes kyrkje. Dei vil gjerne at fleire får denne mogelegheita og foreslår at det vert sett opp eit guidekurs. Er du interessert, so ta kontakt med omstillingsorganisasjonen!

NYTT TILBUD FRÅ HAFS BIL AS I ASKVOLL BILOPPRETTING OG LAKKERING Alt rundt bilen kan bli utført på ein stad, no!

BESTILL EIN TIME! Kanskje vi kan ta bilen din på kort varsel. Eller planlegg og bestill time i god tid. Dgl. og teknisk leiar Dietmar Schulze tek gjerne imot ynskjene dine. HAFS BIL AS, Askvoll sentrum Tlf. 57 73 0615 / 950 93 73 · E-post: post@hafsbil.no

6

Næringsavisa i Askvoll


GJØRØYBUA MARIT GREPSTAD· VÆRLANDET GJESTEHAVN· JOKER BULANDET ENGELBUA MUSEUM· VÆRLANDET FISKEREDSKAP· BULANDET FISKEINDUSTRI SØRVÆRET VILLSAU· TURGUIDING RUTH BAKKE· TEMAPARKEN I BULANDET LIV & LYST· BULANDSFERIE· HAVSALATEN KJØKKEN & BAR· MATTERN BUA VÆRLANDET GJESTEHEIM· JOKER VÆRLANDET· VÆRLANDET HAVHOTELL

VI ER DITT FERIEMÅL NESTE ÅR

Vi sjåast!

Fotograf: Geir Olsen.

Tlf. 993 21 740 Næringsavisa i Askvoll

·

E-post: post@destinasjonvest.no

·

www.destinasjonvest.no 7


Med hjarte for næring i HAFS:

Hjerteblad Bedriftsutvikling AS Du har kanskje sett ho; Ei smilande dame med ryggsekk i fullt firsprang for å rekke ferga frå Fure til Askvoll, eller Værlandet. Då er Merete Svendsen frå Hjerteblad Bedriftsutvikling på veg for å hjelpe ei bedrift i Askvoll eller HAFS til vekst, auka omsetnad og fleire arbeidsplassar. Tekst: Anne Hopland. Om du snakkar med Merete oppdagar du imidlertid at denne dama slett ikkje er ein typisk Sunnfjording. Faktisk ikkje Sunnfjording i det heile. Til det snakkar ho for fort, beveger seg for raskt og skarrar meir på r-ane enn snittet.

Korleis har denne Bergensdama hamna i HAFS? – Eg plar kalle meg ei ekte og patriotisk bergensar med hjartet i HAFS, smilar Merete. Ho er fødd og oppvaksen i Bergen, men har ei sterk tilknyting til regionen etter å ha feriert i Skifjorden, Hyllestad alle somrar sidan ho var barn. Ho og mannen overtok sitt «ferieparadis» for 11 år sidan, og har vore der kvar ledige fridag. Merete ønskjer eigentleg å bu «på landet» heile året, men med familie og to tenåringsdøtrer vert det førebels pendling mellom Bergen og HAFS.

er i det private næringslivet handlar det om å skape resultat og levere ei positiv botnline, og å sikre arbeidsplassar og vidare vekst. Med økonomisk-administrativ bakgrunn frå Høgskulen i Sogndal og spesialisering i marknadsføring frå NHH, i tillegg til 20 års røynsle som bedriftsleiar og gründer med gode resultat, gjekk det ikkje lang tid før Hjerteblad Bedriftsutvikling vart hyra inn for å gje bistand til næringsdrivande i HAFS regionen. Først for bedrifter i omstillingskommunen Hyllestad, seinare i Askvoll.

«Min oppleving er at driv ein bedrift i HAFS og tør å satse ja så heier omgjevnadane endå meir enn ein gjer i Bergen!»

– Venane mine her oppe sender meg melding og spør kva tid eg kjem «heim», smilar Merete. Og det gjer ho som oftast om torsdagar; for i «langhelgar» jobbar Merete med bedriftsutvikling i HAFS.

Reisande i bedriftsutvikling

Fargeklatt i HAFS. Foto: Tove Lise Mossestad.

Sub Aqua Tech har trua!

8

Og sida har det balla på seg. No hjelper Merete bedrifter i og utanfor regionen med gjennomføring av utviklingsprosessar, som skal ruste verksemdene til å ta ut marknadspotensialet sitt og skape vekst.

Tilfører utviklingskompetanse

Og her er nok å ta tak i for ei røynd bedriftsutviklar. Ho ser eit enormt potensial kvar ho enn snur seg. Fleire bedrifter ønskjer hjelp for å vekse og auke botnlina. Merete hjelper til med å legge strategi og følgje opp.

I Askvoll jobbar ho no med to bedrifter; Trappeprodusenten og Sub Aqua Tech. Desse verksemdene har fått hjelp til å utvikle ein strategisk utviklingsplan som skal resultere i betra lønsemd og fleire arbeidsplassar. Men kva kjenneteiknar bedriftene ho jobbar med?

– Eg jobbar med bedrifter i alle typar bransjar. Bransjeerfaring er inga føresetnad for at eg skal kunne gjere ein god jobb for mine kundar. Mekanismane er uansett dei same. For bedrift-

– Den typiske bedrifta er drive av ein gründer, og ofte med relativt få tilsette. Desse bedriftene er gjerne fagleg veldig dyktige, men trenger kanskje litt drahjelp innan forret-

På golvet hos Trappeprodusent Agnar Ask.

Næringsavisa i Askvoll


HJARTEBLAD Det første bladparet på ei plantespire. Disse blade er store og hjarteforma, og annleis en planten sine eigne blader. Hjarteblada er starten på veksten, og gjer planten ekstra drivkraft til å kunne vekse vidare. Når planten er sterk nok, visnar dei to hjarteblada og fell av. Som bedriftsrådgjevar er oppgåva å bistå bedriftene til vekst og utvikling, og syte for at dei utviklar seg vidare etter prosessen.

ningsutvikling for å ta ut det fulle marknadspotensialet sitt.

Og ikkje minst; får påfyll gjennom inspirasjon og kompetanseutvikling i ein hektisk kvardag.

– Eg tykkjer det er veldig spennande og gjevande å jobbe med desse bedriftene. Då får eg høve til å bistå gjennom heile prosessen og alle fagområder som gjeld bedriftsutviklingsprosjektet. Det handlar om å få på plass ein klar strategi, definere tydelege mål og leggje ein plan for korleis komme dit. Eg yter bistand til alt frå strategiutvikling, sal, marknadsføring og kommunikasjon, økonomi og administrasjon, produktutvikling, organisasjonsutvikling og leiarutvikling.

Merete opplever og at næringslivet i HAFS er oppteken av å kunne bidra positivt til lokalmiljøet i form av arbeidsplasser og aktivitetar.

– I alle bedriftene treff eg dyktige og kompetente menneskjer med fagleg stoltheit som brenn for yrket sitt. Og ikkje minst; svært hyggjelege menneskjer som alle synes det er inspirerande og gjevande å få profesjonell hjelp til å vidareutvikle bedrifta si. Sjølv om nokon kanskje synes det høyres litt skummelt eller «ullent» ut når eg snakkar om at bedrifta treng ein strategiplan, så har alle vore nøgd med prosessen og opplevd at dei har fått gode og konkrete resultat ut av samarbeidet. Det er dette eg brenn for; å bidra til å gjere andre endå betre.

– Til sist skal vel det berømte «bygdedyret» nemnast, sukkar Merete. Sjølv om eg ikkje er glad i denne «unnskyldninga». Min erfaring er at bygdedyret er daudt og nedgrave for lenge sidan, og at det berre lever vidare i hovudet til folk. Nokon av mine kundar har nemnt bygdedyret, når eg utfordrar dei til å tenke nytt og større.

– Dette opplever eg ikkje som ein motivasjon i seg sjølv for næringslivet i Bergen, mens det derimot har vore eit argument alle mine gründerar har gitt for kva som driver dei.

Trur ikkje på Bygdedyr

«Min erfaring er at bygdedyret er daudt og nedgrave for lenge sidan…»

Større utfordringar i distrikta Men kva er forskjellen mellom næringslivet i HAFS samanlikna med næringslivet i byane? – Næringslivet utanfor byane oppnår sjeldan dei stordriftsfordelane meir tettbygde strøk har. Det betyr at ein må ha fleire bein å stå på for å få det til å gå rundt. Det er ikkje lurt å satse alt på eitt produkt eller ein marknad. Men det kan fort bli «for mange ballar i lufta» óg, slik at ein ikkje klarar å fokusere rett på nokon av dei.

– Men heldigvis; ingen av mine kundar har nokon gong lete seg stoppe av «bygdedyret», når vi først har sett i gang. Og; eg har berre sett tommelen opp og massiv støtte frå omgjevnadane når bedriftene har gått ut og sagt at «no skal vi satse, og her kjem vi!». Min oppleving er at driv ein bedrift i HAFS, og tør å satse, ja så heiar omgjevnadane endå meir enn dei gjer i Bergen.

Framtida

– For andre næringslivsaktørar vert det viktigast å innsjå at fagleg dyktighet ikkje lengre er nok for å oppretthalde ein trygg og god arbeidsplass. Konkurransesituasjonen krev at ein er meir profesjonell i alle ledd i bedrifta, frå produksjon til sal og marknadsføring. Eg er overtydd om at vidare utvikling og satsing innan opplevingsbasert reiseliv og havbruksnæringa vil være eit stort potensiale for HAFS i framtida, avsluttar Merete.

– Kva meiner du kjem til å bli dei største utfordringane for næringslivet i regionar som HAFS framover?

– Dernest er lange reiseavstandar dyrt og tidkrevjande, og det er færre aktørar som kan vere med å danne eit aktivt næringsmiljø, seier Merete som snakkar varmt om viktigheita av gode møteplassar for næringslivet.

– Den teknologiske utviklinga går fortare og fortare, og det har skjedd enormt store endringar i konkurransesituasjonen berre dei siste åra. Nedlegging i jordbruket får negative ringverknader for fleire aktørar, netthandelen aukar betydeleg, i tillegg til at vi reiser meir og handlar meir utanlands.

– Frukostmøter, seminar og kurs er viktige nettverksarenaer og læringsarenaer. Det er her det oppstår nye konstellasjonar og ein ser nye moglegheiter til samarbeid på tvers av bransjar.

– Utfordringane for delar av næringslivet i regionen vert å innsjå i kva marknader ein har tapt slaget, anten pga strukturendringar eller nye konkurrentar, og å klare å omstille seg i tide.

Næringsavisa i Askvoll

Har kontoret med i ryggsækken. Foto: Tove Lise Mossestad.

9


Førstemann til «Mølla»! I mars neste år er det heile 20 år sidan Aud Frøholm og Reidun Leiknes starta opp Mølla, midt i Askvoll sentrum. Saman har dei sakte men sikkert bygd opp ein butikk som kundane i regionen set stor pris på.

Tekst: Julie Vårdal Heggøy. Foto: Heidi Furevikstrand.

God hjelp I løpet av dei 20 åra damene har drive butikk har dei hatt sine opp- og nedturar. 2012 er eit år begge hugsar godt, og som skiljer seg ut for både Reidun og Aud. Rett før nyttår i 2011 vart Aud alvorleg sjuk. Same år vart dottera til Reidun, alvorleg sjuk, og plutseleg var alt snudd på hovudet. Medan Reidun var ute fram til sommaren, var Aud sjukmeldt ut året. I denne perioden fekk dei god hjelp av Bjørg Bjånes, som allereie jobba som ekstrahjelp, og Anne-Britt Vårdal Heggøy, som omrokerte kvardagane sine for å hjelpe til på butikken. – Det er vel det ein kallar hell i uhell, seier Reidun og smiler. For begge sin del vart utfallet godt, og både Aud og dottera til Reidun vart friskmelde. – Det var tøffe tak, seier Reidun. – Eg hugsar vi snakka om at 2013 måtte bli eit betre år enn 2012, og det vart det heldigvis. Og Bjørg er framleis å finne på butikken. Sidan 2001 har ho vore tilsett, og er å sjå i butikken no og då. – Bjørg er fantastisk flink, og held oss litt i øyra. Det treng vi, seier Aud med eit smil.

Stort utvalg og blide damer. Reidun Leiknes til venstre og Aud Frøholm til høgre.

Det heile starta rett før jul i 1995. Både Reidun og Aud som fram til dess hadde jobba på Varehuset Sølvberg i Askvoll, fekk beskjed om at butikken skulle leggast ned. Sjokket var stort, både blant dei tilsette og kundane, for nedlegginga kom svært uventa. Etter å ha selt ut varene over nyttår, bestemte Reidun og Aud seg for å starte opp for seg sjølv. 23. mars 1996 såg Mølla dagens lys. – Vi begynte forsiktig, og var nøkterne i oppbygginga av butikken, fortel Aud. Mannen til Reidun, Ingemund Leiknes, laga innreiing til dei og den første datamaskinen kjøpte Aud brukt. – Eg førte rekneskap på datamaskinen, og i starten måtte eg ta utskrifter for å sjå at tala faktisk var der, seier Aud og ler. Første gong revisoren kom på besøk hadde eg to fulle permar med utskrifter til han!

Nøktern drift Då dei starta opp fekk dei god hjelp av Næringskontoret i Askvoll, som det heitte den gong, og damene trekkjer fram Per Arne Tveit i dette arbeidet. – Eg og Reidun inngjekk ein avtale heilt i starten, som regulerte kva kvar av oss hadde ansvar for, fortel Aud. Medan Reidun hadde ansvar for marknadsføringa, var rekne-

10

skapsføringa Aud sitt ansvar. Resten av butikkdrifta skulle begge ta seg av. – Uansett korleis dette går, skal vi ha lært av det, var innstillinga vår då vi begynte, seier Aud. – Folk var veldig glade då vi starta opp att, seier Reidun. Då Sølvberg la ned var det full panikk i bygda, så behovet for ein klesbutikk var absolutt til stades. Sølvberg’en (Gunnar Sølvberg, journ.merk) spurte om vi ville overta salet av klede, og det takka vi ja til. Våren 1996 vart det opna tre butikkar i andre etasje på Sølvbergbygget; Mølla, Gavestøvelen og sportsbutikk. – Vi begynte forsiktig, og har bygd oss bra opp, seier Reidun. Både ho og Aud har vore nøkterne sidan oppstarten, noko dei ser på som viktig for å kunne drive på ein liten plass som Askvoll. – Det er ikkje kjøpt inn

Damer på tur Mølla er med i kjeden Texcon, som er ein butikkeigd kjede. Texcon er landet si leiande samarbeidsgruppering innan tekstil og mote for dame, herre, born og ungdom. Det er ikkje restriksjonar på kjøp, og gjennom kjeda får Mølla tilgang på over 100 leverandørar på tekstilsida. Herre- og dameklede kjøper dei gjennom Texcon-kjeden, medan barneklede vert kjøpt utanom. To gongar i året er det innkjøpsmesse på Gardermoen, og då tek Reidun og Aud turen for å plukke ut varer til butikken. Medan dei fleste andre som er på tur nyttar høvet til å bu på enkeltrom, bur Reidun og Aud alltid på dobbeltrom. – Det er no så keisamt å bu åleine!, seier Reidun og ler. Og så er det jo billigare, slår Aud fast med eit smil.

«Det er ikkje kjøpt inn ei fille meir enn nødvendig. Bosskorga er den same i dag som for 20 år sidan.»

ei fille meir enn nødvendig. Bosskorga er det same i dag som for 20 år sidan, og den består av ei pappøskje, seier dei og ler.

På messene tek damene inn varer til den neste sesongen, i tillegg til omgåande varer som kjem med ein gong. Det kjem nye kolleksjonar kvar månad, og damene kjøper i gjennomsnitt inn varer annankvar månad. Etter kvart har det blitt meir bestilling av omgåande varer, som dei synast er enklare å ta ut då tidshorisonten er kortare. – Det er mykje vanskel-

Næringsavisa i Askvoll


egare å bestille varer som skal kome inn i butikken eit halvt år fram i tid, seier Aud. Reidun synast det er inspirerande å vere på messe, som gjev dei tilgang på mange gode leverandørar. – Det er kjekt å utveksle erfaringar med andre, og for Mølla sin del synast eg vi har funne ei god samansetnad av leverandørar, seier ho.

Nymotens landhandel På Mølla sel Reidun og Aud mykje forskjellig: Klede til herre, dame og born, garn- og utstyrsvarer, kosmetikk, smykke, vesker, og koffertar. Og sikkert litt meir. Dei er det Aud kallar for ein «nymotens landhandel», som har litt for ein kvar smak. – Eg hugsar ein gong det kom ein engelsk fyr innom butikken. Han stod midt i butikken og berre såg seg rundt og smilte, og kunne fortelje at han aldri hadde sett ein slik butikk før. Der alt var samla på ein plass, seier Aud og ler. Ho og Reidun er skjønt einige om at dei ikkje hadde klart seg utan alle varegruppene, sjølv om det er arbeidskrevjande. På kundesida har dei merka stor skilnad etter at Dalsfjordbrua opna. No har dei kundar frå både Fjaler, Hyllestad og andre nabokommunar, og det er ofte innom folk dei ikkje kjenner. – Til tider er det masse folk i butikken og eg kjenner ingen av dei, seier Aud og ler.

I tillegg til nye kundar er det også ein fast gjeng som er innom Mølla for det sosiale sin del. Kvar dag i halv ti-tida på føremiddagen kjem det ein gjeng karar i alderen 50-90 år, som kjøper kaffi og vaflar, og set seg ned i kaffikroken som er rett utanfor butikken i andre etasje. Her sit dei og løyser verdsproblem, før dei går kvar til sitt kring lunsjtider. Både Reidun og Aud synast kaffikroken er eit veldig triveleg innslag i butikken, og synast det er kjekt at desse karane har ein plass å treffast.

Gammalt ektepar Etter over 20 år saman som kollegaer kjenner Reidun og Aud kvarandre godt. Sjølv om dei er ulike, har det i følgje damene gått knirkefritt. – Vi er eigentleg to totalt ulike personar, sjølv om vi har blitt likare etter kvart som vi har blitt eldre. Vi har ulik stil, som absolutt er ein fordel, seier Aud. Reidun held fram; – På messene endar det ofte opp med at vi ynskjer å ta inn ulike ting. Men likar du noko, får du selt det. Det er av og til eg har lurt på Aud då ho har bestilt inn noko, men jammen har ho ikkje selt det ut att! Damene ler. – Ja, vi er eigentleg blitt nett som eit gammalt ektepar, seier Aud og ler.

Jubileum 23. mars neste år feirar Mølla 20 år, noko som sjølvsagt skal markerast. – Vi har litt lyst til å gjere litt om på butikken, og shine den litt opp til jubileumet, seier Reidun. Men så kan vi ikkje ruinere oss heller i følgje Aud, så vi får sjå kva vi får til, held ho fram og ler. – Vi har gått oss litt faste kan du seie. Skal vi skifte om på innreiinga må vi ha ein eksakt plan på korleis vi skal ha det. No har vi gått fleire rundar, men har ikkje kome fram til noko god løysing, seier Aud, som lurer på å hente hjelp eksternt. – Ja, vi kan jo ikkje ha trådsnellene i herretrusene heller. Vi må ha ein plan på kva vi vil, supplerer Reidun og ler. I førjulstida og romjula vil Mølla ha dei same opningstidene som resten av Sentrumsgruppa i Askvoll. Og om du plutseleg skulle mangle noko no før jul, så sel damene på Mølla det meste. Juleantrekk til heile familien er allereie bestilt inn, og gåvene er dei klare til å pakke inn.

«Til tider er det masse folk i butikken og eg kjenner ingen av dei, seier Aud og ler. »

Butikksjef Kjersti Helle Vårdal

KIWI Dalsøren s

Mandag-fredag Lørdag

Næringsavisa i Askvoll

9-20

9-18

11


Plan for Strandpromenade gjennom sentrum «Plan for strandpromenade» er ein forstudie til eit evt. seinare tettstadutviklingstiltak i Askvoll sentrum. Forstudien ligg under Innsatsområde B: TILFLYTTING i Handlingsplan for Omstilling i Askvoll 2015.

Tekst: Anne Hopland.

Bakgrunn Forstudien kom inn på handlingsplanen som eit resultat av innspel frå styringsgruppa for forstudien «Ny Giv – tiltak i Askvoll Sentrum», der lag og organisasjonar foreslo tiltak for å auke attraktivitet i Askvoll sentrum. Samla sett vil illustrasjonsplan for friområdet ved båthamna, illustrasjonsplan for Øyra og for Strandpromenade gjennom sentrum, gje kommunen større moglegheit for å få ekstern finansiering til tettstadutviklingstiltak i sentrum.

Føringar

foreslått løysingar for ein heilskapleg trasé langs strandlinja heilt ut til Øyra friluftsområde, og skissert løysingar der eksisterande trasé/ skisser til plan ikkje er fullstendig.

Å rusle langs vatnet Mål for prosjektet er å leie gåande gjennom sentrum langs den lange strandlinja som er ein signatur for Askvoll sentrum, og ut til friluftsog aktivitetsområdet på Øyra. Det har vore eit mål i prosjektet å gjenopprette kontakt med sjølinja og havet for gåande som er på veg inn til, eller ut av sentrum. Pr. i dag er gåande henvist til gang- og sykkelveg på andre sida av hovudvegen. Gåande er såleis avskore frå å oppleve nærleik til sjøen og fjøra på veg inn og ut av Askvoll sentrum. Dette til tross for at strandlinja er ein så viktig del av Askvoll sentrum.

«Tiltaket vil styrke Askvoll sentrum sin attraktivitet, og fremje folkehelse og aktivitet»

Det er i gjeldande reguleringsplan skissert ein trasé frå rådhuset, gjennom Askvoll sentrum, som stoppar ved kyrkjestranda. «Plan for strandpromenade» gjennom sentrum byggjer på det som er av opparbeida/planlagde delar som saman kan bli ein heilheitleg og gjennomgåande trasé for mjuke trafikantar. Ein har i forprosjektet

Ein vil auke opplevinga av å være nær sjø og dyrelivet i fjæra. Ein vil og gje innbyggarar og tilreisande mogelegheit til ei oppleving som aukar trivsel, gjer det lettare å komme seg frå sentrum ut til badestranda, sandvolleyballbana og klatreparken på Øyra frå sentrum. Gangvegen knyter seg på eksisterande ganglinjer gjennom sentrum. Det er foreslått beplantning, materialbruk og belysning for å gjere gangstien så lys, open og

12

tiltalande som mogleg. Merking skal vidare stimulere til bruk av gangvegen.

Utforming Eventuelle konstruksjonar over Kyrkjestranda skal vere attraktive, men skal i minst mulig grad gjere inngrep langs stranda. På utvalde punkt langs strandpromenaden kan ein legge til rette for små «lommer» for opphald. Strandpromenaden skal opplevast som ein samanhengande gangveg gjennom Askvoll sentrum til Øyra. Tiltaket vil styrke Askvoll sentrum sin attraktivitet, og fremje folkehelse og aktivitet. Illustrasjonsplanen er utforma av landskapsarkitekt Nina Fredriksen, og vert oversendt Askvoll kommune for vidare planlegging og eventuell realisering.

Næringsavisa i Askvoll


Havsalaten Kjøkken og Bar

E-post: joker.bulandet@joker.no

NĂŚringsavisa i Askvoll

13


Filminnspilling i Askvoll Spøkelsa som mista lysten til å spøke Har du nokon gong tenkt at det finnes eit liv etter dauden? Trur du på spøkelsar eller gjenferd? Eller er du kanskje blant dei som tenkjer at når du først er daud, så er du vekke for alltid? Uansett kva tankar du måtte ha om spøkelsar og det overnaturlege, har regissør Pernille Rivedal Hellevik filma dei. I Askvoll. Tekst: June Audsdotter Stafsnes.

Hovedrollinnehavarane; Julia Bache-Wiig og Håvard Brekke.

Ung filmskaper. Foto: Maria Olivia Rivedal.

ASKVOLL

Sjå føre deg spøkelset Laurits, som levde for 150 år sidan. Og som sitjande ved skrivebordet sitt framleis jaktar den perfekte avslutninga på boka si. Kva skjer då eit ungt og levande par kjøper dette skrivebordet og tek det med på flyttelasset til Vestlandet? Jo, Laurits fylgjer med. Sjølvsagt. Her møter han Karen, som blei spøkelse etter å ha drukna på 1960-talet. Endeleg har han funnet ein han faktisk kan kommunisere med. – Filmen vår handlar om spøkelser som mister grunnen til å gå igjen. Det er ein sår film, men vinkla på ein humoristisk måte, fortel Pernille Rivedal Hellevang.

Ho drog av garde til New York for ta ein master i regi og manus. Der har ho vore i tre år. Tidleg i sommar kom ho attende til Askvoll for å filmatisere masteroppgåva si; ein kortfilm ho valde å kalle «Kunsten å ikke innfinne seg». Ho tok med seg klassekamerat Inger Sveberg Dietrich, og gjekk i gong med å finne norske skodespelarar og andre medarbeidarar. I hovudrollene finn vi dei norske skodespelarane Magne Håvard Brekke som Laurits, og Julia Bache-Wiig som Karen.

SKILT

«Kunsten å ikke innfinne seg»

Ja, filmen handlar om spøkelser. Vanlegvis knyttar vi dette opp til noko som skal være skummelt. Eller at det skal være ein skrekkfilm. – Filmen er ikkje en spøkelsesfilm på den måten at den er skummel, seier Pernille. Det er ikkje ein skrekkfilm eller grøssar. Spøkelsene er i aller høgaste grad ekte karakterar. Sjå på dei som mennesker, og ikkje noko som er skummelt.

At det faktisk endte opp med å skrive og lage ein film om spøkelser har sin naturlege forklaring, seier Pernille. Ho meiner eit spøkelse er ein veldig fin metafor for kor fort ein kan bli opphengde i det gamle. Som til dømes feidar som alltid heng ved ein som person eller som familie. Eller ein familiekrangel som hende for nokre år sidan, nabokranglar eller berre ei lita hending som skapte større og unødvendige feidar. Vi har ein tendens til å halde på det målet vi ein gong hadde. Eit mål som kanskje ikkje er særleg realistisk lengre.

GRAVERING

– Mange gongar kan vi bli so opphengde i dette at det øydelegg for oss sjølve, og dermed ser vi ikkje det som faktisk er til stade framfor oss, seier Pernille.

Å bli eit spøkelse handlarpriser i følgje Pernille Høy kvalitet, rask levering, konkurransedyktige ! om å starte på nytt og tenkje annleis. Situasjonen

SKILT

kan fort bli håplaus, og ein blir dermed tvungen til å legge det gamle bak seg. I filmen er Laurits berre oppteken av å finne ro til å fullføre boka si «Kunsten å ikke innfinne seg». Men. Det er

Syrefaste skilt for industri, offshore og skipsfart Plastskilt og treskilt • Folie (båt- og bildekor) Skilt i messing og aluminium • Firmagaver

ASKVOLL

SKILT

GRAVERING

ASKVOLL GRAVERING Høy kvalitet, rask levering, konkurransedyktige priser ! Vi bruker gravering, fresing, laser, folieoffshore og sandblåsing i skiltproduksjonen Syrefaste skilt for industri, og skipsfart Plastskilt treskilt • konkurransedyktige Folie (båt- og bildekor) Høy kvalitet, raskog levering, priser ! Skilt i messing og aluminium • Firmagaver

14

Tlf. 57 73 02 07 Syrefaste skilt for industri, offshore og skipsfart www. askvollskiltgravering.no • post@askvoll-skiltgravering Plastskilt og treskilt • Folie (båt- og bildekor) Vi bruker gravering, fresing, laser, folie og sandblåsing i skiltproduksjonen Skilt i messing og aluminium • Firmagaver Næringsavisa i Askvoll Tlf. 57 73 02 07


eit stort men: Sjølv om ein er komen på Vestlandet, er det likevel noko som kjem i vegen for roen. Spøkelset han treff, Karen, øydelegg for den roen han treng for å kunne fullføre boka. – Ho har ein avsløring. Eg kan dessverre ikkje sei noko om kva det er, fordi det faktisk røper for mykje av filmen.

Å lage ein film på bygda i Noreg Det er i utgangspunktet utfordringar ved å velje bygda i Noreg som filmstad. Utstyr som må fraktast, og skodespelarar som må overnatte og ha mat. Utstyret dei nytta måtte dei frakte frå USA. Dersom noko blei øydelagd eller ikkje fungerte som det skulle, var utstyrshuset langt unna. Askvoll kommune støtta prosjektet med 70 000 kr frå næringsfondet, og arbeidet kunne gå i gong. Vi hadde no fått økonomisk støtte til å transportere personar rundt, og gje dei mat. Skodespelarar og medarbeidarar blei plassert i Rivedal. Innspelingsstadar blei sjekka ut, vurderte og nokre av dei blei utropt som vinnarar. Vi kunne rett og slett fråtse i flotte innspelingsstadar, fortel Pernille. Hovuddelen av filmen enda opp på Follevåg. Nokre av dei scenane som blei spilt innandørs blei plasserte på Hellevika, i Pernille sin farfar sitt gamle

sommarhus. Rivedal blei også staden for ei av scenane, medan slutten av filmen er spilt inn i Stongfjorden. Pernille fortel at det har vore ei heilt utruleg flott oppleving å spille inn i Askvoll. – Det har rett og slett blitt umogeleg å spille inn på ein anna stad, seier Pernille. Dei fekk mykje hjelp av vener og kjende. Ingen sa nei til noko, alt dei sa var «ja, ja, ja».

filma og klippa. Kvar einskild prosess påverkar det endelege resultatet. Nokre gonger kan ein faktisk oppdage under redigering av filmen at den har blitt noko anna enn først tenkt.

«Vi kunne rett og slett fråtse i flotte innspelingsstadar!»

– Vi fekk låne private hus og campingvogner, og fekk svært god hjelp til matlaging og transport. Vi hadde ikkje klart det på langt nært so godt utan denne hjelpa. Dette er noko eg verkeleg må takke folk for!

Ein film blir gjerne skapt fleire gonger Filmen er no ferdig innspelt. No står det att redigering og å legge siste hand på verket, med lyddesign, fargekorrigering og musikk spesielt komponert for filmen. – Det er ein veldig spennande prosess. Det vert sagt at ein film blir skapt tre gongar: Den blir skrive,

Stemmer så filmen overeins med det Pernille først førestilte seg då ho skreiv den? Ja, seier ho. Filmen blir ein god framstilling av det ho førestilte seg då ho skreiv den. Filmen vil bli vist på Columbia University i mai. Det er her Pernille studerer filmproduksjon. Dette gjennom ein filmfestival som syner alle eksamensfilmane som har blitt produsert. Vil så Pernille leggje filmen frå seg etter dette? – Nei. Etter denne visninga er planen å sende den ut til andre filmfestivalar rundt i heile verda, seier Pernille. Dessutan vil ho også veldig gjerne få til ein visning i Askvoll for alle som har hjulpet til, og for alle andre som har lyst til å sjå filmen. Filmen som altså omhandlarder spøkelset Laurits som blir med på flyttelasset til Vestlandet.

Vi satsar langs kysten! Gjennom lokal forankring, korte avgjerdslinjer og lett tilgjengeleg kompetanse stiller vi opp for næringslivet i regionen. Inviter oss på besøk, eller ring oss for ein prat.

ssf.no

meirennbank.no

Næringsavisa i Askvoll

Ingar Valvik tlf. 57 73 72 01

Heidi Furevikstrand tlf. 57 73 72 02

Julie Vårdal Heggøy tlf. 57 73 72 14

15


Ope 9 – 20 (18) Tlf. 57 73 00 74

Velkommen til ein hyggeleg julehandel! KOKT MØR FRÅ OLE RINGDAL

29.90

FENALÅR FRÅ OLE RINGDAL

199,-/kg.

JULEBRUS RUDOLF OG NISSEN FRÅ OSKAR SYLTE 24 fl. 0.33l + pant

179,-/kasse

16

Næringsavisa i Askvoll


Jul på

Velkommen til ein hyggeleg julehandel hos oss! Tlf. 57 73 05 10

per p o r, t t e l o Kj kjør s & r k ke a j ns rre o s k e ri Did ame H til D Barn &

FRANSA Street One 2-BIZ

GODT UTVALG I HERREKLÆR Blend & Casual Friday Sjå utsendt avis!

Vi hjelper deg gjerne med nytt antrekk og julegaver til liten og stor!

Velkomen innom for ein hyggeleg julehandel!

Vi ynskjer alle våre kundar ei gledelig jul og eit godt 2016! Helsing oss på Flügger

Vi har julegåvene til heile familien! • Måling og måleutstyr

• Hobbyavdeling

• Godt utval i leiker

• Fiskeutstyr, støvlar og turutstyr

• Kjøkkenutstyr

• Utstyr til hund og katt

• Gåveartiklar

Førjulstilbod

25% på vår bestselger «Flutex 10»

Fyrverkeri til nyårsaftan! PS: Vi gjentek suksessen frå i fjor med fyrverkerishow for dei minste på kaia kl. 19.00 på nyttårsaftan!

Flügger Askvoll AS, Askvoll senter 2. etg · 6980 Askvoll Tlf.: 57 73 01 60 · 952 97 360, E-post: ma-ask2@online.no

Næringsavisa i Askvoll

17


Lokalbutikk for fjern og nær Med ein solid dugnadsinnsats frå heile bygda og to driftige damer som gjer det heile mogleg, starta butikken i Stongfjorden opp att no i sommar. Til stor glede for både fastbuande og tilreisande.

Marianne Ask, ny dagleg leiar på Stongfjorden Handel. Olaug Søreide tek helgehandelen på den lokale butikken i bygda. Tekst og foto: Julie Vårdal Heggøy. Det var i fjor haust at dei førre eigarane valde å gje seg, og Stongfjorden stod utan eit lokalt daglegvaretilbod. Dette var noko både dei fastbuande i bygda og tilreisande helgeturistar tykte var veldig trasig. Med dette som utgangspunkt tok lokale krefter med Roy Sævik i spissen tak. I mai vart det arrangert stiftingsmøte, og med ein aksjekapital på over kr. 500.000 frå 48 lokale aksjonærar vart butikken opna igjen i byrjinga av juli. Denne gongen med Marianne Ask som dagleg leiar. – Roy tok kontakt med meg og lurte på om eg var interessert i jobben som dagleg leiar, fortel Marianne, som har lang erfaring frå butikkdrift. I tillegg til jobben i Stongfjorden, har Marianne eigd og drive Flügger-butikken i Askvoll. – Det som gjorde det mogleg for meg å takke ja til stillinga som dagleg leiar, var at Jon Anders Økland kjøpte seg inn i Függer-butikken og jobbar der. Det var ein føresetnad at butikken i Askvoll kunne oppretthalde drifta då eg takka ja til jobben i Stongfjorden, seier ho. Med seg på laget i Stongfjorden har ho fått Christine Moldestad, som Marianne kallar for si høgre hand. – Christine er ein stor ressurs for butikken. Ho er godt likt av kundane, og er ei sprudlande jente. Alltid smilande og blid. Ei sånn godjente!, seier Marianne. Og så er vi jo veldig kjekke, Christine og eg, held ho fram og ler.

Samlingsstad i bygda Då journalisten er innom butikken ein laurdag i oktober er det mange kundar å sjå, og stemninga er god. I tillegg til å handle, slår folk av ein prat og det er tydeleg at dette er ein plass der bygda samlast. – Det viktigaste argumentet for å starte opp att butikken var å ha ein møteplass for bygda, seier Gunhild Berge Stang, som er innom på helgehandel. Gunhild, som opphavleg er frå Stongfjorden bur no i Fjaler, og er dermed blitt ei av dei som kjem til bygda på helgebesøk. Saman med ektemannen, Roy Sævik, er ho ei av fleire som tok initiativ til å få butikken opna att. – For å få dette til er vi avhengige av at både fastbuande og helgefolk nyttar butikken, seier ho.

I tillegg til ordinær butikkdrift, er kafeen open kvar dag. På kafeen får ein kjøpt seg kaffi og noko attåt, og kan setje seg ned i fine, lyse lokale med utsikt utover fjorden. – For oss er det viktig å skape ein samlingsplass, og ha fleire tilbod til kundane. Og så likar jo eg å lage meg litt ekstra arbeid, seier Marianne, som går i skytteltrafikk mellom kassen og vaffelsteikinga. Servicen og innsatsen er det med andre ord ikkje noko å seie på. Heller ikkje smaken på vaflane.

Lokal mat

Mange planar Butikken i Stongfjorden er med i kjeda Tank Snarkjøp, ein kjede som såg dagens lys i januar 2014. Kjeda er retta mot dei mindre nærbutikkane, og den enkelte butikk står sjølv fritt til å velje kva varer ein vil ta inn. Tank tilbyr eit grunnsortiment på om lag 2000 varer, men butikkane kan kjøpe inn alt som ASKO fører. – Vi kan ikkje kjøpe inn like store kvantum som dei store billegkjedane, så både innkjøps- og fraktkostnader vert deretter, seier Marianne. – Det viktigaste for både fastbuande og tilreisande er at bygda har eit tilbod, og det er folk villige til å betale litt ekstra for. Det er avgjerande at kundane ser viktigheita av ein lokal butikk og brukar den, held ho fram.

Som ein del av tilbodet kan kundane få kjøpt lokal mat i butikken, mellom anna egg frå Ask og fisk frå Stongfjorden. All fisken er levert av Korken Fisk, og i frysedisken kan kundane velje Opningstidene i butikken er frå kl. 11.00 til mellom fiskekaker, torsk, rødspette, blåkveite 18.00 måndag til fredag, og frå kl. 11.00 til 15.00 og mykje anna godt, i ulike variantar. – Fisken er veldig populær, og frysen vert fort tom, fortel laurdag. I helgane har dei av og til pub, alt etter kva ynskje kundane Marianne. Planen er har. I sommar arrangå utvide sortimentet erte dei familiegrillmed meir lokal mat, «Om eg gjennom butikken kan middagar på uteomog ha varer som gjer rådet, til stor glede for til at butikken skiljer vere ein pådrivar for vidareudei deltakande. No i seg positivt ut. – Vi tvikling av bygda, gjer eg det haust lagar Marianne prøver alltid å ha noko middag ein og annan godt i disken, som meir enn gjerne» torsdag, sidan både wienerbrød, nysteikte ho og Christine er på brød eller baguettar, seier Marianne. jobb denne dagen. – Medan Christine styrer butikken, tek eg meg av matlaging. Vare som Driftige damer vert levert tek vi ilag, seier Marianne. Torsdag Marianne og Christine har lagt bak seg nokre er den einaste dagen du finn begge damene på travle månader sidan oppstarten i juli, og har jobb, elles jobbar dei åleine. lært seg mykje nytt. – Ja, det er mykje å setje seg inn i. Vi har mellom anna vore på Hamar i to dagar for å få opplæring knytt til tipping, fortel Marianne, som no kan skilte med kursbevis.

Marianne fortel vidare at oppstarten har vore kostnadskrevjande, og at ho er spent på månadane framover. – Til no har det gått veldig bra og vi har hatt godt sal. Det vert spennande å sjå utover vinteren om det er liv laga, seier ho. – Så langt er eg positiv, og eg har tru på at det er grunnlag for butikk her i bygda. Ho føler seg godt tatt imot i Stongfjorden, og likar seg godt på butikken. Og det er tydeleg at kundane likar ho også. Då journalisten er på besøk opnar ein av kundane med replikken – Ja, her er det stormande jubel og klingande mynt i kassen høyrer eg, i det han kjem inn døra.

På sikt har Marianne ulike planar for utvikling av butikken, Enn så lenge har ho og Christine meir enn nok å henge fingrane i. – Vi er opptekne av at kundane skal trivast hos oss. Dei skal gle seg til å kome inn på butikken, der atmosfæren skal vere god, seier Marianne. – Stongfjorden er ei bygd som har mykje å by på, og moglegheitene er mange. Folk har på ein måte fått ein ny giv, og om eg gjennom butikken kan vere ein pådrivar for vidareutvikling av bygda, gjer eg det meir enn gjerne. Men då er det viktig at folk tenkjer over nødvendigheita av ein nærbutikk, også i framtida!, avsluttar ho med eit smil.


Julevarene er pakka ut, butikken er pynta og vi gler oss til ei travel og fin førjulstid. Vi oppfyller juleynskja dine med eit rikt utvalg av flotte juleblomar og dekorasjoner. Nisser, engler, julepynt og julegåvene finn du her! Ver ute i god tid med julebestillinga di.

Velkommen!

Zamo avståndsmålar

545

KORT VEI TIL GODE RÅD OG GODE KJØP!

Malersprøyte PFS 5000E

1.498

IXO skrutrekker 3,6V

465

Bor- og bits sett V-line

249

Laser PLL 360 m. stativ

1.599

MALIA Askvoll, T: 57 73 04 50, www.malia.no Næringsavisa i Askvoll

19


Expert på folk og kvitevarer – Før var det fokus på Askvoll og nærområdet som vår marknad. No kan vi i mykje større grad satse på heile HAFS regionen. Tekst: June Audsdotter Stafsnes. for å handle elektronikk og kvitevarer, i staden for å reise til Førde. Det har vore svært viktig for oss. Første året etter at brua kom auka omsetnaden i butikken med omlag 25%, og det har haldt seg stabilt i 2015. At brua hadde innverknad på dette, er ikkje Herfinn i tvil om. – Salet har auka jamt på alle varer i sortimentet. Vi har eigentleg alltid hatt eit fullsortiment som Expert generelt har. Eg kan ikkje sei at omsetnaden har endra seg på spesielle deler av sortimentet, men salet har jamt over gått opp, seier Herfinn.

Konkurranse frå netthandel

Herfinn hjelper til med det meste. Foto: Reiakvam Foto. Dette fortel Herfinn Takle, dagleg leiar for Expert Askvoll. Han har merka stor endring sidan Dalsfjordbrua opna i 2013. For då opna det seg samstundes ein langt større marknad for butikken. Fjaler og Askvoll vart knytt saman, og ein trong ikkje lenger rutetabell og ferje for å besøke andre sida av Dalsfjorden. Mange gler seg over brua, og næringslivet kanskje meir enn andre. Innbyggarane både i Askvoll og Dale kan no dra nytte av butikkar dei ikkje har i heimkommunen. – Vi merka snart etter at brua kom, at folk som budde på andre sida óg ville handle kvitevarer og andre e l e k t ro n i kkvarer hjå oss, smiler Takle. Resultatet har blitt auka omsetnad og betra botnline. I desse dagar kjem det flyktningar til kommunen. Dei som ska busettast i hus og leilegheiter treng kjøleskap og andre kvitevarer.

– Det er klart vi merka at spesielt Dale og Flekke har blitt ein meir tydeleg marknad enn det vi har opplevd før. Vi når ut til fleire på ein heilt anna måte enn det vi gjorde tidlegare, samstundes som dei også når oss i større grad. No er det jo mykje lettare å kome til Askvoll for å kjøpe seg ei ny vare, og vi får skapt ny kontakt med den andre sida.

Tek kundar frå Førde Elektronikk butikken opplever stadig at nye kundar oppsøker dei. Blide og hyggjelege folk kjem innom for å handle, både frå Dale og Flekke, men også lengre sør frå Sørbøvåg og Hyllestad. Når dei kjører forbi Dale er det etter brua kom lettare å følgje vegen til Askvoll, enn å køyre heile vegen til Førde. Både sparar ein tid, men og kan ein køyre på ein ny og betre veg! For Herfinn betyr dette nye fjes og nye namn i kunderegisteret. Og straumen av nye folk har ikkje stoppa opp enno. Kvifor har den ikkje det?

«Før vi vart med i Expert drog mange kundar heller til Førde og handla i dei større kjedene. No er det omvendt; det lønar seg ikkje å dra til Førde for å handle.»

Butikken har alltid hatt HAFS regionen som sin primærmarknad. Dei selde varer til sørsida, men det var veldig sporadisk. Lang reiseveg og bruk av ferje gjorde nok sitt til at salet frå sørsida ikkje var det heilt store. Men då brua kom merka dei raskt nærleiken til den andre sida av fjorden.

20

– Eg trur det handlar mykje om smitteeffekt, og om kor nøgde tidlegare kundar har vore. Hvis dei har vore nøgde med oss og sortimentet vi tilbyr, er det jo sølvsagt meir freistande og lettvint for nye kundar å smette ut til Askvoll

Expert Askvoll merkar sjølvsagt som mange andre elektronikkbutikkar konkurranse frå netthandelen. Lokale butikkar er avhengige av at varene vert selde i butikken, og ikkje via nettet. Butikkane får inga profitt av netthandel, for då går fortenesta direkte til hovudkontoret i Expert kjeda. Om ein er frå Askvoll, Fjaler eller frå Hyllestad og handlar på nett, tener difor ikkje lokale butikkar som Expert Askvoll noko på salet. Det er ein utfordring for fleire butikkar i distrikta. – Det eg opplever som positivt er at folk nyttar seg av internett for å finne produkt dei gjerne vil ha; så kjem dei til oss og handlar. Vi opplever at veldig mange bruker nettet på denne måten: Dei finn produkt på nettet, men kjem til butikken og fortel kva dei vil ha. Eller dei har ein viss idé på kva vil ha når dei kjem innom oss, men vel å handle lokalt. Det synes vi er veldig bra! Herfinn er klar på at han synes det er svært kjekt at det stadig kjem nye personar og handlar i butikken. – Vi er veldig opptekne av å ha skape eit godt rykte i HAFS-regionen, og set veldig pris på at det stadig er nye kundar som oppdagar oss.

Flyktningar i Askvoll Askvoll kommune skulle ta i mot 17 flyktningar i 2015 og 15 i 2016. No vert det truleg mang fleire. Andre kommunar i HAFS skal og ta imot flyktningar, og busette dei rundt i kommunane. Dei fyrste har allereie kome, og fleire er på veg. – Flyktningstraumen som er komen er ganske nytt for oss. Det er ikkje lenge sidan vi fekk dei første fem flyktningane til Askvoll. Det som er bra for butikken er at dette medfører leveransar til kommunane. For flyktningar treng utstyr til heimane sine som andre folk. Leilegheiter må utstyrast med kvitevarer og nødvendig

Næringsavisa i Askvoll


Treng du elektrikar? • • • • • • •

Boliginstallasjon Næringsbygg Service Sikkerhetsanlegg Dataanlegg Automasjonsanlegg El-kontroll

Kontakt Bravida på: Tlf. 57 72 29 70 E-post: forde@bravida.no

Sogn & Fjordane Tlf. 02407 Næringsavisa i Askvoll

21


.

22

.

.

NĂŚringsavisa i Askvoll


Askvoll Elektriske vart opna i 1994, som ein eiga og uavhengig elektronikk butikk. Seinare vart dei ein del av Expert, og Askvoll Elektriske blei Expert Askvoll. Butikken har 7 tilsette (nokon deltid) og omsette for vel 8 millionar i 2014 (kjelde: Proff.no)

utstyr, og då er «Experten» god å ha. I mange av bustadane er det noko elektronikk og anna utstyr, mens andre måtte utstyrast frå botnen. I Fjaler og i Høyanger har butikkar levert utstyr både til flyktningmottak og til bustadar. Det er ikkje fritt for at einskilde flyktningbustadar både i Fjaler og Askvoll, samt flyktningmottaket i Høyanger har mangla noke utstyr som til dømes kjøleskap eller komfyr. Det er god «business» for Herfinn. – Det har vore eit visst sal av slike produkt til Askvoll kommune, og det same til Fjaler i samanheng med dei flyktningane som er komne dit. Og; vi har også store leveransar til flyktningmottaket i Høyanger, fortel Herfinn. I Høyanger blir ikkje utstyr tinga gjennom kommunen, då det er det privateigde selskapet Norsk Mottaksdrift som driv flyktningmottaket. Der er ein kapasitet på 150 personar. Men, anten flyktningane blir plasserte i bustadar eller på mottak, håpar Herfinn på fleire leveransar til desse. For flyktningane er med å auke omsetnaden for butikken.

Må levere på pris Men leveransane til flyktningbustander er ikkje føreseielege eller langvarige. Butikken har ingen faste avtaler som til dømes å levere ut året. – Vi får førespurnader når dei treng varer, fortel Herfinn. Det kan vere at Fjaler kommune treng fem kjøleskap, eller at Askvoll treng fire komfyrar. Dei vil jo sjølvsagt ha det billigast mogeleg, so då gjeld det for oss å gje dei ein best mogeleg pris. Å få ordrar på leveransar handlar like mykje i

Næringsavisa i Askvoll

distrikta som i sentrale strok om å vere konkurransedyktig. At butikken er med i Expert gjer det enklare både å bli vurdert som mogeleg leverandør – eller å i det heile teke kunne bli vurdert til å levere tilbod. Og når Expert Askvoll får leveransen, vert varene gjerne levert rett på døra; direktesendt frå lageret i Sverige. – Vi tek det på same måte kvar gong, og gjev eit tilbod på det dei treng eller vil ha ut frå kravspesifikasjonar. På denne måten får vi og brynt oss på eigenskapane på produkta vi tilbyr. Då lærer vi meir, og held oss oppdaterte på dei produkta vi har. – Skal ein overleve må ein henge med. Det handlar om å vise at ein lokal butikk både kan vere konkurransedyktig og synlege i nærmiljøet. Eller kanskje meir korrekt: i regionen. Deretter er det berre å krysse fingrane, og håpe at går rette vegen. Og det gjer det som oftast, fortel Herfinn.

Franchise på bygda At elektronikk butikken i Askvoll er knytt opp til Expert som kjede, har mykje å sei for Herfinn. Expert er ein kjede som er aggressiv på pris og utval. Det at dei er flinke å profilere produkta sine gjennom tilbodsaviser og reklame, er til stor hjelp for å bli vurdert som leverandør for lokale franchisebutikkar. Om butikken hadde vore med i ein mindre kjede, eller stod aleine, hadde ein måtte bruke meir krefter på å vise at ein er konkurransedyktig, både på pris og utval av produkt.

Det er veldig kjekt for oss at vi kan vere ein del av ein marknad, utan å vere lokalisert i dei større og meir folkerike stadane. – No har vi i Expert år etter år vist at 92% av varene våre enten var billigare eller hadde omtrent same pris som dei same produkta hos konkurrentene. At vi kan vere ein del av Expert, og i tillegg overleve utanfor dei største stadane i Noreg, er veldig kjekt for oss. Å drive ein spesialforretning på bygda har sine fordelar og ulemper. Nettet har sin påverknadskraft, samtidig som direkte personhandel har sine fordelar. Det er lett å køyre til Askvoll for å handle den Iphonen kunden lenge har vurdert å kjøpe, og greitt å få personleg rettleiing knytt til kva ein treng og ønskjer seg. – Men vi er sjølvsagt avhengige av at folk brukar butikken, avsluttar Herfinn. Det er svært like prisar på produkt ein finn på nettet og det ein skal betale i butikkane. Dermed vil det ikkje spele den store rolla for lommeboka. Og det beste er: Det å drive elektronikkbutikk på bygda skaper nærare relasjonar enn det nettbutikkar kan klare å få til.

Fyll julesokken på Expert!

– Før vi vart med i Expert drog mange kundar heller til Førde og handla i dei større kjedene. No er det omvendt; det lønar seg ikkje å dra til Førde for å handle. Kunden kan få dei same varene lokalt – til konkurransedyktige prisar.

23


Tilflyttarportrettet Vi treff Nina K. Rivedal i første etasje på venterommet på kaia i Askvoll. Det er lett å høyre at ho ikkje er vakse opp i Askvoll, men er ei av dei mange tilflyttarane som har vagt å slå seg ned i kommunen. Tekst: Anne Hopland.

det mykje i strikking, og så dykker eg ned i ei god krimbok av og til.

Du flytta jo til Askvoll – kva var bakgrunnen for det?

Likar du deg i jobben?

– Det var lettare å flytte på meg enn eit gardsbruk! Smilar Nina og avslører at ho som mange i si tid falt for ein kjekk bonde frå Askvoll.

– Eg liker meg veldig godt i den nye jobben. Eg har no jobba der nokre månader, og det som er så kjekt er at eg får brukt så mykje av både tidlegare arbeidsrøynsle og utdanning. Så dette er drøymejobben for meg. Eg samarbeider med flinke landbruksvikarar og avløysarar som dekkjer heile 5 kommunar. Læringskurva har vore bratt og ingen dagar er like. Og så har eg jo fått kort vei på jobb! Berre 14 km!, smilar Nina.

Vi høyrer jo at du har ein klingande austlandsdialekt – kvar kjem du frå? – Eg pleier å sei at eg er frå Bodø, men det er nok ikkje den dialekten som høyres no. Eg tilbrakte dei fleste barne- og ungdomsåra på Austlandet, både Østfold, Akershus og Oslo har eg vore innom.

Korleis likar du deg i bygda der du bur?

Kva likar du med å bu i Askvoll – Askvoll er ein lita og pittoresk plass der ein har nok luft rundt seg. Du slepp å sjå rett i naboveggen når du ser ut av vindauget. Du har kontrastar, sjø og fjell og vide landskap. Det er alltid eit kjent fjes når du handlar, utan at det

«Her er ingen bilkø! Har du satt fast på Drammensvegen nokre gangar veit du å sette pris på det!» nødvendigvis er ein du deler en kaffikopp med. Tar du i tillegg en tur over brua får du tak i det

du trenger i det daglige. Og ingen bilkø! Har du satt fast på Drammensvegen nokre gangar veit du å sette pris på det! Utfordringa på slike plassar er at du er heilt avhengig av bil, og ein familie må ofte ha fleire. Kva gjer du på i Askvoll?

– Eg bur i Rivedal, ei herleg lita bygd med fjorden på eine sida og fjella på andre. Kjekke naboar som feirar kvarandre sine bursdagar, uansett om nokon fyller 2 eller 80. Det gjer jo at vi fort blir 15-20 stk. Når eg først hamna på Vestlandet trur eg at eg var heldig med bygda. Og så har vi seit ånt hyggjeleg landpostbod som ringer på døra og leverer pakker til deg! «Såntno hakke de i byen!» seier Nina på Oslodialekt. Blir du i kommunen i framtida og? – Vi har generasjonsbolig så her har eg planer om å bli buende, avsluttar Nina.

– No jobbar eg i Ytre Sogn og Sunnfjord landbrukstenester. Der er eg dagleg leiar og trivast veldig bra med det! Eg er gift, har ei dotter på seksten, tre katter og tre hundar. På fritida går

Ledige hyttetomter og båtplasser til salgs i vakre Vårdalsneset Flotte og byggjeklare hyttetomter i Vårdal. Ferdig regulerte med veg, vatn, straum og kloakk. Ta kontakt for meir informasjon eller visining: 416 39 600 • 415 52 350 • E-post: cecilie@utne.nu

Fjordlagunen Feriesenter 24

Næringsavisa i Askvoll

Ledige hyttetomter og båtplassar i vakre Vårdalsneset


For timebestilling ring 57 73 00 00 JULEGAVETIPS!

CND VINYLUX Neglelakk kr. 159,-

Vi har glatte- & krølletenger til salgs!

Vitusapotek Askvoll, Tlf. 57 73 02 58, Åpningstider: mån – fre 09.00 – 16.30, lør 10.00 – 15.00

VÅR JOBB ER Å GJERE DEG FORNØGD Du finn oss i Askvoll sentrum Tlf. 577 30 390 askvoll.elektriske@online.no

www.expert.no /ExpertAskvoll

Næringsavisa i Askvoll

25


• SERVICE • REPARASJONER • EU-KONTROLL

• ALLE BILMERKER

Også biler med fabrikkgaranti!

• DEKKHOTELL

Periodisk kjøretøykontroll (PKK) 6980 ASKVOLL, Sentrum Tlf. 57 73 35 55 post@automarin.no Åpningstider: Mandag til fredag kl 07.30 – 15.30

Askvoll erinærkontor

Askvoll

Askvoll Veterinærkontor Veterinærkontor Ope: Torsdag kl. 17.00 – 18.30 eller ring tlf. 88 00 12 01

LEDIG LOKAL

TENESTER • Kastrering ho-/hannkatt • Vaksinering hund/katt • Leikar/godbitar • Chipmerking av hund/katt • Produkt til hund/katt • Royal Canin hunde-/kattefor

ærkontor Tenester VETERINÆRVAKTA . 17.00–18.30 • Kastrering ho-/hannkatt lf. 88 00 12 01Stordyrpraksis • Vaksinering hund/katt RingVeterinærkontor 88 00 12 01 • tlf. Leikar/godbitar Askvoll Tenester • Chipmerking av hund/katt Ope: Torsdag kl. 17.00–18.30 • Kastrering ho-/hannkatt Innringing og reseptar • Produkt hund/katt eller ring tlf. 88til00 12 01 • Vaksinering hund/katt frå kl. 08.00Canin – 09.30. • Royal hunde-/kattefor 01 • Leikar/godbitar • Chipmerking av hund/katt septar Akuttpraksis heile døgnet. Veterinærvakta

• Stordyrpraksis e døgnet.Ring tlf. 88 00 12 01 Innringing og reseptar frå 08.00–09.30. Akuttpraksis heile døgnet.

• Produkt til hund/katt • Royal Canin hunde-/kattefor

Kystgården har ledig lokalet til næringsareal, flotte lyse lokale klar til bruk. Under samme tak er frå før Vitus Apotek, Vinmonopolet og Expert. Arealet er på ca 280 m2 men kan og delast opp om det er nødvendig. Ta kontakt om du har ein idé eller lurer på å starte noko, lokalet er meget godt egna til kontor, butikk eller kafé. KONTAKT Bjørn Magne Solheim Tlf. 950 76 355 Kystgården Askvoll, Kysteigedom AS, 6980 Askvoll

26

Næringsavisa i Askvoll


Ungdommen tek over! Holken Pub i Holmedal

Tidlegare i haust tok fire unge og lovande karar over puben Holken på kaia i Holmedal, og planen er klar: Å vere ein samlingsstad for bygda. Tekst og foto: Julie Vårdal Heggøy. Det var Peder Tveit som først fekk høyre at dei tidlegare eigarane, Egil Vårdal og Anders Lien, ynskte å gje seg. Og det var då tankane begynte å spinne. – Eg tenkte ei stund på kven eg ynskte å ha med meg, det måtte jo vere nokon som var positive og budde i Holmedal. Valet var enkelt; det måtte bli Bjørn!, seier Peder og smiler. Og slik vart det. Bjørn Klausen takka sjølvsagt ja, og fekk etter kvart med seg Svein-Erik Helle og Frode Vasseth. – Dette er spennande for alle, og noko nytt, seier Bjørn, som til vanleg er rekneskapsførar. Medan Peder er sjølvstendig næringsdrivande og jobbar som tømrar og takstmann, jobbar Frode i Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Svein-Erik tek doktorgrad innanfor politikk, så bakgrunnane er med andre ord ulike. Og ikkje nok med det: firkløveret består av to såkalla «utaielvingar» og to «innaielvingar». Medan Peder og Frode har røter utanfor elva som renn gjennom Holmedal, stammar både Svein-Erik og Bjørn innanfor. Dette er nok noko internt for bygda, men for alle sin del konkluderer Næringsavisa med at ei 50/50-deling heilt klart er det beste.

Frå venstre: Svein-Erik Helle, Bjørn Klausen, Peder Tveit og Frode Vasseth.

vidarefører whiskeyutvalet, ser vi at vi ikkje har den kunnskapen dei tidlegare eigarane hadde. Men vi skal bygge oss opp så godt vi kan, supplerer Bjørn. I tillegg til øl, vert det også eit større utval av vin. Noko for ein kvar smak med andre ord.

«Haustslepp»

«Vi skal visst begynne med slike fancy drinkar» – Bjørn Klausen Rollefordeling På Holken har karane inntatt ulike roller. Bjørn er dagleg leiar, tek seg av det administrative, og «møter no berre opp», som han sjølv så fint formulerer det. Frode er innkjøpssjef, medan Peder er eigedomssjef og handyman. SveinErik er styreleiar og art director (kunstnarisk ansvarleg, journ.merk.), og kan elles skilte med bartendarerfaring frå studietida i Bergen. – Vi skal visst begynne med slike fancy drinkar, seier Bjørn og ser på Svein-Erik og smiler. For mange er Holken kjent som ein pub med eit breitt utval av whiskey. Dette ynskjer dei nye eigarane å halde fram med, i tillegg til at dei vil utvide ølsortimentet. – Planen er å kjøpe inn litt forskjellig, og etter kvart som folk drikk opp, bestiller vi inn nye typar og prøver oss fram, seier innkjøpssjef Frode. – Når vi no

Næringsavisa i Askvoll

Med nyinnkjøpte svarte t-skjorter for høvet, opna dei nye eigarane Holken med «Haustslepp» laurdag 3. oktober. Denne kvelden vart det markert at Anders Lien og Egil Vårdal slapp fri, medan dei nye drivarane slapp til. Dei gamle eigarane vart høgtideleg takka av, og fekk sitt eige minnesmerke hengt opp på veggen. Og ja, det var handyman Peder som tok seg av opphenginga. Holken vart opna i 2004, og har vore i det gamle, gule huset på kaia ved sidan av Helle Knivfabrikker sidan 2006. Holmedølingane har altså vore godt vande, og får no oppretthaldt pubtilbodet med nye eigarar. – Folk har vist stor interesse, og mange ynskjer å bidra, fortel Peder.

Planane framover Framover er planen å ha ope om lag ein kveld i månaden, og i feriar og høgtider når folk er heime. – Om det er interesse for at vi skal ha ope, er det berre å ta kontakt med oss, seier Bjørn og held fram; – Vi er med på det meste!.

Ved overtakinga av selskapet følgde sjølve huset med, medan hagen som ligg på baksida vert leigd. – Utover våren ynskjer vi å ha ulike arrangement i hagen, som til dømes konsertar og kanskje kafé, seier Frode. Bortsett frå det har ikkje karane så mange planar. Huset består av tre etasjar, og om folk har innspel til kva dei to øvste kan nyttast til, er karane opne for det. – Det viktigaste for oss er å vere ein samlingsstad for bygda, seier Bjørn.

Jule- og nyttårsholk I jula har Holken ope 4. juledag og på nyttårsaftan. På 4. juledag er det dans med Ludoes i bygdehuset i Holmedal. Dette er eit samarbeid Holken har med Holmedal Ungdomslag, og noko karane gler seg til. – Ja, då er det berre å ta turen, seier gjengen oppmuntrande. Det er tydeleg at Peder, Svein-Erik, Frode og Bjørn ivrar for Holken og trivast godt ilag. – Vi har eit godt samarbeid i teamet, og har det veldig hyggeleg ilag. Det er rett og slett god stemning, avsluttar Bjørn med eit smil. Lurer du på kortid Holken skal ha ope neste gong? Då må du melde deg inn i Facebook-gruppa deira der all informasjon kjem. I tillegg har Holken ei varslingsteneste som du kan melde deg på. Nummeret er 97 00 69 82. Meld deg på, så får du melding på telefonen kvar gong det er holking!

27


TRELAST

BYGGEVARER HVIT OG IMPREGNERT TRELAST

TAKSTEIN TAKPLATER

VINDU BALKONGDØRER

INNER- OG YTTERDØRER

GLAVA ISOLASJON

PLATER TIL VEGG OG HIMLING

FESTEMIDDEL LIM - FUGEMASSE

HUS - HYTTER GARASJER

UTKJØRING AV VARER ETTER AVTALE. Vi kan også tilby tegnetjenester, og vi kan skaffe tømrere om det trengs. Vårt firma har ansvarsrett for prosjektering og utførelse.

BYGGFAG Askvoll M. Leiknes AS

Postboks 163 - 6988 ASKVOLL Tlf. 57730457 Fax. 57730677 E-post: leiknesm@online.no

Fagbutikken i Ditt Distrikt Næringsavisa 28 i Askvoll

www.byggfag.no Næringsavisa i Askvoll 29


Askvoll – et naturlig stoppested på kysten Velkomen til Husflidsbua - staden for ekte handverk og heimebakst Her finn du unike gåver og bruksting, eit stort utval av «spøtasokkar» og andre strikkevarer til born og vaksne. Vi har eit godt utval av strikkegarn og mønster, smykker og «småsnadder». Julekaker, lefser og natronkaker er sjølvsagt på plass. Vi har alltid kaffi på kanna og litt å bite i attåt.

28. november vert det tradisjonen tru

Julemarknad i Askvoll Samfunnshus kl. 11.00–15.00 Velkomen!

REKNESKAPSTENESTE AS

våre e l l a r e j Vi ynsk riktig i e r a d n ku God jul!

Lønn

Rekneskap

Årsoppgjer

Fakturering

• •

Likningspapir Budsjettering

Økonomisk rådgjeving

Elektronisk bilagsbehandling

Web-rapportering

Er du på jakt etter Askvoll Sjøbuer ligger rett ved den idylliske gjestehavnen i Askvoll Opningstider i desember: Mandag til fredag 10.00 – 16.30, laurdag 10.00 – 15.00

ny rekneskapsførar?

kontakt! Åpningstider i sommer: Matservering hver dag 11.00 –Ta 21.00 Velkommen inn |til oss! fredag, lørdag Autorisert rekneskapsførarselskap Puben holder åpent til 24.00 Onsdag, holder vi åpent lengre hvist det er mye folk. Telefon: 57 73 00 60 Facebook: Askvoll Husflid og Handverkslag Tlf. 41 46 16 23 ∙ Tlf. Kari 941 37 491 ∙ Tlf. Runa 900 75 349

E-post: post@askvollrekneskap.no

TRAPPEPRODUSENTEN

For mer informasjon om våre tjenester eller produkter, ta kontakt for en hyggelig og uforpliktende samtale!

Trappeprodusenten | 6980 Askvoll | trappeprodusenten@gmail.com | 979 56 442 32Næringsavisa i Askvoll

29 Næringsavisa i Askvoll


Har bedrifta di prosjekt som kan skape arbeidsplassar i Askvoll? Næringsfond Askvoll kommune sitt Næringsfond er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Askvoll kommune. Løyvingar av fondet skal stimulere til å skape arbeidsplassar gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen. For 2015 har Askvoll kommune fått tildelt kr. 464 996,- til fordeling.

Søkbare omstillingsmidlar Askvoll er omstillingskommune ut 2016. Det betyr at kommunen får tilført ekstraordinære midlar frå fylkeskommunen til å stimulere nærings-liv og tilflytting. I tillegg til næringsfondet er det difor mogleg å sende inn søknad om «Søkbare omstillingsmidlar, til tiltak i eksisterande verksemder som vil bidra til vekst og utvikling». Søknader til næringsfondet eller dei søkbare omstillingsmidlane må sendast inn elektronisk, på www.regionalforvaltning.no Det er løpande handsaming og inga søknadsfrist.

Treng du rettleiing i høve utforming av søknaden? Ta kontakt med Britt Hansen 948 70 010 eller Anne Hopland 975 24 098 i Omstillingsorganisasjonen for Askvoll.

Vi er her for å hjelpe deg!

Du finn oss på: www.askvolliutvikling.no

Heimesida vår er og open for deg! Askvoll i utvikling har ei eiga heimeside. Der legg vi ut stoff om aktiviteter, kurs, Gründerkvelder og anna som skjer i vår kommune, men og i våre nabokommunar. Sida vår er og open for andre. Har du aktiviteter retta mot næring, næringsutvikling eller tilflytting? Det kan vere ei ledig stilling, eller du skal vere med på ein tilstelning du vil at også mange andre skal få vite om. Eller har du ei tomt å selje? Det kan du promotere gjennom sida: www.askvolliutvikling.no

Bruk sida vår aktiv – ho er der for deg!

www.askvolliutvikling.no Nederst på startsida finn du 4 blå firkantar – under teksten Er du vår askeladd?

Klikk på den som passer for deg og opprett ein artikkel. Dersom du treng hjelp – ta kontakt med oss. Vi kan hjelpe med å linke dette til vår Facebookside! 30

Næringsavisa i Askvoll


Er heimen din sikker? Vi har det du treng: • El-kontroll • Nytt sikringsskap • Komfyrvakt • Brannvarsling

Holmedal Elektriske AS Holmedal Elektriske AS • Tlf. 57 73 41 00 RADIOFORHANDLER

Næringsavisa i Askvoll

31


Næringsquiz Kan du mykje om næringslivet i Askvoll? Ta testen her og bli med i trekninga om den tøffe Askvoll-skjorta. Eit lite tips er at du truleg vil finne alle svara i avisa… Send svaret innan 11. desember 2015 til: Anne Hopland, Omstillingsorganisasjonen i Askvoll kommune, 6980 Askvoll, eller på e-post anne.hopland@askvoll.kommune.no

1. Om du sender post til Postboks 163 i Askvoll. Kven får den? 2. I kva firma er Merete Svendsen dagleg leiar? 3. Kva heiter innkjøpssjefen på Holken? 4. Kva heiter rollefiguren som skodespelar Magne Håvard Brekke spelar? 5. Kva butikk er med i kjeden Texcom? 6. Kvar endar du om du tek fylkesvei 365?

Begge foto: Anne Hopland.

7. Stokk om på bokstavane og finn ut kvar desse to personane jobber! (For/etternavn) 1. TINNKALEREHF 2. DÅRVELALLHEISTJERK

32

Næringsavisa i Askvoll


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.