Ytre Sogn Turlag - Turhefte 2016

Page 1

2016

Y S TURHEF TE

10 TURMÅL FOR STORE OG SMÅ I GULEN OG SOLUND

KLIPPEKORT


Velkomen til familieåret 2016!

I 2016 vil vi ha med heile familien på tur. YST gjentek suksessen med turhefte for Solund og Gulen. Vi har valt ut 10 turmål til heftet; nokre turmål er som i fjor og nokre er nye av året. Alle turane er enkelt skildra med tekst og kart. Turane høver for alle. Sist i turheftet finn du eit klippekort. Det er lagt ut klippetenger på alle turmåla og alle som har minst eit klipp i turheftet kan vere med i trekninga av fine premiar. Vi vil òg utfordre deg til å prøve noko nytt i år. Ta til dømes ein ny tur, bli med på fellestur, delta på ein camp, prøv eit klatrekurs, lag eit bål, kok kaffi ute, eller plukk ein bukett villblomster. Ta ein kikk på www.UT.no og finn ein tur som passar deg. Familiemedlemsskap i DNT er nytt av året. Du betaler då 1.150 kroner for heile familien. Som medlem i DNT får du tilgang på hytter, turar, campar og mange positive aktivitetar. I tillegg er du ein del av ein stor organisasjon som tek vare på naturen og held ved stiar og hytter. Som medlem nyt du dessutan godt av gode medlemsfordelar. Turheftet inneheld turprogrammet for Ytre Sogn Turlag 2016 og vert sendt ut til alle husstandar og bedrifter i Solund og Gulen.

Wenche Midthun, leiar

Du kan fylgje oss på: www.facebook.com/ytresognturlag Heimesida vår er: https://ytresogn.dnt.no


3

Ytre Sogn Turlag Ytre Sogn Turlag (YST) er ein organisasjon som ynskjer å leggje til rette for friluftsliv for alle. Me skal skape turglede og gjere det enkelt å kome seg ut på tur i nærnaturen. YST er organisert med eit vaksenlag, barnas turlag – i både Solund og Gulen – og ei ivrig og flott ungdomsgruppe. DNT har mange gode medlemsfordelar som du finn på www.dnt.no. I tillegg har du som medlem i YST 10 % rabatt på ordinere varer hos Atleten i Knarvik.

Mottoet til YST er: Kjenn din kommune – og bruk den!

Gulen kommune og Solund kommune støttar Ytre Sogn Turlag

Føremål Den Norske Turistforening (DNT) skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenleg friluftsliv og for sikring av friluftslivets natur- og kulturgrunnlag.

Bli med i Ytre Sogn Turlag! Me ynskjer fleire medlemer i YST. Om du vil melde deg inn kan du gjere det på nettsida til DNT: www.dnt.no. Me ynskjer også å kome i kontakt med deg dersom du kan tenke deg å jobbe dugnad for YST med til dømes merking av stiar. YST sin hovudsponsor:


4


Merka turar i Solund Losnedal runden Stigfjellet Bondefjellet Erdalsanden Husefjellet Uranipa Espa Stranda -Tveranger Pollatinden Storevatnet-Råke Ramnenipa rundt Ramnenipa Stokkevåg Rånekletten Oddenova Håfjellet Nordsjøløypa Ytre Sula Sperrefjellet Hellevikhammaren Nordsjøløypa på Utvær

Merka turar i Gulen Løypingåsen Høgefjellet Eivindvik - Dingja Kjerringnova Vardetur Tveitskardet Bygdetur Slengesolfjellet Bufjellet Kalvafjellet Langevatn Midt-Taklestølen Søtekollen Engesetstølen Nedre Furdalsstølen Svadfjellet Vårflortur Byrknesfjellet Mjømnefjellet Midtbøfjellet

5


6

Turkart Solund og Gulen har kvar sitt turkart. Dei vart trykt i 2013 og i målestokk 1:50 000. Karta innheld 20 merka turstiar som er skildra og gradert etter nasjonalt graderingssystem for turstiar. Det er òg fine bilete og tekstar på norsk og engelsk. Karta kan kjøpast på ulike stader i kommunane eller ved å kontakte YST. Informasjon om alle turane er også lagt ut på www.ut.no.

TEIKNFORKLARINGAR TIL KARTA Plassering av klippetong Merka sti Umerka sti Utsiktspunkt Kystled Gradering av turstiar Lett Middels Utfordrande Krevjande

UT.no – Heile Norges turplanleggjar På UT.no finn du tusenvis av turforslag, alle turistforeningshyttene, samt digitale turkart. UT.no finst også som mobilapp.


7

Turvett Nærtur

� Sei ifrå kvar du har tenkt deg på tur

� Planlegg turen saman med barna

� Lytt til dei som har gått turar før deg

� Sett av tid til undring

� Ha respekt for vêr og vêrmelding

� Gå ut i dårleg vêr, det blir gode minner

� Ha respekt for gjerde og steingardar

� Leik, du er vaksen og har lov til det

� Ikkje kast søppel i naturen, plukk opp viss du ser noko � Ta med drikke � Ha godt fottøy � Ta med nok klede, bles det er det viktig med noko som er vindtett � Skal du i båt må du ha med godkjent flyteplagg, lær sjøens trafikkregler

For meir informasjon, sjå: www.helstute.com

Barn

� Ikkje snu med ein gang, barn klarar meir enn du trur � Ha alltid med ekstra «bensin» til barna � Lukt på mose, bruk alle sansane � Førstehjelpsutstyr, varme klede og nok mat og drikke høyrer alltid til � Få hjelp undervegs, barna likar å bidra � Mål suksess i antall timar ute, ikkje km � Skryt oppriktig av barna � Ta pausar undervegs � Tenk tryggleik - er du i tvil så er du ikkje i tvil

«Turgledespiren vert sådd»


8

YST-Ung Er du 12 år eller eldre og ynskjer å komme deg ut på tur? Har du lyst å prøve spanande aktivitetar og møte andre kjekke ungdomar? Då er YST-Ung plassen for deg. Ung-gruppa i Solund og Gulen vart skipa i 2015. Det er i dag 38 medlemar og det er plass til mange fleire. Det har sidan starten vore stor aktivitet med ungdomscampar både i Solund, Stordalen og på Voss. Aktivitetane har vore varierte med mellom anna roing, klatring, kajakkpadling og skiturar både natt og dag. Overnatting kan skje både i lavvo, telt og hytter. Glede, meistring, venskap og friluftsliv er viktige element i alt YST-Ung føretek seg. YST-Ung har eit eige styre, som i 2016 er slik samansett: Solveig Takle (gruppeleiar), Dorthea Lerpold Hauge (nestleiar), Hedda Aarøy Mårstig, Margit Breidvik, Silje Sundal og Åsne Lerpold Hauge. I 2016 vil det verte arrangert tre friluftscampar, klatrekurs, OPPTUR og Kom deg ut dager. I tillegg vert det fleire fellesturar. Følg med på heimesidene til Ytre Sogn Turlag for informasjon.

«Naturen – å undre seg, å kjenne, å vere»


9

«DNT gir deg spanande mogelegheiter til å få nye vener, både til land og på vatn» Sofie 15 år

«Vi får profesjonell opplæring» Rasmus 13 år

OPPTUR blir kvart år arrangert for 8. klasse i heile landet. OPPTUR er ein nasjonal turdag for norske åttandeklassingar. Fokus på arrangementet er sosialt samvær, naturopplevelser og fysisk aktivitet. Kvart år vert det i den samanheng arrangert konkurransar mellom alle klassane som tar del i OPPTUR.


10

Friluftsskule Friluftsskule er eit tilbod på dagtid i sommarferien til barn i alderen 8-11 år (født 2005-2008). I 2016 vil YST arrangere skular i Matre i 27.-29. juni og 1.-3. august og i Solund i 25.-27. juli og 1.-3. august. Skulane er eit samarbeid med Norsk Kystkulturakademi og Berg Fritid. Kvar skule er tre dagar, med ei valfri overnatting siste natta. HOVUDAKTIVITETANE PÅ FRILUFTSSKULEN VERT: •Kajakkpadling

•Fisking

•Allemannsretten

•Fjelltur

•Mat frå sjøen

•Matlaging ute

•Roing

•Leirslagning

•Kart og kompass

Det langsiktige målet med friluftsskulane er at dei skal vere med å gjere lokal ungdom i stand til å bruke kysten til eit aktivt og spanande friluftsliv. Kortsiktig vonar vi at det skal bli naturleg å fortsetje i DNT-Ung gruppa i YST. Deltakaravgifta er 950 kroner per person og skule. Påmelding ved e-post til ytresognturlag@gmail.com eller på tlf. 950 28 232. Maks 16 personar per skule. Tidsfrist for påmelding er to veker før kvar skule. Påmeldinga er bindande.


11

Tveiteskardet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Ved ballbingen i Nordgulen, ca. 11 km frå Eivindvik. 4 timar t/r 610 m.o.h. Det er krevjande stigning opp fjellsida til 610 m.o.h. Deretter går turen flatt innover vidda og ned mot Langevatnet. Der er det mogeleg å fortsette turen vidare til Breidvik (sjå G11 på kartet). Det er verdt å ta ein avstikkar opp på Storeggene (674 m.o.h.) for å nyte utsikta. I postkasse på steinbu.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


12

Bufjellet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Om lag 0,5 km sør for Undalstunnelen. 1 time t/r 212 m.o.h. Variert stigning i steinete og dels myrete terreng. Flott utsikt frå toppen utover Gulafjorden. Ved fjelltrimposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6



14

Piltevarden Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Turen startar ved Mjømna kyrkje. 3 timar t/r 194 m.o.h. Fyrste del av turen går i det flate kystlandskapet inn til fjellet der stien går rett opp i fjellsida. Når ein kjem opp fjellstien følgjer ein stien nord langs fjellkanten inn til Piltevarden. Her får ein ei fantastisk utsikt over øyane i Sognesjøen. Ved fjelltrimposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


15

Engesetstølen Startpunkt

Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Ved vegenden på Engeset. Først fylgjer ein traktorvegen framover omlag 300-400 m før ein tar til høgre og fylgjer stien oppover. 2 timar t/r 395 m.o.h. Engesetstølen er eit autentisk og velhalde stølsmiljø. Turen opp er fin og lett å gå. Stølen er utgangspunkt for ei rekkje andre turar i fjellområda rundt om. Ligg i steinmuren ved inngangsdøra til stølshuset med Engesetstølskiltet, saman med fjelltrimposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


16

Høgefjellet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Stien startar i Krossteigen. 3 timar t/r 384 m.o.h. Stien er godt rydda og merka, men går over ein del myrlende og bratte parti. Kloppar er lagt ut i dei våtaste områda og frå toppen har ein panoramautsikt til fjord, fjell, øyar og skjær. Ved fjelltrimposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6



TURPROGRAM 2016 Infomasjon om turane finn du på heimesida: https://ytresogn.dnt.no og www.facebook.com/ytresognturlag Det vert òg sett opp oppslag om turane. Enkelte turar krev påmelding.

DATO

TUR/AKTIVITET

TYPE

ARR.

03. januar

Råkeneset

blå - fot

BTS

07. februar

Kom deg ut dag Stordalen

blå - ski

BTG

07. februar

Kom deg ut dag Stordalen

blå - ski

YST

07. februar

Kom deg ut dag Steinsund

blå - fot

BTS

26.-28. februar

Vintercamp Stordalen

camp

UNG

ja

05. mars

Ferskingkurs

kurs

YST

ja

13. mars

Topptur

raud - ski

UNG

13. mars

Eksperiment-ekspedisjon

blå - fot

BTS

01.-03. april

Klatrekurs (brattkort)

kurs

UNG

10. april

Pollatinden

raud - fot

YST

17. april

Trefjellsturen

raud - fot

YST

17. april

Piltevarden

blå - fot

BTG

22. april

Ambassadørkurs

kurs

YST

ja

23.-24. april

Grunnleggande turleiarkurs

kurs

YST

ja

01. mai

Blåfjellet

raud - fot

YST

04. mai

Opptur

29. mai

Tveiteskardet

raud - fot

YST

29. mai

Breidvikstølen

blå - fot

BTG

03.-05. juni

Sommarcamp Litlefærøyna

camp

UNG

UNG

PÅMELD.


DATO

TUR/AKTIVITET

TYPE

ARR.

PÅMELD.

25.-26. juni

Nipebu

raud - fot

YST

17. juni

Aktivitetdag Hatlevika

BTG

juni

Villsausanking

BTS

27.-29. juni

Friluftsskule Matre

sommarskule

YST

ja

25.-27. august

Friluftsskule Solund

sommarskule

YST

ja

01.-03. august

Friluftsskule Matre

sommarskule

YST

ja

01.-03. august

Friluftsskule Solund

sommarskule

YST

ja

21. august

Bjørn West-marsjen

blå - fot

YST

03.-04. sept.

Hyttetur Gullhorgabu

camp

UNG

04. september

Kom deg ut dag Lauvika

blå - fot

BTS

04. september

Kom deg ut dag Flolid

17. september

Soppkurs Solund

kurs

YST

18. september

Trolltur Oppdalsøyra

blå - fot

BTG

02. november

Svadfjell

raud - fot

YST

16. november

Sperrefjellet

blå - fot

BTS

12. november

Lystur

blå - fot

BTS

12. november

Lommelykttur

blå - fot

BTG

20. november

Årsmøte i Gulen

11. desember

Frukosttur

BTG

YST blå - fot

BTS

ja


Onsdagsturar I perioden april-oktober vil YST arrangere onsdagsturar i Gulen og Solund. Alle turane vil, dersom ikkje anna vert informert, starte kl. 18.00. Turane er meint som eit lågterskeltilbod for alle som ynskjer å kome seg ut på tur. Det er gratis å vere med. Meir informasjon om onsdagsturane finn du på YST si heimesida og Facebook. DATO

6. apr

GULEN (Dalsøyrane/Øyane)

GULEN (Brekke/Eivindvik)

SOLUND

Midtbøfjellet (Sandøy)

Mikkelfjellet

Ramnenipa opp

13. apr

Steinsfjellet

------

Sperrefjellet

20. apr

Revesteinen (Mjømna)

Kamben

Råkestien

27. apr

Bufjellet

Midt-Taklestølen

Urdanipa

Snaufjellet (Byrknes)

Åsen-Torvhyttene

Hardbakke rundt

11. mai

Slengesolfjellet

Inngardsstølen

Kyrkjevegen

18. mai

Kjevatn (Byrknes)

Tveitekletten-Skåldalen

Pollatinden

25. mai

Bygdestien (Oppdalsøyra)

Engesetstølen

Husefjellet (Hersvik)

1. jun

Lidfjellet (Sandøy)

Løypingåsen

Råkestien

8. jun

Brandangerfjellet

Skiddalen

Rongsneset

15. jun

------

Svabergveten

Fonnaheia

22. jun

Norddalstjønna

Hjartholmstølen

Erdalsanden

29. jun

------

------

Ramnenipa opp

6. jul

------

------

Hellevikhammaren

13. jul

------

------

Krakhellenipa

20. jul

------

------

Dumbetinden

27. jul

------

------

Husefjellet (Steinsund)

4. mai

3. aug

------

------

Håfjellet

10. aug

------

Furedalstølen

Stranda-Tveranger

17. aug

Sanddalen

Sætredalen

Store Dyrefjellet

24. aug

Piltevarden (Mjømna)

Søtekollen

Pollatinden

31. aug

Grindefjellet

Høgefjellet

Utsikten-Varden

Vestefjellet (Sandøy)

Ytre Oppedalstølen

Husefjellet (Nessa)

14. sep

Øksefjellet (Oppdalsøyra)

Litlebotn

Skogen (ved Hersvik)

21. sep

Byrknesfjellet

Breidvikstølen

Ramnenipa rundt

28. sep

Langevatnet

Vassverket-Øvre Stølen

Straumen-Rørdalsfjorden

5. okt

7. sep

Lid (Sandøy)

Ytst-Taklestølen

Strandafjellet

12. okt

Skarholten

Nordgulkletten

Hamnefjellet (Krakhella)

19. okt

------

------

Rånekletten

26. okt

------

Midtundalen

Hardbakke rundt


21

Råkeneset Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Fylkesvegen til Strand. Her kan ein parkere langs vegen. Skilt til Råkeneset ved vegen. 1 time t/r 25 m.o.h Råkeneset er DNTs vestligste hytte og er ein gammal hus mannsplass. Stien sørvest går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset. Det gamle naustet har plass til kystledbåtane og er ein del av Kystled Solund (www.kystled.no). Turposten finn du på grinda ved naustet.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


22

Pollatinden Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Turen starter tett ved hovudvegen ved Pollen, ca 4 km nordaust for Hardbakke og 1 km nordaust for Solund Verft. 2,5 timar t/r 541 m.o.h. Turen går for det meste på bert fjell og har i hovudsak jamn stigning. Geologien er spanande og dekorativ og utsikta frå toppen er storslått. Turposten finn du i postkassen på toppen.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


23

Husefjellet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Parker nedanfor den gamle skulen i Hersvikbygda. 1,5 timar t/r 160 m.o.h. Stien følgjer ein gamal veg til stiskilje mot Erdalsanden. Vidare i lett terreng rundt Husefjellet, til oppstigning mot toppen frå sør. Turposten finn du ved toppvarden.

Teiknforklaringar finn du på s. 6



25

Ramnenipa rundt Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Hardbakke 2 timar 104 m.o.h. Fin tur utan store stigningar. Eit fint alternativ på vindfulle dagar. Klippetong finn du saman med turboka i varden.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


Båtutleige Bok Beskrivelse UTM 32 kordinat Høyde

«Verden…og eg»

på Glesnes elle Kajakk og kano Nei Lett å padla dit, Kobbavågen, fi Ø279890 N6 2 m.o.h.


27

Sperrefjellet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Klippetong

Ved nordenden av Sperrevatnet ca. 3 km sør for Ytrøygrend 1 time t/r 148 m.o.h. Lettgått topptur. Turen går på fargerikt konglomeratberg. Vidt utsyn frå toppen. Utgangspunkt for turar i Nordsjøløypa. I boksen ved varden på toppen.

er hos Panorama hotell. o kan leigast hos Sjøsportsenteret

, fint for nybyrjarar. n badeplass med sandbotn. 6679830

Teiknforklaringar finn du på s. 6


KYSTPARKEN

28

Langsik3g, bærekra9ig utvikling av natur-­‐ og kulturressurser i et unikt kystområde.

For meir informasjon sjå: www.fjordkysten.no for informasjon om aktivitetar, opplevingar og overnatting i regionen.

Les om Kystparken på Facebook! www.facebook.com/Kystparken

SLØVÅG

57 78 38 21

Kurs og studier, aktiviteter og opplevelser innen kystkultur. Følg oss på Facebook! post@nkka.no - 481 05 774

Tlf: 97 52 46 16 • Vakttlf: 97 01 81 45 E-post: vhop@online.no • Web: www.vidarhop.no

SPAR SOLUND Tlf.: 57 78 71 17 • www.spar.no


29

MX sport Atleten Knarvik Senter tlf.: 56 35 04 15

Sulejet skyssbテ・ter テ郎HOPPING I SOLUND OG BULANDET STJERNSUND 28 pass og SULEJET 16 pass Andre turer /oppdrag pテ・ heile vestlandet. KONTAKT: hansgasv@hotmail.com eller tfaer@online.no tlf. 97795989 For tilbod ring 971 40 824

Lokalt breiband.

57 00 91 00

Lokal verdiskaping.

enivest.no

SOLUNDVERFT AS www.solundverft.no

57 72 00 67


ENTREPRENØR

KARSTEIN ELNES Alt i graving og masseforflytning. Stein og grusmasser på lager. For tilbod ring 971 40 824

Los? Det er mange skjær i sjøen..............men Solund Rekneskap AS kan hjelpe deg med: ● Fakturering ● Rekneskap ● Lønn og årsoppgjer m.m.

Tlf: 57 78 89 00 E-post: post@hafs-elektro.no

tlf. 5778 6000 post@solund-rekneskap.no

post@frivannsliv.no Tlf: 56 35 80 80

Ytre Sogn Turlag ynskjer å takke alle som har bidrege til å realisere YST Turhefte 2016.


PÅ NATUREN SI S PÅ NATUREN SI SIDE

Det er rein

PÅ NATUREN SI SIDE Det er reint – Det er godt!

www.sunnfjordenerg

Det er reint – Det er godt!

PÅ NATUREN SI SIDE. Det er reint - det er godt! PÅ NATUREN SI SIDE

www.sunnfjordenergi.no

sunnfjordenergi.no

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

Topptur Topptur eller rusletur? eller rusletur? Dei åtteDei OPPTUR-bøkene åtte OPPTUR-bøkene viser vegviser til fantastiske veg til fantastiske naturopplevingar. naturopplevingar. Fyldig turomtale Fyldig turomtale og flyfoto ogavflyfoto alle rutene. av alle rutene. OPPTUR OPPTUR Nærøyfjorden Nærøyfjorden OPPTUR OPPTUR Jotunheimen Jotunheimen OPPTUR OPPTUR Hordaland Hordaland OPPTUR OPPTUR Bergen Bergen OPPTUR OPPTUR Geirangerfjorden Geirangerfjorden OPPTUR OPPTUR Oslo Oslo

Det er reint – Det er godt! www.sunnfjordenergi.no

www.selja.no www.selja.no • selja@selja.no • selja@selja.no tlf. 57 83tlf. 2257 2083 22 20

Topptur eller rusletur? Dei åtte OPPTUR-bøkene viser veg til fantastiske naturopplevingar. Fyldig turomtale og flyfoto av alle rutene. OPPTUR Nærøyfjorden OPPTUR Jotunheimen OPPTUR Hordaland OPPTUR Bergen OPPTUR Geirangerfjorden OPPTUR Oslo

www.selja.no • selja@selja.no tlf. 57 83 22 20

Vi skaper verdier på kysten


32

Kart og kompass Start med å orientere kartet Hald kartet slik at det stemmer overens med terrenget. Då skal nord på kartet peike mot nord på kompasset. Finn så ut kvar du er på kartet, for nå stemmer det overens med terrenget.

Kvar er du på kartet? Turkarta har ikkje alle detaljer, noko som gjer det vanskeleg å sjå på kartet nøyaktig kvar ein er. Lær deg difor å lese kartet slik at du kan kjenne igjen terrenget. Høgdekurvane er det viktigaste å forstå, fordi dei visar landskapets konturar og kor bratt det er. Sjø, vatn, vegar, kraftliner m.m. er referansepunkt som du finn igjen både på kart og i terrenget. Bruk dei for å finna din posisjon i kartet.

Å gå etter kompasset Finn ut kvar du er på kartet (A) og kvar du skal til på kartet (B). 1. Plasser kompasset oppå kartet. Legg kanten på kompasset, med marsjretnings-

pila frå den staden du er (A), til det punktet du skal (B). Vær nøyaktig. Marsjretningspila må peike den vegen du skal. (Ikkje bry deg om kompassnåla).

2. Drei kompasshuset slik at nordpila og hjelpelinjane i botnen av kompasshuset

er parallelle med nord–sør linjene på kartet.

3. Ta kompasset vekk frå kartet. Hald det vassrett i handa. Snu deg og kompasset

slik at kompassnåla ligg inne i kompasshusets nordpil. Pass på at den raude delen av kompassnåla peikar mot N-merket inne i kompasshuset. Marsj- retningspila peikar no i den retninga du skal gå. Foto: Silva.se

Kilde: Silva.no


Namn

Alder

Tveiteskaret, 610 m.o.h.

Bufjellet, 212 m.o.h.

Piltevarden, 194 m.o.h.

Engesetstølen, 395 m.o.h. Adresse

E-post

Høgefjellet, 384 m.o.h.

Råkeneset, 25 m.o.h.

Pollatinden, 541 m.o.h.

Husefjellet, 160 m.o.h.

Telefon

Klipp ut og lever denne sida innan 01.11.2016 dersom du vil vere med i trekninga av flotte premiar. I Gulen leverer du på

Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund leverer du på Gjenbruket på Hardbakke.

Hugs å klippa hol i side 33 og 35

Ravnenipa rundt, 104 m.o.h.

Sperrefjellet, 148 m.o.h.

33


34

Slik brukar du klippekortet: Kvar gong du gjennomfører eit av dei 10 turmåla i dette heftet vil du ved turmålet finna ei klippetong som du klipper hol i dette turheftet med. Klipp gjennom side 33 til 35. Dersom der er ein postkasse ved turmålet må du også gjerne skrive inn namnet ditt i den lokale boka. Dersom du har minst eit klipp i turheftet kan du levere inn side 33 og vere med i trekninga om premiar. Personar med seks klipp eller meir er med om ekstra fine premiar. I Gulen leverer du på Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund leverer du på Gjenbruket på Hardbakke. Fleire Turpass får du på Kommunehuset i Eivindvik, Joker i Brekke samt på Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund får du fleire turpass på Gjenbruket og kommunehuset på Hardbakke.


35

Tveiteskaret, 610 m.o.h.

Bufjellet, 212 m.o.h.

Piltevarden, 194 m.o.h.

Engesetstølen, 395 m.o.h.

Høgefjellet, 384 m.o.h.

Råkeneset, 25 m.o.h.

Pollatinden, 541 m.o.h.

Husefjellet, 160 m.o.h.

Ravnenipa rundt, 104 m.o.h.

Sperrefjellet, 148 m.o.h.


36

Trykk: BODONI

YST i samarbeid med:

KLIPPEKORT 10 TURMÅL FOR STORE OG SMÅ! For å vere med i trekninga av fine premiar må du levere inn side 33 innan 01.11.2016. I Gulen kan du levere på Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund kan du levere på Gjenbruket på Hardbakke.

Naturopplevingar for livet!

KONTAKT OSS E-post

ytresognturlag@gmail.com

Heimeside https://ytresogn.dnt.no YST Leiar

Wenche Midthun (T:416 18 443)

YST Nestleiar

Mark Elvevåg (T: 950 28 232)

YST-Ung gruppeleiar

Solveig Takle

Barnas Turlag Gulen

Monica Reknes

Barnas Turlag Solund Trond Osland


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.