Tema skular og utdanning 2014

Page 1

Tema i dag: skular og utdanning


skular & utdanning

Arbeidspraksis gjer det lettare Stryn vidaregåande skule har innført ein ny opplæringsmodell, der elevane kan fordjupe seg i ønska yrke allereie første året på byggog anleggsteknikk. Det gjer det lettare for elevane å velje rett yrkesutdanning.

I haust starta Stryn vidaregåande skule opp den nye opplæringsmodellen – «Vekslingsmodellen» med fordjuping i ønska yrke allereie første året innan programfaget bygg- og anleggsteknikk. Det betyr at elevane får prøve seg ut i arbeidslivet etter berre nokre dagar på skulebenken. Dei kan då velje mellom ti ulike yrke, relevant for deira utdanningsval. Elevane kan velje å prøve ut eitt eller fleire av desse yrka. Praksisen er at

dei som vil får vere på ein arbeidsplass ein dag i veka. Lærerikt Jan Erik Hoddevik frå Olden er ein av dei som har nytta seg av det nye tilbodet ved skulen no i haust. Han har allereie bestemt seg for at han vil bli røyrleggjar, og har vore hjå Kr. Vik i Stryn ein dag i veka. – Eg har lært mykje ute i praksis dette første halvåret. No er eg endå meir sikker på at det er røyrleggjar eg vil bli. Arbeidsoppgå-

vene har vore å vere med ein røyrleggjar på jobb. Det handlar både om nybygg og arbeidsoppgåver i eldre hus, seier Jan Erik som neste år må reise til Florø eller Sogndal for å ta andre året på klima, energi- og miljøteknikk, spesifikt røyrleggjarfaget. Deretter kan han kome attende til Stryn for å bli lærling i to år. Byggjer hus Bjørnar Sæten frå Loen er ein annan som også har valt ein dag i veka ute i arbeidspraksis. Han er med ein entreprenør som byggjer bustadar i Stryn sentrum, og får lære både tømrarfaget og betongarbeidarfaget. – Planen min er å bli både tømrar og betongarbeidar.

Etter to år på skule her i Stryn vil eg gå ut som lærling på den arbeidsplassen eg er no. Når læretida er over etter to år kan eg ta fagbrev som tømrar. Seinare kan eg arbeide eitt år til og så ta nytt fagbrev som betongarbeidar, seier Sæten som trivst godt med å arbeide ute ein dag i veka. –Tømrar er eit yrke som eg trivst veldig godt med. Det er kjekt med fysisk kroppsarbeid, og eg likar godt å byggje hus. I løpet av eit halvt år med skule og praksis har eg lært veldig mykje. Eg opplever at eg får bruk for teorien vi lærer på skulen, når eg kjem ut på arbeidsplassen, seier Bjørnar som skal ta over ein gard i Loen. – Å kombinere tømrar-

yrket med å vere bonde trur eg kan bli ei bra løysing, seier han. Rett utdanningsval Johanne Elisabett Sørdal er utviklingsleiar ved skulen, og seier at fordjuping innan det yrke eleven ønskjer allereie første året, er ein framtidsretta tanke. – Vekslingsmodellen ved Stryn vidaregåande skule er eit resultat av fleire års internasjonalt samarbeid. Opplæringsmodellen i Stryn er nær linka til korleis København Tekniske skule har bygd opp sine yrkesfagutdanningar. Då Stortingsmelding 20 – «Kvalitet og mangfald i fellesskolen» kom våren 2013, såg vi at denne samanføyde seg med våre tankar og planar kring

denne nye modellen, seier Sørdal som understrekar at elevane kan velje ein dag med arbeidspraksis allereie første året. –I dag har vi sytten elevar på Vg 1 bygg- og anleggsteknikk, der fem til sju av dei er ute på ein arbeidsplass ein dag i veka. Tanken er at dei skal få prøve ønska yrke ute i praksis, slik at dei seinare kan velje rett utdanningsveg. Vi meiner at relevant praksis er viktig for å ta dei rette vala, seier Sørdal. Fleksible løysingar Første året kan elevane velje mellom heile ti ulike yrke, som dei kan få prøve ut. Det er innan anlegg, anleggsmaskinførar, fjellarbeidar, betong, stillasbyggjar, tømrar, røyrleggjar,


50 ledige lĂŚreplassar

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI OG HAVBRUKSFAG

Mange spanande jobbar ventar pĂĽ deg i fiskeri- og havbruksrelaterte nĂŚringar. Les meir pĂĽ www.okfh.no

sikker jobb

- trygg framtid

OpplĂŚringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane Maritim Park, Raudeberg / Pb. 89, 6707 Raudeberg Tlf. 57 85 22 32, epost: post@okfh.no

Vi tek inn lĂŚrlingar i fag: Kjemiprosess, Produksjonsteknikk, Industrimekanikar, Sveis, Plate, Automatisering, Elektrikar, Dataelektronikar, IKT-service, CNC-maskineringsteknikk, Logistikk, Kontor- og administrasjon, Salsfag, Industrisnikkar, Industrirørleggar, Motormekanikar, Industrimontør, Serigrafifaget, Industriell overflatebehandling, Laboratoriefaget. LĂŚrebedrifter: BIS Høyanger, BIS Ă…rdal, BIS Svelgen, Elkem, Ewos, Vik Ă˜rsta, Petal, Solund Verft, Havyard Ship Technology, Stryvo Cermaq, Teekay Petrojarl, KMI, Norway Pelagic avd. KalvĂĽg, Norway Pelagic avd. Florø, Nesseplast, Førde Mekaniske Industri, WIS, WISS, ITM, Klausen, Fjordpipe, Luster Mekaniske Industri, Nomek, ĂžĂ€ĂƒĂŒ>Ă€]ĂŠHellenes, Solheim Diesel, SafeClean, PRO OpplĂŚringskontoret, Sunnfjord Industri og Sveiseservice, Hagen, Halliburton, NTP, Rørleggar Nigardsøy, TESS, Swire Oilfield Service, Saint Jean Wheels. SjĂĽ www.pro.sf.no for korleis ĂĽ søke. Søknadsfrist 1.3.

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

STRYN VIDAREGĂ…ANDE SKULE

Stryn vidaregĂĽande skule For deg som vil litt meir!

– Ein lĂŚrer aller best praktisk arbeid ute pĂĽ ein arbeidsplass, meiner frĂĽ venstre Joakim Johanessen, Alexander Haavik, Bjørnar SĂŚten og Jan Erik Hoddevik. Stryn vidaregĂĽande tilbyr ein dag med praksis allereie første ĂĽret pĂĽ bygg- og anleggsteknikk.

Med bygg- og anleggsteknikk kan du bli:

ĂĽ velje taktekkjar og ventilasjonog blikkenslagar. –Det er ikkje alle desse arbeidsplassane vi finn rett utanfor skuledøra, men vi arbeider for ĂĽ finne fleksible løysingar, og dĂĽ gjerne pĂĽ heimplassen til eleven. Dersom vi til dømes har ein elev frĂĽ Eid, kan vi prøve ĂĽ finne ein relevant arbeidsplass der, seier Sørdal som mellom anna fortel om det unike tilbodet elevane har om ĂĽ reise til København, for ĂĽ fĂĽ praksis innan murarfaget. – I Sogn og Fjordane finst det ikkje bedrifter som utfører tradisjonelt murararbeid frĂĽ grunnen av, med teglsteinsmuring til dømes. Men ved eit samarbeid med København Tekniske skule klarer vi ĂĽ fĂĽ til den praksisen ogsĂĽ. Det er

pĂĽ Vg 2 at elevane som tek murarfaget fĂĽr eit tilbod om tre veker teoretisk og praktisk opplĂŚring ved denne skulen. Utvekslinga er eit resultat av samarbeid med skulen i København gjennom europaprosjektet ÂŤLeonardo da Vinci mobilitetÂť, seier Sørdal som ogsĂĽ opplyser at neste ĂĽr vil Stryn vidaregĂĽande kunne ta inn 24 elevar ved Vg1 bygg- og anleggsteknikk, mot sytten i dag. LĂŚrer i praksis Alexander Haavik og Joakim Johanessen frĂĽ Eid gĂĽr begge andre ĂĽret pĂĽ byggog anleggsteknikk. Dei har valt tømrarfaget, der den eine vil bli tømrar og den andre ingeniør. – Eg lĂŚrer best nĂĽr eg er ute i praksis. Ă… fĂĽ sjĂĽ

Tømrar, murar, mĂĽlar, røyrleggjar, veg- og anleggsfagarebeidar, asfaltør, banemontør, anleggsmaskinførar, stillasbyggjar, taktekker, blikkenslager, trevaresnikkar, glasfagarbeidar. korleis ting skal gjerast er det beste, seier Alexander som planlegg ĂĽ ta fagbrev som tømrar etter to ĂĽr som lĂŚrling. Joakim Johanessen skal ogsĂĽ ta fagbrev som tømrar, men vil gjerne utdanne seg til ingeniør etter det. –Min plan er ĂĽ gĂĽ pĂĽ teknisk fagskule først, og sĂĽ ta ingeniørutdanning etter det, seier Joakim. Og denne ÂŤfagvegenÂť til ingeniøryrket er noko som bĂĽde skulen og nĂŚringa er oppteken av. – Vi ser innan fagmiljøet for ingeniørar at dei aller helst vil ha nyutdanna med fagbrev innan yrkesfag. Dei sit med ein fagleg kompetanse innan byggtekniske fag som blir prioritert i yrkeslivet, seier Sørdal som meiner at den-

ne mĂĽten ĂĽ tenkje utdanning pĂĽ kan overførast til fleire yrkesfag. – Ei yrkesfagleg utdanning med fagbrev vil gje ei større forstĂĽing for det yrket ein er pĂĽ veg inn i. Ă… ta utdanningsvegen studiespesialisering er vel og bra, men det gjev ikkje det same springbrettet yrkesmessig, understrekar ho. – Med eit fagbrev opnar dei fleste mulegheiter seg for vidare og høgare utdanning. Ungdom som vel denne utdanningsvegen er dei mest attraktive pĂĽ arbeidsmarknaden.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no Direkte telefon: 57 88 53 17

YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM INNAN VG1/VG2 sÂŹ"YGG ÂŹOGÂŹANLEGGSTEKNIKK sÂŹ(ELSE ÂŹOGÂŹOPPVEKSTFAG sÂŹ3ERVICEÂŹOGÂŹSAMFERDSEL STUDIEFĂ˜REBUANDE UTDANNINGSPROGRAM INNAN VG1/VG2/VG3 sÂŹ3TUDIESPESIALISERANDE sÂŹ)DRETTSFAGÂŹ 6' 6' 3Â’KNADÂŹPĂ?ÂŹWWW VIGO NO &ORÂŹMEIRÂŹINFORMASJON ÂŹ3JĂ?ÂŹWWW STRYN VGS NO

STRYN VIDAREGĂ…ANDE SKULE 0OSTBOKSÂŹ ÂŹ3429. 4ELEFON ÂŹ ÂŹ ÂŹ ÂŹ


skular & utdanning

Fysisk aktivitet er bra for skul – Idrettsfag på timeplanen er bra både for kroppen og dei generelle studiefaga, seier tre elevar som har valt turn som spesialidrett på idrettfag ved Firda vidaregåande skule.

Magnus Henden frå Hennebygda, Martine Almenning frå Rugsund og Espen Koltveit frå Raudeberg er elevar med idrett som programfag på Firda vidaregåande på Sandane. Magnus går første året, medan Espen og Martine går andre året, der

dei alle har valt turn som spesialidrett. Martine har turn som breiddeidrett, medan Magnus og Espen har det som toppidrett. – Eg har utvikla meg veldig mykje som turnar etter berre vel eit halvt år på skulen, seier Magnus Henden som starta på idretts-

linja i haust. Då hadde han bak seg heile elleve år med turn, etter at han har vore aktiv i turngruppa på Eid sidan han var fem år. – For meg hadde det vore lite aktuelt å skulle velje vanleg studieførebuande som programfag. Eg likar å vere i aktivitet, og turn-

miljøet her på skulen er veldig bra. Vi har gode fascilitetar med eigen turnhall, og no har også den unike skumgummigropa kome på plass. Det betyr at vi kan kaste oss ut i fleire ulike utfordringar fordi tryggleiken er betre med ei slik grop, seier Magnus og får støtte frå Espen Koltveit som går andre året. Utviklande miljø – Eg har turna i Skavøypoll IL sidan eg var ti år, og valde idrett her på

Sandane for å utvikle meg vidare. Her er forholda lagt til rette slik at vi kan få halde på mykje med turn, under gode tilhøve for trening. Ikkje minst vil eg understreke den skumgummigropa som no er komen på plass. Ei grop som vi kan lande i, med minimal risiko for å kome ned på feil plass. Då kan vi verkeleg få utfordre oss sjølve, seier Espen. Han understrekar at elevane brukar mykje tid på trening saman, og at dei lærer

ved å samarbeide i eit fellesskap. – Vi må alltid strekkje oss vidare og prøve ut nye saltoar og ting som vi kan gjere i lufta. Vi kan til dømes sjå på youtube korleis det skal gjennomførast, for så å prøve sjølve gjennom mange timar med terping. Etter kvart er det dette som gjev resultat, seier Espen som sjølv har planar om å bli politi. – Ein bakgrunn frå idrett som programfag på vidaregåande kan nok kome


DRØMMER DU OM Å BLI FRISØR? Å være frisør er gøy, sosialt og skapende. Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av eget innsats umiddelbart? Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv. Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling. For mer informasjon ta kontakt, eller gå inn på cancamskolen.no eller facebook.com/frisorskole. Studiestart: august 2014 og januar 2015.

SKOLEN

Ålesund // tlf 951 70 784 // soknad@cancamskolen.no

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

edagen godt med når eg skal søkje vidare på politihøgskulen, trur han.

sjon og balanse, seier Martine som til liks med Magnus ikkje har bestemt seg for kva ho vil bli. – Eg veit ikkje kva for yrke eller utdanningsval eg vil velje vidare, seier han som likevel meiner at mykje idrett på skulen er bra, også for dei teoretiske faga. – Konsentrasjonen blir betre når vi får nytta så mykje av skuledagen til å halde oss i form. Det er også eit positivt pluss for dei teoretiske faga, der vi fak-

tisk må sitje stille, seier Magnus. Fleire idrettar Vel ein programfag idrett ved Firda kan ein fordjupe seg i fotball, handball, turn, volleyball, svømming, friidrett (løp/hopp/ kast), vektløfting og friluftsliv. Ved sidan av har ein også aktivitetslære som mellom anna inkluderer friluftsliv. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no Direkte telefon: 57 88 53 17

• Studiespesialiserande • Musikk, dans og drama

• Idrettsfag • Vg3 påbygg, generell studiekompetane

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 Ǧ ǣ ǤƤ ̷ ƦǤ Ǧ ǣ Ƥ Ǥ Ǥ

FIRDA VGS MEDIESENTER

Ny som turnar Martine Almenning hadde lite kjennskap til turnsporten då ho starta på idrettsfag på Sandane. – Eg har valt turn som breiddeidrett og har både turn og fotball som mine spesialfag. Under skuletida mi så langt på Sandane har eg lært mykje innan turnsporten. Ikkje minst har eg fått betre koordina-

–Vi har ein veldig kjekk skulekvardag, der vi får bruke mykje tid i idrettshallen, seier frå venstre Martine Almenning, Magnus Henden og Espen Koltveidt på Firda vidaregåande skule.

MEIR ENN EIN SKULE


skular & utdanning

IKKJE BERRE TRE: Møbelproduksjon i dag er ikkje berre tradisjonelt trearbeid, og utdanninga er materialnøytral med fokus på metall, plast, stoff og hud i tillegg til tre.

Mange moglegheiter med Trearbeidsringen Nordfjord Trearbeidsringen Nordfjord er danna for å auke rekrutteringa til tre- og møbelbransjen i distriktet. Elevar med bakgrunn frå VG2 industriell møbelproduksjon ved Eid vidaregåande skule har tilgang til mange ulike oppgåver i dei ni bedriftene som er med i ringen. Norgesviduet Bjørlo AS, Bjarne Espe Trevarefabrikk AS, Nordvestvinduet AS, Hagen Treindustri AS, Holmøy Møbel AS, Stryn Møbelindustri AS, Tonning Møbelfabrikk AS, J. E. Ekornes AS avd. Grodås og Grodås Mønsterteknologi AS har til saman 450 arbeidsplassar i Nordfjord.

Studiespesialiserande med formgjevingsfag Frå skuleåret 2014-2015 tilbyr Eid vidaregåande skule Studiespesialiserande med formgjevingsfag. Elevane får jobbe med maleteknikkar, grafisk design, animasjon, foto og scenografi i eigne prosjekt, men òg saman med profesjonelle aktørar i Operahuset Nordfjord og Malakoff Rockfestival. Programfaga er Visuelle kunstfag, Design og arkitektur, Scenografi og kostyme, Trykk og foto, og allereie på 1. trinn er det 10 timar programfag per veke. Formgjevingsfag gjev generell studiekompetanse og moglegheit for spesiell studiekompetanse om ein vel fysikk og matematikk på realfag.

Med sans f

VERDAS VAKRASTE YRKE Ørsta vidaregåande skule er den einaste skulen i Møre og Romsdal som tilbyr blomsterdekoratørutdanning. I tillegg har elevane også høve til utplassering i utlandet. Oline Johanne Jensine Gjesdal har sett moglegheita i blomsterbransjen, og akkurat no er ho på veg til å utdanne seg som blomsterdekoratør. Det er litt vilt, litt vakkert, men ikkje minst fargerikt. Du er konstant omgitt av naturens eigne kreasjonar og himmelske dufter. Lite kan samanliknast med det å arbeide med blomster. Oline Johanne Jensine Gjesdal har hatt sommarjobb ved Heidatun staudegartneri på Lauvstad, og såg fort at ho brann for å jobbe med blomster. I 2012 - 2013 gjekk ho VG1 design og handverk, og har no starta på VG2 Blomsterdekoratør som er eit utdanningstilbod ved Ørsta vidaregåande skule. - Følg hjartet ditt! Tørr å satse, seier Oline.

EIT SKAPANDE YRKE Blomsterdekoratøryrket er eit skapande yrke, og her vil du lære å trene deg til å få eit godt auge for farge og form. Som blomsterdekoratør jobbar du mykje med andre menneske, du hjelper dei til å få uttrykke deira følelsar i både sorg og glede. Faget går ut på å lage blomsterarbeid til ulike anledningar som bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, bursdagar, sorg, dekorere rom, eller berre for å gi noko vakkert for å glede eit anna menneske.

TILBOD SKULEÅRET 2014/2015 Bygg- og anleggsteknikk Elektrofag VG1 Bygg- og anleggstekn. VG1 Elektrofag VG2 Byggteknikk VG2 Energi VG1 Automatisering Design og handverk VG3 Automatiseringsfag VG1 Design og handverk VG2 Blomsterdekoratør Helse- og oppvekstfag VG1 Helse- og oppvekstfag VG2 Barne- og ungd.arb.f. VG2 Helsefagarbeider

Ørsta vgs

Restaurant- og matfag VG1 Restaurant- og matfag VG2 Kokk- og servitørfag Teknikk og industriell produksjon VG1 Teknikk og ind.prod. VG2 Arbeidsmaskiner VG2 Kjøretøy VG2 Industriteknologi

Ørsta vidaregåande skule, Holmegt. 14, Ørsta tlf. 70 04 74 00, www.orsta.vgs.no

Eid har 150 år med tradisjon for utdanning i trearbeidsfag. Arvtakaren er industriell møbelproduksjon, som rekrutterer til mange ulike yrke. Faget er meir materialuavhengig i dag, med fokus på metall, plast, stoff og hud i tillegg til tre, men det er framleis ein del elevar som ønskjer å arbeide med det tradisjonsrike materialet.

Kristoffer Sjåstad (18) frå Stadlandet, Silje Forthun (18) frå Årdal og Martin Myklebust Kvile (17) frå Breim vil alle bli møbelsnikkarar, og har valt VG2 Industriell møbelproduksjon ved Eid vidaregåande skule for å nå målet. Mykje på verkstaden Dei lærer å lage møblar både for hand og med maskiner, og alle tre legg vekt på at det er ei utdanning med svært mykje praksis. – Eg likar å snikre og dri-

ve med treverk, og her får vi mykje tid på verkstaden og med maskinene. Det passar meg bra. Eid vidaregåande har eit godt tilbod i denne linja, meiner Sjåstad. – Eg gjekk først to år på mekanikk, men ombestemte meg fordi det var så mykje matematikk og komplisert teori. Industriell møbelproduksjon verka meir gøy – og er det! Det er meir handfast og større vekt på praktisk arbeid her, og det likar eg, fortel Forthun.


GITAR: Kristoffer Sjåstad lagar ny kropp til gitaren sin.

STOL: Silje Forthun dreier bein til stolen ho held på å lage. Lærar Mari-Janne Henden rettleiar.

SPISEBORD: Martin Myklebust Kvile har bygd eit spisestovebord i heiltre eik. Berre pussing og lakkering står att.

or trevirke og praktisk arbeid Med teknikk og industriell produksjon kan du bli: Møbelsnikkar, platearbeidar, industrimekanikar, bilmekanikar, verktøymakar, billakkerar, motormekanikar, brønnoperatør eller motormann.

Myklebust Kvile søkte eigentleg på ei anna linje, og fekk plass på Industriell møbelproduksjon etter å ha ringt og spurt etter at søknadsfristen var gått ut. – Eg hadde flaks og fekk plass. Det er eg glad for, for eg likar meg veldig godt her. Det er veldig kjekt med praktisk arbeid,

og eg tykkjer det er fint at vi får lage det vi vil, seier han. Sjølvvalde prosjekt At dei får bruke eigen kreativitet og jobbe med sjølvvalde prosjekt er også av betyding for Sjåstad, Forthun og Myklebust Kvile. I starten av skuleåret er det obligatorisk å byggje ein kommode, men når den er ferdig står elevane fritt til å velje prosjekt sjølve. Sjåstad har mellom anna laga eit bord han har ståande på hybelen sin, og er no i ferd med å byggje ny kropp til gitaren sin. Myklebust Kvile har ferdigstilt ein tv-benk og to nattbord med glasdører, og legg no siste hand på eit massivt spisebord i eik som skal få plass i stova heime hos faren når det er pussa og lakkert. Forthun har sans for tradi-

sjonsrikt møbelhandverk, og har bygd eit låsbart skåp med utskjeringar i tre. No held ho på å lage ein kopi av ein gamal stol med innebygd skuffe. – Eg er glad i å jobbe med tre, og kosar meg her. Ein dag hadde det vore flott å kunne lage eitt og eitt møbel i min eigen verkstad, seier ho. Landsdekkande tilbod Om ein vel Teknikk og industriell produksjon (TIP) på vidaregåande, lærer ein mellom anna dreiing, sveising, trearbeid, programmering av industrirobotar og korleis motorar verkar. Spesielt for Eid vidaregåande er at TIP-elevane jobbar tett opp mot arrangement i Operahuset Nordfjord, og lagar kulisser, byggjer scener, sveiser lamper og lagar møblar og interiør til opera og musikal. Det andre året kan ein så

gå vidare med anten VG2 Industriteknologi eller med VG2 Industriell møbelproduksjon. Frå komande skuleår har Eid vidaregåande skule den einaste linja for industriell møbelproduksjon i Norge, med landsdekkande tilbod og plass til tolv elevar. – Stor arbeidsmarknad Sjølv om møbelproduksjon har gått frå handverk til industriell produksjon, er det stadig rom for trevirke i faget, og distriktet har ein tre- og møbelbransje med lange tradisjonar. TIP gjev grunnlag for svært mange lærefag, og skulen samarbeider tett med næringslivet gjennom Trearbeidsringen, som representerer ni verksemder med 450 arbeidsplassar. – Reknar ein med Sunnmøre, kjem ein opp i 2.500 sysselsette i vår region. Arbeidsmarknaden innan-

for denne næringa er stor for unge som ønskjer å satse på denne utdanningsvegen, seier rektor Ove Bjørlo på Eid vidaregåande. – Etter å ha fullført to skuleår, kan elevane gå ut i lære og få seg fagbrev, eller gå vidare til påbygg for generell studiekompetanse og derifrå gå vidare på høgskule, seier han. Ønskjer læreplass Både Sjåstad, Forthun og Myklebust Kvile håpar på læreplass hjå bedrifter i Nordfjord. Sjåstad har allereie fått tilbod om plass. – Eg vil ikkje ha meir utdanning etter dette skuleåret, eg vil ut i jobb. Ekornes i Hornindal har ein plass til meg når eg er ferdig, og den vil eg ta, fastslår han. – Sjølv om eg seinare tek sikte på å bli sjølvstendig

møbelsnikkar, vil eg ha lærlingplass og jobbe i bedrift. Kanskje hjå Bjørlo Norgesviduet, det kunne eg godt tenke meg, seier Forthun. – Det kan kanskje bli aktuelt med vidare utdanning på eit seinare tidspunkt, men først vil eg gå vegen som lærling. Eg kunne til dømes ha lyst på plass hjå Espe eller Nordvestvinduet. Målet mitt er å få jobb som møbelsnikkar i ein bedrift som driv med møbelproduksjon, og aller helst her i distriktet, seier Myklebust Kvile.

MARIA HJELLE maria.hjelle@fjordabladet.no Direkte telefon: 57 88 53 14


skular & utdanning Eid vidaregåande skule

Utdanningsprogram for Eid vidaregåande skule 14/15

%ID VGS EIN SKULE FOR L RING OG N RING Besøk www.eid.vgs.no og vår facebookside eller ring 57 88 52 00

Alle elevane på alle trinn kan velje PROGRAMFAG knytt til skulemusikal og idrett

s 34 3TUDIESPESIALISERANDE realfag, økonomifag, samfunnsfag, språkfag. 3TUDIESPESIALISERANDE MED FORMGJEVINGSFAG s %, %LEKTROFAG vg1, vg2 elenergi, vg2 data og elektronikk, vg3 dataelektronikk

s 40 4EKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON vg1, vg2 industriteknologi, vg2 industriell møbelproduksjon (landslinje)

s 0" 0ÌBYGGING TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE s $( $ESIGN OG HANDVERK fylkesdekkjande tilbod, vg1, vg2 interiør og utstillingsdesign

s )NNF RINGSKLASSE FOR FRAMANDSPRÌKLEGE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

www.maloy.vgs.no

Er dette noko for deg? VG1 Bygg- og anleggsteknikk VG1 Helse- og oppvekstfag VG1 Naturbruk VG1 Restaurant- og matfag VG1 Studiespesialisering VG1 Teknikk og industriell produksjon

Med restaurant- og matfag kan du bli: Kokk, institusjonskokk, servitør, bakar, konditor, pølsemakar, kjøttskjærar, slaktar, butikkslaktar, sjømathandlar, fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon.

VG2 Akvakultur VG2 Barne- og ungdomsarbeiderfag VG2 Byggteknikk VG2 Fiske og fangst VG2 Industriteknologi VG2 Kokk- og servitørfag VG2 Køyretøy VG2 Maritime fag VG2 VG2/3 Studiespesialisering - Språk, samfunnsfag og økonomi - Realfag

Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen tlf.nr: 57 84 91 00 e-post:

postmottak.maloyvgs@sfj.no www.maloy.vgs.no

Eit nytt syn på matlaging Tekniske og allmenne fag (TAF) s 4EKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON s (ELSE OG OPPVEKSTFAG s !KVAKULTUR

– Vi har lært grunnleggande matlaging, og kan setje saman mange spennande rettar av gode råvarer, seier tre elevar som går andre året på kokk- og servitør ved Måløy vidaregåande skule. Jim Frode Pedersen, Kristoffer Stokke d.y. og Siril Sjåstad går alle andre året ved programfaget restaurant- og matfag ved Mål-

øy vidaregåande skule. Andre året heiter det kokkog servitør, og etter halvanna år ved skulen har dei lært å lage mat av gode

råvarer, frå grunnen av. –Vi har lært korleis dei mest grunnleggande oppskriftene fungerer, og så kan vi byggje matlaginga


–Det er spennande å utdanne seg til kokk i Måløy. Vi får mange utfordringar og får vere med på konkurransar undervegs, seier frå venstre Jim Frode Pedersen, Kristoffer Stokke og Siril Sjåstad.

ut frå det, seier Kristoffer Stokke som for lengst har lagt vekk Toro-pakken når han skal lage mat. –Det handlar om å gå i djupna når det gjeld kjennskap til råvarer og matlaging, alt frå sausar til meir avanserte teknikkar og mange slags sortar av garnityr, seier dei tre som meiner lærarane ved skulen og bra utstyr på kjøkkenet, er viktige faktorar for ei bra utdanning. Topp kjøkken –Vi har eit heilt topp moderne kjøkken med alt ein kan ønskje seg av gode kjøkkenreiskapar. Det gjer til at ein kan prøve seg på avansert matlaging og lukkast. Mellom an-

na har vi tilgang på fersk fisk frå skulen sin fiskebåt og ein eigen røykjeomn. Lærarane er også veldig flinke og kjem med dei beste råda undervegs, seier dei tre som ønskjer å gå ulike yrkesvegar etter to år ved skulen i Måløy. Lærling på båt Jim Frode Pedersen frå Florø har allereie fått jobb som lærling på Hurtigruta, og tek til der etter avslutta skulegang i Måløy no til våren. –Eg har vel alltid hatt lyst til å arbeide på ein båt, og no går draumen i oppfylling, der eg også får jobbe med mat, seier Jim Frode. Han trivst veldig godt

med studieopplegget på skulen, ikkje minst fordi elevane får utfordringar av ulike slag. –Vi har hatt fleire oppdrag tilknytta aktivitetar utanfor skulen, og ulike konkurransar som vi har vore med på. Det er ein spennande måte å lære på, seier han. Også Siril Sjåstad frå Stadlandet vil gjerne bli lærling på ein båt. –Eg kjem frå ein fiskarfamilie og for meg er det heilt naturleg å prøve livet til sjøs, seier Siril som gjerne vil til fjerne farvatn for å lage mat. Å jobbe i land som Kina, Japan og Australia er noko ho kunne tenkje seg. –I desse landa finst det spennande kjøkken som har kome

langt med å utvikle det beste av gourmetmat, fortel ho.

finitivt ein viktig hobby for meg i framtida, seier Kristoffer.

Mat som hobby Kristoffer Stokke er den einaste av dei tre som ikkje vil gå vidare på kokkevegen etter to år i Måløy. –Eg har vel funne ut at ei meir teoretisk utdanning passar best for meg, og har bestemt meg for å studere jus. Det betyr studiespesialiserande her i Måløy frå hausten av, seier Kristoffer som likevel ikkje har angra på valet av kokkefag. –No har eg lært mykje om matlaging som eg vil ta med meg vidare. Det er spennande å lage litt utfordrande rettar, og matlaging blir de-

Mange vegval Frå hausten av er det berre Måløy vidaregåande skule som tilbyr restaurant- og matfag i Nordfjord, etter at Stryn vidaregåande miste det programfaget. Elles i Sogn og Fjordane er det to andre skular der ein kan ta dette faget, både første året og andre året på kokk- og servitør. Om ein vil gå vidare andre året på matfag, og seinare bli til dømes bakar eller konditor, må ein ut av fylket. INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no Direkte telefon: 57 88 53 17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.