Nordfjordsamkøyringa hus & heim

Page 1

Størst i Nordfjord

Temabilag for Nordfjord 25./26. september 2015

Har fruktbare tips for hagestellet – Hagearbeid er rekreasjon anten du plukkar ugras, haustar bær til sylting eller samlar frø til neste vår, seier Audhild Bogstad frå Breim. Ho er tredje generasjon gartnar og har mange gode råd til dei som lurer på korleis dei skal gjere hagen sin haustklar. side 2 og 3

Tek tak før problema

side 8

Ein hund etter sofaen

side 6


2 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Friske fargar: Audhild sitt råd at folk vel plantar etter der dei bur. Høgde over havet, nordavind, skugge og solrike plassar. Og så må dei velje plantar dei likar å sjå på. foto: privat

Nytt frø: – Eg samlar frå mellom anna frå Tagetes og lagrar dei i kaffifilter. Då tørkar dei høveleg, fortel Audhild. foto: inge fænn

Klipp, klipp:–Dette er viktigaste reiskapen eg har i hagearbeidet, seier Audhild om saksa. foto: inge fænn

Hageentusiast: Audhild Bogstad frå Reed i Breim er tredje generasjon gartnar og dreiv tidlegare Hagebakken Hageser Audhild og legg til at hage både er til hygge og til nytte. Her viser ho fram økologiske epler, som stadig fleire spør etter.

Gartnaren gir deg god Hausten er tid for å få løkane i jorda og samle frø til neste vår. Og å verne plantane mot snø og kulde med granbar.

••

Inge Fænn nordfj@fjt.no

Audhild Bogstad er tredje generasjon gartnar. Etter avslutta utdanning og nokre år ute, kom ho attende til småbruket til foreldra i bakkane ovanfor Reed i Breim. Ho starta Hagebakken Hageservice i 2005, men oppdaga at det var berre ein liten flokk som søkte hjelp. I dag køyrer

ho post, og slår plenar på fritidseigedomar kring i Gloppen. – Dei fleste har utstyrt seg med robot, men då går dei glipp av mykje mosjon. – Klipp ikkje for kort om våren, og heller ikkje siste plenklippen om hausten. Då tek mosen over, er rådet frå Bogstad, som legg mykje arbeid i

hagen på småbruket som faren og bestefaren har gjort. Det meste av det som skal klippast let ho vente til våren, eller i alle fall til ut i mars. Der ho klipper legg ho planteavfallet over planten til vern, og det er også viktig å hente granbar til å legge over plantane. – Ein hage blir aldri vedlike-


NORDFJORDSAMKØYRINGA september 2015 3

Oppskrift:–Vent til våren, og så klipper du inn til eit nytt friskt skot, forklarar Audhild. foto: inge fænn

Naturskjønn bløming: Årets siste rose med Breimsvatnet og fjellet Skjorta i bakgrunnen. foto: Privat

rvice. –Hagearbeid er rekreasjon anten du plukkar ugras, haustar bær til sylting eller samlar frø til neste vår, seier foto: inge fænn

Anten eller:–Ein hage blir aldri vedlikehaldsfri. Alternativet til det er asfalt, seier Audhild. foto: inge fænn

de haustråd for hagen haldsfri. Alternativet til det er asfalt, seier Audhild. Rådet hennar er at folk vel plantar etter der dei bur. Høgde over havet, nordavind, skugge og solrike plassar. Og så må dei velje plantar dei likar å sjå på. Ikkje springe etter trendar i tida, meiner ho og viser ein hortensia som faren planta

i 1929. Dei trudde planten var tapt etter mange år, men etter nedklippinga blomstrar han på nytt i år. – Det er eit spørsmål om rett val, og om å lytte til gode råd. Hagen er heilårsarbeid med unnatak av svartaste vinteren. Når vårsola skin inn vindauga plantar Audhild Bogstad frøa

ho samla i eigen hage i haust, i staden for å springe på butikken. Det er frø mellom anna frå tagetes og blomkarse som får nytt liv i pottene i glaskarmen. – Legg over gjennomsiktig folie til dei spirer, sett pottene lyst, men ikkje i direkte sollys og 15–20 grader, seier ho og viser leanderklokke som har

vakse fram frå ein kapsel ho fekk i Hovdebygda i fjor. Gartnaren lagrar frøa i kaffifilter, legg dei i ein mørk kjellar og skriv namn på slik at ingen skal ta feil. – Hagearbeid er rekreasjon anten du plukkar ugras, haustar bær til sylting eller samlar frø til neste vår.


4 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Passar ikkje inn: – Det er ikkje ein nymotens stol, seier Knut Tore Nes Hjelle om favorittmøbelet han fekk av tanta si. Dei gode barndomsminna som stolen representerer, i tillegg til at den er god å sitje i, gjer at den får bli i stova, sjølv om den eigentleg ikkje passar inn. Foto: privat

Lener seg på minna Ein gamal lys brun stol, som han aldri ville funne på å kjøpe sjølv, er bonde Knut Tore Nes Hjelle sitt favorittmøbel.

••

Janne Weltzien Listhaug nordfj@fjt.no – Eg hadde ein favorittstol ein gong, men den kasta kona mi, ler Knut Tore Nes Hjelle. Bonden har derfor lagt sin elsk på ein annan stol, som kanskje stammar heilt frå krigens dagar.

Barndomsminne

– Det er ein stol eg likar godt. Eg fekk den av ei tante ein gong i tida. Eg hadde neppe kjøpt den på butikken. Det er heilskapen som gjer at vi beheld

den, seier han og legg til at familien har hatt den i cirka ti år. Stolen er bonden sin favoritt, litt fordi den er god å sitje i, men òg på grunn av barndomsminna den representerer. – Eg var på besøk hos tanta, som eg fekk stolen av, då eg var liten. Ho hadde den så lenge eg kan hugse og så lenge som ho budde i huset sitt nede på Eid. Huset stod der som apoteket er, men det står ikkje lenger.

favorittmøbel •• Namn: Knut Tore Nes Hjelle •• Alder: 42 •• Adresse: Hjelle i Eid •• Bur i: einebustaden på garden

Katapulteffekten

Hjelle anslår at stolen kan vere frå krigens dagar, eller rett etter. Tanta hadde stolen i bestestova si. Då huset skulle rivast, og ho skulle flytte på sjukeheim, var det ingen som ville ha den gamle stolen. Nevøen forbarma seg derfor over den. Den har no plass i stova på hovudhuset på garden på Hjelle. – Stolen er eigentleg ikkje

brukande til så mykje anna enn å sitje i. Den er for låg. Den har ingen innstillingar eller noko, seier Knut Tore. Sjølv utan tekniske finesse er stolen noko for seg sjølv.

– Den har spesielle fjør i botnen, så om ein reiser seg litt brått, så smell det. Ein får ein katapulteffekt om ein reiser seg fort opp. Ein blir regelrett skoten opp, smiler bonden.

– Synest den var fin å ha

Sjølv om det er ein god stol å sitje i, har Hjelle ikkje så gode erfaringar med å sovne i den. – Den har ikkje støtte for hovudet. Så det er ugunstig om du sovnar og hovudet fell bakover. Då kan ein lett få kink i nakken, seier Knut Tore. Han beskriv stilen i heimen som «nytt og gamalt blanda i hop»: – Det er ikkje slik at stolen passar inn i stilen som vi har frå før. Det er sikkert mange som synest den berre var å kaste. Vi synest den var fin å ha. I alle fall synest eg det.


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA september 2015 5

- Isolerglas som doggar? - Knust glas? Energisparing?

Ny leverandør kjøkken & bad!

Din totalleverandør av alt innan glas: - Isolerglas, solavskjermande glas og spesialglas - Luxaflex solavskjerming, - Alum. fasader, glastak, vinterhage,vindu /dører. - Trevindu, PVC

ap Fagkunnsk t! gir tr ygghe

GODE KAMPANJEPRISAR

Kontakt

GLASS-SIKRING AS Følg Glassfagkjeden pü Facebook

GLASS - VINDAUGE - DĂ˜RER - FASADER 6821 SANDANE, tlf. 57 88 43 50 - post@glass-sikring.no

TRELAST - BYGGEVARER - KJĂ˜KENSENTER 6823 SANDANE • TLF. 57 86 80 60 www.trebohus.no

EndĂĽ meir ĂĽ gle seg til

Bygg draumehytta pü Harpefossen • Familievennlig • Midt mellom hav og bre • Ski inn / ski ut • Downhill sykling og riding • Kort avstand til handelssenteret Nordfjordeid • Jakt og fiske • Flott turterreng sommar og vinter • Gode utleigemoglegheiter med online booking

Aktivitet heile ĂĽret!

Attraktive solrike hyttetomter som held høg standard, tilrettelagt for alle moderne fasilitetar. Tomtene ligg i umiddelbar nÌrleik av büde skitrekk, lysløyper og turstiar opp pü høgfjellet. Skisenteret inneheld alle fasilitetar, har varierte nedfartar, store omrüder for frikøyring, terrengpark, big-air bag, stort skileikomrüde, 6 heisar, 13 nedfartar og snøsikkert.

Attraktive

hyttetomter 300-500.000,-

6770 Nordfjordeid Kontakt: Reidar Vonheim / Tlf. 901 53 660 / hyttegrend@harpefossen.no

Steinart.no

HAUSTKAMPANJE

- Dü er isolasjonsverdien halvert. - Glaset blir delvis svekka mot lekkasje Ring oss for rüdgjeving i høve valg av nytt glas og riktige glasløysingar!

www.harpefossen.no


6 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Po­pu­lært mø­bel: Vågs­øy­væ­rin­gen Ane Bar­men skriv i den­ne kom­men­ta­ren at ho har for­els­ka seg i ein Ekor­nes-sofa frå seks­ti­ta­let. Kom­for­ten er ik­kje ak­ku­rat på topp, men kva gjer vel det når den tar seg så godt ut? Mop­sen Gus­tav har på si side fun­ne sitt eige bruksområde for det rau­de vid­un­de­ret – til mat­mor si sto­re for­tvi­ling. Foto: pri­vat

Ein sofa til be­gjær Vi har fått oss ny sofa. So­f­aen med stor S. Han er ein knall­raud Ekor­nes-sofa frå 1962, over­te­ke frå eit bestefarloft i Bot­na­ne. Eg måt­ te mase i flei­ re år før min skep­tis­ke sunn­fjords­ke svi­ger­fa­ mi­lie gjekk med på ein­gong å prø­ ve å stap­pe han inn i den ves­le bi­len vår. (Der har ein for­res­ten kron­ dø­met på skil­na­den mel­lom sunn- og nord­fjor­din­gar: Svi­ger­fa­ mi­lien min – eg els­kar dei, men nåde meg kor god tid dei har – stod med ar­ma­ne i kors og ris­ta på ho­vu­det og sa at det­te gjekk ik­kje, medan eg, nord­fjor­din­gen, var hek­tisk og opp­glødd og rop­te: «Kom an, kara, ditta kla­ra vi!».) Til slutt fekk eg over­talt dei. Og so­f­aen fekk plass i bi­len, og han kom til Oslo, og så had­de vi of ­fi­si­elt Norges fi­nas­te sofa. Eg la spo­ren­streks bi­le­te av han ut på In­sta­gram og fekk hau­ge­vis med

likes. (#hur­ra!) Men det er ik­kje ber­re-ber­re med ein seks­ ti­tals­sofa. For om designen er ald­ri så lek­ker og far­ gen ald­ri så fresh, så er ik­kje kom­ for­ten ak­ku­rat slik ein er van med på 2000-ta­let. Eg veit ik­kje kva tan­kar dei gjor­de seg om sofa­bru­ ken på Møre på seks­ti­ta­let, men det var ga­ran­tert ik­kje at det før­ti år sei­na­re skul­le lig­g je to vaks­ne men­nes­ke og ei bik­kje der ein heil søn­dag og sjå tolv epi­so­dar med Game of Thro­nes på rad. Dei trud­de open­bert ik­kje på å lig­g je og dra seg på so­f­aen på Møre på seks­ti­ta­let. Dei trud­de på å sit­je opp­reist, rak i ryg­gen, med bei­na på gol­vet og ein kaf ­fi­kopp i han­da i maks ein time i gan­gen før ein has­ta vi­da­re til ar­beid som ven­ta. Og det er fak­tisk ein so­ve­so­fa, som sys­te­ra mi smer­te­leg har fått er­fa­re: ryg­gen kan løf­tast fram­

Det er ik­kje ber­re-ber­re med ein seks­ti­ tals­sofa.

Ane Bar­men Stolt ei­gar av ein knall­raud Ekor­nes-sofa

over slik at det blir ei slags dob­ bel­seng, be­rek­na for­trinns­vis for sa­dis­tis­ke a-men­nes­ke med mi­ni­ malt søvn­be­hov. Dei trud­de ik­kje på gode sove­for­hold på Møre hel­ ler. El­ler som sys­te­ra mi så dip­lo­ ma­tisk sa fyrste gon­gen ho had­de over­nat­ta på den nye døds­fine so­f­aen vår: «Han ... får meg til å verd­set­je sen­ga mi heime!». Ein an­nan ting ver­ken Ekor­ nes el­ler eg had­de sett for oss at

so­fa ­ en skul­le bru­kast til, var som kløstativ for hun­den vår, Gus­tav. For Gustaven har til mi sto­re for­ tvi­ling opp­da­ga for eit godt og grovt stoff det er i den nye so­f­aen: per­fekt til å ake rum­pa si bort­et­ ter når det måt­te klø. Eg kan ald­ri ten­ke meg at Ekor­nes såg for seg at ein bort­skjemd mops no­kon gong skul­le bru­ke so­f­aen dei­ra som rum­pe­klut. Men trass tre­smak i bak, rygg, ar­mar, bein og ho­vud, trass i at sys­te­ra mi har kut­ta dras­tisk ned på over­nat­tings­be­sø­ka sine, og trass i at hun­den trur so­fa ­ en er hen­ta for å bøte på akutt analkløe, og så står det att, det­te eine, vik­ti­ge ar­gu­men­tet: han gjer seg så inn­ma­ri, INN­MA­RI godt på Instagrambilete. Det må då vere verdt noko? #seijadå

••Ane Bar­men


NORDFJORDSAMKテ郎RINGA september 2015 7

Vi gir deg folk i Nordfjord pテ・ papir, nett og mobil - kvar dag, heile dテクgnet. nordfjordsamkoyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 27


8 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Storm i vente: Det er tid for å ta inn hagemøblar eller sikre dei slik at dei ikkje blir til flygande objekt når hauststormane set inn. Takstingeniør Jan-Aage Riksfjord i Nordfjord Takst AS seier at dette er eitt av dei tiltaka folk kan gjere for å unngå at det skjer skadar når uvêret rammar. Lause gjenstandar kan gjere skade på bygningar og personar om dei blir tatt av vind, og det er best å vere føre var. foto: Siri kolseth

Enkle grep kan vere nok Om du har hagemøblar ståande ute er det best å få dei i hus eller sikre dei i god tid før den aller første hauststormen kjem.

••

Siri Kolseth nordfj@fjt.no Hagemøblar, parasollar og trampolinar er lause gjenstandar som lett blir tatt av vinden, og som dagleg leiar Jon-Aage Riksfjord i Nordfjord Takst AS vil anbefale at ein tenker på å sikre no når hausten er komen. Selskapet reiser rundt og takserer skadar for forsikringsselskap i Nordfjord og på søre Sunnmøre, og veit det er fleire ting ein kan gjere for å unngå skadar når uvêret rammar.

– Kan gjere enkle grep

– Det er snakk om enkle tiltak som kan avgrense både skadar og ulukker, seier Jon-Aage Riksfjord, som er byggmeister og autorisert takstingeniør. Når det gjeld vind er det viktig å sikre alle lause gjenstandar for å unngå trøbbel.

– Slike gjenstandar kan gjere skade på eigen eller andre sin bygning, og dei kan skade personar, påpeiker Riksfjord. Dei som held på med oppussing har gjerne plater og materiale liggande ute, og slike ting må ein passe på å sikre. Også leveggar kan lett ta laust. – Ein kan gjere enkle grep med å stroppe leveggar eller stive dei av, seier takstmannen.

Stor nedbør

Utanom vind er det nedbør som er ei utfordring, og ein må ein passe på at rister, grøfter og stikkrenner ikkje blir tette. – Det å ha lauvsil i takrenner er eit enkelt tiltak som hindrar tett drenering, seier Riksfjord. Han tilrår elles at ein ser etter at takrennene er opne og at ein sjekkar at taksteinane ligg på plass. Takstmannen ser at det har blitt meir av både stormar og nedbør, og han ventar at dette kjem til å auke på. – Det er viktig at vi som bur vêrutsett til førebur oss. Om uhellet likevel er ute, skal ein kontakte det forsikringsselskapet ein brukar. – Når du har meldt inn skaden, får du eit skademeldingsskjema som du skal fylle ut og

returnere til forsikringsselskapet. Dei vurderer saka og tar kontakt med ein takstmann som takserer skaden, og eventuelt gjev råd om strakstiltak.

Personar først

Riksfjord seier at det kan vere at forsikringsselskapet vil gje anbefalte tiltak for den situa-

Det er viktig at vi som bur vêrutsett til førebur oss. Jon-Aage Riksfjord Dagleg leiar i Nordfjord Takst AS

sjonen ein står oppe i. Elles er det vanleg å berge det som kan bergast. Har du fått fritt vatn på golvet, tørkar du det opp for å avgrense skaden. Like eins er det sjølvsagt at ein sikrar viktige dokument og andre ting som kan ta skade. – Men først kjem sikkerheit for personar. Det er det første ein skal tenke på, understrekar Riksfjord.

Han seier at folk stort sett er flinke til å gjere tiltak som avgrensar skadane. Når takstmannen kjem, skriv han ein rapport til forsikringsselskapet, som avgjer i kva grad skaden gjev rett til erstatning. Takstmannen vurderer òg om det skal kome eit saneringsselskap for å fjerne skada bygningsdelar og avgrense skadeomfanget.

Alle er medlemmer

– I ei vanleg forsikringssak blir etter kvart bygningsdelen sett tilbake til same stand som før skaden, seier Riksfjord, om ein prosess som blir leia av forsikringsselskapet, som også står for erstatningsoppgjer. Han seier at i ein del saker kor skaden er å betrakte som naturskade, vil Norsk Naturskadepool, der alle forsikringsselskap er medlemer, erstatte skade på ting som kan brannforsikrast. For anna, slik som dyrka mark, bruer og moloar, er det Statens naturskadefond som dekker skaden. – Men forbrukar tar også då kontakt med forsikringsselskapet, seier Jon-Aage Riksfjord, som er medlem i NITO Takst.


NORDFJORDSAMKØYRINGA september 2015 9

TRELAST OG BYGGEVARER

SANDANE

LITT AV VÅRT VARESORTIMENT MÅLING: Alt innen måling ,ute ,inne, til båt ,terrasser og brygger , betong o.l.

Vi fører alt av: • Impregnert materiale • Dører og vindu • Tak, takstolar og taktilbehøyr • Isolasjon • Panel, plater og listverk • Skruar, spikar og beslagsvarer • Gjerde og gjerdemateriell

Vi hjelper deg med:

TAPET: Stort utval frå Norges største leverandørar. GOLV: Størst i Gloppen på vinylgolv, rull. Laminat og Parke

- Arealplanlegging - Arkitektur - Prosjektadministrasjon - Utredning/ programmering - Byggherreombud (søker)

i mange typar og kvalitetar. Vegg l vegg­teppe og lbehør.

FLISAR: Stort utval i flisar l bad, kjøken og utebruk. SOLAVSKJERMING: Luxaflex, Plisse, Rullegardin, Lamellar o.l. Spesial lpassa for deg

LØPERE: Får du på mål og kantsyast. ca. 20 ulike typar. GARDINER: Siste mote og traisjonelle gardiner.

VI HAR KRANBILAR

Vi syr også opp gardiner.

DIVERSE: Mus/rottegift, gift mot mott (mit) insekter, utstyr til øl/vin produksjon, tilbehør til saft-produksjon, tjære, klesfarge, forskjellige typar lim

FOR UTKØYRING

A.O. BAKKE

Vi kjem gjerne på eit uforpliktande besøk om du skal byggje ny , renovere eller pusse opp!

Tonningsgata 42, 6783 STRYN tlf. 57 87 46 50 - mob. 908 30 019 mail: post@aalark.no

Ring oss på tlf. 57 86 91 95

SAG OG HØVLERI AS

HANDVERKAR / MALAR - LEDIG FOR OPPDRAG

Hjelmelandsdalen - 57 86 23 62 - post@aobakke.no Måndag–fredag 08.00–16.00

Målararbeid, golv og flis, snikkararbeid. Bad kjøken, tapet. GRATIS BEFARING.

Kontakt oss for tilbud og gratis befaring i dag! 57 86 47 60 / 971 73 319 www.eidelektro.no

! R E G A D ELLEVILLE

10 - 40%

KN AL Lt ilb ud på ut va lg

te pr od uk er

MARKISER PERSIENNER GARASJEPORTER SCREEN

HAUST-SALG I «HAGESENTERET» !

Inspirasjon

T

AR NT A

I

G

EPRODUK

ER

FA

for hus og heim D SA

Alt i blomster Busker Hekkplantar Vintergrønt

Staudelyng og Erika kr.

48,- 3 stk. kr. 129,-

Plant for våren no! Stort utval i blomsterløk

Busker og vintergrønt Med kassettmarkisen kan du forvandle uteplassen til et nytt trivelig hverdagsrom og forlenge utesesongen!

Orkidé

1/2 pris

PHALAENOPSIS 2 greiner frå kr.

Plisségardiner

Screen

148,-

Garasjeporter

Alt innen solskjerming og garasjeporter Fasadeprodukter AS er største norskeide leverandør av både solskjerming og garasjeporter.Vi kommer gratis hjem til deg med gode råd og løsningsforslag. RING OSS: 911 50 200 DUETTE plisségardiner

www.fasadeprodukter.no

SOLSKJERMING – GARASJEPORTER

Din fagblomsterbutikk Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenes.gartneri.no


10 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Spesialmål på innreiinga: Dette skåpet og nattbordet er laga spesielt til soverommet til Olga Johanne Eikenes. foto: OLE ELTVIK

Ikkje heilt A4: Dette TV-bordet har fått sin heilt særeigne utsjånad med skeive bein og lys installert i bordplatene. foto: privat

Frå Syria: Samar Mstfa Iwatli hadde møbelfabrikk i Syria, og no har han laga eit bord som dei produserte der. foto: inge fænn

Laga på mål: Stryningen David Sigurdsson har tatt over tidlegare Holmøy Møbel i Eid. – Folk får det dei tingar etter mål om planane framover. Her viser han fram ei seng og ein stol i vikingstil, akkurat slik kunden ville ha det. foto: inge fænn

Ligg ikkje på latsida Med David Sigurdsson AS er det kome nytt liv i Holmøy Møbel.

••

Inge Fænn nordfj@fjt.no Møbelfabrikken i Eid, la ned drifta i fjor, og den nye eigaren

tok over 1. desember. – Det er ein draum som har blitt røyndom. Vi vil prøve å gå nye vegar i møbelbransjen. Folk får det dei tingar etter mål samstundes som vi prøver å utvikle nye spennande pro­ dukt. Og på sikt må vi finne ei livlinje i produksjonen. Vi grei­ er oss ikkje berre med det som

blir tinga i kvart einskild tilfel­ le, seier David Sigurdsson i verksemda med det engelsk­ klingande namnet Feel free production. – Hus og heim er hovudarena for arbeidet vårt, men vi er også inne på hotell- og butik­ kinreiing, fortel stryningen. Det var også der han starta,

og han kan ikkje få fullrost samarbeidet i strynemiljøet. – Stryvo, Nomek, Fluor-Lux og Farmhouse er gode samar­ beidspartnarar med tanke på å utvikle nye produkt. Så langt har kjøkkeninnrei­ ing og bad vore hovudprodukt. – Folk skal restaurere eldre hus. Det er ikkje alltid at lengda


NORDFJORDSAMKØYRINGA september 2015 11

Lyst og lekkert: Innreiinga på kjøkkenet til Olga Johanne Eikenes går i kvitt og grått. foto: Ole eltvik

Nytt bad: – Ved å få laga badet etter mål får ein betre utnytting av plassen, seier ein nøgd Peter Hallor. foto: inge fænn

l samstundes som vi prøver å utvikle nye spennande produkt. Og på sikt må vi finne ei livlinje i produksjonen, seier han

Bredt spekter: Filosofien til verksemda er at folk skal få det dei ber om, som det utfresa namneskiltet som Jarl Even Eide lagar. foto: inge fænn

a etter oppstarten på veggen og standarprodukta fell saman, men ved å produ­ sere etter mål får vi full utnyt­ ting av veggplassen, seier Sigurdsson og viser stolt fram bilde av badet til Peter Hallor og Kristine Lødøen Lunde. Dei tok over huset til foreldra hennar. Skåp og benk i tre som er godt å ta på fyller heile veg­

gen, og vaskane er i naturleg elvestein frå Bali pussa til for hand. Handtaka er ler henta frå salmakaren i Holmøyane. – Det er strynejenta Åse Ørja­ sæter som har starta import av desse steinprodukta. Verksemda har i dag fire fast tilsette, og tre gjennom tiltak. Ein av dei er Samar frå Syria,

som er på verksemda gjennom språklæringstiltak. – Han dreiv ein møbelfabrikk med hundre tilsette i Syria, og her får han lov å prøve ut ein del av produkta som han laga på den fabrikken. Om det har interesse hjå oss får tida vise, men han har mykje kunnskap, fortel Sigurdsson.

Filosofien til verksemda er at folk skal få det dei ber om. Og i lokala står mellom anna ei vi­ kingseng med tilhøyrande stol, ei trapp til ein hytte-hems og utfresa namneskilt ferdiglaga. – Mål og design er to nøkkel­ ord, og vi satsar på tre i det al­ ler meste av produkta våre, seier David Sigurdsson.


12 september 2015 NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA

Annonser stillingane dine pĂĽ papir, nett og mobil.

Vi hjelper deg med stillingspakkar tilpassa dine behov.

nordfjordsamkoyringa.no nordfj@fjt.no 57 84 90 27

Som medlem i Huseiernes Landsforbund for du gratis juridisk rĂĽdgjeving, og du kan spare tusenvis av kroner pĂĽ vĂĽre medlemsfordelar. Kun 460,- i ĂĽret.

Meld deg inn pĂĽ huseierne.no

Avdeling Sogn og Fjordane: Jan Erik Mardal T: 954 95 556 / 57 88 44 00 • e: sognogfjordane@huseierne.no Grandevegen 5 • pb. 138, 6821 Sandane

PROSJEKT PĂ… GANG? VI HAR LĂ˜SNINGENE!

KAMPANJESETT!

+

Garderobe

% 0 3 á KEN S BRIK PĂ… FA TE PRI S LI S

Skreddersøm i høyde og bredde! Nü er det kampanje pü hele LangloŽ kolleksjon, inkludert fronter, flexi-innredning og belysning.

BYGGER’N HJELPER DEG

Jøtul F167

Bestselger med store sideglass og elegant søylefot. Utvalget varierer i butikkene.

Kompakt og lett sag med soft start, laser, dobbeltsug. Vekt kun 17,3kg.

13990,- 4998,45612624

SELJE

6740 Selje Tlf 57 85 62 02 9-17 (10-14) Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 10. oktober. Forbehold om trykkfeil og utsolgt.

Kapp-/gjĂŚringssag GCM 8 SJL + bord GTA 3800

EID

Langeland 6770 Nordfjordeid Tlf 57 88 51 20 8-16.30 (10-14)

SANDANE Nordstrandsv. 33 6823 Sandane Tlf 57 88 46 60 8-16.30 (9-14)


NORDFJORDSAMKĂ˜YRINGA september 2015 13

TID FOR HEIM Nyheter pĂĽ vei inn til oss!

Alle sofa og stolar leverast i ei mengde stoff og fargar!

Medley spisebenk, med naglar og klassisk vange.

Randi stol med naglar og ring i ryggen. Leverast og uten naglar og ring.

Møblar til hus og heim! Vi har noko for ein kvar smak! Taklampe DIAMOND, kopper. 50 cm i diam.

Carnella 3 + 2,5 seter + pall. Vist her med tøffe detaljer med sølvnagler og alu bein.

Design sjøl - LUGO - moderne byggesett OPNINGSTIDER: Mandag - onsdag 09.00 - 16.30 Torsdag 09.00 - 18.00 Fredag 09.00 - 16.30 Lørdag 10.00 - 15.00

Velkomen innom!

 � �

 Â? Â? Â? Â?   Â?­ ­ Â? € ‚ ­ ƒÂ?­ „… ­ …† Â‡ ˆ† Â?‚­ Â? € ƒ Â? ­Â? ‡ƒ ­ Â?Â?


14 september 2015 NORDFJORDSAMKØYRINGA

Pass på sjølv om lova har blitt enklare I juni 2014 blei det vedtatt endringar i plan- og bygningslova. Det betyr likevel ikkje at det er fritt fram for «alt».

••

Jan Erik Mardal Huseiernes Landsforbund Endringane trådde i kraft frå 1. juli i år og opna for at fleire tiltak enn tidlegare skal kunne settast opp utan søknad eller godkjenning av kommunen. Det er likevel viktig å huske på at sjølv om eit tiltak kan vere unntatt frå søknadsplikt, er det ikkje fritt fram å bygge. Tiltaket må følge alle lover og regler, og du har ansvaret for at det som skal byggast ikkje kjem i konflikt med kommunen sin arealplan over området, plan- og bygningslova, veglova eller anna regelverk. Du må derfor under-

søke nøye kva du har lov å bygge på eigedommen din før du set i gang. Dersom tiltaket ikkje oppfyller vilkåra for å vere unntatt søknadsplikt, skal det søkjast på vanleg måte. Tiltak som er unntatt søknadsplikt og byggjesakshandsaming krev ikkje nabovarsling etter plan- og bygningslova, men kan likevel bli kravd etter nabolova. Sjølv om varsling ikkje er pliktig, bør ein av omsyn til godt naboskap ta ein prat med naboen før spaden blir stukken i jorda. Ofte skal det ikkje meir til for å unngå at naboen opplever å bli «overkøyrd», med konflikt som konsekvens.

Dei viktigaste nye tiltak ein kan byggje utan søknad etter 1. juli 2015 er: Frittliggande bygning inntil 50 m² Frittliggande bygning på bebygd eigedom på inntil 50 m² med avstand minimum 1,0 m frå nabogrensa kan på nærmare vilkår oppførast utan søknad. Dette føreset mellom anna at: • Bygningen har ei maksimal mønehøgde 4,0 meter og gesimshøgd 3,0 meter. Høgda blir målt frå gjennomsnittleg planert terrengnivå rundt den ferdige bygningen. • Bygningen må vere i ein etasje og kan ikkje ha kjellar. • Bygningen kan brukast til dø-


NORDFJORDSAMKØYRINGA september 2015 15

Nytt regelverk: Frå og med 1. juli i år kom det endringar i plan- og bygningslova. «Du må undersøke nøye kva du har lov å bygge på eigedommen din før du set i gang. Dersom tiltaket ikkje oppfyller vilkåra for å vere unntatt søknadsplikt, skal det søkjast på vanleg måte». Dette skriv fylkesleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund i dagens informasjonsspalte i Hus & heim-magasinet. teikning: turid breidalen

mes til garasje, uthus, verkstad, hobbybod, skrivestove, veksthus eller dukkestove. • Bygningen kan ikkje innehalde rom til bebuelse som kjøken, stove, soverom, våtrom, bad eller brukast til overnatting. • Bygningen må ikkje plasserast over vatn- og avlaupsleidningar, og ikkje nærmare enn 1 meter frå annan bygning på eigedomen. Tiltakshavar skal informere kommunen om plassering av bygningen når den er ferdig­ stilt, slik at plasseringa kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag.

hl veit råd •• Huseiernes Landsforbund (HL) er ein landsomfattande interesseorganisasjon for eigarar av hus og leilegheiter, sameige, burettslag og gardeigarar. •• Advokat Jan Erik Mardal er fylkesleiar i HL Sogn og Fjordane, og i samband med Hus & heim-bilaget kjem han med gode råd til huseigarar. •• Dagens tema er endringane i plan- og bygningslova.

Tilbygg inntil 15 m² Slike tilbygg skal • Ikkje innehalde rom for varig opphald. Ein kan ikkje bu der. • Skal ha ein avstand frå nabogrensa på minimum 4,0 meter. Eksempel på tilbygg som er unntatt søknadsplikta er balkong, veranda og liknande, ope overbygd inngangsparti eller ved- og sykkelbod. Tiltakshavar skal også her informere kommunen om tilbygget si plassering når det er ferdigstilt. Andre endringar som er unntatt søknadsplikt frå 1. juli 2015 I tillegg til endringane som her er nemnd, er det også gjeve

fritak for visse andre tiltak som oppføring av levegg, mindre støttemurar og mindre fyllingar og planering av terreng. Dei nærmare vilkåra som gjeld for dette kan du lese meir om på www.huseierne.no.


16 september 2015 NORDFJORDSAMKテ郎RINGA

Vi satsar i Nordfjord!

Skal du selje? Ta kontakt i dag for ei gratis og uforpliktande synfaring. Vi tilbyr 100% salsgaranti, du betaler ingenting om bustaden din ikkje blir seld. Set kaffien pテ・ kok, sテ・ tek vi ein bustadprat! Ta kontakt med Pテ・l Anders (992 33 855) eller Julie (975 88 808).


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.