Havsalt sommar 2014

Page 1

havsalt sommar vügsøy selje eid bremanger vanylven

sommarmagasin 2014

1


velkommen

Ny flott butikk midt i sentrum

til ein havsalt sommar Storslått natur med fantastiske turmulegheiter, draumestrender og majestetiske fjell, unike fyr- og gardsopplevingar saman med eit rikt kunst-, kultur- og festivalliv. Det er noko av det beste Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven har å by på. Om ein reiser lenger aust og sør i fjordfylket Sogn og Fjordane finn ein fleire av reisemåla som lokkar tilreisande frå alle verdas hjørne. Ville fjordar og togreiser, isbrear og natur som tek pusten frå deg, meir kunst og festivalliv er attraksjonane som lett konkurrerer i global samanheng. I Havsalt sommar har vi plukka ut eit knippe av dei mangfaldige attraksjonane i regionen og håpar det kan lokke tilreisande til Sogn og Fjordane. Kanskje kan ein også lokke fastbuande til å vere turist i eige fylke? Velkommen til oss!

Havsalt sommar er utgjeven av Fjordenes Tidende, mai 2014. Opplag: 20.000 Ansvarleg redaktør: Erling Wåge Magasinredaktør: Jo Carlson Marknadsansvarleg: Ståle Tennebø Tekst/foto: Janne Weltzien Listhaug Foto: Thomas Bickhardt, Britt Småvik, Stadt Naturguiding, Trond Lødøen, Keipen Turlag/Arne Loftheim, Reisemål Stryn & Nordfjord, Normann, Ernst Riha, Morten Rakke, Visit Flåm, Rolf M. Sørensen, C H, Espen Mills, visitnorway.com, Stein Sandemose Bårdsen Framsidebilde: Janne Weltzien Listhaug Trykk: Mediatrykk AS, Bergen

Her får du utstyr og klær til barn 0-12 år og fine interiørting. Du kan også handle hos oss på www.babyvilla.no Velkommen til en hyggelig handel, en tur i lekekroken eller en tur i pappakroken.

Gt 1 nr. 56, Måløy, Tlf. 926 99 279

Besøk våre butikker midt i Måløy sentrum - Glassmagasin - stor kjøkkenavdeling - Parfymeri - egen undertøysavdeling - Brio leketøy - stort utvalg til barn og ungdom - Hagemarked - alt til hagen!

Bruk rabattkoden: havsalt

Få 10% rabatt

på alle ordinære priser i vår nettbutikk: glassmagasinet.com Bestill på nett, hent i butikk!

Kjøpesenteret

• shopping • • meetingpoint •

Velkommen Welcome

i hjertet av Måløy

Bryggecafeen • b.young • Topshop • Combi Herrefrisør • Rema 1000 • Vitusapotek Måken • Nille • Princess • Notabene • DNB Bli venn med oss

www.maloybrygge.no

post@maloybrygge.no

Velkommen inn i vår bugnande butikk for inspirasjon og hyggeleg handel Gate 1, nr. 52, 6700 Måløy Telefon 57 85 16 59 www.maaloyblomster.no

2

Havsalt sommar 2014

vågsøy


Vågsøy ti ting du kan gjere

Viser fram kysthistoria

1

Berit Høyvik og Kystmuseet i Florø håpar at dei også i år kan vise fram ei kulturhistorisk utstilling om fiskeri på Vågsberget Handelsstad. Målet er å opne handelsstaden til sankthansaftan som i fjor og halde ope gjennom sommaren. Det vil vere enkel kafé og guiding i tuna konsentrert rundt helgane. Vågsberget ligg i sjøkanten ved Vågsvåg og er rekna som ein av dei best bevarte handelsstadene langs norskekysten. Det er også den eldste handels- og gjestgjevarstaden i ytre Nordfjord, med drift heilt tilbake til 1600-talet. Plasseringa nært rike fiskefelt gjorde dette også til den viktigaste handelsstaden fram til slutten av 1800-talet. Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgjevarhus, sjøhus med eldre båtar og fiskeutstyr, samt hovudhus og driftshus.

3


ung satsing på skjærbuda

tar deg vågsøya rundt i ein fei

Charlotte Tytingvåg (21) har denne sesongen teke over drifta av den gamle saltebuda Skjærbuda på den idylliske øya Silda. Buda frå 1856 har sidan midten av 1980-talet fungert som pub og restaurant. Den er svært populær blant fastbuande og ikkje minst tilreisande. Silda har ikkje mange fastbuande, men er ei real sommarperle og ein populær utfartsstad allereie frå påsketider. For å komme til den bilfrie øya kan ein bruke eigen båt eller rutebåt. Skjærbuda har gjestebrygge. I tillegg finst det gjestehamn med alle fasilitetar nord på øya, bare ti minutts gange frå Skjærbuda, som er open dagleg frå 20. juni til og med 17. august.

Frå sjøsida kan ein i sommar oppleve Vågsøy og ytre Nordfjord i fartsfylte rundturar. Den hurtiggåande RIB-båten til Vågsøy Adventure og Thomas Hagen kan ta deg med Vågsøya rundt. Eller kanskje freistar ein kjapp tur til Silda, fyrsafari i Vågsøy eller ein tur innover Nordfjorden til stader som Hornelen eller Rugsund? Ein kan også få skreddarsydde turar. Vågsøy Adventure har i tillegg sykkelutleige.

2

7

4

7

2

5

vågsøy

7 3

1

6 9 10 4 8

eit ynda fotoobjekt

3

Etter å ha blitt slipt av havet gjennom tusenvis av år har Kannesteinen fått si spesielle form. Eit av dei mest ynda fotoobjekta i Vågsøy står blant rullesteinar, berg og spesielle steinformasjonar i fjæra i Oppedal, på vestsida av Vågsøya. Rasteplass, gangveg og ei plattform er laga til slik at ein kan nye synet av den over 3 meter høge steinen med utsyn vestover til storhavet. Kannesteinen har sin eigen konjakk og frimerke, og har vore brukt i fleire reklamesamanhengar. Den er også brukt i innspelinga av ein indisk storfilm.

4

Havsalt sommar 2014

1,5 kilometer med draumestrand

5

1,5 kilometer med kritkvit sandstrand og blå sjø med utsikt mot storhavet i nord. Kan ein be om meir på ein solfylt dag? Stranda i Refvik har vore kåra til Norges finaste fleire gonger, og ikkje utan grunn. Til Refviksanden kjem vågsøyværingar og andre tilreisande med ein gong gradestokken kryp oppover og sola kjem fram. Bading, ballspel, grilling eller bare avslapping i sola kan ein gjere nesten uforstyrra på den store sanden. Det finst camping på marka ovanfor sanden, saman med parkeringsplass, kiosk og sanitæranlegg for gjestene.

Vågsøy ti ting du kan gjere


fiskerihistorie i sentrum

6

Førsteklasses bowlinghall i byen

På Brunsvik Bowling i Gate 1 i Måløy kan du teste ut bowlingferdigheitene dine. Bowlinghallen har seks baner og alt av nødvendig utstyr. Hallen har ope kvar dag og arrangerer vekescupar og turneringar i løpet av sommaren. Dei tilsette kjem gjerne med eit bowlingtips eller to. Mellom rundane på bowlingbanen kan ein også teste ut bilspel og airhockey, eller smake på ein skikkeleg amerikansk pizza. Baner kan leigast ut til arrangement som til dømes barnebursdagar.

9

Ei miniutgåve av det tidlegare Fiskerimuseet i Måløy er stilt ut i lokalet på lekteren midt i Måløy i påvente av større lokaler. I sommar kan ein ta eit djupdykk i historia om linefisket. Pigghåskinning, pakking av pigghå, egning av liner på land og om bord i båtar og det som gjekk føre seg på dei mange budene i Måløy er noko av det ein kan lære meir om. Det blir også vist filmar frå havet. Utstillinga kan ein sjå i det spesielle åttekanta rommet der veggene er vindusflater med utsikt til hamna i Måløy. Miniutstillinga held ope kvar laurdag frå 31. mai til ut i august.

spektakulær fyrutsikt

7

Skongenes fyr utgjer, saman med Kråkenes fyr og Ulvesund fyr, tre unike fyropplevingar i Vågsøy. Skongenes er kjend som turfyret, der ein må ta beina fatt ein times tid i lett terreng frå Halsør for å kome fram. Nydeleg utsikt utover Stadhavet er belønninga. Ved Ulvesund fyr er det overnattingsmulegheiter, og open kafé med heimelaga mat som ein kan nyte blant geitene i hagen. Stormfyret Kråkenes fyr har eit helseoppbyggande fokus med konseptet SlowTur, som er eit overnattingstilbod over fleire døgn der ein kan senke skuldrane med mellom anna massasje. Det er populært å leige brudesuiten i fyrtårnet eller heile anlegget.

unikt øytilbod

tar deg med på byvandring

Etter ein stor dugnadsinnsats blei den nye frisbeegolfbana på Moldøen klar i fjor. Primus motor Terje Hamre skipa klubben Måløy Disc Golf som no tel 39 medlemmar, men bana er til fri bruk for alle og kan nyttast døgnet rundt. Hola, korgene, er plassert rundt omkring i terrenget. I frisbeegolf er målet å kaste frå korg til korg med færrast muleg kast. Bana tel tjue korger, alle med lokale namn, og det er eit informasjonsskilt som viser kor dei er plassert. Klubben har onsdagsgolf i sesongen og turneringa Måløyraidet under Måløydagene.

Om ein interesserer seg for krigs- eller lokalhistorie, tar lokalhistorikar Terje Sølvberg deg gjerne med på historisk vandring i fiskeribyen Måløy. Utvikling, historiske hus og hendingar kan han mykje om. Dersom ein vil sjå meir av kommunen, kan Sølvberg også leigast inn til guiding Vågsøy rundt. Ein slik tur gir innblikk i både bygdelivet og naturen i området. Lokalhistorikaren samarbeider med turistinformasjonen i Vågsøy, som ligg i Gate 1 i Måløy, og ein kan melde seg på turar der.

8

10

5


Pushwagner til Måløy Galleriet Den Blå Hesten i Måløy har i sommar sikra seg ei utstilling med Hariton Pushwagner, alias Terje Brofors. Han er rekna som ein av landets viktigaste samtidskunstnarar og har hatt stor internasjonal suksess. Opninga blir torsdag 26. juni av Bergen-ordførar Trude Drevland. Foto: www.pushwagner.no Kunstlaget i Måløy håpar at også kunstnaren kjem til opninga. Galleriet vil halde ope fredagar og laurdagar frå slutten av juni til og med Elvisfestivalen i Måløy 14.–16. august. Kunstlaget vil ha stand på både Måløydagene, Havfiskefestivalen og Elvisfestivalen.

Fullspekka program til folkefesten Den tradisjonsrike folkefesten i Måløy blir i år arrangert 27. – 29. juni. Måløydagene arrangerte for første gong veteranbåttreff i fjor, noko som det også blir i år. Det blir liv og moro i gata når musikantar frå Liverpool underheld saman med mellom anna dei kjende figurane frå Vennebyen og ein tryllekunstar. Det blir moteoppvisning, auksjon og tivoli. Den kjende seglaren Jarle Andhøy skal halde foredrag og vere konferansier på torgscena. Tradisjonen tru står Måløy Musikklag for underhaldninga i teltet laurdagen, men i år blir dette utvida til ein heilaftan. Fredag er det MOT-konsert med bergensrapparen Lars Vaular og lokale artistar i teltet. Det lokale bandet Special Kids Unit skal også underhalde, og det blir loppemarknad i Firda Canning.

Tek imot båtfolket Finn Melsether og Odd Arne Mulelid vil ifrå Måløydagene i juni og ut i august ta imot båtfolket i Måløy Hopen. Dei som kjem sjøvegen til Måløy vil kvar morgon bli møtt med rundstykke, den ferskaste utgåva av Fjordenes Tidende, reiselivsmagasinet Havsalt sommar samt informasjonsmateriell frå Måløy.

6

Havsalt sommar 2014

Viser fram tønnetradisjonane

Vil lage Graceland i Måløy

26. og 27. juli blir det ope hus ved Hagevik Tønnefabrikk. Magnar og Per Henrik Gillesvik har begge lært seg bøkkarfaget og inviterer folk inn for å sjå korleis ein lagar tønner. I tillegg til tønnelaging, blir det historier og enkel servering på loftet. I fjor gjesta raudebergar og professor i historie ved Høgskulen i Bergen, Karl Egil Johansen tønnefabrikken med eit historisk foredrag. Ein vil prøve å få til noko liknande i år. Det blir også ope på tønnefabrikken under Måløydagene 27. -29. juni.

For første gong blir det arrangert Elvisfestival i Måløy 14. -16. august. Initiativtakarane Isak Søraa, Helge Hjelle og Geir Tharaldsen lover god Elvis-stemning i byen. Turneen «Rockin’ on Heavens Door – En hyllest til Elvis gjennom 60 år» kjem til festivalen. Det blir også eit eige Elvisshow for barn der barn og unge får opptre med Elvis-songar på scener i sentrum. Det blir totalt tre scener i sentrum til den musikalske festen og festivaltelt med namnet Graceland.

vågsøy litt av kvart som skjer


Restaurant med noko meir I hjertet av Måløy sentrum finn ein Kraftstasjonen. Den koselege restauranten byr på meir enn bare gode lokalmatopplevingar. Det er kunst frå lokale kunstnarar på veggen og restauranten har i tillegg ei intim scene med instrument til dei av gjestene som skulle få lyst å prøve seg. Arne Andal er, i tillegg til å vere ein av dei som driv Kraftstasjonen, også ein habil musikar, og han tar gjerne fram gitaren og skapar god stemning.

Vindfull naturoppleving Mehuken vindpark finn ein på fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes på Nord-Vågsøy. I tillegg til dei imponerande vindmøllene på fjellet byr området på ei fantastisk utsikt. Ein ser rett vest i havet, til Stadhalvøya i nord og Bremanger i sør – ei overveldande utsikt. Det er grusveg frå hovudvegen og det er sett opp bord og benker på toppen og langs vegen. Totalt 13 vindturbinar er bygd i parken, høvesvis i 2001 og 2010.

Fiskar etter nye rekordar

Bauta fortel deg kor du er

Den tredje Havfiskefestivalen i Måløy blir arrangert 1. – 3. august. I tillegg til Norgescupen i havfiske og Sagacup blir det fleire aktivitetar i sentrum av Måløy. Ausekarane skal lage stemning i teltet på laurdag kveld, og fredag kveld er det ungdommane som står for arrangementet i teltet. Det blir aktivitetar og fiskekonkurransar for barn, utstillingar, og kortreist mat på torget.

På fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes finn ein bautaen som markerer 62 grader nord. Steinen er plassert der 62 breiddegraden kryssar 5 grader aust. Bautaen står ved ein veglomme og har blitt ein populær turistattraksjon.

Minnast heltane frå krigen I Lingeparken i Måløy står minnesmerke over kaptein Martin Linge. Krigshelten falt under «Operation Archery», også kjent som Måløyraidet, 27. desember 1941. Operasjonen, som vart utført av allierte styrker beståande av 576 kommandosoldatar med betydeleg støtte frå luft- og sjøstridskrefter, har i ettertid blitt omtalt som ei viktig hending for krigens vidare utvikling. Monumentet over Linge, utført av Ståle Kyllingstad, blei avduka i Måløy i 1966. På Moldøen er det også reist ein bauta til minne om dei 52 allierte soldatane som falt under Måløyraidet. Også dei fire frå Sør-Vågsøy som omkom då allierte fly blei skotne ned under frigjeringskampane i april 1945 er heidra med ein bauta. Denne står på Torget i Måløy. Dei falne frå Nord-Vågsøy er heidra med eit minnesmerke ved Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg.

Kvalitet til superpriser Vi kan levere: Robotklippere og Nilfisk høytrykksspylere. Bensindrevne, elektriske og traktorgressklippere. Motorsager, jordfresere, vedkløyvere og kompostkverner.

Lokal forhandlar: Bjørn Inge Oppedal Besøksadr.: Gt. 1 nr. 15. 6700 Måløy Tlf. 913 89 696

7


Bruk oss til din neste chartertur. Vi er lik på pris.

Matkultur og musikk på Kraftstasjonen

Måløy 57 85 39 50 maloy@hrgworldwide.com D e b e s te re i s e n e

Hytter • Camping • Festlokaler Bading • Grilling

Midt i Måløy finn du ein av kystens beste fiskerestaurantar. Her serverer vi lokalmat med fisk i fokus. Vi har à la carte med fisk og kjøt, Følg med på facebooksida lunsjmeny og dagens fisk. Vi har ramsvår for oppdaterte lauksmør frå eigen hage, eigne instrunyhende. ment til gjestane våre, husmusikar, konsertar og kunstutstillingar ... og alle barn som spiser hos oss får gratis fiskeplakat. Velkomen.

Tlf: 947 84 042 • post@nore-fjordsenter.com

Bordbestilling: 57 85 12 60 / 454 98 994. Meir info på: kraftstasjonen.no

Måløy gir deg sommerminner for livet! Måløy er en flott liten kystby nordvest i Sogn og Fjordane. Full av sjarme og historie. Med Stadthavet som nærmeste nabo inviterer Måløy til mange gode opplevelser. Badestrender, båtturer, havfiske, fjellturer og fine sykkelstier. Slikt blir det gode sommerminner av. Hos oss får du gratis sommerpass som gir deg hver 6. natt gratis og Biker Pass som gir deg 15% rabatt på beste pris. Passet kan brukes i hele Skandinavia.

BEST WESTERN Måløy Hotell Pb. 223, N- 6701 Måløy Tlf: +47 57 84 94 00 maloy@bestwestern.no bestwestern.com/no/maloyhotel

8

Havsalt sommar 2014

vågsøy


Åpent:

Mandag: 11 - 16 Onsdag - fredag: 11 - 16 Lørdag: 11 - 15

Vitusapotek - Måken Måløy tlf. 57 84 98 80 Dere finner oss på Måløy Brygge.

Nyt ditt måltid hos oss!

Reduserte åpningstider fra man. 30.06 til fre. 15.08: Man-fredag kl. 09:00-16:00 Lørdager kl. 10:00-14:00

Vi tilbyr alt fra lunsj til komplett catering av selskap. Kontakt oss for et godt tilbud.

Velkommen! Tlf. 57 85 12 63

Velkommen innom!

E-post: kristian_simensen@bjorgsmat.no

- rein service! de fleste næringer er representert hos oss: - næringsmiddel - hotell og restaurant - industri - handel og service - helse Kontakt oss for en prat, det kan lønne seg!

Velkommen til

VaSkeritjeneSter - renSeritjeneSter - renholdStjeneSter - SalG aV arbeidStøy, VerneutStyr oG proFiltøy - tekStilproFilerinG post@vest-industrivask.no - pb. 5, 6701 Måløy - telefon 57 84 95 90

TORGET HOTELL – midt i Måløy sentrum

17 rom, 8 med veranda mot havna, 1 handicaprom. Møte-/konferansefasiliteter. Selskapslokale. Gratis trådløst nettverk og skrivepult på alle rom. Frokost inkl. i rompris. Gratis parkering. Tlf. 953 33 133 • www.torgethotell.no

Foto: Thomas Hagen. Montasje: NORDWEST �D

tre lyspunkt

Kråkenes Fyr Stormfyret www.krakenesfyr.com Overnatting, helårsåpen brudesuite i hovedhuset, 5 dobbeltrom i stormhuset. Leie av hele anlegget for arrangementer. SlowTur® med overnatting, massasje og meditativ naturopplevelse. Booking via hjemmeside eller mobil.

Opplev Måløy

Mobil 0047 950 23 668

Ulvesund Fyr Kulturfyret www.ulvesundfyr.no Overnatting på fyrloftet, i Maskinhuset og Uthuset. Fyrkafé kvar dag om sommaren 13-18. Sjarmerande fyrbutikk med handarbeid. Fotoutstilling. Tlf +47 57851777 Mobil +47 95240487

Skongenes Fyr Turfyret www.turistforeningen.no/ynt Ein times spasertur frå Halsør i lett turterreng. Flott utsikt mot Stadhavet. Utleie overnatting for turgåere. Ikkje bilveg. DNT hytte. Nøkkel må hentast. Mobil +47 93854398 +47 93854398

Opplev Måløy i bobil • Ny og meget fin bobilparkering midt i Måløy sentrum. • Sanitæranlegg med vaskemaskiner og tørketromler. • Lekeapparat for barna med disser, sklie, sandkasse og seiledam. • �� butikker, � restauranter/kafeer og fiskebutikk, med godt utvalg, innenfor to minutters gange. Se vår nettside: www.måløyparkering.no FestivalTlf. �� �� �� �� • Mobil ��� �� ���

byen Måløy:

• Måløydagene �7.-��. juni • Elvisfestivalen �4.-��. august www.maloydagene.no www.elvisfestival.no • Måløy Havfiskefestival �.-�. august • Skalldyrfestivalen lør. �7. sept. www.havfiskefestival.no

9


skjærbuda

Stort utvalg i fersk sjømat til alle anledninger

Ytterst i havgapet utenfor Måløy finner du Skjærbuda. En gammel saltebud fra 1800-tallet som nå er kafé, idyllisk plassert på den lille øya Silda i Vågsøy kommune.

– Grilling – Lunsjretter – Skalldyr – Hvalkjøtt + mye, mye mer

Skjærbuda har: - rikholdig ala-carte meny. - egen gjestebrygge med innlagt vann og strøm. Åpent: - hver helg fra 17. mai. - hver dag fra fre. 20. juni t.o.m. søn. 17. august. - siste helg blir 15. -17. august.

Du finner oss midt på Torget i Måløy

Musikk noen av helgene. Krabbefest blir det også i år. Den går av stabelen i midten av oktober.

Velkommen! Telefon: 934 21 872 E-post: skjaerbuda@gmail.com www.skjaerbuda.com

Regatta Seasafe redningsvest (ord. pris 880,-)

6700 Måløy - Tlf. 57 85 23 36

Regatta flytevest (ord. pris 1430,-)

Jobbpartnerpris

990,-

Jobbpartnerpris

799,-

Jobbpartnerpris

990,-

Kaptein Sabeltann redningsvest

Regatta flytedress

Butikken med det gode utvalget i kvalitetsklær fra Helly Hansen og Kari Traa ... - og vi har alltid gode tilbud, her kan du gjøre et kupp! Velkommen til en hyggelig handel

Vi har også arbeidsklær for den kvalitetsbevisste arbeider, godt utvalg i vernesko og klær. Gate 1, Måløy, tlf. 415 35 660

10

Havsalt sommar 2014

vågsøy


Her er noe av det du kan oppleve i år: • • • • • • • • • • • • • •

Lars Vaular MOT-konsert Måløy Musikklag Tivoli Veteranbåttreff Frisbeeturnering Helikopterturer Seniortreff Funball�-løp Eliasbåten Lokale musikere Loppemarked Vareshowauksjon Buekorps

• • • • • • • • •

Opptog Stort mattelt Ildsjelprisen Vennebyen Kunst av Pushwagner Gruffalo The Whole Shebang Special Kids Unit Jarle Andhøy - inspirerende foredrag om bl. a. “Berserk” • Stands • + mye mer

www.maloydagene.no

Skalldyrfestivalen

Fredag 27., lørdag 28. og søndag 29. juni

Sk a ll d yr fe s t i v al e n er også i år et samarbeid mellom Måløy Handelsforening og Musikklubben.

Velkommen til Måløy og sjømat i alle varianter lørdag 27. september

• Her blir det salg og servering av 1000-vis av nykokte krabber • Salg og smaksprøver av bl.a. sild, ørret og laks • Masse smaksprøver på Torget • Underholdning på Torget med bl.a. lokale musikktalenter • Butikkene er i festivalstemning og holder åpent til kl. 1500 med godt utvalg og gode tilbud

Samme dag arrangeres: ROSA SLØYFE-aksjonen

Festivalhavn for fritidsbåter Hva skjer i Gate 1? - du har ALDRI sett den slik før! • 2 underholdnings- /showscener i sentrum av Måløy. • Fullspekket showprogram på scenene under festivalen. • Festivalteltet ”Graceland ” • NM (delfinale) Elvis Sangkonkurranse (Karaoke) • Barnas Elvis • Junior Elvis

Utvidet bobilparkering i sentrum av Måløy (bestill plass / se nettside) Følg med oss på: www.elvisfestival.no / facebook.com/elvisfestivalmaloy • Kirkekonsert • Dagshow i festivalteltet “Graceland” • Fantastiske kveldsshow fredag og lørdag i festivalteltet ”Graceland” • AmCar-parade • AmCar-utstilling • Elvis-Parade • Måløy Kino viser G.I. Blues og Loving You • Gateparader • Langåpne butikker med Elvis-stemning.

Salg av festivalpass for billettarrangement starter snart! (følg med på vår nettside) Hovedsponsorer:

Stryn

11


Verkstedet på Måløy Servicesenter:

Endelig er vi: Nå kan vi ta småreparasjoner (ikke karosseri) fra eget verksted utført av faglærte bilmekanikere.

Sommerkampanje: Fiskeburger

på dekk og eksos

49,-

Hos oss kan du også utføre bilvask og polering.

Stort utvalg i hurtig varmmat. Egen sittegruppe der du kan nyte maten i fred og ro. Måløy Servicesenter Deknepollen, tlf. 57 85 00 03

Salg og pålegging av alle typer/merker

HOBBYFISHER - norskutviklet teine- og garnhaler. Elektrisk eller bensindrevet. Inntil 220 kg trekkraft.

Stadtteina Kanskje markedets beste krabbe/ hummerteine

Telefon 57 85 59 04

12

Havsalt sommar 2014

vågsøy


Service i sentrum Müløy Maritim

2 etasjer med bĂĽtutstyr Tlf. 57 85 14 01. www.maritimkupp.no

Treng du ein leigebil?

- Bestill slipp-plass i dag sü kan du utføre alt vedlikeholdet i romslige omgivelser - Leverer alt av bunnstoff/zink/lakk m.m. - Stort utvalg i verktøy og bütutstyr

Vi har: • Personbilar i forskjellige prisklasser • 13 m2 CitroÍn Jumper • Toyota Hiace - lang type • 9-seter Caravelle B-sertifikat Understellsbehandling med Dinitrol.

VERDAS STĂ˜RSTE RUSTBESKYTTER

Vi utfører reparasjoner og vedlikehold av büter opp til 100 fot midt i Müløy sentrum.

Service

Ă˜yane 8, 6770 Nordfjordeid 6710 Raudeberg

Service

57 85 11 77 90 91 91 96

Industrivarer Spesialvarer BĂĽtslipp Jernvarer Mek. verksted

Toyota hybrid

6 millioner eiere tar ikke feil Vüre mest fornøyde kunder kjører hybrid

LĂ…N&LEIE

fastrente

1,95% i 3 ĂĽr**

AURIS HYBRID ACTIVE 270400,- PRIUS 288400,- YARIS HYBRID 213900,- PRIUS+ SEVEN 334100,- AURIS HYBRID TOURING SPORTS 285400,- PRIUS PLUG-IN HYBRID 338800,- INKL. FRAKT- OG LEV. OMK. PRIVATLEIE: AURIS HYBRID TOURING SPORTS 1 950,-/MD. INKL. STARTLEIE 40 000,- TOTAL LEIEKOSTNAD 122 000,-. PERIODE/KJĂ˜RELENGDE 36 MND/45 000 KM. TILLEGG FOR TINGL./ETABL.GEBYR KR 4 190,-. FORBRUK BLANDET KJĂ˜RING, UTSLIPP CO2 OG NOX: AURIS HYBRID FRA 0,38 L/MIL, FRA 87 G/KM, FRA 5,7 MG/KM PRIUS FRA 0,39 L/MIL, 89 G/KM, 5 MG/KM YARIS HYBRID FRA 0,35 L/MIL, 79 G/KM, 6 MG/KM PRIUS+ SEVEN FRA 0,41 L/MIL, FRA 96 G/KM, FRA 6 MG/KM AURIS HYBRID TOURING SPORTS FRA 0,38 L/MIL, FRA 85 G/KM, FRA 5 MG/KM PRIUS PLUG-IN HYBRID FRA 0,21 L/MIL, FRA 49 G/KM, FRA 0,9 MG/KM. **RENTEN ER SUBSIDIERT I TRE Ă…R, FOR DERETTER Ă… BLI JUSTERT TIL NORMAL SALGSRENTE. BETINGER MINIMUM 35% KONTANTANDEL. LĂ…NEEKSEMPEL: EFF. RENTE 4,49% LĂ…NEBELĂ˜P 150 000,- OVER 5 Ă…R ETABL.GEBYR 2 717,- TOTALT 167 515,-. AVBILDET MODELL KAN HA EKSTRAUTSTYR. VI TAR FORBEHOLD OM TRYKKFEIL.

Toyota Førde AS

Toyota Nordfjord AS

Steinavegen 10, 6802 Førde Tlf: 57 72 10 00 - www.toyota-forde.no

MĂ…LĂ˜Y: Deknepollen - 6718 Deknepollen - Tlf: 57 85 26 50 STRYN: Hegreveien 16 - 6783 Stryn - Tlf: 57 87 60 00

13


GJØR DET GRØNT - GJØR DET ENKELT

14

Havsalt sommar 2014

vågsøy


selje ti ting du kan gjere

komfortabel kunstoppleving

1

Vertskapet Torkjell Djupedal (f.h.) Anna Kjempehol og Karenlill Popescu ønsker velkomen til ein ny sesong i Doktorgarden. Villaen frå 1917 ligg sentralt i Selje, og der kan ein frå sofaen nyte kunst, kultur og noko å bite i. I tillegg til den faste Sunnivautstillinga, som fortel historia til Sankta Sunniva og klosteret på Selja, har ein i år sommarutstilling med måleri frå Hanne Bringager, Eva Malmstrøm og Anne Valen Næss i Galleri Salen. I tillegg er butikken Noko Anna open og Kafé Claus byr på heimelaga mat. Om ein vil sove over i Selje, kan ein leige eitt av dei fire dobbeltromma i villaen. Doktorgarden har ope kvar dag frå 21. juni til og med 17. august og er ein del av Kunstløypa 2014.

15


8

Byr på rike naturopplevingar

2

Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding kjenner naturen og historiene på Stadlandet som få og tilbyr guida fotturar i heile Selje, ein kommune rik på naturopplevingar. Dei ulike stadene har spennande historier, og det er historieforteljinga som gjer turane med Grete spesielle. Guiden lagar skreddarsydde pakkeløysingar for ein eller fleire dagar for grupper, gjerne med mat inkludert. Det blir lagt til rette ut ifrå alder, interesse og kor fysisk aktiv ein ønsker å vere. Transport, mat og overnatting kan også ordnast. Grete organiserer også andre aktivitetar som kunstkurs og yoga i lag med lokale aktørar.

6

selje

2

7 4

9 1 5

3

10

3

utfordrande og naturskjønn golf

7

Med kunst i tre hus

I naturskjønne omgjevnader byr Kjell-Stig Amdam på kunstopplevingar i tre hus i tunet Galleriet mot Storhavet. I tillegg til eigen kunst byr galleristen på sin faste stall av kunstnarar – Ingun Dahlin, Grethe Berge og Marius Amdam. I sommar blir det også skulpturar i aluminium og emalje av Ine Tumyr å finne i atelieret. Den slåande vakre naturen utanfor stovedøra gjer besøket til galleriet til ei komplett oppleving. Galleriet er ope kvar dag frå 21. juni til 24. august. Kjell-Stig Amdam og Grethe Berge vil servere si etter kvart kjende eplekake i sommar – gratis til venner av huset og besøkande som har reist langt.

Selje Golfklubb si 9- holsbane er å betrakte som ei rimeleg vanskeleg bane sjølv om den ikkje er av dei aller lengste. Den har mange vasshinder i nærleiken av greenane og er den einaste heilårsbana i fylket, dersom vêret tillet spel. Bana har par 3- og par 4-hol, der lengste holet er 310 meter. Den naturskjønne og utfordrande bana ligg rett ved Selje sentrum og er ei av få baner som køyrer turneringar også vinterstid. Om sommaren har Selje Golfklubb turneringar kvar tysdag. Om ein ikkje har utstyr kan ein leige dette, men ein bør då ta kontakt på førehand.

tek deg tilbake i tid

4

Ruinane etter klosteret på Selja er blant dei best bevarte i landet og er vel verdt eit besøk. Ifølgje legenda blei den irske kongedottera Sunniva, som kom i land på Selja på 900talet, på flukt frå heidenske nordmenn, begravd i eit steinras på Selja. Sunniva blei seinare funnen uskadd og ho blei vernehelgen for Vestlandet og den einaste kvinnelege helgen i landet. Benediktinarklosteret blei grunnlagt om lag år 1100 og Selja blei eitt av dei tre første bispeseta i landet. I sommarsesongen er det guida turar til klosterøya frå Selje.

16

Havsalt sommar 2014

strandidyll i sentrum

5

Ikkje mange stader kan skilte med å ha ei sandstrand bare eit steinkast ifrå sentrum. Det finn du i Selje. Den 500 meter lange stranda ligg mellom hotellet og kyrkja i Selje, og den flotte sanden gjer at den raskt blir fylt opp på fine sommardagar. Seljesanden ligg i le for storhavet og har utsikt til heilagøya Selja. Stranda er svært populær blant bygdefolk så vel som turistar når sola kikkar fram. Servicebygg med toalett og dusj ligg rett ved sanden. Og det er kort veg til butikkar og kafé.

selje ti ting du kan gjere


surfeplass i verdsklasse

thalasso frå stadhavet

Ein av dei beste surfeplassane i landet er det ytre Stadlandet i Selje som byr på. Hoddevik er staden for surfing både i finvêr og under meir ekstremt vêr sidan stranda er skjerma av dei høge fjella rundt. Kombinasjonen av god surfing og storslått natur gjer at surfarar frå heile verda finn vegen til Stad for å leike i bølgjene. Også Erviksanden byr på god surfing, bare tre mil unna. Fleire operatørar på staden tilbyr sal og utleige av surfeutstyr, samt kurs. Det er også muleg å overnatte i Hoddevik, og både surfecampar og yogakurs er verdt å få med seg. Campingplass rett ved sanden med sanitæranlegg til bruk for bade- og surfegjester.

Aydin Ackay og familien tok i år over Selje Hotel som etter kvart har fått Selje Spa Thalasso som sitt varemerke. Spaet ligg rett ved sanden, og det unike med tilbodet er bruken av sjøvatn henta frå Stadhavet og varma opp til 40 grader. «Well-being» er eit viktig stikkord for hotellet. Algeinnpakningar, undervassmassasje, dusjspyling, badstue, hud- og kroppsmassasje er bare nokre av behandlingane ein kan oppleve. Det er også symjebasseng, sauna, oppvarma utebad og treningssenter som kan brukast om ein er hotellgjest eller båtturist. Selje Hotel er eit godt utgangspunkt for natur- og kulturopplevingar.

6

9

serverer kortreist

10 panoramautsikt utan like

8

Spektakulær utsikt ventar den som tar turen til Vestkapp, på toppen av Kjerringa på Stadhalvøya. Der kan ein oppleve 360 graders panoramautsikt over hav, fjell, fjordar og øyar. Stadhavet er kjend som ei farleg farlei og for uvêret. Utsiktspunktet på toppen, nesten 500 meter over havet, gir følelsen av å stå på toppen av verda. Toppen av Kjerringa byr på eit ope landskap med restar etter gamle steingardar. Det er bilveg heile vegen opp, der Meteorologisk institutt har sett opp vêrradar. Vestkapphuset blei rasert av vinterstormen i 2011, og dette området er sperra for publikum.

Tove Måløy og Tor Ivar Østreng har restaurert eit gamalt våningshus på den idylliske øya Barmen og inviterer både fastbuande og tilreisande på mellom anna fast søndagsmiddag. Ein kan overnatte på Barmøy gjestehus, eller ringe og bestille lunsj eller middag. I sommar vil vertskapet også satse på noko heilt nytt på øya, nemleg utepub når vêret tillet det. Gjestehuset har ope heile tida og er eit godt utgangspunkt for flotte naturopplevingar på øya. Dei har fiskestenger til utleige, så vel som robåt og kanoar ein kan ta i bruk i fiskevatnet Fjellvatnet på øya som er kjent for godt ferskvassfiske. Om fotturar freistar, byr øya på variert natur med skog, heier og fjell. Barmen har rundt 30 fastbuande og ligg mellom Stadhalvøya i nord og Vågsøya i sør.

17


Lagar folkefest på Nabben Kristi Himmelfartsdag, 29. mai, blir det folkefest på Nabben i Selje. Då blir det marknadsplass med utstillingar framfor kommunehuset når verdas eldste seglande skonnert, Anna Rogde, blir liggjande ved kai. Den stoppar i Selje på veg til Eidsvoll i anledning Grunnlovsseilasen 2014. Skuta kjem til Selje om morgonen etter å ha reist sørover langs norskekysten frå Hammerfest. I tillegg til Selje, skal skuta stoppe i Eivindvik før den fortset til Bergen. Anna Rogde kjem til å ha ope skip med utstilling om bord. Denne dagen blir Selje kommune si offisielle feiring av grunnlovsjubileet, og ein håpar på mange tilreisande til Selje denne dagen.

Krossen på Stadlandet På vegen over det 240 meter høge Dragseidet finn ein den store steinkrossen med fire mindre steinar rundt. Denne blei sett opp i 1913 til minne om då Olav Tryggvason kristna fire fylke der i år 997. Dragseidspelet På Sverdeggja tek for seg hendingane i år 997 og blir sett opp i vikingtunet laga til i nærleiken av krossen. Friluftsspelet blir sett opp neste gong i 2016.

18

Utfordrar med nytt triatlon

226 steg til toppen

12. juni er datoen for eit nytt triatlon med start i Selje sentrum. Etter det vellykka første Selje Challenge arrangert av Therese og Jan Vidar Smenes i fjor, utfordrar dei no igjen til eit nytt løp. Løypa er lagt opp med først ein etappe med 500 meter svømming langs Seljesanden, deretter 5,1 kilometer sykling til Sandvikeidet før siste etappe som er løp eller gange opp til Tarvaldseggja, 645 meter over havet. Det er ope for påmelding i både konkurranseklasse og open klasse. 75 deltakarar stilte til start i fjor.

Trappa til Risnakken tel 226 steg og startar vel 50 meter frå Selje Hotel. Toppen gir utsikt over Selje sentrum, Selja og storhavet.

Havsalt sommar 2014

selje litt av kvart som skjer


St. Hallvard-guttene til Selja 6. juli er det Seljumannamesse på Selja med økumenisk gudsteneste i klosterruinane på Selja. St. Hallvard-guttene kjem også i år til messa. Det blir også konsertar frå og med 29. juni med St. Hallvard-guttene rundt om i fylket. Tysdag 1. juli kjem dei til Bremanger i lag med Ugler i Moseboken og Salomos Høysangere, 4. juli er dei i Leikanger kyrkje der også Drops deltek og laurdag blir dei i St. Jetmund kyrkja på Åheim før dei tar turen til Selje kyrkje der dei igjen får følgje av Ugler i Moseboken, Salomos Høysangere og Drops. Predikant på Seljumannamessa på Selja i år er prost Rolf Schanke Eikum. Prestar frå Nordfjord og Vanylven, samt Filadelfia Stadlandet deltek også.

Fjelløp rett vest Stadlandet Rett Vest er fjelløpet som går langs ryggen av Stadlandet frå Dragseidet til Ervik. Det 14 kilometer lange løpet blir av arrangørane karakterisert som Norges vakraste fjelltrim. Den niande utgåva av løpet blir arrangert laurdag 21. juni. Stadlandet Idrettslag er arrangør, og det er fellesstart i konkurranseklassane og i mosjonsklassen. I Ervik blir det også barneløype.

Minnast skipsforliset Ervik kyrkje står rett ved den gamle kyrkjegarden i Ervik frå rundt 1550. Langkyrkja er frå 1970 og blei bygd som eit minnekapell for dei over 50 menneska som drukna under forliset av hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1943. Skipet blei søkkt av engelske jagarfly sidan ein trudde det var tyske soldatar om bord. Lokalbefolkninga redda 78 menneske frå ulykka. Skipsklokka til Sanct Svithun heng i klokketårnet i kyrkja, og ankeret er plassert utanfor. Altertavla, laga i mosaikk, er inspirert av forliset og viser ei kvinne som held rundt ein kross med ein båt i stor sjø i bakgrunnen. Kyrkja fekk i 1996 status som vegkyrkje.

Ser mot heilagøya Statua av Sankta Sunniva har fått høveleg plass inst i Seljevågen i Selje sentrum med utsikt mot Selja. Den tre meter høge statua er laga av kunstnar og bilethoggar Arne Mæland og kom på sokkel i fjor. Kunstnaren brukte marmor frå marmorbrotet Carrera på vestkysten av Italia til statuen. Marmor frå same brot er brukt til mellom anna Michelangelos verdskjende statue av David.

19


Selje Kloster Turar frå Selje sentrum til øya Selja med guiding i klosteret.

Helgeturar: 3. mai - 15. juni Daglege turar: 16. juni - 15. aug. Avg.: Man. - fre. kl. 10.00 og 13.15. Lør. og søn. kl. 10.00. Varighet 2 timer. Klosterbåten kan også leies av private og bedrifter Informasjon og billettar: Turistinformasjonen: Tlf. 57 85 66 06, selje.turistinformasjon@selje.kommune.no

www.seljekloster.no

Idylliske Runderem ligg 15 km sør for Selje Sentrum. Vi leiger ut 5 hytter og 4 leiligheter med god standard, som ligg flott til ved sjøen. Vi leiger også ut båtar som kan nyttast til fisketurer i et område med mange gode fiskeplassar. For meir informasjon/bestilling, kontakt oss på

a r m m o S på Selje Hotel Gode sommarprisar på overnatting. Restaurant, sommarmeny, bar. Symjebasseng, utebad, treningsrom. Spa/thalasso-avdeling med herlege sommartilbod - hugs å bestille behandling før du kjem. Frimannsbua sommarpub midt i sentrum

Velkommen til 6740 Selje, tlf. 57 85 88 80, post@seljehotel.no, www.seljehotel.no

tlf. 57 85 82 12 eller gå inn på www.rundereimhytter.com.

6750 Stadlandet Tlf. 57 85 87 80

20

Havsalt sommar 2014

selje


Bremanger ti ting du kan gjere

får naturopplevingane i hamn

1

Rogier van Oorschot har fått med seg sonen Stijn til å hjelpe seg med naturopplevingane han byr på gjennom Norway Adventures. I sommar står mellom anna kajakkturar, havkajakkurs og ulike campar på planen. Elles byr Norway Adventures på fleire opplevingar til fjells og til havs. Naturmannen har base på Davik og skreddarsyr program etter ønske for grupper og bedrifter eller enkeltpersonar. I vill og vakker kystnatur kan ein mellom anna oppleve fjellturar, kanopadling, fiske, segling og klatring. Turar kan organiserast med full forpleiing med overnatting i lavvo, telt, rorbuer eller på gard. Norway Adventures tilbyr også teambuilding og leiarutvikling og tar i bruk naturen som verkemiddel til dette.

21


krigshistorie på nært hald

spa på kaikanten

4

2

Carola Strandberg Vestby driv Carolas Buaspa & sol på kaikanten i Kalvåg, og kan garantere sol og 30 grader i sitt unike solrom. Om ein blir lei av å kjenne sand under føtene og slappe av i solsteiken i solrommet utforma som ei strand, tilbyr ho også ei rekkje behandlingar. Ein kan til dømes sette seg i oksygenbaren, få ulike massasjar med aromaoljer eller varme steinar, kroppspeeling, algeinnpakning eller ein tur i infraraud badstue. Om ein vil ha det enkelt, kan ein nyte utsikta til hamnebassenget i Kalvåg frå boblebadet ute i det fri, med eller utan tak. Spaet er ope kvar dag.

idyllisk strandperle

På Rugsundøy finn ein Tongane kystfort der ein kan studere kanonstillingar frå andre verdskrig på nært hald. Kanonstillingane står på vestspissen av Rugsundøya med god utsikt til innseglinga til Måløy og Nordfjorden. Elddåpen fekk det tyske festningsverket under Måløyraidet 27. desember 1941 då kystbyen blei angripen av britiske styrkar. Området er ikkje busett, men ein kan finne fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon som fortel historia om festningsverket. Hovudkanonen og mannskapsbrakka står framleis. Fleire hustufter og grunnmurar, bunkarar, dekningsrom og våpenstillingar er også intakte.

Med sjømat som spesialitet

3

Opne svaberg og silkemjuk sand gir Grotlesanden sitt særpreg. Stranda i ytre Bremanger ved bygda Grotle er ein attraksjon i finvêr, men kanskje endå meir fascinerande når stormen bryt innover land. Stranda, som no ofte blir brukt i profileringa av kommunen, var i mange år ein lokalt bevart løyndom. På sanden er det badeflåte, sandvolleyballbane, toalett og dusj. Det er forbod mot motorisert ferdsel, men det er mogleg å ankre opp lenger ute og ro inn. Elles er småbåthamna i Iglandsvik bare ein tre kilometers spasertur unna.

5

På kaia midt i hjertet av Kalvåg tar vert ved Knutholmen, Svein Inge Fosse, og dagleg leiar Jan Fredrik Fosse, i mot gjestene sine. Stikkordet er kystkultur, og Knutholmen sørger for at ein får oppleve akkurat dette gjennom overnatting, utflukter og ikkje minst maten. Knutholmen er kjend for den gode maten, og har fersk fisk og skaldyr frå havet rett utanfor døra som spesialitet. Mellom sjarkfiskarar og sjøbuer kan ein overnatte i leilegheiter og rom spreidd utover heile den vesle vågen. Om ein kjem båtvegen får ein oppleve ei av dei finaste og best besøkte gjestehamnene på Vestlandet.

1 4

7

6 3 9

8 2 5 10

brem 22

Havsalt sommar 2014

Bremanger ti ting du kan gjere


kunst i øyratunet

8

Høgast i Nord-Europa

6

Heilt aust på Bremangerlandet ragar Hornelen 869 stupbratte meter over havet. Nord-Europas høgaste sjøklippe gir ei fantastisk panoramautsikt over det varierte landskapet regionen byr på. Fjellet kan bestigast frå fleire kantar, og det øvste partiet har nesten loddrette vegger. Om ein tør kan ein legge seg på kanten av den framoverlente toppen og sjå omtrent loddrett ned på båttrafikken gjennom Skatestraumen.

Anne Turid Ljungren og dei litt over 30 medlemmane i Galleri Øyratunet i Svelgen planlegg i sommar ei medlemsutstilling. Om responsen er bra nok blir det kunstutstilling med måleri og akvarellar den andre veka i juni. Den første veka i juni er galleriet lånt ut til Kulturskulen i Bremanger som skal ha utstilling. Galleriet held ope i helgane i heile sommar, fram til skulen begynner i august.

byr på kulturhistorisk kafe

steingamal attraksjon

Omkransa av vakker natur på austspissen av Rugsundøya, ligg Rugsund Handelsstad. Familien Skaar driv i dag handelsstaden som stammar frå midten av 1600-talet. I 1924 blei staden kulturminnefreda av Riksantikvaren. Det har i alle tider vore drive handel ved staden, og Skaar-familien har i dag landhandel, selskapslokale, overnatting, gjestehamn og dykkarsenter. Familien er oppteken av å ta vare på bygningsmassen, stemninga og kulturopplevinga i Rugsund. Mange båtturistar tek også turen innom den fredelege hamna. Frå slutten av juni til midten av august er det open kafé for turistar som både kjem landevegen og sjøvegen til idylliske Rugsund. Enkel kafé med kaffi og kaker startar handelsstaden med i slutten av mai om vêret er godt.

Det unike Vingenfeltet i Frøysjøen er eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa. Feltet inneheld minst 2.000 ulike helleristningar frå cirka 4000–2000 år f.Kr. Feltet og omkringliggande landskap blei i 2002 freda av Riksantikvaren, og det er sett ned forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Men sjølv om det er avgrensingar på besøk, er det muleg å oppleve helleristningane dersom ein har avtale med turistkontoret i kommunen. Dei arrangerer guida turar til feltet, som bare delvis er ope for publikum. Det var fjellklatraren Kristian Bing som i 1912 oppdaga Vingenfeltet.

7

9

utstilling under open himmel

10

anger

Galleri Frøya skal i sommar ha ei eiga utstilling med kunstinstallasjonar på takterrassen. Det blir også sommarutstilling med blanda drops i Galleri Frøya der kunstnarar som Åge Steinset, Aud Rye og Helge Bjørnsen vert representert. Kunstnar og gallerist Karin Flatøy Svarstad har kreativ bruk av ull som sitt hovudmateriale og vil også stille ut i galleriet. I juni og juli blir det målarkurs i regi av Sommarakademiet med tilreisande instruktørar som Amanda Spencer frå England og Ruth Brownlee frå Shetland. I august kjem Moy Mackay frå Skottland med toving av bilde i finfibra ull. Det blir då skotske kunstinstallasjonar og skotsk markering i Galleri Frøya. I august blir det også utstilling av gamle bilde frå Kalvåg i galleriet. Galleri Loftet og Galleri Butikken er også verd eit besøk.

23


Byr på ti dagar med opplevingar

Rasteplass med utsikt

Opplev Bremanger, frå Rockweekend til Vetenløpet, er namnet på den ti dagar lange festen i Bremanger i sommar. Fredag 4. juli til søndag 13. juli blir dagar spekka med underhaldning. Det blir Rockweekend, konsertar med Violet Road og Katzenjammer, Fagernes Yacht Klubb, Royal Southern Brotherhood, dans med PK & Dansefolket og stand-up med Anders Ulveseter. Det blir også jamkveld på Havly, fyrverkeri, rorbukveld, sommardans, bygdefest med sild og poteter og ikkje minst sirkusvarieté med Jan Kjetil Smørdal. Det blir også tur til Vetvika, om vêret er bra, der Tupelo held konsert. Festivalen skal skje i Iglandsvik Marina, der det blir sett opp stort telt og laga til festivalcamp.

Om ein vil nyte synet av den mektige Hornelen, er Gloføykje ein ypparleg plass. Her er det laga til rasteplass. Arkeologiske utgravingar viser at det har budd folk på staden i 7.500 år, og helleristningsfeltet i Vingen var busetjarane sin kultplass.

Jubilerer med motbakkeløp Vetenløpet blir i år arrangert for tiande gong laurdag 12. juli. Løypa er cirka 4,6 kilometer med start på Grotlesanden og målgang på Veten 527 meter over havet. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter på grunn av litt nedoverbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent.

Bortgøymd perle Vetvik var i si tid ei velstandsbygd busett med rundt 40 menneske på tre større gardar på slutten av 1800-talet. Det krevs ein fjelltur eller båt for å komme seg til den avsidesliggjande stranda. Terrenget ned mot Vetvika er tidvis krevjande, og for å finne den beste vegen bør ein ha med seg kjentfolk.

24

Havsalt sommar 2014

Bremanger litt av kvart som skjer

Lagar kystkulturstemning på kaia Kalvåg Kystfestival går av stabelen 1. -3. august og byr på mykje liv og moro på kaia i Kalvåg. Det blir rorbu i gamlebutikken, segling og roing med gamle båtar og ikkje minst sang og musikk på kaia. Kalvåg kystlag si populære tørrsild blir å finne saman med sveler og anna godt i teltet på Amtskaia. Det blir boder og fiskedam med båtsnikring for barn, samt utstilling av motorar. I tillegg blir det konsertar på kveldane, og i år kjem Ole Ivars, The Waterboys, Dance with a Stranger og Claudia Scott til festivalen.


Skal lage nye svimerker i asfalten Svelgen Amcarklubb byr igjen på Amcartreff i Svelgen. 13. -15. juni blir det fartsfylt moro med offroadkøyring i Kupa, street legal – som er dragracing i mindre format, burning, tautrekking med bilar, dans på Svelgen Hotell med Borderland og ikkje minst mange flotte Amcar-bilar. Søndag blir det avslutning med premiering og cruising.

Det er her Det skjer - kvar sommar - heilt siDan 1860! • Restaurant/pub • Uteservering på brygge • Overnatting i sjøhus/rorbu • Gjestebrygge • Båt og kajakkutleige • Familietur, firmatur, blåtur, bryllaup, kurs og konferanse – vi fiksar det meste!

Tlf. 57 79 69 00 • Fax 57 79 69 01 • E-post: post@knutholmen.no www.knutholmen.no • Ope alle dagar!

Svelgen Hotell Kunst, krabbeklør og tørrsild Pamela Dunbar Nødset lagar kle og tilbehør i naturfiber, materialet ho har jobba med heile livet. I butikken sin Holmen Atelier i Kalvåg har ho verkstaden som blir pakka vekk om sommaren for å gjere plass til utstilling. Årets utstillarar er tekstilkunstnar Benita Tornholm som stiller ut skjærgårdsbilder, keramikkunstnar Trevor Woods frå Nord-Irland som stiller ut fisk i ulike format, og smykkedesigner Rønnaug Nyheim med smykke i ulike materialar. Ho kjem opphavleg frå Berle, men bur no i Kongsberg. I tillegg til kunst, kan Pamela by på kokte krabbeklør, sild frå Kalvåg kystlag og sykkelutleige gjennom sommaren. Sommarutstillinga på atelieret har ope dagleg frå 30. juni til 10. august.

ligg idyllisk til ved sjøen i kommunesenteret Svelgen. Vi har 40 nyrenoverte rom, også store familierom med ekstra soverom. Restaurant og kafe med god mat. Eit unikt turområde med merka turstiar. - Kort veg til startpunkt for tur til Hornelen (nordauropast høgste sjøklippe). Mange fiskevatten med sprek fjellaure. Utleige av kano, kaiakk, og båt for fiske på fjorden. Velkommne til Bremanger og Svelgen hotell Kontakt oss på tlf. 57 79 65 20 Mail: post@svelgenhotell.no

25


hele døgnet pü fjt.no

26

Havsalt sommar 2014


eid ti ting du kan gjere

garantert fiskelykke

1

18,4 kilo var den største laksen som blei tatt i den berekraftige Eidselva i fjor, og leiar Svenn Morten Eikeset i Eid Sportsfiskarlag trur at rekorden frå 1944 på 27 kilo blir ståande i mange år framover. I dei totalt ni sonene i elva blei det i fjor drege opp 1.574,1 kilo laks og 191,3 kilo sjøaure. 1. juni opnar sesongen på ny, og Eikeset fortel at sjansen er stor for å ta ein laks på rundt 9–10 kilo, men at ein sjeldan får laks større enn 15–16 kilo. Eidselva har gode oppvekstvilkår for laksen som reproduserer seg sjølv. Mange tilreisande fiskarar brukar fiskesporten som rekreasjon og kjem tilbake år etter år. Sesongen varer til 31. august, og nytt av året er at Eid elveeigarlag på eige initiativ har innført kvote på sjøauren. Fiskekort får ein kjøpe på sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid.

27


Golfmulegheiter langs elva

byr på nyrestaurert dekor

Stokkenes Golf Park er ei 9-hols bane som ligg fint til langs Eidselva. Bana, som opna i 2006, har ein høg standard, og både bane og driving range kan brukast dag og kveld. Bana er relativt kort, men har naturlege terrassar for kvart hol. Det er også moglegvis den einaste bana i landet kor ein kan spele golf og fiske etter laks samtidig. Den er godt halde ved like av medlemmene i Nordfjord Golfklubb. I 2012 opna eit nytt øvingsområde for alle med green, bunker og rangetrening. Nordfjord Golfklubb arrangerer turneringar i løpet av sommaren der den største av desse er Maurstad Open.

Etter nyrestaurering av kyrkja i Eid byr den sommaropne kyrkja mellom anna på eit fullstendig nyrestaurert tak. Nordfjordeid er etter Selja rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord. Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre som blei fullstendig restaurert i 1915 av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik. Han omgjorde kyrkjerommet til eit prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Kyrkja er kjend som den rosemåla kyrkja og er rikt dekorert i tak, på vegger og på søylene. Kyrkja er open kvar dag i sommar frå starten av juni til midten av august.

2

5

aktivitetsfylde laurdagar

6 serverer kunstvariasjon

3

Kulturhuset Gamlebanken er den kulturelle møtestaden midt i Eidsgata og har stått sidan 1881. Ein finn turistinformasjon i bygget, samt rockestasj til Malakoff Rockfestival. Arve Espe i Gamlebanken byr i sommar på kunst i tre etasjer frå mellom anna Sverre Koren Bjertnæs, Tove Stavem Reite, Sigrun Smogeli, Ivar Andreas Vaa, Roy Andreas Dahl, Åge Steinset, Tommy Jansen Bredesen, Ien Klaver, Trond Ove Sira, Finn Egil Eide, Ørnulf Opdahl og mange fleire. Gamlebanken er open dagleg og bankpuben i kjellaren er stort sett open i helgane.

romerskinspirert badehus

4

I det romerskinspirerte Badehuset på Nordfjord Hotell er det sommar året rundt med terapibassenget som alltid held temperaturen 34 grader. Spaet tilbyr heile spekteret av velværebehandlingar, det vere seg kinesisk, klassisk, aromamassasje eller massasje med varme steinar, innpakningar, kosmetisk akupunktur og ansiktsbehandlingar. I tillegg til behandlingane er det populært å bruke treningsrommet, for deretter å innta saunaavdelinga med både finsk, tyrkisk og infraraud badstue. Etter ein isdusj kan ein ta hydromassasjebad eller hoppe i det utandørs boblebadet med saltvatn. Elles kan kanskje ein honning- eller sjokolademassasje freiste? Nordfjord Hotell har blitt ei familiebedrift, og Eli Førde Aarskog karakteriserer Badehuset som blei bygd i 2010 som 50 prosent velvære og 50 prosent rehabilitering. Kombinasjonen trening og varmebasseng er ypparleg for rehabilitering, og Badehuset har universell utforming.

28

Havsalt sommar 2014

EID ti ting du kan gjere

Kvar helg frå 21. juni blir det liv og røre i Eidsgata når Sommarshopping i Eid tek til. Irene Berteig og resten av gruppa som arrangerer sommarshopping har lagt inn bestilling på sol og godvêr til laurdagane der målet er at flest muleg lag og organisasjonar er med på å skape aktivitet i gata. Det blir gågate og ein møteplass for både lokale og tilreisande med mat, lotteri og musikk. Det blir ulike tema for sommar-shoppinga dei ulike helgane. Jonsokhelga blir det til dømes laga blomsterkransar etter gamle tradisjonar, og Malakoff-helga blir sjølvsagt via til festivalen. Det blir sommarshopping kvar laurdag fram til og med 2. august.


utfordring med utsikt

NAturstemning på Holmøyane

På toppen av Trollenykjen sine 898 meter får ein ei praktfull utsikt over Nordfjorden og Nordfjordeid. Turen startar rundt 100 meter frå Skipenes bru med traktorveg over dyrka mark. Her finn ein ein godt merka sti som etter kvart går gjennom lauvskog og vekslande myr og jordgrunn til ein får fast fjell under beina. Vanleg turtempo tar deg til toppen på cirka to timar.

Biletkunstnar Olav Harald Ulstein frå Sykkylven står for sommarutstillinga på Holmøy arbeidsskule i år. Han arbeider figurativt med stemningar frå naturen som hovudvekt. Ein kan også på førespurnad få omvising på arbeidsskulen og den unike samlinga som fortel historia til garden og skulen. Holmøy arbeidsskule var den første arbeidsskulen eller snikkarskulen i Skandinavia då den blei skipa i 1858. Då den blei lagt ned i 1972 blei undervisninga flytta til yrkesskulen på Nordfjordeid. Holmøy arbeidsskule er også med i Kunstløypa 2014.

7

9

Om ein vil prøve å nå toppen raskare, blir det i sommar arrangert Trollenykjen Opp for femte gong. Rekorden i motbakkeløpet er på 35 minutt og 10 sekund. Datoen for årets løp er 1. juni.

eid 10

9

8

2 1

3 4 5 6

7

Naturleg med fjording i gata

8

Ein av Norges nasjonalskattar er fjordhesten, og ved Norsk Fjordhestsenter i Eid kan ein både teste ut og tileigne seg meir ridekunnskapar. Turistriding ved senteret, der folk i alle aldrar kan prøve seg på ein rusletur med ein hjelpar ved sidan, er populært. Ein kan også få ridetimar i hallen eller lengre turar tilpassa ferdigheitsnivå. I sommar blir fjordhesten meir å sjå i Eidsgata ettersom ein vil prøve å få meir hesteaktivitetar lagt til sommarshoppinga i Eid. Fjordhestsenteret arrangerer også rideturar på fjellet gjennom sommaren der ein får oppleve fjordhesten i sitt rette element. Senteret har eit nært samarbeid med Harpefossen Skisenter om turar i flott terreng i Hjelmelandsdalen. Firmaturar, kveldsturar og blåturar med overnatting og matservering er òg muleg.

actionfylt i bakken

10

Når snøen forsvinn frå Harpefossen skisenter, opnar det for mellom anna fartsfylt downhillsykling. Utforsykling gjer ein i trasé laga til på austsida av Kjenndalsheisen på Furuhogane. Om ein vil nyte naturen i eit litt rolegare tempo finst det mange turmulegheiter i Hjelmelandsdalen. Skisenteret har stått for merking av totalt 100 kilometer med turløyper med noko for ein kvar smak. Turane som går via Furuhogane passar for dei litt trente medan turane som går i Hjelmelandsdalen og postvegen til Tippadalssida passar for dei fleste. Turane byr på fine omgjevnader og er attraktive for lokale så vel som turistar. I tillegg er det gode fiskemulegheiter i elva Hjalma og fiskevatn innover fjellet. I lag med Norsk Fjordhestsenter tilbyr Harpefossen også hesteriding i dalen. Senteret har i tillegg utleige av terrengsyklar.

29


Vil skape møteplass for jakt, fiske og friluft Sogn og Fjordane jakt-, fiske- og friluftsmesse blir arrangert i og rundt Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid 31. mai og 1. juni. Ein tek opp att tråden frå 2003 då heile 4.500 menneske besøkte messa som då vart arrangert. Eid Jeger- og Fiskelag, Operahuset Nordfjord og VAKN – Vårt Akademi for Kultur og Næring står bak messa og vil skape regionen sin viktigaste møteplass for alle dei som driv med jakt, fiske og friluftsliv. Messa er lagt til den helga når det årlege lakseeventyret blir sparka i gong. Den spennande Eidselva som har utløp frå Hornindalsvatnet og renn ut i Nordfjorden, har tradisjon for storlaks. Operahuset med sine mange nivå, rom og uterom dannar ramma for flotte stands inne og ute, grilling av vilt og fisk i store telt, skyting med simulator og luftgevær, lokalmat, bål, kaffi og kos.

Med eiga statue Alfred Maurstad frå Bryggja var ein av dei fremste scenekunstnarane i det 20. hundreåret, og har fått sin eigen statue i Maurstadparken på Nordfjordeid. I Eid finst det også statuar av matematikaren Sophus Lie, overlege Hans Chr. Wennevold og kunstmålar Eilert Mehl.

30

«Klemming er sunt ...»

Rekordstor rockefest

Klemmekroken i Eidsgata er kanskje det mest fotograferte objektet i Eid og gir deg mulegheita til å ta ein pust i bakken og gje nokon ein klem. «Klemming er sunt, året rundt» står det på skiltet over den koselege benken. Ein god klem skal mellom anna seinke blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen, ifølgje skiltet.

For 12. året på rad blir Malakoff Rockfestival arrangert på Nordfjordeid. Festivalen har kvart år sidan starten sett publikumsrekord, og i fjor var 20.000 festivalglade menneske innom portane. Til årets rockefestival kjem mellom anna Karpe Diem, Sivert Høyem, Oslo Ess, Mastodon, Kåre & the cavemen, Ylvis, Opeth, Timbuktu, Dropkick Murphys, Svelene, The Bronx og Highasakite. Datoen for årets festival er 17. -19. juli.

Havsalt sommar 2014

eid litt av kvart som skjer


Jubilerande operahus Teater, opera, musikk og spel har fått boltreplass i Operahuset Nordfjord som stod ferdig i 2009 og som i år feirar fem år. På sommarens kalender står mellom anna jakt-, fiske- og friluftsmesse, sommaravslutning for ungdomsskulen, korpsstemne og klubbkonsert i regi av Malakoff Rockfestival.

For deg som krev dei beste Vi deler di stillingsannonse med 35.000 papirlesarar og 40.000 unike brukarar på våre nettstadar. 57 84 90 27 nordfj@fjt.no nordfjordsamkoyringa.no

31


Bustad

Båt

Motor

Leige ut hytta?

Arbeid

Stort & smått

Tapt & funne

Selje - kjøpe - leige? Prøv Annonsetorget på nett og papir

Dekkjer heile Nordvestlandet! Annonsa er synleg for 245.000 lesarar på nett. I tillegg kjem den på trykk i di lokalavis.

32

Havsalt sommar 2014

Raskt og enkelt! Gå inn på www.fjt.no Skriv inn annonsa sjølv og legg ved bilete.

For kun kr 179,kjem annonsa 2 veker på nett og 3 innrykk i di lokalavis. (Bilete på nett er inklusiv i prisen, ev. bilete på trykk i avis kr 99,- ekstra)


Vanylven ti ting du kan gjere

Held lokalkunsten høgt

1

Birger Vik i Galleri Brødrene Vik har kunst for ein kvar smak i galleriet i Syvde. Vik er svært oppteken av lokal kunst, men har i år sikra eit nytt namn til sommarutstillinga. Ingrid Solevik har hatt utstillingar i fleire land i Europa, men denne sommaren finn ein kunsten hennar i Syvde. Kunstnaren måler i akvarell, men har også akrylbilde. Solevik kjem opphavleg frå Stavanger og gler seg til å stille ut på Nordvestlandet med fleire bilde med lokale motiv. I tillegg til kunst på veggene er det rammeverkstaden som er ryggrada i galleriet. Sommarutstillinga ved galleriet i Syvde opnar fredag 6. juni under Kosterikje-dagane og er open kvar dag.

33


5

set pris på arven frå valborg kroken

3 6

2

Valborgsamlinga på gamle Thue skule på Åheim har lenge bydd på ei rik samling av eldre bruksgjenstandar samla saman av Valborg Kroken. Ho hadde samla over 500 gjenstandar i eit stabbur på garden ho budde. Desse fekk kommunen då ho gjekk bort. Ein kan finne gjenstandar som kassaapparat, disken og gamlevarer frå Grubse-butikken, ei gamal sjøbud som var landhandel på Åheim. Det er Brit Løvold og Marit Margrete Berget som har halde fram i Valborg Kroken si ånd. Dei ønsker å bevare den gamle skulen og har samla gamle skulebøker og klassefoto og tilbyr omvising på førespurnad.

4 7

2 8 9

ein plass å nyte sommaren

Modellar på rad og rekke

På Hakallestranda, lengst vest i Vanylven, finn ein Sandviksanden. Dette er plassen å nyte strandlivet på solrike dagar. Med utsikt til Stadhavet er Sandviksanden ein populær badeplass for både lokale og tilreisande sommarstid. Det finst toalettfasilitetar ved stranda. Ein liten spasertur frå sanden ligg Hakallegarden og rett ved sanden finn ein småbåthamna.

Leiar Olav Høgset i Åram Sogelag viser gladleg rundt i den rike modellbåtsamlinga som ein finn i enden av Hakallestranda. Samlinga byr på miniatyrar av Titanic og Noahs ark, så vel som færingar, jekter, dampskip, rutebåtar, redningsskøyter, orlogsskip som Wasa, Bounty og Victory, klipparar som Cutty Sark og polarskipa Gjøa og Fram. Utstillinga viser utviklinga av båttypar knytt til lokalhistorie og verdshistorie. Og nytt av året er ein modell av ferja som mange kanskje kjenner igjen frå julekalenderen Julefergå som gjekk på TV første gong i 1995.

appellerer med attraksjonar

fargerik gardsoppleving

Ane Malene Søvik Nygård og Vanylven Utvikling gjekk i fjor nye vegar for å orientere turistar og fastbuande om kommunen. Ein app som ein kan laste ned på smarttelefonen gir informasjon om det meste ein kan finne av sjåverdigheiter i Vanylven. I løpet av sommaren kjem ein oppdatert versjon av appen på plass med endå meir informasjon. Den inneheld eit kart der attraksjonar, turløyper og tenestetilbod er avmerka. Totalt 50 turar i den flotte Vanylven-naturen kan ein finne i appen. Attraksjonane er ikkje bare merka av i kartet, ein kan også finne meir utfyllande informasjon om dei ulike sjåverdigheitene.

I tillegg til alpakkaene som vandrar rundt på tunet kan ein helse på mellom anna ei snakkande papegøye på Hakallegarden i sommar. Eit utal ulike dyr tek i mot deg på den fargerike garden, som også i år byr på ny leikeplass. Aina og Olav Moldskred Krakset har hatt open gard dei siste åtte åra, og frå 20. juni held dei ope kvar dag. I tillegg til å helse på mangfaldet av dyr på garden kan ein også nyte kortreiste matopplevingar. Nytt av året er at ein kan ride innandørs om vêret ikkje tillet riding ute. Garden held ope dagleg fram til 20. august.

3

4

34

Havsalt sommar 2014

Vanylven ti ting du kan gjere

5

6


Viser fram verdskjend stein

8

Gullsmed Bjørnar Ekremsæter viser fram den verdskjende edelsteinen peridot, kjend for sin intense grønfarge og reinheit, på Norsk olivinsenter i gamle Thue skule på Åheim. Dei største mineralmusea i inn- og utland har eit eksemplar frå Åheim i sine samlingar. Du kan sjølv plukke din eigen på Peridotplassen om lag 6 kilometer frå Åheim sentrum og få den omgjort til smykkestein. Senteret har Norges største olivinkrystall og peridot frå dei heilt ubehandla til smykkestein. Peridot er krystallisert rein olivin danna under enormt trykk i nærleiken av mantelen i jordas indre. På senteret blir det omvising på torsdagar, laurdagar og søndagar frå 26. juni til 10. august.

10

1

ei av dei eldste i landet

9

St. Jetmundkyrkja på Åheim frå cirka år 1150 kan vere blant dei eldste i landet. Med guide kan ein oppleve mellomalderkyrkja bygd i marmor og gråstein i enkel romersk stil. Kyrkja har namnet etter den engelske kong Edmund (St. Jetmund) som etter legenda kom reisande over Maurstadeidet og meinte Åheim ville vere ein god stad å byggje kyrkje. Edmund blei drepen av vikingar og blei seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkje. På 1930-talet blei gamle skisser tatt i bruk i gjenoppbygginga av kyrkja som blei riven i 1863. Den blei vigsla på ny i 1957. Preikestolen er frå 1630 og alterskulpturen er laga i Tyskland på 1400-talet.

vanylven strålar om kapp med sola

7

golf på kunstgras

10

I ein park ved kommunesenteret Fiskåbygd står den. Statua ragar heile 13,96 meter i vêret og er 996 kilo tung.

Om ein tar med seg golfkøllene til Vanylven ventar ei flott 9-hols golfbane med utsikt over Syvdsfjorden. Klubben er stolt over å ha kunstgras som underlag på alle greenar. Som utfordring kan Vanylven Golfklubb by på par 68 og vel 3.900 meter frå gul tee. Smale fairwayar, utfordrande bunkarar og ei bane som er omgitt av elvar og skogar gjer dette til ei spennande oppleving.

Solsikka står som eit symbol på optimisme, trivsel, vekst og godt samhald i kommunen.

Bana har driving range med ballautomat som er open kvar dag i sommarmånadane.

Verdas største solsikke i stål finn ein i Vanylven.

Golfklubben har eige klubbhus på staden, arrangerer kurs og har utleige av køller.

35


Blåfelden rett opp 7. juni blir motbakkeløpet Blåfelden rett opp arrangert. Mellom 150 og 200 deltakarar prøver seg på bakkeløpet kvart år, og løyperekorden er på litt over 37 minutt. Fjellturen til toppen på 842 meter er like fin også resten av sommaren. Frå fjorden følgjer ein ein morenerygg gjennom open bjørkeskog, før ein kjem i ope landskap. Over ryggen mot Svartetua blir det meir luftig før ein når Blåfelden. Starten og ruta er godt merka og i vanleg turtempo vil ein bruke omtrent to timar.

Byr på heimelaga med utsikt Kvilehytta finn ein på toppen av Maurstadeidet. Og med ei fantastisk utsikt over Åheim kan ein innta eit godt heimelaga tradisjonsmåltid som det populære sosakjøtet eller karamellpuddingen. Kvilehytta har også utleige av hytter, catering og selskap. Frå Maurstadeidet er det fleire fiskevatn, og Kvilehytta sel fiskekort til desse vatna. Kaféen har ope dagleg frå 23. juni til 3. august.

Skal rocke i vakker natur The Straits, med orginialmedlemmer frå Dire Straits er eitt av trekkplastera til årets Vanylvsråkk, som går av stabelen 4. og 5. juli på Eidså. Selje-artist Line Dybedal skal også spele på festivalen, saman med Elias Jung, Return, Stage Dolls, High Red med Adam Douglas, Violet Road, Valkyrien Allstars, Sivvah og Blodsbrødre.

Laks i sentrum I tillegg til den store solsikkestatua på Fiskå, finst det også ein spesiell laksestatue. Den store laksen, som fungerer som ein midtrabatt, står i gamle Fiskå sentrum.

36

Havsalt sommar 2014

vanylven litt av kvart som skjer


Revystemning på Kosterikjedagane 6. - 8. juni blir årets Kosterikjedagar arrangert i Syvde. Fredag kveld kjem sommarrevyane kjende frå Stryn med allsongshow i teltet. Inge Matias Tvinnereim og Roy Aron Myklebust er to av karane bak sommarrevyen og byr på Kosterikjedagane på eit «best of-show» frå dei siste 15 åra som revyartistar. Dei har med seg fire musikarar som skal sørge for god stemning. Revybandet og Inge Matias Tvinnereim spelar opp til dans i teltet etter revyen med musikk frå Vamp til Bon Jovi. Laurdag er det dansebandet Jannez frå Sverige som skal sørge for stemning i teltet.

Velkomen til Kvilehytta Her får du nydeleg mat og ei fantastisk utsikt. Vi har kafe, catering og hytteutleige. Du finn oss mellom Bryggja og Åheim. Meir info om opningstider og kva vi kan tilby, sjå vår heimeside: www.kvilehytta.no Telefon 900 58 453

tett på der du bor

37


TIBE 14115

FOTTURAR I VANYLVEN

HAKALLEGARDEN

GOLFBANE PÅ EIDSÅ

SANDVIKSANDEN

PERIDOTPLASSEN

ST. JETMUND KYRKJE

Last ned appen Vanylven for kart over fotturar i Vanylvsfjella, og besøk oss på vanylven.no

Velkomen til gard s! • Opplevingsgard • • • •

for heile familien Kortreist mat • Interiørbutikk Innandørs riding i dårleg vêr Ope kvar dag frå 20. juni til 20. august Telefon 900 68 996 www.hakalle.no

NORGES LEDENDE HUSBYGGER OPPFYLLER DRØMMER I DITT NÆRMILJØ Mesterhus sine arkitekttegnede hus bygges av lokale håndverkere med Mesterbrev. Husene er basert på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse dine behov. Nybygg, ombygg, påbygg eller rehabilitering, vi kombinerer dine ønsker med fagkunnNORGES LEDENDE HUSBYGGER NORGES LEDENDE HUSBYGGER skap og solid håndverk. Vi OPPFYLLER DRØMMER I DITT NÆRMILJØ OPPFYLLER DRØMMER I DITT NÆRMILJØ oppfyller husdrømmen, og vi gjør det med trygghet Mesterhus sine arkitekttegnede hus bygges av lokale håndverkere Mesterhus med sine Mesterbrev. arkitekttegnede hus bygges av lokale håndverkere med Mesterbrev. Husene er basert på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse Husene dine behov. er basert Nybygg, på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse dine behov.rammer. Nybygg, Vi tilbyr og faste ombygg, påbygg eller rehabilitering, vi kombinerer dine ønsker ombygg, med fagkunnskap påbygg eller rehabilitering, vi kombinerer dine ønskermange med fagkunnskap hus, men bare ett og solid håndverk. Vi oppfyller husdrømmen, og vi gjør detog med solid trygghet håndverk. og faste Vi oppfyller husdrømmen, og vi gjør det med trygghet og faste løfte. Det blir som avtalt.

NORGES NORGES HUSBYGGER rammer. Vi tilbyrLEDENDE mange hus, menHUSBYGGER bare ett løfte. Det blir som rammer. avtalt. Vi tilbyrLEDENDE mange hus, men bare ett løfte. Det blir som avtalt. OPPFYLLER DRØMMER I DITT NÆRMILJØ OPPFYLLER DRØMMER I DITT NÆRMILJØ

Mesterhus sine arkitekttegnede hus bygges av lokale håndverkere Mesterhusmed sineMesterbrev. arkitekttegnede hus bygges av lokale håndverkere med Mesterbrev. LEDENDE HUSBYGGER Husene erNORGES basert på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse Husene dine er behov. basertNybygg, på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse dine behov. Nybygg, – 6146 Åheim • Telefon 952 82 411 ombygg, påbygg eller rehabilitering, vi kombinerer Idine ønsker ombygg, medpåbygg fagkunnskap ellerSlagnes rehabilitering, vi kombinerer dine ønsker med fagkunnskap OPPFYLLER DRØMMER DITT NÆRMILJØ vikbygg.no post@vikbygg.no og solid håndverk. Vi oppfyller husdrømmen, og vi gjør det ogmed solidtrygghet håndverk. og Vi faste oppfyller husdrømmen, og vi gjør det med trygghet og faste sinehus, arkitekttegnede bygges av lokale håndverkere med Mesterbrev. rammer. ViMesterhus tilbyr mange men bare etthus løfte. Det blir som rammer. avtalt. Vi tilbyr mange hus, men bare ett løfte. Det blir som avtalt. Husene er basert på skreddersøm som vi enkelt kan tilpasse dine behov. Nybygg, ombygg, påbygg eller rehabilitering, vi kombinerer dine ønsker med fagkunnskap og solid håndverk. Vi oppfyller husdrømmen, og vi gjør det med trygghet og faste mesterhus.no mesterhus.no rammer. Vi tilbyr mange hus, men bare ett løfte. Det blir som avtalt.

38

Havsalt sommar 2014 mesterhus.no

mesterhus.no

vanylven mesterhus.no


Foto: Morten Rakke/Visit Flåm

sogn og fjordane ti ting du kan gjere

vill og vakker togreise

1

Ei av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor der nesten 80 av togreisa ligg på 55 promille stigning går mellom Flåm i Aurlandsfjorden til høgfjellstasjonen Myrdal. Den 20 kilometer lange togreisa byr på noko av det mest spektakulære norsk natur kan by på og eitt av stoppa er ved Kjosfossen som bare kan nåast med tog. Vendetunnelen på reisa som går i spiral inn og ut av fjellet, er eit resultat av det noko av det dristigaste og mest dugande ingeniørkunsten i norsk jernbanehistorie. Høgdeforskjellen er på 865 meter. Om ein vil lære meir om historia til togreisa som snirklar seg gjennom den tronge Flåmsdalen kan ein besøke Flåmsbana Museet.

39

39


helsar velkomen til utkanten

2

Ved innseglinga til Sognefjorden er det statuen av Kong Olav V som helsar deg velkomen. Kongestatua er laga i granitt av kunstnaren Knut Steen. Landemerket er plassert på Skjerjehamn, nord på Sandøya i Gulen kommune. Granittmonumentet blei avduka i 2007 under Utkantfestivalen som i år blir arrangert for åttande gong 23. -26. juli. I tillegg til kongestatuen og festivalen er Skjerjehamn kjend som handelsstad frå gamal tid. I 2005 kjøpte lakseoppdrettaren Ole Braanaas Skjerjehamn og rusta opp handelsstaden frå 1600-talet til eit moderne reiselivsanlegg.

Luftig naturoppleving

5

Høgt over fjorden i Loen i Stryn finn ein Via Ferrata til Hoven. Via Ferrata er italiensk og kjem frå den første verdskrig då ein bygde «jernstiar» i fjellet. I dag er dette ein stålkabel som går langs ruta oppover fjellet der klatraren sikrar seg med utstyr for ikkje å falle ned. Om ein vågar seg opp Via Ferrata frå Loen, får ein krysse hengebrua Gjølmunnebrua som blei opna i 2013. Brua er heile 120 meter lang og ligg på 750 meter over havet over eit 160 meter djupt gjøl. Utstyr og guide er tilgjengeleg for dei som vil prøve seg på den utfordrande

naturopplevinga. For å komme seg til Hoven som ligg 1010 moh. startar ein på skogsveg bak Hotel Alexandra, deretter sti i bratt terreng frå 170 til 440 moh. Der kjem ein inn på Via Ferrata som tek deg til 880 moh. Då gjenstår det 130 høgdemeter og 400 lengdemeter til toppen.

byr på verka til eikaas

3

Ein av dei sentrale biletkunstnarane frå siste halvdel av 1900-talet er Ludvig Eikaas. Jølstrakunstnaren er representert med over 800 verk i Eikaasgalleriet på Ålhus i Vassenden. Eikaas er kjend for sine mange portrett og sjølvportrett, og som ein av dei første som laga nonfigurativ kunst i Norge. Eikaasgalleriet blei ombygd frå det gamle meieriet på Ålhus for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Galleriet opna i 1994 og er Sogn og Fjordane kunstmuseum sitt største galleri. Galleriet har skiftande utstillingar.

6

stor breoppleving

4

Briksdalsbreen, ein arm frå Jostedalsbreen, er ein av dei største naturattraksjonane i Norge. Kvart år valfartar fleire hundre tusen menneske til breen, som er ein del av den største breen på det europeiske fastlandet. Den slynger seg ned den tronge dalen frå 1.200 meters høgde og ligg i enden av Oldedalen. Frå Briksdalsbre fjellstove er det grusveg til breen. 2

sogn og fjo Husar kunsten i fylket

6

Foto: Normann/Reisemål Stryn & Nordfjord

40

Havsalt sommar 2014

Midt i Førde sentrum finn ein Sogn og Fjordane kunstmuseum som opna i 2012. Samlinga til kunstmuseet tel i overkant av 800 verk og har eit særleg stort tilfang frå regionen. Den nasjonale kunsten frå det siste hundreåret, særleg frå 1970-talet og framover, er ein del av samlinga. Museet har også driftsansvar for Anders Svor-museet i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster og Sogn Kunstsenter. Då museet opna i 2012 hadde det ein kostnad på 93 millionar kroner.

Sogn og fjordane ti ting du kan gjere


bøker i kvar ei hylle

8

Ferjeventerom, fjøs, bank og postlokale er blant dei titals originale bokutsala i bokbyen i Mundal i Fjærland. Om lag fire hyllekilometer med bøker er til sals i bokbyen som blei grunnlagd i 1995. Bokbyen reddar kvart år tonnevis av bøker frå å bli kasta og syter for at dei ikkje blir gløymde. Litteraturen blir også formidla på ein original og entusiastisk måte. Boknatti blir i år arrangert 21. juni. Denne dagen betyr bokmoro for store og små i ein stor marknad der ein kan selje eigne bruktbøker til den lyse morgon. I tillegg blir det konsertar, opplesingar, forfattarar, mat og drikke. Den norske bokbyen er open kvar dag frå mai til september.

Foto: Ernst Riha/Reisemål Stryn & Nordfjord

5

landets eldste stavkyrkje

9

4 3 8

9

10

7

ordane

1

i toppen blant verdsarven

7

Den eldste stavkyrkja i Norge er Urnes stavkyrkje i Luster og den einaste i sitt slag som står på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja blei bygd i 1130åra og er eit Foto: Espen Mills/Visitnorway.com sentralt verk i norsk kunst og historie. Kyrkja er eit eksempel på svært godt handverk, og urnesstilen, som er kjenneteikna ved flotte utskjeringar av svært høg kvalitet, har namn frå denne kyrkja. Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune er den mest særmerkte og best bevarte av dei totalt 28 stavkyrkjene i landet. Den blei bygd i 1180, og den karakteristiske utsjånaden med sponkledning, svalgang, drakehovud, tak over tak, kross på mønekammane og takryttar med spir har blitt brukt som førebilete ved andre stavkyrkjerestaureringar. Besøkssenteret ligg rett ved og viser mellom anna historia til stavkyrkjene.

Ein av dei mest dramatiske fjordane i verda er Nærøyfjorden, som på sitt smalaste er 250 meter. Den står i lag med Geirangerfjorden på UNESCO si verdsarvliste og er ein fjordarm av Sognefjorden, verdas lengste og djupaste Foto: Rolf M. Sørensen/Visit Flåm fjord. Nærøyfjorden byr på vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, frie fossefall og fjell som strekk seg 1.761 meter over havet. Inst i den 17 kilometer lange fjorden finn ein Gudvangen, ei populær cruisehamn. Der kan ein besøke vikinglandsbyen eller dei kvite grottene i anortositt-fjellet.

Nokre steg til utruleg utsikt

10

Utsiktspunktet Stegastein finn ein på Aurlandsvegen på Aurlandsfjellet 6 kilometer frå Aurlandsvangen. Utsiktsplattforma ligg 650 meter over havet og gir utsikt over Aurlandsfjorden. Punktet har på kort tid blitt ein attraksjon i seg sjølv, og har fått fleire utmerkingar. Plattforma er bygd i limtre og stål og løftar besøkande 30 meter ut i lufta. Den storslåtte utsikta og det unike fjordlandskapet får ein heilt ny dimensjon. Til utsiktspunktet Stegastein er vegen open heile året.

Foto: CH/Visitnorway.com

41


Viser dagleglivet på 1800-talet Sunnfjord Museum blei skipa på starten av 1900-talet, og byr på 32 antikvariske bygningar der tre av dei er ein opphavleg husmannsplass og resten er tilflytta frå bygdene i indre Sunnfjord. Friluftsavdelinga viser korleis det var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord på midten av 1800-talet. Museet har også 13.000 registrerte gjenstandar som speglar dagleglivet til folk i sunnfjordbygdene. Museet og gjenstandane finn ein i Movika som ligg like aust for Førde sentrum.

Foto: Stein Sandemose Bårdsen

Frodig kunstnarheim Ein av Norges mest framståande biletkunstnarar, Nikolai Astrup, har heimstaden Jølster som motiv i mange av bilda sine. Astruptunet var heimen til Astrup og ligg ved Sandal på sørsida av Jølstravatnet i Jølster kommune. Kunstnaren var fødd i Bremanger, men flytta raskt til Ålhus i Jølster på slutten av 1800-talet der han blei buande det meste av sitt liv. I kunstnarheimen kan ein sjå den unike og nærast komplette samlinga av trykkplater etter Astrup i tillegg til bilde. Astrup gjorde seg kjend som både grafikar og målar, og er framfor alt kjend for skildringane av frodig vestlandsnatur og tradisjonelt folkeliv.

Jubilerande spel Ved ei av dei best bevarte middelalderkyrkjene i landet blir det historiske Kinnaspelet – Songen ved det store djup – arrangert for 30. gong 21.– 22. juni nedanfor dei storslåtte Kinnafjella. Øya Kinn ligg heilt vest i Flora, og det naturlege amfiet ved utescena har plass

Markerer 20 år med countryfest

Byr på sild i alle variantar I år blir det dekka til sildebord i Florø sentrum fredag 20. juni. Det blir kalla verdas lengste sildebord og er på om lag 350 meter. Der kan ein kan finne silderettar som banansild, rømmesild, fruktsild og yoghurtsild. Sildebordet vert arrangert på dugnad og er sponsa av det lokale næringslivet. Bordet er ein del av Himmel og Hav Kystfestival, som også omfattar laksens dag, konsertar og Kinnaspelet.

42

Havsalt sommar 2014

sogn og fjordane litt av kvart som skjer

Norsk Countrytreff blir arrangert for tjuande gong 10.–13. juli på Breim i Gloppen kommune. Dette vil festivalen mellom anna markere med ei historisk utstilling. Til festivalen kjem band som The Desert Rose Band, Mark Chestnutt, Rita Eriksen, Odd Nordstoga, Gunslingers, VON, Empty Bottles Broken Hearts og Texanos.


Skåla opp

Film i fjellheimen

Det blei i fjor deltakarrekord med over 1.800 utøvarar i konkurranse- og mosjonsklassa i motbakkeløpet Skåla Opp i Loen. I år er datoen laurdag 16. august og løpet er omtala som det tøffaste motbakkeløpet i Nord-Europa. Skåla er rekna som den høgaste fjelltoppen som har fot i sjøen. Jonathan Wyatt vann i fjor med tida 1 time, 9 minutt og 39 sekund, og rekorden på 1 time 7 minutt og 6 sekund tatt av Ahmet Arslan står framleis. Laurdag 9. august er det Fanaråken opp med start frå Turtagrø. Løpet er på 8,6 km med ein høgdeskilnad på 1.200 meter til Fanaråken på 2.068 meter. Storehesten Opp i Sunnfjord blir arrangert 28. juni.

12. -14. september blir Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim Turisthytte arrangert. Festivalen er Norges største filmfestival for fjellfilmar. Alt frå naturfilmar, dokumentarar og spelefilmar til kortfilmar, ekstremsportfilmar og TV-seriar blir vist på Fjellfilmfestivalen, saman med inspirerande foredrag frå ekspedisjonsfararar og friluftsfolk frå hele verda.

25 år med kulturell musikkfest

til tusenvis av menneske. Ramma rundt spelet er innføring av reformasjonen i 1537, samt eit «spel i spelet» som fortel legenda om Sankta Sunniva som kom i land på Selja. Det historiske spelet er blant dei best etablerte i landet.

Førdefestivalen eller Førde internasjonale folkemusikkfestival går i år av stabelen 2.–6. juli i Førde. Det er den største festivalen av sitt slag i Europa og byr på musikarar frå alle verdshjørner. Temaet i år er lokal–global og festivalen vil på denne måten sette den lokale musikken inn i eit globalt perspektiv. Blant norske namn på plakaten finn ein mellom anna Hekla Stålstrenga og Sigrid Moldestad.

Byr på våt moro 9. -13. juli blir Våt moro arrangert i Florø. Dette er ein festival som vil skape spektakulære opplevingar på sjøen og i fjella rundt Florø, med senter i Florø sentrum og Florevika. Ein kan prøve seg på mellom anna dykking, segling, wakeboard, kiting, surfing, stand up-padling, havrafting og paragliding.

43


4. – 13. juli 2014

Frå Rockweekend til Vetenløpet 10 dagar fullspekka med variert sommarmoro!

4. juli

Jam på Havly

5. juli

Ettermiddagskonsert med Violet Road og Katzenjammer Kveldskonsert med Fagernes Yacht Klubb + lokale band

6. juli

Kveldskonsert med Royal Southern Brotherhood + lokale band Konsertane 5. og 6. juli blir i sirkusteltet på festivalområdet, Iglandsvik Marina.

7. – 13. juli – vi byr på ei rekkje aktivitetar – bl.a. Motbakkeløp for barn, Motorsagkunstnar, Barneteater, Fiskekonkurranse Opne kafear og pubar på Havly og Reidarbua. 9. juli

Sirkusvarieté med Jan Ketil Smørdal og artistar. Seinare same kveld: Den store “Bygdefesten”

10. juli

Utekonsert i Vetvika med Tupelo - (bill. kr 100) Guida fjelltur til Vetvika Transport i Vetvika med RIB båt i tillegg til guida fottur. (Dette for folk som ikkje ordnar seg med eigen transport).

11. juli

Klubbkonsert på Havly med Tupelo + lokale band

12. juli

Vetenløpet Sommardans på Reidarbua med PK & Dansefolket Standup-show med Andre Ulveseter

Festivalcamping

Iglandsvik Marina har nye gjestebrygger og ny oppstillingsplass for bubilar og campingvogner. Camping for telt på Lexaumarkja like ved festivalområdet.

Lexaumarkja camping

Følg oss på 140522_Bremanger_Havsalt.indd 1

44

Havsalt sommar 2014

www.opplev.bremanger.no

DESIGN: FJORDENES TIDENDE 5/22/2014 10:45:37 AM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.