ØyNytt nr. 4 - september 2018

Page 1

Nummer 4

ØyNytt Kyrkjeblad for Øygarden

September 2018  45. årgang

Engasjerte rådsleiarar i Fjell, Sund og Øygarden Harald Rød: «Jesus kallar oss til tru og teneste»

12

3 Andakt: Fridom 5 Er du lukkeleg? 8 Eldretur i solskin 9 Attende i Øygarden 10 Nye medarbeidarar frå hausten

20 Hjeltefjorden Arena opna

Tre unge vaksne skal arbeide i deltidsstillingar i Kyrkja i Øygarden det neste skuleåret. Page 4


Status for innsamla midlar Som du ser av søylene under så er gåveinntektene langt under budsjett når me lagar ein prognose for heile året. Den raude søyla viser det som har kome inn av gåver utanom kollektar i kyrkjene til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjelydsarbeidet er avhengig av innsamla midlar. Det vert meir viktig når det no vert ein kommune (Fjell, Sund g Øygarden). Skal soknerådet kunne drive eit aktivt kristent arbeid så er di gåve viktig. Du kan bruke kontonummer: 3628 55 90870. Takk for det du gir! Øygarden sokneråd

Kåre 70 år Kyrkjetenar i Blomvåg, Kåre Kristoffersen fyllte 70 år 17. august. Me gratulerer så mykje med dagen. Kåre er ein god medarbeidar. Han har arbeidd trufast som kyrkjetenar i Blomvåg kyrkje og som kyrkjegardsarbeidar. Kåre tok til som kyrkjetenar i 1995 medan kyrkja enno var ein del av det kommunale systemet. I 1997 vart han tilsett i Øygarden kyrkjelege fellesråd då fellesrådsordninga vart oppretta og kyrkja overtok all drift av kyrkjer og gravplassar. Kåre har vore aktiv som (veteran) på skøyter heilt fram til no. Han er og ivrig sykelist. Me ønskjer Kåre alt godt for dagane som kjem. Olav Martin Vik, kyrkjeverje

Redaktøren har ordet Olav Martin Vik Kyrkjeverje/redaktør

Hausten er her Det har vore ein fin sommar for mange. Så er det slik at nokon av dykk har opplevd det motsatte. Me som arbeider i kyrkja kjem tett på død og sorg og me veit at for nokon har det vore ein tung sommar. Me legg no den varme og lyse tida bak oss og dagane vert kortare og kaldare. På same måte som årstidene varierer, så er det også variasjonar i liva våre. Gud veit om dette og ber oss å søkje inn til Han både i gode og vanskelege dagar. Kalenderen til kyrkja i Fjell, Sund og Øygarden fyllest opp med aktivitetar utover hausten og vinteren. Det er noko for alle aldrar. Bruk kyrkjeblada og våre nettsider for få finne informasjon om det som skjer. Våre tilsette saman med alle dei flotte frivillige medarbeidarane i kyrkja ser fram til å møte deg. Me har ein artikkel om soknerådsleiarane i dette bladet. Dei er frivillige medarbeidarar og som du kan lese har fleire av dei vore med i mange år. Utan desse frivillige medarbeidarane hadde ikkje arbeidet gått rundt. Så er det slik Gud spør ikkje etter alder eller utdanning. Alle kan vere med og Gud utrustar den som stiller seg til rådvelde i det kristne arbeidet. Tenkjer du at eg kunne gjerne ha bidrege med noko, ta kontakt med oss så formidlar me det vidare til rette vedkommande. Ha ein fin haust!

Gudsteneste på Kystmuseet Det er Kystsogeveker, noko som også vert markert i Øygarden laurdag 8. og søndag 9. september på Kystmuseet i Øygarden. Programmet for dagane er annonsert på side 7. Laurdag 8. september kl. 13.00 vert det opning ved ordførar Børge Haugetun. Søndag 9. september kl. 11.00 vert det gudsteneste ved sokneprest Espen Tveten. Gospel teens frå Øygarden deltek. Det er ikkje ingangspengar når det gjeld gudstenesta. Redaksjonen

Me minner om morgonmessene seinare i haust. Sjå annonse side 19.

2

ØyNytt #4/18

Olav Martin Vik

Stillheit under gravferda Me har fått tilbakemeldingar som gjeld høgt snakk før seremonistart og i følgjet etter kista mot gravplassen. Me må huske på at ved ei gravferd kan det vere mykje sorg, både synleg og skjult. Deltakande i gravferder må ta omsyn til dette. Stille og ro skal prege ei gravferd. Kyrkjeverja

Gud har sagt: “Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg” Hebrearane 13,5


Andakt

Lydia Sandøy Rong Barne- og ungdomsarbeidar

Fridom «Får Sønnen frigjort dere, da blir dere virkelig fri» Joh 8,36. Dette bibelverset har eg hatt som favorittbibelvers sidan vidaregåande. Dette fordi det seier så veldig mykje rett og sant med få ord. Som menneske i dagens samfunn er me ekstremt opptatt av å vere fri, og leitar etter fridom i verdslege ting som pengar, sosial status, reiser og utdanning. Bibelen fortel oss at det berre er Jesus som kan sette oss fri, men kvifor er det viktig med den fridomen Jesus kan gje? Ved syndefallet kom synda inn i verda, men også inn i oss menneske. Eg, som kristen, trur at det berre er Jesus som kan sette oss fri frå denne synda. Denne fridomen er uavhengig av all anna fridom denne verda gjev. Eg er fri på grunn av Jesus, uansett kva tilhøve er. Det er godt å tru på.

Eg er fri på grunn av Jesus, uansett kva tilhøve er. Det er godt å tru på

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

ØyNytt – kyrkjeblad for Øygarden ØyNytt kom første gong ut i april 1974. ØyNytt vert fulldistribuert i Øygarden. Det er også mange abonnentar utanfor kommunen. Kontingent og annonsar er avgjerande for produksjon og distribusjon av ØyNytt.

Telefon: 56 38 22 40

Telefon: 56 38 22 40

E-post: post.oygarden@kyrkja.no

E-post: post.oygarden@kyrkja.no

Postadresse: Øynytt, postboks 144, 5331 Rong Utgjevar: Øygarden sokneråd Ansvarleg redaktør: Olav Martin Vik Redaksjonen: Hogne Berland, Espen Sigve Tveten, Anders Vik, Olav Martin Vik og Kari Sandøy Rong Grafisk produksjon: Olav Martin Vik Trykk: Bodoni AS

Kjem ut i 2018: 9. februar, 23. mars, 25. mai, 7. september, 12. oktober, 7. desember Redaksjonen vert avslutta ei veke før.

Distribusjon: Hammer Transport (i Øygarden) og Posten (utandor Øygarden) Kontingent: Kr 125 i Øygarden / Kr 175 utanfor Øygarden Takkeannonsar: Kr 100 Annonsar: Kontakt redaksjonen Bankkontonummer: 3628.07.02557 for kontingenter og gåver

IL J

ØM ERK E T

24

9 Tr ykksak 6

9

M

1

Opplag: 2500 pr. nummer. 6. nummer i året.

Øygarden kyrkjelege fellesråd Besøksadresse: Kyrkjekontoret Øygarden, Rong senter Postadresse: Postboks 144, Rong Informasjon om våre tenester, kontaktinformasjon til våre tilsette og det som skjer i regi av oss finn du på: www.kyrkja.no/oygarden Facebook:

kyrkjaioygarden

Soknepresten i Øygarden: Espen Sigve Tveten E-post: et838@kyrkja.no Telefon: 56 38 22 40 Leiar i soknerådet og kyrkjeleg fellesråd: Erling Vik Telefon: 482 104 62 Org. nr. Øygarden kyrkjelege fellesråd: 976 995 430 Bankkonto for gåver: 3628.55.90870 Gåver og kollekter kan du også gje ved bruk av

Vipps

Stab: Olav Martin Vik, kyrkjeverje/daglig

leiar. Kari Sandøy Rong, kontorleiar. Anne Lise Grønn, kantor. Hogne Berland, kyrkjelydspedagog. Bjørg Hindenes Blom, diakonimedarbeidar. Janesh Amenya, Blomvåg kyrkje. Kari Synnøve Bekkenes Solheimslid, Hjelme kyrkje. Kåre Kristoffersen, kyrkjegardsarbeidar.

ØyNytt #4/18

3


Endringar i staben i Øygarden Janesh Amenya er tilbake som kyrkjetenar etter 2 år som utsending for NLM i Kenya.

i

Janesh har arbeida i kyrkja i Øygarden sidan 1997, først som barne- og ungdomsarbeider og etter det som kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar, med hovudarbeidsstad Hjelme kyrkje.

Janesh vert kyrkjetenar med hovudarbeidsstad i Blomvåg etter at Kåre Kristoffersen trer ut av teneste som kyrkjetenar. Me ønskjer Janesh alt godt i arbeidet. Kåre Kristoffersen sluttar som kyrkjetenar i Blomvåg kyrkje. Han er no 70 år og ønskjer å arbeide mindre. Kåre går over i ein 40 % stilling som kyrkjegardsarbeidar. Me har bruk for hans konpetanse inn mot samanslåing av dei kyrkjelege fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden. Me takkar så mykje for godt arbeid som kyrkjetenar i Blomvåg.

Here you can read some headings in this magazine

Page 3 In the devotional we can read that we are free no matter what, because of what Jesus has done for oss.

Page 5 Priest Espen Tveten writes about being happy. It’s important to look for happiness in the right place. It’s important to be connected to God. We can rejoice in the Lord, always

Page 9

Det er mykje erfaring som skal overførast til medarbeidarar som etter kvart skal ta over. Kari Bekkenes Solheimslid fortset som kyrkjetenar i Hjelme inntil vidare. Kyrkjeverje Olav Martin Vik

Turid and Janesh Amenya are back in Norway, after two years in Kenya working for Norwegian Lutheran Mission. They say that God has taken caren of them and that it is important that people have been praying for them and their work in Kenya

Page 10 Introduction of the new youth workers in the church. Mathilde Karin Dale, Lill Grete Stranda and Lydia Sandøy Rong will work with children and youth in Øygarden the next year Editor

Brot i lønsforhandlingar i kyrkjeleg sektor. Det kom til brot under årets lønsforhandlingar i kyrkjeleg sektor. Dette gjeld 12 av 22 fagforeiningar. Partane i tariffoppgjeret skal til mekling hos Riksmeklaren 18. september.

Sprek 100-åring Ordførar Børge Haugetun overrekte gratulasjona frå kong Harald til Helena Johanne Rong på hennar 100 årsdag 16. august. Slekt og bygdefolk på Rong hadde møtt opp på Tednebakkane for å feira jubilanten. Me gratulerer så mykje! Tekst og foto: Ottar Vik

4

ØyNytt #4/18

Dersom partane ikkje vert samde er det fare for streik. Informasjon om meklinga vil verte gitt på våre nettsider etter 18. september. www.kyrkja.no/oygarden Olav Martin Vik, kyrkjeverje


Er du lukkeleg? Svært mykje dreier seg om å jakta på lukke. Eg synest «lukkeleg» er eit slitsamt ord. Når kan ein bruke eit så stort ord, og kan ein vera lukkeleg trass bekymringar? Espen Tveten

Eg sperra auga opp då eg las at Bhutan hadde som mål å verta det lukkelegaste landet i verda. Bhutan - det vesle landet som er trykt inn mellom fjella i Himalaya og som er eit av dei minste utvikla i verda. Å vedta å verte dei lukkelegaste vert jo berre ein hån mot folket, tenkte eg. Men så las eg at på FN-dagen for lukke, gjorde dei for nokre år sidan ei undersøking. Til mi overrasking trona Paraguay på toppen, føre Columbia, Ecuador og Guatemala. Og på 14 plass kom Noreg, på delt plass med, nettopp, fattige Bhutan. Heilt på topp hadde dei ikkje kome, men delt plass med Noreg er jo sensasjonelt, tenkte eg. Lotto og lukke Ei anna undersøking vart gjort med lottomillionærar. Magerefleksen på kva ein drøymer om, er for mange å vinna i lotto. Men burde det vere det? Det viser seg at dei færraste lottomillionærar klarer å spare, mengd personlege konkursar steig markant etter 3-5 år, og ein gjer fleire dårlege investeringar når ein har vunne pengar. Då bør kanskje ikkje draumen vere å vinne like mykje som amerikanaren som for eit par år sidan vann 13 milliardar kroner.

Leit på rett stad Kvifor har me det ikkje betre når me har det så godt? Dette spørsmålet er tittelen på ei bok. Kanskje kan det vere tid for ei påminning om at lukke er noko me skal leite andre stadar etter. Òg her gjeld det at «han som leitar skal finna». Me kan finne livsglede og lukke i livsalvoret. Som prest har eg møtt menneske med uro og liding som er prega av glede, fordi gleda ikkje vert basert på omstenda, men på ankerfestet i Gud på innsida. Der lukka ikkje er To oppfordringar frå Paulus i jakta på lukke. Den første er alvorleg og frå 1. Tim 6: «Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping».

Som prest har eg møtt menneske med uro og liding som er prega av glede, fordi gleda ikkje vert basert på omstenda, men på ankerfestet i Gud på innsida

Sokneprest

Som ein kommentar på kor lukke ikkje kan hentast, har den svenske biskopen Martin Lønnebo sagt: «Hungeren til vesten er først og fremst psykisk og åndelig, og han kan ikkje verte oppretta gjennom ytterlegare materielt forbruk. Det gjer berre skaden større, fordi han skjuler den». Gled dykk Så difor, som eit alternativt lukkekart, seier Paulus til oss i Filipparane 4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seie: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.» Altså: Du som trur på Gud, hent gleda di der, ikkje i alt mogleg anna. I tillegg hjelper det å vera vennleg, du vert glad av det. Og dessutan, hugs at Gud er nær no. God haust!

Friluftsgudsteneste på Gløvrebu søndag 24. juni Sokneprest Espen Tveten i askjon i regnværet.

Til trass for regn var det godt oppmøte på friluftsgudstenesta på Gløvrebu 24. juni. 75 personar tok turen til Gløvrebu. 6-åringane fekk utdelt bok om skapelsen. Foto: Kari Sandøy Rong ØyNytt #4/18

5


Gratulerer til 50-årskonfirmantane 2018

Jubilantane i Blomåg 3. juni

Bak frå venstre: Arvid Ove Herdlevær, Johannes Mikkelsen, Willy Njøten, Erling Hilmar Oen, Ole Magne Rong, Oddvar Åge Sæther, Peder Børge Torsvik, Arne Johan Vik, Jon Per Torsvik. Framme frå venstre: Eli Marie Fonneland, Mona Julie Kristoffersen, Inger Marie Rong, Torhild Irene Heggebø, Gunn Henny Herdlevær, Laila Irene Toft, Margrethe Lilly Torsvik, Åse Vik, Kjellaug Norunn Solsvik, Pauline Nora Dale Midtun

Jubilantane i Hjelme 10. juni

Framme frå venstre: Lillian Ing May Krossnes Gausvik, Else Margrethe Myhre, Torill Margot Nakken Hellesund, Bjørg Kirsten Odland Lilletvedt, Petra Johanna Pahr Heggholmen, Aud Marit Stølsnes, Åse Sæle Bergesen Midten frå venstre: Alvhild Margret Bakken Olafsen, Åse Bekkenes Kjærgård, Bjørg Bekkenes Toftevåg, Kjersti Solveig Dale Larsen, Åshild Dåvøy Bjånesøy, Anne Karin Fjeldstad Øvrebø, Bjørnhild Hovden. Bak frå venstre: Malvin Alvheim, Ole Inge Heggøy, Otto Hellesund, Johnny Erling Hellesøy, Johannes Hovden, Ottar Nakken, Jan Per Nautnes Pedersen

6

ØyNytt #4/17


Øygardingen Ingvald Andrè talte på GF2018 Tekst og foto: Olav Martin Vik

Ingvald Andrè Kårbø er 31 år, gift med Camilla og busatt i Tromsø. Han er rektor ved Fjellheim bibelskule. Ingvald har utdanninga si frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule der han tok ein master i teologi.

Øygardingen Ingvald Andre Kårbø talte ut i frå Johannes openberring for nærare 5000 i Oslofjord Convention Center under GF2018.

Ingvald Andrè hadde 2 bibeltimar på GF. Begge bibeltimane tok utgangspunkt i Johannes openberring som er den siste boka i Bibelen. Dette er eit krevjande tema fordi openberringsboka peikar på dei siste tider gjennom syn som Johannes fekk sjå. Bilbeltimane finn ein her: www.gf2018.no

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har generalforsamling kvart tredje år, og GF 2018 vart arrangert på Oslofjord Convention Center (OCC) i Vestfold, med Region sør som vertskap. Rundt 5000 deltok på GF2018 og av dette 1000 born og unge.

Ingvald André Kårbø og kona Camilla etter at Ingvald André var ferdig med siste bilbeltimen.

3 frå Øygarden på GF2018. F.v. Erling Vik, soknerådsformann i Øygarden. Ingebjørg Martinussen, misjonær for NLM i Peru (heime for ein kort periode) og Gerd Lillian Vik.

MORGONMESSER BLOMVÅG KYRKJE

Tysdag 27.11. og 11.12 kl. 6.30-7.15

ØyNytt #4/18

7


Eldretur i solskinn Dagen var 5. juni. Så fint at våre eldre vil vera med på den årlege bussturen kyrkja skipar til. 54-setaren var mest full. Nokre få avmeldingar kom dagen før avreise slik at også dei som stod på venteliste fekk plass. Turen tok til kl. 8.30 frå Hjelme Kyrkje og me var heime att ca kl. 20. Altså ein lang dag. Men det var fint kjørever med sol og nordavind. Komiteen hadde lagt vel til rette med inspirasjon for både kropp og sjel. Ord for dagen, songar og løye vart presentert i bussen. Lunsj fekk me på Knarvik-senteret. Gode skiver og kaffi gjorde susen, i tilegg fekk me strekt på beina og dykt, ja, til og med shoppa litt. Bussen tok oss til Leirvåg i Austrheim. Ferjestoppet Sløvåg i Gulen var neste stopp. Trass i smale vegar fann me omsider fram til den nedlagde Sellevåg

Eldeturen 2018 gjekk til Gulen i solskin.

Treskofabrikk i Brandanger. Her fekk med guiding med film og ord. 60.000 tresko-par i året var levebrødet til mange. Fabrikken vart nedlagt på 60-talet. No er det museum. Praten gjekk livleg fordi mange av våre eldre sjølv hadde brukt tresko i oppveksten. Neste stopp var Mjømna-bygda med vitjing i Mjømna kyrkje. Gjert Iversen var oppvaksen her, men bur i Åsane. Stolt fortalde han om kyrkja si, bygd tidleg på 1900-talet. Han spelte trekkspel og song åleine og saman med oss. Ei retteleg høgtidsstund vart det. Det var bruer mellom øyane. Dei var ikkje nye, og skjerma med eit lågt lilla rekkverk.

Litt skummelt i den store bussen. Men vår øst-eurpeiske sjåfør losa oss vel fram til Skjerjehamn. Eit vakker og særprega, maritimt lokale i sjøkanten var målet. Me fekk god laksemiddag og ein stooor porsjon is til kaffien. Kan ein ha det betre? Kongestatuen vart mykje fotografert trass i sterk nordavind som letta på krøllene. Kongen stod støtt. Drøset gjekk høglydt og det var råd og sjå at dagen hadde vore god. No stod berre heimreisa att. Den vart korta med høvande, avslappande tonar frå cd-spelaren i bussen. Å vera i lag er stort, å vera i lag er sælebot. For komiteen Else Austbø

Ordførarar i Øygarden kommune

Frivillige til

SPRÅKSPRELL Møteplass for innvandrarar og nordmenn, der innvandraren lærer å snakke norsk gjennom eit fellesskap.

Tidlegare ordførarar var invitert til opninga av Hjeltefjorden Arena onsdag 22. august. Ein nytta då høvet til å ta eit bilete av dei som var til stades. Frå venstre framme: Rolv Svein Rougnø 1980-1981, 1984-1985 og 1996-2000. Børge Haugetun noverande ordførar frå 2015. Kjell Alvheim 1976-1980, 1986-1987. Bak frå venstre: Olav Martin Vik 2000-2011. Åse Gunn Husebø 2015. Ottar Vik 1982-1983, 1988-1989. Avdøde Otto Harkestad var ordførar i 1990-1991, 1992-1995, 2011-2014. Jens Rong, Karl Hellesøy og Alf Sæle (alle er døde) var også ordførarar i Øygarden.

8

ØyNytt #4/18

Det er behov for frivillige. Måndag mellom 12.45 og 14.15. Opplegget i haust vert variert, med m.a. turar i nærområdet. Ein treng ikkje vere med kvar måndag. Kontakt diakonimedarbeiar Bjørg Blom, tlf. 47816181 for meir informasjon.


Attende i Øygarden Turid og Janesh Amenya reiste til Kenya i 2016 som utsendingar for Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei kom tilbake til Noreg i juni og er no også tilbake i sine respektive jobbar. Tekst og foto: Olav Martin Vik

Korleis var det å reise frå Kenya? Janesh: Når ein har blitt kjent med folk og fått gode kontakter og relasjoner så er det alltid vanskeleg å å forlate dei, så det var nok litt tøft å bryte opp. Turid: Ein del av jobben min i Kenya innebar velkomstar og avskjedar. På desse to åra har eg tatt imot to studentkull, ynskt dei velkommen, blitt kjent med dei og tatt avskjed med dei. Studentane hadde allereie reist då vi braut opp så for meg vart det ikkje så vanskeleg som for Janesh som hadde brukt to år med dei same folka. Vart desse to åra slik de hadde tenkt? Ingenting blir heilt slik ein tenkjer, men vi hadde håpa på å få gode kontaktar og relasjonar og det opplevde vi i høgste grad, så slik sett blei det som vi hadde tenkt. Elllers har vi lært oss å ta det som kjem i tillit til at Gud har heile verda i si hand og der får også vi vere.

Har de kjent på forbønn i arbeidet? Ja, det har vi. Vi har kjent på fred og tryggleik i oppgavene vi har vore ein del av. Vi har fått opplevd å gå i gjerningar som er lagt ferdig. Gud har omgitt oss på alle kantar og ein del av det vi har vært vitne til er ikkje noko anna enn at det er nokon som ber. Så stor TAKK til alle som har hugsa på oss dessse to åra!

Gud har omgitt oss på alle kantar og ein del av det vi har vore vitne til er ikkje anna enn at det er nokon som ber Korleis er det å finne attende til norske rutiner? To år gjekk fort, plutselig var vi tilbake i Øygarden. Vi opplever å bli godt

mottekne både i jobbane våre og av folket i Øygarden , så det hjelper godt i forhold til å koma inn att i norske rutiner! Men samstundes er jaget etter travelheten (tidsklemma) noko vi ikkje ynskjer å bli ein del av. Vi ynskjer å ha tid for menneskje vi møter også her i Norge, så det er vel noko vi vil prøve å holde fast ved så lenge vi kan før vi havnar i dragsuget. Vil til teneste i utlandet vedvare? For oss er ikkje kallet knytta til landegrenser eller tidsperiodar. Kallet vårt er ikkje eit slags prosjekt, men ein del av livet vårt! No er vi her og vi trur at Gud har ein plan med at vi bur der vi bur. Det er godt å kvila i Guds omsorg og vite at Han går ved mi side han leiar mine steg.

Ny bil til Fjell, Sund og Øygarden kyrkjelege fellesråd Fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden har gjort vedtak om innkjøp av ny bil med tilhengar. Bilen skal nyttast til drift av gravplassane og til transport av gravemaskin og anna utstyr mellom gravplassane i Fjell, Sund og Øygarden. Fjell kyrkjelege fellesråd har hatt ein slik bil i mange år, men den var no utslitt. Den nye bilen er merka med Øygarden kyrkjelege fellesråd som vert namnet frå 1.12.2019 på det nye fellesrådet. Det er Sotra Bil AS som har levert bil og hengar. Kyrkjeverja ØyNytt #4/18

9


Frå venstre: Mathilde Karin Dale, Lill Grete Stranda, Lydia Sandøy Rong

Planlegging av hausten heime hos Espen Tveten

Årets barne- og ungdomsarbeidarar Tre unge vaksne skal arbeide i deltidsstillingar i Kyrkja i Øygarden det neste skuleåret. Mykje av tida vil dei bruke med konfirmantane og på leir Tekst: Hogne Berland Foto: Marte Pernille Tveten og Hogne Berland

Lill Grete Stranda (23) og Lydia Sandøy Rong (22) har allereie arbeidd her eitt år. Lill Grete studerer andreåret på fysioterapi i Bergen og Lydia går tredje året på lærarskulen. Begge synest det var flott å arbeide her i fjor og at det var lett å sei ja til å arbeide eit år til. «Det var veldig kjekt å verta kjent med ungdomane i fjor», seier Lydia. «Vi synes det er både eit viktig og eit gjevande arbeid», seier Lill Grete. «Ungdomane er i ein fase av livet der dei skal ta mange viktige val for framtida. Det er flott å få bruka tid saman med dei i denne fasen av livet.» «Særleg var det fint å ha bibelgruppe saman med ungdomane», synest Lydia. Lill Grete er einig. «I ei bibelgruppe kjem ein tettare på kvarandre og det er kanskje lettare å stille spørsmål og ta opp vanskelege tema. Vi fekk både ha det sosialt og snakke om trua og livet.»

TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED? Nokre som ringer tenkjer på å ta sitt eige liv, andre er usikre, einsame eller redde. Nokre treng berre å slå av ein prat. Ring eller skriv: Vi er her. Alltid. kirkens-sos.no

10

ØyNytt #4/18

Begge synest det stort sett går greitt å kombinere jobb og studiar sidan mykje av arbeidet i kyrkja går føre seg på kveld og i helger. «Vi må jo ha ein jobb ved sidan av studiet og syns vi er heldige som får jobbe med barne- og ungdomsarbeidet her.» I tillegg til å halde fram med bibelgrupper, kjem Lill Grete og Lydia til å vera fast med på konfirmantundervisningane dette året. Dei vert også med på nokre leirar.

Særleg vert det fint å ha bibelgruppe saman med ungdomane

Mathilde Karin Dale er 25 år og har ikkje jobba i kyrkja tidlegare, men har vore med i mykje av arbeidet som frivillig medarbeidar. Ho gler seg til å ta fatt på jobben, men er også spent. «Eg forventar at eg må utfordre med sjølv litt. Til dømes skal eg ha andaktar og det har eg ikkje gjort før.» Ho synest det er flott å få vera med å bidra i eit arbeid som har vore viktig for ho sjølv. «Eg har sjølv sett pris på det kristne barne- og ungdomsarbeidet då eg var yngre. Det er fint å få denne sjansen til å gje tilbake og få vera med å fortelje om Jesus.» Mathilde skal vera fast med på K2 og K2pp som er opplegga for dei som går i 10. klasse og dei som går på vidaregåande. Ho skal også vera med på dei fleste leirane på Skjergardheimen dette året.


Dette skjer

Leirar Skjergardsheimen 8. september: Leirdag 1. klasse 9. september: Leirdag 2. klasse 2.-4. november: Leir 3. klasse 7.-9. desember: Adventsleir 4. klasse 25.-27. januar: Leir 7. klasse 15.-17. februar: Leir 5. klasse 1.-3. mars: Leir 6. klasse 5.-7. april: Ungdomsleir 8.-10. klasse Det vert delt ut program på skulane.

Hogne Berland er kyrkjelydspedagog i Øygarden

Hogne har ordet For nokon markerer hausten starten på eit semester som vil verta ganske likt fjorårets. Andre står kanskje framom ny skule, ny arbeidsplass eller ny plass å bu. Kanskje alt dette på ein gong. Nokon gler seg og nokon kvir seg. Nokon gongar vert det som vi tenkjer og håpar, andre gongar ikkje. Livet er fullt av endringar og ting som ikkje går etter planen. Nokon gongar endrar det seg til det betre, andre gongar kan det verta svært vanskeleg. Ingen av oss er immune mot det som kan møte oss. I tillegg til utfordringar som ny bustad, skule eller jobb, så kan vi jo risikere å oppleve alt frå kjærleikssorg og brotne relasjonar til økonomiske problem, sjukdom eller død i familien. Alt dette veit vi, men det gjer det ikkje noko lettare når det rammar oss.

Då eg var på den kristne ungdomskonferansen UL i sommar, fekk vi høyre ein tale som gjorde sterkt inntrykk. Talaren, Asbjørn Handeland, hadde ein draum om å starte eige firma og bruke overskuddet frå firmaet til kristent arbeid. Han tenkte dette måtte vera Guds plan. Men firmaet gjekk elendig og i tillegg fekk han angst. No gjekk han på medisin for angsten og lite hadde vorte som han hadde sett for seg. Likevel kunne han fortelje om at Gud var med også når det var tøffe tak. Bibelen lovar nemleg aldri eit problemfritt liv dersom ein er kristen. Den uperfekte verda vi lever i pregar oss alle. Men Bibelen lovar ein Gud som ser sorga vår og vanskane våre, og gjev oss håp om ein himmel med berre glede

Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn: I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda. Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned, gje hjartet liv hos dei som er knuste. Jesaja 57,15

REFUEL

16. november 30. november 14. desember Stad: Rong senter Tid: 19.30-22.30

KRIK

7. desember 14. desember

7. september 21. september 5. oktober 19. oktober 2. november

31. august 15. september 28. september 26. oktober 9. november 23. november

GOSPEL TEENS 11. september 25. september 10. oktober 23. oktober 6. november 20. november

BABYSONG 27. august 10. september 24. september 22. oktober 5. november

SMÅBARNSSONG 4. september 18. september 2. oktober 16. oktober 30. oktober

Stad: Hjeltefjorden arena Tid: 19.30-21.30

4. desember Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 18-20

19. november 3. desember Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 11-12.30

13. november 27. november 2. desember, Gudsteneste kl. 11 i Blomvåg Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30

Informasjon Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om deltaking og innhald i opplegga. Kyrkjekontoret i Øygarden E-post: post.oygarden@kyrkja.no Telefon: 56382240 Frivillige Me treng også frivillige til t.d. leirane. Ta kontakt om du vil delta som frivillig.

ØyNytt #4/18

11


Engasjerte rådsleiarar i Fjell, Frå 1.12.2019 skal dei kyrkjelege fellesråda slåast saman og får namnet Øygarden kyrkjelege fellesråd. Leiarane i dei kyrkjelege råda har ei viktig rolle. Me har stilt dei nokre spørsmål om kyrkja i lokalsamfunnet og litt om korleis dei ser på oppgåva. Tekst og foto: Olav Martin Vik

Harald Rød er leiar i kyrkjeleg fellesnemnd som har ansvaret for samanslåing av fellesråda.Erling Vik er leiar i soknerådet og fellesrådet i Øygarden. Brynhild Enerhaug er leiar i soknerådet og fellesrådet i Sund. Dag-Olav Bjorøy er leiar i soknerådet i Landro og fellesrådet i Fjell. Anne Elisabeth Møvik Hornes er leiar i soknerådet i Fjell. Per Helge Refvik er leiar i soknerådet i Foldnes.

1. Kor lenge har du vore med i soknerådet? 2. Kvifor brukar du av fritida di i kristeleg arbeid? 3. Kva har de særleg fokus på i tida framover i høve arbeidet i soknet? 4. Kyrkja er ein stor samfunnsaktør og møter mange menneske i ulike aldrar og ulike samanhengar. Kva tenkjer de om kyrkja si rolle i den nye kommunen? 5. Kvifor ønskjer de at menneske skal delta på tilbod iregi av kyrkja? 6. Kor viktig er og vert frivillige medarbeidarar i arbeidet framover?

Harald 1. Eg har vore med ein periode i frå 2004 – 2008 – og var leiar i fellesrådet i to år. Eg er no med i Foldnes sokneråd i denne perioden. 2. Det har heilt frå ungdomen av vore viktig for meg å få vera med i i arbeidet i kyrkje og misjon. Jesus kallar oss til tru og teneste. Det kan verka lite det ein får gjort, men det gjev så mykje tilbake dette å få arbeida saman med andre menneske om felles mål. 3. Dette spørsmålet skal ikkje Harald svare på som leiar av fellesnemnda. 4. Kyrkja bør framleis ha ein respektert rolle i bygda som kommunen reknar med og set pris på. I bygdene her vest har kyrkja hatt ein viktig rolle for folket og kommunane. Dette er verdiar som bør førast vidare i den nye kommunen. Dette betyr også at kyrkja må fylla denne

To arbeidsfelt er særs viktige. Det er ungdomsarbeid og diakoni

12

ØyNytt #4/18

rollen på ein slik måte at kommunen ser verdien i å hegna om eit godt samarbeid. To arbeidsfelt er særs viktige. Det er ungdomsarbeid og diakoni. Det vil alltid letta på «kommunen sitt samvit» når det vert lagt merke til eit godt arbeid mellom barn og unge, og ei diakonal teneste som har kontakt med menneske som slit med einsemd og redusert funksjon. 5. Det er fleire grunnar. Først og fremst er det for å la menneske møta Guds ord i forkynninga, både for å få næring til si tru, og for å møta kallet til tru og teneste. Men det handlar og om å finna eit kristent fellesskap der barn og unge, foreldre og eldre opplever eit sosialt nettverk som ei god og trygg ramme for livet. Det handlar og om å vidareføra arven i bygdene våre, der kyrkje og kristenliv har vore ein viktig del av vår identitet og kultur. Det er viktig at kyrkja gjev ei god og verdig ramme rundt dei store hendingane i livet vårt. Det gjeld dåp og konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Vi er overtydde om at kyrkja betyr mykje for mange menneske. Difor er det og viktig at dette ikkje vert sett på som «private» arrangement, men som viktige hendingar i kyrkjelyden. Det

handlar om at vi tek vare på kvarandre i glede og sorg. 6. Det er vanskeleg å sjå for seg at kyrkja vil få midlar til å løna alt arbeid som bør skje i kyrkja sin regi. Skal kyrkja lukkast i å ha ein sentral rolle i bygdene, må vi evna å rekruttera frivillige. Frivillig arbeid har også ein eigenverdi. Det betyr at «folk flest» tek eit ansvar for å halda arbeidet oppe, og at det er eit levande engasjement for kyrkja. Det er fare for at folket si oppleving av kyrkja vert at kyrkja er eit «vesen» mellom andre «vesen» om alt vert løna arbeid. (Helsevesen – brannvesen - «kyrkjevesen»).

Erling 1. I denne bolken meiner eg at det skal være 10 – 12 år. Eg har også vore med tidligare men huskar ikkje årstal. 2. Det er eit meiningsfullt og viktig arbeid for å bringe den kristne arven vidare til nye generasjoner 3. Me har jobba med NAMU (Naturlig menighetsvekst) dei siste åra og dette arbeidet vil me fortsette med. Dei områda me ikkje er så gode på har me spesielt fokus på. Som eit ledd i dette prøver me å


, Sund og Øygarden

Frå venstre: Erling Vik, Harald Rød, Brynhild Enerhaug, Dag-Olav Bjorøy, Anne Elisabeth Møvik Hornes og Per Helge Refvik. etablere nokre smågrupper til hjelp i dette arbeidet. 4. Kyrkja blir en viktig del, og det er viktig at noko av det lokale særpreget vert vidareført og at ein kan byggje på dei beste delane frå kvarandre. 5. Kyrkja har mange gode og meiningsfulle tilbod til alle aldersgrupper. Det å koma saman og oppleve ting saman og støtte kvarandre i sorg og glede er fint. Så må me aldri gløyme kva som er

hovudoppdraget vårt, å forkynne Guds ord til frelse. Jesus er veien. 6. Dei frivillige medarbeidarane er og vert viktige i arbeidet framover og det er

Så må me aldri gløyme kva som er hovudoppdraget vårt, å forkynne Guds ord til frelse

viktig å skape lokalt engasjement og eigarskap til arbeidet. Det er viktig at folk kjem på bana og ikkje vert sitjande på tribunen.

Brynhild 1. Eg kom inn i soknerådet i 2011. 2. Fordi det er meiningsfullt for meg. Eg kjenner meg heime i kyrkja, og ynskjer å bidra til at andre kan vere med i dette fellesskapet.

ØyNytt #4/18

13


3. Soknerådet blir ikkje lenger fellesråd, og kan konsentrere seg om å drive kyrkja sitt åndelege arbeid. Trusopplæringsplanen for barn og unge ligg der, og soknerådet må ha eit sterkt fokus på å få alle tiltaka i gang. Rikdommen i kyrkjelyden er menneska som høyrer til der, og får vi til samarbeid og engasjement som omfattar fleire, får vi tilgang til denne verdien 4. Den nye kommunen blir større, det same blir kyrkja. Vi kan bli ein maktfaktor som ynskjer å bidra og bli gode samarbeidspartnarar for å gjere den nye kommunen til ein god stad å bu. 5. Vi trur kyrkja kan gje menneska eit fellesskap og eit trusfundament som kan hjelpe dei å takle komplekse livsutfordringane i ei hektisk og krevjande tid. Menneske treng å høyre til ein stad. Vi ønskjer å utvikle møtestader der det er stor tryggleik og åndeleg fellesskap.

Vi ønskjer å utvikle møtestadar der det er stor tryggleik og åndeleg fellesskap

6. Kyrkja er avhengig av frivillige for at det skal vere ein levande kyrkjelyd. I framtida vil dette bli minst like viktig, kampen om ressursane kan auke. Men gjennom frivillig arbeid blir vi kjende med kvarandre og tilsette, og kan påverke korleis livet i kyrkjelyden skal vere.

Dag-Olav 1. Bortsett frå to år som vararepresentant, har eg vore fast medlem sidan hausten 2001. 2. Det er viktig å få fortalt andre menneske om det Jesus har gjort for oss. Det er givande å møte andre menneske og bli kjent med dei innanfor gode rammer. 3. Fokuset er retta særleg mot barn og unge. Vi har stor tilflytting av barnefamiliar som vi ønskjer å nå. 4. Kyrkja har hatt - og skal ha mange ulike roller – forkynning, omsorg for einskildmennesket, kulturberar, trusfellesskap, arbeidsfellesskap, omsorgsfellesskap. Vi treng å markere at vi kristne er eit fellesskap sjølv om vi òg kan vere usamde. Vi må skape ulike arenaer til

14

ØyNytt #4/18

ulike målgrupper utan å misse omsynet til at vi er eitt i Kristus. 5. Målet vårt er at menneske skal ta mot Jesus som sin frelsar, og oppgåva vår er å peike på han – gjennom det arbeidet vi utfører. Mange kjem til tru fordi dei har møtt andre som har delt av seg sjølv og trua si; ei hjelpande hand og eit ope sinn kan verke betre enn ei preike. 6. Dei frivillige har hatt – og vil ha – stor plass i kyrkja, og vi takkar for alle som tek på seg oppgåver. Utan frivillige vert det lite arbeid att i kyrkja. Kva som møter oss i framtida, veit vi ikkje, men vi får nok enda meir bruk for frivillige i tida som kjem!

Dei frivillige har hatt - og vil ha - stor plass i kyrkja, og vi takkar for alle som tek på seg oppgåver

Anne Elisabeth 1. Eg har vore med i 3 år. 2. Fordi det er noko av fundamentet i livet mitt. 3. I soknerådsarbeidet framover jobbar vi mellom anna med diakoni, gjevarteneste og basargruppe og i haust vert det radiogudstenester i Fjell kyrkje. 4. Kyrkja vil ha ein like viktig funksjon

Kyrkja vil ha ein like viktig funksjon i den nye kommunen som den har hatt til no i den nye kommunen som den har hatt til no. Sjølv om kommunane slår seg saman har folk behov for å gå til gudsteneste og bruke kyrkja både til kvardags og i høgtider. 5. Fordi kyrkja har eit variert og godt tilbod både til barn, unge og eldre, noko som gir påfyll og næring til den kristne trua til kvart enkelt menneske. Tweens er eit døme på eit slikt tilbod som samlar mange barn og unge til både leik, aktivitetar og andakt i kyrkja vår. 6. Det er viktig framover for å kunne oppretthalde eit bredt tilbod til ulike grupper i kyrkja i tillegg til ordinære gudstenester.

Per 1. Eg har vore med i soknerådet sidan hausten 2015. 2. For meg er det viktig å få vera med på å bringe vidare bodskapen om Gud sin grenselause godheit til oss menneske. Det er også fint å få høyre til et godt kristent fellesskap, noko som eg opplever at Foldnes sokn er. 3. Vi ønsker at kyrkja skal ha ein tydeleg sosial profil, og kunne bidra til å hjelpe menneske i soknet. Vi arbeider derfor med å styrke det diakonale arbeidet vårt. I samband med at vi no har vorte eit eige sokn, og i høve samanslåing til ein ny kommune, ønsker vi å arbeide med å styrke den lokale leiinga i soknet. Spesielt er det viktig med ei god og tenleg leiing av det frivillige arbeidet. Det er varsla endringar i tildeling av midlar, og vi må i framtida finansiere meir av arbeidet vårt sjølve. Vi må derfor ha fokus på å auke eigne inntekter 4. Kyrkja har hatt eit godt samarbeid med Fjell kommune. Skular og barnehagar har besøkt kyrkja, og vi har ulike samarbeidsprosjekt som til dømes Basecamp. Dette gode samarbeidet håpar vi kan halde fram i den nye kommunen.

Kyrkja har hatt eit godt samarbeid med Fjell kommune. Skular og barnehagar har besøkt kyrkja. Dette gode samarbeidet håpar me kan halde fram Det er mange menneske i soknet som har eit forhold til kyrkja. Nokre er berre innom ein sjeldan gong, nokre er trufaste kyrkjegjengarar, og mange er ein plass i mellom. Det er viktig at kyrkja kan møte den enkelte der dei er, og kan væra ein plass der det er trygt og godt å komme for alle som ønsker det. Samlingane i kyrkja skal være ein plass der det vert lagt til rette for at menneske kan få møte Gud. Bodskapen om Jesus, og betydninga av hans død på korset, må formidlast på ein tydeleg måte.


Kyrkja må være til for dei som treng hjelp. Hjelp treng vi alle frå tid til anna. Vi må arbeide for å verne om det enkelt menneske sin verdi i kraft av å være skapt i Guds bilde. Korset i altertavla i Foldnes kyrkje er forma slik at den kan sjå ut som ein stor kjærleik på pinne, og på barnemunn vert kyrkja ofte omtala som «kyrkja med den store kjærleiken». Dette synes eg er ein fin målsetnad for kva som bør prege fellesskapet vårt, og vår tilnærming til menneska rundt oss. 5. Kyrkja er grunnlagt for å vitne om evangeliet om Guds nåde. I eit samfunn der vi menneske stadig blir møtt med nådelause krav, trur eg mange tørstar etter

nåden. Vi treng å få høyre at vi er gode nok som vi er, og at vi er verdifulle fordi vi er skapt i Guds bilete. Bodskapen om Guds nåde lærer oss at det er ikkje noko vi kan gjere for å få Gud til å elske oss høgare, og det er ikkje noko vi kan gjere for å få Gud til å elske oss mindre. Eg håpar dei som kjem innom kyrkja kan få ei kjensle av denne nåden. Det er i vår tid mange meiningar om kyrkja vår, og det er mange vanskelege spørsmål som må handterast. Den norske kyrkje er ein omfattande institusjon som står i både ein historisk samanheng og i ein verdssamanheng. Eg meiner kyrkja er ein viktig reiskap for å fremje Guds rike, og for

meg er det derfor viktig å støtte opp om den kyrkja vi har. Gjennom å vera ein del av fellesskapet her, er du også ein del av Guds verdsvide kyrkje på jorda. 6. Det er i dag et omfattande arbeid i soknet, og mykje av dette vert drive av frivillige medarbeidarar som gjer ein imponerande innsats. Skal vi klare å vidareføre dette gode arbeidet, og helst auke tilbodet i soknet, er vi heilt avhengig av at frivillige fortsatt ønsker å vere med på dette, og at nye medarbeidarar kjem til.

Kyrkjestaben i Sund Me presenterer dei som er fast tilsett i Sund kyrkjelege fellesråd. Frå 1.12.2019 vert fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden slått saman til eit nytt fellesråd med namnet Øygarden kyrkjelege fellesråd. Det er 2 kyrkjer i Sund, Sund kyrkje og Kausland kyrkje og det er gudsteneste annakvar søndag i kvar kyrkje, slik det er i Øygarden.

Kausland kyrkje frå 1881.

Tove Foss Solvang

Gunnar Langeland

Kontorleiar

Kyrkjegardsarbeidar

100 % stilling

100 % stilling

Hildegunn B. Myklebust

Rolf Oksnes

Diakonimedarbeidar

Kyrkjegardsarbeidar

80 % stilling

60 % stilling

Dag Reidmar Pettersen

Ole-Jakob Golten Pettersen

Kyrkjelydspedagog

Kyrkjetenar

100 % stilling

6 % stilling

Irina Tarasova

Martin Børnes

Kantor

Kyrkjetenar

80 % stilling

6 % stilling

Kjell-Asle Børnes Sund kyrkje frå 1997.

Sokneprest Soknepresten har prost og biskop som sine overordna.

Det er ingen selvfølge at noen ordner bursdagsgave Tusenvis av barn i Norge opplever at det knyter seg i magen hver dag.

Det er Olav Martin Vik som er kyrkjeverje i Fjell, Sund og Øygarden. Kyrkjeverja har det overordna leiaransvaret.

TRENG DU NOKON Å FORTELJE DET TIL?

Vil du hjelpe familier som sliter med alkohol- og rusproblemer?

Send VIPPS til 13130 (valgfritt beløp) Send SMS ”BK VENN” til 2210 (kr 100)

ØyNytt #4/18

15


Brujubileum og opning av lysregulering på Nautnes

Skapelsesvandring 21. juni fekk 10 born vera med å vandre gjennom skapelsesdagane i Hjelme kyrkje. Dei fekk kjenna på, smaka på og snakka om det alt flotte Gud har skapt. Sangen «Kven har skapt?» vart dei veldig gode på. Red.

Søndag 3. Juni var det mykje folk samla i Nautnes Bedehus.Styret hadde invitert til fest i høve at brua over Vikesundet er 60 år i år-og stort er det jo at no vert brua lysregulert! Dette måtte jo feirast! Så har me òg fått asfaltert parkeringsplassen vår og ordføraren vår, Børge Haugetun klipte snora! Fin festdag i vakkert sommarver! Frå skapelsesvandringa i Hjelme kyrkje med himmel over livet.

Red. anm.: Det har i mange år vore tenkt at trafikken over Nautnes bru skulle vore lysregulert. Brua har berre ei køyrebane og buen på brua er slik at ein ser ikkje møtande trafikk. No er det montert trafikklys og etablert venteplass på begge sider av brua. Tekst og foto: Bjarne Skjold

Desse ungdomane har arbeida i mange somrar på kyrkjegardane i Øygarden. Dei slår gras, ryddar og malar. F.v. Lydia Sandøy Rong, David Amenya og Christopher Amenya. Takk for godt utført arbeid også denne sommaren. Kyrkjeverja

16

ØyNytt #4/18


- ei rein og skjær handleglede ved havgapet!

Ferskvarespesialisten Velsmakende varmmat

Revisjon & regnskap Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no

Fristende frukt og grønt Nydelige nystekte bakervarer Måndag - fredag 8-22, laurdag 9-20 Bank i butikk

SPAR Rong tlf. 56 38 71 40 Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden

VESTGAR

TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )

E L E K T R O

Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

-din el-kontakt

Tlf. 56 38 50 00

Vakttelefon: 922 34 062

VESTGAR

ELEKTRO

www.torsteinsvik.no

Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 E-post: post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no • Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS

5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted

- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv

Knut Helge Polden

Espen Polden

Heine Polden

Cathrine Polden Misje

Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700 www.bergenogomegn.no

AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50

AVD. SOTRA

2.etg på Shellstasjonen Sartor, 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50

ØyNytt #4/18

17


Kjøp kjapt, trygt og billig Søre Sæle

Tlf. 56 38 71 20

Mand – fred kl.07.00 – 23:00 Lørdagar 08:00 – 21:00

Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no

Vårt avdelingskontor på Sotra Sartorgården, 2. etg, 5353 Straume

Vest Modul AS

Telefon 55 55 16 16 hele døgnet www.solstrands.no

Vår erfaring - din trygghet

18

ØyNytt #4/18

• • • •

5336 Tjeldstø

Tilbygg Normann 958 19 905 Nybygg Ingvard 958 10 967 Rehabilitering Montering og utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø


Til lukke

Gudstenester / Service orship is the most important meeting point for Christians. It is the place where Christians W become a visible congregation – a fellowship of people who share a faith in God and in the resurrection of Jesus Christ. It is a place where people together come before God. Here is a list of upcoming services in Øygarden

70 år 11. sept 11. sept 22. sept

Svein Terje Dåvøy, Jensvardvegen 86 Anne Berit Haugetun, Storevarden 1 Rolf Torsvik, Breivikvegen 220

80 år 16.sept

Roald Emil Johansen, Torvvikvegen 2

85 år 3.okt

Kari Marie Wolff, Utnedsdalen 1

Kristina Sæle, Osperhøyen 8 Randi Fjeldstad, Ternholmvegen 22C

95 år 15.sept 25.sept

16. sept. - Hjelme kyrkje - kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Gjestetalar frå NLA Høgskulen. Offer til NLA. Dåp. Nattverd.

Døypte Blomvåg

90 år 23. sept 29.sep

9. sept. - Kystmuseet - kl. 11.00 Friluftsgudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Gospel teens. Aktivitetar for små og store. Det vert mogeleg å kjøpe mat etter gudstenesta.

Klara Breivik, Breivikvegen 19 Karen Kristine Torsvik, Vågevegen 41

Vigde Blomvåg • Cecilie og Aleksander Skjellanger • Camilla Blom og Lars Kristian Ruud • Anette og Kjell Trygve Skåtevik

Hjelme

• Vebjørn Hernar-Hovden, Osperhøyen • Elida Michaelsen Fagerli, Vasskarhaugen (Revheim kirke) • Aksel Rudisson-Hellesund, Rossnesvegen • Celine Vedeler Træen, Varden • Ruby Marie Hellesund-Rong, Osundet • Thale Hanssen Torsvik, Ramsund • Isak Trovåg, Vasskarbrekka • Thea Rykkel Torsvik, Torsvikvegen • Elias Dale Pedersen, Rossnesvegen • Axel Kjersheim Knarvik, Vassvegen • Ingrid Dale Gerhardsen, Skjoldingsneset • Alida Hermine Fureberg, Storevarden

Hjelme • Emilie Markhus, Tjeldstøvegen • Marita Louisa Alkour, Bergen • Even Trovåg Trengereid, Rossnesvegen

• Jannicke Hernar og Geir Christian Andersen (Hernar)

23. sept. - Blomvåg kyrkje - kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Gjestetalar er Arvid Vik. Offer til NLMung. Dåp. Nattverd. 30. sept. - Hjelme kyrkje - kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til Livsrett og Menneskeverd. Nattverd. 7. okt. - Blomvåg kyrkje - kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Nattverd. 14. okt. Hjelme kyrkje - kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til kyrkjelydsarbeidet.

Eldretreff Hjelme kyrkje Onsdagar kl. 16.45 17. oktober og 21. november Kantina på Tednebakkane omsorgssenter

Torsdagar kl. 16.30 25. oktober og 22. november Felles julesamling med middag torsdag 6. desember på Tednebakkane omsorgssenter Eldretreffa

Døde FELLESKAPSKVELD HJELME KYRKJE Onsdag 14. november kl. 19.00

MORGONMESSER BLOMVÅG KYRKJE Tysdag 27.11. og 11.12 kl. 6.30-7.15

Blomvåg • • • • • •

Gudveig Larsen, Rong f. 1947 Magda Olsen, Rong f. 1929 Borghild Landro, Vik f. 1930 Arvid Ernst Sæle, Thailand f. 1955 Astrid Oddbjørg Rong, Rong f. 1942 Ernst Atle Husebø, Rong f. 1946

Hjelme • Arild Nordvik, Bergen f.1959 • Irene Nautnes, Nautnes f. 1942

Bibeltimar Nautnes bedehus Torsdagar kl. 19.00 27. september v/ Karen Sofie Aasmyr - Tema: Nådegåvene 18. oktober v/ Audun Hjellvik 8. november v/ Asle Hetlebakke 29. november v/ Torgeir Skrunes Hellesøy/Nautnes/Tjeldstø bedehus

ØyNytt #4/18

19


Du kan også lese om kyrkja si verksemd på: kyrkja.no/oygarden

Distribusjon i Øygarden: Hammer transport, tlf. 92063006

Distribusjon utanfor Øygarden: Posten Norge Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

Øygarden kommune rustar opp Hjelme gamle kyrkje Hjelme gamle Kyrkje er ei viktig kulturarv og arbeidet med rehabilitering for over 11 millionar kroner har starta. Det var eit samrøystes kommunestyrevedtak på dette. Kyrkja vart bygt i 1875, og er det eldste offentlege bygget i kommunen. Kyrkja er bygd eit steinkast frå strandkanten. Det var sjøvegen som var tilkomstvegen til kyrkja då den vart reist for snart 150 år sidan. Jord til gravplassen vart frakta i opne båtar frå gardar som sokna til kyrkja. Finansieringa er tredelt med bruk av ekstra Hjelme gamle kyrkje ligg i Hjelmevågen. Opprustinga av kyrkja har starta. vedlikehaldsmidlarfrå Regjeringa i samband med lågkonjunkturen, sal av prestebustad i Blomvåg for ein del Rehabiliteringsarbeidet som hovudsakleg er utvendig arbeid år sidan og eit ekstra tilskot frå kommunen på vel 6 millionar kroner. på kyrkja, skal vera ferdig hausten 2019. Då kan kulturkyrkja ved Kommunestyret valde å prioritere alle opsjonane ettersom desse Hjeltefjorden gjenopnast for bruk. var naudsynte for å ferdigstille denne fasen av arbeidet. Kjelde : Øygarden kommune

Hjeltefjorden Arena offisielt opna onsdag 22. august Øygarden si nye storstove vart offisielt opna onsdag 22. august med ei rekkje invitert gjestar tilstades. Hallen er på 2 850 kvadratmeter, medan golvflata på 1125 kvadratmeter held standardmåla for handballbane. Hjeltefjorden Arenan har kapasitet til arrangement med 700 personar. I tillegg til hovudhallen er det garderobar, kantine, møterom, kontor, buldrerom for klatring og treningsrom med vekter o.l. T.v. ein stolt ordførar Børge Haugetun kunne ønskje velkomen til Øygarden si nye storstove. Oppe t.h.: elevane på Blomvåg skule song under opninga.

Offisiell markering. F. v. leiar i utval for levekår Remi Oen, varaordførar Atle Dåvøy, ordfører i Sund Kari-Anne Landro, ordførar Børge Haugetun, ordførar i Fjell Marianne Bjorøy og leiar i utval for drift og samfunnsutvikling Ottar Vik. T.v. kake må til på ein festdag.

Foto: Olav Martin Vik og Ottar Vik


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.