FAU Årsmelding 2016 2017

Page 1

Klepp kommune FAU BORE SKULE

Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Tlf 51 78 97 20

Har du lyst på eit innblikk i planane for

«Nye Bore skule»?

Fredag 10.mars stod det ein artikkel om nybygget i Jærbladet.

Velkommen til årsmøte i FAU Tirsdag 28.mars kl. 19.30 i musikkrommet     

Korleis vil skulen vår sjå ut i 2019? Tidspunkt for byggestart? Kva skal den nye multihallen innehalda? Korleis vil elevane bli påverka og ivaretekne i byggeprosessen? Vil dette løysa kapasitetsproblemet ved Bore skule?

Prosjektleiar Arne Olav Teigen kjem for å presentera skisser og innhald i det nye skulebygget, uteområdet og planane for den nye multihallen som skal byggjast.


ÅRSMELDING 2016 / 2017 FAU Bore skule Mars 2017

FAU-medlemmer/-roller og møter Skuleåret 2016 / 2017 har FAU bestått av 12 representantar, 2 frå kvart trinn. Leder: Nest leder: Kasserer: Sekretær:

Ramona Melkevik Ragnhild Byberg Liss Bjorland Turid Aasland Dahle Kristin Karlsson Lyse Kitti Øvrebø Verdal Nina Bjørkelund Kristine Solbakke Torunn Renate Bore Paul Hole Jorgen Reine Glenn Frode Vanglo

SU-representant 1: SU-representant 2: KFU-representant: KFU-vara representant:

Ramona Melkevik Glenn Frode Vanglo Kitti Øvrebø Verdal Nina Bjørkelund

5.trinn 1.trinn 6.trinn 3.trinn 3.trinn 2.trinn 2.trinn 5.trinn 6. trinn 4.trinn 4.trinn 1.trinn

FAU – møter FAU hadde 6 møter våren / hausten 2016. Møtedagen har vore tysdagar, kl. 19.30 – 21.30. I 2017 har det vore 2 møter. 3 møter gjenstår dette skuleåret 2017. Rektor blir alltid invitert, og har delteke på dei aller fleste (-1 møte). Alle møta startar med eit fast punkt der «rektor har ordet». Andre møter FAU har vore representerte ved:  6.februar var fleire av FAU representantane i eit møte der prosjektleiar og arkitektar frå Link arkitektbyrå la fram forslag til ny multihall og tilbygg ved skulen. 

18.oktober 2016, FAU frå Vasshus skule inviterte til eit møte der agendaen var ynskje om eit tettare samarbeid med SFO på Bore skule. I feriane har ikkje Vasshus skule SFO ordning, og elevane som nyttar dette får tilbod om å bruka SFO på Bore skule.


Faste arrangement / oppgåver i FAU skuleåret 2016 / 2017 Strukturendring Vinteren 2015 inviterte FAU seg til Sandved skule for å få tips til korleis FAU på Bore skule kunne endra strukturen i arbeidet sitt. Målet var å skapa eit FAU med god kontinuitet, slik at det i framtida skal bli lettare for foreldre å engasjera seg som representantar. Møte ga oss fleire gode idear. Til årsmøtet i 2016 hadde FAU utarbeida eit utkast for korleis strukturen i framtida vil sjå ut. Dette medførte endring i vedtektene der talet på FAU representantar auka frå 6 til 12 foreldre / føresette. Etter aktiv rekruttering på foreldremøta våren og hausten 2016 var FAU til slutt fulltaleg med 12 personar; 2 foreldre / føresette frå kvart trinn. Ein del av den nye strukturen inneber at oppgåver / arrangement er fordelt på dei ulike klassetrinna. FAU representantane frå kvart trinn vil engasjera foreldrekontaktane, som vidare vil engasjera foreldra i klassen. Tanken er at dette vil gjera oppgåvene i FAU meir forutsigbare, og arbeidsbelastninga på den enkelte litt mindre. Arrangementa våren 2016 var fordelt på heile FAU, men skuleåret 2016 / 2017 har oppgåvene i stor grad blitt fordelt etter ny struktur: 1. trinn: Skuleveg og trafikk 2. trinn: Dugnad på skulen 3. trinn: TV – aksjonen

4.trinn: Loppemarknad 5.trinn: Gatecup 6.trinn: 17.mai komiteen

I samband med den nye strukturen er det og oppretta eit arkivsystem / mappestruktur slik at alle dokumenter i forbindelse med FAU sitt arbeid nå er lagra på ei felles «sky – løysing». Heile strukturen kan lesast på heimesida til skulen under FAU. Skuleveg og trafikk I haust var FAU i kontakt med kommunen angåande høge hekkar. FAU fekk tilsendt dokument / instruks som forklarte tillat hekkhøgde i sving, utkjørsel osv. Denne instruksen blei lagt i postkassar til aktuelle «hekk eigarar» som brøyt reglementet. Seinare fekk kommunen tilbakemelding om kven som hadde fått dette skrivet. Våren 2017 er kommunen sin «Trafikksikkerhetsplan 2017 – 2020» ute til høyring. FAU vil (igjen) senda eit innspel / ynskje om utbetring av «Skulebakken» i håp om at dette vil slusa elevane bort frå den trafikkerte Verdalsvegen. Dugnad Etter dialog med Reidar var dugnaden satt på vent. Kanskje vil graving i samband med nytt tilbygg minska behovet for dugnad ei tid framover. TV – aksjonen 2016 Ca. 30 elevar frå 3.trinn var stilte som bøssebærarar under TV – aksjonen 23.oktober 2016. Saman med foreldre og søsken gjekk dei frå hus til hus i skulekrinsen vår. I etterkant av bøssebæringa var dei samla på rådhuset der det var utlodding av gevinstar og matservering.


Loppemarknad Planlegging av loppemarknad starta i januar 2016. Tanken var å skaffa midlar til utbetring av uteområdet ved gymsalen. Arrangementet var eit samarbeid mellom elevrådet og FAU, og engasjementet blant foreldra var og svært positivt. TV – Vest hadde sett arrangement plakaten, og ville gjerne at FAU skulle stilla til intervju. Dei inviterte og med seg ordføraren, og dermed fekk loppemarknaden stor blest! Det stod kø utanfor då dørene opna, og elevråd og foreldre gjorde ein kjempe innsats med sal av lopper, kaker og kaffi. Overskotet frå denne dagen var på ca. 27.000,-. I etterkant av loppemarknaden søkte skulen om meir midlar frå kommunen. Dette resulterte i 200.000,som kunne brukast til å utbetre uteområde. Midlane blei brukt til å skifta ut all massen på leikeplassen ved gymsalen, skifta masse under klatrepyramiden, ny karusell og ny «hengebru». Resten av planane for uteområde er satt på vent til nytt tilbygg er på plass. FAU har planar om å arrangera nytt loppemarknad 1. april 2017. Gatecupen Gatecupen blei arrangert 28.april 2016. FAU stod for sal av grillmat, kaker, brus og kaffi. 16 kaker blei levert av engasjerte foreldre / foresette, og idrettslaget lånte oss tønnegrill. Kathrine Undheim har i fleire år vore primus motor for lag inndeling og kampoppsett, og hadde og i 2016 sagt seg villig til å bidra med dette. Kiosksalet ga FAU eit overskot på ca. 8000,-. Gatecupen 2017 er planlagt til 28.april. Etter innføring av ny struktur er det 5.trinn som har ansvar for arrangementet, og FAU representantane er i gang med fordeling av oppgåver. 17.mai komiteen FAU var med i oppstart av ny 17.maikomité i 2016. Dei foreldra som då representerte 6.trinn er med vidare dette året som representantar for 7.trinn. FAU har starta arbeidet med å skaffa 8 nye foreldre / føresette frå årets 6.trinn til 17.mai komiteen 2017.

Andre saker i FAU skuleåret 2016 / 2017 Heim – skule samarbeid Dette var tema ved kommunalt foreldreutval hausten 2015, men er og diskutert ved fleire anledningar i FAU seinare. Det har vore viktig for FAU å belysa at foreldra sitt engasjement i elevane sin skulekvardag, betyr mykje for trivsel og motivasjon. Refleksarrangement Tormod Fjelde hadde føredrag i gymsalen på ungdomskulen om bruk av refleks og sykkelhjelm hausten 2016.


Arrangementet var delt på to ulike dagar, 1 – 3 trinn og 4 - 6 trinn. Etter foredraget var det utlodding av gevinstar til elevane. Kaffi og nysteikte lappar til frukost Ein av dei siste dagane på slutten av skuleåret 2016, stilte FAU seg opp utanfor skulen. Dei tilsette fekk servert nysteikte lappar, kaffi, og ein stor takk for den gode jobben dei gjer for borna våre! Kvaliteten i skulen vår er takka vere desse fagleg – flinke, engasjerte og ikkje minst tålmodige menneska, som syter for at elevane har ein trygg og god kvardag. Partnarskap mot mobbing Partnarskap mot mobbing har stått på agendaen i kommunalt FAU dette skuleåret. Tanken er at eit lokalt arbeid med felles prosessar, der alle skulane skal bidra. Alle elevane fekk heim ein borsjyre som omhandla temaet ved skulestart hausten 2016. Tiltak i FAU har blant anna vore: 

«Sommerfugl effekten» Foreldre i 4B tok hausten 2016 initiativ til å be Silje Marie Strandberg halda foredrag for foreldre i 4. – 6. trinn. FAU gjorde vedtak om å støtta dette, og 16.februar fekk me ei sterk oppleving, der Silje Marie fortalte sin historie om kva mobbinga ho vart utsett for førte til. Les meir om dette på www.sommerfugleffekten.no

Temadag i regi av Stine Sofies stiftelse hausten 2017 5.september 2017 kjemt representantar frå stiftelsen for å halda føredrag for lærarar, elevar og foreldre. Dagen blir delt i fleire etappar slik at alle får tilpassa opplegg.

«Vennskapsbenk» Etter å ha lese om konseptet «Vennebenk» i media tok FAU initiativ til å skaffa dette. Elevrådet var positive, og saman med sløydlærar / miljøarbeidar May Hobberstad Bore tok «Vaktmeistergjengen» oppdraget. På Bore skule har me vald å kalla benken for «Vennskapsbenk». Her kan elevane setja seg dersom dei ikkje har nokon å leike med. På den måten vil det blir lettare for andre elevar å ta initiativ, slik at ingen skal føle seg åleine i friminutta.

Kapasitetsutfordringane – nybygg på skulen og multihall Våren 2016 sendte FAU eit grundig høyringssvar på kva foreldre / føresette i Borekrinsen meinte ville bli den beste løysinga for kapasitetsproblema ved Bore og Kleppe skule. Høyringssvaret var i stor grad basert på dei innkomne svara frå foreldre / føresette gjennom ei elektronisk spørjeundersøking. I juni vart det i kommunestyre avgjort at det ikkje blir ein ny ungdomskule i Borekrinsen, slik fleirtalet av foreldre / føresette ynskte. Kommunestyre valde å gå for alternativet med ny barneskule på ei av tre aktuelle tomter. Det blei og vedtak på at det skal byggjast eit nybygg Bore skule, og multihall der ungdomskulen i dag har gymsal.


Etter ein lang prosess er FAU positive til løysing på den langvarige kapasitetsutfordringa ved skulen. Skissa som kommunen og arkitektane har lagt fram, for tilbygg og ny multihall ser svært bra ut. Det skal blant anna byggjast 4 nye klasserom, kantine med mat og helse, aula med musikkrom og fleire rom til administrasjon. 7.trinn må bli værande på ungdomskulen fram til den ny «sentrumskulen» står klar. Tanken er då at øvre del av Verdalen vil sokna til den nye barneskulen slik at Bore skule igjen kan bli ein 1.- 7. skule. Andre saker i FAU så langt i 2016 / 2017     

PALS Skulegudsteneste, og formalitetane rundt dette Korps instrument på 3.trinn Forslag om å søka organisasjonsnummer i Brønnøysund registrene «Skulebakken»

Saker FAU vil jobba vidare med våren 2017  Gjennomføring av planlagde arrangement  Søke om organisasjonsnummer i Brønnøysund registrene  Få informasjon frå assisterande kommunalsjef om driftstyre  Høyringssvar «Trafikksikkerhetsplanen 2017 – 2020»  Eventuelt Økonomi 2016


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.