MAT LANGS NASJONALE TURISTVEGER

Page 1

MAT LANGS NASJONALE TURISTVEGER MAGASINET

No. 1 – 2012


NASJONALE TURISTVEGER - utvalde køyreturar gjennom det flottaste av norsk natur Det finst framleis vegar som ikkje berre har som siktemål å ta deg fram på raskaste måte. Nasjonale turistveger er vakre køyreturar litt utanom det vanlege. Kvar av dei atten strekningane har sitt særmerke og sine eigne forteljingar. Statens vegvesen legg vegane til rette for deg som reiser. Dette gjer vi med iaugefallande utsiktspunkt, servicebygg, parkeringsplassar, møblar, stiar og kunst. Djerv og nyskapande arkitektur i storslegen natur er Nasjonale turistveger sitt særmerke. Det magasinet du no held i handa, og matreisebloggen matlangsnasjonaleturistveger.no, er den fyrste smaksprøva i Landbruks- og matdepartementet si satsing for å synleggjere dei særmerkte matopplevingane og reisemåla som finst langs turistvegane. Denne utgåva tek deg med til Sognefjellet, Geiranger–Trollstigen, Gamle Strynefjellsvegen, Valdresflye og Rondane – fem strekningar med eineståande kulturlandskap, godt vertskap og lokale freistingar. nasjonaleturistveger.no matlangsnasjonaleturistveger.no


MAT LANGS NASJONALE TURISTVEGER MAGASINET No. 1–2012 ANSVARLEG UTGJEVAR/REDAKTØR Egil Ørjan Thorsen egil@matlangsnasjonaleturistveger.no TEKSTREDAKTØR Marit Sigurdson marit@formulera.nu BILETREDAKTØR Tina Stafrén tina@fotograftina.se ART DIRECTOR Johan Hallström johan@juniorosd.se

OMSLAGSFOTO: VEGARD BRIMI, BRIMI FJELLSTUGU FOTO: TINA STAFRÉN

SKRIBENTAR Marit Sigurdson Eirik Dankel OMSETTAR Tone Lyslo, FOTOGRAFAR Tina Stafrén Espen Mills Hege Lysholm Steinar Skaar Roger Ellingsen Werner Harstad Pål Rødahl Erlend Haarr Eriksson, Filmkollektivet Espen Grønli TRYKK Trydells tryckeri 2012-07-03

FØLG MED PÅ BLOGGEN www.matlangsnasjonaleturistveger.no

PLANLEGG DIN NOREGSFERIE www.nasjonaleturistveger.no www.visitnorway.com


VERDEGRUNNLAG FOR MAT LANGS NASJONALE TURISTVEGER TILBYDARAR AV MÅLTIDSOPPLEVINGAR LANGS NASJONALE TURISTVEGER ER AMBASSADØRAR FOR DET GODE MÅLTIDET MED OMTANKE FOR RÅVARENE, KVALITETEN, HISTORIA OG DET GODE VERTSKAPET. VI VIL FREMJE DET GODE VERTSKAPET I MØTE MED KOLLEGAER, LEVERANDØRAR OG DEI REISANDE GJESTENE. VI YNSKJER Å FREMJE MANGFALDET TIL RÅVARENE OG MATPRODUKTA, OG SMAK OG SÆRPREG FRÅ HAV, FJORD, VIDDE OG FJELL LANGS NASJONALE TURISTVEGER, MED FOKUS PÅ BRUKEN AV NORSKE RÅVARER. VI VIL MEDVERKE TIL BRUK AV RÅVARER OG PRODUKT SOM FREMJAR MATGLEDE OG HELSE. VI VIL MEDVERKE TIL MARKNADSFØRING OG BRUK AV MAT ELLER MATTRADISJONAR SOM EIN ATTRAKSJON. VI VIL MEDVERKE TIL FORMIDLING AV HISTORIA OM RÅVARENE, DEIRA OPPHAV OG TILLAGING. VI VIL MEDVERKE TIL BRUK AV LOKALE RÅVARER SOM GEOGRAFISK HØYRER HEIME I REGIONEN. VI VIL MEDVERKE TIL UTNYTTING AV SESONGVARIASJONANE TIL RÅVARENE OG PRODUKTA. VI VIL MEDVERKE TIL BRUK AV RÅVARER OG PRODUKT UT IFRÅ MILJØOMSYN. VI YNSKJER Å FREMJE GOD MAT OG MATKULTUR HJÅ BARN OG UNGE. ELLES SLUTTAR VI OSS TIL VERDEGRUNNLAGET TIL DET NYE NORDISKE KJØKKEN www.nynordiskmad.org

4

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


MINNEVERDIGE OPPLEVINGAR Til lukke med fyrste utgåve av magasinet Mat langs Nasjonale turistveger.   Her presenterer vi ei rekke vertskapsambassadørar som saman byr på eit mangfald av måltids- og aktivitetsopplevingar langs nokre av dei vakraste vegstrekningane i Noreg. Verdet av å få gode matopplevingar under reisa er viktig, difor har vi som siktemål med konseptet Mat langs Nasjonale turistveger å gjera jakta enklare for dykk reisande.

DET NORDISKE KJØKKEN Langs Nasjonale turistveger ligg eit mangfald av stadar som tilbyr «relasjonsmat». Det finst ein relasjon til mennesket bak handverket og mattradisjonane, og til ein livsstil som ligg nær naturen og naturen sitt spiskammers. Relasjonen til kulturlandskapet og bonden sine beitedyr speglar også ei minneverdig reiseoppleving, og vertskapet som serverar mat laga av ureiste, lokale eller regionale norske råvarer, er stolte av identiteten og tradisjonane sine.   Fellesnemnaren for alle dei vertskapsambassadørane vi presenterar i denne og i kommande utgåver er at dei elskar og er stolte av det dei driv med. Dei er med på å byggja opp Noreg sitt tilskot til den nordiske maten som eit omgrep, og har forplikta seg til verdegrunnlaget for Mat langs Nasjonale turistveger.   Dyktige bønder, jegerar, fiskarar og råvareforedlarar er utgangspunktet for historia bak Mat langs Nasjonale turistveger. Reinsdyr og rype ifrå Jotunheimen, bæra i Valldal, øl frå Atna, eplemost frå Skjolden, Dybvik-klippfisken frå Fiskarstrand, sjøkrepsen frå Sognefjorden, urtene frå Aukrust, mjølka som vert til ost, og ikkje minst geitekillingar, lam og storfe frå gardane som knyter seg naturleg til Nasjonale turistveger, utgjer alle ein del av den minneverdige reisa.

REISEBLOGG Vi har også ein blogg, matlangsnasjonaleturistveger.no, med eit oppdrag: Kan norsk matkultur måla seg med dei vakraste utsiktene i landet? Mange bilreiser og matopplevingar seinare byrjar vi å ane svaret, men utrøytteleg køyrer vi vidare på vår jakt etter gastronomiske gullkorn. Følg med oss på ei smaksrik reise langs Nasjonale turistveger.   Bloggen vil etter kvart bli eit godt verkty når du skal planlegge den neste reisa i Noreg. Her vert det oversiktskart, framlegg til reiseruter og om stadar for servering, overnatting og aktivitetar både på langs og på tvers av Nasjonale turistveger.

SMAKFULL OG MINNEVERDIG REISE!

EGIL ØRJAN THORSEN PROSJEKTLEIAR MAT LANGS NASJONALE TURISTVEGER PS Neste magasin kjem haust/vinter 2012 og vår 2013 - ting det på bloggen og få magasinet rett heim i posten.

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

5


MEDVERKANDE

MARIT SIGURDSON SKRIBENT, TEKSTREDAKTØR Som ho sjølv uttrykker det: Å vera ei norsk sjel i ein svensk kropp er ikkje alltid så lett. Men på matreiser i Noreg blomstrar ho opp. Ho er oppvaksen i västerbotten med tre glupske sysken, men no for tida nyt ho mat og drikke utan stress, og med få hemmingar når det gjeld kva som kan og bør høva i hop. Ho freistar med andre ord det meste i jakta på nye smaksopplevingar.

EIRIK DANKEL SKRIBENT Eirik blei ein gong spurt av ein finsk ven: «Kva et de eigentleg i Noreg?». Då blei det like stille i den raude stova som i den grøne, finske skogen utanfor. Svara som kom stadfestar at han er vestlending beint gjennom, der favorittane på matfatet kjem frå ramsalt sjø og beite i bratte lier. For Eirik er det alltid spanande å reise på smale, svingete vegar langs fjord og over fjell, for unike møte og opplevingar på stader der du ikkje trudde dei fanst.

TINA STAFRÉN FOTOGRAF, BILDREDAKTØR Ho er oppvaksen med det jämtländske mathandverket og har sin andre heim i Toscana, men no er det den norske matkulturen som har fanga merksemda. Tina er like ihuga og detaljorientert i matlaging som i yrket sitt, og når ho går ut for å ete vert kvaliteten sett på prøve. Men på den andre sida er det lett å gjera henne til lags ved å setje fram hennar store veikskap, smør.

ESPEN MILLS, FOTOGRAF Med kameraet i handa i baksetet på familien sin Land Rover fekk Espen smaken på reiser og opplevingar. Sidan dess har han vitja dei fleste hjørna av vår mangfaldige verd, og elskar å dokumentera henne med kunstnarlege og forteljande bilete. Men aller best likar han å vera turist i sitt eige land, der matopplevingar er eit sjølvsagt krydder på reisa.

JOHAN HALLSTRÖM, AD, FORMGJEVAR Med merittar som feriar med campingvogn i Noreg på 1980-talet, og ein eigen tur Europa rundt på 13 dagar (!), er Johan vår opplagde sjåfør på matreisene. Som formgjevar arbeidar han under valspråket «less is more», men det same kan ikkje seiast om haldninga til mat. Kjøt er alltid ein fulltreffar for Johan, og han kan køyra mange mil for ein god biff.

TONE LYSLO, OMSETTAR Tone vaks opp i Lærdal i Sogn med nynorsk som hovudmål i skulen. Å ta vare på og fremja det nynorske skriftspråket har alltid vore ei hjartesak, men sidan ho no bur og arbeidar i Oslo er det heller sjeldan ho får høve til å nytta sitt eige mål. Difor er ho særs glad for at ho fekk vera med på denne matreisa, og for at ein valde ei språkdrakt som kler innhaldet så framifrå godt.

6

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

7


INNHALD

94

WALAKER HOTELL REPRESENTERER DET BESTE AV INDRE SOGN, I FYLGJE HOTELLEIGAREN. VI ER FREISTA TIL Å SEIE OSS SAMDE. SIDE 94.

52

138

BLI MED PÅ EI VISUELL REISE TIL GEIRANGER-TROLLSTIGEN FOR EIN APPETITTVEKKJAR FRÅ EIT AV VERDAS MEST SPEKTAKULÆRE REISEMÅL. SIDE 52.

18 NÅR IDEALISME MØTER HANDLEKRAFT OPPSTÅR DET NOKO VAKKERT. GLITTERSJÅ FJELLGÅRD ER RESULTATET DU BERRE IKKJE VIL GÅ GLIPP AV. SIDE 18.

8

VI REISER TIL ATNA ØL FOR Å LÆRA OSS MEIR OM DET SKUMMANDE BRYGGET TIL NOREGS YNGSTE DIPLOMBRYGGJAR. SIDE 138.

1042

OPPE PÅ VALDRESFLYA VANDRERHJEM ORDNAR EI VARM ATMOSFÆRE, MØRT KILLINGKJØT OG TURID BERGE MED MAT OG HUSROM FOR GJES- EIT VERTSKAP SOM KAN SI KULTURHISTORIE, TENE SINE – UTAN OMSYN TIL VERET. SIDE 10. DET ER VALBJØR GARD. SIDE 42.

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


INNHALD

78

26

MIDT I NATUREN LIGG DET STORE SAMTALEEMNET I ARKITEKTURVERDA. VI GJER SOM MANGE ANDRE OG VALFARTAR TIL JUVET. SIDE 78.

VI TOK AV FRÅ HOVUDVEGEN FOR EI HELG I BRIMILAND. BLI MED TIL EIN AV DEI MEST SMAKSRIKE AVKROKANE I LANDET. SIDE 26

130 PÅ KVEBERGSØYA I FOLLDAL STÅR HESTANE OG SAUENE I SENTRUM. HER BYR ERIS OG MARTIN PÅ EIT GARDSLIV SLIK DET VAR FØR. SIDE 130.

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

96

MORTEN SCHAKENDA HAR LUKKAST MED Å GJERA VÅRT DAGLEGE BRØD TIL TURISTATTRAKSJON. VELKOMEN TIL NOREGS BESTE BRØDSTOPP. SIDE 96.

9


Der er haust når vi for fyrste gong køyrer opp på Valdresflye. Vegstrekninga er ikkje særleg lang, men overraskar med eit panorama av smaksopplevingar. Og avstikkarane inne i villmarka vert som dyrebare løyndommar som ingen av oss sidan kan halde for seg sjølv. Vi kjem attende alt til jul.

10

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


©FOTO: HEGE LYSHOLM / STATENS VEGVESEN

VA L DRES F LY E M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

11


E I N U T S E T T S TA D Oppe på Valdresflye bles fjellvindane hatten av dei fleste som kjem på vitjing. Men Turid Berge, som har drive vandrarheimen her i nitten sesongar, har beina på jorda og elskar viddene. «Det er ein primitiv stad. Folk kan koma hit og slappe av», seier ho. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

12

Høgst oppe på viddene finn ein reinsdyr, vind, humør og god mat.

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


«VI VAR MYKJE PÅ SÆTRA OM SOMMAREN, OG FOR MEG VAR DET … JA, FJELLET.» Vandrarheimen oppe på Valdresflye har ei klår konkurranseføremon samanlikna med vandrarheimane i byen: Ein kan ikkje unngå å finne han. Vegen går høgt, forbi fjellvatn som krusar seg i vinden og storslåtte fjell med beitande reinsdyr. Grovhogne steinblokker trenger seg opp av myrene der vier, myrull og rustfarga gras er det einaste som rører seg i vinden. Og så, når vegen når sitt høgste punkt, dukkar det blå skiltet opp og peikar mot ein smålåten bygning, opphavleg ei brakke for arbeidarane som bygde vegen under andre verdskrigen.   Når vi opnar bildørene må vi halda oss fast for at ikkje vinden skal få overtaket, og vi skundar oss over parkeringsplassen og inn i det enkle vindfanget. Bak døra til venstre høyrest skramling av servise, latter og prat, og når vi opnar strøymer stovevarmen imot oss med ange av kaffi og vaflar.   Matsalen er spartansk med tregolv og ein sota vedomn, med heimekoselege innslag av blondegardiner og vovne tekstilar. Ein sentral plass i rommet har ei luke i veggen der Turid Berge serverer mat til gjestene sine, og gjerne tek seg tid til ei pratestund. Ein gjest står framleis med kaffikoppen og skjemtar med vertinna gjennom luka.

Ein sosial funksjon Turid bur her oppe på Valdresflye heile sesongen, frå vegen opnar i april til den stenger att for vinteren, og det har ho gjort mest kvart år sidan 1989 då ho overtok drifta av vandrarheimen. Ho har fått ein naturleg sosial posisjon, og i matsalen hennar vert fjellhistoria delt med tilfeldige utanlandske turistar og stamgjester frå traktene. I fylgje Turid sjølv har ho nesten berre hyggelege gjester som har lagt stresset bakom seg når dei vel er komne i hus.   – Dette er ein primitiv stad. Folk kan koma inn hit og slappa av. Til dømes kan folk som plar bu på hotell når dei reiser i jobben, velje å bu her ei natt av og til for å finne att roa. Det gjev meg mykje at folk trivst så godt her.   Forutan gjestene sine har Turid godt selskap i dei tilsette og ein firbeint ven som er ei blanding

av engelsk spaniel og irsk setter. Så ho kjenner seg langtfrå einsam, påpeikar ho. Ho har også tre systrer som kjem til fjells titt og ofte for å hjelpa til og vera saman.   – I vår, då vegen vart opna, var systrene mine her og hjelpte til. Då var det kaos her, seier Turid glad.   Familien var busett nede ved fjorden, men hadde sæter på fjellet.   – Vi var mykje på sætra om sommaren, og for meg var det … ja, fjellet, forklarar Turid med ei kjærleg handrørsle mot viddene utanfor vindauga. – Eg saknar nok heimbygda i blant, men det er fjellet som gjeld for meg.

Bein i nasen Den fyrste sommaren på Valdresflye var ei retteleg utmaning for Turid som aldri hadde arbeidd innan turistnæringa før. Det vart mykje stress og uro. Men røynsla har gjeve henne bein i nasen.   – No tek eg alt på strak arm. Men på den andre sida vert ein jo eldre med åra, konstaterer ho. – Eg er no ikkje lenger 33 år som eg var då eg byrja her.   På Valdresflye får gjestene servert tradisjonsrik mat som kjøtkaker og fjellaure. Turid sel også lokalproduserte søtsaker laga av brunt sukker, fløyte og einebær.   – Men det vi sel mest av er vaflar og rømmegraut med spekemat. Det er det vi er kjende for her, ler Turid.   Og så veret, sjølvsagt. Det kan ein ikkje unngå på ein slik utsett stad som denne, nesten 1 400 meter over havet, der himmelen er merkbart nær.   I dag heng regntunge skyer nedover dei mørke bergveggane mot Beitostølen, og i Jotunheimen er vinteren allereie komen. Sesongen byrjar å gå mot slutten i Turids sin kjære fjellheim.   – Hausten er den årstida eg likar best, med den klåre fjellufta og fargane, men no skal det bli godt å koma heim. Og sidan, når det går mot påske, så lengtar eg hit att, konstaterar Turid, og kjem snart til syne bak luka der ho smilande tek imot nye gjester. —

V A L D R E S F LY E

13


14

V A L D R E S F LY E


Valdresflye har eit velkjent andlet; Turid Berge har vore her i 19 sesongar.

V A L D R E S F LY E

15


M E D PA S J O N F O R H E I M E L A G A M AT Lemonsjø Fjellstue har ikkje noko særskilt tilhøve til sitronar, men derimot til lokalt mathandverk og dei finaste råvarene i traktene. Her langs Valdresflyvegen har den ambisiøse kjøkensjefen, Tor Ivar Furuseter, skapt eit gastronomisk høgdepunkt som truleg vil overraske alle som enno ikkje har vore her. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

16

V A L D R E S F LY E


Fjellrøye, heilsteikt i smør, med rømmesaus, agurksalat og mandelpoteter. V A L D R E S F LY E

17


«DET HADDE NO VORE TRIST OM EIN FEKK NETT DEN SAME MATEN PÅ LINDESNES, SOM HER, SOM PÅ NORDKAPP.» – TOR IVAR FURUSETER, LEMONSJØ FJELLSTUE

18

V A L D R E S F LY E


Interiøret i den store matsalen er halde i lyst treverk, med rustikke møblar i engelsk raudt og store panoramavindauge ut mot Lemonsjøen – eit namn som mange vil undra seg litt over.   – Det vi har greidd å finne ut om namnet er at det har å gjera med ein gamal fiskemåte, seier kjøkensjefen, Tor Ivar Furuseter, etter å ha helsa oss velkomne. – Det gamalnorske namnet på bjelken som ein demde opp bekken med når fisken gjekk opp for å gyta var lemmur.   Det er nokre veker att til jul, og den unge kjøkensjefen har dekka eit julebord som gjev oss vatn i munnen. Tor Ivar presenterar dei lokale mathandverka. Her er einebærskrydra slaktarvarer frå Aukrust i Lom, saus med rømme frå Avdem Gårdsysteri i Lesja i Gudbrandsdalen, og elgkarbonadar frå ein liten kvalitetsleverandør i Vågå, fortel Tor Ivar før han held fram med dei heimelaga delikatessene.

Lokal profil Middagen er velgjerande for smaksløkane. Vi tek for oss av einebær- og akevittgraven aure som er røykt i eige røykeri. Så er det heimelaga okserull, lammerull og sylte. Og så heimebaka flatbrød og smør. Vi hadde høyrt at Lemonsjø lokkar til seg hordar av helgeturistar som vil unne seg litt ekstra, men hadde likevel venta oss «vegkromat». I staden kom det tydeleg fram at dette er eit gastronomisk høgdepunkt langs Valdresflyvegen.   Tor Ivar vil setja sitt særpreg på maten – at det gode også er noko eige – og dette forklarar den ambisiøst lokale menyen.   – Det hadde no vore trist om ein fekk nett den same maten på Lindesnes, som her, som på Nordkapp. Det er gjevande å servera mat som eg veit held høg kvalitet, og som er litt sjeldan. Og det gjer det jo litt lettare når den lokale maten seier noko om området.   – I dei seinare åra har det vorte lettare å halda ein lokal profil på maten, fortel Tor Ivar. – I alle høve når det gjeld somme varer. Logistikken og

tilgangen er vorten meir påliteleg, noko som er ein føresetnad for ein stad som Lemonsjø – ein sommardag kan det vera 200 lunsjgjester her, berre på dagtid.   Tor Ivar merker ei aukande interesse for lokal mat hjå nokre av gjestene, ikkje minst frå dei som bur i traktene.   – Då vi byrja med elgsteik frå Breheimen i Sjåk, kom det overlag mange frå området og ville ha den. Slikt er jo litt morosamt. Folk har vortne meir medvitne om kva vi serverar, i alle høve ein del av dei.

Tretti år på fjellet 27-åringe Tor Ivar har nådd å utdanna seg til kokk, vore lærling i Oslo og drive Lemonsjø saman med mor si frå 2005, men staden har tilhøyrt familien sidan 1978.   – No er det over tretti år sidan vi overtok, så det er litt moro at vi har halde på så lenge.   Hovudbygningen og hyttene som høyrer til kan utan vanskar romme åtti gjester – noko som trengs om sommaren når tilstrøyminga er stor. Dei samarbeidar også med ein aktivitetsarrangør i området, så det er lett for gjestene å opparbeide matlysta mellom måltida. Vinterturistane får tilbod om 150 kilometer med preparerte skiløyper, og på sommaren kan ein ta seg til med fjellvandring, fiske, rafting og alle former for sykkelsport.   Medan vi vert freista til å forsyne oss frå julebordet for andre gong, går Tor Ivar ut på kjøkenet for å laga i stand favorittretten sin for fotografering. Det vert fjellrøye steikt i rikeleg med smør, med ein syrleg rømmesaus, agurksalat og mandelpoteter frå Vågå.   – Eg er svært glad for å kunne servera fjellrøye, den er heilt fantastisk. Og slik er det eg helst serverar den, seier Tor Ivar.   Og når fisken er fest til filmen, kan vi nyte smakane. Det er no slik at maten, bortsett frå på bilete, er noko høgst forgjengeleg. Men kanskje er det også derfor han kan smaka så utruleg godt. —

V A L D R E S F LY E

19


JORDNÆR VENLEIK Frå Glittersjå Fjellgård har ein panoramautsikt mot Noreg sin nest høgste fjelltopp, Glittertind. Men å sikta mot himmelen handlar også om å byrja der ein står. For handlekraftige og visjonære Hege og Helge har det resultert i ein gard der gjestene vert minna om eit samband mellom dyr, menneske og natur som ofte vert gløymt. T E K S T; M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

20

V A L D R E S F LY E


V A L D R E S F LY E

21


Fr책 Glittersj책 kan Hege og Helge ta seg til favorittfjellet sitt ved hjelp av eit augnekast.

22

V A L D R E S F LY E


Ein hane gjel i det blå daggryet, og bjølla til geita Ragga høyrest frå stallen ein stad, elles er det stille i Maurudalen. Inne på kjøkenet hjå Hege Thorson og Helge Nordskar vert vi bedne på fruktsaft og knasande gulrøter, ei vitamininnsprøyting før vi skal ut i fjøset og mata dyra. Inne i hønsehuset har kalkunar, ender og høner lagt egg i laupet av natta, og skal no ut og spasera i hagen saman med kyrne og geitene.   Her i skråninga ovanfor vatnet, med fritt utsyn rakt inn i Jotunheimen, fann Hege og Helge staden dei hadde leita etter. Dei har nådd over meir i livet enn dei fleste, men det verkar ikkje som det skortar på kreftene, heller tvert om. Dei er i byrjinga av å få realisert draumen sin.   – Vi er no ikkje heilt ferdige enno, seier Helge, og opnar grinda slik at vi kan gå inn til dyra.   – Men målet vårt er å ha ein stad som kan gje alt ein treng, slik at ein kan få illustrera samanhangen og at folk kan ta del i det på ein naturleg måte. Det handlar også om at husa står att der dei står, seier Hege.   Den gamle sætra hadde lenge stått urørd, og var i dårleg forfatning ved kjøpet. Fire år seinare, sommaren 2011, hadde paret flytta inn og kunne ynskja dei fyrste gjestene velkomne til å bu på ein vakkert renovert gard.

Nærkontakt Husdyrhaldet på Glittersjå er det rake motstykket til industriell matproduksjon, det er snarare grunnlaget for ein ideologi hjå Hege og Helge. Her finst det nokre få dyr av kvart slag som alle får gå ute og veksa i makeleg takt på naturens føde.

– Og så har vi dyrerasar som har levd her gjennom hundreår og har lært seg til å utnytte tilhøva her. Alle dyra våre har horn og slikt som dei er utstyrte med frå naturen, fortel Helge.   Når Hege set fram bøttene med mat, er det geitene som er kongar på haugen. Dei treng berre vifta med horna for at ei stor, brun ku av rasen skotsk høglandsfe skal gå til sides. Dyra er sosiale og trygge saman med folk og med kvarandre. Gripne står vi midt i gjestebodet og opplever spenninga ved å væra så nær dyra.   – Det er magisk når folk kjem hit og får nærkontakt med desse dyra som i røynda er nokså vanlege. Og borna kjem med ei mengd spørsmål og tankar. Ein åtteåring var her med oldemor si, og medan eg står og fortel om hønene og kalkunane, seier han: «Du, sjå på den kalkunen der med huda som heng! Nett slik hud har oldemor under armane», siterar Helge leande.

Spanske hestar Hege er svært interessert i hestar, og forutan tre ponniar er det tre andalusiske hestar på garden. Eit eksotisk innslag i den heilnorske opplevinga.   – Eg kjende at alt var så jordnært og skikkeleg, så eg måtte berre bryta litt med det og ynskja meg ein spansk hingst, ler Hege. – Det er fem år sidan, og no står han her med to hopper som vi vonar skal få fole til våren.   Dei smekre og grasiøse hestane kom heilt ville frå dei spanske høgslettene, men det ser ut til at Hege har likt utmaninga sjølv om ho har brote eit og anna bein i kroppen.   – Hestane er eldfulle og eg trur eg er ung, veit du, ler Hege og utstrålar alt anna enn minkande

V A L D R E S F LY E

23


Grannen Arve kjem med rüdyr. Utanom kjøtet skal skinnet nyttast til huver og vottar.

24

V A L D R E S F LY E


«ALLE DYRA VÅRE HAR HORN OG SLIKT SOM DEI ER UTSTYRTE MED FRÅ NATUREN.» – HELGE NORDSKAR, GLITTERSJÅ FJELLGÅRD

V A L D R E S F LY E

25


krefter. – Men planen min er å få hingsten i så god form at eg kan ri inn til det fine fiskevatnet vårt. Så neste år skal eg by på sjølvfiska aure som er frakta heim med hest.   – Når hestane er innridne kan også gjestene få oppleve korleis det er å sitja på dei majestetiske dyra, fortel Helge.

Ureist mat Maten er ein viktig del av samanhangen på garden. Vi har flytta oss ned i den gamle jordkjellaren som er ombygd til ein liten matsal, som eit vertshus i mellomalderen.   Middagen vert ei reise gjennom årstidene på Glittersjå. Sjølvplukka løpstikke og honning krydrar suppa som er laga på haustens raudbetar og margkraft av eige høglandsfe. Hege set også fram nykinna smør og eit brød ho har baka av kinnemjølka   Til hovudrett får vi svin som har gått i skogbrynet ovanfor garden, med rotgrønsaker og chili – og bringebærsaus. Og for å føre tankane mot det spanske temaet, serverar Helge økologisk spansk raudvin.   Når hovudretten har fått synke, tek Hege fram ei ramme frå ei av bikubane og ber os bryta av ein bit av den gulskimrande kaka til dessert. Vi nyt konfekten frå sommaren medan vi forundrar

26

oss over forteljingar om svermar, dronningar og dronar.   Både Hege og Helge ser ei utmaning i å gjere seg nytte av så mykje som mogeleg frå naturen. Tømmer, planter, bær og fisk hentar dei frå omgjevnadane, og dyra deira gjev materialar for ymse slags tilverking.   – Ja, det er det som er så morosamt, alt som kan nyttast på dyra skal nyttast, seier Hege og visar fram fine ullpledd som ho har laga. Sauene gjev ull og biene gjev honning, og bivoksen gjev lys. Eg lagar såpe av dyretalg, kyrne gjev mjølk, ost og smør og så vidare.   Glittersjå held ope for gjester heile sommaren, frå juni til september. På hausten og vinteren kan ein koma hit for å gå på kurs i mellom anna plantefarging, lysstøyping, toving og tradisjonell baking.   – Grupper kan også halde eigne kurs eller møter her, og så står vi for vertskap og miljø, forklarar Helge.   Når vi stenger grindene bak oss for å gå bort på parkeringsplassen, kjem dei nyfikne geitene Ragga og Ronja springande, nett som dei gjorde då vi kom. Vi, som har funne ei unnagøymd perle her i Murudalen, tykkjer det er litt vemodig å måtta reise herifrå. Ragga og Ronja og alle andre på Glittersjå er heldige som får bu her året rundt. —

V A L D R E S F LY E


HEGE SI HONNINGKAKE Lyst på eit haldbart og godt brød? Dette brødet skal pakkast inn i papir og er aller best etter to år! (Gjev 5 kaker) 8 egg 500 gram farin 500 gram honning ½ teskei pepar 1 matskei appelsinmarmelade 500 gram sikta kveitemjøl Eventuelt 125 gram sukat Egg og sukker piskast til eggedosis. Honningen varmast til tyntflytande, ha deretter i appelsinmarmeladen, peparen og eggedosisen. Rør om og ha i sikta kveitemjøl. Hell røra i godt smurte former. Legg ei brei stripe smurt bakepapir langs heile forma, så kaka lett kan løftast ut. Steik kaka på 165 grader i 45-60 minuttar nedst i omnen. Prøv med ein pinne om ho er gjennomsteikt, og lat kaka svala seg før ho vert teken ut av forma. Kan lagrast i 2-3 år innpakka i pergamentpapir, merka med dato og lagt i tette kakeboksar.


28

V A L D R E S F LY E


V I L L M A R K O G M AT Som eit norsk svar på amerikanske Ville Vesten ligg Brimi Fjellstugu ved enden av Tessevann. Men på dei vindpinte viddene streifar reinsdyr i staden for bøffel, og i bekkane finn ein aure i staden for gull. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

V A L D R E S F LY E

29


«NÅR DET STORMAR SOM VERST EIN DAG I JANUAR, OG DET ER KNAPT EIN KAN SJÅ FRÅ DET EINE HUSET TIL DET NESTE, SYTER VI FOR Å HA MYKJE GOD RAUDVIN OG FIN PEISVED I HUSET.» – VEGARD BRIMI, BRIMI FJELLSTUGU

30

V A L D R E S F LY E


Brimi Fjellstugu er 60 år, og er med sine 20 rom og 40 senger minst i heile fjellheimen. Og den treng ikkje å verta større så lenge Vegard Brimi får vera med på avgjerda. Vegard møter oss ute på gardstunet mellom husa. Ein skandinavisk Robert Redford, for å halde fram med likninga, som har budd her heile livet. Foreldra til Vegard dreiv fjellhytta fram til han og kona, Eva, overtok verksemda.   – Når det stormar som verst ein dag i januar, og det er knapt ein kan sjå frå det eine huset til det neste, syter vi for å ha mykje god raudvin og fin peisved i huset, fortel Vegard oss gjester som er samla til ei felles dagsutflukt. – Då går det an å fordrive ein dag eller to. I dag kan vi nyte eit fint og vindstille haustver, men over Rondane har Kong Vinter dryssa melis over haustfargane for å minna oss om den komande årstida.   Vegard skal ta oss med ut på viddene. Tidlegare dreiv han og Eva leirskule, men no er dei innstilte på å by på aktivitetar for gjestene på fjellstova.

Enkle utflukter Ned mot sjøen ligg den 3-400 år gamle sætra som er i full drift med mjølkeproduksjon kvar sommar. Beitedrifta har skapt eit karrig landskap som sakte går over i fjellsidene sine grå skråningar. Sætrene er framleis verdfulle marker for jordbrukarane nede i dalen, fortel Vegard, men før var dei heilt naudsynte.   Vegard peikar med verbiten hand opp på ei grå stripe som renn oppover mot fjellplatået. Det er stien vi skal følgje til målet for utflukta i dag: Ei enkel hytte, eller ei steinbu, som dei har bygd nettopp for turar av dette slaget.   – Vi byr på enkle aktivitetar, slik som til dømes i dag, fortel Vegard når vi eit kvarter seinare går sakte oppover den grå hellinga.     – Men dersom ein fyrst skal gå eit stykke, må ein også kunne stanse ein eller annan stad, tenne opp bål og få ein pølsebit eller ost eller noko slikt. Vi har også ein grillplass nede i dalen for gjester som er dårlege til beins eller ikkje kjenner seg i så god form.   Fire kilometer borte i den høgtliggande fjellskogen ligg Arne Brimi sin restaurant, Vianvang. Mange i gruppa åt eit retteleg festmåltid der i går, og den bratte hellinga minner dei om all den gode maten og drykken.   Vegard og Arne har vore vener sidan dei var i 20-åra, og har hatt eit nært samarbeid når det gjeld overnatting, mat og aktivitetar for gjestene. Saman driv dei mellom anna eit aktivitetsanlegg som ligg

V A L D R E S F LY E

31


32

V A L D R E S F LY E


Mat smakar best ute.

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

33


34

V A L D R E S F LY E


63 책r til fjells. Ein kan kanskje sj책 det p책 blikket. M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

35


eit stykke unna, med høgtliggande eventyrbane, amfiteater med plass til 130 personar, og eit stort, utandørs kjøken.

Mat med verde Vegard tek pausar langs stien og tek gjerne opp aktuelle spørsmål til diskusjon. Landbrukspolitikk og industriell matvareproduksjon er nokre av dei spørsmåla som ligg han på hjartet, og Vegard stiller seg spørjande til verdet av det vi kjøper i matvarebutikkane. Sjølv ville han ikkje kompromisse med kvaliteten når det gjeld kjøkenet på Brimi, fortel han meg litt lenger oppe på stien.   – Vi har vorte meir og meir nøye når vi vel ut råvarer. Vi har skjøna at sjølv om det kostar nokre kroner meir, så er det verdt det. Som du ser, er vi langt frå hovudvegen, og når folk kjem innom vil vi kunne by på skikkeleg mat til middag. Det fungerar ikkje med løvbiff og hamburgarar og slikt.

Ei familieverksemd Etterkvart kjem vi over fjellryggen og får ei lett vandring det siste stykket mot hytta som ligg ved sida av eit lite tjern. Svigersonen Yngve har gått i førevegen for å tenne elden, og angen av grilla kjøt spreier seg i hytta. Ein kjempestor kaffikjele står på rista. Dottera Lene og barnebarnet er også med. Dette er ei familieverksemd, heile vegen opp på fjellet.   Vertskapet på Brimi Fjellstugu handlar mykje om genuinitet, og om å koma gjestene i møte på ein personleg måte. Og dette med å vera liten er ein styrke, meinar Vegard.   – Vi trur på storleiken vår i forhold til den personlege servicen vi vil gje gjestene våre.

Samtalevenleg middag Etter turen opp på fjellet rekk vi å ta ein kort kvilepause før middag. Nede i restauranten tek Vegard i mot og presenterer kveldens meny. Han kjem også med framlegg om å gå ned til ein av bekkane i morgon for å sjå etter aure, eller fjellaure som nokre gjerne kallar den, i det klåre vatnet.   – Det finns jo ingenting som heiter det, men dersom du fiskar ein aure i Tesse, og du har eit bål på stranda og legg auren i steikepanna, då smakar han jo betre om han heiter fjellaure. For så enkelt er det vel, spør Vegard med eit skeivt flir, og introduserer endå eit diskusjonstema rundt borda. —

36

V A L D R E S F LY E


«VI TRUR PÅ STORLEIKEN VÅR I FORHOLD TIL DEN PERSONLEGE SERVICEN VI VIL GJE GJESTENE VÅRE.» – VEGARD BRIMI, BRIMI FJELLSTUGU

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

37


38

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


S M A K S F E S T U TA N L I N D U K A R På toppen av eit fjell ligg kjendiskokkens draum: Vianvang. Det er ein stad som ikkje så lett let seg definere, og det er nett slik han sjølv vil ha det: «Folk er lei av å være ein del av eit konsept», seier Arne Brimi og byr på ei heilt særskild matoppleving. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

39


Kokkane byr opp til dans, ein vel innøvd koreografi med påfølgjande smaksfest.


Parafinlamper langs vegen gjer det klårt at vi er på rett veg. Vegard Brimi, som er sjåføren vår, stansar nokre hundre meter nedanfor husklynga. Det er ei prinsippsak.   – Her har vi to reglar, fortel Arne då han kjem ut på gardstunet for å ynskje oss og kveldens andre gjester velkomne. – Den eine er at ein går hit, og den andre at her drikk vi aldri brus.

Eit sosialt måltid Vi er eit femtitals gjester som står samla kring den store eldstaden i fjellveggen. Med si breie dialekt og tørre humor kan Arne kunsten å varme opp tilhøyrarane sine. Han vernar om dei opphavlege talemåtane, noko som også er tydeleg i namnet Vianvang. Namnet tyder ‘fjellbrud’ på målføret i distriktet. Vi skålar velkomen med kvarandre, og vert servert dei fyrste smakane frå kveldens meny, før mørkret senker seg over Jotunheimen og vi går inn.   Levande lys lyser opp restauranten som er inndelt i fleire avdelingar, og bygd av lafta tømmer. Rett framfor oss gjev dei store panoramavindaugo mot det kuperte landskapet ei svevande kjensle. Der rommet opnar seg er langbordet dekka, men det tek si tid før vi kan setja oss til bords. Ved dei to opne kjøkenplassane presenterer kokkane små smakebitar som vi gjerne smakar på igjen og igjen. Andebryst med raudkål og rosiner, møyrt svinekjøt med kålrabipuré, pepargraven laks med rogn, rømme og raudlauk … Gjestene samlar seg kring kokkane og stiller ivrige spørsmål om ingrediensar og om korleis maten vert laga til.   Allereie no skil denne middagen seg frå andre restaurantopplevingar; når smakslysten styrer stega skjer det noko. Kvar matrett leier til nye samtalar mellom oss som er gjester, aktiviserer smakslaukane og varmar humøret vårt – og når selskapa vert blanda og ein møtes kring maten, vert det ei sosial oppleving. Arne sirkulerar og serverer matfilosofien sin.

– Måltida er for standardiserte i dag, mennesket vert bortgløymt. Folk vil ikkje berre setja seg ned, få ein meny og ete eit konsept. Folk vil eiga måltidet sitt, slår Arne fast.

Det sit i sausen Tilhøvet mellom mat og drikke er heilt avgjerande i fylgje Arne, og ein kveld på Vianvang er ei aromatisk reise for vinelskarar.   – Men det er mykje meir som høver saman enn som ikkje høver saman. Det er sausen som avgjer, fortel Arne medan han syner interesserte gjester vinkjellaren sin.   – For å bli flink med vin, må du drikke mykje vin, hevdar Arne som smakar på minst 5 000 vinar i året. – Og ein må gå etter kvalitet, ikkje kvantitet.   – Gå saman fire personar, kjøp vin for 1 000 kroner og lær dykk alt de kan få greie på om den vinen. Då kjem de garantert til å få ei god vinoppleving, lovar Arne.   Ein gjest spør om han også interesserer seg for andre drykkar enn vin. Whisky? Likørar? Kaffi?   – Eg er nyfiken på alt, og har stort sett ein favoritt innan det meste. Det er eit hardt liv, legg Arne til med eit skeivt smil.   Etter to forrettar, hovudrett og ein dessertbuffé frå himmelrike, er vi salige og klare for å møte måneskinet. Arne, som har vore med oss heile kvelden, verkar også nøgd. Og kvifor skulle han ikkje vera det? Med draumen sin, Vianvang, har han synt oss kva luksus i restaurantverda i røynda burde røre seg om. Det handlar korkje om fint porselen eller enkeltståande kreasjonar som ein kjendiskokk kan koke saman. Det er når vi har omgjenge med kvarandre rundt maten i eit miljø der alle kan kjenne seg heime, at smakane når sitt høgste potensial. Det vert ein smaksfest – med mennesket i sentrum. —

V A L D R E S F LY E

41


42

V A L D R E S F LY E


«EG ER NYFIKEN PÅ ALT, OG HAR STORT SETT EIN FAVORITT INNAN DET MESTE. DET ER EIT HARDT LIV.» – ARNE BRIMI, VIANVANG

SOGNEFJELLET

43


44

V A L D R E S F LY E


EI REISE I TID På Valbjør byr Kai og Live på gardsturisme i sjarmerande mellomaldersk atmosfære. Her møter vi gode mattradisjonar, eit kunnskapsrikt vertskap og nyfikne geiter – høgt oppe i solsida av Vågåvatnet. T E X T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

V A L D R E S F LY E

45


46

V A L D R E S F LY E


Vesle Sara leikar på det breie plankegolvet i matsalen medan foreldra hennar stullar på kjøkenet. Saman med oss ved langbordet sit morfar, Kai Valbjør, som saman med kona si, Live Hosar, er vertskap her på Valbjør.   Matsalen er ei reise attende til eit Noreg som var rikt på alt det som jorda gav. Ja, heile garden er som ei lita grend frå mellomalderen, med gangstiar i smuga mellom dei grånande tømmerveggane. Garden har fleire gamle hus, og dei eldste er faktisk frå mellomalderen.   Kai er oppvaksen her på garden, liksom mor si og generasjonane før henne. Kor langt attende slekta går veit ingen, men garden er omskriven allereie på 1280-talet.

Geitemjølk og gardsturisme På Valbjør driv ein med økologisk husdyrhald av både sau og geit. Den største innkomstkjelda er geitemjølk som vert seld til Tine for vidareforedling.   – Det har no lenge vore geiter her på gardane, men ikkje i så stor skala som vi har no. Det var far min som byrja med det. Han kom hit til garden som ung friar på 1940-talet og skulle vera her i to veker, men så vart han verande i sytti år! Han mangla landbruksbakgrunn og hadde ein del ukonvensjonelle idéar, mellom anna dette med geiter. Og Noreg er jo som skapt for geiter, smiler Kai.   Forutan verksemda med dyra tek familien imot turistar, og har innreia nokre av husa til gjestehytter. I byrjinga stilte Kai seg litt tvilande til korleis gjestene ville oppleva realitetane på ein gard.   – Men snart innsåg eg at det er ein del av det

autentiske som eg trur folk set pris på. Dersom ein bur på ein levande gard, så er det slik det er, konstaterer Kai.

Ekte miljø Familien kjenner eit stort forvaltaransvar, og nyttar alle sjansar til å få tak i bortgløymd kulturhistorie. For eit par år sidan, medan faren til Kai enno levde, restaurerte dei mellom anna ei gamal kvern, noko som førde med seg mykje etterforsking i kvernprosessar. I alt finst det sytten hus på Valbjør, og av dei er fjorten gamle. Å ha så mange hus på gardane, kvart til sitt særskilde føremål, var ikkje uvanleg før i tida.   –Nei, det har vore dobbelt så mange hus her på garden, men så har dei gått ut av bruk, og dette med restaurering er etter måten eit nytt fenomen, fortel Kai.   –Men no er dei gamle husa kan hende den fremste ressursen her på garden, så slik sett hadde det vore fint om også dei tidlegare husa hadde stått att. Men samstundes kjennest det greitt at vi berre har sytten hus å halda ved like, legg Kai smilande til.

Freistnadane på garden Live arbeidar også som sjukepleiar for å spe på inntektene, og skal snart i veg til nattskiftet, men ho rekk å presentera menyen for oss før ho må dra.   – Dette er brie av geitemjølk som Dovre Ysteri produserar for oss, seier ho og serverar «Fjellgeit Valbjør,» ovnsgratinert med honning frå området og valnøtter.   – Kvitmuggost er eigentleg ingen typisk norsk ost, men folk likar han, forklarar Kai. Ein lyt prøva seg fram til kva alder ein likar best. Denne er

V A L D R E S F LY E

47


«MEN NO ER DEI GAMLE HUSA KAN HENDE DEN FREMSTE RESSURSEN HER PÅ GARDEN, SÅ SLIK SETT HADDE DET VORE FINT OM OGSÅ DEI TIDLEGARE HUSA HADDE STÅTT ATT. MEN SAMSTUNDES KJENNEST DET GREITT AT VI BERRE HAR SYTTEN HUS Å HALDA VED LIKE.» – KAI VALBJØR

48

V A L D R E S F LY E


Kai er oppvaksen pü garden, liksom mor si og generasjonane før henne.

V A L D R E S F LY E

49


50

V A L D R E S F LY E


V A L D R E S F LY E

51


«DET HAR NO LENGE VORE GEITER HER PÅ GARDANE, MEN IKKJE I SÅ STOR SKALA SOM VI HAR NO.» – KAI VALBJØR

52

V A L D R E S F LY E


to månader gamal.   Til hovudrett får vi servert killing, steikt på låg temperatur over lang tid.   – Dette med langsteiking har kome i kjølevatnet av Arne Brimi sitt engasjement for gamle matlagingstradisjonar, seier Kai. – Det liknar måten dei laga til kjøtet på så langt attende at dei brukte kokegroper.   Utan hemningar nyt vi kjøtet saman med fløytesaus laga på sjyen frå kjøtet, eigenplukka granriske, mandelpoteter frå Vågå og rotgrønsaker frå Skjåk. I glaset får vi Arne Brimi sin viltvin, ein Côte du Rhône frå 2009. Det vi et er lår, men Kai fortel at Arne har ein god rett der han nyttar både bog og nakke frå killing – og sjølvsagt ei mengd fløyte.   – Vi serverar mest killing til gjestene våre. Elles går det mykje i vilt. Vi har elg, hjort og reinsdyr like ovanfor garden. Eg jaktar litt sjølv, men elles kjøper vi kjøt av lokale jegerar. Og så serverar vi fårekjøt frå garden, gamalnorsk spælsau.   Vi set oss framfor peisen etter ein særs velsmakande plommedessert og kaffi med heimebakte julekaker. Diskusjonen krinsar om skikkane før og no, og at matkulturen har vorte eit av dei sterkaste korta i traktene. I fylgje Kai gjev det livskraftige nettverket mellom dei lokale matprodusentane gode utviklingstilhøve.   – Det finst så mykje kunnskap om mat her lokalt, så kvifor ikkje samarbeida, seier Kai. – Og det er betre å lata andre gjera det vi sjølve ikkje vinn med. Spekemat og fenalår lagar vi sjølve, men når det gjeld til dømes pølser og ost, vert det stilt heilt andre krav til produksjonen.

gode knekkebrød bakt med korn frå traktene, male i eiga kvern.   Ei god oppladning før vi let geitene koma og «danse», som Kai uttrykker det.   Kanskje vert vi ein distraksjon i dansen, for utanfor fjøset samlar dei seg ivrige rundt oss, kjærleg nyfikne. Men dei spisse horna gjer at nærkontakten går for seg med ei viss varsemd frå vår side, og dei nappar glupske til seg kvar einaste lause klededetalj, ei skolisse, eit jakkebelte eller glidelåshempe.   Vi held fram med omvisninga på garden, andar inn atmosfæren i det gamle loftet, stikk innom kornlageret som no rommar ein pub, den koseleg innreidde drengestova og reiskapsskjulet. Mange av dei gamle bruksgjenstandane vekkjer spørsmål, og Kai fortel gjerne om det han kjenner til.   – Det er så mykje å prata om. Og mange av dei som kjem hit minnest miljø og gjenstandar frå barndomen sin, og har sjølve mykje å fortelje. Men det er også morosamt å tala med dei som ikkje veit noko om jordbruk. Då kan det koma mange rare spørsmål, smiler Kai.   Vi køyrer bort frå Valbjør med von om å få koma attende til sommaren. Då blømer urtehagen, og garden summar av aktivitetar og tradisjonelt gardshandverk. Og vi skulle gjerne sjå att den stjerneklåre utsikta frå kvelden før – men kledd i sommarskrud – medan vi får oss ei pratestund med Kai om maten, gardslivet og menneska før og no. —

Geitedans Garden ligg i dvale under stjernene, og utkvilte samlast vi atter i matsalen til ein fyrsteleg frukost med mellom anna sik frå Espedalsvatnet, lokale egg, gardsostar, slaktarvarer av geit, og Live sitt

V A L D R E S F LY E

53


FOKUS: 54

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


©FOTO: STEINAR SKAAR / STATENS VEGVESEN

GEIRANGERTROLLSTIGEN Vegen renn over toppen, og med nedrulla vindaugo trillar vi nedover. Til vi får sjansen til å parkera, og gå ut til utsikta for å ta inn angen og det svimlande suset av rommet mellom fjell og hav. Vi har lenge lengta hit, til smakane frå havet og dei menneska som lever her, under ein bit av himmelen der han er på sitt vakraste. T E X T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

55


56

Bengt Dahlberg har nådd sitt mettingspunkt i Geiranger. Og det stavast sjokolade. GEIRANGER – TROLLSTIGEN


Som ein levande spegel trykkjer Geirangerfjorden seg mot fjellsidene og pustar sakte ut medan han ventar på flaum.

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

57


«EG LIKAR Å LAGA ALLSLAGS MAT, MEN NO NYTTAR EG DEI RÅVARENE SOM EG SYNEST BEST OM Å ARBEIDA MED OG HAR EIN MINDRE MENY, SLIK AT EG KAN LAGA ALT FRÅ GRUNNEN AV. DET EINASTE EG FØREBELS IKKJE GJER SJØLV ER Å BAKA BRØD.» – KENNETH LØKEN, BRASSERIE POSTEN

58

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


GEIRANGER – TROLLSTIGEN

59


60

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


BRASSERIE POSTEN SI KREMA FISKSUPPE (4 PORSJONAR) 1 KG BLÅSKJEL 1 LAUK 1 GULROT 1 FENNIKEL 3 DL SLOGEN PALE ALE 2 DL H-MJØLK 2 DL KREMFLØYTE 1 DL RØROSRØMME 100 G SALMALAKS FINSNITTA VÅRLAUK FRISKE FINSNITTA URTER VASK OG SKRAP BLÅSKJELA GODT. RENS OG FINHAKK GRØNSAKER OG FRES DEI I SMØR. TILSET BLÅSKJEL OG SLOGEN PALE ALE (ANNA ØL KAN SJØLVSAGT NYTTAST) OG LEGG OVER LOKK. DAMP TIL SKJELA OPNAR SEG, OMLAG 3–4 MINUTTAR. TA AV SKJELA OG RENS DEI. SIL KRAFTA OG TILSET FLØYTE OG MJØLK, OG KOK OPP, KOK LITT INN TIL YNSKJELEG SMAK. TILSET RØMME OG KØYR MED STAVMIKSAR ELLER I BLANDEMASKIN. KOK OPP ATT OG SMAK TIL MED NYKVERNA PEPAR. LEGG BLÅSKJEL OG RÅ SALMALAKS I TYNNE SKIVER I EN DJUP TALLERKEN MED FRISKE URTER OG VÅRLAUK, OG AUS SUPPA OVER. SERVER MED GODT BRØD OG SMØR!

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

61


Fersk torsk frå fjorden på sprøsteikt butterdeig med fennikelpuré, sylta raudlauk og granateple.

62

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


«VI NYTTAR HELST DEN LOKALE FISKEN FRÅ FJORDEN. TORSK ER EIN VANLEG FISK HER, OG SEI SOM VI FÅR MEST AV. VI SERVERAR TIL DØMES IKKJE ELG ELLER SVIN, FOR DEI HØYRER IKKJE TIL I DETTE OMRÅDET. DÅ FOKUSERAR VI I STADEN PÅ OKSE, LAM OG GEIT SOM VI FINN HJÅ BØNDENE HER. SÅ DET ER TRADISJONELLE RÅVARER, MEN GJERNE TILLAGA PÅ EIN NY MÅTE.» – RAGNHILD KRISTIN LJØEN FRØYSA, OLEBUDA RESTAURANT

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

63


GEIRANGER KAN VERA EIN LITEN PRIKK PÅ KARTET, MEN OPPLEVINGANE HER ER AV EIT EIGE OMFANG. HOTEL UNION, I SKRÅNINGA OVANFOR FJORDEN, HAR VORE EPISENTER FOR TURISTSATSINGA SIDAN 1891 – OG GEIRANGER HADDE IKKJE VORE DET SAME UTAN HOTELLET. I TILLEGG TIL EI GOD NATTS SVEVN, ER VI HER FOR EIT KJØKEN I MEISTERKLASSEN OG LITT SANSELEG AVSLAPPING. VI SIG NED I DET VARME VATNET PÅ SLUTTEN AV DAGEN OG FORDØYAR INNTRYKKA.

64

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


GEIRANGER – TROLLSTIGEN

65


«DETTE SKAL VERA EIN OASE AV FRED OG RO. HER KAN EIN VERA FRÅ MORGON TIL KVELD UTAN Å MÅTTA TENKJE PÅ KLOKKA. MEN DÅ MÅ EIN OGSÅ FÅ GODE MÅLTID, SÅ DIFOR SERVERAR VI EIN SUNN FRUKOST SOM GJEV ENERGI TIL KROPPEN, OG TIL LUNSJ HAR VI SALTBUFFÉ OG SERVERAR LOKALE SMÅRETTAR OG SMOOTHIES.» – MONJA MJELVA, HOTEL UNION

66

Velværeavdelinga er formgjeven etter Feng Shui-prinsippet, med store vindaugo ut mot naturskattane i Geiranger. Til høyre: Hotel Union er den største læreverksemda i fylket. I sommarsesongen arbeidar her tjue personar på kjøkenet, og seks av desse er lærlingar. GEIRANGER – TROLLSTIGEN


GEIRANGER – TROLLSTIGEN

67


«LAKSEN VÅR TØRRSALTAR VI I SEKSTEN TIMAR MED GODT MED SALT PÅ. DERETTER SKYLJER VI AV SALTET FØR VI LEGG HAN TIL TØRK I TO-TRE DØGN. VI RØYKJER HAN TRE GONGER, OG ETTERPÅ LEGG VI HAN TIL TØRK EIN DAG TIL. DET HAR VORE EIN LANG PERIODE MED PRØVING OG FEILING, MEN NO HAR VI FUNNE OPPSKRIFTA.» – LARS HELGE HANSEN, KJØKENSJEF PÅ HOTEL UNION

68

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


GEIRANGER – TROLLSTIGEN

69


70

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


Tolv kakestykke der kvar skei smakar sommar. I høgsesongen vert det servert opp til 150 stykke om dagen hjå Åse Erstad på Jordbærstova.

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

71


Smaksrik fryd for auga. Midt i jordbruksidyllen Norddal ligg Petrines Gjestgiveri, eit sjarmerande pensjonat som lokkar ein til lengre vitjing.

72

Jannike Tafjord, ny dagleg leiar og kjøkensjef på Petrines Gjestgiveri, har gjerne mykje å gjera. Når ho ikkje er husfrue, lagar mat eller sankar gode råvarer i urtehagen, så arbeidar ho på sin eigen gard med 240 mjølkegeiter. GEIRANGER – TROLLSTIGEN


GEIRANGER – TROLLSTIGEN

73


Drikke frå det nærmaste mikrobryggeriet i Noreg, Jægergele frå Romstad Gård, Gode Greier sin ramsløkolje, Kvikne heimebaka flatbrød, spekepølse frå Øvre Vilt, og så bortetter. I Matbua i Stranda har dei fleste produkta reist kortare enn vi har gjort.

74

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


Tosidig verksemd. I den eine enden av lokalet har Vebjørn Skog plass til å ta imot grupper som har tinga mat, drikke og hyggeleg samvære.

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

75


«FOR OSS ER DET IKKJE VESENTLEG KOR MANGE KILO KLIPPFIKS SOM VERT PRODUSERT KVAR DAG. DET ER EIT HANDVERK OG DET VI GJER ER EKSKLUSIVT, SÅ DET ER FAKTISK BETRE DESS MINDRE VI PRODUSERAR.» – SINDRE DYBVIK

76

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


NOREG EKSPORTERAR ÅRLEG 100 000 TONN KLIPPFISK TIL MARKNADER I MELLOM ANNA BRASIL, PORTUGAL OG SPANIA. HJÅ MANGE INDUSTRIAR HAR GAMLE METODAR OG HANDVERK HAMNA I SKUGGEN AV EFFEKTIV PRODUKSJON. BRØRNE PÅ DYPVIK AS HAR I STADEN TEKE EIT STEG ATTENDE, OG STYKKJAR OPP OG LAGRAR FISKEN FOR Å FÅ FRAM KVALITETSPRODUKT SOM ER ETTERSPURDE AV MEDVETNE KONSUMENTAR.

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

77


«DÅ VI VAR BORN ÅT VI MEST KLIPPFISK MED POTETER OG LAUKSMØR, ELLER MED KVIT SAUS, BACON OG GULRØTER. OG NÅR DET VAR RETTELEG FEST VART DET DEN SPANSKE VARIANTEN MED TOMATSAUS, NÅR VI LUKKAST I Å FÅ TAK I OLIVENOLJE. MEN NO HAR VI OVER TRE HUNDRE MÅTAR Å LAGA HAN TIL PÅ.» – SINDRE DYBVIK

78

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


«KLIPPFISK ER HAVET SI SPEKESKINKE, OG NETT SOM EIN GOD OST TEK HAN TIL SEG SMAK OG UTVIKLAR SMAKEN UNDER LAGRING. VÅR GRAN RESERVA SOM BERRE ER RYGGSTYKKET PÅ TORSKEN, VERT LAGRA I TO ÅR.» – JAKOB DYBVIK

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

79


E I H E I LT E I G A K J E N S L E Gøymde mellom trea, omgjevne av høge toppar og med elva som granne ligg arkitekturperlene. Gløym bileta. Intensiteten i Juvet Landskapshotell må du berre oppleva sjølv. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : T I N A S TA F R É N , J I R I H AV R A N , J A N O L AV J E N S E N

80

RONDANE


RONDANE

81


På ein gamal gard i Valldal, ved kanten av elva Valldøla, ligg nokre kasseliknande hytter i tre og glas plassert ut mellom bjørker og furuer. Det er sju hotellrom som med utgangspunkt i naturen byr på noko heilt særskilt når det gjeld overnatting.

Hotellet er målet Tallause bloggar og artiklar har oppmoda oss om å vitja Juvet, som er teikna av arkitektane Jensen og Skodvin. Mellom andre har Wallpaper Magazine kåra hotellet til «Det hotteste stedet å besøke». Europas fyrste landskapshotell er faktisk noko du berre lyt få med deg.   – Her er hotellet målet for reisa, seier Knut Slinning, som starta og driv hotellet. – Gjestene vår kjem hit frå heile verda for å sjå på den sjeldsynte arkitekturen. Som du sikkert har skjøna, er Juvet Landskapshotell mykje meir enn ein vanleg overnattingsstad langs turistvegen.   – Det er tre wow-faktorar her på Juvet, forklarar Knut. – Den fyrste er når du kjem hit, trillar ned på tunet og får sjå elva. Den andre er når du kjem inn i hytta og ser formgjevinga og dei store vindaugo som byr naturen inn i stova, slik at den vert ein del av rommet. Det tredje wow-et er spaet, ein stad der ein kan slappa av i sauna eller dampbad, eller berre sitje i det varme badet utanfor og høyre på vatnet i elva

Langbordet Du kan sitje i stolen og sjå ut av vindauga i timevis, du kan leggje i veg oppover fjellet eller bli med ein tur på fjorden og fiske, men når kvelden kjem vert du beden til fjøset. Det er der maten vert servert på Juvet. Her et du saman med dei andre gjestene ved langbord.   – Inne og ute skal stemma overeins. Maten lagar vi her, med gode råvarer, tradisjonelt og enkelt – vi et trass i alt i eit fjøs, seier Knut og smiler. Her får du mat du ikkje et i Frankrike eller England; hjort, rein, villlaks. Menyen varierer etter sesongen.   – Dessutan er vi særs gode på klippfisk og bacalao, seier Knut.   Hugs også at du ikkje må koma for seint til middag, for du vil vel ikkje at dei andre gjestene skal venta på grunn av deg?   – Vi et samstundes og ved same bord som når du har gjester heime. Det er då det blir stemming, og folk kjenner at dei er på vitjing. Over bordet går praten livleg, mange av gjestene våre er vidreiste, og dei finn utruleg mange fellesnemnarar. Du veit, det å ha det fint og skape god stemming, mykje av det er opp til oss sjølve. —

82

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


SOGNEFJELLET

83


84

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


«HER ER HOTELLET MÅLET FOR REISA. GJESTENE VÅRE KJEM FRÅ HEILE VERDA FOR Å SJÅ PÅ DEN SJELDSYNTE ARKITEKTUREN.» – KNUT SLINNING, JUVET LANDSKAPSHOTELL

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

85


FOTO: JIRI HAVRAN

86

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


FOTO: JAN OLAV JENSEN GEIRANGER – TROLLSTIGEN

87



SMAKSRIKT HANDVERK Hjå Gudbrandsdalsmat står handverket i fokus, ein mattradisjon forma av kultur, geografi og historie i traktene. Atten produsentar av kjøt, fisk, egg og meieriprodukt, brød og grønsaker, krydder og urter har gått saman om felles sal og distribusjon. Dermed får dei ro til å konsentrera seg om det dei kan best: Å produsera god mat – med hender og hjarta.


SOGNE FJELLET Det gjer godt for sjølvkjensla å få møta dagen høgre oppe enn dei fleste andre, samstundes som toppane omkring eggjar oss endå høgre. Det er ei svevande kjensle som varer ei stund, også etter at vi når varmen og det grøne graset ved fjorden. 90

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

91 ©FOTO: ROGER ELLINGSEN / STATENS VEGVESEN


92

SOGNEFJELLET


AKTIV PÅ SOGNEFJELLET Om du vert biten av basillen og byrjar å samle på toppane i Hurrungane, om du driv med klatring, eller om du berre er glad i ein tur på fjellet: Turtagrø er utan omsyn eit suverent utgangspunkt. Velkomen til fjellsporten si vogge. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

SOGNEFJELLET

93


Kan hende finn du ikkje noko betre utgangspunkt for fjellsport enn Turtagrø Hotel vest i Jotunheimen. Her bur du, i denne samanhangen, smålåtne 880 meter over havet, men omkring ligg det toppar på over 2 000 meter som har hug til å gjeva deg ei utmaning. Det er ikkje utan grunn at Turtagrø og Hurrungane er kjende som fjellsporten si vogge i Noreg.   – Dei fleste kjem hit for å gå tur og oppleve fjellet, klatre eller stige opp på toppane. Alt frå det enkle til det ekstreme. Det er ein del som samlar på dei 2 000 meter høge toppane i Hurrungane, dei vert vel bitne av basillen, kjem att gong på gong, seier Etti Salomonsen, som saman med medarbeidarane syter for at du har det bra på Turtagrø.

Telt eller suite Dei fyrste gjestene kom til Turtagrø i 1888, til det nye hotellet hans Ola Berge. Grannen ville konkurrere, og sette opp ein sveitservilla på tomta ved sidan av. Etter kort tid kom grannen på andre tankar, han ville til Amerika, og selde til Berge.     I dag er det berre sveitservillaen som står att av dei opphavlege bygningane, ettersom gamle Turtagrø Hotel brann ned i 2001. Året etter var eit nytt bygg på plass, som gjer at du i dag kan velje etter smak og lommebok kvar du vil bu. I telt, i køyeseng i den gamle sveitservillaen, eller i eit moderne hotell med alt du kan tenke deg av fasilitetar. Mykje har vorte nytt på Turtagrø, men konseptet er slik det alltid har vore – velkomen skal du vere, her tek dei vare på deg.   – Eg trur ikkje det finst andre stadar der du kan sette ølen på teltet ditt, seier Etti og ler. – Inne på hotellet samlar alle seg, her et vi saman. Det er det same om du bur på eit av romma her, i sveitservillaen ved sida av, eller med halvpensjon i ditt eige telt på marka, det er lett å koma i prat med andre

94

når du slappar av etter ein dag i fjellet.   Dersom du ikkje kjem deg ut er det liten fare for at du vil få det keisamt. På Turtagrø er det fjellbibliotek og utstillingar, du kan vera med på ulike kurs, og i kjellaren finn du den einaste kinoen på Sognefjellet. Der vert Fjellfilmfestivalen arrangert. Naturleg nok er filmar som Trolljegeren og Fritt Vilt viste der, dei er tekne opp i området, men størst plass på festivalen har filmar om ekstremsport.

Eineståande i matsalen Når sola held på å gå ned bak fjella i vest, flaumar eit raudleg ljos inn gjennom dei store vindaugo i matsalen. Mykje av maten er heilt særeigen for Turtagrø.   – Vi røykjer fisk og bacon og lagar pølser. Maten skal vera vår eigen, forklarar Etti. – Og han er laga berre for gjestene. Eit par gonger i veka grillar vi utanfor på ettermiddagen når folk kjem attende frå tur, som eit alternativ til peanøtter. Det kan no av og til verta lenge å vente til middag, ikkje sant?   På middagsfatet finn du smakar frå høgt og lågt i nærområdet: Bær, frukt, hjort, kveite, sjøkreps eller andre godsaker som kjøkensjefen får tak i. – Ein bonde ringde og sa at han hadde økologisk gris til oss. Den utmaninga tok kjøkenet på strak arm, seier Etti.   Du kan også sjølv vera med og laga maten på Turtagrø; kvart år vert det arrangert pølsemakarkurs, og då skal «årets fjellpølse» kårast. Etterpå endar pølsene på grillen.   – Folk finn seg fort til rette hjå oss, kjenner seg som heime, og er med. Då vert det mykje moro. «Det finnes et sted der fjellene berører himmelen», vert det sagt om Turtagrø. Heilt sant, men det er også ein stad der mykje skjer. — ­

SOGNEFJELLET


«Det finnes et sted der fjellene berører himmelen,» vert det sagt om Turtagrø. Mange av toppane rundt er over 2 000 meter høge, og fleire av gjestene på Turtagrø samlar på dei. SOGNEFJELLET

95


Å N Y TA L I V E T Ingen skyer på himmelen over Hafslo. Den stille, solvarme bygda speglar seg i det grøne brevatnet. Øvst ligg BesteBakken, ein gulmåla og litt bortgøymd fristad der berre det beste er godt nok. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S


– Dersom de ikkje likar spekesild så vil de slite, seier Lindis Alme og ler. Det er middagstid på BesteBakken. På fatet framfor oss står det kva Noreg vart fødd opp på etter krigen: Flatbrød, spekesild, poteter og urter frå hagen som ingen annan enn Lindis tykkjer er fin, i fylgje Lindis. Dei to belgiske gjestene som sit saman med oss i matsalen denne kvelden studerar dei små fiskane på tallerkenen, før dei freistar appetittvekkaren. Om litt er fatet tomt.

«DET SKAL I ALLE FALL FINNAST EIN STAD I NOREG DER DU KAN HA DET ROLEG, KUNNE SNAKKE SAMAN OG BERRE NYTE LIVET. BESTEBAKKEN ER EIN SLIK STAD».

Berre det beste er godt nok

testar vi ut og leitar etter aha-opplevinga – kokkelerer, smattar og gurglar, og så brått: Der sat han! Denne skal vi servere.   På BesteBakken gjeld det å finna den beste kombinasjonen av smakar til alle måltid, også kombinasjonane på frukostbordet er nøye samansette. Oppskriftene delar ho gjerne. Ho har fått så mange førespurnadar at du no kan finna dei mellom to permar.

Ingen vegskilt eller plakatar i Hafslo ropar til deg om å dra til BesteBakken. Garden på toppen av den bratte grusvegen skil seg ikkje nemneverdig frå resten av husa i fjellsida. Her oppe har Lindis Alme gjort draum om til røyndom. I det gule huset er det gjesterom i andre høgda og matsalar i fyrste. Låven gjev rom til vinkjellar, spa med eigne produkt, og gjesterom. Urtehagen, som visstnok ingen tykkjer er særleg fin, ligg i hagen bak huset. Alt – både ute og inne – er forseggjort, solid og gjennomført.   – La du merke til senga på rommet, spør Lindis. – Står heilt støtt, gjer ho ikkje? Ho er laga av ein snikkar eg kjenner. Skikkeleg gjennomført handverk, og då kunne ikkje vi vera dårlegare enn at vi la oppi den beste madrassen vi kunne få tak i. Skjønar du?

Den reine smaken Belgiarane og vi har kome til hovudretten, torsk. Maten er like gjennomførd som resten av BesteBakken.   – Maten lagar vi frå botnen av, med så mange lokale råvarer som mogeleg. Kjøtet får vi til dømes frå eit økologisk slakteri i nærleiken. Råvarene vert gjerne tillaga med ein ny vri, men dei skal vera til å kjenne igjen, eg vil at du skal vita kva du et. Og så nyttar vi ikkje krydder, berre urter frå hagen.

Menyane er eineståande.   – Eg er full av nye idéar, det er ein morosam og kreativ prosess å finna på nye oppskrifter og menyar. Ikkje minst er kombinasjonen av mat og vin viktig. For å finne dei beste kombinasjonane

– LINDIS ALME, BESTEBAKKEN

Å ha det godt Opplevingane her oppe på toppen av Hafslo strekker seg lenger enn garden. Vær med inn i den digre jettegryta midt i skogen, eller på ein tur til Veitastrond like ved Austerdalsbreen for ei vitjing på stølen Jarvamyra, der rømmegraut, spekemat og plommesuppe vert servert på det store steinbordet. Frå breen renn vatnet nedover dalen, fylgjer med deg attende til BesteBakken, og legg seg som ei grøn flate i Hafslovatnet. Der dannar det ein spegel for den raude julikvelden utanfor.   – Denne har eg gledd meg til, dette er favoritten min, seier Lindis når ho kjem med desserten.   Dei fyrste norske jordbæra i sesongen er i hus. På BesteBakken vert dei serverte med ein eigen krem, der appelsin og ein dråpe konjakk er ein del av løyndomen. Det er ikkje noko samantreff, for her er det stor interesse for konjakk. I eit hjørne av matsalen står eit heilt skåp med konjakk, og som den namngjetne prikken over i-en har garden fått laga si eiga blanding.   – Sanseopplevingar karakteriserar alt vi gjer her, seier Lindis. – Det skal i alle fall finnast ein stad i Noreg der du kan ha det roleg, kunne snakke saman og berre nyte livet. BesteBakken er ein slik stad. — ­

SOGNEFJELLET

97


NOREGS BESTE BRØDSTOPP Ekte bakarvarer bakt med dei beste råvarene, solid handverk servert i rause porsjonar. Ikkje rart det kan bli litt kø. Bakeriet i Lom er staden alle dreg innom. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : P Å L R Ø D A H L

98

SOGNEFJELLET


Morten Schakenda er mannen som gav opp gourmetrestaurantane i hovudstaden for bakarverksemd i Lom. No er konseptet like godt forankra som den bergfaste bygnaden ved sida av fossen, og ryktet om kvaliteten på brødet har spreidd seg langt utanfor eigne fjelltrakter.   Vi slår oss ned på uteserveringa med ein kaffikopp saman med den sympatiske bakaren. Kva er løyndomen bak framgangen, lurer vi på.   – Det er ingen løyndom, seier Morten. – Å vera innovativ kan også vera å gå bakover.   – Jaha?   – Bruk skikkelege råvarer. Uansett er det ei blanding som vert steikt, skilnaden ligg i kva du har i den blandinga. Det vert smaksforskjell av å bruke meierismør heller enn margarin, og av å bruke mindre gjær og ha lenger hevetid.

Ein plussfaktor Vi sit ved eit av borda utanfor bakeriet. På den andre sida av huset buldrar elva gjennom Lom. Rundt oss sit gjester som et kanelsnurrer eller rosinbollar og drikk kaffi. Sjølv om bakeriet allereie har vore ope i mange timar, rekk framleis køen til utanfor døra no i sommarsesongen. Rolegare vert det fyrst i september.   – Folk veit om oss, og det er kjempebra, men bakeriet er ikkje berre ein turistgimmick, konstaterer Morten. – Vi skal vera ein plussfaktor for innbyggjarane i Lom; alle skal kunne handle solide bakevarer her heile året. Derfor tek vi ikkje blodpris. Kanskje er vi litt for billege? I alle høve er vi rause.

Forfattaren Schakenda På hylla i bakeriet står bøker signert Morten Schakenda. Ei av oppskriftsbøkene hans har rukke å selje i 30 000 eksemplar. Men boka var ikkje planlagt.   – Eg hadde ei brosjyre og syntest den var heilt grei. Ein kamerat av meg som arbeider med slikt var ikkje samd. Han ville hjelpe meg med å laga ei ny. Det vart ikkje noka brosjyre, men derimot ei heil bok.   Å vitja bakeriet skal vera «ei positiv oppleving med ei lita overrasking». Bak kassen ser du rett inn på bakarane som trillar bollar, lagar brød og set deig, og sjølv om fata bognar av bakverk er du ikkje garantert favoritten. Kanskje nokon har stått opp tidlegare enn deg og sikra seg den.   – Jau, det hender vi blir utselde. For meg er det eigentleg berre positivt, fint å sjå at folk likar det vi lagar.   I august 2011 vart Morten sjuk av kreft, noko som har ført til at han har måtta forandre den ambisiøse livsstilen sin. Men han ser positivt på framtida. Det vert mindre nattarbeid og meir fokus på å lære opp personale som kan halde verksemda i gang når den er på sitt mest hektiske.   Som på fata inne, byrjar det å bli tomt også på borda rundt oss. Det er snart stengetid. Om nokre få timar er Morten attende for å sette nye deigar, før svoltne gjester er på plass att.   For alle som er i Lom vitjar bakeriet – og dei kjem gjerne attende. —

SOGNEFJELLET

99


100

GEIRANGER – TROLLSTIGEN


SOGNEFJELLET

101


102

SOGNEFJELLET


«BRUK SKIKKELEGE RÅVARER. UANSETT ER DET EI BLANDING SOM VERT STEIKT, SKILNADEN LIGG I KVA DU HAR I DEN BLANDINGA.» – MORTEN SCHAKENDA, BAKERIET I LOM

SOGNEFJELLET

103 FOTO: ERLEND HAARR ERIKSSON, FILMKOLLEKTIVET


104

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

105


EKTE På mange måtar representerer Walaker Hotell det beste av indre Sogn, meinar Ole Henrik Walaker. Det er det vanskeleg å nekte for. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

– Gjestene våre er dei som planlegg turen hit eller køyrer seg vill, seier Ole Henrik og ler.   Då er det mogleg mange som har køyrt seg vill denne junikvelden, for hotellet i fredelege Solvorn er heilt fullt.

Slepp å pynte på det Du har truleg, i ein eller annan samanhang, høyrt om Walaker, det eldste hotellet i Noreg. Dei gule husa i standkanten har gått i arv i mange hundreår. Ole Henrik er niande generasjon hotelleigar, og om nokre år kan sonen, Theodor, bli den tiande. Om han vil. På mange måtar representerar Walaker Hotell noko av det beste i indre Sogn, meinar Ole Henrik.   – Vi har så mykje ekte, så vi slepp å pynte på det. Her er ikkje masseturisme, dette er opplevinga av det urørte.

Frå hjartet Det rår ein eigen puls mellom fjella i Luster. Alt er ikkje berre a til å, endelaus rutine eller mas.   – Når gjestene blir ei stund, slik at vi kan bli litt kjende med dei, og når eg ser at dei set seg ned og pustar ut, då vert eg glad, vedgår Ole Henrik og held fram: – Og når dei er heime att og tenkjer over kva som var det beste med turen, så skal vi vera øvst på lista. For dei fleste har no alt, men ei

106

god oppleving kan vera mangelvare. Det er det Walaker er. Å vera vert her er noko eg gjer med hjartet.

Tradisjonar i veggane Om kvelden, etter middag, kan du vera med til galleriet i den gamle låven. I kjellaren vert historia om hotellet og bygda fortald, før Ole Henrik tek det store nøkkelknippet og låser opp døra til Galleri Walaker 300. Låven er bygd av materialar frå den gamle kyrkja i bygda, og den gamle rosemålinga hans Nils målar er framleis synleg i takbjelkane. Hotellet har bokstavleg tala tradisjonar i veggane. Medan gjestene går rundt og ser på utstillinga, tek Ole Henrik seg ei lita rast. Ei gamal modellskute står på eit bord ved sidan av han.   – Ho har vore leiketøyet til tredje og fjerde generasjon. Etter det fekk ikkje nokon lov til å sjøsetje henne att. Ikkje far min, ikkje eg. Det hadde vore skikkeleg moro å freista, men eg trur ikkje det kjem til å skje, seier han og smiler.   Nett slik er det med Walaker også, og Solvorn; her er ei gate, ein butikk, ein kafé, eit hotell.   – Vi vil ikkje ha så mykje forandring, tek eit steg om gongen, og held på det vi har. Livet er bra her, rett og slett.   Skulle det derimot skje noko utradisjonelt er det som regel til det betre.

SOGNEFJELLET


«NÅR GJESTENE BLIR EI STUND, SLIK AT VI KAN BLI LITT KJENDE MED DEI, OG NÅR EG SER AT DEI SET SEG NED OG PUSTAR UT, DÅ VERT EG GLAD.» – OLE HENRIK NITTER WALAKER, WALAKER HOTELL

– Visste du at vi var det fyrste røykfrie hotellet i Noreg, spør Ole Henrik. – Det hende etter at bror min og eg skulle tøffe oss og smugrøyke ein gong for mange år sidan. Hehe.

Alt for gjestene Nokon applauderer frå loftet på den gamle låven. Der oppe står pianoet til Ole Henrik.   – Å få vera med gjestene hit, kunne svare på spørsmål dei har, og spele litt er kjempefint. Eg vil gjere det eg kan for at gjestene skal ha det best mogeleg.   Nesten heile døgeret står Ole Henrik på, men av og til må han ha eit avbrot.   – I morgon har eg lova Astrid og Theodor ein båttur, så eg har sett av to minuttar. Hehe. Nei då, to timar, seier han og gliser.

Det beste? Kan hende du får den beste opplevinga av Solvorn og Walaker når dei fleste andre framleis ligg under dyna, meiner Ole Henrik Nitter Walaker. Sommarkvelden held på å bli blå då han låser døra til galleriet med det store nøkkelknippet.   – Stå opp tidleg ein solskinsdag. Høyr på stilla, sjå på fjorden og kjenn angen av bacon frå kjøkenet. Herleg!

tilgjengeleg, seier Steffen Lundli, kjøkensjefen på Walaker.   Tilgjengeleg vil seie at han ser over restane i kjøleskåpet. Kva Steffen lagar til gjestene neste dag, vert avgjort av kva lokale råvarer han får tak i.   – Det vert no litt meir med det då, ikkje sant? Etterpå skal eg ut og plukke rips i hagen. Dei skal i desserten.   Råvarene i dag har han fått frå fjorden. Steffen sjonglerar steikepanne og kasserollar, med skarp kniv kuttar han grønsaker, snur seg og justerar gassen på komfyren. Snart freser det i panna han har sett over den blå flammen. Som om han trakterar eit flygel, flyg raske fingrar over steinbit, sjøkreps, tomatar, gulrøter.   Snart stirer vi ned på to kvite tallerkenar og kjenner at vi får vatn i munnen. På den eine ligg kvitvinsdampa sjøkreps med petit pois (grøn ertepuré, forklarar Steffen), sommarkål, omnsbakte tomatar og sitrongrassmør, på den andre mjølkeposjert steinbit med graskarpuré, sommarsalat og smørdampa gulrøter.   – Slik. Ferdig, seier kjøkensjef Lundli, som om det var enklaste sak i verda. – Vonar det smakar. —

Der den gode maten kjem ifrå Kvar kveld samlast forventningsfulle gjester rundt borda med dei kvite dukane på Walaker Hotell.   – På menyen i morgon? Nei, vi ser kva vi har

SOGNEFJELLET

107


108

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

109


DEN GODE STEMNINGA Nes Gard er eit fullkome utgangspunkt for utforsking av fjellheimen i indre Sogn, og ein like fullkomen stad å koma attende til etterpå. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

– Fotturistar er hyggelege folk, same kvar dei kjem ifrå, seier Asbjørn Månum og myser mot sola. I dag har han med seg ei gruppe engelske turistar opp på fjellet. Turen starta frå Skjolden, innerst i Sognefjorden, og går opp mot Breheimen. No, midt på dagen, har vi stansa ved ei gamal sæter. På andre sida av eit steingjerde står kyrne og tygg sakte i solsteiken.

Ei skjult perle – Dalen vi er på veg opp til no må vera ein av Noregs finaste. Ei skjult perle du må vite om for å finne, seier Asbjørn og syner på kartet kvar vi er. Så reiser han seg frå steinen og tek på seg ryggsekken. Rasta er over, vi skal opp langs ein foss.   – Come on, everybody!   Britane er kjapt på beina, klare til siste etappe før matpausen.   – It’s absolutely beautiful, seier Anne frå Manchester.   – I live in the Lake District. It’s nice, but this ... this is something totally different, seier ein annan av turkameratane våre.   Stien fører oss opp langs ein foss og vidare innover ein grøn dal. Vi er komne til Liane støyl. Det er tid for matpakke.   – Å få vera guide for slike fotturar er eit privilegium, seier Asbjørn og legg seg nøgd til i sola.

Ein eigen sjarm Nes Gard er i røynda ein fruktgard. Ned mot fjorden står rekker med epletre, plommer og morellar. Syrinane blømer i hagen og ved sida av hovudhuset i empirestil med påbygg i sveitserstil. Før Asbjørn og kona, Mari, byrja å ta imot gjester pussa dei opp garden.   – Eg er så kry av det vi har fått til, seier ho og ser etter at alt er ryddig og reint. – Dette er noko eg legg sjela i.   Kvart hus og rom har fått sitt eige namn, sin eigen stil, samla og sett saman av Mari.   – Det reine, det enkle, slik er det på Nes Gard.

Ein stad å samlast Etter ein dag på fjellet smakar det verkeleg godt med mat. På Nes gard vert det servert solid kost, ofte med lokale ingrediensar og då særleg frukt, som gjer måltidet ekstra smakfullt.   – Hjå oss er dei tre viktigaste ingrediensane menneske, mat og miljø, seier Asbjørn. – Å samle alle til middag om kvelden skapar godt samhald og gjer det særs triveleg å vera her. For det er no så mange trivelege folk. ­—

110

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

111


112

SOGNEFJELLET


«Å SAMLE ALLE TIL MIDDAG OM KVELDEN SKAPAR GODT SAMHALD OG GJER DET SÆRS TRIVELEG Å VERA HER.»        – ASBJØRN MÅNUM, NES GARD

SOGNEFJELLET

113


IKKJE BERRE EI SENG F O R N AT TA Røisheim er kulturhistorie og ikkje minst ei stor matoppleving. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N G R Ø N L I

114

SOGNEFJELLET


«ENKELT OG JORDNÆRT. DET ER FILOSOFIEN BAK. DU SKAL VITA KVA DU ET UTAN Å MÅTTE LESA MENYEN. MATEN SKAL FRAMHEVE SEG SJØLV.» – HÅVARD LUNDE, RØISHEIM

SOGNEFJELLET

115


Eit tradisjonelt firkanta tun samlar hus, stabbur, ei gamal skulestove og hytter. På den eine sida høyrer ein bruset frå elva, på den andre raslar lauvet i trea i lia. Det er som om tida har sett seg føre å stanse opp litt når du kjem til Røisheim. Her er ikkje nokon radio, ikkje TV eller andre skjermar som ropar etter deg. Berre lyset frå vindaugo som stille legg seg over alt i rommet.   – Dette er ein stad der du kan få vera litt i fred, seier Håvard Lunde. Saman med kona, Ingrid Hov Lunde, er han vertskap på Røisheim.

Trur eg må gjere noko rett Det er ikkje berre atmosfæren som er særeigen på Røisheim. Maten er ein like stor del av opplevinga.   – Enkelt og jordnært. Det er filosofien bak, seier Ingrid Hov Lunde. – Du skal vita kva du et utan å måtte lesa menyen. Maten skal framheve seg sjølv.   Det vil ikkje seie at det er enkel husmannskost på tallerkenane. Kjøkensjef Ingrid, som har gjeve ut to kokebøker, lagar sjølv all maten, og ikkje mindre enn fire rettar kvar dag. I matskjønarklassen. På kjøkenet på Røisheim er oppskriftene internasjonale, men råvarene er nasjonale.   – Vi veit kvar mange av råvarene kjem ifrå, og det gjer det no litt artigare å servere maten, seier Håvard.   – Folk er medvitne om mat, meiner Ingrid. – Dersom eg hadde tenkt feil, hadde eg nok fått høyrt det.   Det har ho ikkje.   – Eg har ikkje fått noko i retur, så eg trur eg må gjere noko rett, seier ho smålåtent.

Ein freda svevn Opphavleg låg garden, som no i over 150 år har take i mot reisande, på den andre sida av elva. Eit ras på 1700-talet gjorde at heile garden vart flytta. Sidan har fleire hus kome til, alle fleire hundre år gamle. Tunet og ni av bygningane er i dag freda. Kva med å bu i eit stabbur frå 1500-talet, med toalett i vindfanget og eiga himmelseng og stamp på rommet? Eller i den gamle skulestova med den store peisen på langveggen?   – Vi driv ikkje hotell, seier Håvard Lunde. – Vi formidlar kulturhistorie. Å bu hjå oss på Røisheim skal være ei heilt særeiga oppleving. — ­

116

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

117


118

SOGNEFJELLET


S L OW F O O D P Å F L Å K LY PA Langs Solsidevegen ligg Nordgard Aukrust. Ein fullkomen stad for Noregs største produksjon av økologiske urter. Vakre, angande og velsmakande står dei som prov på at tolmod ofte løner seg. T E K S T : E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

Ingen ligg og sløvar i skuggen sjølv om junisola steikjer over garden til Olav Aukrust. Mykje skal ordnast før hausten melder seg på ein biodynamisk gard der økofilosofi og tilhøvet til naturen er rettesnorer for produksjonen.   – Korleis det går med jorda er opp til oss, seier Olav. – Menneska kan påverke naturen på ein positiv måte. Vi må ta vare på kulturlandskapet. Difor er det ikkje berre økologisk drift her hjå oss, men biodynamisk – med endå strengare krav. Det er dette som er «slow food».   På garden driv han med kyr og grønsaker og urter. Mange urter. Dei er sjølve sjela til Nordgard Aukrust.

Estetisk, angande og smakfullt Sidan starten for 20 år sidan har Olav drive fram Noreg si største samling av økologiske urter. På åkrane står dei i lange, beine rekker nedover mot elva. Over hundre sortar urter og krydder vert leverte frå pakkeriet på garden. Dei smaksmedvitne veit kvar dei skal gå for å finna meir enn salt til maten.   – Eg fekk ein førespurnad frå Fossheim turisthotell i Lom om vi kunne levere urter til i kveld, seier Olav. Han held opp ein boks med friske urter. – Kjenn, seier han oppglødd. – Angar det ikkje fantastisk? Friskare urter får du ikkje.   Nordgard Aukrust er si eiga merkevare. Her er

det kvalitet til fingerspissane, og alt er naturleg. Ingen av urtene veks i det Olav kallar «lukka avdeling».   – Urtene våre er ikkje intensivpasientar. Dei veks i jord, og det tek den tida det skal. Som løn for tolmodet får vi betre aroma og kvalitet, og så ser dei no flotte ut då. Urter er estetiske, ikkje sant?

Helse i kvar urt – Ein ting er at urter er fantastiske å bruke i mat, ein annan er helseaspektet, trekkjer Olav fram. – Lenge før dagens lækjemiddel var urter kjende for å ha medisinsk verknad. I dag er det stadfest at urter har ei roande effekt eller at dei hjelper mot til dømes forkjøling. Dessutan er urter eit godt alternativ til alt det kjemiske vi får i oss.   I utstillingshagen for Nordgard Aukrust kan du oppleve eit utval av urtene på garden og læra meir om dei. Alt er estetisk og angande. Ved sida av ligg gardskaféen, og dersom du har lyst til å ta med deg noko heim, kan du vitja gardsbutikken. Her sel ein urtene, krydderet og spekepølser – smakssette med dei same urtene og krydderet som står i hyllene. Posane du får dei i er like gjennomførde som innhaldet. På ei pakke med kvit pepar står det: «Dra dit pepper’n gror». Til Indonesia. Men det holder også å dra til Aukrustgarden. —

SOGNEFJELLET

119


Æ R L E G M AT På yngleplassen til kokkelandslaget har kvar rett si eiga historie, kvar ingrediens kan plasserast på kartet, og å «juksa litt» er utan vilkår ikkje lov. Løyndomen ligg kanskje i smilet, spør kjøkensjefen. Korleis det enn er, matsalen på Fossheim Hotell er ikkje ein stad du kjem berre for å bli mett. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

Det varme lyset frå kveldssola fløymer inn gjennom vindaugo i matsalen. I kveld er heile salen full av gjester. Mellom borda svevar kelnerar, og bakom ei svingdør på den eine veggen finn ein det vidgjetne kjøkenet.

Arven etter Brimi For over tretti år sidan snudde ein ung, ambisiøs mann ved namn Arne Brimi opp ned på oppfatninga om at gode kokkar ikkje hadde norske namn. Det gjorde han her på Fossheim. I dag har dei godt vaksne læregutane hans, Kristoffer Hovland og Ståle Johansen, take over stafettpinnen.   – Du kan ikkje fuske når du skal lage god mat, derfor lagar vi all mat frå grunnen av med gode råvarer, forklarar Kristoffer. Han veit kva han talar om. I fem år var Kristoffer med på det norske kokkelandslaget, og er tidlegare kåra til årets kjøkensjef.

120

heim, var han også kokk under verdscupen på ski og under OL. – Det du får hjå oss er rotekte og norsk, som reinsdyrflatbiff med sopp og aspargesbønner, tytingtrekt pære og tytebærpuré. Eller kva med iskrem av heggeblom? Framifrå.   – Her har kvar rett si eiga historie, seier Kristoffer.

Mykje moro bak god mat Bak svingdøra til kjøkenet yrer det av liv. Kokkar, kelnerar, gryter og tallerkenar. Tempoet er høgt, det same er humøret.   – Kanskje er vi for gamle, seier Kristoffer og ser på Ståle. – Men det er no frykteleg morosamt. Om det er moro må det også vera lærerikt, for det er på Fossheim mange kokkespirer har utvikla talentet sitt. Kjøkenet er eit av dei som har best kontakt med fagmiljøet i Noreg, og fleire herifrå har vore med på kokkelandslaget.

Sesongane

Skal stå til eksamen

Kva du får på Fossheim avheng av sesongen. Å bruke kortreist mat av god kvalitet er ein del av løyndomen. Sjøkreps frå Skjolden, jordbær frå Lom eller fjellaure som er fiska berre nokre timar før servering. Du skal vite kva du et.   – Kokkane er synlege i matsalen, seier Kristoffer.   – Vi har lyst til å fortelja om det vi har laga til deg.   – Det er no ikkje hyggeleg å servera noko dårleg, meiner Ståle, nestkommanderande på kjøkenet. I tillegg til å laga mat til gjestene på Foss-

Tempoet i matsalen har lagt seg, og Svein Garmo tek seg ei lita rast. Han er tredjegenerasjons hotelleigar, og har i heile kveld sytt for at gjestene ikkje manglar noko.   – Det er kjærkome å ha eit stjernelag på plass når eg arbeidar i matsalen. Etter ein travel kveld som denne er eg berre glad, seier han og smiler. – Folk ventar seg mykje av oss, så kvar dag er som ein eksamen. Det er ein eksamen vi skal stå til. Alltid. —

SOGNEFJELLET


SOGNEFJELLET

121


S Å VA K K E R T S O M B E R R E STEIN KAN VERA T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : T I N A S TA F R É N

122

SOGNEFJELLET


I 1965 kom Frøydis Elisabeth Rambo frå USA med litt stein i bagasjen. Så trefte ho Torgeir Garmo som hadde ei bruskasse med stein i kjellaren på Fossheim Hotell. I dag kan du ikkje unngå å verta bergteken av utstillinga og smykka på steinsenteret deira.   – Kan hende ser du berre gråstein omkring deg, men då går du glipp av mykje, seier Frøydis. – Stein er naturen sitt kunstverk. Ingen er like og dei er laga ein gong for alle.   Saman med Torgeir har ho valfarta verda rundt etter stein. I den gamle, ombygde låven midt i Lom er det samla over 3 500 ulike steinar og mineralar, alle med eige namn.   – Vi har fått god trening i å kjenne att stein og har lese mykje, så eg kan sjå på ein stein og seie kvar han kjem ifrå. Og så verkar dei jo som minner. Folk har album med bilete, vi har album med stein. Eg hugsar gjennom dei.   Eit av minna er frå då dei var på skattejakt etter stein i ei fjellhole i California, og Torgeir stakk handa inn i mørkret for å sjå kva han kunne finne. I staden for steinen han var ute etter, tok han i ein klapperslange.   – Det er ikkje berre berre å samle på stein, skjønar du, konstaterer Frøydis og ler.

Aukande interesse Det kjem busslastar med turistar frå mange land til Fossheim Steinsenter kvar dag. Å samla på mineralar er større ute i verda enn her heime. I montrane på veggen ligg alle mogelege typar stein, og på borda store krystallar. Ivrige gjester studerar dei nøye.

– Det var mange som var skeptiske då vi starta med dette. «Kan ein leve av å selja stein»? Vi trong i alle høve meir plass til samlinga, og flytta ein gamal låve frå Vågå opp hit. Då vi opna kom Norge Rundt, og den sommaren var 100 000 personar innom.

Smykkekunst På Fossheim Steinsenter får du også stein i gjennomarbeida form. På 1970-talet byrja Frøydis å selje smykke av sølv og stein til medstudentar på Blindern for å spe litt på inntektene.   Produksjonen tok ho med seg til Lom, og det vart snart vanskeleg å få laga nok. No er det eit rikt utval i butikken på steinsenteret, alt finslipt og perfeksjonert av steinsliparar og sølvsmedar. Etterspurnaden er stor, og det finst alltid noko nytt og spanande i hyllene.   – Eg hentar inspirasjon mange stader, mellom anna på reiser, seier Frøydis. Ideane ho tek med seg heim vert til små, eineståande kunstverk i butikken.   – Mange kjem gjerne fleire gonger om sommaren og spør: «Kva har de no då?» Vi er nok litt annleis.   Kunstverka i hyllene er i alle prisklassar og for einkvar smak.   – Alle skal ha glede av dette, utan omsyn til alder eller kunnskapsnivå.   Utanfor stansar ein ny buss, og steinsenteret fyllest på nytt av målretta turistar med stein i blikket. ­—

SOGNEFJELLET

123


GAMLE S T RY N E FJELLS VEGEN 124

GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN


GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN

©FOTO: WERNER HARSTAD / STATENS VEGVESEN

Som turistar i ei fjellbygd har reisa vår ei historie allereie før ho har byrja. Dei som har ferdast mellom Grotli og Hjelle før oss, og ikkje minst dei som bygde vegen, har investert styrke, vilje og tolmod i kvar einaste krevjande meter her oppe. Tjuesjutusen meter for å vera eksakt.

125


126

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


DER AUST MØTER VEST Utanfor Grotli ligg snøen tett og lenge før sommarsola endelig tryllar fram grøne bakkar og kvite bjørkestammar i nokre herlige, varme månader. Då er det gamle knutepunktet på Strynefjellet staden der du berre har lyst til å stanse opp litt. T E K S T: E I R I K D A N K E L F O T O : E S P E N M I L L S

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

127


«VI FÅR MYKJE AV MATEN VI SERVERER DIREKTE FRÅ LOKALE BØNDER HER I SKJÅK, MEN OGSÅ FRÅ OMRÅDA RUNDT.» – ARE BERGHEIM, GROTLI HØYFJELLSHOTEL

For 150 år sidan byrja arbeidet med å byggja veg over Strynefjellet, det store bindeleddet mellom aust og vest. Vegen vart ikkje fullførd før tretti år seinare. I mellomtida var statens fjellstove allereie etablert for dei som let seg lokke over fjellet. Hotellet kom til då trafikken tok seg opp i byrjinga av 1900-talet, den gongen Grotli var senter for all kommunikasjon mellom aust og vest i desse traktene.

Fjellstova som vart hotell Tippoldefaren min var fjellstovemann her oppe, det fyrste tilbodet til dei som måtte reisa over fjellet, seier Are Bergeheim. Han er vertskap i femte generasjon på Grotli, og driv i dag høgfjellshotellet saman med kona, Berit. Fjellstova til tippoldefaren ligg der framleis, nokre meter lenger aust. Framleis er det ikkje alltid nokon leik å vera på Strynefjellet om vinteren. Seinast i 2005 var brøytekantane langs riksveg 15 opptil tretten meter høge.   – Før var ein isolert her oppe på fjellet frå oktober, fortel Are. – Fyrst i mai eller juni vart vegen opna, og det med handkraft heilt fram til 1950.   På veggene i hotellet heng bilete som fortel historia om Grotli gjennom dei siste hundre åra. Ei hending skil seg særskilt ut. I 2011 vart filmen «Comrade,» som var basert på ei sann historie frå invasjonen av Noreg under andre verdskrigen, spela inn her. Kort fortalt er dette historia om eit

128

tysk og eit engelsk fly som jakta på kvarandre i fjella her oppe. Ingen av dei fekk overtaket, og det enda med at dei skaut kvarandre ned over Grotli. Dei fem soldatane om bord i flya kom frå styrten med livet, men måtte samarbeida for å overleve. Saman søkte dei husly i ei fangsthytte i nærleiken.

Arven på bordet Det er meir enn hundre år sidan ein stansa på Grotli fordi ein nærmast var nøydd til det. No er knutepunktet ein flott stad å slappe av eller eit utgangspunkt for å vandre i fjellet, men opphaldet er også ei kulturoppleving i seg sjølv. Her samlast lokale tradisjonar frå Skjåk, men også frå Stryn og Geiranger, og då særleg på matbordet. Lokale mattradisjonar og råvarer er viktige på Grotli.   – Vi får mykje av maten vi serverer direkte frå lokale bønder her i Skjåk, men også frå områda rundt – krydder frå Aukrustgarden, ost frå Dovre, spekepølser frå aust, bær frå vest, og tytebæra er så kortreiste som dei kan bli, for dei hentar vi her på Strynefjellet, forklarar Are.   – Og så har vi det beste flatbrødet i verda, bakt her i Skjåk.   Matopplevinga kan halda fram etter at du har reist frå Grotli. I hyllene her står maten du ikkje finn mange andre stadar.   – Eg er glad for å kunne servere og selje lokalprodusert mat, seier Are stolt. – Det er eit godt minne å ta med seg frå Grotli. ­—

GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN


GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN

129


ROND 130

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


©FOTO: HELGE STIKBAKKE / STATENS VEGVESEN

DANE Vi køyrer langs den breie foten av endå eit fjell, ruvande i skumringa. Snart vert fargane slukte av ein stjerneklår himmel, men då er vi framme for natta og vert møtte med utstrakt hand. Reisa gjennom det majestetiske Rondane er vår fyrste matreise – og vårt fyrste svermeri for eit jordnært gardsliv som kviler like trygt under himmelen som fjella sjølve. M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R

131


«EG HAR FREISTA Å SKILDRE DENNE STADEN FOR FOLK SOM IKKJE HAR VORE HER FØR, MEN DET ER MEST HEILT URÅD.» – ERIS DAVIDS, KVEBERGSØYA

132

RONDANE


EI ANNA VERD På garden Kvebergsøya i Folldal står hestane og sauene i sentrum. Her byr Eris Davids og Martin Kjønsberg på eit gardsliv slik det var før, med rustikk mat og sjarmerande losji. Velkommen til eit levande museum der dei fleste gjenstandar er i bruk. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

Bli ikkje lurt av namnet: Kvebergsøya ligg ikkje på ei øy, øya tyder ei ’stor grasslette’, og skildrar den vidstrekte dalbotnen som er omgjeven av småvaksen furuskog og fjell. På sletta står hestane og eit 70-tals sauer og et gras.   Garden var frå gamalt av ei sæter som fyrste gong er nemnd i 1667. Då Eris Davids og Martin Kjønsberg kjøpte garden og byrja å restaurere den i 1999, var husa fullstendig falleferdige. Når vi kjem hit ein skimrande kveld står dei oppussa, brune tømmerhusa der med kvitmåla vindaugskarmar og hushjørne. Sola sveiper over torvtaka før ho held fram på si ferd innover til fjella på den andre sida av dalen.   – Eris gjorde det tyngste arbeidet då ho pussa opp over 400 vindauge, fortel Martin medan han visar oss inn gjennom gangen.   Vi kjem inn i det lune rommet der det vert servert både peisvarme og måltid, og då omvisninga held fram inn på det fine kammerset og opp til andre høgda, ser vi oss storaugde rundt. Det er som å reise attende i tid.

– Eg har freista å halde meg til dei fargane som var her, fortel Eris då vi rosar restaureringsarbeidet. Fargane, som er blanda for hand, er delvis sota og delvis solbleikte.

Nostalgi for bonderomantikarar Martin har vakse opp med dyr og jordbruk på ein annan gard i området. Han hugsar barndomen sin med glede, noko han på mange måtar gjenopplever no.   – Og så er eg jo nasjonalromantikar og bonderomantikar av legning, seier Martin med eit varmt smil.   Det er mykje ein kan lære seg på Kvebergsøya. Eris og Martin ynskjer både born og vaksne velkomne til livet og arbeidet på garden. Og er ein fengsla av gamle gjenstandar, er garden eit eldorado.   – Vi er eit levande museum, seier Eris. – Vi har antikvitetar, men dei er bruksgjenstandar, ikkje berre til å sjå på.   Ein del av reiskapen fanst på garden, men Mar-

RONDANE

133


«OG SÅ ER EG JO NASJONALROMANTIKAR OG BONDEROMANTIKAR AV LEGNING», SEIER MARTIN MED EIT VARMT SMIL.


VILTSAUS FRA KVEBERGSØYA 4 ss tyttebær- eller solbærgelé 2 ts sterk sennep 1,25 dl raudvin 1 ts matolje 1 ts sitronsaft 1 ts finhakka appelsinskal (økologisk) Litt pepar Rør saman, kok opp og la det kjølne. Høver framifrå til rein, elg, lam og fugl.

RONDANE

135


136

RONDANE



tin har også lenge samla på gamle bruksgjenstandar.   Det er fem hestar på garden; tre fjordingar og to store varmblodsmerrer frå Tyskland, og det siste er ikkje noko samantreff. Eris, som kjem frå tyske Heidelberg, har ride sidan ho var 11 år gamal, og Martin har arbeidd med hestar i heile sitt liv. No rir Eris ut saman med gjestene, og Martin held mellom anna kurs i brukshestkøyring.   – Jernbanen kom aldri hit, så tradisjonen med å køyre med hest og slede levde vidare heilt til bilen kom, fortel Martin.

Mat med historie Eris har laga ei guddommeleg spinatsuppe som er forretten før vi held fram med hovudretten: Pinnekjøt, kålrotstappe og pølser av sauekjøt. Eris fortel gjerne om det ho serverer. Det meste har røter i den norske bondekulturen, og råvarene kjem frå området i nærleiken. Nøgde sit vi i lenestolane ved peisen med kvar vår skål fiken- og plommekompott med byggryn og fløyte. Vi får også tilbod om tyske julekaker som kanelstjerner, fruktkaker, ingefærsnittar og vaniljegifflar.   Desember er ein favorittsesong for gjestene, for

138

då er tømmerhusa omgjevne av julekos i det blåtona frostlandskapet, men Kvernbergsøya er stort sett open for gjester heile året.   – Slåttetida er ei morosam tid å koma hit på, for då får ein vera med og slå graset med hest, fortel Eris då vi er ute og steller hestane for natta.   Garden har berre plass til eitt titals gjester, og det kjennest høveleg. Då kan dei som kjem nyte stilla og freden her. – Eg har freista å skildre denne staden for folk som ikkje har vore her før, men det er nesten heilt uråd. Å bu her samanlikna med til dømes Tyskland, er som to heilt ulike verder, seier Eris.   Livet her rører seg om andre verdiar, freistar Martin å forklåre når vi endå ein gong sit framfor peisen. Han og Eris må rett nok ta omsyn til økonomien, men hovudsaka i gardslivet handlar om andre ting: Å ta hand om dyra, og å halde ved like bygningar og maskiner. Men også innimellom å skjære ut eitkvart vakkert, lage til eit festmåltid eller syne eit barn korleis ei smie fungerer.   Vi hentar att pusten på Kvebergsøya, luktar på nyfikne sauer, ser etter stjerneskot og søv djupt i julenatta. Så absolutt ei anna verd. Og på ein måte meir verkeleg.­­—

RONDANE


RONDANE

139


140

RONDANE


S K U M M A N D E M I K R OT R E N D Samstundes som dei store ølprodusentane strevar i motvind eller vert oppkjøpte av danske firma, siglar stadig fleire små mikrobryggeri opp på den norske marknaden. Vi vitja Atna Øl og møtte mellom anna den yngste diplomerte bryggarmeisteren i landet. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

RONDANE

141


Vi køyrer til den vesle bygda Atna med sine 250 innbyggjarar og ei einaste industriverksemd, Atna Øl AS, som ligg nesten midt i bygda. Korleis har det seg eigentleg at eit ølbryggeri vart starta her?   – Det er ei lang historie, men den byrja med eit fiskarlag og litt godt å drikke til, samanfattar Sverre Oskar Øverby som har vore med frå byrjinga, og er dagleg leiar i firmaet. – Og å produsere øl er artigare enn til dømes å produser spikar. Det vert jo ei god atmosfære og ein del trivelege samtalar rundt produktet.   Tidlegare var dette ein brødfabrikk. Det fyrste rommet er no fylt opp av store tankar og bak det, inne i sjølve bryggerihuset, pågår prosessen for fullt. Bryggaren Oskar Stenbakken står og tømmer mørk malt frå eit stort spann. Han kjem frå Atna og har som Sverre vore med frå byrjinga. Han har dessutan utdanna seg i ølnasjonen i Norden, ved Den Skandinaviske Bryggerhøjskole i København, og er med sine 26 år Noregs yngste bryggerimeister.   – For å laga godt øl trengst det bra råvarer og godt reinhald, forklarer Oskar. På same måte som for whiskey er det distriktet som avgjer smaken på råvarene. Oskar tek heim ulike malt- og humlesortar frå heile verda, og det er stor skilnad mellom ulike samansetningar, så det gjeld å prøve seg fram til den smaken ein vil ha.   – Ein kan vera heldig ved fyrste forsøk, men det er mykje som går an å justere, så det kan ta alt frå seks veker til seks månader.

Populært nakenbad Ved inngangen står mange av ølsortane til bryggeriet på flasker med elegante etikettar. Det er «Rype» til varme sommardagar som er eit tyskinspirert øl frå Køln-traktene, og den mørke alen «Atna Brun», eit øl som i skrivande stund vert selt på Vinmonopolet. «Nakenbad» er det einaste økologiske flaskeølet i Noreg. Det er eit lyst lagerøl som er Atna Øl sitt bestseljande produkt. Fleire av ølsortane har fått lovord av ølkritikarane, så det ser lyst ut for framtida til den unge bryggarmeisteren og Atna Øl.   Mikrobryggeriet produserer for tida drygt 120 000 flasker pr. år, og anlegget har kapasitet til å bryggja endå meir, seier Sverre. Lokalmarknaden er sjølvsagt størst, men Atna Øl vert selt over heile landet.   Dersom ein vil nyta Atna Øl på staden der det vert laga, gjer vi framlegg om Glopheim Kafé, den mest velhaldne 50-talskaféen i Noreg. Her kan du spele The Platters på jukeboksen, lene deg attende og ovundre originalmåleria i taket, gamle reklameskilt og det fyrste svart-kvitt TV-apparatet. Snakk om god atmosfære! —

142

RONDANE


«… Å PRODUSERE ØL ER ARTIGARE ENN TIL DØMES Å PRODUSERE SPIKAR. DET VERT JO EI GOD ATMOSFÆRE OG EIN DEL TRIVELEGE SAMTALAR RUNDT PRODUKTET.» – SVERRE OSKAR ØVERBY, ATNA ØL

Dagleg leiar Sverre Oskar Øverby og bryggar Oskar Stenbakken har vore med frå starten. RONDANE

143


MARINADE TIL KJØT 4,5 dl vatn 4,5 dl Atna Brun eller juleøl 0,5 dl grovsalt 3 ss mørkt brunt sukker 2,5 dl isbitar Bland vatn, øl, grovsalt og sukker i ein stor bolle. Rør til salt og sukker løyser seg opp. Rør inn is. Legg det kjøtet du vil ha i ein stor plastpose. Hell ølmarinade over kjøtet og latt att posen. Legg i kjøleskåpet i 4 timar, snu posen av og til.

144

RONDANE


Glopheim Kafé, den best bevarte 50-tallskaféen i Noreg. RONDANE

145


LIEBE & LEBEN Ved eit reint tilfelle kom dei hit og vart med ein gong forelska i staden. I dag driv Christoph og Cecilie Rondane Gjestegård etter magekjensla – eit venleg vertskap som finn vegen inn i hjarto til gjestene. T E K S T: M A R I T S I G U R D S O N F O T O : T I N A S TA F R É N

Lav lyser opp fjellsidene i Rondane i skumringen. I dalen nedanfor, Sollia, ligg Rondane Gjestegård med raudmåla hovudhus, brunfarga tømmerhytter med torvtak – og med ei knallrosa sengeramme oppe på eit av taka! Vi oppdagar at like fargeglade sengerammer er plassert ute på engene. Då det likevel er tid for å ta pause for natta, vert vi samde om å freista denne staden.   – Velkomne til oss, seier Christoph med tysk aksent og eit stort smil då han møter oss ute ved inngangsdøra.   Vi blir synte inn i varmen, og byrjar å slappe av etter bilturen med det same. Den lune resepsjonen er innreia i tradisjonelle, jordnære og varme fargar, med okergult og engelsk raudt som sentrum i paletten. Bak den massive resepsjonsdisken dukkar kona hans, Cecilie, fram og tek oss i handa. Ho er norsk, men har budd i Tyskland i 30 år, og møtte også Christoph der.

Draum til sals For seks år sidan flytta paret til Sørlandet, men byrja etter nokre år å leita etter noko anna. Dei hadde nesten gjeve opp vona om å finna ein stad som denne, då dei køyrde forbi Rondane på biltur.   – Det var reine skjære slumpen at vi stansa her,

146

fortel Christoph. – Vi var ute og køyrde med bubilen vår, og skulle berre ta oss ein kopp kaffi.   – Ja, stemmer Cecilie i. – Vi møtte ein mann som arbeidde her ute på garden, og eg sa til han:    – Så heldig du er som får arbeida på ein stad som denne. Det må jo vera ein draum!   Mannaen svara at dei sant å seie kunne oppnå draumen; garden var til sals. Dei vart der ei veke, møtte eigaren, og «tok inn angen av dalen», som Christoph seier det. Kjøpsavtalen vart ferdig i slutten av veka og nokre månader seinare, i byrjinga av 2009, flytta dei.   Rondane Gjestegård har kunna tilby overnatting i over hundre år. Men lang tradisjon er ikkje nok til å halda verksemda i gang, og paret har frå fyrste stund lagt ned mykje arbeid i å setja garden i stand, og få gjestene til å finne vegen hit og koma attende.   – Vi driv staden med sjela. Vi to gjer mykje «med magen», forklarar Christoph.

«Lystmat» Vi blir synt rundt i den lune peisestova, hjartet i huset, med tjukke plankar, husflidstekstilar og eit sprakande bål i peisen. Vi set oss rundt det store trebordet, og legg merke til at miljøet er herleg

RONDANE


«DET VAR REINE SKJÆRE SLUMPEN AT VI STANSA HER. VI VAR UTE OG KØYRDE MED BUBILEN VÅR, OG SKULLE BERRE TA OSS EIN KOPP KAFFI.» – CHRISTOPH BJERCKE HABERT, RONDANE GJESTEGÅRD

RONDANE

147


«VI VILLE GJERA NOKO SOM VAR LITT PROVOSERANDE. OG DET GREIDDE VI, FOR NO SKJØNAR FOLK AT EIN KAN SOVA HER!»

fritt for ulydar som TV og radio. Ei velkomen stille vert i staden bakgrunn for middagssamrøda vår.   Vi kom køyrande nordfrå og fekk dårleg ver over Dovrefjell, noko som gjorde at vi kom fram mykje seinare enn planlagt, men takk og lov er opningstidene på kjøkenet her fleksible og det er ope også utover skumringstid. Cecilie har laga oksekjøt med raudvinsaus og poteter. Christoph serverer Atna Øl frå området attåt maten.   Paret kjem frå det tettfolka Tyskland, og er vane med å ha god tilgang på lokalprodusert mat frå området.   – I Noreg er ein mykje ute, slår Cecilie fast. – Men ein er ikkje så medviten om korleis ein skal nytte det som finst i naturen.   På kjøkenet set dei stor pris på dei lokale råvarene, og paret er opptekne av å servere mat med gode tradisjonar.   – Det er heimekoselig, og det viktigaste er å skapa god stemning. Vi vil ikkje ha eit fransk kjøken her.   – Vi vil servera «lystmat», ikkje moteprega mat, seier Christoph med overtyding. – Båe to likar heimelaga mat, og Cecilie lagar alt frå grunnen av. Vi kjøper viltkjøt frå dalen, får tytebær av eit eldre par i traktene, og kjøper aure og røye som er fiska her i Atnasjøen.   Cecilies elgcarpaccio med ei heimelaga urte-

148

blanding, parmesanflak, kapers, tytebær, balsamicoeddik, pinjekjerner og olivenolje er noko av ein spesialitet på garden. Storseljaren som mat for reisande er derimot rømmegraut med sukker og kanel, servert med flatbrød og spekemat frå Annis Pølsemakeri i Ringebu.   Inne i matsalen heng det kunst på veggene, og paret ordnar med ei ny utstilling for lokale kunstnarar kvart år.   – Vi ser at mange familiar som kjem hit ikkje har så mykje å seia til kvarandre, så då vert kunsten noko å prata om, seier Christoph. – Neste år vonar vi at vi kan få tak i nokon som lagar skulpturar, slik at vi kan ha ei utstilling utandørs også. Cecilie og Christoph lokkar gjerne folk ut i naturen, og i sommarhalvåret tilbyr dei aktivitetar som «Viltsafari» og «Safari i beverland». Andre kjem hit for å fiske aure med fluge, ein sport som ikkje er heilt enkel i det krystallklåre vatnet, fortel Christoph. – Best lukkast dei som kamuflerer seg i naturfargar; dei som har fargeglade klede får aldri napp.   Og medan vi talar om det, korleis har det seg med dei fargeglade sengene? – Jau, i byrjinga våga ikkje folk å køyra inn hit, forklarer Christoph. – Det var fordi dei trudde dette var ein privat eigedom. Vi ville gjera noko som var litt provoserande. Og det greidde vi, for no skjønar folk at ein kan sova her! —

RONDANE


Heimelaga, rustikk mat av lokale råvarer vert stava «lystmat» på Rondane Gjestegård. RONDANE

149


STADAR VI HAR VITJA I dette magasinet er følgjande stadar omtala. Fleire forteljingar kjem i dei neste utgåvene haust/vinter 2012 og vår 2013. – i mellomtida, følg med på bloggen: www.matlangsnasjonaleturistveger.no

NASJONALE TURISTVEGER: VALDRESFLYE

SOGNEFJELLET

LANGS FLEIRE VEGER

VALDRESFLYA VANDRERHJEM www.valdresflya-vandrerhjem.com

BAKERIET I LOM www.bakerietilom.no

GUDBRANDSDALSMAT www.gudbrandsdalsmat.no

LEMONSJØ FJELLSTUE & HYTTEGREND www.lemonsjoe.no

WALAKER HOTELL www.walaker.com

MATBUDA www.matbuda.no

GLITTERSJÅ FJELLGÅRD www.glittersja.no

NES GARD www.nesgard.no

DYBVIK www.dybvik.no

BRIMI FJELLSTUGU www.brimi-fjellstugu.no

BESTEBAKKEN www.bestebakken.no

VIANVANG www.vianvang.no

TURTAGRØ HOTEL www.turtagro.no RØISHEIM www.roisheim.no

VALBJØR GARD www.valbjoer.no —

NORDGARD AUKRUST www.aukrust-nordgard.no

GEIRANGER – TROLLSTIGEN

FOSSHEIM HOTEL www.fossheimhotel.no

GEIRANGER SJOKOLADE www.geirangersjokolade.no BRASSERIE POSTEN www.brasserieposten.no OLEBUDA www.olebuda.no HOTEL UNION www.hotelunion.no PETRINES GJESTGIVERI www.petrines.com

FOSSHEIM STEINSENTER www.fossheimsteinsenter.no —

GAMLE STRYNEFJELLSVEGEN GROTLI HØYFJELLSHOTEL www.grotli.no —

RONDANE

JORDBÆRSTOVA www.jordbarstova.no

KVEBERGSØYA www.kvebergsoeya.com

JUVET LANDSKAPSHOTEL www.juvet.com

RONDANE GJESTEGÅRD www.rondanegjestegaard.no ATNA ØL www.atnaol.no

150

M AT L A N G S N A S J O N A L E T U R I S T V E G E R


UTSTILLINGSINNBYDING NASJONALE TURISTVEGER KUNST & MATREISE RENNANDE VATN AV SAM FOLEY JULI - AUGUST - SEPTEMBER 2012 Sam Foley er ein pioner når det gjeld framstilling av bilete ved å kombinere tradisjonell teknikk for olje på lerret med projisering av levande bilete, og han freistar å lage ei moderne attforteljing av essensen i landskapsmåling, kinetisk kunst. Han utfordrar etablerte reglar, konfronterer sjåaren og bryt ned forventningane om kva eit landskapsbilete kan og bør vera.

Waterfall, Trollstigen Rauma, olje på lerret, 2500mm x 1485mm UTSTILLINGSLOKALE: HOTEL UNION, GEIRANGER, NASJONAL TURISTVEG GEIRANGER – TROLLSTIGEN www.hotelunion.no

SJÅ FLEIRE MÅLERIKONSEPT LANGS NASJONALE TURISTVEGER: Solvorn, Sognefjorden, olje på lerret, 2500mm x 1485mm UTSTILLINGSLOKALE: WALAKER HOTELL, SOLVORN, NASJONAL TURISTVEG SOGNEFJELLET www.walaker.com Intersection, Lom, olje på lerret, 2500mm x 1485mm UTSTILLINGSLOKALE: BAKERIET I LOM, NASJONAL TURISTVEG SOGNEFJELLET www.bakerietilom.no Alpine Stream, Nigardsbreen Sognefjorden, olje på lerret, 2500mm x 1485mm UTSTILLINGSLOKALE: CLARION HOTEL ROYAL CHRISTIANIA, OSLO www.clarionroyalchristiania.no

VERT VISTE I PERIODEN JULI, AUGUST, SEPTEMBER 2012


M AT L A N G S N A S JO N A L E TU RIS TV EGER Nasjonale turistveger er atten utvalde vegstrekningar som går gjennom den vakraste og mest varierte norske naturen. Det magasinet du no held i handa, og matreisebloggen matlangsnasjonaleturistveger. no, er den fyrste smaksprøva i Landbruks- og matdepartementet si satsing for å synleggjere dei særmerkte matopplevingane og reisemåla som finst langs turistvegane. Denne utgåva tek deg med til Sognefjellet, Geiranger–Trollstigen, Gamle Strynefjellsvegen, Valdresflye og Rondane – fem strekningar med eineståande kulturlandskap, godt vertskap og lokale freistingar. www.matlangsnasjonaleturistveger.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.