Lysbruk i portrett dei siste 1000 år

Page 1

Lysbruk i portrett dei siste 1000 책r


1000 - 1100

1100 - 1200

“Virgin and Child Enthroned” 843-67, Hagia Sophia, Constantinople

“Christ Sits in Judgement”, Saints Carry the Implements of His Passion, Verdun Altar, Nicholas of Verdun (1130-1205)

Kunsten i denne perioden - midtvegs i Mellomalderen - er prega av innføringa av kristendommen. Kunsten er inspirert av bysantisk kunst; ikon, kyrkjemaleri og mosaikk. Kyrkja spela den største rolla for produksjon og formidling av kunsten, og forma var fargerik og todimensjonal.

På denne tida har ein bevega seg frå Romersk periode i kunsten til Høgmellomalder. Gotikken oppstår i Frankrike. Gotikken har også sitt feste i kristendommen, og arkitekturen står i høgsete for kunstforma. Fresker og glasmaleri er av dei billedlege uttrykksformene.

Motiva skulle gjerne førestilla ein heilag person, og dette vart gjerne vist med symbolikk og lys. Glorie og forgylling.

Til høgre ser ein eit glasmaleri frå denne perioden, der Jesus Kristus er avbileta.

På biletete til venstre ser ein korleis jomfru Maria er framstilt med ein heilag glorie, men med mørke klede. Jesusbarnet sit på fanget hennar med klede og glorie av gull.

Tematikken i bileta endra seg litt frå å vera ikonisk til å visa meir mennesklege aspekt ved dei heilage - som framleis var motiva i denne perioden. Det er opphøgde ideal og mystisk og religiøs spenning som er tematikk i dei fleste gotiske verk. Det gjenspeglast i formene og fargane dei nytta.


1200 - 1300

1300 - 1400

“Franciscan Madonna” 1280-85, Duccio di Buoninsegna (1255-1260 - 1318-1319)

“St Andrew” 1326, Simone Martini (1285–1344)

Duccio di Buoninsegna frå Italia var ein av dei fremste tolkararne av den bysantiske tradisjonen. Han vert også rekna som ein av dei første kunstnarane i rennesansen. Med sine seinaste måleri fekk han fram former og tekstur, og motiva var meir naturalistiske enn før. Måten han studerte dei gotiske skulpturane har nok hatt mykje for hans gjenspegling av form å gjera. Med meir detaljar og valørar i lys og skugge, skapa han form. Framleis er motiva prega av det kristne og heilage, som var viktig gjennom heile mellomalderen. Som ein ser på sida her, er det framleis forgylte skikkelsar, og det er også fokusert på dei heilage, som er unaturleg store i forhold til dei små menneska som tilber nede i venstre hjørne.

I denne perioden fekk ein meir fokus på det dekorative og elegante i kunsten. Simone Martini var ein av dei viktigaste kunstnarane ved Sienaskulen, som utdanna målarar i Italia på denne tida. Me held oss framleis i gotikken, men seingotikken bar preg av å visa skjønnhet ved det heilage. På biletet ser ein St Andrew i ein drapert skjortel, sikkert av det beste tekstil. Lyset i biletet fokuserer meir på dette, enn å visa at motivet er ein heilag skikkelse. Likevel er det ein glorie også her, og lyset i biletet gir inntrykk av ein rolig og trygg situasjon.


1400 - 1500

1500 - 1600

“The Annunciation” 1495, Rueland Frueauf the Elder (1440–1507)

“La Velata” – Kvinne med slør 1516, Rafael (1483-1520)

Denne kunstnaren er mest kjend for sine religiøse motiv, sjølv om me her er på god veg inn i renessansen. Det er tekstur og overflater i sentrum, samt større fokus på anatomi og geografi.

Rafael er ein av dei mest kjende frå renessanen, ein periode der ein hadde trong til å utforska alle ting i livet, og gjengi dette på ein meir romleg måte enn før. Biletkunsten skulle førestilla noko ekte, og dette skjedde ved hjelp av perspektiv, lys og skugge.

Storleiksforhold mellom menneske og gjenstandar vert meir naturlege, og ein fekk meir kunst der menneska og det mennesklege var presentert, heller enn det gudommelege. Rueland Frueauf the Elder var ein austerrisk kunstnar, og medan renessansen som oppstod i Italia var fokusert mot detaljar og perspektiv, var den andre retninga meir som denne - med sakrale motiv og omfattande symbolikk. Her ser ein eit bilete der ein engel kjem med bod, og det religiøse og gotiske er framleis det viktigaste.

Biletet til høgre viser ein veldig realistisk beskriving av stoffet på kjolen til kvinna med slør. Det er mjuke overgangar i valørane, og biletet ber preg av omsorg - eg tykkjer sløret og handa som ho held til brystet understrekar dette. Lyset ser naturleg ut, og ein kan forestilla seg at kvinna som er modell sit framfor eit vindauge der dagslyset kjem inn. Bileta skulle gjerne fortelja ei historie og portrettet vart ei eigen kunstsjanger.


1600 - 1700

1700 - 1800

“Two Satyrs” 1618-1619, Sir Peter Paul Rubens (1577-1640)

“Louis XIV” 1701, Hyacinthe Rigaud (1659–1743)

Renessansen - som var ei opplysningstid - gjekk vidare inn i barokken rundt 1600talet. Det var ei tid prega av uro, tortur og blodige krigar. Det var konfliktar mellom dei katolske og protestantiske kristne som utløyste mykje av denne uroen.

I dette hundreåret pregar framleis barokken kunsten, og i siste del kjem me inn i rokokkoen. Hyacinthe Rigaud var ein fransk målar som utmerka seg som portrettmålar. Han arbeidde som portrettmålar for kong Ludvig XIV av Frankrike.

Biletkunsten vart prega av dette, og bileta vart meir svulmande, dramatiske og rå i uttrykket. Two Satyrs, som vist her viser godt proporsjonar og rørsle, men det er ein klar motsetning til den religiøse kunsten frå tidlegare. Rubens var katolikk, og laga fleire bilete med mytologiske motiv, som her. Fargebruken og teknikken er dramatisk. Den strenge komposisjonen frå renessansen opphøyrer.

I portretta hans, og andres på denne tida, var det viktig med flotte positurar og majestetiske oppsett. Gjengjevinga skulle ha stor likskap med den som vart portrettert, og bodskapen dreide seg rundt kjensler og storheten til den som vart måla.

Gjengjevinga av lys er gjort på ein sensuell og levande måte, som gjorde Rubens til ein av dei mest innflytingsrike målarane i barokken.

På biletet her, eitt av dei mest kjende portretta av kongen, ser ein godt rikdom og status i stoffene og fargane som er brukt. Det er majestetisk og overdådig, det er skinnande tekstilar og draperingar. Lyset er brukt for å underbygga dette, det treff stokken han held i neven, og er eit symbol for makt og status.


1800 - 1900

1900 - 2000

“Syk pike” 1880-81, Christian Krogh (1852-1925)

“On her knees” 1977, Andrew Newell Wyeth (1917-2009)

1800talet var århunde fro romantikken, naturalismen og realismen. Syk pike av Krogh er meir eit bilete frå denne perioden, der teknikken er naturalistisk med eit samfunnsretta motiv. Krogh måla ofte motiv frå den mørke og håplause sida av samfunnet, her ei jente på dødsleiet med tuberkulose.

Dette århundre er modernismens tid. Her er kubismen, futurismen og surrealismen inkludert, der motiva gjerne fekk heilt nye former og fargar, gjerne oppdelt etter geometriske prinsipp. I denne tida er det mange kunstnarar som går attende til eldre kunsttradisjonar i protest mot modernismen, som til dømes Wyeth, som har måla biletet til høgre her. Også Odd Nerdrum er ein av dei sokalla klassisistane - kunstnarar som held i hevd kunst-retninga som hadde si tid på 1700talet, der ein ville gjengi røynda slik den er.

Også i denne perioden er det fokus på å gjengi røynda i form og lys. Lyset i dette biletet, som jo er veldig matt og fargetomt, understrekar det sjuke og håplause. Fargen er borte frå kinna til den unge jenta, og frå blomen ho held i fanget. Ho kastar omlag ingen skugge heller, det er knapt ho er tilstades. I andre bilete frå denne perioden vart også lyset nytta til å syna status, der dei svake i samfunnet gav bodskapen, medan dei borgarlege og rike var opplyst - nesten til hån frå kunstnarane.

Her eit portrett i ein “Helga-serien” til Wyeth, der lyset og teknikken gjer biletet mjukt og naturleg. Fargebruken er nøktern, jordfargane harmoniserer og kvinna står i kontrast til den mørke bakgrunnen. Kvinna vender blikket vekk, og utstrålar beskjedenhet og dyd, sjølv om ho er naken. Lyset gjer ho nesten overjordisk, som rafaels madonnamåleripå 1500-talet.


2000

Refleksjonar

“Herman Friele”, DOLK

I år 2000 er alt lov. Kunstepokane glir over i kvarandre, og kunstnarar kan velja den uttrykksforma dei ynskjer. Portrettet har likevel framleis krav rundt seg til å gjenspegla personen som blir portrettert. Her er Herman Friele som street-art, spraymåla av artisten Dolk. Han har framstilt Friele som ein ungdommeleg person, som klarer å kombinera kulheten med ansvaret han hadde som ordførar i Bergen. I ei tid der teknologien sprenger grenser for kva som er mogleg, oppfattar eg at artistar gjerne ynskjer å gå atternde til røtene, som til dømes at fotografar helst vil vera i mørkerommet for å framkalla bileta sine sjølv, med den kunstnariske og tekniske uavhengigheten det gir.

Kunstnarar er på leit etter lyset i sine arbeid. Fleire og fleire workshopar og kurs har tema å måla med lys, og fokuset er å treffa akkurat det perfekte lyset og fanga alle valørane i det på bilete. Som nevnt er teknologien på full fart framover, og mange kunstnarar vel ein retning bort frå denne, slik som til dømes Odd Nerdrum med måleri, eller Anton Corbjin med fotografi. Der Nerdrum sverger til eldre tradisjonar innan maleteknikk, og løfter opp sjølve teknikken som det viktigste verktyet innan hans kunstretning, gjer Corbjin det motsette og fotograferer i naturleg lys med fokus på motivet framføre teknikk. Lyset i kunsten og i portrett er med på å underbygga ulike sider ved motivet, ved livet, ved tida kunstverket er plassert i. Med lys kan ein setja fokus på gjenstandar eller element ein vil framheva, element som er viktige for bodskapen ein vil formidla. Dersom ein ikkje er bevisst dette, går ein glipp av eit viktig verkty - som har vert aktuelt gjennom heile kunsthistoria.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.