isflaket2009_01

Page 10

cognac på kontoret. Han sprang stad og henta flaska, men kom så på at han hadde ikkje glas. Då gjorde han seg ikkje meir føre enn at han skrudde ned lampekuppelen i taket og slo i ein stiv dram, heldt opp hovudet på karen som hadde livna litt til, og let han drikke. Han smatta og kom seg straks litt til. - Vi får vel gi han ein kuppel til, sa sjefen. Og pasienten sa ikkje nei takk. Etter ei stund køyrde dei mannen heim til kona slik at han skulle få litt ro etter uhellet. Om ettermiddagen ringde sjefen heim og ville vite korleis det gjekk. - Jau, det står no bra til med han, sa kona, men eg lure no på kva dokke he gjort med 'nå, for han vil berre danse!

Forlist på første fangsttur. Av Magnus Sefland Eit spørsmål frå Nord-Norge om fangstfartøyet Fryser I førte til litt leiting i skutepapir. Fryser I forliste på sin første og einaste fangsttur. Leitinga førte også til litt vidare tankeverksemd: Var det fleire fangstskuter som fekk same lagnad? Var det fleire skuter som forliste på første tur og sette spor etter seg i ishavshistoria utan å ha kome heim igjen med eit einaste skinn? Her er omtale av nokre skuter som fekk slik lagnad. Fryser I: Fryser I var neppe tenkt til ishavsdrift ved bygginga. Båten vart bygt av tre ved Knut Skaaluren sitt skipsbyggeri i Rosendal i 1901. Skaaluren bygde elles fleire seigliva ishavsskuter. Den nybygde båten var ein midtskipsbåt, i hovudfasong slik lastebåtar gjerne vart bygt på den tid. Som ny fekk båten innsett ein trippelmaskin frå Stavanger Støberi & Dok 374 ihk. Lengdemåla er i ulike oversiktar oppgitt til å ligge rundt 160-170 fot med bort i mot 560 bruttotonn. Det vil seie at skuta var på storleik med Jopeter (Polarbjørn), - dvs blant dei største ishavsskutene på Sunnmøre. Fryser I var neppe blant dei lettaste til å manøvrere i kronglete is og etter alt å dømme eit upraktisk fangstfartøy. Båten fekk ved levering namnet Alekto og vart levert til eigarselskapet A/S Alekto i Stavanger. Dette selskapet hadde hand om båten fram til 1917. Deretter tilhøyrde båten ei rekkje ulike eigarselskap i Oslofjord-området, mest i Tønsberg. Ei tid skifte båten eigarselskap om lag annakvart år. Bak fleire av desse selskapa ser det ut til å ha stått ein person med namnet Fridtjof Siegwarth. Om båten sitt fartsområde veit vi lite. Men den skal ha vore nytta i kolfart på Svalbard. I 1933 vart båten overteken av Norsk Frysecompani, ved Hans Tungvaag, i Oslo og omdøypt til Fryser I. I 1934 vart båten send på selfangst i Vestisen. Det gjekk ikkje særleg bra. Etter akselbrot og tap av propellen fekk båten lekkasje. Vatnet stod over fyrdørken då mannskapet på 28 vart teke opp av Polarbjørn. Også ein del av skinnlasten vart overført frå Fryser I til Polarbjørn. Men Fryser I sokk ikkje.

Ishavsmuseets Venner, 6062 BRANDAL - 10 -


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.