Landbruk tema Grannar 2020

Page 1

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Landbruk

FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

• Byggjer fjøs av eigen skog • Mjølkeproduksjon • Ny nisje; Hjartenøtter • Nye rådgjevarar innan kjøtt Side 11-27

11


12

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Smia frå 1838 er renovert og har fått nytt tak, nytt panel og ny pipe.

Våningshuset har heile bord utan skøyt, på lik linje som dei andre husa

Espen Årvik saman med dottera Hanne (3) framfor det nye fjøset som ligg i utmarka på Årvik i Vikebygd.

Bygger med plank frå EIGEN SKOG På garden Årvik brukar bonde Espen Årvik (29) eigen skog når han treng nytt utvendig panel til husa sine. Seinaste prosjekt er heilt nytt fjøs, der ikkje ein einaste skøyt er å sjå i panelet. GRETHE HOPLAND RAVN

Fjøset har solcellepanel.

Espen Årvik driv garden Årvik i Vikebygd som han overtok etter far sin for eit par år sidan. Her driv han med kyr, og har 11 mordyr og 12 kalvar, i tillegg til ein flokk sauer. I oktober i fjor stod det nye fjøset hans ferdig, eit bygg på 20 x 8 meter som utelukkande har panel frå Årvik sin eigen skog. Og kikkar ein bygningen nærare i «saumane» ser ein at det ikkje eksisterer ein einaste skøyt på husveggene. — Det er ein av fordelane med

å kappa ut sitt eige materiale. Då kan ein kappa på mål, i tillegg til at kvaliteten er mykje betre. Her er kvar stokk handplukka ut frå kvalitet, og me vel stort sett tre med mykje malm i, seier Espen Årvik, mens han tar eit godt tak rundt dottera Hanne (3) som så gjerne blir med på det pappa driv på med på garden.

Meir ut av stokken Å nytta sin eigen skog er økonomisk vinning, om ein då ser bort


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

13

Neste prosjekt er å retta opp og renovera stabburet.

FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

å gå ute, men nytt reglement frå staten kravde eit bygg til storfe og då valde han eit fjøs som var lett å handtera. Fjøset har tre vegger og er ope på eine langsida. Kyrne kan gå inn og ut som dei ønskjer, bortsett frå kyrne som startar kalving. Dei likar Årvik å ha i fjøset. — Det som er med kyr som skal kalva, er at dei stikk til skogs og kalvar der. Så må me gjerne ut på leit for å finna både ku og kalv, seier han. Løa er bygd opp i utmarka, og kyrne bur i praksis på over 2.000 mål. Kyrne går ute året rundt, men no har dei fått fjøs å gå inn i.

Frå 1867

frå arbeidstimane ein må leggja ned for kvar stokk ein høgg. — Du får fleire tusen kroner ut av ein stokk om du brukar han sjølv. Sel du stokken får du stort sett 400 kroner for han, seier han. Stokkane blir som regel hogde på vinteren, og Espen Årvik er heldig for han har ein ivrig onkel som gjerne hjelper til med arbeidet. På våren går stokkane til skjering, og då går dei ikkje lenger enn til nabogarden, og Kjetil Skartland som har sag.

Det er ikkje berre fjøset som har fått panel frå Årvik sin skog, men også fleire andre hus på garden. Våningshuset er frå 1867, og er totalrenovert. Det var far til Espen som starta på renoveringsarbeidet på huset for over 10 år sidan. Då hadde huset stått tomt i over 15 år, og det var ikkje innlagt vatn. Alt trong ei overhaling, og sjølv om huset er blitt heilt nytt har Årvik vore opptatt av å ta vare på det gamle. Også dette huset har utvendig panel utan ein einaste skøyt. Det same har den gamle restaurerte smia fri 1838,

— Ein skal ikkje så mange år tilbake i tid før dei fleste arbeidde på denne måten. I dag er det nesten ingen som driv slik. Bransjen for bygdesaga slit, og dei har ikkje meir arbeid enn dei må ha, seier Årvik.

2.000 mål Det nye fjøset er han svært fornøgd med, og før dette fjøset blei bygd gjekk kyrne ute året rundt. Det gjekk greitt det også, for kyrne både likar – og er bygde for

Listene innomhus har Espen Årvik høvla sjølv.

eit restaurert naust ved fjorden og om ikkje lenge skal han gå laust på det gamle stabburet, og restaurera det. — På stabburet må det meste gjerast, det er skeivt og må jekkast opp og rettast. Stokkane må bytast ut og planen er at på sikt skal dette bli eit gjestehus, seier han.

overetasjen og høvla til lister. — Eg har vore svært heldig med snikkar Laurits Bjørnevik, som har vore med meg i det meste av arbeidet som har vore gjort her, seier han.

Gode støtteordningar

Utan offentleg draghjelp kunne vikebuen ikkje gått i gang med denne omfattande utbygginga Gamal gardssmie og oppgraderinga på garden. Han har planar for den gamle Til fjøset har han fått 25 progardssmia også, som er heilt sent generasjonsskifte-tilskot av Innovasjon Norge. Ordninga restaurert med nytt som har vekt på bygging i tak, nytt panel og ny pipe. tre, har gitt 250.000 kro— Det hadde ner i tilskot. Til smia Her er kvar vore kjekt å har Årvik fått 35.000 stokk handplukka kunne ta i kroner i tilskot frå ut frå kvalitet mot sku leKulturminnefondet, k lassar, for i tillegg til SMIL ESPEN ÅRVIK, å visa litt om midlar frå kommuBONDE korleis det var nen på 20.000 kroner før i tida, seier og 20.000 kroner frå han. Rogaland fylkeskommune. I våningshuset er golHan har også fått SMIL-tilskot vet laga av vekselsvis åtte- og ti- frå kommunen på kledning og tommars furubord. Det var van- utskifting av vindauge på huset. leg i gamle dagar å ha forskjellig — Utan tilskot hadde nok få breidde på golvborda, så dette av desse tinga vore gjennomført. har Årvik tatt med seg. Han har Så desse ordningane er absolutt i tillegg sett inn nye takbjelkar viktige for å få ting utført, seier i stova, sett opp nytt reisverk i 29-åringen.


14

Vindafjordbonden inviterer alle medlemmer deira betre halvdel og alle andre til bondepub.

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

DETTE SKJER PÅ JOAKARI I ØLEN, Samvirke for FREDAG DEN 17. FEBRUAR FRA KL. 20.00.

Salg og utkjøring av kalk

det du ikkje klarer åleine

PROGRAM: Bli med på Nortura-laget. Me treng meir slakt og fleire medlemmer for å bidra til tryggleik • Informajon fra Vindafjordbonden og langsiktigheit for deg som bonde.

• Kjell Vidar Øglend fortel om sin kjøtproduksjon • Etnebonden fortel om kva dei driv med • Underhaldning av Frank & Reinhardt •

Mat og drikka kjøper du sjølv. Inngang kr 100,KENNETH KALDHEIM tlf. 415 52 879

Påmelding treng me ikkje – me kjenner på lukta om du kjem :-)

Helsing styret i Vindafjordbonden

Vinnarskalle.no

Rigga servicebil for uteoppdrag

• Reparasjon & service på maskiner og utstyr innen landbruk og anlegg. • Air-condition service på maskiner. • Reperasjon og service på maskiner…. • AC-service på maskiner

www.vindafjordbonden.no VÅRE GODE SAMARBEIDSPARTNERAR:

5590 Etne Tlf: 984 31 906 E-post: fredriksamland@hotmail.com

A&B ANDREASSEN Maskin as

Vikedal, 922 22 22118, 118 950 58 745 Vikedal, mob. mob. 922

Graving -- Transport Graving Transport -- Sprenging Sprenging Natursteinmuring Natursteinmuring - Asfaltfresing Sal av grusmasser, grusmasser, utleige utleige av av Sal av bosscontainer/minigraver/minidumper bosscontainer/ minigraver/ minidumper

Vårsal Me sel no næringsrik matkompost og matjord til 50 % på Toraneset og i Etne.

Sjå him.as/salgsvarer for førpris og varedeklarasjon.

Sammen for et bedre miljø!

Etne Betong tilbyr: • • • •

Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod!

Me tilbyr og flytebrygger i mange variantar www.etnebetong.no Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 post@etnebetong.no


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Ove Kahrs Wangensteen | advokat okw@eurojuris.no 48 02 45 43

APPEX MADE THIS!

FOTFESTE PÅ FAST EIENDOM

15

Odd Eirik Osmundsen | advokat oeo@eurojuris.no 41 47 09 36

Lokal tilstedeværelse i Etne

Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS bistår privatpersoner, næringsdrivende og det offentlige innen de fleste rettsområder. Vi påtar oss oppdrag innen juridisk rådgiving og prosedyre innen alle områder knyttet til fast eiendom, eiendomsutvikling og næringseiendom. For å styrke vår tilstedeværelse i Etne / Vindafjord har vi knyttet oss til Fikse Næringsforeningen med kontor i Medvind24 sin Næringshage i Etne. Våre faste åpningstider, se www.eurojurishaugesund.no

Stort utval til heile familien. Velkomen til oss!

! E E L N L T E A R N E O K F K I O T K U O B N R FK A H ME Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

FK ETNE

TLF. 53 77 11 30 Opningstider: Mandag - fredag: 0800-1800 laurdag: 0900-1500


16

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Har funne sin EIGEN VRI

Tilbygget er på hundre kvadratmeter, og lausdrift med båsar som både er til fôring og kvile, gir store innsparingar samanlikna med dagens tradisjonelle lausdriftsfjøs, ifølgje Hans Ilstad.

Samdrifta i Ølmedal har eksistert i 15 år, og Hans Ilstad har funne ein rimeleg veg til lausdrift og robotfjøs. Det har gjort det mogleg å modernisere drifta i tråd med krava i framtida. JON EDVARDSEN

Mjølkeproduksjon er den store verdiskapinga i jordbruket i Vindafjord, og rundt 108 mjølkebruk står for nærmare 60 prosent av bruttoproduktet i jordbruket. Det er over det doble av det svin og sau samla gir av bruttoverdi, viser ei oversikt over versdiskapinga som Norsk institutt for bioøkonomi har laga. Men motoren i vindafjordlandbruket er pressa frå fleire kantar, både sal av mjølkekvotar og svært mange bruk med båsfjøs som ikkje veit om det er verd å investere for framtida. Det har fleire årsaker, men økonomi blir sett på som den største bøygen, viser ei fersk undersøking Fylkesmannen i Rogaland har gjennomført i Vindafjord. Svært mange mjølkebønder i Vindafjord er usikre på korleis dei skal møte framtida.

kjøpe meir kvote i første omgang.

Handlar om dyrevelferd

— Eg har får ein del telefonar med spørsmål om måten å gjere dette på. Eg sparar i alle fall 2,5 millionar kroner på denne løysinga. Det er ulike syn på det, blant anna om det blir for liten plass. Men her skal kyrne kunne gå ut og inn i friluft heile året når det er vêr til det. Det vil auke dyrevelferda, seier han. Fjøset blir opna opp mellom ny og gammal del som gir god plass rundt roboten, og Ilstad har vore kontakt med fleire som er nøgde med tilsvarande løysingar. Utbygginga er i tråd med krava til lausdrift som alle mjølkebruk skal ha innan 2034. Om fire år er det også eit vilkår at fjøsa skal ha binge for sjuke dyr og kyr som kalvar. Hos Ilstad blir det også lagt til rette for at kalv og ku kan gå saman ei stund etter kalving. Ein alternativ måte Arbeidet med tilbygget er godt Hans Ilstad i samdrifta Breistein i gang, og Ilstad stolar på at det ved Ølmedalsvatnet har funne blir ein fin sommar når kyrne skal svaret for garden sin. Han vere ute døgnet rundt i den siste utvidar den eksisterande fasen der det gamle skal driftsbygningen med bli ein del av det nye. 100 kvadratmeter Automatisering Vi kunne jo hatt og bygg jer om med mjølkerobot det som det var, men det gamle fjøset. og ein skraperoi framtida kan eg heller grille Prislappen er 3,6 bot som held det millionar kroner med jentene enn å gå i fjøset for reint, er ein sentral å mjølke rett etter arbeidstid der Innovasjon del av fornyinga. HANS ILSTAD Norge bidrar med Å ha ansvaret for 1 million kroner. ein f lokk kyr i eit I denne investeringa moderne fjøs, er langt er det ein topp moderne lettare å kombinere med mjølkerobot til 1,5 millionar. eit vanleg familieliv samanlik— Utbygginga er ut frå dei res- na med tidlegare. sursane vi har. Alternativet var å ikkje gjere noko, eller avvikle Kombinere med familieliv mjølkeproduksjonen. Med ei løy- Ilstad var aldri i tvil om at ei sing som nyttar den eksisterande investering på garden også måtte bygningen betre, og med tilskot innehalde ein mjølkerobot. frå Innovasjon Norge, er det ei — Vi kunne jo hatt det som det grei investering, seier Ilstad. var, men i framtida kan eg heller Fôringsliggjebås er fagordet for grille med jentene enn å gå i fjøset denne typen lausdrift. Kyrne går for å mjølke rett etter arbeidstid. fritt og båsane er både til fôring Eg ser fram til ein meir fleksibel og til å liggje i. I dagens tradisjo- kvardag i løpet av sommaren, nelle lausdriftsfjøs er dette delt på seier han. to sider, og med større areal går Saman med ektefellen Marit også prislappen opp. Øverland Ilstad bygde dei nytt Å investere i eit nytt standard hus i 2010 og to år seinare tok dei lausdriftsfjøs har ein prislapp på over garden. 6-8 millionar med rundt 35 kyr. Sidan begge er i arbeid utanom, Samdrifta Breistein har 22 kyr og det er kome tre jenter på brupå bås og ei kvote på 190.000 liter. ket, er tidskabalen stram nok. Utbygginga har 31 båsar og det Hans Ilstad arbeider hos Vikedal er rom for å auke produksjonen. Mur & Anlegg i rundt 80 proIlstad meiner rundt 230.000 liter sent, og han lovprisar arbeidsgivaer ein passeleg produksjon, men ren for å vere fleksibel når bonden det er ikkje ein del av planen å skal få kabalen til å gå opp.

Hans Ilstad i Ølmedal har tatt steget og investerer i lausdriftsfjøs med mjølkerobot. Utbygginga er ein kombinasjon av tilbygg

— Eg har alltid tenkt at eg skulle overta garden, og eg synest det er viktig å halde bygningar og jord ved like. Vi er avhengig av å ha arbeid utanfor garden, men det er ikkje berre idealisme. Det blir litt økonomi i det også sjølv om eg meiner det burde vore meir, seier han.

Samdrift med eigen vri Det er på ingen måte ein nedsliten driftsbygning som blir modernisert, sidan dei i generasjonsskiftet fornya tak, kledning, ventilasjon og elektrisk anlegg. Samdrifta med Kjell Hustveit på den andre sida av vatnet, var det faren til Ilstad som gjekk inn i for

15 år sidan. Mange samdrifter har avslutta, men Breistein fungerer så å seie perfekt, seier 44-åringen frå Imsland. — Synd at han er 20 år eldre enn meg, men vi har gjort avtale om at samdrifta skal eksistere i mange år enno sidan eg tar denne investeringa, fortel han.


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

På topp i kvotesal i Rogaland

Det eksisterande fjøset vart oppgradert i samband med generasjonsskiftet for nokre år sidan. Våningshuset til høgre.

Mjølkrommet kan dei ta med i den vidare drifta.

Bønder i Vindafjord har meldt inn over 1 million liter i det statlege oppkjøpet av mjølkekvotar, og er dermed på topp i Rogaland. Både i Etne og Vindafjord er over 5 prosent av den eksisterande mjølkekvota i spel i den nye oppkjøpsordningar. I alt 12 mjølkekvotar i Vindafjord er meldt inn i oppkjøpsordninga der staten vil redusere grunnvotane i Noreg med 40 millionar liter. Det er i dag 108 aktive mjølkebruk i Vindafjord. I Rogaland er det 79 påmeldingar til å selje kvote med til saman vel 7 millionar liter. Med 1.043.806 innmelde liter i Vindafjord, er andelen over 14 prosent av det som er meldt inn i fylket. Rogaland er det einaste fylket saman med tidlegare Oppland der det er påmeldt litt mindre enn avsett oppkjøpsmengde.

Kan vere sovande Dersom alle som har meldt inn kvotesal, gjennomfører det, betyr det at over 1 million liter vil forsvinne ut av Vindafjord. Men det betyr nødvendigvis ikkje at 12 aktive mjølkebønder forsvinn i Vindafjord sidan det er mange som leiger ut kvota si. Det gir ikkje oversikta frå Landbruksdirektoratet svar på. Heller ikkje om dei som sel, kvittar seg med heile kvota. Vindafjord har i dag over 20 millionar liter i kvote, og over fjerdeparten av dette volumet er leigd ut frå 48 eigedommar. Det er berre Trøndelag og Vestland som har meldt inn fleire liter enn Rogaland. På landsbasis er det interesse for å selje i overkant av 52 millionar liter, medan staten har planlagt å kjøpe 40 millionar liter.

Etne prosentvis lik og modernisering av det gamle fjøset. Langveggen til venstre skal vekk når nytt og gammalt blir slått saman. FOTO: JON EDVARDSEN

Drifta fungerer slik at Ilstad har mjølkeproduksjonen og leverer kalvar til Hustveit, som i sin tur fôrar opp slaktedyr og dessutan leverer drektige kviger tilbake til mjølkeproduksjonen. Dei flyttar på litt dyr i staden for mykje fôr og gjødsel. Inntektene er fordelt etter ein fast nøkkel, og timeforbruket mellom dei to driftene er forbløffande stabilt frå år til år, ifølgje Ilstad. Samdrifta leiger bygningar, jord og kvote av

dei to bruka, og eig ein del av maskinparken og leiger resten av dei to deltakarane. I det daglege tar dei seg av dyra i kvar sitt fjøs, men i onnene og når det trengst, samarbeider dei om arbeid. Samarbeidet kunne ikkje fungert betre, meiner Ilstad som karakteriserer samarbeidspartnaren som ein god mentor. Dette samarbeidet har gjort det mogleg for Ilstad å investere i lausdriftsfjøs, og det er han glad for.

Storfylket Vestland med tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane er på topp der bønder med 128 kvotar vil selje nesten 8,5 millionar liter. Etne har fem påmelde som vil selje kvote med til saman 436.822 liter. Etne har i dag 39 aktive mjølkeføretak som disponerer nesten 7,9 millionar liter. I Vestland er det fleire kommunar som har meldt inn større sal enn Etne. Med om lag 5,5 prosent av eksisterande kvote som er meldt inn i Etne, er det litt høgare enn i Vindafjord der 5 prosent kan vere på veg ut.

17


18

2020 TORSDAG 30. APRIL

Tredjeparten av mjølkebøndene som har tradisjonelt båsfjøs, vil avvikle mjølkeproduksjonen, viser ei undersøking i regi av Fylkesmannen i Rogaland.

ILLUSTRASJONSFOTO: JON EDVARDSEN

TO AV TRE mjølkebønder vurderer å investere Mange mjølkebønder med båsfjøs håpar dei kan fornye seg, men tredjeparten seier dei vil avslutte. JON EDVARDSEN

Prosjektet Bjøllekua i regi av Fylkesmannen i Rogaland vil finne ut av kvifor mange med tradisjonelt båsfjøs i Suldal og Vindafjord ikkje er i gang å planleggje lausdrift og modernisering. Vindafjord er ein solid mjølkekommune, men andelen som sit på gjerdet og ikkje har signalisert at dei vil ta nødvendige investeringar for framtida, er uvanleg stor for Rogaland å vere. Det gjeld rundt 70 prosent av mjølkebruka. Bakteppet er at typiske distriktskommunar i Rogaland kan bli tappa for mjølkeprodusentar.

Er eit håp I alt 70 av 108 mjølkebønder i Vindafjord har svara på undersøkinga som skal kartleggje kva som er hinder for å investere. Blant dei som har båsfjøs og står framfor større investeringar dei neste 14 åra, svarar i underkant av 33 prosent at dei ikkje vil gjere noko fordi dei har planar om å avvikle.

Prosjektleiar Margit Reiersen hos Fylkesmannen i Rogaland ser optimisme og håp i at to tredjedelar av mjølkebønder i Vindafjord som ikkje har gått over til lausdrift, har mål om å investere i det i framtida. Kommunen har uvanleg mange som ikkje har starta å planleggje det sett i Rogaland sin målestokk. FOTO: PRIVAT

Fleirtalet vil byggje om alt i ein omgang, eller ta det i fleire trinn. Prosjektleiar Margit Reiersen meiner at Vindafjord er ein diamant i distrikta som ligg tett opp under Jæren i verdiskaping og effektivitet i mjølkeproduksjonen. Vindafjord ligg på sjetteplass i verdiskaping i matfylket Rogaland. — Undersøkinga viser at ein del vil gi seg og ønskjer ikkje å investere. Samstundes er det optimisme og håp i at fleirtalet kan tenkje

seg å byggje om til lausdrift. Det er sterk kultur og tradisjon i jordbruket i Vindafjord. Det er også ein sterkt tradisjon for rekruttering som gir meining i å investere i nytt fjøs, seier ho.

Økonomi og situasjon — Mange har ikkje kontakta rådgivingstenesta enno, og dei fleste vil neppe byggje dei første åra. Det må dei heller ikkje sidan kravet om lausdrift ikkje trer i kraft før i 2034, seier Reiersen.

At økonomi er det heilt sentrale temaet når bøndene skal vurdere ei investering, både millionar til nybygg og det produksjonen vil gi i inntekt, er ikkje uventa for prosjektleiaren. Det er truleg også eit vesentleg poeng at dei som har investert i lausdrift, i snitt har dobbelt så stor kvote som dei som ikkje har gjort det. Eit moment her er at det er dyrt å kjøpe kvote, og heller grei pris for å selje dersom ein vil kvitte seg med mjølk og satse på noko anna. Men ho påpeikar at undersøkinga viser at det personlege og sosiale også speler vesentleg inn. Gjennomsnittsalderen på dei som har svara, er 49 år, og for dei som vil avvikle, er snittet langt inn i 50-åra.

Nokon å ta over? — Gjeldsnivået er heilt klart noko som er skummelt. Mange har vore bønder i nærmare 30 år og er kanskje slitne. Spørsmålet er om ein skal ta på seg mykje gjeld i den fasen. For dei som har nokon som vil overta, er det lettare. Då blir investeringa å hjelpe ungane litt, og det er ikkje dumt. Uansett er det situasjonen på den enkelte gard som avgjer, seier ho. På det sentrale spørsmålet om

nokon vil overta drifta, er «veit ikkje» den største gruppa på vel 40 prosent, og dei som har nokon, rett under 40 prosent. «Nei» er i underkant av 20 prosent. Ser ein på alle som har svara på undersøkinga, har nærmare 52 prosent planar om å byggje ny driftsbygning og over 33 prosent vil selje til nye brukarar i løpet av dei neste 15 åra, truleg fordi dei skal pensjonere seg. At berre halvparten vil byggje nytt, har samanheng med at også bønder som har lausdrift har svara. Nærmare 30 prosent svarar dei vil utvide produksjonen dei har i dag. I overkant av 9 prosent vil leggje ned heile drifta.

Fritid og inntekt Undersøkinga får også fram generelle vurderingar av utfordringane slik mjølkebøndene ser det. For dei som har lausdrift er det inntekt og mangel på fritid som dominerer, pluss mangel på jord. For dei med båsfjøs er det tilstanden på bygningane, for lita inntekt og fritid, og mangel på nokon som kan ta over garden, hovudutfordringar. Blant alle er det 61 prosent som ikkje arbeider utanom garden, medan resten er fordelt på deltid og heiltid i ganske like porsjonar.


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

PUSSE OPP ELLER BYGGE UT?

NOE P Å GAN G – SPØ R OS S !

ENEBOLIG TYSVÆR | FØR OG ETTER

Vi utfører alle mulige byggeoppdrag LUNDENESET VGS | EKSTERIØR OG INTERIØR

for både privat og næring. Fra planlegging til ferdig prosjekt. Eller bare deler av jobben, etter dine ønsker.

HYTTE SAUDA | EKSTERIØR OG INTERIØR

Ta kontakt for en uforpliktende prat! GARASJE KARMØY

ASBJØRN BAKKEN Avdelingsleder 982 29 327 asbjornb@bergesag.no

HYTTE FJELLET | PÅBYGG

KJETIL SKJOLD Selger 982 29 312 kjetil.skjold@bergesag.no

JOHN ESPEVIK Byggeleder og selger 982 29 346 johne@bergesag.no

GEIR INGE WAAGE Byggeleder 982 29 335 geiriw@bergesag.no

Følg oss på

SIMON RØRTVEIT Byggeleder 982 29 387 simonr@bergesag.no

bergesag.no

CATO PEDERSEN Teknisk tegner 982 29 333 catop@bergesag.no

19


20

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Skal

MOTIVERA BONDEN til å bli flinkare

Nortura Sandeid utvider staben med to nye rådgjevarar som skal bistå bønder som ynskjer å forbetra seg. For den nytilsette rådgjevaren Laura Lundgaard Jensen frå Danmark blir oppgåva å dela sine faglege og økonomisake råd med grisebønder i distriktet. IRENE MÆLAND HARALDSEN

Ved Nortura Sandeid blir det satsa sterkt på rådgjeving. Målet er å bli flinkare til å motivera bønder til å forbetra økonomien på garden, byggja relasjonar, bruka tilgjengeleg tekonlogi og samstundes skapa gode levevilkår for dyra. I tillegg til rådgjevingstenester knytt til småfe og livdyrformidling er det nyleg oppretta to ekstra stillingar. Den eine på grisehald og den andre meir generelt på drifting av gard på ein best mogeleg økonomisk måte. Harald Selsaas frå Vats startar i den nye jobben som rådgjevar tilførsel om ein månads tid, medan veterinær, rådgjevar og tidlegare bonde Laura Lundgaard Jensen frå Danmark er alt på plass og skal hjelpa grisebøndene i distriktet til å bli enda betre.

og etterfølgja alle krav som er sett til drift og dyrevelferd i landbruket. Stillinga som rådgjevar tilførsel er derfor ein viktig del av tilbodet, og for sauebonde og tidlegare tilsett ved Tveit Regnskap, Harald Selsås, er hans råd gode å ta med seg for bønder som ynskjer å få mest mogeleg ut av kronene dei har investert i garden. — Eg skal driva relasjonsbygging der fokuset er tilførsler til Nortura, seier Selsaas som har brei erfaring med alt frå lånetilbod og innovasjonsstøttesøknad til fôringsråd og bruk av teknologiske løysingar.

Positivt for alle

Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg ved Nortura Sandeid er glad for å ha kunnskapsrike rådgjevarar med på laget, og håpar flest mogeleg vil nytta seg Målretta råd av tilbodet. — Eg har drive gard i Danmark saman med man— Stillingane skal hjelpa bonden til å bli god og nen min, men me selde garden i 2018 og fann ut at få optimal drift slik at økonomien blir best mogeme ville prøva noko nytt. Eg er utdanna veterinær og leg. Og når dyra har det godt blir også økonomien har jobba som rådgjevar på gris i Danmark i man- god. Det handlar om å gjera bonden god på ulike ge år. Men eg har også vore i Noreg og jobba som område, seier Stokkevåg som har stor tru på teamet rådgjevar tidlegare, og nå er heile familien flytta som nå er på plass. til Frakkagjerd, fortel Jensen som hadde sin første — Frå før har me Karluf Håkull på småfe, Per arbeidsdag ved slakteriet i Sandeid tidlegare i år. Landa som er leiar for teamet og Asbjørn Høiland Den erfarne rådgjevaren ser fram til å møta som driv med livdyrformidling. Det er viktig å ha grisebønder for å dela sine erfaringar og rådgjevarar for å styrka bandet til bonden, gi faglege råd til alle som har bruk for og Nortura Sandeid har valt å organisera litt rettleiing. Som veterinær har ho arbeidet på denne måten. Det er viktig at Det er viktig også kompetanse innan helseføreme nå også har fagleg kompetanse med å besøkja bonden byggjande arbeid som kan koma veterinær på plass, og ein rådgjevar bonden til nytte. som har kunnskap om driftsøkonomi. LAURA LUNDGAARD JENSEN, — Eg skal jobba i området nord Både bonde, slakteri og rådgjevarar har RÅDGJEVAR for Boknafjorden og opp til berinteresse av at det går godt på garden, gensområdet. Om bønder treng seier ho. hjelp kan dei ringja, eller eg kan ta Samvirke kontakt og koma på besøk. Eg skal driva med direkte og målretta rådgiving, Nortura er eit samvirke eigd av rundt 18.300 og det får ein gjennom direkte kontakt. Det er viktig private næringsdrivande egg-og kjøtprodusentar å besøkja bonden for å vita korleis produksjonen er over heile landet. Avdelinga i Sandeid er eitt av få for å målretta rådgjevinga, seier ho. slakteri her til lands som slaktar både gris, storfe og småfe. Økonomi Årleg slaktevolum er rundt 5.000 tonn gris, 3.000 Det krevst mykje kunnskap i dag for å driva lønsamt tonn storfe og 2.300 tonn småfe ved slakteriet

Skal motivera og rettleia bonden. Laura Lundgaard Jensen og Harald Selsaas er tilsette

som har rundt 50 prosent marknadsandel i Etne og Vindafjord. Både fabrikksjefen og dei nye rådgjevarane ser på samvirkeforma som Nortura representerer, som svært viktig for å sikra landbruket her til lands, og håpar rådgivingstenesta vil bidra til å setja Nortura endå meir på kartet. — Rådgjevingstenesta er viktig både for å styrka bonden og for å få bonden til å forstå at samvirke er viktig. Me håpar på flest mogeleg oppdrag fordi me ynskjer at så mange som mogeleg skal oppdaga Nortura. Bøndene her hos oss forstår kor viktig eit samvirke er, og dei ser at det vert vanskeleg for bonden dersom samvirke opphøyrer, seier Stokkevåg.


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

21

Synleg med godt

innhald Grafisk design

Design av visuelle identitetar, logo, brosjyrar, magasin, plakatar, annonser, illustrasjon & animasjon.

Nettdesign & utvikling Design og utvikling av prisgunstige og brukarvenlege nettsider, nettbutikk og appar.

Tekst & kommunikasjon Tekst og innhald til trykksaker, nett og sosiale medium. PR, pressearbeid og rådgjeving. Podkast.

Film

Espen

Terje

Christine

Astrid

Judith

Maria

Produksjon av profilerings- og oppdragsfilm og reportasje.

Frode Kristian

Elin Jostein

Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg styrkar staben på rådgjevingssida og oppmodar bonden til å nytta seg av tildbodet. ARKIVFOTO

FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN

Erich

som rådgjevarar ved Nortura Sandeid.

Irene

Bente

hei@omegadesign.no • tlf 400 06 077 omegadesign.no


22

2020 TORSDAG 30. APRIL

MCCORMICK X4.70

Kun 515.000,- ex. mva

McCormick X4.70 er en modell som stiller høyt i sin klasse. Traktoren veier kun 3.500 kg, er veldig smidig med god svingradius. Kun 259 cm høyde gjør den velegnet i lave bygninger. Det sitter en 4 sylindret Deutzmotor på 107 hk under panseret. En sterk og god motor som matcher traktoren bra. Kanskje kompaktklassens mest romslige hytte? • Gearkasse: 24+24 og klutsjfritt vendegir • 540/1000PTO med hydraulisk innkobling • Elektronisk diffsperre • Kun 3500 kg • Michelin dekk 540/65-R34 bak, 440/65-R24 fremme • EHS Elektronisk stryring av trepunkt, 3400kg løftekapasitet • Aircondition • Luftsete • Dab radio med Bluetooth og Handsfree

599.000,- ex. mva med Quicke X3s Laster

BEST I TEST!

GARCIA Tørrgjødselvogn

GARCIA Gjødselmixer

GARCIA Kombijet

• Leveres i 4,5, 5,5 og 6,5 m • Hydraulisk ledd for lett nedsenking i kum • Rimelig mixer av god kvalitet

• 4,7 m3 • Garda-Mec kompressor/ høytrykkspumpe • 4-veis kanon • Full åpning i bakkant for god tilgjengelighet • 550/60 x 22,5 flotation dekk • 40 km/t aksling • 6” bladspreder, hydraulisk betjent • 6” sugestuss • 2,5” uttak ved f.eks. vanning på høytrykkspumpe • Innvendig skvulpeskott • Lysanlegg • 5 m 6” sugeslange • Vidvinkelaksling med brytebolt

4,5 m 25.750,- ex. mva 5,5m 29.000,- ex. mva 6,5m 32.500,- ex. mva

• Solid vogn av høy kvalitet • Sandblåst og brennlakkert • Justerbart drag • Hydraulisk doseringsluke • Mange dekkalternativ • Hydrauliske bremser • Leveres med kraftoverføringsaksel Pris 5 m3 med 550/60 x 22,5 KUN 195.000 ex. mva Pris 8 m3 med 550/60 x 22,5 KUN 217.000 ex. mva

AVA P80 MASTER+ Høytrykksspyler • 160 bar og 600 ltr/t • Metallpumpe med 4 stempel • «Follow-me» trommel • Stålarmert høytrykksslange • Følger med: semiproff pistol, skumkanon, zoomlanse, terassevasker, variodyse, turbodyse, flatstråledyse, 15 grader +++ Veil. 4792,- ex. mva

NÅ KUN: 3920,- ex. mva

KUN 204.900,- ex. mva

MASCHIO DELFINO SUPER med Compagna såmaskin • Kraftig horisontalfres på 2,5 m eller 3 m • 450 mm tannpakkevalse • Spesialstål i bjelke • God avstand på opplagring for suveren bruddstyrke • Stor såkasse for de fleste typer frø • Legger gresfrøene bort fra fres slik at de ikke blir begravd for dypt • Kraftoverføringsaksel med lamellclutch • Kraftig robust maskin med lang levetid

KUN 160.000,- ex. mva 3 m KUN 177.000,- ex. mva. 2,5 m

DOLMAR PS-420 Motorsag

MASCHIO VELOCE 300 Skålharv • Spiral rull som standard • Sidedeflektorer • SKF lagrer • Slitesterke skåler

Introduksjonspris!

KUN 149.000,- ex. mva

• 14/35 cm sverd 42,4 cc motor med 2,2 kW effekt. Vekt 4,9 kg • Kompakt maskin med mange av de gode teknikkene vi ser i profesjonelle sager • Easy Start • Touch & Stop bryter – alle funksjoner i en og samme bryter • Oppfyller strenge utslippskrav • Lett og holdbar ramme støpt i magnesium • Bytte av luftfiltere, rengjøring og vinterinnstilling av forgasseren gjøres meget enkelt uten bruk av verktøy

MAKITA DDF484TE3B Batteridrill • Børsteløs motor, 2 gir 54/30 nm • Leveres i koffert med 3 x 18 V 5,0 Ah batterier, hurtiglader, håndtak til skibørster, 100 mm hestehårs børste, 100 mm nylonbørste og skrape • Skibørstesettet er av høy kvalitet og brukes av profesjonelle alpinkjørere og langrennsløpere • Både Makita og leverandøren av børstene er leverandører til Norges Skiforbund

Veil. 5040,- ex. mva

Veil. 6530,- ex. mva

NÅ KUN 2 990,- ex. mva.

NÅ KUN 3 199,- ex. mva


2020 TORSDAG 30. APRIL

23

FARMTRAC FT 22 / FT 26 • Mitsubishi motor 3 syl Steg V • 540/540e kraftuttak • 22 / 26 hk • Manuell / Hydrostatisk gir • Løftekapasitet 750 KG • Servostyring • 1 dobbeltvirkende uttak • 2x15 kg Kontravekt • Veibelysning

FRA KUN 99.000,- ex mva

Kun 99.000,- ex. mva

K! ELEKTRIS

FARMTRAC FT 25 G • Elektrisk! • 18,5 Kw • 3 gruppegir • 540/540e kraftuttak • Løftekapasitet 500kg • Servostyring • 1 dobbeltvirkende uttak • 2x15 kg Kontravekt • Veibelysning

MAKITA PLM5121N2 Bio gressklipper • egnet for arealer på opp til 2200m² • Klippebredde 51cm • 5 ulike justeringer for klippehøyde fra 20-75mm • 163 cm³ motor • Store solide hjul og kulelager • Sterk stålramme og justerbare håndtak.

FRA KUN 249.000,- ex mva

KUN 4799,- ex mva

MASCHIO VULCANO 800L Kunstgjødselspreder • Spredeskive i rustfritt stål • Regulerbar spredevingel • 18 meter spredebredde

KUN 21.500,- ex mva

MASCHIO LAMPO 1500 L Kunstgjødselspreder • 2 spredeskiver i rustfritt stål • Sollerist • Hydraulisk åpning stenging • 24 meter spredebredde

KUN: 54.000,- ex mva

MASCHIO BARBI 180 • 180 cm bredde • Mekanisk sideforskyvning • Elektronisk avbalansert rotor • Gearkasse med friløp • Pakkevalse • Fås i smalere bredder

KUN 34.400,- ex mva

MASCHIO BRAVA 250 • 250 cm bredde • Stor rotor med kraftige hammere • Opptil 6-8 cm kvist • Elektronisk avbalansert rotor • Gearkasse med friløp • Pakkevalse • Fås i smalere bredder

KUN 49.900,- ex mva

Aase Landbruk AS Haukelivegen 357 (Liaheia), 5574 Skjold

Tlf. 480 18 765 epost: olav.veggeberg@aase-landbruk.as www.aase-landbruk.as


24

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

Først i landet med produksjon Som dei første i Noreg har ekteparet Magnus Haugland og Astrid Ellefsen valt å satsa på produksjon av hjartenøtter i stor skala. Dei håpar marknaden vil ta godt i mot dei næringsrike nøttene når dei er klar til å bli hausta om nokre år. IRENE MÆLAND HARALDSEN

I bratthenget på garden Hetland i Ølensvåg står 100 nyplanta hjartenøttetre og strekkjer seg mot sollyset. Dei utgjer første runde i treplantingsprosjektet til gardbrukarparet som når alt er ferdigplanta vil ha 250 planter på eit 35 dekar stort areal. Aldri tidlegare har nokon her til lands forsøkt seg på eit liknande prosjekt, og spenninga er stor om dei vil lukkast. — I Noreg og Europa er me aleine om ein så stor produksjon. Me reknar Det skal med å få avling bli spanande etter 6 til 8 år å sjå ASTRID ELLEFSEN, om me HJARTENØTTE-DYRKAR får det til, seier Magnus Haugland (41) og Astrid Ellefsen (39). Dei har tråla heile Europa på leit etter planter dei siste to åra. Nå er dei første kome i jorda. — Trea me har planta kjem frå Danmark og resten får me frå Tyskland. Eigentleg skulle me berre ha 100 tre, men då det viste seg å vanskeleg å få tak i tre, bestilte me fleire. Det enda med 250 planter, seier dei.

Inngjerda Hjartenøttetrea kan bli opp til 15 meter høge og like vide, og det krevst god avstand mellom trea for at dei skal få utvikla seg. Alle trea på garden i Ølensvåg er planta med 12 til 15 meters mellomrom og er godt fundamentert i jorda. Rundt stamma er det lagt eit lag med bark og kvart einaste av dei er beskytta av eit nettinggjerde for å hindra at hjort og sauer forsyner seg av dei nye skota. — Det har vore mykje arbeid å planta, men me har fått god hjelp av mine foreldre, seier Haugland som fekk trea til gards like før sauene på garden var fødeklare. — Me måtte få trea ned før lemminga tok til for fullt, seier bonde og landbruksrådgjevar Haugland som overtok drift av heimegarden i Vindfinnvegen for ti år sidan. I tillegg til sauedrift driv kona på garden Vindfinn hundetrening med trening og kursverksemd.

Nye prosjekt Ideen til hjartenøtte-prosjektet fekk Haugland etter ein diskusjon knytt til ein EAT-konferanse, og med ei gryande interesse etter å

Pionerar. Magnus Haugland og Astrid Ellefsen håpar dei nyplanta hjartenøttetrea vil trivast på garden i Ølensvåg.

arbeidskrevjande. Me kan bruka maskiner til innhausting, seier dei og håpar det finst gode ristemaskinar å få kjøpt når trea startar å bera frukt etter 6 til 8 år. Andre alternativ var dyrking av valnøtter eller hasselnøtter, men valnøtt-tre trivst ikkje i fuktig klima og hasselnøtter er det lite å tena på.

Støtte

prøva nye ting var det første hjartenøtte-frøet sådd. — Det er artig å prøva noko nytt. Me har snakka om å produsera andre ting enn kjøt på garden og var interessert i å finna andre plantebaserte produksjonar enn frukt, fortel ekteparet som først

var inne på tanken om å dyrka blåbær. Blåbær må plukkast for hand og er arbeidskrevjande å hausta. Hjartenøttene kan ein rista ned frå treet på same måte som ved hausting av oliven. — Hjartenøtter er mindre

Total investering for innkjøp av tre ligg på rundt 250.000 kroner, og det meste av investeringa håpar dei å få dekka av statlege midlar gjennom innovasjonsstøtte. — Me har søkt Innovasjon Norge og Norges Forskingsråd for å testa ut ulike sorter hjartenøtter. Me har planta tre hovudsortar i tillegg til to andre, og me skal vera forsøksfelt her i landet. Forskingsmidlane me får, betaler

me vidare til Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi, som skal forska på pollinering, dyrkingsrettleiing og anna, fortel Haugland. Han har vore opptatt av å skaffa midlar for å redusera risikoen i tilfelle det viser seg at hjartenøtter vil vera vanskeleg å dyrka her på Vestlandet. — Me er mest spent på fuktigheit. Trea er planta i tidlegare beitemark og gamal granskog, og her er godt drenert morenejord, men me er spente på vêret når nøttene skal haustast. Dei bør haustast i løpet av to vekers tid etter at dei er modne, og då bør det vera fint vêr, seier han.

Allsidig bruk Hjartenøtt-tre kjem opphavleg frå Japan, og blei på byrjinga av 1900-talet importert til USA og Canada, der det meste av


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

25

n av HJARTENØTTER

FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN

hjartenøttene på verdsmarknaden i dag kjem frå. Dette er ein slektning av valnøtt. Hjartenøtter er meir haldbare enn valnøtter og kan lagrast over lengre tid. Treet veks fort og ber frukt etter 4 år, men ein må rekna med full avling først etter 15 år. — Me reknar med å få avling etter 6 til 8 år, seier Ellefsen og er på jakt etter kjøparar når nøttene er klar for sal om nokre år. Hjartenøtter har fått sitt namn etter hjarteforma og er litt mindre enn valnøtter. Skalet er lett å knekka når nøttene er tørka, og dei kan brukast i matrettar, bakverk eller kokast til sirup. — Me må laga ein marknad, og kanskje alliera oss med kokkar for å få selt dei inn, seier Ellefsen og håpar på stor produksjon og godt sal. — Det blir spennande og kjempeartig om dette går, seier ho.

Eit friskt skot på eit nyplanta hjartenøttetre.

Trea på garden til Magnus Haugland og Astrid Ellefsen var to år gamle og rundt ein meter høge då dei blei kjøpt inn og sett i jorda.

250 tre skal plantast på eit 35 dekar stort område på garden.


26

Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

• Tomtegraving • Boring og sprenging • Vei- og parkeringsplasser • Feltutbygging for hus og hytter • Drenering, dyrking

Tlf. 952 29 320 T. Sandsgård Anlegg AS

Apalvik

5584 Bjoa

FÅ DET I ORDEN! Har du sjekka at reidskapen er klar for våren? Kanskje på tide å byte ut eller vedlikehalde noko av utstyret? Kontakt oss i Velde Maskin og få eit godt tilbod før sesongen startar. 5590 Etne Tlf. 975 95 031 • 53 75 62 51

Velkomen til oss i våre nye lokaler! Me forhandlar:

• Naturstein i ulike størrelser til muring i gardstun og hager. • Grov stein til muring i vatn og sjø.

Saudavegen 7478, 5576 Øvre Vats • Tlf.: 52 76 59 11 - post@veldemaskin.no Velde Maskin AS Øygardsvegen 8, 5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 59 11 www.veldemaskin.no

Tveit heiar på bonden Mange yrkesgrupper gjer ein framifrå, og veldig viktig innsats for landet vårt nå i desse vanskelege tider. Bøndene er ei av desse gruppene, ei gruppe som gjerne blir sett på som ein del av grunnmuren i samfunnet. Og som på vår eigen bustad er grunnmuren kanskje ikkje det ein legg mest merke til – ofte ikkje den som er mest påkosta eller framheva.

Men utan grunnmur står resten av huset ustøtt. Slik er det gjerne òg med landbruket sin plass i samfunnet. Mat er ein av dei grunnleggjande innsatsfaktorane me menneske må ha, utan dette stoppar alt. Det har ein sett dei siste dagane, samfunnet er tilbake til basistankegangen, òg i ei krise viser dette si framtoning gjennom at me hamstrar mat (og dopapir…).

Matvaretryggleik gjennom det å vera leveringsdyktig, og kunne levere trygg mat blir viktig. Krisetider avdekkar behovet for å ha ein god strategi på innanlands matproduksjon – det å kunne halda eiga befolkning med mat. Trenden dei siste tiåra har gjerne vore at ein ser samfunnet som meir globalt – og at matforsyninga vår kan vera ein del av dette. Den situasjonen me er inne i no viser i alle fall at eigen grunnmur er viktig… Tveit er på mange måtar lik storsamfunnet, bøndene inngår som ein del av grunnmuren vår – ein viktig kunde for Tveit. Me heiar på alle dykk som går i fjos, og hoppar oppi traktor 365 dagar i året – søndag som måndag, for å gi oss trygg og god mat. De er utruleg viktige for samfunnet, og for oss i Tveit.

Så ein klapp både til sjukepleiarar og bønder frå oss i desse dagar!

www.tveit.no


Landbruk

2020 TORSDAG 30. APRIL

27

Ferdigbetong

Ølensvåg, Gismarvik, Suldal, Odda og Stord Transport og pumping Du ringer - vi bringer.

Bestilling Tlf. 4888 9900 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no

Din elektriker fra A-Å

EL-kontroll

Gårdsalarm Service Elkontroll

Ecoalf lagar mote av søppel frå havet. Sjå www.ecoalf.com

Upcycling the Oceans SNEAKER BORA BASIC

Navy, herre

kr. 1.199,-

SNEAKER BORA BASIC Beige, dame

kr. 1.199,-

SNEAKER BORA BASIC Grøn, dame

kr. 1.199,Av og til er det best å la fagfolk ta utfordringen. En elkontroll fra Helgevold gir deg en sikkerhet mot driftstans, uforutsette kostnader og billigere forsikring. Fremfor alt, det ivaretar sikkerheten til dyr og anlegg. Kontakt oss i dag for elkontroll på ditt anlegg!

SNEAKER ELIOT KNITTING Kvit, dame

kr. 1.099,-

52 76 60 00

www.helgevold.com

Etne • tlf 53 75 60 44 www.eurosko.com

Baardsen


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.