Skriving C nynorsk

Page 1

Skriving pågår C hjelper deg til å bli flinkare til å uttrykkje deg skriftleg. Boka består av tekstar og oppgåver fordelt på fem måtar å skrive på: å skrive for å beskrive å skrive for å informere å skrive for å argumentere å skrive for å fortelje å skrive for å reflektere

EM PL AR

• • • • •

Når du arbeider med desse skrivemåtane, arbeider du med skriving som grunnleggjande dugleik. Kan du skrivemåtane godt, har du eit solid utgangspunkt for å skrive i alle fag.

VU

R

D

ER

SE

IN

G

Trine Gedde-Dahl Anne Kristine Øgreid

KS

Boka inngår i serien Skriving pågår som dekkjer 5.–7. trinnet.

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no 9 788249 217656

Skriving pågår C – Nynorsk ISBN 978-82-492-1765-6

GAN Aschehoug


Til deg

EM PL AR

som skal bruke boka Målet med Skriving pågår er at du skal bli flinkare til å skrive alle slags moglege tekstar som finst rundt omkring. Skriving er ei grunnleggande ferdigheit, det betyr at du må skrive i alle fag, både for å lære og for å vise kva du har lært. Tekstane du skal arbeide med i denne boka, er delte inn i fem ulike måtar å skrive på: å skrive for å beskrive å skrive for å informere å skrive for å argumentere å skrive for å fortelje å skrive for å reflektere

KS

• • • • •

Dette er måtar å skrive på som går igjen i alle fag.

G

SE

Venstre side i boka: eksempeltekst Når du slår opp i boka, vil du sjå at på venstre side er det ein ferdig tekst, medan på høgre side er det oppgåver. Teksten skal anten gi deg idear til noko du kan skrive om, eller han skal vere ein modell som du kan sjå på og etterlikne når du skal skrive sjølv.

ER

IN

Høgre side i boka: oppgåver Når du skriv, må du førebu deg både på kva teksten skal handle om, og kva slags type tekst du skal skrive. Skal det vere ein faktatekst, eit lesarinnlegg, ein teikneserie eller ei bruksrettleiing? Denne boka er laga slik at ho skal hjelpe deg med desse førebuingane gjennom nokre oppgåver.

VU

R

D

• Studer teksten: I denne oppgåveruta finn du oppgåver som hjelper deg å lese teksten på venstre side. • Snakk saman: Her arbeider du saman med medelevar. De skal svare på spørsmåla ved å diskutere dei og finne svar på dei saman. • Skriv sjølv: Her finn du skriveoppgåva. I svaret på skriveoppgåvene får du bruk for både dei ideane du fekk gjennom å studere teksten, og ideane du fekk ved å snakke med medelevar. Oppgåvene leier deg gjennom skrivinga av teksten. Når du er ferdig med oppgåvene, er teksten ferdig. • Vurder teksten: Gjennom å svare på desse spørsmåla får du hjelp til å vurdere din eigen tekst. • Mål: Dette er eit fast punkt på høgresida. Her står det heilt kort kva som er målet med skriveoppgåva. Les det før du begynner med arbeidet. På nokre av sidene finn du også ei rute med ulike overskrifter. Dette er ei faktarute der nye og litt vanskelege ting er forklart. Det er alltid lurt å lese faktaruta, og nokre gonger vil du få beskjed om å studere det som står der. Lykke til med skrivearbeidet!


Innhald Beskrive Dikt om dyr...............................................................................................................4

EM PL AR

Historisk blikk på skulen......................................................................................6 Nyord..........................................................................................................................8 Gamle arabiske skrifter fortel om skitne vikingar.....................................11 Informere

Invitasjon til meisterskap i sandvolleyball..................................................14 Slik får du ein vårfin sykkel................................................................................16

KS

Nesten alt du lurer på om isfjell......................................................................18

SE

Her blir søppel til mat.........................................................................................20 Argumentere

Skuleuniform ........................................................................................................22

G

Framandspråk i skulen........................................................................................24

IN

Ordskifte om språk .. ............................................................................................26

ER

Barnas bok om småkryp....................................................................................28

VU

R

D

Fortelje Å innleie ei forteljing ..........................................................................................30 Snø og sjukehus ...................................................................................................32

To episke dikt.........................................................................................................34 Tusen speglar ........................................................................................................36 Reflektere Overlegen venninne...........................................................................................38 Hamster....................................................................................................................40 Viss eg fekk bestemme.......................................................................................42 Livet – kor farleg er det eigentleg?................................................................44 Bruk av modelltekstar ........................................................................................46


EM PL AR KS

IN

G

SE

�ik� av Henrik Wergeland

VU

R

D

ER

om dyr

4 • Beskrive

Huggormen

Edderkoppen

Med ildrødt øye, tungen kløvet huggormen frem av klippens rift seg sniker raslende i løvet. Vokt deg! Dens tann er full av gift.

Med åtte øyne hvasse, to vidt oppspente klør, mon edderkoppen passe sin vev, det silkeslør.

Med skjell er hele kroppen dekket, så blank og glatt som stål polert. Et bånd, av sorte spetter flekket, går ifra hode og til stjert.

De fine tråder spinner den ut av eget skjød. Den arme flue finner deri sin bitre død.


Skriv sjølv

1 Kva for trekk og eigenskapar ved dyret har du forstørra i diktet ditt? 2 Kva vil du at lesaren skal oppleve med diktet ditt?

Å forstørre

VU

R

D

ER

Å forstørre vil seie å framheve noko eller velje ut noko og leggje vekt på det framfor noko anna. Når vi forstørrar noko i ein tekst eller eit bilete, gjer vi det for å leie lesaren mot ei spesiell kjensle eller stemning. Vi kan for eksempel • forstørre noko skummelt for å gjere lesaren redd • forstørre noko komisk for å få lesaren til å le • forstørre noko tragisk for å få lesaren til å bli trist • forstørre noko urettferdig eller gale for å få lesaren til å bli sint • forstørre nokre detaljar for at lesaren skal hugse og lære

IN

G

Du skal skrive eit dikt om eit dyr. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel eit dyr som du vil skrive om. 2 Kva vil du at lesaren skal oppleve med diktet ditt? Les faktaruta for å få tips. 3 Bestem deg for to trekk ved utsjånaden og éin eigenskap ved dyret som du vil forstørre. 4 Skriv diktet. Du bestemmer sjølv om du vil bruke rim eller ikkje.

Vurder teksten

SE

KS

EM PL AR

1 Kvifor trur de at trekka og eigenskapane ved dyra, som de fann i oppgåvene under «Studer teksten», er forstørra? 2 Diskuter kva for ei av desse fem overskriftene som passar best som ei felles overskrift for begge dikta: • Ta ein tur i skogen – der kan du oppleve mykje spennande! • Pass deg for desse to dyra! • Ja til å ta vare på utryddingstrua dyreartar! • Bygg vegar i skogen, så folk slepp å bli utsette for farlege villdyr! • Kjenneteikn ved hoggormar og edderkoppar 3 Lag dykkar eiga overskrift.

Studer teksten

1 Les faktaruta. Kva trekk ved utsjånaden til dyra er det diktaren forstørrar gjennom skildringane i dikta? Lag ei teikning til kvart av dikta der du forstørrar dei same trekka ved dyra. 2 Kva for eigenskap ved kvart av dyra er det som blir forstørra i kvart av dikta?

Snakk saman

Mål Å beskrive eit dyr i eit dikt

5


EM PL AR

Historisk blikk på skulen

Christi Krybbe skule i Bergen er den eldste barneskulen i Noreg som var open for alle. Skulen er frå 1739.

SE

KS

plass, og så kom alle barna i området dit. Ein fattig bondegut fekk derfor mykje mindre – og dårlegare – undervisning enn sonen til ein handelsmann i byen.

G

Skulen oppdreg barna I 1889 blei skulen obligatorisk fordi det kom ei eiga folkeskulelov. Det betydde at alle barn måtte gå på skule. Men skulen skulle ikkje berre lære barna fag, han skulle også oppdra dei slik at dei utvikla seg til å bli gode samfunnsborgarar. Da måtte barna vere sunne og friske, og det var ikkje uvanleg at læraren hadde ein neglebørste i kateteret, som blei teken i bruk dersom elevane kom fram til tavla med skitne fingrar. Fleire skular hadde også suppekjøkken, slik at dei som ikkje fekk nok mat heime, skulle bli mette. Men mange av barna var redde for lærarane sine. Og dersom dei skulle vere så uheldige å svare feil på eit spørsmål, kunne dei risikere å bli slått.

IN

I 1889 blei barneskulen obligatorisk i Noreg, men skulekvardagen såg heilt annleis ut enn han gjer i dag. Elevane gjekk i åtskilde guteog jenteklassar. Dei kunne bli fysisk straffa dersom dei gjorde noko gale eller ikkje klarte å lære stoffet skikkeleg.

VU

R

D

ER

den første skulen for alle Ikkje før på 1700-talet blei det vanleg for barn å gå på skule i Noreg. Den dansk-norske kongen Kristian 6. innførte allmenn skulegang i Danmark-Noreg i 1739. Den viktigaste endringa var at alle barn skulle lære seg å lese. Før var det presten som lærte barna dei ti boda og Fader vår. No var det læraren som skulle stå for undervisninga. Det var ein puggeskule. Ofte sa læraren setninga først, og så gjentok barna orda lydrett heilt til dei kunne setninga utanåt. Og dei hadde berre to fag på den tida: kristendom og lesing. På landet, der det ikkje fanst skular, reiste lærarane frå bygd til bygd og underviste ein kort periode på kvar stad. Undervisninga gjekk føre seg heime hos dei som hadde

6 • BeSkRIVe

Guteskule og jenteskule Det er litt vanskeleg å førestille seg korleis skulen var for over 100 år sidan. Den største forskjellen frå i dag er nok at gutar gjekk på guteskular og jenter på

jenteskular. Og sjølv om det kom blanda skular utover på 1900-talet, gjekk elevane framleis i reine gute- og jenteklassar. I friminutta leika dei heller ikkje noko særleg med kvarandre, men heldt seg til kvar sin del av skulegarden. Eit mål med skulen var å førebu gutar og jenter til livet etter skulen. Jentene hadde heimkunnskap og handarbeid på timeplanen, sidan det var kvinnene som hadde som jobb å sy og lage mat. Gutane fekk undervisning i sløyd, fordi mange menn jobba som handverkarar eller trong grunnleggjande kunnskap i handverk på garden heime. Skulen før og no Dersom vi samanliknar skulen før i tida med slik han er i dag, kan vi i alle fall seie at tre ting er forandra. For det første bruker barn mykje meir tid på skulen enn dei gjorde før. For det andre får elevane undervisning i mange fag, ikkje berre lesing og kristendomskunnskap. Og for det tredje er det ikkje noko skilje mellom utdanninga for jenter og gutar lenger. Frida Sebina Skatvik, frilansjournalist


EM PL AR

1 Samarbeid om å lage to andre måtar å innleie og éin annan måte å avslutte fagteksten «Historisk blikk på skulen» på. Hent idear frå faktaruta.

Studer teksten

VU

R

D

Ulike måtar å innleie ein fagtekst på: 1 stille eit spørsmål som du svarer på i teksten 2 fortelje kort om det viktigaste som teksten skal handle om 3 sitere nokon som har sagt noko om dette emnet 4 forklare eit viktig ord eller omgrep som teksten skal handle om

Vurder teksten

1 Kva måte å innleie og avslutte fagteksten på valde du? 2 Forklar kvifor du valde denne innleiinga og avslutninga.

ER

Å innleie og avslutte ein fagtekst

IN

G

SE

KS

Du skal skrive ein kort fagtekst på maks éi side. Etterpå skal du prøve ut ulike måtar å innleie og avslutte fagteksten på. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ein kort fagtekst om eit emne som interesserer deg, eller bruk ein tekst du har skrive tidlegare. 2 Vel to måtar å innleie fagteksten på. Skriv dei to innleiingane. 3 Vel to måtar å avslutte fagteksten på. Skriv dei to avslutningane. 4 Vel den innleiinga og den avslutninga du liker best, og skriv dei inn i fagteksten din.

Snakk saman

1 Les teksten «Historisk blikk på skulen» og faktaruta om ulike måtar å innleie og avslutte ein fagtekst på. Kva forklaring passar på innleiinga og avslutninga av denne teksten?

Skriv sjølv

Mål Å innleie og avslutte ein fagtekst

Ulike måtar å avslutte ein fagtekst på: 1 svare på eit spørsmål som du har stilt i innleiinga 2 oppsummere det viktigaste i teksten 7


Nyo EM PL AR

NYORD

KS

Reinfast Reinfast på Hardangervidda. Reinsdyrflokken som stenger Rv 7 over Hardangervidda, har ennå ikke flyttet seg. […] – Det er ekstremt stille i området uten alle bilene, sier Hildegunn Hatland. Hun er født og oppvokst i Granvin, og kan ikke huske at veien noensinne har vært stengt på grunn av rein. […] – Det er første gang vi er reinfast her.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Bergens Tidende 13.3.2014

8 • BeSkRIVe

Skrekkdekk Stanset norsk lastebil med skrekkdekk. – Det verste vi har sett, sier Vegvesenet. 1400 tunge kjøretøyer har fått kjøreforbud i vinter. […] Dagens virkemidler er ikke nok til å fjerne risikobilene fra glatte norske veier. Aftenposten 24.2.2014

Instahets På formiddagen utspilte det seg kaotiske scener utenfor Plusgymnasiet i Gøteborg, med ungdommer som kastet stein, murstein og flasker etter politiet. […] Instahets: Grunnen til opptøyene er at det mandag ble opprettet en Instagram-konto hvor en elev la ut krenkende kommentarer og bilder stjålet fra blant annet Facebook og Twitter. Dagbladet.no 21.12.2012


NYORD

SE

KS

Naking startet som en aprilspøk og har endt opp som den store fjelltrenden i 2012. Et godt naking-bilde er selve opplevelsen, bildet i seg selv er bare en måte å dele opplevelsen med andre på. Når det er sagt, så kombinerer et godt naking-bilde flott utsikt med noen som kaster klærne. Engasjement er også viktig. Bildet bør få fram #denfølelsen. Frihet og det å nå toppen er det naking «is all about». Jeg mener at hele konseptet med naking er harmløst og bare en utrolig flott måte å bidra til å gjøre friluftsliv spennende på.

EM PL AR

ord G

UT #2 – 2012, http://dntung.no/utmagasin_0312/naking.php

D

Avisa Nordland 19.1.2013

ER

IN

Brunostbrann Tunnel stengt etter brunostbrann. […] Det var torsdag kveld at føreren av et vogntog på tur sørover oppdaget brann i hengeren sin på tur gjennom Brattlitunnelen på riksvei 827 litt nord for Kjøpsvik. Hengeren var lastet med 27 tonn brunost.

VU

R

Blikking Ungdom i Oslo sier de fleste konflikter starter med stygge blikk, såkalt «blikking». Psykologer mener det er feil å tolke blikk som mobbing. […] [På] Aftenpostens Facebook-side mener flere at det er de som tolker «blikkingen», som er ute etter bråk. […] Psykolog Jan Christophersen er enig: – Jeg tror «blikking» ofte kan være en unnskyldning for å lage bråk. Folk som er ute etter å lage trøbbel og kvalm, tolker et blikk som noe negativt. Aftenposten Aften 2.3.2011

9


Skriv sjølv

1 Kva for eit av orda dine likte du best? Grunngi svaret. 2 Kva for eit av orda meiner du burde bli ein del av det norske språket?

VU

R

D

ER

Du skal lage tre nye ord. Følg denne framgangsmåten: 1 Lag tre nye ord. 2 Forklar kva kvart av orda betyr. 3 Forklar korleis kvart av orda er laga. 4 Skriv éi eller fleire setningar der du bruker orda.

Vurder teksten

IN

G

SE

KS

1 Del med kvarandre forklaringane de har skrive i oppgåve 2 under «Studer teksten». Er det nokon av orda de er ueinige om kva betyr? 2 Snakk saman om korleis nyorda er laga, ut frå det de har skrive i oppgåve 3 under «Studer teksten». Er det nokon ord de er ueinige om korleis er laga? 3 Kva trur de skal til for at eit nyord blir teke i bruk i språket? 4 Diskuter desse spørsmåla: a) Kva ord på sida har de høyrt før? Veit de om dei framleis er i bruk? b) Kva ord trur de kjem til å bli brukte i det norske språket, og kva ord trur de ikkje vil bli brukte? c) Kva ord likte de best? d) Kva ord kunne de tenkje dykk å bruke sjølve?

Studer teksten

Sjå på nyorda på side 8 og 9: a) Kjenner du nokon av orda, eller har du høyrt dei i bruk? b) Liknar nokon av orda på ord du kan frå før? Tekstane der orda er brukte eller omtalt, er henta frå aviser, blader og nettstader. Les sitata og forklar kva orda betyr. 3 Les faktaruta. Finn ut korleis nyorda i eksempeltekstane er laga.

Snakk saman

1 2

EM PL AR

Mål Å lage og beskrive nye ord i språket

To måtar å lage ord på:

• setje på ei ending på eit verb eller adjektiv: -ing, -nad, -leik (kjær + leik = kjærleik) • setje saman to eller fleire substantiv (te + kopp = tekopp)

10 • Beskrive


KS

Studer teksten

VU

R

D

1 Kor lang er oppsummeringa di? 2 Kva for viktig innhald har du med?

Vurder teksten

ER

IN

G

SE

Skriv ei oppsummering av innhaldet i teksten på maks sju setningar. Følg denne framgangsmåten: 1 Oppsummer alle avsnitta i teksten på same måte som du gjorde i oppgåve 4 under «Studer teksten». 2 Set oppsummeringane saman til ein tekst. 3 Lag ei overskrift som beskriv det teksten handlar om.

Snakk saman

1 Kva nytt lærte de om vikingane? 2 Forklar for kvarandre dei orda som er streka under i teksten. 3 Les oppsummeringane som de laga i oppgåve 4 under «Studer teksten», for kvarandre.

Skriv sjølv

1 Skriv ned det du veit om vikingar, i ei stikkordsliste. 2 Les teksten «Gamle arabiske skrifter fortel om skitne vikingar» på side 12 og 13. Sjå på orda som er streka under i teksten. Dersom du ikkje veit kva dei betyr, skriv du det du trur dei betyr. 3 Finn dei stadene som er nemnde i teksten, på kartet side 13. 4 Vel eitt av avsnitta i teksten, og oppsummer den viktigaste informasjonen i ei setning på maks 15 ord.

EM PL AR

Mål Å referere det viktigaste innhaldet i ein fagtekst

Teksten til desse oppgåvene finn du på dei to neste sidene.

11


FORTEL OM SKITNE VIKINGAR

KS

SE

IN

ER

D

R

VU

Tilpassingsdyktige skandinavar Frå midten av 800-talet og fram til omtrent år 1000 opplevde Noreg og Skandinavia ein slags reiselivsboom. Vikingane reiste ut i den store verda for å utforske, drive handel og krige. Her i Noreg kjenner vi

12 • BeSkRIVe

pene, skitne og gærne Eg har aldri sett ein meir perfekt fysikk enn deira – dei er som palmetre, lyse og raudleitte og går verken med tunika eller kaftan. Dette skriv ibn Fadlan, som også skriv om gravferdsritualet til vikingane. For ein muslimsk akademikar må det ha verka svært framand. Om det er ein rik mann, deler dei formuen hans i tre delar, ein tredjedel gir dei til hushaldet hans, ein tredjedel blir brukt til å lage tøy rikmannen kan gravleggjast i, og ein tredjedel bruker dei til å lage alkohol som dei drikk den dagen den døde skal brennast saman med slavejenta si.

EM PL AR

kanskje mest til herjingane i Vest-Europa. Men det kan ha vore nesten like vanleg å rette nesa austover – innover langs dei store europeiske elvene. Det er nemleg funne mange fleire skandinaviske gjenstandar i AustEuropa enn i vest, og i eit mykje større geografisk område. Reisene mot aust var ikkje mindre imponerande når det gjeld avstandar. Vikingane kunne reise langs dei europeiske elvene heilt til Kaspihavet, deretter dra over havet i båt, og så vidare til Bagdad på kamelar. Det er ein avstand på over 5000 kilometer. Ein hovudforskjell mellom skandinavane som reiste austover, og dei som reiste vestover, var at dei som reiste til dei austlege områda, underordna seg dei samfunna dei kom til, i langt større grad.

G

Vikingane var vakre, men skitne og barbariske, meinte arabarar som har skildra møte med skandinavar som reiste austover. Dei er dei skitnaste av alle Allah sine skapningar: Dei reinsar seg ikkje etter avføring eller urinering, dei vaskar seg ikkje når dei er ureine etter samleie, og dei vaskar ikkje eingong hendene etter maten. Dette skreiv den arabiske forfattaren Ahmad ibn Fadlan etter møtet med tilreisande nordbuar for omtrent 1000 år sidan. Ein islandsk historikar har studert korleis dei vi kallar vikingar, er omtalte i originale tekstar av arabiske historikarar og geografar. Tekstane beskriv møte mellom arabarar og skandinavar i områda rundt Kaspihavet og elva Volga. Det teiknar seg eit ganske anna bilete enn det vi har av dei skremmande og dominerande vikingane som herja Storbritannia og Frankrike i same tidsperiode.

på besøk i tyrkarstyrt land I nokre hundre år var skandinavar eit fast innslag i dei austlegaste delane av kontinentet vårt. Der opptredde dei både som krigarar, som handelsreisande og som vanlege arbeidarar. Nokre kjelder beskriv for eksempel vikingar som arbeidde som karavanevakter, som leigesoldatar, rett og slett. Arabarane møtte vikingane først og fremst nærmare Kaspihavet, der tyrkarane styrte den gongen.

Samtidige arabiske skildringar At vikingane reiste mot aust, er ikkje noko nytt, men i Noreg er reisene skildra skriftleg først mange år etter at dei tok slutt. Slike tekstar er vanskelege å stole på som historisk kjeldemateriale. Arabiske forfattarar som møtte dei skandinaviske handelsreisande, skreiv derimot ned hendingane samtidig med at dei skjedde. Det gjer dei til ypparlege førstehandskjelder. Tekstutdraga i artikkelen er omsette frå engelsk av forskning.no ved Hanne Østli Jakobsen. Teksten er korta ned og omarbeidd av Trine Gedde-Dahl.


EM PL AR KS SE Austersjøen Volga

VikingAr

D

ER

IN

G

Den polske målaren Henryk Siemiradzki har måla gravferdsritualet til vikingane som reiste austover, etter skildringane til Ahmad ibn Fadlan. Nye analysar viser at tekstane hans og tekstar av andre arabarar er ei ypparleg kjelde til kulturkunnskap om vikingane som reiste austover.

VU

R

TYRKARAR Svartehavet

Kaspihavet

Det bysantinske riket Middelhavet

ARABARAR

Frå manuskripta til mellom andre Ahmad ibn Fadlan har Thorir Jonsson Hraundal henta ut ny kunnskap om korleis vikingane oppførte seg i Austen.

13


Buskerudmeisterskap i sandvolleyball for 10. klassingar

EM PL AR

Lier Stadion, tysdag 17. og onsdag 18. juni Følg oss

Påmeldingsavgift: 200 kr

Påmeldingsfrist: 11. juni

Gratis sandvolleyballskule 10. –11. juni på Lier Stadion!

D

ER

IN

G

SE

KS

på Facebook!

R

Påmelding: liervolley@gmail.com Meir informasjon: www.liervolley.wordpress.com

VU

Turneringa blir spelt med mix-lag med 4 personar på kvart lag (minst 2 jenter på banene til kvar tid. Lov å stille reint jentelag). Eit lag kan ha fritt tal på innbyttarar. Meld gjerne på fleire lag frå same skule! Oppmøte kl 16 kvar dag. Kampene startar kl 17. Det blir kiosksal og premiar til dei tre beste laga. Deltakarar vil få informasjon om volleyball/sandvolleyballlinje på Drammen Toppidrettsgymnas, Akademiet Drammen.

14 • INFORMERE


Gå igjennom svara på oppgåve 1–3 under «Studer teksten». Snakk saman om a) korleis de opplever biletet b) korleis biletet kan verke på dei som blir inviterte c) korleis eit bilete på ein slik invitasjon bør vere. Det er mykje tekst på den blå bakgrunnen. Diskuter desse spørsmåla: a) Er informasjonen vanskeleg eller lett å få med seg? b) Er informasjonen passe lang, eller kunne han vore korta ned? c) Kunne informasjonen vore formidla på ein annan måte? d) Burde informasjonen vore sett opp og formulert annleis dersom han hadde vore retta mot 3.- og 4.-klassingar?

Studer teksten

KS

1 2 3

Snakk saman

1 Kva informerer denne invitasjonen om? 2 Biletet og bakgrunnsfargane gult og blått deler invitasjonen i tre delar. Kva slags informasjon finn du i kvar av dei tre delane? 3 Kvar og korleis kan du finne meir informasjon enn det som står på invitasjonen? 4 Kva slags informasjon gir biletet? 5 Beskriv med tre stikkord korleis du opplever biletet på invitasjonen.

EM PL AR

Mål Å skrive ein invitasjon til ein idrettsaktivitet

SE

Klassen dykkar har ansvar for 3.- og 4. trinn under eit idrettsarrangement på skulen. Vel dykk ein idrettsaktivitet, og lag ein informasjonsplakat for aktiviteten. Bruk invitasjonen til Buskerudmeisterskapen i sandvolleyball som modell. Følg denne framgangsmåten: 1 Finn eit bilete som skal vere bakgrunn. 2 Vel farge på bakgrunnen over og under biletet. 3 Vel ut kva for informasjon som skal stå over og under biletet. 4 Lag plakaten ferdig.

Skriv sjølv

1 Kva er med av nødvendig informasjon? 2 Forstår ein 3.- eller 4.-klassing det som står der? 3 Kva gjer at 3.- og 4.-klassingane får lyst til å delta?

Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

15


Slik får du ein vårfin sykkel Bremsevaier

nav

Rustent gir er ingen god start på ein ny sykkelsesong.

Bremsehandtak

EM PL AR

krank

nav

gir

Pedal

G

SE

KS

Ein skikkeleg vårpuss gjer at sykkelen din varer kjede lenger og blir meir morosam å bruke. Lufttrykk og bremsar er det aller viktigaste. Vask og stell er ikkje berre god økonomi. Sykkelgleda blir så mykje større når alt fungerer som det skal. Og ein velhalden sykkel er ein tryggare sykkel.

1

ER

IN

Det er eigentleg ikkje så mykje som krevst for å få sykkelen i toppform. Litt eigeninnsats ved sesongstart og hyppig bruk av oljekanna er alt som skal til. Regnvatn og søle har nemleg ein stygg tendens til å vaske bort feittet som sykkelen er så avhengig av. Her er nokre gode tips for vårstell av sykkelen:

VU

R

D

Vask Start med ein rundvask med varmt zalovatn og svamp eller klut. Bruk mykje vatn på heile sykkelen. Du kan også spyle med slange, men ver forsiktig så vatnet ikkje trengjer inn i krank og nav. Unngå høgtrykksspyling, som vaskar bort feittet.

2

Gir og bremsar Rust og gammal møkk kan tære hardt på vaierbremsar gjennom eit langt vinteropplag. Klem på bremsehandtaka og sjekk at bremsane tek godt. Dei skal også sleppe raskt når du slepper handtaket. Drypp eller spray olje på dei bevegelege delane og inn i bremsevaierane, slik at dei glir lett. Gjer det same med gira.

16 • INFORMeRe

Hugs å dekkje sykkelen (spesielt hjula) og bakken med gamle aviser før du sprayar, og hald ei fille bak spraypunktet, så du ikkje søler til omgivnadene.

3

dekka På dei fleste sykkeldekk finn du orda «Inflate to» med eit tal etter. Talet fortel kva som kan vere maksimalt lufttrykk i dekket, som regel i pund. Å ha for lite luft i dekka er den vanlegaste feilen folk gjer når dei syklar. Sykkelen rullar best med fullt lufttrykk. Dersom du har bilventilar, kan du sjekke og fylle luft på ein bensinstasjon.

4

kjede og pedalar Kjeda skal reinsast for sand og skitt og smørjast godt. Vintersykling kan etterlate seg ein slipepasta av salt, fukt og forureining. Det krev at drivverket må reingjerast ekstra godt når våren kjem. For å hindre rust og slipeskadar best mogleg bør kjeda, pedalane og alle bevegelege ledd reinsast, oljast og tørkast av. Gjenta prosessen dersom kjeda er ekstra skitten.


1 Informerer plakaten 5.-klassingar om kva dei bør gjere når dei skal setje i stand sykkelen til ein ny sesong? 2 Inneheld teksten ord, setningar og illustrasjonar som ein 5.-klassing kan forstå?

Studer teksten Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Du skal lage ein plakat som informerer elevar på 5. trinn om korleis dei skal gå fram for å setje sykkelen sin i stand for ein ny sesong. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ei innleiing der du forklarer kvifor det er viktig å reinse og pusse sykkelen etter vinteren. 2 Skriv fire avsnitt der du informerer 5.-klassingane om kva dei bør gjere. Bruk dei same overskriftene som i teksten til dei vaksne. 3 Set inn bilete eller teikningar som passar til det du har skrive.

Snakk saman

1 Kva ord er for vanskelege for ein 5.-klassing? Skriv dei ned, og finn ord som er lettare å forstå. 2 Kva for setningar er for vanskelege for ein 5.-klassing? Skriv dei ned, og lag setningar som er lettare å forstå.

Skriv sjølv

1 Informasjonen om korleis du skal setje i stand sykkelen, finst i ulike delar av teksten: i innleiinga, overskriftene, bileta, bilettekstane og brødteksten. a) Finn dei ulike tekstdelane. b) Kva for tekstdel hjelper deg best til å forstå korleis du skal setje i stand sykkelen din? 2 Sykkelinformasjonen er skriven for vaksne. Set strek under dei orda du ikkje forstår.

EM PL AR

Mål Å informere barn om vask og stell av sykkel

17


18

24. – 30. juni 2014

Sånn funkar det Eit enormt isfjell braut seg tidlegare i år laus frå Antarktis. Forskarar fryktar det kan kollidere med skip i Sørishavet, og dei følgjer nøye med på fjellet.

Har du forslag til tema? Tips oss!

EM PL AR

Tema denne veka:

Her kan du lese om alt mellom himmel og jord.

1

KS

Er isfjell farlege?

ARKTISKE ISFJELL:

OVER VATN

90%

UNDER VATN

SE

Eldgamle isbrear sig sakte mot havet. Når isen møter jorda, brekk store delar av og flyt ut i Nord-Atlanteren. Desse isklumpane kallar vi «isfjell» og hendinga kalla vi «kalving», det same ordet som vi brukar om at kyr får kalvar.

10%

IN

G

Fordi is er litt lettare enn flytande vatn, stikk omtrent ti prosent av isfjellet opp over havflaten. Mesteparten av isfjellet ser ein aldri.

KORT LEVETID:

Dei fleste isfjell smeltar og forsvinn etter tre til seks år.

D

Toppen av isfjellet?

R

Uttrykket «dette er berre toppen av isfjellet» blir brukt om eit problem ein berre ser ein liten del av til å byrje med. Det er fordi berre toppen av eit isfjell er synleg på havoverflata.

ANTARKTISKE ISFJELL:

VU

Isfjell blir alltid danna av ferskvann. På den sørlege halvkula stammar isfjella frå Antarktis. Det største antarktiske isfjellet som er observert, var større enn Belgia.

NYHEITER FOR BARN

Isfjell i Antarktis

Dei mest fantastiske fargane kan vise seg i det kalde miljøet på Svalbard. Her er eit nærbilde av eit isfjell.

Dei største isfjella når opptil 60 meter over vassflata og kan bli fleire tusen kvadratkilometer store.

// www.aftenpostenjunior.no

Teksten er omsett frå bokmål.

18 • INFORMERE

FOTO: NTB SCANPIX

Ulike former og storleikar

Isfjell på Svalbard

FOTO: ADVENTURE FOTO

3

ER

2

GRAFIKK: ANDREAS BREKKE

Folk som fer på havet har alltid halde utkikk etter isfjell. I 1912 kolliderte passasjerskipet «Titanic» med eit isfjell, og over 1500 menneske døydde. I dag blir isfjella overvaka med radar og satellittar slik at skipsfarten skal vere så trygg som mogleg.


EM PL AR

Skriv sjølv

1 Kor mange passivkonstruksjonar og kor mange ein har du brukt i teksten din? 2 Kva for personar er utelatne i teksten din når du har brukt passiv og ein?

VU

R

D

ER

Passiv Ofte er formålet med ein tekst å informere lesaren om eit fenomen. Det er altså saka eller handlinga som er det viktigaste, ikkje kven som har utført handlinga. Da utelèt vi den som har utført handlinga. Det kan gjerast på to ulike måtar: 1 Passiv: omskriving med å vere eller å bli. For eksempel: Isfjell blir overvaka med radar. 2 Generelle nemningar for personar: ein/vi. For eksempel: Ein/vi overvakar isfjell med radar.

IN

G

SE

Aktiv Når vi fortel kven som har utført ei handling eller er årsaka til at ei handling skjer, bruker vi aktiv. For eksempel: Forskarar overvakar isfjellet med radar.

Du skal lage ei veggavis om eit tema frå naturen som du vel sjølv. Du skal bruke teksten «Nesten alt du lurer på om isfjell» som mønster. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel eit naturfenomen som du vil skrive om. Nokre tips: vulkan, snøstorm, skypumpe, lyn og tore. 2 Finn informasjon om det temaet du har valt, og lag eit tankekart med ulike opplysningar om naturfenomenet. 3 Når vi informerer om eit naturfenomen, er det fenomenet som er det viktigaste. Vi bruker derfor passivkonstruksjonar eller ein. Bruk det når du skriv teksten din. 4 Lag overskrifter og bilete eller teikningar som passar til det du har skrive. 5 Set teksten saman til ei veggavis.

KS

Å utelate den som handlar

Vurder teksten

1 Diskuter svara på oppgåve 2 under «Studer teksten». 2 Kva for personar er utelatne når teksten bruker passiv og ein?

Studer teksten

1 Kva slags informasjon om isfjell får du i denne teksten? Skriv ned fem punkt som begynner slik: Eg får vite at ... 2 Les faktaruta. Finn eksempel i teksten på: a) Passiv omskriving med å vere eller å bli b) Bruk av ein

Snakk saman

Mål Å bruke aktiv og passiv i ein informasjonstekst

19


ER

Kjem Oslo til gode Kjeldesortering i grøne og blå posar blei innført for alle i Oslo i 2011. I mai og juni 2012 kom dei siste 200 000 husstandane med. Biogassanlegget på Nes i Romerike blei ferdigstilt i 2013. – Vi ser at folk blir stadig flinkare til å sortere mat, det er god kvalitet på det som kjem inn. Dette er avfall som kjem Oslo til gode når vi no ser dei gode resultata, seier Back Vestli.

D

R

VU

Krinsløpsbasert jordbruk På Bogstad økologiske gard spirar og gror det. 100 av 600 dekar er testa ut med den nærproduserte biogjødsla, og dei

20 • INFORMERE

KS

Søppelet som Oslo-folk samlar i dei grøne mat­ avfallsposane, blir no for første gong gjort om til ny mat. I år er biogjødsel frå matavfallet i Oslo klar til bruk, og kommunen er svært nøgd med resultata. I år er første gong vi har køyrt ut biogjødsel. Dette er ein merkedag for heile kommunen. No ser vi endeleg at matavfallet har nådd jorda, seier Christoffer Back Vestli i energigjenvinnings­ etaten. Dei har køyrt ut biogjødsel til 17 mottakarar i Oslo og Akershus.

SE

Matavfall blir biogjødsel på mellom anna Bogstad gard. Kommunen meiner at dette er ein merkedag for krinsløpsbasert jordbruk.

ser allereie gode resultat. Neste år vil dei gjødsle enda større område med matavfall frå Oslo. – Dette er eit krinsløpsbasert jordbruk i vid forstand, seier Inge Kristoffersen, seksjonssjef for øyer og kulturlandskap i Oslo kommune. Han ser ut over grasslettene og havre­ åkeren på Bogstad, som er gjødsla med den nye biogjødsla. – No testar vi ut ulike mengder, og eg synest dette ser lovande ut. Det er ei meining med å sortere avfall, og det ser vi her, seier Kristoffersen.

G

Tekst: Sol Sigurjonsdottir FOTO: PAAL AUDESTAD

IN

OSLOBY

EM PL AR

Her blir søppel til mat

Kjeldesortert matavfall Dette får vi igjen: • Energigjenvinningsetaten produserer 90 000 kubikkmeter flytande biogjødsel kvart år. Det er nok gjødsel til 100 mellomstore gardar. • Biogassanlegget i Nes på Romerike behandlar kjeldesortert matavfall frå innbyggjarane i Oslo. Her blir det produsert biogass til bussane i Oslo og biogjødsel til landbruk.


EM PL AR

Skriv sjølv

1 Kva for måte å informere på i ein samansett tekst har du brukt? 2 Ville det vore mogleg å lese og forstå teksten berre ved hjelp av teikningane? Grunngi svaret.

R

D

ER

IN

G

SE

Du skal lage ein informasjonsplakat der du informerer om korleis matavfallet kjem til nytte og inngår i eit krinsløp. Teikningane er det viktigaste i denne plakaten. Orda skal berre vere til støtte. Følg denne framgangsmåten: 1 Bruk skissa de laga i oppgåve 2 under «Snakk saman», og bestem deg for kor mange ledd det skal vere i krinsløpet. 2 Lag ei teikning til kvart av ledda i krinsløpet. 3 Skriv ei setning til kvar av teikningane, og lim alt opp på ein plakat.

Vurder teksten

KS

1 Snakk saman om svara på oppgåvene under «Studer teksten». 2 Samarbeid om å teikne ei skisse som viser korleis matavfallet inngår i eit krinsløp. 3 Les faktaruta og diskuter korleis teikningane må vere for at dei skal formidle den viktigaste informasjonen.

Studer teksten

1 Kva for to ting blir matavfallet i Oslo brukt til? Svar på spørsmålet med ei teikning. 2 Kva er biogjødsel og biogass? Kvifor heiter det bio-? 3 Kva er eit krinsløp? Svar på spørsmålet med ei teikning. 4 Kva meiner vi med «krinsløpsbasert jordbruk»? 5 Kva slags jorde blir biogjødsla brukt på? Svar på spørsmålet med ei teikning. 6 Kva slags mat blir laga her? Svar på spørsmålet med ei teikning.

Snakk saman

Mål Å informere i ein samansett tekst

VU

Å informere i ein samansett tekst

I ein samansett tekst finst informasjonen både i orda og i teikningane. Ein kan informere i ein samansett tekst på tre ulike måtar: • Teikninga er viktigast for å forstå informasjonen. • Orda er viktigast for å forstå informasjonen. • Teikninga og orda er like viktige for å forstå informasjonen.

21


VU

R

D

Barbra Ring

Fridommen er som lufta. Først når ein ikkje har han, merkar ein kor viktig han er. Matteotti Giacomo

22 • ARGUMENTERE

Klede skaper folk. Ordtak

IN

G

Før jul blei skuleuniform eit hyppig diskutert tema. Det blei teikna skisser og forslag til ulike skuleuniformer. Eg er sterkt imot dette og ønskjer inga skuleuniform. For meg er det viktig å få velje kva eg vil gå med, fordi det er ein del av fridommen vi har her i Noreg. Dersom vi skal begynne å bruke uniform, lurer eg på korleis vi skal klare å vise identiteten vår og skilje oss ut frå kvarandre. Om det skulle vere med kule smykke eller ein spesiell hårsveis. Det å kunne få velje akkurat det eg vil ha på meg, er viktig for meg. Med kleda mine kan eg uttrykkje kven eg er. Somme meiner at ein vil minske klespresset, det trur ikkje eg. Ein vil mest sannsynleg ende opp med å bruke enda meir pengar på jakker, utesko og sminke. Alt dette for å skilje seg ut frå mengda. Skuleuniform er etter mi meining ein dårleg idé. Eg trur det alltid vil vere klespress, og skulle skuleuniforma komme, så boikottar eg henne! lselin Flaaten Lunde (13)

ER

Døm ikkje folk etter kleda, for somme er fattige utanpå og rike inni, og andre er rike utanpå og fattige inni.

SE

KS

EM PL AR

Skuleuniform

Kle deg så kostbart som pungen din kan tole, men utan luksus – rikt, men ikkje glorete, for ofte fortel drakta kven ein er. William Shakespeare

Klede skaper folk – ja, men klede skaper ikkje menneske. Knut Hamsun


Finn hovudsynspunktet til Iselin Flaaten Lunde. Kva argument har ho for synspunktet sitt? Kva grunn gir ho for dette argumentet? Kva for motargument trekkjer ho fram? Les faktaruta. Korleis tilbakeviser Iselin Flaaten Lunde motargumentet?

Skriv sjølv

1 Består teksten din av eitt argument og ei tilbakevising av eit anna argument? 2 Kva for ein av måtane å tilbakevise argument på har du brukt?

Å tilbakevise argument

VU

R

D

ER

Når ein diskuterer, gjer ein to ting: Ein finn eigne argument for synspunktet sitt, og ein prøver å svekkje eller tilbakevise argumenta til andre. Når ein skal tilbakevise argumenta til andre, kan ein seie kvifor eit argument ikkje er godt, ved å • vise at det ikkje er slik den andre seier, at argumentet ikkje held • komme med argument som motseier det den andre har påstått • godta argumentet til den andre, men peike på at andre argument er viktigare

IN

G

Skriv eit lesarinnlegg der du presenterer eit syn på bruk av skuleuniformer. Følg denne framgangsmåten: 1 Bestem deg for om du skal vere for eller imot skuleuniformer. 2 Vel det beste argumentet for synspunktet ditt, og grunngi argumentet. 3 Vel eit motargument og tilbakevis det. Bruk ein av måtane å tilbakevise på som du kan lese om i faktaruta. 4 Vel ein tittel og skriv lesarinnlegget ferdig slik du vil ha det. Lag også ein signatur.

Vurder teksten

SE

KS

EM PL AR

1 Snakk saman om svara på oppgåve 1–5 under «Studer teksten». 2 Les ordtaka på side 22 høgt, og diskuter: a) Kva er fridom? b) Er det å kunne ha på seg kva ein vil på skulen, ein viktig fridom? c) Er det kleda som fortel kven vi er? 3 Iselin Flaaten Lunde går ut frå at det er eit mål for skuleungdom å skilje seg ut frå mengda. Meiner de at det er eit mål å skilje seg ut frå mengda? Diskuter. 4 Kva for fleire argument finst det for og imot innføring av skuleuniform? Diskuter, og noter argumenta.

Studer teksten

1 2 3 4 5

Snakk saman

Mål Å tilbakevise argument i ein debatt

23


Framandspråk i skulen

G

– Når ein går på ungdomsskulen, vel ein noko som er spennande når ein skal reise. Ein tenkjer ikkje på kva ein kan ha bruk for når ein skal begynne å jobbe mange år inn i framtida, seier Eckbo.   Sjølv lærte ho tysk på ungdomsskulen, men tok det ikkje så alvorleg. Det angra ho på da ho kom til Berlin for å jobbe. – Det tok eitt år med ganske hard jobbing å få tysken på plass slik at eg kunne få spennande arbeidsoppgåver, seier Eckbo. Ho seier at ho ser ei større interesse for tysk språk hos folk frå Sør- og Øst-Europa enn ho ser hos nordmenn. – Det har gått fort, og eg ser svært stor forskjell på tyskkunnskapane hos søreuropearar berre dei siste tre åra. Tidlegare var det mange frå desse landa som søkte seg hit. Flinke folk, men dei kunne ikkje tysk, så da kunne vi ikkje tilby dei jobb, fortel Eckbo. No har biletet endra seg.

VU

R

D

ER

IN

Spansk slår tysk ned i støvlane når norsk skuleungdom skal velje framandspråk. Samtidig lærer spanjolane tysk som aldri før. Dei meiner det er der framtida ligg. Finanspolitisk talsmann Jonas Gahr Støre, tidlegare ambassaderåd Sverre Jervell og økonomiprofessor Øyvind Anti Nilsen har alle saman gitt norsk ungdom eitt råd det siste halve året: Vel tysk når du skal velje framandspråk på skulen. Det rådet har norske elevar valt å ignorere. Etter at den raudgrøne regjeringa innførte Kunnskapsløftet i 2006, har nemleg interessa for tysk språk stupt til fordel for spansk.

SE

KS

EM PL AR

– No ser vi at fleire og fleire frå desse landa tek tysk parallelt med studium.

– Tenkjer ferie framfor jobb i framtida Eirill Eckbo jobbar med å hjelpe gründerar å etablere seg i Berlin og i Tyskland elles. Ho er ikkje overraska over at interessa for spansk har gått forbi interessa for tysk i norsk skule. 24 • ARGUMENTERE

– Tysk er eit «must» for maskiningeniørar Draumen er å kunne forlate land med skyhøg arbeidsløyse for å søkje lykka på arbeidsmarknaden i Europas største økonomi – Tyskland. Det stadfestar spanske Ana Asensio Lorente: •M ange arbeidsledige spanjolar ønskjer å ta seg jobb i Tyskland. •M ange av aktørane i spansk industri, spesielt innanfor bilindustrien, er tyske. •M ange leverandørar i Spania har ein stor base av tyske kundar. Sjølv flytta ingeniøren med doktorgrad frå fast jobb i Spania for å søkje lykka i Berlin. Der har ho budd og jobba i tre år. – Eg lærte meg tysk fordi det var ei utfordring. Eg tenkte at det var eit vakkert og svært presist språk. Dessutan er eg maskiningeniør, og da er tysk eit «must», for dei største maskinprodusentane og dei dyktigaste vitskapsfolka på området er tyske, seier Lorente.


Du skal drøfte fordelar og ulemper ved val av eitt av framandspråka i skulen. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel kva framandspråk du vil drøfte. 2 Presenter kort språket i innleiinga, og sei at du skal presentere fordelar og ulemper ved å velje dette språket som framandspråk. 3 Presenter argumenta for og imot val av dette språket som framandspråk. 4 Avslutt teksten din med å seie noko om kor sannsynleg det er at du vil velje dette språket.

Skriv sjølv

1 Har du funne fordelar og ulemper ved val av eitt spesielt framandspråk i skulen? 2 Kva for eit av argumenta dine synest du er best?

Vurder teksten

R

D

ER

I situasjonar der ein har vanskeleg for å bestemme seg, kan ein finne fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Når ein set desse alternativa opp mot kvarandre, drøftar ein.

IN

Drøfting

G

SE

KS

EM PL AR

1 Finn ut mest mogleg om dei to andre vanlegaste framandspråka de kan velje i skulen: spansk og fransk, i tillegg til eit anna språk som det er tilbod om på nokre ungdomsskular, for eksempel finsk, samisk, engelsk fordjuping, kinesisk e.l. Finn ut • kvar språket blir snakka og forstått • i kva samanheng det er mest aktuelt å bruke det i Noreg • kva jobbar ein kan få dersom ein kan språket • om språket liknar på norsk, eller om det er vanskeleg å lære 2 Finn argument som taler for, og argument som taler mot å velje fransk, spansk og det tredje språket de har undersøkt. Noter ned.

Studer teksten

1 Sjå på bileta og bilettekstane, og les overskriftene. Kva trur du denne teksten handlar om? 2 Kva er eit framandspråk? 3 Kva for framandspråk tilbyr ein i norsk skule? 4 Les teksten. Noter ned argumenta i teksten som taler for å velje tysk som framandspråk i skulen.

Snakk saman

Mål Å drøfte fordelar og ulemper ved val av eit framandspråk

VU

Eksempel: Eit argument som taler for å velje tysk som framandspråk, er at det er stort behov for folk som kan tysk, når Noreg skal samarbeide med Tyskland. På den andre sida er ikkje tysk så nyttig dersom ein skal reise på ferie til land i Sør-Europa. Der forstår og snakkar folk stort sett fransk, spansk eller italiensk.

25


10 kommentarar til saka

Ordskifte om språk

Enig!

Bokgut 14.4.2012 at 18:30 Når det gjeld Bokmål vs. Nynorsk så har båe ein plass i det norske samfunnet. Skal noko ut så er det Bokmål sidan det eigentlig bare er ein forenkla versjon av Dansk (Eg har ingenting imot verken Dansk eller bokmål, altså) – Bokgut (12)

VU

R

Ekornnær 8.8.2011 at 13:25 Ja, nynorsk er kjempeviktig! Rett nok hadde vi nok klart oss i Noreg utan begge skriftspråka, men tenk på kor viktig nynorsken er for oss som land! Det er ein viktig del av historia vår, og språket er vel like viktig å ta vare på som andre ting? Nynorsk er heller ikkje så vanskeleg som mange skal ha det til. 26 • ARGUMENTERE

KS

SE

G

MorriMorria 25.2.2012 at 08:40 Eg snakkar bokmål, men nynorsk er fint:-)

Smiley :-) 26.3.2012 at 18:17 Puedes ablar espanol? Det er spansk og betyr «kan du snakke spansk?» Ja, er det noen der som snakker spansk? Eller et annet språk? Det er det sikkert. Men jeg lurte på om det var noen andre her som hadde en far eller mor fra et annet land? Og om dere da kan det språket de snakker der? Faren min er nemlig fra Ecuador, og der snakker de spansk. Jeg kan

Non-Stop 20.10.2012 at 12:29 Hei! Jeg synes at norsk barneblad er et utrolig bra blad! Jeg har lest det siden jeg lærte meg å lese:) Jeg skriver ikke nynorsk, men jeg synes absolutt at vi skal lære det på skolen. I høst begynte jeg på ungdomsskolen, og jeg synes det går veldig bra. Vi får også velge om vi vil lære tysk, spansk eller fransk, og jeg valgte spansk. Her er noen setninger som de som kan spansk sikkert skjønner: Me llamo Kristina. Tengo trece anos. Tengo dos hermanos, un hermano y una hermana. Det skal egentlig være en sånn krøll over n-en i anos, men det er ikke det på tastaturet… Jeg synes det er kjekt på skolen, men jeg liker ikke når vi skal ha framføringer/ presentasjoner foran klassen. Noen som er enige med meg i det?

EM PL AR

Maja 1.2.2012 at 12:29 Jeg kan tenke ut mange argumenter både for og mot. Nynorsk er jo det norskeste, men spør du meg blir det for norsk. Bokmål derimot høres sivilisert ut. Norge er et av to land med to skriftspråk, og jeg mener at landet er altfor lite for noe sånt. Det er uansett bare et tidsspørsmål når nynorsken må vike for bokmålet.

D

Gullhår 25.3.2011 at 20:34

spansk, jeg forstår det veldig godt, men jeg kan ikke snakke det. Ikke så mye i hvertfall. Smiley

ER

SnuseMusa 7.2.2010 at 20:28 Ja, det er dumt.. Syns at det er fint at man lærer litt nynorsk og på skolen. Ellers så skjønner man kanskje ikke noe når noen snakker eller skriver nynorsk. – SnuseMusa

Emma 6.6.2012 at 20:35 Ja det e det Eg snakkar nynorsk

IN

ponta delgada 10.11.2009 at 17:46 det er mange som vil ha ut nynorsken fra skolen, ja, det er til og med laget en kampanje på face, det er ille. tenk hvor kjedelig det hadde vært på skolen uten to skriftspråk… eg skriv ikkje så mykje nynorsk i kvardagen, ikkje veit eg om alt e rett heller men øving gjer meister

Musikaren 8.10.2012 at 15:07 Eg er utruleg einig i det du skriv Bokgut, Nynorsk var her først. Bokmål kjem seinare som ei blanding av dansk og norsk. Ragnhild :-) 22.12.2012 at 11:38 Nynorsk er best! emma 17.6.2012 at 11:07 eg liker at barneblad er på nynorsk . det er jo så mykje anna bokmål i noreg. me har godt av det. eg snakkar nynorsk

Norsk Barneblad er eit tidsskrift på nynorsk for barn og unge. På nettsidene blir det skrive både på bokmål og nynorsk, og av og til på dialekt.


Studer teksten

ER

IN

G

Du skal delta i nettdebatten om bruk av nynorsk og bokmål som skriftspråk. Du skal skrive to innlegg i debatten. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel to av innspela i teksten til venstre som du skal svare på. 2 Skriv eit svar til kvart av innspela. I svara dine kan du gjerne bringe inn nye argument.

Skriv sjølv

SE

KS

1 Snakk saman om svara på oppgåve 2–4 under «Studer teksten». 2 Finn fleire argument som taler for eller mot å lære nynorsk. Noter ned. 3 Vurder om dei argumenta de har funne, er • sanne eller usanne • saklege eller usaklege • passande eller upassande

Snakk saman

1 Kva sak er det som blir diskutert i denne nettdebatten? 2 Skriv opp alle argumenta du finn for bruk av nynorsk som skriftspråk. 3 Skriv opp alle argumenta du finn mot bruk av nynorsk som skriftspråk. 4 Les faktaruta. Er det nokon av innlegga i debatten om nynorsk og bokmål som du meiner er • usanne? • usaklege? • upassande?

EM PL AR

Mål Å argumentere i ein nettdebatt

R

VU

1 Har du svart på to av innlegga? 2 Er svara dine sanne, saklege og passande?

Vurder teksten

D

Å vurdere innlegg

Vi kan vurdere innlegg i ein nettdebatt ut frå om innhaldet er 1 sant eller usant: er faktaopplysningane riktige eller sanne? 2 sakleg eller usakleg: har det som blir skrive, noko med saka å gjere, og er det godt grunngitt? 3 passande eller upassande: er kommentarane høflege, eller er det nokon av kom­men­ tarane som kan såre eller støyte andre?

27


Barnas bok om småkryp – ei god bok om insekt og kryp

EM PL AR

Kor mange sommarfuglar finst det i Noreg? Dersom ein mark blir delt i to, blir det to markar da? Og kan augnestikkarar stikke? Desse og mange andre spørsmål kan du få svar på i boka Barnas bok om småkryp. Dersom du les litt i denne boka, vil du oppdage verda til småkrypa på ein ny måte neste gong du går til skulen, går tur i skogen eller er ute i hagen.

ER

IN

G

Barnas bok om småkryp Vesla Vetlesen Vega Forlag 2014 Barn 6–12 Heikki Ailo Sivertsen

VU

R

D

Tittel: Forfattar: Forlag: Utgitt: Målgruppe: Melding av:

SE

KS

Barnas bok om småkryp er ei oppslagsbok om insekt som er systematisk bygd opp. Sjølv om boka er ryddig og systematisk, kan det vere vanskeleg alltid å vite kva du finn i boksane på sidene, særleg dei som ikkje har overskrifter. Du finn likevel mykje god faktainformasjon om insekt i boka. Ein entomolog (insektforskar) har gått igjennom boka, slik at ho skal vere ei ordentleg fagbok. Boka har fine teikningar som viser korleis insekta ser ut, og kva slags miljø dei lever i. Ho har også ei systematisk oversikt over alle småkrypa og informasjon om raud- og svartlista artar bakarst i boka. I tillegg viser boka vidare til nettstader for den som er interessert i å vite meir. Boka passar for barn i alle aldrar, anten dei er redde for eller interesserte i småkryp. For somme vil dette vere ei bok å lese frå perm til perm og ta fram igjen mange gonger. Andre vil kanskje berre lese om eitt eller to kryp eller plassere henne i hylla som ei oppslagsbok. Eg anbefaler boka fordi ho er morosam å lese, ein kan lese litt her og der, og ein lærer mykje om dei små dyra som er overalt rundt oss.

28 • ARGUMeNTeRe


KS

1 Snakk saman om svara på oppgåvene under «Studer teksten». 2 Kvifor er det lurt å modifisere når ein anbefaler ei bok ein liker? 3 Fortel kvarandre om minst éi faktabok som passar for barn på 3.- og 4. trinn, og som de likte godt da de var yngre, eller om ei de liker godt framleis.

Modifisering

Å modifisere betyr å tilpasse eller å dempe. Vi modifiserer når vi bruker slike ord: • kan • kanskje • sjølv om • likevel • for nokon, for andre

1 Har du med alle innhaldselementa i punkt 1 under «Skriv sjølv»? 2 Kor mange modifiserande ord har du brukt?

Studer teksten Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Klassen skal presentere faktabøker for elevane på 3.- og 4. trinn. Vel ei faktabok som du liker, og skriv ein presentasjon av boka. Følg denne framgangsmåten: 1 Bla i boka og noter a) tre ting ein kan få svar på b) tre ting som er bra med boka c) ein ting du saknar, eller som ikkje er så bra d) korleis ein kan lese eller bruke boka e) kven boka passar for, og kven ho ikkje passar for 2 Skriv teksten og bruk meldinga av Barnas bok om småkryp som modell. Bruk ord som modifiserer.

Snakk saman

EM PL AR

1 Blei du interessert i å lese boka etter å ha lese meldinga? Kvifor/kvifor ikkje? 2 Les faktaruta: a) Finn setningar i bokmeldinga som inneheld orda som er lista opp i faktaruta. b) Skriv ned setningane. c) Stryk orda frå faktaruta i setningane du har skrive. d) Forklar korleis innhaldet i setningane endrar seg.

Skriv sjølv

Mål Å modifisere i ei bokmelding

29


Å innleie ei forteljing Jon Bing

Kurdistan

korleis fakke ein tj

uv

KS

Den berømte dete ktiven Binyamen Kaskoda var kjend for evna til å løyse kriminalgåter og fi nne tjuvar. Ein go ng sneik ein tjuv seg inn i skattkammer et til Sjahen og stal bå de pengar og verdisaker. Politie t leitte etter tjuve n overalt, men fann han ikkje. Til slutt sa Sjahen: «Dette er ei sak for Binyamen Kaskoda. Bring ha n hit!» Kaskoda kom til slo ttet, bukka for Sjahen og sa: «Dyk kar majestet, be politiet hente alle tjuvane som finst i Teheran, og still de i på ei linje ute på slottsplassen.» Det tok si tid, men til slutt stod det ei lang rekkje av tjuva r på plassen. Kask oda gjekk sakte forbi al le saman og såg kv ar enkelt djupt inn i auga. Da han hadd e gått forbi alle, sa ha n: «Eg veit kven so m er tjuven! Resten av dykk kan gå heim .» Alle tjuvane snud de seg for å forlate slottsplassen. Men dei hadde ikkje gått mange skritt før Kaskoda ropte sint: «Du der, du so m braut deg inn i skattkammeret til Sjahen. Kven sa at du kunne gå?» Den riktige tjuven blei skremd og snudde seg. Kaskod a peikte på han og sa: «Der er manne n de har leitt etter!»

D

ER

IN

G

SE

sidan var Nassau For fleire hundre år vi n del av det landet eit land. Det var ei a nd. På den eine sid i dag kallar Tyskla seg. På den andre reiste Taunusfjella sterskogane. Og sida låg dei store Ve på elva Lahn omtrent landet var delt av midten. det den gongen Ved elva Lahn låg itte Usingen. ein landsby som he ilien sbyen budde fam I utkanten av land ed. Det var derfor Till. Herr Till var sm kanten. Gneistar frå familien budde i ut tt tenne på stråtaka smia kunne elles le n. til husa i landsbye råninga ned til Rundt huset og i sk bær og frukt. elva dyrka fru Till le lk innom. Dei skul Det kom stadig fo kanskje (…)

EM PL AR

lei korleis Walram b fredsdommar

Sverre Henmo

VU

R

Hòl i hovudet Katja står med ein stor stein i handa. No løftar ho han og held han rett over skuldra. Handa dirrar. – Du tør ikkje kaste han, seier eg og angrar med ein gong. No må ho kaste. Eg håper ho ikkje er sterk nok til å kaste heilt hit.

30 • FORTelJe


KS

Tre måtar å innleie ei forteljing på:

1 å begynne der historia startar 2 å begynne midt i ein situasjon 3 å begynne langt borte og så «zoome» inn mot staden der handlinga går føre seg

1 Kva måte å innleie forteljinga på valde du? 2 Forklar kvifor du valde denne innleiinga.

Studer teksten Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Du skal skrive ei kort forteljing på maks éi side. Etterpå skal du eksperimentere med ulike måtar å innleie forteljinga på. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ei kort forteljing om kva du vil. Begynn med starten på historia, slik at det som har skjedd, er skrive i same rekkjefølgje som det skjedde. 2 Lag ei ny innleiing til forteljinga di, slik at ho begynner midt i. 3 Lag ei ny innleiing til forteljinga di, slik at ho begynner langt borte. 4 Vel den innleiinga du liker best, og bruk henne som innleiing til forteljinga. Du må kanskje gjere nokre andre endringar i forteljinga også, slik at innleiinga passar til resten.

Snakk saman

1 Snakk saman om svara på oppgåvene under «Studer teksten». 2 Lag to nye forslag til innleiingar på forteljinga «Hvordan fakke en tyv». Det eine forslaget skal begynne midt i, det andre skal begynne langt borte. Ein på gruppa noterer.

Skriv sjølv

1 Les faktaruta om ulike måtar å innleie ei forteljing på. 2 Les den første setninga i alle innleiingane. Kva innleiing trur du begynner der historia startar? 3 Finn innleiinga til den forteljinga som du meiner begynner midt i. Kva trur du kan ha skjedd før? Skriv det ned. 4 Finn innleiinga til den forteljinga som begynner langt borte og så zoomer inn. Kva trur du skal skje på den staden vi nærmar oss? Skriv det ned.

EM PL AR

Mål Å innleie ei forteljing

31


Hyperpubertet

IN

Utdrag frå Vera Michalsen:

G

SE

KS

EM PL AR

Snø og sjukehus

VU

R

D

ER

Dette er ikke min seng. Sollyset brenner inn gjennom grønne og rosa gardiner og lager diskofarger på veggene. Det er et stort hvitt rom. Det er nesten tomt, men ved siden av senga står det fire maskiner med ledninger, skjermer og blinkende små lamper. Ledningene strekker seg som manet-tråder inn mot kroppen min. Det sitter noe i panna. Jeg klarer å telle sju plasterlapper med hver sin sonde. De sitter fast i håret også, og lugger når jeg forsøker å dra dem av. Rundt armene, på brystet og ryggen er det ledninger og rør som er tapet fast i meg og koplet til maskinene. Jeg er skikkelig tørr i munnen. Jeg klarer nesten ikke å bevege tunga, så tørr er den. Jeg pirker borti den med fingeren, det kjennes som jeg har en kjeks i munnen. Jeg må tisse.

32 • FORTelJe

Utdrag frå Hilde Myklebust og Inger Lise Belsvik:

Jon og den lange julenatta Jon kjende det med ein gong han lét opp auga den morgonen. Det var eit nytt lys i rommet. Eit sterkt lys som fall inn gjennom vindaugsruta. Han sette seg opp i senga med eit rykk og drog gardinene til sides: Snø! Det lava ned. Store flak farga løetaket kvitt. Trea stod lodne. Eit tjukt lag låg over markene der hestane gjekk. Dei hadde snø over ryggane sine, snø i vinterpelsen sin. Heile dalen var forvandla til eit vinterland. Og så akkurat i dag! Det var nesten så ein ikkje kunne tru det.


1 Har du skrive ei samanhengande forteljing? 2 Kvar i forteljinga har du plassert augneblinkskildringa?

Studer teksten Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

Skriv ei forteljing som heiter «Det var den dagen det skjedde». Følg denne framgangsmåten: 1 Vel ei av augneblinkskildringane de laga i oppgåve 3 og 4 under «Snakk saman». 2 Lag ei forteljing og set inn augneblinkskildringa der ho passar best.

Skriv sjølv

SE

KS

1 Snakk saman om svara på oppgåvene under «Studer teksten». 2 Diskuter kva som kan ha skjedd før og etter dei to augneblinkane. 3 Lag ei augneblinkskildring av ein situasjon på eit sjukehus rett før det skal skje noko ekkelt eller uventa. Beskriv det de ser, luktar, smaker, føler og høyrer. 4 Lag ei augneblinkskildring av ein situasjon ute i snøvêret rett før det skjer noko uventa. Beskriv det de ser, luktar, smaker, føler og høyrer.

Snakk saman

1 Kva augneblinkar skildrar kvar av dei to tekstane? Oppsummer kvar av tekstane med éi setning. 2 I den første teksten står det: «Jeg er skikkelig tørr i munnen.» Korleis blir den tørre munnen skildra? 3 Les faktaruta. Kva for sansar er brukte i dei to skildringane? 4 Korleis luktar sjukehus? Skriv tre stikkord. 5 Korleis luktar snø, og korleis høyrest snø ut? Skriv tre stikkord til lukt, og tre til lyden av snø.

EM PL AR

Mål Å utvide ein augne­ blink i ei forteljing

Å utvide ein augneblink

Når vi utvidar augne­blinkar i ei forteljing, fokuserer vi på detaljar. Detaljane kjem til syne gjennom at vi bruker alle sansane og fortel kva vi ser, høyrer, luktar, smaker og kjenner. 33


To episke dikt Brennende kjærlighet Ingvild H. Rishøi

EM PL AR

Fru Brennesle og herr Manet forelsket seg, så vidt jeg vet. Og julikvelden var så skjønn og han var rød, og hun var grønn. Hun skrek: «Herr M, jeg er betatt du er så slimete og glatt!» Han svarte: «Åh, du er så smal! Du er så grønn at jeg blir gal!»

KS

Men hverdagene banket på og herren var på bøljan blå. Problemet var: Hun hatet vann og ba ham pent å gå i land.

G

Vindpustet og stenen

IN

De ble så sinte begge to han i det blå, hun bak en do. Så ropte Nesla: «Det er slutt! Du er en bortskjemt, liten gutt.»

SE

«I land?» sa herren, mindre glad. «Det passer ikke særlig bra. Jeg elsker frihet, salt og hav. Æsj, damer stiller alltid krav.»

André Bjerke

Et vindpust hadde en sten som venn. Den så henne ikke; men hun så den.

«Og aldri kan stener og vindpust forenes: sten kan ikke luftes, og luft kan ikke stenes.»

(Og spør du hva moralen er så får du ikke svaret her. Alt jeg kan si med sikkerhet det er at nesle og manet er blant de verste ting jeg vet.)

De hvisket så meget til felles glede: den lette der oppe, den tunge der nede.

«Men likevel har du en gave å gi meg.» sa stenen til pustet. «Fly alltid forbi meg!»

De hvisket om vennskap som ikke kan ruste. «Du er så usynlig!» sa stenen til pustet.

«Og du har en gave,» sang pustet av sommer tilbake til stenen. «Ligg fast når jeg kommer!»

«Men hvisket ditt er som en sang av sirenen ...» «Akk, du er så synlig!» sa pustet til stenen.

Et par ble de aldri; men verden forsøtes av vennskap når stenen og vindpustet møtes ...

VU

R

D

ER

Han svømte bort og skrek og gråt så ble han påkjørt av en båt. Da hulket hun og visnet hen så nå er ingen ting igjen.

34 • FORTelJe


Episke dikt

Studer teksten

VU

Eit episk dikt er ei forteljing som er skriven som eit dikt. Forteljinga har ei handling som inneheld desse elementa: 1 éin eller fleire «personar» (fenomen eller ting) 2 ein konflikt eller eit problem som «personen(ane)» støyter på 3 ei løysing på konflikten eller problemet

1 Kva for to fenomen eller ting har du laga dikt om? 2 På kva måtar er desse to fenomena eller tinga ulike? 3 Er slutten på forteljinga i diktet lykkeleg eller trist?

Vurder teksten

R

D

ER

IN

G

SE

Du skal skrive eit episk dikt som handlar om to fenomen eller ting som har ulike eigenskapar. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel to fenomen eller ting som du vil skrive om. 2 Lag ei lita skisse der du planlegg handlinga i diktet ditt. Bruk faktaruta. 3 Skriv diktet. Du vel sjølv om forteljinga i diktet ditt skal ha ein lykkeleg eller ein trist slutt.

Snakk saman

Sjå på dikta saman, og finn likskapar og ulikskapar mellom a) brennmaneten og brennenesla b) vinden og steinen Vel to andre fenomen eller ting som er forskjellige, og finn likskapar og ulikskapar mellom dei.

KS

1 2

Skriv sjølv

1 Les dikta og faktaruta om episke dikt. Kvifor kan vi kalle desse to dikta for episke dikt? 2 Lag ei kort attforteljing av kvart av dikta. Attforteljinga skal seie noko om kven dikta handlar om, kvar handlinga går føre seg, kva som er problemet, og korleis problemet løyser seg. 3 Vil du seie at forteljinga i kvart av dikta har ein lykkeleg eller ein trist slutt?

EM PL AR

Mål Å fortelje ei historie i eit dikt

35


Graset er ikkje alltid grønare på den andre sida.

Når katten er borte, dansar musene på bordet.

Bok aleine gjer ingen klok, sa kjerringa, ho svidde grauten med nesa i kokeboka.

Bak skyene er himmelen alltid blå.

Den som vil vere med på leiken, må sjølv smake steiken.

EM PL AR

Smil til verda, og verda smiler til deg.

Der Lat-Hans går først, kjem Smal-Hans etter.

Den som vil ha alt, får ingenting.

G

SE

KS

TUSEN SPEGLAR TUSEN SPEGLAR

IN

Fortelling fra India

VU

R

D

ER

Det var ein gong ein hund som hadde høyrt om eit tempel der det var tusen speglar. Hunden blei nysgjerrig, og han syntest det høyrdest så fint og spennande ut at han bestemte seg for å finne det tempelet. Han sprang og han gjekk og han lytta og han snuste, og til slutt fann han tempelet. Han nærma seg døra og opna henne stille og langsamt. Så kikka han inn og gjekk forsiktig innanfor. Og kva fekk han sjå? Mange andre hundar! Dei sto og kikka på han alle saman. Hunden syntest dei såg nysgjerrige og vennlege ut. Etter ei lita stund begynte dei å logre forsiktig med halane, og alle såg ut som om dei ville vere vennen hans. Den vesle hunden gjekk lykkeleg derifrå, og han bestemte seg for at han ville komme tilbake mange gonger.

36 • FORTelJe

Det var ein gong ein hund som hadde høyrt om eit tempel der det var tusen speglar. Hunden blei nysgjerrig, og han syntest det høyrdest så fint og spennande ut at han bestemte seg for å finne det tempelet. Han sprang og han gjekk og han lytta og han snuste, og til slutt fann han tempelet. Han nærma seg døra og opna henne stille og langsamt. Så kikka han inn og gjekk forsiktig innanfor. Og kva fekk han sjå? Mange andre hundar hadde komme dit før han. No stod dei der og glodde på han alle som ein. Dei såg mistenksame og sinte ut. Dei hadde halen mellom beina og etter ei lita stund begynte dei å flekke tenner! Den vesle hunden syntest dei såg farlege ut! Han skunda seg ut derifrå og sprang sin veg, og han bestemte seg for at han aldri i heile sitt liv ville komme tilbake til den forferdelege staden.


EM PL AR

1 Diskuter svara dykkar på oppgåve 2 og 3 under «Studer teksten». 2 Diskuter kva dei andre ordtaka på venstre side betyr. 3 I kva samanhengar blir likningar og ordtak brukte?

Studer teksten

VU

Likning

R

D

ER

IN

1 Kva for ordtak har du brukt i likninga di? 2 Står ordtaket i teksten, eller må lesaren tenkje seg til det sjølv?

Vurder teksten

G

SE

KS

Skriv ei likning. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel eit av ordtaka på venstre side, eller bruk eit du sjølv kjem på. Ordtaket skal vere moralen i likninga du skriv. 2 Noter ned nokre idear til kva likninga skal handle om. 3 Skriv likninga. Vel om ordtaket skal stå i likninga, eller om lesaren må tenkje seg til det sjølv, slik som i «Tusen speglar».

Snakk saman

1 Les likninga og ordtaka. 2 Les faktaruta. Kvifor er «Tusen speglar» ei likning? 3 Kva ordtak passar til moralen i «Tusen speglar»?

Skriv sjølv

Mål Å fortelje i ei likning

Ei likning er ei kort forteljing. Likninga har ei djupare meining. Det er ikkje berre ei historie om ei daglegdags hending. Ho skal formidle ein moral eller ein leveregel gjennom forteljinga. Moralen eller leveregelen kan gjerne vere eit ordtak. Den som høyrer eller les, må ofte sjølv tenkje seg til kva moralen er. 37


EM PL AR KS

G

ikkje kan, seier du: «Tusen takk. Eg tenkjer kanskje litt annleis enn deg, men det var snilt at du ville gi meg eit råd.» Ver hyggjeleg når du seier det. Det er likevel ein tydeleg beskjed om at du klarer deg fint utan råd frå henne. Gjer dette nokre gonger, så kanskje ho faktisk sluttar.

D

ER

IN

Hei Vera! Eg synest vennen min er overlegen. Ho gir meg råd om det ho synest er bra, og kjem med mange ubehagelege tilbakemeldingar. Kva kan eg gjere? Helsing jente (11)

SE

Overlegen venninne

VU

R

Hei du! Dersom vennen din ikkje er ein nær venn, synest eg du skal oversjå det og late som ingenting. Men dersom ho er ein god venn som du eigentleg er glad i, må du gjere det på ein annan måte. Her er nokre øvingar som kan vere fine.

Oppgåve 1

Begynn med å seie ifrå litt forsiktig. Neste gong ho vil lære deg noko ho meiner du 38 • ReFlekTeRe

Oppgåve 2

Dersom du har sagt ifrå på den hyggjelege måten og det ikkje hjelper, kan du øve deg på å seie ifrå meir direkte. Øv gjerne på nokon i familien, slik at du ikkje blir så redd når du skal seie ifrå til vennen din. Sei for eksempel: «Eg liker ikkje at du kommenterer det eg gjer. Det får meg til å føle at du rettar på meg, og det liker eg ikkje.»

Oppgåve 3

Dette kan vere litt vanskeleg, og det kan fort bli feil. Men dersom du får det til, verkar det veldig bra: Når vennen din kjem med eit råd, kan du le og tulle med henne. Dette kan fort bli vondskapsfullt, og det skal det IKKJE vere. Det skal vere vennleg tull og tøys, som gjer at ho skjønner beskjeden utan at ho blir redd og lei seg. Dette må ein øve mykje på. Men når det går, finst det ingen betre måte å seie ifrå på. Latter og tull kan løyse dei vanskelegaste situasjonar dersom ein berre gjer det på den rette måten. Lykke til! Helsing Vera


VU

R

D

1 Foreslår du minst to løysingar på problemet? 2 Er kvar løysing plassert i eit eige avsnitt?

Skriv sjølv

ER

Læraren gir deg eitt av spørsmåla eller ein av problemstillingane som ei gruppe har laga. Du skal foreslå minst to løysingar i eit svar på spørsmålet. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ei kort innleiing der du viser at du har skjønt problemet. 2 Foreslå minst to måtar å løyse problemet på. Du skal ha eit nytt avsnitt for kvar løysing.

Vurder teksten

IN

G

SE

KS

1 Kva for løysing på problemet synest de verkar som den beste? Grunngi svaret. 2 Kva for løysing på problemet synest de verkar som den vanskelegaste? Grunngi svaret. 3 Finst det andre løysingar på dette problemet? Diskuter. 4 Kva for andre problem kan oppstå saman med venner eller i ein klasse? Ein på gruppa noterer ned forslag etter denne oppskrifta: a) Beskriving av problemet. Eksempel: Vennen min gir meg råd om kva ho synest er bra, og kjem med mange ubehagelege tilbakemeldingar. b) Kva du ønskjer hjelp til eller råd om. Eksempel: Kva kan eg gjere?

Studer teksten

Kva slags tekstar er dette? Kven har skrive teksten i kursiv? Kven har skrive teksten i vanleg skrift? Kva er problemet til brevskrivaren? Kva spørsmål stiller ho til Vera? Summer opp Veras forslag til løysingar i tre setningar: Løysing 1: Løysing 2: Løysing 3:

EM PL AR

1 2 3 4 5 6

Snakk saman

Mål Å reflektere over løysingar på eit problem

39


EM PL AR

i 6. klasse og spurde læraren, som er ein ung og trendy fyr og slett ikkje så dårleg i norsk som ein del andre lærarar eg har vore borti, korleis han ville bøye hamster. «Eg ville nok seie eit hamster», svarte han. Språket forandrar seg, alle levande språk gjer det. Men her har det gått litt for raskt. Truleg er det påverknaden frå inkjekjønnsord som mønster, hylster og monster som slår ut (eller inn). Men det burde nok heite ein hamster. Per Egil Hegge (Henta frå Språkspalten på Aftenposten.no. Kursivering er gjort av forlaget.)

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Dette tankevekkjande brevet kom frå ein kollega: «Eg overhøyrde dei to døtrene mine snakke om ei venninne som hadde fått eit hamster. Eg antyda at det nok måtte vere EIN hamster, men blei møtt med latter. Det heiter sjølvsagt eit hamster akkurat som eit marsvin. Jentene held seg i to ulike vennegjengar, men begge hadde den same oppfatninga, og begge har venner med dette dyret. Å vise til ordboka var uinteressant. NO heiter det eit hamster, var beskjeden eg fekk. Dagen etter var eg på konferansetime

40 • ReFlekTeRe


EM PL AR

Kva trur du ei spalte som heiter «Språket vårt», handlar om? Kva for avis er denne teksten henta frå? Kva spørsmål er det brevsendaren stiller til Per Egil Hegge? Kva svarer Per Egil Hegge? Kva for andre tankar gjer Hegge seg rundt dette språklege fenomenet?

1 Består teksten din av spørsmålet, svar på spørsmålet og nokre tankar omkring det språklege fenomenet?

Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

Du er språkekspert og skal svare på eit spørsmål om språk i språkspalta til klassen. Følg denne framgangsmåten: 1 Trekk ein lapp frå læraren med eit språkspørsmål, eller lag ditt eige. 2 Noter ned det du trur er svaret på spørsmålet. 3 Sjekk svaret ditt ved å slå opp i ei ordbok, søkje på Internett eller sjekke med læraren. 4 Skriv ned nokre tankar du får omkring dette språklege fenomenet. 5 Skriv ein tekst der du reflekterer over og svarer på spørsmålet. Bruk det ordet du undersøkjer, som overskrift på teksten.

Skriv sjølv

G

SE

KS

1 Kva ville de ha sagt – eit eller ein hamster? 2 Sjekk i ordboka: Skal det vere ein hamster eller eit hamster? 3 Diskuter kva kjønn det er på desse substantiva: appelsin, kilo, kompliment, stadion, kjede. 4 Hegge skriv: « Truleg er det påverknaden frå inkjekjønnsord som mønster, hylster og monster ...». Kva likskap er det mellom desse tre orda og ordet hamster? 5 Lag tre spørsmål de har om språket. Det kan handle om ord som er vanskelege å forstå, ord som har endra seg, måten eit ord blir skrive på, eller måten det blir uttalt på. Skriv spørsmåla på kvar sin lapp, og lever dei til læraren.

Studer teksten

1 2 3 4 5

Snakk saman

Mål Å reflektere over eit språkleg fenomen

41


EM PL AR KS SE

IN

G

Viss eg fekk bestemme

ER

I ein skrivekonkurranse arrangert i samarbeid mellom Aftenposten Junior og Unicef med temaet «Viss eg styrte verda» fekk Martine Eidsnes 3.-prisen. Her er teksten hennar:

VU

R

D

Viss eg fekk bestemme, ville eg hatt likestilling mellom gutar og jenter. Eg synest det er urettferdig at i nokon land har gutane meir rett enn jentene. Gutane får lengre skulegang og meir kunnskap. I desse landa trur dei at gutane er meir verdt og lærer fortare enn jentene. I Noreg er alle like mykje verd, og alle får gå på gratis skule. Det eg ville gjort, var å snakke med dei som bestemmer i landet, om at jentene burde få gå minst fem år på skulen. Då kan dei få kunnskap og vite korleis dei kan forhindre sjukdommar. Og når dei har kunnskap, kan dei få utdanning og ein skikkeleg jobb som dei tener pengar til mat på. Då kan vi også

42 • REFLEKTERE

forhindre at så mange døyr av svolt. Ei anna sak eg ville tatt tak i, var barnearbeid. Det er forferdeleg å tenkje på at barn på fem–seks år jobbar 15 timar kvar dag for å skaffe pengar til familien eller seg sjølve. At unge jenter blir selt til menn som dei ikkje kjenner, og kanskje må gifte seg med eller blir voldtatt av, er ikkje bra. Barn jobbar også i fabrikkar og med gruvearbeid. Det kan føre til skadar som tung pust og ryggskadar.

Martine Eidsnes (11)

Bur: Dalekvam mellom Bergen og Voss. Hobbyar: Fotball, dans og turgåing. – Eg skjønte det ikkje heilt da eg fekk vite at eg vann tredjeplassen. Eg blei kjempeglad!


EM PL AR

1 Kva andre problem i verda i dag ville de gjort noko med dersom de fekk bestemme? Lag ei liste. 2 Vel ut to av problema. Diskuter og forklar a) kva som gjer dei til problem b) korleis dei kan løysast

Studer teksten

VU

R

D

ER

1 Kva for to problem har du reflektert over? 2 Kva forslag til løysingar har du?

Vurder teksten

IN

G

SE

KS

Skriv ein tekst med tittelen «Dersom eg fekk bestemme». Følg denne framgangsmåten: 1 Vel minst to av problema frå lista de laga i oppgåve 1 under «Snakk saman». 2 Skriv ein tekst der du • presenterer kvart av problema • reflekterer over kvifor det er eit problem • reflekterer over korleis det kan løysast

Snakk saman

1 Kva for to aktuelle problem meiner Martine Eidsnes det er viktig å gjere noko med? 2 Kva for eit av dei to problema har Martine ei løysing på? 3 Kva tenkjer Martine er årsaka til dette problemet? 4 Korleis tenkjer ho at problemet kan løysast?

Skriv sjølv

Mål Å reflektere over store problem i verda

43


Er det farlegare å hoppe i fallskjerm enn å køyre bil? Kor farleg er det å vere heime? Der skjer jo dei fleste ulykkene.

Livet – kor farleg er

EM PL AR

det eigentleg?

Tekst: Stein Erik Kirkebøen • Foto: Trond Teigen

Farleg ... Kor farleg er det å hoppe i fallskjerm, for eksempel? Det er som å spørje kor stor ein fisk er, svarer Jan Wang i Norges Luftsportforbund. Fallskjermhopping er ein risikosport, men utstyret og sikkerheita blir stadig betre. Ein reknar med eitt dødsfall per 100 000 hopp på verdsbasis.

Skadestatistikk, Oslo skadelegevakt 2010

G

SE

KS

Heile året Vinter Sommar

0 %

5 %

10 %

15 %

20 %

25 %

30 %

IN

farlegare ... Ein langt farlegare sport er basehopping. Ei undersøking for nokre år sidan viste at det i basehopping skjedde éi ulykke per 250 hopp, og eitt dødsfall per 2300 hopp. Men basehopparen Jokke Sommer meiner tala er betre no. Han fortel at det er tryggare jo fortare det går, heilt til dei skal lande. Han har 340 basehopp bak seg, heilt utan skade.

Anna Annan idrett Dans Framandlekam Gjenstand i hovudet Stanga mot gjenstand Fall frå høgd Biten av dyr Klemt i dør Sparka mot gjenstand Kutt, glas Kutt, anna Klemt Kutt, kniv Trafikk Sykkel Fotball Vald (skadd av andre) Fall, inne Fall, ute

44 • REFLEKTERE

30 % 25 % 20 % 15 % 10 % 5 %

Men – likevel er det farlegare å la vere å sykle og bevege seg. Den vesle risikoen ved å sykle er mykje mindre enn risikoen ved å sitje stille, seier han. Når ein sit stille, får ein kanskje ikkje skadar, men hjartet og pusten blir dårleg.   Uansett: Dei aller fleste ulykkene skjer i heimen. Bortsett frå for

Anna/ukjent

På leikeplass

Transport

På institusjon

På jobb

I naturen

På skulen

Idrett

0 % På vegen

farlegast ... Trapper, svarer seksjonsoverlege Knut Melhuus på skadelegevakta i Oslo når vi spør. Å gå i trapper er overraskande farleg. Kvar femte skade heime skjer i trappa. Og sykling er farleg sjølv om det skjer dobbelt så mange ulykker på fotballbanen som på sykkel. For risikoen på sykkel er større fordi farten er større, fallet bråare og lengre, og underlaget hardare.

35 %

Heime

VU

R

D

ER

Ulykkesstatistikk, Oslo skadelegevakt 2010

aldersgruppa 15–24 år, som er mest utsette for ulykker når dei driv idrett, er det heimeulykkene som fører til flest innleggingar på sjukehus. Dei fleste ulykker skjer der vi oppheld oss mest, på kjøkkenet og i stua, og dei yngste og dei eldste er mest utsette.


EM PL AR

likevel på den andre sida trass i men sjølv om større mindre dersom viss

Skriv sjølv

Ord som uttrykkjer samanlikning og modifisering

Skriv ein tekst der du reflekterer over statistikk om ulykker og skadar. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel to kategoriar i skadestatistikken eller to kategoriar i ulykkesstatistikken som du vil samanlikne. 2 Skriv ein tekst der du samanliknar og prøver å forklare tala. Bruk minst to av orda i faktaruta når du reflekterer.

1 Kva ord frå faktaruta har du brukt? 2 Kva for statistiske opplysningar har du brukt?

Vurder teksten

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

1 Snakk saman om svara på oppgåvene under «Studer teksten». 2 Samanlikn to område i kvar av tabellane ved å forklare for kvarandre. Bruk denne modellen: • Sjølv om 30 % av skadane skjer i heimen og berre 20 % av skadane skjer på vegen, er det ikkje farlegare å vere heime enn på vegen, fordi ... • Trass i at det ser ut som om det er farlegare å sykle om sommaren enn om vinteren, er det ikkje farlegare å sykle om sommaren, fordi ... Bruk minst eitt av orda i faktaruta når du forklarer.

Studer teksten

1 «Livet – kor farleg er det eigentleg?» er ein samansett tekst. Kva for delar består teksten av? 2 Finn tre opplysningar i statistikken som du ikkje finn i teksten. 3 Kvar skjer det flest og færrast ulykker, ifølgje ulykkesstatistikken? 4 Kva er dei tre vanlegaste tinga ein kan bli skadd av? Og kva er dei tre mest sjeldne? 5 Kva for aktivitetar er det overlege Knut Melhuus samanliknar når han snakkar om skadar? 6 Les faktaruta. Knut Melhuus bruker nokre av desse orda når han reflekterer rundt skadane. Dei blir brukte for å uttrykkje at ein kan forstå ting på fleire måtar. Finn orda i teksten.

Snakk saman

Mål Å reflektere over statistiske fakta

45


Bruk av modelltekstar Oppgåvene i Skriving pågår består alltid av ein tekst som du skal studere før du skriv sjølv. Somme gonger er dette ein tekst som skal inspirere deg til å skrive om eit spesielt tema, men som oftast skal teksten fungere som ein modell som du skal bruke når du skal skrive ein liknande tekst. Slike tekstar kallar vi gjerne modelltekstar.

Du skal ikkje skrive ein tekst som er heilt lik modellteksten, men du skal prøve å bruke nokre trekk ved modellteksten i din eigen tekst. Det kan for eksempel vere ein måte å byggje opp setningar på, ein måte å byggje opp ein heil tekst på eller eit verkemiddel du skal prøve ut.

EM PL AR

korleis er det lurt å arbeide med ein modelltekst? Det er fleire måtar å studere ein modelltekst på:

2 klippe teksten i bitar

Les gjennom modellteksten, og noter ned kva som kjenneteiknar teksten. Du kan stille ulike spørsmål til han: a) Korleis startar teksten? b) Kva for ulike delar består teksten av? c) Korleis vender skrivaren seg til lesaren? d) Kva kjenneteiknar setningane i teksten? e) Kva kjenneteiknar orda i teksten? f ) Korleis er teksten sett opp? Når du har studert teksten på denne måten, lagar du nokre sjangerreglar for teksten. Sjå for eksempel på invitasjonen til meisterskap i sandvolleyball side 14, og lag reglar for sjangeren invitasjon:

Dersom du skal studere korleis ein tekst er bygd opp, kan det vere lurt å prøve å pusle saman ein tekst som er klipt i bitar. Da må du anten ha hjelp av læraren, som har klipt i bitar ein tekst på førehand, eller samarbeide med ein annan i klassen ved at de klipper opp kvar dykkar tekst. Teksten skal ikkje klippast tilfeldig i bitar, men dei ulike delane av teksten skal klippast frå kvarandre. Den argumenterande teksten «Skuleuniform», side 22, kan for eksempel klippast opp på denne måten:

IN

G

SE

KS

1 lage reglar for sjanger

ER

Buskerudmeisterskap i sandvolleyball for 10. klassingar Følg oss

D

Lier Stadion, tysdag 17. og onsdag 18. juni

Eg er sterkt imot dette og ønskjer inga skuleuniform. For meg er det viktig å få velje kva eg vil gå med, fordi det er ein del av fridommen vi har her i Noreg. Skuleuniform er etter mi meining ein dårleg idé. Eg trur det alltid vil vere klespress, og skulle skuleuniforma komme, så boikottar eg henne! Somme meiner at ein vil minske klespresset, det trur ikkje eg. Ein vil mest sannsynleg ende opp med å bruke enda meir pengar på jakker, utesko og sminke. Alt dette for å skilje seg ut frå mengda.

200 kr

Påmeldingsfrist: 11. juni

VU

på Facebook!

R

Påmeldingsavgift:

Gratis sandvolleyballskule 10. –11. juni på Lier Stadion!

Skuleuniform

lselin Flaaten Lunde (13)

Dersom vi skal begynne å bruke uniform, lurer eg på korleis vi skal klare å vise identiteten vår og skilje oss ut frå kvarandre. Om det skulle vere med kule smykke eller ein spesiell hårsveis. Det å kunne få velje akkurat det eg vil ha på meg, er viktig for meg. Med kleda mine kan eg uttrykkje kven eg er.

Påmelding: liervolley@gmail.com Meir informasjon: www.liervolley.wordpress.com

Turneringa blir spelt med mix-lag med 4 personar på kvart lag (minst 2 jenter på banene til kvar tid. Lov å stille reint jentelag). Eit lag kan ha fritt tal på innbyttarar. Meld gjerne på fleire

Før jul blei skuleuniform eit hyppig diskutert tema. Det blei teikna skisser og forslag til ulike skuleuniformer.

lag frå same skule! Oppmøte kl 16 kvar dag. Kampene startar kl 17. Det blir kiosksal og premiar til dei tre beste laga. Deltakarar vil få informasjon om volleyball/sandvolleyballlinje på Drammen Toppidrettsgymnas, Akademiet Drammen.

46

Når du skal pusle denne teksten saman, må du tenkje på kvar dei ulike delane av teksten skal plasserast i forhold til kvarandre: a) Kva høyrer til i innleiinga? b) Kva høyrer til i midtdelen? c) Kva høyrer til i avslutninga?


Elevtekstar. Dette er tekstar som er skrivne av elevar. Elevtekstar kan vere fine modellar fordi dei er skrivne av nokon som er på same alder som deg sjølv. Da kan du sjå kva dei har gjort for å løyse ei skriveoppgåve. I denne boka er dei aller fleste tekstane autentiske, og til kvar av oppgåvene er det stort sett berre éin modelltekst. Ofte kan det vere lurt å studere fleire modelltekstar når du skal skrive ein tekst sjølv. Spør gjerne læraren om han kan vise fleire eksempel på ein tekst, gjerne ein han har skrive sjølv, eller be om å få lese tekstar som medelevane dine har skrive.

Det finst ulike typar modelltekstar: Autentiske tekstar. Dette er tekstar som er trykte i for eksempel bøker, aviser og blad, og som først og fremst er skrivne for å lesast i andre samanhengar enn på skulen.

EM PL AR

Konstruerte tekstar. Dette er tekstar som læraren eller lærebokforfattaren har laga for å bruke i skriveundervisninga i skulen. I slike tekstar er gjerne det trekket som du skal arbeide med, gjort svært tydeleg, slik at du lettast mogleg skal kunne bruke det i din eigen tekst.

4 Studere eitt spesielt trekk i teksten

Når du skal trene på eit spesielt trekk i ein tekst eller øve deg på ein spesiell sjanger, kan det vere lurt å herme etter ein modelltekst. Det kan du gjere ved å skrive den same teksten som modellteksten, men vende deg til ein annan mottakar. Teksten «Slik får du ein vårfin sykkel», side 16, er ein tekst som er skriven for vaksne. Du kan bruke denne teksten som modell, men vende deg til barn. Da byggjer du opp teksten på same måte og bruker mange av dei same orda, setningane og bileta, men må kanskje gjere nokre endringar der ord eller setningar er for vanskelege for barn å forstå.

Dersom du skal prøve ut eitt spesielt trekk i teksten, bør du studere dette trekket særleg nøye. Da er det lurt å bruke fleire modelltekstar enn éin, slik at du ser korleis trekket er brukt i ulike samanhengar. Sjå for eksempel avisartikkelen om isfjell, side 18:

KS

3 Skrive om teksten

IN

G

SE

I denne informasjonsteksten om isfjell skal du studere korleis forfattaren har brukt passiv. Da er det først og fremst passiv du leitar etter i teksten, og så bruker du det same teksttrekket i din eigen tekst.

18

Slik får du ein vårfin sykkel

ER

Sånn funkar det

Bremsevaier

Har du forslag til tema? Tips oss!

Bremsehandtak

Nav

1

Er isfjell farlege?

R

Det er eigentleg ikkje så mykje som krevst for å få sykkelen i toppform. Litt eigeninnsats ved sesongstart og hyppig bruk av oljekanna er alt som skal til. Regnvatn og søle har nemleg ein stygg tendens til å vaske bort feittet som sykkelen er så avhengig av. Her er nokre gode tips for vårstell av sykkelen:

1

Vask Start med ein rundvask med varmt zalovatn og svamp eller klut. Bruk mykje vatn på heile sykkelen. Du kan også spyle med slange, men ver forsiktig så vatnet ikkje trengjer inn i krank og nav. Unngå høgtrykksspyling, som vaskar bort feittet.

2

Gir og bremsar Rust og gammal møkk kan tære hardt på vaierbremsar gjennom eit langt vinteropplag. Klem på bremsehandtaka og sjekk at bremsane tek godt. Dei skal også sleppe raskt når du slepper handtaket. Drypp eller spray olje på dei bevegelege delane og inn i bremsevaierane, slik at dei glir lett. Gjer det same med gira.

ARKTISKE ISFJELL: Eldgamle isbrear sig sakte mot havet. Når isen møter jorda, brekk store delar av og flyt ut i Nord-Atlanteren. Desse isklumpane kallar vi «isfjell» og hendinga kalla vi «kalving», det same ordet som vi brukar om at kyr får kalvar.

Hugs å dekkje sykkelen (spesielt hjula) og bakken med gamle aviser før du sprayar, og hald ei fille bak spraypunktet, så du ikkje søler til omgivnadene.

2

Kjede og pedalar Kjeda skal reinsast for sand og skitt og smørjast godt. Vintersykling kan etterlate seg ein slipepasta av salt, fukt og forureining. Det krev at drivverket må reingjerast ekstra godt når våren kjem. For å hindre rust og slipeskadar best mogleg bør kjeda, pedalane og alle bevegelege ledd reinsast, oljast og tørkast av. Gjenta prosessen dersom kjeda er ekstra skitten.

10%

OVER VATN

90%

UNDER VATN

Fordi is er litt lettare enn flytande vatn, stikk omtrent ti prosent av isfjellet opp over havflaten. Mesteparten av isfjellet ser ein aldri.

3

3

Dekka På dei fleste sykkeldekk finn du orda «Inflate to» med eit tal etter. Talet fortel kva som kan vere maksimalt lufttrykk i dekket, som regel i pund. Å ha for lite luft i dekka er den vanlegaste feilen folk gjer når dei syklar. Sykkelen rullar best med fullt lufttrykk. Dersom du har bilventilar, kan du sjekke og fylle luft på ein bensinstasjon.

4

Folk som fer på havet har alltid halde utkikk etter isfjell. I 1912 kolliderte passasjerskipet «Titanic» med eit isfjell, og over 1500 menneske døydde. I dag blir isfjella overvaka med radar og satellittar slik at skipsfarten skal vere så trygg som mogleg.

Pedal

KORT LEVETID: Dei fleste isfjell smeltar og forsvinn etter tre til seks år.

Toppen av isfjellet?

GRAFIKK: ANDREAS BREKKE

VU

Ein skikkeleg vårpuss gjer at sykkelen din varer Kjede lenger og blir meir morosam å bruke. Lufttrykk og bremsar er det aller viktigaste. Vask og stell er ikkje berre god økonomi. Sykkelgleda blir så mykje større når alt fungerer som det skal. Og ein velhalden sykkel er ein tryggare sykkel.

Uttrykket «dette er berre toppen av isfjellet» blir brukt om eit problem ein berre ser ein liten del av til å byrje med. Det er fordi berre toppen av eit isfjell er synleg på havoverflata.

ANTARKTISKE ISFJELL: Isfjell blir alltid danna av ferskvann. På den sørlege halvkula stammar isfjella frå Antarktis. Det største antarktiske isfjellet som er observert, var større enn Belgia.

Ulike former og storleikar

NYHEITER FOR BARN

Isfjell på Svalbard

Isfjell i Antarktis

Dei mest fantastiske fargane kan vise seg i det kalde miljøet på Svalbard. Her er eit nærbilde av eit isfjell.

Dei største isfjella når opptil 60 meter over vassflata og kan bli fleire tusen kvadratkilometer store.

FOTO: ADVENTURE FOTO

Gir

D

Krank

Rustent gir er ingen god start på ein ny sykkelsesong.

Tema denne veka:

Her kan du lese om alt mellom himmel og jord.

Eit enormt isfjell braut seg tidlegare i år laus frå Antarktis. Forskarar fryktar det kan kollidere med skip i Sørishavet, og dei følgjer nøye med på fjellet.

FOTO: NTB SCANPIX

Nav

24. – 30. juni 2014

// www.aftenpostenjunior.no

16 • INFORMERE

47


© 2015 GAN Aschehoug, Oslo ISBN 978-82-492-1765-6-Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2015 Forlagsredaktør: Kristin Hide Grafisk design: Nygaard Design Trykk og ferdiggjering: Livonia Print SIA Omsett til nynorsk av Liv Storsul / NTB Arkitekst AS

EM PL AR

Illustrasjonar Shutterstock/kropic1 4, Creative Commons/Oslo kommune Byarkivet 6 (h), Wikimedia/Creative Commons/ Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek 6 (v), Wikimedia Commons/Bergen bymuseum 6 (m), Thor W. Kristensen 8, 9, 16 (v), 22, 32, 38, Wikimedia Creative Commons 13, Lier Volleyballklubb 14, Shutterstock/3drenderings 16 (h), Andreas Brekke 18, Paal Audestad 20, Shutterstock/Andrey Starostin 24 (ø) Shutterstock/Maridav 24 (n), Vega forlag 28 (ø), Shutterstock/Evgeniy Ayupov 28 (n), Shutterstock/ ILeysen 34 (manet), Shutterstock/Scisetti Alfio 34 (brennenesle), Shutterstock/stock_shot 40, Shutterstock/wattana 42, Aftenposten/Trond Teigen 44

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Tekstkjelder Aftenposten Junior / Andreas Brekke, 24.–30. juni 2014: «Nesten alt du lurer på om isfjell». Omsett frå bokmål. Aftenposten Junior / Martine Eidsnes, 23.–29. oktober 2012: «Viss eg fekk bestemme» Aftenposten Junior / Vera Michalsen, 24.–30. juni 2014: «Spør Vera – Overlegen venninne». Omsett frå bokmål. Aftenposten.no / Språkspalten / Per Egil Hegge, 13. mai 2005: «Hamster». Omsett frå bokmål. Aftenposten Osloby / Sol Sigurjonsdottir, 22. juli 2014: «Her blir søppel til mat». Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. Aftenposten Si ;D, 27. januar 2014 / Iselin Flaten Lunde: «Skuleuniform». Omsett frå bokmål. Aftenposten / Stein Erik Kirkebøen, 19. september 2011: Livet – kor farleg er det eigentleg?» Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. Originaltittel «Livet. Hvor farlig er dette, egentlig?» Belsvik, Inger Lise og Myklebust, Hilde: Jon og den lange julenatta, Samlaget, 2009 Bjerke, André: «Vindpustet og stenen» frå En hellig almindelig lek, Bokklubben, 1973 Eskild, Hilde og Hambro, Benedicte: «Tusen speglar» frå Livet er som et banantre og andre fortellinger, Ganesa Forlag, 2009. Omsett frå bokmål. forskning.no / Hanne Østli Jakobsen, 15. juni 2013: «Gamle arabiske skrifter fortel om skitne vikingar». Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. Originaltittel «Gamle arabiske skrifter beskriver skitne vikinger» Lier Volleyballklubb: «Invitasjon til meisterskap i sandvolleyball». Omsett frå bokmål. Michalsen, Vera: Hyperpubertet, H. Aschehoug & Co, 2013 Norsk Barneblad: «Ordskifte om språk». NRK / David Vojislav Krekling og Linda Reinholdtsen, 29.12.2013: «Framandspråk i skulen». Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. Originaltittel «Spansk danker ut tysk i norsk skole». NRK Livsstil / Tor Risberg: «Slik får du ein vårfin sykkel». Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. nysgjerrigper.no / Frida Sebina Skatvik, 19. juni 2014: «Historisk blikk på skulen». Omsett frå bokmål. Forkorta og lett redigert etter avtale. Rishøi, Ingvild H.: «Brennende kjærlighet» frå Pling i bollen, Cappelen Damm, 2011 Språkrådet: «Nyord» Wergeland, Henrik: «Huggormen» og «Edderkoppen» frå Barnas Wergeland, Gyldendal Norsk Forlag, 2008

Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.