Leseforståelse 6 nynorsk

Page 1

Hanne Solem

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Leseforst책ing 6

GAN Aschehoug


Til dei vaksne

EM PL AR

Leseforståing 6 er ei bok som gir elevane trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Alle tekstane har oppgåver på ulike nivå knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing. Elevane får trening i å hente informasjon direkte ut av teksten, å tolke og kombinere informasjon og å reflektere rundt form og innhald. Nivådelinga på oppgåvene gjer at denne boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte.

KS

Leseforståing 6 inneheld 21 oppslag som kvar består av ein tekst med tilhøyrande oppgåver. Elevane møter ulike typar tekstar på tvers av fag, i tråd med læreplanens føringar om lesing om grunnleggjande dugleik.

ER

IN

G

SE

Kvart oppslag blir innleidd med eit spørsmål som tek utgangspunkt i det aktuelle temaet og i forkunnskapane til elevane. Spørsmåla, i tillegg til «Ord å snakke om», som står etter kvar tekst, eignar seg godt som utgangspunkt for felles samtale og refleksjon i forkant av arbeidet med oppslaget.

D

Leseforståing 6 gir òg elevane inspirasjon til eiga tekstskaping. Kvart oppslag har ulike skriveoppgåver knytte til temaet.

VU

R

Leseforståing 6 Lærarboka Lærarboka er ei kort rettleiing som inkluderer fasit, slik at læraren raskt skal kunne vurdere om svaret på eit spørsmål er rimeleg. Nokre spørsmål vil ha fleire mogelege svar. Lærarboka kan ein laste ned gratis frå heimesida til forlaget, www.gan.aschehoug.no. Leseforståing 6 inngår i serien Leseforståing som dekkjer 1.–7. trinnet.


Innhald

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Reklamen du ikkje ser, men blir påverka av 4 Kva slags ball kan ein kaste lengst med? 6 Inas reisetips 8 342 dagar i verdsrommet 10 Rallarvegen på sykkel 12 Bilete på sosiale medium – vaksne bør skjerpe seg! 14 Slåstkamp som underhaldning 16 Til vêrs i ein ballong 18 Boktilråding: Vi er molekyler 20 Lèt du deg forstyrre av lydar frå mobilen? 22 Juleeksperiment 24 Lettare forkjølt med lite søvn 26 Rare dyr 28 Kjerringråd 30 Kvifor vil myggen ha blodet ditt? 32 Tomatfestival, eller tomatkrig? 34 Vanskelege val 36 Du store, vide verda 38 Korleis stoppe digital mobbing 40 Veg du like mykje same kvar du er på jorda? 42 Olav den heilage 44

VU

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 1 1 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21


Reklamen du ikkje ser, men blir påverka av Kvar møter du reklame i kvardagen? Kor påverka blir du av reklame, trur du? jobbar. Vi kan òg kalle dei multitaskarar. Og nettopp multitaskarane lét seg påverke av reklamane dei trudde dei knapt la merke til.

Når reklamen surrar over skjermen, tenkjer du kanskje at du knapt legg merke til han. Men er det eigentleg slik? Blir vi påverka utan å vite det? No har amerikanske forskarar funne ut at reklamen kan gjere inntrykk likevel. I alle fall på ein god del av oss.

Hugsa like godt med fleire oppgåver Til saman 142 forsøkspersonar fekk først i oppgåve berre å sjå på reklamar. Det var altså ikkje nokon andre forstyrrande element. Då var det dei analytiske personane som hugsa reklamen best.

Forskarane hadde ei rekkje forsøkspersonar som dei delte inn i to grupper ut frå personlegdom. Den eine gruppa inneheldt personar som konsentrerte seg om éi oppgåve om gongen, og som lett mista konsentrasjonen dersom dei skulle spreie merksemda. Dei var det vi kan kalle analytiske.

Men så skulle alle sjå reklamar samtidig som dei gjorde ei anna oppgåve. Då klarte dei analytiske å hugse reklamane berre halvparten så bra. Multitaskarane, derimot, klarte å hugse reklamane akkurat like lett som før. Sjølv når dei fekk ei tredje oppgåve, hugsa dei reklamen like bra. Det gjorde ingen forskjell.

KS

Forsøka viste òg at humøret påverka forsøkspersonane. Dess betre humør dei var i, dess flinkare til å multitaske blei dei, og dermed altså lettare påverkelege for reklamen.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Personane i den andre gruppa var derimot flinke til å ta inn mange inntrykk på ein gong. Dei var det vi kan kalle holistiske. Slike menneske liker for eksempel gjerne å høyre på musikk mens dei

EM PL AR

Er du flink til å gjere mange ting på ein gong? Då blir du nok påverka av reklame utan å merke det.

4

Ord å snakke om: forsøksperson, analytisk, holistisk, multitaskar


1 Er du ein multitaskar? Er du kanskje ein multitasker? Og trur du at reklame ikkje gjer inntrykk på deg? Då må du altså tenkje om igjen. I alle fall dersom du ønskjer at all den reklamen du blir utsett for kvar dag, ikkje skal påverke deg. Er du på fleire

A Svar på spørsmåla 1 Kva kan vi kalle ein holistisk person? 2 Fortel kva som kjenneteiknar ein holistisk person.

EM PL AR

nettstader på ein gong når du sit framfor datamaskinen, og kanskje lyser det frå mobilen mens ein TV-kanal surrar i bakgrunnen, fylt av reklameinnslag? (Og er du kanskje i litt for godt humør?).

3 Kor mange personar var det i kvar forsøksgruppe, dersom gruppene var like store? 4 Kva for tre forsøk blei gjorde?

KS

5 Kva var det som gjorde at dei analytiske forsøkspersonane ikkje klarte å hugse reklamen dei hadde sett?

IN

B Svar på spørsmåla

G

SE

6 På kva måte kan humøret vårt ha noko å seie for korleis reklamen påverkar oss?

ER

1 Kva vil det seie å måtte spreie merksemda si? 2 Kva skjer med analytiske personar når dei spreier merksemda?

D

3 Kva ville forskarane finne ut når dei delte forsøkspersonane inn etter personlegdom? 4 Kva fann dei ut?

R

5 Er du sjølv ein holistisk eller analytisk person? Grunngi svaret ditt.

VU

6 Foreslå korleis reklamemakarane kan utnytte at multitaskarar lèt seg påverke av reklame.

C Vel oppgåve 1 Skriv ein tekst om ditt forhold til reklame. 2 Finn ein reklame i eit blad eller ei avis. Bruk bileta, men lag ein ny reklametekst. 3 Lag ein heilt ny reklame med tekst og bilete. Vel målgruppe sjølv, for eksempel hunde eiegarar, reiseglade, fotballsupportarar, småbarnsforeldre eller tenåringar.

5


Kva slags ball kan ein kaste lengst med?

Elevane utforma tabellar der dei kunne skrive inn nødvendige opplysningar om ballane, registrere kasta og finne ut gjennomsnittslengd. Så sette dei opp reglar for kastinga: • Alle kan kaste ballen på den måten dei synest er best. • Det er lov å ta springefart. • Lengda på kastet er der ballen treffer første gong. • Alle får to forsøk. • Alle kast skal gjerast utandørs.

IN

G

SE

I 2013 var det 5.-klassingane ved Samfundets skole i Kristiansand som vann matematikkprisen i «Årets nysgjerrigper». Bakgrunnen for at dei blei nysgjerrige nok til å starte undersøkinga som sikra dei prisen, var krava til å få idrettsmerket. Ei av øvingane var å kaste med ball, og då begynte diskusjonen: Kva slags ball kan ein kaste lengst med? Dette ville elevane forske på.

KS

EM PL AR

Kva type ball ville du valt dersom du skulle kaste lengst mogleg? Kvifor?

VU

R

D

ER

Elevane samla inn ei mengd ballar. Nokre fann dei på skulen, andre hadde dei med heimanfrå: tennisball, våt tennisball, mjuk terapiball, sprettball, skumball, fotball, volleyball, basketball, medisinball, kule, handball, bordtennisball, golfball, badeball, stor klinkekule, innebandyball og bandyball. Dei blei einige om å begynne med seks ballar som hadde ulik storleik og vekt, nemleg tennisball, kule, fotball, handball, skumball og medisinball. Dei målte omkrins og vekt på kvar av desse ballane, og kvar elev gjetta kva for ein ball dei kunne kaste lengst. Alle måtte grunngi valet sitt. Det viste seg at elevane trudde tennisballen ville vinne, blant anna fordi han passa så godt i handa. Medisinballen trudde dei ville tape, og dei grunngav det med at han passa betre til trening enn til kasting.

6

Etter å ha gjennomført forsøket med dei seks ballane var elevane klare for ein ny runde. Det var ganske riktig tennisballen som vann, og no valde dei sju andre ballar som likna på tennisballen i både vekt og storleik. Kva fann elevane ut? Og kva lærte dei? Elevane brukte mykje matematikk i dette forskingsprosjektet. Dei rekna, målte og vog, og dei samanlikna både omkrins og vekt på ballane. Ut frå alle kasta, målingane og utrekningane klarte elevane å oppsummere kvifor dei kasta éin ball lenger enn ein annan. Dei kom fram til at den ideelle kasteballen vog mellom 45 og 90 gram og hadde ein omkrins på rundt 14 cm. Dessutan burde ballen vere forma slik at han gav

Ord å snakke om: idrettsmerke, terapiball, medisinball, omkrins, luftmotstand


2 minst mogleg luftmotstand. Det er nemleg ikkje nok at ballen er rund! Det blir stadig forska for å finne ut kva slags handballar og fotballar som går best i lufta.

Det er overflata på ballen som er avgjerande, for eksempel korleis ballen er sydd saman, og kor lange saumane er. Men dette er nok mest aktuelt på eit høgare nivå enn det du treng for å få idrettsmerket!

EM PL AR

A Svar på spørsmåla

1 Kvifor begynte elevane å lure på kva slags ball ein kan kaste lengst? 2 Kor mange ulike ballar samla elevane inn til forsøket?

3 Kva for ein ball tippa elevane ville tape i det første forsøket? Kvifor? 4 Kva var forskjellen på talet på ballar i første og andre forsøk? 5 Kva trong elevane matematikk til?

SE

KS

6 Gi ei skildring av den ballen som elevane meinte var ideell for lange kast.

G

B Svar på spørsmåla

IN

1 Kva for nokon av ballane som elevane samla inn, synest du ikkje eignar seg spesielt bra til å kaste langt med? Grunngi svaret ditt.

ER

2 Kvifor målte dei vekt og omkrins på ballane, trur du? 3 Sjå på reglane for kasting. Kva for nokon av reglane kan påverke lengda på kastet mest? Grunngi svaret.

D

4 Kvifor valde elevane i andre forsøk ballar som likna på tennisballen?

R

5 Kva er det, blant anna, som avgjer korleis ein ball rører seg i lufta?

VU

6 Kvifor blir det forska på dette, trur du?

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du deltok i forsøket. Gjer greie for kva du gjorde, og korleis det gjekk. 2 Tenk deg at de skulle finne ut kva for ein ball de klarte å sparke lengst. Kva for reglar for sparking ville du foreslått? 3 Finn ut kva for øvingar som høyrer med til og kva krav som blir stilte til eitt eller fleire idrettsmerke.

7


Inas reisetips Kva for helsemåtar bruker du? Kva for andre helsemåtar kjenner du til?

Tibet I Tibet skal dei ha ein gammal helsemåte som kan verke litt uhøfleg for oss «utanfrå». Ein rekkjer rett og slett tunge for å helse! Tradisjonen går visst heilt tilbake til det 9. hundreåret, då det levde ein vond konge i landet. Han var kjend som Lang Darma og hadde svart tunge.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Filippinane Dersom turen går til Filippinane og du skal helse på ein eldre person, er det veldig viktig å vise respekt. Du bøyer deg litt, med høgre hand tek du tak i den høgre handa til den gamle, og så fører du handa opp til panna hans eller hennar. Når knokane rører panna til den gamle, seier du «mano po». «Mano» tyder hand, og «po» tyder respekt. Då har du vist at du kan helse med respekt. Du kan jo øve deg litt på denne òg?

EM PL AR

New Zealand Når du helsar på nokon, plar du kanskje ikkje gjere det med nasen? Å gni nasar er ein fleire hundre år gammal tradisjon på New Zealand som skal få deg til å kjenne deg ekstra velkommen. Ved å helse slik blir du ikkje lenger ein gjest, men ein av folket. Eller ein «tangata whenua», som det heiter blant maoriane, det opphavlege folket på New Zealand. Urfolk, heiter det vel. Det kan kanskje vere greitt å øve seg litt på nasehelsing på førehand – ein kan fort gjere litt feil eller bli misforstått. ☺

Japan Kjem du til Japan, er det greitt å vite at der er det utruleg viktig å ønskje gjestene sine velkomne. Vanlegvis gjer ein det ved å bukke. Bukket kan variere frå eit lite nikk til eit djupt bukk. Dersom ein står på eit tamati-golv, som er eit typisk tradisjonelt japansk golv, går ein heilt ned på kne når ein bukkar. Eit langt og djupt bukk vitnar om ekstra stor respekt. No er visst ikkje slike djupe bukk så veldig vanleg blant ungdom, men det kan vere greitt å vite litt om bukkinga. Du kan jo bli litt overraska dersom nokon bukkar så djupt for deg at panna omtrent slår i golvet!

KS

Skal vi gni nasar? Reisetipsa mine i dag handlar om ulike måtar å helse på. Det kan nemleg vere ganske ulikt frå land til land. Det kan jo vere greitt å unngå å dumme seg for mykje ut?

8

Ord å snakke om: tradisjon, urfolk, respekt


3 Då kongen døydde, var mange redde for at han skulle bli atterfødd som ein annan person. Derfor begynte folk å rekkje tunge til kvarandre når dei skulle helse – for å vise at dei ikkje var

ein atterfødd Lang Darma. Det kan kanskje vere lurt å unngå blåbærsyltetøy til frukost dersom du skal helse på nokon i Tibet?

EM PL AR

A Svar på spørsmåla

1 Skriv den setninga i teksten som forklarer kva urfolk tyder.

2 Kva er grunnen til at ein skal seie «mano po» når ein helsar på ein eldre person på Filippinane? 3 Kva for helsemåte viser at han er tilpassa høgrehendte? 4 Kva er eit tamati-golv?

KS

5 Kva for ein helsemåte kan verke uhøfleg dersom ein ikkje kjenner til han?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kva kjenneteikna Lang Darma?

IN

1 Kva formål har Ina med å gi desse tipsa?

ER

2 Kva kan ein oppnå på New Zealand ved å helse som ein maori? 3 Kva meiner Ina med at ein kan bli misforstått eller gjere feil?

D

4 Kvifor er ikkje djupe bukk så vanlege blant japansk ungdom, trur du? 5 Kvifor får du råd om ikkje å ete blåbærsyltetøy til frukost i Tibet?

VU

R

6 Kva for ein av helsemåtane trur du det er minst sjanse for at du får erfare som turist Grunngi svaret ditt.

C Vel oppgåve 1 Illustrer ein eller fleire av helsemåtane og skriv ein kort forklarande tekst til. 2 Førestill deg at du er på reise og opplever noko av det Ina har tipsa deg om. Fortel korleis det gjekk. 3 Skriv dine eigne reisetips.

9


342 dagar i verdsrommet Korleis er det å vere på ein romstasjon ute i verdsrommet over lang tid, trur du?

EM PL AR

Dersom heile ferda til Scott Kelly og Mikhail Kornijenko går som planlagt, vil dette vere den lengste perioden ein amerikansk astronaut har vore i rommet. I 342 dagar skal Scott Kelly og den russiske kollegaen hans bu og jobbe på romstasjonen. Kva skjer med auga, skjelettet og blodårene etter nesten eitt år utan tyngdekraft? Korleis går det med musklane? Blir kroppen svekt av å vere i verdsrommet? Og korleis oppfører eit menneske seg etter å ha opphalde seg så lenge i verdsrommet? Utan å delta i daglegdagse aktivitetar som å gå på jobben, møte venner, vere saman med familien, reise på ferie? Utan å sove i ei vanleg seng på golvet? På romstasjonen søv nemleg astronautane i ein sovepose som er bunden til veggen. Alt dette kan vere viktig kunnskap å ha dersom vi ein gong skal sende menneske til Mars. Det å sende menneske til Mars er framleis langt fram i tid, men reisa dit vil i så fall ta lang tid og kan samanliknast med opphaldet Scott Kelly og Mikhail Kornijenko har på romstasjonen. Fotografiet viser hav og land slik det såg ut då romstasjonen passerte i 430 kilometers høgd.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Gjennom nesten eit år, frå sommaren 2015, følgjer amerikanske forskarar med på kva som skjer med kroppen til tre astronautar. To av dei, amerikanaren Scott Kelly og russaren Mikhail Kornijenko, oppheld seg i verdsrommet, på ein internasjonal romstasjon, mens den tredje er på jorda. Det spesielle er at den astronauten som er igjen på jorda, Mark Kelly, er einegga tvilling med Scott Kelly. Sidan Scott og Mark er så like, kan forskarane bruke Mark som samanlikning.

Kva skjer med kroppen til Scott ute i verdsrommet, samanlikna med Marks kropp?

KS

Kva skjer eigentleg med kroppen når ein oppheld seg i verdsrommet over tid? Det vil nokre amerikanske forskarar finne ut av. Dei fleste ekspedisjonane med astronautar varer frå fire til seks månader. Ved å doble dette tidsrommet håpar forskarane å forstå betre korleis menneskekroppen blir påverka av lengre periodar i nesten vektlaus tilstand. Ute i verdsrommet er det nemleg inga tyngdekraft.

10

Ord å snakke om: romstasjon, vektlaus, einegga


4

A Svar på spørsmåla

EM PL AR

Det er berre nokre hundre menneske som har sett jorda frå verdsrommet. Scott Kelly har oppdaga at jorda er så flott og interessant å sjå frå rommet at han har teke mange fotografi som han har lagt ut på nettet. Blant anna har han oppdaga at overflata på planeten kan likne på det som vi elles kan sjå i eit mikroskop.

1 Kva heiter dei tre astronautane teksten handlar om?

2 Kvifor var det ikkje den russiske astronauten som blei igjen på bakken? 3 Kor mange veker skal opphaldet i verdsrommet vare?

4 Skriv setninga som viser at astronautane skal arbeide på romstasjonen.

KS

5 Kvifor kan ikkje astronautane sove i ei vanleg seng?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Omtrent kor mange har sett jorda frå verdsrommet?

IN

1 Kvifor skal dette opphaldet i verdsrommet vare lenger enn det som er vanleg? 2 Kva er fordelane med å ha med einegga tvillingar i forskingsprosjektet?

ER

3 Kvifor står det at astronautane ikkje får oppleve ein daglegdags aktivitet som jobben – dei jobbar jo på romstasjonen?

R

D

4 Kva for grunnar kan det vere til at ein oppfører seg annleis etter eit langt opphald på ein romstasjon?

VU

5 Kva oppdaga Scott Kelly, og korleis deler han dette med andre? 6 Kva nytte kan ein ha av kunnskapen som kjem ut av dette prosjektet?

C Vel oppgåve 1 Førestill deg at du er ein av dei to astronautane om bord på romstasjonen. Skriv ein dagboktekst. 2 Kva trur du forskarane finn ut? Tenk deg at du har fått vite det, og skriv ein rapport om funna. 3 Førestill deg at du får vere med på den første reisa til Mars. Kva skjer når de kjem fram?

11


Rallarvegen på sykkel Kva veit du om Hardangervidda? Kva slags utstyr treng ein for å dra på lengre turar med sykkel?

Passar for familiar Rallarvegen på sykkel kan vere ein fin familietur anten barna syklar på eigen sykkel eller sit i barnesete eller barnetilhengar. Dei mange nedoverbakkane gjer vegen lett å sykle. Ta deg god tid nedover dei brattaste bakkene og sjekk bremsene før turen startar! Avslutt gjerne turen på Flåm og ta toget tilbake. Det er fleire moglege overnattingar undervegs, alt frå telting til turisthytter og hotell. Nokre av overnattingsstadene undervegs er merkte med Syklist Velkommen. Det er overnattingsstader som er lagde spesielt til rette for syklistar. Det vil seie at det er sikker parkering for sykkelen og lett å få tørka klede. Dessutan er sykkelverktøy og lappesaker tilgjengelege.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Rallarvegen har blitt ein sykkelveg i spennande natur I dag er det rundt 25 000 syklistar frå heile verda som gjestar Rallarvegen kvar sommar. På tur langs Rallarvegen vil du oppleve fantastisk natur, heilt frå 1301 moh., det høgaste punktet på Rallarvegen ved Taugevatn, og ned til fjorden. Naturen er skiftande og spennande, frå karrig høgfjell til frodig vestlandsnatur.

EM PL AR

Kva var opphavleg Rallarvegen? Rallar tyder eigentleg anleggsarbeidar, og Rallarvegen blei bygd i samband med bygginga av Bergensbana. Då var det nødvendig med ein transportveg over fjellet for å frakte materiale, utstyr og forsyningar til anleggsstadene. Vegen blei påbegynt i 1894 og stod ferdig i 1902. Rallarvegen er i dag eit vakkert minne om det store arbeidet som bygginga av Bergensbana var. Rallarvegen som sykkelveg blei opna sommaren 1974.

Sjølve Rallarvegen er bilfri grusveg. Noko av vegen har grovt underlag, derfor er terrengsykkel ein fordel, men mesteparten av vegen har god grusvegstandard. Det er mest nedover, elles er det litt småkupert. Flåmsdalen har asfaltert veg som er open for vanleg biltrafikk, noko ein må ta omsyn til på veg nedover dalen.

KS

Prøv deg på sykkel langs RALLARVEGEN – med start på Haugastøl! Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke. Rallarvegen er 80 km lang og går over Hardangervidda, frå Haugastøl via Finse, Hallingskeid og Myrdal og ned til Flåm.

12

Ord å snakke om: rallar, kulturhistorisk minnesmerke, forsyningar, karrig


5

Skal du overnatte i Flåm, bør du vere tidleg ute med å bestille plass. Plass til sykkelen på toget

må også bestillast i tide. Sykkellykt kan vere smart, sjølv midt på lysaste sommaren – du syklar nemleg gjennom eit par tunellar der det er praktisk å ha lykt! Fleire tips til denne og andre fine sykkelturar kan du få av Syklistenes Landsforening: www.syklistene.no

A Svar på spørsmåla 1 Kvifor blei Rallarvegen bygd? 2 Kor lang tid tok det å byggje vegen?

KS

3 Kvar er det høgaste punktet langs Rallarvegen?

EM PL AR

Tips: Rallarvegen eignar seg best for sykling i perioden frå midten av juli til slutten av september. Helgene i august og september er veldig populære, og vil du ha ein tur utan altfor mange andre syklistar, er det best å reise midt i veka.

4 Kvifor kan det vere ein fordel å bruke terrengsykkel?

SE

5 Forklar kva desse tala står for i teksten: 80, 1894, 1902, 1974, 25 000, 1301.

IN

G

6 Kvar kan ein få meir informasjon om sykkeltur langs Rallarvegen?

B Svar på spørsmåla

ER

1 Kva er det som gjer Rallarvegen familievennleg? 2 Kva for ein del av vegen kan vere trafikkfarleg?

D

3 Kva slags overnattingsstad bør ein velje dersom sykkelen må reparerast?

R

4 Kvifor blir ikkje Rallarvegen tilrådd tidleg på sommaren og seint på hausten, trur du?

VU

5 Kva slags førebuingar bør ein gjere før turen, ifølgje denne teksten? 6 Kva er det i denne teksten som kan freiste lesarane til å velje å sykle langs Rallarvegen?

C Vel oppgåve 1 Lag ein reklameplakat for sykling langs Rallarvegen. 2 Skriv eit reisebrev frå ein sykkeltur med overnattingar. 3 Finn ut meir om Hardangervidda, og skriv ein tekst om denne nasjonalparken.

13


Bilete på sosiale medium – vaksne bør skjerpe seg! Kva synest du om at foreldre legg ut feriebilete av barna sine på sosiale medium? Ville du sjølv sett nokon grenser når det gjeld bilete av deg sjølv? Mange foreldre legg ut ekstra mange bilete av barna sine på sosiale medium i ferien. Aftenposten Junior spurde barn frå ulike stader i landet kva dei meiner om dette:

Ole Magnus (12): Vaksne må ikkje leggje ut pinlege bilete av barn. Det hadde for eksempel vore kjempeflautt om nokon no hadde lagt ut eit bilete av meg frå då eg var baby. Eg synest ein bør spørje før ein tek biletet, om det er greitt at det blir brukt på nettet. Ein bør ikkje ta bilete av menneske som søv, for eksempel.

SE

Jakob (12): Foreldre må hugse på at bilete lett kan spreiast på nettet, derfor bør dei tenkje nøye gjennom kva bilete dei legg ut av barna sine. Foreldra mine legg aldri ut bilete av meg, fordi eg ikkje vil at dei skal gjere det.

EM PL AR

Eg trur mange barn er flinkare enn vaksne til å spørje om lov før dei legg ut bilete av andre. Mamma spør meg ikkje alltid om lov, så av og til kan eg bli litt irritert på henne.

Karen (12): Eg trur eigentleg vaksne er ganske flinke til å spørje barna sine om lov. Eg synest i alle fall dei bør spørje barn som er eldre enn ti år, før dei legg ut bilete av dei. Eg seier alltid ja når foreldra mine spør meg om lov.

KS

Benita (10): Vaksne bør skjerpe seg litt på Facebook. Somme vaksne tenkjer nok at det ikkje er så viktig å spørje fordi det «berre er barn».

G

Eg er på Instagram, men der legg eg aldri ut bilete av meg sjølv.

Foreldre bør spørje barna om lov frå dei er åtte år. Mamma spør meg alltid om lov først, og som regel er det greitt, men av og til seier eg nei.

VU

R

D

ER

IN

Amalie (10): Det er viktig at dei som er på bileta, synest at dei ser fine ut på biletet som blir lagt ut på nett. Når barn er 11–12 år, bør vaksne spørje dei om lov før dei legg ut bilete. Mamma spør meg ikkje alltid om lov før ho legg ut bilete av meg på nettet, men eg stolar på at ho vel fine bilete av meg.

Jenny (10): Vaksne bør spørje før dei tek bilete, om det er greitt at dei blir brukte på Facebook. Og så må dei også vise barna biletet før dei legg det ut, sånn at barna kan godkjenne det.

14

Ord å snakke om: sosiale medium, lukka grupper, låg oppløysing, Datatilsynet


A Svar på spørsmåla 1 Kva synest Benita at barn er flinkare til enn vaksne?

EM PL AR

Råd til foreldre: 1 Ikkje del bilete av barn i veldig private situasjonar. Kjelde: Datatilsynet 2 Det er stor forskjell på å publisere nokon få og mange bilete. 3 Del med færrast mogleg, lag for eksempel lukka grupper. 4 Bruk låg oppløysing, sånn at biletet ikkje så lett kan brukast av andre. 5 Spør alltid før du deler bilete av andre. Respekter alltid svaret.

6

2 Kven stolar på at dei vaksne alltid legg ut fine bilete? 3 Kva meiner Ole Magnus med pinlege bilete?

4 Kven av barna har opplevd at foreldra legg ut bilete av dei utan å spørje først? 5 Kven seier av og til nei når dei vaksne spør om lov til å leggje ut bilete?

G

B Svar på spørsmåla

SE

KS

6 Aldersgrensa for Instagram er 13 år, men det kan brukast av yngre barn etter løyve frå foreldra. Kven av barna har fått løyve?

IN

1 Kva meiner Benita med «fordi det berre er barn»? 2 Kva trur du Jakob åtvarar mot når han seier at bilete lett kan spreiast på nettet?

ER

3 Kva er forskjellen på Karen, Jenny og Amalies syn på å spørje barna før ein legg ut bilete?

D

4 Kva er forskjellen på Benitas og Jennys erfaring med foreldre som legg ut bilete av dei utan å spørje først?

R

5 Denne teksten er frå Aftenposten Junior, som er meint for barn og unge. Kvifor står det då råd til foreldra der?

VU

6 Er det nokon av råda frå Datatilsynet ein lett kan gløyme å følgje? Grunngi svaret ditt.

C Vel oppgåve 1 Skriv kva du meiner om at vaksne legg ut bilete av eigne barn utan å spørje først. Skriv det gjerne som eit lesarinnlegg. 2 Lag ein illustrert plakat med råda frå Datatilsynet. 3 Skriv dine egne råd til foreldre som bør skjerpe seg.

15


Slåstkamp som underhaldning

keisaren mindre populær! Og dyrevern hadde nok ingen høyrt om på den tida.

IN

G

SE

I Romarriket var det vanleg med gladiatorar som slost for livet for å underhalde andre, ikkje minst dei som sat med makta. Dei fleste gladiatorane var slavar, men det fanst òg menneske som slost frivillig som gladiatorar for å tene pengar. Mange av dei beste gladiatorane blei sett på som heltar. Vi kan samanlikne dei med dagens fotballheltar.

KS

EM PL AR

Kva veit du om gladiatorkampar? Kva synest du om å sjå på slåstkampar som underhaldning?

D

ER

Gladiatorane fekk opplæring på eigne gladiatorskular eigde av rike folk. Slavar blei ofte kjøpte inn til skulane, og der blei dei trena opp til å bli gode slåstkjemper. Dess betre dei blei til å slåst, dess meir pengar tente han som eigde dei.

VU

R

Ofte blei gladiatorane selde til keisaren, som fekk bygd eigne arenaer til kampane. Colosseum i Roma var ein slik arena. Keisaren brukte gjerne gladiatorane for å gjere seg populær. Han visste at gladiatorkampane var veldig ettertrakta underhaldning blant romarane. Dei likte å sjå folk slåst mot kvarandre eller mot ville dyr. Dei ville dyra kunne vere både tigrar, elefantar, nashorn, sjiraffar, ulvar, bjørnar og løver. Dyra, som var henta frå andre land, var gjerne svoltne og derfor sinte og lette å hisse opp til ein slåstkamp. Ein kamp kunne vare heile dagen, og gladiatorane brukte både spyd, sverd, nett og ulike slagvåpen. Det at det var gratis for publikum å sjå på, gjorde ikkje

16

Når det var to gladiatorar som slost mot kvarandre, var gjerne den eine utstyrt med gode våpen, mens den andre hadde langt dårlegare. Det kunne for eksempel vere ein dødsdømd fange, og for han var kampen ekstra farefull. Det var stor risiko for å bli drepen, og det kom ikkje berre an på motstandaren. Det var også slik at keisaren eller publikum kunne avgjere om ein gladiator skulle få leve. Ved å rope eller vise teikn med tommelen avgjorde dei lagnaden til gladiatoren. Dersom gladiatoren hadde vist at han var tapper og god til å slåst, fekk han gjerne leve. Ein annan grunn var at det var dyrt å lære opp nye gladiatorar. Dei fleste gladiatorane overlevde rundt 10–12 kampar. Det hende òg at kvinner blei gladiatorar. Dei blei kalla gladiatriser, og dei deltok frivillig. Gladiatrisene kjempa om kvelden når det var månelyst, for då var det flest publikum på tribunane. Det var mange som ikkje likte at kvinner slost på den måten, og grunngivinga deira var at det passa best for menn. Etter kvart blei det forbode for kvinner å delta. Ord å snakke om: gladiator, helt, arena, risikabel


7 form av skodespel, deretter begynte dei blodige kampane. Ein reknar med at rundt 300 000 gladiatorar mista livet på Colosseum før slike kampar blei forbodne.

EM PL AR

På Colosseum i Roma var det plass til 50 000 tilskodarar, og det var 80 inngangar. Keisaren hadde naturlegvis den beste plassen, nemleg den som var nedst og nærmast det som skjedde på arenaen. Først var det gjerne underhaldning i

A Svar på spørsmåla 1 Kven var det som blei gladiatorar? 2 Korleis blei dei lærte opp til å slåst?

3 Kva var det som gjorde at romarane ville sjå på gladiatorkampane? 4 Kva var grunnen til at dyra ville slåst?

KS

5 Kvifor var det best at ein utlært gladiator fekk kjempe fleire kampar før han blei drepen?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kva var forskjellen på gladiatriser og gladiatorar, bortsett frå kjønn?

IN

1 Kva kan vere grunnane til at mange gladiatorar blei sett på som heltar?

ER

2 Korleis kunne ein gladiatoreigar tene seg rik på gladiatorane? 3 Kvifor var ikkje gladiatorane som slost mot kvarandre, like godt utstyrte?

D

4 På kva måte kan vi seie at keisaren avgjorde liv eller død på arenaen?

R

5 Kvifor ønskte somme kvinner å bli gladiatriser, trur du?

VU

6 Kva er det i teksten som tyder på at Colosseum må ha blitt brukt som arena for kampar i mange år?

C Vel oppgåve 1 Lag ein plakat som skal freiste publikum til å komme på ein gladiatorkamp. 2 Tenk deg at du er ein slave som skal tvingast til å bli gladiator. Skriv eit brev til keisaren der du ber om å få sleppe. 3 Finn eit bilete av Colosseum slik det ser ut i dag. Skriv ein tekst til biletet.

17


Til vêrs i ein ballong Kva er grunnen til at ein ballong stig til vêrs? Kva er ein varmluftsballong? og dermed rekna ein med at menneske òg ville tole slike ballongferder.

EM PL AR

Det neste prosjektet no var ganske opplagt: ei ballongferd med menneske om bord. Etter eit par forsøk der ballongen heile tida var tjora fast til bakken, blei den første bemanna ballongferda i fri flukt gjennomført 19. oktober 1783. Det var to menneske om bord, og til vill jubel steig ballongen heilt opp mot 1000 meter over bakken, før han begynte å miste høgd og landa etter 26 minutt i lufta. Då hadde han floge heile ni kilometer.

ER

IN

G

KS

SE

Det var dei franske brørne Montgolfier som fann opp varmluftsballongen på slutten av 1700-talet. Det skjedde eigentleg ved eit slumpetreff. Ein dag dei leikte seg inne med nokre lette papirposar, oppdaga dei at posane steig til vêrs når dei blei snudde opp ned over open varme. Etter kvart prøvde dei seg utandørs med posar og større sekker som var laga av ulike typar materiale, og dei klarte å få ein varmluftsballong av silke til å stige 250 meter.

Etter kvart blei varmluftsballongane erstatta av vasstoffballongar. Men i 1960-åra kom varmluftsballongen tilbake. Då hadde ein fått lette og sterke stoff som nylon og kraftige varmekjelder som propangass. Prøv sjølv – lag ein varmluftsballong av ein plastpose og ein hårfønar Få tak i ein stor pose av tynn, lett plast. Ofte får ein levert tøy frå reinseri i slike tynne plastposar, men andre posar kan sjølvsagt brukast. Blås posen full av varm luft med ein hårfønar, og la varmluftsballongen gå til vêrs. Hårfønaren må vere på 1500 watt eller meir.

VU

R

D

No ville brørne finne ut korleis det kunne gå med større ballongar, og dei laga ein stor ballong av strie og papir. Dei fekk varm luft til å strøyme inn i ballongen ved å binde han fast over eit stort bål på bakken. Då dei sleppte ballongen, steig han opp til nesten 2000 meter og flaug nærmare to km på ti minutt. Etter dette utvikla brørne, med hjelp frå andre, stadig meir avanserte varmluftsballongar. Dei ville prøve med passasjerar om bord, og med både kongen og dronninga blant tilskodarane sende dei 19. september 1783 ein ballong til vêrs med ein sau, ei and og ein hane som passasjerar. I fem minutt svevde ballongen av garde 500 meter over bakken, før han landa tre kilometer frå startplassen. Alle dyra var like heile,

18

Ord å snakke om: avansert, bemanna, propangass, watt, oppdrift


8

A Svar på spørsmåla

EM PL AR

Forklaring: Det er oppdrift i luft, akkurat som i vatn. Den varme lufta inni ballongen veg mindre enn eit like stort volum av den kaldare lufta utanfor. Derfor stig ballongen.

Dersom du held plasten tett rundt munningen på hårfønaren mens du blæs, kan plasten lett smelte av den høge temperaturen. Det går lettast om de er to, slik at den eine kan halde plasten vekk frå den varme hårfønartuten.

1 Kvifor har dei to som fann opp varmluftsballongen, same etternamn? 2 Kva var ballongen som steig 250 m, laga av?

3 Kva for eit ord i teksten viser at den første store varmluftsballongen av strie og papir ikkje flaug lenger enn to kilometer? 4 Kor lang tid gjekk det mellom ballongferda med dyr og den med menneske om bord?

KS

5 Kva var grunnen til at ein begynte å bruke varmluftsballongar igjen i 1960-åra?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kvar kan du få tak i tynne plastposar til å gjere ditt eige forsøk?

IN

1 Kva vil det seie at ein finn opp noko eller oppdagar noko ved eit slumpetreff? 2 Korleis fekk brørne den første store ballongen av strie og papir til å flyge så høgt og langt?

ER

3 Kva kan vere grunnen til at dei kongelege var blant tilskodarane i oktober 1783?

D

4 Før den første bemanna ballongferda i fri flukt hadde ein forsøk der ballongen var tjora til bakken. Kvifor det, trur du?

R

5 Kva trur du kan vere grunnen til at ballongen med menneske gjekk både høgare og lenger enn ballongen med dyr?

VU

6 Kvifor er det ikkje likegyldig kva slags hårfønar du bruker til forsøket? 7 Forklar kvifor ein ballong fylt med kald luft ikkje vil stige til vêrs.

C Vel oppgåve 1 Lag ein teikneserie som viser viktige hendingar i livet til brørne. 2 Lag eit avisoppslag frå den første bemanna ballongferda. 3 Gjennomfør forsøket som er forklart, og lag ein rapport med illustrasjonar.

19


Boktilråding: Vi er molekyler Kva gjer at du får lyst til å lese ei bok? Liker du å lese om situasjonar du kan kjenne deg igjen i?

I boka Vi er molekyler møter vi Stewart. Han er tretten år og går på ein skule for ekstra smarte barn. Han har alltid ønskt seg ei syster, men mamma døydde før han rakk å få ei. Han har nesten ingen venner, så han er nokså einsam, eigentleg. Ashley på fjorten er heilt motsett. Ho er kjempepopulær, men ikkje særleg flink på skulen.

EM PL AR

Skuleflink, einsam gut og dronninga på skulen som stesysken under same tak. Kan det gå bra? Er du ein av dei mange som har opplevd at mamma og pappa er blitt skilde? Kanskje har ein av dei, eller begge, fått seg ny kjærast òg? Og kanskje har den kjærasten eit barn (eller fleire) som du må bli kjend med og kanskje flytte saman med?

IN

G

SE

KS

Flytte saman No er faren til Stewart og mora til Ashley blitt kjærastar, og dei to familiane skal flytte saman. Det er ikkje særleg enkelt verken for Stewart eller for Ashley. For Stewart er det rart å forlate huset der dei budde saman med mamma. Det at dei fleste tinga deira blir sette på eit lager fordi Ashley og mora allereie har alt mogleg, gjer ikkje saka betre. Men Stewart går inn for å vere så positiv han berre kan. 89,9 prosent, faktisk.

ER

«Det er kanskje urealistisk å vente at Ashley skal vere glad for at vi flytta inn sånn med ein gong», sa pappa mens vi gjekk der i halvmørket. «Ho har hatt mykje omveltingar i livet.»

R

D

Den sutrete delen av meg ville seie: Ho har hatt omveltingar? Ho må ikkje flytte til nytt hus med nytt rom og nytt nabolag! Og ja då, foreldra er skilde, men dei er i det minste LEVANDE! Men eg nikka og sa: «Eg forstår, pappa. Tida lækjer alle sår ...»

VU

Hemmeleghald Ashley, derimot, bestemmer seg frå første stund for å vise motsatt haldning. Ho er rett og slett fly forbanna og ber på mange bitre kjensler etter at faren for ei stund sidan flytta frå dei. I tillegg til at ho er lei seg og sint, bruker ho mykje krefter på å halde sanninga om kvifor pappa drog, skjult for venninnene sine. Ho trur det vil vere heilt krise om dei får vite korleis det eigentleg heng saman. Stefamilie I annakvart kapittel gjennom heile boka fortel Stewart og Ashley sin versjon av historia, noko som gir oss eit fint innblikk i kor ulikt dei ser på tilværet og situasjonen dei har hamna i.

20

Ord å snakke om: molekyl, stesysken, urealistisk, innblikk


9 Boka skildrar det å vere del av ein stefamilie på ein humoristisk og varm måte. Men du treng ikkje tilhøyre ein stefamilie for å ha glede av denne historia. Ho seier eigentleg aller mest om korleis kvar og ein av oss virrar omkring i tilværet og prøver å gjere livet så bra vi kan for oss sjølv og andre. Ei fin bok!

Tilrådd av Anniken Thorsen, Deichmanske bibliotek 21.08.2015

EM PL AR

A Svar på spørsmåla

1 Kor lenge er det sidan denne boktilrådinga blei skriven?

2 Kva er forskjellen på Ashley og Stewart når det gjeld å vere flink på skulen? 3 Kvifor har ikkje Stewart sysken?

4 Kva er det som gjer at Ashley kan kallast dronninga på skulen? 5 Kva fortel talet 89,9 i teksten?

SE

KS

6 Skriv setninga frå boktilrådinga som viser at dette også er ei morosam bok.

B Svar på spørsmåla

IN

G

1 Kvifor blir boktilrådinga innleidd med ei direkte tiltaling av lesaren, trur du: «Er du ein av dei mange …»? 2 Kva er forskjellen på Stewarts og Ashleys familiesituasjon?

ER

3 Kvifor er utdraget som viser Stewarts tankar når han snakkar med faren, teke med med i boktilrådinga?

D

4 Kva for løyndom ser det ut til at Ashley ber på, og kvifor må det vere hemmeleg?

R

5 Korleis lèt forfattaren oss få vite kva både Stewart og Ashley tenkjer om å vere i ein stefamilie? Kva er fordelane med dette?

VU

6 Foreslå fleire grunnar til at Deichmanske bibliotek har lagt ut denne boktilrådinga på nettet.

C Vel oppgåve 1 Skriv korleis du trur det kjem til å gå med Ashley og Stewart. 2 Skriv di eiga boktilråding. 3 Skriv ein ny baksidetekst til ei bok du har lese.

21


Lèt du deg forstyrre av lydar frå mobilen? Klarer du å la vere å sjå på mobilen når det tikkar inn ei melding?

Stothart og kollegaene samanlikna kor godt ei gruppe forsøkspersonar greidde å utføre oppgåver som kravde mykje konsentrasjon på ei datamaskin. Først målte dei kor godt personane løyste oppgåva når dei ikkje blei utsette for nokon forstyrringar. Deretter delte forskarane dei inn i tre grupper: Det var éi gruppe som fekk ei telefonoppringing, ei anna som fekk ei tekstmelding, og ei tredje som ikkje blei forstyrra av nokon av delane under oppgåveløysinga. Dei to første gruppene fekk automatiske telefonoppringingar eller tekstmeldingar, utan at dei visste at det var ein del av forsøket. Desse to gruppene som blei forstyrra av mobilen, gjorde i gjennomsnitt tre gonger fleire feil i oppgåveløysinga enn den tredje gruppa. Aller dårlegast gjekk det for gruppa som blei oppringd. I dette forsøket tok ikkje forsøkspersonane telefonen når han ringde eller varsla om ei melding, dei blei berre merksame på at nokon prøvde å få tak i dei via lyden frå mobilen. Men tidlegare forsøk har målt kor distrahert vi blir av å bruke telefonen aktivt under oppgåveløysing. Då forskarane ved Florida State University samanlikna tidlegare funn med resultata frå sitt eige forsøk, kom dei fram til at vi faktisk mistar like mykje konsentrasjon når vi lèt vere å svare på ei tekstmelding eller oppringing, som når vi svarer.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Sjølv om du har kort meldingslyd på mobilen, kan denne lyden distrahere deg. Du kan begynne å tenkje på noko som er heilt irrelevant for oppgåva du held på med, eller lyden kan få deg til å dagdrøyme. Altså er du blitt forstyrra. Forskarar har til og med funne ut at om du har sett mobilen på lydlaus, men på vibrering, vil vibreringslyden forstyrre deg like mykje som vanleg lyd frå mobilen.

Det er Cary Stothart ved Florida State University som har vore leiar for studien der dei undersøkte kva verknad varslingar frå mobiltelefonen har på evna vår til å utføre ei oppgåve.

EM PL AR

Er du ein av dei som meiner at så lenge du ikkje tek telefonen eller les ei melding som tikkar inn på mobilen, blir du ikkje forstyrra? Det er faktisk slik at i same augeblink som du høyrer at du har fått ei melding, har mobiltelefonen allereie forstyrra deg like mykje som ein telefonsamtale.

Det ser altså ut til at den beste måten å unngå å bli distrahert eller forstyrra av mobiltelefonen på, er ikkje å ha han i nærleiken, eventuelt slå han av eller setje han i flymodus.

22

Ord å snakke om: distrahere, irrelevant, studie, konsentrasjon


10 Kor lang tid tek det å hente inn igjen konsentrasjonen når vi blir avbrotne? Det finst det sikkert òg forskarar som kan svare på. Kva trur du?

A Svar på spørsmåla

EM PL AR

Mange synest dette er veldig vanskeleg. Vi er vane med å vere tilgjengelege for andre. Kanskje er det også slik at vi er redde for å gå glipp av noko?

1 Kva er forskjellen på å bli forstyrra av ei melding og av ein telefonsamtale, ifølgje teksten? 2 Kvar arbeider Cary Stothart?

3 Skriv ei av setningane som viser at Cary Stothart ikkje forska åleine. 4 Kva var det forsøkspersonane ikkje visste var ein del av forsøket? 5 Kva for ei gruppe gjorde mest feil i oppgåvene?

SE

KS

6 Korleis kan ein best sikre seg mot å bli forstyrra av telefonen?

B Svar på spørsmåla

G

1 På kva måtar kan ein meldingslyd frå mobilen distrahere oss?

IN

2 Set at du ikkje vil bli forstyrra av mobilen, og heller ikkje vil slå han av. Kva må du då hugse på når du set telefonen på lydlaus?

ER

3 Kvifor var det viktig at forsøkspersonane ikkje visste at mobiltelefonen var ein del av forsøket? 4 Kva nytte hadde forskarane av resultata frå tidlegare forsking?

R

D

5 I slike forsøk er det gjerne ei «kontrollgruppe» som ikkje veit at dei ikkje er ein del av forsøket. Kven er kontrollgruppa her? Kvifor trenger ein ei slik gruppe?

VU

6 Finn eit forslag til svar på spørsmålet som blir stilt heilt til slutt i teksten.

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du har fått i oppgåve å lage eit avisoppslag om dette forsøket. Skriv teksten. 2 Kva for reglar synest du skal gjelde for mobilbruk på skulen? Skriv dei. 3 Førestill deg at du kjem opp i ein pinleg situasjon fordi du har gløymt å slå av lyden på mobilen. Skriv ei forteljing om det som skjer.

23


Juleeksperiment Kvifor gjer ein eksperiment? Kva for eksperiment har du gjort på skulen? Mens du ventar på jul, eller på juleferie, kan du gjere desse juleeksperimenta: Det første eksperimentet kan du gjerne gjere åleine, og du kan gjere det kvar som helst. Det andre eksperimentet, stjerneskoteksperimentet, må du gjere ute og saman med ein vaksen.

Dette treng du: • To kvite papirark • To tusjar, ein raud og ein grøn • Klokke/mobil for å ta tida Dette gjer du: • På det eine arket teiknar du eit heilt raudt juletre som er omtrent 7 cm høgt. • Teikn nokre grøne kuler som heng ytst på greinene.

EM PL AR

Juletreeksperimentet

G

SE

KS

Legg arket med teikninga di ved sida av det blanke arket. Du må vere i eit rom med godt lys for at forsøket skal fungere. Først stirer du intenst rett på det raude juletreet i eitt minutt, så flyttar du raskt blikket over til det blanke arket. No vil du sjå eit nytt juletre, men det er grønt med raude kuler!

R

D

ER

IN

Kva skjer? Det du ser, kallar vi etterbilete. Når du stirer lenge – minst eitt minutt – på det raude juletreet, blir sansecellene for raudt lys veldig slitne. Når du flyttar blikket over til det kvite papiret, ser du det kvite lyset, som er samansett av alle fargar, minus det raude lyset. Då blir juletreet grønt. Det same skjer med dei grøne kulene: Dei blir raude. Vi seier at raudt og grønt er komplementærfargar. Kjenner du til andre fargar som er komplementærfargar?

VU

Lag stjerneskot Dette eksperimentet må du gjere ute, saman med ein vaksen, det kan vere på snø, grus eller fuktig jord. Det blir finast å sjå på dersom de gjer det i mørket Stålull kan brukast til meir enn å vaske. Dette treng du: • Stålull (du må ha den typen som er utan såpe) • Fyrstikker • Ein blomsterpinne (eller noko liknande)

Dette gjer du: • Set pinnen godt ned i jorda eller i snøen. Han må stå støtt. • Klipp omtrent 5 cm av stålulla, og trekk litt i henne slik at ho blir luftig. • Heng stålulla på pinnen, tenn fyrstikka og hald henne forsiktig mot stålulla.

Henta frå Kule eksperimenter! av Katrin Lindwall

24

Ord å snakke om: eksperiment, fungere, sanseceller, komplementærfargar


11 utover, er det nok med varmen frå ei fyrstikk for å få dei til å brenne. Det er akkurat det same som skjer med stjerneskota vi kjøper. Dei inneheld små, små bitar av jern som får det til å gneistre når vi tenner på.

EM PL AR

Kva skjer? Blei du overraska over at jern kan brenne? Nesten alt rundt oss kan faktisk brenne dersom det er tilstrekkeleg fint fordelt. Fordi jerntrådane i stålulla er så tynne, og dei er fint fordelte

A Svar på spørsmåla 1 Kva treng du til det første eksperimentet?

2 Kvifor kan du ikkje gjere det i eit rom med svakt lys?

3 Gjer greie for kva som skjer når du flyttar blikket over til det blanke arket. 4 Kva treng du til det andre eksperimentet?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Forklar kva som kan få jern til å brenne.

KS

5 Kva er grunnen til at pinnen må stå heilt støtt i jorda?

IN

1 Kvifor blir begge eksperimenta kalla juleeksperiment?

ER

2 Kor stort ark treng du til det første eksperimentet? 3 Kvifor er det akkurat fargane raudt og grønt du skal bruke?

D

4 Kva tyder etterbilete?

R

5 Kvifor står det to stader i teksten at du må gjere det andre eksperimentet ute og saman med ein vaksen?

VU

6 Kva kan vere grunnen til at du skal bruke stålull utan såpe?

C Vel oppgåve 1 Prøv ut det første forsøket, og fortel med tekst og teikning korleis det gjekk. 2 Teikn fargesirkelen og skriv ein kort tekst der du forklarer komplementærfargar. 3 Finn eit anna eksperiment du kjenner til, og forklar korleis det skal gjennomførast.

25


Lettare forkjølt med lite søvn Er du ofte forkjølt? Korleis kan forkjøling ha samanheng med for lite søvn?

Ei undersøking frå 2013, for eksempel, viste at ungdom som søv meir, truleg slepp lettare unna forkjøling, influensa og omgangssykje. Stemmer det? No har amerikanske forskarar testa hypotesen litt nærmare.

Forskarane gav forkjølingsvirus i nasespray Så begynte sjølve eksperimentet: Forskarane spraya rett og slett forkjølingsvirus opp i nasen på alle forsøkspersonane for å sjå om søvnen hadde noko å seie for risikoen for å bli sjuk. Og det stemte!

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Det er psykolog Sheldon Cohen frå Carnegie Mellon University og søvnforskar Aric Prather frå University of California som har gått saman om oppgåva.

EM PL AR

Det bør vere ganske kjent: Det er viktig å få nok søvn. Ikkje nok med at dei vaksne gjentek dette, både på skulen og heime, mange forskarar har òg konkludert med at nok søvn er viktig for helsa.

Før forsøka tok til Dei to forskarane tok utgangspunkt i 164 frivillige forsøkspersonar. I to månader hadde desse forsøkspersonane gått gjennom helseundersøkingar, intervju og spørjeundersøkingar. Arbeidet hadde gitt ei oversikt over fleire faktorar som kunne påverke helsa hos personane, for eksempel temperament, stress, røykjevanar og alkoholbruk. Deltakarane måtte dessutan, før sjølve forsøka tok til, sove med nokre måleapparat som målte kor lenge dei sov, og kor godt dei sov.

KS

Folk som søv lite, har mykje større risiko for å bli sjuke når dei blir utsette for forkjølingsvirus.

Analysane viste at deltakarane som hadde sove mindre enn seks timar per natt i veka før forsøket, hadde over fire gonger høgare risiko for å bli forkjølte enn dei som sov over sju timar.

– Lite søvn var viktigare enn nokon annan faktor for å føreseie kor sannsynleg det var at deltakarane skulle bli forkjølte, uttalte Prather. – Det spelte inga rolle kor gamle folk var, stressnivået deira, utdanninga eller inntekta eller om dei røykte. Det var søvnmengda som var avgjerande. Søvn viktig for folkehelsa Forsøket gir ikkje noko sikkert svar på om det går an å førebyggje forkjøling med meir søvn. Kva hadde skjedd om menneske med dårlege søvnvanar sytte for å sove meir ei stund og så blei utsette for forkjølingsvirus? Ville dei då hatt mindre risiko for å bli sjuke av smitten? Det veit vi ikkje. Forskarane kom i alle fall til at søvn bør reknast som like viktig for folkehelsa som kosthald og mosjon.

26

Ord å snakke om: forkjølingsvirus, hypotese, temperament, analyse, stressnivå


12 A Svar på spørsmåla 1 Innleiinga, som kan vere berre den første setninga i ein tekst, fortel gjerne kva teksten handlar om. Kva får du i innleiinga vite at denne teksten handlar om?

EM PL AR

2 Kva viser undersøkinga frå 2013?

3 Kvar lenge varte forarbeidet til forsøket til Cohen og Prather?

4 Kva fann Cohen og Prather ut at kunne påverke helsa hos forsøkspersonane? 5 Korleis blei forsøkspersonane smitta av forkjølingsvirus?

KS

6 Kva viste seg å vere avgjerande forskjell på seks og sju timars søvn?

SE

B Svar på spørsmåla

G

1 Kvifor trong Cohen og Prather så mykje som to månader med førebuingar saman med forsøkspersonane, trur du? 2 Kva kunne vere positivt med at det var så mange forsøkspersonar, og at alle var frivillige?

IN

3 Kvifor smitta forskarane alle forsøkspersonane med forkjølingsvirus?

ER

4 Kva er det forsøket ikkje gir heilt sikkert svar på? Kva er det vi ikkje veit? 5 Kva meiner vi med folkehelse?

VU

R

D

6 Kva er like viktig for folkehelsa som søvn?

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du er ein av personane i undersøkinga til dei to forskarane. Fortel korleis det var for deg. 2 Skriv nokre gode råd for å unngå forkjøling. Bruk tips frå teksten og det du elles veit. 3 Skriv eit lesarinnlegg der du er for eller imot eit pålegg om at alle foreldre må sørgje for at barna får nok søvn.

27


Rare dyr Kva for rare dyr veit du om? Kva er det som gjer at du synest dei er rare?

KS

Sjøgris Eit anna rart dyr som liknar på grisen, er sjøgrisen, som tilhøyrer sjøpølsefamilien. Sjøgrisen lever djupt nede på havbotnen, gjerne på minst 1000 meters djup. Han flyttar seg sakte rundt ved hjelp av det som ser ut som bein. Det er eigentleg ein slags lommer i huda som er fylte med vatn. Sjøgrisen lever av forskjellig organisk avfall på havbotnen. Sjøgrisen har ingen hjerne og er tilnærma blind, og han har lite med andre å gjere. Somme gonger samlar likevel sjøgrisene seg i store grupper på opptil 600, og då kan det hende nokre fiskarar ute på havet blir overraska!

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Aardvark Aardvark er eit afrikansk landdyr. Eit anna ord for aardvark er jordsvin, og han liknar nok litt på ein gris, sjølv om han faktisk er nærmare i slekt med elefanten. Aardvarken er den einaste levande arten i familien Tubulidentata. Resten av artane i familien med dette spesielle namnet er forhistoriske og for lengst utdøydde. Tunga til aadvarken er lang og klistrete, og akkurat som maurslukaren bruker han tunga til å fange maur med. Føtene har fire tær, og bakbeina har i tillegg ein ekstra hov, det vil seie ein stor, flat nagl som liknar på ein spade. Desse rare jordsvina bur i djupe hòl som dei grev i jorda, og det er berre om natta dei kjem opp av hòla.

EM PL AR

Det finst veldig mange ulike dyr og dyreartar på kloden. Nokre av dyra synest vi kanskje er søte, andre er mektige og imponerande, elegante eller skremmande. Enkelte dyr synest vi kanskje først og fremst er rare, dersom vi kjem over dei, då, i naturen eller kanskje mest sannsynleg på bilete:

28

Kinesisk kjempefirfisle Den kinesiske kjempefirfisla, Andrias davidianus, er verdas største salamander. Mens vi i Noreg er vane med små firfisler på opptil 10–12 cm, kan den kinesiske kjempefirfisla bli 180 cm lang og vege opptil 50 kg. Det er sjeldan denne firfisla har fått vekse seg så stor, ettersom ho har vore brukt til å framstille ein spesiell kinesisk medisin. No er kjempefirfisla utryddingstrua og står dermed på «raud liste». Ho lever i elvar og innsjøar Ord å snakke om: landdyr, organisk avfall, utryddingstrua, lokalspråk, fossil


13 Levande fossil er dyr som har overlevd til vår tid, sjølv om alle slektningane deira døydde ut for millionar av år sidan. Levande fossil kan hjelpe oss å forstå utviklinga av livet på jorda.

A Svar på spørsmåla 1 Kva inneber det at aardvarken er eit jordsvin? 2 Kva har aardvarken til felles med maurslukaren? 3 Kva vil det seie at sjøgrisen er tilnærma blind?

EM PL AR

og er kjend for å lage lydar som minner om ein skrikande baby. På lokalspråket i Kina blir ho derfor ofte kalla «spedbarnsfisken». Til liks med aardvarken er den kinesiske kjempefirfisla rekna som «ein levande fossil».

4 Korleis kan sjøgrisen, som held seg mykje for seg sjølv djupt på havbotnen, likevel overraske fiskarar?

KS

5 Kvifor blir den kinesiske kjempefirfisla kalla for spedbarnsfisken?

SE

6 Kvifor står ho på «raud liste»?

B Svar på spørsmåla

IN

G

1 Kvifor står det i teksten at det er meir sannsynleg at vi kjem over rare dyr på bilete enn i naturen?

ER

2 Kvifor er det litt rart at aardvarken liknar på ein gris – kva for eit dyr skulle ein heller tru at han likna på? Grunngi svaret ditt. 3 Kva kan vere grunnen til at sjøgrisen ikkje er eit sosial dyr og har lite med andre å gjere?

D

4 Forklar setninga: «Det er sjeldan denne firfisla har fått vekse seg så stor, ettersom ho har vore brukt til å framstille ein spesiell kinesisk medisin.»

R

5 Kva tyder det at kjempefirfisla er utryddingstrua?

VU

6 Forklar forskjellen på eit vanleg fossil og eit levande fossil, og korleis vi kan ha nytte av begge delar.

C Vel oppgåve 1 Vel deg eitt av dyra i teksten og fortel om det med dine eigne ord. Illustrer. 2 Fortel om eit anna rart dyr du veit om eller kan finne informasjon om i bøker eller på nettet. Illustrer. 3 Bruk fantasien og finn på eit rart dyr. Fortel om dyret og illustrer.

29


Kjerringråd Kva tenkjer du på når nokon seier kjerringråd? Kan du nokon kjerringråd? Har du høyrt uttrykket «kjerringråd»? Kjerringråd er gode råd, tips og knep som er baserte på erfaring. Dei er altså ikkje vitskapleg beviste. Somme trur på kjerringråd, andre ikkje. Dei som trur på dei, har kanskje god erfaring med slike råd og er villige til å prøve ut det utradisjonelle? Om ikkje råda alltid verkar, er dei i alle fall neppe til skade. Du kan jo sjølv sjå om det er nokon av desse kjerringråda du kunne tenkje deg å prøve ut:

KS

SE

Forkjøling Kvitløk og ingefær er løysinga dersom du kjenner at du begynner å bli forkjølt. Så raskt som råd bør du lage deg denne drikken:

EM PL AR

Blå tenner Har du ete blåbær og blitt skikkeleg blå på tennene? Vil du gjerne bli kvitt blåfargen? Kanskje har du ikkje tannbørste i nærleiken? Då kan du gni tennene med ei sitronskive, så vil fargen raskt bleikne vekk. Du kan bruke sitronen på hendene òg, og på tunga.

G

• 4–5 heile kvitløkfedd • 3–4 skiver fersk ingefærrot (ca. 2 mm tjukke) • 1 liter vatn

ER

IN

Kok opp vatnet med kvitløk og ingefær og la det trekkje i minst ein time. Drikk opp alt den same dagen. Forkjølinga forsvinn heilt!

VU

R

D

Naseblod Eit vanleg råd for å stanse naseblod er å klemme hardt med to fingrar øvst på naseryggen. Eit meir ukjent kjerringråd er å ta tak i ein liten hårtust bak kvart øyre og lugge hardt nedover eit par gonger. Dette rådet er kanskje best å prøve på seg sjølv før du prøver det på andre. Vorter Er du plaga av vorter på fingrane? Noko så enkelt som ditt eige spytt kan vere løysinga! Det er berre å slikke på vortene. Særleg effektivt skal det vere å gjere dette om morgonen, før du har ete eller drukke. Du kan gjerne gjere det fleire gonger dagleg. Syra som er i spyttet, tørkar ut vortene på kort tid, og du er kvitt heile problemet!

30

Kattetiss Dersom du har ein katt som har tissa inne, veit du at det ikkje luktar særleg godt etterpå. Eddik er eit effektivt hjelpemiddel. Du vaskar rett og slett med rein eddik. Eddik er ei lukt som kattane ikkje liker, så du kan gjerne dynke litt eddik på stader der du absolutt ikkje vil at katten skal «skvette».

Ord å snakke om: vitskapleg bevist, utradisjonelt, trekkje, naserygg, effektivt


14 Kviser Tannpasta er eit effektivt og billig middel mot kviser. Smør litt tannpasta på kvisene før du legg deg, så vil tannpastaen begynne å tørke ut kvisene om natta. Forhåpentleg ser du første

A Svar på spørsmåla 1 Kor mange plager gir teksten kjerringråd for?

EM PL AR

teikn til betring allereie etter éi natt, men truleg kan det vere lurt å smørje på tannpasta fleire kveldar på rad.

2 Kor lang tid må du setje av for å lage forkjølingsdrikken? 3 Kva for to råd får du for å stanse naseblod?

4 Kva for råd treng du ikkje noko ekstra utstyr eller innkjøp til?

KS

5 Kva er grunnen til at spytt kan tørke ut vorter?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kva for eit kjerringråd seier at du kan få bort vond lukt med ei anna lukt?

IN

1 Kven ser ut til å ha mest tru på kjerringråd?

ER

2 Kva kan vere grunnen til at du bør lage drikken med ingefær og kvitløk så fort du merkar at du begynner å bli forkjølt?

D

3 Kvifor står det at «Dette rådet er kanskje best å prøve på seg sjølv før du prøver det på andre»?

R

4 Kvifor blir desse råda kalla «kjerringråd», trur du?

VU

5 Kva for eit kjerringråd trur du minst på? Grunngi svaret. 6 Kva for eit kjerringråd kunne du tenkt deg å prøve ut? Grunngi valet ditt.

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du prøver ut eitt av kjerringråda. Fortel korleis det gjekk. 2 Finn på ditt eige kjerringråd mot hikke. 3 Finn på ditt eige kjerringråd mot ei plage du vel sjølv.

31


Kvifor vil myggen ha blodet ditt? Kva er det som får myggstikk til å klø, trur du? Kvifor får somme fleire myggstikk enn andre?

EM PL AR

Men kvifor må myggen stikke nettopp deg? Somme opplever at dei får mange fleire myggstikk enn andre. Er du blant dei? Forklaringa er så enkel at myggen faktisk føretrekkjer visse folk framfor andre, og det har faktisk i ganske stor grad genetiske årsaker. Livretten til myggen ser ut til å vere blodtype 0. Har du den blodtypen og i tillegg pustar tungt, sveittar og er varm, er du nok uimotståeleg for myggen. Det er til og

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Kvifor klør myggstikka? For at myggen skal klare å suge i seg blodet ditt, kan det ikkje koagulere, det vil seie stivne. Når vi får sår, koagulerer blodet, det sluttar å renne, og det dannar seg skorpe. For å unngå at blodet stivnar, sprutar myggen spytt inn i stikket. Det er spyttet som gjer at det begynner å klø. Immunsystemet ditt reagerer på spyttet, kroppen forsvarer seg, og dermed hovnar og klør det der myggen har stukke. Likevel slepp vi i Noreg ganske lett unna, ettersom myggen ikkje overfører sjukdommar, slik han kan gjere i varmare land, for eksempel i Afrika.

Korleis finn myggen fram til akkurat deg? Dersom du er inne, finn han deg ikkje så lett. Sit du ute i sola midt på dagen, klarer du deg også bra, ettersom myggen tørkar inn dersom han flyg i solsteiken. Men utanom dette er det vanskeleg å gøyme seg for myggen. Han luktar rett og slett pusten din. Myggen luktar karbondioksidet som du pustar ut, han merkar kroppsvarmen din, og han luktar sveitten din. På antennene har myggen 72 luktreseptorar, det vil seie luktmottakarar, og minst 27 av dei bruker han til å lukte sveitte.

KS

Kvifor skal myggen suge blod? Kan han ikkje heller finne seg noko anna å ete? Det er nok ikkje all mygg som syg blod. Hannmyggen, for eksempel, syg ikkje blod. Den kosar seg med nektar frå blomstrane. Homyggen kan òg nyte nektar, men ho treng protein for å produsere egg, og det får ho frå blod.

32

Ord å snakke om: nektar, protein, koagulere, immunsystem, karbondioksid, blodtype


15 øldrikkande, tungpusta person med blodtype 0, som du kan bruke som myggavleiar. Kan myggen vere nyttig? Ja, det kan han. Myggen er mat for svoltne småfuglar og ferskvassfisk, fisk som du kanskje har gleda av å fiske og ete!

A Svar på spørsmåla 1 Kvar finn myggen nektar? 2 Kvifor sprutar myggen spytt inn i stikket? 3 Kva er fordelen med norsk mygg?

KS

4 Kvifor får du ikkje så lett myggstikk i solsteiken?

EM PL AR

med slik at gravide kvinner er ekstra attraktive for myggen, fordi dei skil ut meir karbondioksid og er varmare enn elles. Men det er nokre som luktar endå betre for myggen, nemleg folk som drikk øl – utan at vi har noka god forklaring på det. For å sleppe unna myggen ein sommardag kan du altså setje deg rett ved ein varm, sveitt,

5 Skriv setninga som viser kva lufta du pustar ut, inneheld.

IN

B Svar på spørsmåla

G

SE

6 Korleis kan myggen vere nyttig for dyr og menneske?

ER

1 Kvifor syg ikkje hannmyggen blod?

2 Kva er grunnen til at eit sår sluttar å blø?

D

3 Kva er det som gjer at spyttet frå myggen får stikket til å klø? 4 Omtrent kor stor del av luktreseptorane bruker myggen for å lukte sveitten din?

R

5 Kvifor kan ein sveitt og tungpusta person verke som myggavleiar for deg?

VU

6 Tenk deg at du er åleine og dermed den einaste personen som myggen kan stikke. Kva kan du sjølv gjere, ifølgje informasjonen i teksten, for å få færre myggstikk?

C Vel oppgåve 1 Lag ein plakat med temaet: Unngå myggstikk! 2 Finn meir informasjon om myggen og korleis han lever. Skriv ein faktatekst om myggen. 3 Vel eit anna insekt og skriv ein faktatekst om det.

33


Tomatfestival, eller tomatkrig?

I dag er festivalen ei hyllest til både tomaten og alle som kjem for å delta eller sjå på. Festivalen skaper òg inntekter for innbyggjarane i Buñol, som produserer og sel ei rekkje suvenirar knytte til festivalen.

ER

IN

G

SE

Å kaste 150 tonn tomatar på kvarandre, er det krig eller fest? La Tomatina er ein festival i den spanske byen Buñol. Til vanleg er Buñol ein fredeleg landsby som ligg 40 km nord for Valencia langs den spanske austkysten. Men den siste onsdagen i august kvart år blir landsbyen nærmast overfløymd av tomatar og turistar. Turistar som gjerne vil dynke kvarandre i tomatsaus ved å kaste blaute tomatar.

KS

EM PL AR

Kva er ein festival for deg? Kva kan ein tomatfestival vere?

VU

R

D

Buñol har omtrent 9000 innbyggjarar, men under La Tomatina får byen besøk av rundt 40 000 turistar. Dette er både deltakarar og tilskodarar. Eitt år kom det så mange som 50 000. Då blei det innført eit nytt billettsystem som avgrensa talet på deltakarar. Kvar kjem denne merkelege tradisjonen frå? Ein av teoriane er at La Tomatina begynte i 1945 då to kameratar tok til å kaste tomatar på kvarandre i nærleiken av ei grønsakbu på rådhusplassen i Buñol. Året etter møttest dei igjen same stad, og denne gongen hadde dei med sine eigne tomatar. Dei kasta ikkje berre på kvarandre – men også på forbipasserande. Dermed var tradisjonen i gang!

34

Sjølve tomatkastinga under La Tomatina varer berre ein times tid, då er tomatane brukte opp. Arrangementet varer likevel lenger, ettersom alle må vente på klarsignal for å begynne å kaste. Eigentleg blir festivalen innleidd ved at ein smør inn ein påle med feitt og plasserer ei skinke på toppen. Så gjeld det at nokon klarer å klatre opp på pålen og få tak i skinka. Dette er vanskeleg, og om ingen lykkast, begynner tomatkastinga likevel. Det kan likevel først skje når ein høyrer klarsignal frå nokre store vasskanonar. Tomattypen som blir brukt, er dyrka spesielt for festivalen. Dei er modne og blaute, billigare og ikkje like gode som andre tomatar. Dei blir køyrde inn i landsbyen på lastebilar og tømde ut til deltakarane. Ein må klemme tomatane i handa før ein kastar dei, slik at ingen kjem til skade. Ein bør ha på seg symjebriller og gjerne ei T-skjorte som er stappa ned i buksa, då har ein noko tørt å tørke

Ord å snakke om: landsby, forbipasserande, suvenir, vasskanon


16 auga med. Dessutan er det lurt å ha sko som sit godt på foten.

EM PL AR

Når det ikkje er fleire tomatar igjen, og det på nytt blir skote frå vasskanonane, er arrangementet over. Då skal alle deltakarane kaste seg i elva. Det er ikkje berre for å skylje av seg

sausen, men like mykje for at brannvesenet skal få spylt gatene. Faktisk blir gatene reinare enn dei var før La Tomatina, ettersom syra i tomatane verkar reinsande. Det blir sett opp dusjar rundt om òg, i tilfelle elva ikkje freistar like mykje for alle!

A Svar på spørsmåla

1 Kva måtte arrangøren gjere for at det ikkje skulle komme for mange til landsbyen under festivalen? 2 Forklar kort kva som kan ha vore opphavet til festivalen.

3 Kva er fordelen for innbyggjarane i Buñol med å arrangere La Tomatina?

KS

4 Kva skjer dersom ingen klarer å hente ned skinka frå pålen?

5 Kvifor er det lurt av deltakarane å ha T-skjorta nede i buksa?

IN

B Svar på spørsmåla

G

SE

6 Forklar kva desse tala står for i teksten: 150, 40, 9000, 40 000, 50 000.

ER

1 Kvifor blir den kjende byen Valencia nemnd, trur du, når teksten handlar om Buñol? 2 Skriv setninga som viser at festivalen ikkje blir arrangert på ein fast dato.

D

3 Kva kan vere grunnen til at dei begynte å avgrense talet deltakarar?

R

4 Kva kan vere grunnen til at ein ikkje alltid klarer å hente ned skinka?

VU

5 Nemn fleire grunnar til at det kan vere lurt å bruke spesialdyrka tomatar. 6 Kva for lydar trur du tilskodarane kan høyre under festivalen? Grunngi svaret ditt.

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du er journalist. Lag eit avisoppslag om La Tomatina. 2 Tenk deg at du har vore deltakar på festivalen. Fortel korleis det gjekk. 3 Fortel om ein annan festival som du veit om eller finn på.

35


Vanskelege val Kva for små og store val møter vi i kvardagen? Kva for val synest du kan vere vanskelege å gjere?

G

ER

IN

Hedda er naboen min. Eg er ofte innom henne. Somme gonger gjer eg lekser der, andre gonger et eg middag, og somme gonger pratar vi berre. Vi ler ganske mykje saman.

VAL! Skulle eg springe min vei eller berre trengje meg inn forbi ranaren, gripe kjøkkenkniven før han fekk tenkt seg om, og stille meg framfor

SE

Eller då pappa sa at eg kunne ta med ei venninne på hytta, og eg ikkje klarte å velje mellom Ina og Guro (og det hadde ikkje noko med at eg trudde nokon ville bli fornærma for å ikkje bli spurd). Pappa og eg drog åleine. «Kvifor valde du å ikkje ta med deg nokon?» spurde Hedda. Hm …

EM PL AR

For eksempel då eg ikkje klarte å finne ut om eg skulle slutte med dans eller handball, begge delar blei for travelt. Så enda det med at eg slutta med begge, det blei umogleg å velje. Kanskje eg skulle begynne med noko heilt anna? Kampsport? «Kvifor valde du å slutte med handball og dans?» spurde Hedda. Valde?

Sist onsdag var det ingen som opna døra då eg ringde på hos Hedda. Det var rart, ho plar vere heime om ettermiddagen og er alltid rask med å opne. Det som var endå rarare, var at eg høyrde det var nokon der inne. Og det var ikkje røysta til Hedda. Brått blei døra riven opp, og eg stirte rett på ein gut, eldre enn eg, som såg skikkeleg skummel ut. Bustete hår, stirande auge og masse musklar. Det var då eg verkeleg sette meg føre å begynne med kampsport. Og angra på at eg ikkje allereie hadde begynt med det. Han var sikkert ein ranar, og no hadde han vel bunde og knebla Hedda mens han ransaka heile leilegheita.

KS

Eg liker ikkje å velje. Hedda seier at det òg er eit val å la vere å velje. Irriterande, men ho har vel rett.

VU

R

D

Av og til tenkjer eg at Hedda er den beste vennen min. Det kan høyrast rart ut. Kvifor det? Jo, fordi ho er vaksen. Ho kunne vore bestemor mi. Pappa spør om eg saknar ei bestemor, men det veit eg ikkje om eg gjer, for eg har aldri hatt noka bestemor. Men når eg ser for meg ei bestemor, er det ei som strikkar sokkar og bakar og tek barnebarna på fanget. Kanskje fortel eventyr. Slik er ikkje Hedda. Ho seier forresten at eventyra kan eg finne på, eg har meir fantasi enn ho.

36

Ord å snakke om: kampsport, knebla, taekwondo


17 Skikkeleg flautt. Han hadde ikkje eg høyrt noko om. Men eg har bestemt meg: Eg skal begynne på taekwondo.

A Svar på spørsmåla 1 Kva for idrettar slutta eg-personen å vere med på?

EM PL AR

Hedda? Eg valde det siste. Men eg fann ingen kjøkkenkniv, for den brukte Hedda. Ho heldt rett og slett på å lage mat til John, ho skar opp grønsaker til suppe. John var nevøen hennar.

2 Kvifor tok ikkje eg-personen med seg nokon på hytta?

3 Kvifor kan ikkje hovudpersonen svare på spørsmålet: «Saknar du ei bestemor?» 4 Kvifor syntest eg-personen det var rart at Hedda ikkje opna døra?

KS

5 Kvifor stilte ikkje eg-personen seg opp med ein kniv?

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kven var eigentleg John?

IN

1 Trur du eg-personen er gut eller jente? Grunngi svaret ditt.

ER

2 Kva meiner Hedda med at det òg er eit val å la vere å velje? 3 Kva er det i teksten som først kan få deg til å tru at Hedda er eit barn?

D

4 Kva er det som gjer at eg-personen ikkje ser på Hedda som ei bestemor?

R

5 Kva er det med John som gjer at eg-personen tenkjer på kampsport?

VU

6 Hedda meiner at eg-personen har meir fantasi enn ho sjølv har. Kva i teksten kan vise deg at det stemmer?

C Vel oppgåve 1 Lag ein teikneserie der du gir att innhaldet i teksten. 2 Skriv eit framhald av historia. 3 Skriv om val som du synest kan vere vanskelege.

37


Du store, vide verda Kva veit du om eskimoar? Veit du om andre urfolk? «Du store vide verda» byggjer på ei inuittisk forteljing. Inuittar er eit urfolk som lever på Grønland, i Alaska og i Canada. Ordet «inuit» er grønlandsk og tyder «menneska». Tradisjonelt har inuittane vore eit nomadefolk som flytta frå stad til stad. Dei levde av jakt og fiske. Inuittane blir òg kalla eskimoar.

EM PL AR

SE

G

Dei fann ut at dei skulle dra i kvar si retning for å få svar på spørsmålet. Sledane blei pakka, hundane gjorde klare, og det hjelpte ikkje kor mykje konene gret og bar seg og prøvde å stanse dei. Då mennene snudde ryggen til kvarandre og drog kvar sin veg med hundesleden, følgde konene etter og begynte å springe ved sida av. Mennene skulle ikkje reise åleine.

Ein dag oppdaga dei noko som rørte seg langt borte. Det var nokon som kom mot dei. Ferda heldt fram, og snart forstod ektepara at dei hadde funne kvarandre igjen. No var dei tilbake der ferda hadde begynt mange år tidlegare. – Verda er stor, sa den eine av dei. – Større enn vi trudde, sa den andre. Og så døydde dei.

KS

Det var ein gong to ektepar som levde saman. Mennene var stadig ute på jakt og fiske, og dei snakka saman om alt dei opplevde ute. Ein dag snakka dei om at verda måtte vere veldig stor. – Verda er stor, sa den eine. – Men kor stor er ho eigentleg? lurte den andre. – Det er det vi må finne ut, sa den første.

R

D

ER

IN

Ferda tok mange år. Snart fekk konene barn, og barna voks opp og blei sjølv vaksne og fekk eigne barn. Desse barna blei òg vaksne og fekk barn, og på denne måten blei dei stadig fleire. Til slutt var det to heile stammar som reiste over isen for å finne ut kor stor verda var.

VU

No var dei to ektepara blitt gamle og skrale. Mennene kunne ikkje lenger køyre sledane, og konene kunne ikkje lenger halde følgje med dei. Likevel klarte dei, med hjelp frå dei andre, å reise vidare.

38

Ord å snakke om: inuitt, urfolk, nomadar, stammar, uendeleg


18

A Svar på spørsmåla

EM PL AR

Kor stor er eigentleg verda, eller universet? Stoppar det, eller er det uendeleg? Det kan vere vanskeleg å forstå at noko er uendeleg, for alt har jo ein ende, ein eller annan stad. Men dersom verdsrommet sluttar ein stad, kva finst utanfor? Er det ingenting? Kva er ingenting? Somme meiner at universet har ei grense og stoppar der. Det vil seie at ein i teorien kunne reise rundt universet og tilbake til start. Andre meiner at universet held fram i det uendelege. Det er òg mange som trur at det ikkje finst noko utanfor universet, men at det kan finnast andre univers enn vårt eige. Kva trur du?

1 Les innleiinga til teksten. Kva er det som har kjenneteikna inuittane? 2 Kva levde dei to ektepara av? 3 Kva var det mennene ville finne ut? 5 Kva for ord viser at det var vinterføre?

KS

4 Korleis veit du at det var dyr med på turen?

IN

B Svar på spørsmåla

G

SE

6 Kva for ulike oppfatningar blir nemnde om storleiken på universet?

ER

1 Inuittane har tradisjonelt vore eit nomadefolk. Kva meiner vi med ordet «tradisjonelt» her? 2 Kvifor drog dei to mennene i motsett retning?

D

3 Kva er det i teksten som viser at konene klarte å ta igjen mennene og bli med på turen?

R

4 Kva er det i teksten som viser at denne ferda tok lang tid? Nemn fleire eksempel. 5 Kva kan vere grunnen til at dei to ektepara møtte kvarandre igjen?

VU

6 Dersom denne forteljinga blei til å for lære bort noko, kva kan det ha vore?

C Vel oppgåve 1 Tenk deg at du er ein av dei som var med på turen. Skriv om opplevingane dine. 2 Finn ut meir om korleis inuittane lever, og skriv ein faktatekst. 3 Kva meiner du om storleiken på universet? Skriv om det du trur er riktig.

39


Korleis stoppe digital mobbing Kva meiner vi med digital mobbing? Kva følgjer kan det få?

EM PL AR

Ta vare på bevis! Ta vare på dei ubehagelege meldingane du får, og ta gjerne skjermdump av nettsida eller mobilskjermen. Då kan du vise dei vaksne kva som har skjedd. Steng mobbaren ute! Det er mogleg å blokkere andre frå å ringje eller kontakte deg, det kan mobilselskapa hjelpe deg med. Aldersgrensa for å vere på Facebook og Instagram er 13 år, men det er ikkje alltid grensa blir respektert. Då er det greitt å vite at ein kan slette folk frå vennelista og rapportere dei som oppfører seg dårleg.

IN

G

SE

Det er veldig ulikt kva vi opplever som ubehageleg eller kanskje til og med krenkjande. Derfor er det viktig å tenkje over at det som kan vere meint som ein spøk eller ein morosam kommentar, kan opplevast som mobbing.

Ikkje svar! Det kan vere freistande å svare på ubehagelege kommentarar og meldingar på nettet, men det bør du ikkje gjere. Ofte ønskjer mobbaren at du skal svare, og det kan føre til fleire ubehagelege kommentarar.

KS

Slik vi til vanleg bruker omgrepet mobbing, meiner vi gjerne gjenteken negativ åtferd frå ein eller fleire retta mot éin person. Digital mobbing skil seg frå anna mobbing ved at éi enkelt hending kan få store negative følgjer for den det går ut over. Ein kommentar eller eit bilete på nettet eller ei melding på mobilen kan utruleg raskt delast og spreiast til andre. Slik blir dette hengande ved personen i lang tid og kan føre til stor skade, kanskje langt større enn det ein kunne førestille seg.

ER

Kva kan du gjere dersom du blir utsett for nettmobbing?

VU

R

D

Du må snakke med nokon om det! Det kan vere foreldra dine, læraren din, helsesystera eller ein annan vaksen som du stoler på. Du kan også kontakte for eksempel hjelpetenesta til Raudekrossen, «Kross på halsen». Du kan ringje, sende melding eller chatte. Alle tenestene er gratis, og du er heilt anonym. www.korspahalsen.no

40

Dette bør alle tenkje over: Tenk før du tastar og sender! Når du sit framfor skjermen eller med mobilen, kan du ikkje sjå personen du skal sende melding eller eit bilete til. Derfor kan du heller ikkje sjå korleis den personen reagerer. Tenk deg godt om før du trykkjer send eller publiser. Og hugs at det du sender, deler eller legg ut, kan bli spreidd vidare i rekordfart.

Ord å snakke om: konsekvensar, krenkjande, chatte, anonym, skjermdump, publisere


19 Ikkje sprei mobbing, du bør heller varsle Dersom du er med på å sende vidare eller kommentere noko som kan vere sårande for den det

gjeld, er du sjølv med på mobbinga. I staden bør du varsle nokon du stoler på, det er ikkje å sladre. Det er å bry seg og ta ansvar.

1 Kvar skjer digital mobbing?

EM PL AR

A Svar på spørsmåla 2 Kva for vaksne kan du vende deg til dersom du opplever nettmobbing, ifølgje teksten? 3 Kva er «Kross på halsen»?

4 Kva for ulike måtar kan du kontakte «Kross på halsen» på? 5 Korleis kan ein ta vare på bevis på nettmobbing?

KS

6 Kvifor er ikkje varsling det same som sladring?

SE

B Svar på spørsmåla

G

1 Kva er den største forskjellen på «vanleg» mobbing og digital mobbing?

IN

2 Kva kan vere grunnen til at det som kanskje er meint som ein spøk, vil bli oppfatta som mobbing av ein annan?

ER

3 Kva kan vere grunnen til at nokon vel å ringje til «Kross på halsen» i staden for å snakke med ein dei kjenner? 4 Kvifor bør ein ikkje svare på ubehagelege kommentarar på nettet?

D

5 Kva er det spesielle ved at ein ikkje ser den ein sender melding til?

VU

R

6 Korleis kan ein likevel vere medansvarleg sjølv om ein ikkje er den som startar mobbinga?

C Vel oppgåve 1 Skriv ei liste eller lag ein plakat med gode råd for å unngå digital mobbing. 2 Aldersgrensa for å vere på Facebook og Instagram er 13 år. Skriv eit avisinnlegg der du argumenterer for eller mot denne aldersgrensa. 3 Korleis jobbar de for eit godt skulemiljø og mot mobbing på din skule? Skriv om nokre konkrete tiltak.

41


Veg du like mykje same kvar du er på jorda? Kvifor endrar vekta vår seg ut frå kvar på jorda vi oppheld oss?

Du kan gjere endå meir for å bli litt lettare: Du kan klatre opp på Kilimanjaro, det høgaste fjellet i Afrika. Dersom vi ser bort frå at du truleg vil gå ned i vekt av den slitsame turen, vil du vege mindre fordi du er fleire kilometer lenger unna sentrum i jorda. Kilimanjaro er heile 5895 m høgt, og tyngdekrafta minkar med omtrent 0,03 % per kilometer. Det vil seie at du veg rundt 0,18 % mindre på toppen av fjellet enn du ville gjort nede ved havoverflata. Når du kjem opp i høgda, blir lufta tynnare. Det har òg noko å seie for vekta di, men på motsett måte: Du blir ørlite tyngre. Det er fordi vi har ei fysisk lov, Arkimedes’ lov, som blant anna seier at kroppen din blir like mykje lettare som den mengda luft han trengjer vekk.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Det er også ein annan grunn til at tyngdekrafta er mindre ved ekvator, og det er forma på jorda. Ho er nemleg litt flattrykt. Du kan tenkje deg at nokon har trykt saman jorda litt ved å presse polane mot kvarandre. Det inneber at ein er lenger unna sentrum av jorda når ein står ved ekvator, enn når ein står ved polane.

Dess nærmare du kjem ekvator, dess mindre vil du altså vege. Dersom alt anna er likt, veg du rundt 0,5 % mindre ved ekvator enn ved polane.

EM PL AR

Den eine grunnen til at du veg mindre ved ekvator, er jordrotasjonen. Når vi er på jordoverflata, blir vi utsette for sentrifugalkrafta fordi jorda roterer. Det er ved ekvator farten på rotasjonen er størst, og då blir òg sentrifugalkrafta størst. Den motverkar tyngdekrafta, og når det er litt mindre tyngdekraft, veg ein òg litt mindre.

Og når avstanden til sentrum er større, er tyngdekrafta mindre.

KS

Ja, kvifor skulle du ikkje det? Nei, det er faktisk ikkje slik at du veg det same overalt. Veg du deg ved ekvator, vil du vege litt mindre enn dersom du veg deg på Sørpolen eller Nordpolen. Ikkje at det er viktig å vege mindre, og truleg kjem du ikkje til å vege deg nokon av desse stadene, men det er jo ganske interessant at vekta kan endre seg slik! Kva kjem det av?

42

Ord å snakke om: ekvator, rotasjon, sentrifugalkraft, tyngdekraft


20 Sidan lufta på fjelltoppen er tynnare, fortrengjer kroppen din litt mindre luft enn han ville ha gjort nede i låglandet. Likevel utgjer dette ein veldig liten forskjell, det er framleis tyngdekrafta som vil vere mest avgjerande.

Dersom du ein gong kjem opp på Kilimanjaro, vil du neppe vere oppteken av at du kanskje veg 200–300 gram mindre enn du gjer heime. Truleg vil du vere langt meir oppteken av den fantastiske utsikta!

EM PL AR

A Svar på spørsmåla 1 Kvar på jorda er rotasjonen størst? 2 Kvifor blir Kilimanjaro nemnd i teksten?

3 Korleis er lufta oppe på fjellet, samanlikna med nede i låglandet? 4 Kva har denne lufta å seie for vekta?

KS

5 Forklar kva desse tala står for i teksten: 0,5 %, 5895 og 0,18 %.

G

B Svar på spørsmåla

SE

6 Kva er ein truleg meir oppteken av enn vekta dersom ein kjem på toppen av Kilimanjaro?

IN

1 Forklar dei to grunnane til at det er mindre tyngdekraft ved ekvator enn på polane.

ER

2 Kvifor blir begge polane nemnde i teksten, ikkje berre den eine? 3 Kvifor blir kroppsvekta påverka av tynn luft?

D

4 Kor mykje vil ein mann som veg 100 kg på Nordpolen, truleg vege ved ekvator?

R

5 Tenk deg at du kjem raskt ned frå ein fjelltopp. Du oppdagar at du veg litt mindre enn du vog på toppen. Kva kan det komme av?

VU

6 Kva i denne teksten syntest du var mest interessant? Grunngi svaret.

C Vel oppgåve 1 Arkimedes’ lov er nemnd i teksten. Finn ut meir om Arkimedes og denne lova, og skriv ein tekst. 2 Skriv gode forklaringar til orda ekvator, rotasjon, sentrifugalkraft og tyngdekraft. 3 Finn meir informasjon om Kilimanjaro. Lag ein illustrasjon med tekst til.

43


Olav den heilage (995–1030) Kva veit du om Olav den heilage? Kva vil det seie å vere heilag eller helgen? Det heitte seg at Olav var sterk og fingernæm og ein meister til å skyte med pil og boge og kaste spyd. Dette var dugleikar han skulle få god nytte av. Det var mange som kalla han Olav Digre.

Olav møtte aldri far sin, som stadig var i viking. Han voks opp saman med mora og mannen som blei stefaren til Olav, Sigurd Syr.

Allereie som 12-åring skal Olav ha drege på den første vikingferda si. Han var med på tokt over heile Nord-Europa, både i England, i Frankrike

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Olav den heilage heitte eigentleg Olav Haraldsson og var son av Asta Gudbrandsdatter og Harald Grenske. Etternamnet fekk han slik det var vanleg: etter fornamnet til faren.

44


21

I 1016 overtok Olav trona som Noregs konge. Landet hadde blitt kristna med makt av den førre kongen, Olav Tryggvason, men no hadde folk vendt tilbake til dei norrøne gudane. Olav sette seg føre at landet på nytt skulle kristnast. Han bygde kyrkjer over heile landet og innførte nye lover og reglar for korleis ein skulle leve. Det var blant anna forbode å be til dei gamle gudane, ein kunne ikkje ha meir enn éi kone, alle måtte faste på spesielle tider av året, alle trælar fekk rett til å kjøpe seg fri kvart år, og ein måtte medverke økonomisk til å halde ved like kyrkjene. Det var mange som lét seg døype frivillig, men dei som sette seg imot kristendommen, blei hardt straffa og kunne òg bli drepne.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

På vegen heim overvintra Olav i Rouen i Frankrike hos hertug Rikard 2. Der blei Olav kristen og

lét seg døype. Kristendommen hadde komme til mange land i Europa, mens vikingane framleis hadde halde på dei norrøne gudane.

EM PL AR

og på spanskekysten. Mens Olav var i viking, skal han ifølgje soga ha hatt ein draum å bli konge i Noreg. Det heitte seg at han var tippoldebarn av Harald Hårfagre, og i draumen fekk Olav bod om å reise heim og krevje arveretten sin som konge.

Kvifor tviheldt mange av bøndene på den norrøne trua? Det var nok fordi dei trudde gardsdrifta var avhengig av at dei ofra til dei gamle gudane. Storbøndene og jarlane klarte å samle så sterk motstand mot kongen at dei fekk jaga han ut av landet over grensa til Gardarike, det som i dag er Russland. Olavs plan var å vende tilbake til Noreg, og det gjorde han òg etter eit par år, saman med hæren han hadde samla. Med ein hær som var rundt halvparten så stor som den motstandarane hadde samla, var kongen klar til kamp på Stiklestad i Trøndelag. Det blei eit blodig slag der mange liv gjekk tapt, også Olavs. Det heiter seg at han først blei treft i låret av ei øks. Olav kasta frå seg sverdet og bad om hjelp frå Gud. Men framfor Olav stod no Tore Hund frå fiendehæren klar med spydet sitt. Kongen fekk eit dødeleg stikk, og slaget var tapt. Dette var den 29. juli 1030.

45


EM PL AR

Skrinet med Olav den heilage blei flytta fleire gonger, men kva som til slutt skjedde med det, veit vi ikkje sikkert. I alle høve var skrinet med på å gjere Nidaros kjend over store delar av verda. Det er framleis mange som dreg på pilegrimsferd til Nidaros. Nidarosdomen i Trondheim

VU

R

D

ER

IN

G

SE

No fekk kongen ei ny grav. Han blei lagd i eit skrin som blei plassert i Klemenskyrkja i Nidaros. Det skal ikkje ha vore berre eitt skrin, men heile tre skrin utanpå kvarandre. Det inste var i tre og dekt av kostbare stoff. Det andre skrinet var dekt med sølvplater som var pynta med blant anna bergkrystallar og edelsteinar. Skrinet var

to meter langt og omtrent 80 cm breitt og høgt. Lokket var forma som eit hustak med møne, og botnen var bøygd. Det tredje skrinet skal ha vore utan botn og plassert som eit slags hylster over dei to andre skrina. Dette var ein passande gravstad for mannen som no blei kalla Olav den heilage. Folk frå heile Europa drog til Nidaros for å vitje grava hans. Pilegrimane håpa på å bli kvitt plager og sjukdom ved å ta på skrinet. Andre ville gjere bot, det vil seie gjere opp for noko gale dei hadde gjort.

KS

Kongen blei gravlagd rett ved Nidelva i Nidaros, som no er ein del av Trondheim. Snart begynte det å gå rykte om at det skjedde under ved Olavs grav. Etter litt over eitt år, den 3. august 1031, blei liket av kongen grave opp. Det viste seg at den døde kongen var like heil, det var nesten som om han enno var levande! Hår og negler hadde vakse, og ansiktsfargen var frisk. Dette var heilt uvanleg, dette måtte vere ein heilag konge.

46

Ord å snakke om: viking, fingernæm, tokt, heidensk, avling, under, møne, pilegrim


21 A Svar på spørsmåla 1 Kven voks Olav opp hos? 2 Kor lenge var Olav i viking før han blei hærførar?

EM PL AR

3 Kvifor blir Frankrike nemnt spesielt i teksten? 4 Kva skjedde med dei som ikkje frivillig lét seg kristne? 5 Kvifor var bøndene redde for å la seg kristne? 6 Kvifor var Olav i Russland i to år?

7 Kva slags våpen blei Olav treft av i slaget ved Stiklestad?

KS

8 Kvifor blei Olav etter døden sett på som ein heilag konge?

SE

B Svar på spørsmåla

1 Kva heitte morfaren til Olav? Korleis veit du det?

G

2 Kva er meint med setninga «Dette var dugleikar han skulle få god nytte av.»?

IN

3 Kvifor var det større sjanse for ein viking å bli døypt i Frankrike enn i Noreg?

ER

4 Kor mange var det i hæren som kjempa mot Olav på Stiklestad? 5 Kva trudde Olav kunne hjelpe han med å overleve skadane han fekk? 6 I historiebøkene står det gjerne at Tore Hund gav Olav banesår. Kva vil det seie, trur du?

D

7 Kva kan vere grunnen til at Olav blei lagd i tre kister?

VU

R

8 Kvifor var kistene så store?

C Vel oppgåve 1 Vis det du las om Olavs liv, som ein teikneserie. 2 Teikn kista til Olav, og skriv ein forklarande tekst til. 3 Skriv ein faktatekst om ein eller fleire av dei norrøne gudane.

47


© 2016 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS ISBN 978-82-492-1800-4 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2016 Forlagsredaktør: Kristin Hide Omsett til nynorsk av Ole Jan Borgund / NTB Arkitekst

EM PL AR

Grafisk design og tilrettelegging: Allworthy Design Trykk og ferdiggjering: 07 Media AS Teikningar: Thor W. Kristensen Esra C. Røise (framsida)

KS

Foto: 4, 6, 12, 18, 28 (øv), 32, 34, 38, 40, 42, 46 Shutterstock, 10, 11 NASA, 16 Wikimedia Commons / Jean-Léon Gérôme, 20 H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS, 28 (øh) Wikimedia Commons / NOAA/MBARI, 28 (n) Wikimedia Commons / J. Patrick Fischer, 44 Wikimedia Commons / Peter Nicolai Arbo

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Tekstkjelder: Aftenposten Historie / Terje Krogsrud Fjeld: «Slåstkamp som underhaldning» Aftenposten Junior / Ingrid Åbergsjord: «Bilete på sosiale medium – vaksne bør skjerpe seg!» Boarding Company AS: «Inas reisetips» Deichmanske bibliotek/ http://anbefalinger.deichman.no: «Bokanbefaling: Vi er molekyler» dyreverket.wordpress.com: «Rare dyr» Feriebolig-Spania.no: «La Tomatina» forskning.no / Arnfinn Christensen: «Reklamen du ikkje ser, men blir påverka av» forskning.no / Henrik Bendix: «Veg du like mykje same kvar du er på jorda?» forskning.no: Ingrid Spilde: «Lettare forkjølt med lite søvn» forskning.no/Rannveig M. Jacobsen: «Kvifor vil myggen ha blodet ditt?» forskning.no / Sondre Bjørdal: «Lèt du deg forstyrre av lydar frå mobilen?» Geilo Holiday: «Rallarvegen på sykkel» Lindwall, Katrin: Kule eksperimenter!: «Juleeksperiment» NRK / Hallvard Sandberg: «342 dagar i verdsrommet» nysgjerrigper.no / Magnus Holm: «342 dager i verdsrommet» Syklistenes Landsforening: «Rallarvegen på sykkel» Terje Stenstad/www.stenstad.no: «Kva slags ball kan ein kaste lengst med?» ung.no: «Korleis stoppe digital mobbing» Øgrim, Otto og Andersen, Svenn Lilledal: «Til vêrs i ein ballong», frå Eksperimentboka – 191 forsøk fra fysikk på roterommet, Kolofon Forlag AS, 2005. Trykka etter avtale med Naturfagsenteret. Forlaget har forsøkt å finne opphavspersonane til teksten «Rare dyr», henta frå dyreverket.wordpress.com. Eigaren av teksten kan kontakte forlaget. Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


EM PL AR

SE

KS

Leseforståing 6 gir elevane trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Elevane møter ulike typar tekstar på tvers av fag, alle med oppgåver knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing og tekstskaping. Nivådelinga på oppgåvene gjer at boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte.

IN

G

Leseforståing 6 Lærarboka kan ein laste ned gratis frå heimesida til forlaget.

VU

R

D

ER

Boka inngår i serien Leseforståing som dekkjer 1.–7. trinnet.

Nynorsk ISBN: 978-82-492-1800-4

9

788249

218004

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.