Lesing pågår C nyn

Page 1

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Hanne Solem

KS

EM PL AR

Lesing pågår C gir elevene verdifull trening og kompetanse i lesing som grunnleggende ferdighet. Boka inneholder 21 oppgavesett med tekster i ulike sjangere på tvers av fag. Oppgavesettene har følgende struktur: • Før du leser • Finn informasjon i teksten • Forstå teksten • Tenk over teksten Boka inngår i serien Lesing pågår som dekker 5.–7. trinnet.

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no 9 788249 216130

Lesing pågår C – Bokmål ISBN 978-82-492-1613-0

GAN Aschehoug


Innhald Kvifor liker vi ikkje den same maten?..............................................................4 Førebilete – korleis påverkar dei?.....................................................................6

EM PL AR

Frå talent til toppidrettsutøvar – kva skal til?...............................................8 Ebbas blogg...........................................................................................................10 UngdomsBirken sykkel.......................................................................................12 Herskarane i klassen............................................................................................14 Sveitte luktar ikkje vondt!..................................................................................16 Isaac Newton..........................................................................................................18

KS

Hestedilla.................................................................................................................20 Korleis er det å vere i verdsrommet?.............................................................22

SE

Reglar om barneidrett........................................................................................24 Da jeg var liten – Alf Prøysen fortel................................................................26

G

På leirskole .............................................................................................................28

IN

Teiknspråk...............................................................................................................30 Namn etter fødselsmånad................................................................................32

ER

Barnebruder...........................................................................................................34

VU

R

D

Demonenes by......................................................................................................36 Reint vatn reddar liv............................................................................................38

Frå geitekillingar til Raudhette........................................................................40 Tida går....................................................................................................................42 Regnskog.................................................................................................................44


EM PL AR

Før du les: Kva trur du er grunnen til at ikkje alle liker den same maten? Kva kan få deg til å smake på mat du tenkjer at du ikkje liker?

SE

KS

Kvifor liker vi ikkje den same maten?

Men smakslaukane endrar seg heile livet. Eit barn på 2–3 år avviser gjerne ny mat, medan eit barn i 10–12-årsalderen blir sterkt påverka av venner og familie når det gjeld mat.

Tenk deg at det står to tallerkenar framfor deg – éin med frityrsteikte grashopper og éin med spagetti og kjøttsaus. Kva for ein vil du velje? I Europa vil nok dei fleste velje spagettiretten, men det er slett ikkje sikkert at det same ville skje i Aust-Asia. Kva er det som bestemmer kva slags mat vi liker?

Maten smaker best når vi trivst Vennene dine har stor innverknad på kva du et. Dersom vennene dine et noko som er nytt for deg, og dei liker det, motiverer det deg til å prøve nye smakar.   – Generelt blir vi motiverte til å smake ny mat dersom vi får han presentert i samanheng med noko som er morosamt eller hyggjeleg, seier Prescott.

R

D

ER

IN

G

Somme er ville etter hamburgarar, og andre elskar muggost. Men kva er det som bestemmer kva vi liker?

VU

Kulturen er viktigast Det er kulturen som er viktigast for smaken vår, fortel smaksforskar John Prescott. Han forskar på smak og lukt ved Taste Matters Research and Consulting i Australia og har skrive boka Why we like the foods we do.   – Japanarar et mykje grønsaker og fisk. Dei liker storfekjøtt, men det er ikkje vanleg i kulturen deira, så dei føretrekkjer oftast andre ting, seier han. Ifølgje Prescott blir smaken vår prega av det mor åt under graviditeten. Allereie før vi blir fødde, blir vi presenterte for smakar gjennom maten til mor, og dei er i høgaste grad kulturbestemte, seier Prescott.

4

Ole G. Mouritsen, som er professor ved Syddansk Universitet, legg til at same matvare kan opplevast heilt forskjellig alt etter situasjonen du er i.   – Smak oppstår i relasjonar mellom menneske. Ein sitron smaker alltid det same, men vi opplever smaken forskjellig, avhengig av kven vi et saman med.   – Dette kjenner vi frå utanlandsturar. Vi kjøper med oss heim ei matvare vi liker kjempegodt, men vel heime synest vi maten smaker annleis, seier Mouritsen.


Nokre typar mat vil vi absolutt ikkje ete Dei fleste har nokre typar mat eller smakar dei absolutt ikkje liker. Somme gonger kan det komme av at ein er blitt sjuk etter å ha ete ein spesiell matrett. Kanskje blei du sjuk etter at du åt makrell, og sjølv om du veit at det ikkje var noko gale med fisken, orkar du berre ikkje tanken på å ete makrell igjen.   Det er også mange som unngår visse typar mat fordi dei er allergiske eller av andre grunnar ikkje toler maten!

EM PL AR

Vi smaker på nye ting når vi er svoltne Sjølv når vi et og har det hyggjeleg med venner eller familie, er det mat vi må smake på fleire gonger før vi liker han. John Prescott nemner kaffi som eit eksempel.   – Den første koppen med kaffi smaker rart og bittert. Men fordi mange omkring deg drikk kaffi, gir du gjerne drikken ein sjanse. Slik får du ei sakte tilvenning. Dersom du gjerne vil lære deg å like nye smakar, foreslår John Prescott at du gjer det når du er svolten.   – Vi utviklar smaken vår best når vi er svoltne. Vi kan ete den raraste mat dersom vi er svoltne nok, seier han.

KS

Alle liker smaken av søtt Det er stor forskjell på kva folk rundt om i verda liker av mat, men noko er felles.   – Overalt synest menneske at mat som smaker søtt, smaker godt, medan det er omvendt med mat som har ein bitter smak, seier Prescott.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva for to kjøttretter blir nemnde i første del av teksten? 2 Kva er det John Prescott forskar på?

G

3 Kva er forskjellen på ein 2-åring og ein 10-åring når det gjeld å prøve seg på nye smakar?

IN

4 I kva land arbeider Ole G. Mouritsen?

ER

5 Kva for smak er det alle liker?

VU

R

D

Forstå teksten 1 Kvifor vil dei fleste i Europa velje spagettiretten framfor frityrsteikte grashopper, trur du? 2 Kvifor et ikkje japanarane særleg mykje storfekjøtt sjølv om dei liker det? 3 Korleis kan vennene dine påverke deg til å smake ny mat? 4 Kvifor liker mange kaffi sjølv om det gjerne smaker vondt første gongen? 5 Kvifor er det ein fordel å vere svolten når du skal smake noko nytt?

Tenk over teksten 1 Kva meiner John Prescott når han seier at det er kulturen som er viktigast for smaken vår? 2 Kva betyr det at storfekjøtt ikkje er så vanleg i den japanske kulturen? 3 Korleis kan vi bli kjende med ulike typar mat før vi er fødde? 4 Forklar kva det betyr at smak oppstår i relasjonar mellom menneske. 5 Korleis kan mat plutseleg smake annleis andre gongen du smaker på han? Fortel også gjerne om eigne erfaringar.

5


SE

KS

EM PL AR

Før du les: Kven er førebileta dine? Korleis blir du påverka av førebilete?

G

Førebilete ER

IN

– korleis påverkar dei? Av Signe, ungdomsjournalist i ung.no

VU

R

D

Ungdom er omringa av kjendisar med «perfekt» utsjånad og bloggarar med «perfekte» liv. Ved å vise bilete av idealmenneske gir TV, magasin og Internett oss eit bilete av korleis ein «burde vere», kva som er in, og kva som er ut. Korleis blir vi påverka?   Dei vi ser opp til, påverkar oss både når det gjeld korleis ein skal leve, kva ein skal ha på seg, og kva storleik i klede ein helst skal bruke. Mange finn seg eit førebilete dei ser opp til, og som dei prøver å etterlikne. For eksempel såg vi korleis eit slikt førebilete kan påverke ungdom, da tusenvis av unge samla seg på operataket og området rundt for å få eit lite glimt av sin store helt Justin Bieber. Kva er eit førebilete? Som sagt finn mange unge i dag seg førebilete. Somme har konkrete førebilete, medan andre etterliknar personar instinktivt utan at dei eigentleg 6

heilt veit det sjølve. Desse førebileta er ofte kjendisar. Kjendisar kan ein lese om nesten overalt, altså kan ein, om ein sjølv ønskjer det, heile tida få små innblikk i livet til kjendisane. Kjendisane framstår ofte veldig pene eller kjekke, og i tillegg lever dei glamorøse liv som mange unge drøymer om. Vi «normale» blir på ein måte litt bergtekne og lar oss rive med når vi les om da Justin Bieber solte seg på ein yacht med Selena Gomez, eller korleis den siste takketalen til Taylor Swift utarta seg. Vil vere som dei Det er vanskeleg å vite heilt kvifor vi er så fascinerte av pene bloggarar, idrettsstjerner, kjendisar og livet i Hollywood. Likevel kan ein tenkje seg fram til ein grunn. Kjendisane er gjerne vellykka; dei lever ut draumane sine som skodespelarar, songarar eller sportsstjerner, bur i store villaer og lever som sagt eit liv mange unge drøymer om ein gong å få.


Korleis blir du påverka? Vi blir påverka på ulike måtar, både negativt og positivt. Dei negative sidene ved å ha førebilete ein ser opp til, kan vere at det blir for mykje fokus på kropp og utsjånad. Somme begynner å trene for mykje eller feil for å få draumekroppen til idrettsstjerna eller kjendisen. Andre prøver ut farlege diettar fordi ein bloggar skreiv at det var lurt. Eller du bruker altfor mykje pengar på produkt fordi nokon du ser opp til, var med i ein reklame for dei.   Men det følgjer også mange positive ting med det å ha eit førebilete. Det at ein faktisk kan lykkast, og det at det er mogleg å oppnå draumen sin, kan gjere at

du sjølv blir inspirert til å stå på og ikkje gi deg før du har nådd målet. Kanskje vil du satse ekstra i idretten din fordi du ser at andre lykkast, eller du tør å prøve ut nye aktivitetar på fritida fordi det verkar moro. I tillegg kan det vere godt å ha noko ein verkeleg er oppteken av. Eit førebilete i form av ein kjendis, ein bloggar eller ein annan person du ser opp til, kan vere noko som fyller kvardagen med noko du synest er interessant. Skoledagen blir for eksempel mykje meir spennande dersom du veit at Beyoncé slepper sin nyaste singel klokka fire rett etter skolen ...

KS

EM PL AR

Kven er DINE førebilete?

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kvar arbeider Signe?

2 Kva fekk tusenvis av ungdommar til å samle seg på operataket? 3 Kva for kjendisar er nemnde i teksten?

G

4 Kva kan få enkelte til å prøve farlege diettar, ifølgje Signe?

IN

5 Kva kan, ut frå det som står i teksten, gjere skoledagen meir spennande?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva meiner Signe med at noko er in og noko er ut? 2 Kva foreslår Signe kan vere grunnen til at vi er så fascinerte av pene bloggarar, idrettsstjerner, kjendisar og livet i Hollywood? 3 Kva kan vere negative sider ved å ha førebilete, ifølgje Signe? 4 Kva meiner Signe kan vere positive sider ved det å ha førebilete? 5 Kva for adjektiv bruker Signe for å beskrive kjendisane og livet deira?

Tenk over teksten 1 Kva er grunnen til at Signe har brukt hermeteikn her: «perfekt» utsjånad? 2 Kva betyr det «å vise bilete av idealmenneske»? 3 Kva meiner Signe med at «andre etterliknar personar instinktivt utan at dei eigentleg heilt veit det sjølve»? 4 Kva meiner Signe med vi «normale»? 5 Signe avsluttar teksten sin med eit spørsmål. Kvifor avsluttar ho slik, trur du? Kva vil Signe med innlegget sitt?

7


Før du les: Kva betyr det å ha talent for ein idrett? Korleis kan ein utvikle talentet sitt?

EM PL AR

Frå talent til toppidrettsutøvar – kva skal til?

ER

IN

G

SE

KS

Korleis utvikle talentet sitt? Sæther har funne ut at det er mange forhold som er avgjerande for om ei barnestjerne klarer overgangen frå å vere lovande til å bli toppidrettsutøvar i tenåra. Utøvaren sjølv, trenarane, foreldra, treningsforholda og omgivnadene har mykje å seie, men det har også flaks og tilfeldigheiter.   Fysiske forhold rundt spelaren speler mindre rolle enn mange trur. Trenarar og foreldre betyr mykje, men aller mest er suksessen avhengig av utøvaren sjølv, ifølgje forsking. Tidlegare forsking har vist at talentbarn som får prøve ut ulike idrettar, lykkast best.

R

D

Nokre barn imponerer tidleg som sportstalent. Men kvifor falmar nokre talent, medan andre blir toppidrettsutøvarar med millionlønn?

VU

Ein som har mange av svara, er universitetslektor og forskar Stig Arve Sæther ved NTNU i Trondheim. Kva er talent? Foreldre kan tru at barnet deira har talent, men som foreldre er dei jo inhabile. Finst det ein objektiv definisjon på talent?   – Dei fleste kjenner eit idrettstalent når dei ser det. Eit talentbarn utmerkjer seg ved å ha dei beste fysiske ferdigheitene i si aldersgruppe. Dei har også talent for trening – dei toler å trene mykje reint fysisk, og dei liker det. Men talent har også mental meistring – dei taklar både sigrar og motgang, både på trening og i kampar, seier Sæther. Kriteria har han funne etter å ha spurt 14 tippeligatrenarar om korleis dei definerer talent. 8

Motivasjon framfor press Organisert trening bør berre utgjere ein liten del av totalen i yngre aldersgrupper. Sæther presiserer at indre motivasjon hos spelaren er avgjerande for å orke å trene mykje.   – Det har inga hensikt å trene for eksempel to timar ekstra på eiga hand i tillegg til ein times organisert trening dersom ein ikkje har lyst, seier han. Da blir gleda borte, og treningseffekten kan bli redusert. Derfor gir det inga meining at foreldre pressar barna til å trene om dei ikkje vil sjølve.   – 80 prosent av treninga bør vere i form av leik og berre 20 prosent organisert.   Det som kjenneteiknar idrettsutøvarar som har klart overgangen frå å vere eit talentfullt barn, er nettopp at dei trente mykje på eiga hand frå dei var små.   – Dei har lagt inn minst like mykje uorganisert trening på fritida som dei har hatt av organisert trening, seier Sæther. – Desse barna har gjerne ei sterk indre drivkraft til å bli god, gjerne uavhengig av ferdigheiter.


EM PL AR

NTNU: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Inhabil: ikkje objektiv, har personleg interesse

KS

Gode trenarar er viktig Gode trenarar er også viktig for å nå langt. Men kva er ein god trenar?   – Trenarar kan vere både døropnarar og dørlukkarar, poengterer Sæther. Forsking viser at trenarar som er oppgåveorienterte, lykkast betre enn dei som er prestasjonsorienterte.   Ifølgje Sæther bør trenarar vere meir opptekne av korleis dei individuelle spelarane løyser oppgåvene sine, enn av om laget vinn eller taper. – Spesielt gjeld dette dei som trener barn, seier Sæther. Enkeltspelarar kan ha gjort ein formidabel innsats i forhold til sine eigne føresetnader, sjølv om laget tapte. Å ikkje bli verdsett for det kan øydeleggje mykje. – Barn klarer ikkje å skilje mellom innsats og resultat. Dei skjønner ikkje at dei kan ha gjort ein god innsats sjølv om laget tapte. Taper dei, trur dei at dei var dårlege, og kan miste motet. Trenaren må derfor fokusere på innsatsen til kvar spelar. Trenaren har som oppgåve å utvikle alle spelarane.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva er NTNU forkorting for?

2 Skriv setninga som viser at Sæther ikkje har alle svara. 3 Korleis har Sæther komme fram til ein definisjon på talent?

G

4 Kor viktige er dei fysiske treningsforholda for å utvikle talentet?

IN

5 Kva bør trenaren vere meir oppteken av enn om laget vinn eller taper?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva kjenneteikn har eit talent, ifølgje Sæther? 2 Kva er eit talent mest avhengig av for å utvikle seg til toppidrettsutøvar? 3 Dersom ein trener ti timar i veka, kor mange timar bør vere i form av leik, ifølgje Sæther? 4 Kvifor er det bortkasta å presse nokon til å trene?

Tenk over teksten 1 Kva betyr det at talentet falmar? 2 Kvifor er foreldre inhabile når det gjeld å sjå om deira eigne barn har talent? 3 Forklar forskjellen mellom å trene ut frå motivasjon og å trene ut frå press. 4 Kva betyr det at ein trenar kan vere både døropnar og dørlukkar? 5 Kva synest du er den viktigaste bodskapen Sæther har til talentfulle barn og unge som ønskjer å bli toppidrettsutøvarar?

9


SE

KS

EM PL AR

Før du les: Kva forbind du med blogg? Kva meiner du skal til for at ein får lyst til å lese ein blogg?

ER

IN

G

Ebbas blogg

D

10. september

VU

R

Regn, regn, regn! Mange dagar på rad. Heilt utruleg irriterande. Særleg når det er opphald når du går ut, sjølvsagt utan regntøy, men med ein praktisk liten paraply i veska, og blir overfallen av regn. Yr har rett nok varsla moglegheit for lokale byer, men så kjem sjølvsagt den bya akkurat der du er, og den praktiske paraplyen viser seg å vere døds-upraktisk. Har du også opplevd å slåss med ein paraply? Først vrengjer han seg nokre gonger, og ein av spilene brekker sikkert. Når du endeleg, allereie ganske våt, får paraplyen sånn passeleg på plass, må du halde han på skrå framfor deg, mot regnet og vinden, for at han ikkje skal vrengje seg igjen, og da er det umogleg å sjå kvar ein går. I går, for eksempel, på veg til Ina, vi skulle på kino, full kræsj med ei gammal dame og

10

med eit skilt. Da føler du deg skikkeleg lur. Når tida er inne for å slå saman paraplyen, er han absolutt heeeilt gjennomvåt og ikkje særleg freistande å leggje tilbake i veska. No har eg funne løysinga. Det vil seie, ikkje eg, men ein kul fyr eg las om på nettet. Ein fransk designarstudent, Quentin heiter han. Han bestemte seg for å designe ein paraply som beskytta mot regn, men som ikkje hadde alle ulempene ein vanleg paraply har. Han kalla prosjektet sitt: «Korleis kan eg lage ein paraply som er praktisk?» Og hypotesen hans var: Eg trur ein praktisk paraply er ein som ikkje kan vrengje seg, som ikkje blir våt, og som ikkje hindrar sikten. Samtidig må ein paraply vere noko som hindrar regnet i å treffe deg.


No synest eg det er lenge å vente til 2050. Det er mykje regn og mange vrengde paraplyar før den tid. Kva med å bruke ein hårfønar, det kan vel gjere same nytten, kanskje? Det einaste er at da vil vel håret blåse rett til vêrs … Eg må kanskje montere fønaren på ei stang. Hm … og fønaren bør vel gå på batteri. Kanskje ikkje noko ein får ein designpris for? Nei, eg synest Quentin bør få opp farten. Han bør kalle Airblow’en sin for Airblow 2016. Eller OK, da – Airblow 2017. Kom igjen, Quentin!

KS

Quentin tenkte at dersom vi beheld handtaket på paraplyen, det må vere eit langt handtak, og handtaket bles ut luft, rett opp, vil luftstraumen hindre regnet i å treffe deg. Han kalla den nye paraplytypen Airblow 2050. Airblow betyr vel noko sånt som «luftblås», og talet skal stå for årstalet 2050. Han tenkte nemleg at paraplyen truleg ikkje er mogleg å lage i dag, men at ideen er der, og at paraplyen kanskje er vanleg å sjå i 2050?

Quentin deltok til og med i ein konkurranse for industridesignarar og vann ein pris for paraplyen utan stoff. Og no har eg funne ein filmsnutt på YouTube som viser korleis paraplyen verkar. Genialt! (Sjekk ut sjølv ved å søkje på Air umbrella wins design award.)

EM PL AR

Men korleis går det an? Smarte Quentin fann ut at det som gjer at vi må slåss med paraplyen, er stoffet, altså ville han ha ein paraply utan stoff. Han måtte finne noko anna enn stoff som kunne gjere at vi ikkje blir trefte av regnet. Lurt! Men kva skulle erstatte stoffet? Løysinga var luft!

Finn informasjon i teksten

SE

1 Skriv setninga som viser at det har regna meir enn éin dag. 2 Kvifor gjekk Ebba ut utan regntøy? 3 Kven gjekk Ebba innom?

G

4 Kvifor gjekk Ebba med paraplyen på skrå?

ER

IN

5 Kva kalla Quentin prosjektet sitt?

VU

R

D

Forstå teksten 1 Kva meiner Ebba med å slåss med ein paraply? 2 Kva meiner Quentin krevst for at ein paraply skal vere praktisk? 3 Kvifor kalla han prosjektet sitt Airblow 2050? 4 Kvar kan du finne ut meir om paraplyen til Quentin? 5 Kvifor vil Ebba at Quentin skal kalle paraplyen for Airblow 2017?

Tenk over teksten 1 Kva betyr lokale byer? 2 Kva meiner Ebba når ho skriv «Da føler du deg skikkeleg lur»? 3 Kva for idear har Ebba sjølv for å lage ein paraply utan stoff? 4 Kva er det i teksten som viser at Ebba tenkjer medan ho skriv? 5 Kva tenker du sjølv om å erstatte stoffet i ein paraply med luft? Kva synest du om ideen til Quentin? Grunngi svaret ditt. 11


Før du les: Kva forbind du med Birken? Kva reglar trur du ein må ha i UngdomsBirken sykkel?

UngdomsBirken sykkel

EM PL AR

Generell informasjon om startordninga I kvar aldersklasse blir startfeltet delt inn i to puljar. Pulje 1 er for dei mest aktive og erfarne deltakarane og pulje 2 for andre deltakarar.

G

Velkommen til UngdomsBirken sykkel 30. august 2015

SE

KS

Løypa Lengda på løypa er den same for alle aldersgrupper, 16 km. Løypa går i vekslande terreng, på både asfalt, grusveg og sti. Det har vore eit ønske frå dei eldste deltakarane våre (15–16 år) om å gjere løypa lengre og meir krevjande. Det har vore vurdert, men Birken ønskjer å ha lik løypelengd for alle aldrar i alle ungdomsarrangement.

D

ER

IN

Vi arrangerer UngdomsBirken sykkel for tiande gongen. Det er start og mål ved Birkebeiner Skistadion, skiskyttararenaen, Lillehammer. Løypa er 16 km og er like lang for alle uavhengig av alder. Det er enkel sykkelservice ved start og etter 10 km. Alle som er mellom 12 og 16 år, kan delta. Alder blir rekna per 31.12.15.

VU

R

Drikke- og matstasjon undervegs og i mål Det er drikke- og matstasjon ved Mesnasaga etter 9 km og mat- og drikkestasjon i mål. Utdeling av startnummer Lillehammer, Håkons Hall • Torsdag 27.08. kl. 15.00–21.00 • Fredag 28.08. kl. 10.00–22.00 • Laurdag 29.08. kl. 09.00–20.00 Lillehammer, Birkebeineren Skistadion • Søndag 30. august kl. 08.30–11.00 Startkort kan lastast ned frå Min Side to veker før rittet og skal takast med til startnummerutdelinga.

12

Tidtaking UngdomsBirken sykkel Alle deltakarane vil få tildelt ei personleg databrikke som er integrert i startnummeret. Startnummeret skal festast med strips på sykkelstyret. Hugs å skanne brikka for å sjekke at ho verkar! UngdomsBirken startar klassevis på startskot. Det vil seie at tida begynner å løpe når startskotet går. Deltakarar utan brikke vil ikkje få tida si registrert, og kjem dermed ikkje med på resultatlista. Rittreglar UngdomsBirken sykkel Deltakarane har plikt til å ha synleg startnummer festa på styret. Godkjend hjelm er påbode. Det er forbode å starte på nummeret til ein annan. Legitimasjon kan bli kravd ved tvil. Deltakarar som ikkje følgjer rittreglane, kan bli diskvalifiserte. All påmelding er bindande. Startkontingenten blir ikkje refundert sjølv om den påmelde av ulike årsaker ikkje kan delta.


Ryggsekk Alle deltakarane må ha ein sekk som veg minst 1,5 kg under heile rittet og ved målgang. Sekken bør innehalde ekstra klede, mat, drikke, verktøy, slange og lappesaker. Sekken skal berast på ryggen under heile rittet. Vekt og innhald blir kontrollerte. Ryttarane er sjølve ansvarlege for at sekken ikkje er for lett ved målgang.

EM PL AR

Premiering UngdomsBirken sykkel Alle deltakarane som fullfører, får ein deltakarpin ved målgang. Det er diplom og premiar til alle som fullfører. Dei tre beste i kvar klasse får utlevert premie og diplom frå scenen rett etter målgang. For dei andre skjer premie- og diplomutdelinga frå eigne premiebord i Håkons Hall. Premiar, merke og diplom blir ikkje ettersende.

KS

Resultata blir fortløpande lagde ut på Resultatservice.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kor mange gonger før har det vore arrangert UngdomsBirken? 2 Korleis kan du få i deg mat og drikke under løpet?

G

3 Skriv setninga som viser at du ikkje får tilbake startkontingenten dersom du blir sjuk.

IN

4 Kvifor har fleire ønskt at løypa skal endrast for dei eldste deltakarane? 5 Korleis tek ein tida på kvar deltakar?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva betyr det at løypa har same lengd uavhengig av alder? 2 Fleire stader i teksten står det at lengda på løypa er uavhengig av alder. Skriv setningane som viser det. Kvifor er denne informasjonen teken opp att, trur du? 3 Kva blir konsekvensen dersom du startar utan databrikka? 4 Korleis kan ein vere sikker på at ingen syklar med startnummeret til ein annan? 5 Kva inneber det at premiar, merke og diplom ikkje blir ettersende?

Tenk over teksten 1 Kva kan vere grunnen til at ein ikkje kan hente startnummer i Håkons Hall på søndag? 2 Kva er forskjellen på startkort og startnummer? 3 Kva kan du gjere dersom du får problem med sykkelen midtvegs i løpet? 4 Kvifor bør ikkje sekken vege akkurat 1,5 kg når du startar rittet? 5 Kva kan vere gode grunnar til å la deltakarane starte i to puljar? 13


Før du les: Kva kan det komme av at somme elevar får dominere eller herske i ein klasse? Korleis kan ein vise medelevar respekt? Korleis kan læraren bidra?

EM PL AR

Herskarane i klassen

KS

Si ;D

SE

Bråkmakarane – herskarane i klassen

VU

R

D

ER

IN

G

«De øydelegg berre for alle dei andre» er ei velkjend setning for alle bråkmakarar. Det er slik straffesystemet på skolen er i dag: «Greier de ikkje å vere stille, får de ikkje friminutt, og da øydelegg de for alle dei andre.» For dei som ikkje har bråka, dei får heller ikkje friminutt. Kva er rettferdig med det? På den gamle skolen min var det også slik at kvart år drog 7.-klassane på Freia. Der blei dei viste rundt i fabrikken og fekk smake på den nydelegaste sjokolade. Det å besøkje Freia-fabrikken stod for meg som eit guddomleg besøk i ei eventyrverd. Læraren fortalde at dersom vi ikkje greidde å oppføre oss dei neste tre vekene, da kunne vi gløyme Freia-besøket.

Eg oppførte meg så bra eg kunne, men det gjorde ikkje dei andre. Etter at dei tre vekene hadde gått, sat eg på pinebenken idet læraren kunngjorde resultatet. Han kunne vel ikkje vere SÅ vond? Det kunne han. Draumen gjekk i tusen knas for auga mine. Freia besøkte vi aldri, og eg kjem vel aldri til å få dra dit. Men eg oppførte meg jo heilt fint, eg. Kvifor skulle eg straffast for dei feila dei andre hadde gjort? Kvifor ikkje gjere det så enkelt som å skrive ned dei som bråkar, og så nekte dei for eksempel besøket på Freia? Anonym 14

Respekt Du har sete oppe tre kveldar, du har jobba og skrive og funne argument, ringt besteforeldre og andre slektningar om hjelp, du har førebudd deg godt og gler deg til å halde eit foredrag for klassen din. Men kva trur du skjer? Dagen kjem sakte, og du er nervøs på morgonkvisten. Drikk litt varm te, kanskje, for å trøyste stemmebanda. Du spaserer nervøs, men fornøgd, til skolen. I dag er dagen. Dagen du skal halde foredraget. To personar held foredrag før deg, magekjensla stig. Læraren seier namnet ditt, og du reiser deg for å formidle ditt syn på saka. Innleiinga di er flott, trass alt, du har jo jobba med henne halve veka. Det går strålande.


enn meg som er rimeleg oppgitte over å prate til ei forsamling som ikkje følgjer med? Når du har hatt eit langt foredrag om pels, trur dei du har snakka om korleis ein lagar pannekaker. Eg er frykteleg lei av å jobbe for å få ein god karakter, for karakteren er heilt irrelevant når elevane du snakkar til, ikkje veit kva du har sagt, og læraren ikkje veit meir enn halvparten av det du ville formidle. Ingen liker å snakke til ei forsamling som ikkje følgjer med, kan vi ikkje vise respekt overfor kvarandre, alle saman? LIV

EM PL AR

Så kjem du til hovuddelen. Medelevane begynner å kaste viskelêr på kvarandre, du kan sjå folk sende kvarandre blikk, dei kviskrar, og somme ler. Du prøver å halde fram med å snakke, men stemmene som kviskra, har begynt å vere meir høglydte. Læraren seier: «No må de jammen vere stille.» Du lar blikket gli over klassen, og forsamlinga blir stille. Idet du har avslutta den første linja, begynner bråket igjen. Linjalar flyg gjennom rommet, latteren skrik, folk spring rundt, slår kvarandre i hovudet med pennal og skrik høglydt. Du snur deg oppgitt mot læraren, som hysjar fortvilt, men elevane høyrer ikkje etter. Det blir ikkje stille igjen.

KS

Det ringjer ut til friminutt, og du traskar oppgitt ut. Det perfekte foredraget har gått i vasken, og meiningane dine er ikkje nødvendige å vite for resten av verda, alt handlar om latter og pennalslenging. Kvar er respekten?! Ikkje berre når det gjeld læraren, kvar er respekten oss elevar imellom? Er det fleire

Finn informasjon i teksten

SE

1 K va for klasse går Anonym i?

2 Kor lenge måtte klassen oppføre seg bra for å få besøkje Freia? 3 Kor mykje tid har Liv brukt på å førebu foredraget sitt?

G

4 Kva del av foredraget går det bra for Liv å framføre?

IN

5 Kva gjer læraren til Liv for å prøve å få ro i klassen?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kvifor trur Anonym at han/ho aldri får besøkt Freia? 2 Kva adjektiv i teksten viser at læraren til Liv ikkje trivst med situasjonen? 3 Kva handla foredraget til Liv om? 4 Kva er det Liv synest er viktigare enn gode karakterar? 5 Kva er felles for læraren til Anonym og læraren til Liv?

Tenk over teksten 1 Kvifor vil forfattaren av det første innlegget vere anonym, trur du? 2 Kva betyr uttrykka «å sitje på pinebenken» og «har gått i vasken»? 3 Kva er felles for Anonym og Liv? Nemn fleire moment. 4 Kva råd vil du gi til Anonym og til læraren, som kan bidra til at bråkmakarane ikkje held fram med å vere herskarar i klassen? 5 Kva råd vil du gi til Liv og til læraren hennar, som kan bidra til meir respekt i klassen? 15


Før du les: I kva situasjonar er det vanleg å sveitte? Når synest du er greit å sveitte, og når vil du helst sleppe det?

Sveitte luktar ikkje vondt! EM PL AR

Du har sikkert også kjent lukta av sur sveitte, men visste du at lukta ikkje kjem frå sjølve sveitten?

G

SE

KS

Det er faktisk heilt sant. Sveitten din er så godt som luktfri. Sveitten inneheld noko som heiter feromon. Det er kroppen sitt eige luktestoff og luktar absolutt ikkje vondt.

ER

IN

Men kvifor synest vi da at sveitte luktar vondt?

VU

R

D

Sveitte består for det meste av vatn frå kroppen og dessutan litt salt. Når denne saltblandinga kjem ut av kroppen, blandar ho seg med bakteriane du har på huda. Årsaka til sveittelukta er at desse bakteriane liker sveitte, spesielt den som kjem frå armholene. Sveitten inneheld også litt avfallsstoff, som feitt, protein og cellerestar, og dette liker bakteriane godt. Bakteriane et på sveitten, og det lagar vond lukt. Vi menneske har mellom to og fem millionar sveittekjertlar i huda. Ei av oppgåvene til huda er å kjøle oss ned ved å sveitte. Sveitten hindrar oss altså i å bli overoppheta.

16

Når du trener, får aktiviteten i musklane dine kropps­ temperaturen til å stige. Da arbeider kroppen flittig med å senke temperaturen ved å sleppe ut sveitte. Sveitten fordampar, og det krev energi, noko som effektivt avkjøler kroppen.

Synest du at du sveittar litt for mykje når du rører deg? Det er faktisk slik at ein som er veltrent, begynner å sveitte før – og også meir – enn ein som er utrent. Dessutan sveittar menn meir enn kvinner. Når du sveittar, blir væskebalansen i kroppen forstyrra. Væska som kroppen slepper ut, må erstattast. Det har du sikkert merka på trening eller ein varm sommardag – det hjelper å drikke. Eigentleg sveittar vi litt heile tida, og når vi er nervøse, sveittar vi ekstra mykje, spesielt inni handflatene. Ettersom kroppsreaksjonar kan avsløre løgn, er sveitte i hendene noko av det ein løgndetektor registrerer.


EM PL AR

ubevisste stressreaksjonar som er klare teikn på at ein snakkar usant. Under avhøyret stiller etterforskaren den mistenkte ei rekkje spørsmål. Nokre av spørsmåla veit etterforskaren svaret på – for eksempel namnet og familieforholda til den mistenkte – og kan dermed sjå reaksjonane til den mistenkte når han/ho svarer sant. I andre tilfelle er svaret ukjent for etterforskaren, som for eksempel kvar den mistenkte oppheldt seg på gjerningstidspunktet. Dersom reaksjonen er som ved tidlegare sanne svar, taler mykje for at den mistenkte snakkar sant. Er reaksjonen derimot ein annan, for ­eksempel at pulsen aukar når svaret blir gitt, kan det tyde på at svaret er ei løgn. Bruk av løgndetektor har likevel alltid vore omstridd fordi kroppen kan reagere annleis av andre grunnar enn løgn.

Kroppsreaksjonane kan avsløre løgn: Hjartet: Løgn får pulsen og blodtrykket til å auke. Lungene: Den som lyg, pustar raskare og tek ikkje djupe andedrag. Huda: Ein sveittar i handflatene og på fingertuppane ved overlagd løgn. Beina: Når ein lyg, får ufrivillige muskelrørsler beina og armane til å utføre små, rykkvise rørsler.

KS

Løgndetektoren blir brukt til å registrere små

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva er feromon?

2 Kva består mesteparten av sveitten av? 3 Kva elles består sveitte av?

G

4 Kva er forskjellen mellom menn og kvinner når det gjeld sveitte?

IN

5 Kva skjer med pulsen når ein lyg?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Forklar kva som er årsaka til sveittelukt. 2 Når er det vi ikkje sveittar?

3 Korleis kan sveitte verne oss mot å bli overoppheta? 4 Ved bruk av løgndetektor, kvifor spør etterforskaren både om det han/ho veit, og det han/ho ikkje veit svaret på? 5 Kva verb viser at dei kroppsreaksjonane løgndetektoren avslører, ikkje er eit absolutt bevis på løgn?

Tenk over teksten 1 Kva betyr det at væskebalansen i kroppen blir forstyrra? 2 Kva kan forklaringa vere dersom du sveittar meir enn vennen din under trening? 3 Kva betyr overlagd løgn? Kva andre typar løgn finst det? 4 Kva kroppsreaksjonar ved løgn trur du ein kan observere best utan å bruke løgndetektor? 5 Finn eksempel der du trur at ein løgndetektor kan vise feil.

17


Før du les: Kva veit du om Isaac Newton? Kva trur du skal til for å bli ein vidkjent vitenskapsmann?

Ein gjenstand som ligg stille, vil halde fram med å ligge stille. For å få noko til å flytte seg må det kraft til. Tenk deg at du speler ishockey, da må det kraft til for å få pucken til å bevege seg bortover isen. Dersom du slår til han med ei kølle, fer han bortover.

G

SE

Isaac Newton var ein engelsk matematikar og fysikar som levde på 1600-talet. Han var ein av verdas viktigaste vitskapsmenn. Mykje av det du lærer på skolen i matematikk og fysikk, har sin bakgrunn i viktige oppdagingar Isaac Newton gjorde.

KS

EM PL AR

Isaac Newton ER

IN

Newton begynte å studere da han var ganske ung. Han elska å eksperimentere og finne svara sjølv, framfor at andre skulle fortelje han kva som var riktig og gale.

VU

R

D

Som mange andre naturinteresserte menn eigde Newton eit teleskop. Når han brukte teleskopet, oppdaga han noko som gjorde han nysgjerrig: Når han kikka på ei stjerne som lyste sterkt, såg han ringar i alle regnbogefargene rundt stjerna. Astronomar som hadde sett det same, meinte at fargene kom av feil på linsa i teleskopet. Newton trudde det hadde noko med sjølve lyset å gjere. Han fann ut at lyset var sett saman av bitte små partiklar, og at kvitt lys var sett saman av det vi kallar spektralfarger. Newton gjorde også andre viktige oppdagingar. Mellom anna oppdaga han noko som vi i dag kallar Newtons tre lover. Det er tre naturlover som handlar om korleis ting beveger seg. Dette er, litt forenkla, dei tre naturlovene:

18

Når du slår til pucken med ei ishockeykølle, held han ikkje fram med same fart til evig tid, men saktnar farten og stansar opp etter ei stund. Det kjem av friksjon. Friksjon er ei kraft som skaper motstand mellom ting som glir mot kvarandre. Det er ørsmå ujamnheiter under pucken og på isen som grip tak i kvarandre slik at pucken bremsar. Kor mykje ein ting aukar farten, er avhengig av kor sterk kraft du bruker. Dersom du slår på pucken med dobbelt så stor kraft, blir farten dobbelt så stor. Lova seier også at farten blir større jo lenger ei kraft påverkar gjenstanden.


Kvar kraft har ei motkraft. Dersom du pressar handa di mot ein vegg, kjennest det nesten som om veggen pressar tilbake. Det er motkrafta. Når du slår til pucken med ei kølle, får krafta frå kølla pucken til å bevege seg. Men samtidig som kølla treffer pucken, rykkjer det tilbake i bladet til kølla. Det er motkrafta frå pucken. Det same skjer når ein jeger skyt med gevær: Kula fer framover, og geværkolben slår tilbake mot skuldra til jegeren.

Det gjer at 20 kg granitt kviler på berre nokre få toppar av is. Vi kan kanskje tenkje at ei heilt plan (rett) overflate er glattare enn ei ru flate, men når to svært harde stoff – som is og stein – skal gli mot kvarandre, lønner det seg at den eine flata er ru for å skape minst mogleg kontakt. Dermed glir steinen betre!

EM PL AR

I OL-sporten curling utnyttar ein kunnskapen om friksjon for å få curlingsteinane til å gli på best mogleg måte. Curlingsteinane – som er av granitt og mellom 17 og 20 kg tunge – er ikkje flate under. Dei er uthola, nesten som ein flaskebotn, derfor er det berre eit ringforma område som er i kontakt med isen. Isen er heller ikkje flat. Curlingbanen blir spraya med ein dusj av vassdropar så han blir full av bitte små humpar.

KS

Spektralfarger: fargene i fargesirkelen

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kvifor er skolefaga fysikk og matematikk nemnde i teksten? 2 Kva er spektralfarger?

3 Kva er, heilt kort, Newtons tre naturlover?

G

4 Kva må til for å få noko til å flytte seg?

IN

5 Kva sport er nemnd fleire gonger for å forklare Newtons naturlover?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva var det Newton forstod som ikkje astronomane hadde forstått? 2 Kva er felles for Newtons tre naturlover? 3 Kva betyr «friksjon»? 4 Forklar kvifor geværkolben slår tilbake mot skuldra når ein skyt. 5 Kva er det spesielle med curlingsteinane som vi som tilskodarar ikkje kan sjå?

Tenk over teksten 1 Kva er det i teksten som viser at Newton var ein sjølvstendig student som tok ansvar for eiga læring? 2 Kva kan grunnen vere til at astronomane trudde at det var noko feil med teleskopet når dei observerte farger rundt stjernene? 3 Kvifor stansar ein puck som er i fart? 4 Kva kan årsaka vere til at ein bruker eksempel frå ishockey for å forklare Newtons naturlover? 5 Forklar med dine eigne ord korleis ein i curlingsporten utnyttar kunnskapen om friksjon.

19


Før du les: Kva skal til for å få hestedilla? Kan det å ri og stelle hestar utvikle gode eigenskapar?

EM PL AR

– For meg var gleda ved å ri og vere ute i naturen viktig. Spenning var også eit viktig element, eg har alltid likt raske hestar. Eg var også oppteken av å vise kva ein hest kan brukast til. Dei er ikkje laga av glas, og så lenge du utviser sunn fornuft og tillit til hesten, er det utruleg kva du kan få han til å utføre. Det er fleire som meiner at jenter med hestedilla utviklar gode eigenskapar:

KS

SE

Hestedilla

– Samspelet med hesten og oppgåvene i stallen trener jentene i kommunikasjon og i det å ta leiarrolla. Det skil riding frå andre fritidsaktivitetar og utfordrar jentene på område som er identitetsskapande, seier Anne-Grethe T. Berg. Ho er også veterinær, og fortel at jenter som driv med hest, utviklar eigenskapar som handlar om å vere sjølvsikker, ambisiøs og uavhengig, og at dei får erfaring i kommunikasjon, omsorg og samarbeid.

IN

G

Kjenner du jenter med hestedilla? Har du kanskje hestedilla sjølv? Da er det stor sjanse for at du utviklar gode leiareigenskapar!

ER

Line Konstali

D

– Hestejenter blir gode leiarar, seier veterinær Anne Viken. Ho vaks opp på gard og har mykje erfaring med hest. Først reid ho på fjording, deretter fekk ho sin eigen varmblodstravar.

VU

R

– Hestejenter har erfaring i å ha med dyr på fleire hundre kilo å gjere. Å få kontroll over hesten handlar om å byggje tillit ved å forstå korleis hesten reagerer, og vite kva behov han har. Dette er også eigenskapar som kjenneteiknar gode leiarar. Ein god hestekjennar vil ikkje skulde på hesten dersom han gjer noko «feil», men prøve å finne ut kvifor han gjer som han gjer. Har han blitt skremd ein gong? Har han vondt nokon stad? Ein hesteeigar som utelukkande klagar over ein dårleg hest som ikkje vil oppføre seg, er ikkje ein god hesteeigar. Det same kan vi seie om leiarar. Ein god leiar veit at interaksjon og empati er ein viktig grunnpremiss. Sjølv ser Viken tilbake på åra som hestejente som svært gode år. 20

Ho får støtte av tidlegare utviklingsminister og noverande utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp, Anne Kristin Sydnes.   – I stallen lærer ein samarbeid med både dyr og menneske. Ein lærer seg å ta i eit tak, og i tillegg lærer ein seg lagarbeid – det skal eit stort og samansett team til for å få ein stall til å fungere godt. Ho fortel at noko av det viktigaste ho lærte seg i stallen, og som ho har hatt bruk for i arbeidslivet, var at alle individ er forskjellige, anten det dreier seg om dyr eller menneske. – Ein må finne litt ut av kvarandre og ha respekt for forskjellane til kvarandre. Menneske er heller ikkje alltid så lette å ha med å gjere når dei blir redde, og ein leiar har ansvar for å skape trygge rammer og klare mål for arbeidet. Dyr treng også dette, i tillegg til omtanke og omsorg. Anne Kristin Sydnes meiner også at hest bind folk saman på tvers av sosial bakgrunn. – Det viktigaste i forholdet mellom hest og menneske er at hesten slett ikkje bryr seg om kva foreldra dine tener, kva slags hus du bur i, kva slags klede du har, eller korleis du ser ut. Det hesten bryr seg om, er at du oppfører deg ordentleg. Interaksjon: samhandling Empati: det å leve seg inn i andres situasjon Identitetsskapande: som er med på å forme identitet


EM PL AR KS

Finn informasjon i teksten

SE

1 Nemn fleire grunnar til at Anne Viken veit mykje om hestar. 2 Kva betyr «interaksjon»?

3 Kvifor likte Anne Viken raske hestar?

G

4 Kven er Anne-Grethe T. Berg og Anne Kristin Sydnes?

IN

5 Kva er det ein hest eigentleg bryr seg om ved deg som person?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva grunnar kan det vere til at ein hest oppfører seg «feil»? 2 Kva betyr det å «utelukkande klage»? 3 Kva var grunnane til at Anne Viken likte så godt å vere hestejente? 4 Kva var noko av det viktigaste Anne Kristin Sydnes lærte av å arbeide med hestar? 5 Kvifor er empati viktig i arbeidet med hestar?

Tenk over teksten 1 Kvifor er ikkje ein hesteeigar som berre klagar over hesten sin, ein god hesteeigar? 2 Kva er det som skil det å vere hestejente frå andre fritidsaktivitetar? 3 Kvifor er tre ulike personar intervjua om hestedilla, trur du? 4 På kva måtar blir hestar og menneske samanlikna i teksten? 5 På kva måte kan arbeid med hestar jamne ut forskjellar mellom menneske? 21


G

SE

KS

EM PL AR

Før du les: Korleis er det å opphalde seg i ein romstasjon? Korleis kan ein førebu seg til ei romferd?

R

D

ER

IN

Korleis er det å vere i verdsrommet? VU

Har du nokon gong lurt på korleis det er å vere ute i verdsrommet og sjå ned på jorda? Eller korleis astronautar kan jobbe på utsida av romstasjonen – utan å vere redde for å falle av og sveve vidare utover i rommet? Svensk-norske Christer Fuglesang er den første skandinaviske astronauten som har vore ute i verdsrommet. 9. desember 2006 reiste han med romferja Discovery, saman med seks amerikanske astronautar, til romstasjonen ISS.   Christer Fuglesang kan fortelje oss korleis det kjennest å vere på jobb på ein romstasjon.   – Det aller finaste med å vere astronaut er å kunne 22

Romstasjonen er ein stor satellitt som går i bane rundt jorda. Romstasjonen har eit laboratorium til å forske i, soveplassar, kjøkken, treningsapparat og toalett. Han lagar sin eigen straum med store vengjer av solcellepanel og kan resirkulere både luft og vatn. Astronautane har fin utsikt frå arbeidsplassen sin på romstasjonen.

sitje ute i verdsrommet og sjå ned på jorda, fortel Christer. Romstasjonen han var på, bruker berre 90 minutt på å gå i bane rundt jorda, så kvar dag kunne Christer sjå 16 soloppgangar og 16 solnedgangar.   – Jorda er uendeleg vakker både om dagen og om natta. Frå verdsrommet ser ein ikkje grensene mellom landa, alt er berre éin stor planet med masse hav og litt land, og med eit tynt luftlag rundt. Eg blei aldri lei av å sjå på han, og eg tenkte mykje på kor viktig det er å ta godt vare på han. Natt og dag Om bord på romstasjonen som Christer var med i, var det natt og dag annankvar time. I dagslys kunne han


Kva betyr det å vere vektlaus? Det høyrest ut som om ein ikkje veg nokon ting når ein er vektlaus, men det er ikkje heilt riktig. Når ein er vektlaus, er ein eigentleg berre i fritt fall. Om du står på golvet og hoppar opp i lufta, er du vektlaus – heilt til du treffer bakken igjen. Inni romstasjonar og i romskipa svever alt rundt, men det som eigentleg skjer, er at alt fell heile tida utan å treffe noko. Og alt fell i same tempo, derfor ser det ut som om det svever. I verkelegheita fell alt kjempefort rundt jorda – rundt og rundt og rundt – utan å lande nokon stad.

KS

Godt sikra Christer var ikkje redd for å vere ute i rommet eller for å falle av romstasjonen og forsvinne. I verdsrommet er ein vektlaus, og astronautane er festa med ei tryggingsline, noko liknande som når ein klatrar, når dei er på utsida av romstasjonen. Når Christer skulle flytte seg, måtte han først flytte tryggingslina. Dersom lina skulle ryke, hadde han ein sterk rakett i den store,

kvite kassa på ryggen av romdrakta, slik at han kunne fly tilbake til romstasjonen.

EM PL AR

sjå store blå hav, kvite skyer, gule og raude ørkenar og grå og grøne fjell og dalar. Om natta kunne han sjå millionar av lys frå byar som glødde i mørket. Og sjølv om det var mykje jobbing om bord, brukte han all fritida si på å sjå ut av vindauga og ta bilete. Da han skulle på sin første spasertur på utsida av romstasjonen, var han svært nervøs fordi han visste at det sat mange menneske og såg på alt han gjorde. No skulle han ut og byggje på dei delane som dei hadde øvd på å byggje på under vatn i mange år.   – Eg var litt redd for å gjere feil, eller for å gløyme meg bort i den fine utsikta, fortel han.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva betyr det å vere svensk-norsk?

2 Kva syntest Christer Fuglesang var det beste med å vere om bord i ein romstasjon?

G

3 Kva for setning viser at store delar av jorda er dekte av hav?

IN

4 Lysa som Fuglesang såg om natta – kvar kom dei frå?

ER

5 Kva gjorde Fuglesang om bord når han hadde fri?

VU

R

D

Forstå teksten 1 Kor lang tid brukte Discovery på å gå rundt jorda? Svar i timar. 2 Kva kunne få Fuglesang til å miste konsentrasjonen når han arbeidde på utsida av Discovery? 3 Kva for tryggingssystem hadde Fuglesang på turen? 4 Kva er likskapen mellom det å vere vektlaus og det å falle? 5 Korleis blei Discovery forsynt med nok straum, luft og vatn?

Tenk over teksten 1 Kvifor heitte romferja Discovery, trur du? 2 Vis korleis ein kan rekne ut at Fuglesang observerte 16 soloppgangar og 16 solnedgangar i døgnet. 3 Kva er det i teksten som viser at turen med Discovery blei vist på TV? 4 Kvifor hadde Fuglesang øvd seg under vatn, trur du? 5 Kva får oss til å tenkje at turen med Discovery bidrog til at Fuglesang blei meir oppteken av miljøvern?

23


Før du les: Kva kan vere grunnen til at vi treng eigne reglar om barneidrett? Kva er lagidrett? Kva synest du om å toppe laget i konkurransar?

EM PL AR

Reglar om barneidrett

I Noreg har vi eigne reglar for barneidrett. Barneidrett er idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år. Reglane er laga for at barna skal trivast og utvikle seg best mogleg, og da treng ein andre reglar enn dei som gjeld for idrett for vaksne.

KS

Her ser du nokre av reglane som gjeld, med ei utdjupande forklaring: Dette betyr mellom anna

Vennskap og trivsel Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle vennskap og solidaritet.

For barn som vel å vere aktive i eit idrettslag, er trivsel og vennskap ein stor del av motivasjonen for å vere med. Når barna trivst, blir dei også betre i idretten.

SE

Rett

G

Forholdet mellom barna, trenarane og foreldra og kva vekt dei legg på resultata før, under og etter ein konkurranse, er avgjerande.

ER

IN

All trening i barneidrett er frivillig. Alle barn må få det same tilbodet, og ein skal ikkje gi enkelte utøvarar ekstratilbod. Ein bør unngå tiltak som skaper splid mellom barna eller gir dei ei kjensle av at noko er urettferdig. I lagidrett er det spesielt viktig at alle barna får vere med og spele. Svært mange lag har god erfaring med og praktiserer at alle speler like mykje, uavhengig av ferdigheiter. All forsking peiker på at barn heller vil spele saman med vennene sine enn å spele på det beste laget. Det å toppe lag i ung alder kan føre til at laget vinn mykje, men det kan også føre til at barna går lei og sluttar. Barn utviklar seg forskjellig, og det er ikkje mogleg å sjå kven som blir best som ungdom/vaksen, når dei er for eksempel 10 år. Barn som ikkje ønskjer å delta i konkurransar, skal ha eit likeverdig treningstilbod.

VU

R

D

Konkurransar for alle Barn har rett til å velje om dei vil delta i konkurransar

Frå det året barnet fyller 11 år, kan det nyttast resultatlister, tabellar og rangeringar i konkurransar dersom det er formålstenleg.

24

Det er ikkje ønskjeleg å fokusere på resultata i denne aldersgruppa. Det betyr at ein – ikkje ønskjer store lystavler med resultatlister – ikkje ønskjer premieseremoniar der berre dei beste blir tekne fram – ikkje ønskjer opplesing av resultat over høgtalaranlegg – ikkje ønskjer mediefokusering på resultata Prestasjonane skal motivere til vidare engasjement, å leggje for mykje vekt på sjølve resultatet verkar mot hensikta. Ønsket er å underbyggje gleda over å meistre framfor frykta for å mislykkast.


Lei av å sitje på benken

KS

EM PL AR

Eg elskar eigentleg å spele fotball. Men det siste året, særleg etter at vi fekk ny trenar, er det ikkje så gøy lenger. Før fekk vi spele omtrent like mykje kvar på kampane, men no må eg nesten alltid vere reserve. Trenaren kallar det «innbytar», men det er ikkje mykje byting av spelarar. Under den førre kampen måtte eg til og med låne bort leggskinnene mine til ein annan på laget. Trenaren burde heller latt meg spele, og han som hadde gløymt leggskinnene heime, kunne for ein gongs skuld prøvd seg på benken. URETTFERDIG! Jonas

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kvifor treng ein andre reglar for barneidrett enn for vaksenidrett? 2 Kva er gjerne den viktigaste motivasjonen hos barn for å vere med i eit idrettslag?

G

3 Kva regel handlar om at konkurranse er frivillig?

IN

4 Når er det lov å bruke resultatlister for barn? 5 Kvifor har ikkje Jonas trivest med fotball det siste året?

VU

R

D

ER

Forstå teksten 1 «Barneidrett er idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år.» Forklar kva det betyr. 2 Kva betyr det at barn som ikkje ønskjer å delta i konkurransar, skal ha eit likeverdig treningstilbod? 3 Kva er ein god grunn til at ein ikkje skal plukke ut enkelte barn og gi dei ekstratilbod? 4 Nemn ulike grunnar til at det ikkje alltid er best å toppe laget. 5 Kva er forskjellen mellom den gamle og den nye trenaren til Jonas?

Tenk over teksten 1 Kvifor er ein ikkje ein del av barneidretten til og med den dagen ein fyller 12 år, trur du? 2 Lagidrett handlar om å vere på lag. Forklar kva det betyr. 3 Kva kan ein gjere for ikkje å fokusere på resultat sjølv når det er konkurranse? 4 Kva var truleg grunnen til at Jonas måtte låne bort leggskinnene sine? 5 Kva trur du Jonas ønskjer å oppnå med innlegget sitt? Skriv gjerne eit svar 25 til Jonas.


Før du les: Kva veit du om Alf Prøysen? Kva er samanhengen mellom Alf Prøysen som person og det han har skrive, trur du?

Da jeg var liten …

Og så husker jeg et friminutt. Da fikk jeg lov å være med og slå rotte. Du sier vel langball eller slåball, du kanskje. Da var det de to flinkeste i klassen som skulle velge hvem de ville ha med seg på parti’. Og jeg hadde nå aldri blitt med på noe parti, jeg. Men så plutselig var det en som sa «Alf». De valgte de flinkeste først, og så blei de dårligste igjen til slutt. Jeg var vel den siste, men jeg blei nå med, og det syntes jeg var fryktelig artig.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Frikvarteret var ikke no’moro. Om vinter’n da gutta hoppa i skibakken, sto jeg og så på og frøys meg helt blå. En gang skulle det være skoleskirenn og alle måtte være med. Jeg trur det var bare jeg og en gutt til i klassen som ikke skulle være med. Den andre gutten hadde noe å skylde på, for han hadde briller og så litt dårlig. Jeg så godt, men jeg torde ikke, for hoppet var så stort. Men så sa lærerinna at om vi ikke var med og hoppa, så måtte vi møte opp i bakken. Ja, så møtte vi opp da. Jeg gikk opp i bakken, jeg og, og så sto jeg ved hoppet og syntes jeg blei så rar. Det var akkurat som bakken seilte opp og ned, og så besvimte jeg liksågodt, og datt under hoppet akkurat da den flinkeste gutten skulle hoppe. Men den gutten var veldig grei. Han var ikke

noe sint på meg etterpå. «Det var di skyld at je itte fekk fysstepremien», sa’n, og var like blid. «Ja, men je kunne itte no’ før det», sa jeg. «Nei, je veit det», sa’n. Det var noen som gjorde narr av meg for det der, og så fant jeg på at jeg skulle si: «Pass deg, ellers så ska je besvime på deg!» En må ta det litt humoristisk, veit du, hvis en liksom skal krabbe seg opp i fjerde og femte og sjette og sjuende klasse.

KS

Nå skal jeg fortelle litt om hvordan det var å gå på skolen da jeg var liten. (…) Når jeg skulle på skolen og det var vinter’n, var det stappende mørkt og kaldt. Og så hadde vi nokså lang skoleveg, og etter den vegen tassa det elger som gikk og åt kvitrima seljetopper ved bekkefaret. Det var bare å gå forbi. Var vi riktig heldige, fikk vi kjøre med mjølkeskyssen.

EM PL AR

– Alf Prøysen fortel

26

Så tenkte jeg at dagen etter når jeg kom på skolen, da skulle jeg liksom få være med da og, men da var det ingen som sa «Alf». For det var en gutt som var blitt dårlig dagen før. Det var derfor jeg fikk være med. Og da jeg kom dagen etter og trudde jeg skulle få være med, så var gutten fresk igjen.


Forfattaren og visesongaren Alf Prøysen (23.7.1914– 23.12.1970) vaks opp på husmannsplassen Prøysen i Ringsaker. Barn som vaks opp på ein husmannsplass, begynte vanlegvis å jobbe etter folkeskolen. Noko anna hadde ein ikkje råd til. Men Alf fekk eit stipend, slik at han kunne halde fram med skolegangen. Da tente han for første gong pengar på skrivekunsten sin – han tok 50 øre for å skrive stilar for andre. I 1932 begynte han å jobbe, først som grisekokk, som blei sett på som den dårlegaste jobben på garden. Alf arbeidde på mange ulike gardar, og heile tida skreiv han. I 1945 blei den første boka utgitt, Dørstokken heme, og i 1947 kom den første plata hans, med songar som «Blåbærturen» og «Lillebrors vise».

KS

EM PL AR

Det er ulike meiningar om kva som er bodskapen i forteljingane og songane til Alf Prøysen: Somme meiner at dei handlar om korleis fattigdom og misunning øydelegg for menneske, somme synest kanskje mest at det er koselege historier frå gamle dagar, medan andre igjen synest at Alf Prøysen er flink til å vise kvifor folk oppfører seg som dei gjer.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Korleis får du vite at Alf Prøysen fekk følgje til skolen? 2 Kva gjorde at Alf somme gonger slapp å gå heile vegen til skolen? 3 Kvifor fraus Alf i friminutta?

G

4 Kva for ulike reaksjonar blei Alf møtt med da han besvimte i hoppbakken?

IN

5 Kvifor kunne Alf halde fram på skolen etter 7. klasse, enda han var fattig?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva innebar det å få køyre med mjølkeskyssen? 2 Kva kan grunnen vere til at Prøysen måtte møte opp til hopprennet sjølv om han ikkje skulle delta? 3 Kva fortel besviminga om Alf og om klassekameratane? 4 Kvifor fekk Alf vere med og slå rotte den eine dagen? 5 Kva kan grunnen vere til at Alf, frå han var ganske ung, heile tida klarte å skrive?

Tenk over teksten 1 Kva er det ved skolekvardagen slik Prøysen beskriv han, som skil seg ut frå skolen slik han er no? 2 Forklar kva Prøysen meiner her: «En må ta det litt humoristisk, veit du, hvis en liksom skal krabbe seg opp i fjerde og femte og sjette og sjuende klasse.» 3 Skolegangen var gratis, også etter folkeskolen. Kvifor hadde mange likevel ikkje råd til å halde fram med skolegangen? 4 Etter å ha lese teksten, korleis vil du beskrive Alf Prøysen? 5 Det er ulike oppfatningar om bodskapen i tekstane til Alf Prøysen. Kva vil du seie er bodskapen i dette utdraget frå «Da jeg var liten»?

27


Før du les: Kva forbind du med leirskole? Kva utfordringar kan ein møte når ein er saman med klassen sin på leirskole?

Kanopadling kunne vore OK, men eg hadde uflaks og kom saman med Daniel. Han viste seg å vere ein skikkeleg pyse. Han kunne visst ikkje svømme, men vi hadde jo ikkje akkurat tenkt å bade heller, planen var å halde seg i kanoen. Eg blei meir og meir irritert og han meir og meir nervøs. Til slutt måtte han gå i land, han var sikkert ein fare for tryggleiken. Randi blei også irritert, men ho blei irritert på meg!

VU

R

D

ER

Likevel gjekk det ikkje så verst på rommet. Vi var jo ikkje så mykje der. Dessutan fann eg ut at Noa var heilt OK. Daniel var skikkeleg god til å rydde, og før rominspeksjonen fór han rundt og rydda for oss alle saman. Han håpte nok på at vi skulle vinne premien for det ryddigaste rommet.

IN

G

SE

Eigentleg gledde eg meg ikkje noko særleg til å dra på leirskole. Det var fordi Randi hadde plassert oss på rom, vi fekk ikkje velje sjølve. Teit! Eg ville helst delt rom med Erik, Jonna og Elias. Men nei da, ho fordelte oss på to rom, saman med nokon andre. «Vi må tenkje på fellesskapen», sa Randi. Det var jo akkurat fellesskapen vi tenkte på! Nemleg fellesskapen mellom Erik, Jonna, Elias og meg.

EM PL AR

Altså: Leirskolen, kva tankar gjer eg meg om opphaldet der?

Ein av dagane hadde vi bogeskyting. Det likte eg. Eg trefte nesten ikkje i det heile. Truls var på mitt lag, taparlaget, og han snakka ikkje til meg resten av kvelden. Dårleg gjort, synest eg.

KS

I dag har vi fått ei skriveoppgåve av læraren vår: Skriv ein tekst der du reflekterer over opphaldet ditt på leirskolen.   Eg vet kva leirskole er, og eg har vore på leirskole, men å reflektere? Kva betyr eigentleg det? Randi, læraren vår, seier at det mellom anna handlar om å tenkje over, vurdere … Eg får prøve, da ...

Den beste dagen var da vi skulle klatre. Eg elskar klatring! Det gir meg skikkeleg sug i magen. Jonna ville ikkje sjå ned, men det ville eg, eg følte meg heilt trygg. Eigentleg var sikkert alle trygge, det var bra med utstyr og hjelparar.

28


Eg likte å vere på leirskole, men bussturen kunne vi gjerne ha sloppe. Særleg fordi det var forbode å ete inni bussen. Tog er betre.   Forresten: Vi blei nummer 2 i konkurransen om det ryddigaste rommet. Det skulle mamma ha visst. Leo

KS

Om kveldane var vi saman med tre andre klassar. Dei var frå ulike skolar frå andre delar av landet. Først syntest vi, det vil seie Erik, Jonna, Elias og eg, at dei

verka heilt rare, men eigentleg var det gøy å vere saman. Klassane hadde kvar sin kveld da dei skulle underhalde. Vår klasse viste fram nokre sketsjar, vi hadde laga ein quiz, og så hadde vi limbo. Ho som vann, Livia, var heilt sjukt mjuk, men ho var ikkje så høg heller, da. Heldigvis fekk eg halde stanga, så eg slapp å vere med.

EM PL AR

Ein dag var det steinsliping. Det trur eg jentene likte best, vi kunne nemleg velje å lage smykke. Eg laga heller eit troll, det blei sånn passe fint. Fint nok til julegåve til mormor. På veg ut av verkstaden fann eg eit ferdig kjede på golvet, det var eit som leirskolelæraren hadde vist fram som eksempel. Eg stappa det i lomma, og etterpå gav eg det til Line i gåve. «Dette laga eg i dag, kanskje du vil ha det? Eg trur det kler deg!» Først såg Line veldig glad ut, men dessverre, etter at ho hadde vist det fram til venninnene, blei eg gjennomskoda. Over og ut med Line!

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kvifor gledde ikkje Leo seg til å dra på leirskole? 2 Kva for aktivitetar hadde dei på leirskolen? 3 Kva aktivitet likte Leo best?

G

4 Kor mange klassar var det på leirskolen?

IN

5 Kvifor liker Jonna tog betre enn buss?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kven får du vite at Leo budde på rom saman med? 2 Kva var grunnane til at det gjekk bra på rommet? 3 Kva synest Jonna om klatring? 4 Korleis blei Leo gjennomskoda?

5 Kva meiner Leo med «Det skulle mamma ha visst»?

Tenk over teksten 1 Randi og Leo har ulik oppfatning av det å tenkje på fellesskapen. På kva måte? 2 Kvifor blei Randi irritert på Leo etter padlinga? 3 Kva er felles for Truls og Leo? 4 Ut frå teksten – kva oppfatning har Leo av høvesvis Jonna, Noa, Daniel, Truls, mormor og Line? 5 Korleis vil du beskrive Leo som person? Kva synest du om Leo? 29


EM PL AR

Før du les: Korleis kan ein snakke med hendene? Kan hendene òg snakke ulike dialektar og språk?

SE

KS

Teiknspråk IN

G

Lurer du på korleis teiknspråket er blitt til? Er teiknspråk internasjonalt? Eller er det slik at døve frå ulike land og verdsdelar har kvart sitt teiknspråk?

R

D

ER

Språk i form av teikn har eksistert så lenge menneska har levd på jorda. Vi har alltid brukt rørsler og teikn for å kommunisere, anten vi kan høyre eller ikkje. Ofte bruker vi hendene til å streke under eller forklare det vi vil uttrykkje. Du ville truleg brukt hendene dersom du skulle forklare nokon kva ei vindeltrapp er.

VU

Teiknspråk som er utvikla og brukte av døve menneske, er ikkje funne opp av nokon bestemt person. Akkurat som talespråket har teikna utvikla seg naturleg over tid. Det vi kjenner som det moderne norske teiknspråket, har vore i bruk sidan byrjinga av 1800-talet. Dialektar i teikn Teiknspråket er ikkje internasjonalt. Akkurat som med talespråket er det forskjell på det norske og det engelske teiknspråket. Men fordi språket er bygd opp på ein måte som minner om bilete, er det mange teikn som betyr det same uansett kvar i verda ein kjem frå.

30

Vi vet ikkje nøyaktig kor mange teiknspråk som finst, men språkforskaren Rolf Piene Halvorsen seier at forskarar kjenner til rundt 130 teiknspråk i verda, og at dei ulike teiknspråka også har dialektar. – Dialektar i talespråk har samanheng med kvar ein bur i landet. I norsk teiknspråk har dialektane oppstått i områda der det har vore eigne skolar for døve. I tillegg snakkar ein litt forskjellig frå bydel til bydel, eller ungdommar bruker slangord når dei pratar med kvarandre. Slik er det også blant døve, fortel språkforskaren. Kor mange bruker teiknspråk i Noreg? Det vet vi ikkje nøyaktig, men Norges Døveforbund reknar med at det finst rundt 16 500 brukarar av norsk teiknspråk. Mellom dei er det både døve, tunghøyrde og høyrande. Dei som høyrer og bruker teiknspråk, kan vere barn av teiknspråklege eller personar som av andre private eller yrkesmessige grunnar har lært seg teiknspråk. Dersom ein er døv eller tunghøyrd, er teiknspråk det språket ein kan lære seg naturleg og lett.


EM PL AR

Visste du dette? • Omtrent 10 prosent av den norske befolkninga er høyrselshemma. • Rundt 160 000 nordmenn bruker høyreapparat. • Døve utviklar eit naturleg teiknspråk frå dei er barn, på same måte som høyrande utviklar eit naturleg talespråk. • Menneske er døve av ulike årsaker: – Ein fjerdedel er døve på grunn av arvelege faktorar. – Ein fjerdedel er døve på grunn av skadar under svangerskap og fødsel. – Ein fjerdedel er døve på grunn av infeksjonssjukdommar. – Ein fjerdedel er døve av ukjend årsak.

KS

Alle kan litt teiknspråk! Kven som helst som ikkje har vakse opp med teiknspråk, kan både lage og forstå rundt 400 teikn.   – Du kan lage dine eigne teikn ved å peike på det du snakkar om, eller du kan bruke hendene til å teikne omrisset av det du vil at den du snakkar med, skal forstå at du tenkjer på – for eksempel ein ball eller eit hus. For å forklare at du et, kan du late som om du held eit bestikk i handa medan munnen beveger seg som når du et. På den måten kan ein lage bilete som blir til teikn andre kan forstå, fortel Rolf Piene Halvorsen.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kor lenge har vi brukt teikn for å kommunisere? 2 Kven var det som fann opp teiknspråket? 3 Kven er det som bruker teiknspråk i Noreg?

G

4 Kor mange ulike teiknspråk kjenner forskarane til?

IN

5 Kva kan årsakene vere til at ein er døv?

VU

R

D

ER

Forstå teksten 1 Kvifor bruker høyrande ofte hendene også når dei snakkar med andre høyrande? 2 Omtrent i kor mange år har vi hatt det teiknspråket vi bruker i Noreg i dag? 3 Nemn fleire grunnar til at høyrande kan ha nytte av å kunne teiknspråk. 4 Kvifor kan vi seie at alle kan litt teiknspråk? 5 Kor mange av dei som er døve, er døve av ei kjend årsak?

Tenk over teksten 1 Kvifor kan vi seie at teiknspråket i nokon grad er internasjonalt? 2 Korleis oppstår dialektar i teiknspråk? 3 Kva er det i teksten som viser at det ikkje er vanskelegare å lære seg teiknspråk enn talespråk? Og gjeld dette for alle? 4 Omgrep som «tunghøyrd», «høyrselshemma» og «døv» blir brukte i teksten. Forklar forskjellen på dei tre omgrepa. 5 Kva lærte du av denne teksten som du kan ha nytte av vidare?

31


Før du les: Kva kan vere grunnen til at somme gir barnet sitt namn etter ein månad? Kva førenamn forbind du med månadene?

KS

Det er langt frå noko nytt at foreldre lar seg inspirere av fødselsmånaden når dei skal finne namn. Allereie for hundre år sidan var foreldre sterkt inspirerte av fødselsmånaden når dei valde namn til barna sine. Gulbrand Alhaug, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, kan fortelje at julehøgtida inspirerte folk som fekk barn i desember. Det gjaldt både for gutar og jenter. Gutar som kom til verda på julaftan eller første juledag, fekk ofte namnet Julius, Julian eller Jul. Jenter fødde på julaftan eller første juledag blei gjerne kalla Julie, Juliane eller Julianna.

SE

Kva skal barnet heite? Når eit barn blir fødd, er dette det store spørsmålet. Mange foreldre lar seg inspirere av månaden barnet blei fødd. Namnet August er eitt eksempel, sjølv om det også er mange som får det namnet utan å vere fødd akkurat den månaden. Dersom du treffer ein gut som heiter August som er fødd etter år 2000, er det 13 prosent sjanse for at han er fødd i august.

EM PL AR

Namn etter fødselsmånad

VU

R

D

ER

IN

G

Jentenamnet June, og ikkje minst Juni, er sterkt inspirert av fødselsmånaden. Ein tredjedel av alle jenter fødde etter år 2000 som heiter June, er fødde i den lysaste månaden i året. Tendensen er enda sterkare for namnet Juni. Fire av ti med dette namnet er fødde i juni.

April er eit anna eksempel. Av dei jentene som er fødde etter år 2000 og heiter April, har seks av ti fødselsdag i april. Av alle namna som har tilknyting til månadsnamn, er Julie og Julia dei mest populære, sjølv om berre 10 prosent av dei som har desse namna, er fødde i juli. Heile 18 prosent av alle kvinner med namnet Mai er fødde denne vårmånaden. Men ingen av jentene som heiter Mai og er fødde etter 2000, har fødselsdag i mai.

32

Også vekedagane inspirerte til namngiving. Denne tradisjonen finst også i andre land. I Noreg var Tor ofte fødd på ein torsdag. I Ghana betyr Kofi fødd på ein fredag. Eit eksempel er tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan. Til og med dato kunne gi inspirasjon til namn. Augusta Septima og Elise Januara Kvintea, høyrest ikkje det flott ut? Augusta Septima var fødd 7. august – septimus betyr sju på latin. Elise Januara Kvintea var fødd 5. januar, quinta betyr den femte på latin. Denne tradisjonen med å bruke dato i namnet har vi ikkje lenger. Tala som blir nemnde her, gjeld per august 2014.


KS

EM PL AR

I Noreg er det i dag så å seie ingen grenser for kva du kan heite. Rett nok kan ein ikkje gi eit namn som er til klar ulempe for barnet, men elles er det så godt som fritt fram. Mange ønskjer å finne eit originalt namn til barnet sitt, eit som «ingen» andre har, men så viser det seg at mange andre har hatt den same gode ideen.   – Vi trur vi er originale, men haldningar og trendar svever i samfunnet, og vi tek dei opp ubevisst, seier Botolv Helleland, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo.   – Vi har jo no fått namn som Gudergod, Selveste og Tog. Kva blir det neste? Trikk? Fly? Scooter? spør Helleland.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva for to universitetstilsette uttaler seg om namnetradisjonar? 2 Kva namn som er nemnde i teksten, er knytte til ei religiøs høgtid? 3 Kva namn som er nemnde i teksten, er knytte til månad?

G

4 Kvifor er Kofi Annan nemnd i teksten?

IN

5 Kvifor fekk nokre barn Septima eller Kvintea som eit av fornamna sine?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva er det, ifølgje teksten, anna enn månader som har gitt foreldre inspirasjon til namneval? 2 Dersom du samlar 100 gutar med namnet August og alle er fødde etter år 2000, kor mange av dei kan du rekne med er fødde i august? 3 Dersom du gjer det same med 100 jenter som heiter April, kor mange av dei er fødde i april? 4 Det er ikkje sikkert at dei oppgitte tala er heilt riktige når du les teksten. Kvifor? 5 Kvifor seier Botolv Helland at Scooter og Trikk kanskje kan bli fornamn?

Tenk over teksten 1 Kva kan grunnen vere til at foreldre som trur dei har valt eit originalt namn til barnet sitt, ofte tek feil? 2 Kva er det som skil opphavet til namnet Mai frå namn som August og April når det gjeld barn fødde etter år 2000? 3 Ein kan ikkje gi barn namn som er til ulempe for dei. Forklar kva det betyr. 4 Kva trur du Botolv Helleland meiner om at ein kan velje namn som Gudergod og Tog? Kva er det i teksten som gir deg dette inntrykket? 5 Kva reglar synest du bør gjelde når ein skal gi barn namn? Grunngi synspunktet ditt.

33


Før du les: Kor gammal må ein vere for å gifte seg? Kva forbind du med barneekteskap?

Barnebruder Hausten 2014 hadde hjelpeorganisasjonen PLAN Norge ein aksjon der dei ville setje søkjelyset på barneekteskap og kva det fører med seg for alle dei jentene som blir gifta bort. I samband med det var Shorna, som da var blitt 20 år, på besøk.   – Vi må arbeide hardt med foreldra våre for å få dei til å forstå at barneekteskap ikkje er bra, sa Shorna i samband med aksjonen. Sjølv underviser ho barn for Shorna er frå Bangladesh. Ho var 14 år gammal da ho å finansiere si eiga utdanning. Gifte seg skal ho nok fekk vite at ho skulle giftast bort. Faren hennar hadde ein gong, men da skal ho velje mannen sin sjølv. flytta frå Shorna, dei fire søstrene hennar og mora. Dermed blei det bestemt at Shorna måtte gifte seg, For å synleggjere problemet med barneekteskap fekk slik at det blei ein munn mindre å mette i familien. PLAN med seg Maja på 12 år som ein del av aksjonen. Shorna var livredd, men ho var heldig. Ho skulle late som ho skulle gifte seg med ein vaksen Ho klarte å overtyde mor si om mann, Geir på 37 år, og aksjonen gjekk ut på å stanse at barneekteskap bryllaupet. Maja skreiv ein blogg der ho fortalde ikkje var riktig. om tankane sine rundt det som liksom skulle skje. I bloggen kalla ho seg Thea:

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

I mange land giftar jentene seg medan dei framleis er barn, trass i at det ifølgje FNs barnekonvensjon er ulovleg og eit brot på menneskerettane. Kvar dag blir over 39 000 barnebruder gifta bort mot sin vilje, det vil seie rundt 14 millionar i året. I Bangladesh, for eksempel, giftar 66 prosent av jentene seg før dei er 18 år.

Dustebryllaup!!! 03.10.2014 kl. 18:32 I dag har eigentleg Erik bursdagsfest, og alle i klassen skal dit, men eg får ikkje dra! Først var det mamma som kom og sa det, og da skreik eg masse og smelte med døra og sånn fordi det er urettferdig, og da sa ho at vi skulle høyre kva pappa hadde å seie om den saka 34

når han kom heim frå jobb, men så var han einig med mamma!!! Eg som til og med hadde funne fram kleda eg skulle ha på meg, og sminka meg og gledd meg masse, for det skulle vere dansekonkurranse og alt. Det er så typisk at Line prøver å danse med Erik, for ho liker han, sjølv om eg eigentleg er ganske sikker på at han eigentleg har litt kjensler for meg. Kanskje det er derfor eg ikkje får lov? Sidan eg skal gifte meg med Geir, liksom?


KS

Jaja, no skal eg sjå på film, medan alle andre sikkert framleis er hos Erik og har det dødsgøy. :–(Håper Line sklir på eit bananskal ellernoko. Neida.

EM PL AR

Æsj, DusteGeir. Dustebryllaup. Eg saknar vennene mine, eg har ikkje vore med dei på evigheiter! Håper eg får vere meir med dei når bryllaupet er over. Viss ikkje så verkar det ikkje så særleg gøy å vere gift. Geir bur ikkje så langt unna oss, heldigvis, så eg slepp i alle fall å flytte til ein heilt annan stad og vere heilt aleine borte frå alle ...

Theas bryllaupsblogg på Internett fekk mange nordmenn til å reagere, og han vakte internasjonal oppsikt. Over éin million lesarar følgde bloggen, og mange millionar har sett filmen på YouTube av Theas bryllaup som ikkje blei noko av. Mange trudde det var ein norsk 12-åring som skulle giftast bort, medan andre trudde det var ein dårleg spøk. Så viste det seg altså at det var starten på ein svært godt planlagd kampanje mot barneekteskap. Aksjonen fekk mange til å tenkje over ei problemstilling som er utenkjeleg i Noreg, men som er høgst verkeleg i land der barneekteskap er ein del av kvardagen.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva var grunnen til at Shorna skulle giftast bort? 2 Kvifor slapp Shorna å gifte seg? 3 Kva var formålet med aksjonen til PLAN?

G

4 Korleis hadde Thea førebudd seg til festen hos Erik?

IN

5 Kva skulle Thea gjere i staden for å gå på festen?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva får du vite om FNs barnekonvensjon? 2 Kva kan grunnen vere til at Maja ikkje brukte sitt eige namn, men kalla seg Thea i bloggen? 3 Kva meiner Thea kan vere den eigentlege årsaka til at ho ikkje får delta på festen hos Erik? 4 Kva var det einaste positive Thea kunne seie om Geir? 5 Skriv setninga som viser at Theas blogg ikkje berre fekk merksemd i Noreg.

Tenk over teksten 1 Kvifor har ein valt å bruke ei jente frå Bangladesh som eksempel, trur du? 2 Kva meiner Shorna med «Vi må arbeide hardt med foreldra våre»? 3 Kvifor skriv Thea «Neida» til slutt i bloggen, trur du? 4 I kva grad trur du PLAN lykkast med aksjonen sin? Grunngi svaret ditt. 5 Kva synest du om å skrive ein blogg som ikkje fortel sanninga? Grunngi synspunktet ditt. 35


Før du les: Kva skal til for at ei bok blir ein bestselgjar, trur du? Kva er det som er spesielt med seriebøker?

av Cassandra Clare Anbefalt av Drífa Guðmundsdóttir, Deichmanske bibliotek

EM PL AR

Demonenes by Ein urban fantasy fylt til randa av overnaturlege vesen, humor og action. Demonenes by er første bok av forfattaren Cassandra Clare og er spekka med overnaturlege vesen, action, romantikk og humor.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Ei skjult verd 15 år gamle Clary bur med mor si i New York City. Clary og bestevennen Simon er på diskoteket Pandemonium når livet hennar for alltid endrar seg. Ho er vitne til eit noko uvanleg mord, men det verkar ikkje som om nokon andre ser det ho ser. Mordarane er Jace, Alec og Isabelle, tre ikkje heilt normale tenåringar, og offeret viser seg å vere alt anna enn menneskeleg. Dagen etter er Clary på kafé med Simon etter ein oppheta diskusjon med mora. Igjen ser ho Jace, og igjen verkar det ikkje som om nokon andre ser han. Ho følgjer etter han ut av kafeen og blir introdusert for ei heilt ny verd, ei verd fylt av demonar, vampyrar, alvar, varulvar og ikkje minst skuggejegerar. Ei verd mora har halde skjult for henne. Clary reiser heim for å konfrontere henne, men kjem til ei tom, rasert leilegheit, det er ingen spor etter mora. Lettlesen urban fantasy Boka greip meg frå første stund, og eg hadde nesa godt planta i henne da eg drog frå jobb, både på bussen, banen, bussen igjen og da eg gjekk frå stoppet, over vegen og inn døra heime. (Obs! Ikkje anbefalt – trafikkfare!) Historia er fylt til randa av action, kjærleik og sjalusi, svik, sorg, fortviling og humor. Og ikkje minst – sparking av demonrumper. Språket er lett, og sjølv om boka er litt tjukk, tek det ikkje lang tid å bli ferdig. Dette er den første boka i serien om Skuggejegerane, og ho er ikkje til å leggje frå seg! Forfattaren Cassandra Clare har også skrive ein annan serie om Skuggejegerane, som ikkje er omsett til norsk. Serien heiter The Infernal Devices, og handlinga er lagd til London på 1800-talet. Denne bokmeldinga er skriven for ungdom.

36


Cassandra Clare

KS

EM PL AR

Omtale frå forlaget Dette er første bok i den populære serien Skuggejegerane, ein urban fantasy frå New York, med ei kreativ blanding av spenning, romantikk og humor. Clary blir vitne til eit mord på ungdomsklubben Pandemonium. Men når ho skal melde frå om drapet, er liket borte. Mordarane, som kallar seg Skuggejegerane, er usynlege for alle andre enn henne. Rett etter forsvinn mor til Clary. Ho blir angripen av ein demon og dregen inn i verda til Skuggejegerane, der den vakre og farlege Jace står i sentrum. Kvifor blir ho angripen av demonar? Kven er eigentleg mor hennar? Og korleis skal ho få henne tilbake? Clary lærer snart om ei mystisk og farleg verd ho ikkje ante eksisterte. Boka har lege på New York Times’ bestseljarliste i rundt eit år.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Korleis får du vite at Cassandra Clare har skrive fleire bøker om Skuggejegerane? 2 Kva personar får du vite noko om i bokmeldinga til Drífa?

G

3 Kva gjorde Drífa Guðmundsdóttir som var trafikkfarleg?

IN

4 Kva skjer når Clary følgjer etter Jace?

ER

5 Korleis kan denne boka vere lettlesen når ho tydelegvis har veldig mange sider?

VU

R

D

Forstå teksten 1 På kva nettside har anbefalinga til Drífa stått? 2 Kva betyr det at «offeret viser seg å vere alt anna enn menneskeleg»? 3 Korleis får du vite at Clary har krangla med mora? 4 Pandemonium blir omtalt på to ulike måtar i teksten. Kva slags måtar? 5 Skriv setninga som viser kven som er hovudpersonen i verda til Skuggejegerane.

Tenk over teksten 1 Kva land trur du Drífa Guðmundsdóttir kjem frå? Kvifor trur du det? 2 Kva betyr det at boka er «ein urban fantasy»? 3 Kvifor er Clary det einaste vitnet til det uvanlege mordet, sjølv om det er fleire rundt henne? 4 Kvifor har Deichmanske bibliotek føydd til under bokmeldinga: Denne bokmeldinga er skriven for ungdom. 5 Kva er det i bokmeldinga til Drífa og i omtalen frå forlaget som du spesielt synest kan freiste andre til å lese boka? 37


EM PL AR

Før du les: Kva bruker du vatn til? I kva situasjonar er det viktig å ha reint vatn?

G

SE

KS

Reint vatn reddar liv R

D

ER

IN

Vatn gir liv I Noreg tenkjer vi på det som noko sjølvsagt at vi har nok vatn. Du er kanskje ein av dei som dusjar kvar dag? Visste du at dersom du dusjar i fem minutt om morgonen, bruker du like mykje vatn som ein gjennomsnittsperson i eit U-land bruker på ein heil dag? Og det vatnet han eller ho bruker, er langt meir tungvint å få tak i. Det er dessutan store sjansar for at det ikkje er reint.

VU

71 prosent av jorda er dekt av vatn. Noko er saltvatn, noko er ferskvatn, noko er overflatevatn, og noko er grunnvatn. I Noreg har vi mykje overflatevatn, og det er ofte reint nok til at vi kan drikke det. Dei fleste andre stader i verda må ein bruke grunnvatn som drikkevatn. Det er nok vatn på jorda til alle, men vatnet er svært ujamt fordelt. Medan vi i Noreg kan skru på springen eller dusjen, må ein i andre delar av verda gå i mange timar for å hente det aller mest nødvendige av vatn. Ifølgje FN manglar ein sjettedel av befolkninga på jorda reint vatn. Vassmangelen kan vere der heile tida, eller han kan vere akutt, for eksempel som følgje 38

av katastrofar. Uansett får mangelen på vatn store konsekvensar. Ureint vatn tek liv Vi bruker vatn til å drikke, til å vaske oss med, til å lage mat og til å dyrke jorda. Nest etter luft er vatn det viktigaste for oss. Men dersom vatnet er ureint, er det farleg. Saman med dårlege sanitærforhold er ureint vatn hovudårsaka til sjukdom i verda. Både tyfus, kolera, difteri og diaré blir spreidde med ureint vatn. På grunn av mangelen på reint vatn døyr over tre millionar menneske kvart år – dei fleste av dei barn. I 2013 døydde 171 barn i timen fordi dei mangla reint vatn. Når ei befolkning får tilgang til reint vatn og større kunnskap om hygiene, får dei også betre helse. Og med betre helse kan barn og vaksne leve eit betre liv. Den tida mange kvinner og barn bruker kvar dag på å hente reint vatn, kunne dei ha brukt til noko anna: tene pengar og ta seg av familien, gå på skole og leike.


Kva kan vi gjere for å hjelpe? Mange internasjonale hjelpeorganisasjonar arbeider for at fleire skal få tilgang til reint vatn. Dei borar brønnar, installerer handpumper, lagar system for å samle regnvatn og system for å frakte vatn frå éin stad til ein annan. Dei gir også barn og vaksne opplæring i korleis dei best kan skaffe seg reint vatn.

HUGS: Éin brønn kan gi reint vatn og eit betre liv for 1000 menneske! Grunnvatn: vatn under jordoverflata Overflatevatn: naturleg vatn over jordoverflata Sanitær: som gjeld sunnheit, reinsemd

KS

EM PL AR

NRKs TV-aksjon hausten 2014 heitte «Vatn forandrar alt», og pengane gjekk til å gi fleire tilgang til reint vatn. Men sjølv om det kom inn mange pengar, er det enno svært mykje arbeid som står att.

Kva kan du gjere? Du kan ta kontakt med ein hjelpeorganisasjon, som vil gi deg mange tips. Du kan også på eige initiativ samle inn pengar saman med venner eller klassen og gi pengane direkte til ein av hjelpeorganisasjonane.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kor stor del av befolkninga på jorda manglar reint vatn? 2 Kva bruker vi vatn til, ifølgje teksten? 3 Kva er forskjellen på grunnvatn og overflatevatn?

G

4 Kva er dei to hovudårsakene til sjukdom i verda?

IN

5 Kva er det som er enda viktigare enn vatn for å leve?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kva er, ifølgje teksten, dei to største utfordringane for folk i U-land når det gjeld å skaffe seg vatn? 2 Kva naturmessig fordel har Noreg når det gjeld tilgang på reint vatn? 3 Kva betyr eigentleg «Det er nok vatn på jorda til alle, men vatnet er svært ujamt fordelt»? 4 Kva betyr akutt vassmangel? 5 Meir kunnskap og opplæring vil gi betre helse. Kva form for kunnskap og opplæring dreier det seg om?

Tenk over teksten 1 Kvifor blir eksempelet med å dusje i fem minutt brukt, trur du? 2 Kva familiemedlemmer er det som pleier å hente vatn? Kvifor er det slik, trur du? 3 På kva måte kan vi seie at tida som blir brukt på å hente vatn, er «tidstjuvar»? 4 Det er flest barn som døyr av mangel på reint vatn. Kva kan grunnane til det vere? 5 Lag ei oversikt over kva som kan gjerast for å bidra til at fleire får tilgang til reint vatn. Bruk teksten og eigen kunnskap og refleksjonar.

39


IN

G

SE

KS

EM PL AR

Før du les: Kva er typisk for eventyr? Kva kan grunnen vere til at ein del eventyr frå ulike delar av verda liknar på kvarandre?

D

ER

Frå geitekillingar til Raudhette

VU

R

Trudde du «Raudhette og ulven» var eit norsk eventyr? Nei, eventyret blir fortalt både i Tyskland, Frankrike og England. I Korea, Kina og Japan er den slemme ulven bytt ut med ein tiger, og i Afrika er skurken eit uhyre. Dessutan liknar eventyret om Raudhette på eventyret om ulven og dei sju geitekillingane. Det eventyret finst også i mange land. Kan alle desse eventyra som liknar på kvarandre, stamme frå den same historia? Og dersom det er slik, kvar kom historia frå? Somme forskarar har meint at alle forteljingane kjem frå eit eldgammalt eventyr 40

frå Kina som spreidde seg vidare til Midtausten, Europa og Afrika. No har engelske forskarar undersøkt saka på nytt. Matematisk historiesøk Forskarane har brukt ein uvanleg metode for å komme til botns i desse spørsmåla. Dei har brukt matematikk! Først har dei funne fram til mange ulike delar som er med i eventyra. Deretter har dei samanlikna alle delane i alle eventyra, og så har dei rett og slett rekna ut både korleis eventyra er i slekt, kva som kom først, og kor gammalt det som kom først, kan vere.

Geitekillingar blei til Raudhette No trur forskarane at alt begynte i Europa for litt over 2000 år sidan. Der fortalde ein eit eventyr som minner om «Ulven og dei sju geite­ killingane». Eventyret spreidde seg og forandra seg. Somme stader blei ulven til ein tiger. Ein stad, for omtrent 1000 år sidan, blei geitekillingane til ei lita jente. Og akkurat denne varianten blei til eit eige eventyr: «Raudhette og ulven». Under kan du lese byrjinga og slutten på «Ulven og dei sju geitekillingane». Kva finn du som minner deg om «Raudhette og ulven»?


kommet hjem og har med noe til dere!» Men killingene hørte på målet at det måtte være ulven. «Å, nei, vi lukker nok ikke opp for deg!» ropte de. «Du er ikke moren vår, for hun er så fin og grann i målet. Du er ulven, det hører vi godt!» […]

Da ulven kom til brønnen og bøyde seg utover kanten for å drikke, ramlet alle steinene fremover i magen og trakk ulven med seg ned i vannet så den druknet.

EM PL AR

Nå ble det vel glede! De fløy rett i armene på mor og hoppet omkring henne, men mor sa: «Gå og plukk sammen mange, mange gråstein, barn. Vi vil fylle magen på ulven mens den sover.» Og så stappet de hele ulvemagen full med stein. Geitemor sydde igjen maven, og ulven merket ingen ting og rørte ikke på seg engang.

Til slutt var ulven utsovet og reiste seg. Den var blitt tørst av alle steinene i magen og ville gå ned til brønnen for å drikke. Da den begynte å gå, skranglet steinene inne i magen på den, og ulven ropte: «Hva ramler og skramler i magen min? Det skulle være geitebein, men jammen kjennes det ikke ut som stein?»

KS

Det var en gang en geit som hadde sju små geitekillinger, og hun var så glad i dem som bare en mor kan være. En dag skulle hun ut i skogen etter mat, men før hun gikk, sa hun til barna: «Kjære barna mine, jeg må ut i skogen etter mat. Nå må dere passe dere godt for ulven, for hvis han slipper inn i stua, eter han dere alle sammen med hud og hår. Det verste er at han kan skape seg om på så mange måter. Men dere kan alltid kjenne ham på det grove målet og de svarte føttene hans.» «Bare gå du, mor», svarte killingene. «Vi skal nok passe oss. Du kan være helt trygg!» Det var ikke lenge før det banket på døren, og noen ropte: «Lukk opp for meg, barn! Mor er

Finn informasjon i teksten

SE

1 I kva land er eventyret om Raudhette ganske likt det vi kjenner her hos oss? 2 Kva blei ulven bytt ut med i Kina?

G

3 Kvar trudde forskarane opphavleg at eventyret om Raudhette og eventyret om geitekillingane kom frå?

IN

4 Kva var det som kunne gjere det vanskeleg for geitekillingane å kjenne igjen ulven?

ER

5 Kvifor lukka ikkje geitekillingane opp for ulven?

VU

R

D

Forstå teksten 1 Kvifor er ulike land og verdsdelar nemnde i teksten? 2 På kva måte var matematikk viktig for forskarane? 3 Kva betyr det å ete nokon «med hud og hår»? 4 Kva betyr det at «hun er så fin og grann i målet»? 5 Ut frå utdraget frå «Ulven og dei sju geitekillingane» – korleis vil du beskrive ulven?

Tenk over teksten 1 Kva kan grunnen vere til at ulven i eventyret blei bytt ut med andre dyr i andre land? 2 Kva betyr det «å komme til botns i desse spørsmåla»? 3 To stader i teksten står det nemnt at ulven blei til ein tiger. Kvifor er det nemnt to gonger? Handlar det om det same? 4 Kva typiske eventyrtrekk kan du finne i utdraget frå «Ulven og dei sju geitekillingane»? 5 Kva likskapar finn du mellom utdraga frå «Ulven og dei sju geitekillingane» 41 og «Raudhette og ulven»?


Før du les: Kva betyr eigentleg tid? Når har vi bruk for å vite noko om tida? Kva forbind du med god og dårleg tid?

EM PL AR

Tida går

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Kva er tid? Kva meiner vi når vi seier at tida går sakte   Sidan soluret aldri stansar, treng vi ikkje stille eller fort? Kvifor er det slik at når eg synest at tida går det. Sjølv den dyraste klokka i verda må stillast på fort, kan du meine noko heilt anna? riktig tid første gongen ho blir teken i bruk. Frå den Kva betyr det å ha god og dårleg tid? Trur du at to augneblinken ho blir stilt, begynner ho eigentleg personar som ikkje berre å telje minutt og kjenner kvarandre, sekund for å fortelje som skal reise med deg om tida som går.   Det er to hovud­ tog frå same stasjon, typar klokker: urskiva og som begge ønskjer å ha god tid, kjem til med visarar og den stasjonen på same digitale klokka som tid? berre viser tal. Begge   Ofte må vi vere viser den same tida. Urskiva med visarar meir presise når fortel deg rett nok vi snakkar om tid. Flyselskapa skriv ikkje når på døgnet det er, men har du ikkje «Du må vere ved gaten i god tid», nokon gong vore i tvil? Viser klokka to og i staden skriv dei: «Du må vere ved gaten det er mørkt ute, er seinast 20 minutt før det mest sannsynleg Etter kvart som sola beveger seg over himmelen, kastar ein avgangstid, for reiser natt og ikkje dag. visar i midten av soluret ein skugge som viser kva tid det er. utanfor Europa gjeld Er det midnattssol 25 minutt.» Da er det eller mørketid, er situasjonen litt annleis, likevel er det nok sjeldan at ingen tvil om kva som er meint. Ein slik måte å oppgi tid på kallar vi relativ tid. Det er det same når vi seier at nokon blandar saman klokka 14 og klokka 02. ein film varer i 2 timar og 13 minutt. Relativ tid fortel   Nokre klokker har sekundvisar, dei viser tida oss kor lenge noko varer, vi får ikkje oppgitt noko mest nøyaktig. Men kva med ei klokke med berre klokkeslett. sekundvisar? Ho er ubrukeleg til å måle absolutt tid   Når vi veit når flyet går, og når filmen begynner, kan med, men best når vi skal måle relativ tid. Skal du vite vi bruke den relative tida til å finne ut akkurat når vi kor lang tid du bruker på å springe 60 meter, treng du må møte ved gaten, og når filmen sluttar. Det kallar vi ei klokke som viser sekund. Da har vi verken bruk for absolutt tid. Absolutt tid fortel oss når på døgnet det er. timevisar eller minuttvisar.   Stort sett er det lett å finne ut kor mykje klokka er,   Tilbake til vår eiga oppfatning av tid. God tid for vi har vanlegvis fleire måtar å finne det ut på. Men kva deg er ikkje det same som god tid for meg. Eit «kjem om klokka di går feil, batteriet på mobilen og PC-en er snart» frå ein vaksen kan verke som ei evigheit for eit utladd, straumen har gått …? utolmodig barn. Ein mattetime kan gå «som ein røyk»   Den einaste klokka som aldri viser feil, er soluret. for den som er interessert. Men tida går likevel aldri Ho viser kanskje ikkje tida nøyaktig på sekundet, men fortare, saktnar aldri farten, ho berre går og går … det er den einaste klokka som aldri stansar! I alle fall ikkje så lenge vi har sola – sjølv om det sjølvsagt kan vere overskya. 42


Tida går Tida går. År for år. Har inga byrjing. Har ingen ende. Kan ikkje stoppe. Kan ikkje vende.

EM PL AR

Tida går som ein røyk og ein foss. Men den er ikkje komen lenger enn oss. Tida kan ingen menneske sjå. Likevel er den her akkurat nå.

KS

Einar Økland

Finn informasjon i teksten

SE

1 Forklar kva relativ tid er.

2 Forklar kva absolutt tid er.

3 Kva er forskjellen på klokka 14 og klokka 02?

G

4 Kvifor treng ein ikkje å stille eit solur?

IN

5 Kva er spesielt med midnattssol og mørketid?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Når har vi god nytte av sekundvisaren? 2 Når kan det vere ein fordel med digital i staden for analog klokke? Finn fleire eksempel. 3 Kva betyr det at tida går som ein røyk? 4 Finn fleire eksempel som viser at «kjem snart» kan forståast ulikt. 5 Tenk deg at vi i ein månad berre kunne bruke solur. Kva fordelar kunne det hatt?

Tenk over teksten 1 Les eksempelet med togstasjonen i første avsnitt, og forklar kvifor dei to personane truleg ikkje kjem til stasjonen på same tid. 2 Stoppeklokke er ein type klokke. Korleis kan vi seie at det er ei klokke, når ho ikkje viser tida? 3 Finn fleire eksempel på at vi kan rekne ut absolutt tid når vi kjenner relativ tid. 4 Skriv den linja frå diktet som viser at tid er eit abstrakt omgrep. 5 Forklar kva desse setningane frå diktet betyr: Tida går som ein røyk og ein foss. Men den er ikkje komen lenger enn oss.

43


Jon Arne Berg/byHands

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU Før du les:

Regnskog

44


EM PL AR KS SE

ER

IN

G

Regnskogen er ein skog i område der det er mykje nedbør heile året. Den vanlegaste typen regnskog er tropisk regnskog. Dei tropiske regn­ skogane strekkjer seg som eit grønt belte rundt jordkloden langs ekvator.

VU

R

D

Regnskogen har tre etasjar Vi kan seie at regnskogvegetasjonen består av tre etasjar. Det øvste sjiktet, eller overkronetaket, består av tette tre som rekk 60–70 meter over bakken. Det er her tilgangen på sol og regn er størst, og det meste av blomstringa skjer her. Det kjem mengder av insekt og oppsøkjer overkronetaket. Elles er det i mellomsjiktet, det vil seie mellom overkronetaket og kronetaket, at dyra trivst aller best. Fuglar, dovendyr og aper lever godt av saftige blad og søte fruktar. Dyra er også nyttige og verdifulle frøspreiarar for blomstrar og tre.   Trea er ofte nedlessa av mange forskjellige planter som trivst i dei solrike og dampande takterrassane. Greinene er ofte heilt dekte av lav, mosar, bregnar, lianar, ananasplanter, orkidear og andre blomstrar.   Lufta i undersjiktet er svært fuktig og stilleståande og nesten utan sollys. Berre 2 % av sollyset klarer å trengje seg gjennom den tette vegetasjonen.

Nede på skogbotnen er det svalt og skyggefullt, og frø kan liggje i årevis og vente på ein ledig plass i sola. Og korleis kan det bli ein ledig plass i sola? Jo, når eitt av dei store trea frå dei øvste sjikta døyr og fell i bakken, strøymer lyset ned på skogbotnen til glede for frøa som har lege i dvale og venta.   Over halvdelen av alle dyr- og planteartar på jorda lever i dei tropiske skogane, og dette biologiske mangfaldet er ein viktig ressurs for alle menneska på jorda. Regnskogen er ein ressurs og viktig for klimaet Vatn som fordampar frå regnskogen blir til skyer som reflekterer sollyset, samstundes som bladverket blir avkjølt ved fordampinga. Når regnskogen blir fjerna, renn mykje av det vatnet som elles ville fordampa, ut i elvar og hav. Dette fører til at jordsmonnet blir raskt utarma, samstundes som store mengder jord blir vekke. Når vatnet ikkje fordamper, vil område som er avhengig av denne fordampinga bli råka av tørke.

«Regnskogen bidreg til at klimaet og vêret er i balanse og til at menneske, dyr og planter har eit godt livsgrunnlag.» 45


EM PL AR KS SE

ER

IN

G

«Sluttar vi å øydeleggje regnskogen, reduserer vi klimagassutsleppa med 10–15 prosent.» Regnskogfondet

VU

R

D

Regnskogen er viktig for å avgrense det vi kallar drivhuseffekten, fordi trea bind store mengder med karbondioksid (CO2). Når ein høgg ned regnskogen, blir han erstatta av vegetasjon som ikkje bind så mykje CO2, og drivhuseffekten aukar.   Over halvparten av dyre- og planteartane på jorda lever i dei tropiske skogane, og dette biologiske mangfaldet er ein viktig ressurs for alle menneska på jorda.   Før dekte dei tropiske regnskogane rundt 12–13 prosent av landjorda, men i dag er dette redusert til omlag halvparten. Det skuldast først og fremst menneskeleg aktivitet. Regnskog kan for eksempel bli avskoga fordi ein vil bruke det tropiske tømmeret til å produsere møblar, eller ein vil gjere jorda dyrkbar eller ha ho som beiteområde. Sidan vi no har god kunnskap om kva for viktige oppgåver regnskogen har, blir det gjort mykje for å bevare det som er att av han. Ei rekkje internasjonale organisasjonar har sett i gang kampanjar. I Noreg er Regnskogfondet den viktigaste organisasjonen. 46


EM PL AR

vegetasjon: planteliv sjikt: lag liane: klatre- eller slyngplante jordsmonn: den delen av det lause laget i jordskorpa som er påverka av klimaet og kjemiske, fysiske og biologiske prosessar

KS

Tropisk regnskog – nokre kjenneteikn Varmt: Liten variasjon i temperatur gjennom året, omlag 20–25° C. Vått: Nedbør på over 2 m i året. Nokre stader kan det regne 10 m i løpet av eit år. Mørkt: Trekronene i regnskogens toppetasje slepp lite lys nedover. Næringsfattig: Jorda er ofte næringsfattig og sur, men det er variasjonar. Rotninga og omdanninga av næringsstoff skjer raskt. Mangfaldig: Artsrikdomen er enorm: På ein kvadratkilometer er det funne så mange som 100 tresortar. Orkidear, ananasplanter, lianar, bregnar og mosar veks på dei enorme trea. Dyrelivet inkluderer fleire millionar artar, frå dei aller minste insekta til verdsberømte pattedyr.

Finn informasjon i teksten

SE

1 Kva kjenneteiknar tropisk regnskog?

2 I kva sjikt av regnskogen trivst insekt og fuglar? 3 Beskriv kva som særmerkjer greinene på trea i regnskogen.

G

4 Om lag kor stor del av jordas plante- og dyreartar lever i regnskogen?

IN

5 Kva blir gjort for å redde regnskogen?

ER

Forstå teksten

VU

R

D

1 Kvifor er det så lite sollys som når undersjiktet i regnskogen? 2 Kva skal til for at frøa i skogbotnen tek til å spire? 3 Jorda i regnskogen er ofte næringsfattig og sur. Kva leier det til? 4 Kva er gjennomsnittstemperaturen i den tropiske regnskogen? 5 Nevn eksempel på at regnskogen er prega av mangfald.

Tenk over teksten 1 Kva vil det seie at frøa ligg i dvale? 2 Forklar korleis vassdamp påverkar trea i regnskogen. 3 Om lag kor stor del av jorda er dekt av tropisk regnskog? Svar i prosent. 4 Forklar kva det betyr at menneskeleg aktivitet er skuld i reduksjonen av regnskog. 5 Ut i frå informasjonen du får i teksten, kva for gode argument kan du bruke for at vi skal bli overtydd om at det er viktig å ta vare på regnskogen? 47


© 2015 GAN Aschehoug, Oslo ISBN 978-82-492-1617-8 Nynorsk 1. utgave / 1. opplag 2015 Forlagsredaktør: Kristin Hide Grafisk design: Nygaard Design Trykk og ferdiggjøring: xx Illustrasjoner

Alle henvendelser om forlagets utgivelser kan rettes til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med GAN Aschehoug er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel.

EM PL AR

Tekstkilder


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.