Lesing pågår A nynorsk

Page 1

Lesing pågår A gir elevane verdifull trening og kompetanse i lesing som grunnleggjande dugleik. Boka inneheld 22 oppgåvesett med tekstar i ulike sjangrar på tvers av faga.

EM PL AR

Oppgåvesetta følgjer denne strukturen: • Før du les • Finn informasjon i teksten • Forstå teksten • Tenk over teksten

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Hanne Solem

KS

Boka inngår i serien Lesing pågår som dekkjer 5.–7. trinnet.



www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no   

Lesing pågår A – Nynorsk ISBN 978-82-492-1577-5

GAN Aschehoug


Til deg

EM PL AR

som skal bruke boka Lesing pågår gir deg verdifull trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Her får du arbeide med varierte tekstar og oppgåver på ulike nivå.

KS

Før du les Øvst på kvart oppslag finn du spørsmål som skal hjelpe deg med å førebu lesinga. For å forstå ein tekst betre er det viktig at du alltid først orienterer deg i teksten, finn ut kva han handlar om, og bruker det du kan om temaet frå før.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

• Les overskrifta og eventuelle mellomoverskrifter. Kva fortel dei deg? Kva veit du om dette temaet? • Sjå på illustrasjonane og les bildetekstane. Dei inneheld informasjon som er nyttig for deg, og som du kanskje ikkje finn andre stader i teksten. • Les ordforklaringane. Er det ein fagtekst, inneheld han kanskje ord som er nye for deg, men som du bør forstå fullt ut for å få fullt utbytte av teksten. • Har teksten ei innleiing? Ho gir som regel nyttig informasjon om kva teksten handlar om. • Nokre tekstar har ei avslutning som summerer opp teksten. Til kvart oppslag er det spørsmål på tre nivå: Finn informasjon i teksten Her finn du svar på spørsmåla direkte i teksten. Forstå teksten Her krev spørsmåla at du må leite meir i teksten etter svara og trekke slutningar. Tenk over teksten Her må du i tillegg bruke dine eigne tankar, meiningar, erfaringar og kunnskap når du svarer. Nokre av spørsmåla kan ha fleire moglege svar.


Innhald Telje bilar ..................................................................................................................4 Den kinesiske mur.................................................................................................6

EM PL AR

Skjelpadda og visdomen i verda......................................................................8 Skatecamp i haustferien ...................................................................................10 Bursdag i bakvendtbyen...................................................................................12 Snøkvit og eplet ...................................................................................................14 Dikt ...........................................................................................................................16 Tertitten ..................................................................................................................18

KS

Tannfylling frå steinalderen .............................................................................20 Ein glad gut ...........................................................................................................22

SE

Pizzasnurrar med grønnsaksfyll .....................................................................24 Doktor Proktors prompepulver ......................................................................26

G

Brukte bøker, filmar, spel og leiker til sals! ..................................................28

IN

Aristoteles ..............................................................................................................30 Eit vanvittig teselskap ........................................................................................32

ER

Kjerringråd mot tårer når ein skjer løk .........................................................34

VU

R

D

«På skråss» med Simon......................................................................................36 Fuglesong ..............................................................................................................38 «Først og fremst barn» .......................................................................................40 Kule kokkar – kul mat.........................................................................................42 Fotballparadiset ...................................................................................................44 Aslaugs blogg .......................................................................................................46


EM PL AR

Før du les: Kva er ein tabell? Kva er eit søylediagram? Når bruker vi tabell og søylediagram?

Telje bilar svart

KS

kvit

raud blå

grå

SE

I klasse 5a skal elevane vise at dei både forstår og kan bruke tabell og søylediagram. To og to elevar skal arbeide saman. Dei skal samle inn informasjon og dokumentere det dei finn ut, i ein tabell og i eit diagram. Etterpå skal dei presentere resultatet for resten av klassen.

ER

IN

G

Nora og Lukas bestemmer seg for å oppsøke ein parkeringsplass i nærleiken for å finne ut kva for ein farge som er mest populær på bilar. Lukas har høyrt at det er svart, men Nora meiner at det er raude bilar som er mest populært. – Raudt er mest trafikksikkert, seier Nora. Ho har akkurat tatt sykkelprøven og er veldig opptatt av trafikksikkerheit.

VU

R

D

Dei tar med seg ei lita notisbok til parkeringsplassen. Lukas lagar ein tabell i boka der han set inn sju ulike fargar og plass for teljestrekar. Han og Nora begynner i det eine hjørnet av parkeringsplassen. – Svart, seier Lukas, og Nora set ein strek ved sida av svart i tabellen. – Kvit, seier Lukas, og då set Nora ein strek ved sida av kvit. Slik held dei fram til dei er ferdige med alle bilane. Når dei er tilbake i klassen, lagar dei eit søylediagram ut frå tabellen. 16 raude bilar blir til ei raud søyle som går opp til 16 i diagrammet. Det er Lukas som fyller inn i diagrammet ut frå tabellen. – Det var mystisk mange raude bilar, seier Lukas. – Det er vel ikkje mystisk, seier Nora. – Eg sa jo det var raudt som var mest vanleg. – Men eg trur du har juksa, seier Lukas.

grøn gul

Tabellen til Lukas og Nora, før han er ferdig. 16 14 12 10 8 6 4 2 Rød Raud

Svart

Hvit Kvit

Blå

Grå

Gul

Det ferdige søylediagrammet til Lukas og Nora.

Neste dag viser Lukas og Nora både søylediagrammet og tabellen for resten av klassen. Dei bruker powerpoint. – Som de ser, er raude bilar mest populært, seier Nora. – Det er jo også mest trafikksikkert, føyer ho til. – Veldig god presentasjon, seier læraren. – De har vist at de forstår og kan bruke både tabell og søylediagram! – Du har vist at du kan jukse, kviskrar Lukas til Nora. Men han seier ikkje noko til læraren. Det er ikkje så viktig. 4

Grønn Grøn


Finn informasjon i teksten 1 Kva slags oppgåve har Nora og Lukas fått av læraren? 2 Kvifor trur Lukas at svart er den mest vanlege bilfargen? 3 Teikn av tabellen og gjer han ferdig ved å bruke søylediagrammet. 4 Kva for ein bilfarge var det mest av?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kor mange bilar var det på parkeringsplassen?

KS

1 Kvifor kan det vere ein fordel å vere minst to for å gjere oppgåvene som Lukas og Nora har fått av læraren?

SE

2 Kor mange grøne bilar var det samanlikna med raude? 3 Kvifor set Nora kvar femte teljestrek på tvers?

G

4 Kvifor er Nora så opptatt av trafikksikkerheit?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva meiner Lukas når han seier at Nora har juksa?

Tenk over teksten 1 Kva meiner Nora med at raudt er mest trafikksikkert? 2 Kva er fordelen med å fylle inn tabellen før søylediagrammet? 3 Kvifor går søylediagrammet berre til 16? 4 Kvifor juksa Nora, trur du? 5 Lukas fortel ikkje at Nora juksa. Kvifor det? Nemn gjerne fleire grunnar.

5


IN

G

SE

KS

EM PL AR

Før du les: Kva veit du om Den kinesiske mur? Kva kan vere grunnen til at ein byggjer ein høg mur tvers gjennom eit område?

gjerast for hand. Den eldste delen av muren blei bygd av jord, stein og tre. Seinare blei det brukt ulike typar stein. Det er ingen som veit kor mange av arbeidarane som døde under bygginga, kanskje var det så mange som ein million. Det blir sagt at nokre av dei som døde, blei gravlagde under muren. Nokre kallar muren for «den lengste kyrkjegarden i verda».

Kvifor blei muren bygd? Eigentleg bestod Den kinesiske mur av mange kortare murar forskjellige stader i Kina. På den tida bestod Kina av mange statar, og det hende at dei angreip kvarandre. For omtrent 2200 år sidan greidde den første keisaren i Kina, Shih Huang-ti, å samle Kina til éin stat. Keisaren fekk rive nokre av murane, medan andre blei bygde på, slik at dei hang saman. Det var starten på Den kinesiske mur. Han skulle verne landet mot åtak frå nord.

Langs heile muren, med nokre kilometers avstand, blei det bygd firkanta vakttårn. Det var fleire enn ti tusen slike tårn. Soldatane budde i tårna, og frå tårna kunne dei sende signal til kvarandre dersom dei oppdaga åtak. Dei brukte røyksignal og bål.

Etter kvart blei muren utvida og forbetra. Millionar av menneske har vore med på å bygge han. Det var soldatar, fangar og folk som budde i nærleiken, som bygde muren. Det var eit veldig hardt arbeid, alt måtte

Nokre hevdar at ein kan sjå Den kinesiske mur frå månen, men det stemmer ikkje. Ikkje noko av det menneska har bygd på jorda, kan ein sjå frå månen!

VU

R

D

ER

Dersom ein ser Den kinesiske mur ovanfrå, ser han ut som ein slange som buktar seg mellom fjell og dalar i Kina. I verkelegheita er muren det lengste byggverket i verda, han er nærmare 9000 km lang. Det meste av muren er mellom 6 og 15 meter høg. Mange stader held muren på å rase saman, men store delar av han er reparerte og tatt vare på.

6

Muren i dag No er det tusenvis av turistar som kvart år besøker Den kinesiske mur. Mange stader er muren ganske bratt, så ein tur på muren kan vere slitsam.


Finn informasjon i teksten 1 Omtrent kor lang er Den kinesiske mur? 2 Sjå på bildet av Den kinesiske mur. Kva fortel det deg om muren? 3 Kven var det som bygde muren? 4 Kva blei muren bygd av?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvifor kan det vere slitsamt å gå tur på muren?

KS

1 Skriv setninga som viser at ingen andre byggverk er lengre enn Den kinesiske mur. 2 Kvifor bygde dei først fleire kortare murar?

SE

3 Kva betyr det at muren blei bygd «for hand»?

G

4 Kvifor kallar nokon muren for «den lengste kyrkjegarden i verda»?

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor rasa mykje av den eldste delen av muren saman, trur du?

Tenk over teksten 1 Kvifor ønskte keisaren ein samanhengande mur? 2 Soldatane brukte røyksignal og bål for å sende kvarandre meldingar. Kvifor brukte dei ikkje berre røyksignal, trur du? 3 Korleis kan ein vite at det ikkje er sant at ein kan sjå muren frå månen? Det er jo ikkje menneske på månen? 4 Den kinesiske mur er ikkje lenger så viktig for å forsvare landet. Kvifor er han ikkje det, trur du? 5 Kvifor er det likevel viktig for Kina å ta vare på muren, trur du? 7


Før du les: Kva forbind du med eventyr? Mange eventyr har ingen forfattar, kvifor er det slik, trur du? Sjå på teikninga og les ordforklaringane.

EM PL AR

Skjelpadda og visdomen i verda Ei attforteljing av eit eventyr frå Afrika

KS

Kva skulle skjelpadda gjere no? Ho stod ved foten av treet og tenkte seg om då ho høyrde nokon som lo bak henne. Det var ein jeger som hadde stått og sett på skjelpadda. – Dersom du vil kome deg opp i toppen av treet, lo jegeren, kvifor henger du ikkje flaska heller bak deg? Då skjelpadda fekk dette kloke rådet, forstod ho at det framleis var visdom igjen i verda. Ho blei så oppgitt over det håplause i oppgåva si at ho sleppte graskarflaska rett ned på bakken, slik at ho knuste. Då blei visdomen spreidd som små bitar over heile verda, og alle kan finne litt dersom ein berre leitar godt nok.

SE

Ein gong for lenge, lenge sidan levde det ei skjelpadde som gjerne ville eige all visdomen som fanst. Ho ville vere den einaste verkeleg kloke i heile verda. Dersom ho klarte det, ville ho vere så klok at alle menneske, til og med kongar, måtte spørje henne om råd når dei skulle løyse små eller store problem. Skjelpadda tenkte at ho ville ta seg riktig godt betalt for råda sine.

ER

IN

G

Skjelpadda drog av stad for å samle inn all visdomen i verda. Kvar einaste bit med visdom som ho samla, putta ho i ei graskarflaske. Opninga i flaska tetta ho igjen med nokre blad som ho rulla saman. Dette innsamlingsarbeidet tok lang tid. Då skjelpadda endeleg var ferdig og flaska var full, bestemte ho seg for å gøyme flaska med visdom i toppen av eit høgt tre. Treet skulle vere så høgt at ingen andre kom opp i det.

VU

R

D

Då skjelpadda hadde valt ut treet, ei høg palme, batt ho ei snor rundt halsen på graskarflaska. Deretter laga ho ei lykkje i dei to endane av snora. Ho trædde lykkja over hovudet sitt. Lykkja blei liggande rundt halsen hennes, og flaska kvilte på magen. Skjelpadda begynte å klatre opp i treet, men det blei vanskelegare enn ho hadde trudd. Flaska var heile tida i vegen. Ho prøvde å skuve flaska til sides, ho prøvde å strekke seg forbi henne, men alle forsøk på å klatre opp i treet var mislykka.

8

Vis: klok Visdom: klokskap


Finn informasjon i teksten 1 Kva for eit anna ord for klokskap finn du i teksten? 2 Kva var flaska skjelpadda brukte, laga av? 3 Korleis klarte skjelpadda å tette flaska? 4 Skriv setninga som viser at det ikkje var fort gjort å samle inn all visdomen i verda.

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kven var det som lo av skjelpadda?

KS

1 Kvifor ville skjelpadda samle all visdomen i verda?

2 Forklar eller vis med teikning kva halsen på flaska er.

SE

3 Kva for nokre ord i teksten kan vise at dette eventyret ikkje er frå Noreg?

G

4 Skriv setninga som viser at skjelpadda ikkje hadde klart å samle all klokskap i verda.

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor lo jegeren av skjelpadda, trur du?

Tenk over teksten 1 Skriv setninga som kan vise av skjelpadda var grådig. 2 Skjelpadda ville finne eit høgt tre som ingen andre klarte å kome seg opp i. Kva seier det om tankane skjelpadda hadde om seg sjølv? 3 Kvifor kunne det vere lurt å henge flaska bak seg? 4 Kva betyr «det håplause i oppgåva si»? 5 Kva kan vi lære av dette eventyret?

9


EM PL AR

Før du les: Kva veit du om skating? Kva er ein skatecamp, trur du? Sjå på biletet og les ordforklaringane.

EleMent SkaTeCamp 2013!

euRopas bestE skaTecamp!

alLe deLtakere fåR en elEment skAtecaMp sekk Med sTash Til eN verDi av 1.000,-

KS

inStruktørEr: heNning brAaten, eirik SveNsen, HerMan SteNe, TobIas Lien, MicHael SomMeR, kaRsten klEppan, bjArne tjøttA & krIstinA wesTaD.

IN

G

SE

SKATECAMP I HAUSTFERIEN R

D

ER

Vi gjentar suksessen frå i sommar og satsar på at haustferien blir like bra, om ikkje betre. Vi bur, skatar og et på det første Riders Palace Hotell i verda, Camp Vierli med ein av dei feitaste skateparkane i Noreg – 150 kvm innandørs skatepark og 750 kvm utandørs – eit skate-Mekka. Med dei beste skaterane i Noreg som instruktørar ønsker vi velkomen til Element skatecamp på Camp Vierli i haust.

VU

Les meir: http://elementskatecamp.no Element skatecamp, den beste skatecampen i Noreg Vi har avgrensa med plassar alle vekene for å kunne tilby mindre grupper tettare og meir personleg oppfølging. Dette gjeld både skating og dei andre aktivitetane. Med dei beste skaterane i Noreg som instruktørar lover vi triksegaranti og masse progresjon for ALLE deltakarane. Campleiarane våre har lengst erfaring i Noreg med tilrettelegging av brettcampar for barn og ungdom.

10

På campen skjer det masse moro døgnet rundt med skating i fokus. Det er mykje skating i løpet av ein dag, og vekeprogrammet er balansert med kvile og aktivitet kvar dag. Hotellet vi bur på, er eit leikeland i seg sjølv, og vi har også eigne organiserte turar til fjells og vassmoro berre for campdeltakarane. Campdeltakarane har eksklusiv tilgang til skateparkane og til eigne foredrag, kurs og konkurransar som campleiarane og instruktørane arrangerer. Masse premiar og goodiebag frå Element. For kven: Målgruppa er skategutar og -jenter i alderen 10–25 år. Vi har sett ei nedre aldersgrense på 10 år, men vi opnar for at dei yngste deltakarane kan ha med seg foreldre. Vi tar imot alle nivå. Mekka: fødestaden til Muhammed. Blir også brukt om stader alle søker til; midtpunkt Progresjon: framgang, utvikling Eksklusiv: noko som gjeld berre nokre utvalde


Finn informasjon i teksten 1 I kva for ein ferie skal det vere skatecamp? 2 Kven er instruktørar på campen? 3 Kven kan ta med seg foreldra sine på skatecampen? 4 Skriv setninga frå teksten som viser at ein kan skate både ute og inne.

Forstå teksten

EM PL AR

5 Skriv setninga som viser at ein kan vinne noko på Camp Vierli.

KS

1 Kva betyr det at dei lover «masse progresjon for ALLE deltakarane»? 2 Kvifor er det avgrensa med plassar?

SE

3 Denne teksten er henta frå Internett. Kvar i teksten finn du ein link for meir informasjon?

IN

G

4 Skriv setninga som viser at det skal vere moro både dag og natt på Camp Vierli.

VU

R

D

ER

5 Kva kan ein gjere på campen i tillegg til å skate?

Tenk over teksten 1 Finn nokre døme på engelske ord i teksten. Kvifor er det brukt engelske ord, trur du? 2 Kva betyr uttrykket «skate-Mekka», trur du? 3 Kva betyr «triksegaranti», trur du? 4 Kva betyr det at programmet er «balansert med kvile og aktivitet»? 5 Dette er ein reklametekst. I reklametekstar trekker ein gjerne fram det positive og overdriv. Finn nokre eksempel på det i denne teksten.

11


Før du les: Korleis trur du livet er i ein bakvendtby? Korleis ville du likt at barna bestemte over dei vaksne? Kva veit du om Alf Prøysen?

EM PL AR

Bursdag i bakvendtbyen Utdrag frå ei forteljing av Alf Prøysen

KS

I bakvendtbyen der sola går opp i vest og ned i nord og tre gonger fjorten er fire, skulle det vere stor bursdag hos borgarmeisteren. Den vesle jenta hans hadde stått og bakt kaker, men det var ikkje så lett, for borgarmeisteren hang rundt henne og masa og masa og spurte kor mange dagar det var igjen til bursdagen.

D

ER

IN

G

SE

– No må du ikkje mase så fælt, då, sa den vesle jenta, når du har sove ei natt til, så er det bursdagen din. Gå inn på borgarmeisterkontoret ditt og skriv lappar til alle du vil be. – Eg vil i alle fall ikkje be postmeisteren, sa borgarmeisteren. – Men snille borgarmeisterpappaen min, kvifor ikkje det, då? spurte den vesle jenta. – Han er så fæl til å erte meg, for eg har så store øyre, sa borgarmeisteren. – Det er berre når han er saman med smeden, det, sa den vesle jenta. – Tenk på kor fint du og postmeisteren leikar saman så lenge ikkje smeden kjem. – Ja, men smeden vil eg be, sa borgarmeisteren. – Og han blir sikkert snill heile tida når han veit at han skal få blautkake! – Skal du be smeden, så må du be postmeisteren også, sa den vesle jenta. – Men eg synest smeden er for stor til å leike saman med dykk. – Og så vil eg be tannlegen og doktoren, sa borgarmeisteren.

VU

R

– Skal du be fleire då, då? – Eg må vel be bakaren vel, er du dum, du då! – Så, så, det er ingen borgarmeister som snakkar slik til den vesle dottera si! …

Dagen etter var borgarmeisteren veldig spent. Han sat på kontoret sitt og såg på klokka heile tida, og så fort kontortida var slutt, sprang han heim og hengde på seg borgarmeisterkjedet sitt og stilte seg ved døra for å ta imot gjestene. Den første som kom, var smeden med hendene i lomma. – Gratulerer med dagen, sa han. – Takk, sa borgarmeisteren og rekte fram handa for å ta imot presang. – Ha’kje nokon presang, sa smeden og såg i taket. – Det gjer då ingen ting, sa den vesle jenta, men du får kanskje ta av deg dei store støvlane dine før du går inn. – Nei, sa smeden. – Kvifor ikkje det, då? sa den vesle jenta. – Hol på strømpa, sa smeden. – Du får låne tøflane til borgarmeisterpappaen min, du, og så tar du hendene opp av lomma. – Nei, sa smeden. – Kvifor ikkje det, då? sa den vesle jenta. – Møkkete, sa smeden.

12


Finn informasjon i teksten 1 Kva lagar dottera til borgarmeisteren til bursdagen til faren? 2 Kven vil borgarmeisteren helst ikkje be i bursdagen? 3 Korleis trur borgarmeisteren at smeden oppfører seg når han veit at dei får blautkake? 4 Kven ønsker borgarmeisteren å be i bursdagen sin?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva gjer borgarmeisteren for å pynte seg?

KS

1 Kva er det i det første avsnittet som viser at alt er bakvendt?

SE

2 Skriv setninga som viser at borgarmeisteren har bursdag neste dag.

G

3 Kva for eit ord i teksten kan erstattast med «invitasjonar»?

VU

R

D

ER

IN

4 Kva får du vite om utsjånaden til borgarmeisteren? 5 Skriv setninga som viser at borgarmeisteren er frekk mot dottera si.

Tenk over teksten 1 Korleis veit du at borgarmeisteren strever med å konsentrere seg på jobben på bursdagen? 2 Korleis kan vi vite at den vesle jenta er dottera til borgarmeisteren? 3 På kva måte blir borgarmeisteren påverka av smeden? 4 Gi eksempel på at det er dottera som oppfører seg som ein vaksen. 5 Beskriv smeden ut frå det du får vite gjennom å lese teksten.

13


Før du les: Kva skjer i eventyret om Snøkvit? Kva betyr det at noko er muggent? Sjå på biletet og les ordforklaringane.

Snøkvit og eplet EM PL AR

Åt Snøkvit eit forgifta eple? Eller var det rett og slett eit muggent eple?

SE

KS

Eventyret om Snøkvit Dei fleste har høyrt eventyret eller sett filmen om Snøkvit, ho som har «hud kvit som snø, lepper raude som blod og hår svart som ibenholt». Den slemme stemora, dronninga, som sjølv vil vere den vakraste i landet, prøver på fleire måtar å bli kvitt Snøkvit. Til slutt kler dronninga seg ut som ei gammal kone og oppsøker stedottera i huset til dei sju dvergane. Der lokkar ho Snøkvit til å ete av eit forgifta eple. Når dvergane kjem heim frå arbeidet, trur dei til si store sorg at Snøkvit er død. Heldigvis vaknar Snøkvit til live igjen når prinsen kysser henne. Det blir bryllaup, og dei lever lykkelege alle sine dagar.

ER

IN

G

Farleg muggsopp Kanskje var det ikkje gift i eplet som dronninga gav til Snøkvit, kanskje var eplet rett og slett muggent? Blant alle dei ulike muggsoppane som veks på eple, finst det ein spesiell muggsopp som gjer oss akutt sjuke. Han heiter Penicillium crustosum, og han lagar nokre soppgifter som heiter penitremar. Dersom vi et eit eple som inneheld penitremar, får vi krampar, kastar opp og blir veldig dårlege.

D

Kan den slemme dronninga ha visst det forskarane i dag veit om muggsopp?

VU

R

Død eller berre kortvarig sjuk? Dei som laga filmen om Snøkvit, syntest truleg ikkje at det passa seg å vise at ho fell saman i krampar. I staden sig ho langsamt saman og ligg som død i ei glaskiste heilt til prinsen vekker henne med eit kyss. I verkelegheita, dersom ein er forgifta av penitremar, blir ein vanlegvis frisk etter eit par dagars ro og kvile. I verste fall kan penitremane gi skadar i hjernen, men det er sjeldan. Det beste er likevel å unngå å ete mugne eple. Sidan det er høgt vassinnhald i eple, spreier giftstoffa seg i heile frukta, ikkje berre til den delen av eplet som vi ser er muggen. Kan vi ete nedfallsfrukt? Vi kan trygt ete eple som har falle på bakken, så lenge vi undersøker dei og lèt dei som er mugne, ligge igjen.

14

Ibenholt: mørkt treslag frå Sri Lanka eller Madagaskar Muggsopp: sopp som lagar mugg Akutt: plutseleg


Finn informasjon i teksten 1 Kva er ibenholt? 2 Kvifor kjente ikkje Snøkvit igjen dronninga då ho gav henne det forgifta eplet? 3 Kven var det som først fann Snøkvit etter at ho hadde ete av eplet?

EM PL AR

4 Kva kan skje dersom du et eit eple som inneheld penitremar? 5 Kva for nokre ord i teksten viser at eple inneheld mykje vatn?

Forstå teksten

KS

1 Kva for ein del av teksten er eit direkte sitat frå eventyret om Snøkvit?

SE

2 Kva i teksten viser at dronninga er misunneleg på Snøkvit?

G

3 Skriv setninga som viser at ein ikkje blir sjuk av alle muggsoppane som veks på eple.

VU

R

D

ER

IN

4 Kvifor treng ein vanlegvis ikkje medisinar etter å ha fått i seg penitremar? 5 Kvifor hjelper det ikkje å skjere bort den mugne delen av eit eple?

Tenk over teksten 1 Truleg syntest filmskaparane at det ikkje passa seg å vise i filmen at Snøkvit fekk krampar. Kvifor det? 2 Trur du eplet Snøkvit åt, var forgifta eller muggent? Grunngi svaret ditt. 3 Kva får du vite frå eventyret om Snøkvit, som du synest er typisk for eventyr? 4 Til denne teksten er det tre ordforklaringar. Finn tre andre ord i teksten som du forklarer så godt du kan. 5 Kva lærte du av denne teksten, som du kan ha nytte av?

15


Før du les: Kva kjenneteiknar dikt? Kva for nokre dikt hugsar du at du har lese eller høyrt?

Lekediktet av Jan Erik Vold

EM PL AR

Dikt

Uimotståeleg av Marit Tusvik

Når det var kaldt ute sa alltid dei vaksne at vi ikkje måtte slikke på gelenderet Rett etter stod vi jo der og hylte

VU

R

D

ER

Og ikkje putt erter i nasen mens eg er borte! sa mor vår og gjekk Det hadde vi aldri tenkt på før, så det gjorde vi

G

av Marit Tusvik

IN

Mors gode råd

SE

KS

Nå skal vi ut og leke, vil du være med. Nei. Jo Vent litt a, jeg skal bare, få på meg støvla først.

Når det knirker i porten av Inger Hagerup

Når det knirker i porten, er det mannen i skjorten. Når det knaker i trappa, er det kona i fra sjappa.

16

Når det tusler i gangen, er det orangutangen. Når det pusler ved døren, er det Marte og Søren. Når vi roper: kom inn! var det bare Jens Sønnavind


Finn informasjon i teksten 1 Kva for eit dikt er skrive av ein mannleg forfattar? 2 Kva for eit dikt har rim? 3 Kven kjem når det knirkar i porten? 4 Kva sa dei vaksne at ingen måtte gjere når det var kaldt ute?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva for ein forfattar har skrive to av dikta?

KS

1 Kven må ta på seg noko på beina?

2 Kva kan skje dersom ein slikkar på eit kaldt gelender?

SE

3 Kva betyr «kona i fra sjappa», trur du?

G

4 Skriv dei to verba som viser at nokon bruker høg stemme.

VU

R

D

ER

IN

5 Kva for nokre dikt handlar om gode råd frå dei vaksne?

Tenk over teksten 1 Kvifor fekk nokon lyst til å putte erter i nasen? 2 Eitt av dikta har tittelen «Uimotståeleg». Kvifor har forfattaren vald den tittelen, trur du? 3 I eitt av dikta står det: «Når det pusler ved døren, er det Marte og Søren». Kvifor har forfattaren vald å kalle han Søren, trur du? 4 Kva kan dette bety: «Når vi roper: kom inn! var det bare Jens Sønnavind»? 5 Kva for eit dikt likte du best, og kvifor?

17


Før du les: Har du reist med tog nokon gong? Veit du noko om forskjellane på dagens moderne tog og gammaldagse tog? Sjå på bileta og les ordforklaringa.

EM PL AR

TERTITTEN Ta ein tur med Urskog–Hølandsbanen – siste køyredag i haust! Sundag 9. september er siste køyredag i haust, og då skjer det litt ekstra på Urskog–Hølandsbanen.

KS

Urskog–Hølandsbanen har følgjande avgangar sundag 9. september: 11.00 – 12.00 – 13.00 – 14.00 – 15.00

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Urskog–Hølandsbanen tar deg med tilbake til den gongen den smalspora banen var ein del av livsnerven for bygdene i Aurskog og Høland. Jernbanen var i drift frå 1896 til 1960, og 4 km av den opphavlege strekninga er no bevart som eit levande museum. Tre kolfyrte damplokomotiv og ei rekke vogner er bevarte og trafikkerer strekninga om sommaren og vinteren. På Sørumsand, Bingsfoss og Fossum finn du tidsriktige stasjonar. Ved Bingsfoss stasjon er det eit piknikområde. Nytt dette året er at kiosken er flytta til Fossum stasjon. Ei reise med Tertitten tar normalt 52 minutt frå toget forlèt Sørumsand, og til det er tilbake igjen. Spesiell attraksjon denne sundagen: Hagejernbanetog, og vi køyrer med to lokomotiv framfor eit blanda tog (person- og godsvogner). Meir info finn du på nettsidene våre: www.u-hb.no

Gods: eigendelar, varer for transport

18


Finn informasjon i teksten 1 Når på hausten er siste køyredagen på Urskog– Hølandsbanen? 2 Kor mange av damplokomotiva er bevarte? 3 Kva for nokre stasjonar er nemnde i teksten? 4 Skriv setninga som viser at kiosken er sett opp på ein ny stad.

Forstå teksten

EM PL AR

5 På kva måtar kan ein få kontakt med Venneforeininga?

KS

1 Sjølve jernbanestrekninga heiter Urskog– Hølandsbanen, men kva heiter det kjende toget som køyrer der?

SE

2 Kor mange år var denne jernbanen i vanleg drift? 3 Kva er UHB forkorting for i Venneforeininga UHB?

VU

R

D

ER

IN

G

4 Kva er forskjellen på lokomotiv, personvogn og godsvogn? 5 Skriv setninga som viser at det også køyrer tog på Urskog–Hølandsbanen til andre årstider enn om hausten.

Tenk over teksten 1 I overskrifta står det Urskog–Hølandsbanen. Finn eit anna namn på Urskog i teksten. 2 Kva betyr det at jernbanestrekninga er eit levande museum? 3 I teksten kan du finne ut kor lang tid ein togtur tar. Dersom toget følger avgangstidene for 9. september, kor lenge står toget på stasjonen før neste avgang? 4 Skriv setninga som viser at jernbanestrekninga har vore lengre før. 5 Dette er ein annonse. Kva i annonsen kan friste folk til å reise med Tertitten? 19


Tannfylling fra steinalderen

På eit museum i Trieste i Italia finst det ei heilt spesiell tann frå steinalderen. Ho er omtrent 6500 år gammal. Forskarar har studert tanna, og dei har funne ut at ho mest sannsynleg har tilhøyrt ein mann som var mellom 24 og 30 år gammal. Då tanna blei funnen i ei hole i Slovenia, sat ho fast i restane av ein underkjeve.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

I steinalderen levde menneska som samlarar, jegerar og fiskarar. Dei åt både kjøtt, fisk, skjel, nøtter, bær, frukt og anna som dei kunne samle eller fange i naturen. Det einaste sukkeret dei fekk i seg, var det som fanst naturleg i maten. Funn av tannrestar fortel oss at steinaldermenneska ikkje hadde hol i tennene. Vi veit også at dei brukte tennene til meir enn til å ete mat. Dei brukte dei truleg til å reie skinn, lage reiskapar og som hjelp når dei vov. Det gjorde at tennene blei ganske nedslitne. Bruker du av og til tennene til noko anna enn til å ete?

KS

Steinalderen i Noreg varte frå omtrent år 10 000 f.Kr. til år 1800 f.Kr. Namnet steinalder kjem av at menneske i denne perioden hovudsakeleg brukte reiskapar av stein, tre og bein.

EM PL AR

Før du les: Kva veit du om steinalderen? Korleis var livet til steinaldermenneska? Sjå på bilda og les bildeteksten og ordforklaringane.

Den 6500 år gamle tanna fotografert ovanfrå. Området som er dekt av bivoks, er vist med ei stipla gul linje. 20

Det spesielle med denne tanna er at det ser ut som om nokon har reparert henne! Heile tanna har eigentleg sprokke tvers igjennom, men den øvste delen av sprekken, skaden i emaljen og sjølve krona på tanna er dekt av bivoks. Kanskje det har gjort at mannen har hatt mindre vondt i tanna, og gjort henne meir brukbar? Det kan altså vere at dette er det eldste eksempelet på «tannlegekunst» vi veit om i Europa. Forskarane er likevel ikkje heilt sikre på om bivoksen blei smurt på tanna medan mannen levde, det kan ha blitt gjort etter at han var død. Men mest sannsynleg skjedde det før mannen døde.

F.Kr.: før Kristus, dvs. før Jesus blei fødd Emalje: hardt stoff som dekker krona på ei tann Krone: toppen av tanna Bivoks: voks som blir skild ut frå kjertlar hos biene, og som blir brukt som byggemateriale i kubane


Finn informasjon i teksten 1 Når begynte og slutta steinalderen? 2 Kva slags mat var det steinaldermennesket fanga og samla frå naturen? 3 Kvifor blei tennene til steinaldermenneska nedslitne? 4 I kva for eit land ligg byen Trieste?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er heilt spesielt med tanna på museet i Trieste?

KS

1 Kor lenge varte steinalderen?

2 Korleis kan vi vite at steinaldermenneska ikkje hadde hol i tennene?

SE

3 Korleis kan vi sjå på bildet kva for ein del av tanna som er dekt av bivoks?

IN

G

4 Dersom fleire tenner i underkjeven blei funne, kvifor blei berre denne eine stilt ut, trur du?

VU

R

D

ER

5 Korleis kan tanna ha sprokke, trur du?

Tenk over teksten 1 Sjølv om vi ikkje et eller drikk noko som er tilsett sukker, får vi i oss sukker. Korleis skjer det? 2 Korleis kunne tennene vere til hjelp ved veving? 3 Kva kan vere grunnen til at ord som «truleg», «mest sannsynleg» og «kanskje» er brukte i denne teksten? 4 Dersom det var slik at bivoksen blei smurt på tanna etter at mannen døde, kvifor blei det i så fall gjort, trur du? 5 Det står i teksten: «Det kan altså vere at dette er det eldste eksempelet på «tannlegekunst» vi veit om i Europa.» Kvifor står det «i Europa», trur du? 21


Før du les: Kva trur du er dei største forskjellane på skolen i dag og skolen for 150 år sidan? Har du høyrt om diktaren Bjørnstjerne Bjørnson? Sjå på bilda og les ordforklaringane.

Ein glad gut

KS

– Her kjem eg med ein liten gut som vil lære seg å lese, sa mora. – Kva heiter den kroppen? sa skolemeisteren og grov ned i skinnposen etter tobakk. – Øyvind, sa mora, han kan bokstavane, og han kan legge saman. – Å, nei da, sa skolemeisteren. – Kom hit, du kvithovud! Øyvind gjekk bort til han, skolemeisteren tok han på fanget og tok lua av han. – For ein vakker liten gut, sa han og strauk han over håret. Øyvind såg han opp i augo og lo. – Er det meg du ler av? Skolemeisteren rynka bryna. – Ja, det er det, svarte Øyvind og skrattlo. Då lo skolemeisteren også, mora lo, barna skjønte at dei også fekk lov til å le, og så lo dei alle saman. Dermed var Øyvind begynt på skolen.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Så var det ein dag mora kom inn til Øyvind og sa til han: – I morgon begynner skolen igjen, då skal du følge med meg opp til garden. Øyvind hadde høyrt at garden var ein stad der mange gutar leika, og det hadde han ingen ting imot. Han var svært fornøgd, på garden hadde han vore ofte, men ikkje når det var skole, og han gjekk mykje fortare enn mora oppover bakkane, for han lengta. -Då han kom inn, sat det så mange barn rundt eit bord at det ikkje var fleire i kyrkja, andre sat på nistekoppane sine langs veggene, nokre stod i små grupper omkring ein plansje, skolemeisteren, ein gammal gråhåra mann, sat på ein krakk nede ved grua og stoppa pipa si. --

EM PL AR

Denne teksten er eit utdrag frå ei forteljing som Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i 1860. Hovudpersonen Øyvind skal begynne på skolen, det ein den gongen kalla omgangsskolen. Då hadde ein skole på ein bondegard, og læraren kom dit for å undervise. Barna som budde i området, kom til garden, og skolen var gjerne i det rommet der ein elles brukte å ete og arbeide. Det gjekk på omgang mellom gardane å ha skole.

Då han skulle sette seg, ville alle gjere plass for han. Han såg seg lenge rundt, dei kviskra og peikte, han dreidde seg om til alle kantar med lua i handa og boka under armen. – Nå, kva blir det til? spurte skolemeisteren, han heldt igjen på med pipa.

Nistekopp: ei form for matboks Skolemeister: lærar Grue: peis Skinnpose: liten pose av skinn, gjerne til tobakk

22


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor blei skolen kalla omgangsskole? 2 Kva har Øyvind høyrt om skolen? 3 Kva heldt skolemeisteren på med? 4 Kva hadde Øyvind på seg, som skolemeisteren tok av han?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva hadde Øyvind lært seg før han begynte på skolen?

KS

1 Kvifor forta Øyvind seg til skolen?

2 Kvifor sat nokon av barna på nistekoppane sine, trur du?

SE

3 Kva for ein farge hadde Øyvind på håret?

G

4 Kva er det i teksten som viser at Øyvind er «Ein glad gut»?

VU

R

D

ER

IN

5 Skriv setninga som viser at Øyvind har med seg noko på skolen.

Tenk over teksten 1 Kva er det i teksten som viser at det var vanleg at mange gjekk i kyrkja? 2 I teksten står det: «Å, nei då, sa skolemeisteren». Kva meinte han med det? Kva kunne han ha sagt i staden for «Å, nei då»? 3 Kva er det i teksten som viser at dei andre barna er meir redde for skolemeisteren enn det Øyvind er? 4 Kven er det som bestemmer kvar Øyvind skal sette seg? 5 Nemn noko frå teksten som viser forskjellane på skolen før og no. 23


Før du les: Kva er ei oppskrift? Har du laga mat etter oppskrift nokon gong?

Pizzasnurrar EM PL AR

med grønsaksfyll

Pizzasnurrane er lette å lage. Du må rekne med å bruke ein time på å lage dei. I tillegg kjem tida du treng til å handle inn ingrediensane. Denne oppskrifta skal gi fire porsjonar.

SE

Eit godt råd er å lese nøye gjennom heile oppskrifta før du begynner. Då kan du også velje ei smart rekkefølgje på arbeidet.

KS

Desse sunne pizzasnurrane passar ypparleg til å kose seg med på ein kvardag eller i helga, og dei er dessutan gode i matpakken! Du kan også fryse dei ned.

R

D

G

ER

Til grov pizzabotn • 2 ½ dl kveitemjøl • 2 ½ dl sammalt rug, fin • ½ dl kveite, heilkorn • ½ dl havregryn • ½ ts salt • 3 ss soyaolje • 5 dl vatn • 1 pk tørrgjær

Til grønsaksfyll • 1 grøn squash • ½ vanleg løk • 50 g frisk sjampinjong • ½ aubergine • ½ raud paprika • 1 båt kvitløk • 2 ss finhakka frisk timian • ½ ts sitronsaft • ½ boks hermetiske tomatar • ½ ts sukker • olje til steiking • pepar

IN

Dette treng du:

VU

Framgangsmåte:

Pizza Varm opp vatnet til det er fingervarmt. Løys opp gjæren i vatnet. Bland vatn, gjær og olje, og tilsett resten av det tørre. Kna deigen til han er passe fast og fin. Strø over litt mjøl, og sett deigen til heving i minst 30 minuttar. Kjevle deigen til eit rektangel på 20 x 20 cm. Smør grønsaksfyllet over heile deigen, rull deigen saman, og skjer i skiver. Legg pizzasnurrane på eit bakepapir på ei steikeplate. La dei heve i 30–40 minuttar til. Steik pizzasnurrane midt i omnen på 180 ⁰C i omtrent 12 minuttar. Grønsaksfyll Skjer squash, sjampinjong, aubergine og paprika i terningar. Finhakk løk og kvitløk. Fres dei oppdelte grønsakene i olje i varm panne. Tilsett hermetiske tomatar, timian, sitronsaft og sukker, og la alt surre i ca. 10 minuttar. Smak til med pepar. Avkjøl. 24

Ingrediens: ein del av ei blanding Surre: steike på svak varme


Finn informasjon i teksten 1 Kor mange porsjonar gir denne oppskrifta? 2 Kva for nokre grønsaker kan du bruke? 3 Kva for eit ord i teksten viser at deigen kan kjevlast til ein firkant? 4 Kor lenge skal deigen og pizzasnurrane heve?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvifor er det lurt å lese gjennom heile oppskrifta før ein begynner å lage pizzasnurrane?

KS

1 Kva skal du bruke olje til i denne oppskrifta? 2 Kva betyr «fingervarmt»?

SE

3 Kvifor må du sette av meir enn ein time til heile arbeidet?

G

4 Kva må du gjere med det ferdige grønsaksfyllet før du smører det på deigen?

VU

R

D

ER

IN

5 Forklar forkortingane du finn i oppskrifta.

Tenk over teksten 1 Kva betyr «resten av det tørre»? 2 Kva er det lurt å gjere medan pizzadeigen hevar? 3 Når omtrent bør du sette på steikeomnen? 4 Bildet av pizzasnurrane i oppskrifta bør vere til god hjelp. Lag forslag til nytt bilde (eller nye bilde) som kan vere betre enn det bildet du ser her. 5 Når ein lagar mat etter oppskrift, er det ikkje alt i oppskrifta som er like viktig å følge. Kva meiner du er viktigast å følge i denne oppskrifta? Kva kan du forandre på i oppskrifta? 25


Før du les: Kva er ei bokmelding? Kvifor les vi bokmeldingar? Har du lese nokon av bøkene om Doktor Proktor? Sjå på bildet og les ordforklaringane.

Tittel: Doktor Proktors prompepulver Forfattar: Jo Nesbø Illustrasjonar: Per Dybvig Forlag: Aschehoug 2007 Meldt av: Henrik A

SE

KS

Handling Hovudpersonane i denne morosame boka er Lise og Bulle. Dei bur like ved kvarandre og blir kjende gjennom Doktor Proktor, som også bur i same gata. Doktor Proktor er oppfinnar, og han har funne opp eit heilt spesielt prompepulver. For å forbetre verknaden og bruken av prompepulveret stiller Lise og Bulle opp som forsøkspersonar. Det er Bulle som prøver seg først. Han et prompepulver med skei medan han har på seg ei spesialsydd bukse:

EM PL AR

Bokmelding

ER

IN

G

– Hold an! sa professoren. – Jeg vil ikke at du skal ødelegge buksene dine igjen, så jeg har fått laget disse. Han holdt opp de svarte skinnbuksene. De var ganske vanlige, bortsett fra at buksebaken var borte. Det vil si, den var laget av noe som lignet fiskegarn. – For at luften skal passere uhindret, forklarte doktoren. – Jeg brukte den gamle motorsykkelbuksen min og et gammelt tennisnett jeg hadde liggende. – Ganske stilig, sa Bulle da han hadde fått på seg de altfor store buksene. Lise bare ristet på hodet.

R

D

I boka møter vi fleire andre, blant andre far til Lise, som er offiser på Akershus festning. Vi møter også dei to ekle nabogutane, Truls og Trym, som ikkje er særleg hyggelege mot Lise og Bulle.

VU

Illustrasjonane Boka er delt inn i 22 korte kapittel, og kvart kapittel er illustrert av Per Dybvig. Teikningane kan sjå ut som slurvete blyantteikningar, men når du ser nærmare på dei, inneheld dei mange morosame detaljar som fortel oss mykje om hovudpersonane. Illustrasjonane er ein viktig del av boka. (Eg synest namnet til illustratøren skulle ha stått utanpå boka.) Mi meining om boka Jo Nesbøs første barnebok er ikkje berre morosam, men ho er også ganske lettlesen, sjølv om ho har med ein del «vaksenord». Ho passar for både vaksne og barn og for høgtlesing, synest eg. Ein kjedar seg ikkje ein augneblink når ein les Doktor Proktors prompepulver, og avslutninga av boka er prikken over i-en! Dette er ei barnebok som eigentleg passar for alle! Og likar du henne, kan eg glede deg med at forfatteren har skrevet flere bøker om Doktor Proktor! 26

Illustratør: ein som illustrerer, dvs. teiknar, til teksten Passere: gå, dra forbi, igjennom


Finn informasjon i teksten 1 Kva for eit år kom Doktor Proktors prompepulver ut? 2 Kven er Henrik A? 3 Korleis bur Lise, Bulle og Doktor Proktor i forhold til kvarandre? 4 Det er nokre personar i boka som ikkje er særleg greie. Kven?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kven passar denne boka for?

KS

1 Kor mange personar får vi høyre om i meldinga? Skriv kven det er.

SE

2 I utdraget frå boka står det «Hold an! sa professoren». Kva kunne det ha stått i staden for professoren? 3 Kvifor har buksa til Bulle tennisnett i baken?

VU

R

D

ER

IN

G

4 Kva trur du Henrik meiner med at boka er «ganske lettlesen, sjølv om ho har med ein del ’vaksenord’»? 5 Skriv setninga som viser at Jo Nesbø ikkje har skrive nokon barnebøker før denne.

Tenk over teksten 1 Finn ord og uttrykk i meldinga som viser at meldaren liker boka. 2 Skriv setninga som viser at Bulle truleg har prøvd prompepulveret før. 3 Kva betyr det at avslutninga av boka er prikken over i-en? 4 Korleis får du vite i meldinga at Doktor Proktors prompepulver er ei seriebok? 5 Kvifor kan det vere viktig at namnet til illustratøren står utanpå boka? Nemn ein eller fleire grunnar. 27


Før du les: Kva kan vere fordelane med å kjøpe brukt? Kvar kan ein få kjøpt brukte ting? Kva har du kjøpt, som har vore brukt før?

EM PL AR

Brukte bøker, filmar, spel og leiker til sals! Vi skal flytte til utlandet, og vi har altfor mange bøker, filmar, spel og leiker! Vil du kjøpe noko av oss? Her er noko av det du kan overta for ein billig penge:

Mange barnebøker, særleg seriebøker, for eksempel Kunstdetektivene, LasseMajas detektivbyrå, Nancy Drew, Doktor Proktor, Svein og rotta, En pingles dagbok, Harry Potter.

KS

Diverse filmar, for eksempel Kurt blir grusom, Ulvejenta, Jørgen + Anne=sant, Narnia-filmane, Disney-filmar, Olsenbanden.

Lego, vi har drøssevis av lego, for eksempel Lego Star Wars, Lego Friends og Lego Technic.

SE

Perler du kan lage smykke av, mange ulike fargar og størrelsar, og alle er nikkelfrie!

G

Diverse spel, for eksempel Junior-Geni, Alias, Monopol, Bananagrams.

IN

Barbie-saker, for eksempel møblar, klede, drøymehus, brudgomen Ken.

ER

Baby Born-dokke med tilleggsutstyr, dokka har sju ulike funksjonar, og det følger med potte, klede, bleie og tallerkensett.

D

Animagic nyfødd kvalp, ein kjempesøt «kvalp» som treng kjærleik og omsorg. Akkurat som ein riktig kvalp treng han å bli fôra. Gi han flaska, og sjå at han lukkar augo og slurpar i seg og etterpå begynner å bjeffe og kome med koselydar! Passar bra for dei med allergi!

R

Twister Dance, eit spel der du lærer dansar og nye rørsler.

VU

CD-ar med høyrespel, for eksempel Nancy Drew og Stompa. Magic Tryllesett, med det kan du lure vennene dine trill rundt! Diverse Beyblades-leiker. Blei du interessert? Ta kontakt med meg dersom du vil vite meir. Vi bur i Drammen. Berre seriøse førespurnader! Mono PS: Vi har også skøyter til sals. Lengdeløpsskøyter str. 35, 37 og 39. Nyslipte!

28


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor skal Mono og familien selje så mange ting? 2 Kven er Ken? 3 Kva bør du kjøpe dersom du liker å bevege deg? 4 Kva kan du kjøpe dersom du vil lure vennene dine?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva skal ein gjere dersom ein vil vite meir om det som skal seljast?

KS

1 Kva betyr «ein billig penge»? 2 Kva betyr «seriebøker»?

SE

3 Kva for nokre leiker som skal seljast, skal verke levande?

G

4 Kva kan du kjøpe både som bok og som høyrespel?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva av det som skal seljast, kan vere bra for dei med ei eller anna form for allergi?

Tenk over teksten 1 Krev noko av det skal seljast, spesielle ferdigheiter av den som skal bruke det? Gi eksempel og grunngi. 2 Det står at ei Baby Born-dokke har sju ulike funksjonar. Foreslå kva for nokre funksjonar dette kan vere. 3 Kva betyr «berre seriøse førespurnader»? 4 Kvifor er sal av skøyter nemnt som eit PS til slutt i staden for å vere ein del av heile oversikta? 5 Kva fortel annonsen deg om Mono? Trur du Mono er jente eller gut, ungdom eller vaksen? Grunngi svaret ditt. 29


Før du les: Veit du kva ein filosof er? Korleis kan vi vite at jorda er rund og ikkje flat? Kva er ei måneformørking? Sjå på bilda og les bildeteksten og ordforklaringane.

Aristoteles EM PL AR

Aristoteles var ein gresk filosof som levde omtrent 350 år før Kristus. Då han var 17 år, begynte han på akademiet i Athen. Akademiet var ein skole for filosofar. Grunnleggar av biologien Vi seier gjerne at Aristoteles var den som grunnla biologien. Biologi er vitskapen om den levande naturen. Aristoteles meinte at ein kunne lære mykje ved å sjå på naturen, og han studerte over 500 ulike planter og dyr. Han fann likskapar og ulikskapar og kom fram til at plante- og dyreslag som likna på kvarandre, måtte vere i slekt på ein eller annan måte.

IN

G

SE

KS

Er jorda rund eller flat? På den tida Aristoteles levde, trudde folk flest at jorda var ei flat skive omringa av vatn. Aristoteles var ein av dei første som hevda at jorda var som ei rund kule. Han hadde studert det som skjer når det er måneformørking. Under ei måneformørking står jorda mellom månen og sola, slik at jorda skygger for sola. Den skuggen vi ser på månen, er rund, og derfor meinte Aristoteles at jorda er rund som ei kule. Dersom jorda hadde vore flat, ville skuggen berre sett ut som ei tynn stripe. Det var mange som ikkje ville høyre på ein slik teori, dei trudde det var gudane som formørka månen.

VU

R

D

ER

Har du sett korleis det ser ut når eit seglskip seglar utover havet? Vi ser gradvis mindre av skipet, toppen av masta er det siste vi ser forsvinn i horisonten. Dette meinte Aristoteles også var eit teikn på at jorda var kuleforma. Forklaringar og teoriar Aristoteles studerte naturen ved hjelp av naturen sjølv. Han prøvde å lage forklaringar på det han oppdaga, og han forsøkte også å formulere reglar for korleis ein skulle lage slike forklaringar. Han meinte dei måtte bestå av ryddige tankerekker, det vi kan kalle logikk. Når ein lagar forklaringar på noko som skjer i naturen, kallar vi det ein teori. Mange gonger må forskarar forkaste teoriane sine fordi nokon klarer å motbevise dei.

Måneformørking Ein filosof: ein tenkar som stiller spørsmål og søker kunnskap om for eksempel kvifor vi lever, kva er sanning, kva er tid, kven er eg, osv. Horisont: randa der ein ser himmelen møter jorda i det fjerne Forkaste: ikkje godta, avvise

30

Halvskugge Heilskugge

6ROD

-RUGD


Finn informasjon i teksten 1 Kvar levde Aristoteles? 2 Kven gjekk på akademiet? 3 Kva betyr biologi? 4 Kva ville Aristoteles bevise om utsjånaden til jorda?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva trudde folk var grunnen til måneformørking?

KS

1 Omtrent for kor mange år sidan levde Aristoteles? 2 Kva såg Aristoteles etter for å finne ut om dyr og planter var i slekt med kvarandre?

SE

3 Kva for nokre to teikn fann Aristoteles på at jorda var rund som ei kule?

G

4 Kva betyr det å tenke logisk?

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor må forskarar av og til forkaste teoriar?

Tenk over teksten 1 Mange grekarar trudde at jorda var flat. Kva trur du kan vere grunnen? Nemn fleire grunnar. 2 Nemn nokre dyreslag som du meiner er i slekt med kvarandre. 3 Korleis trur du jorda, månen og sola står i forhold til kvarandre når det er solformørking? 4 Tenk deg ein teori om at frose vatn tar større plass enn flytande vatn. Korleis kan du undersøke om teorien stemmer? Forklar. 5 Kva for nokre eigenskapar trur du Aristoteles hadde som gjorde at han fann ut så mykje om naturen? 31


Før du les: Har du høyrt om Alice i eventyrland? Kva kan skje når ei vanleg jente plutseleg hamnar i eit eventyrland?

Eit vanvittig teselskap

D

ER

IN

G

EM PL AR

SE

– Vil du ha eit glas vin? sa påskeharen hyggeleg. Alice såg seg rundt, men kunne ikkje sjå noko anna enn te på bordet. – Eg ser ikkje noko vin her, sa ho. – Det er ikkje noko heller, sa påskeharen. – Då var det ikkje særleg høfleg av det å spørje om eg ville ha, sa Alice sint. – Det var ikkje særleg høfleg av deg å sette deg utan å vere invitert heller, sa påskeharen. – Eg visste ikkje at det var ditt bord, sa Alice. – Det er jo dekt til mange fleire enn tre. – Du må klippe håret, sa hattemakaren. Han hadde sete og kasta nysgjerrige blikk bort på Alice ganske lenge, og det var det første han sa. – Du skulle ikkje vere nasevis og kritisere utsjånaden til folk, sa Alice temmeleg strengt. – Det er veldig uhøfleg. Hattemakaren sperra augo opp då han høyrde det, men han sa berre: – Veit du kva som er likskapen mellom ein ramn og eit skrivebord?

– Nei, det blir ikkje det same i det heile tatt, sa hattemakaren. – Då kunne jo eg like gjerne seie at «eg ser det eg et» er det same som å seie «eg et det eg ser»! – Og då kunne eg like gjerne seie «eg liker det eg får» som «eg får det eg liker», fortsette påskeharen. … – Har du gjetta gåta no? spurte hattemakaren og snudde seg mot Alice. – Nei, eg gir opp, svarte Alice. – Kva er svaret? – Eg har ikkje peiling! sa hattemakaren. – Ikkje eg heller! sa påskeharen. Alice sukka oppgitt. – Eg synest nok de kunne brukt tida til noko betre enn å kaste ho bort på uløyselege gåter, sa ho.

KS

Bordet var stort, men påskeharen, murmelmusa og hattemakaren hadde klemt seg saman i den eine enden. – Det er ikkje plass! Det er ikkje plass! ropte dei då dei såg Alice kome. – Det er plass nok, sa Alice ergerleg og sette seg i ein djup lenestol ved den eine bordenden.

VU

R

– Nei, no begynner det å bli gøy, tenkte Alice, så festleg at dei begynner å gjette gåter! – Eg meiner eg veit det, sa ho høgt. – Meiner du at du trur du veit svaret? sa påskeharen. – Akkurat, sa Alice. – Då må du seie kva det er, fortsette påskeharen. – Eg skal det, svarte Alice fort, i alle fall meiner eg det eg seier, og det blir jo det same, ikkje sant?

Utdrag frå Alice i Eventyrland av Lewis Carroll

32


Finn informasjon i teksten 1 Korleis kan vi vite at det er plass til Alice ved bordet? 2 Kven sit ved bordet? 3 Kvifor får ikkje Alice noko å drikke? 4 Kva er det første hattemakaren seier i denne teksten?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva synest Alice om å gjette gåter?

KS

1 Kva får Alice til å tru at det er greitt at ho set seg ved bordet? 2 Forklar korleis dei fire sit plasserte rundt bordet.

SE

3 Kven er det som ikkje seier noko?

G

4 Leit i teksten etter utsegner som viser kva Alice tenker. Skriv dei ned.

VU

R

D

ER

IN

5 Kva er det som er spesielt med gåta Alice skal gjette?

Tenk over teksten 1 Kva betyr «å sperre opp augo»? 2 Vi får vite kva Alice tenker, men ikkje kva dei andre tenker. Kvifor gjer forfattaren det slik, trur du? 3 På kva måtar er nokon uhøflege i denne teksten? Vis med eksempel. 4 Er det nokon forskjell på «å seie det ein meiner» og «å meine det ein seier»? Forklar og finn gjerne liknande eksempel. 5 Finn fleire forslag til løysing på gåta.

33


Før du les: Kva betyr det å forske? Kvifor forskar ein? Har du høyrt om konkurransen Årets Nysgjerrigper?

Kjerringråd

EM PL AR

mot tårer når ein skjer løk

R

D

ER

IN

Ein græt mindre om ein har tunga ute av munnen. Tenner ein eit stearinlys, græt ein mindre. Ein græt mindre av kald løk. Tygg ein tyggis medan ein skjer løk, græt ein mindre. Om ein har salt på skjerefjøla eller løken, græt ein mindre. Kortare menneske græt meir enn høge fordi dei står nærmare løken. Omein har ei fyrstikk i munnen, græt ein mindre. Om ein vaskar kniven i kaldt vatn, græt ein mindre. Skjer ein løken på skrått, græt ein meir. Skjer ein løken nær rennande vatn, græt ein mindre. Har ein briller, græt ein mindre. Har ein vatn i munnen, græt ein mindre.

VU

• • • • • • • • • • • •

G

SE

Elevane hadde høyrt at det finst mange råd om korleis vi skal unngå at tårene renn når vi skjer løk. Dei bestemte seg for å samle inn forskjellige kjerringråd og finne ut om dei verka. Elevane samla inn tips frå Internett, dei gjennomførte spørjeundersøkingar, og dei snakka med augelegar og kokkar. Dei enda til slutt opp med tolv råd som dei ville prøve ut:

KS

Vatn eller ei fyrstikk i munnen hjelper mot løktårer! 5. trinn ved Spangereid skole i Lindesnes testa ulike kjerringråd og kom til finalen i forskingskonkurransen for barn, Årets Nysgjerrigper 2012.

Elevane kjøpte inn løk og gjekk saman i grupper på fire–fem og prøvde ut alle kjerringråda, eller hypotesane. Ein hypotese er noko ein trur er sant, men som ein ikkje har undersøkt nærmare om stemmer. Då elevane hadde gjennomført utprøvingane, viste resultata at dei råda som ser ut til å verke best mot løktårer, er å ha ei fyrstikk eller vatn i munnen. Det kan jo verke litt rart, men kanskje har det ein samanheng med at munnen er lukka? Briller såg også ut til å hjelpe mot tårene. Det viste seg at veldig mange gret når dei skar løk i nærleiken av rennande vatn, så det var eit råd som verka. Når dei heldt løken på skrå, rann det også tårer. Kva for eit av dei tolv kjerringråda kunne du tenke deg å prøve ut?

34

Rennande vatn ser ikkje ut til å hjelpe mot løktårer.


Finn informasjon i teksten 1 Kven ville teste ut dei ulike kjerringråda? 2 Korleis samla elevane inn dei ulike råda? 3 Korleis kan salt hjelpe mot tårer? 4 Dersom det er slik at låge menneske græt meir når dei skjer løk, kva kan grunnen vere?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er ein hypotese?

KS

1 Skriv setninga frå teksten som viser at klassen kom langt i konkurransen Årets Nysgjerrigper. 2 Kva for nokre råd krev bruk av vatn?

SE

3 Kva for nokre råd krev bruk av fyrstikker?

G

4 Kvifor kan det vere ein fordel å vere langsynt når ein skjer løk?

VU

R

D

ER

IN

5 Det var i alle fall to råd som ikkje verka. Kva for nokre?

Tenk over teksten 1 Kva betyr «kjerringråd»? Forklar. Nemn gjerne andre kjerringråd du veit om. 2 Gi att det frå teksten som viser at dei truleg samla inn fleire enn tolv råd. 3 Kor mange løk måtte kvar gruppe kjøpe inn, trur du? Grunngi svaret ditt. 4 Det var to råd som verka best. Kombiner dei to råda til eit nytt råd. 5 Kvifor kan det hjelpe å ha tyggis i munnen, trur du?

35


Før du les: «På skråss» var ei side i Aftenposten. Barn og unge kunne skrive ned tankar og spørsmål og sende det til Simon, og mange fekk svar. Har du lese ei liknande side nokon gong? Kva er bra med ei slik side?

«På skråss» med Simon

EM PL AR

G

SE

KS

Å flytte Hei Simon! Eg har skrive til deg før og fortalt om at eg hadde flytta, og at eg ikkje treivst på den nye skolen. Det blei vanskelegare og vanskelegare, og til slutt sa eg til mamma at «no vil eg ikkje meir». Så blei eg flytta til den skolen eg hadde gått på før, så då begynte eg å pendle.   Eit halvt år seinare flytta vi tilbake, så no har eg det alle tiders. Eg vil gjerne at dette kjem på trykk for at folk skal sjå at det nyttar å ikkje gi seg. Vennleg helsing J.E.B. (11)

VU

R

D

ER

IN

Tinas rotte er død Kjære Simon. Eg har vore veldig redd og fortvila i det siste. Det er ikkje sikkert du forstår meg, men eg vil fortelje deg det likevel.   Det som plagar meg, er at den eine av rottene mine døde for nokre veker sidan, og eg er redd for at dei andre to skal dø også. Eg veit at du ikkje kan gjere noko med det, men eg trong nokon å seie det til.   Ho blei ikkje eingong eit halvt år. Helsing Tina, 10 år

Eg forstår deg, for eg har hatt dyr som døde. Så eg veit godt korleis det er for deg når du har mist den eine rotta di. Det kan eg ikkje gjere noko med. Men eg trur ikkje at du skal vere redd for dei to andre rottene. Dersom du steller godt med dei, kan dei leve lenge. Det er fint å ha dyr, Tina, sjølv om det er trist når dei må dø. Simon

36

Bursdag i ferien Simon, kva synest du om at nokon har bursdag når det er ferie? Eg synest det er urettferdig, for det har eg. Broren min har bursdag i mars. Han får mange presangar. Han får mange gjester. Men eg får ikkje ha selskap, for alle er borte på ferie. Vi kan ha selskap når skolen begynner, seier mamma. Men det er flaut å ha selskap når ein ikkje har bursdag. Då ser det ut som ein har selskap berre fordi ein vil ha gåver. Og det er jo forresten sant. Så eg har tenkt om du kan skrive noko om at folk må prøve at dei ikkje får barn i sommarferien. Har dei ikkje høyrt om noko som heiter prevensjon? Lars Petter (11 år)

Det nyttar å stå på! Særleg for den som har ei klok mamma. Eg håpar at mange foreldre tenker over det du fortel her. Simon

Lars Petter, først av alt, så er eg glad for at foreldra ikkje brukte prevensjon den dagen – eller natta? – dei laga deg. Det tok ni månader før du kom til verda, og eg er glad for at du blei fødd den sommaren for elleve år sidan!   Men eg forstår godt kva du tenker om å ha bursdag i ferien, for vi har ei dotter og ein son som er fødde i juli. Og dessutan barnebarn som har feriebursdag. Du får trøyste deg med at det finst endå verre skjebnar. Ein av dei beste vennene mine har bursdag 17. mai. Og eg kjenner ein som er fødd på sjølvaste julaftan! Du får leve med det, Lars Petter, sjølv om det er urettferdig. Simon


Finn informasjon i teksten 1 Kor gamle er barna som har skrive desse breva til Simon? 2 Kva er det Tina er redd for? 3 Kva for eit råd gir Simon til Tina? 4 Korleis gjekk det med J.E.B. då familien flytta tilbake dit dei budde før?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva trur Lars Petter er grunnen til at broren får så mange presangar?

KS

1 Kvifor forstår Simon korleis Tina føler seg? 2 Kven skriv til Simon for andre gong?

SE

3 Kvifor er det så viktig for J.E.B. at brevet kjem på trykk?

G

4 Kva meiner Lars Petter er det viktigaste med å ha bursdagsselskap?

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor veit Simon noko om det å ha bursdag i ferien?

Tenk over teksten 1 Kven av dei tre barna har hatt det mest vanskeleg, synest du? Grunngi svaret ditt. 2 Kva for eit ord i teksten viser at J.E.B. i ein periode hadde lang veg til skolen? 3 Simon håper at mange foreldre tenker over det J.E.B. skriv. Kvifor det? 4 Kva meiner Simon når han skriv til Lars Petter: «Du får trøyste deg med at det finst endå verre skjebnar.»? 5 Mange barn skreiv til Simon, og berre nokre av breva kom på trykk. Kvifor valde han å trykke akkurat desse tre breva, trur du? 37


Før du les: Når på året høyrer du mest fuglesong? Kvifor syng fuglane, trur du? Kva for nokre fuglar veit du om? Sjå på bildet og les bildeteksten og ordforklaringane.

FuglesOng EM PL AR

Når du høyrer fuglane syng om våren, lurer du kanskje på kva dei eigentleg seier. Ornitologar og forskarar har funne ut mykje om kva fuglane vil med songen sin.

Hannfuglen syng gjerne for å forsvare reviret sitt, det vil han ha for seg sjølv. Han syng også for å lokke til seg hofuglar, då kallar vi det lokkelyd. Hannen syng mykje oftare enn hoa, men hoa syng også av og til. Nokre gonger syng dei to saman, ein duett.

KS

Når fuglane syng, er det ofte ein liten melodi som blir gjentatt fleire gonger. Fuglane varierer songen sin. Av og til hermar dei etter andre fuglar, og nokre syng også på dialekt! Songen kan forandre seg ut frå situasjonen. Skal fuglen varsle om at det er ein fare som truar reiret, syng han annleis enn når han vil ha kontakt med ein annan fugl.

SE

Nokre fugleartar er lettare å kjenne igjen på songen enn andre. Det er fuglar som har ein veldig karakteristisk måte å synge på. «Songen» til gauken er kanskje den lettaste å kjenne igjen?

ER

IN

G

Dersom du vil lære deg å kjenne igjen nokre fuglelåtar, er det lurt å begynne med ein fugl som skil seg litt ut. Gulspurven er eit godt eksempel. Når gulspurven syng, høyrest det ut som han tel til sju! Det er ein god hugseregel når du skal kjenne igjen songen. Gulspurven sit ofte i toppen av ein busk når han syng. Sidan gulspurven også kan ha dialekt, kan tonefallet vere litt ulikt, og av og til kan han også nøye seg med å telje berre til seks.

VU

R

D

Fuglane syng mest om våren. Derfor er det på den årstida du høyrer gulspurven mest, men du kan sjå han heile året. Dersom du har fuglebrett ute om vinteren, kan det godt vere at du får besøk av gulspurven. Då kan du studere han nærmare, sjølv om du neppe får høyre at han syng. Om vinteren bruker fuglane det meste av energien sin på å få i seg nok mat og halde varmen. Ornitolog: ein som er ekspert på fuglar Revir: eit område som dyr oppfattar som sitt eige og forsvarer Standfugl: ein fugl som held seg innanfor same område heile året Hekke: å bygge reir og ruge på egg

Gulspurven er ein standfugl som hekkar over nesten heile landet. Han er meir sjeldan nord for Trøndelag. 38


Finn informasjon i teksten 1 Kva er ein lokkelyd? 2 Kva er typisk for songen til gulspurven? 3 Kva for ein annan fugl enn gulspurven blir nemnd i teksten? 4 Kvar i Noreg er gulspurven meir sjeldan?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva for nokre årstider er nemnde i teksten?

KS

1 Kva betyr det «å forsvare reviret sitt»? 2 Kva er ein duett?

SE

3 Kva er det som gjer nokon fuglelåtar lettare å kjenne igjen enn andre?

G

4 Kvifor «tel» nokon gulspurvar berre til seks?

VU

R

D

ER

IN

5 Skriv setningar frå teksten som viser at gulspurven er ein standfugl.

Tenk over teksten 1 Kvifor står det «song» i hermeteikn når det handlar om gauken? 2 Kva kan vere grunnen til at gulspurven sjeldan hekkar nord for Trøndelag? 3 Kva er meint med at fuglane syng på dialekt? 4 Nemn nokre grunnar til at fuglane syng meir om våren enn om vinteren. 5 Gulspurven på bildet er ein hannfugl. Kva kan vere grunnen til at hannfuglane ofte har sterkare fargar enn hofuglane? 39


Før du les: Kva kan vere grunnane til at nokon flyktar frå heimlandet sitt? Kva veit du om Redd Barna? Sjå på bilda, og les bildetekstane og ordforklaringane.

Redd Barnas kampanje for barn i norske asylmottak. Eitt av hovudmåla for kampanjen «Først og fremst barn» er å innfri barnas rett til å seie si meining og bli høyrde.

Asylsøkjarar: Personar som kjem til eit framand land som flyktning, og som søker om å få opphald i landet. Medan dei ventar på at søknaden skal bli behandla, bur dei på asylmottak. Asyl betyr eigentleg «fristad for ein flyktning». FNs barnekonvensjon: det same som Barnas rettigheiter

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Millionar av barn er på flukt i verda. Nokre av dei kjem til Noreg for å søke asyl. Heile tida bur det omtrent 4000 barn i norske asylmottak. Mange av dei har budd på mottaket i meir enn tre år.   Barna kjem frå mange forskjellige land, dei høyrer til forskjellige religionar, og dei har opplevd svært ulike ting i heimlanda sine. Nokre kjem direkte frå heimlandet, medan andre har vore i eitt eller fleire land før dei kjem til Noreg. Dei aller fleste barna kjem til Noreg saman med ein eller begge foreldre eller andre familiemedlemmer. Andre barn kjem heilt aleine.

EM PL AR

barn

KS

Først og fremst

Å vere på flukt er ei krevjande og vond oppleving for ein person, spesielt eit barn. Når ein er på flukt, har ein det ikkje trygt.   Barn som søkjer asyl skal ha lik tilgang til omsorg, vern, skole og fritidsaktivitetar som andre barn. Dette er bestemt i FNs barnekonvensjon.   Redd Barna har i mange år jobba for at barn som søker asyl i Noreg, skal ha dei same rettane som alle andre barn her i landet.   Redd Barna vil gjennom kampanjen sin vise oss at også asylsøkjarbarn først og fremst er barn. Dei vil at vi skal ta ansvar for at desse barna får ein god barndom medan dei er her hos oss – uavhengig av om dei blir eller må dra frå Noreg. Dei har derfor starta kampanjen «Først og fremst barn». I kampanjen er Redd Barna opptatt av barna bak tala. Dei meiner at barn på flukt i Noreg skal ha det bra, og at det ikkje skal så mykje til for at vi alle kan bidra til at dei får ein betre barndom.   I kampanjen «Først og fremst barn» heiter det: «La oss ta vare på barna så lenge dei er her. La oss høyre kva dei har å fortelje. Det skulle berre mangle. Dei er barn, først og fremst!»

40

Mata og Abdirahman er to av barna vi blir kjende med gjennom Redd Barnas kampanje «Først og fremst barn» (www.reddbarna.no). Dei er to av barna «bak tala».


Finn informasjon i teksten 1 Kva for ein organisasjon står bak kampanjen «Først og fremst barn»? 2 Kva ventar dei som bur på asylmottak, på? 3 Omtrent kor mange barn bur på asylmottak i Noreg? 4 Kva vil Abdirahman bli når han blir stor?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er det som gjer Mata glad?

KS

1 Skriv setninga som viser at barn som søkjer asyl ofte blir verande fleire år i asylmottak. 2 Skriv setninga som viser at det er utrygt å vere på flukt.

G

SE

3 Kven har bestemt at barn som søkjer asyl skal ha lik tilgang til omsorg, vern, skole og fritidsaktivitetar som alle andre barn?

VU

R

D

ER

IN

4 Kva har Mata og Abdirahman til felles av interesser eller smak? 5 Kvifor seier ikkje Mata kva for ei årstid ho synest er verst?

Tenk over teksten 1 Kva kan vere grunnen til at ein del asylbarn har vore i fleire land før dei kom til Noreg? 2 Kva betyr det at Mata og Abdirahman er to av barna «bak tala», trur du? 3 Sjå på bildet av Abdirahman. Korleis trur du han er, ut frå bildet? 4 Sjå på svara til Abdirahman. Kva trur du er grunnen til at han ikkje har svart på «Dette liker eg å lese»? 5 Korleis trur du det er for Mata og Abdirahman å bu på eit asylmottak? Skriv ned kva du tenker rundt det. 41


våre. Frydenlund er kokk og kjend frå blant anna fleire program i TV Vestfold under tittelen «Sunn mat». – Barna synest kurset har vore både lærerikt, morosamt og interessant. Foreldra har fått instruksjon om korleis ein no skal lage sunn og samtidig god mat heime på kjøkkenet, seier Luksengård.   «Kul mat»-kurset starta 12. januar og har vore halde på torsdagane fram til 8. mars. Siste kurskveld var foreldra inviterte til å smake sunt brød med sunne kaker og kaffi til. Foreldra lovprisar kurset og er glade for at barna deira fekk moglegheita til å delta.   Også ordføraren i Sande, Karl Einar Haslestad, som var invitert avslutningsdagen, lovprisar kurset og peiker på at det er viktig at den komande generasjonen forstår korleis dei skal bruke riktige råvarer til sunt kosthald. – Det er derfor gledeleg å sjå resultata og engasjementet til dei unge, seier ordførar Haslestad. – Vi har hatt det kjempemoro og lært masse, fortel barna.   Olaf synest det er kjempegøy med mat. Han likte det meste, både fiskeburger og «tilslørte samdedamer».   – Kjempegøy, synest Oliver. – Fiskeburger er toppen. Det hender eg no får hjelpe mormor heime på kjøkkenet hennar.

IN

G

SE

Kule kokkar – kul mat

KS

EM PL AR

Før du les: Kva forbind du med sunn mat? Kva trur du ein lagar på eit matkurs der maten skal vere både god og sunn? Sjå på bildet og les ordforklaringa.

VU

R

D

ER

Prosjektet «Kul mat» i regi av kulturskolen blei ein stor suksess. Prosjektet har fått barn til å interessere seg for riktig og sunt kosthald rundt grytene heime på kjøkkenet – til stor glede for foreldra.   Annie Elstad er mor til Adrian. – Dette er utruleg stort for både barn og foreldre, synest Elstad og held fram: – Etter nokre få dagar oppdaga vi at Adrian hadde blitt meir sjølvstendig etter å ha deltatt på kurset. Han er tidleg oppe på morgonkvisten for å lage mat og gler seg til skolen for å få lære meir om matlaging og sunt kosthald. Det morosame er at han no insisterer på å få delta i matinnkjøpa, slik at vi får dei riktige produkta på bordet til middagen. «Kul mat»-kurset er utan tvil viktig for barna. – Vi har vore heldige som har fått prosjektet «Kul mat» til Sande, fortel kulturskolerektor Bjørn Luksengård.   Midlar til å gjennomføre kurset blei løyvde av Norsk kulturskoleråd etter søknad. – I tillegg har vi fått John Tore Frydenlund som dyktig lærar/instruktør for dei unge deltakarane

42

Generasjon: dei som lever omtrent samtidig


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor vil Adrian vere med og handle mat? 2 Kva for ein vekedag har det vore matkurs? 3 Skriv namna på dei barna du får høyre om frå kurset. 4 Kva for ein jobb har Karl Einar Haslestad?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kven hjelper mormor på kjøkkenet?

KS

1 Kva for eit ord i teksten viser at Adrian står tidleg opp? 2 Kvifor har truleg ein del av barna sett John Tore Frydenlund før kurset starta?

SE

3 Vis med eksempel frå teksten at barna lagar sunn mat på kurset.

G

4 Kven er inviterte på den siste kurskvelden?

VU

R

D

ER

IN

5 I teksten er orda «insistere» og «lovprise» brukte. Forklar kva desse orda betyr.

Tenk over teksten 1 Kvifor blir kurset kalla «Kul mat», trur du? Nemn gjerne fleire grunnar. 2 Kva måtte kulturskolen gjere for å få pengar frå Norsk kulturskoleråd? 3 Det er berre gutar frå kurset som blir intervjua, ingen jenter. Kva trur du er grunnen til det? 4 Kven trur du ordføraren tenker på når han snakkar om «den komande generasjonen»? 5 Kva fortel bildet deg om kurset og deltakarane?

43


Før du les: Norway Cup er ei internasjonal fotballturnering i Oslo for ungdom og blir rekna som ei av dei største fotballturneringane i verda. Kva forbind du med Norway Cup?

EM PL AR

Si; D Endeleg er det Norway Cup. Ei herleg veke full av nye vennskap, forelskingar, konsertar, matopplevingar … og fotball.

IN

G

SE

KS

Mange gutar seier: – Æsj, jentefotball, så pinglete! Men de ANER ikkje korleis det er å spele jentefotball, det er ikkje så pinglete som det ser ut som. Det er ikkje berre gutar som driv med taklingar, spenningar og det å vere frekk i munnen mot motstandarane eller dommaren. Så det så! Og frå i går til 5. august er verdas største fotballcup for barn i gang. Barn frå 10 til 19 spelar fotball med barn frå heile verda! Ein bra måte å samle barn med mange forskjellige kulturar og interesser her i «vesle» Noreg!

ER

Eg gler meg over fotballen, men også mykje anna. I går var det stort opningsshow for barna, Aylar Lie opptredde. Basshunter med sommarhiten «Botten Anna», Darin (frå Sveriges IDOL), rumenske Akcent, Marie Serneholt og deltakarar frå årets norske IDOL.

VU

R

D

Men å sove over med heile fotballaget må jo vere noko av det mest morosame med heile cupen. Du søv i eit klasserom på ein eller annan skole ein stad i byen. Ligg og snakkar om kvelden og blir kanskje kjent med andre barn som også søv på skolen. Eg som kjem frå Oslo, søv heime. Det er ganske kjipt! Norway Cup har dessutan ei veldig fin ordning. Dersom dei fotballskoa som står på hylla inne i skapet, og som du skåra mål med i fjor, er blitt for små, kan du la nokre andre ha glede av dei. Ta dei med til Norway Cup, så blir dei sende til Gambia, og barn som vanlegvis plar spele med berre føter, spelar no med nokre gode og fine fotballsko! Tenk på at i alle desse åra har barn frå heile verda kome for å møtast til fotballkamp og kanskje nye vennskap!? Og så er det alt det andre du kan gjere når du ikkje spelar. Det er gratis tilgjenge til tivoli og museum. Og så er det kantine, med seriøst god mat! Norway Cup er også tida for forelskingar. Alle jenter kjenner vel igjen den situasjonen der du og nokre venninner sit bak eit mål og ser på guten som står i mål, og som er DEN kjekkasen! Eller at de sit og vinkar til kvarandre på sidelinja. Eg har det så gøy som berre PiiiiP. 44

Si; D er Aftenposten si debattside for ungdom. Hit kan ungdom mellom 13 og 18 år sende innlegg om saker dei er opptatt av.


Finn informasjon i teksten 1 Kva er alderen på deltakarane i Norway Cup? 2 Kven har vore med i Idol i Sverige? 3 Kvifor overnattar ikkje ho som skriv dette, på ein skole? 4 Kva er gratis for deltakarane under Norway Cup?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Skriv setninga som viser at maten på Norway Cup er god.

KS

1 Korleis veit du at det er ei jente som har skrive dette? 2 Korleis viser ho som har skrive dette, at jentefotball ikkje er pinglete?

SE

3 Kva er det einaste som er kjipt med Norway Cup for jenta som skriv?

G

4 På kva måte hjelper Norway Cup barn i andre land?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva meiner jenta med at ho «har det så gøy som berre PiiiiP»?

Tenk over teksten 1 Kva er det i teksten som viser at ho som skriv dette, truleg har venta på Norway Cup? Skriv setninga. 2 Kvifor bruker ho som skriv, store bokstavar her: «De ANER ikkje…» «… DEN kjekkasen»? 3 Kva går jenta glipp av ved å ikkje overnatte på ein skole? 4 Kva meiner ho med å skrive «vesle» Noreg, trur du? 5 Kva trur du jenta ønsker å oppnå med dette lesarinnlegget på Si; D?

45


EM PL AR

Før du les: Har du lese ein blogg på nettet? Kva tenker du om at folk skriv om seg sjølv på nettet, på ei side som er open for alle? Sjå på bildet og les ordforklaringa.

KS

Aslaugs blogg

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Eg har veldig mange uvanar, men nokre er sjølvsagt meir irriterande enn andre! Skal prøve å skrive 10 av mine verste, kanskje nokon av dykk har dei same? – Eg «virrar» om nettene. Det vil seie at eg ligg veldig uroleg og rullar kroppen og hovudet fram og tilbake. Ja, eg er veldig spesiell. – Bit negler/skinnet rundt neglene. Dette er utruleg irriterande! Får så stygge negler av det, og sidan skinnet mitt er veldig laust, så bit eg det også. Ekkelt. – Eg må ha musikk for å sove. Dersom ikkje, ligg eg i ei evigheit før eg sovnar, så dette er veldig slitsamt. – Er veldig rotete av meg. Det hjelper nesten ikkje å rydde rommet mitt, for etter maks nokre dagar ser det bomba ut! – Utset som oftast ting. Dette er ikkje alltid bra, med tanke på at skolearbeidet skal bli gjort. Endar veldig ofte med altfor mykje på ein dag! – «Usunnskalaen» min frå 1–6 er heilt klart 6. Eg er så usunn. Et altfor ofte snop, chips og usunn mat. Not good. – Ser i kjøpeskapet utan grunn. Ofte går eg berre og ser i kjøpeskapet, sjølv om eg ikkje skal ha mat. Skjønar ikkje kvifor? – Knekker fingrane. Eg var flink og slutta med dette, men no har eg begynt igjen. Årh, irriterande. – Seier «hæ». Sjølv om eg høyrde kva han/ho eigentleg sa, seier eg «hæ?». – Facebook i staden for lekser. Når eg skal gjere lekser, kan ikkje dataen vere i nærleiken. Det tar alltid lang tid dersom eg må gjere skolearbeid på dataen.

Blogg: ei form for dagbok som blir lagd ut på nettet, slik at alle kan lese henne

46

Kategoriar · Anbefalingar/Tips · Antrekk · Being a girl · Bilder · Blogg · Helg · Hot or not? · Kvardag · Innkjøp · Inspirasjon · Me, Myself and I · Meiningar · Minne · Personleg · Spørsmål og svar · Vekas blogg · Venner · Videoblogg · Wants Arkiv · Mai 2013 · April 2013 · Februar 2013 · Januar 2013 · November 2012 · Oktober 2012 · September 2012 · August 2012 · Juli 2012 · Juni 2012 · Mai 2012 · April 2012 · Mars 2012 · Februar 2012 · Januar 2012


Finn informasjon i teksten 1 Kva er ein blogg? 2 Kva er det som gjer at Aslaug får stygge negler? 3 Kvifor er det ikkje noko poeng for Aslaug å rydde rommet? 4 Kva for nokre engelske ord bruker Aslaug?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva gjer Aslaug på dataen?

KS

1 Kva for ein uvane klarte Aslaug å kvitte seg med i ein periode? 2 Kva uvanar er knytte til ei bestemt tid på døgnet?

SE

3 Kvifor har Aslaug av og til veldig mykje skolearbeid som må gjerast i løpet av ein dag?

G

4 Kva betyr det at Aslaug har 6 på usunnskalaen?

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor bruker Aslaug engelske ord, trur du?

Tenk over teksten 1 Skriv setninga som viser at Aslaug vender seg til deg som lesar. 2 Kva for ein uvane trur du det er vanskelegast for Aslaug å slutte med? Grunngi svaret ditt. 3 Kva kan vere grunnen til at ein svarer «hæ» sjølv om ein høyrer det som blir sagt? Foreslå ein eller fleire grunnar. 4 Foreslå grunnar til at Aslaug skriv denne bloggen. 5 Tenk gjennom, og fortel om ein eller fleire uvanar du har. 47


© 2013 GAN Aschehoug, Oslo ISBN 978-82-492-1577-5 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2013 Forlagsredaktør: Kristin Hide Grafisk design: Nygaard Design Trykk og ferdiggjering: Drogowiec-PL Sp. z o.o Forfattaren har fått støtte til utgivinga frå Det faglitterære fond.

EM PL AR

Illustrasjonar 4 Colopach/Shutterstock, 6 fotohunter/Shutterstock, 8 Esra C. Røise, 10 Camp Vierli, 14 Jaroslava V/Shutterstock, 16 Hasselnott/Shutterstock (ø), zetwe/ Shutterstock (m), SlipFloat/Shutterstock (n) 18 Erik Borgersen, Venneforeningen Tertitten (ø), Akershusmuseets fotosamling, foto: Jan Lysaker (n), 20 Esra C. Røise (ill.), Bernardini et.al OloS 2012 (foto), 22 Aschehoug forlags bildearkiv (ø), Esra C. Røise (n), 24 Frukt.no / Morten Brun (ø), Sergii Figurnyi/Shutterstock (m), Drozdowski/Shutterstock (n), 26 H. Aschehoug & Co, 28 Elena Schweitzer/ Shutterstock (m), oksix/Shutterstock (ø), Sergej Doronin/Shutterstock (n), 30 Panos Karas/Shutterstock (ø), Shutterstock (m), Trond Erik Hillestad (n), 32 Anna Yefimenko/ Shutterstock, 34 Amero/Shutterstock (ø), Steshkin Yevgeniy/ Shutterstock (m), Daksel/Shutterstock (n), 36 Aftenposten / www.paskrass.no, 38 Dennis Molenaar/ Shutterstock, 40 Redd Barna / Rebecca Jafari, 42 Sande Avis/Svein-Ivar Pedersen, 44 Thomas Winje Øijord / Scanpix

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Tekstkjelder Aftenposten / Marie Helene Selvig: «Fotballparadiset». Omsett frå bokmål. Aftenposten / www.paskrass.no: «På skråss med Simon». Omsett frå bokmål. Akershusmuseet, avd. Urskog-Hølandsbanen: «Tertitten». Omsett frå bokmål. Bjørnson, Bjørnstjerne: En glad gutt, Verker i samling I, redigert av Edvard Beyer, De norske bokklubbene, 1993. Omsett frå bokmål. Camp Vierli: «Skatecamp i høstferien». Omsett frå bokmål. forskning.no / Asle Rønning: «Tannfylling fra steinalderen». Forkorta og omskriven etter avtale. frukt.no: «Pizzasnurrer med grønnsaksfyll». Omsett frå bokmål. Hagerup, Inger: «Når det knirker i porten», Så rart – samlede barnevers, Aschehoug forlag, 2005 Lewis, Carroll: Alice i Eventyrland, Aschehoug forlag, 2010. Omsett frå bokmål. Nesbø, Jo: Doktor Proktors prompepulver, Aschehoug forlag, 2007 nysgjerrigper.no / Terje Stenstad: «Kjerringråd mot tårer når man skjærer løk». Forkorta og omskriven etter avtale. nysgjerrigper.no / Vera Micaelsen og Ida Skaar: «Snøhvit og eplet». Forkorta og omskriven etter avtale. Prøysen, Alf: «Bursdag i bakvendtbyen», Barnas festbok, Gyldendal forlag, 2000. Omsett frå bokmål. Redd Barna / Pia Grasli: «Først og fremst barn» Sande Avis / Journalist Svein Ivar Pedersen / Haga SFO: «Kule kokker – kul mat». Omsett frå bokmål. Tusvik, Marit: «Mors gode råd» og «Uimotståeleg», Den store dikt- og regleboka, Aschehoug forlag, 2005 Vold, Jan Erik: «Lekediktet», Den store dikt- og regleboka, Aschehoug forlag, 2005

Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.