Lesing pågår b nynorsk

Page 1

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Hanne Solem

KS

EM PL AR

Lesing pågår B gir elevene verdifull trening og kompetanse i lesing som grunnleggende ferdighet. Boka inneholder 22 oppgavesett med tekster i ulike sjangere på tvers av fag. Oppgavesettene har følgende struktur: • Før du leser • Finn informasjon i teksten • Forstå teksten • Tenk over teksten Boka inngår i serien Lesing pågår som dekker 5.–7. trinnet.

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no 9 788249 216123

Lesing pågår B – Bokmål ISBN 978-82-492-1612-3

GAN Aschehoug


Til deg

EM PL AR

som skal bruke boka Lesing pågår gir deg verdifull trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Her får du arbeide med varierte tekstar og oppgåver på ulike nivå. Du får òg møte nokre tekstar som er på bokmål.

SE

KS

Før du les Øvst på kvart oppslag finn du spørsmål som skal hjelpe deg med å førebu lesinga. For å forstå ein tekst betre er det viktig at du alltid først orienterer deg i teksten, finn ut kva han handlar om, og bruker det du kan om temaet frå før.

VU

R

D

ER

IN

G

• Les overskrifta og eventuelle mellomoverskrifter. Kva fortel dei deg? Kva veit du om dette temaet? • Sjå på illustrasjonane og les bildetekstane. Dei inneheld informasjon som er nyttig for deg, og som du kanskje ikkje finn andre stader i teksten. • Les ordforklaringane. Er det ein fagtekst, inneheld han kanskje ord som er nye for deg, men som du bør forstå fullt ut for å få fullt utbytte av teksten. • Har teksten ei innleiing? Ho gir som regel nyttig informasjon om kva teksten handlar om. • Nokre tekstar har ei avslutning som summerer opp teksten. Til kvart oppslag er det spørsmål på tre nivå: Finn informasjon i teksten Her finn du svar på spørsmåla direkte i teksten. Forstå teksten Her krev spørsmåla at du må leite meir i teksten etter svara og trekke slutningar. Tenk over teksten Her må du i tillegg bruke dine eigne tankar, meiningar, erfaringar og kunnskap når du svarer. Nokre av spørsmåla kan ha fleire moglege svar. Gratis fasit til Lesing pågår B finn du på www.gan.aschehoug.no.


Innhald Det skulle berre vere ein enkel operasjon ....................................................4 Forsøk i naturfag – hender i kaldt og varmt vatn ......................................6

EM PL AR

Magnus Carlsen skaper sjakkfeber..................................................................8 Vesle John Otte ....................................................................................................10 Hundar viser kjensler med ansiktet ..............................................................12 Annas blogg – Matpakka!.................................................................................14 Verdas største primtal er funne ......................................................................16 Hyl i natten (bokmål) .........................................................................................18

KS

Bruk hjelm! .............................................................................................................20 Vi hjelper deg med reisa til London!.............................................................22

SE

På sparebluss ........................................................................................................24 Norske rovdyr på raud liste ..............................................................................26

G

Velkommen til årets sommarleir på Strandøya! .......................................28

IN

Emil, Oliver og Amerigo Vespucci..................................................................30 Behovet for å utforske verda ...........................................................................32

ER

Ein god latter forlengjer livet ..........................................................................34

VU

R

D

Kan to personar ha likt fingeravtrykk? .........................................................36 Tre dikt (bokmål)..................................................................................................38 Kjære dagbok........................................................................................................40 Knask eller knep? .................................................................................................42 Éin mumie – mange kister ...............................................................................44 Falske minne .........................................................................................................46


Før du les: Kva fortel bileta deg om Sarah Louise Rung Kva forbind du med dei paralympiske sommarleikane?

Det skulle berre vere ein enkel operasjon

EM PL AR

Sarah Louise Rung – gull i svømming i dei paralympiske sommarleikane

KS

Sarah Louise Rung (21) var aktiv i Madla svømmeklubb i Stavanger da ho gjekk gjennom ein ryggoperasjon som skulle vere heilt ufarleg. Fire månader seinare trilla ho ut av Haukeland universitetssjukehus i rullestol.

SE

1. september 2008: «Sarah operert. Det har gått frykteleg gale. Usikker på utsiktene».

VU

R

D

ER

IN

G

Dette var meldinga som tikka inn på mobilen til søstera til Sarah, Victoria, frå mamma. Sarah skulle berre gjennomføre ein enkel operasjon for å unngå å bli skeiv i ryggen seinare. Operasjonen var mislykka. Ved ein feil blei nervetrådar rivne av, og Sara blei lam frå livet og ned. Da Sarah kom til seg sjølv etter operasjonen, blei dei paralympiske sommarleikane – i Beijing – viste på TV. Det var i september 2008. – Der skal eg vere med, sa Sarah og titta på TVskjermen. Ho hugsar det ikkje så godt sjølv, men det gjer mora. Det var først og fremst trenaren til Sarah, Morten Eklund, som fekk Sarah til å vende tilbake til svømminga. Sarah hadde tenkt å studere i Bergen, slik planen var før ho blei operert, men trenaren visste korleis han skulle inspirere Sarah til å satse på svømminga: – Eg tok eit A4-ark og viste henne det. Eg fortalde at 99,9 prosent av alle nordmenn lever eit A4-liv. No hadde ho sjansen til å gjere noko heilt anna. Sarah slo til. Ho valde å satse på svømming, nesten på heiltid, og studere litt ved sida av. Ho blei verande i Stavanger, der ho fekk seg leilegheit og bil. – Sarah er svært målretta, allsidig, har ein sterk indre motivasjon og er annleis enn mange andre funksjonshemma. Medan andre skal vise heile verda 4

Sarahs motto er: «Det finst ingen grenser.» Ho har dessutan enda eit motto: «Det finst ingen snarvegar til stader det er verdt å komme til.»

kva dei kan klare, liker Sarah å trene, bli utfordra, bli sett krav til, fortel Morten Eklund. 1. september 2012: Gullhåpet Sarah Louise Rung skal ut i den første svømmeøvinga i dei paralympiske sommarleikane i London – på dagen fire år etter den mislykka operasjonen. Det har vore fire år med målretta og hard trening som har ført til at ho har sett verdsrekord fleire gonger. I dei paralympiske sommarleikane tek Sarah to gullmedaljar og to sølvmedaljar. Ein draum er oppfylt!

Paralympiske leikar: idrettskonkurranse for fysisk funksjonshemma etter mønster av olympiske leikar (OL)


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor blei Sarah operert i ryggen? 2 Kva bestemte Sarah seg for på sjukehuset etter operasjonen? 3 Kor lang tid tok det frå Sarah blei operert, til ho blei skriven ut frå sjukehuset? 4 Kven var det som fekk Sarah i gang med svømminga igjen?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Skriv setninga som viser at Sarah driv med både svømmetrening og studium.

KS

1 Kvifor hugsar ikkje Sarah så godt det ho sa på sjukehuset, trur du?

SE

2 På kva måte synest trenaren at Sarah skil seg ut frå andre funksjonshemma? 3 Kva betyr det at Sarah var eit gullhåp?

G

4 Kva var spesielt med datoen da Sarah for første gong deltok i dei paralympiske sommarleikane?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva trur du Sarah meiner med mottoet «Det finst ingen grenser»?

Tenk over teksten 1 Forklar kva som gjer at overskrifta «Det skulle berre vere ein enkel operasjon» passar til teksten. 2 Skriv ein bilettekst som du synest passar til fotografiet av Sarah i rullestol. 3 Kva betyr det å leve eit A4-liv, trur du? 4 Kva meiner Sarah med at det ikkje finst nokon snarvegar til stader det er verdt å komme til? 5 På kva måtar kan Sarah vere eit førebilete for andre menneske?

5


Før du les: Kva betyr det å gjere forsøk i naturfag? Kva fortel bileta deg om dette forsøket?

Forsøk i naturfag

SE

IN

Førebuingar: De arbeider to og to saman. Fyll tre bøtter med vatn – éi med iskaldt vatn (ha gjerne isbitar i vatnet), éi med lunkent vatn og éi med svært varmt vatn (men ikkje så varmt at du brenner deg).

G

Mål for forsøket: Vi gjer forsøk som viser oss at huda først og fremst kjenner temperaturforandringar. Vi kan ikkje måle temperaturen nøyaktig med huda vår.

KS

EM PL AR

– hender i kaldt og varmt vatn

ER

ei stund. Deretter tek de begge hendene over i det lunkne vatnet.

VU

R

D

Først gjer de dette forsøket: Den eine skal halde handa i bøtta med iskaldt vatn, og den andre skal halde handa i bøtta med varmt vatn. Tel høgt til 50. Ikkje tel for fort! Deretter legg begge handa si i bøtta med lunkent vatn. • Kva kjenner de? Kjennest det lunkne vatnet ut som varmt eller kaldt? • Svarer de forskjellig? Kvifor svarer de forskjellig, trur de? Har de ei forklaring?

Deretter prøver de etter tur: Ha den eine handa di i det iskalde vatnet og den andre handa i det varme vatnet. Hald dei der 6

• Kva opplever de? Gir hendene forskjellig beskjed til hjernen?

Fagleg forklaring: Nervecellene som fangar opp temperaturforandringar i huda, registrerer først og fremst om det blir forandringar i temperatur, altså om det blir varmare eller kaldare. Fakta om hud: • Huda dekkjer heile kroppen og er vårt største organ. • Vi kan ikkje leve utan hud. Huda vernar oss mot fysiske skadar, giftstoff, bakteriar og virus. • Huda hjelper til med å regulere kroppstemperaturen ved å sveitte. • I løpet av ein–to dagar har vi skifta ut det ytste hudlaget. Dei døde hudcellene blir til støv.

Dei måler ikkje kva temperatur det er. Det er grunnen til at ei hand som går frå iskaldt til lunkent, opplever det lunkne vatnet som varmt, medan ei hand som går frå glovarmt til lunkent, vil oppleve lunkent som kaldt. Dersom éin og same person gjer dette med begge hender, vil hendene sende motsette signal til hjernen.

• Gjennom å la oss føle temperatur, smerte, trykk og berøring gir huda oss viktig informasjon om verda vi lever i. • Vi mistar omtrent 50 000 hudpartiklar i minuttet. I løpet av eit år har vi mista ca. to kilo hår og hud. • Ein vaksen person har rundt to kvadratmeter hud.


Finn informasjon i teksten 1 Kva er målet for dette forsøket? 2 Kva treng ein av utstyr for å gjennomføre forsøket? 3 Skriv setninga som viser at handa ikkje berre skal dyppast i vatn, men at ein skal halde henne der ei stund. 4 Kva vernar huda oss mot?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvar blir det av dei døde hudcellene våre?

KS

1 Kva er grunnen til at det er lurt å ha isbitar i det kalde vatnet?

SE

2 Kvifor skal ein ikkje telje for fort til 50 under det første forsøket?

IN

G

3 I det første forsøket skal begge deltakarane flytte handa over i lunkent vatn. Kva ville dei to truleg ha svart dersom du bad dei om å beskrive temperaturen på det lunkne vatnet?

VU

R

D

ER

4 Kvifor er det viktig å sveitte? 5 Omtrent kor stor er overflata på kroppen til ein vaksen person?

Tenk over teksten 1 Kva kan grunnen vere til at ein også skal gjere forsøket aleine, det vil seie halde éi hand i kaldt vatn og éi hand i varmt vatn? 2 Kva kan du lære av dette forsøket som du kan ha nytte av i kvardagen? 3 Kva er fordelen med at huda reagerer raskt på smerte? På kva måte kan det verne oss mot farar? 4 Kvifor blir vi ikkje hud- og hårlause når vi mistar så mykje hud og hår i løpet av eit år? 5 Kva er fordelane med å finne ut noko gjennom forsøk framfor å lese om det i ei bok? 7


Før du les: Kva veit du om sjakk, og kva veit du om Magnus Carlsen?

EM PL AR

I sjakk er spelet ikkje påverka av tilfeldigheiter.

KS

1

2

1 bonde 2 tårn

3

4

5

6

3 springar 5 dronning 4 løpar 6 konge

Magnus Carlsen var berre 22 år da han vann VM i sjakk mot Vishy Anand frå India.

SE

Magnus Carlsen

angrep» på ein slik måte at den andre ikkje kan gjere nokon lovlege trekk. Kongen er da sjakk matt, og spelet er over. Spelet kan også ende uavgjort, det blir kalla remis.

IN

G

skaper sjakkfeber

VU

R

D

ER

Sjakkinteressa i Noreg veks! Bokhandlane melde om ei tredobling i salet av sjakkbrett da Magnus Carlsen deltok i VM i sjakk hausten 2013. Da han vann verdsmeisterskapen, tok interessa heilt av, det verka som om nesten alle var smitta av sjakkfeber! Kanskje var du ein av dei som begynte å spele sjakk? Eller som blei nysgjerrig på kva som er så spesielt med dette spelet? Eit spel som mange kallar ein idrett, enda det er eit brettspel? Kva er eigentleg sjakk? Sjakk er eit brettspel for to personar. Spelet består av eit kvadratisk brett med 64 felt som er vekselvis lyse og mørke. Kvar deltakar har 16 brikker kvar – den eine har svarte brikker, den andre kvite. Spelaren med dei kvite brikkene begynner, eller som ein seier på «sjakkspråket» – har det første trekket. Kvar gong ein flyttar ei brikke, er det eit trekk. Kongen er den viktigaste brikka i sjakk. Målet for den som speler, er å setje kongen til motstandaren «under 8

Dei 16 brikkene som kvar spelar har, er ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder. Ein del kallar også springaren for hest. Før spelet begynner, er kvar brikke plassert på sin bestemte plass på brettet. Det er strenge reglar for korleis ein kan flytte dei ulike brikkene. Ved å flytte brikkene kan ein slå ut brikkene til motstandaren. Sjakk har eigentleg ganske enkle reglar, som også barn kan lære seg. Det er måten ein speler på, som avgjer om ein vinn. For å bli god i sjakk må ein trene mykje. Det å trene mykje er likevel ikkje nok! Ein må kunne berekne og hugse ulike trekk og posisjonar, vite korleis ein opnar og avsluttar eit spel på den smartaste måten, og ha godt minne, god konsentrasjon og evne til å halde ut. Somme seier det slik: Først må ein lære sjakk, så kan ein trene sjakk, og deretter kan ein spele sjakk. Kvar kan ein lære seg sjakk? Eller lære å bli ein betre spelar? Mange skolar har eigne sjakk-kurs, det finst sjakk-klubbar, bøker om sjakk, appar med sjakk … Det skulle vere mogleg å lære seg spelet og å praktisere det. Ein treng ikkje å bli spelar på konkurransenivå, dei fleste sjakkspelarar har sjakk som hobby!


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor blei så mange interesserte i sjakk i 2013? 2 Kva heiter dei ulike brikkene i sjakk? 3 Kven av spelarane begynner i sjakk? 4 Kva betyr remis?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kven spelte Magnus Carlsen mot i VM?

1 Forklar kva det betyr at sjakkbrettet er kvadratisk.

KS

2 Kva betyr «eit trekk» i sjakk?

SE

3 Enkelte kallar springaren for hesten. Kvifor det, trur du? 4 Kvifor passar sjakk for både barn og vaksne?

ER

IN

G

5 Forklar kva det betyr å vere uthaldande.

VU

R

D

Tenk over teksten 1 Kva betyr brettspel? Nemn andre brettspel du veit om. 2 Sjå på fotografiet av Magnus Carlsen. Kva trur du han tenkjer og føler? 3 I sjakk er spelet ikkje påverka av tilfeldigheiter. Kva betyr det? Nemn spel der du veit at tilfeldigheiter også speler ei rolle. 4 Kva krevst for å bli god i sjakk? Svar både ut frå det som står i teksten, og det du sjølv tenkjer. 5 I somme land er sjakk rekna som ein idrett, i andre land ikkje. Kva grunnar kan du finne for at sjakk kan reknast som ein idrett? Kva grunnar kan du finne for at sjakk ikkje kan reknast som ein idrett? 9


Før du les: Kva tenkjer du er typiske kjenneteikn for eventyr? Kva kan det komme av at mange eventyr ikkje har nokon forfattar?

Vesle John Otte

VU

R

D

KS

ER

IN

G

SE

Det blir fortalt at John Otte var ein liten gut som levde for svært lenge sidan. Han var ein vakker gut, men utsjånaden passa slett ikkje til oppførselen hans. Vesle John Otte var nemleg slem, riktig slem. Han brydde seg aldri noko om det dei vaksne sa. Likevel var mor hans svært glad i han. Ho prøvde å fortelje John Otte kva han skulle gjere, og kva han ikkje skulle gjere, men John Otte gjorde alltid det han ikkje burde gjere. «Vesle John Otte», sa mora. «Ver så snill å ikkje sitje baklengs på stolen! Det bringar ulykke over familien!» Da sette John Otte seg baklengs på alle stolane han kunne finne. Maisbrødet til mora blei brent, og ho klarte ikkje å kjerne smør. Vesle John Otte lo og lo, han visste kvifor alt gjekk gale. «Søte John Otte», sa mora, «la vere å klatre i trea i dag som det er søndag! Dersom du gjer det, kjem ulykka til å ramme oss!» Men vesle John Otte sneik seg sjølvsagt unna og klatra i alle dei trea han kunne finne. Det varte ikkje lenge før potetene til faren slutta å vekse, og muldyret dei hadde, ville ikkje pløye. Vesle John Otte visst godt kvifor dette skjedde, men han heldt det for seg sjølv. «Snille John Otte, du må ikkje telje tennene dine», sa mora, «for da blir det sjukdom i familien!» Straks gøymde vesle John Otte seg bak huset og talde tennene sine. Han talde dei kvar dag heile veka, 800 gonger i alt. Da fekk mor hans hoste og veslesøstera mageknip. «Kjære vesle John Otte», sa mora, «ikkje ligg med hovudet mot fotenden av senga, for da kjem vi i pengemangel!» John Otte begynte straks å sove med hovudet mot fotenden. Det varte ikkje lenge før familien hans var lutfattig, men John Otte berre klukka av latter. «Pass på at du ikkje går og sukkar på søndagar»,

EM PL AR

Ei attforteljing av eit eventyr frå Nord-Amerika

10

sa mora, «for da kjem Gamle Blodknokkel og tek deg.» Mora var framleis glad i John Otte. Likevel begynte John Otte å sukke og stønne på søndagar, ja, på måndagar også. Og sjølvsagt – ei natt skjedde det. Da kom Gamle Blodknokkel og forvandla vesle slemme John Otte til ein flekk. Han blei til ein mørk flekk på kjøkkenbordet. Det såg ut som ein feittflekk. Neste morgon kom mora ned på kjøkkenet og oppdaga flekken. «Den flekken såg eg visst ikkje i går», sa ho og begynte å gnikke og gni på han med ein våt klut. Til slutt var flekken heilt borte. Og da var vesle John Otte også heilt borte. Slik kan det gå med alle barn som ikkje høyrer etter.


Finn informasjon i teksten 1 Kva gjorde John Otte når mor hans fortalde han kva han ikkje burde gjere? 2 Kvifor klarte ikkje mora å kjerne smør? 3 Kva kunne skje dersom John Otte låg feil veg i senga? 4 Kva for personar får vi høyre om i dette eventyret?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva skjedde da flekken på bordet var borte?

1 Kva for kornsort brukte mora til å bake brød?

KS

2 Finn ord og setningar i teksten som viser at mora var glad i sonen sin.

SE

3 Korleis klarte John Otte å skjule det han gjorde? 4 Kva er det i teksten som viser at dette ikkje går føre seg i Noreg? Finn fleire eksempel.

ER

IN

G

5 John Otte sukka ikkje berre på søndagar, men på måndagar også. Kvifor det, trur du?

VU

R

D

Tenk over teksten 1 Kva trur du er meint med «utsjånaden passa slett ikkje til oppførselen hans»? Kva synest du om ein slik måte å tenkje på? 2 John Otte forstod kvifor potetene slutta å vekse. Kvifor heldt han det for seg sjølv? 3 Kva er det i teksten som viser at John Otte ikkje forstod at konsekvensane av handlingane hans også kunne gå ut over han sjølv? 4 Verkar det som om mora forstod at John Otte var blitt til ein flekk? Grunngi svaret ditt. 5 Kva kan årsakene vere til at vaksne vil fortelje dette eventyret til barna sine? Kva synest du sjølv om eventyret? Grunngi svaret ditt. 11


Før du les: Kva betyr det eigentleg å vise kjensler med ansiktet? På kva måtar kan dyr vise kjensler? Hugs å lese ordforklaringa.

SE

Forskarane har nokre forslag til forklaringar på at hundane løftar det eine augnebrynet meir enn det andre. Det kan komme av aktiviteten i dei områda i hjernen som styrer kjensler. Ei anna forklaring kan vere at hundane rett og slett opplever splitta kjensler når dei ser eigarane. – Synet av eigaren kan kalle fram både negative og positive kjensler, seier Nagasawa. – Det kan oppstå ein negativ respons, kanskje fordi hundane i forsøket ikkje kunne nærme seg og komme i kontakt med eigarane sine sjølv om dei kunne sjå dei, foreslår forskaren.

R

D

ER

IN

Ved hjelp av mellom anna høg­ hastig­heitskamera har japanske forskarar undersøkt forandringane som skjer i ansiktsuttrykka til hundar når dei blir gjenforeinte med eigaren sin. Når hunden såg eigaren sin igjen, fór det venstre augnebrynet til vêrs. Dersom hunden såg eit framandt menneske, skjedde noko heilt anna. Da trekte det venstre øyret seg litt bakover.

Alle hunderasar viser kjensler gjennom ansiktsuttrykk.

G

Hundar bruker ikkje berre halen for å vise at dei er glade. Ansiktsuttrykket til hunden forandrar seg også i takt med kjenslene!

KS

EM PL AR

Hundar viser kjensler med ansiktet

VU

Viktig kommunikasjonsform Kva skal til for at hunden rører på det høgre øyret i staden for det venstre? Da skal du vise ein gjenstand hunden ikkje liker. Det kan for eksempel vere ein negleklippar. – Undersøkinga viser at rørslene med øyra ein viktig del av måten hundar kommuniserer på, forklarer professor Miho Nagasawa frå avdeling for dyrevitskap ved Azabu University i Japan til den engelske avisa The Telegraph. Han fortel også at det er vanskeleg å forklare forskjellen på rørsler med øyre og augnebryn. 12

Menneske og hundar har utvikla seg saman Nagasawa er ikkje den første til å forske på forholdet mellom hund og hundeeigar. Professor Tina Bloom frå Walden University i Minneapolis har funne ut at sjølv menneske som nesten ikkje har erfaring med hundar, kan sjå om hunden er glad, trist, redd eller overraska. Det kan komme av at menneska har utvikla ein naturleg empati for hundar gjennom eit samliv som har vart i tusenvis av

år. Det er også slik at hundar les ansiktsuttrykk hos menneske og reagerer på dei. – Hundar er svært sosiale dyr og kommuniserer ved å bruke ei rekkje ulike ansiktsuttrykk, slår Miho Nagasawa fast. Menneska kan tolke ansiktsuttrykk hos hundar Forskinga viser også at ei rekkje frivillige klarer å se om ein hund er glad, sint, lei seg, overraska eller redd, berre ved å sjå på eit foto. – Det er ingen tvil om at menneske klarer å lese kjenslene til andre menneske gjennom ansiktsuttrykk. Men vi har bevist at menneske også klarer å lese kjenslene til ein hund tilnærma perfekt ved å sjå på eit bilete, seier professor Tina Bloom. Tina Bloom leidde studien saman med Harris Friedman ved Walden University, og for å bevise påstanden om at menneske kan lese hundar, brukte dei politihunden Mal, ein fem år gammal belgisk fårehund som «forsøkskanin». Empati: evna til å setje seg inn i og forstå kva andre føler


Finn informasjon i teksten 1 Kva gjer hunden, ifølgje forskarane, når han ser eit framandt menneske? 2 Kva for to universitet er nemnde i teksten? 3 Kva heiter professorane du får høyre om i teksten? 4 Kva er The Telegraph?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva betyr empati?

KS

1 Kva betyr det å bli gjenforeint med eigaren sin?

2 Kvifor reagerer hunden negativt på ein negleklippar, trur du? Grunngi svaret ditt.

SE

3 Kvifor kunne hundane i forsøket reagere både negativt og positivt på gjensynet med eigaren sin?

G

4 Kva er truleg grunnen til at hundar og menneske kan tolke ansiktsuttrykka til kvarandre?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva betyr det å vere forsøkskanin?

Tenk over teksten 1 Er det noko hunden rører på når han viser kjensler, som vi menneske også rører på? Gi gjerne eksempel. 2 Kva betyr det at «menneske klarer å lese kjenslene til andre menneske»? 3 Sjølv menneske som ikkje er vane med hundar, kan forstå ansiktsuttrykka til hunden. Kva kan det komme av, trur du? 4 Sjå på bileta og beskriv korleis du trur hunden kjenner seg på kvart av dei. 5 Kvifor kan forsking på ansiktsuttrykk hos hunden vere nyttig? Finn fleire grunnar. 13


Før du les: Somme seier at matpakke er «typisk norsk». Kva meiner dei med det? Kva tenkjer du om å ha med deg matpakke på skulen? Hugs å lese ordforklaringane.

Annas blogg Matpakka!

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Eg er lei av MATPAKKA! Er du også? Kvifor må vi i Noreg slite med den kjedelege matpakka når skoleelevar i andre land får servert varm mat til lunsj? Skikkeleg urettferdig, spør du meg. Eg las ein eller annan stad at barn i Noreg et i gjennomsnitt 3500 matpakker frå dei startar i barnehagen, til dei er ferdige med 10. klasse. 3500! Det blir ein stad mellom 7000 og 14 000 brødskiver, det! Stakkars oss! Men uansett, medan vi ventar på at norske politikarar skal skjønne at vi også fortener den varme lunsjen (dei får sikkert kjempegod lunsj sjølve i ei kantine kvar dag), må det vel gå an å gjere noko med matpakka for å gjere henne meir freistande? Det har i alle fall eg tenkt å gjere. Eg har blitt inspirert av den norske jenta Ida Skivenes (29), som har blitt verdskjend for brødskivene sine – ja, rett og slett for brødskiver! Eg las i avisa at da Her ser du dei fine skivene til Ida ... ho la ut bilete av dei lekre skivene på Instagram, der ho kalla seg @idafrosk, tok det heilt av. Snart var det over 40 000 som begynte å sjå på bileta hennar. Det er ikkje så rart – skivene hennar er jo reine kunstverka! Dei er sikkert sunne også. FREISTANDE er dei i alle fall. No krev det ein del tid å lage så lekre brødskiver til matpakka om morgonen, i alle fall dersom ein er eit morgontrøytt B-menneske, slik eg er (enda @idafrosk seier at det berre tek 15 minutt). Og dersom ein ikkje har ei mamma som lagar matpakke til barna sine … Uansett har eg funne ut at eg ikkje vil lage supermatpakke kvar dag. Måndag og fredag er eigentleg dagane som peiker seg ut. Måndag fordi det er ein litt kjip dag, og fredag fordi det er ein herleg dag, straks helg. Men eg ser at det er eit problem med måndagen. Måndag morgon er det sjeldan mykje festleg mat i kjøleskapet, altså blir det vrient å lage seg ei lekker matpakke. Kanskje fredag i første omgang, da. Hm … Mamma har sett på bileta og spør meg kvar det blir av alt «avskjeret». Akkurat som om det er eit problem? Det blir så klart ein del av frukosten, det! Dessutan skal eg ikkje lage akkurat like brødskiver som Ida. Eg skal bruke fantasien og finne på mine eigne, og eg skal fotografere dei også. Følg med! Eg er i gang, så vidt … Følg @anna.smatt! ... og her er forsøket mitt.

Instagram: ei gratis fotodelingsteneste for mobiltelefon Blogg: ei form for dagbok som blir lagd ut på nettet, slik at alle kan lese henne

14


Finn informasjon i teksten 1 Kva meiner Anna er den største forskjellen på lunsjen for skoleelevar i Noreg og i andre land? 2 Kor lang tid seier Ida at det tek å lage lekre brødskiver? 3 Kvifor er ikkje måndag ein god dag for å lage ei lekker matpakke? 4 Kva synest Anna om fredagar?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er forskjellen på å skrive blogg og å skrive dagbok?

KS

1 Korleis klarte Ida å få så mange til å bli opptekne av brødskivene ho laga?

SE

2 Skriv setninga som viser at Anna ser på det å lage lekre matpakker som ei førebels ordning. 3 Kva grunnar har Anna for ikkje å ha med seg lekre brødskiver i matpakka til vanleg?

G

4 Kva får du vite om mor til Anna?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva for ei av skivene til Ida synest du ser sunnast ut? Grunngi svaret ditt.

Tenk over teksten 1 Kvifor skriv Anna ordet «matpakka» med store bokstavar, trur du? 2 Kvifor samanliknar Anna sin eigen lunsj med lunsjen til politikarane? 3 Sjå på skivene til @idafrosk. Kva ser det ut som ho har late seg inspirere av? Kva er det som gjer desse brødskivene freistande? 4 Kva tenkjer du når du les det fulle namnet til @idafrosk? 5 Ut frå biletet av brødskiva til Anna og det ho skriv, korleis trur du ho vil lykkast som @anna.smatt? Grunngi svaret ditt. 15


Før du les: Kva veit du om partal, oddetal og primtal? Hugs å lese ordforklaringane.

Men kva er eit primtal? Og hugsar du forskjellen på partal og oddetal?

Tilbake til verdas største primtal. Det er dessverre ikkje plass til å skrive heile talet her. Det har nemleg over 17 millionar siffer! Skulle du skrive alle sifra i dette talet ved sida av kvarandre, ville det blitt over 50 kilometer med tal.

SE

Eit oddetal er eit tal som ikkje kan delast på 2. Dersom du prøver å dele eit oddetal på 2, blir det eit desimaltal, det vil seie ikkje eit heilt tal. Oddetala er 1, 3, 5, 7, 9, 11, 13 osv. Partala kan vi derimot dele på 2 og få et heilt tal som svar. Partala er 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14, 16 osv.

Sikre kodar Men kvifor er forskarane så opptekne av å finne primtal? Jo, primtal er viktige i såkalla kryptering, som mellom anna blir brukt når ein loggar inn i nettbanken. For å lage innlogginga så sikker som mogleg blir store primtal gonga saman. Desse primtala er valde tilfeldig, og det gjer det nesten umogleg å knekkje koden.

KS

Matematikarar jaktar på stadig større primtal. Det største som er funne, er så stort at det nesten ikkje er til å forstå!

EM PL AR

Verdas største primtall er funne

G

For å finne ut om eit tal er oddetal eller partal, treng du berre å sjå på det siste sifferet i talet.

ER

IN

Eit primtal er eit tal som berre kan delast på 1 og seg sjølv. Derfor er 2 eit primtal, og det same er 3. Men 4 er ikkje eit primtal, sidan det kan delast både på 1, 2 og seg sjølv. 5 er igjen eit primtal, men ikkje 6. Korleis er det med 7, 8, 9 og 10?

VU

R

D

Allereie i det gamle Hellas var matematikarar opptekne av primtal. Matematikaren Evklid klarte å bevise at det finst uendeleg mange primtal. Men forskarar har enno ikkje klart å lage ein formel som kan brukast til å finne ut kva tal som er primtal. Derfor er det berre éin måte å gjere dette på: prøve og feile. Til det treng matematikarane datamaskiner. Mange datamaskiner. Verdas største primtal blei funne ved hjelp av fleire tusen datamaskiner! Når talet først var funne, måtte det bevisast at talet verkeleg var eit primtal. Til det brukte éi datamaskin 39 dagar.

16

Julius Cæsar Den romerske krigaren og diktatoren Julius Cæsar (100–44 f.Kr.) brukte kryptering når han skulle sende hemmelege meldingar til offiserane sine. Han nytta ei «svak kryptering» som gjekk ut på å flytte bokstavane i alfabetet tre plassar til høgre. På denne måten blei meldinga «Angrip i morgon» kryptert til “Dqjuls l prujrq”. Når offiserane fekk denne meldinga, dekrypterte dei henne ved å flytte bokstavane tre plassar til venstre. Denne typen kryptering er svært enkel å knekkje, sjølv om ein ikkje kjenner koden. Datamaskiner kan finne det ut på nokre få millisekund. Formel: oppskrift, framgangsmåte Kode: ord, bokstavkombinasjonar, tal eller andre symbol som blir brukte i beskjedar for å gjere innhaldet uforståeleg for andre Kryptering: Kryptering inneber at ein kodar informasjon på ein slik måte at berre den som kjenner koden, kan lese informasjonen. Ordet kryptografi er avleidd frå gresk og betyr «skjult tekst». Dekryptere: løyse ei kryptering Milli-: tusendel


Finn informasjon i teksten 1 Kva er eit desimaltal? 2 Kva kallar vi tala som kan delast på to og gi eit heilt tal til svar? 3 Kva kjenneteiknar eit primtal? 4 Kvifor er forskarane opptekne av primtal?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Korleis kunne «Angrip i morgon» bli til «Dqjuls l prujrq»?

KS

1 Er 56789043 eit partal eller eit oddetal? Korleis kan du raskt sjå det? 2 Kvifor er ikkje 6 eit primtal?

SE

3 Skriv setninga som viser at det tek tid å bevise at eit primtal er eit primtal.

G

4 Forklar korleis bankane bruker kryptering for å lage kodar til nettbanken.

VU

R

D

ER

IN

5 Skriv fornamnet ditt ved å bruke same type kryptering som Julius Cæsar.

Tenk over teksten 1 Skriv kva for nokre av tala 7, 8, 9, 10, 11, 12 og 13 som er primtal. 2 Finst det eit primtal som også er partal? Kva tal er det i så fall? 3 Kva har ein klart å bevise og ikkje klart å bevise når det gjeld primtal? 4 Kor lenge varer eit millisekund samanlikna med eit sekund? 5 Lag di eiga «svake kryptering» etter idé av Julius Cæsar, men ikkje heilt lik. Skriv fornamnet ditt med krypteringa. Forklar krypteringa. 17


Før du les: Under den andre verdskrigen blei Noreg okkupert av tyskarane. Kva betyr det? Kva veit du om livet i Noreg under den andre verdskrigen?

VU

R

D

ER

KS

IN

G

SE

Adolf prøvde å få opp øynene. Etter en stund oppdaget han at ansiktet til moren hang rett over ham, som om det var en ballong. Det var blekt og bekymret. Adolf prøvde å si noe, men fikk det ikke til. Kanskje det var en drøm. Nei. Feil. Moren snakket og snakket. Hun hadde morgenkåpa på. Mens han selv lå i senga si, og det lyste svakt fra den digre messinglampa i taket. – Du må våkne, Adolf! Du er helt håpløs! Er det noe galt med ørene dine? – Mmm … Endelig klarte han å si noe. Det hylte utenfor. Lange, seige hyl. Det dundret på døra. Noen ropte. Mens moren snakket og snakket. Han fikk bare med seg halvparten av ordene, så fort snakket hun. Adolf trakk seg opp i senga, men ville ikke gi slipp på dyna. – Du må våkne, Adolf! – Jeg er våken! greide han endelig å si. Moren ristet kraftig i skulderen hans. Han dyttet vekk hånden hennes. – Hører du ikke? sa hun sint. – Jeg har aldri opplevd maken! Hvordan greier du å sove i alt dette bråket? Det hylte. Det dundret på døra. Noen ropte. Nei, det var ikke hyl! Og så, helt plutselig var han våken. Slengte dyna til side, dyttet vekk moren og kom seg bort til vinduet. Rev til side det tunge gardinet. Det var svart utenfor. Kullsvart. Bortsett fra – han så et lys et sted, men hvor? Var det fly? Eller … lyskastere? – Det er flyalarm, sa moren hans. – Vi må gå i kjelleren! Kom, ikke stå der, det er farlig! Vi må ned i kjelleren! – Jeg skjønner vel det! Adolf kikket i alle retninger. Hva var det som skjedde, egentlig? Han åpnet vinduet og lente seg ut. Og så plutselig, som svarte kors på den gråsvarte himmelen, så han først ett, så ett til, og et tredje og et fjerde … – Skynd deg, sa moren hans. Og hele tida dundret det på døra, og noen ropte, og til slutt skjønte Adolf hva stemmen der ute sa.

EM PL AR

Hyl i natten

18

– Fru Meyer! De må hjelpe meg! Jeg kan ikke med ham! Brita. Også kalt Brita Borte-Borte. – Du har ikke tid til å kle på deg, sa moren. – Bare dra på deg buksa og jakka. – Jeg kan vel ikke gå barbeint! Den tunge, jevne duren fra flyene vokste. Adolf syntes han kunne se de svarte korsene komme nærmere. Inne i dem satt det mennesker. De kikket sikkert ned. Så på hverandre. De hadde hjelmer av skinn og store briller som satt tett inntil ansiktene. De holdt noe som liknet halve ratt i hendene. Utdrag frå kapittel 1 i Tyskerne kommer, den første boka i serien om Adolf og banden hans av Tor Edvin Dahl. Handlinga går føre seg i Oslo under den andre verdskrigen 1940–1945. Utdraget er omsett frå bokmål.


Finn informasjon i teksten 1 Kor mange personar høyrer vi om i teksten? 2 Kvifor er det vanskeleg for Adolf å forstå kva mora seier? 3 Kor mange fly ser Adolf? 4 Kva seier stemma på utsida av døra?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er det Adolf gjerne vil ta på seg før han går ned i kjellaren?

KS

1 Skriv setninga som viser at Adolf har problem med å vakne. 2 Kva heiter Adolf til etternamn?

SE

3 Sjå på illustrasjonen som viser bokomslaget. På kva måte passar teikninga til tittelen?

G

4 Kva er dei svarte korsa?

VU

R

D

ER

IN

5 Kapittelet heiter «Hyl i natta». Finn eksempel frå teksten som passar til overskrifta.

Tenk over teksten 1 Kva trur du er grunnen til at mor til Adolf snakkar fort og verkar sint? 2 Sjå på illustrasjonen som viser bokomslaget. Kva fortel tittelen og teikninga deg om Adolf og vennene hans og om krigen? 3 Kva kan grunnen vere til at Brita blir kalla Brita BorteBorte? Foreslå gjerne fleire forklaringar. 4 Kva er det i teksten som viser at flya nærmar seg? 5 Beskriv dei tankane og kjenslene du trur Adolf har frå han blir vekt, til han går ned i kjellaren. 19


Før du les: Kva fordelar er det med å bruke sykkelhjelm? Kvifor bruker ikkje alle hjelm, trur du?

Bruk hjelm! EM PL AR

Kvar dag er fleire tusen barn og unge ute på sykkel, men det er berre eitt lite problem – dei syklar utan hjelm.

SE

KS

Hjelmen er ikkje berre ein hatt ein har på hovudet når ein syklar, hjelmen er ein livreddar. Om du er så uheldig at du fell av sykkelen og landar på hovudet, kan hjelmen redde livet ditt. Dersom ein ikkje bruker hjelm, kan ein risikere å få livsvarige skadar og i verste fall døy.

VU

R

D

ER

IN

G

Dårlege førebilete Omtrent alle som eig ein sykkel, eig også ein hjelm. Så kva er Sykkelhjelm reduserer risikoen for hovudskadar med mellom 60 og 80 prosent, skriv eigentleg grunnen til at ein Sanyu (14) ikkje bruker han, og dermed får hovudskadar, viser tal frå Trygg Trafikk. Omtrent risikerer livet? Ungdom blir svært lett påverka av det 20 prosent av alle alvorlege sykkelskadar er hovudskadar. andre gjer. Ofte høyrer vi at det ser dumt ut å sykle med Dersom ein bruker sykkelhjelm, reduserer ein risikoen for hjelm, eller at hjelmen øydelegg sveisen. Når først éin vel hovudskadar med mellom 60 og 80 prosent. å ikkje bruke hjelm, vil fleire og fleire følgje etter utan at dei eigentleg har nokon spesiell grunn. Må få konsekvensar Sjølv om ein kanskje ikkje tenkjer på dette som eit Det er først og fremst foreldra som har ansvar for å få viktig tema, kan ein redde liv ved å gjere noko med barna sine til å sykle med hjelm. Ofte ser ein familiar ute saka. I enkelte land har dei innført hjelmpåbod for på sykkeltur der det berre er barna som bruker hjelm. barn og unge under 15 år. Resultatet er ein auke i bruk Når foreldre, som sjølve er førebilete, ikkje bruker hjelm av hjelm og langt færre hovudskadar i samband med når dei syklar, kan vi ikkje vente at barna vil halde fram sykkelulykker. Derfor meiner eg at det å innføre eit med å bruke hjelm. påbod er ei god løysing når det gjeld å redusere talet Norske skolar er heller ikkje strenge når det gjeld påbod på hovudskadar ved sykkelulykker. Eventuelt kan ein om hjelm. Omkring 26 prosent av skolane i landet innføre pengebøter, slik dei har i Australia. stiller ikkje krav om sykkelhjelm, dermed føler mange Eg håpar at de som les dette, barn at det ikkje er nokon grunn til å bruke hjelmen. i det minste kan bruke det som ei Eit resultat av det er at barn og ungdom er mest utsette påminning om å bruke for alvorlege trafikkulykker til og frå skolen. hjelm uansett alder eller nivå. Hjelm reddar liv! Hjelm hjelper Det er store forskjellar på syklistane som bruker hjelm, Si ;D er ei debattside for Sanyu (14) og dei som ikkje gjer det, når det gjeld hovudskadar ungdom i Aftenposten. som følgje av sykkelulykker. Éin av ti som bruker hjelm, Hit kan ungdom mellom får hovudskadar som følgje av sykkelulykker, medan 13 og 18 år sende innlegg heile åtte av ti av syklistane som ikkje bruker hjelm, om saker dei er opptekne av. 20


Finn informasjon i teksten 1 Kva avis har dette innlegget stått i? 2 Forklar korleis ein hjelm kan fungere som livreddar. 3 På kva måte kan foreldre på sykkel vere eit dårleg førebilete for barna sine? 4 Kva for opplysningar har Sanyu fått frå Trygg Trafikk?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva har dei gjort i Australia for å få fleire til å bruke hjelm?

1 Kva betyr «hjelmen øydelegg sveisen»?

KS

2 Skriv setninga som viser at ungdom lett kan gjere som andre utan å tenkje nærmare over det.

SE

3 Omtrent kor mange av skolane i landet krev at elevane bruker sykkelhjelm?

G

4 Foreslå ei ny overskrift som du synest passar til teksten.

ER

IN

5 Kva trur du Sanyu ønskjer å oppnå med dette lesarinnlegget?

VU

R

D

Tenk over teksten 1 Dersom 100 syklistar med hjelm og 100 syklistar utan hjelm er involverte i ei sykkelulykke, kor mange av dei 200 får truleg ein hovudskade? 2 Illustrasjonen med sykkelhjelm kan tolkast på fleire måtar. Kva forslag har du? 3 Ei av mellomoverskriftene i teksten er «Må få konsekvensar». Kva meiner Sanyu med det? 4 Foreslå tre andre mellomoverskrifter enn dei som står i teksten. Dei skal passe til innhaldet. 5 Sanyu meiner at ungdom lett lèt seg påverke av andre ungdommar. Er du einig i det? Kvifor er det i tilfelle slik? Grunngi svaret ditt. 21


Før du les: Kva fortel bileta deg om London? Kva veit du om London?

Vi hjelper deg med reisa til London! London har alt – også for barn! Denne spennande storbyen har eit velfungerande T-banenett som gjer det enkelt for dykk å komme dykk rundt.

EM PL AR

Ta med familien!

The London Dungeon Under gateplan, djupt i hjartet av London, ligg verdas mest kjende skrekkmuseum. Her kan ein oppleve meir enn 2000 års skrekkeleg, men sann historie om liv og død. Barn må vere i følgje med vaksne, men dette passar nok best for ungdom. Nærmaste undergrunnsstasjon: London Bridge.

SE

Madame Tussauds vokskabinett Her finn du naturtru kopiar av statsleiarar, rockestjerner, forbrytarar, filmheltar og mykje meir – ei oppleving for både liten og stor. Du kan kjøpe billettar på nettet, da slepp du køen. Nærmaste undergrunnsstasjon: Baker Street.

KS

Her er eit lite utval av det vi kan foreslå at de besøkjer i London:

IN

G

London Eye Vil du sjå London frå lufta? London Eye er verdas største parisarhjul, høgare enn Big Ben. London Eye kan ta med meir enn 15 000 passasjerar i løpet av éin dag. Nærmaste undergrunnsstasjon: Waterloo.

VU

R

D

ER

London Aquarium Etter ein tur i London Eye kan det passe med eit besøk til London Aquarium, som ligg like ved. Her kan du beundre meir enn 350 forskjellige artar og attpåtil adoptere din eigen hai eller ein annan fisk. Inntektene går til forsking og anna arbeid til beste for dyra. Nærmaste undergrunnsstasjon: Westminster. Science Museum Vitskapsmuseet ligg i Exhibition Road i South Kensington. Det er gratis inngang etter kl. 16.30, men da blir kanskje besøket i kortaste laget dersom du skal få fullt utbytte. Nærmaste undergrunnsstasjon: South Kensington. Musikalar Sjølv om musikalane i London er på engelsk, kan mange barn ha glede av å sjå dei. Ein musikal som er populær hos barn som kjenner Disneys «Løvenes konge», er «The Lion King». 22

Hamleys Kjempestore leikebutikkar er kanskje like populært for vaksne som for barn? Hamleys er ein av dei største leiketøysbutikkane i verda, og varehuset har fem etasjar med eit enormt utval av leiker til barn i alle aldrar. Her finst dokker, bilar, puslespel, bøker, spel, modellar, byggjeklossar, elektroniske artiklar, dataspel, teddybjørnar og mykje meir. Butikken har eigne tilsette som har som oppgåve å underhalde kundane med demonstrasjonar av ulike leiketøy. Adresse: Regent Street. Nærmaste undergrunnsstasjon: Oxford Circus.

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg!

LONDON SPESIALISTEN


Finn informasjon i teksten 1 Skriv setninga som viser at London ikkje er ein liten by. 2 Kva for undergrunnsstasjonar er nemnde i teksten? 3 Kvar kan ein sjå kopiar av rockestjerner? 4 Kor mange kan reise med London Eye på éin dag?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva kan ein risikere dersom ein ikkje kjøper billettar til Madame Tussauds på nettet?

KS

1 Kva betyr det at London har eit velfungerande T-banenett? 2 Kva for to attraksjonar ligg like i nærleiken av kvarandre?

SE

3 Kva for attraksjon bidreg til forsking? 4 Kva betyr Science Museum?

ER

IN

G

5 Skriv setninga som viser at Science Museum ikkje er ope særleg lenge etter kl. 16.30.

VU

R

D

Tenk over teksten 1 Foreslå nokre grunnar til at musikalar kan vere gøy for barna sjølv om dei er på engelsk. 2 Skriv setninga som viser at ein av attraksjonane ligg sentralt til i London. 3 Kvifor demonstrerer dei tilsette ulike leiketøy på Hamleys, trur du? 4 På London Aquarium kan ein adoptere ein hai eller ein annan fisk. Kva ser det ut som adoptere betyr i denne samanhengen? 5 Kva attraksjonar synest du passar best for barn på din alder? Vel ut nokre av dei. Kva attraksjonar trur du vaksne utan barn ville ha valt? Grunngi forslaga dine. 23


Før du les: Kva forbind du med «å spare energi»? Kva kan du gjere for å bruke mindre energi?

På sparebluss

G

SE

KS

begeistra med handlelista og opnar skuffen for å finne bilnøkkelen. «Her blir det fullt bagasjerom, middagsgjester i kveld, og eg har lovt å stå for innkjøpa.» «Det blir fin trening, det», smiler Martin. Han snappar til seg bilnøkkelen og legg han i lomma. «For no blir det inga bilkøyring. Det er jo kjempefin trening å gå til butikken og bere varene heim? Og dessutan mykje billigare enn å gå på eit treningssenter. Du er heldig! Og tenk korleis vi sparer miljøet!»

ER

IN

«Dette er det klart vi seier ja til!» seier mamma begeistra. «Eg er skikkeleg stolt av dykk! Eg visste ikkje at vi hadde så miljøbevisste barn!» Pappa er einig. «Strålande!» Han tømmer kaffikoppen og set han i oppvaskmaskina. «De er nokre fine førebilete, det vil eg seie. Slik som eg er eit godt førebilete og ryddar inn i oppvaskmaskina etter oss! Og set henne på!» Pappa smiler fornøgd. «Når begynner vi? Eg er klar!»

EM PL AR

Tvillingane Sara og Martin på 11 år vil melde familien på miljøprosjektet «På sparebluss». Det er eit opplegg der familien forpliktar seg til å spare mest mogleg energi i det daglege hushaldet gjennom ei heil veke. Tvillingane må ha lov av dei vaksne. Ein laurdag morgon etter ein sein frukost fortel dei om prosjektet og satsar på godkjenning.

VU

R

D

«Vi er eigentleg allereie i gang!» Sara reiser seg frå frukostbordet. «Du får ta ut dei skitne middagstallerkenane frå i går, pappa. Skrap dei og skyl dei i kaldt vatn. Set dei inn igjen etterpå, og dessutan må du stable alt mykje betre. Da er du eit godt førebilete, veit du! Ingen grunn til å setje på oppvaskmaskina før ho er heilt full. Og når oppvasken er skyld først, kan du bruke økonomiprogrammet.» Pappa ser ut som han har nokre innvendingar, men tek seg i det: «Det er jenta si, det! Klart eg kan fikse oppvasken, smart tenkt! Men først må eg fikse handlinga, eg vil vere tidleg ute!» Han viftar 24

Det ser ikkje ut som pappa meiner han er heldig. Når Martin tilbyr seg å vere med han, er det ikkje spesielt god stemning, og Sara kan høyre småkranglinga medan dei er på veg ut døra. «Ei fin erfaring for pappa», ler mamma. «No kan vi slappe godt av her heime i ro og fred.» «Ikkje heilt ro og fred». Sara har funne fram papir og blyant. «No skal vi lage ei oversikt over korleis vi kan spare energi. Eg lagar ei nei-liste. For eksempel er det nei til bruk av hårfønar, vi lufttørkar håret.» «Det begynner vi med i morgon», seier mamma. «Neida,

det begynner i dag, det! Kva andre forslag har du? TV-en skal ikkje stå på i utide, og det same gjeld PC-en.» Sara snappar til seg den berbare PC-en i vindaugskarmen. «Ingen grunn til å dusje kvar dag, og når du vaskar håret, slår du av vatnet medan du såpar det inn. Tørketrommel er heilt unødvendig. Kor mykje står omnane i stua på, mamma? 20 grader er meir enn nok, står han ikkje på 23? Kan du setje ned temperaturen? Eg har allereie skrudd ned litt på badet, der var det rene drivhuset … Mamma?»


Finn informasjon i teksten 1 Kva går prosjektet «På sparebluss» ut på? 2 Kvifor er mamma stolt av tvillingane? 3 Kva bør pappa gjere med oppvasken før han set han inn i maskina? 4 Pappa skal gjere storhandel. Kvifor det?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva synest Martin er god trening?

1 Kvifor må tvillingane ha lov av dei vaksne, trur du?

2 Lag ei liste over sparetiltaka som er foreslått i teksten.

KS

3 Kvifor småkranglar Martin og pappa?

SE

4 I innleiinga får vi vite at det er laurdag. Kva er det elles i teksten som viser at dette ikkje er ein kvardag? Gi gjerne fleire eksempel.

ER

IN

G

5 Kvifor vil Sara og Martin at familien skal bli med på dette prosjektet, trur du? Foreslå fleire grunnar.

VU

R

D

Tenk over teksten 1 Forklar desse omgrepa frå teksten: miljøbevisst, godt førebilete, økonomiprogram. 2 Skriv dei setningane som viser at pappa ikkje er glad for alle sparetiltaka. 3 Kvifor er foreldra først svært begeistra for «På sparebluss», men ganske raskt ikkje fullt så begeistra? 4 Sjå på dei sparetiltaka som er foreslått i teksten. Kva for nokre av dei synest du det ville vore greitt å vere med på dersom du måtte velje nokon? Kva for nokre ville du helst ha sloppe? 5 Kva for sparetiltak ville du ha foreslått dersom familien din skulle vore med på prosjektet? Har du andre forslag enn dei du las om her? 25


Før du les: Kva for nokre norske rovdyr veit du om? Veit du om det er lov å jakte på rovdyr? Hugs å lese ordforklaringane.

Norske rovdyr på raud liste

EM PL AR

Lisensfelling er ikkje det same som jakt, det er felling av dyr for å avgrense skade. I Noreg er det ulike meiningar om lisensfelling av rovdyr. Medan for eksempel Naturvernforbundet ønskjer at det blir gitt færre løyve til lisensfelling, er det mange bønder som gjerne vil ha meir lisensfelling.

ART

KS

Ein deler gjerne dyra som er raudlista, inn i ulike grupper ut frå kor stor fare det er for at dei skal bli utrydda. Dei som er mest trua av utrydding, seier vi er kritisk trua. Deretter følgjer sterkt trua og sårbar. Det kan vere ulike grunnar til at det er fare for at dyr blir utrydda. Det kan

vere for mykje jakt, endringar i klimaet eller inngrep i naturen der dyra held til. I tabellen under kan du sjå eksempel på rovdyr som er raudlista, og rovdyr som ikkje står i fare for å bli utrydda. Når dyr er raudlista, er det svært strenge reglar for jakt. Stort sett er det forbode å jakte på slike dyr – dei er freda. Men det kan gjerast unntak, for eksempel ved lisensfelling. Lisensfelling betyr at ein får lov til å felle ei viss mengd dyr fordi dei gjer store skadar på dyr som sau og tamrein. I Noreg kan ein gi lisensfelling av gaupe, jerv, brunbjørn og ulv. UTBREIING

Utbreiing: kvar i landet dyra lever Biotop: den typen natur der dyra trivst best Bestand: det samla talet på dyr (av ein art eller type) innanfor eit område

BIOTOP

BESTAND

SE

Ein del av rovdyra som var vanlege i Noreg tidlegare, er det få igjen av. Forskarane er redde for at desse dyra skal bli utrydda. Dyra det gjeld, blir raudlista. Det betyr at dei står på ei liste over utryddingstrua dyr.

Svalbard

Arktiske strøk

Raudlista: sårbar

Brunbjørn

Små grupper i Finnmark, Nordland, Nord-Trøndelag og Hedmark

Barskog

Raudlista: sterkt trua

Fjellrev

Finse, Dovre, Nord-Noreg og Svalbard

Snaufjell- og tundraområdet

Raudlista: kritisk trua

Raudrev

Over heile landet

Kan leve i nær sagt alle biotopar, inkludert storbyar

Vanleg

Ulv

Tidlegare heile landet, i dag stort sett berre på Austlandet

Trivst best i skogen

Raudlista: kritisk trua

Over heile landet

Skog

Raudlista: sårbar

Bjørnar

IN

G

Isbjørn

D

ER

Hundedyr

VU

R

Lisensfelling kan vere eit hjelpemiddel til å regulere bestanden av rovdyr.

26

Kattedyr Gaupe

Mårfamilien Jerv

Nord-Noreg til Femunden og fjellområda Dovre, Rondane, Reinheimen og Snøhetta

Snaufjell og fjellskog

Raudlista: sterkt trua

Grevling

Heile landet, bortsett frå Nordland

Skog og kulturlandskap

Vanleg

Røyskatt

Over heile landet

Frå kyst til høgfjell

Vanleg

Oter

Langs kysten frå Finnmark til Nordmøre

Kyst

Raudlista: sårbar

Mink

Over heile landet (finst også som pelsdyr i fangenskap)

Ved vatn og vassdrag

Talrik


Finn informasjon i teksten 1 Kva for tre grupper deler vi dyr som er raudlista, inn i? 2 Kva for tre grunnar er det for at nokre rovdyr kan stå i fare for å bli utrydda? 3 Kva for dyr kan ein gi lisensfelling for i Noreg? 4 Kva for dyr trivst best ved vatn og vassdrag?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva for dyr høyrer til mårfamilien?

KS

1 Nemn eksempel på dyr som er raudlista, innanfor kvar av dei tre gruppene. 2 Kva er forskjellen på lisensfelling og jakt?

SE

3 Kva for norske rovdyr er i slekt med hunden?

G

4 Kva fortel tabellen deg om forskjellen på raudrev og fjellrev?

VU

R

D

ER

IN

5 Kva for dyr lever over heile landet, ifølgje tabellen?

Tenk over teksten 1 Skriv setninga som viser at ulven var meir utbreidd før. 2 Kva for dyr trivst også der det bur mange menneske, ifølgje tabellen? 3 Det står at minken også finst som pelsdyr i fangenskap. Kvifor er mink i fangenskap, trur du? 4 Kvifor er det ulike meiningar om lisensfelling, trur du? 5 Forklar med eigne ord kva biletteksten betyr.

27


Før du les: Kva trur du ei veke på sommarleir inneber? Kva tenkjer du om å dra på sommarleir?

Velkommen til årets sommarleir på

EM PL AR

STRANDØYA! Her er litt praktisk informasjon til dykk som skal vere med, og til foreldra: Strandøya skal vere ein stad der alle trivst, får nye venner og tek vare på kvarandre! Vi gleder oss til å gi dykk eit supert leiropphald.

Heimlengsel: Heimlengsel er noko som kan dukke opp av og til. Vi har god erfaring i å takle det, og i slike tilfelle tek vi direkte kontakt med dei vaksne heime. Foreldra kan også ta kontakt med den øvste leiaren. (Sjå eige skriv med kontaktinformasjon, tidspunkt for når barna kjem fram, når dei reiser igjen, osv.)

KS

Alle deltakarane vil få leiarar som har hovudansvaret for kvar si hytte, og barna kan alltid kontakte nærmaste leiar.

Post: Barna blir alltid glade for å få post heimanfrå, så send gjerne kort eller brev!

Vi oppmodar alle foreldre til å snakke med barna om kva dei kan vente av opphaldet.

ER

IN

G

SE

Telefon: Foreldra kan ikkje ringje til barna under opphaldet dersom det ikkje er heilt spesielle grunnar til det. Vi er i aktivitet heile dagen, og barna er spreidde over eit stort område. Vi ønskjer at barna skal delta fullt og heilt i aktivitetane framfor å vente på telefon. Dersom nokon har behov for å ringje heim, vil dei få høve til det.

VU

R

D

OBS: Sommarleiren er ein stad utan mobiltelefonar, TV, DVD og Internett.

Besøk: Barna har ikkje høve til å ta imot besøk under leiropphaldet. Innkvartering: Deltakarane bur fire til fem på kvart rom i hytter med to til tre soverom. Barna blir fordelte på romma etter alder og kjønn. Leiarane bur saman med dei yngste. Det er vask på romma, og rett ved hyttene er det eit eige hus med dusjar og toalett. Dette må deltakarane ha med seg: • Dynetrekk, laken, putevar • Sovepose med trekk • Joggebukse og langbukse, tynn og tjukk genser • Regnjakke, regnbukse • Joggesko og gummistøvlar, eventuelt sandalar • Undertøy, sokkar, T-skjorter • Allvêrsjakke/utejakke • Enkelt karnevalsutstyr/utkledningstøy • Badetøy, shorts, badehandkle • Handkle til dusj/vask • Toalettsaker, såpe/sjampo • Liten tursekk og termos • Redningsvest/seglvest (dei som ikkje har, kan låne) • Du kan ta med pengar for å handle i kiosken (avgrensa utval). HUGS: Klede og utstyr må merkjast med fullt namn! IKKJE ta med verdigjenstandar (blir ikkje erstatta).

28


Finn informasjon i teksten 1 Kva er det som viser deg at informasjonen gjeld sommarleiren for denne sommaren og ikkje sommaren i fjor? 2 Kva er det foreldra bør snakke med barna sine om? 3 Skriv setninga som viser at barna ikkje får sjå på TV. 4 Kva er det som avgjer kven som bur saman på romma?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva er det på utstyrslista ein kan låne dersom ein ikkje har det sjølv?

KS

1 Kva er grunnane til at foreldra ikkje skal ringje til barna?

SE

2 Kor mange barn kan det maks bu i kvar hytte på leiren? 3 Kvar kan barna vaske seg?

G

4 Kiosken har avgrensa utval. Kva betyr det?

VU

R

D

ER

IN

5 Kvifor er det best å ikkje ta med verdisaker?

Tenk over teksten 1 Kva i skrivet meiner du kan gjere foreldra trygge på at barna blir tekne godt vare på? 2 Foreldra kan ikkje ringje utan at det er heilt spesielle grunnar til det. Kva kan heilt spesielle grunnar vere? Foreslå fleire. 3 Kvifor får ikkje barna ta imot besøk, trur du? 4 Kva på utstyrslista viser at dei skal overnatte ute? At dei skal ha ein fest? At dei skal ut i båt? 5 Kva i skrivet trur du kan få barna til å glede seg til å komme på Strandøya? 29


Før du les: Korleis kan du hugse betre det du har lese, for eksempel ei lekse i samfunnsfag? Kva kan læraren gjere, og kva kan du gjere?

Emil, Oliver og Amerigo Vespucci

SE

KS

EM PL AR

– Er du så sikker på at du aldri får bruk for det du skulle lese om til i dag, Oliver? Kva handla det om, forresten? Det hugsar du truleg ikkje? – Nei. – Dersom eg seier Amerigo Vespucci, begynner det å blenkje nokre små lamper? – Nei, ikkje ei einaste ørlita lampe. – Du har kanskje høyrt om Amerika? Oliver stønna. – Er ikkje heilt teit heller, sjølv om eg ikkje hugsar leksa. Han skulle til å seie noko meir, men fekk eit åtvarande blikk frå læraren.

G

– Nokon andre av dykk som tenkjer på noko spesielt når de høyrer namnet Amerigo Vespucci? Læraren såg seg rundt i klassen. Tre elevar rekte opp handa. Emil var ein av dei. – Eg tenkjer sjølvsagt på Amerika, du sa det jo sjølv! Anten blei han Amrigo eit eller anna kalla opp etter Amerika, eller så blei Amerika kalla opp etter han. Litt kult, eigentleg, dersom heile Amerika fekk namnet sitt etter han. – Kanskje Frankrike fekk namnet sitt etter ein som heitte Frank, flirte Oliver. – Og Danmark etter Dan og Finland etter Finn! – Oi, oi, no begynner de i alle fall å vakne! Læraren fann fram eit verdskart på smartboardet medan småpratinga spreidde seg utover i klasserommet. Nokre elevar hadde begynt å bla i samfunnsfagboka.

VU

R

D

ER

IN

– Eg har ein mistanke om at ikkje alle gjer leksene godt nok, sa læraren. – Særleg gjeld det samfunnsfagsleksa. Det er ikkje nok berre å lese gjennom, de må òg hugse det som står der. Han såg utover klassen, blikket stansa ved Emil. – Kva seier du, Emil? Kjenner du deg råka? – Eg forstår ikkje kvifor vi må hugse når vi berre kan slå opp i boka eller på nettet, mumla Emil. – Det blir altfor mykje å hugse på dersom vi skal hugse alt vi les. Eg har i alle fall ikkje plass i hovudet mitt. Han løfta blikket frå rablinga han hadde laga utanpå bokbindet, og såg seg rundt for å få støtte. – Einig, kom det frå Oliver. – Dessutan er det vanskeleg å hugse noko som er så utruleg kjedeleg. Vi kjem aldri til å få bruk for det!

30

– Eg hadde eigentleg tenkt å gi dykk ei lekseprøve, men det trur eg ikkje er særleg nyttig for verken dykk eller meg. La oss heller reise saman på kartet og sjå om eg kan lære dykk om det som gjerne blir kalla oppdaginga av Amerika. Men da må alle lese leksa på nytt til i morgon, og i morgon blir det lekseprøve. Det første spørsmålet på prøva blir: Kva tenkjer du på når du høyrer namnet Amerigo Vespucci? Og det andre spørsmålet: Kvifor blei urbefolkninga i Amerika kalla indianarar? Det siste spørsmålet blir: Kva glede eller nytte kan du ha av det du las? Det blir faktisk det viktigaste spørsmålet. – Avtale? Er de klare? Læraren såg på elevane. Alle møtte blikket hans. Emil og Oliver også.


Finn informasjon i teksten 1 Kva fag har klassen denne timen? 2 Skriv setninga som viser at Emil har bind på boka si. 3 Kva bruker læraren for vise verdskartet? 4 Kva vil læraren lære elevane om?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvifor er teksten illustrert med ein globus, trur du?

1 Kva for verb i teksten viser at læraren trur at elevane ikkje har lese nok på leksa?

KS

2 Kva grunnar har Oliver og Emil til ikkje å ha lese?

SE

3 Kvifor ville ikkje læraren gjennomføre den planlagde lekseprøva?

VU

R

D

ER

IN

G

4 Korleis reagerer læraren på at elevane møter dårleg førebudde? Vel det svaret du synest passar best: a) Han blir sur og gjennomfører timen som planlagt. b) Han blir skuffa, men klarer å gjere elevane interesserte i temaet. c) Han blir irritert og truar med lekseprøve. 5 Kva avtale gjer læraren med elevane?

Tenk over teksten 1 Kva meiner læraren med desse to spørsmåla: a) Kjenner du deg råka? b) Begynner det å blenkje nokre små lamper? 2 Kvifor rablar Emil utanpå boka si? 3 Nokre av elevane begynner å bla i samfunnsfagboka. Kva tyder det på? 4 Kva kan grunnen vere til at læraren avslører tre av spørsmåla på lekseprøva? Kva tenkjer du om det? 5 Beskriv denne læraren, og skriv kva du synest om måten hans å vere på. 31


Før du les: Kva kan gi menneske lyst til å reise og utforske verda, trur du? Veit du om nokon kjende oppdagingsreisande?

Kristoffer Columbus (1451–1506)

G

SE

På slutten av 1400-talet og byrjinga av 1500-talet drog mange sjøfararar og handelsmenn frå Spania og Portugal langt av garde. Dei kom heim og fortalde kva dei hadde sett og opplevd på reisene sine. Dette førte til at folk fekk meir kunnskap om jordkloden. Stadig fleire fekk lyst til å oppdage og utforske framande stader.

KS

Menneska har til alle tider utforska verda. I millionar av år har folk dradd ut på vandringar til nye område for å finne betre buplassar og betre stader å jakte på mat. Vi veit også at seinare drog eventyrarar frå alle delar av verda på reiser til fjerne stader for å oppdage og utforske.

EM PL AR

Behovet for å utforske verda

ER

IN

Det var dyrt å betale for skip og mannskap til dei store oppdagingsreisene, men kongane i Spania og Portugal betalte det som var nødvendig. Dei håpa at oppdagarane skulle skaffe dei nye landområde og store rikdommar. Håpet var at landa skulle bli blant dei mektigste i Europa.

VU

R

D

Det var det spanske kongeparet som gav økonomisk støtte til sjøfararen Kristoffer Columbus. Columbus var overtydd om at han kunne finne den raskaste

Dei vestindiske øyene

32

vegen til India ved å segle vestover. Tidlegare hadde ein segla austover. Men Columbus visste ikkje nok om avstandar. Da han nådde den ukjende verdsdelen Amerika, trudde han at dei hadde komme til India. Det er grunnen til at området han kom til, blei kalla Vestindia, og at menneska som budde der, blei kalla indianarar. Eigentleg hadde Kristoffer Columbus «oppdaga» Amerika! Kva betyr det eigentleg å oppdage ein ny stad? Kristoffer Columbus fekk jo æra for å ha «oppdaga» Amerika. Men da han kom dit første gongen, blei han møtt av ei urbefolkning som hadde budd i området i mange tusen år allereie. Columbus var ikkje eingong den første europearen som nådde verdsdelen. Vi veit at vikingane var der lenge før han. Men det som var nytt no, var at Columbus fann sjøvegen frå Europa over Atlanterhavet, slik at fleire kunne utforske det store kontinentet. Det er grunnen til at oppdaginga fekk så mykje å seie for ettertida. Oppdagingsreisene førte til at europearane fekk ny kunnskap om planeten vår. Dei fann for eksempel ut at jorda var mykje større enn dei før hadde trudd. Da den italienske sjøfararen Amerigo Vespucci utforska området som Columbus kalla Vestindia, skjønte han at det ikkje var ein del av Asia, men av eit helt ukjent kontinent. Den nye verda fekk derfor namnet «Amerika» etter Amerigo Vespucci.


Finn informasjon i teksten 1 Kva var grunnane til at dei første oppdagarane drog til nye område? 2 Kva for verdsdelar er nemnde i teksten? 3 Kva var det Columbus ville finne ut? 4 Korleis hadde Columbus råd til oppdagingsreisa si?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva for andre europearar hadde vore i Amerika før Columbus?

KS

1 Kvifor fekk stadig fleire lyst til å oppdage og utforske verda?

2 Kva motiv hadde dei kongelege for å gi pengar til dei oppdagingsreisande?

SE

3 Kvifor blei urbefolkninga i Amerika kalla indianarar?

G

4 Kva slags kunnskapar gav oppdagingsreisene europearane?

VU

R

D

ER

IN

5 Skriv setninga som viser kva verdsdel India høyrer til.

Tenk over teksten 1 Det står at dei første oppdagarane drog ut på vandringar. Kvifor står det vandringar og ikkje reiser, trur du? 2 Kva var det Columbus ikkje visste om jorda da han reiste vestover for å finne sjøvegen til India? 3 Sjå på kartet, og beskriv kva det fortel deg. 4 Vi seier gjerne at Columbus oppdaga Amerika. Kan ein oppdage eit kontinent der det allereie bur andre menneske? Kvifor blir ordet oppdage stadig brukt, trur du? Skriv kva du tenkjer. 5 Overskrifta er «Behovet for å utforske verda». No veit vi mykje meir om planeten vår enn da Columbus levde. Kva kan vi utforske no, trur du? 33


Før du les: Kva trur du ein meiner med «ein god latter forlengjer livet»? Kva får deg til å le?

Ein god latter KS

å le utan at du eigentleg er i særleg godt humør. Nokre menneske ler når dei blir nervøse eller redde. Når vi ler, viser vi andre korleis vi føler oss. Latteren er lik anten vi kjem frå Korea eller frå Noreg – vi ler omtrent på same måte over heile verda. Og latter er smittsamt! Av og til kan det vere vanskeleg å slutte å le. Det kallar vi krampelatter. Sidan latter er sunt, er det kanskje ekstra bra for sjuke menneske å le. På nokre sjukehus i Noreg jobbar det ikkje berre legar og sjukepleiarar, men også klovnar. Dei som er ekspertar på helse, meiner at sjukehusklovnane kan hjelpe barn med å bli fortare friske. Barna har det kanskje vondt, er lei seg og lengtar heim. Klovnane får barna til å le og tenkje på hyggjelege og morosame ting, og det meiner ekspertane er sunt for kroppen. Sjølv om vi ler på same måte i ulike delar av verda, er det ikkje slik at vi ler av det same. Kva vi ler av, er mellom anna avhengig av korleis vi er som personar, kor gamle vi er, kva kultur vi lever i, kven vi er saman med, og kva slags humør vi er i. Kva er det som får deg til å le?

D

ER

IN

G

SE

Vi seier gjerne at ein god latter forlengjer livet, sjølv om det enno ikkje har vore mogleg å bevise at det stemmer. Men det er i alle fall ingen tvil om at vi blir gladare, og at livet blir betre dersom vi ler mykje! Det er faktisk også slik at ein kan bli meir motstandsdyktig mot sjukdommar av å le. Fleire forskarar meiner at latteren hjelper mot bakteriar og virus som er på veg inn i kroppen. Ein kan dessutan bli i betre form av å le, og evna til å lære blir betre gjennom latter! Kva skjer i kroppen når vi ler? Det er hjernen som set det heile i gang og sender «latterbeskjedar» til resten av kroppen. Hjartet slår fortare og blodtrykket aukar når du ler, men når du er ferdig med å le, er både pulsen og blodtrykket lågare enn før. Musklane, særleg musklane i bryst og mage, arbeider når du ler, men dei slappar ekstra godt av etterpå. Det finst mange typar latter. Éin type latter er den vi ler fordi noko er morosamt, eller fordi vi hyggjer oss saman med andre. Somme gonger ler vi kanskje fordi andre ler, utan at vi heilt veit kvifor. Ein kan også le utan å vere spesielt glad. Dersom nokon kiler deg under tærne, for eksempel, kan du begynne

EM PL AR

forlengjer livet

R

Hunden min er så klok! Når eg spør han kor mykje 5 minus 5 er, seier han ingen ting.

VU

HA HA HA HA! For ein teit vits!

34


Finn informasjon i teksten 1 Kva oppgåve har hjernen når det gjeld latter? 2 Kva for musklar arbeider ekstra mykje når vi ler? 3 Kva betyr krampelatter? 4 Kvifor er det viktig at sjuke menneske ler?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Skriv setninga som viser at folk frå ulike delar av verda ler omtrent likt.

KS

1 På kva måte kan ein bli meir motstandsdyktig mot sjukdommar av å le?

SE

2 Korleis er pulsen og blodtrykket medan du ler og etter at du har ledd? 3 Korleis er det mogleg å le utan å vere glad?

G

4 Korleis kan ein bli i betre form av å le?

VU

R

D

ER

IN

5 Sjå på illustrasjonen, og forklar kvifor ikkje begge ler av vitsen.

Tenk over teksten 1 Kvifor er det vanskeleg å bevise at ein god latter forlengjer livet, trur du? 2 Kva for ulike kjensler kan vi vise andre ved å le? 3 Kvifor er det meir vanleg at sjukehusklovnane besøkjer sjuke barn, enn at dei besøkjer sjuke vaksne? Trur du sjukehusklovnar kan vere bra for vaksne også? 4 Kvifor ler du ikkje alltid av det same som lærarane dine, vennene dine og familien din? 5 Vi blir ofte glade av å høyre andre le. Men vi kan også bli irriterte eller lei oss. Finn eksempel på situasjonar der det kan skje. 35


Før du les: Kva forbind du med fingeravtrykk? Kvifor har vi behov for fingeravtrykk?

Kan to personar ha likt fingeravtrykk? EM PL AR

Men kva er eigentleg eit fingeravtrykk? Når fekk du fingeravtrykket ditt? Fingeravtrykket ditt fekk du da du framleis var eit foster. I løpet av tida da du låg i magen til mor di, blei det danna eit mønster av bogar, virvlar og slyngjer på fingrane dine. Dette mønsteret er forskjellig frå finger til finger og frå person til person. Fingeravtrykket ditt har du heile livet – dersom det da ikkje blir øydelagt av for eksempel ein alvorleg brannskade. Det finst fire typar fingeravtrykk

ER

IN

G

SE

KS

Boge

VU

R

D

Er det mogleg at du har same fingeravtrykk som ein annan? Eigentleg er det umogleg å bevise at du ikkje har same fingeravtrykk som nokon andre. Dersom ein skulle bevist det, måtte ein først ha teke fingeravtrykk av alle menneske i heile verda og deretter samanlikna avtrykka. Det er ei nærmast umogleg oppgåve. Det vi veit, er at politiet, som har brukt fingeravtrykk i etterforskingsarbeidet sitt i over hundre år, aldri har funne to personar med same fingeravtrykk. Sjølv ikkje einegga tvillingar har hatt det same avtrykket. Derfor har fingeravtrykk vore viktig i oppklaringa av kriminalsaker. Fingeravtrykk kan vere nyttig til mykje anna enn å avsløre forbrytarar. For eksempel må alle i Noreg over 12 år gi fingeravtrykk når dei skal få pass. Da blir det teke to fingeravtrykk, eitt av venstre og eitt av høgre peikefinger. Ved at passet inneheld fingeravtrykk, skal det bli enklare å finne ut om passet er ekte og ikkje forfalska. 36

Fingeren som nøkkel Fingeravtrykket ditt kan vere nyttig i fleire samanhengar. Enkelte mobiltelefontypar kan for eksempel låsast opp ved hjelp av fingeravtrykk. Det er også mogleg å installere system der ein bruker fingeravtrykket som nøkkel for å låse seg inn. Det hadde kanskje vore praktisk å ha på utgangsdøra di heime? Da hadde du i alle fall ikkje behøvd å vere redd for å gløyme eller miste nøkkelen! Fingeravtrykklesaren skannar fingeren. Er du ein av dei som har tilgang, kjem det eit svakt klikk. Døra må opnast innan nokre sekund.

Plakat_biometri:Layout 2 copy 1

1/3/10

13:58

Page 1

Fingeravtrykk i passet Pass som utstedes fra 6. april 2010 vil inneholde fingeravtrykk. Opptak av fingeravtrykk er obligatorisk, og innhentes sammen med foto via biometrikiosken. ■

Personer over 12 år skal avgi bilde, fingeravtrykk og signatur.

Personer mellom 10 år og 12 år skal avgi bilde og signatur.

Personer under 10 år skal kun avgi bilde.

Det biometriske fingeravtrykket blir lagret på chip i passet sammen med ansiktsfoto og personinformasjon. Sikkerhetsmekanismer som er lagret på chip i passet vil beskytte de biometriske data mot svindelforsøk. Formålet med biometri i reisedokumenter er å legge til rette for en rask identitetskontroll av reisende ved grensekontroll og hindre forfalskning og misbruk av reisedokumenter.


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor er det så vanskeleg å bevise at du ikkje har same fingeravtrykk som andre? 2 Kor lenge har det vore vanleg for politiet å bruke fingeravtrykk i etterforskingsarbeidet? 3 Frå kva alder må ein ha fingeravtrykk i passet? 4 Kva for ulike typar fingeravtrykk finst det?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva kan få eit fingeravtrykk til å endre seg?

KS

1 Sjå på dei fire typane fingeravtrykk. Kva for to har mest til felles, synest du? Kvifor?

SE

2 Kvifor kan ikkje alle saker oppklarast ved hjelp av fingeravtrykk, trur du?

G

3 Sjå på plakaten «Fingeravtrykk i passet». Kva fortel plakaten deg om passreglar for barn på 9 år og barn på 11 år?

VU

R

D

ER

IN

4 Kva betyr det at fingeravtrykklesaren skannar fingeren? 5 Skriv setninga som viser at ein må handle raskt når ein skal låse opp ei dør med fingeravtrykk.

Tenk over teksten 1 Kvifor er det ikkje nok med fingeravtrykk av den eine pekefingeren i passet, trur du? 2 Kva kan vere fordelar og ulemper ved å bruke fingeravtrykk for å opne mobiltelefonen? 3 Forklar desse omgrepa frå teksten: einegga tvillingar, foster, skanne. 4 Kva kan vere fordelar og ulemper ved å bruke fingeravtrykk i staden for nøkkel for å låse seg inn heime? 5 Kvifor er det alltid ein finger ein tek avtrykk av, trur du, og ikkje for eksempel ei tå? 37


Før du les: Sjå på illustrasjonane, kva fortel dei deg om innhaldet i dikta? Kva forbind du med dikt?

Tre dikt

Jugeregle

EM PL AR

Jeg ble litt forskrekka til skolen i dag, og kom litt for seint. Sånn en time om lag. Men det var fordi kongens slott sto i brann. Jeg slokket det selv med en bøtte vann. Brannsjefen sa det var profesjonelt, og så ble jeg utropt til dagens helt.

SE

VU

R

D

ER

IN

G

Jeg møtte Fantomet på veien i stad. Og da han fikk øye på meg, ble han glad. For han var aleine, og sto der og gråt. Han fant ikke veien, og drakta var våt. Og gullringen hadde han mista et sted da han ramla av hesten fordi at den gled. At jeg ble forsinka, det gjør ingenting. Jeg hjalp jo Fantomet å finne en ring.

KS

Hva er det du sier, er klokka alt fem? Ja, jeg ble litt forsinka på veien hjem. Jeg møtte en mann som fortalte meg at han trengte litt hjelp med en sjørøverskatt. For Brainiac må aldri få tak i den, sa’n. Tenk så viste det seg, det var Supermann.

Hengekøye Jeg ligger i en hengekøye. Se så sterk jeg er! Jeg holder hengekøya selv og trenger ingen trær! Henta frå Tanta til Anna og andre dikt av Trond Brænne. 38

Skyggen min Nå har skyggen min blitt borte. Hvem har tatt den? Hvem har gjort det? Den har fulgt meg hele dagen som en trofast, gammel venn. Men da kvelden kom så var den bare borte, simpelthen. Det har vært en tyv på ferde! Hvem kan skyggetyven være?


Finn informasjon i teksten 1 Kva personar får du høyre om i Jugeregle? 2 Kor lang tid brukte guten på å sløkkje brannen? 3 Kor mykje var klokka da guten kom heim frå skolen? 4 Korleis mista Fantomet ringen sin?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Når på døgnet blei skuggen borte?

KS

1 Kva betyr denne setninga i Jugeregle: «Brannsjefen sa det var profesjonelt»? 2 Kva verdifulle ting blir nemnde i Jugeregle?

SE

3 Kven møtte guten i Jugeregle som han først ikkje skjønte kven var?

G

4 I eitt av dikta er det ei linje som ikkje rimar på nokon av dei andre. Kva linje er det?

VU

R

D

ER

IN

5 Skriv dei to setningane frå dikta som du synest har mest usannsynleg innhald.

Tenk over teksten 1 Foreslå nye titlar som passar til dei tre dikta. 2 Kva fortel namna Supermann og Brainiac deg om dei to? Kva slags inntrykk får du av forholdet mellom Supermann og Brainiac? 3 Kva betyr det at skuggen blir samanlikna med ein trufast venn? 4 Korleis kan ein skugge bli borte? 5 Kva meiner du er felles for innhaldet i desse dikta? Finn gjerne fleire fellestrekk. Du kan også samanlikne berre to av dikta. 39


Før du les: Kva forbind du med det å skrive dagbok?

Kjære dagbok Marte har spurt om eg vil sove over hos henne på fredag. Det eg ikkje har fortalt til henne eller til nokon andre, er at eg ikkje liker å sove borte. Det er berre så utruleg flautt å innrømme det. Særleg fordi eg ikkje klarer å forklare kvifor eg helst vil sove heime. Derfor finn eg alltid på ei unnskyldning. Denne gongen også. Eg har allereie begynt å grue meg til leirskolen i 7. klasse. Det blir heilt umogleg å finne på ei unnskyldning for å sleppe unna. Eg er kanskje feig?

G

SE

Vi har akkurat lese utdrag frå Anne Franks dagbok på skolen. Anne Frank blei straks mitt store førebilete. Ho må ha vore eit geni til å skrive! Ho skriv så utruleg bra om livet sitt. Ho kalla dagboka si Kitty. Kanskje syntest ho det var lettare å skrive når ho begynte med «Kjære Kitty»? Kanskje ho kjende seg mindre einsam da?

EM PL AR

No skal eg gjere eit nytt forsøk på å skrive dagbok. Det siste forsøket blei mislykka, men denne gongen skal eg få det til. Eg skal skrive minst to gonger i veka. Lovar!

Men eg høyrer aldri noko som liknar på fortrulege samtalar. Eg trur ikkje dei trur seg til kvarandre om nokon ting.

KS

Tysdag

VU

R

D

ER

IN

Det er fint å kunne tru seg til ei dagbok. Eg har venninner eg kan tru meg til, men ei dagbok er annleis. Lurer på om gutar trur seg til kvarandre slik som jenter gjer? Når bror min har besøk av vennene sine, snakkar dei alltid kjempehøgt om fotball og dataspel og alt mogleg anna. Dei roper nesten når dei snakkar.

Eg trur eg skal lese resten av dagboka til Anne Frank. Eg trur ho kan inspirere meg. Ops, i morgon er det kjempelang gloseprøve i engelsk. 32 gloser er i meste laget! Ha det! Maria PS Legg deg tilbake på den hemmelege staden …

Anne Frank (12.6.1929–februar/mars 1945) var ei tysk-jødisk jente. Saman med familien og venner av familien gøymde ho seg for nazistane på eit loft i Amsterdam i omtrent to år under den andre verdskrigen. Der skreiv ho ei dagbok som seinare er blitt verdskjend. Anne Frank døydde av tyfus i ein konsentrasjonsleir på slutten av krigen. 40


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor gøymde Anne Frank seg? 2 Skriv setninga som viser at Maria har prøvd seg på å skrive dagbok før. 3 Kva får du vite om broren til Maria? 4 Kven er Kitty, og kven er Marte?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva vekedag skal Maria ha gloseprøve?

KS

1 Finn eksempel frå teksten som viser at Maria synest Anne Frank var svært god til å skrive. 2 Kva betyr det å tru seg til nokon?

SE

3 Finn dei to stadene i teksten som viser at Maria ikkje har lese heile Anne Franks dagbok.

G

4 Korleis veit du at Maria ikkje har begynt i 7. klasse enno?

VU

R

D

ER

IN

5 Korleis veit du at Maria ikkje vil at andre skal lese dagboka hennar?

Tenk over teksten 1 Kva er forskjellen på å tru seg til ei dagbok og å tru seg til venner? 2 Kva trur du er grunnen til at Maria meiner at gutar ikkje trur seg noko særleg til kvarandre? 3 Foreslå unnskyldningar som Maria finn på for å sleppe å overnatte hos venninner. 4 Ei dagbok er privat. Likevel valde far til Anne Frank å gi ut dagboka til dottera. Kva kan grunnane vere til det? 5 På kva område kan Anne Frank gi Maria inspirasjon, trur du? 41


Før du les: Kva forbind du med Halloween? Kvar kjem eigentleg den tradisjonen frå? Hugs å lese ordforklaringane.

EM PL AR

Knask eller knep?

Halloween blir feira 31. oktober kvart år.

R

D

ER

IN

G

SE

Keltisk eldfestival Pleier du å feire Halloween? Halloween-feiringa starta visstnok eigentleg som ein keltisk eldfestival. Denne festivalen blei kalla Samhain. Eldfestivalen markerte slutten på innhaustinga og starten på vinteren og var den siste sjansen folk hadde til å feste saman før vinteren og mørket kom. Eldfestivalen var også ei feiring av dei døde. Keltarane trudde at dei døde budde i eit land som heitte Tir nan Og. Det var godt å bu i Tir nan Og, for der fekk dei døde oppleve evig lykke og rikdom. I løpet av det døgnet festivalen Samhain varte, frå solnedgang 31. oktober til solnedgang 1. november, kunne dei levande få kontakt med dei døde i Tir nan Og. Det trudde dei i alle fall. Når keltarane feira Samhain, skar dei ut ansikt i turnips og brukte dei til å skremme bort vonde ånder. Dei oppsøkte også naboar og venner, og dersom dei ikkje fekk noko når dei kom innom, fann dei visst på noko lureri. Det liknar jo litt på «knask eller knep» slik det er i dag.

KS

Kvar kjem ideen om «knask eller knep» frå?

VU

Til USA og tilbake til Europa Tradisjonen med eldfestivalen døydde nesten ut da kristendommen blei innført i Europa. Dei kristne ville bli kvitt all heidensk tru, og eldfestivalen blei sett på som heidensk. Det var dei irske utvandrarane, keltarane, som tok med seg feiringa til USA. Da keltarane kom til USA, beheldt dei litt av tradisjonen med den gamle eldfestivalen. Når dei feira, brukte dei graskar i staden for turnips. Det var mykje graskar i USA, og dessutan var det mykje lettare å skjere ansikt i graskara enn i turnipsen. Det er ikkje bevist at Halloween stammar frå eldfestivalen. I ulike oppslagsverk står det at den amerikanske feiringa har sitt opphav i England og Irland og den katolske allehelgensdagen, som er til minne om dei døde. Men kanskje er begge delar riktig? 42

Halloween-feiringa var uansett først ei gammal religiøs feiring, som seinare fekk djupe røter i USA, før ho kom tilbake over havet – til Europa og Noreg. No har Halloween blitt vanleg hos oss. Her i Noreg har vi hatt vår eigen tradisjon, nemleg tradisjonen med å gå julebukk. Dei som gjekk julebukk, kledde seg ut og gjekk i flokk og følgje frå dør til dør. Dei song for dei som dei banka på hos, og fekk gjerne julekaker og godteri som takk. Dei fikk altså knask, men det var ikkje noko knep! Det er nok ikkje så mange som går julebukk i dag. Keltarar: Menneske som snakka keltisk språk. Dei budde spreidd rundt i det vi i dag kallar Vest-Europa. Heilt tilbake til jernalderen kan vi høyre om keltarar. Irland er eitt av dei landa der nokon framleis snakkar keltisk. Samhain: keltisk ord som betyr slutten på sommaren Turnips: neper som blir brukte til dyrefôr Heidensk: som ikkje tilhøyrer nokon religion


Finn informasjon i teksten 1 Kva er det keltiske ordet for «slutten på sommaren»? 2 Kor lenge varte eldfestivalen? 3 Kva hadde Tir nan Og med eldfestivalen å gjere? 4 Kva brukte keltarane for å skremme bort vonde ånder?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvifor blei det nesten heilt slutt på eldfestivalen da kristendommen blei innført?

KS

1 Kvifor blei eldfestivalen lagd til slutten av oktober?

2 Kvifor brukte keltarane turnips framfor graskar, trur du?

SE

3 Kva for ulike opphav til Halloween kan vere mogleg, ifølgje teksten?

G

4 Skriv setninga som viser at Halloween blei feira lenge i USA før feiringa kom til Noreg.

VU

R

D

ER

IN

5 Kva for norsk tradisjon blir Halloween samanlikna med?

Tenk over teksten 1 Kva for norsk ord kan vi samanlikne Tir nan Og med? 2 Forklar korleis ein kan ta med seg ein tradisjon til eit anna land. 3 Kva er felles for den gamle eldfestivalen og allehelgensdagen? 4 Forklar ut frå teksten og illustrasjonen kva som skil julebukk frå dagens Halloween-feiring. 5 Det er ein del diskusjon rundt Halloween i Noreg. Kva synest du er positivt, og kva synest du er negativt med å «gå Halloween»? 43


Før du les: Kva er ein mumie? Kvifor laga ein av og til mumier av døde menneske i Egypt, trur du? Hugs å lese ordforklaringane.

EM PL AR

Den egyptiske tempelsangerinna Tamutnofret hadde eit heilt kistesett med ytterkiste, innerkiste og mumiedeksel, ei slags heildekkande dødsmaske.

Éin mumie – mange kister

SE G

IN

Dei fleste kjenner praksisen til dei gamle egyptarane med å lage mumiar av faraoane og enkelte andre høgtståande personar når dei døydde. Kroppen blei balsamert, det vil seie at han blei behandla med kjemikaliar for å bli bevart best mogleg. Dette gjorde egyptarane av religiøse årsaker. Dei trudde at det å bevare kroppen var nødvendig for å oppnå eit evig liv etter døden blant gudar og forfedrar. – Mindre kjent er det kanskje at dei plasserte mumiane inne i lag på lag av kister, seier egyptolog Anders Bettum ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo. – Dei egyptiske kistesetta byggjer på det same prinsippet som vi ser i russiske Matrjosjka-dokker, der gjenstandar blir plasserte inni kvarandre og saman utgjer eit heilskapleg sett, seier han.

KS

I det gamle Egypt blei nokre utvalde menneske gravlagde i opptil åtte kister. Dette skulle sikre at det døde mennesket blei forvandla til ein gud.

VU

R

D

ER

Arkeologen Howard Carter opnar den inste kista i kong Tutankhamons grav ved Luxor i Egypt. Biletet er frå 1923.

Matrjosjka er ei hol, dekorativt måla dokke som har fleire dokker inni seg. Dokkene kan delast i to, og inni kvar dokke er det ei mindre, liknande dokke. Matrjosjkaene er typiske suvenirar i Russland.

44

Tutankhamon var berre 9 år gammal da han blei farao i år 1334 f.Kr. Han døydde da han var 19 år. Grava hans blei funnen i 1922. Dødsmaska i reint gull er på eit museum i Kairo i Egypt.

Tutankhamons åtte kister Barnekongen Tutankhamon (konge frå 1334 til 1324 f.Kr.) låg inni heile åtte kister, ifølgje Bettum. – For mannlege og kvinnelege medlemmer av den egyptiske eliten på same tid var tre til fire kister ikkje uvanleg. Den gammalegyptiske tids­ perioden varte nesten 3000 år fram til den romerske erobringa 30 år før Kristus. I dag har museum over heile verda mumiar eller kister som har romma mumiar av meir eller mindre prominente menn og kvinner. Kistesetta var ikkje berre eit statussymbol for den egyptiske eliten.

– Dei spelte også ei sentral rolle i prosessen som skulle knyte den døde til forfedrane og til dødsrike­ guden Osiris og sol- og skapar­guden Amon-Ra, seier Bettum. Farao: konge i det gamle Egypt Elite: prominent, dei beste, dei med fordelar Prominent: fin, framtredande Egyptolog: ein som forskar på kulturen i det gamle Egypt Orientalske språk: språk i Nord-Afrika og Asia


Finn informasjon i teksten 1 Kvifor blei nokre utvalde personar gravlagde i mange kister? 2 Kva betyr det at kroppen blei balsamert? Kvifor blei han balsamert? 3 Kva arbeider egyptologen Anders Bettum med? 4 Kvar blir dødsmaska til Tutankhamon oppbevart?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kva var oppgåva til Tamutnofret da ho levde?

KS

1 Kvifor blei Tutankhamon kalla ein barnekonge? 2 Kva var eigentleg ei dødsmaske?

SE

3 Kvifor står det om matrjosjkaer i teksten? 4 Sjå på biletet av matrjosjkaene. Kva er forskjellane på den ytste og dei mindre som er inni?

VU

R

D

ER

IN

G

5 Kvifor er Osiris og Amon-Ra nemnde i teksten?

Tenk over teksten 1 Kor mange år gjekk det frå Tutankhamon døydde, til grava hans blei opna? 2 Kvifor fekk nokon døde åtte kister, nokon tre–fire og nokon inga kiste? 3 Beskriv kva biletet av Howard Carter fortel deg. 4 Kva var det som gjorde slutt på den gammalegyptiske tidsperioden? 5 Det står i teksten at kistesetta var eit statussymbol. Kva betyr det? Kan du nemne noko som du meiner er statussymbol i Noreg i dag? 45


Før du les: Har du opplevd at du eller andre meiner å hugse noko, som de eigentleg ikkje hugsar? Kva kan vere grunnen til at det skjer?

Falske minne EM PL AR

Vi kan ikkje alltid stole på minnet!

Minnet vårt fungerer ikkje som eit videokamera. Derfor kan vi ikkje alltid stole på det. Det er faktisk mogleg for andre å «plante» falske minne i minnet ditt!

KS

Bortsett frå at nokon kanskje ler av dei, er ingen større skade skjedd. Langt meir alvorleg blir det dersom du er kalla inn av politiet som vitne i samband med ei ulykke eller eit brotsverk og blir bedt om å fortelje kva du har sett eller opplevd, og du ikkje hugsar riktig. Det har skjedd i rettssaker at vitne fortel at dei har opplevd noko utan at dei eigentleg har det. Dei hugsar rett og slett ikkje riktig. Det kan føre til at nokon får skulda for noko dei ikkje har gjort.

Snurre Sprett

VU

R

D

ER

IN

G

SE

Den amerikanske psykologen Elizabeth Loftus er ein av verdas fremste ekspertar på falske minne. Ho veit kor lett det er å få oss til å «hugse» noko vi eigentlig ikkje har opplevd. Dette ville ho vise ved å gjere eit forsøk: Ei gruppe personar hadde vore på besøk i Disneyland. Etter besøket fekk dei sjå ein reklamefilm som handla om nettopp eit besøk i Disneyland. I reklamefilmen såg dei den gulrotetande kaninen Snurre Sprett gå rundt og sprade. No er det slik at Snurre Sprett aldri har sett sine bein i Disneyland. Han er nemleg ikkje ein Disney-figur! Snurre Sprett er derimot ein teiknefilmfigur som er laga av filmselskapet Warner Brothers. Du kjenner han sikkert også frå teikneseriar. Likevel hevda ein tredel av gruppa som hadde sett reklamen, at dei hadde helsa på ein gulrotetande Snurre Sprett i fornøyelsesparken. Etter at dei hadde sett den falske reklamen mange gonger, meinte enda fleire av forsøkspersonane at dei hadde helsa på Snurre Sprett og teke han i handa!

Falske minne kan få alvorlege følgjer No er det kanskje ikkje så farleg om nokon går rundt og trur at dei har møtt Snurre Sprett i Disneyland. 46

Mange måtar å hugse på Den norske psykologen Svein Magnussen meiner at minnet ikkje er som eit videoopptak. Tvert imot er minnet mogleg å forme. – Når vi tenkjer på noko som har hendt, er det mange måtar vi kan lage minne på. Éin måte er å hugse kva som eigentleg hende. Ein annan måte er kva vi har tenkt og førestelt oss har hendt. Ein tredje måte er kva andre har fortalt oss har hendt, meiner Magnussen. Alle desse måtane å «hugse» på lagar minne. Leiande spørsmål Det er derfor svært viktig at dei som skal spørje vitne i ei rettssak om kva dei har sett, ikkje stiller såkalla leiande spørsmål. Eit slikt spørsmål er for eksempel «Var jakka raud?». Når du får eit slikt spørsmål, kan du innbille deg at jakka var raud. Får du derimot spørsmålet «Kva farge var det på jakka?», må du prøve å hugse biletet sjølv. Minnet ditt blir meir ekte og nærmare sanninga. Det kan vere viktig å vite at minnet kan lure oss. Somme gonger må vi tenkje etter om det er mogleg at vi hugsar feil. Men heldigvis, falske minne i kvardagen får sjeldan alvorlege følgjer. Det kan vere så uskuldig som at det berre fører til ein liten krangel i familien eller med venner om kven som hugsar riktig!


Finn informasjon i teksten 1 Skriv namna på dei to psykologane som er nemnde i teksten. 2 Kva er den amerikanske psykologen ekspert på? 3 Kva var det som ikkje stemte med reklamefilmen for Disneyland? 4 Korleis oppførte Snurre Sprett seg i reklamefilmen?

Forstå teksten

EM PL AR

5 Kvifor er det betre å spørje om kva farge det var på jakka, enn å spørje om jakka var raud?

KS

1 Forklar omgrepet falske minne.

2 Kva skulle til for at enda fleire av forsøkspersonane fekk falske minne?

SE

3 Kva er det som kan vere alvorleg med falske minne? 4 Kva betyr det å vitne?

VU

R

D

ER

IN

G

5 Kva for tre måtar hugsar vi på?

Tenk over teksten 1 Kva betyr det at minnet vårt ikkje fungerer som eit videokamera? 2 Kvifor lét forsøkspersonane seg lure, trur du? 3 Korleis kan det skje at nokon i ei rettssak fortel om noko dei trur dei har sett, men som dei i verkelegheita ikkje har sett? 4 Forklar kva eit leiande spørsmål er. Bruk gjerne eit eksempel som du lagar sjølv. 5 Kva skal til for at du får falske minne, trur du? Kan du finne på eit eksempel? 47


© 2014 GAN Aschehoug, Oslo ISBN 978-82-492-1616-1 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2014 Forlagsredaktør: Kristin Hide Grafisk design: Nygaard Design Trykk og ferdiggjering: Ulma Press, Latvia

Illustrasjonar Mette Bugge (4), Hilde Aas Rønningen (6), Arun Sankar K / AP / NTB scanpix (8 stort), Higyou/Shutterstock (8 hø), sergign/Shutterstock (8 hn), Thor W. Kristensen (10), Erik Mandre/Shutterstock (12 ø), KOO/Shutterstock (12 n), Ida Skivenes / idafrosk.blogspot.no (14 ø), Marie Konstanse Raunholm Fosse (14 n), Pashabo/Shutterstock (16 bakgrunn), Z-Forlag (18), Vaclav Mach/Shutterstock (20), newcomer/Shutterstock (22v), Angelo Ferraris/Shutterstock (22 hø), Iwona Wawro/Shutterstock (22 hn), Thor W. Kristensen (24), Ysbrand Cosijn/ Shutterstock (26), LSO Ptoto/iStock (28 stort), Elena Elisseeva/Shutterstoch (28 lite, ø), Fotokostic/Shutterstock (28 lite, m), RV72/iStock (28 lite, n), Netfalls – Remy Musser/Shutterstock (30 v), spirit of america/Shutterstock (30 h), Wikimedia (32 h), Thor W. Kristensen (34), Patrick Foto/Shutterstock (36 v), chungking/Shutterstock (36 h), Thor W. Kristensen (38), wikimedia (40), kesu/ Shutterstock (42 ø), Thor W. Kristensen (42 n), S-F/Shutterstock (44 nv), The Granger Collection / NTB Scanpix (44 hø), leoks/Shutterstock (44 hn)

VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

Tekstkjelder Aftenposten / Si ;D / Sanyu Nsubuga: «Bruk hjelm!». Omsett frå bokmål. Brænne, Trond: «Jugeregle», «Skyggen min» og «Hengekøye» frå Tanta til Anna og andre dikt, Tiden forlag, 1993 Bugge, Mette: «Det skulle berre vere ein enkel operasjon». Omsett frå bokmål. Dahl, Tor Edvin: Utdrag frå Adolf og banden hans 1 – Tyskerne kommer, Z-forlag, 2013. Forskerfabrikken AS, www.forskerfabrikken.no: «Forsøk i naturfag – hender i kaldt og varmt vatn». Omsett frå bokmål. forskning.no / Kari Andresen: Kjelde for teksten «Éin mumie – mange kister» nysgjerrigper.no / Marianne Løken: Kjelde for teksten «Knask eller knep?» nysgjerrigper.no / Siw Ellen Jacobsen: Kjelde for teksten «Falske minne» nysgjerrigper.no / Thomas Keilman: Kjelde for teksten «Verdas største primtal er funne» Politiets data- og materielltjeneste: Plakaten «Fingeravtrykk i passet» Reiseplaneten: «Vi hjelper deg med reisa til London!». Omsett frå bokmål. Videnskab.dk / Anna Sol Jørgensen: Kjelde for teksten «Hundar viser kjensler med ansiktet» www.oksnøen.no: Kjelde for teksten «Velkommen til årets sommarleir på Strandøya!»

EM PL AR

Omsett til nynorsk av Liv Storsul / Arkitekst AS Forfattaren har fått stønad frå Det faglitterære fond.

Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.