Snakk A

Page 1

Pär Sahlin

Snakk

A

munnlege aktivitetar for mellomtrinnet

GAN Aschehoug


Klart for munnleg aktivitet!

fo rv

ur de rin g

Kan du snakke? Truleg svarar du ja på det spørsmålet. Men på kor mange ulike måtar kan du framføre noko munnleg? Dette spørsmålet er ikkje like lett å svare på. Det finst nemleg mange ulike måtar å gjere det på og mange ulike situasjonar. I ein del munnlege framføringar skal du fortelje ei spennande historie, og i andre skal du informere om noko du har sett, lese eller høyrt. I enkelte framføringar skal du resonnere rundt eit spørsmål eller argumentere for eit synspunkt, medan du i andre skal stille spørsmål, samtale og diskutere i ei gruppe. Og nokre gonger er det viktigare at du lyttar aktivt, enn at du snakkar sjølv!

U

td

ra g

I denne boka vil du få lære om ulike situasjonar der du skal snakke med og framfor andre. Du vil få hjelp til å førebu ulike typar framføringar og talar. Du vil også få gjere morosame, interessante og spennande snakke- og lytteøvingar saman med medelevane dine. Hugs: Jo meir du trenar på munnleg aktivitet, dess betre vil du lykkast. Lykke til med den munnlege aktiviteten!

2


Innhald

ur de rin g

Slik arbeider du i Snakk A......................................... 4 1 Skildrande tekstar................................................. 6 2 Munnlege instruksjonar....................................... 16 3 Munnlege faktatekstar........................................ 27 4 Fagsamtalar........................................................ 39 5 Presentasjonar.................................................... 50 6 Nyttige tips.......................................................... 62

U

td

ra g

fo rv

Bruk stemma.................................................................. 62 Bruk kroppsspråket......................................................... 62 Lag ein god disposisjon.................................................. 63 Bruk talemanus............................................................... 64 Bruk rekvisittar................................................................ 64 Bruk tekniske hjelpemiddel............................................. 65 Bruk språklege verkemiddel........................................... 65 Søk informasjon.............................................................. 66 Kjelder............................................................................ 67 Respons......................................................................... 68 Inspirasjonshjelp............................................................. 70 Tor å snakke................................................................... 70 Korleis kan du støtte venene dine?................................ 72

3


Slik arbeider du med Snakk Snakk A har fem kapittel. Kvart kapittel er bygd opp på same måte og har dei same overskriftene. Her kan du lese litt om kva du skal gjere under kvar overskrift. Teksten I starten av kvart kapittel finn du éin eller fleire tekstar som er typiske for den munnlege framføringa du skal lære deg meir om. Ved å lese og lytte til ein tekst kan du lære meir om talesituasjonen og den typen tekst du skal framføre.

ur de rin g

Forstå

Forstå I dette avsnittet får du arbeide på eiga hand eller saman med ein ven for å forstå kva som er typisk for den teksten du skal framføre. Du vil få lære om føremålet med teksten (til dømes å argumentere) og i kva samanhengar du vanlegvis vil få høyre eller lese han. Du får også lære litt om strukturen og språket i den munnlege teksten. I dette avsnittet finn du også spørsmål til teksten du har lese og lytta til.

Førebu

td

ra g

fo rv

Førebu Etter at du har lært det viktigaste om teksttypen, vil du få førebu deg på ulike måtar før den munnlege framføringa. Du får gjere ulike øvingar der du trenar på sjølve den munnlege framføringa. Her arbeider de i par eller i gruppe. Du får også begynne å planleggje den munnlege framføringa – til dømes ved å velje tema.

U

Formulere

Formulere Under denne overskrifta handlar det om å skrive den teksten du skal framføre. Du vil også få respons på teksten din og gje respons på teksten til ein medelev.

Framføre Når du har kome hit, er det snart klart for den munnlege framføringa. Men før det får du nokre siste råd som du kan tenkje litt på. Det kan vere å memorere teksten, variere stemma eller lage manuskort. No begynner du så smått å bli klar!

4

Framføre


ur de rin g

Nyttige tips Til slutt i boka finn du mange nyttige tips. Desse tipsa kan du bruke når du skal skrive og framføre tekstane dine. Du finn mellom anna tips og råd om korleis du brukar stemma og kroppsspråket i ei munnleg framføring.

fo rv

Du får også lære korleis du kan bruke rekvisittar, talemanus og tekniske hjelpemiddel når du framfører ein tekst. Blant dei nyttige tipsa finn du også døme på språklege verkemiddel du kan bruke medan du snakkar.

U

td

ra g

Arbeidsreiskapar Når du skriv tekstane dine, kan du bruke blyant og papir, eller du kan skrive på datamaskin. Nokre likar å skrive på papir først og deretter reinskrive teksten på data. Andre likar best å skrive på data frå starten av, medan andre igjen berre vil skrive på papir. Du og læraren din kan saman finne ut av kva som passar best for deg.

5


1 Skildrande tekstar Beinbrotet Alle som kjenner meg, veit at mitt verste mareritt er å kome for seint. Eg hatar å ikkje kome tidsnok på skulen, og ein morgon blei marerittet til verkelegheit. Det er den morgonen de no skal få høyre om. Først må eg fortelje kva som førte til at dette blei ein marerittmorgon. Ei veke tidlegare hadde læraren vår fortalt at vi skulle på tur i skogen. Dette gledde eg meg veldig til. Vi skulle gå på tur, leike leikar og lage mat på bål.

ur de rin g

Du har sikkert vore med på fleire morosame og spennande hendingar i livet. Kanskje har du også vore med på ting som har vore triste. Menneske skildrar gjerne minne og hendingar for kvarandre. Her er eit minne som Maria skildra til klassen.

Kvelden før turen pakka eg alt eg trong å ha med meg, i ryggsekken. Men då eg skulle sove, fekk eg det ikkje til. Det kjendest som om eg låg vaken i fleire timar, men til slutt sovna eg heldigvis.

U

td

ra g

fo rv

Neste morgon vakna eg av at mobilen ringde. Det var ikkje alarmen, men bestevenen min, Daniel. Han lurte på kvar eg blei av. Då eg såg på klokka, skjønte eg at eg hadde forsove meg! Eg fekk panikk og blei redd for at klassen skulle reise utan meg!

Eg kledde raskt på meg, heiv i meg litt frukost og slengde sekken på ryggen. Då eg sprang ut av huset, la eg ikkje merke til at det striregna. Steintrappa utanfor døra vår var såpeglatt. Eg glei og slo meg skikkeleg. Eg prøvde å reise meg, men klarte ikkje å leggje vekt på høgrebeinet. Det gjorde kjempevondt! Mamma ringde etter ambulanse. På sjukehuset tok dei røntgen av beinet og såg at det var brekt. Eg fekk gips og måtte bli på sjukehuset i fleire dagar. Det var sjølvsagt kjedeleg å gå glipp av den kjekke utflukta, men eg har lært meg éin ting: å ikkje skunde meg for mykje sjølv om eg har dårleg tid. Det er ikkje verdt å brekke beinet for å kome tidsnok! Takk for at de høyrde på minnet mitt.

6


No skal du få lære meir om skildrande tekstar.

Forstå

Kva er ein skildrande tekst? I ein skildrande tekst fortel ein noko som har skjedd tidlegare. Det kan vere eit minne eller ei hending ein har vore med på. Ein skildrande tekst kan vere underhaldande og morosam, men også alvorleg eller trist.

ur de rin g

Når ein skildrar med sine eigne ord, er det ikkje berre teksten som er viktig, men også måten ein skildrar på. Stemma, kroppsspråket og innhaldet utgjer eit samspel i forteljinga.

Strukturen i ein skildrande tekst

fo rv

Ein skildrande tekst har tre delar: ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Til saman utgjer dei strukturen i den skildrande teksten.

Kva gjer Maria for å gjere publikum nysgjerrige?

td

1

ra g

Innleiing I innleiinga skal du prøve å få merksemda til publikum. Det kan du gjere på ulike måtar. Du kan til dømes gjere publikum nysgjerrige ved å seie at du skal avsløre noko om deg sjølv.

U

Hovuddel I hovuddelen skildrar du kva du har vore med på, med dine eigne ord. Du kan fortelje om kven som var med. Du kan også fortelje om kvar og når det skjedde. 2

Kvar og når går minnet til Maria føre seg?

I hovuddelen kan du fortelje om kva kjensler du hadde, og kva du meinte og tenkte om det som skjedde. 3

Kva for ulike kjensler viser Maria i teksten?

Alle som kjenner meg, veit at mitt verste mareritt er å kome for seint. Eg hatar å ikkje kome tidsnok på skulen, og ein morgon blei marerittet til verkelegheit. Det er den morgonen de no skal få høyre om.

Kvelden før turen pakka eg alt eg trong å ha med meg, i ryggsekken. Men då eg skulle sove, fekk eg det ikkje til. Det kjendest som om eg låg vaken i fleire timar, men til slutt sovna eg heldigvis.

Eg fekk panikk og blei redd for at klassen skulle reise utan meg!

7


Hendingsgang Hendingane du gjev att, kan du fortelje på ulike måtar. Når du refererer munnleg, er det enklast å fortelje i kronologisk rekkjefølgje, altså i den rekkjefølgja hendingane skjedde i. Det gjer det lettare for publikum å følgje med i hendingsgangen. 4

Skriv i kva rekkjefølgje desse hendingane skjer i forteljinga til Maria: Mobiltelefonen til Maria ringjer, Maria pakkar sekken, læraren fortel om turen, Maria blir køyrd til sjukehuset i ambulanse, Maria glir på trappa.

På kva andre måtar kunne Maria ha avslutta teksten?

fo rv

5

Det var sjølvsagt kjedeleg å gå glipp av den kjekke utflukta, men eg har lært meg éin ting: å ikkje skunde meg for mykje sjølv om eg har dårleg tid. Det er ikkje verdt å brekke beinet for å kome tidsnok! Takk for at de høyrde på minnet mitt.

ur de rin g

Avslutning Når du har fortalt ferdig, er det på tide å avslutte. Dette kan du gjere på ulike måtar. Du kan til dømes samanfatte kva du har snakka om, eller fortelje om du har lært noko av det som skjedde. Du kan også knyte avslutninga til det du sa i innleiinga.

Språket i ein skildrande tekst

ra g

Ved hjelp av språket får du merksemda til publikum. Stemma di og kroppsspråket ditt verkar også inn på korleis lyttarane tek imot den skildrande teksten.

U

td

Skildringar I ein skildrande tekst skildrar du ting som har skjedd. Du kan skildre korleis det såg ut, lukta eller høyrdest ut. Skildringane gjer at publikum trur på det du fortel. 6

Korleis skildrar Maria steintrappa ho glei på? Steintrappa utanfor døra vår var såpeglatt.

8


Tid Tid skildrar når noko skjedde. I ein skildrande tekst gjev du att du ting som allereie har skjedd. Derfor fortel du i preteritum (fortid). 7

Skriv setninga til høgre av i presens (notid).

Tidsord For at publikum skal forstå at tida går medan du fortel, kan du bruke tidsord for å gjere det tydelegare.

Neste morgon vakna eg av at mobilen ringde.

Kva for tidsord brukar Maria når ho skildrar?

ur de rin g

8

Eg kledde raskt på meg, heiv i meg litt frukost og slengde sekken på ryggen.

Tidsord: når, då, deretter, etter ei stund, seinare, om kvelden, neste dag, etterpå, til slutt

Stemma og kroppsspråket

TIPS

ra g

Når synest du det passar å bruke stemma og kroppsspråket for å leggje vekt på noko spesielt viktig i teksten til Maria?

td

9

fo rv

Når du skildrar munnleg, er stemma og kroppsspråket viktige verktøy. Gjennom å bruke dei kan du få publikum si merksemd, slik at dei høyrer godt etter.

U

På side 62 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan bruke stemma og kroppsspråket.

9


No skal du førebu deg på å fortelje. Først skal de gjere to øvingar, i par eller gruppe.

Førebu

Lytte og skildre med eigne ord ● Byt på å lytte og skildre.

ur de rin g

I denne oppgåva skal du fortelje ein medelev om eit måltid du har ete. Det kan til dømes vere middagen eller frukosten du åt i går. Skildre måltidet så tydeleg som mogleg. Kva åt du? Korleis såg maten ut? Korleis smakte han? Fortel også om eventuelle uvanlege ting som hende, til dømes at du velta eit glas med mjølk. Når du har fortalt, skal medeleven skildre kva du åt, og kva som skjedde under måltidet. Byt deretter roller, slik at begge får prøve å lytte og skildre. Kva var vanskelegast med å fortelje? Kvifor var det vanskeleg?

2

Kva var det vanskelegaste med å lytte og skildre med eigne ord? Kvifor?

ra g

Avslør løgna

fo rv

1

● Lytt etter det som ikkje er sant.

U

td

Det er sjølvsagt ikkje fint å lyge, men i denne oppgåva skal vi gjere eit unntak. Kvar og ein i gruppa skal fortelje tre ting om seg sjølv. Det kan til dømes vere kor mange søsken ein har, kva for ein matrett ein likar, eller kva land ein har vore i. Når du fortel, skal to av tinga du fortel om deg sjølv, vere sanne, og éin skal vere usann. Oppgåva til gruppa er å finne ut kva som ikkje er sant. Byt på å fortelje for kvarandre.

10

3

Kva gjorde du for at det skulle bli vanskeleg for gruppa å gjette rett om deg?

4

Kva gjorde det lett eller vanskeleg å gjette på kva som var sant eller ikkje om dei andre i klassen?


Førebu den skildrande teksten din Du skal førebu deg på å fortelje om ei hending frå livet ditt. Følg trinna nedanfor.

ur de rin g

1 Vel eit minne Kva for eit minne frå livet ditt skal du fortelje om? Skal du fortelje om ei morosam oppleving eller ei alvorleg oppleving? Kvar går minnet føre seg? Når skjedde det? Kven var med?

fo rv

2 Avgjer rekkjefølgja I kva rekkjefølgje skal du fortelje om hendingane i minnet?

TIPS

U

td

ra g

3 Finn fram fakta Er det nokon fakta du må få tak i, som har med hendinga å gjere? Finn fram fakta om hendinga ved til dømes å snakke med personar som var med.

Er det vanskeleg å kome på eit minne du kan fortelje om? På side 70 i kapittelet «Nyttige tips» kan du få inspirasjon.

11


No skal du halde fram arbeidet med den skildrande teksten. Du har valt kva for eit minne du skal fortelje om, og du skal formulere teksten skriftleg.

Formulere

Begynn å skrive ● Skriv eit førsteutkast til den skildrande teksten.

ur de rin g

Innleiing Korleis skal du få merksemd frå publikum? Er det til dømes noko i forteljinga som du trur kan gjere dei nysgjerrige? Hovuddel Gje att hendinga i kronologisk rekkjefølgje. Fortel om kven som var med, og når det skjedde.

fo rv

Avslutning Avslutt teksten ved å knyte avslutninga til det du sa i innleiinga. Du kan også fortelje kva minnet har hatt å seie for deg.

TIPS

ra g

Språk Bruk språket for å skildre minnet så levande som mogleg. Tenk på at du skal fortelje i preteritum (fortid).

U

td

På side 7–9 kan du lese meir om struktur og språk i skildrande tekstar.

12


Respons på teksten Når du har skrive eit førsteutkast til den skildrande teksten, er det på tide å få respons. Byt tekst med ein medelev. Har medeleven fått med dette? • ei innleiing som vekkjer merksemda til publikum • ein hovuddel der hendinga blir skildra • skildringar av hendinga, personar og stader • ei tydeleg avslutning TIPS

Skriv teksten ferdig

ur de rin g

På side 68 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan gje respons.

No er det tid for å skrive den skildrande teksten ferdig. Bruk responsen du har fått, som hjelp. Arbeid med teksten til du blir nøgd.

U

td

ra g

fo rv

Gratulerer! No har du skrive ein skildrande tekst.

13


Du har skrive den skildrande teksten ferdig. No er det snart tid for å framføre han for eit publikum.

Framføre

Før du framfører den skildrande teksten Her finn du tips til ting å tenkje på før du framfører teksten.

ur de rin g

Lær teksten utanåt For at framføringa skal bli så bra som mogleg, kan du lære deg store delar av teksten utanåt. Jo meir du klarer å hugse av teksten, dess meir tid kan du leggje i sjølve framføringa. Talemanus Når du fortel, kan du bruke eit talemanus som støtte. Eit talemanus kan vere sett opp på ulike måtar. Har du lært deg teksten utanåt, kan det vere nok å ha eit tankekart på eit manuskort. Du kan også velje å ha heile teksten nedskriven på eitt eller fleire manuskort.

fo rv

TIPS

På side 64 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om talemanus.

td

ra g

Få merksemda til publikum Tenk gjennom korleis du kan bruke innleiinga i teksten til å få merksemda til publikum. Kan du vende deg direkte til dei?

U

Fortel med innleving Dersom du lever deg inn i teksten medan du fortel, vil publikum også gjere det. Korleis kan du ved hjelp av innleving få publikum til å følgje med i teksten? Korleis kan du med stemme og kroppsspråk vise dei kjenslene teksten inneheld?

14


Stemma Finn avsnitt i teksten der du kan variere stemma på ulike måtar. Ved å variere stemma kan du gjere teksten meir spennande og truverdig.

Respons på framføringa

ur de rin g

Øv for deg sjølv Les teksten høgt for deg sjølv, gjerne framfor ein spegel. Øv på å skape augekontakt og å variere stemma. Bruk munnleg språk. Det inneber at du seier ting slik du ville sagt dei på dialekten din, ikkje slik dei står i teksten. Dersom du stoppar opp ved noko i teksten, kan du endre eller stryke det for å gjere flyten betre.

Framfør teksten

fo rv

Når du har øvd nokre gonger, kan du fortelje for ein medelev. Lytt også til medeleven. Kor godt lykkast han eller ho med framføringa? • innleie på ein spennande måte • få augekontakt med publikum • fortelje med innleving • variere stemmebruken

U

td

ra g

No er det tid for å framføre den skildrande teksten for eit publikum. Bruk responsen du har fått, til å finjustere teksten. Lykke til!

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.