Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen og Illustrert av Hilde Hodnefjeld

Page 1

UTDRAG FRÅ:

42


TUSEN ELGAR I GARASJEN

DIKT

SIGMUND LØVÅSEN ILLUSTRERT AV HILDE HODNEFJELD

MAUREN Veit du kva mauren er? Han er maur. Meir maur enn dei fleste andre. Akkurat som du. Du er meir du enn alle andre i heile verda. Du har sikkert tråkka på tusen maur i ditt liv. Men slapp av. Det er mange igjen. Fleire enn du kan telje, fleire enn statsministeren og kongen kan telje. Har du maur i rumpa? spør dei vaksne når du er uroleg. Men veit dei vaksne eigentleg korleis det er å ha maur i rumpa? Neppe. Du kan hjelpe dei. Putt hundre maur i trusa til mamma og pappa. Dei vil danse som du aldri før har sett dei danse. Om dei ikkje har jobb, kan dei no få jobb som ballettdansarar. Eller songarar. Dei vil synge songar du aldri før har høyrt.

43


PUST Legg deg, stå opp, et maten din, puss tennene, gå på do, skund deg! Gjer lekser, ta på stillongs, ikkje spring inne, bussen går, spring! Øv piano, pass på veslesøster, tørk deg betre, vask hendene, få opp farten! Lær å skrive, lær å lese, lær å seie ja takk og nei takk og kondolerer, oppfør deg! Mindre godteri, meir gulrøter, rett opp ryggen, rydd av bordet, raska på! Tenk på alt, drøym søtt, drøym vondt, pust med magen, pust med neglene, pust! PUST. Ein vår gløymde eg å leite etter den første hestehoven. Ein sommar gløymde eg å ete markjordbær. Ein haust gløymde eg å bade i lauvet. Ein vinter gløymde eg å byggje snømann.

PUST. 44


TÅ-

NAGLEN Ikkje klipp stortånaglen på høgre fot! Han kan vekse til noko fint og nyttig. Små, avklipte tånegler på badegolvet har ingen bruk for. Betre å la tånaglen vekse til eit riddarsverd eller ein lanse. Vekse til ein kniv du kan lage seljefløyter med. Om naglen skulle ramle av, kan du måle han raud og henge han på juletreet. Eller han kan bli ein ny smørkniv til bestemor. Du kan moke snø med stortånaglen om du vil, berre prøv. Eg ønskjer meg akebrett til jul, seier veslesøstera di. Da kan du gi henne naglen, og vips, så suser søster nedetter bakkane.

45


TING DU KAN GJERE NÅR DU KJEDAR DEG Ete fem pølser og fem is og leike at det er 17. mai. Spele nasjonalsongen i lag med ei grashoppe. Arrestere alle presidentar som har starta krig. Gi dei popkorn og sjå om dei blir snillare av det. Blåse opp hundre ballongar og flyge til Egypt. Bli den første som plystrar Mikkel rev på toppen av ein pyramide. Danse flamenco med ein flamingo. Ta flammene frå ein flammeslukar. Ha loppemarknad til inntekt for lopper. Ha karneval for ein kval og gjere apestrekar med ein ape.

46


Spørje om edderkoppen kan spinne deg ei superhelt-drakt. Flyge ut i verda og redde kattar som sit fast i tre. Kysse ein frosk, som blir til vennen du ikkje har. Kysse vennen din, som ikkje blir til noko anna enn vennen din.

47


TUSEN ELGAR I GARASJEN Løvetanna og røyksoppen er smarte. Dei er laga slik at det er gøy å spreie frøa deira. Slik kan dei bli så mange. Når du tråkkar på røyksoppen, så fer det ut frø i den brune røyken. Løvetanna kan du plukke når ho har visna og er kvit i luggen. Når du blæs på henne, gir du mamma gule blomar over heile hagen neste år. Da blir ho glad. Tenk om du kunne blåse på ein vissen elg slik at det kom hundre nye elgar. Tenk om du kunne tråkke på mamma slik at det kom femti nye babyar. Det er bra mamma ikkje er som ein røyksopp. Og tenk kor mange elgar det ville bli om elgen var som ei løvetann. Oi, ville mamma og pappa seie, vi har hundre babyar i stua og tusen elgar i garasjen.

48


KUA Berre så du veit det, gjer kua meir enn å mjølke mjølk, grase gras, ruke kuruke, amme amme, kalve kalv, raute raut og kue ku. Når ingen menneske ser henne, legg ho beina på bordet og kjenner seg fri. De ser meg berre som kropp og jur og kjøt, seier ho ut i lause lufta. Ho tar djupe drag av digre sigarar og blæs røykringar forma som ein okse. Min kjærleik, seier ho og drøymer oksedraumar. Ho græt ein kvit skvett ut av dei mjølkesprengde auga. Men no er oksen kjøtdeig, seier ho og ler råare enn rått kjøt. Når natta kjem, dansar ho flamenco ikledd ein kjole sydd av gamle mjølkekartongar.

49


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.