Historia om Erling Braut Haaland

Page 1

UTDRAG FRÅ:

33

Historia om Erling Braut Haaland

HAT TRICK

Plutseleg var han åleine bak forsvarsmuren.

Ballen trilla framfor han, men Erling tok han igjen med to–tre raske steg. Sjølv om han var venstrebeint, skaut han med høgrefoten. Keeperen var på veg ut for å stoppa han, men i staden for å overraska Erling var det Erling som overraska keeperen. Skotet kom på første berøring. Salzburg tok leiinga 1–0.

Plutseleg var han åleine bak forsvarsmuren. Ballen trilla framfor han, men Erling tok han igjen med to–tre raske steg. Sjølv om han var venstrebeint, skaut han med høgrefoten. Keeperen var på veg ut for å stoppa han, men i staden for å overraska Erling var det Erling som overraska keeperen. Skotet kom på første berøring. Salzburg tok leiinga 1–0. Erling sprang mot tribunen. 30 000 menneske jubla mot han. Austerrikske Salzburg hadde tatt leiinga i den første meisterligakampen sin hausten 2019, og det var den unge spissen frå Noreg som hadde gjort det. Han strekte dei lange armane i vêret og brølte tilbake. Lagkameratane sprang lukkelege etter han. Denne augneblinken hadde han drøymt om i mange år. Målet såg kanskje enkelt ut, men slik er det med gode spelarar: Det ser enkelt ut fordi dei veit kva dei

Erling sprang mot tribunen. 30 000 menneske jubla mot han. Austerrikske Salzburg hadde tatt leiinga i den første meisterligakampen sin hausten 2019, og det var den unge spissen frå Noreg som hadde gjort det. Han strekte dei lange

34
SAKPROSA

skal gjera. Du som les dette, speler kanskje fotball sjølv og veit at det ikkje alltid er så lett. For å få til dette skotet måtte Erling klara mange ting, og han måtte gjera det lynraskt. Han måtte vita kor motspelarane stod, og tenka seg til kor ballen ville koma. Då pasninga kom, visste Erling nøyaktig kva han måtte gjera. Han skaut på første berøring akkurat då keeperen var på veg ut for å stoppa han.

Motstandarane var profesjonelle spelarar som spelte ein av dei viktigaste kampane i sitt liv. Likevel var det Erling som kom best ut av det. Også det er noko som gjer Erling spesiell: Han får det til når det gjeld.

Erling Braut Haaland hadde vore proff i austerrikske Salzburg i litt over eit halvt år då han skåra dette målet. Han hadde køyrt rundt i byen med meisterligahymnen på bilstereoen medan han gledde seg.

Erling var nitten år gammal. Det var hans første meisterligakamp i karrieren, og han trong berre to minutt på å skåra.

35
36
Kva kan Erling Braut Haaland klara i sin første meisterligakamp? Jaa! Han har skåra sitt første mål!
37
Hat trick! For ein debut! Han skårar igjen!

Då dommaren bles for pause, hadde han skåra tre. Hat trick. Mange tusen reiste seg på tribunen og trampa og klappa i takt. Dei ropte namnet hans. «Haaland, Haaland!» Livet skulle aldri meir bli det same. Etter denne kampen var det avisoppslag om den unge nordmannen i heile verda. Noreg hadde fått ei ny stjerne, og alle dei største klubbane begynte å sjå nærmare på han. Denne tidlege haustdagen i 2019 blei det openbert for alle kor flink Erling er til å spela fotball. Dei som kjende han godt, hadde visst det lenge. Men korleis hadde han klart å bli så god? Korleis hadde han trent? Korleis tenkte han? Kva eigenskapar var det han hadde som skilde han frå andre?

Det er litt av dette denne boka skal handla om. Boka tar føre seg livet til Erling, men handlar mest om fotball. Dersom du drøymer om å bli like god som han, får du kanskje nokre tips undervegs. Og dersom du ikkje har slike draumar, kan det vera spennande å få vita meir om Noregs største stjerne likevel. Hugs at sjølv om Erling er ein svær mann i dag, så har han vore liten ein gong, han òg. Ein gong var han like gammal som du er nå.

38

HEIMBYEN

Erling Braut Haaland blei fødd i Leeds i England sommaren 2000 medan faren, Alf Inge Haaland, Alfie, var proff i Premier League. Alfie spelte for tre klubbar der: Nottingham Forest, Leeds og Manchester City. Då Erling blei fødd, budde familien i Leeds. Og nettopp det at han er fødd der, har gjort Leeds til det engelske favorittlaget hans.

Erling Braut Haaland blei fødd i Leeds i England sommaren 2000 medan faren, Alf-Inge Haaland, Alfie, var proff i Premier League. Alfie spelte for tre klubbar der: Nottingham Forest, Leeds og Manchester City. Då Erling blei fødd, budde familien i Leeds. Og nettopp det at han er fødd der, har gjort Leeds til det engelske favorittlaget hans.

Erling har to eldre sysken, Astor og Gabrielle. Dei fekk ein litlebror som var blid og morosam, og som hadde mykje energi. Astor var òg ein lovande fotball spelar, men måtte legga opp i tenåra på grunn av skadar. Både faren og mora kom opphavleg frå den vesle byen Bryne i Noreg, men dei hadde flytta fordi faren var fotballspelar. Det var ikkje så vanleg då Alfie var ung.

Erling har to eldre sysken, Astor og Gabrielle. Dei fekk ein litlebror som var blid og morosam, og som hadde mykje energi. Astor var òg ein lovande fotballspelar, men måtte legga opp i tenåra på grunn av skadar.

Mor til Erling heiter Gry Marita Braut, og ho var ungdomsnoregsmeister i mangekamp. For å bli god i mangekamp må ein ha mange ulike kvalitetar: Ein må vera rask og sterk og kunna hoppa både langt og høgt. Mormor til Erling var ein lovande sprintar i

Både faren og mora kom opphavleg frå den vesle byen Bryne i Noreg, men dei hadde flytta

39
fordi faren var fotballspelar. Det var ikkje så van

ungdommen, og bror hennar var den beste fotballspelaren Bryne hadde hatt fram til Alfie blei vaksen. Han heiter Gabriel Høyland og var stjerna då Bryne var eit av dei beste laga i Noreg på 1970­ og 1980­talet. Han var den første spelaren frå klubben som kom på A­landslaget, og blir gjerne kalla «Mr. Bryne». Når Erling er heime på sommarferie, stikk han framleis innom garden til Gabriel og hjelper til. Han elskar å køyra traktor. Braut er altså etternamnet til mora og mellomnamnet til Erling. Det morosame er at Håland og Braut er små stader like utanfor Bryne. Bryne sentrum ligg faktisk midt mellom dei to. Bryne er ein liten by på Vestlandet som liknar mange andre norske småbyar. Der er det butikkar og skular og kino og ein jernbanestasjon. Byen er omkransa av gardar og åkrar og ligg midt i det jordbrukslandet som blir kalla Jæren. Kyr og sauer beitar fredeleg. Traktorar lagar kø på vegane. Ofte regnar det, og det blæs mykje. Likevel er klimaet her ganske godt for fotball. Våren kjem tidleg samanlikna med andre stader i Noreg, og om vinteren er det sjeldan snø. Det ligg to byar i nærleiken som er større enn Bryne: Sandnes og Stavanger. Deira lag er rivalane til Bryne: Sandnes Ulf og Viking. Nokre gonger har Bryne og Viking kjempa om å vinna serien i Noreg.

40

Ein gong då det budde berre 4000–5000 menneske på Bryne, kom det over 14 000 for å sjå heimelaget spela mot Viking. Det seier litt om kor viktig fotball er på Jæren.

Erling merka seg sjølvsagt dette. Mange av slektningane hans hadde jo spelt for Bryne. Då han vaks opp, spelte han mot Viking mange gonger, og det gildaste han visste, var å skåra mot nettopp dei! Då fekk han vist at «Bryne æ best», som dei seier på Bryne.

41
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.