Full bajas av Ingunn Thon Illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen

Page 1

UTDRAG FRÅ:

6


HUMOR

FULL BAJAS

INGUNN THON ILLUSTRERT AV MAJA KJELLSTAD AANONSEN

Orion er perfekt! Han er flinkast i alt og er vand til å få ros for alt han gjer. Han skal dessutan spele ein feilfri og viktig konsert på fløyta si. Den nye læraren let seg ikkje imponere like mykje, og fortel Orion at han skal freiste å vere litt mindre perfekt. Det taklar han ikkje, og han blir fullstendig bajas!

Kapittel 4

Skrytetime og bomullshjerne Ei røys av grå og kvite hovud sit samla i stova på sjuke­ heimen. Nokre nikkar i takt med fløytetrillene Orion spelar, andre stirer ut i lufta, og nokre søv. Men pleiarane ser på han med hovudet på skakke og skeive smil som Orion veit betyr: Sjå på den guten. For ein flink og omtenksam person. Heilt spesiell. Foreldra hans må vera veldig stolte. Orion kjenner at det gjer han lett. Han svingar kroppen i takt med musikken for å vise seg endå meir fram. Då han er ferdig, klappar dei. Spesielt

7


leiaren. Ho er Orions største fan. Etter korpsdirigent Jakobsen. Og gamlelæraren, Berit. Og mor og far. «Bravo!» ropar ho med skjelvestemme. «Bravo!» Då var alle dagens adulatoriske oppdrag gjennomførte, tenkjer Orion. Adulatorisk tyder forresten smigrande, men det er det ikkje så mange barn, eller vaksne for den del, som veit. Men Orion veit det veldig godt, og han veit også veldig godt kva som ventar no. Premien Orion får for å vera Orion. Skrytetime! Orion er på plass utanfor klasserommet i god tid. Han blir sitjande og tenkje på kva han har imponert Irin mest med. Er det at han aldri er sein? Er det at han seier «ha ein fin dag vidare, Irin» når skulen er ferdig? Eller kanskje at han alltid blir ferdig med både hovudoppgåver og ekstraoppgåver? Vanskeleg å seia. Det kan også vera at han ryddar opp etter dei andre elevane når dei gløymer å kaste matpapira eller sortere mjølkekartongane sine. Orion sukkar fornøgd. Han har jammen klart å klemme inn mykje bra på dei tre vekene ho har vore her. Eit perfekt bilete av kven han er. Han øver seg litt på korleis han skal ta imot skrytet. Det er viktig å ikkje smile for mykje. Han må passe på å verke litt overraska også. Medan han sit og øver seg på mildt overraska fjes, kjem mor og far. «Stjerna! Gruar du deg?» seier far og rufsar Orion på hovudet.

8


«Nei då», seier Orion og rettar på håret sitt. Irin stikk hovudet ut frå klasserommet. «Då var det deg, Orion. Kom inn.» Orion gløttar av og til opp på mor og far, som ser på Irin med store auge. Dei lyttar intenst når ho f­ ortel om alle faga Orion gjer det godt i. Det vil seia alle fag. Både skriftleg og munnleg. «Han er ein så fin gut å ha i klassa», seier Irin. Mor og far sender kvarandre glade, ivrige blikk som om dei har lyst til å halde kvarandre i hendene og hoppe opp og ned medan dei kvin «Iiiihihihiihihhihhi!». Orion har også lyst til det, men han lyttar roleg og framfører det mildt overraska uttrykket han øvde på i gangen. «Du er veldig god til å gjera det du får beskjed om», seier Irin. Orion klarar ikkje lenger å gøyme sitt stoltaste smil, så han skundar seg å ta ein slurk av den tynne, gule safta han har fått servert. «Men …» Orion set slurken i halsen og byrjar å hoste høgt og ukontrollert. Men?! Ingen lærar har nokon gong sagt men i hans utviklingssamtalar. Mor og far og Irin flokkar seg rundt Orion og dunkar han i ryggen så han er redd han får nakkesleng. Han klarar etter kvart å roe hosten såpass at dei set seg ned att. Orion er ør. Han må ha høyrt feil. Irin drar pusten.

9


«Som eg sa, er du veldig god. Så å seia perfekt, men …» Orion stivnar til. «… av og til tenkjer eg at du nesten er for perfekt. Du treng ikkje gjera alle ekstraoppgåver i matte, eller alltid ta ordensoppgåvene når andre er sjuke, eller ha det riktige svaret på alt heile tida.» Orion kjenner han blir fysisk kvalm av tanken på å ikkje svara riktig. Kva meiner ho, skal han svara feil? «Er det vanskeleg for deg?» spør ho Orion. Orion fortar seg å smile stort. «Nei då. Eg skal gjera mitt beste.» Irin sukkar og gestikulerer mot Orion. «Det er akkurat dette eg meiner.» Mor og far ser forvirra på kvarandre. «No heng eg visst ikkje heilt med», seier mor. ­«Meiner du at han berre skal gjera ei ekstraoppgåve i matte?» Irin sukkar igjen. «Nei, eg klarar visst ikkje å forklare …» Ho smiler matt mot Orion. «Du vil gjera ditt beste? OK. Så gjer ditt beste i å gi deg sjølv litt slakk. Ver … perfekt uperfekt. Hehe.» Det strittar til alle retningar i Orion. Det blir heilt feil å vera «uperfekt», men det blir også heilt feil å ikkje gjera det sjølvaste læraren ber han om. Han ser frå

10


mor og far til Irin og attende til mor og far, men det er umogeleg å tolke dei. Alle berre ser avventande på han. Kva er det dei vil? Orion let att auga og konsentrerer seg alt han kan for å finne det riktige svaret. Kvart sekund han tenkjer, kjennest som ein time. Er det slik det kjennest å svime av? Eller bli sprø? Det pip i øyra. Hjernen kokar som ein vulkan som er i ferd med å bryte ut. POFF, seier det plutseleg i hovudet på Orion.

11


Så blir det veldig stille der oppe. Som om hjernen har blitt bytt ut med ein kjempediger bomullsdott. Auga opnar seg, han smiler til Irin og seier: «Greitt.» Heile vegen heim bablar mor og far om kor stolte dei er av Orion som gjer det så godt i absolutt alle fag. Orion seier ingenting. Vil ikkje minne dei på at han også vart kritisert av Irin. Går det å vera for perfekt på minuskontoen, tru? Orion går til og med og legg seg utan å seia noko. Alt som surrar rundt oppi der, er orda til Irin. «Perfekt uperfekt.» Han kan ikkje fatte at ho sa det. Fyrst og fremst fordi det er hårreisande å be han om det. Dernest fordi uperfekt ikkje er eit ordentleg ord. Berre å tenkje på det gir han rykkingar på venstre auge. Det heiter imperfekt! Han kikkar på klokka. Elleve! Langt over leggetid. Sov! tenkjer han, men ingenting skjer. Har han mista kontrollen over seg sjølv fullstendig, eller? Sov. Sov! Orion ligg vaken til klokka blir fem på tolv. Ti over halv eitt. Kvart på to. Ti på tre. Så, på eit tidspunkt som han ikkje får med seg, sovnar han likevel.

12


Då klokka ringer neste morgon, er han trøytt. Det er veldig uvant. Hjernen er framleis som ein bomullsdott. Orion kjenner seg ikkje som seg sjølv. Men han vippar seg ut av senga, fiskar fram klede, snører sekken sin og går ned til kjøkenet. Der sit mor og far med kvar sin kaffikopp og smiler varmt mot han. «Stjerna!» seier pappa. Orion drar pusten for å seia god morgon i perfekt volum, men i staden seier han: VRÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆL! TO SKIVER MED SYLTETØY OG TRE MED SJOKOPÅLEGG I SEPARATE MATBOKSAR. NOOO!»

13


Kapittel 5

Den nye Orion Mor og far sit som stivna. Begge har det same smilet som før Orion gaula, men med mykje større, forskremde auge og med kaffi rennande frå hår og hake etter at alt innhaldet har skvotte over dei. Alle ser forbausa på kvarandre. Orion også. Han opnar munnen for å unnskylde seg, men seier i staden: «Er det berre dovendyr som jobbar på denne sjappa, eller? KJAPPA PÅ!» Mor og far kastar seg rundt, finn fram brød og pålegg og smør niste i ein durabeleg fart. Orion blir berre ståande og sjå på. Han tør ikkje opne munnen igjen. Då dei er ferdige, held dei fram nista som om Orion er ein barbarisk herskar over kjøkenet og dei er tenarane hans. Han har lyst til å seia takk, så dei skjønar at han ikkje er ein barbarisk herskar over kjøkenet, men han veddar på det ikkje er takk som kjem til å komma ut av munnen hans. Difor puttar han berre nista i sekken, nikkar og marsjerer ut.

14


Orion er eit syn der han går på veg til skulen. Trampande bestemt framover, men med lut rygg for å skjule det nye, arrogante gongelaget han har pådratt seg. Og med eit vitskremt andletsuttrykk som krona på verket. Kva var det som skjedde der inne på kjøkenet? tenkjer Orion. Han har aldri snakka sånn til nokon i heile sitt liv. Kan han ha fått i seg sukker? Så hjernen har blitt slapp og ukonsentrert? Nei, då ville han reagert slapt, ikkje hissig. Er det natta med dårleg søvn som er grunnen? Han har jo høyrt uttrykket å stå opp med feil fot. Kanskje det er det? Han sov dårleg og stod opp med feil fot. OK, men kva gjer han med det? Går vidare med rett fot? Orion ristar på hovudet av det usannsynlege resonnementet sitt. Nei, han må ta seg saman. Det er det han må. Kom igjen, Orion, dette klarar du. Du er sjef i eige liv! tenkjer han for seg sjølv i det han passerer den vesle matbutikken. Alt er under kontroll. «ÆÆÆ!» Orion bråbremsar framom vindauget. For i refleksjonen frå det ser han at ingenting er under kontroll. Håret står til absolutt alle kantar, han må ha gløymt å kjemme det. Eller har han kjemt det oppover i staden for nedover? Orion kan ikkje hugse. Og kva er det han har på seg? Ei knallgrøn bukse og ei svart T-skjorte med daudinghovud som han må ha arva av nokon.

15


16


Gummistøvlar. Og, Orion svelgjer, den raude og blå korpsjakka si. Han ser ut som han er fullstendig rusk. I same augneblinken køyrer Koko-Konrad forbi. Bussjåfør på sentrumsbussen og byens snålaste type. Han har både sveis og antrekk som får det til å sjå ut som det ikkje finst ein einaste spegel i huset hans. Han vinkar entusiastisk til Orion og gir han tommel opp. Orion gøymer andletet i hendene. «Åååh», stønnar han. Kva skal han gjera? Skal han droppe skulen? Trampe heim att og gøyme seg under dyna? Nei. Nei! Alvorleg tala. Det ville vore å … Ah, han orkar nesten ikkje å tenkje ordet eingong. Det ville vore å … skulke. Det er heilt uaktuelt. Han har alltid god tid, han kan rekke heimom og skifte utan å komma for seint. Orion snur på hælen og byrjar å trampe attende, men nesten med det same høyrer han at skuleklokka ringer. Hæ?! Korleis er det mogeleg? Han er jo ikkje kommen inn i skulegarden eingong. Orion snur mot skulen att og skal til å springe, men beina nektar. Dei vil framleis berre trampe roleg og taktfast. Han har aldri komme for seint før! Han anar ikkje eingong korleis han gjer det.

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.